god påske! - simplesitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. ·...

12
NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske! Palmesundags-motiv frå Oberammergau i Sør-Tyskland. Byen er frå 1600-talet kjend for pasjonsspela sine kvart tiande år, seinast i 2010. Foto: red.

Upload: others

Post on 12-Sep-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG.

FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA

ISSN 1892-5103

God påske!Palmesundags-motiv frå Oberammergau i Sør-Tyskland. Byen er frå 1600-talet kjend for pasjonsspela sine kvart tiande år, seinast i 2010. Foto: red.

Page 2: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

2

No er me ferdige med Jesus! Slik tenkte nok dei fleste av dei som hadde høyrt og sett det som der og då var hendt. For nokon kjendest det som ein lette: No skulle denne Jesus frå Nasaret ikkje lenger plaga tankane og samvitet deira. No var han då død. Det var det vel ingen tvil om.

For Jesu læresveinar og andre av venene kjendest det som om ei kjempebylgje truga med å feia bort sjølve grun-nen under alt dei hadde trudd og vona. Dersom det at Jesus var død og gravlagd var det siste som kunne seiast om han, ja,- så var situasjonen for alle menneske tristare og mørkare enn nokon kan tenkja seg. «Då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar. Då er og dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus» (1. Kor. 15.17-18).

Men det gjekk ikkje slik som nokon gret over og andre roa seg ned med, at Jesus vart liggjande i den grava han vart lagd i. For det gjekk berre eit par døger, så tok det til å gå rykte om at Jesus ikkje var i grava meir - men at han var oppstaden. Og meir enn det: Det vart sagt og forkynt at Jesus hadde møtt, ikkje berre nokre få av venene sine, men mange

av dei - levande, talande, verk-sam. For ei glede mellom dei som fekk hjelp til tru av det dei såg! Jesus var verkeleg levande, på ein måte som ingen kunne forklåra - men likevel den same Jesus. Og no som sigerherre over synd og død og Satans makt!

Ingen er ferdig med hanSå var dei ikkje ferdige med Jesus. Ingen er ferdig med han. Han er oppstaden og lever i dag. Det er eit faktum som vert stadfesta - ikkje berre av dei som levde samtidig med han, men av stadig nye generasjo-nar. Alt anna har endra innhald og form gjennom hundreåra, men «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja,- til evig tid!» (Hebr. 13.8)

For når påskeevangeliet vert forkynt, då er det ikkje berre ei gripande forteljing om noko som hende ein gong - men om noko som varslar ei ny tid, ei tid då Jesus Kristus framleis gjer den gjerning han ein gong gjorde, då han kalla menneske til tru og etterfylgjing.

Frukta av faktum Evangeliet forkynner ikkje berre eit faktum, men tilbyd og gjev menneske frukta av faktum: Tilgjeving for syndene, liv og

sæle - ein reell sjanse til liv i samfunn med Gud og til teneste for Gud i denne verda.

Ein kan vel synast at dette nye tok til nokså smått, med at «Maria Magdalena og den andre Maria kom for å sjå til grava». Men dei to vart dei fyrste vitna - ikkje berre om ei tom grav der Jesus nyleg var lagd ned. Dei vart også dei fyrste vitna om den oppstadne Jesus!

Og før denne dagen i veka var til endes, hadde Jesus oppsøkt og openberra seg for fleire av læresveinane. Fyrst for «to av læresveinane som var på veg til ein landsby som heiter Emmaus», og sidan for «dei elleve, medan dei sat til bords». Og flokken av vitne som fortalde om møte med den oppstadne Jesus, vaks. Nytesta-mentet fortel levande og klårt korleis Jesus møtte snart ein eller to av venene sine, snart mange i flokk – og gav dei hjelp frå sorg til glede, frå tvil til tru.

Oppdraget – og oppdragsgjevarenMen for Matteus har det vore om å gjera å fortelja Jesu læresveinar til alle tider om eitt av desse møta, nemleg det som fann stad på dette fjellet i Galilea der Jesus hadde sett

Du er ikkje ferdig med JesusAv biskop Olav Hagesæther (1909-1999)

Page 3: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

3

Vi går til EmmausAv Hans Johan Sagrusten

Stille Stunder kjem ut 6 gonger i året.Bladet kan tingast hjå Stille Stunder, ved Berit Torp,5286 Haus. Tlf.: 56 39 03 59.

Bladet kostar kr 150,- pr årPostgiro 7877 05 64653

Bladstyret: Adjunkt Knut O. Dale, formannLærar Borghild Melve, Prest/statsstip Nils-Aksel Mjøs, Sokneprest Ådne Skiftun. Kyrkjeverje Ingvard Teigland

Redaktør: Sokneprest Ivar Molde, 5700 VossTlf.: 56 51 23 25E-post: [email protected]

Utgjevar:Foreininga Stille StunderForretningsførar: Berit Torp,5286 Haus.

Trykk: Sunnhordland, Stord.

Olav Hagesæther, tidlegare biskop i Stavanger, døy-dde 7. mars 1999. Denne andakten stod i bladet Misjon-stidende til påske same året. Dette er såleis noko av det siste frå hans hand. Med løyve frå sonen, biskop Ole D. Hagesæther, er det ei glede for oss å få gjera bruk av denne innhalds- rike påskeandakten det-te året i Stille Stunder. Det er her sett inn nokre mellomtitlar. Etter avtale er andakten omsett til nynorsk ved red. Biskopen var elles ein god nynorskbrukar sjølv og. - red.

dei stemne. Der gav Jesus læresveinane sine eit oppdrag som ikkje berre dei fyrste har kjent seg forplikta på, men kvar ny generasjon av Jesu læresveinar heilt til i dag: «Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk» (Matt. 28.19-20).

Oppdraget er useieleg stort.

Men garantien for at det kan lukkast, ligg i påminninga om kven oppdragsgjevaren er, han som sa: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda», og i hans evigvarande lovnad: «Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står»

Med det sluttar Matteus sitt evangelieskrift. Framhaldet av forteljinga om Den Oppstadne er Jesu læresveinar til alle tider med på å skriva – ved sitt liv og sitt vitnemål.

Om kvelden, då det fyrste mørkret fell,og stjernene på himmelen blir tende,går to og talar lågt om alt som hendeden dagen himmelen stod raud som eld.

Då slår ein framand følgje, men han heldseg løynd for oss, let andletet sitt vendeein annan veg. Men han vi ikkje kjende,han bed vi: «Bli hjå oss, det lid mot kveld!»

Ved bordet, då han deler brød og vin,blir augo våre opna, og vi kjennerhan att, vi ser to naglemerkte hender.

Så er han vekk, men augo våre skin.Vi vonar – nei, vi veit at det var han!Vi kjende det i hjarta, kor det brann.

Frå «Evangeliesonettar» (Lunde Forlag 2012)

Page 4: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

4

”Gudleg vårsong”Av Harald Myklebust, høgskulelektor NLA H

”No livnar det i lundar” (NsB 765) er kanskje ein av dei mest sungne vårsalmane våre gjen-nom mange generasjonar, med uhyre mange verdfulle eigen-skapar som gjer at den bit seg fast i sjel og sinn. Året er 1875. Det norske Samlaget gir ut eit 3. hefte, ”Nokre salmar”, av Elias Blix (1836-1902). I det første han gav ut, var han anonym som forfattar, her stig han fram og løftar opp og fram landsmålet (nynorsken) til eit formfullendt skrift- og talemål, samstundes som kyrkje- og kristenliv opplever ”vår-løysing” i fote-fara av Haugerørsla. ”.. ein vår som er åndeleg og språkleg.”, som Blix-forskar Anders Aschim skriv, og held fram: ”Landsmålet er i siste instans ikkje eit verk av Ivar Aasen, men av Den Heilage Ande, - og målrørsla ei pinserørsle”.

For ein pinsesalme er dette, med ein biletrikdom som femner naturens vårliv, vårt folks nasjonale frigjerings- lengsler, norsk mål mot det fordanska riksmålet, vaknande gudstenesteliv og sist, men ikkje minst: Kristi evangelium, som kom (og kjem) til landet og løyste (løyser) ut livsgleda frå syndeskuld, med ein himmel over, og eit evig livsperspektiv.

Han utstrålar eit poetisk geni-skap i desse nynorsksalmane, som her: ”.. livnar i lundar.... lauvast i li...” Her kunne vere språklege og poetiske sider å dvele ved, med let det ligge for å trekke inn ei sterk historie frå fredsdagane i 1945:Arnulf Øverland og Hans Bovim (rektor ved KG, Kristelig Gymnasium i Oslo) er båe med i fangetransporten frå konsen-trasjonsleiren i Sachsenhausen til Bergen-Belsen, og ligg i kvar si køy, den svært sjuke Bovim i overkøya, og under: Arnulf Øverland. - ”Du Hans, du er en kristen ? Da kjenner du vel Elias Blix ?... Nå må du høre:

”Du vår med ljose dagar,med lengting, liv og song.Du spår at Gud oss lagarEin betre vår ein gong.”

Kristendomskritikaren og riks- målsmannen kjenner trong for ”sjele-sorg”, med bomber omkring togreisa, - som til slutt råkar dei. Dei over-lever, men kjem frå kvarandre. Dei vert båe berga, og kjem seg heim med dei Kvite bussane.

Forfattaren Einar Økland er heller ikkje snau i karakterstik-ken av Blix som salmediktar: ”Ein ordets sylvsmedkunstnar”.

Page 5: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

5

Ivar Aasen og det religiøse målet (del II)Av Jarle Bondevik

Nokre ord skal seiast om kva stode Aasen tok til dei religiøse rørslene.

I ungdomen, medan han var omgangsskule-lærar i Ørsta, var han noko påverka av den haugianske vek-kingsrørsla. Berte Kanutte Aarflot, som kan vera kjend for song- ane sine, var då mykje aktiv. Aasen skreiv ein lang salme som syner den haugianske måten å skriva på. – Men då Aasen møtte den svermeriske sida av Haugevekkingi medan han var i Sogndal, tok han klår av- stand frå rørsla. Det vart spådd at jordi skulle gå under nyårsaftan, og spådomen hadde til fylgje at det «kun førøget Drikken hos Drikkerne og forøget Læsen hos Læserne».

Aasen levde sitt liv i kyrkja. Han gjekk fast til gudstenestene; etter han busette seg i Oslo, gjerne to gonger kvar helgedag, til høgmessa og til kveldsmessa.

Eit syn på livet – i diktformAasen let etter seg eit dikt som ikkje var gjort ferdig, men eg tykkjer det samlar so fint opp Aasens syn på livet. Det har klang av den bibelske poesien som me finn i Salmane, og syner mennesket som var i Guds tanke før det vart til, og at det alltid eksisterer i ein samanheng.

Takk vere Gud

Takk vere Gud, som gav meg Liv og Andeog let meg sjaa hans væne rike Jordog let meg sleppa fri fraa all den Vande,som kunde fellt meg, fyrr mi Gjerd var gjord.

Sæl var den Stundi, daa eg Ljoset naaddeog saag Guds fagre Sol og Heimsens Dagog kjende Gleda, endaa fyrr eg gaadde,at eg var til og stod i Broderlag.

Og daa eg saag dei mange Liv, som svivai tusund Skap um baade Land og Sjo,og tenkte paa den Magt, som alt kann driva,at Dyr kann liva, og at Gras kann gro.

Sæl var eg, at eg kom i goda Grender,der Dygd og Sanning var til nokot vyrd,og at eg fram var leidd med milda Henderat læra meir um Mannsens Skyld og Byrd.

Der fekk eg lært ei Tru, som lyfter Hugenpaa sterke Stigar yver Sorg og Naud.Der fekk eg høyra Prov av rette Dugen,som gjerer Mannen minnt, um han er daud.

Ivar Aasen dugde; det kan seiast no ved tohundreårs–jubileet. Aasen er minnt om han er død. Han var ein god tanke hjå skaparen.

Teikna av Hans Uthuslien. Kjelde: www.aasentunet.no

Page 6: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

6

Johan Halmrast og «Å salige stund»

For mange vil det vera noko som manglar om ikkje «Å salige stund» står på salmetavla ved høgtidsgudstenesta Påskedag. I nynorskland song me lenge «Å sælaste stund», i Bernt Støylen si omsetjing (1920). I Norsk Salmebok (1985) finn me salmen berre på bokmål. Men kan henda det er origina-len som her er best?

Tekst og melodi som går samanDiktaren som gav oss denne jublande påskesalmen, var Johan Halmrast (1866-1912). Trass i ein omfattande produk-sjon er det «Å salige stund» han framfor alt vert hugsa for. Både tekst og melodi er tidfesta til 1890. Halmrast var då berre 24 år gamal. Melodien er sign-ert Kristian Wendelborg. Det er ikkje for mykje sagt at tekst og melodi her går saman på ein særs god måte. Her er det på alle vis ein vellukka heilskap.

Vellukka var så visst ikkje nemnde Johan Halmrast i alt han tok seg føre. Mykje skreiv han, men lite av dette lever no i ettertid. Han kan gjerne kallast for ein gløymd diktar. På ulike

vis hadde han sitt å stri med i livet. Nokon gamal mann vart han ikkje, berre 46 år. Nokre av Oslo-avisene skreiv då min-neord, dei omtalte han m.a. som «leilighetsdikter». Berre nokre heilt få personar var med og fylgde han til grava. På hybelen hans i Kirkegaten vart det funne to sekker med upubliserte manuskript. Det er fortalt at alt vart brent, visstnok ulese.

Stor produksjon – men berre ein «fulltreffar»Johan Halmrast var fødd 2. februar 1866 på Lilleham-mer, kjøpmannsson. Han var sterkt fysisk funksjonshemma. Men han var lese- og skriveglad og lærde seg tidleg framande språk. Etter at faren gjekk konkurs, flytte familien i Oslo. Der prøvde Johan å slå seg fram ved hjelp av pennen. Han skreiv i ulike sjangrar, arbeidde både som korrekturlesar og journalist. Dikt vart det mange av, etter kvart romanar, mest av den typen som går under namnet «trivial-litteratur». Det vart visstnok nærare 30 i talet. M.a. i romanen «Fabrikk-

gutten» står han fram som arbeidardiktar. Noko av det han skreiv, selde godt og kom i store opplag. Rik på pengar, det vart han likevel ikkje.

Sett ut frå mangt av det han elles skreiv – og som er ukjent for dei fleste i dag – må ein trygt kunna seia at «Å salige stund» skil seg ut. Året var 1890, som alt nemnt. Det fyrste verset stod dette året på prent i bladet «Sangertidende». Overskrifta var då «Maria Magdalenas jubel». Året etter stod alle tre versa i ei songsamling under namnet «Noahs due». Det er elles kjent at han i desse åra skreiv ei rekkje songtekstar - til bruk i kristen samanheng og i ungdoms- og fråhaldsarbeid. I 1908 hadde han jamvel tankar om å gje ut ei heilt ny salme-bok, bygd på kyrkjeårstekstar. Dette vart det ikkje noko av. Eit prøvehefte han gav ut, fekk liten eller ingen respons.

Salmen som fekk venger – og endå ein salmeMelodiskaparen, Kristian Wen-delborg (1863-1938) var lærar og organist, m.a. i Sagene kirke. Korleis desse to vart

Av Ivar Molde

Page 7: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

7

kopla saman, veit ein vel ikkje heilt? Kan henda dei kjende kvarandre frå før? Ein ting er sikkert: Dette vart ein «full-treffar». Saman med «Navnet Jesus» er «Å salige stund» truleg den norske salmen som har nådd lengst. Det var fram-for alt gjennom songmiljøet i Frelsesarmeen at salmen såleis fekk «venger» – ut i all verda. Halmrast var elles gjen-nom livet ein god del knytt til Frelsesarmeen.

I Norsk Salmebok er Halm-rast representert med endå ein salme: «Hen over jord et pilgrimstog». Det er ein vakker Helgemesse-salme, no til ein melodi av nyleg avdøde Egil Hovland. Me finn dei same to salmane i Sangboken, der også med nynorskversjonen av «Å salige stund».

Eige liv – og minne om ein grandonkelDet er ord og vendingar i «Å salige stund» som kan gje assosiasjonar til forfattaren sitt eige liv. Såleis når det heiter: «Tenk jeg som er ringest blant ringe, den minste han kjenner på jord. Tenk, jeg skal hans hilsen frembære, å, kunne jeg synge det ut»! Kanskje han sjølv til tider kan ha kjent seg som ein «ringest blant ringe»? Så skulle han likevel få «gå

med så salig et bud» - som ei Maria Magdalena, så også ein Johan - kan henda ofte einsam i storbyen?

Til påske i 1996 hadde Kjell Hagen i Vårt Land eit intervju med Ruth Svendsen (84) på Kirkenær. Johan Halmrast var grandonkelen hennar. Ho var berre nokre månader gamal då han døydde, men hadde fått fortalt at han nokre gonger heldt henne i armane sine. Det har eg teke med meg som ei spesiell velsigning, fortel ho. Dette seier oss samstundes at Johan må ha halde kontakten med slekta si. Ruth fortel i dette intervjuet at ho som småjente i Kristiania fekk fortalt mykje om denne grandonkelen sin.

Endeleg ein minnesteinTil 100-årsminnet i 1966 kom det omsider ein minnestein på Johan Halmrast si grav på Østre gravlund i Oslo. Dette tiltaket vart realisert ved ei pengeinnsamling mellom kristne journalistar. På steinen kan lesast andre verset av «Å, salige stund». Så kan me trygt seia: For eit ettermæle – Gud til ære!

Artikkelen er bygd på kjelde- stoff av Nils-Petter Enstad, Kjell Hagen og Bjarne Stoveland.

Å sælaste stund utan like, Han liver, han liver enno!Han sigrande stend i sitt rike! Mitt hjarta, kvi syrgjer du so?Han stod upp den sælaste dagen, Or gravi der bleikna han låg,Eg livande såg han i hagen, Eg aldri so fager han såg.

Han liver, og helsing han sender Til sine med sælaste ord,Meg, ringaste syndar han kjenner, Han tek til sin tenar på jord.Ja, eg skal hans sendebod vera Og gå med ei underfull trøyst,Guds englar den bod skulde bera Med lovsong og jublande røyst!

Å sælaste stund utan like, Han liver, han liver enno!Han sigrande stend i sitt rike! Mitt hjarta, kvi syrgjer du so?Ved gravi du trøyst vilde vinna Og søkte den sorgfyllte grunn,So fekk du den livande finna; Å sælaste, sælaste stund!

Frå Nynorsk Salmebok, nr. 683.

Page 8: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

8

Det som naturen ikkje veit

Livet i skogbotnen gøymer mange løyndommar, nok til eit liv i undring og beundring

Naturen hanskast med liv og død, han gjev og han tek. Han kjenner og bøyer seg for lover som er ubrytelege og nådelause. Men det største kjenner han ikkje. Nåden, evangeliet – det er ein løyndom så djup at soppane sine trådar ikkje når ned til han. Trea når ikkje opp, og småkrypa har for snever horisont.

Hemmelighet – kviskrar vin-den, veit vinden det? Nei, vin-

den veit ikkje kva det dreiar seg om. Berre at det er noko.

Eit sus går gjennom ska-parverket, noko er det – noko som løyser gåta og bryt den evige runddansen, men skapar- verket veit ikkje kva det er. Skaparverket sukkar og lid, og lengtar. Sopp og småkryp, stjerner og stein kan fortelja meg mykje om Gud, men ikkje det største.

Så når alt kjem til alt, sop-par og krypelsar og kven de no måtte vera, som sanningsvitne

kjem de syrgjeleg til kort. Ingen av dykk veit noko om synd og nåde. Ingenting om børa av å ha ansvar. De anar ikkje kor mykje som måtte til. Ingen av dykk kjenner evangeliet. Men ikkje gråt over det! De treng ikkje vita det heller. Det er berre vi men-neske som ikkje greier oss utan. Oss kan de kanskje gråta over?

Frå boka «Vandring med sopp og sjel» (Luther Forlag 2006).

Av Kari Leine Balog

Livet sigrar

Korfor trur du at kyllingar og gåsungar er så populære ved påsketid? Eg trur det kjem av at her ser vi det nye livet bryte fram. Vinteren har halde ei kald hand over naturen. Vi har visst at under snøen og telen bur det nye livet. Og nå kallar lyset og varmen dette livet fram på nytt. Slik er det i menneskelivet også. Vi er alle dømde til å døy. Og vinteren legg seg over min-net om oss. Men vi er ikkje gløymde. Lovnaden om ein ny vår er der.

Livet skal sigreKorfor er det slik? Jau, i vår kristne tru høyrer vi soga om Han som vann over døden – for oss.

I meir enn to tusen år har denne glade bodska-pen lydd over manneætta. Og den skaper von i alle dei sinn som opnar seg for han. Kunstnarar har ned gjennom tidene prøvt å tolke denne trua og vona. Vi høyrer det i Bachs monumentale påskemusikk, i diktarane si tru-vedkjenning gjennom salmane - og hos enkle kvardagsmenneske, som ikkje har noko anna å knyte sin evige lagnad til enn den bodskapen og lovnaden som Bibelen gir. I dette perspektivet anar vi djupnene i Johan Nordahl Bruns salme:Open har eg himlen funne! Jesus vann, og eg har vunne!

Av Arne Grimstad

Page 9: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

9

Jarle Bondevik er ein mann me her i bladet kjenner godt. Frå sitt språklege og historiske fagfelt gjev han oss del i mykje av kunnskap og verdi. Nytt er at han no er komen ut med ei lita bok, kalla Kløvjalass, dikt samla 2012.

Det er i alt 39 dikt. Mange av dei knyter seg til hend-ingar og minne frå barndom og ungdom. På ein naturleg og liketil måte kjem ord og vendingar frå sognadialekten her i bruk. Fremst står diktet som har gjeve namn til boka:

KløvjalassNår du sat på kløvjalasset,var det sutalaustHjulene kraste vegagrusenmedan du sjøl sat på fleskaspunsiog merri gjekk som ho vildeLukti av øyk blanda seg medlukti av medurten på vegakantenBlinda du att augene,tykte du at kjerra gjekk bakover,men når du opna dei att,var du komen eit stykke lenger

Frå den tid det var krig i landet finst det eit dikt som kallar på smilet i alvoret:

OkkupasjonUnder krigen var det løge,då måtte bestefar ha grenseboerbevisDet var grønt med tekst på tysk og norskBestefar var gamalog gjekk alltid i treskoHan stod i vedahuset med nasadrope og blåfrosne nevar og hogg ved nesten støttHan kom sjeldan utanfor tunetog hadde ikkje sett noki grensa,men beviset tok han vare på

Mange av dikta tek fram natur og landskap i vestlandske miljø, gjerne med stadnamn knytte til. Nokre få hentar motiv frå nordiske granneland. Det majestetiske kan stundom skildrast i ei heilt enkel, nøktern form – slik som her:

Foss i NærøyfjordenEitt byksog eittog eitt tilog endå eittDet siste var lengstEndeleg når han fjordenog set etter segnokre saktmodige skumdottareit stykke utover

Ein kan humra seg gjennom mange av dikta ein her finn. Eit visst vemod er det i det neste eg no tek fram:

På aldersheimenDei sit og ventarbroderar og ventarKjem det einkvan,ventar dei framleis

De treng ikkje ventaDen siste gjesten kjemutan at de ventar

I nokre av dikta er det tydelege kristne motiv. Eitt av dei lyder slik:

AltargangSjå, no bøyer han kneDet fell ikkje lett for vaksne mannenDei er mjukare dei ungeHar venta i mange år,tenkte nok på det,men vilde byggja seg opp fyrst,få nokre trappetrinn å stå påMen no har han sett det: det er ein som kjem ned,han sjølv høyrde til på nedste trinn

Jarle Bondevik har gjeve oss ei samling kvardagsnære dikt. Ein mann med stor lærdom har her forma tankar og minne i enkle ord - knytte til heimstad, natur, levd liv, tru og von.

Jarle Bondevik: KløvjalassDikt samla 2012, omslag: Bjørg Hausle Bondevik Bodoni Forlag, Bergen 2012

Ivar Molde.

Frå kløvjalass til altargang

Page 10: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

10

Gåver til Stille Stunder 2012 (framhald)Asgeir Stanghelle, Vardø « 150,-Noralv Audvin Hornnes, Førde « 100,-Henry Magne Nygård, Førde « 150,-Margit Sofie Stave, Stadlandet « 50,-Sveinung Andreas Johannes Kråk, Hardbakke « 100,-Knut Dale, Odda « 200,-Kjellaug Irene Lid Vethe, Voss « 100,-Andreas Takvam, Bergen « 50,-Herleiv Braut, Nærbø « 150,-Jens Kleppa, Hjelmeland « 100,-Tone Reinskou Bjotveit, Kinsarvik « 100,-Marit Røinås, Søgne « 200,-John Jakobsen, Farsund « 100,-Aud Birgit Tonstad, Tonstad « 100,-Torkjell Tjønn, Tuddal « 150,-Erik Kjebekk, Oslo « 100,-Kjartan Myklebust, Kristiansand S « 50,-Helge Martin Nygård, Frekhaug « 150,-Birgit Hestad, Øystese « 350,-Kari Midtgård, Ulset « 100,-Anna Valvatna, Sagvåg « 50,-Maria Utheim, Hyen « 50,-Odd Håvik, Sogndal « 50,-Kirsti Sekkingstad, Fjell « 150,-Edith Stero, Bergen « 150,-Haldis Knapskog, Ågotnes « 150,-Ingrid Repaal, Norheimsund « 50,-Gunnhild Ness, Bergen « 50,-Tor Odland, Aksdal « 100,-Annemor Klubben, Rubbestadneset « 350,-Karin og Kåre Sørdal, Vanse « 50,-Halldis Hjartåker, Kopervik « 150,-Kjellfrid Birkedal, Sundebru « 50,-Magnhild Fjermedal, Vatnestrøm « 100,-Astrid H. Jarnnes, Kongsberg « 350,-Tor Valle, Treungen « 100,-Ånund Eldhuset, Bygland « 200,-Sigbjørn Heie, Frekhaug « 100,-Nora Haugland, Brekke « 150,-Jørgen Vogt, Oslo « 50,-Hege Nyborg, Brumunddal « 150,-Berit Finnbakk, Rykkinn « 100,-Aud Ingeborg G. Vigre, Nærbø « 100,-Kristi Kloumann, Oslo « 200,-Hans Johan Sagrusten, Kviteseid « 100,-Borgny Synnøve Navestad, Mysen « 100,-Karen Johanne Lunde, Nesttun « 100,-Sigrun Mjånes, Bremnes « 50,-Terje Jonsson, Molde « 50,-Bjørn Sandvik, Oslo « 150,-Bjørg Irene Nilsen, Fagernes « 50,-Torgeir Johansen Sjøvold, Manstad « 350,-Kari S. Kollbær Rasmussen, Haugesund « 50,-Kari Akslvoll Lorentsen, Kvaløysletta « 100,-Linda K. Kvalsund Saxrud, Fjerdingby « 50,-Kirsti Handeland, Skare « 150,-Marianne Moseng, Marifjøra « 500,-Reinert Ottar Reinertsen, Bergen « 150,-Kjellaug Areklett, Torvastad « 50,-Marianne Baarholm, Ålesund « 100,-Alf Gjerde, Eiksund « 50,-Øystein Orten, Hareid « 50,-Olav Hamre, Vestnes « 50,-Inger Johanne Revheim, Karasjok « 100,-Solveig Amrud, Bagn « 100,-Kåre Flesjå, Ålesund « 150,-Karl Eidsheim, Molde « 50,-Rune Kyrkjebø, Fyllingsdalen « 50,-

Gunnhild Steinsland, Modalen « 100,-Øyvind Vevle, Lonevåg « 100,-Øystein Hårklau, Valestrandsfossen « 350,-Leiv Vaga, Bokn « 100,-Inga Bovim, Nesttun « 150,-Rolf Salte, Bryne « 100,-Geir Palle Harr, Vigrestad « 50,-Tor Helge Heggland, Hjelmeland « 150,-Gunnar Listog, Skjold « 100,-Jørn Lemvik, Oslo « 150.-Kari Skårdal, Åmli « 50,-Gunnar Birkeland, Birkeland « 150,-Bjørn Rike, Rykene « 200,-Ellen Elisabeth Høyland, Borre « 100,-Bigset Sanitetslag, Hareid « 50,-Mally Beatris Egland, Helleland « 50,-Ågot Mjølkeråen, Haus « 50,-Ola Berge, Stryn « 150,-Kjellaug Norli, Oslo « 100,-Lidvor Hatteland, Nærbø « 150,-Margit Lundøy, Morvik « 100,-Olav Bjørgo, Trondheim « 50,-Kari Gerd Russland, Åmli « 100,-Olav Meltvik, Tyssebotn « 50,-Aslaug Solås, Sørbøvåg « 100,-Kirsti J. Dybvik Rolland, Ytre Arna « 100,-Ellen Marie Svea, Bekkestua « 150,-Gunnlaug Henden, Voss « 100,-Astrid Johanne Øvstedal, Ørskog « 100,-Kåre Jens Mestad, Alversund « 100,-Nathalie Vangsnes, Hosteland « 50,-Torild Selvik, Kvammen « 50,-Brit Nestås Mathisen, Voss « 50,-Nils N. Nesheim, Eidslandet « 150,-Gudny Bergljot Meland, Årbakka « 100,-Brita Holsen, Voss « 150,-Anna Sylvia Haukås, Paradis « 100,-Solveig Fidje, Kristiansand S « 50,-Gunnar Liland, Blomsterdalen « 100,-Gunnveig Berge, Ålesund « 150,-Torleiv Rogne, Longva « 100,-Vemund Gunnarson, Sletta « 50,-Gudrun Vigdal, Gaupne « 50,-Ingeborg Onstein, Etne « 50,-Torill Østby, Hemsedal « 100,-Gunnlaug Aasheim, Valestrandsfossen « 150,-Aud Svanhild Guddal, Seimsfoss « 50,-Marie Helås, Sandvoll « 100,-Johannes Nag, Stavanger « 100,-Gudny Tjomsland, Sør-Audnedal « 50,-Solveig Eidhammer, Øvre Vats « 150,-Astrid Voll, Grimstad « 150,-Aslaug Vingen, Almenningen « 50,-Berit Sæthermoen, Hagan « 50,-Trygve Haugen Øvretveit, Hønefoss « 150,-Edvard Skovly, Kristiansand S « 100,-Mons Heggernes, Mjølkeråen « 150,-Olaug Hognaland, Bokn « 150,-Bjørg Femsteinvik, Hatlestrand « 50,-Oddlaug Flø, Ulsteinvik « 300,-Willy Lofthus, Hellebust « 350,-Ruth Eidnes, Bodø « 150,-Johannes Falnes, Trondheim « 200,-Svanhild Mildrid Grimstad, Alta « 250,-Audun Gravdal, Sirevåg « 150,-Agnar Afdal, Voss « 50,-Einar Martin Hansen, Voss « 50,-Per Olav Øfsthus, Lonevåg « 50,-

Alfred Langeland, Straume « 150,-Svein Eilert Volle, Levanger « 100,-Solveig Otlo, Levanger « 200,-Ingeborg Berg, Hjelset « 150,-Bodil Næsje Sætre, Ørsta « 150,-Ivar Vestre, Sykkylven « 50,-Ruth Pauline Brennhaug, Verma « 150,-Anders Sværen, Knarrevik « 200,-Liv Holte, Ålesund « 100,-Gunnhild Leiddal, Skulestadmo « 200,-Signe Lid Trana, Voss « 350,-Torvald Johan Hansen, Bremnes « 50,-Brit Anna Bjørke, Åmot « 50,-Elisabeth Skaar, Bryne « 100,-Dag Eirik Eikeland, Stord « 100,-Oddvar Michael Michaelsen, Aksdal « 50,-Kari Aabrekk Stangeland, Sandnes « 150,-Reidun Brusletten, Nesbyen « 50,-Jon Kasper Jensen, Søgne « 50,-Jørund Asle Holme, Kurland « 50,-Kristine Ildjarnstad, Lomen « 50,-Knut Ullestad, Hvittingfoss « 100,-Bjørg Dimmen, Ulsteinvik « 50,-Anne Hesseberg, Ålesund « 50,-Kari Roth, Barstadvik « 100.-Svanhild Toppe, Mjølkeråen « 150,-Oddlaug Molland, Luster « 50,-Ada Løtuft, Naustdal « 100,-Sofie Bjelland, Sunde i Sunnhordl « 50,Ingrid Haugetun, Rong « 50,-Annemor Vindenes, Tysnes « 350,-Ellen Kildal, Drammen « 150,-Borgny Øvregård, Os « 150,-Sønneva Christensen, Bremnes « 50,-Jens Reisæter, Ulvik « 100,-Bertha E Hareidal, Stathelle « 100,-Hildegunn Tillung, Norheimsund « 100,-Josef Nesse, Oslo « 100,-Tor Ludvig Tøsse, Oslo « 200,-Vallborg Myklebusthaug, Hedalen « 350,-Ellen Sofie Oddsen, Sandnes « 50,-Kjell Håvard Bø, Oslo « 50,-Einar Arne Skudal, Naustdal « 50,-Svend Bernhard Kjetland, Røyksund « 50,-Arne Magne Aune, Gvarv « 50,-Odd-Inge Janusz Schrøder, Fetsund « 50,-Per Hovland, Fredrikstad « 100,-Ole Agnar Saue Aadland, Ølen « 150,-Henning Thauland, Ski « 100,-Per Halse, Hovdebygda « 100,-Ole Trygve Foseide, Rindal « 150,-Hermund Slaattelid, Voss « 150,-Einar Olav Eintveit, Skånevik « 50,-Elsa Målfrid Drange, Kristiansand S « 50,-Aslaug Tunheim, Undheim « 100,-Dreng Dale, Nyborg « 200,-Ester Flæte, Fresvik « 150,-Knut Sæbø, Tornes i Romsdal « 50,-Jon Sem, Sem « 50,-Grethe Langeland, Skien « 50,-Arvid Bryggeså, Eiken « 50,-Kirsten M Rønsen, Sørumsand « 100,-Gunnar Ingul, Stjørdal « 100,-Kari Molland, Matredal, « 50,-Olav Flaaten, Vinje « 350,-Mildrid Johanne Ta, Edland « 50,-Astrid Håland Wee, Kolsås « 50,-Berit Ljones, Arnatveit « 150,-

Page 11: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

11

Margit Leidal, Voss « 100,-Kari Solberg, Bryne « 50,-Ingfrid Johanne Rasdal, Skulestadmo « 100,-Guri Teigen, Evanger « 100,-Sverre Storøy, Ulset « 100,-Edith Synnøve Bråtømyr, Skåtøy « 50,-Olav Arne Kleveland, Evje « 50,-Klara Austerheim, Sauda « 150,-Astrid Pukerud, Grimo « 200,-Dag Fosstvedt, Sandane « 50,-Bjarne Fjelltveit, Haugesund « 50,-Ingegerd Nesje Fauske, Førde « 100,-Alfhild Klakegg, Sandane « 50,-Lars Hernes, Os « 150,-Einar Helde, Eidsvåg i Romsdalen « 300,-Møyfrid Etterå, Storfosshei « 50,-Petra Aga, Rubbestadneset « 50,-Elin Meling, Sortland « 100,-Ragnhild Halsnes, Dale i Sunnfjord « 50,-Anders Gustad, Ekne « 50,-Inger Kløve, Voss « 100,-John Martin Pedersen, Narvik « 150,-Tone Byremo¸ Lillesand « 150,-Kirsten Gullberg, Stord « 100,-Aslaug Halden, Gvarv « 100,-Bent Jakob Kvalsund, Isfjorden « 50,-Rakel Bjorøy, Ågotnes « 50,-Anne Grethe Loua, Vallersund « 50,-Helga Vik, Straumsgrend « 50,-Nils Johannes Helland, Stord « 100,-Torild Teige Strand, Hardbakka « 100,-Vigdis Reisang, Bodø « 50,-Nils Kristian Sørensen, Kjøpsvik « 100,-Eli Karen Nerbø Simonsen, Fitjar « 350,-Kristian Barstad Dysthe, Bergen « 150,-Ranveig Eline Bjørkum, Frekhaug « 50,-Johannes Linga, Granvin « 150,-Nils Kolskår, Granvin « 150,-Solveig Boge Ølmheim, Slinde « 350,-Målfrid Berge, Forsand « 100,-Bergljot Nøkling, Sola « 50,-Sissel Marta Vestbøstad, Stavanger « 350,-Bjørg Sundsøy, Bergen « 100,-Bjarne Reime, Treungen « 100,-Norunn Heggen, Nordfjordeid « 50,-Aslaug Tarberg, Molde « 100,-Selma Bjotveit, Folderøyhamn « 100,-Molly Raknes, Fyllingsdalen « 150,-Reidun K Dombestein, Davik « 50,-Anne Uggdal, Brundval « 250,-Ruth S Besland, Birkeland « 150,-Oddbjørg Huseklepp, Jessheim « 350,-Tore Kopperud, Oslo « 100,-Solveig Øvrebø Steen, Drammen « 100,-Asbjørn Olav Mugås, Hurdal « 50,-Wencke Karin Natland, Jøsenfjorden « 150,-Olav Rio, Voss « 100,-Endre Gerhard Eggen, Ølen « 50,-Oddny Langeland, Førde « 100,-Jostein Budal, Lesja « 350,-Ingrid Lohne, Søgne « 100,-Oddny Johnsen, Bergen « 50,-Tove og Sjur Hirth, Oslo « 50,-Tormod Hagen, Fannrem « 350,-Liv Sæther, Vaksdal « 200,-Ole Dag Østhus, Ølen « 50,-Øystein Storeide, Fiskåbygd « 50,-Ingunn L Gullbrå, Eidslandet « 50,-Kristine Raustad, Sand « 100,-Magna Hatlebakk, Rådal « 50,-Liv Bryplass, Geilo « 150,-Edel M Aamli, Stokke « 350,-Henry Halvorsen, Eidehavn « 100,-Ragnhild Hagen, Ål « 150,-

Gurine Riise, Førresfjorden « 50,-Jon Segtnan, Bergen « 200,-Gerda Blænes, Vestre Vinnesvåg « 150,-Per Helleve, Voss « 100,-Reidun Ellingsen, Nyborg « 50,-Knut A. Knudsen, Bergen « 50,-Bjørg Helgeland, Hafrsfjord « 50,-Reidunn Dalsbø, Stadlandet « 100,-Marta Hansen, Stavanger « 50,-Liv Sandal, Fana « 200,-Brit Sevheim Harkestad, Herøysundet « 100,-Else Anik, Helgeroa « 150,-Anlaug Kvalvågnes, Fonnes « 200,-Torstein Sætre, Mathopen « 150,-Geir Arnljot Raknes, Stavanger « 150,-Nils Peter Torsrud, Veggli « 100,-Inge Anton Andersen, Vassenden « 150,-Margrete Røsvik, Ålesund « 50,-Asbjørg Skretting Vaaland, Hafrsfjord « 150,-Johanne Bog, Skiftun « 50,-Audun Johannes Tang, Blomsterdalen « 50,-Haldis Tjelle, Haugesund « 100,-Torri Unsgaard, Trondheim « 100,-Tone O. Stuvrud, Tuddal « 50,-Hohn Lauvdal, Marnardal « 100,-Ragnar Hove, Vik i Sogn « 100,-Magnar Mangersnes, Ulset « 150,-Birger Torsvik, Rong « 100,-Maren Hole, Manger « 100,-Marta Hauge, Fister « 50,-Solveig Åsvang, Baldersheim « 50,-Kirsten Ellefsen, Kristiansand S « 100,-Herdis Sola, Sola « 150,-Johan Peder Moe, Suldalsosen « 200,-Arnhild Frengstad, Halden « 100,-Alvhild Lie, Lillehammer « 100,-Johanna Lysen, Stord « 50,-Aslaug Stenumgård, Aurskog « 100,-Berit Lorentsen, Mosjøen « 150,-Helene Sognnes, Hyllestad, « 50,-Ivarina Kvalem, Granvin « 50,-Borgfrid Sellevoll Klyve, Voss « 50,-Brit Randi Heggheim, Byrkjelo « 360,-Inghild Solheim, Reksten, Florø « 50,-Ole Brubakk, Nerlandsøy « 100,-Anne Eldevik, Fannrem « 100,-Marta Jordebakk, Moi « 100,-Ingrid Pedersen, Hyen « 100,-Øystein Ulveraker, Oslo « 100,-Kåre Sandnes, Åfarnes « 50,-Olav Straume Kongsvik, Tromsø « 50,-Åsgeir Brunborg, Voss « 150,-Lars Bjørndal, Oppdal « 100,-Nils Salvigsen, Farsund « 350,-Anne Steensland, Stavanger « 50,-Jorunn Øxnevad Lie, Kolltveit « 100,-Anna Marthea Alme, Sogndal « 150,-Tore Thingvold, Årdalstangen « 150,-Leikny Mildrid Røssevold, Valderøy « 250,-Olaug Ådnanes, Bremnes « 150,-Ragnfrid Samland, Etne « 50,-Berit Hernes, Tysse « 100,-Kari Knapstad, Vossestrand « 50,-Inglaug Sandal, Valestrandsfossen « 100,-Idun Østerhus, Tau « 150,-Harald Grønnevik, Skånevik « 50,-Steinar Lima, Ålgård « 200,-Ragnhild Rosendahl, Bergen « 50,-Nils Minde, Haukeland « 50,-Rolf Ekenes, Vestskogen « 150,-Knut Storerud, Grimstad « 50,-Halvor Høibø, Jaren « 200,-Bjarne Hetlesæter, Valevåg « 200,-Trond Obrestad, Voll « 100,-

Anne Aalbu Vang, Steinkjer « 50,-Ellen Karoline Hovstad, Fitjar « 100,-Alfred og Ester Mæhle, Haus « 150,-Aslaug Helle, Manger « 50,-Ellen Bekkevold, Hemsedal « 50,-Gunelie H Ørsjødal, Mosvik « 50,-Johannes A Hope, Fonnes « 100,-Haldor Lars Slettebø, Oslo « 250,-Norunn Signe Rong, Skulestadmo « 100,-Arne Ingvard Kjelby, Brekke « 100,-Karin Langholm, Foldfjorden « 150,-Odd Lykstad, Hareid « 250,-Marie Bakkane Weibell, Tananger « 100,-Jakob Ullestad, Moi « 50,-Signe F Lønning, Aksdal « 150,-Liv Nyborg, Kysnesstrand « 150,-Inger Johanne Vik, Porsgrunn « 100,-Ivar Åmlid, Tonstad « 200,-Anne M Askvik, Idse « 150,-Ingebjørg Kyte, Voss « 50,-Rakel Marie Kolnes, Sola « 100,-Audun Glomnes, Lillehammer « 150,-Olav Yksnøy, Volda « 50,-Marta Sætrenes, Stavanger « 150,-Åsa Kvinnesland, Kleppe « 100,-Anlaug Gudmestad, Nærbl « 50,-Borgny Gjerald, Vossestrand « 150,-Åse Else Rimereit, Midsund « 50,-Marta Lohndal, Stord « 200,-Ragnhild Hopperstad, Vik i Sogn « 150,-Margit Særsten, Stord « 50,-Solvor Eldrid Aadland, Årland « 100,-Inger Helene Leithaug, Frekhaug « 150,-Hilda Haugen, Dale i Sunnfj. « 100,-Borghild Osvoll, Volda « 50,-Aslaug Mugås, Jørpeland « 50,-Sigbjørn Øye, Saudasjøen « 50,-Sunneva Urheim, Kinsarvik « 150,-Petra Giskeødegård, Giske « 100,-Astrid Askvik, Ask « 50,-Knut Valda, Hjelmeland « 50,-Kjell-Einar Ljones, Hareid « 350,-Maghild Marøy, Laksevåg « 50,-Eldbjørg Molde, Dalsøyra « 100,-Andor Gjelsvik, Oslo « 50,-Else Victoria Nitter, Volda « 50,-Bergitte Hovland, Fitjar « 50,-Aslaug K Breivik, Jørpeland « 50,-Johanne Røyset, Hareid « 100,-Berit Irene Tollefsen, Vigrestad « 100,-Anna Ødegård Andersen, Tau « 100,-Orlaug Høgset, Førde « 50,-Ivar Hernes, Evanger « 100,-Marit Petra Nore Sørhaug, Bryggja « 50,-Kristine Dahle, Skåla « 50,-Anders Austefjord, Laksevåg « 50,-Margit Hansen, Sortland « 100,-Gudny Utne, Lundegrend « 300,-Marit Titland Anda, Os « 100,-Birger Foseide, Fannrem « 50,-Herborg Kverneland, Kverneland « 150,-Sissel-Anny Hjelmtveit. Seim « 100,-Aslaug Myrmel, Flaktveit, « 50,-Magnhild Lid, Sandnes « 50,-Ranveig Reilstad, Finnøy « 50,-Sverre Elias Tretteberg, Bergen « 100,-Tordis Kleiveland, Valestrandsfossen « 50,-Ranveig Tveit Kirkebø, Førde « 200,-Olav Arne Støylen, Vassenden « 100,-Eldbjørg Lillevik, Bolsøya « 50,-

Framhald neste nummer...

Page 12: God påske! - SimpleSitedoccdn.simplesite.com/d/6b/86/286260057147213419/... · 2019. 4. 22. · NR. 2 Mars 2013 124. ÅRG. FOR HEIMEN OG SKULEN OG KYRKJA ISSN 1892-5103 God påske!

Stille Stunder - mars 2013

12

I di handAv Haldis Reigstad

I di hand er mine tider,eg er alltid trygg hjå deg.

Du som kjenner mine tankar,kjenner og min framtidsveg.

Ingen ting meg riva kanor di sterke Frelsarhand.

I di omsorg får eg kvila,du skal vakta meg så vel.

Om min lekam går til grunne,tek du vare på mi sjel.

Ingen ting kan skada megnår eg, Jesus, er hjå deg.

Du har sigra over døden,du har opna himlens port.

Når di hand er utrekt, Herre,kven kan venda henne bort.

Jesus, alt til evig tidheld du fast kring handa mi.

Tel. 53 45 00 00

Brosjyrer - Bøker - Blad - Aviserforretningstrykksaker- brevpapir,konvoluttar m.m.

- Me hjelper dykk med utforming.

Trykksaker

prøv oss

1 0 0 å r i 2 0 0 3

1902 – 2003

Nynorsk Antikvariat ASHulgata 114900 TvedestrandTelefon 37 16 66 66E-post: [email protected]

AntikvariatsbokhandlarArne-Ivar KjerlandE-post: Arne-Ivar.Kjerland@ nynorskantikvariat.noMobil: 928 29 098

www.nynorskantikvariat.no

Kjært er livet med all sin harm,det klårnar, alt som det gjenger.Men endå treng eg ei von i barm

om eit, som varer lenger.

Ivar Aasen (1813-1896)

RETURADRESSE:Stille Stunderved Berit Torp,5286 Haus.

B