breidablik - amazon s3€¦ · om du er medlem. du forlet hytta i helst litt betre stand enn du...

12

Upload: others

Post on 27-Jul-2020

5 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp
Page 2: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Med programmet du no sit med i nevane ynskjer me å gje

deg naturopplevingar for livet.

Me har fleire skiturar enn nokon gong i turlaget si historie—

me håpar fleire hiv seg med på vinterturane, då

vinteren er fantastisk (sjølv om den i skrivande stund

er nitrist)— den ekstra tryggleiken av å gå saman er

ekstra god å ha om vinteren.

Når vinteren er over kan me by på turar med ulike

tema, som poesi, litteratur, yoga, industri og ikkje

minst stølsliv.

Og me har nyvinning besteforelder og borneborn-tur.

Og sjølvsagt - me har ein heil rekkje flotte «vanlege» turar.

Me håpar du vert med oss på tur i 2020, følg med oss på nettsidene kvamtur-

lag.no og Facebooksidene våre, for endringar i programmet kan

skje—og meir moro kan plutseleg dukka opp!

Turane våre er forresten opne for alle, men vert gjerne medlem

for å støtta arbeidet me gjer.

Og du, om du vil ut på tur på eigahand, tilrår me ein tur til

ei av dei 550 turlagshyttene som står klar til å ta i mot deg.

Dei tre næraste hyttene er presentert på neste side. Elles

kan du nytta deg av ut.no, der me har over 100 turmål med

skildringar og gps-spor berre i Kvam.

- Styret i Kvam turlag -

Page 3: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Breidablik

Breidablik ligg 1062moh. med flott utsyn over fjord, fonn og fjedl. Hytta har 27 sengeplassar og er ei sjølvbetent hytte med

hyttevakt i sesongen. Du kjem deg til Breidablik frå Fitjadalen, 7km og 900 høgdemeter, eller frå Hamlagrø, 11km og 600

høgdemeter. Eller du kan gå via Vending, 3km og 300 høgdemeter.

Vending

Vending er ei av hyttene til

Bergen og Hordaland turlag som har

mest besøk, men det er likevel god

plass dei fleste nettene. Hytta ligg fint

til ved Vendingstjørn og er og ganske

enkel å komme til på vinteren då det

er kvista inn frå vinterferien. Hytta er

sjølvbetent. Mange vegar fører til Vending: Frå Fitjadalen, Hamlagrøosen,

Kvamskogen eller frå hyttene Gullhorgabu og Breidablik.

Kiellandbu

Kiellandbu ligg flott til

frampå kanten av Løkjels-

dalsnuten med utsikt

utover Fyksesundet.

Kiellandbu er ubetent. Du

kjem deg enklast dit frå

Hodnaberg og innover

Hardingaskaret. Du kan òg gå frå Botnen og opp, men er då av-

hengig av båt inn Fyksesundet. Eller på sti frå Hamlagrøosen via

Blåkoll.

Generelt—Hyttene til Bergen og Hordaland turlag er ulåst, og alle er velkomne til dagsbesøk eller overnatting. Du får lågare pris på opphaldet

om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-

lingsapp. Om lag halvparten av sengene i hyttene er mogeleg å booke på førehand. Då veit du kvar du skal sova. Men det er absolutt lov å komma

utan booking og.

Sjølvbetent—Dei fleste hyttene til Bergen og Hordaland turlag er sjølvbetent. Det betyr at det er ved, gass, mat tilgjengeleg, og at det er senger

med dyner og puter der. Du må ta med deg sovepose eller lakenpose/sengekle sjølv. Matlageret variererer, men du vil alltid finna noko å fylla magen

med før neste tur. Knekkebrød, syltetøy, havregryn, kaffi, kakao, lapskaus, joikakaker, potetmos og fruktcocktail pleier å vera å finna. Du betalar for

maten saman med opphaldet. På ei sjølvbetent hytte treng du egentlig berre lakenposen for å overnatta—alt anna du treng finn du på hytta.

Ubetent—Ubetente hytter er dei enklaste hyttene til DNT. Desse hyttene har madrasser, dyner og puter, ved og gass, men har ikkje mat. Du finn

med andre ord det du treng for å laga mat på hyttene, men sjølve maten må du bera med deg sjølv.

Page 4: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Me drøymer om kvite vidder, urørte bakkar med herleg laussnø, flotte vintersolnedgongar og

soloppgongar, varme turisthytteovernattingar med god mat.

Fullmåneturar til Torefjell

Me prøver å få til toppturar til Torefjell rundt fullmåne kvar må-

nad i februar, mars og april. Turane vert forsøkt tilpassa ver og

føre i perioden—så følg med på nettsidene eller facebooksidene

våre for informasjon. Turane har etter måten låg terskel og det er

lov å møta med fjellski. Kjell Inge Tyssen og Geir Morten Utskot

er i utgangspunktet turleiarar.

Ingebjørgfjell laurdag 8.mars Ingebjørgfjellet i Granvin har litt same utstika som på bildet øvst

på denne sida. Veldig fin skitur om føreforholda er gode. 950

høgdemeter må gåast for å nå toppen på 1210moh, så ein viss

form må du ha inne sjølv om turen berre er 8km. Me reknar 7

timar på turen. Peter Helland-Hansen er turleiar.

Horndalsnuten laurdag 28.mars

Horndalsnuten er eit kjært turmål for Vossingane og det er

mange måtar å komma seg dit på—me prøver her ein av dei

mindre brukte—frå garden Skår ved Skjervet. Me startar på

500moh og skal opp på 1461moh før me nyt nedrennet same veg.

Før det har me forsert flatane innover Hensdalane, og ettekvart

nytt utsikta over heile det flotte Raundalsmasivet. Peter Helland-

Hansen er turleiar.

Jentegourmet-tur 13-15.mars

Den tradisjonelle gourmetturen for jenter går til Høgabu og Ven-

ding, før ein vender skituppane heimover mot Kvamskogen og

Tokagjelet. Me lovar ekstra god mat, lange flotte dagar ute i

naturen med ski på beina og godt selskap. Evy Kleivane leier an.

Trippel: Byrkjefjell, Iendefjell og Fuglafjell

Sundag 19. april starar me ved Jonshøgdi og tek oss opp på

1046meter høge Byrkjefjell før me siglar slakt ned og bort til Pur-

kegjel og tek oss opp til flotte Iendefjell. Frå Iendefjell

(1261moh) ventar ei fin nedskriing til Gårurdskaret der ein ny

motbakke ventar til det høgaste fjellet i Kvam, Fuglafjell

(1334moh). Her nyt me utsikta over store delar av fjellriket vårt

før me skrir ned til

Myklavatnet og vidare til Sjusete. Turleiar er Evy Kleivane.

Skitur i Omafjellet sundag 16.februar

John Olav Måge tek oss med ein runde i sine eigne heimafjell på

Oma. Mange har etterkvart nytt desse fjella om sommaren med

toppar som Daurmålsegga, Ørnotta og Orraksla. Kanskje får me

sett nokon av desse i vinterdrakt?

Sjå alle skiturane i programmet i midten.

Page 5: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Turar for born treng ikkje gå mange metrane for å vera store opplevingar. Me prøver likevel oss på nokre turar med litt

ambisiøse mål—som å gå til Gullhorgabu og Breidablik. Men og korte turar til Dalamot og Sandvenlie.

Følg med på nettsidene og facebooksidene våre—me håpar å få fleire turar for born på programmet utover.

Kveldsmat-turar Me har kveldsmatturar til Titteråstreet, Dalamot og Sandvenlie.

Me går korte turar og kosar oss med kveldsmaten.

Med Synne og Evy-besto til Breidablik Synne og Evybesto vil gjerne ha med seg andre besteforeldre og

borneborn til Breidablik denne helga. Me legg opp til å bruka god

tid opp, nyt ein heil dag i det eventyrlege fjellparadiset Breidablik

før me går nedatt på sundagen. Eit born per beste, og både born

og beste bør vera vane med å gå eit stykke utanfor asfalterte ve-

gar. Turleiarar er Evy Kleivane og Synne 6 år.

Vintertur til Gullhorgabu Tur til turisthytta Gullhorgabu i Bergsdalen. Me går frå Småbrek-

ke opp til hytta, ein tur på ca 8 km og 400 høgdemeter. Turen

passar for litt større born som har vore på ski utanfor oppkøyrde

spor før.

Kunne du tenkt deg å bidra til eit meir

aktivt borna sitt turlag? Me har mange tankar om tilbod me kunne hatt til born

(kveldsmat-turar, hytteturar, natt i naturen, turboklubbar osv.),

men treng nokon som har tid og lyst til å realisere våre—eller

endå betre—sine eigne tankar om friluftsliv for born. Er det deg?

Då vil me gjerne høyre frå deg!

02.feb Kom deg ut-dagen Sjå annonse/nettsider Øystein Mongstad

04.mar Borna sitt turlag: Lommelykt-tur til Døgnope Krossnes, kl 1730 Geir Morten Utskot

28.mar Borna sitt turlag: Gullhorgabu Påmelding innan 21.mars Geir Morten Utskot

06.mai Borna sitt turlag: Eventyrstund - Titteråstreet Teigland, Soldal, kl 1730 Ingunn Hildonen Teigland

21.jun Borna sitt turlag: Torefjell 1050moh Sjusete, kl 1000 Elisabeth Fosse Rise

02.aug Med Synne og Evybesto på tur til Breidablik Påmelding innan 28.juli Evy Kleivane

02.sep Borna sitt turlag: Kveldsmattur til Dalamot Sørheim, kl 1730 Øystein Mongstad

23.sep Borna sitt turlag: Eventyrstund i Sandvenlie Ved Norheimsund stadion kl 1730 Astrid Holmefjord

Page 6: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Dat

o T

itte

l O

ppm

øte/

Påm

eldi

ng

T

urle

iar

02.f

eb

Kom

deg

ut-

dage

n

Sjå

ann

onse

/net

tsid

er

1 Ø

yste

in M

ongs

tad

05.f

eb

Mån

eski

nn

stur

til

Tor

efje

ll

Sjus

ete,

kl 1

800

3

Kje

ll I

nge

Tuf

te T

ysse

n o

g G

eir

Mor

ten

Uts

kot

16.f

eb

Skit

ur i

Om

afje

llet

Å

se, O

ma,

Kl 1

000

3 Jo

hn

Ola

v M

åge

04.m

ar

Bor

na

sitt

tur

lag:

Lom

mel

ykt-

tur

til D

øgn

ope

Kro

ssn

es, k

l 173

0 3

Gei

r M

orte

n U

tsko

t

11.m

ar

Mån

eski

nn

stur

til

Tor

efje

ll

Sjus

ete,

kl 1

800

3

Kje

ll I

nge

Tuf

te T

ysse

n o

g G

eir

Mor

ten

Uts

kot

14.m

ar

Skit

ur t

il I

ngeb

jørg

fjel

let

Påm

eldi

ng

inn

an 1

3.m

ars

4 P

eter

Hel

land

-Han

sen

og

Kn

ut N

jaa

13-1

5.m

ar

Jen

tego

urm

ettu

r P

åmel

din

g in

nan

9.m

ars

4 E

vy K

leiv

ane

21.m

ar

Top

ptur

til

Hor

nda

lsn

uten

frå

Skå

r P

åmel

din

g in

nan

20.

mar

s 4

Pet

er H

ella

nd-H

anse

n o

g K

nut

Nja

a

24.m

ar

Lær

kjak

k-ru

lle p

å to

kve

ldar

, del

1

Påm

eldi

ng

inn

an 2

3.m

ars

på n

ett

1 Ø

yste

in M

ongs

tad

27-2

8.m

ar

Bor

na

sitt

tur

lag:

Gul

lhor

gabu

P

åmel

din

g in

nan

21.

mar

s 3

Gei

r M

orte

n U

tsko

t og

Kje

ll I

nge

Tuf

te T

ysse

n

31.m

ar

Lær

kjak

k-ru

lle p

å to

kve

ldar

, del

2

Påm

eldi

ng

inn

an 2

3.m

ars

på n

ett

1 Ø

yste

in M

ongs

tad

01.a

pr

Mån

eski

nn

stur

til

Tor

efje

ll

Sjus

ete,

kl 1

800

3

Kje

ll I

nge

Tuf

te T

ysse

n o

g G

ier

Mor

ten

Uts

kot

19.a

pr

Ove

r B

yrkj

efje

ll, I

end

efje

ll o

g F

ugla

fjel

l P

åmel

din

g in

nan

18

.apr

il

4 E

vy K

leiv

ane

19.a

pr

Var

alds

øya

Påm

eldi

ng

inn

an 1

8.a

pril

1

Vid

ar A

sk o

g D

afin

n B

erge

25-2

6.ap

r N

anse

nbu

- K

alde

nu

ten

P

åmel

din

g in

nan

21.

apri

l 4

Odd

bjør

n B

orge

06.m

ai

Bor

na

sitt

tur

lag:

Eve

ntyr

stun

d - T

itte

råst

reet

T

eigl

and

, Sol

dal,

kl 1

730

1 In

gun

n H

ildon

en T

eigl

and

13.m

ai

Nat

urle

g tr

enin

g i S

andv

enli

a V

ed N

orhe

imsu

nd

stad

ion

kl 1

900

2 E

lisa

beth

Fos

se R

ise

20.m

ai

Støl

sdri

ft i

Roa

ldsd

alen

Å

lvik

sku

le, k

l 18

00

2 E

gil M

o

24.m

ai

Ind

ustr

isog

e: K

valv

ik-g

ruve

ne

Fer

jeka

ien

, Tør

vikb

yg, k

l 2

Egi

l Mo

27.m

ai

Run

dtur

i M

elst

veit

åsen

M

elst

veit

vege

n 1

86,

kl 1

800

2

Sids

el N

etel

and

Ling

a

31.m

ai

Ber

gada

len

yts

t i K

vam

til

Mun

dhe

im

Mun

dhei

m k

ai, k

l 100

0 3

Joh

n O

lav

Måg

e

07.ju

n

Høg

t ov

er J

onda

l: V

ikan

ute

n

Påm

eldi

ng

inn

an 6

.jun

i 4

Svei

n R

une

Stak

seng

10.ju

n

attg

rodd

e st

iar:

Lia

sete

- L

aups

afly

ane

Kro

ssn

es, F

itja

dale

n, k

l 18

00

3 G

eir

Mor

ten

Uts

kot

Page 7: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

12-1

4.ju

n

Dug

nad

stur

til

Ven

din

g P

åmel

din

g. S

jå a

nno

nse/

net

tsid

e 2

Odd

bjør

n B

orge

21.ju

n

Bor

na

sitt

tur

lag:

Tor

efje

ll 1

050m

oh

Sjus

ete,

kl 1

000

4 E

lisa

beth

Fos

se R

ise

24.ju

n

Litt

eraT

UR

til

Hel

jest

ein

en

Tok

agje

let,

kl 1

800

2

Inge

r D

ysvi

k

28.ju

n

Tør

vikn

uten

via

Kva

nsk

ar

Tve

iten

, Tør

vikb

ygd,

kl 1

100

3 O

ddbj

ørn

Bor

ge

03-0

5.ju

l G

ourm

et-Y

ogat

ur

i Kva

mm

afje

llet

Påm

eldi

ng

inn

an 2

8.ju

ni

3 E

vy K

leiv

ane

31.ju

l-02

.aug

M

ed S

ynn

e og

Evy

best

o på

tur

til B

reid

ablik

P

åmel

din

g in

nan

28

.juli

4

Evy

Kle

ivan

e og

Syn

ne

09.a

ug

Myk

lava

tn -

Fug

lada

len

- F

itja

dale

n

Sjus

ete,

kl 1

000

4 K

nu

t N

jaa

og H

elen

e Le

igla

nd

Nja

a

12.a

ug

Kul

TU

R: S

tadn

amn

og

bruk

av

nat

uren

P

v/S

tran

deba

rm s

kule

, kl 1

800

2

Kar

en M

atth

iess

en

16.a

ug

Kar

alde

nu

ten

frå

Hed

ler

Påm

eldi

ng

15.a

ugus

t 4

Ran

di I

ren

e A

alvi

k

19.a

ug

Støl

stur

med

his

tori

sk s

us t

il T

oref

jells

flya

ne

Sjus

ete,

kl 1

800

2

Svei

n R

une

Stak

seng

23.a

ug

Ulv

anos

a P

åmel

din

g in

nan

21.

augu

st

4 V

idar

Ask

26.a

ug

Poe

siT

UR

til

Nor

heim

sdal

en

Sele

sete

, kl 1

800

2

Eli

sabe

th F

osse

Ris

e

30.a

ug

Hov

lan

d - M

yrse

te -

Bre

idab

lik

- Fit

jada

len

Sk

oghe

im, S

olda

l, kl

08

00

4 Si

dsel

Net

elan

d Li

nga

02.s

ep

Bor

na

sitt

tur

lag:

Kve

ldsm

attu

r ti

l Dal

amot

rhei

m, k

l 173

0 2

Øys

tein

Mon

gsta

d

04.s

ep

Ful

lmån

etur

til T

oref

jell

Sj

uset

e, k

l 18

00

3 H

elen

e Le

igla

nd

Nja

a

05.s

ep

Med

rob

åt p

å fjo

rden

til

Kva

msø

y P

åmel

din

g in

nan

4.s

epte

mbe

r 2

Pet

er H

ella

nd-H

anse

n

06.s

ep

Tor

efje

ll r

undt

F

etet

, Fit

jada

len

, kl 0

900

4

Åsm

und

Kri

stia

nse

n

13.s

ep

Jons

tein

P

åmel

din

g in

nan

12.

sept

embe

r 3

Svei

n R

une

Stak

seng

23.s

ep

Bor

na

sitt

tur

lag:

Eve

ntyr

stun

d i S

and

ven

lie

Ved

Nor

heim

sun

d s

tadi

on k

l 173

0 1

Ast

rid

Hol

mef

jord

27.s

ep

Skår

- S

tora

vatn

et -

Vet

lava

tnet

- A

ksse

te

Skyt

tarh

uset

, Str

anda

dale

n, k

l 100

0

3 K

aren

Mat

hie

ssen

Sjå

kvam

turl

ag.n

o fo

r op

pdat

ert

og m

eir

fyld

ig in

form

asjo

n o

m t

uran

e.

Page 8: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Bergadalen—Mundheim 31.mai

Ytst i Kvam er eit lite kjent turområde. John Olav Måge viser veg

frå Bergadalen nesten på kommunegrensa mot Kvinnherad og

innover til Mundheim.

Skår—Storavatnet—Kytingen 27.sept Fjella sør for Tveitakvitingen håpar me framstår i fantastisk

haustprakt denne dagen. Karen Matthiessen leiar an.

Myklavatnet—Fugladalen—Fitjadalen 9.aug Naturen er verkjeleg storslagen når ein bikkar kanten over Krok

og går innover forbi Jørstadvatna, langs Myklavatnet og over mot

Fugladalen. Vidare fortset me nedover langs det flotte Øystese-

vassdraget til Fitjadalen. Knut og Helene Njaa losar deg trygt

heile vegen.

Torefjell rundt 6.sept Me startar og endar ved Fetet i Fitjadalen, går til Botnane og tek

av til Eivindsete, der tek me oppover dalen mellom Torefjell og

Havringsfjell. Vidare forbi Jørstadvatna, går ned mot Krok og

kryssar normalvegen til Torefjell på veg til Fagrasete og Nyasete,

før me avsluttar med Sogestien. Ein flott runde med mange

kjende og kjære turmål som ein sjeldan kombinerer i ein tur.

Karaldenuten frå Hedler 16.august Med sine nesten 1300 meter over havet er Karaldenuten ein av

dei høgaste toppane i Kvam. Me startar høgt slik at det likevel

ikkje vert altfor mange høgdemeter å klatra. Fantastisk tur i fjel-

let over Ålvik.

Hovland—Breidablik—Fitjadalen 30.aug Sidsel tek oss med langs sin eigen stølsveg frå Hovland til

Skårsete og vidare bak Skarpenuten forbi Oaldstjørn, Blie og

Langhaug til Myrsete. Der tek me fatt på bakkane oppover mot

Breidablik. Frå Breidablik tek me turen ned i Fitjadalen. Turleiar

er Sidsel Iren Neteland Linga

Med robåt på fjorden 5.sept Den fyrste laurdagen i september byter me ut fjellskoa med årer

og legg turen frå Norheimsund til Kvamsøy i båtar frå Fartøy-

vernsenteret. Som turleiar er me så heldige å ha båtbyggaren

sjølv—Peter Helland-Hansen.

Høgt over Jondal—Vikanuten 7.juni Turen opp til Vikanuten er kjempebratt, men belønninga på

toppen er formidabel utsikt over Hardangerfjorden og fjella bak.

Svein Rune Stakseng viser veg.

Page 9: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Nokre dagar har me litt anna fokus berre turen og målet — då krydrar me turane med litt kultur: poesi, trening,

industri, stølsdrift og yoga er mellom temaene du kan få med deg.

19.apr Varaldsøya Påmelding innan 18.april Vidar Ask og Dagfinn Berge

13.mai TreningsTUR: Naturleg trening i Sandvenlia Ved Norheimsund stadion kl 1900 Elisabeth Fosse Rise

20.mai Stølsdrift i Roaldsdalen Ålvik skule, kl 1800 Egil Mo

24.mai Industrisoge: Kvalvik-gruvene Ferjekaien, Tørvikbyg, kl Egil Mo

10.jun På attgrodde stiar: Liasete - Laupsaflyane Krossnes, Fitjadalen, kl 1800 Geir Morten Utskot

24.jun LitteraTUR til Heljesteinen Tokagjelet, kl 1800 Inger Dysvik

05.jul Gourmet-Yogatur i Kvammafjellet Påmelding innan 28.juni Evy Kleivane

12,aug KulTUR: Stadnamn og bruk av naturen P v/Strandebarm skule, kl 1800 Karen Matthiessen

19.aug Stølstur med historisk sus til Torefjellsflyane Sjusete, kl 1800 Svein Rune Stakseng

26.aug PoesiTUR til Norheimsdalen Selesete, kl 1800 Elisabeth Fosse Rise

05.sep Med robåt på fjorden til Kvamsøy Påmelding innan 4.september Peter Helland-Hansen

Kvalvik-gruveneBjølvefossen i Ålvik lagar ferro silisium, for å laga det treng dei

kvarts. I starten var denne kvartsen ganske kortreist, blant anna

henta dei den rett over fjorden—i Kvalvik. Egil Mo tek oss med og

fortel om gruvedrifta.

Poesitur til Norheimsdalen

Elisabeth Fosse Rise tek deg med til Norheimsdalen. På vegen får

du dikt vakre som solnedgongen.

Naturleg trening i Sandvenlie Naturen er ein god arena ikkje berre for tur, men og for trening.

Elisabeth Fosse Rise viser deg nokre lure triks.

Stølsturar med budeiedilt

Me har to turar der me prøver å få med oss nokon med fyrste-

handskjennskap til stølslivet. Det byrjar å bli langt mellom dei

med budeieerfaring, men me satsar på å lura ut nokre

budeiediltar som kan fortelja litt frå livet på stølen.

Page 10: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Fotalaget

Turtilbod for alle, turane går så

godt som kvar tysdag med opp-

møte på Spar i Norheimsund

klokka 11. Turane går til ulike

turmål i heradet, sjå nettsidene

for informasjon om kvar turen

går kvar den enkelte tysdag.

Gratis, men spleisar på køyring

når det er naudsynt. Turane

varer typisk 3-4 timar.

Karatrakk

Turtilbod for alle karar, turane

går så godt som kvar onsdag

med oppmøte på Spar i Nor-

heimsund klokka 11. Turane går

til ulike turmål i heradet, sjå

nettsidene for informasjon om

kvar turen går kvar den enkelte

onsdag. Gratis, men spleisar på

køyring når det er naudsynt.

Turane varer typisk 3-4 timar.

Trakkatrimmen

Turgruppa Trakkatrimmen pas-

sar for deg som vil gå litt kortare

turar i litt lettare terreng enn

Fotalaget og Karatrakken. Tura-

ne går kvar tysdag med oppmøte

på Spar i Norheimsund klokka

1130. Turane går i moderat tem-

po i lett terreng. Turane varer ca

2 timar og det er gratis å delta,

men spleisar på køyring når det

er naudsynt.

Page 11: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

Turane våre er opne for alle Det er ikkje krav om medlemskap for å vera med oss på tur. Men du må gå sjølv, så meld deg på tur etter form.

Informasjon og endringar

Du finn meir informasjon om alle turane på nettsidene våre kvamturlag.no. Dei fleste turane vert òg annonsert i Hordaland Folkeblad

og på Facebook-sidene våre. Me prøver å halda oss til oppsett program, men med planleggjing mange månader på førehand kjem det

til å skje endringar—sjekk derfor nettsidene for oppdatert informasjon før du møter opp.

Påmelding

Turane som har påmelding er merka med dette—her må du melda deg på innan den oppgitte fristen—er du treg, kan turen enten

vera full eller vera avlyst på grun av lita interesse.

MedlemskapSom medlem i Kvam turlag er du med å støtta vårt arbeid for å gje flest mogleg

naturopplevingar for livet. Dette gjer me blant anna med fellesturar, hytter og

merking av stiar. Du får òg økonomiske føremoner ved deltaking på turar, ved

overnattingar i hyttenettet til DNT, og du får eit bra friluftsmagasin i posten.

Medlemskap teiknar du enklast via nettsidene våre kvamturlag.no.

Meld deg inn! Kom deg ut!

Dugnaden

Alt Kvam turlag gjer—frå utforming av turprogrammet du held i nevane til mer-

king av stiar og leiing av turar, er basert på frivillig innsats. Har du lyst å bidra

som turleiar, hyttevert på Breidablik, tilsyn på ei av dei tre hyttene Vending,

Kiellandbu eller Breidablik- eller med merking eller andre oppgåver, så gje oss ein

lyd. Sjå og nettsidene for meir informasjon. Det er kjekt å få folk på tur!

FOTO: Framsidefoto: Vesoldo, 17.mai—Hildegunn Berge. Side2: Bakgrunn—Kjell Inge Tufte Tyssen, Hyttene: DNT/

Ut.no Vinterturar: Øvst—Midtfjell—Kjell Inge Tufte Tyssen, Nedst Torefjell, Breidablik, Byrkjefjell alle Kjell Inge

Tufte Tyssen Turar for born: Sandvenlie, Kjell Inge Tufte Tyssen Dagsturar: Hedlafjell—Elisabeth Fosse Rise, Fugla-

dalen—Knut Njaa, Breidablik—Hildegunn Berge, Finnhiller—Elisabeth Fosse Rise, Fugladalen—Knut Njaa Kultur:

Frå Geitafjell—Kjell Inge Tufte Tyssen Seinorgrupper: Karatrakken—Karatrakken Om turlaget: T i skodde—DNT,

Born på veg til Gullhorgabu—Kjell Inge Tufte Tyssen, Gygrastolen—Vidar Ask Baksida: Fjellhjarter—Evy Kleivane

Page 12: Breidablik - Amazon S3€¦ · om du er medlem. Du forlet hytta i helst litt betre stand enn du fann ho i. Du betalar for opphaldet med eingongsfullmakt eller helst via ein beta-lingsapp

HELSEBANKEN FYSIOTERAPI

Hardangerfjordvegen 650

5610 Øystese

Hugs Optima

reiseflasker på turen