kva slags material er vi ute etter? -...
TRANSCRIPT
Kva slags material er vi ute etter?
•Varig material
•Stabil material
•Material med stor styrke
•Andre eigenskapar
Tre
til
tekking
og
kleding Dette treet hadde 47 cm
alved 10 m over bakken
Slike tre er det vi treng til
kyrkjespon
Restaurering skal gjerast med tidstypisk vyrke……
Skogbruket bør kunne forsyne oss med all slags vyrke. Vi treng stavkyrkjekvalitet så
vel som or til sovehus. Vi treng kjempetre til spon så vel som granne spirer til lekt og
skigardstaur. Vi treng never til å tette tak med og mose som isolasjon………
Kritisk i høve behov synest å vera : •Stor furu med mykje al til spon, bord og syllstokkar.
•Sturegran til spon og kledningsbord.
•Sperreved.
•Diverse lauvtre som er skjøtta for å kunne bli til bygningsvyrke.
•Never av god kvalitet.
•Etter kvart som naturleg skog blir erstatta av planta skog vil vi få manko på
sterkt nok vyrke til liggjande tømmer i reisverk.
Typisk for den eldre norske
bruken av tre, er nærleiken til
skogen.
Tømmermenner flest har, når vi
går 100 år attende, teke del i
hogst og framdrift av tømmer til
hus som dei skal byggje. Om dei
ikkje var med, hadde dei kontakt
med folk som hadde forståing for
behov og eit felles språk kring
kvalitet. Tømmermennene fekk
det dei bad om.
Denne idrotten er vi gang med å
nye opp att. Biletet er frå kurs i
skogvurdering for tømrarar.
Når utgangspunktet for bruken av tømmeret er skogen og heile treet, vil
tankegangen vera ein annan enn når utgangspunktet er eit materiallager. Det
gjeld så vel dimensjon som karakter, alder og kor i treet emnet vert teke. Både
husbyggjarar og båtbyggjarar hadde lik praksis i så måte.
I lang tid var det vanleg å skjera bord av rotstokken, medan andrestokken gjekk
til laft eller andre føremål der korkje styrke eller kvistkarakter var kritisk faktor.
Var det furu kunne toppen med grov kvist av svært gammal furu bli skoren til
kledning på uthus. Dei er godt lufta. Då rotnar trevyrket seint.
Eit tradisjonelt uttak av material svarar godt til ei vitskapleg
basert treteknologisk forståing. Det er likevel sider ved
praksis som går ut over det som vitskapen førebels kan
forklare.
Når Noreg vart fiskerinasjon alt for 1.000 år sidan, kom det mellom anna av
nærleiken mellom god tilgang på fisk og god tilgang på tømmer. Tradisjonane
er lange og vi har særleg mykje å lære av båtbyggjarane.
•Treslag
•Dimensjon
•Stammeform
•Kvistkarakter
•Årringbreidder
•Veksestad (klima,
bonitet, eksponering)
•Kjerneved
•Feit ved
•Geitved
•Tørr ved
•Aldersved
•Ungdomsved
•Tennar / reaksjonsved
•Eigenvekt
•Mjuk ved
•Hard ved
•Porestruktur
•Fiberlengd
•Splintringssterk ved
•Kantved
•Mergbord/mergplank
•Flaskved
•Hunved
•Heil yte
•Kløyv
•Isoleringsevne
•Krymping/svelling
•Varig ved
•Slett ved
•Tovedt ved
•Runnen ved
•Rotstokk
•Andrestokk
•Skatstokk
•Topp
•Toppskoren ved
•Mergparallell ved
•Yteparallell ved
•Rotkrok
•Sultre
•Greinkrok
•Stammekrok
Kvalitet
på
material av tre
er eit
omfattande
tema