levande stein

24

Upload: det-norske-samlaget

Post on 08-Apr-2016

228 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Eldre kortare prosa og ei hymne av Jon Fosse.

TRANSCRIPT

Page 1: Levande stein
Page 2: Levande stein

1

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 1

Page 3: Levande stein

Jon Fosse

LEVANDE STEIN

Kortare prosaog ei hymne

SamlagetOslo

3

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 3

Page 4: Levande stein

4

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 4

Page 5: Levande stein

INNHALD

Aasen, Welhaven, Hauge

Drøymt i stein

Heimkome

Eit noko

Bølgjer av stein

Heilt utan ord

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 5

Page 6: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 6

Page 7: Levande stein

Kortare prosa

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 7

Page 8: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 8

Page 9: Levande stein

AASEN, WELHAVEN, HAUGE

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 9

Page 10: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 10

Page 11: Levande stein

Eg tenkjer på Ivar Aasen, av ein eller annan grunn, kan-skje fordi han for ikkje altfor mange år sidan budde sliktil at han kunne sjå bort til huset der eg sjølv no leversom holebuar, og eg har Aasen mistenkt for å ha vorelitt av ein einstøing og holebuar sjølv, endå om andrepåstår anna, og det eg kjem til å tenkja på, er eit sitat avAasen frå diktet «Vit og Tru», på kor mykje vit og vis-dom det er i dei orda som nok mange av oss går oghugsar kvar enn vi går:

Vesle Vitet det rekk ikkje til.Ei Tru må stydja uppunder.

Vitet strekkjer seg så langt det rekk, men ein stad nårdet si grense. Og som Ludvig Wittgenstein sa, så kjemvi oss aldri ut or språket. Eller språket er grensa for vårverd, som Martin Heidegger skreiv.

Ivar Aasen hadde forstand og vit på språk, og diforòg på kvar språket, og vitet, måtte gje opp. Språk, ogdimed tenking, er uløyseleg bunde til dualitetar, mot-setnader, og samstundes er det der den dualistiske ten-kinga ikkje lenger gjev meining at tru må koma i hen-nar stad. Og tru kan strekkja seg frå den mest vaklande

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 11

Page 12: Levande stein

øygning og til den sikraste innsikt, til gnosis. Og nett -opp difor trengst diktinga:

Hvad ei med Ord kan nævnesi det rigeste Sprog,det uudsigeligeskal Digtet røbe dog.

Dette verset frå «Digtets Aand» av Welhaven kalla OlavH. Hauge for den beste poetikk skriven på norsk. Egkan ikkje anna enn å seia meg samd med Hauge. Forspråket, som dikting, skal seia det språket ikkje kanseia, men som trua øygnar eller veit. Også difor var oger språket, vårt språk, det språk vi kan i hjarta, stadender vi kan nå både vit og tru. Og eg kjem i hug nokoanna Hauge sa: kunsten «skal tena religionen». Eg skjø-nar godt kva Hauge meinte, og eg er samd.

Og så dukkar eit anna sitat frå Ivar Aasen opp i tanken,denne gongen frå «Dei gamle Fjelli»:

Dei gamle Fjell i Syningomer alltid eins aa sjaa,med same gamle Bryningomog same Toppom paa.

Og eg tenkjer som alltid at ein gong var ikkje deikjende og kjære fjella mine der, anten dei eg såg og sågpå då eg voks opp i Strandebarm, eller dei eg no ser og

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 12

Page 13: Levande stein

ser på når eg er i hytta mi ved Sognesjøen. Ein gong varikkje dei fjella der. Og ein gong skal også dei bli borte.Og eg tenkjer med Meister Eckhart at alt det skapte harnoko av Gud i seg, og samstundes er det eit ingenting.Slik Gud òg, tenkjer eg, samstundes er alt som er òg eitingenting.

[]

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 13

Page 14: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 14

Page 15: Levande stein

DRØYMT I STEIN

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 15

Page 16: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 16

Page 17: Levande stein

I

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 17

Page 18: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 18

Page 19: Levande stein

Ingen såg at raset gjekk, for det rasa så langsamt, detrasa ikkje dag for dag, ikkje eingong time for time,ikkje minutt for minutt, men det rasa, heile tida rasadet, for det var eit ras, det måtte jo vera eit ras, for kvaanna kunne det vera?

Men seig det som mold?

Nei, det seig ikkje, det var meir i bråe, umerkande rykk.

Men såg nokon det?

Nei, ingen, eller kanskje nokon, men dei ville ikkje sjådet, kanskje, eller kanskje såg ikkje nokon det for rykkavar så kjappe, men dei kom, rykk for rykk.

Men då kan ein vel ikkje kalla det for eit ras.

Jo det var eit ras, det var eit ras.

Var der ein brest midt i ein stad?

Men kvifor spør du om det?

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 19

Page 20: Levande stein

Eg tenkjer at raset gjekk fordi det ein stad var ein brest,og det var denne bresten som gjorde at det til sist rasa.

Kanskje, men eg tenkjer at det var mange mindre, ikkjeei stor ei, men mange nesten synlege sprekker.

Ja det kan òg ha vore slik. Men dei små og nesten usyn-lege sprekkene samla seg på eit vis til ei stor sprekke, tilei kløft, nesten.

Og du høyrest nesten lukkeleg ut i røysta.

Ei kløft.

Ja, ja som ei kløft.

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 20

Page 21: Levande stein

II

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 21

Page 22: Levande stein

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 22

Page 23: Levande stein

Eg klarer ikkje å lata vera å tenkja på at det rasa så seint,så umerkeleg seint.

Ja du har alt sagt det.

Ja.

Men sjølve raset, ja det kom jo brått.

Ja.

Ja. Og så var det fleire ras og så låg det der berre.

Eg låg der berre.

Du berre låg der.

Ja eg berre låg der på trappa framfor døra til husetmitt.

Og så.

Og så var det nokon som sa noko til meg og eg prøvde

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 23

Page 24: Levande stein

å reisa meg opp, men eg klarte det ikkje, og så var detnokon som hjelpte meg med å reisa meg opp. Og såstod eg der. Og så opna eg ei dør. Og så gjekk eg inndøra, lét att døra.

Og så.

Eg hugsar ikkje noko. Eg hugsar at eg vakna og eg lågpå golvet innanfor døra. Eg reiste meg. Eg stod. Eggjekk.

Og så?

Og eg tenkte at eg måtte gå og leggja meg.

Ja. Og så vakna eg att, men då låg eg ved sida av kjø-kenbordet. Og så tenkte eg at eg måtte gå og leggjameg. Eg reiste meg. Eg stod. Eg fann sofaen, eg la megned.

Levande stein ferdig_A 03.02.15 08:44 Side 24