Download - Er det eit land som heiter weekend?
1
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 1
Jóanes Nielsen
Er det eit landsom heiter weekend?Skodespel i 7 delar
Frå færøysk avLars Moa MNO
SamlagetOslo 2015
3
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 3
Andre bøker av Jóanes Nielsen på Samlaget
Bruer av svoltne ord. Gjendikting frå færøysk av Lars Moa.2004
Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn.Gjendikting og forord av Lars Moa. 2007
2
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 2
PERSONAR
JÓHANNA
THOMSEN, mannen hennarDIA, pasientTÓRÁLVUR, pasientHERVØR, pasientTÓTA, pasientTO SJUKEPLEIARAR
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 5
6
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 6
I. scene
Stemninga på scenen tyder på avreise. For eksempelser vi ein reisebag, og det ligg avskjed i lufta mellomekteparet Jóhanna og Aksel Thomsen. Ho er heimepå weekend, har vore på psykiatrisk sjukehus eistund.
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 7
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 8
JÓHANNA
Han er her.
THOMSEN
Kven?
JÓHANNA
Hysj! Høyr!
THOMSEN
Eg høyrer ingen ting. Eg høyrer slettes ingen ting.
JÓHANNA
Han var her.
THOMSEN
Nei. Eg er her.
JÓHANNA
Ikkje bagatelliser det eg seier. La vere med det.Det var noko her, noko gav seg til kjenne, nokosom luktar av Færøyane. Høyrer du!
THOMSEN
Sjølvsagt. Vi er på Færøyane. Kan du aldri nemneFærøyane utan at ansiktet ditt blir forvridd?
JÓHANNA
Vi skulle aldri ha flytta heim igjen. Færøyane erein bagatell. Og det som seigpiner menneska, ogtil slutt tar knekken på dei, det er just bagatellane.
9
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 9
Færøyane er eit land som seigpiner folk i hel.Men han var her.
THOMSEN
Døra er stengd. Vindauga er igjen …
JÓHANNA
… og kranen er skrudd igjen, ingen kjem seg oppgjennom vasslåset eller inn gjennom leidningane.Spar meg for denne billige danske humoren.Snakk ikkje til meg som om eg var ein idiot!
THOMSEN
Vi skal vere på sjukehuset klokka ni.
JÓHANNA
Eg skal vere på sjukehuset klokka ni. Du fervidare. Aksel Thomsen vinkar bye-bye til kona si.Du har alltid vinka bye-bye. Det er derfor eg stårfast i dette forbanna hòlet.
THOMSEN
Kva for eit forbanna hòl? Du seier at det ernokon her, men vedkommande er tydelegvis ikkjei stand til å seie god dag. Sidan fortel du at Færøyane drep sine eigne barn. Og så er danskhumor noko billig skit. Og dette er det første duseier, ja, dette er morgonbønna di. Har du tenktpå at det kan vere mogleg at det vonde hòlet somdu snakkar om, det er du sjølv?
10
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 10
JÓHANNA
Han var her. Du jattar berre med meg. Du vil hadenne weekenden overstått. Det verste er ikkje åvere sjuk. Veit du kva det verste er? Det er å ikkjebli tatt alvorleg lenger.
THOMSEN
Eg prøver nettopp å ta deg på alvor. Saman medmeg får du ikkje lov til å spele psykopat. Men detsom alltid øydelegg og bryt ned, det er mistrua di.
JÓHANNA
Eg trur at denne situasjonen verkeleg passar degperfekt. Du har fått tavla vaska rein. Du harbegynt på ein strålande weekend som aldri tarslutt.
THOMSEN
Kan du ikkje slutte med å …
JÓHANNA
… mistru? (Har tatt rundt den gamle skoleveskatil småjenta si og klemmer henne varsamt inntilseg.) Eg fann ein framand bluse i skittentøykorga.Han er heller stor til å vere ein damebluse. Vil duogså kalle blusen mistru?
THOMSEN
Kva veit vel du om kleda våre? Når var sistegongen du tok deg av klesvasken vår?
11
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 11
JÓHANNA
Blusen luktar heller ikkje av deg.
THOMSEN
Sist du var her i weekenden, fann du nokre aviser,som eg heller ikkje skulle ha lese.
JÓHANNA
Men det var ikkje sæd på avisene. Det er det påblusen. SPERMA er det på blusen. Ei hard skorpeav sperma.
THOMSEN
Ta blusen med deg, viss det kan gi deg fred i sjela.Få dei til å analysere denne harde skorpa, så namnet på den onanerande syndaren kan stad -festast! Du vil ha meg med deg i fallet ditt. Det erdet alt dreier seg om. Du har enda skulda meg forå ha misbrukt barnet vårt seksuelt. Psykologenfortalde meg …
JÓHANNA
Den surpeisen!
THOMSEN
Han sa at du tenkte på å melde meg. Eg står ijournalen som ein mogleg incestforbrytar. Egspurde han om tvangstankar har juridisk status.Eg sa til han at du ofte snakka med Bonden, ogeg spurde om 50 år gamle gjengangarar også harjuridisk status.
12
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 12
JÓHANNA
Det verkar som om du er nervøs.
THOMSEN
Ja, kva trur du. Du sit og leikar med sjølve livetskjelde. Du tømmer gift i det reine vatnet. Eg erknust. Det er det eg er. Deg har eg mista, og Veslaer alvorleg sjuk. Sjå på veggane våre! Eit kapell!Bilde frå ei svunnen og lykkelegare tid. Og no hardu degradert meg, plassert meg nedst på den sosiale rangstigen. Du har gitt meg status somseksualforbrytar. Ser du ikkje kor ekkelt alt detteer? Vesla var ei glad jente. Livet vårt var akkuratsom livet skal vere i ein familie. Heilt til ho vartskadd. Da forandra alt seg.
JÓHANNA
Det sa eg til psykologen. Men eg sa også at dufekk sparken frå banken.
THOMSEN
Du seier akkurat det som passar deg å seie,Jóhanna. Får du hard motbør, så ror du til lands.Der blir du heilt til sjukdommen plutseleg gjer eitangrep. Så begynner du igjen å dolke meg i ryggenog baktale meg. Den som er gift med deg, blir all-tid litt …
JÓHANNA
Litt kva da?
13
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 13
THOMSEN
Kan vi ikkje snakke om noko anna?
JÓHANNA
For eksempel?
THOMSEN
Du er utspekulert. Eg klarer ikkje dette lenger.
JÓHANNA
Vil du seie at den som bur saman med meg, blirhomse?
THOMSEN
Du er så brutal.
JÓHANNA
Kanskje. Men du er heller ingen nybegynnar pådet området. Du følgjer meg ut på avdelingaklokka ni, og fem minutt over ni begynner du påditt verkelege liv.
THOMSEN
Fem minutt over ni er eg på arbeid på lageret.Der arbeider eg frå klokka åtte, ja, eg fortalde deiat eg kom litt for seint i dag. Og eg arbeider tilklokka fem, og av og til til klokka seks eller sjuom kvelden.
JÓHANNA
Aha. Martyren for sein. Eg blir dårleg i magen av deg.
14
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 14
THOMSEN
Og når eg kjem heim, lagar eg meg mat, vaskarklede, ja, du veit godt at eg besøker jenta vår. Ogdu veit også at eg har henne heime på weekendav og til.
JÓHANNA
Vi snakkar ikkje om Vesla lenger!
THOMSEN
Ho har bruk for oss.
JÓHANNA
STOPP!
THOMSEN
Nokre gonger går eg også på byen. Eg har ikkjetenkt å snylte på det offentlege, sjølv om bankenrasjonaliserte meg ut av lønningslista. Eg arbeidersom alle andre. Men det er pinade ikkje alle somhar ei kone som er ko-ko.
JÓHANNA
Og som annankvar dag får besøk av ingen ringareenn Bonden, eit 50 år gammalt lik. Ha-ha-ha.Thomsen, kjære mannen min. Eg synest at du harvorte litt for nærtakande.
THOMSEN
Nærtakande? Eg?
15
Er det eit land som heiter weekend ferdig_a 12.08.15 13:51 Side 15