kvenveit - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · endåtil popartisten gabrielles...

24
KVEN VEIT TEMAHEFTE FOR KUNNSKAPSTEVLINGA KVEN VEIT? 2019 TEMA: NORDEN OG NORDISK SAMARBEID 1 KVEN VEIT 2019?

Upload: others

Post on 07-Jun-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

KVENVEIT TEMAHEFTE FOR KUNNSKAPSTEVLINGA KVEN VEIT? 2019

TEMA: NORDEN OG NORDISK SAMARBEID

1 KVEN VEIT 2019?

Page 2: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

Kven veit? 2019Du sit no med studieheftet til Kven Veit? 2019 i handa, og årets tema er Norden og nordisk samarbeid.

NOREGS UNGDOMSLAGRedaktør: Torbjørn B. LauenBladbunad: Flisa Trykkeri ASFramsidefoto: Jonas JacobssonPostadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B 0157 OsloTelefon: 24 14 11 10E-post: [email protected]

Følg oss på Facebook og Instagram:facebook.com/noregsungdomslaginstagram.com/ungdomslag

Ein er aldri heilt åleine, og ein er alltid ein del av noko større enn seg sjølv. Det gjeld land òg. Noreg er til dømes ein del av verda, Europa og ikkje minst Norden. Anten me vil det eller ei. Me har ein språkleg og kulturell fellesskap med dei andre nordiske landa. Med unnatak av deler av Finland kjem me ganske langt med å kommunisere på våre eigne skandinaviske språk her i Norden. Går me attende til mellomalderen var heile Norden samla i eitt rike kalla Kalmarunionen, men den sprakk etter kort tid. Det finst knapt noko land som har kriga like mykje med kvarandre opp gjennom historia som Sverige og Danmark, men dei siste par hundre åra har det vore rimeleg fredeleg.

I desse hundreåra har òg samarbeidet mellom landa stadig auka på.

I dette heftet har me samla eit utval tekster som omhandlar årets tema, og me har vore så heldige å få litt draghjelp frå Nordisk informasjonskontor Noreg, og frå Foreningen Norden som tilfeldigvis feirar 100 år i 2019.

Lukke til med studieringane og kunnskaps- tevlinga!

PS: Tekstane til både junior og senior står i dette heftet. Juniorane skal berre bli spurt om dei tekstane som er merkt med det gule jr.-merket. Sjå leseplan på baksida av heftet.

NOREGS UNGDOMSLAGNoregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein organisasjon som samlar ung-domslag over heile landet. Organisasjonen har om lag 14 000 medlemmer i nærare 400 lokallag. Aktivitetane i ungdomslaga femnar breitt, både i innhald og i aldersgrupper. Kjerneverdiane til Noregs Ungdomslag er frilynt, tradisjonar, nyskaping, generasjonar, rusfri samværskultur og samfunnsenga-sjement.

SENTRALE TILSKIPINGAR 2019:LandsmøteLandsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. Alle lokallag kan sende utsendingar til møtet. Landsmøtet i 2019 finn stad 26. – 28. april i Oslo. Sommarleir Ungdom mellom 13 og 25 år har høve til å delta på NU sin sommarleir på Skogn

folkehøgskule i Nord-Trøndelag 2. – 7. juli. Sommarleiren har kurs både i teater, folkedans, folkekultur og musikk - i tillegg til sosial moro og turar. Du finn meir informasjon på www.sommarleiren.no. Gjesteinstruktør Ungdomslag i Noregs Ungdomslag har høve til å få ein gjesteinstruktør innanfor folke-dans, teater og organisasjon heim til laget for eit helgekurs. Dette er ei ordning der NU finn rett instruktør til rett kurs, og der lokallaget betaler ein fast sum på kr 4000/5000 for kurshelga. Ordninga er subsidiert av NU, ved at dei overskytande kostnadene til reise, overnatting og honorar for kurslærar blir dekt av sentralleddet. Les meir om ordninga og søknadsfrister på heimesidene våre, og ta kontakt med administrasjonen om du har spørsmål.

2 KVEN VEIT 2019? 3 KVEN VEIT 2019?

Page 3: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

KVA ER NORDEN?

Dei fleste kjenner til Skandinavia, men ikkje alle skil dette frå Norden. Med Skandinavia meiner vi dei tre kongerika Noreg, Sverige og Danmark. I desse landa har vi dei skandi- naviske språka dansk, svensk, nynorsk og bokmål. Norden er sett saman av fem

suverene statar, det vil seie sjølvstendige land. Dette er dei skandinaviske landa i tillegg til Finland og Island. Desse to landa som er i Norden, men ikkje i Skandinavia, er republikkar. Det vil seie at dei ikkje har konge, men dei har ein president i staden,

som folk skal røyste på. I Skandinavia skjønar vi språka åt kvarandre, jamvel om vi høyrer fleire som seier at dei tykkjer det er krevjande. Gjennom å lytte til dei, til dømes gjennom film, vert vi stadig flinkare til å kjenne att orda som er ulike,

OG KVIFOR SKAL VI SAMARBEIDE? Kva er Norden?Alle veit kva by eller bygd, fylke og land vi bur i, men kor medvitne er vi eigentleg om regionen vi er busette i? Norden er ei gruppe land, gjerne kalla region, og her bur vi, saman med grannane våre. Samarbeid gjer at alle kan nå lengre enn vi maktar om vi står kvar for oss. Difor vil vi samarbeide med grannelanda våre.

TEKST: DAG HENRIK NYGÅRD, FORENINGEN NORDENS UNGDOM I NOREG

3 KVEN VEIT 2019?

Page 4: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

og vi skjønar til slutt ganske mykje. Då kan vi snakke vår dialekt, medan svenskane og danskane kan svare på sine eigne dialektar. Islandsk er eit språk som liknar svært mykje på gamalnorsk. Vi ser ein del trekk som er like mellom gamle vestlandsdialektar og islandsk. I Finland er både finsk og svensk offisielle språk, sameleis som vi har nynorsk og bokmål i Noreg. Dei fleste har finsk som morsmål, men langs kysten i sør og vest er det somme med svensk som morsmål. Desse kallar vi finlandssvenskar, og dei må lære seg finsk på skulen, sameleis som vi lærer engelsk. Finsk liknar ikkje på skandinavisk, og vi kan difor ikkje skjøne noko av det, om ikkje vi lærer det.

I tillegg til desse landa har vi noko som heiter sjølvstyrte område. Det vil seie at dei ikkje er eit eige land, men dei er ein del av eit anna. Mange av oppgåvene og ansvaret som

landa har, gjer desse sjølvstyrte områda sjølv. Færøyane og Grønland ligg under Danmark. Dei har eigne språk, eigen kultur, eige skulevesen, men kongen, forsvaret og politiet er det same for alle. Færøysk er eit språk som ligg mellom nynorsk og islandsk. Det er om lag 50 tusen innbyggjarar på denne øygruppa i Atlanterhavet. Grønland har om lag 75 tusen innbyggjarar, og er den største øya i verda. Dei har kvalar og isfjell, både om sumaren og om vinteren. Dei fleste på Grønland er inuittar, tidlegare òg kjend som eskimoar, medan somme er danske. Åland er ei øy mellom Finland og Sverige, som høyrer til Finland, men med mykje sjølvstyre. Åland er einspråkleg svensk, og dei kan velje om dei vil lære finsk på skulen, på same vis som vi vel mellom tysk, fransk og spansk.

Kalmarunionen er det ikkje alle som kjenner til, men det er faktisk sant at heile

Norden var samla i ein union frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1500-talet. Denne unionen hadde til og med sitt eige flagg, med raud kross og gule ruter.

Kulturelt er vi ganske like i Norden, vi har urfolk som samar og inuittar, storparten høyrer til den lutherske kristendomen, i alle fall kulturelt, og vi er om lag den 11. største øko-nomien i verda, om vi slær dei nordiske landa saman. Vi kan lære av kvarandre, og det er viktig å samarbeide med grannane, i alle fall når vi tenkjer så likt som vi gjer. Saman får vi ei tydeleg røyst i det internasjonale sam-funnet, særleg med omsyn til demokrati og klima. Utviklinga er meir samarbeid mellom land, og då er det fint at vi kan byrje med dei vi har mest til felles med, og som har same verdiar og vurderingar som vi har. Norden er truleg den best integrerte regionen i heile verda, og her bur vi.

KVA ER NORDEN?

4 KVEN VEIT 2019? 5 KVEN VEIT 2019?

Page 5: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

– Kva tyder eigentleg nach? Er det eit toalett?Det er dansktime i åttande klasse på Skovgårdsskolen i Charlottenlund utanfor København. Gruppearbeid står på time- planen. Men i dag er det ikkje H.C. Andersen eller Karen Blixen elevane fordjupar seg i. Det er tid for å analysere NRK-serien SKAM.

Den same ungdomsserien som NRK hadde problem med å selje til utlandet fordi inn-haldet var for kontroversielt, har teke steget inn i klasserommet – og vorte heidra med Nordens språkpris 2016.

ENDRA SYN PÅ NOREGLærar Marianne Sørensen er så stor fan av serien at ho har tinga kaffikoppar med påskrifta «Isak+Even» frå USA.– Eg såg ein episode og vart trollbunden. Så tok eg serien inn i undervisninga. Tidlegare har det vore vanskeleg å finne norske tekster, ofte har eg brukt Karens jul av Amalie Skram. Men med SKAM er det lett å motivere ele-vane. Og så er det så mykje å jobbe med, seier Sørensen.

I klassen har dei trekt liner frå SKAM til moderne ungdomslitteratur. Fråværet av

vaksne er eit fellestrekk, meiner Sørensen. Elevane har laga skriftlege oversyn over uvande, norske ord, og dei har studert refe-ransane til andre kulturovringar som dukkar opp i serien. Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt.

– SKAM er ikkje relevant berre fordi serien er på norsk. Det er først og fremst innhaldet vi arbeider med. Det at elevane får inn norsk, er ein ekstragevinst.

– Kva har det å seie for deg som lærar?– Det har endra synet mitt på Noreg. Eg har

SKAM

Norsk språk har vorte dritkult i Danmark. Men kan ein tv-serie for ungdom redde den dansk-norske språkfellesskapen?

TEKST: LARS IVAR NORDAL. FOTO: KRISTINE KIILERICH (FRÅ SPRÅKNYTT 1/2017)

MED SKAM Å MELDE

5 KVEN VEIT 2019?

Page 6: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

alltid syntest det var lettare å finne svenske tekster til undervisninga. Eg har tenkt at vi er tettare knytte til Sverige enn til Noreg. Men etter å ha studert SKAM innser eg at vi har ein større åndsfellesskap med Noreg. Og så har vi felles humor. Svenskane har ikkje særleg til humor, ler Sørensen.Ungdomsskulelærar Marianne Sørensen underviser elevane i dansk – og ungdoms- norsk.

HEKTA– Eg har sett ein del på SKAM og merkar at det har vorte mykje lettare å skjøne språket etter kvart. Dessutan er dei norske under-tekstene til god hjelp, seier Sofia Krarup, som sit saman med tre andre elevar ved ei gruppe pultar i eit hjørne av klasserommet.

I midten står ein mac, der ein episode frå andre sesong av SKAM rullar over skjermen. Elevane har fått i oppgåve å finne ord frå serien og fylle dei inn i eit skjema. Éi rute for ord som er identiske med dansk, éi rute

for ord dei ikkje forstår, ei rute for ord som har ei anna meining på norsk, og éi rute for ord som kjem frå engelsk.

– Etter kvart har eg begynt å følgje serien på p3.no. Der kjem det korte klipp og oppdateringar frå sosiale medium. Sjølv om klippa ikkje er teksta, forstår eg som oftast likevel, seier Sofia.

Ho har vorte hekta, til liks med mange av dei andre i klassen. Der andre ungdoms-seriar kan vere overflatiske og urealistiske, er SKAM ein serie ein kan relatere seg til SKAM på ein annan måte, meiner Sofia. Serien har også gitt henne eit nytt bilde av norske ungdommar.

– Eg hadde fordommar om at det skulle vere meir chill i Noreg, at det kanskje ikkje var så mykje kult som skjedde. Men så ser eg jo at det er ganske likt. Klassevenene Tereja Andersen og Elias Chenoufi kastar seg på:– Eg har alltid trudd at danske ungdommar

var dei som drakk mest alkohol. Men det verkar som om norsk ungdom drikk minst like mykje, meiner Tereja.– Eg trudde at norske ungdommar skulle vere litt finare på det. Og så har eg alltid trudd at Noreg var eit kjedeleg land. Men eigentleg trur eg dei har det slik som oss, meiner Elias.

Utan spesiell promotering har SKAM vorte den største suksessen på NRKs nett-tv nokon gong, og sommaren 2016 begynte serien å spreie seg med virusfart til Danmark. Svenskane har vore meir motstandsdyktige, men i januar i år kunne NRK melde at serien er strøyma over 20 millionar gonger i SVTs nett-tv-app. Med det er alle rekordar knuste, også der.

HYPERMODERNE NORSK– Førsteinntrykket mitt var at SKAM repre-senterte noko nytt. Det var noko autentisk ved det, og det trur eg i stor grad heng saman med språket.

SKAM

Ungdomsskulelærar Marianne Sørensen underviser elevane i dansk – og ungdomsnorsk.

6 KVEN VEIT 2019? 7 KVEN VEIT 2019?

Page 7: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

SKAM

Det seier Pia Quist, lingvist og lektor ved Nordisk Forskningsinstitut, Københavns Universitet.

Eg har flytta meg frå forstaden Charlotten- lund til sentrum av København, der eg møter Quist på Café Norden. Ho oppdaga SKAM då ein journalist ringde og ville vite meir om kebabnorsken i serien.

– Det var sjølvsagt ein svært problematisk merkelapp. Språket i SKAM er definitivt ikkje kebabnorsk. Det interessante for meg var at desse ungdommane snakka eit hyper-moderne norsk, som eg hadde vanskeleg for å skjøne. Eg reiser mykje i Noreg og har vanlegvis ikkje vanskar med språket. Men med SKAM var det annleis. Det var mange nye ord for meg, og dessutan snakka dei svært raskt.

Med dei norske undertekstene på NRK.no vart det lettare å forstå.– Det var fascinerande. Eg lærte mange nye ord. Slik som hooke. Det er jo enormt interessant at hooke eller hooke up betyr to ulike ting på norsk og dansk. Hjå oss tyder det berre å møte nokon. På norsk har eg skjønt at det tyder noko heilt anna, ler Quist.Ho har sjølv forska på ungdomsspråk i Danmark og ser mange likskapar mellom SKAM-språket og funna i eigne under- søkingar.

– Eit fellestrekk er den omfattande bruken av engelske ord. Mange nordmenn trur at danskar bruker mykje meir engelsk enn dei sjølve, men det er faktisk motbevist av andre forskarar. Og då eg såg SKAM, tenkte eg, yes, no har vi nok eit bevis!– Vi har høyrt rykte om at danske ungdommar har begynt å bruke ord frå serien. Stemmer det?– Det eg har sett, er at somme har begynt å bruke ord som kødde og dritsekk på Facebook. Det er sjølvsagt ei bølgje nett no, men det er likevel eit teikn på at danskar har fått augo opp for norsk og vorte fascinerte.

– Kan det bli varig?– Eg trur at SKAM kan løyse ut ei større interesse for Noreg og norsk. Det er uvisst kor lenge det varar, men eg trur fleire har lyst til å sjå andre seriar frå Noreg og lese norske forfattarar som Per Petterson og Karl Ove Knausgård. Gjennom SKAM har mange erfart at det faktisk ikkje er så vanskeleg å skjøne norsk.

DIALEKTANE AVGJERNorsk språk og kultur spreier seg til Danmark, og husmannsånda gravleggjast. Det lyder vel for godt til å vere sant? Eller er alt fryd og gaman for nabospråkforståinga?Den siste store undersøkinga som vart gjort av kor godt me skjøner kvarandre, kom i 2005. Ho viste at det særleg er danskane som slit med å forstå grannane. Og ikkje nok med det – sidan førre undersøkinga, som kom på syttitalet, hadde danskane si evne til å skjøne norsk falle dramatisk.

Kan ein norsk ungdomsserie snu ei slik utvikling? Eg kontaktar Tore Kristiansen,

professor ved same institutt som Quist. Han er sjølv ein tospråkleg skandinav: Han er fødd i Noreg, men har levd og arbeidd meste- parten av livet i den danske hovudstaden. Han meiner føresetnadene for å forstå kvarandre er ulike i dei to landa.

– I Noreg lever dialektane, og folk er vande med å høyre og dekode mange variantar av norsk. I Danmark snakkar ein dansk på berre éin måte, riksdansk, det vil seie københavnsk. Situasjonen i Noreg gjer nordmenn meir tolerante overfor variasjon, noko dei kan dra nytte av når dei høyrer dansk. I tillegg er dansk lettare å skjøne for ein nordmann sidan det er lite variasjon i det danske språket – riksdansken dominerer.

Kristiansen meiner nettopp dette gjer at nordmenn i større grad forstår språkslekt-ningane på andre sida av Skagerrak, slik undersøkinga viser.– På den motsette sida har du danskane sitt utgangspunkt. Dei er ikkje vande med variasjon i språket og «går i svart» når dei

SpråknyttIntervju med Jakob Oftebro

Kropps-metaforer

Klimaspråk6 12 1445. ÅRGANG 1 I 2017

i Skandinavia side 18

7 KVEN VEIT 2019?

Page 8: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

skal prøve å forstå dei store variasjonane i norsk.

– Nordmenn veit at veit/vet er det same, men det veit ikkje danskar. Og slik er det heile/hele veien/vegen. For ikkje å snakke om korleis/åssen/hvordan det blir om me dreg inn den språklege variasjonen som lever i beste velgåande i talemålet, utan at den er ein del av noka rettskriving.Kristiansen meiner at uvande bøyingar og måtar å danne ord på byr på særlege vanskar for danskane.

– Eksempel er former som kone–kona, kasta – har kasta, kona sine barn og så vidare. Eg er ganske trygg på at desse skilnadene skaper større problem enn meiningsskilnader i ord som rar og grine.

Hindringane er altså der. Men tilbake til det vi lurte på: Kan SKAM gjere oss i stand til å forstå naboen betre?

– Vi må gå ut ifrå at den store interessa som unge danskar viser for SKAM, også bidreg til at dei skjøner norsk betre, men eg kjenner

ikkje til undersøkingar som gir grunnlag for å seie noko om det, seier Kristiansen.

Me kan altså ikkje vite noko sikkert, men det er grunnar til å tru at det er slik. Samstundes peikar Kristiansen på andre faktorar som gjer at vi kan sjå meir optimistisk på framtida til den nordiske språkfellesskapen:– Kontakt er det som gjer oss i stand til å forstå kvarandre. Eg er ikkje i tvil om at det har vorte meir av det i Skandinavia dei siste åra, i form av turisme, utdanningsopphald og ikkje minst arbeidsinnvandring. Det er gjort undersøkingar som viser at nordmenn, svenskar og danskar snakkar sitt eige språk, og ikkje engelsk, når dei har såkalla oppgåveorienterte møte med kvarandre. Slik har det alltid vore, og når desse møta blir fleire og fleire, vil også nabospråk- forståinga i Skandinavia bli betre og betre, trur Kristiansen.

SERRTilbake på Skovgårdsskolen har dei danske elevane vorte varme i trøya. Etter ein halv-time har dei ikkje lenger vanskar med journalistens kvasidansk med vestlandsk

klangbotn, og spørsmåla i mi retning er mange. Har du ein oljebrunn i hagen? Har du sett ein elg? Kjenner du Sissel Kyrkjebø? Har du smakt fårikål? Eg må skuffe på tre av fire spørsmål.

– Vi merkar at ungdommane blir overraska over kor mykje dei har til felles med ung-dommane i SKAM. At livet kan vere så likt i Oslo og i København. Når dei har fått augo opp for dette hopehavet, har vi eit ansvar for å ta vare på det og vedlikehalde det, seier lærar Sørensen.

– Vi er tett på kvarandre, og på eitt eller anna tidspunkt kjem vi jo til å møte ein nordmann. Og så er det jo sjovt å kunne norsk, seier elev Sofia Krarup.

Men kva slags norsk er det Sofia siktar til? Det kan synest som det er den såkalla hypermoderne norsken som har sett seg hjå danske teenagers.– Hadde det ikkje vore for SKAM, hadde eg ikkje forstått noko norsk. No skriv eg serr og helsar med halla. Og ein gut kan eg kalle for dritsekk eller føkkboy, «griner» Sofia.

SKAM

Kan hende er skuleelevane i Charlottenlund likare norsk ungdommar enn dei først trudde?

8 KVEN VEIT 2019? 9 KVEN VEIT 2019?

Page 9: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

FRAMVOKSTEREN AV UNGDOMSLAG

Sjølv om det berre er i Noreg me talar om frilyndte ungdomslag, er ungdomslaga i alle dei nordiske landa del av ei felles nordiske rørsle med røter i dei liberale (frilyndt=fri-sinna=liberal) straumdraga som gjorde seg gjeldande i Europa på 1800-talet. Omgrepet ungdom var ikkje berre knytt til ei snever aldersgruppe slik me kjenner omgrepet i dag, men handla vel så mykje om å skilje den «konservative foreldregenerasjonen» frå den «frilyndte ungdomsgenerasjonen». I tillegg vart ungdom nytta i samband med alt som var nytt, positivt og framtidsretta. Ute i Europa oppstod det på 1830- og -40-talet nasjonalliberale rørsler som Unge Italia, Unge Sveits, Unge Frankrike og så bortetter som arbeidde for nasjonalt sjølvstende, demokrati og liberale rettar og lovar. Organisasjons-forma ungdomslag såg ein òg oppstå Tyskland under det tyske namnet Jugendverein på 1840-talet der unge folk møtte til føredrag, diskusjon, allsong og kulturelle opplevingar.

Dei første ungdomslaga i Norden kom truleg til Danmark på midten av 1860-talet, somme

med politisk innhald, og somme som reint selskaplege foreiningar. I Noreg reknar me «Mølju» i Sel i Gudbrandsdalen som det første frilyndte ungdomslaget, som vart skipa vinteren 1868/69. Mølju var eit produkt av folkehøgskuletanken, og mange av dei første medlemmane hadde gått på folkehøgskulen til Christopher Bruun året før. I Norden kom folkehøgskulen og tankane til N. F. S. Grundtvig til å blande seg saman med dei liberale straumdraga frå resten av Europa, for så å danne grunnlaget for ei ungdomsrørsle me ikkje finn maken til utanfor Norden.

Dei første tiåra gjekk utviklinga trått, det oppstod nokre lag her og der, men dei heldt ofte ikkje på så mange år om gangen. Eitt av dei få unnataka er nok Innstranda Ung-domslag i Hardanger som har heldt det gåande sidan 1872 og fram til i dag!

Fram til 1881 var frilyndte ungdomslag berre å finne i Noreg og Danmark her i Norden. Men sommaren dette året vart det skipa eit ungdomslag i Finland, Kauhavan Nuorisoytiö

(Kauhava Ungdomslag). Det var elevar i Vasa som stod bak dette tiltaket, og dei sette i gang med å bygge ei ungdomsrørsle i Österbotten. Allereie sommaren året etter fekk dei skipa eit felleslag, fylkeslag, for ungdomslaga i Söder Österbotten. Nokre år seinare vart det skipa eigne ungdomslag for dei svenskspråkelege i Finland òg. Til samanlikning med dei andre nordiske landa er det viktig å merke seg at Finland på dette tidspunktet framleis låg under det russiske tsarveldet.

I fleire tiår var altså ungdomslaga eit reint lokalt fenomen, det var truleg noko kontakt gjennom folkehøgskulen, nordiske lærarmøte o.l., men noko organisert rørsle kan ein ikkje snakke om. Det skjedde først på 1890-talet. Sjølv om utviklinga skjedde på litt ulikt vis i Danmark, Finland og Noreg, og på litt ulike tidspunkt, er «ingrediensane» dei same. På møta i lokallaget var det ordskifte, høgtlesing og song. Lokale eldsjeler ønskte å gjere «noko meir» og sette i gang me å gje ut eigne blad og aviser retta mot ungdomar i ungdomslaga. Dei hadde ønske om å samle seg, og skipa

Framvoksteren avFRILYNDTE UNGDOMSLAG I NORDENTEKST: TORBJØRN B. LAUEN

Sel Ungdomslag i 1897 med medlemmar i alderen ca. 7 til 60 Âr. Foto: Ukjent.

Frå opninga av Ungmennafélag Íslands landsstemne 2018.

Foto: UMFI

9 KVEN VEIT 2019?

Page 10: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

difor til ungdomsstemne eller samlingar i samband med eksisterande tilskipingar om sommaren. Den auka kontakten laga mellom gjorde at ein fann saman i felleslag, og til slutt fekk ein samla seg i nasjonale organisasjonar. Noregs Ungdomslag vart skipa i 1896, Suomen Nuorison Liitto i 1897 og De danske Ungdomsforeninger i 1903. Medan ein i Danmark, Finland og Noreg tilsynelatande kan tale om at ungdomslaga oppstod «av seg sjølv», er det enklare å for-klare resten av dei nordiske landa. Både det første færøyske og islandske ungdoms- laget vart skipa av utflytta ungdomar som kom heim att etter å ha jobba eller studert i Noreg. Der hadde dei kome i kontakt med den norske ungdomsrørsla, og tok den så med seg heim att til Færøyane i 1895 og Island i 1906. Føroya Ungmannafelag og Ungmennafélag Íslands vart skipa i høvesvis 1907 (UMFI) og 1912 (FU).

Om enn på ulikt vis finst det framleis ung-domslag i alle desse landa i dag. I Sverige derimot fekk ungdomsrørsla ei kortvarig, men intens levetid. Det byrja med eit avhalds-stemne i Jemtland i 1899 der alle lokallags-leiarane i Uttrøndelag Ungdomslag var med. Det fanst riktig nok einskilde ungdomslag i Sverige før dette, oftast knytt til ein folkehøg-skule, men det var likevel det som skjedde på Rödön i Jemtland sommaren 1899 som sette

i gang ei rørsle som skulle samle titusenvis av ungdomar i Sverige i drygt 20 år.

Dei svenske deltakarane på Rödön-stemnet i 1899 vart så gripne av det trønderane kunne fortelje at dei berre måtte få til det same sjølv. Året etter var det det nyskipa Jemtland läns Ungdomförbund som stod for ungdoms- möten som dei kalla stemnet. På få år spreidde ungdomsstemna seg til store deler av Sverige. I 1906 vart det skipa felleslag i Norrbotten, Ångermanland, Medelpad, Gefleborg län, Skåne, Östergötaland, Väster-götland, Västmanland, Örebro län, Halland og på Gotland. I Dalarna og Värmland vart det aldri organisert noko felleslag, men det var her dei aller største ungdomsstemna stod med over ti tusen deltakarar kvar sommar. Midtsommar-helga 1908 deltok omlag 100 000 svenske ungdomar på 21 ulike ung-domsstemner.

Kring 1920 hadde pila snudd for ungdoms- rørsla i Sverige, og den forsvann sakte men sikkert dei påfølgjande tiåra. Det siste svenske ungdomsstemnet vart truleg skipa ein gong på 1950 eller 60-talet. Ungdoms- rørsla gjekk stort sett inn i Hembygdsrørsla som vann fram på 1920-talet, og det var Svenska Ungdomsringen för Bygdekultur og Jordbrukare-Ungdomens Förbund som tok del i det nordiske samarbeidet mellom

ungdomslaga som tok til på 1920-talet og fram til i dag.

I resten av Norden derimot skulle derimot rørsle berre vekse seg større og større fram mot krigsåra, samstundes som kontakten og samarbeidet mellom ungdomslaga på tvers av landegrensene auka på.

I dag er ungdomslaga i Noreg og Finland organisert i Noregs Ungdomslag, Nuoriso-seurat (tidlegare Suomen Nuorison Liitto) og Finlands Svenska Ungdomsförbund. Her er det folkedans, teater, ungdomshus og ymse aktivitetar knytt til ungdomshusa som står i fokus. I dei islandske og danske ung-domslaga har idretten teke mest heilt over, og Ungmennafélag Íslands har omlag 120 000 medlemmar. Dei danske ungdomslaga fann på 60-talet saman med gymnastane, og i 1992 gjekk dei inn i De Danske Gymnas-tik- og Idreætsforeninger (DGI) som i dag organiserer kring 1,3 millionar idretts- utøvarar. Dei danske ungdomslaga i Syds-lesvig i Tyskland er organisert for seg sjølv i Sydslesvigs danske Ungdomsforeninger, men har eit tett samarbeid med DGI. På færøyane finst det framleis kring 10-15 ungdomslag som driv for seg sjølv utan nokon felles organisasjon. Arbeidet her er stort sett knytt til ungdomshusa dei har bygd seg.

FRAMVOKSTEREN AV UNGDOMSLAG

10 KVEN VEIT 2019? 11 KVEN VEIT 2019?

Page 11: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

SAMARBEID MELLOM UNGDOMSLAGA

Framvoksteren av ungdomslag i både Sverige, Island og på Færøyane veit me med visse var grunna transnasjonale kontaktar, og føre-dragshaldarar kryssa stadig landegrensene for å tale i ulike forsamlingar. Kring 1900 byrja ein å sende helsingar til kvarandre sine landsmøte og stemne, som seinare utvikla seg til at ein fysisk reiste for å besøke kvarandre.

Sommaren 1908 vart det helde to stemne me kan kalle «fleirnasjonale», og eit tidleg teikn på nordisk samarbeid mellom ungdoms- laga. Det eine stod i Sverige der omlag 600 finlandssvenskar kom på besøk, og det andre stod i Noreg der om lag 100 færøyingar og «ein flokk» islendingar var med. Båe stemna vart dei første av ei rekke stemne mellom dei involverte landa i tiåra framover. Det første verkeleg nordiske stemnet kor deltakarar

frå ungdomslag i alle dei nordiske landa deltok stod i Stockholm sommaren 1920. Det var først og fremst eit folkedans- og spelemannsstemne, men kom til å utvikle seg til å omfatte mykje meir. Dette stemnet skapte grunnlaget for det me i dag kjenner som Nordlek-samarbeidet.

Før andre verdskrig bestod samarbeidet mellom ungdomslaga i Norden stort sett av sosiale samlingar, helsingstalar og så bortetter. Ein arbeidde framleis kvar for seg på kvar sin kant. Etter krigen oppstod det eit ønskje om eit tettare samarbeid, og i 1946 vart Nordisk Samorganisasjon for Ungdomsarbeid (NSU) skipa. I tillegg til dei frilyndte ungdomslaga var òg bonde- rørslas ungdomsorganisasjonar, som Norges Bygdeungdomslag og Jordbrukare-

Ungdomens Förbund, og 4H med. NSU skapte ein plattform for tettare samarbeid, og ein fekk fleire årlege samlingspunkt som Nordiske Ungdomsveke, i tillegg til at ein fekk nordiske ungdomsleiarkurs, nordiske tevlingar og 4H-leire. Organisasjonen finst framleis i dag, men den har mist si rolle, og medlemsorganisasjonane har utvikla seg såpass ulikt at mange, Noregs Ungdomslag inkludert, har meldt seg ut.

Sjølv om det aldri vart skipa noko felles organisasjon for alle dei nordiske ungdoms- laga, og ein ikkje er samla i dei same paraplyane lengre er kontakten og sam- arbeidet ikkje heilt borte. Det blir spanande å sjå kva samarbeidsformer ein finn fram til i framtida.

Kvar for seg vaks ungdomslaga fram i Norden. Først i Danmark og Noreg, tett etterfølgt av Finland, for så å spreie seg til resten av Norden. Kor tidleg ungdomslaga fekk kontakt med kvarandre på tvers av landegrensene er vanskeleg å vite. Truleg var det ungdomslagsleiarar frå fleire land på dei nordisk lærarmøta på 1800-talet, og at ein hadde ein viss personleg kontakt slik.

TEKST: TORBJØRN B. LAUEN

SAMARBEID MELLOM UNGDOMSLAGA I NORDEN FØR OG NO

Dans på Ole Bulls plass under Nordleik i Bergen 1988.

Foto: Hilde Bergwitz

Norske og færøyske deltakarar på eit ungdomsstemne i regi av Ungdomslandsfelag Føroya. Foto: Hilde Bergwitz

11 KVEN VEIT 2019?

Page 12: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

For snart hundre år sidan stod det første nordiske folkedansstemnet i Stockholm. Det strakk seg over eit par skarve dagar i slutten av juli 1920. Det var ein sporadisk kontakt mellom einskilde folkedanslag og leikarringar i dei skandinaviske landa i åra etter første verdskrig som førte til eit ønskje om eit stort fellesnordisk stemne. «Nordiska Folkdanskongress» vart dette første stemne kalla, og som danna eit mønster for korleis seinare stemne skulle gjennomførast.

Året etter var det danskane sin tur til å invitere til «Nordisk Folkedansstævne» i København, og i 1922 vart det invitert til «Den tridje Folkedans- og Spelemannstemna for Nordlandi» i Oslo. 704 deltakarar var med på stemnet i Oslo, og på festframsyning på Frogner Stadion kom det 12 000 tilskodarar for å sjå deltakarane danse.

Med eit par unnatak vart det skipa til nor-diske folkedansstemne kvart einaste år fram

til krigen sette ein stoppar for det heile. I 1927 fekk stemnet eit fast namn, det nordiske bygdeungdomsstemna, og vart utvida til å inkludere meir enn berre dans og spel. I 1946 vart tradisjonen med stemne teke opp att, og denne sommaren vart det arran-gert nordiske bygdeungdomsstemne i både Stockholm, Trondheim og Århus på dei same dagane, og alle tre vert rekna som det 13. bygdeungdomsstemnet i rekka. Før krigen hadde det vore litt tilfeldig kven som skulle

NORDISKEFOLKEDANSSTEMNE

Sommaren 2018 vart det 39. NORDLEK-stemnet arrangert i Falun i Sverige. Mellom to og tre tusen deltakarar var samla til ei veke med dans, spel og moro. Frå Grønland i vest til Karelen i aust kom det deltakarar, og alle dei nordiske landa og sjølvstyrte områda var representert.

TEKST: TORBJØRN B. LAUEN

Nordiske folkedansstemne I (NESTEN) 100 ÅR

Frå stemnet i Stockholm 1939.

Frå Nordisk Folkedansstævne i København 1922

12 KVEN VEIT 2019? 13 KVEN VEIT 2019?

Page 13: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISKEFOLKEDANSSTEMNE

arrangere stemnet, og av dei stemna som vart arrangert før krigen var 7 av dei i Sverige, 3 i Danmark, 3 i Noreg og 1 i Finland. I 1946 vart det difor semje om at stemnet skulle gå på rundgang mellom Danmark, Finland, Sverige og Noreg, og skulle arrangerast kvart andre år. Frå 1957 vart dette endra til å vere kvart tredje år.

På 1970-talet byrja ein jobbe for ei meir formell samarbeidsform, noko som resul-terte i Nordleik-avtalen, og stemna endra på nytt namn til Nordleik i 1973. I seinare tid har dette vorte standardisert til NORDLEK med store bokstavar om ein snakkar om stemnet, og Nordlek om ein snakkar om organisasjonen.

I tillegg til dei store NORDLEK-stemna har ein òg mindre stemne utanfor dei fire største skandinaviske landa. Om ein ser bort frå dei norrøne stemna ungdomslaga i Noreg, Island og Færøyane arrangerte fram til 1960-

talet var Isleik på Island i 1975 det første nordiske stemnet utanfor «fastlands- Norden».I 2002 stod det første Havleikur- stemnet på Færøyane. I 2013 var det eit folkedanslag på Grønland som inviterte til Grønleik, og i sommar blir det arran-gert Ålek på Åland, og då vil det ha vore arrangert stemne i alle dei nordiske land og sjølvstyrte område!

BARNLEK har sidan 1992 vorte arrangert kvart tredje år på lik linje med NORDLEK- stemna. BARNLEK-stemna er for barn og ungdom, og har hatt kring 1500 deltakarar dei siste åra. Desse stemna blir arrangert året før NORDLEK slik at det ikkje oppstår kollisjonar mellom dei nordiske stemna.

I 2021 vert det stor hundreårsfeiring av det nordiske samarbeidet på folkedans- og folkemusikkfeltet på NORDLEK-stemnet i Tampere i Finland, og i 2024 kan me glede oss til at stemnet kjem attende til Noreg!

Frå opninga av NORDLEK 2012 i Steinkjer. Foto: Daniel Heggelid- Rugaas / Noregs Ungdomslag

Frå Nordisk Folkedansstævne i København 1922

13 KVEN VEIT 2019?

Page 14: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISKEFOLKEDANSSTEMNE

Kvart tredje år arrangerast BARNLEK-stemnet i eit nytt nordisk land. Mellom eitt og to tusen barn og ungdom frå heile Norden møtast her ei heile veke i sommarferien for å danse, spele musikk, treffe gamle vener, og møte nye vener.

TEKST: TORBJØRN B. LAUEN

NORDISKE FOLKEDANS-STEMNE FOR BARN

14 KVEN VEIT 2019? 15 KVEN VEIT 2019?

Page 15: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISKEFOLKEDANSSTEMNE

I mange barneleikarringar og ungdoms-ringar førebur ein seg i god tid på å reise på stemne, og ofte må ein jobbe dugnad for å samle inn pengar til turen. Sist det var BARNLEK-stemne, i 2017, var stemnet på Færøyane så ein måtte fly for å kome seg dit. Neste gong, i 2020, skal stemnet vere i Mölnlycke, ein liten stad utanfor Göteborg i Sverige. Då er det kanskje nok med buss eller tog for å kome seg fram.

Dei første dagane på stemnet er det ofte ein del kurs så ein kan lære seg nye dansar, nye

melodiar om ein speler instrument, eller heilt andre ting som å lage godteri eller smykke. Det er òg vanleg at ein reiser på tur for å sjå den plassen stemnet er på. I Mölnlycke blir det kanskje ein tur til den kjente moropar-ken Liseberg med sine berg-og-dal-baner og karusellar!

Om kveldane er det dansefestar, eller «lek-stugor» som svenskane ofte kallar dei. Der får ein prøve seg på dansar frå dei andre nordiske landa, eller ein kan sitte og sjå på om ein vert sliten.

Laurdagen er den store stemnedagen. Då er det høgtideleg stemnetog der alle deltakarane kler på seg bunadar eller anna fint tøy og går i tog gjennom stemnebyen til ein arena kor deltakarane frå dei ulike landa får vise fram eit innøvd program med dansar frå sitt land. Det heile avsluttast med ein stor fest laurdagskvelden med ei overrasking til deltakarane. Sist var det det verdskjente bandet frå Færøyane, Tyr, som kom og heldt konsert for oss!

Kanskje blir du med til Mölnlycke i 2020?

15 KVEN VEIT 2019?

Page 16: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

Etter første verdskrig var det mange som kjente ei trong for å styrke det kulturelle og folkelege samarbeidet i ein utrygg verd. I 1919 fann Fridtjof Nansen, Anna Rogstad, Edvard Munch og ei rekke andre saman og skipa Foreningen Norden, ein organisasjon som skulle vere både ein kulturberar og ein på- drivar for meir samarbeid i Norden.

Sidan 1919 har Foreningen Nordens viktig- aste oppgåve vore å skape møteplassar, formidle kunnskap om nordiske språk, nordisk historie og samfunnstilhøve, samt å bidra til å byggje ned grenser i Norden.

Foreningen Norden var – saman med sine søsterorganisasjonar i dei andre nordiske landa – pådrivar for ein felles nordisk arbeidsmarknad, passfridom og opprettinga av Nordisk råd, som gav oss alle ein felles politisk plattform i Norden.

I 2019 feirar Foreningen Norden 100 år. Jubileumsåret er eit godt høve til å forstå vår felles fortid, og å gje ei retning til det vidare samarbeidet i Norden.

Foreningen Norden tek til orde for at folk skal finne saman i Norden. Gjennom arbeidet

med å sameine dei nordiske landa sørgjer me for at alle som bur her er betre rusta i ei global tid. Me meiner me treng betre og grønare transportløysingar, færre hindringar for arbeidstakarar og verksemder, eit felles forsvar som kan gje oss tryggleik på tvers av landegrensene og ein språkfellesskap som kan sikre oss alle ein større heimearena.

NORDISK LITTERATURVEKEKvart år i november arrangerer Foreningen Norden Nordisk litteraturveke, som reknast som verdas største høgtlesingsarrange-ment, og er ei stor feiring av den nordiske forteljartradisjonen. Her samlast barn, unge og vaksne i Norden og Baltikum til felles lesing av nordiske bøker.

Interessa for arrangementet, som hovud- sakleg finn stad i skuler og bibliotek, er aukande: Dei siste åra har påmeldingane auka, og i 2017 samla så mange som 150 000 seg for å lese nordisk litteratur.

NORDENS SPRÅKPRISI 2010 starta Foreningen Norden Nordens språkpris for å løfte fram aktørar som har bidrege til å styrke den nordiske språk- forståinga.

Prisen har mellom anna gått til Fredrik Skavlan, Vigdís Finnbogadottir, Ghita Nørby, Jakob Oftebro, Martti Ahtisaari og SKAM, og den har auka medvitet kring den nordiske språkfellesskapen i offentlegheita.

FORENINGEN NORDEN

SIDAN 1919 HAR FORENINGEN NORDEN VORE EIN PÅDRIVAR FOR NORDISK SAMARBEID I NOREGTEKST: EMBRET T. ROGNERØD, FORENINGEN NORDEN

Foreningen Norden organiserer både einskildpersonar, organisasjonar, verksemder, skuler, bibliotek og kom-munar som vil styrke og utvikle den nordiske samkjensla.

Foreningen Norden har 4 500 medlemmar i Noreg. Saman med våre søsterorganisasjonar i dei andre nordiske landa og sjølvstyrte område har me kring 40 000 medlemmar.

Foreningen Norden har kring 70 lokallag i Noreg, og me samarbeider med ei rekke andre organisasjonar og verksemder, mellom anna Noregs Ungdomslag. Kring 280 skuler og bibliotek er òg medlemmar i foreininga.

Fakta

16 KVEN VEIT 2019? 17 KVEN VEIT 2019?

Page 17: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISK SAMARBEID

Det nordiske samarbeidet omfattar Danmark, Sverige, Finland, Island og Noreg samt dei tre sjøllvstyrte områda Færøyane, Grønland og Åland.

Det nordiske samarbeidet er politisk, økonomisk og kulturelt forankra gjennom Nordisk ministerråd, Nordisk råd og deira

organisasjonar. Samarbeidet er tufta på Helsingforsavtalen frå 1962.

Helsingforsavtalens prinsipp er at ein felles nordisk tilnærming på ei rekke samfunns-område har større effekt enn enkeltvis innsats frå kvart enkelt land. Passfridom, ein fri arbeidsmarknad og felles sosiale

velferdsordningar bidreg til å gjere Norden til ein dynamisk og attraktiv region.

Nordisk råd blei etablert i 1952 som forum for parlamentarikarar i Norden. Rådet tar politiske initiativ og har ei rådgjevande, oppfølgande og pådrivande rolle. Rådet har 87 medlemmar som reflekterer

DET OFFISIELLE SAMARBEIDET

Norden har eit av de eldste og mest omfattande regionale samarbeid i verda. Det offisielle samarbeidet skjer via Nordisk ministerråd og Nordisk råd. Frivillige lag og organisasjonar, vennskapskommunar og -byar, klasseutveksling og kvar enkelt av oss er berebjelken i det uformelle samarbeidet.

TEKST: JAN KLØVSTAD, NORDISK INFORMASJONSKONTOR

Det nordiske samarbeidet

17 KVEN VEIT 2019?

Page 18: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISK SAMARBEID

Tette og ofte uformelle band mellom inn-byggarane i Norden er sjølve fundamentet for det nordiske samhaldet. Desse banda er ein føresetnad for å lukkast, også i det offisielle samarbeidet.

Landa i Norden har til dels ei felles historie. Alliansar blei inngått og oppløyst, krigar blei utkjempa og forsoningar forsegla. I dag er Norden ein stabil del av verda og mange har knytt familiære, kollegiale og venskaplege band over landegrensene.Denne uformelle kontakten har også resultert i eit frivillig nordisk organisasjonsliv med samarbeidsorgan med tilsvarande eller likn-ande organisasjonar i andre nordiske land. Dette gjeld dei fleste av dei landsomfattande norske frivillige organisasjonane.

Foreningene Nordens Forbund er ein paraplyorganisasjon med nasjonale foreningar i alle nordiske land. I Norge har Foreningen Norden hovedkontor i Oslo og lokal- og

distriktslag over heile landet. Foreningen engasjerer seg særleg i oppgåver som for eksempel skoleutveksling, vennskaps- samarbeid, kulturutveksling og arbeid for auka forståing for språka i grannelanda.

Foreningen Norden driv også aktivt arbeid for å påverke det offisielle nordiske sam- arbeidet i viktige samfunnspolitiske spørsmål som betre kommunikasjonar og tettare regionalt samarbeid.

SAMARBEID FOLK TIL FOLK

partisamansetjnga i nasjonalforsamlingane. Noreg har 20 medlemmar. Formannskapet rullerer mellom dei nordiske landa. Nordisk råds president blir valt for eitt år av gongen. Presidentskapet roterer mellom landene etter ei særleg ordning. I 2018 hadde Noreg presidenten, og i det norske formannskaps-programmet var hovudprioriteringane framleis reduksjon i grensehinder og sam- arbeid innan helse, utdanning, hav og forsvar. Michael Tetzschner var president for Nordisk råd i 2018.

Nordisk råd deler kvart år ut ein litteratur-pris, ein pris for barne- og ungdomslitteratur, ein musikkpris, ein filmpris og ein natur- og miljøpris.

Nordisk ministerråd blei etablert i 1971 som offisielt samarbeidsorgan for dei nordiske regjeringane. Samarbeidsministrane leiar ministerrådet der arbeidet omfattar dei fleste samfunnsområda. Også i ministerrådet skiftar landa på formannskapet, eitt år kvar. Nordisk ministerråd har ansvar for ei rekke nordiske institusjonar. Blant dei mest kjente er Nordens Hus i Reykjavík og Nordens Hus på Færøyane, Nordiske Investeringsbanken, NordForsk, Nordens Velferdssenter og fleire andre forskingsinstitusjonar.

Ungdommens nordiske råd er sett saman av representantar for dei nordiske parti- politiske ungdomsorganisasjonane og ulike nordiske politiske paraplyorganisa-sjonar. Leiinga i Ungdommens nordiske råd deltek på møta i Nordisk råd, og kan der

påverke parlamentarikarane i Nordisk råd. Forslag frå den årlege sesjonen i Ungdom-mens nordiske råd går vidare til Nordisk råds sesjon, der Ungdommens nordiske råd også er representert.

Gjennom støtteordningar for kultursam-arbeid, er Nordisk kulturfond og Nordisk kulturkontakt blant dei største aktørane i Norden som fremjar samarbeid folk til folk.

Det finst også fleire nordiske støtteordningar for samarbeid der organisasjonar, skolar og enkeltpersonar kan søke om pengar til felles prosjekt. Nordisk informasjonskontor Noreg gir oppdatert oversyn over alle nordiske støtteordningar på heimesidene sine, www.nordeninfo.no

Foto: Sören Sigfusson/norden.org

18 KVEN VEIT 2019? 19 KVEN VEIT 2019?

Page 19: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

NORDISK BARNELITTERATUR

MAMMA TIL PIPPI, EMIL OG RONJA RØVARDOTTERAstrid Lindgren er ein av dei største for-fattarane som har levd. Bøkene hennar har blitt omset til heile 105 språk. Norsk er eitt av dei. Barn i mange land både i og utanfor Norden har blitt kjend med hennar figurar. Du kjenner sikkert til både Emil, Ronja, Pippi og Karlsson på Taket. Historiene om desse artige, lure og sterke figurane er det Astrid Lindgren som har skrive.

DET KVITE TROLLET FRÅ FINLANDViss du nokon gong har sett på barne-TV eit lite, kvitt troll med lang hale, så er det heilt sikkert Mummitrollet. Han bur saman med familien sin i eit rundt, blått tårn med raudt tak. Det er forfattaren og kunstnaren Tove Jansson frå Finland som har skapt Mummi-trollet. Han bur i Mummidalen saman med mange andre. Snusmumrikken, Snorkfrøken

og Vesle My er alle vennar av Mummitrollet. Tove Jansson har både skrive bøker, måla og laga teikneseriar om det som skjer i Mummi- dalen.

EVENTYR FRÅ DANMARK OG UT I VERDAH.C. Andersen blei fødd i Danmark for over 200 år sidan. Han skreiv mange forskjellig tekster, men det er nok eventyra han er mest kjent for. Du har kanskje høyrd om Tommelise eller den stygge andungen? Kanskje du har lese eventyret om Keisarens nye klede? Eventyra som H.C. Andersen skreiv har blitt kjend langt utover Danmark sine grenser. Mange av dei har blitt gjort om til filmar som er vist både på TV i Noreg og i andre land.

EI RIKTIG FILMSTJERNEViss du har vore på kino dei siste åra, så har du kanskje sett filmane om Lillebror og

Knerten. Den søte og morosame kvisten har blitt ein skikkeleg filmstjerne som mange har blitt glad i. Det er den norske forfattaren Anne-Cath Vestly som har skrive bøkene om Lillebror og Knerten som seinare har blitt til film. Ho har også skrive bøker om fleire andre. Kan hende du har lese om Ole Aleksander Filibom-bom-bom, eller om Mormor og dei åtte ungane?

Ein ting er sikkert, og det er at det manglar ikkje på nordiske forfattarar som har skrive bøker for barn. Det er artig å vite at bøkene som er skrive blir kjent over heile Norden og at historiene har levd i mange, mange år. Forhåpentlegvis kjem karakterar som Pippi, Knerten, Snusmumrikken og Den Stygge Andungen til å leve vidare gjennom bøker, film og forteljingar i hundre år til.

Visste du at Mummitrollet, Pippi Langstrømpe, Tommelise og Knerten har noko til felles? Dei er alle frå Norden, skapt av nokre av dei største nordiske forfattarane vi kjenner til. Det kan hende at mange barn her til lands trur at alle desse kjem frå Noreg, men det gjer dei altså ikkje. Gjennom bøker, film og song har dei kome seg over landegrensene og har blitt til kjente og kjære figurar for oss alle.

TEKST: RITA SIRIRUD VATNEHOL

VENNER AV BARN I HEILE NORDEN

19 KVEN VEIT 2019?

Page 20: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

21 KVEN VEIT 2019?

Page 21: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

SKANDINAVISME

Dét skreiv den kjende danske forfattaren Hans Christian Andersen i eit dikt frå 1839. Sjølv om H.C. Andersen kom frå Danmark, oppfatta han nemleg seg sjølv som noko meir enn berre dansk: Han følte at heile Skandinavia var fedrelandet hans, og at òg nordmennene og svenskane var landsmen-nene hans. Men då som no var Skandinavia ikkje eitt land, men ein region beståande av tre: Noreg, Sverige og Danmark. Truleg ynskte H.C. Andersen at dei tre landa skulle slå seg saman i eitt, difor skreiv han ein skan-dinavisk nasjonalsong, som det innleiande sitatet her er henta frå.

Kjensla av at innbyggjarane i dei skandina-viske landa eigenleg tilhøyrar same folk og ynsket om å samla dei i eitt, er typiske for idéen som har vorte heitande skandinavisme. Mellom ca. 1830 og 1905 fekk skandinavis-men ein tidvis valdsam popularitet og ei stor tilhengjarskare over heile Skandinavia, om enn hovudsakleg hos dei danna byeli-tane. Skandinavistane – som tilhengarane av skandinavismen vart kalla – meinte at innbyggjarane i dei skandinaviske landa hadde felles kultur, felles språk, felles historie og felles etnisitet, og at dei difor utgjorde ein nasjon. På 1800-talet vart det vanleg å tenkja

at slike nasjonar burde samlast i eigne statar, såkalla nasjonalstatar. Skandinavismen var eit uttrykk for denne idéen, men òg andre stadar freista ein å samla ulike land i nasjo-nalstatar. Dei meste kjende døma er Italia og Tyskland, som samla ei rekkje mindre statar i kvar sin store nasjonalstat i høvesvis 1861 og 1871 .

Det vart aldri oppretta nokon skandina-visk stat, og den skandinavistiske idéen og rørsla har difor til ein viss grad vorte gløymt i ettertida. I dag vurderer ein det kanskje som ei sjølvfylgje at nordmenn er norske, svenskar svenske og danskar danske. Røyndomen kunne likevel fort sett annleis ut. Ei rekkje gonger på midten av 1800-talet var det høgaktuelt at Noreg, Sverige og Danmark skulle slå seg saman. Særleg i perioden 1848-1864, då Danmark låg i ein bitter strid med den tyske staten Preussen, var det snakk om at Noreg og Sverige måtte koma Danmark til unnsetning, og at dei tre statane måtte slå seg saman for å overleva i ei verd av truande storstatar.

Noreg og Sverige kom likevel aldri til unn-setning, og i 1864 tapte Danmark krigen. Danskane følte seg svikta, og draumen om

ein skandinavisk stat var langt på veg død. Med oppløysinga av unionen mellom Sverige og Noreg i 1905 forsvann den siste resten av vona om ein skandinavisk stat. Kjensla av slektskap på tvers av landegrensene over-levde likevel, og vart i 1919 vidareført då Foreningene Norden vart stifta for å bidra til å oppretthalda dei språklege, kulturelle og samfunnsmessige sambanda mellom landa i Norden.

Eit interessant poeng som skandinavismen kan få oss til å reflektera over, er at det ikkje er skrive i stein kva for ein nasjonalitet ein ten-kjer at ein har. Samstundes som ein i Noreg, Sverige og Danmark på 1800-talet byrja å vurdera seg sjølv som høvesvis «norsk», «svensk» og «dansk», byrja ei rekkje personar å ta til orde for at ein like gjerne kunne sjå seg sjølv som «skandinav». Dei argumen-terte for dette ved å peika på at Skandinavia hadde – meinte dei – likt språk, lik historie og opphav, same kultur, same rase og same religion. Dette er faktorar som ofte vert brukt for å definera kva ein nasjon er og kva for ein nasjonalitet ein har. I 1861 og 1871 lukkast det Italia og Tyskland å samla seg i store nasjonalstatar. Det same kunne like gjerne skjedd i Skandinavia.

TEKST: NIRI R. JOHNSEN

Kva var SKANDINAVISMEN?

«Vi er eet Folk, vi kaldes Skandinaver/ I trende Riger er vor Hjemstavn deelt»

21 KVEN VEIT 2019?

Page 22: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

Nå, er du klar til å spise frokost? Jeg er sulten!

Frukost no? Er du klar over kva klokka er?

SPRÅKLEGFORVIRRING

I Noreg et me som regel frukost om morgo-nen like etter at me har vakna. I Danmark derimot ventar dei til midt på dagen med å ete frokost! Det me kallar frukost kallar danskane for morgenmad og det dei kallar for frokost kallar me for lønsj. Og viss ein danske seier at ho griner så er det ikkje fordi ho er lei seg, men fordi ho ler! Med svenskane har me endå fleire slike falske vener. Har

du møtt ein svenske som ønskjer å kjøpe glass i butikken til dømes? Han er ikkje ute etter eit nytt kjøkkenglas, men iskrem! Og om du møter ein svenske som seier han vil bli legosoldat er det ikkje fordi han likar Lego, men han vil bli ein leigesoldat. Seier han at du er artig, så meiner han at du er høfleg, og seiar han at du er rolig meiner han eigentleg at du er morosam. Slikt kan det bli

mykje krøll av i ein samtale! Soverommet til islendingane er nok likevel det raraste (rar på dansk betyr forresten søt på norsk!). Dei kallar ei seng for rúm, madrass for dýna, og dyne for seng. Ved første augekast kan det sjå ut som islendingane ligg i rommet på dyna under senga. Merkeleg!

Norsk, svensk og dansk er alle skandinaviske språk, såkalla grannespråk. Me forstår kvarandre når me snakkar saman på kvart vårt språk, og det skal ikkje så mykje læring til før me vert flinke i kvarandre sine språk. Det likevel nokre gonger at forståinga oss mellom går heilt i stå, for det finst nokre ord som betyr heilt ulike ting på dei ulike språka. Desse kallar me for falske vener.

TEKST: TORBJØRN B. LAUEN

«Falske vener»

22 KVEN VEIT 2019? 23 KVEN VEIT 2019?

Page 23: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

OM FORFATTERANE

NIRI RAGNVALD JOHNSEN (F. 1994) Han er frå Oslo, utdanna historikar med mastergrad frå Universitetet i Oslo, og har forska på skandinavisme og skandinavisk samarbeid.

JAN KLØVSTAD (F. 1956) Frå Arendal, og er dagleg leiar i Nordisk informasjonskontor Noreg. Tidlegare styre-medlem og nestleiar i Noregs Ungdomslag, og hatt ei reikke verv i m.a. Foreningen Norden og Venstre. Han har tidlegare vore direktør ved Nordens Hus på Færøyane, politisk sekretær for sentrumspartia i Nordisk råd og direktør for Grønlands Kulturhus – Katuaq i Nuuk. Han var òg hovudforfattar og redaktør for Ungdomshuset. Eit kultursenter i Bygde-Noreg (1986) og Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996 (1995).

TORBJØRN BERGWITZ LAUEN (F. 1990) Frå Oslo og Høvåg, og er styremedlem i Noregs Ungdomslag. Jobbar til dagleg

som kommunikasjonsrådgjevar i Senter- ungdomen. Han er historikar med master-grad i historie frå Universitetet i Oslo, og har skrive om frilyndte ungdomslag i Norden og deira rolle som opplæringsarenaer i offentleg deltaking før 1920.

LARS IVAR NORDAL (F. 1986) Frå Volde på Sunnmøre. Jobbar som senior- rådgjevar i Språkrådet med ansvar for kultur- og mediasektøren. HAr mastergrad i Operasong, har vore nynorskpraktikant hos Nynorsk mediesenter, jobba i NRK og digitaliserte Ferdaminne av A. O. Vinje for Nynorsk kultursentrum.

DAG HENRIK NYGÅRD (F. 1994) Frå Florø i Sunnfjord. Han studerer juss ved Universitetet i Bergen, er leiar for Foreningen Nordens Ungdom i Noreg, nestleiar for Föreningarna Nordens Ungdomsförbund, og er medlem i juristmållaget.

EMBRET TANGEN ROGNERØD (F. 1984) Frå Oslo, og jobbar i Foreningen Norden kor han er informasjonsrådgjevar og redaktør for magasinet Norden.

RITA SIRIRUD VATNEHOL (F. 1983) Frå Thomlebygda utanfor Dokka. Jobbar som kulturrådgjevar i Noregs Ungdomslag, og er utdanna lærar. Har tidlegare vore leiar i Barne- og Ungdomsrådet i NU og vore styremedlem. Ho har òg hatt fleire verv i Pedagogstudentene.

OM FORFATTARANE

23 KVEN VEIT 2019?

Page 24: KVENVEIT - 0 › fileadmin › user_upload › kven_veit... · Endåtil popartisten Gabrielles hitlåt «Fem fine frøkner»har dei lært utanåt. – SKAM er ikkje relevant berre

ALDERSGRUPPERJunior Kven Veit? er for deltakarar under 14 år og Kven Veit? senior er for deltakarar over 14 år.

Deltakarlaga i Junior Kven Veit? kan søkje om dis-pensasjon for alderskravet for inntil 2 deltakarar per tevlingsgruppe. Ingen deltakar kan likevel vere eldre enn 16 år (10. klasse). Søknad må sendast inn før tevlinga startar.

LOKAL TEVLINGSLEIAR • Kvart ungdomslag/skule som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt. • Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt studiemateriell frå Kven Veit-sekretariatet.• Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal returnere dommar- skjema til Kven Veit-sekretariatet dagen etter at tevlinga er gjennomført lokalt.

DOMMAR• Laget/skulen oppnemner minst ein konkur- ransedommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane.• Dommaren skal passe på at tevlingsleiaren opnar rett konvolutt, med spørsmål. • Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema. • Det kan vere forskjellige dommar til kvar runde.

TEVLINGSGRUPPER• Kvart deltakarlag kan stille med f leire grupper, men gruppene bør helst ha dei same deltakarane gjennom heile tevlinga.• Gruppene i Kven Veit? senior kan ha inntil 5 deltakarar. I Junior Kven Veit? kan laget ha inntil 7 deltakarar i tevlingsgruppene. Junior Kven Veit? er tilpassa alderssaman- sette grupper.

TEVLINGSRUNDANE Tevlingsrundane gjennomførast lokalt av ungdomsla-get/skulen i veke 7, 11 og 14 (ikkje ein bestemt dag).

Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med del-takarane før spørjerundane tek til. Han/ho må og passe på at alle gruppene har nok kladdepapir. Kvar gruppe skal få utdelt svarsetlar og eit svarark. Dei skriv gruppenamn- og nummer på kvar setel og svarark. Tevlingsleiaren les spørsmåla i kategorien høgt. Gruppene får to minutt til å svare, om ikkje anna er nemnt på spørsmålsarket. Straks tida er ute, skal svarsetlane samlast inn og leverast domma-rane. Deretter kan ein la gruppene svare munnleg på spørsmåla. Det er ikkje tillate å bruke hjelpe- middel i spørjerundane. Dersom ein ynskjer kan ein gjennomføre tevlinga ved at gruppene skriv svara rett på svararka og at ein leser opp svara når alle kategoriar er gjennomført.

Tevlingsleiaren avgjer om han/ho vil vente med å lese neste spørsmål til dommaren har kunngjort poengtala for svaret, men rutinane bør vere like gjennom heile tevlingsrunden. Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark

som samlar alle svara frå runda. Dommaren må sjekke at svararket stemmer med svarsetlane. Dommaren skal saman med tevlingsleiaren skrive under på dommarskjemaet og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane.

INNSENDING AV SVAR OG POENGDommarskjema, svararket og svarsetlane frå kvar kategori frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet dagen etter kvar runde. Dette for å sjekke at svarsetlane, svarark og dommar- skjema samsvarar. Dersom ein ynskjer kan svar- setlane, svarark og dommarskjema scannast og sendast på e-post til [email protected]

PROTESTAREvt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara. Resultat etter kvar tevlings- runde vert presentert på www.ungdomslag.no/kven-veit. Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlings-rundar vert kåra som vinnar.

TILSKOT TIL STUDIERING Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 8 timar, og kurset blir godkjent når minst tre av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.

TEVLINGSREGLARI denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål. Det kan og kome spørsmål om Noregs Ungdomslag.

LESEPLAN JUNIOR:Runde 1: Side 3-4Runde 2: Side 14-15 og side 22Runde 3: Side 19

LESEPLAN SENIOR:Runde 1: Side 16-18 og side 21Runde 2: Side 9-13Runde 3: Side 5-8