jæren himmel og hav

27
Himmel og hav, ropar vinden Steingard og strå, seier lyset Sandkorn og skyer, sukkar bølgjene og brettar blonder over stranda JÆREN HIMMEL OG HAV

Upload: henning-pettersen

Post on 03-Mar-2016

233 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Vakker bok fra Jæren. Antall sider: 144 Format: 24 x30 cm Innbinding: stivbind Foto: Snorre Aske Tekst: Helge Torvund

TRANSCRIPT

Page 1: Jæren Himmel og Hav

Himmel og hav, ropar vindenSteingard og strå, seier lyset

Sandkorn og skyer, sukkar bølgjeneog brettar blonder over stranda

JÆRENHIMMEL OG HAV

Page 2: Jæren Himmel og Hav
Page 3: Jæren Himmel og Hav

Jorda sov under eit teppe av is

Morgonen opna eit vindauge av lys

og månen svevde overmed sitt rolege andlet

Kvar gong Gaia pusta ut og inngjekk det sommar og haust

Alle rørsler tok tusen år

På dei langstrekte strendenela lyset ut sitt smelta gullog kyste steinane runde

med små bølgjer

Myrene glippa med ei tjørn og gnei seg i augo

strauk bort nokre strå av myrull og strekte torva ut i sola

Den salte lukta av vindstrauk bort skodde og dis

Vipa kom og la eit eggog mennesket såg

utover vinden sitt rike:

Jæren

Page 4: Jæren Himmel og Hav

I byrjinga

Page 5: Jæren Himmel og Hav
Page 6: Jæren Himmel og Hav
Page 7: Jæren Himmel og Hav
Page 8: Jæren Himmel og Hav
Page 9: Jæren Himmel og Hav
Page 10: Jæren Himmel og Hav
Page 11: Jæren Himmel og Hav
Page 12: Jæren Himmel og Hav

Den åttande dagen

Page 13: Jæren Himmel og Hav
Page 14: Jæren Himmel og Hav

12

Ein sirkel av steinÅ ha ein stein som kan bera deg gjennom året. Ein stor gråbrun steinrygg du kan koma til og sitja på.

Eit stødig utgangspunkt der du kan la augo kvila på havet og jorda sine bølgjer. Kjenna at du vert jorda

og kjenna at du sit der du skal sitja. Følgja med augo dei slake kurvane i landskapet som elvane frå

isbreane ein gong skapte av grus og stein.

Eller å halda ein rullestein i nevane. Kjenna den tunge glatte fl ata i hendene. Eit steinhovud skapt av

havet. Av bølgjene sine bilethoggarhender. Sjå årer, korn og krystallar som gjev den liv og gneistrande

fargar. Komen av jorda og kasta ut i elementa; vatn, lys og vind.

Å lukka neven om eit lite steinegg og lukka augo og kjenna på den svimlande tanken at denne steinen

kan ha kome hit etter ei lang reise med eit enormt skip av is. For tusenvis av år sidan.

Å sitja på ein knaus i sollyset, ved bølgjeglimta, over sandkornrefl eksane. Det er å som å vera

heilt ny i verda. Overlaten til det alt spring ut av. Ein kan sitja i dette suset av verda på ein stein,

og kjenna at in vert vaska rein. At tida vert borte, og kloden og augo vert eitt i eit veldig nå.

I steinane er jorda si uendelege soge teikna inn som eit alfabet for stjernene å lesa i stille vinternetter.

Eg legg sju steinar i ein sirkel i sanden. Eg går bortover stranda og vert ein liten prikk under den veldige

himmelen medan bølgjene vaskar spora mine vekk med si låge kviskring.

Page 15: Jæren Himmel og Hav

13

Sandblesen stein. Vindbølgjande sandBårene fylte av algar som lever av lys

I sanden: fi ngrar av tare

Børaunen

Page 16: Jæren Himmel og Hav

14

Borestranda

Page 17: Jæren Himmel og Hav

15

Page 18: Jæren Himmel og Hav

16

Å skriva JærenÅ skriva Jæren inn i dikt handlar om lyset og steingardane, om strendene og dei slake bogane i land-skapet. Men samstundes handlar dikt alltid om å vera menneske. Og av og til prøver ein å fanga svære spenn av tid i menneskeslekta si historie, og fortetta det heile i eitt einaste dikt. Eit dikt som famnar store rom av tid og mange rom i ulike land og menneskemiljø. I eit dikt av den typen går jærbuen frå fl intdolkar til datamaskinar i løpet av nokre få linjer. I den bakken på Ogna der eg bur, var det ein steinalderbustad for 8000 år siden. Å vita om dette, har vore inspirerande og tankevekkande og det

har slått inn i mange av mine dikt.

Me kom frå havet og skoganeMe kom med váre augo

og hard hud under føteneMed fl intdolkar og skinn kom me

framover i små fl okkarMed forte smil og mørk redsle

drog me framovermot svære damanlegg

Med kontor og fjernskrivararog dei endelause rekkjene

av bitte små teiknsom punkt av tid

Undrande sette me osspå ein ustødig kasse av tre

under blikktakregnetStolte i stolar av stål og hud

Tankefullt såg me inn i eldenog ut av skyskraparane

høgare enn fjellikkje eit tre lenger

å lena seg til

Eg har farta litt kring i andre delar av verda. Den første ungdomstida var prega av ein veldig utfartstrong, og det å vera jærbu var noko ein helst ville verta ferdig med så fort som mogleg. Men etter nokre turar kringom i Norden, i Europa, i Mellom-Amerika, og Nord-Afrika, etter å ha budd både i Nord-Noreg, i Finland, på Austlandet og på Sørlandet, vendte eg til slutt

heim og slo meg til på Jæren att. Budde på Refsnes, Nærbø og Sirevåg før eg slo meg til på Ogna,

Page 19: Jæren Himmel og Hav

17

der eg fann mitt revir heilt sør på Jæren, mellom slettene nord for Brusand og det knudrete vakre månelandskapet sør for Sirevåg. I perioden då eg var jærbu i eksil, hendte det ofte at eg skreiv om vitjingane heime på Jæren:

Slik er det brått å vera heime:Jærnatta skoddetung

over den sovande havkroppen.Sanden sitt triste andlet

under våre steg. Me slepper orda ut

i vinden.Fulle av den urolege stilla

som er over alt nå.Bankande i vår puls,

bølgande inn frå horisonten.Brest og brest

lik den kvite sorga i våre unge liv.At me høyrer

kva havet og vinden vil oss.

Kvardagane la seg etter kvarandre og fanga oss inn. Jærnettene er verdt eit dikt, dei òg, med sitt mjuke lys og sin fl ytande jorddis. Eit alveland me kan halda kontakten med, bare me kjem oss ut på litt ukris-telege tider innimellom. Men her skal det først og fremst handla om det trygge som ligg i botnen av dette å ha ein heim i eit landskap. Det har vore godt å ha sett teltpluggane ned i dette landskapet, særleg når ein ny generasjon var på veg.

Og der i vindenvil eg tenkja

på barnet i vatnetDer eg syklar

over soltørka sandstøvvil eg helsa på aprilsola

på JærenEin fast gammal neve

Page 20: Jæren Himmel og Hav

18

Småskjera, Sirevåg

Page 21: Jæren Himmel og Hav

19

Page 22: Jæren Himmel og Hav

20

Steinskip som har segla gjennom eit hav av tid. Tidsseglarar som kjærteiknar steinen og augo med si

last av undring. Me stoggar opp ein augneblink og fell ut av kvardagens mas. Kven sendte desse båtane

over til oss frå ei strand på andre sida for åtte tusen år sidan? Visste dei noko me ikkje veit? Veit me

noko dei ikkje visste? Båtane duvar vidare på klodens rundgang i rommet og gjev ikkje slepp på si

undring. Seglar i stein under skiftande himlar.

Page 23: Jæren Himmel og Hav

21

Helleristing på Solbakk

Page 24: Jæren Himmel og Hav

22

Ei staseleg kvinne lagt varsamt ned for siste gong på ei fl etta stråpute fylt av hår. Pynta med gull og sølv

og hylla inn i bjørneskinn for den lange reisa. Og den som har auga for slikt, kan sjå fotspora hennar

i molda, i sanden, i lufta og vatnet, alle dagar. For ho er i alle kvinner og i alle gudinner som sørgjer

Page 25: Jæren Himmel og Hav

23

for at jorda gjev og gjev. Ho er ein lysberar av kronblad og ei kjærleiksraus rose som får eplene til å

mognast og bringebæra til å raudna.

Krosshaug, Kleppe

Page 26: Jæren Himmel og Hav

Dette var noen sider fra boka.Bestill på: www.naturkultur.no

Page 27: Jæren Himmel og Hav

Dette var noen sider fra boka.Bestill på: www.naturkultur.no