eg er eg er eg er

11

Upload: det-norske-samlaget

Post on 05-Aug-2016

314 views

Category:

Documents


16 download

DESCRIPTION

Dikt for barn av Ruth Lillegraven. Illustrert av Mari Kanstad Johnsen.

TRANSCRIPT

Page 1: Eg er eg er eg er
Page 2: Eg er eg er eg er
Page 3: Eg er eg er eg er

ruth lillegraven

Eg er eg er eg erDikt for barn

Illustrert av

mari kanstad johnsen

SamlagetOslo, 2016

Page 4: Eg er eg er eg er
Page 5: Eg er eg er eg er

 | 54

Vår

Page 6: Eg er eg er eg er
Page 7: Eg er eg er eg er

 | 76

Vårvill

eg er eg er eg erseier den vesle vakre våren

kikar opp mellom restane av haust og alt som blei borte

eg er ekte ogvanleg vårseier han

og eg lovar

lovar gull og grøne skogar

hender og hår

småsko og lange dagar

berre ventberre vent

Page 8: Eg er eg er eg er

Hjartet mitt

berre vent

langt inni skogen den mørkaste grøne

der finn du mitt vesle hjarte

det som klyv i trea

stuper kråke mellom røtene

legg seg til å symje i mosehav og skogstjernesjø

eg er eg er eg ersyng det veslehjartet

Page 9: Eg er eg er eg er

 | 98

Eit lite frø

eg var eg var eg var

eit bitte lite frø i magen

frøet voks og voks

blei ein baby som voks og voks

så starta altså starta eg

eit lite menneske på ein diger jordkloderundt og rundt i eit endåstørre verdsrom

altfor stort til å tenkje på for eit bitte lite frø som eg

Page 10: Eg er eg er eg er

Alle gutane

eit lite frø i gata der gutane står og triksar på sparkesyklane skrålar og ler til jentene kjem forbi

då lèt alle gutane som ingenting

då lèt alle jentene som ingenting

men du

blikk så blått som himmelen siste skuledagen

lugg så stri som grastustane første vårdagen

hud så lys som heggetrea i skogkanten

du skin

Page 11: Eg er eg er eg er

 | 1110

Skimrande

du skrapar med fotenog pratar med munnen

løftar blikket, ser på meg som sol og sjø og sky

det skjer ikkje meir

berre dette

det held for meg

etterpå blæs det fønvind i villjentehjartet

alt hoppar, dansar og ler