3 ste skriveverksted 3

Post on 27-Jul-2015

2.474 Views

Category:

Education

2 Downloads

Preview:

Click to see full reader

TRANSCRIPT

3STE: Skrivedag i norsk

Måndag 2. mars08:30-13:55

https://www.youtube.com/embed/noizzy1q3Jc#t=149

Skriveverkstad• Måndag 2. mars skal de ha skrivedag i norsk. De

skal velje ei av fire oppgåver og skrive eit langsvar (1000−1200 ord) på sidemål.

• Skrivedagen blir ei blanding av arbeid i grupper og individuell skriving. De følgjer planen under.

• Norsklæraren er til stades heile dagen, rettleiar, svarer på spørsmål og hjelper alle som ønskjer det.

Hjelpemiddel

• Alle hjelpemiddel er tillatne – unntatt mobiltelefon. Hugs at de må oppgje alle kjelder.

Vurdering

• Sidan det er sluttvurdering som gjeld i faget , vil vurderinga på tentamensteksten vere avgjerande for sidemålskarakteren i 2. termin og dermed også for standpunkt.

Plan for dagen (1)08:30−09:25 Individuelt arbeid: De les oppgåvene og

tekstvedlegga nøye og vel oppgåve. Lag tankekart og ein disposisjon der du legg inn dei momenta du vil ta med i teksten din.

09:30−10:00 Gruppearbeid: De går saman i grupper (maks 4) etter kva oppgåve de har valt, og diskuterer mogelege løysingar når det gjeld faglege moment og struktur i tentamensteksten. Lærarrettleiing etter behov.

10:05−11:30 Individuell skriving – arbeidsro. Lærarrettleiing etter behov.

11:30-12:00 Felles matpause

Plan for dagen (2)12:00-12:20 Kameratvurdering (2 og 2). Denne øvinga er valfri.

Er det svart på alle delar av oppgåva? Er det brukt fagomgrep? Er det brukt sitat frå tekstgrunnlaget? Har teksten ein tittel? Korleis er det bøyinga av verbet «å skrive»? Korleis er det med ordet «man»? Korleis er det med endinga –et i fortid av verb: passet

(passa), bygget (bygd)?

Plan for dagen (3)12: 20−13:45 Individuell skriving – arbeidsro.

De skriv oppgåva ferdig og finpussar på nynorsken. Lærarrettleiing etter behov.

13:45−13:55 Innlevering: De leverer tentamensteksten på ITSL i Mappa Arbeid til vurdering/Nynorsk.

I etterkant Svar på spørjinga:Vurdering av skriveverkstaden (sidemål) (ITSL)

Vurderingskriteria på skrivedagen (1)

Hovudinntrykk

Teksten din skal vere eit godt svar på oppgåveformuleringa. Du skal kunne trekkje ut hovudsyn i tekstar, finne argumentasjon og drøfte temaet oppgåva spør etter.

Forståing og bruk av tekstar

Du skal finne tema, hovudsyn og argumentasjon i tekstar og kunne tolke tekstar ved hjelp av fagspråk.Du skal ta stilling til spørsmål og verdiar i tekstar på bakgrunn av ein analyse og kunne grunngje eigne meiningar om det teksten eller oppgåveformuleringa tar opp.

Vurderingskriteria på skrivedagen (2)

Oppbygging av teksten − struktur

Du skal skrive tekstar med god samanheng og tekstbinding. Du skal kunne lage innleiing, avslutning og klare avsnitt.Du skal tilpasse språk og oppbygging til den sjangeren du har vald (artikkel, litterær analyse, retorisk analyse).

Språk, formelle ferdigheiter

Du skal meistre formverk og rettskriving på sidemålet, og du skal kunne variere språket.Du skal markere sitat og vise til kjelder på ein ryddig og nøyaktig måte.

Bildeadresser

• Lysark 1: https://www.youtube.com/embed/noizzy1q3Jc#t=149

• Lysark 2: https://serathi.wordpress.com/

• Lysark 3: http://www.torgnyland.com/2013/12/fusker-i-faget.html

• Lysark 4: http://skeland2.livejournal.com/8067.html

• Lysark 6: http://www.dagbladet.no/magasinet/2003/10/28/382053.html

top related