6 drØvtyggarar...6 - drøvtyggarar 3 ja nei ia må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir...

16
KSL-STANDARDEN 2018 Versjon 14, oktober 2018 - Nynorsk © 2018 Matmerk 6 DRØVTYGGARAR Sjekkliste med rettleiing

Upload: others

Post on 14-Aug-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

KSL-STANDARDEN 2018Versjon 14, oktober 2018 - Nynorsk

© 2018 Matmerk

6 DRØVTYGGARAR Sjekkliste med rettleiing

Page 2: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

2 6 - Drøvtyggarar

Sjekklistespørsmål med rettleiing

Sjekklistespørsmål der det krevst skriftleg dokumentasjon er markert med oransje bakgrunnsfarge.

(* IA = ikkje aktuelt)

6.1 SPORING

6.1.1Er dyra forskriftsmessig merka med eitt merke i kvart øre og er det rutinar for bestilling av erstatningsmerke?

Korrekt merking av dyra saman med dokumentasjon av kjøp og sal, er ein føresetnad for å kunne spore eventuell smitte. Merking sikrar at eigar og røktar kjenner identiteten til dyra. Dyra må vere merkte i samsvar med forskrifta for å kunne leverast til slakteri.

Storfenæringa innfører krav om at alle storfe født etter 1. januar 2017 skal merkast elektronisk, dvs. ha RFID-brikke støypt inn i eit av øyremerka. Tiltaket blir innført for å effektivisere arbeidet med identifisering, feil- og endringshandtering i forbindelse med innmelding og slakting. Les meir om RFID-merking på animalia.no.

Les meir om merking og registrering av produksjonsdyr på mattilsynet.no.

6.1.2Fører du fortløpande dyrehaldjournal (driftseiningsregister) for alle dyr i besetninga via husdyrkontrollen eller på eigen journal?

Småfe:Regelverket for sporing av småfe stiller krav til at dyrehald med småfe skal føra ein dyrehaldjournal (driftseiningsregister). Dyrehaldjournalen skal vere ei fortløpande registrering over hendingar i dyrehaldet, og skal blant anna brukast til sporing i samband med utbrot av smittsame dyresjukdomar. Hendingar må derfor registrerast når dei finn stad. Også vêrar og bukkar skal førast i dyrehaldjournalen. Oversikten skal førast på eit format som er godkjend av Mattilsynet, og skal kunne lagrast i papirformat eller elektronisk. Skjema for føring av driftseiningsregister finn du på mattilsynet.no.

Opplysningane i driftseiningsregisterert skal lagrast i 10 år, og vere tilgjengelege for Mattilsynet ved inspeksjon av småfehaldet.

Dersom vêrar og bukkar blir brukt i avl saman med fleire dyrehald (avlsgrupper), skal dyrehaldar utstede eit identitetskort som skal følgje med dyret resten av livet. Identitetskortet skal vere godkjend av Mattilsynet. Det er ikkje lov å føre vêr eller bukk utan identitetskort inn i eit dyrehald. Den dyrehaldaren som vêren eller bukken til ei kvar tid oppheld seg hjå, skal sørgje for at identitetskortet ajourførast. Identitetskort for hanndyr i avl skal oppbevarast i 10 år.

Storfe:Regelverket for sporing av storfe stiller krav til at dyrehald med storfe skal føre ein dyrehaldjournal (driftseiningsregister). Dyrehaldjournalen skal vere ei fortløpande registrering over hendinga i dyrehaldet, og skal blant anna kunne brukast til å spore flytting av dyr i samband med utbrot av smittsame dyresjukdomar. Alle hendingar som det er plikt til å rapportere må derfor registrerast fortløpande. Oversikten skal førast på eit format som er godkjend av Mattilsynet, og skal kunne lagrast i papirformat eller elektronisk. Skjema for føring av driftseiningsregister finn ein under følgjande lenke: Dyrehaldjournal for storfe.

I Kukontrollen og Storfekjøttkontrollen er det laga eigne styringslister som tilfredsstiller krava til dyrehaldjournal. I Kukontrollen er denne under Resultater og rapporter, Dyreholdjournal, i Storfekjøtt-kontrollen under Rapporter-Dyreholdsjournal. I kontrollane må registreringa gjerast den datoen hendinga (fødsel, livdyrsal, etc.) skjer. Dersom hendingane ikkje blir rapportert til kontrollane same dag som dei skjer,

Ja Nei IA*

Page 3: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 3

Ja Nei IA

må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane.

Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år, og vere tilgjengelege for Mattilsynet ved inspeksjon av storfehaldet.

6.1.3Melder du inn rapporteringspliktige hendingar til husdyrkontrollan(e) eller direkte til Husdyrregisteret (for dei som ikkje er medlem i husdyrkontroll) innan fristen?

Storfe: Rapportering til Husdyrregisteret blir gjort via medlemskap i ein av husdyrkontrollane. Dei som ikkje er medlem i ein husdyrkontroll, skal rapportere i Mattilsynet si skjemateneste (via Altinn), eller på papirskjema til Mattilsynet. Rapporteringane skal vere på individnivå og skal skje seinast sju dagar etter at ei rapport-pliktig hending har funne stad. Dyrehaldar er ansvarleg for å rapportere når nyfødde storfe blir merkt fyrste gong, og ved overføringar inn og ut av dyrehaldet (ved kjøp, sal, levering til slakt, import, eksport eller andre årsaker).

Småfe: Rapportering blir gjort direkte til Husdyrregisteret hos Mattilsynet og skal vere på buskapsnivå. Dyrehaldar plikter å rapportere generelle opplysingar om dyrehaldet (eigar, kontaktperson, adresse, driftsform) og tal på dyr i besetninga på teljedato 1. januar kvart år. Tal på dyr og dato for teljing skal rapporterast innan 30 dagar etter fristen for teljing. For produsentar som søkjer om produksjonstilskot for småfe, blir rapporteringa av dyretal dekt via denne søknaden. Les meir hos Mattilsynet.

Les meir om Husdyrregisteret på mattilsynet.no.

Lover og forskrifter: - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe - Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt

6.2 HALD AV SAU OG STORFE SOM GÅR UTE HEILE ÅRET (UTEGANGARDYR)

Gå til punkt 6.3 dersom det ikkje er hald av utegangardyr på garden.

Denne driftsforma har eigne oppfølgingspunkt i tråd med dyrevelferd og krav i lovverk. Informasjon om kva du må passe på dersom dyra går ute når det er kaldt finn du på mattilsynet.no.

6.2.1Har dyra som går ute heile året tilfredsstillande tilgang til opphaldsrom? (For sau på utedrift etter dispensasjon, er naturleg le/ly i form av terreng og vegetasjon tilfredsstillande.)

For sau på utedrift etter dispensasjon, skal terreng og vegetasjon gi tilstrekkelig ly og dyra skal ha beskyttande ullfell i den kalde årstida.

6.2.2Har du søkt om dispensasjon frå kravet om at sau skal ha tilgang til tilhaldsrom?

Mattilsynet kan etter søknad gi dispensasjon frå påbodet for sau av gammel norsk rase.

6.2.3Har dyra god ullfell til den kalde årstida?

Småfe på utegang skal ha beskyttande ullfell i den kalde årstida.

I rettleiar til forskrift for hold av storfe står det at dyra sitt hårlag skal vere tilpassa klima, oppstallings-forhold og årstid.

6.2.4Er det etablert opplegg for tilleggsfôring dersom vêrforhold og beiteverdi tilseier dette?

Småfe på utegang skal ha jamn fôring og ein grei fôringsplass som hindrar at fôr blir skjemd eller forureina. For sau i utedrift skal det vera mogleg å skaffe til veie fôr ved behov, om ikkje jamn fôring er ein del av vilkåra

Page 4: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

4 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

på staden.

I rettleiar til forskrift for hold av storfe står det at det ved dyr på utegang skal takast omsyn til ekstra behov for energi til å oppretthalde kroppsvarmen.

6.2.5Er arronderinga og omfanget av denne på beiteareal/uteareal slik at det ikkje blir blaute/klinete forhold for dyra i nedbørsrike periodar?

Storfe på utegang skal ha liggeplassar som er godt drenert, og dei skal ikkje liggje slik til at vatn kan renne inn frå områda rundt. Liggeplassen skal vere dekka av halm eller liknande materiale som har liten varme-leiingsevne og held underlaget tørt. Grunnen under fôringsplassar og andre sterkt belasta område skal ha fast dekke.

Uteareal som både storfe og småfe brukar, skal vere eigna til formålet og skal kontrollerast jamleg med tanke på forhold som kan påføre dyra fare for skadar og liding. Dyra skal gis godt og regelmessig stell, irekna at dei skal haldast rene. Dyra må ikkje stå på gjørmete underlag, i overvatn eller i avføring og urin av betyding for velferda til dyra.

6.2.6Førar du eit regelmessig tilsyn med dyra?

Storfe som blir halde utandørs skal ha tilsyn minst ein gong dagleg. Dyr som er nyfødde, sjuke, skada eller opptrer unormalt, skal ha tilsyn fleire gonger dagleg. Kravet om hyppigare tilsyn gjeld også for høgt drektige dyr, og særskilt i tida omkring fødsel.

Sau i utedrift ska ha tilsyn minst ein gong per veke i område utan særskild risiko. Dette gjeld ved utedrift med dispensasjon.

For utegang er kravet om tilsyn formelt to gonger per veke, som ved oppstalling i hus. Ved mistanke om auka fare må tilsynet intensiverast slik at forhold som kan medføre dårleg velferd og sjuke, skadde og avmagra dyr kan oppdagast så tidleg som råd er. Kravet om hyppigare tilsyn gjeld også for høgt drektige dyr, og særskild i tida omkring fødsel.

Lover og forskrifter: - Forskrift om velferd for småfe - Forskrift om hold av storfe - Veileder til forskrift om hold av storfe - Forskrift om unntak fra plikten til å sørge for oppholdsrom for dyr

6.3 SMITTEVERN

6.3.1Nytt regelverk frå Mattilsynet stiller strengare krav til smittevern. Har du skriftleg smittevernplan for dyrehaldet ditt?

Ny dyrehelseforskrift av 1.07.18 krev at dyrehaldar skal ha ein skriftleg smittevernplan. Rutinane skal vera skrivne ned i ein smittevernplan. Den skal innehalde ei planteikning over dyre- og persontrafikken, vera tilpassa kvart enkelt dyrehald og omfatte heile driftsopplegget.

Smittevernplanen skal mellom anna beskrive korleis:

• dyr blir tekne inn og ut av dyrehaldet, inkludert til og frå beite• god dyrehelse blir sikra ved livdyrkjøp, inkludert moglegheit for å oppstalle dyra separat • mjølk og egg blir levert• mogleg smitte frå eigen og innleidd arbeidskraft blir hindra• persontrafikken inn og ut av dyrehaldet går føre seg, med særlege krav til veterinærar og andre som er

knytt til eller i mogleg kontakt med andre dyrehald• kadaver, gjødsel og avfall blir handtert og henta• fôrhygiene, vatningsanlegg, strø, reiskap og utstyr blir sikra• desinfeksjonsmiddel er tilgjengeleg• risikoen for å spreie smitte ved krysstrafikk mellom dyr, menneske og kjøyretøy kan bli redusert

Page 5: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 5

Dyrehaldaren skal sikre at alle som arbeider i dyrehaldet, kjenner og fylgjer smittevernplanen. Den skal oppdaterast årleg og leggast fram når Mattilsynet ber om det.

På ksl.no kan du finne eksempel og hjelpemateriell for å lage din eigen smittevernplan.

6.3.2Har du nødvendig helsedokumentasjon og eigenfråsegn ved kjøp og leige av dyr?

Når storfe, svin og kameldyr blir flytta frå eit dyrehald til eit anna, skal dyra fylgjast av ei eigenfråsegn som stadfestar at alle vilkåra nedanfor er oppfylt:

• dyra i avsendarbesetninga har ikkje vist teikn på smittsam sjukdom dei siste 14 dagane før flytting. • dyra har opphalde seg meir enn 30 dagar i avsendarbesetninga før flytting, med unntak av dyr som er

født i besetninga• avsendarbesetninga har i løpet av de siste 14 dagane ikkje motteke klauvdyr (obd: gjeld også småfe) frå

andre besetningar, fellesbeiter eller dyresamlingar

Eigenfråsegna skal ikkje vera eldre enn 7 dagar og skal oppbevarast i eitt år i dyrehaldet som tek i mot dyra.

Storfe: For storfe som er medlem av kukontrollen eller storfekjøttkontrollen anbefalast det å bruke preutfylt helseattest og eigenfråsegn. For storfebesetningar som ikkje er medlem i ein av husdyrkontrollane kan kjøp dokumenterast gjennom Husdyrregistreret, og helsetilstanden skal dokumenterast med bruk av Attest ved omsetning av storfe frå Helsetjenesten for storfe.

Sau: Ved all overføring av livdyr anbefalast det å bruke Egenerklæring helse - sau frå Animalia. For alle andre dyr kan du bruke eigenfråsegnskjemaet som du kan finna på ksl.no.

Dette gjeld ikkje for flytting til slakteri, flytting til og frå beite og fellessetre.

Det er viktig å legge opp til gode rutinar for å hindre overføring av smittestoff til eller frå besetninga. Smitteførebyggjande tiltak ved innkjøp av dyr i besetninga må vurderast i kvart enkelt tilfelle og i samråd med veterinær.

Namn på seljar, dyretransportør og dato for flyttinga skal noterast.

For småfe skal dokumentasjon vera i samsvar med regelverket for kjøp, sal og leige av sau og geit. Den nye dyrehelseforskrifta stiller mange nye krav ved flytting av sau og geit. Det er no eit generelt forbod mot å flytte hodyr av sau og geit mellom besetningar. Fylkesgrensene er no erstatta av 4 regionar, men det er forbode å flytte sau ut av Nordland og Rogaland, samt kommunane Etne og Sveio i Hordaland. Mattilsynet har informasjon om det nye regelverket.

6.3.3Ved sal av storfe og kameldyr: Er vilkåra for karenstid oppfylt?

Sjå rettleiinga til punkt 6.3.2.

6.3.4Går inn- og utlasting av dyr føre seg på ein sikker måte med omsyn til dyrevern og smitte?

Livdyrhandel er den største risikofaktoren for spreiing av smitte. Smitteførebyggande tiltak ved innkjøp av dyr i besetninga må vurderast i kvart enkelt tilfelle og i samråd med veterinær. Det skal vere egna plass som sikrar at inn- og utlasting av dyr kan skje på ein sikker måte med tanke på dyrevern og smittestoff

I den nye dyrehelseforskrifta er det eit krav at dyrehaldar må syte for at dyretransportørar som må inn i husdyrrom for å hente dyr, skal ha reint og ved behov desinfisert fottøy og overtrekkstøy. Dersom ein brukar besetninga sitt fottøy og overtrekkstøy, må dette vaskast og ved behov desinfiserast etter bruk.

Storfe: Les meir om inn- og utlastingsplass i Mattilsynet sin rettleiar Veileder til forskrift om hold av storfe (side 6 og 7).

Ja Nei IA

Page 6: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

Småfe: Det skal etablerast føremålstenleg smittevern. Det blir anbefalt at ein følgjer rettleiinga i Friskere geiter-prosjektet og NGS sin Standard for smittevern i saueholdet. Med føremålstenleg smittevern meiner ein systematiske tiltak i dyrehaldet for å hindre at smittestoff for smittsame dyresjukdomar slepp inn og spreiast. Dyr som blir tekne inn i besetninga bør ha ein helsestatus minst på same nivå som dei opphavlege dyra i besetninga.

6.3.5Har du smittesluse som er delt i tydelege soner, der personar kan reingjere hender og medbrakt utstyr, skifte fottøy og klede eller ta på overtrekksklede?

For å førebygga smitte skal næringsretta dyrehald ha ei smittesluse formålstenleg plassert. Smitteslusa skal vera delt i tydelege soner der personar kan slusast inn og ut av besetninga. I denne slusa skal personar reingjere hender og medbrakt utstyr, skifte fottøy og klede eller ta på overtrekksklede. Om nødvendig skal både personar og utstyr desinfiserast, som til dømes utstyr som blir bruka i fleire besetningar som klippeutstyr, vekt, scanner, klauvboks, mfl.

6.3.6 Er det rutinar som sikrar at personar som har besøkt dyrehald med klauvdyr i utlandet ikkje får tilgang til husdyrrom før det har gått minst 48 timar?

Personar som har besøkt dyrehald med klauvdyr i utlandet skal ikkje ha tilgang til husdyrrom før det har gått 48 timar. Ved utbrot av husdyrsjukdomar i utlandet, må ein halde seg til dei regelendringar dette medfører.

I mange land er det husdyrsjukdomar som vi ikkje ønsker å få inn i Noreg. Særleg aktsemd skal derfor utvisast når det gjeld personar som nyleg har vore i utlandet. Dette gjeld turistar og utanlandsk sesonghjelp så vel som folka på garden. Sjå sjekklistepunkta 6.3.9 og 6.3.10 om MRSA.

Les meir om førebygging av smittespreiing etter reise på animalia.no.

6.3.7 Det er eit krav å varsle Mattilsynet ved mistanke om utbrot av alvorlege smittsame sjukdomar. Er det rutinar i drifta som sikrar at veterinær blir varsla dersom det er mistanke om smittsame dyresjukdomar?

Dyrehelsepersonell, dyreeigarar og publikum er ein viktig del av overvakinga av alvorlege og smittsame dyresjukdomar. Funn eller mistanke om utbrot av A- og B- sjukdomar hos landdyr skal varslast til Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Som hovudregel skal derfor verksemda beinveges varsle Mattilsynet, veterinær og varemottakar ved mistanke om smittsam dyresjukdom som kan gi vesentlege samfunnsmessige konsekvensar (t.d. munn- og klauvsjuke og miltbrann). I samråd med Mattilsynet og aktuelle varemottakarar skal det straks setjast i verk nødvendige tiltak for å førebygge, redusere eller eliminere eventuelle skadeverknader.

Kva for dyresjukdomar som blir rekna som A-, B- og C-sjukdomar går fram av forskrift om varsel og melding om sjukdom hos dyr.

Meir informasjon om dyresjukdomar og råd for å unngå spreiing finn du på mattilsynet.no.

6.3.8Er det rutinar som sikrar oversikt over kontaktbesetningar ved:

• felles røktar• felles beiteområde og samlekveer• felles transport• omplassering/leige av husdyrrom der andre besetningar er til stades• bruk av felles avlsdyr• bruk av felles utstyr som kjem i kontakt med dyra

Ved eit eventuelt smitteutbrot og behov for å spore smitte er det viktig å ha oversikt over dyra sin kontakt med andre besetningar, bruk av felles utstyr som kan føre med seg smitte og om røktarane arbeider i fleire besetningar.

Page 7: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 7

6.3.9Er alle som jobbar i besetninga, og som har vore i kontakt med husdyrhald i utlandet eller som av andre grunnar har økt risiko for å vere berar av MRSA, testa for MRSA? Og blir det brukt nødvendig verneutstyr inntil prøvesvar er kjend?

Det er fleire risikofaktorar for å bli smitta av MRSA. Myndigheitene tilrår testing av alle personar som skal arbeide i svine-, storfe- eller småfebesetning og som i løpet av dei siste 12 månader har:

• hatt fast bustad i utlandet• pendla mellom utlandet og arbeidsstad i Noreg• vore i kontakt med ei bekrefta smitta husdyrbesetning• besøkt eller arbeidd i husdyrbesetning i andre land• vore innlagd i helsetenesta i land utanfor Norden (gjeld også tannbehandling)

Med “alle” meiner ein eigar og andre som jobbar i besetninga.

MRSA er gule stafylokokkbakteriar som har blitt motstandsdyktig mot antibiotika. LA-MRSA er MRSA-stammar som spreiast lett mellom husdyr.

Når du skal teste deg for MRSA:• ta kontakt med din fastlege eller kommunelege (testing skal gjennomførast i samarbeid med offentleg

helsevesen og med godkjent metode)• det er enkelt og smertefritt å ta prøven• du får svar på prøva etter ei vekes tid

Kva skjer dersom det blir funne MRSA-smitte hos personar?• alle som blir smitta av MRSA vil få tilbod om behandling• behandlinga varar i ei veke. Det vil bli tatt kontrollprøvar 1, 2 og 3 veker etter avslutta behandling. Alle

tre kontrollprøvane må vere negative før behandlinga blir rekna som vellykka. Det anbefalast også å ta kontrollprøvar etter 3, 6 og 12 månader

• personar som blir smitta med MRSA kan ha normal kontakt med andre og gå på arbeid som vanleg. Barn kan gå i barnehage og på skule som før

Personar som har fått påvist MRSA, eller fell innanfor ei av risikogruppene (sjå over) og ikkje kan dokumenterast fri for MRSA, skal ta følgjande forholdsreglar dersom dei skal ha kontakt med husdyrbesetningar:• det skal brukast verneutstyr som hovudplagg, eingongshanskar og kirurgisk munnbind, for å unngå å

smitte grisane i besetninga• der tilhøva ligg til rette for det, bør ein dusje før ein går inn i grisehuset• det skal skiftast til reine arbeidsklede kvar dag• arbeidsklede skal vaskast ved minst 60 °C

Det finst detaljerte anbefalingar om smittevern i svinebesetningar på mattilsynet.no.

Dersom smitteverntiltaka ikkje let seg gjennomføre i praksis, tilrådast det at personane held seg borte frå husdyr til dei er dokumentert fri for MRSA.

På mattilsynet.no kan du finne meir informasjon om testing og behandling.

6.3.10Er det rutinar som sikrar at alle besøkjande som har økt risiko for å vere smitta med MRSA, og som har ukjent smittestatus, bruker nødvendig utstyr for smittevern?

For å unngå at norske husdyrbesetningar blir ei kjelde for MRSA ynsker Mattilsynet at alle som skal jobbe med husdyr skal vere fri for MRSA-smitte.

Alle som ikkje kan dokumenterast fri for MRSA må behandlast som om dei er smitta. I første rekkje betyr det at personar som ikkje har nødvendig ærend inn i fjøset ikkje skal sleppast inn.

Dersom det er nødvendig å bevege seg inn i fjøset så skal ein leggja til grunn følgjande reglar:• bruk besetninga si smittesluse• der forholda ligg til rette for det, bør ein dusje før ein går inn i grisehuset• heng ureint tøy i urein sone, helst i eit skap som berre blir bruka til dette

Ja Nei IA

Page 8: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

8 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

• vask hendene grundig med såpe og vatn og tørk dei med papir• skift til overtrekkstøy og skotøy som blir brukt i besetninga• bruk hovudplagg, eingongshanskar og kirurgisk munnbind• det skal skiftast til reine arbeidsklede kvar dag, og arbeidskleda skal vaskast ved minst 60 °C

Flerie råd om smittevern i storfe- og småfebesetninger finn du på mattilsynet.no.

6.3.11 Blir det utført tiltak slik at fuglar og smågnagarar blir haldne borte frå fôret?

Det skal finnast rutinar for å sikre at det ikkje blir overført smitte til fôret. Til dømes kan fugl, mus og rotter vere berarar av salmonella.

Lover og forskrifter: - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Lov om dyrevelferd - Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek - Forskrift om velferd for småfe - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) - Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe - Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt - Veileder til forskrift om hold av storfe - Forskrift om varsel og melding om sjukdom hos dyr

6.4 IMPORT AV DYR, SÆD ELLER EMBRYO

Gå til punkt 6.5 dersom det ikkje har vore eller er planlagt import av dyr, sæd eller embryo.

6.4.1Blir Mattilsynet og KOORIMP varsla før import og ved vidaresal/overtaking av dyr, embryo og sæd frå utlandet?

6.4.2Kan det ved import dokumenterast at offentlege krav er oppfylt, at dyr og avlsmateriale er undersøkt, og at tiltak er utført i samsvar med krav utarbeida av KOORIMP?

Ved import av levande dyr, sæd og embryo skal offentlege krav og KOORIMP* sine tilleggskrav oppfyllast. Den som er ansvarleg for import skal kontakte KOORIMP for å varsle om import, og for å få informasjon om krav til undersøkingar, tiltak og dokumentasjon ([email protected]). Manglande dokumentasjon på at offentlege krav og KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt kan medføre KSL-trekk frå varemottakar på produkt frå garden, uavhengig av dyreart. Formålet med tilleggskrav frå KOORIMP er å redusere risikoen for å innføre smitte, ved å dokumentere status for dyrehelse for dyr, sæd og embryo som skal importerast og besetningane desse kjem frå. KOORIMP-krava gjeld forhold som ikkje er tilstrekkeleg dekka av dei offentlege krava, og der det er kjent førekomst av smittestoff i husdyrpopulasjonen i eksportlandet eller der utbreiing og førekomst er usikker.

* KOORIMP er den norske husdyrnæringa sitt eige organ for smittevern ved import. Husdyrnæringa har oppretta KOORIMP for å sikre den norske husdyrhelsa etter at myndigheitene sin moglegheit for å stille helsekrav ved import vart avgrensa av EØS-avtalen. Meir informasjon: animalia.no.

6.4.3Kan det dokumenterast at KOORIMP sine tilleggskrav ved vidaresal/overtaking av storfe eller småfe innført frå utlandet er oppfylt?

Ved overtaking eller kjøp i Noreg av dyr, sæd eller embryo som er innført frå utlandet, skal det kunne leggast fram dokumentasjon for at KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt i forbindelse med innførsla. Krav til dokumentasjon er skriftleg stadfesting frå KOORIMP om at tilleggskrava er oppfylt i forbindelse med innførsla. Kontakt KOORIMP ([email protected]) dersom det er spørsmål. Manglande dokumentasjon kan medføre KSL-trekk frå varemottakar på produkt frå garden, uavhengig av dyreart.

Page 9: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 9

Lover og forskrifter: - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for import og eksport av levende dyr, sæd, egg og embryo (forskrift om handel av dyr)

6.5 HALD AV KAMELDYR (LAMA, ALPAKKA)

Gå til punkt 6.6 dersom det ikkje er hald av kameldyr på garden.

6.5.1 Er kameldyra (lama og alpakka) øyremerkt?

Det er krav i regelverket om å øyremerke lama og alpakka, og registrering av opplysningar om dyra i ein dyrehaldjournal skal finnast i dyrehaldet. Eksotiske drøvtyggjarar som lama og alpakka, kan utgjere ein smitterisiko for andre husdyr. Dei kan også vere berarar av smittestoff (bakteriar, virus og parasittar) som kan smitte til menneske (zoonosar). Mange av lamaene og alpakkaene som held til i Noreg no er importert. Det skjer jamleg import av kameldyr (lama og alpakka) til Noreg, og mange av desse blir haldne saman med, eller i nærleiken av matproduserande dyr.

Les meir om merking, registrering og øyremerking på mattilsynet.no.

6.5.2For kameldyr (lama og alpakka) som er importert, ligg det da føre dokumentasjon på at offentlege krav og anbefalingar, og KOORIMP sine tilleggskrav er oppfylt?

Ved hald av eksotiske drøvtyggjarar som lama og alpakka på gardsbruk der det også blir halde matproduserande dyr gjeld følgjande:

• ved import skal alle offentlege krav og anbefalingar frå Mattilsynet følgjes, inkludert forsvarleg gjennomføring av isolat når dei kjem til Noreg. Ved import skal også KOORIMP sine tilleggskrav når det gjeld kamelidar følgjast opp og dokumenterast

• ved anskaffing av importerte kamelidar frå norske dyrehald, skal det føreligge dokumentasjon på at alle offentlege krav og anbefalingar, og KOORIMP sine tilleggskrav vart oppfylt ved import

6.5.3Blir alvorlig sjukdom og funn av sjølvdaude kameldyr meldt til Mattilsynet? Blir daude dyr undersøkt av veterinær og obdusert?

Alvorlig sjukdom og funn av sjølvdaude kameldyr skal varslast til Mattilsynet. Daude kameldyr skal undersøkjast av veterinær, og obduserast av kyndig veterinær, eller ved Veterinærinstituttet.

Lover og forskrifter: - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Forskrift om merking og registrering av lamadyr og oppdrettshjort

6.6 HELSE OG MEDISINBRUK

Det skal gjennomførast førebyggande tiltak, slik at risiko for sjukdom og skade blir minst mogleg. Sjuke dyr skal bli gitt nødvendig stell, behandling eller dei skal avlivast. Det skal vere etablert faste rutinar for korleis dyr skal avlivast, og anbefalte avlivingsmetodar skal brukast.

Les meir om avliving av sau og geit hos på animalia.no.

6.6.1Blir “KSL-medisinstandard” følgt?

KSL-medisinstandard, gyldig frå 2010, er ein del av KSL-standarden for husdyrproduksjonane. Medisinstandarden definerer krava som kvalitetssystemet (KSL) stiller til husdyrprodusentane når det gjeld bruk av medisinar i besetninga. Veterinær har ansvar for at det blir gitt tilstrekkeleg opplæring ved inngåing av medisineringsavtale. Opplæringa skal dokumenterast.

Når den nye forskrifta forskrift om bruk av legemidler til dyr blir sett i verk, vil den erstatte KSL-medisinstandard.

Ja Nei IA

Page 10: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

10 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

6.6.2Er det rutinar som sikrar at;• fôr er utan skadelege framandstoff (til dømes medisinrestar i mjølk til kalv, innhald av mykotoksin ved

bruk av eige korn og framandlekamar i grovfôr)• produkta som blir levert til foredling er utan skadelege framandstoff?

Bruk av reseptpliktige legemiddel skal berre baserast på diagnose stilt av veterinær. Merking av medisin- behandla dyr (individ eller binge) skal vere slik at alle som steller dyra har god kjennskap til kva for individ som er behandla og kva for fristar som gjeld for tilbakehalding for mjølk og/eller kjøtt frå desse. Mjølkekyr og geiter må merkast også etter at frist for levering av mjølk er passert dersom det enno er tilbakehaldings-frist for slaktet. Blankettane Tilbakeholdelse av mjølk og kjøtt frå veterinær skal oppbevarast i husdyrpermen i eitt år.

Ved bruk av eigeprodusert korn til fôr, er det viktig å vurdere om kornet kan innehalde mykotoksin. Ved mistanke om dette skal det gjennomførast analysar. Ferdige fôrblandingar skal ikkje innehalde mykotoksin ut over Mattilsynet sine anbefalte grenseverdiar.

Bruk av mjølk med antibiotika vil kunne knekke floraen i vomma, og særleg er kalven sårbar når denne floraen etablerer seg når kalven er fire til fem veker gamal.

Fôring med mastittmjølk (bakteriehaldig mjølk) kan også føre til at kalvar blir smitteberarar, kanskje særleg i bingeoppdrett der kalvane ofte syg på juranlegga til kvarandre etter fôring.

Jorde som ligg inntil hovudvegar er ofte ei utfordring ved at bilistane kastar søppel. Dette kan vere ein utfordring ved beiting og hausting av grovfôr.

6.6.3Krev du at veterinær rapporterer alle behandlingar, og har du rutinar om rapportering av eigne behandlingar av dyra slik at slakteriet har tilgang til matkjedeinformasjon frå besetninga di 24 timer før slakting?

Animaliehygieneforskrifta sett krav om at slakteriet skal ha tilgang på matkjedeinformasjon frå besetning 24 timar før slakting for å kunne planleggje slakting og kjøttkontroll. Opplysningar om besetninga og dei aktuelle dyra sin helsetilstand er sentral matkjedeinformasjon. Formelt er det dyreeigaren sitt ansvar å skaffe denne informasjonen, men dataflyten i husdyrnæringa er bygd opp slik at slakteriet har tilgang på relevant informasjon også frå andre kjelder.

Kravet er oppfylt dersom:

• mistanke om alvorlig smittsam dyresjukdom alltid meldast til Mattilsynet

• praktiserande veterinær rapporter alle behandlingar i besetninga gjennom Dyrehelseportalen. Dersom dette ikkje er tilfelle, må veterinæren endre sine rapporteringsrutinar eller du som produsent må sørgje for å rapportere alle helsehendingar som inneber veterinærbehandling løpande gjennom den aktuelle husdyrkontrollen eller sjølv gjere dette i Dyrehelseportalen

• alle behandlingar utført av dyreeigar med reseptpliktige preparat t.d. parasittbehandling, rapporterast fortløpande gjennom den aktuelle husdyrkontrollen eller direkte i Dyrehelseportalen av dyreeigar

• andre helsetilstandar som kan ha betyding for slakting og transport, som brokk, haltheit, speneskade m.m., rapporterast gjennom husdyrkontroll eller Dyrehelseportalen i rimeleg tid før slakting

6.6.4Blir det ført helsekort/helsejournal i besetninga, og blir opplysningane rapportert inn til den aktuelle husdyrkontrollen?

Kravet om å føre helsekort vart oppheva av den nye dyrehelseforskrifta (1.07.2018). No er kravet at dyrehaldar skal sikre at det blir ført ein oppdatert journal med nødvendige individuelle og kollektive helseopplysingar om:

• sjukdomar og skadar hos dyra og moglege årsakar• behandlinga av sjukdomar og skadar hjå dyra• det førebyggande helsearbeidet i dyrehaldet• daude dyr og moglege dødsårsaker• avliving av dyr og årsaka til avlivinga

Page 11: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 11

Diagnose, dato, type og mengd medisin/preparat/parasittmiddel og slaktefrist skal førast på. Dette gjeld også ved eigenbehandling. Førebyggande helsearbeid som til dømes vaksinasjon skal også førast i journalen.Dokumentasjon skal vera tilgjengeleg i minst 5 år etter at dyret døydde. Når dyr blir flytta til andre dyrehald, skal helseopplysinga følgje dyra. Kopi skal oppbevarast i avsendarbesetninga i 5 år.

Helsekort for storfe og Helsekort for småfe finn du høvesvis på tine.no og animalia.no

6.6.5Blir analyseresultat og obduksjonsrapportar arkivert?

Følgjande skal arkiverast:

• analyseresultat frå laboratorium• rapportar frå Mattilsynet• eventuelle obduksjonsrapportar frå veterinær

Lover og forskrifter: - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Lov om dyrevelferd - Forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek - Forskrift om overvåkning av og kontroll med forekomst av salmonella hos levende storfe og svin - Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) - Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe - Forskrift om velferd for produksjonsdyr - Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid)

- Forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (animaliehygieneforskrifta) - Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt

6.7 KADAVERHANDTERING

6.7.1Er det rutinar som sikrar at Mattilsynet blir varsla når storfe over 4 år og/eller småfe over 18 månader døyr, eller blir avliva grunna sjukdom? (på tlf. 22 40 00 00 eller via Mattilsynet si nettside)

Varsling skal skje til Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00 eller via Mattilsynet si nettside for innmelding av daude produksjonsdyr.

Aldersgrensene (4 år/18 månader) gjeld ikkje når dyret har endring i åtferd eller har mista evna til å bevege seg naturleg. Er årsaka ukjent, skal Mattilsynet ta prøve uansett alder. Meld difor frå til Mattilsynet som vil vurdere om det er aktuelt å ta prøve med tanke på overvaking av skrapesjuke og kugalskap.

6.7.2Skjer midlertidig oppbevaring av kadaver på ein tilfredsstillande måte med tanke på smitte, lukt og at dei ikkje er synlege?

Daude dyr representerer ein fare for smittespreiing og forureining. Dette gjeld både til andre dyr, menneske mat og vatn. Førebels oppbevaring fram til kadaver blir henta skal gå føre seg slik at det ikkje fører til forureining eller at åtseldyr kjem til kadavera.

6.7.3Blir kadaver levert til godkjent mottak?

I følgje forskrift om animalske biprodukter er det generelt ikkje lov å grave ned kadaver, men i § 20 blir det opna for unntak i spesifiserte ”fjerntliggjande område”. Her er det lov til å grave ned kadaver etter melding til – og tilvising frå – Mattilsynet.

Lover og forskrifter: - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Forskrift om tiltak mot sjukdommer og zoonotiske agens hos dyr (dyrehelseforskrifta) - Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova)

Ja Nei IA

Page 12: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

12 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

- Forskrift om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatier (TSE) - Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum - Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) - Forskrift om håndtering av dyrekadaver ved utbrudd av smittsomme dyresjukdommer

6.8 FÔR OG VATN

Fôr og vatn skal ikkje medføre fare for helseskade hos dyr eller menneske, eller skade på miljøet.

Det er eit krav at det ikkje skal brukast fôr som inneheld genmodifiserte organismar (GMO). Fôrleverandørar er ansvarleg for at dette kravet blir følgt. Kravet byggjer på ei avtalt haldning i norsk landbruk om ikkje å bruke genmodifiserte organismar.

Det er ikkje lov å fôre drøvtyggjarar med fiskemjøl og kjøttbeinmjøl. Forbodet gjeld ikkje fiskemjøl i mjølkeerstatning til unge drøvtyggarar som fortsatt blir fôra med mjølk. Gardsbruk med både drøvtyggjarar og einmaga dyr (svin og fjørfe) kan oppbevare og bruke fiskemjøl (til andre dyr enn drøvtyggjarar) på garden dersom det er godkjent av Mattilsynet. Tiltak må sikre at dyr som ikkje skal ha fiskemjøl, ikkje har tilgang til

Ved bruk av eigeprodusert korn til fôr, er det viktig å vurdere om kornet kan innehalde mykotoksin. Ved mistanke om dette skal det gjennomførast analysar. Ferdige fôrblandingar skal ikkje innehalde mykotoksin ut over Mattilsynet sine anbefalte grenseverdiar.

6.8.1Ved bruk av reine tilsetningsstoff og/eller premiksar ved heimeblanding av fôr: Er du registrert hos Mattilsynet som fôrprodusent?

Dersom det blir brukt premiks*) og/eller reine tilsetningsstoff (til dømes urea) ved heimeblanding av fôr, er ein å rekne som fôrprodusent. Gardsblanderiet skal da blant anna registrere seg særskild hos Mattilsynet og foreta ein fareanalyse (HACCP) knytt til produksjonen.

Heimeblandarar kan også bruke ein kraftfôrblanding eller vitamin- og mineralfôrblandingar tilpassa dei andre ingrediensane. Denne blandinga skal vere merka tilskotsfôr og er ikkje ein premiks.

Fullfôr til drøvtyggarar er oftast ei blanding av grovfôr, kraftfôr og eventuelt tilskotsfôr. Dei som lagar denne type blandingar er ikkje omfatta av kravet om registrering hos Mattilsynet.

*) Premiks er ei blanding med høg konsentrasjon av tilsetningsstoff, og skal vere merkt “premiks”.

6.8.2Blir drikkekar, niplar, anna drikkeutstyr og vasstilgang på innmarksbeite kontrollert dagleg slik at dyra har god tilgang på vatn?

Dyra skal ha tilgang på tilstrekkelege mengder vatn av tilfredsstillande kvalitet. Vassautomatar, drikkekar, niplar og liknande skal kontrollerast dagleg for å sikre at dei fungerer og gir nok vatn til dyra sine behov. Dette gjeld også for dyr på innmarksbeite.

Innretningane med drikkevatn skal vere reine og haldne ved like. Småfe skal ha kontinuerleg tilgang til vatn. Kalv skal når den er sjuk eller det er varmt, ha fri tilgang på vatn, det same gjeld dyr i laktasjon. Ver særleg merksam på at sau ikkje vil ta til seg drikke frå drikkekar som er forureina med avføring.

Drikkekar der berre eit enkelt dyr kan drikke om gongen, kan forsyne maksimalt 8 vaksne dyr. Ved bruk av store drikkekar der fleire dyr kan drikke samtidig, bør det reknast ca. 8-10 cm lengde pr. ku. Dette inneber at 1 meter drikkekar kan forsyne ca. 10-12 kyr.

Vasskapasiteten (liter/minutt) skal vere tilstrekkeleg og alle bingar bør ha minst to vasspunkt. Dette vil gi større moglegheit for at alle dyra i gruppa kan drikke vatn uforstyrra, og fungerer også som ein tryggleik dersom eit av vasspunkta blir sett ut av funksjon. Drikkenippel skal ikkje brukast til vaksne kyr fordi vasskapasiteten er for låg. Sjå også tabell side 23 i rettleiaren til forskrift om hald av storfe med normer for vassforsyningskapasiteten i drikkekar. Med omsyn til vassmengder og kapasitet så bør drikkekar gi minimum 20 liter/minutt til storfe i laktasjon. I lausdriftsfjøs anbefalast det å plassere drikkekar i tverrgangar slik at det er friplass rundt karet.

Page 13: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 13

6.8.3Blir det teke vare på fôrprøvar og varedeklarasjon/fôrsetel for innkjøpt kraftfôr?

Fôrprøvene skal lagrast så lenge dei kan ha betyding for produksjonsresultat og produktkvalitet. Prøvene kan vere av betyding ved ei eventuell reklamasjonssak. Dersom ein vel å la fôrleverandør oppbevare fôrprøvene, er det ikkje krav om at ein samtidig skal oppbevare fôrprøver på garden. Dokumentasjonen skal innehalde: Dato for leveranse og transportør (når dette ikkje er bonden) og varedeklarasjon/fôrsetel. Rekneskapsvedlegg er tilstrekkeleg dokumentasjon av dato for leveranse og transportør. Varedeklarasjon/fôrsetel skal arkiverast så lenge fôrprøva blir lagra.

6.8.4Har du rutinar for å kontrollere at innkjøpt norsk grovfôr blir produsert i samsvar med KSL-standarden?

Alle ledd i produksjonen skal ha eit kvalitetssystem. Dei som kjøper grovfôr skal krevje at den som sel kan dokumentere at produksjonen er i samsvar med KSL-standarden.

6.8.5Ved innkjøp av importert grovfôr: Har du fylgt Mattilsynet sine reglar/anbefalingar for import/bruk av importerte grovfôrvarer?

Det er alltid ein risiko for at smitte kan fylgja med innførsel av grovfôr frå utlandet og det oppmodast til å først og fremst bruka norsk fôr. Dersom dette ikkje let seg gjera er det viktig at du veit at alle som skal innføre fôr og kjøpe eller selje fôr frå utlandet har ansvaret for å sikre at fôret er trygt. Meir informasjon om innføring, kjøp og sal av importert grovfôr finn du på mattilsynet.no.

6.8.6Finst det dokumentasjon knytt til eventuell bruk av alternative fôrmiddel?

Det skal dokumenterast kven alternative fôrmiddel kjem frå, kva som er kjøpt og når det er brukt. Alternative fôrmiddel kan vere brød, sjokolade, myse, mask og liknande. Alt fôr skal vere utan emballasje før fôring. Alle som leverer restprodukt til fôr, t.d. bakeri, bryggjeri og meieri skal vere registrert eller godkjent som fôrverksemd hos Mattilsynet. Leverandøren skal kunne leggje fram kvittering for registrering hos Mattilsynet. Det kan også sjekkast på mattilsynet.no.

6.8.7Er det rutinar for å sjekke behaldning av kraftfôr slik at ein unngår å gå tom?

Fortløpande oversikt over kraftfôrbehaldning og forbruk er viktig slik at ein bestiller nytt fôr i tide både for å unngå å gå tom, og ikkje minst unngå hastetillegg på leveransen. Bestilling i tide gir også den beste logistikken for leverandør og det kan også spare miljøet i form av ein meir effektiv transport.

Lover og forskrifter: - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Lov om dyrevelferd - Forskrift om forebygging av, kontroll med og utryddelse av overførbare spongiforme encefalopatier (TSE) - Forskrift om velferd for småfe - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om fôrvarer - Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum - Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) - Forskrift om velferd for produksjonsdyr - Forskrift om fôrhygiene (fôrhygieneforskrifta) - Forskrift om tilsetningsstoffer til bruk i fôrvarer - Veileder til forskrift om hold av storfe - Forskrift om forbud mot innførsel av dyr og smitteførende gjenstander

Ja Nei IA

Page 14: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

14 6 - Drøvtyggarar

Ja Nei IA

6.9 OPPSTALLING, STELL OG REINHALD AV DYR

God dyrevelferd skal sikrast med godt stell og korrekt oppstalling.

6.9.1Er oppstalling av dyra i samsvar med forskrift om hold av storfe/forskrift om velferd for småfe?

Forskrift om hold av storfe og forskrift om velferd for småfe inneheld eit kapittel om oppstalling. Nokre punkt er:

Storfe: Kyr skal ha tilgang på liggjeplass med mjukt underlag og tett golv. Dette gjeld også kviger som har mindre enn 2 månader igjen til kalving. Kalvar under 6 månader skal ikkje haldast bundne. Kalvar skal ha tørr og trekkfri opphaldsplass, og mjuk liggjeplass med tett og varmeisolerande golv. Storfe skal kunne bevege seg fritt, og mosjonere på beite eller i eigna luftegard i minimum åtte veker i løpet av året. Føresegna gjeld ikkje hanndyr over seks månader som ikkje er kastrerte.

Småfe: Småfe skal ha tilgang til behageleg, tørr og trekkfri liggjeplass. Små lam og kje skal ha tilgang til tett liggjeunderlag med tilfredsstillande varmetekniske eigenskapar.

6.9.2Blir sjuke og skadde dyr, samt dyr som skal kalve/lamme, skjerma frå andre dyr?

Dyr som er sjuke eller skadde skal om nødvendig isolerast på eigna stad med tørr og mjuk liggjeplass. Kyr som går i lausdrift skal skjermast frå andre dyr ved kalving.

I lausdriftsfjøs skal det for kvar 25 ku vere minst ein binge som skal brukast ved behandling av sjuke dyr, og kor dyr kan haldast fiksert eller bundne i kortare tid i samband med prøvetaking, behandling og tilsvarande.

Det skal vere minst ein kalvingsbinge for kvar 25 ku. Kravet om kalvingsbinge trer i kraft 1. januar 2024 for båsfjøs som var i bruk 22. april 2004 og har vore i samanhengande bruk sidan.

Les meir om oppstalling i § 22 i forskrift om hald av storfe.

6.9.3Blir dyra oppstalla og stelt slik at dei held seg reine?

Reine dyr er ein grunnleggjande føresetnad for god dyrevelferd, og for å kunne gjennomføre ein hygienisk slakteprosess. Reine dyr er eit samspel mellom fjøsmiljø, fôring, stell og røktar. Dersom dyra er skitne er det viktig å finne kva som er årsakene og deretter setje i verk tiltak som betrar forholda. Brosjyra Reine dyr (storfe) og Reint dyr – rein skrott (sau) frå Animalia inneheld råd og illustrasjonar. Animalia si rettleiing knytt til reine dyr er retningsgjevande for standarden KSL stiller til reinhald av dyr, også medan dei står i produksjon. Brosjyrane kan bestillast frå Animalia ([email protected]), eller lastast ned frå animalia.no.

6.9.4Blir klauvene til dyra undersøkt regelmessig og skore ved behov? For vaksne storfe: Blir alle dyr eldre enn 24 månader inspisert i klauvboks av kyndig person minst ein gong i året, og blir klauvene skorne ned til korrekt form?

God klauvpleie og klauvhelse er viktig for dyra si velferd og produksjon. Les meir om klauvsjukdomar og klauvstell hos sau på animalia.no.

Storfe: Dårleg klauvhelse og halte dyr er ei av dei aller største helsemessige utfordringane internasjonalt i mjølke-produksjonen. Regelmessig skjering av klauver er eit av dei viktigaste førebyggjande tiltaka mot dårlege klauver. Medlemmar i husdyrkontroll skal rapportera inn klauvlidingar, og unormale klauver for alle kyr og kviger som blir klauvskjært.

6.9.5Er det tilstrekkeleg ventilasjon som gir eit tilfredstillande klima i husdyrrommet gjennom heile året?

Temperatur og luftråme skal regulerast etter dyra sine behov. Gassar i uheldige konsentrasjonar skal ikkje kome inn i eller oppstå i rom kor det er dyr. Fôr og dårleg fjøsmiljø kan gi smaksfeil på mjølka.

Page 15: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

6 - Drøvtyggarar 15

Ventilasjonssystemet må sikre god luftkvalitet. Ved omrøring og utkjøring av gjødsel skal det vere rutinar som sikrar at det ikkje oppstår fare for gjødselgassforgifting av dyr eller menneske.

Lover og forskrifter: - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om næringsmiddelhygiene (næringsmiddelhygieneforskrifta) - Forskrift om velferd for produksjonsdyr - Forskrift om velferd for småfe - Lov om dyrevelferd - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Veileder til forskrift om hold av storfe

6.10 REINHALD OG HYGIENE I FJØS, FÔR- OG LAGERROM

6.10.1Reingjer du husdyrrom, forrom og smitteslusa regelmessig?

Materialane og innreiinga i tilhaldsrommet for dyra, smitteslusa og fôrlageret skal kunne reingjerast. Romma skal haldast ryddige og reine og desinfiserast ved behov. Det skal vera godt reinhald i alle husdyrrom, slik at arbeidsmiljøet blir godt og smittepresset reduserast.

6.10.2 Ved bruk av desinfeksjonsmiddel, blir dato og kva for middel som er brukt notert?

Dato og type desinfeksjonsmiddel som er brukt skal dokumenterast.

Lover og forskrifter: - Forskrift om fôrhygiene (fôrhygieneforskrifta) - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om velferd for produksjonsdyr - Forskrift om velferd for småfe - Lov om dyrevelferd - Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova) - Veileder til forskrift om hold av storfe

6.11 DYR PÅ BEITE

6.11.1Får alle storfe, unntatt hanndyr over 6 månader, moglegheit for fri bevegelse og mosjon på beite i minimum 8 veker i løpet av sommarhalvåret?

Driftsmåtar skal leggje til rette for at storfe gis gode moglegheiter for fri bevegelse, mosjon og naturleg åtferd.

Dersom eigna beite ikkje er tilgjengeleg for fjøs bygd før 01.01.2014, skal dyra i staden ha tilgang til eigna luftegard eller anna utandørs område der dyra sikrast moglegheit for fri bevegelse og mosjon.

For dyr som er født på ei slik tid på året at det ikkje er forsvarleg å halde dei utandørs i løpet av den første sommaren, er det tilstrekkeleg at mosjonskravet blir oppfylt neste vår/sommar. Når kalvar blir haldne ute, må det takast særlege omsyn for å tilfredsstille dei spesielle behova kalv har, mellom anna ly og tørt liggeunderlag, hyppig nok tilsyn, høveleg behandling ved sjukdom, og nok fôr og drikke. Tiltak og rutinar for å sikre kalven nok fôr og drikke er spesielt viktig når den ikkje går saman med mora.

6.11.2Blir det gjennomført forskriftsmessig tilsyn med dyr på beite?

Storfe: Det er eit krav i forskrifta at storfe som går ute skal ha dagleg tilsyn. Storfe som er på utmarksbeite skal ha tilsyn minimum 2 gonger i veka.

Ja Nei IA

Page 16: 6 DRØVTYGGARAR...6 - Drøvtyggarar 3 Ja Nei IA må ein føre hendingane manuelt inntil dei blir rapporterte til kontrollane. Opplysningane i dyrehaldjournalen skal lagrast i 10 år,

MATMERK Besøksadresse: Tollbugt. 32 Postboks 487 – Sentrum0105 OsloTelefon: 24 14 83 00 [email protected] ksl.no

KRAV NR. FORBETRINGAR/TILTAK ETTER EIGENREVISJON Frist dato Utført dato

Tiltaksplanar

Ja Nei IA

Småfe: Det er eit krav i forskrifta at småfe på utmarksbeite skal ha tilsyn kvar veke. Dette er minimumskrav og gjeld når det ikkje er spesielle forhold som tilseier oftare tilsyn. Eigar, eller annan med ansvar for dyra, skal sikre at dyra får tilsyn etter behov.

6.11.3Blir datoane for når dyra blir sleppte på beite og når dei blir tekne heim/sett inn notert?

Ved søknad om ”Tilskudd til dyr på beite” skal ein kunne sannsynleggjere at dyra har gått på beite det tal veker som er ført opp i søknaden.

Lover og forskrifter: - Lov om dyrevelferd - Forskrift om velferd for småfe - Forskrift om hold av storfe - Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket - Forskrift om velferd for produksjonsdyr - Veileder til forskrift om hold av storfe