firdaposten Årskavalkade 2013

12
NYTT FIRDAPOSTEN LAURDAG 21. DESEMBER 2013 14 ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER I slutten av januar opna Widar Salte dørene til Florø Bakeri på Evja, eit tilbod som har vore sårt etterlyst i Florø. Det siste bakeri dreiv frå 1908 og stengde dørene i 1995. Ein marknadsundersø- king for nokre år tilbake syn- te at eit bybakeri var de flo- røfolket sakna mest. Med seg hadde Salte to kollega- er, Paula Tervoort med fagbrev som bakar og Irmelin Hauge Aldeholm med konditor-fagbrev. – Vi byrjar litt forsiktig, så får ting utvikle seg etter kvart som vi ser kva som vert etterspurt. Og om eg ikkje hadde tru på det, ville eg ikkje byrja med bakeri her, seier Salte. Widar Salte opna Florø Bakeri HEIDERSPLASSEN For tredje, og kanskje siste, gong fylde den store produksjonen til Melodi Grand Prix Florø Idrettsen- ter med vel 2000 menneske, og glamour i lange baner. Drivkrafta bak det treårige eventyret, Per Øyvind «Posen» Helle, fekk velfortent skryt for å ha heva byen opp og fram. Takka Posen for tre år med MGP Byggebransjen ved Tor Arne Ullaland uttalte i januar at for få hender i byggebransjen og mangel på kvali- fiserte fagfolk utgjorde ei fare for veksten i bygge- bransjen. – Etterspurnaden i Florø er god, men mangel på fagfolk kan stoppe store byggeprosjekt, sa han. Mangla fagfolk i byggebransjen Dagleg leiar Per Røys melde i midten av januar at Norway Pelagic i Kalvåg hadde teke imot over 3000 tonn sild, og han antok at dei ville nå mellom 17 til 20 tonn sild innan utgangen av januar. Røys var svært nøgd med at dei kunne halde ein høg produk- sjon då det er ein av dei viktigaste sesongane. Eventyrleg start på året i Kalvåg I januar heldt debatten om utvidelse av oljebasen mot aust eller vest fram for fullt, og mange avisoppslag var prega av ulike syn på saka. Kva skulle stille sterkast; vidare utvikling av næringa i byen eller bevaring av idyllen i Flo- revika? Ulike syn mellom politiske parti, innbyggarane og næringa gjorde det tidleg klart at å oppnå konsensus ville verte utfordrande. Dei politiske partia signaliserte skepsis mot Rota-alternativet, medan basesjef Jim Haugland poengterte at utviding austover var utelukka på grunnlag av kronglete logistikk, høgare driftskostnader og at alter- nativet vart dobbelt så dyrt. – Det er berre aktuelt for oss å utvide vestover, sa Jim Haugland ved Fjord Base AS i januar. Debatten om oljebasen tilspissa seg Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) kom med framlegg i januar om å redusere talet på alarm- sentralar frå 20 til 11 på landsbasis som følge av 22. juli- terroren. Argumentet var at dei meinte at fleire små aktø- rar gjorde ein mindre egna til å handtere større kriser. Leiar for Alarmsentralen Sogn og Fjordane Terje Brandsøy poengterte derimot at lokalkunnskapen og nærleiken til menneska er viktig for å utføre jobben på ein god måte. Han undra seg over kvifor DSB allereie i januar ville hal- vere alarmsentralen som følge av ei arbeid som ikkje skul- le avsluttast før desember 2013. Forslaget mobiliserte til kamp på fylkesnivå, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes lova å følge saka tett vidare. Lova kamp for alarmsentralen WESTCON: Tidlegare konsernsjef i Westcon Group, Øystein Matre, og noverande konsernsjef Arne Birkeland var svært positive til florø kjøpet då nyhenda sprakk ved årsskiftet 2012/2013. Dei såg positivt på etableringa av Westcon i Florø, både for selskapet sjølv og for næringa i kystbyen. Arkivfoto: Maiken Aannevik Solbakken Ved årsskiftet vart det klart at sørkoreanske STX Europe AS hadde inngått kjøpsavtale med Westcon Group AS. Difor gjekk verftet i Florø inn i ei ny tid med norske eigarar. MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN [email protected] STX Europe selde både verftsanlegget i Florø og selskapet STX Norway Design Florø til Westcon Group AS. Westcon Group har base i Ølensvåg i Nord-Rogaland og er eit fami- liebasert selskap ved Matre-familien. Difor vart verftet som sidan 2007 har vore eigd av sørkoreanske industrigi- ganten STX overført attende til norske hender. Kva pris Westcon Group måtte ut med for dei to selskapa vart ikkje offentleggjort. Omdømmet til det norske familieeigde selskapet gav lovnader om ei betre tid for verftet. Med lang fartstid i heimbygda til Matre-familien, Ølensvåg, på Haugalandet har dei skapt ein industrikultur som har løfta bygda opp og fram. Selskapet har i lang tid hatt stor suksess med overha- ling og ombygging av boreriggar og bustadriggar. Assiste- rande konsernsjef Arne Birkeland ( journ. anm. Birkeland vart konsernsjef for Westcon Group i oktober 2013) uttalte at han meinte Florø var eit strategisk kjøp med tanke på plasseringa av verftet i forhold til offshorenæringa. Ein føresetnad, og avgrensing for noverande drift, er derimot utbetring av skipsleia som framleis ved slutten av 2013 har ei uviss framtid. – Tilgangen på den høge kompetansen i selskapa vi kjø- per i Florø, eit moderne anlegg med ein større dokk og den attraktive plasseringa vil styrke Westcon, sa Birkeland etter kjøpet var offentleggjort. Samstundes peika dei nye eigarane på at Westcon kun- ne vere med på å løfte verftet opp og fortalde om planane om å satse vidare på rigg og skipsarbeid. – Florø har eit spanande maritimt næringsliv vi gjerne vil vere med på å utvikle vidare. Særleg satsinga innan sub- sea er spanande, sa Westcon-sjefane Øystein Matre og Arne Birkeland. – I Ølen har vi lukkast med å løfte kvarandre. No vert jobben å skape optimisme for Florø og Sunnfjord, sa Mar- te. Westcon rigga seg til på verftet i Florø

Upload: firda-media-as

Post on 12-Mar-2016

223 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTTFIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 201314

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

I slutten av januar opnaWidar Salte dørene til FlorøBakeri på Evja, eit tilbod somhar vore sårt etterlyst i Florø.Det siste bakeri dreiv frå1908 og stengde dørene i1995. Ein marknadsundersø-king for nokre år tilbake syn-te at eit bybakeri var de flo-røfolket sakna mest. Med seg hadde Salte to kollega-er, Paula Tervoort med fagbrev som bakar og IrmelinHauge Aldeholm med konditor-fagbrev.

– Vi byrjar litt forsiktig, så får ting utvikle seg etterkvart som vi ser kva som vert etterspurt. Og om egikkje hadde tru på det, ville eg ikkje byrja med bakeriher, seier Salte.

Widar Salte opnaFlorø Bakeri

HEIDERSPLASSEN

For tredje, og kanskje siste, gong fylde den storeproduksjonen til Melodi Grand Prix Florø Idrettsen-ter med vel 2000 menneske, og glamour i langebaner. Drivkrafta bak det treårige eventyret, PerØyvind «Posen» Helle, fekk velfortent skryt for å haheva byen opp og fram.

Takka Posen for tre år med MGP

Byggebransjen ved Tor Arne Ullaland uttalte i januarat for få hender i byggebransjen og mangel på kvali-fiserte fagfolk utgjorde ei fare for veksten i bygge-bransjen.

– Etterspurnaden i Florø er god, men mangel påfagfolk kan stoppe store byggeprosjekt, sa han.

Mangla fagfolk i byggebransjen

Dagleg leiar Per Røys melde i midten av januar atNorway Pelagic i Kalvåg hadde teke imot over 3000tonn sild, og han antok at dei ville nå mellom 17 til20 tonn sild innan utgangen av januar. Røys varsvært nøgd med at dei kunne halde ein høg produk-sjon då det er ein av dei viktigaste sesongane.

Eventyrleg start på året i Kalvåg

I januar heldt debatten om utvidelse av oljebasen motaust eller vest fram for fullt, og mange avisoppslag varprega av ulike syn på saka. Kva skulle stille sterkast; vidareutvikling av næringa i byen eller bevaring av idyllen i Flo-revika? Ulike syn mellom politiske parti, innbyggarane ognæringa gjorde det tidleg klart at å oppnå konsensus villeverte utfordrande. Dei politiske partia signaliserte skepsismot Rota-alternativet, medan basesjef Jim Hauglandpoengterte at utviding austover var utelukka på grunnlagav kronglete logistikk, høgare driftskostnader og at alter-nativet vart dobbelt så dyrt.

– Det er berre aktuelt for oss å utvide vestover, sa JimHaugland ved Fjord Base AS i januar.

Debatten om oljebasen tilspissa segDirektoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB)kom med framlegg i januar om å redusere talet på alarm-sentralar frå 20 til 11 på landsbasis som følge av 22. juli-terroren. Argumentet var at dei meinte at fleire små aktø-rar gjorde ein mindre egna til å handtere større kriser.Leiar for Alarmsentralen Sogn og Fjordane Terje Brandsøypoengterte derimot at lokalkunnskapen og nærleiken tilmenneska er viktig for å utføre jobben på ein god måte.Han undra seg over kvifor DSB allereie i januar ville hal-vere alarmsentralen som følge av ei arbeid som ikkje skul-le avsluttast før desember 2013. Forslaget mobiliserte tilkamp på fylkesnivå, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes lovaå følge saka tett vidare.

Lova kamp for alarmsentralen

WESTCON: Tidlegare konsernsjef i Westcon Group, Øystein Matre, og noverande konsernsjef Arne Birkeland var svært positive til florøkjøpet då nyhenda sprakk ved årsskiftet 2012/2013. Dei såg positivt på etableringa av Westcon i Florø, både for selskapet sjølv og fornæringa i kystbyen. Arkivfoto: Maiken Aannevik Solbakken

Ved årsskiftet vart det klart at sørkoreanskeSTX Europe AS hadde inngått kjøpsavtalemed Westcon Group AS. Difor gjekk verfteti Florø inn i ei ny tid med norske eigarar.MAIKEN AANNEVIK [email protected]

STX Europe selde både verftsanlegget i Florø og selskapetSTX Norway Design Florø til Westcon Group AS. WestconGroup har base i Ølensvåg i Nord-Rogaland og er eit fami-liebasert selskap ved Matre-familien. Difor vart verftetsom sidan 2007 har vore eigd av sørkoreanske industrigi-ganten STX overført attende til norske hender. Kva prisWestcon Group måtte ut med for dei to selskapa vart ikkjeoffentleggjort.

Omdømmet til det norske familieeigde selskapet gavlovnader om ei betre tid for verftet. Med lang fartstid iheimbygda til Matre-familien, Ølensvåg, på Haugalandethar dei skapt ein industrikultur som har løfta bygda opp ogfram. Selskapet har i lang tid hatt stor suksess med overha-

ling og ombygging av boreriggar og bustadriggar. Assiste-rande konsernsjef Arne Birkeland (journ. anm. Birkelandvart konsernsjef for Westcon Group i oktober 2013) uttalteat han meinte Florø var eit strategisk kjøp med tanke påplasseringa av verftet i forhold til offshorenæringa. Einføresetnad, og avgrensing for noverande drift, er derimotutbetring av skipsleia som framleis ved slutten av 2013 harei uviss framtid.

– Tilgangen på den høge kompetansen i selskapa vi kjø-per i Florø, eit moderne anlegg med ein større dokk og denattraktive plasseringa vil styrke Westcon, sa Birkelandetter kjøpet var offentleggjort.

Samstundes peika dei nye eigarane på at Westcon kun-ne vere med på å løfte verftet opp og fortalde om plananeom å satse vidare på rigg og skipsarbeid.

– Florø har eit spanande maritimt næringsliv vi gjernevil vere med på å utvikle vidare. Særleg satsinga innan sub-sea er spanande, sa Westcon-sjefane Øystein Matre ogArne Birkeland.

– I Ølen har vi lukkast med å løfte kvarandre. No vertjobben å skape optimisme for Florø og Sunnfjord, sa Mar-te.

Westcon rigga seg til på verftet i Florø

Page 2: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTT FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013 15

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Rekordlågt sjukefråvær iomsorgstenesta sparte Florakommune for millionar.Omsorgssektoren står forhalvparten av økonomien,og overskridelsar har tidle-gare fått store konsekvensarfor kommunens økonomi. Ifebruar vart det klart at deihar klart å få ned fråværet og Norunn Stavø, tidle-gare pleie- og omsorgssjef, gav æra til ei medvitensatsing på arbeidsmiljøet.

– Nedgangen i sjukefråværet er rett og slett fan-tastisk og tyder på eit godt arbeidsmiljø og at det ersett i gong gode tiltak som har gjeve god utteljinga,sa Stavø.

Omsorgstenestaved Norunn Stavø

HEIDERSPLASSEN

Administrasjonen i Flora kommune kom i februarmed si tilråding om baseutviding, og den gjekk ibegge retningar. Tilrådinga skjerma derimot sjølverota, men sikra nok areal både til basedrift og annaindustri. Rådmann Terje Heggheim uttalte då at «viflørtar ikkje med bruken av Rota».

Tilrådde base både i aust og vest

Flora Indoor vart ein sportsleg opptur med to norskerekordar i tillegg til at heimehelten Øyvind Strøm-men Kjerpeset til dei grader overtydde på 60 og 100meter. Han smadra sin eigen pers og tok kretsrekor-den på 100 meter med tida 10.80 i B-finalen. Det gavmeirsmak og Øyvind trudde på fleire gode tider.

Øyvind knuste kretsrekorden

Etableringa av eit nytt overgrepsmottak i Førde før-de til at fleire politikarar i Florø vart sjokkerte oguroa for Krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø.Grunna fleire like funksjonar meinte Arlene Vågeneog Anita Steinset i Helse- og sosialutvalet (HSU) atkrisetilbodet ville verte svekka.

Overgrepsmottak i Førde leia til uro

Etter politisk dragkamp vart det vedteke12 nye studieplassar på Flora vidaregå-ande skule. Desse plassane vart øyre-merkt den nye linja VK2 Brønnteknikk. Islutten av februar kom det fram at knap-pe tolv plassar viste seg å vere ei ulempe,då heile 61 søkarar hadde linja som sittførsteval, og det ein dag før fristen gjekkut.

– Ser vi på investeringstakta i næringa bør opplærings-tilbodet stå i stil. Denne linja er både ønskt av næringsli-vet og hos elevane, sa Øystein Garfors, arbeidslivskontaktog rådgjevar ved Flora vidaregåande skule.

Rekordsøking til ny brønnteknikklinjeFlora kommune kjøpte sjukehuset avHelse Førde til fem millionar. Medankjøpskontrakten vart underskriven ifebruar, skal overtakinga skje i 2014. Detvar rådmann Terje Heggheim som skreivunder kjøpskontrakten etter at bystyretgav han mynde til dette.

– Eg oppfattar at kjøpet er realisert forein sum på fem millionar kroner, og atdette ikkje treng bystyret si endelege godkjenning, saHeggheim.

Kjøpskontrakten vart underskriven med atterhald omat Helse Førde kan nytte lokala så lenge dei har behov.

Kommunen kjøpte Flora sjukehus

Olje- og energiminister Ola Borten-Moe fekk eitklart avslag frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordanepå kraftlinjer gjennom Sørdalen-naturreservat iÅlfoten. Statnett hadde då valet mellom å ankeeller legge linja utanom.

MAIKEN AANNEVIK [email protected]

Statnett har planlagt mellom ti og 14 kraftlinjemastergjennom Sørdalen naturreservat, og desse kraftlinjemas-tene sa Fylkesmannen nei til bygging av i januar. Olje- ogenergiminister Ola Borten-Moe stod på sitt då han sa at420 kV-linja skulle gå gjennom Myklebustdalen i Ålfoten.Likevel fekk han avslag på linjetrase gjennom Sørdalen avFylkesmannen. Det var ein liten siger for Myklebust ogSigdestad grunneigarar som hadde kjempa lenge for å fåvekk kraftlinja frå Myklebustdalen.

Ann Karin Hame, fylkesmann i Sogn og Fjordane, sa dåklart ifrå at det ikkje skulle gjerast inngripen i naturreser-vat.

– Det er ein grunn til at dette området er verna. Natur-

reservat er den strengaste form for vern, strengare ennnaturparkar. I praksis betyr dette at ein ikkje kan føre linjagjennom dette området, sa ho.

Området er karakterisert som eit naturreservat fordidet har eit uvanleg sterkt urskogpreg, og det er strengerestriksjonar til inngripen i området. Det er mellom annaulovleg å fjerne, eller innføre, plantar i området, og altdyreliv er freda. Det er heller ikkje lov å oppføre bygningar,anlegg eller faste innretningar.

Statnett valde då å ta saka vidare, og i slutten av maikom saka opp til miljøvernminister Bård Vegar Solhjellsitt bord. Han vedtok å gje klarsignal til bygging gjennomSørdalen Naturreservat, slik som olje- og energiministerOla Borten-Moe gjekk inn for allereie i 2011.

Det førde til rettssak og grunneigarane protesterte motvedtaket. Ein av dei som då gjekk til sak mot departemen-tet var Lars Endre Myklebust forklarte at det var tilstrek-keleg gode alternativ og at Miljøverndepartementet ikkjehadde heimel til å gje dispensasjon.

– Vi trur vi kan vinne fram i Tingretten, sa Myklebust ijuli.

Borten-Moe fekk nei til master i Sørdalen

Page 3: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTTFIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 201316

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

I Davik stod dei i mars i år ifare for å miste einaste mat-butikk og bensinstasjon ibygda. Då butikken plutse-leg stod i fare for å nedleg-gjast og ingen kunne ta overdrifta, kom næraste nabo tilunnsetning. Løysinga vart atbygda at bygdefolket skullekjøpe aksjar i bygget og drivstoffanlegget, men deitrong framleis nokon som kunne ta over driftsselska-pet frå eigar. Karstein Bakke melde seg til å gjere detved sidan av jobben på Elkem i Svelgen.

– Eg er næraste nabo og følte på ein måte at egikkje hadde noko val. Ein butikk må vi ha på Davik,og drivstoffanlegget er vi avhengige av, sa han då.

Karstein Bakke(48)

HEIDERSPLASSEN

Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvde i mars tomillionar kroner til gangpromenaden langs sjøsida iFlorø sentrum. Plansjef i Flora kommune, Rolf BjarneSund var strålande fornøgd med at dei sikra segpengar til fullføringa, og at dei difor gjekk inn i einavsluttande planleggingsfase.

Fekk støtte til «Den Blå Promenade»

Nina og Bjarne Liseth valde å byrje næringshage ibygda. Med seg tok Nina Inspire-butikken frå Florø,og Bjarne forlet leiarjobben i industrien for å opneelektrofirma i bygda.

– Det er sjeldan vi opplever slik knoppskyting inæringslivet i bygda, sa Ludvig Langedal.

Satsa på næringshage i Eikefjord

Flora kommune byrja ei ny satsing på vidareutdan-ning for dei 450 tilsette i omsorgstenestene i kom-munen. Dette var eit ledd i samhandlingsreformasom gjev kommunane meir ansvar for rehabiliteringog førebyggande helsearbeid, og for fleire sjukarepasientar enn tidlegare.

Alle desse tok vidareutdanning

I mars sprakk nyheita om at Fjord1, detstørste ferjeselskapet i Norge, ønskja segtil himmels. Kven dei eventuelt skullesamarbeide med var framleis uklart, menden 13 mars kom nyheita om at ferjesel-skapet var ein del av ei gruppering somhadde levert bod på flyselskapet. Først imai vart det klart at Fjord1 kjøpte 34 pro-sent av Widerøe saman med Torghatten(51 prosent) og Nordland fylkeskommune (15 prosent).Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, sa dei gjorde det både aveit ønskje om å sikre gode transporttilbod på kysten ogmed ein ambisjon om å tene pengar.

Fjord1 retta blikket mot himmelenHilde Buer og sambuaren AndreasBraanaas tok villsauene sine og flyttafrå Grønenga, for å unnsleppebaseutvidinga austover. Det var midtunder prosessen der bystyret skullefinpusse forslaga til områdeplan forFlorelandet Nord i mars, og at signalapeika på at bystyret ville gå for bådeeit vestleg, og austleg, alternativmedan konflikten mellom avgjerdstakarane tilspissa segog tonen vart hardare. – Eg orkar ikkje vere her når deibyrjar å øydelegge. Dette er nok meir kapitulasjon enn einprotest. Vi innser at slaget er tapt, sa Buer då.

Baseutviding tvang Hilde frå Grønenga

RÅDLAUSE: Kristoffer Knapstad og sambuaren Trine Eide venta i mai barn, og hadde flytta attende for å bygge seg ei framtid der. Men dålinja ville gå berre 150 meter frå husveggen, såg mogleiken for ei framtid på garden med eit mørkare ut. Foto: David E. Antonsen

– No veit eg ikkje kva som skjer vidare, sa KristofferKnapstad i Eikefjord i mars. For medan Statnettallereie hadde byrja å bygge 420 kV-linja både iBremanger og Naustdal, heldt grunneigaraneframleis stand i Eikefjord.

MAIKEN AANNEVIK SOLBAKKEN [email protected]

Eikefjordingane fekk saka opp til sivilombodsmannen ogstogga arbeidet med 420 kV-linja i Eikefjord. Medan sakalåg på Sivilombodsmannen sitt bord måtte Statnett fintvente på svar. Men det viste seg at det einaste ombods-mannen kunne gjere var å rynke på nasen over ministerensi handsaming av mastesaka. Difor stod ingenting att forat linjearbeidet kunne byrje.

Sivilombodsmannen kritiserte ministeren og Olje- ogenergidepartementet for svikt i saksbehandlinga, men sågingen grunn til å kritisere sjølve vedtaket om trasevalet tilkraftlinja.

Det førde til at grunneigarane stod att rådville, og atarbeidet kunne i prinsippet gå fram utan deira velsigning.

Kristoffer Knapstad og sambuaren Trine Eide kunnedifor lite gjere med mastene som ville gå tvers over tunet.

Varsla tvangsfullbyrdingStatnett byrja i mars å rydde skog på dei plassane grunnei-garane ikkje hadde innvendingar mot, men varsla kort tidetter sivilombodsmannen sitt svar at dei ville byrje arbei-det hos dei 24 grunneigarane – uansett kva grunneigaranemeinte. I dei mest omstridde områda ved Storebru ogKnapstad sa Statnett at dei ville starte opp så snart løyvavar klar og sendte ut varsel om tvangsfullbyrding til 16 avgrunneigarane.

Kristoffer Knapstad i Eikefjord sa då til Firdaposten atdei ikkje klandra Statnett, men Olje- og energideparte-mentet

Rydda skog i Naustdal, Bremanger og FloraPå same tid var Statnett i gong med å rydde skog i Naust-dal og i Bremanger. Grunneigarane i Ålfoten i Bremangervar i gong med rettssak mot Statnett, og arbeidet stod påvent fordi grunneigarane ikkje slapp Statnett til.

Rådville grunneigarar i mastesaka

Page 4: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTT FIRDAPOSTEN • LAURDAG 21. DESEMBER 2013 17

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

I april fekk Lars Daniel Heim-seter (16) redningsmedaljenfrå Carnegie-stiftinga for eidåd i juni 2012. Flora-råd-mann Terje Heggheim ogsonen (7) skulle fiske då deivart tekne av straumen, kas-ta ut av båten og pressaunder vatn. Heimseter ogOsa var begge i nærleiken av Osenvassdraget ogkom til unnsetning. Dei fekk tak i båt, rodde ut ogfekk dei to opp av vatnet og den sterke straumensom drog dei under vatn.

– I vår vesle familie sine auge vil du alltid vere einhelt, sa ein tårevåt Heggheim til Heimseter i april.

– Eg gjorde ikkje meir enn eg tykte var naudsynt,sa Heimseter.

Lars Daniel Heimseter

HEIDERSPLASSEN

Helse Førde opna offisielt den nye ambulansestasjo-nen i Svelgen. Ambulansesjef i Helse Førde, StianSægrov, markerte opninga og poengterte at pilot-prosjektet med fjernstyrt, døgnopen vaktstasjonmed to på vakt ville vere malen for fleire nye ambu-lansestasjonar rundt omkring i fylket.

Opna ambulansepilot i Svelgen

I april kom stortingsrepresentantane Ingrid Heggø(Ap), stortingsvalskandidat Vibeke Johnsen (SV) ogJenny Følling (Sp) med lovnad om utbetring avskipsleia i Florø etter dei raudgrøne hadde gjennomeit tverrpolitisk hadde sikra løyving i Nasjonal trans-portplan.

Dei raudgrøne lovde NTP-løyving

Eikefjord Basket skreiv idrettshistorie lokalt då deislo serieleiaren og sikra seg direkte opprykk til 3.divisjon. Laget med folk frå Svelgen, Florø, Eikefjord,Somalia, Pakistan og Litauen er leia av tidlegarelandslagsspelar Geir Nybø som har jobba systema-tisk med å utvikle lokale talent.

Basketlag skreiv lokal idrettshistorie

Eit av vegprosjekta som har vore mykje debattert er tun-nel mellom Svelgen og Indrehus i samband med prosjek-tet «45-minutts regionen». Fossegrimemose, ein sværtsjeldan og utsett mosetype, vart funnen ved to av dei trealternative tunnelinnslaga, noko som vart til hovudbry forbyråkratane og politikarane som skulle vurderer kva tra-seval som var optimalt. Fylkesmannen ved fylkesmiljø-vernsjef Nils Erling Sande gjekk ut med motsegn etter atmosen vart funnen. Men Heidi Sandvik ved Miljøvernav-delinga hjå Fylkesmannen nemnde så smått at dei kunnevere villige til å sjå vekk ifrå mosens behov om dei fekkmeir informasjon om plassering til mosebestandane ogtunnelinnslaga, og ei vurdering av negative verknader.

Raudlista mose truga ny tunnelBremanger Ungdomsråd reagerte då Bremanger kommu-ne ikkje vil prioritere å pusse opp ungdomsklubben Rea-len. Ein takstmann meinte bygget var i dårleg forfatninginnvending og modent for oppussing som ville kostekring 1,5 millionar kroner. Det skjedde medan kommunenvar i prosess med å bygge nytt eldresenter for 180 millio-nar, vart oppussing av Realen lagt vekk og foreslått seld avrådmannen. Då ungdommane ikkje vart konsultert i pro-sessen, følte ungdommane seg tilsidesett.

–. Om kommunen ønskjer at ungdommen skal flytteattende til bygda, så krev det at ein har hatt gode opple-vingar der. Slik vert det ikkje når ein vel å satse på dei eldreog forsømme ungdommane, sa Alice Beate Holm (18).

Ungdomsråd med krass kritikk

FJORD BASE: Her ser vi det gamle kjerneområdet på Fjord Base, som det ligg føre store utvidingsplanar for . Men det er avhengig av kvaStatoil faktisk gjer med sin strategi framover . Dersom oljeprisen fell drastisk vil mange norske prosjekt bli lite lønsame.

I april la Statoil fram rasjonaliseringsplanane sineder dei ønskjer å reindyrke spesialisering innanforkvar base. Raskt vart det klart kva konsekvensar detkan få for dei tilsette om Florø skulle verte einreindyrka røyrbase.

MAIKEN AANNEVIK [email protected]

I april kom Statoil med nyhenda om at dei ønska å priori-tere om aktivitetane sine på basane på Mongstad, i Florøog på Ågotnes. I planane var det tenkt at Ågotnes skulle haansvar for Subsea, Mongstad skulle operere driftsforsy-ninga og Florø hovudsakleg skulle ha ansvar for røyr. SagaFjordbase-direktør Agnar Strømsnes sa til Firdaposten dåat eit slikt scenario kunne verte dramatisk for Florø. Omendringane vert gjennomført ville det bety at driftsforsy-ninga ved basen i Florø vert flytta, noko som Strømsnespeikar på som knutepunktet på basen.

– Om Statoil gjennomfører dette vil halvparten avdagens 500 tilsette misse jobbane sine, sa han.

Likevel poengterte Strømsnes at Statoil sine planar omrasjonalisering og spesialisering av basestrukturen ikkjeer å gjennomføre i ei handvending. Statoil er bundne avkonsesjonane frå dei folkevalde, og må difor ha deira vel-signing for å gjere ei slik endring.

– No er eg oppteken av å finne dei gode løysingane ogdette skal vi gjere i dialog med Statoil, sa han.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen, rådmann Terje Hegg-heim og Fram Flora-leiar Jan Tore Bø vart derimot lettaetter eit møte med Statoil i slutten av april, då dei skal hafått forsikringar om at Statoil ville halde oppe sysselset-tinga. Det usikre var derimot om kompetansearbeidsplas-sar vert attende eller ei.

Informasjonssjef Ola Anders Skauby i Statoil ville ikkjekommentere om dei kom til å reindyrke røyrtenesta påFjord Base før utgreiingsarbeidet internt hadde konklu-dert.

– Seglingsmønsteret stammar frå ei tid då tre selskapopererte installasjonane, medan det no berre er eitt. Då erdet naturleg å sjå om det finst andre og betre løysingar, saSkauby.

Statoil lanserte faretrugande planar

Page 5: Firdaposten Årskavalkade 2013

FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 201312

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Per Bortheim kjøpte sin før-ste trailer som 23-åring i1994 og selde unna alt haneigde for å ha råd til kjøpet.No i 2013 har han 16 lastebi-lar, fire kranbilar og diversesmåbilar – og til saman 25tilsette. I fleire år har han job-ba for å sikre seg ei nærings-tomt der han kunne huseBortheim-familien – og til slutt måtte han flytte fjellfor kunne bygge seg praktbygget han håpa på. I årstod bygget klart, og i september kunne han ende-leg ønskje kundar og tilsette velkomne til opningaav praktbygget. Opninga var prega av arbeidet somer lagt ned for å sikre nybygget – og ein kunne fåmed seg både tårer, gledeleg jubel, trailer-kortesjeog høglydt tuting.

Per Bortheim

HEIDERSPLASSEN

Ei epoke i posthistoria vart avslutta då Florø Post-kontor stengde dørene for siste gong. Postkontoretsom opna på Evja i 1992, vart nedlagd i sambandmed at kring 30 kontor skulle leggjast ned på lands-basis og at ein skulle satse på post-i-butikk og nett-baserte tenester.

Siste dag på post

Den 16. mai la M/F Førdefjord ut på si siste reis sidanoppstarten for ferja i 1975. Ferja, som har trafikertstrekka mellom Kjelkenes og Smørhamn, vart tatt utav drift i samband med opninga av Bremanger 2.Mange hadde møtt fram for å delta på markeringaav slutten på ein bit lokalhistorie.

La ut på siste reis frå Kjelkenes

Politikarane i Kultur- og oppvekstutvalet vart samdeom at statskyrkja si konfirmantundervisning i Florøikkje lenger fekk nytte skuletida. Det førte til atHumanetisk Forbund jubla over ein delsiger. Detendelege vedtaket kom opp i bystyret i juni vart detderimot nedstemt – og kyrkja fekk behalde sin plass.

Ville kaste statskyrkja ut frå skulen

Statkraft og SFE vart i prinsippet einige om å gå inn einprosess om å bytte kraftverk i ein prosess der selskapaønskja å rydde i kryssande eigarskap og skape enklare ogmeir effektiv drift. I ein eventuell byttehandel mellom sel-skapa vil Bremanger kommune sitte att med fleire titals-millionar, noko som fekk Bremanger-rådmann Tom Joen-sen til å juble. Ved eit slik bytte vil Bremanger kommune fåeit eingongsutbytte då kommunen har rettar ved heimfalltil staten, og her kan rekne med ein tredel av overskotakraftverka har hatt over ein lengre periode. Tilsaman vur-derte Joensen summen til kring 30 millionar kroner, nokosom ville kome Terra-kommunen til gode.

Byttehandel til fordel for BremangerEtter ein lang prosess med omlegging av skuletilbodet ifylket grunna forventa lågare elevtal, såg det til tidermørkt ut for fleire av linjene ved Flora vidaregåande skule.I slutten av mai derimot viste det seg at skulen berga detmeste av tilbodet. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes sa då atetter ei grundig vurdering av skulestrukturen såg det ut tilat skulen i Florø berre ville misse Service og Samferdsle,medan både idrettsfag, påbygg, bygg og anleggsteknikk,samt barne- og ungdomsarbeidarfag vart attende.

– I høve dei dramatiske kuttforslaga til fylkesrådman-nen har skule komme seg rimeleg bra frå det. Skulen vilframover ha 29 klassar, oppimot dagens 28, sa fylkesord-føraren.

Flora vidaregåande kom sigrande ut

NY TID: Opninga av vegstrekket frå Langesi til Bortnen og resten av Bremanger 2 knytte Bremanger kommune tettare saman. Difor varfeststemte bremangarar som stod ringside då fylkesordførar Åshild Kjelsnes klypte snora i vår.

– Det blir ei ny tidsrekning i Bremanger; før og etter opninga av Bremanger 2, sa Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde på opninga av vegen som minska reisetida mellom Svelgen og Leirgulenmonaleg.

MAIKEN AANNEVIK [email protected]

Den første spaden gjekk i jorda i mai for tre år sidan, menarbeidet med å sikre raskare reisetid og fastlandssambandmellom ytre og indre Bremanger byrja allereie på 1980-talet. I mai i år stod byggesteg 2 av Bremangersambandetferdig, elleve år etter at byggesteg ein vart fullbyrda. Sjølveopninga i mai vart markert med brask og bram ved tunne-linnslaget ovanfor Svelgen. Til stades var regionvegsjefHelge Eidsnes, fylkesordførar og snorklippar Åshild Kjels-nes, og ordførar Karl Vidar Førde.

Arbeidet byrja på 80-talet– Det starta på 80-talet då ungdommane i UFF «Ungdomfor framskundinga av fastlandssamband» engasjerte seg.

Blant dei mange som fortener honnør har vi tidlegare ord-førar Svein Kåre Senneset, sa Førde.

Førde sa då at han trur den nye vegen i større grad vilsamle bygdene.

300 millionar billegare enn først rekna med. Bremanger 2-sambandet består av om lag sju kilometerveg og to tunnelar, ein på 4,8 kilometer og ein på 200meter. Medan prislappen på byggesteg to enda på 504 mil-lionar, noko som er 300 millionar billegare enn den førstekalkylen, kosta trinn ein og to til saman 994 millionar kro-ner.

Viktig for Rugsund og LeirgulenKva vegen har dei kommunen er det ulike meiningar om,men det er vanskeleg å argumentere mot at innbyggaranei Leirgulen og Rugsund fekk ein ny kvardag med ein nytunnel.

– Om eg får lyst å ta meg ein tur til Førde, Florø ellerBergen er det no ein time kortare reisetid. Det skal vertefint når ein tek seg ein tur, sa Inge Kolseth som er busett iLeirgulen.

– Det blir ei ny tidsrekning i Bremanger

Page 6: Firdaposten Årskavalkade 2013

FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013 13

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Norvall Klungresæter fekkkulturprisen i Bremangerunder den store vegfesten iSvelgen. I begrunninga stårdet til slutt at han er ein per-son som faktisk GJER noko istaden for berre å tenkje pådet. Han har fått prisen foreit breitt spekter kulturrelleaktivitetar, ikkje berre som ein tidlegare markantkulturskulerektor og som kjent musikar, men ogsåvia arbeid innan idretten og det å ta vare på kultur-landskapet på heimegarden ved hjelp av villsauer.Han har vore gitar- og musikklærar i over 20 år i Bre-manger og har bygd opp ein inkluderande kultur-skule med både breidde og kvalitet.

Norvall Klungresæter

HEIDERSPLASSEN

Han fekk marsipankake då han passerte 1400 kam-par, men «Raggen» gler seg til å dømme fleire. – Det har gått så fort at eg er forundra sjølv, seier denFlorø-busette jølstringen Ragnar Åmot (57), somframleis gler seg over dommargjerninga og håparpå mange aktive år framover.

Dommar runda 1400 kampar

Bystyret diskuterte avlastingstilbodet til JoakimOsland (18) i nærare fire timar bak lukka dører. Støt-tespelar til foreldra var HSU-leiar Jacob Nødseth (H).Til slutt enda bystyret på eit positivt vedtak for fami-lien, men foreldra til Joakim torde ikkje heilt å tru påat saka var avgjort.

Joakim fekk positivt KOA-vedtak

I starten forsvant bakarvarene ut døra på FlorøBakeri like fort som dei kom ut av omnen. Så skrum-pa kundemassen kraftig inn til det halve. GründerWidar Salte sleit med å forstå kvifor.- For meg verkadet som om folk var nøgde i starten. Brøda vi sel noer dei same - og om noko, så har vi utvikla oss.

Ny bakar blei fort «gløymt»

Høgre skal setje inn minimum 200 statlege næringslivs-millionar til planlegging og oppstart av eit spleiselag for åfullføre kystvegen, lova dei i valkampen. Vi traff stortings-representant Bjørn Lødemel saman med styreleiar i Kyst-vegen Ålesund-Bergen, Bengt Solheim-Olsen og fylkes-tingspolitikar Bjørn Hollevik på flyplassen i Florø for einkystvegprat. – Vi lovde også for fire år sidan 200 millionarkroner i næringsutviklingsmidlar til prosjektet. I tillegg vivi no vurdere å setje inn statlege samferdslemidlar, saLødemel. Han fekk lagt inn merknader i stortingshandsa-minga av samferdslemidlar, men valekspert Knut HenningGrepstad sa at desse merknadene ikkje hadde nokon reellverdi utan eit regjeringsskifte. No sit Høgre i posisjon.

Lovde 200 millionar til KystvegenEtter fleire timars diskusjon vedtok bystyret i slutten avjuni å legge ned Helse- og sosialutvalet. Såleis fekk deifjerna Jacob Nødseth som utvalsleiar. 30 av bystyremed-lemmene gjekk inn for å mellombels legge ned HSU, å fristille medlemmene, og overføre ansvaret for saks -området til formannskapet. Fem personar stemde imot;Nødseth sjølv, Frank Willy Djuvik (Frp), Bjarne Holme (Frp,og leiar i Kontrollutvalet), Anita Steinset (H) og Hilmar Eliasson (uavhengig). Eit paradoks var det at Nødseth varformannskapsmedlem og såleis framleis kunne vere med å handsame HSU-saker. Seinare blei han som kjenteksludert frå Flora Høyre og med det vingekappa sompolitikar.

Bystyret kasta HSU-leiar Nødseth

GJENNOMBROT: Øyvind Strømmen fekk sitt gjennombrot som løpar på seniornivå denne sesongen.

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sjokkerte alle då han som første norskesenior sprang over målstreken på 49-taletpå 400 meter hekk. MAIKEN AA. [email protected]

Alt klaffa under lag-EM i Gateshead, England. I superliga-en sprang han favorittdistansen 400 meter hekk på denimponerande tida 49,98. Med det senka han persen nedåtte tidelar og sette ny norsk seniorrekord.

Rekord frå 2003Den gamle rekorden på 50,67 hadde Atle McAdam fråTjalve som vart sett i Florø i 2003.

– Å komme meg under 50-talet og samstundes få nynorsk seniorrekord er utruleg bra. Det vart dobbelt oppmed glede, sa Øyvind muntert på veg til flyplassen mån-dag.

Å komme seg under 50-talet har Kjerpeset venta lengepå.

– Det er det største, men å få begge på ein gang er utru-leg. Det finst ikkje noko betre kjensle. Samstundes var detpositivt at det var i ein stor internasjonal konkurranse, sei-er han.

Eit perfekt løpI forkant av løpet visste ikkje Strømmen Kjerpeset at detskulle bli dagen. Dagen då han skulle gå inn i historiebø-kene som første nordmann til å springe langhekken påunder 50 sekund. I konkurransen vann Kjerpeset sitt heat,og fekk fjerdeplassen samanlagt.

– Det bles ein del, sjølv om det bles i riktig retning. Eghåpte på ei OK tid, fortel han.

Då han sette i gang med løpet kjende han i kroppen atdet gjekk bra. Berre ein gong før hadde kroppen fungert sågodt.

– Eg kjende at kroppen var i god form. Eg trefte på opp-løpsfarten og kjende at eg kunne springe like fort dei siste100 meterane, sa han.

Dette vart definitivt gjennombrotet som senior.

Braut magisk grense på 400 m hekk

Page 7: Firdaposten Årskavalkade 2013

FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 201314

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Dysleksien er meir einmotivasjonsfaktorenn eit hinder, uttalteDag Henrik Nygård(19), som fekk nestenberre seksarar på vit-nemålet sitt. – Er dudisiplinert og jobbarhardt, klarar du alt duvil, seier Dag HenrikNygård. Denne livsfi-losofien gjorde at hangjekk ut frå vidaregå-ande med toppkarak-terar trass i at han harei ekstra utfordring idysleksien.

Dag HenrikNygård

HEIDERSPLASSEN

Russituasjonen i Florø er ute av kontroll, meinteJohn Svanøe og Framstegspartiet. No ville partietsetje ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på tiltak.Fleire og fleire i Florø rusar seg med tyngre stoff, spe-sielt unge. Situasjonen eskalerer og var no meir ellermindre ute av kontroll, påpeika dei.

Ropa varsku om rusproblem

Uforskamma ung å sjå til, og i ei tid der mangeandre bønder stenger fjøsdøra for godt, satsar 50-åringen Stig Midtbø stort på oksar og mjølkepro-duksjon. No bygger han ny fjøs for 75 oksar og 24mjølkekyr på garden heime på Midtbø i Norddals-fjorden.

Stig satsar stort på landbruk

Når små barn blir vekt av alarmar og testing av hornklokka 05.30 laurdag morgon er det tydeleg at verf-tet ikkje tek omsyn, skreiv Erling Bjørnsen i Daniels-vika i eit brev til Miljøretta helsevern i Flora kommu-ne og Fylkesmannen. Verftet lovde bot og betringfor framtida.

Klaga på «Deep Energy»-testing

Simon og faren Fkadu, som folk i Florøkjempa for å få behalde i lokalsamfunnet,men som blei sendt tilbake til Italia, harfekk opphaldsløyve i grannelandet Sveri-ge. Eritreiske Fkadu Tsehaye og sonenSimon var på flukt i sju år. No kunne deijuble etter at saka deira vart gjennom-gått i Sverige og dei fekk politisk asyl. –Eg må få takke alle dei som har hjelpt oss.Eg er så utruleg glad for at vi endeleg har fått asyl og nåddmålet vårt, seier Fkadu Tsehaye på telefon frå Sverige.

Fekk politisk asyl i SverigeNi grunneigarar i Myklebustdalen tok utstemning mot Miljøverndepartementet,etter at departementet gav grønt lys til åbygge 420 kV-linja gjennom Sørdalennaturreservat. I slutten av mai gav miljø-vernminister Bård Vegar Solhjell (SV)klarsignal for at 420 kV-linja skulle byg-gjast gjennom Sørdalen Naturreservat,slik olje- og energiminister Ola BortenMoe (Sp) gjekk inn for i desember 2011. Dei viser til atDirektoratet for Naturforvaltning i sin rapport peika på atplanane er i strid med verneføremålet. Saka kom opp i ret-ten i Oslo i desember 2013.

Grunneigarar i Ålfoten til rettssak

SLAKK LINE: Petter Edderkopp Aker på slak line på galeasen Svanhild. Året før prøvde han seg over Kinnaklova.

Etter historias andre Våt Moro-festival, vareldsjel Roger Bareksten ikkje i tvil om atfestivalen er kommen for å bli.

MAIKEN AA. [email protected]

– Vi har blitt større på alle måtar. Førehandssalet bikka200.000 kroner allereie onsdagen, sa han og streka underat festivalen ikkje skal hente ut noko utbytte, men at peng-ane skal ut att til dei som arrangerer aktivitetane.

Aktivitet– Vi ønskjer at Våt Moro skal bidra til å skape aktivitet hei-le året rundt, sa han. Og aktivitet er eit nøkkelord.– Vi er og skal vere ein aktivitetsfestival. Men vi ønskjerogså å skape positive opplevingar i byen, og ein del av akti-vitetane våre er også svært publikumsvennlege - som tildømes blobz og funboard.

Han synes det var vanskeleg å trekkje fram kva som harvore mest populært, men fortalde at tandemhoppa i fall-skjerm hadde lange ventelister, der fekk ein berre brukttorsdagen på grunn av lågt skylag.

Surfring på StadtSurfing på Stadt var utselt før festivalen starta, og fleirehundre menneske fann vegen til parken med alle dei spen-nande aktivitetane for barn på laurdagen. Men Barekstenser også moglegheiter for å utvide:

– Vi har kjempemoglegheiter til å bygge vidare medBratt Moro i Sogndal og Ekstremsportveko på Voss harallereie sagt at dei ønskjer samarbeid med oss. Geografiskligg vi perfekt til, og det gir oss ein del moglegheiter somdei ikkje har.

Bareksten har lauseleg rekna ut at det var lagt ned 8500dugnadstimar før festivalen byrja, og gjennom dei firedagane anslår han at mellom 150 og 200 menneske var isving med jobbing.

Det er berre å sjå fram til neste sommars mest aktivehelg.

Våtare og endå meir morosamt

Page 8: Firdaposten Årskavalkade 2013

FIRDAPOSTEN • TYSDAG 24. DESEMBER 2013 15

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Frivillige Flora utvikla seg fråeit samarbeid mellom sub-seautdanninga og Floravidaregåande skule til å blidet største arrangementetder både kultursektoren ogKF innvandrarsenteret vartinvolvert. Årets messe varden første, og det var stinnbrakke frå dørene opna inn i festsalen på Flora sam-funnshus. Inne i salen hadde om lag 50 lag og orga-nisasjonar samla seg for å sanke nye medlem. Kultur-sjef Anita Solbakken sa då at ho ikkje kunne kalleden nye frivillige messa i Florø for noko anna enn einsuksess. Bakgrunnen for arrangementet var å synenye innbyggarar, med ei vekst i folketalet på 79 og24 nye subseastudentar, kva som skjer i byen.

Den nye messa«Frivillige Flora»

HEIDERSPLASSEN

Investeringar på verftet for riggoppdrag stod og fallpå utdjuping av skipsleia – noko det per august ikkjevar løyvd pengar til i Nasjonal transportplan.– Det er investeringar på 125 millionar som ligg i løy-pa om skipsleia vert utdjupa. Det hastar å få det påplass, sa verftsdirektør Gustav Johan Nydal.

Westcon-investering med valkrav

I august gjekk Imam Fayez Alhaddad (t.h.) ut medein bøn til kommunen om hjelp til tomt for byggingav moské. Floraordførar Bengt Solheim-Olsen (H) ogGustav Nydal (KrF) sa då at det var lite truleg at deiville gje muslimane hjelpa dei trong. Bygging avmoské var greitt, men tomt måtte dei skaffe sjølv.

Moské-nei frå politikarane i Flora

I lang tid har parkeringsordningane i sentrum vorediskusjonstema hjå handelsstanden og innbygga-rane i Florø. Då Strandgata står att som ein av dei fåstadane i fylket ein må betale for å handle, tok fleirebutikkeigarar tok til orde for ei meir kundevenlegordning.

– Parkeringsrot fører til kundeflukt

Verftsdirektør Gabriel Ossenkamp sa til Firdaposten iaugust at 2014 vert eit vanskeleg år for Elkem Bremanger.For sjølv om bedrifta har ei omsetning på kring milliarden,er det ikkje mykje att etter skatt. I dagens marknad påpei-ka støyperidirektør Hroar Holm Carlsen at det er berre såvidt bedrifta klarar å behalde overskotet. Utspelet komsom oppmoding til politikarane i debatten kring å aukenettleiga for kraftkrevjande industri. Då meinte Elkem atrekneskapen ville bikke over frå svarte til raude tal.

– Totalt sett vil 2014 bli eit økonomisk vanskeleg år forElkem Bremanger, sa verftsdirektør Garbiel Ossenkampmed presiserte at det ikkje var aktuelt å permittere tilset-te.

Elkem forventar store utfordringarDå subseastudiet i Florø starta opp i slutten av august vartdet klart at så mange som åtte av dei 34 ferske subseastu-dentane var frå Florø. Oppstarten av studiet kom på plassknapt to år etter at ideen først vart lansert. Subseastuden-tane vart det første heiltidsstudentane med base i Florø ibyens 153 år lange historie, og ordførar Bengt Solheim-Olsen la vekt på kor viktig studentane var for byen. Nokosom ein kan merke seg, og som student Karoline Ullaland-Hove frå Florø peika på, er dei mange ressursane kommu-nen og lokalt næringsliv nyttar for å sikre trivsel og moti-vasjon for studentane.

– Vi kjenner at vi vert godt teke vare på her, ulikt andrestørre studiestader der ein forsvinn i mengda, sa ho.

Florø vart høgskuleby – på rekordtid

LANG ERFARING: Therese Svortevik t.v.og Bengt SolheimOlsen t.h.tok med seg 116 år med skotradisjon då dei slo seg saman medHilde Eliassen midten som sjølv er femte generasjons handeldrivande i Florø sentrum. Eliassen si butikkdrift skriv seg attende til 1861.Saman gjekk dei inn for å løfte Strandgata inn i ei ny tid. Arkivfoto: Dag Nesbø Frøyen

Etter 116 år med skosal på hjørnet av LiviusSmithgate og Hans Blomgate, flytta SkoOlsen inn i nye lokale. Saman med familienEliassen satsa eigarane av den 116-år gam-le butikken på nytt i Strandgata.MAIKEN AANNEVIK [email protected]

– Det er klart det er med eit visst vemod at vi skal flytte fråein stad der vi har seld sko i 116 år, men no er det ei ny tidog vi kan vere med på å utvikle Strandgata, sa eigar av SkoOlsen, Bengt Solheim-Olsen.

I ei tid då kjedebutikkar med låge prisar pressar mangegamle, tradisjonelle butikkar ut av marknaden, gjekk SkoOlsen inn med friskt mot. Med seg i satsinga var familienEliasson, og i spissen dottera til Bjørn Eliassen, Hilde, somvar femte generasjon handelsdrivande i Strandgata.

Nysatsing i StrandgataMed Sko Olsen på laget såg Eliassen det som grunn til å

satse tungt når dei fekk Sko Olsen inn som leigetakarar.Eliassen kjøpte nabobygget der Aroma Café held til i dag,og medan Sko Olsen overtok lokala på gateplan med detsiste innan skomote, satsa Eliassen på ein ungdomsbutikketter B-Young-konseptet.

– Vi er trygge på at vi no har eit konsept på gang somskal sikre eit breitt tilbod på ein og same plass, sa HildeEliassen.

Satsar på drop-in kundarSolheim-Olsen forsikra dei faste kundane om at forret-ninga si historie vart teken med inn i den nye butikklokala.

– Det er klart at husleige er noko nytt for oss, men det erbalansen mellom utgifter og inntekter som avgjer, sa Sol-heim-Olsen.

Dagleg leiar i Sko Olsen, Therese Svortevik, sa det nyelokalet vil gje forretninga synergieffektar som dei før had-de lite av.

– No vil vi få ein meir oversiktleg butikk der vi får vistfram produkta betre. Dessutan vart den gamle butikken iliten grad vitja av drop-in kundar, men oppsøkjande kun-dar, sa Svortevik.

Forlét 116-år gammalt butikklokale

Page 9: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTTFIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 201314

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Erik Molnes Husabø fekk detærefulle oppdraget å skriveeit tingingsverk for Kringkas-tingsorkesteret som skulleframførast av orkesteret påOpera Nordfjord på Eid.

Verket som fekk namnet«Tri Tonar» skulle speglemusikkhistoria frå dei trefogderia Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og i verketinngår det tre folketonar – ein frå kvar region. Ting-inga av verket kom frå Sogn og Fjordane fylkeskom-mune.

– Det er med ei viss ærefrykt eg gjekk laus på opp-gåva, og eg er glad eg fekk sjansen. Å skrive symfo-nisk musikk er det eg helst vil drive med, sa musika-ren, produsenten og komponisten, Molnes Husabø.

Eirik Husabø

HEIDERSPLASSEN

I september byrja Konkurransetilsynet gransking avWiderøe sitt anbod på Florø-rutene etter all merk-semda anboda har fått i media sidan selskapet tokover rutetrafikken i 2012. Frank Willy Djuvik (FrP)som sidan byrjinga har meint noko skurra ved anbo-det, og var fornøgd med granskinga.

Granska Widerøe sitt Florø-anbod

Arlene Vågene (H) vart vald som ny leiar i Helse ogSosialutvalet (HSU) etter eit seks timars langt bysty-remøte i september. Etter ein turbulent vår for utva-let gjekk Vågene oppgåva i møte med friskt mot, oglova at det nye HSU skulle jobbe godt framfor for åsikre eit best mogleg tilbod til brukarane.

Vågene valt som ny leiar av HSU

På eit møte med justisdepartementet i septembergav Førde-ordførar Olve Grotle klar beskjed om atkommunane i fylket vil samle seg om at Sogn ogFjordane skal halde fram med å vere eit politidistrikt,noko som vart vurdert som eit viktig utspel i kam-pen om å styre politiet i eige fylket.

26 kommunar slo ring om Florø

Etter opninga av trinn to av Bremangersambandet i mai,var det ikkje alle som jubla. Med opninga av vegen for-svann ferjesambandet, og nærast over natta mista indus-trien i Kalvåg og Bremanger godsrutetilbodet. Sidan1970-talet har godsruta som Brødrene Larsen har nytta tilå sørve butikkar over heile fylket med ferskfisk og frosen-fisk byrja i Kalvåg.

– No byrjar godsruta ved rutebilstasjonen i Bremanger,og det gjere situasjonen heilt håplaus for oss. Kundar fellbort om vi ikkje klarar å levere med kontinuitet, sa dei.

Bremanger 2 fjerna tilbod om godsruteKystmuseet har store skader og slitasje på betongfunda-mentet – skader som er vurdert til å koste 13 millionar å fåordna opp i. I september gjekk Stiftinga Musea i Sogn ogFjordane fram med forslag om spleiselag for å finansierevedlikehaldsarbeidet. Medan Sogn og Fjordane Fylkes-kommune gjekk inn med fem millionar, kravde dei sam-stundes at Flora kommune gjekk inn med eit vesentlegbidrag. Venstres Odd Bovim sa at det ikkje var ei kommu-nal oppgåve å betale for reparasjonane av betongfunda-menta på museet. Dagleg leiar ved museet i Florø synastderimot ikkje at det var så rart at Flora som vertskommu-ne vart spurt om å bidra ekstra, då folk i Florø nytta museameir enn andre.

Kravde 5,4 millionar av kommunen

JUBEL: Kampanjen til Høgre var 2 x Bjørn på tinget, og dei vann fram med solid Høgreframgang, særskilt i Flora og Førde. Høgre gjekkfram med 9,5 prosent sett i forhold til valet i 2009. Arkivfoto: Bent Are Iversen/Firda

På valdagen vart det klart at Høgre sin valkampan-je om «2 x Bjørn på tinget» var halvert då stortings-mandata var klare. Jubelen stod likevel i taket dådet vart klart at dei blåblå gjekk av med valsigeren.

MAIKEN AANNEVIK [email protected]

Før valdagen var det knytt stor spenning til kven av dei blåkandidatane i Florø som ville trekkje det lengste strået.Florøtala kom tidleg på valdagen og sigeren var klokke-klar. Hollevik og Høgre gjekk fram 9,5 prosentpoeng ihøve valet i 2009 til 28 prosent, medan FrP og Djupvikgjekk attende med 5,8 prosent til 15,2 prosent.

Hollevik rakk ikkje oppResultata fekk Bjørn Hollevik til å juble. Han hadde tidleginnfunne seg med at han ikkje ville få den faste plassenhan gjekk til val for å sikre seg, då dei raudgrøne hadde fåttsterkt tap på indre strok.

– Det er tydeleg at kysten er blå. Her er det folk som driv

eller jobbar i bedrifter som veit det er blå politikk som gag-nar dei, sa han.

Framstegspartiet gjekk attende– Det eg les ut av dette resultatet er at folk vil ha eit sikkertmandat, ikkje eit «bingo-mandat» slik FrP gjekk for, saHollevik.

Florøkandidaten Hollevik som andrekandidat forHøgre i nasjonal medvind, medan fylkesleiar og stortings-kandidat for FrP, Frank Willy Djuvik, var utfordraren.Men med tilbakegangen på 5,8 prosent gjekk det ikkjeDjuvik sin veg.

– Eg skulle gjerne ønskt meg betre tal i Flora, men det erklart at mobiliseringa Høgre har gjort har gått utover oss,sa han.

ValresultatI Florø var det framleis Arbeiderpartiet som var størsteparti med 31,5 prosent. Også i Bremanger stod Arbeider-partiet høgst med 26,3 prosent, etterfølgt av Høgre med22,3 prosent, FrP med 17,2 prosent, Senterpartiet med14,8 prosent, KrF med 8,5 og Venstre med 5,6 prosent.

Høgre med sterkast valresultat i ytre

Page 10: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTT FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013 15

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Gourmetkokk Svein ArveSteinseth flytta til Svelgenog byrja som direktør forSvelgen hotell. Han vil lokkesvelgarane ut av godstolenog inn på hotellet til dentype meny han meiner erden rette. – Gode norskegrønsaker. Ikkje noko hokus-pokus. Berre ærleg mat, sa kokken som har teke overansvaret for hotelldrifta i heimbygda. Sjølv er hansærleg svak for asparges og reddik.– Den unge sjefen begynte i stillinga 16. september.Han har korta ned på á la carte menyen, og gjortnokre grep på kjøkkenet. Ei total renovering av lob-byen og resepsjonen står for tur.

Svein Arve Steinseth (27)

HEIDERSPLASSEN

Etter lang tid med kjekling mellom kommunen ogmuseumstifting i media, fekk soga om Keilevågbruatilsynelatande ei løysing. Brua har vore avstengd i toår etter at ein hær av pålemakkar invaderte trever-ket. Etter alt å dømme vert det opna ny bru før nes-te sommar med søyler som skal kvile på betong.

Mot avslutning av Keilevåg-saka

Motorsykkelklubben Hog Riders Florø knytte tettareband til Hells Angels og rådmannen varsla sanksjo-nar etter at Hog Riders offisielt vart medlem avDevils Choice. Dett er er ein klubb med utspring fråDanmark, som er ein supportklubb av Hells Angels.Klubben meiner dei er utsette for personforfølging.

Blei offisielle Hells Angels-venner

Etter at skroget vart seks månader forseinka fråPolen, var håpet no at «Fiskebas» skulle vere ferdigrundt 20. november. – Vi har greidd å ta inn noko avforseinkinga, men ikkje alt, sa skipper Geir MagneMadsen. Seinare håpte dei å rekke dåpen før nyttår.

Nye «Fiskebas» kraftig forseinka

Det er jul og påske på ein gong for Ches-ter Laquian i Florø når han ser att sineeigne illustrasjonar i «Jul i Flåklypa». Einhar gått tilbake til god, gammaldags ani-masjonsteknikk i den nye heilaftens teik-nefilmen «Jul i Flåklypa». Produksjons-selskapet har brukt ekte dokker og kulis-ser. Dei har fotografert dokkene bilde forbilde og sett bilda saman til film, såkallastop motion. Til å designe dokkene og dei fysiske omgjev-nadene har dei hyrt inn ein liten gjeng illustratørar. KjellAukrust-fan, Chester Laquian i Pixelwerk i Florø, er ein avdei.

Chester illustrerte Flåklypa-julLensmann Hans Rune Strandos i Svelgenhar merkt seg at manglande gatelys ikommunesenteret har ført både til ulyk-ker og farlege situasjonar. No ropte hanvarsku.

– Gatelysa i Svelgen er av gammaldato. Dei er modne for utskifting, og harvore det i lengre tid, sa han til Firdapos-ten.

Når haustmørkret snik seg inn mellom fjella i Nordgu-len då aukar dei farlege trafikale utfordringane der folkflest ferdast.

Til aksjon for lys på vegen

TILLITSVALD: Espen Gulliksen er plasstillitsvald for politifolka i Bremanger. Han har ikkje tru på at politiet kan organiserast over samelest over alt med så ulik tilhøve med samferdsle og geografi.

I oktober gav politidirektøren si støtte tilplanane om å gå frå 27 til seks politidistriktog samtidig stengje ned ei rekkje lens-mannskontor. – Trist at ingen høyrer på oss,plasstillitsvald Espen Gulliksen.SVEND ARNE [email protected]

Plasstillitsvald ved Bremanger lensmannskontor var ikkjeoverraska over høyringsfråsegna som politidirektør OddReidar Humlegård la fram på vegner av Politidirektoratet.I all hovudsak kom dei med støtte til planane for ny politi-organisering som Røksundutvalet presenterte i juni. Ipraksis vil det seie at politidistriktet i Sogn og Fjordaneforsvinn, og med dei fleire lensmannskontor.

Verst med lensmannskontora– Begge deler er ille. Verst meiner eg er at dei rokkar vedlensmannskontor-strukturen vår. Det vil uvegerleg gi eitpoliti som ikkje kjem tett nok på publikum, seier EspenGulliksen til Firdaposten.

Sjølv om fråsegna frå politidirektøren ikkje kjem over-raskande på Gulliksen, er han ikkje mindre skuffa av dengrunn.

Gode resulat– I Sogn og Fjordane leverer vi noko av dei beste resultatai heile landet, samtidig som vi har den dårlegaste politi-dekninga. No opplever vi at ingen høyrer på ankepunktavåre, og det er frustrerande, seier han.

– Kor viktig er politidirektøren sitt utspel for sakavidare?

– Han er jo ein mektig mann, og det er naturleg at poli-tikarane som til slutt skal avgjere saka, lyttar til han. Menvi kan ikkje berre godta at løpet er køyrt, vi må argumen-tere vidare for vårt syn.

– Kva argument kan de bruke for å vinne fram?– Vi har fleire og dei er gode. For det første vil det viktige

førebyggjande arbeidet, som aldri hamnar inn i politistati-stikkar, bli sterkt skadelidande. For det andre meiner egheile rapporten byggjer på ei farleg feilslutning. Politires-surane må tilpassast lokale forhold.

Lokalpolitiet skuffa over sentralisering

Page 11: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTTFIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 201316

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

– Å komme med på kokke-landslaget det er faktisk ikkjekvardagskost, vedgår Marti-ne Røys Fosse, som til daglegjobbar på restaurantenFeinschmecker i Oslo. I november fekk ho beskjedom at ho har fått den høgeutmerkinga det er å bli delav det norske kokkelandslaget. – Det har vore tøft og mykje hardt arbeid for å kom-me dit eg er i dag, vedgår Martine. Ho trur det er avgjerande at ein har sett seg eit høgtmål å sikte mot. Så er resten målretta hardt arbeid.

Martine Røys Fosse, Kalvåg

HEIDERSPLASSEN

Den dyre digitaliseringa av kinoane og god tilgangpå film i heimane, førte til at den dugnadsbasertekinoen i Bremanger måtte be om hjelp frå politika-rane til å dekke inn siste års underskot. – Eg er veldigtakksam for hjelpa og no vil eg oppmode folk om åbruke kinotilbodet meir, sa eldsjel Ole Grotle.

Bremanger kino fekk draghjelp

Margrethe Gjertsen var i november med Firdapos-ten på lesartur til Sri Lanka, landet ho vart fødd i ogadoptert bort frå. Det vart ei ugløymeleg hendingfor ho og og ei sterk oppleving for lesarane til Firda-posten. I Colombo vitja ho barneheimen som hobudde på som eit lite barn.

Margrethe på sporet av røtene

Tur med ekspressbåten Bergen-Selje kostar 835 kro-ner. Bergen- Sogndal kostar 625 kroner. Kvifor? For-klaringa er luftlineprinsippet, som fylkeskommuneninnførte for å få ned billettprisane på Sognebåten. Istaden for reisedistanse med båten, legg dei til grunnavstand i luftlinje.

Billettprising som i luftfarten

Eirik Molnes Husabø hadde god grunn til å vere rørt dåKringkastingsorkesteret (KORK) framførte verket hans «TriTonar» i operahuset på Nordfjordeid i november.

– Dette er musikk som eg har laga, frå mitt hjarte, ognår eg høyrer det framført av så mange gode musikarar,då snakkar det til meg, sa Husabø rett etter konserten.Verket var laga til Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileumsom eige fylke.

Studioet til Molnes Husabø ved sjøen i Hesteneset harvore arnestad for mang slags tonale krumspring, innanformange sjangerar, men det som nok har fått mest fokustidlegare, har nok vore den store mengda dansebandmu-sikk han trillar ut for å tene til livets opphald.

Fekk framført symfonisk verkI november var Firdaposten i Eikefjord i samband med atSparebankstiftinga til Sogn og Fjordane Sparebank gav50.000 kroner til turstiprosjektet i Eikefjord. Her traff vileiar i Eikefjord Idrettslag, Lars Terje Standal. Han er ein avadministratorane som sørger for at prosjekta bygda gårinn i blir gjennomført og han viste oss områda der dei noer i gang. Prosjektet starta dei i vår. No er nordsida av byg-da meir eller mindre i hamn og dei er i gang med del to avprosjektet. Det skal legge til rette for turstiar på sørsida avsentrum knytt til Sørgardfeltet.

Dugandsbygda imponerer igjen

FORSLAG: Bensinavgift etter modell frå Tromsø er noko rådmann Terje Heggheim ønskjer å få greia ut.

Rådmann Terje Heggheim lanserte sitt ja tilFørde-pakken samstundes med eit forslagom lokale bensinavgifter for å sette i standvegane i kommunen. MAIKEN AA. [email protected]

Førde dette året godkjent sin Førde-pakke i fylkestingetfinansiert med bompengar for å få tryggare trafikk, mednye vegar, gangvegar, bruer og stiar til over 1,5 milliardarkroner. Heggheim lanserte i november at svaret på Florasine lokale utfordringar kanskje vert ein pakke basert på bensin avgifter.

Vedlikehald og byggingHan ønskjer å vurdere bensinavgift som ein måte å få fartpå vedlikehald og utbygging av det kommunale vegnettet.Forslaget stod med lita skrift i rådmannens eige framleggtil budsjett for Flora for 2014. Heggheim understrekar athan i første omgang berre ber om å få saka vurdert.

– Dette kan vere ein måte vi verkeleg kan få gjort nokomed vegnettet på, sa Flora-rådmannen.

Heggheim kan vise til at det har samla seg opp eit stortbehov for å vøle vegane i Flora. Berre til asfaltering åleinetrengst det 36,7 millionar kroner. For å setje dette i litt per-spektiv: I planen for neste år har rådmannen berre råd tilå setje av 3 millionar til asfaltering.

Fungerte i Tromsø– Vi har ikkje sjanse til å få gjort noko særleg utan nyemåtar å finansiere dei på. Då kan bensinavgift vere eittalternativ. Det er brukt fleire andre stader med stort hell.Mellom anna i Tromsø, argumenterer Heggheim. Her måbilførarane faktisk akseptere ei avgift på over åtti øre lite-ren.

Bensinavgifta i Tromsø er for tida med på å finansierehalvparten av det som vert kalla Tromsøpakken 2, eitkjempestort prosjekt til over to milliardar kroner som gårover mange år. Det store målet er tryggare trafikk og betretilhøve for gåande og syklande.

Lokal bensinavgift og Førde-pakke

Page 12: Firdaposten Årskavalkade 2013

NYTT FIRDAPOSTEN • LAURDAG 28. DESEMBER 2013 17

ÅRSKAVALKADE / JANUAR / FEBRUAR / MARS / APRIL / MAI / JUNI / JULI / AUGUST / SEPTEMBER / OKTOBER / NOVEMBER / DESEMBER

Tidlegare lokal Frp-politikar,Erlend Bøe, melde for nokonår sidan overgang til Høgre.Han er student i statsvitskappå 3. året i Tromsø, og harogså hatt tid til å bli leiar iTroms Unge Høgre. Nylegblei han styremedlem iBarentsinstituttet i Kirkenes.På lenger sikt ser det ut til at han blir med i Barents-sekretariatet. Partiet Høgre signaliserer at deiønskjer å satse på han vidare. – Mitt mål er å bli såflink som eg kan og bidra til positiv utvikling i sam-funnet. Han følger Flora-politikken tett frå tribune-plass i nord og har særleg vore interessert i saka somgjeld utviding av Fjord Base.

Erlend Bøe,Florø/Tromsø

HEIDERSPLASSEN

I desember vanka det heider og gullmedaljar fråordførar Karl Vidar Førde til klassen på Hauge skulesom starta med matematikk allereie i førskulealder.Dei kom best ut i nasjonale prøver i matematikk (4,3i snitt) under siste test. Klassen gjorde det godt ogsåi andre fag i nasjonale prøver.

Landets beste i matematikk

Med 32 mot 20 røyster sa Arbeidarpartiet sitt lokal-lag i Flora ja til at Fjord Base kan vekse både mot austog vest i framtida. Mathias Stang og AUF hadde påførehand gjort ein heltemodig innsats for å stoppeekspansjon vestover, men den eldre garde mobili-serte. Vedtaket sikra fleirtal også i bystyret.

Ap opna for base vestover

Fire av elleve tyremedlemmer i Sogn og FjordaneHøgre stemde for eksklusjon av Jacob Nødseth fråHøgre. Nødseth hevda at sidan dette ikkje blei over2/3 av stemmene, så er eksklusjonen oppheva.Lokallaget, fylkesstyret og generalsekretæren iHøgre sentralt presiserer at han faktisk er ekskludert.

Nektar for at eksklusjon er gyldig

Midt i desember kom meldinga om at regjeringa sitt ja tilei utdjuping til 16 meter i leia er nok til at Westcon set igang med bygging av ny kai. – Vi hadde sjølvsagt håpa at utdjuping av leia skulle gåned til 18 meter for å kunne ta inn det som er av riggar iNordsjøen, seier administrerande direktør Gustav JohanNydal ved Westcon Yards Florø. Etter at Westcon, med røter i Ølen i Rogaland overtok STX,har det heile tida vore med ei målsetjing om at verftet skalbyggjast om til å kunne handtere service og klassing avflytande oljeriggar i tillegg til den tradisjonelle aktivitetenknytt til bygging og reparasjon av skip.

Har bestemt seg for å bygge ny kaiEikefjord vart den store vinnaren i neste års Flora-bud-sjett. Vøling og påbygg til skulen, og ny avdeling i barne-hagen tek halvparten av neste års frie investeringar i Florakommune. Eikefjord-bygda mobiliserte eit par hundredetilhøyrarar til bystyremøtet i desember og representerteein reell maktfaktor då politikarane skulle handsame bud-sjettet. «Bygdepisken» fungerte og Eikefjord fekk vedta-ket dei ønskte. Seinare i månaden gjekk leiinga for forel-dreutvalet ved Florø barneskole ut mot vedtaket og flag-ga at Eikefjord berre burde få bygge skule for barnestegetog heller sende ungdomsskuleelevane til Florø for vidareskulegang.

Eikefjord den store budsjettvinnaren

UT AV KONTROLL: Fylkesadministrasjon har varsla at trafikken vil komme heilt ut av kontroll dersom det blir innført ferjetakstar i Flo-ra-bassenget. Likevel tok fylkespolitikarane sjansen på å innføre like takstar i Sogn og Sunnfjord.

– Veldig gledeleg at vi no får ferjetakst på bilar i Flo-ra-bassenget, sa Terje Svardahl, leiar i Øyaprosjek-tet.

ARVE [email protected]

Fylkestinget vedtok innføring av like biltakstar på kombi-båtane i Høyanger/Vik og i Flora/Bremanger.

– Biltakstane i Florabassenget skal no harmoniserastmed fylkesvegferjene, i samsvar med framlegg frå Ap, H,Frp og Venstre i fylkesutvalet, fortalde fylkesordførarÅshild Kjelsnes. Prisane på bilfrakt i dei to regionane somhar kombikatamaran i rutetrafikk vil då bli like.

Ikkje SpSp ville ikkje gå så langt som dette, men stod fast på einreduksjon til 150 kroner per bil i Flora-bassenget. Person-billettane i Flora-bassenget vil bli prisa som før, etter hur-tigbåtregulativet.

For leiar Terje Svardal i Øyaprosjektet betydde vedtaket

at den jobben dei har lagt ned med jobbing med adminis-trasjon og politikarar faktisk har vore verdt det.

– Vi er blitt tekne på alvor og blitt lytta til. Det gler megstort, seier Svardahl, som bur på Askrova.

Pendlarane kan i dag kjøpe månadskort som gir reduk-sjon på 40 prosent på personbilletten. Ein kan også får einstorbrukar-rabatt på 17 prosent når ein nyttar såkalla ver-dikort.

Heit sakDette var ei av haustens heitaste saker i Firdaposten, sombyrja med at representantar for Øyaprosjektet hevda atadministrasjonen i fylkeskommunen manipulerte sam-ferdslepolitikarane i saka. Saksutgreiinga vakte oppsiktmed at det stod at ein måtte halde prisane høge for å haldebiltrafikken til og få øyane så låg som muleg. Administra-sjonen henta fram skremmebilde med at det ville bli kaospå rutebåtane i Flora. Direktør for samferdsle i fylkeskom-munen, Velaug Veum, blei utfordra av Firdaposten på kori frå dei henta argumentet om at prisane måtte vere høgefor å halde trafikken låg. Den utfordringa har vi perdesember 2013 enno ikkje fått svar på.

Øyfolket fekk rettferdige biltakstar