giftige dyr

34
Leseuniverset 5–7 Naturfag 1 Giftige dyr Ole André Sivertsen

Upload: cappelen-damm

Post on 07-Mar-2016

241 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Giftige dyr, Naturfag 1, Leseuniverset 5-7, Nynorsk

TRANSCRIPT

Page 1: Giftige dyr

Leseuniverset 5–7 Naturfag 1

Giftige dyrOle André Sivertsen

Page 2: Giftige dyr
Page 3: Giftige dyr

Leseuniverset 5–7 Naturfag 1

Giftige dyrTekst

Ole André Sivertsen

IllustrasjonarSigbjørn Lilleeng

Page 4: Giftige dyr
Page 5: Giftige dyr

3

GiftDet høyrest kanskje rart ut, men dei fleste stoff er giftige dersom du får for mykje av dei. For eksempel treng kroppen din litt salt kvar dag, men dersom du et ein halv kilo salt, blir du saltforgifta og skader kroppen.

Dei fleste stoffa er altså giftige i store mengder. Likevel, når vi seier «gift» meiner vi som regel eit stoff som gjer skade på levande plantar eller dyr også i små mengder.

Det finst faktisk svært mange dyr som har så sterke gifter i kroppen sin at dersom du får i deg berre nokre få dropar av denne gifta, døyr du. Denne boka handlar om slike giftige dyr.

Page 6: Giftige dyr

4

Kva gjer ei gift?Alt som lever, er bygt opp av små levande rom som vi kallar celler. Kroppen din består av mange hundre tusen milliardar celler, akkurat som gras, tre, insekt og alle dyr også er sette saman av celler. Ei gift er eit stoff som påverkar levande celler slik at dei forandrar seg, sluttar å verke eller døyr. I verste fall kan desse endringane føre til døden for heile planten eller dyret som cella er ein del av.

Korleis måler vi kor giftig eit stoff er?

Vi måler kor giftig eit stoff er, ut frå kor stor mengd som må til for at gifta skal vere dødeleg. Det mest vanlege er at gifta blir testa på mus. Di mindre dose gift som

trengst for at testdyra skal døy, di giftigare er

stoffet som blir testa ut.

Page 7: Giftige dyr

5

Det finst fleire typar giftGifter som blir laga av dyr, kallar vi toksin, eller biotoksin. Det finst mange dyregrupper som har slik gift, og ingen gifter er like. Vi deler gjerne gifttypane inn i tre hovudgrupper:

BlodgiftCellegiftNervegift

BlodgiftBlodgifter blandar seg i blodet til offeret og øydelegg det, slik at hjartet ikkje greier å pumpe blodet rundt i kroppen.

CellegiftCellegifta øydelegg cellene, slik at dei blir tømde for innhald. Gifta verkar først rundt området der ho er sprøytt inn, og fører til at hud, blodårer og musklar løyser seg opp. Dersom gifta spreier seg med blodet, kan ho verke over heile kroppen. Nokre giftformer går direkte på hjartemuskelen, og det fører til at offeret kan døy av hjartestans.

Page 8: Giftige dyr

6

NervegiftNervesystemet består av lange trådar av nerveceller. Hjernen bruker nervetrådane til å sende og ta imot informasjon rundt om i kroppen. Det er gjennom nervesystemet at auga og øyra sender melding til hjernen om kva dei ser og høyrer. Hjernen styrer også alle musklane i kroppen – blant dei hjartet og lungene. Nervegift øydelegg nervesystemet.

Giftige dyrDu har kanskje lurt på kvifor somme dyr er giftige? Ein del dyr er giftige for å kunne forsvare seg. Andre bruker gift for å drepe eit anna dyr. Etterpå kan dei ete byttet som mat. Same kva gifta skal brukast til, består ho nesten alltid av ei blanding av stoff som verkar på fleire måtar samtidig.

Det er mange dyr som er giftige. Kor giftige dei ulike dyra er, varierer mykje. Ein veps sprøyter gift inn i huda vår når han stikk, men det er svært sjeldan at eit vepsestikk er dødeleg for menneske. Eit bit frå den australske slangen taipan er derimot svært farleg for den som blir biten.

Page 9: Giftige dyr

7

Det er vanleg å skilje mellom det som blir kalla passivt giftige dyr og aktivt giftige dyr.

Med passivt giftig meiner vi at dyra har giftstoff i kroppen som gjer at andre ikkje kan ete dei. Aktivt giftige dyr bruker gift som våpen – anten for å forsvare seg mot andre dyr eller for å angripe og drepe andre dyr.

Passivt giftige dyrÅ vere passivt giftig vil seie at eit dyr har gift i kroppen, men det har ikkje ein giftbrodd eller tenner som kan stikke eller sprøyte gifta inn i andre dyr. Passivt giftige dyr kan ha gifter i blodet, huda eller i spesielle delar av kroppen. Det finst for eksempel mange fiskar som er giftige på denne måten. Blodet til ålen inneheld ei gift som gjer at han ikkje er etande for andre fiskar. Koffertfiskar, kulefiskar og piggsvinfiskar er andre fiskar som inneheld ei farleg nervegift. Dei naturlege fiendane til desse fiskeartane har forstått at slike fiskar er farlege for dei, og lèt dei derfor vere i fred.

Page 10: Giftige dyr

8

Padder er eit anna eksempel på ein dyrefamilie som ofte er giftig. I nakken på padder finst det kjertlar i huda som skil ut gift. Derfor er det få dyr som et padder. Den søramerikanske pilgiftfrosken er eit eksempel på ei padde med få fiendar. Denne padda blir rekna som eit av dei giftigaste dyra i verda.

Spansk flugeEi spansk fluge er slett inga fluge, men ei skinande metallgrøn bille med svarte antenner og lange, slanke bein. I kroppen og ved ledda på beina skil ho ut ei blodgift. Ein ørliten drope (berre 0,03 gram!) av denne gifta kan ta livet av eit menneske.

Page 11: Giftige dyr

9

Pilgiftfroskar er ein familie med små padder som har praktfulle fargar. Fleire artar av pilgiftfroskane har eit ekstremt giftig stoff på huda si. Namnet pilgiftfrosk kjem av at Choco-indianarane brukte denne gifta på spissen av piler og spyd når dei jakta. Men dei måtte nok vere forsiktige når dei brukte gifta, for gifta i berre éin frosk er nok til å drepe mellom 50 og 100 menneske.

Page 12: Giftige dyr

10

Page 13: Giftige dyr

11

GifteksplosjonI Malaysia finst det ein maur som det er best å passe seg for. Dersom han blir angripen, kan han sprute gift frå to giftkjertlar. Det er kanskje ikkje så spesielt, for det er mange insekt og småkryp som kan bruke gift på denne måten. Det som er annleis med denne vesle krabaten, er måten han overfører gifta på. Ved å stramme musklane i kroppen eksploderer mauren slik at gifta sprutar i alle retningar. Mauren tek rett og slett livet av seg, men forgiftar også angriparen. På den måten blir andre maurar redda frå å bli etne.

Page 14: Giftige dyr

12

Angrep er det beste forsvarDet er mange rovdyr som kan vere farlege for andre dyr sjølv om dei er ganske små. Edderkoppar, skorpionar, slangar, maneter og veps er eksempel på dyr som bruker gift for å drepe eit offer. Det høyrest kanskje rart ut at dei sprøyter gift inn i det dei sjølve skal ete, men giftene som desse dyra bruker, er først og fremst skadelege dersom dei kjem inn i blodet. Derfor kan dyra trygt svelgje gifta, men det er ikkje noko vi menneske bør prøve.

Giftige insekt og edderkoppdyrHos småkrypa er det mange artar som først og fremst bruker gift for å forsvare seg mot fiendar. Vepsen er eit slikt insekt.

Page 15: Giftige dyr

13

Luregifta til vepsenDet er berre hovepsar og hobier som kan stikke. Årsaka er at brodden dei stikk med, opphavleg var ein reiskap som hoene brukte til å leggje egg med. Etter kvart som både vepsar og bier utvikla gift, blei denne reiskapen omgjord til ein spiss brodd som ikkje legg egg, men sprøyter ut gift.

Både bier og vepsar har ein slik brodd, men berre biebrodden har mothakar som gjer at han blir sitjande att etter at bia har stukke. Derfor kan ei bie stikke berre éin gong. Vepsebrodden, derimot, er forma som ei nål som kan stikke og dragast ut att fleire gonger.

Page 16: Giftige dyr

14

Vepsar og bier har inga interesse av å stikke nokon dersom dei ikkje føler seg trua eller irriterte. Når dei først stikk, er det for å gi fienden ein skikkeleg lærepenge. Gifta er ei blanding av fleire stoff. Det er ikkje farleg å bli stukken dersom ein ikkje er allergisk, men det gjer litt vondt. Det er fordi gifta verkar på nervecellene i huda. Nervane i huda sender melding til hjernen dersom det oppstår ein skade – for eksempel når du slår deg eller brenner deg. Vepsegift og biegift skadar eigentleg ikkje huda så mykje, men gifta lurer smertenervane i huda til å sende smertesignal til hjernen. Derfor gjer det vondt å bli stukken.

Eit anna stoff i vepsegift hindrar blodet i huda i å frakte gifta bort. Derfor kan eit vepsestikk gjere vondt i lang tid etter at vepsen stakk.

Det er ikkje rart at dei fleste dyr helst vil vere venn med vepsar og bier.

Page 17: Giftige dyr

15

Gift for å drepePoenget med ei gift er ofte ikkje berre å drepe byttet, men at gifta skal løyse opp byttet, slik at det blir lettare å ete. Gifta i mange edderkoppar fungerer på denne måten. Edderkoppar kan berre ete ting som er flytande, så dei gneg sund dei mjuke delane på byttet og løyser dei opp med spytt. Etterpå syg dei det heile opp som ei suppe.

Alle edderkoppar er utstyrte med nervegift som bedøver byttet, men norske artar har så svak gift at dei ikkje er farlege for menneske. Det kan likevel vere smertefullt å bli biten. Dette gjeld dei største artane, for eksempel myredderkopp og krossedderkopp. Eit vepsestikk inneheld meir gift enn eit edderkoppbit, og derfor gjer det meir vondt. Edderkoppane bruker gift både til å bedøve byttedyr og til å forsvare seg. Gifta blir produsert i giftkjertlar og blir sprøytt ut gjennom hoggtenner når edderkoppen bit.

Page 18: Giftige dyr

16

To av dei giftigaste edderkoppane i verda er i nær slekt, sjølv om dei lever på kvar sin kant av kloden. Svart enkje finst i Nord- og Sør-Amerika, medan redbackedderkoppen berre finst i Australia. Begge artane har svært sterke nervegifter som kan vere dødelege for menneske.

Page 19: Giftige dyr

17

Dei brasilianske vandreedderkoppane er blant dei giftigaste i verda. Blir du biten av ein av dei, kan du døy før det har gått eit døgn, dersom du ikkje kjem deg på sjukehus. Sjølv om mange edderkoppar har ei kraftig gift, er det i dag få menneske som døyr av edderkoppbit, for det finst effektive motgifter.

SkorpionSkorpionar er ein type

edderkoppdyr som lever på

alle kontinent bortsett frå

Antarktis. Dei finst sør i

Europa, men heldigvis ikkje i

Noreg. Alle skorpionar har ei

nervegift som først lammar byttet,

og deretter løyser det opp slik at skorpionen kan suge

opp maten som ein tjukk graut. Dei fleste skorpionartar

er ikkje farlegare enn vepsar for oss menneske, men

nokre av dei kan vere dødelege.

Skorpionar ser nesten ut som krepsar, men høyrer altså til familien edderkoppdyr. Dei er utstyrte med kraftige klør, ein pansra kropp og ein sylkvass stik-kebrodd heilt bakarst på kroppen.

Page 20: Giftige dyr

18

SlangarDu kjenner att ein slange når du ser ein. Med skjeldekt hud og utan armar eller bein buktar han seg gjennom landskapet. Slangar kan vere farlege for menneske. Det finst slangar som kveler byttet, og andre som drep det ved å bite det. Vi skal konsentrere oss om slangar som drep med gift.

Hoggtenner

Muskel

Kjertel – rom for å lage og lagre gifta

Page 21: Giftige dyr

19

SlangegiftAlle slangar har godt utvikla spyttkjertlar. Artane som er giftige, lagar gifta i spyttkjertlar inni kinna. Når ein slange går til angrep, blir gifta pressa frå kjertlane og gjennom eit smalt rør ut gjennom dei dødelege hoggtennene.

Slangegift kan innehalde blodgift, cellegift og nervegift, men framleis forstår ein ikkje heilt korleis dei ulike giftene verkar. Nokre artar, for eksempel hoggormar og klapperslangar, har både cellegift og nervegift som verkar rundt bitstaden. Eit bit fører til sterke smerter, opphovning og at huda og kjøtet under huda løyser seg opp. Andre slangar har blodgifter som gjer at blodet til offeret blir til klumpar som hjartet ikkje greier å pumpe rundt i kroppen.

Page 22: Giftige dyr

20

Ein hoggorm er svært giftig, men han er heldigvis ikkje van med å sprøyte inn meir gift enn det han treng for å drepe ei mus. Dei yngste hoggormane er dei farlegaste, fordi dei har lite jakterfaring og sprutar ut all gifta når dei bit.

Page 23: Giftige dyr

21

Gift frå giftsnokar og havslangar verkar først og fremst på nervesystemet. Når nervesystemet sluttar å verke, er det liten sjanse for å overleve. Dyret som har fått gift i seg greier kanskje ikkje å springe, lungene sluttar å puste, og hjartet sluttar å slå. Nervegifter blir rekna som dei farlegaste, fordi dei verkar så raskt.

Dei farlegaste giftslangane treng ikkje bruke mykje gift for å drepe byttet sitt. Éin drope av gifta til den australske slangen taipan er nok til å ta livet av så mange som 1000 menneske.

Den einaste giftslangen som finst i Noreg, er hoggormen. Han har ei av dei giftigaste slangegiftene i verda, men fordi hoggormen sjeldan prøver å drepe større bytte enn mus, er han van med å bruke så små dosar at det er sjeldan at menneske døyr av hoggormbit.

Page 24: Giftige dyr

22

HoggtennerDu har sikkert sett bilete av slangar som kjem opp av krukker medan ein slangetemjar speler på fløyte. Slangen kjem kanskje opp først og fremst fordi lokket blir teke av, for slangar har ikkje øyre.

Slangetemjarar er nok redde for å bli bitne. Derfor sikrar mange av dei seg ved å tappe all gifta frå slangen før dei opptrer. Hoggtennene til slangen ligg flatt bakover i ganen (taket i munnen) når munnen er lukka. Det er ganske smart, for da kan ikkje slangen bite seg sjølv i tunga. Somme slangetemjarar syr tennene til slangen fast til ganen, slik at han ikkje kan bite. Nokre går så langt at dei trekkjer ut tennene eller fjernar giftkjertlane.

Page 25: Giftige dyr

23

Page 26: Giftige dyr

Kva gjer du dersom du blir biten av ein slange?Dersom du skulle vere så uheldig å bli biten av ein giftslange, bør du oppsøkje sjukehus så fort du kan. Men før du kjem dit, er det fint dersom du greier å følgje desse punkta:

1. Prøv å vere roleg.

2. Set på ein stram bandasje overog rundt bitstaden, gjerne med

ein hard gjenstand like over bitstaden.

3. IKKJE vask bitstaden.

4. IKKJE kutt eller skjer i bitet.

5. Dra til sjukehuset så fort du kan, og utan at du beveger deg meir enn

heilt nødvendig. La bandasjen og den harde gjenstanden sitje på heilt til ein

lege kan sjå på bitet.

24

Page 27: Giftige dyr

25

Det giftigaste i verda finst i havetDet er lett å tenkje at dei giftigaste dyra i verda bur i ørkenen eller jungelen. Men dei lever faktisk i sjøen. Det kan sjå ut som om dei aller giftigaste dyra liker seg i varmare strøk, for det er svært få norske sjødyr som er skadelege for menneske.

ManeterDu tenkjer kanskje ikkje på dei som giftige, men norske brennmaneter er giftige dyr. Ei brennmanet har trådar med nesleceller. Det er celler som skyt ut trådar eller små rør med gift når noko kjem i kontakt med dei. Gifta i den norske brennmaneta er etsande, men gjer sjeldan meir skade enn at det gjer

Page 28: Giftige dyr

26

vondt. Tek du deg ein symjetur langs kysten av Australia, kan det gå verre. Her finst ei manet som blir kalla portugisisk krigsskip, som kan minne om ei kjempestor brennmanet. Ofte har ho ei stor luftboble midt i kroppen. Bobla gjer at maneta flyt i vasskorpa. Brennetrådane kan bli heile 30 meter lange, og dei inneheld nesleceller med nervegift sterk nok til å lamme eit menneske fullstendig.

Portugisiske krigsskip er farlege, men dei er òg godt synlege, så vi kan unngå dei. Da er det verre med det som blir kalla sjøvepsar, som er små, gjennomsiktige maneter på rundt 1 cm. Desse manetene har éin meter lange trådar etter seg. Sjølv den minste kontakt med desse nærmast usynlege trådane gjer at ein får gift i seg. Sjølve berøringa gjer ikkje vondt, men etter nokre minutt får offeret krampar i armar og bein, sterke smerter i ryggen og nyrene, svie på huda, hovudverk, kvalme og oppkast, sveittetokter, panikkjensle, bankande hjarte og høgt blodtrykk. Dersom offeret overlever, tek det fleire døgn før kroppen kjennest normal att.

Page 29: Giftige dyr

27

HavslangarI områda rundt Stillehavet er det god grunn til å sjå seg for. Her finn vi den mest utbreidde og talrike familien blant dei giftige krypdyra, nemleg havslangar.

Havslangar er i slekt med kobraslangar, afrikanske mambaer og australske giftslangar, for eksempel taipanar. Dei er ekstremt giftige, men faren for å bli biten er ganske liten. Havslangane er stort sett rolege og har kortare hoggtenner og mindre kjevar enn andre giftslangar. Den giftigaste arten av alle er belchers havslange, som blir rekna for å vere det giftigaste dyret i verda. Eitt gram gift frå denne slangen er nok til å ta livet av over 10 000 menneske.

Belchers havslange er kvit med svarte striper. Halen er flat og blir brukt som padleåre når slangen sym.

Page 30: Giftige dyr

28

Page 31: Giftige dyr

29

Giftige pattedyrAv alle pattedyr og fuglar i verda finst det svært få som har gift i seg. Furespissmusa finst på Haiti og Cuba og er det einaste pattedyret som bruker gift når det jaktar. Denne spissmusa har ein sprekk i tennene som gifta blir leidd gjennom og inn i byttet. Furespissmusa lever berre av insekt og småkryp, og ho er ikkje farleg for menneske.

Nebbdyret er eit anna giftig pattedyr. Det legg egg i reir, har nebb og har symjeføter og pels som ein bever, noko som òg gjer det annleis enn andre pattedyr. Det er berre hannane som er giftige. Dei har ei klo bak på leggen på bakføtene. Ein angripar kan få ei smertefull overrasking når nebbdyret sparkar frå og sprøyter inn gifta. Det er ikkje rapportert om menneske som har døydd av denne gifta, men det finst historier om nysgjerrige hundar som har døydd etter å ha fått ei giftklo rett i snuten.

Page 32: Giftige dyr

30

Korleis overleve?I denne boka har du lese om mange giftige dyr. Som du sikkert forstår, finst det også mange andre artar som bruker gift, både blant insekt og småkryp, på landjorda og i vatnet. Ein kan nesten lure på korleis det går an å overleve i område der det finst så mange giftige dyr, men hugs: det er ingen av desse dyra som eigentleg er interesserte i å ete menneske. Dersom vi lèt dyra vere i fred, gjer dei stort sett det same med oss.

Page 33: Giftige dyr
Page 34: Giftige dyr

Oppgåver

1 Kva tenkjer du på når du høyrer ordet «gift»?

2 Korleis er symbolet for at noko er giftig? Teikn det.

3 På kva måte kan salt vere både ufarleg og farleg for kroppen

vår?

4 Kvifor er nokre dyr giftige?

5 Kva bør du gjere dersom du blir biten av ein hoggorm?

6 Dyr kan vere giftige. Veit du om noko anna i naturen som kan

vere giftig?

7 Kvifor er dei fleste giftige dyra små, trur du? Og kvifor finst

det ikkje så mange giftige fuglar og pattedyr?

8 Vel ut eit par sider i boka. Skriv opp nokre nøkkelord til kvart

avsnitt. Legg frå deg boka og fortel innhaldet i teksten til ein

venn ved å bruke nøkkelorda som hjelp.