ljono stauder 20181023 astilbe chinensis ’purpurlanze’ 120-150 cm, purpurraud, 8 9 kinaspir 1020...
TRANSCRIPT
Ljono Stauder
2018
Stauder grip om seg . Mykje skjer innan
stauder til anlegg. Ljono Stauder har fått
vera med i denne utviklinga sidan tidleg
på 90-talet, og ynskjer framleis spela ein
aktiv rolle. Samarbeid og utveksling av
erfaringar mellom planleggjar, produsent
og anleggsgartnar vert særs viktig for å
lukkast i målet om vakre grøntanlegg,
som held seg over tid.
Det nye er større interesse for norske naturplanter. Dei viktigaste grunnane til dette er:
Regnbedplanter for handtering av overflatevatn vert meir og meir aktuelt. Det er mange
norske naturplanter som eignar seg godt til dette føremålet.
BREEAM-NOR er ei ny miljøsertifisering av bygg og grøntanlegg. Bruk av planter som
naturleg veks i regionen gjev poeng. Det same gjer planter som har positiv verknad på
dyrelivet. Me er stadig på leit etter ville artar som kan forsvara plassen sin i slike naturanlegg.
Særleg er det viktig å finna gode artar av gras som kan fylla rommet mellom andre blømande
artar. Vel ein å bruka norske naturstauder i eit anlegg, bør desse vera produsert av norsk
opphav.
Ljono Stauder har sidan oppstarten i 1992 produsert viltveksande stauder frå norsk natur. Dei
fleste vert produsert som pluggplanter; M60. Dette er kraftige planter med godt rotsystem, dei
er rimelege i innkjøp og planting med holpipe gjev ei effektiv utplanting. Plantene vert stort
sett produsert etter tinging. I katalogen vår i år finn du lister over norske viltveksande stauder
for ulike føremål.
Den viktigaste produksjonen vår er likevel produksjon av kulturstauder og prydgras som kan
forsvara plassen sin i offentlege anlegg. Som før finn du òg tilrådde planteavstandar for dei
ulike slektene/artane. Det er eit ynskje frå vår side at denne katalogen kan vera ein nyttig
reiskap for deg som planleggar og utøvar i bransjen.
Fraktavtale med Posten Bring gjer at me kan ordna rask levering over heile Sør-Noreg. Spør
gjerne etter tilbod der fraktkostnadane er inkludert.
Planlegging. Me ynskjer vera ein samtalepart når det gjeld bruk av stauder. Om ynskjeleg tek
me òg på oss planlegging av plantingar.
Målet vårt er: Når stauder står på agendaen, er det Ljono Stauder du kontaktar.
Bilete over:Engsmelle, Silene vulgaris. Framsidebileta: Øvst: Hakonechloa macra, Epimedium x rubrum,
Geranium ‘Patricia, Hosta ‘Elegans’ Rodgersia podophylla. Nedst: Hosta ‘Elegans’, Rodgersia podophylla..
Motsett side: Frå rundkøyring ved E6, Sarpsborg. Bilete over lista med prydgras: Planting av Calamagrostis
‘Karl Foerster’ ved nye E18, Hobøl. I alt vart det planta 19.800 planter av dette graset.
Torunn Hovland Ljone For referansar, ta kontakt!
Tinging og levering av planter
Prisane i lista gjeld for faste kundar og for sal til større plantingar. Elles vert det eit tillegg i
prisen på 20%. Ved kjøp av større mengder av ein og same sort, bør du tinga plantene i
god tid på førehand.
Karplantene vert sendt i plastkassar. Desse vert fakturert med
kr. 30,- pr. stk.
Høge planter kan og sendast i pallekassar.
Pluggplanter M60 vert sendt i systembretta. Tillegg kr. 15,- pr. brett, eller ev. retur.
Naturflora- og våtmarks/regnbed-plantene vert berre produsert etter tinging. Desse bør
difor tingast i god tid. Er du interessert i dette, ta kontakt.
Be gjerne om tilbod på planter, ev medrekna frakt.
Hugs at leveringsadressa, så vel som fakturaadressa, vert ført på tinginga. Gje og opp
telefonnummer, e-post adresse og ynskjeleg leveringsveke.
Prisane er eksklusive mva. og frakt. Dersom ikkje anna er avtala, skal kjøpar betala
plantene innan 14 dagar frå fakturadato. Ved betaling etter forfall, skal kjøpar betala 2% rente
for kvar påbyrja månad, innan betaling skjer. Reklamasjon på leverte planter må vera oss i
hende seinast 8 - åtte- dagar etter at plantene er mottekne.
Naturplanter til ulike vekseplassar
Undervegetasjon, skogsparti,
Woodland, eller andre stader
med vandrande skugge
Aconitum septentrionale (tyrihjelm)
Anemone nemorosa (kvitsymre)
Aquilegia vulgaris (akeleie)
Athyrum filix-femina (skogburkne)
Brachypodium sylvaticum (lundgrønaks)
Calamagrostis arundinacea (snerprøyrkvein)
Centaurea jacea (vanleg knoppurt)
Circaea lutetiana (stortrollurt)
Deschampsia flexulosa (smyle)
Digitalis purpurea (revebjølle)
Dryoptheris filix-mas (ormetelg)
Elymus caninus (hundekveke)
Eupatorium cannabinum (hjortetrøst)
Festuca altissima (skogsvingel)
Festuca gigantea (kjempesvingel)
Galium odoratum (myske)
Geranium sylvaticum (skogstorkenebb)
Luzula sylvatica (storfrytle)
Matteuccia struthiopteris (strutseveng)
Melica nutans (hengeaks)
Roegneria canina (hundekveke)
Silene dioica (jonsokblom)
Stellaria holostea (lundstjerneblom)
Veronica chamaedrys (tvesjeggveronika)
Veronica longifolia (storveronika)
Næringsrik eng. Område med sol
Alchemilla vulgaris
Alopercus pratensis
Arrhenatherum elatius (hestehavre)
Aquilegia vulgaris (akeleie)
Centaurea jacea (vanleg knoppurt)
Galium mollugo (stormaure)
Geranium sylvaticum (skogstorkenebb)
Holcus lanatus (englodnegras)
Knautia arvensis (raudknapp)
Lythrum salicaria (strandkattehale)
Molinia caerulea (blåtopp)
Sanguisorba officinalis (blodtopp)
Silene dioica (jonsokblom)
Trifolium pratense (raudkløver)
Trollius europaeus (ballblom)
Næringsfattig turreng. Takplanting.
Turre vekseplassar
Achillea millefolium (ryllik)
Agrostis tenuis (engkvein)
Alchemilla alpina (fjellmarikåpe)
Anthoxanthum odoratum (gulaks)
Campanula rotundifolia (blåklokke)
Carum carvi (karve)
Festuca ovina (sauesvingel)
Festuca rubra (raudsvingel)
Fragaria vesca (markjordbær)
Galium verum (gulmaure)
Leucanthemum vulgare (prestekrage)
Linaria vulgaris (lintorskemunn)
Lotus corniculatus (tiriltunge
Origanum vulgare (kung)
Hyperikum maculatum (firkantperikum)
Hypericum perforatum (prikkperikum)
Sedum anglicum (kystbergknapp)
Sedum acre (bitterbergknapp)
Sedum rosea (rosenrot)
Verbascum nigrum (mørk kongslys)
Verbascum thapsus (filtkongslys)
Viscaria vulgaris (engtjøreblom)
Strandeng
Agrostis tenuis (engkvein)
Campanula rotundifolia (blåklokke)
Carex arenaria (sandstarr)
Carum carvi (karve)
Conopodium majus (jordnøtt)
Festuca ovina (sauesvingel)
Festuca rubra (raudsvingel)
Geranium sanguineum (blodstorkenebb)
Heracleum sphondylium (kystbjørnkjeks)
Leymus arenarius (strandrug)
Lotus corniculatus (tiriltunge)
Plantago maritima (strandkjempe)
Trifolium pratense (raudkløver)
Naturplanter til ulike vekseplassar
(forts.)
Regnbed.
Kantplanting. Langs bekk, grøft, dam/basseng
Athyrum filix-femina (skogburkne)
Caltha palustris (soleiehov)
Carex acuta (kvasstarr)
Carex elata (bunkestarr)
Deschampsia caespitosa (sylvbunke)
Eupatorium cannabinum (hjortetrøst)
Filipendula ulmaria (mjødurt)
Geranium sylvaticum (skogstorkenebb)
Geum rivale (enghumleblom)
Iris pseudacorus (sverdiris)
Luzula sylvatica (storfrytle)
Lysimachia vulgaris (fredlaus)
Lythrum salicaria (strandkattehale)
Matteuccia struthioptheris (strutseveng)
Molinia caerulea (blåtopp)
Phalaris arundinacea (strandrøyr)
Sanguisorba officinalis (blodtopp)
Succisa pratensis (blåknapp)
Rensedam
Carex rostrata (flaskestarr)
Eupatorium cannabinum (hjortetrøst
Trollius europaeus (ballblom)
Valeriana sambucifolia (vendelrot)
Filipendula ulmaria (mjødurt)
Iris pseudacorus (sverdiris)
Lythrum salicaria (strandkattehale)
Phalaris arundinacea (strandrøyr)
Phragmites communis (takrøyr)
Planteliste 2018
full sol vandrande skugge full skugge
god dekkplante god drenering krypande vekst
1010 Adiantum pedatum Ny!
30-40 cm, elegant bregne, mørk bladstilk
frilandsadiantum
1001 Agastache ’Blue Fortune’
70-80 cm, blå-lilla, 8-10
anisisop
1038 Agastache ‘Black Adder’
70-80 cm, m. blå-lilla, 8-10
anisisop
1013 Ajuga reptans ‘Catlin’s Giant’
20 cm, blå, 4-5, store blad og blomar
jonsokkoll
1005 Alchemilla mollis
25 cm, gulgrøn, 6-9, Søknadspliktig!
praktmarikåpe
1036 Amsonia orientalis
50 cm, blålilla, 7-8
amsonia
1003 Amsonia tabernaemontana
80 cm, lys blå, 6-7
amsonia
1028 Amsonia tabernaemontana var. salicifolia
80 cm, lys blå, 6-7, vakker haustfarge
amsonia
1008 Anaphalis triplinervis
30 cm, kvit, 7-9
sølvevigblom
1006 Anemone hup. 'September Charm'
100cm, lys rosa, 8-10
haustsymre
1009 Anemone hybr. 'Honorine Jobert'
70 cm, kvit, 8-10
haustsymre
1002 Angelica gigas
140 cm, m. burgunder, 7-9
kjempekvann
1042 Aralia racemosa
150-200cm, gulgrøn blomsterstand
lundaralia
1035 Artemisia schmidtiana ’Nana’
15 cm, sølvgrått bladverk
krypmalurt
1016 Asarum europaeum
10 cm, vintergrøn
hasselurt
1004 Aster ageratoides ‘Harry Schmidt’
70 cm, blå, 8-10 aster
1039 Aster divaricatus Ny!
60 cm, kvit, 8-10
skogaster
1011 Aster macrophyllus ‘Twilight’
80 cm, blå-lilla, 8-10
storblada aster
1040 Aster pyrenaeus ‘Lutetia’
50 cm, lilla, 8-10
aster
1023 Astilbe chinensis ’Purpurlanze’
120-150 cm, purpurraud, 8-9
kinaspir
1020 Astilbe chinsensis ‘Visions in Pink’ ®
50-60 cm, rosa, 7-8
kinaspir
1024 Astilbe chinensis ‘Vision in Red’ ®
50-60 cm. karminraud, 7-8
kinaspir
1045 Astilbe simplicifolia ‘Snowdrift’
50cm, kvit, 7-8
spir
1012 Astilboides tabularis
60 cm, kremfarge, 7-8
parasollblad
1034 Astrantia major ‘Roma’ ®
70 cm, rosa, 6-9
stor stjerneskjerm
1007 Astrantia ‘Snow Star’ ®
70 cm, kvit m/grøne spissar, 6-8
stor stjerneskjerm
1050 Bergenia hybr. 'Bressingham White’
30 cm. kvit, 4-5
hjartebergblom
1054 Bergenia ‘Eroica’ Ny!
30 cm, purpurraud, m. raude blad vinter
hjartebergblom
1053 Bergenia ‘Ouverture’
30 cm, m. rosa, 4-5
hjartebergeblom
1055 Bergenia ’Perfect’
35 cm, rosa-raud, 4-5
hjartebergblom
1052 Brunnera macrophylla
30 cm, blå, 5-6
forglemmegeisøster
1051 Brunnera macrophylla ‘Jack Frost’ ®
30 cm, blå, 5-6, sølvmarmorerte blad
forglemmegeisøster
1101 Calamintha nepeta ssp. nepeta
40 cm, grå- blå, 7-10, duft, blomsterrik
kalamint
1106 Cephalaria alpina Ny
150 cm, lys gul, 6-8, spreier seg m/frø
knappblomst
1103 Cephalaria gigantea
250 cm, lys gul, 6-8, spreier seg m/frø
stor knappblomst
1102 Chelone obliqua
70 cm, rosa, 8-10
duehode
1104 Cimicifuga racemosa var. cordifolia
100-200 cm, 8-10, gulkvite
1108 Cimicifuga ramosa 'Atropurpurea'
200cm, kvit, 9-10
haustormedrue
1110 Cimicifuga ramosa ’Brunette’
150 cm, kvit, 9-10
haustormedrue
1105 Cimicifuga simplex ‘James Compton’
200 cm, kvit, 9-10
haustormedrue
1150 Darmera peltata
50-100 cm, kvit, 5
skjoldsildre
1157 Dicentra spectabilis
70 cm, rosa/kvit, 5-7
løyntnanshjerte
1155 Digitalis ferruginea ‘ Gelber Herold’
150 cm, gulbrune aks, 7-8, fleirårig
rustrevebjelle
1152 Digitalis grandiflora
80 cm, lys gul, 6-7, fleirårig
storrevebjølle
1151 Dryoptheris assimilis Ny!
40-60 cm, bregne
sauetelg
1158 Dryopteris filix-mas
70-120 cm, vintergrøn
ormetelg
1205 Echinacea purpurea ‘Happy Star’
70 cm, kvit, 8-10
kvit purpursolhatt N
1208 Echinacea purpurea ‘Magnus Superior’
70 cm, purpurraud, 8-10 purpursolhatt N
1200 Echinacea purpurea ’Rubinstern’
70 cm, purpurraud, 8-10
purpursolhatt N
1211 Echinacea purpurea ‘Secret Passion’
70 cm, raudoransje, 8-10
fylt purpursolhatt
1202 Epimedium grandiflorum
15-30 cm, kvit, 5-7
storbispelue
1203 Epimedium x rubrum
30 cm, raud, 5-6
raud bispelue
1212 Eupatorium dubium ‘Little Joe’ Ny!
80 cm, rosa, 8-10
hjortetrøst
1204 Eupatorium maculatum ’Atropurpureum’
150-200 cm, vinraud, 8-10
flekkhjortetrøst
1201 Eupatorium maculatum Purple Bush’
140 cm, m. rosa, 8-10
flekkhjortetrøst
1209 Eupatorium maculatum ‘Riesenschirm’
150 cm, vinraud, 8-10
1210 Euphorbia polychroma ‘Purpurea’
30-40 cm, gul, 5-7
vårvortemjølk
1252 Geranium cantabrigiense 'Biocovo'
20 cm, l. rosa, 6-7
kantabstorkenebb
1250 Geranium cantabrigiense ’Karmina’
20 cm, karmin- rosa, 6-7 kantabstorkenebb
1259 Geranium macrorrhizum ‘Czakor’ Ny!
30 cm, margentraud, 6-7
rosestorkenebb
1255 Geranium macrorrh.. ‘Ingwersen’s Variety’
30 cm, raudlilla, 6-7
rosestorkenebb
1256 Geranium macrorrhizum 'Spessart'
30 cm, kvit/rosa, 6-7 rosestorkenebb
1262 Geranium x magnificum ’Rosemoor’
50 cm, fiolett, 7-8
julistorkenebb
1251 Geranium oxonianum ‘Rose Clair’
50 cm, klar, lys rosa, 6-10
skuggestorkenebb
1258 Geranium sanguineum ‘Apfel Blüte’
20 cm, lys rosa, 6-7
blodstorkenebb
1261 Geranium sanguineum ‘Max Frei’
20 cm, raudlilla, 6-7
blodstorkenebb
1267 Geranium ‘Azure Rush’ ®
60, lys blå, 6-10, kompakt
mutasjon frå G.
‘Rozanne’
1253 Geranium ‘Patricia’
50 cm, cerisraud, 6-9
hybrid-storkenebb
1254 Geranium ’Rozanne’ (før Jolly Bee)
50 cm, blå m/lys midte, 6-10
hybrid- storkenebb
1266 Geranium ’Sirak’
40 cm, l. rosalilla, 6-9
hybridstorkenebb
1264 Gillenia trifoliata
80 cm,kvit m/raude begerbl.7-9
trebladgillenia
1332 Helenium aut. ‘Pumelium Magnificum’
60 cm, gul, 8-9
solbrud
1339 Helenium bigelovii ‘The Bishop’
60 cm, djup gul, 7-8
solbrud
1333 Helenium ‘Rubinzwerg’
90 cm, raud, 7-9
solbrud
1335 Helenium ‘Ruby Tuesday’
110cm, rosaraud, 7-9
solbrud
1303 Helianthus hybr. ’Lemon Queen’
200 cm, sitrongul, 9-10
hybrid-solsikke
1330 Helianthus salicifolius
150-200 cm, 10-11, gul
bladsolsikke
1307 Hemerocallis citrina
100cm, sitrongul, 7-8
daglilje
1320 Hemerocallis lilioasphodelus
80 cm, gul, 6-7
daglilje
1331 Hemerocallis middendorfii
60 cm, orangegul, 6-7
daglilje
1318 Hemerocallis ’Cool It’
70 cm, kvit-lys gul, 8-9
hybriddaglilje
1300 Hemerocallis ‘Golden Chimes’
80 cm, guloransje, 7-9, storblomstra
hybriddaglilje
1306 Hemerocallis ’Green Flutter’
60 cm, sitrongul, 7-9, grønt svelg
hybriddaglilje
1309 Hemerocallis ’Happy Returns’
40 cm, lys gul, 6-8, remonterer
hybriddaglilje
1312 Hemerocallis ’Pardon Me’
60 cm, raud, 7-9
hybriddaglilje
1341 Hemerocallis ‘Serena Sunburst’ Ny!
70 cm, aprikosfarga, 7-8
hybriddaglilje
1311 Heuchera 'Rachel'
30 cm, rosa, 6-7
hybr. alunrot
1304 Heuchera ‘Prince’ Ny!
40 cm, kvit, mørke purpurfarga blad
hybr. alunrot
1308 Hosta ‘Captain Kirk’
40cm,l.gul bladplate grøn kant
breibladlilje
1302 Hosta ‘Fortunai Aureomarginata’
40-50 cm, lys lilla, 6-8, gul bladkant
breibladlilje
1301 Hosta ’Fortunei Halcyon’
30 cm, blågrøne blad, lite utsett for snigel
breibladlilje
1316 Hosta ’Fortunei Hyacinthina’
50 cm, reint grøne blad
breibladlilje
1313 Hosta ’Francee’
40-50cm, grøn bladplate, kvit kant
bladlilje
1336 Hosta ‘Guacamole’
55 cm, gulgrønt bladverk
bladlilje
1337 Hosta ‘June’ ®
30 cm, gul bladplate/grøn kant
bladlilje
1305 Hosta sieboldiana 'Elegans'
60 cm, blågrøne blad
doggbladlilje
1338 Hosta sieboldiana ‘Frances Williams’ 60 cm, blågrøne blad m/gul kant
doggbladlilje
1315 Hosta ‘Striptease’ 50 cm, kremkvitt mønster i grøne blad
bladlilje
1340 Hosta ‘Sum and Substance’ Ny! 75 cm, lys grøne blad
bladlilje
1350 Iris pseudacorus 100 cm, gul, 5-6
sverdiris
1400 Kalimeris incisa ‘Madiva’
70 cm, lys lilla, 7-10
fjæraster
1401 Kalimeris incisa ’Blue Star’
70 cm, blålilla, 7-10
fjæraster
1403 Kirengeshoma palmata
80 cm, 8-9, lys gul klokkeforma blom
voksklokke
1402 Knautia macedonia
100 cm, burgunder, 7-9
macedoniaraudknapp
1456 Lamium maculatum ‘White Nancy’
20 cm, kvit, 5-7
1453 Lavandula angustifolia 'Hidcote Blue'
30 cm, blåfiolett, 7-9
lavendel N
1461 Lythrum salicaria ‘Blush’,
90 cm, lys rosa, 7-9
strandkattehale
1463 Lythrum salicaria ’Ziegeunerblut’
90 cm, m. rosa, 7-9
strandkattehale
1451 Lythrum virgatum ‘Dropmore Purple’
100 cm, 7-9, purpurraud Ny
prydkattehale
1500 Matteuccia strutioptheris
100 cm, sporeblad
strutseveng
1501 Monarda ‘Torunn’
80 cm, raudlilla, 7-8
etasjemynte
1550 Nepeta x faassenii ‘Six Hills Giant'
50 cm, blå, 6-9
prydkattemynte
1551 Nepeta x faassenii ‘Walker’s Low’
60 cm, blå, 6-9 prydkattemynte
1552 Nepeta mussini
30 cm, lavendelblå, 6-9
prydkattemynte
1625 Pachysandra terminalis
30 cm, vintergrøn
vinterglans
1601 Persicaria amplexicaulis ’Rosea’
100 cm, rosa, 7-10
blodslirekne
1629 Persicaria amplexicaulis ’Firetile’
100 cm, raud, 7-10
blodslirekne
1631 Persicaria bistorta
50 cm, m. rosa, 6-7, kan remontera
ormerot
1620 Peucedanum verticillare
220 cm, gulgrøne blomeskjermar, 6-8
1604 Phlomis russeliana
100 cm, gul, 6-7
1600 Phlox paniculata ‘Fujiyama’
70-90 cm, kvit, 8-10
haustfloks
1605 Phlox paniculata seleksjon Jensvoll
70-90cm, kvit m/lysblå mønster
haustfloks
1624 Phlox paniculata ’Rosa Pastell’
70-90 cm, lys rosa, 8-10
haustfloks
1608 Phlox paniculata 'Kirshenfürst’
70-90 cm. raud, 7-9
haustfloks
1611 Polygonatum multiflorum
70 cm, kvit, 5-6
storkonvall
1630 Primula florindae Ny!
50 cm, lys gul, 7-8
augustprimula
1656 Rheum rhabarbarum ‘Red Champagne’
70 cm, raudleg stilk
matrabarbra N
1650 Rodgersia aesculifolia Ny!
100 cm, kvit, 6-7
kastanjebronseblad
1652 Rodgersia podophylla
100 cm, kvit, 7-8
bronseblad
1654 Rudbeckia fulgida ‘Goldsturm’
70 cm, gul m/mørk brun midte, 8-9
praktsolhatt
1651 Rudbeckia fulgida var.deamii
70 cm, gul, 8-9
stjernesolhatt
1653 Rudbeckia nitida 'Herbstsonne'
200 cm, gul, 9-10
glanssolhatt
1703 Salvia nemorosa ‘Amethyst’
60 cm, lilla, 7-9
steppesalvie
1701 Salvia nemorosa ‘Caradonna’
80 cm, mørk lilla ,6-8
steppesalvie
1704 Salvia nemorosa ‘Mainacht’ Ny!
60 cm,mørk blå, 6-8,
steppesalvie
1700 Salvia nemorosa 'Ostfriesland'
30-40 cm, fiolett, 7-9
steppesalvie
1706 Salvia pratensis ‘Dear Anja’
100 cm, intens blå, 7-9
engsalvie
1731 Sanguisorba off. ‘Arnhem’
150 cm, m.raud, 7-9
blodtopp
1716 Sanguisorba tenuifolia ’Alba
150 cm, kvit, 7-9
blodtopp
1708 Sanguisorba tenuifolia ’Purpurea’
170 cm, rosaraud, 7-9
blodtopp
1719 Scutellaria incana
80 cm, lys blå, 8-10
skjoldbærer
1732 Sedum ‘Red Cauli’
25 cm, klår raud, 8-9, brunraudt bladverk
1730 Sedum spectabile ’Brilliant’
40 cm, rosa, 9-10
oktoberbergknapp
1713 Sedum telephium ‘Herbstfreude’
40 cm, m.rosa, 9-10
oktoberbergknapp
1733 Sidalcea ‘Elsie Hoegh’
80 cm, lys rosa, 7-8
silkekattost
1709 Smilacina racemosa
60-80 cm, kremkvit, 5-6
klasefjør
1710 Solidago ‘Citronella’
80 cm, sitrongul, 8-9
gullris
1711 Stachys byzantina ‘Big Ears’
30 cm, rosa, grågrøne, lodne blad
lammeøyre
1720 Stachys byzantina ’Silver Carpet’
15cm, sølvaktige, lodne blad
lammeøyre
1723 Stachys monieri ’Hummelo’
20-50 cm, rosaraud, 8-9
aksbetonika
1753 Tellima grandiflora Ny!
40 cm, gul-grøn, 6-7
tellima
1751 Thalictrum delavayi
150 cm, lys fiolett, 8-9
frøstjerne
1750 Tiarella cordifolia
20 cm, kvit, 5-6
klaseskumblom
1752 Trachystemon orientalis
40 cm, blå, 4-5
1754 Trollius ‘Orange Crest’
65, oransje m/svart senter, 5-6
ballblom
1800 Verbascum nigrum var. album
90-100cm, kvit m/lilla senter, 7-8
kongslys
1802 Veronicastrum virginicum 'Alba'
120-150 cm, kvit, 8-9
kransveronika
1806 Veronicastrum virginicum ’Fascination’
100-120 cm, blålilla, 8-9
kransveronika
1850 Waldsteinia ternata
10 cm, gul, 5-6, vintergrøn
sibirmuregull
Prydgras
2001 Calamagrostis x acutiflora ’Karl Foerster’ hagerøyrkvein
Veks i tette tuer. Bryt tidleg om våren. Aks i opprette toppar, fløyelsgrå på farge,
korngule om hausten. ’Karl Foerster’ er meir kompakt enn arten. Trivst best i sol eller
delvis skugge. Vanleg hagejord. 100 cm. høg. Stråa vil leggja seg ved mykje regn,
men rettar seg fort opp igjen.
2014 Calamagrostis x acutiflora ’Overdam’ hagerøyrkvein (kvitstripa)
Som over, men med kvitstripa bladverk. Har stivare stenglar enn ’Karl Foerster’ og
held seg derfor betre oppreist, sjølv når aksa er tunge av regn. 80 cm. høgt.
2003 Calamagrostis brachytricha koreansk hagerøyrkvein
Veks i kompakte tuer med fonteneform. Vakre oprettveksande aks i september. Friskt
grøne overhangande blad som seinare får gul haustfarge. 80-140 cm høg.
2036 Carex folioissima ‘Irish Green’
30 cm. Mørk grønt bladverk. Vintergrøn. God til botndekke. Trivst best der det er litt
skugge.
2018 Carex morrowi ’Ice Dance’ japanstarr
Tette stive, stive vintergrøne tuer. Tydelege gul-kvite striper langsetter ytterkant av
blada.Vintergrøn. Toler vintersola betre enn C. m. ’Variegata’. Trivst best på litt
fuktig jord. Spreier seg lett med rotskudd. God til botndekke. Delvis skugge eller
skugge. 30 cm høgt.
2020 Carex morrowii ‘Variegata’ japanstarr
Mørkegrøne blad med svak kremkvit kant. Får aks i april-mai. Trivst best i skugge
eller delvis skugge. Tette tuer som kan brukast som botndekke under tre og buskar,
eller som gruppe mellom låge botndekkeplanter, som Asarum eller Waldsteinia. 30 cm
høgt.
2017 Carex muskingomensis skråningstarr
Friskt lgrøne blad som går mest vannrett ut frå strået. Tette brunraude blomsterstandar
frå juli. .Føretrekkjer litt fuktig jord, gjerne i delvis skugge. 50-70 cm høgt. God
dekkevne.
2031 Deschampsia cespitosa ’Goldschleier’ sølvbunke
50 cm, med aks 100 cm. Bløming frå juli. Mørkegrøne blad dannar flotte, tette tuer.
Lette, luftige aks i juni-juli. Vakker, bronsefarga haustfarge. Sol til delvis skugge,
gjerne humusrik jord. Spreier seg med frø.
2032 Festuca gautieri bjørnesvingel
15 cm – 25 cm høgt. Smale trådforma blad. Tette mørkegrøne, runde tuer. Aks i
juni –juli. Trivst best i full sol.
2033 Festuca glauca ’Elijah Blue’ blåsvingel
20-35 cm høgt. Smale trådforma blad med stålblå farge. Krev godt drenert jord og full
sol.
2022 Hakonechloa macra hakonegras
70-80 cm. Tueform, sterkt overhengjande bambusliknande blad som bøyer seg mot
marka. Elegant, overfløymande vekst, som kan minna om rennande vatn når planta i
større grupper. Mørkt grønt bladverk. Trivst best i vandrande skugge. Fuktig jord, men
veldrenert. Toler ein del turke.
2008 Hakonechloa macra ‘Albostriata’
70-80 cm. Tueform, sterkt overhengjande bambusliknande blad som bøyer seg mot
marka. Elegant, overfløymande vekst, som kan minna om rennande vatn når planta i
større grupper. Bladverk med svakt kvite striper. Trivst best i vandrande skugge.
Fuktig jord, men veldrenert. Toler ein del turke.
2045 Hakonechloa macra ‘Aureola’
40-50 cm. Gule blad med grøn stripe. Har ikkje så kraftig vekst som den reine arten og
sorten ‘Albostriata’. Eignar seg godt i krukke.
2042 Leymus arenarius (frå norsk natur) strandrug
Gras som naturleg veks innst på stranda, gjerne mellom litt større fjørstein.
Viltveksande i Noreg.
2015 Luzula nivea snøfrytle
Vintergrønne blad, grågrøne og sterkt håra. Aks i juni, desse er kremkvite. Trivst best i
lett skugge, men kan og stå i sol.
2004 Luzula sylvatica (frå norsk natur) storfrytle
Likar seg på skuggefulle stader. Humusrik jord. Breie glinsande blad i tette rosettar.
Vintergrøn. Spreier seg med utløparar. Botndekkande. Brunlege blomsterstandar i mai.
30-40cm høgt.
2021 Miscanthus floridulus ’Giganteus’ elefantgras
300 cm høgt, breie mørkegrøne blad med kvit midtstripe. Tydeleg overheng.
Bevegelse og raslelyd ved det minste vindpust. Ingen aks.
2007 Miscanthus sinensis ’Dronning Ingrid’ silkekinagras
110-140 cm. Noko meir opprett vekstform enn mange andre silkekinagras. Blad og
stenglar får raudleg farge i juli-august. Raudlege, glinsande aks mot siste halvdel av
september. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord. Eit gras som også høver i
krukker på terassehagen.
2005 Miscanthus sinensis ’Ferner Osten’ silkekinagras
100-120 cm. Elegante blad, med raudleg midtstripe. Raudlege, glinsande, fyldige og
lett overhengande aks mot slutten av september. Raud-oransje haustfarge. God
vekstform. Vakker solitærplante. Trivst best i sol og næringsrik jord.
2013 Miscanthus sinensis ’Flamingo’ silkekinagras
120-170 cm. Overhengjande blad og aks. Aks mot slutten av august, sølvaktige med
svakt rosa skjer. Trivst best i sol og næringsrik, godt drenert jord.
2025 Miscanthus sinensis ‘Kleine Fontäne’ silkekinagras
150-170 cm. overhengande aks med rosa skjer. Set aks i byrjinga av august. Trivst best
i sol.
2006 Miscanthus sinensis ’Maleparthus’ silkekinagras
170-200 cm. Overhengjande breie blad, med tydeleg kvit midtstripe som vert meir
raudlilla utover sommaren. Raude aks siste halvdel av september. Denne sorten har
stor bladmasse. Får vakre haustfargar. Varm vekseplass, god jord og god drenering.
2038 Miscanthus sinensis ‘Nischidake Göteborg’
Ein eigen klon av M. sin. ‘Nischidake’ Dannar kraftige tuer med mange aks. Set aks i
august. Eit silkekinagrasgras som høver godt for tnordleg klima. 160-190 cm.
2044 Miscanthus sinensis Yaku Jima silkekinagras
140-160 cm. Smalblada. Lys brune aks i september. Overhengande vekst.
2039 Molinia arundinacea ‘Cordoba’ kjempemolinia
Overhengande vekst. 80-170 cm.
Sol eller delvis skugge. Dette graset får svært vakker haustfarge.
2009 Molinia arundinacea ’Transparent’ kjempemolinia
Florlette, nesten gjennomsiktige aks. Svært elegant. 160-180 cm høgt.
Vakker haustfarge. Sol eller delvis skugge
2040 Molinia caerulea ‘Edith Dudszus’ blåtoppmolinia
40-110 cm. Mørke aks. Sol eller delvis skugge. Vakkert gras med mørke aks. Vakker
haustfarge.
2002 Molinia caerulea ‘Heidebraut’ Ny blåtoppmolinia
50-120 cm. Sølvglinsande aks. Sol eller delvis skugge. Vakker haustfarge. Sol eller
delvis skugge.
2010 Molinia caerulea ’Moorhexe’ blåtoppmolinia
30-70 cm. Stivt opprett tueforma gras med mørk grøne blad. Mørke aks i august.
Brungul haustfarge. Trivst i full sol eller vandrande skugge, på dei fleste jordtypar.
2011 Molinia caerulea ‘Overdam’
30-60 cm. Blad og stenglar skrått opprettveksande. Trivst i sol eller vandrande skugge.
2016 Sesleria autumnalis
Vakkert tueforma gras. Limegrønt bladverk. Tett vekst. Aks i august-september. 50 cm
høgt. Trivst best i full sol
2035 Sesleria heufleriana
Mørk grøne blad med blåaktig underside. Sidan blada veks mest som i spiral, gjev
dette eit blågrønt fargespel. Vintergrøn. Dekorative blågrøne aks alt i april. Trivst i sol
og dlvis skugge. God til botndekke og toler det meste. 40 cm høg.
2041 Sesleria nitida
50 cm høgt. Flotte blågrå tuer. gråkvite aks i april-mai. Fin i framkant av rosebed, eller
som steppeplante. Trivst der det er varmt og turt.
2042 Spartina pectinata ‘Aureomarginata’
130-200 cm høgt. Elegant med overhengjande, grøne blad med gul lengdestripe. Set
aks i august-september. Breier seg med underjordiske utløparar. Sol/vandrande
skugge.
2043 Sporobolus heterolepis
30-80 cm. Smalblada, tette tuer, med svært lette, transparente aks. Kan brukast som
botndekke/mellomvegetasjon på turre vekseplassar. Er viltveksande på den
amerikanske praærien, òg i sørlege delar av Canada. Er lite utprøvd hjå oss.
2030 Stipa calamagrostis sylvfjørgras
70-110 cm. Dannar lette overhengjande tuer. Sølvaktige aks frå juni til november.
Trivst godt i sol, men vil også trivast i vandrande skugge.
Høgde 40-140 cm tyder; 40 cm utan strå, 140 cm med strå.
PLANTETETTLEIK/TAL PLANTER
/ KVADRATMETER.
Dei fleste av staudene som høver til anlegg har svært rask tilvekst. Mange har nådd full storleik i løpet av ein
eller to sesongar, på dette området er det stor skilnad i høve til buskar.
Ved vurdering av tal planter pr. kvadratmeter er det kostnad med vedlikehald i etableringsfasen som må leggjast
til grunn (fjerning av frøugras). Som regel svarar det seg ikkje å spara på plantekostnaden. Plantar ein høveleg
tett, har ein eit tett plantedekke fyrste eller andre sesong.
Tal planter
Agastache 7-9
Alchemilla mollis 6
Amsonia tab. var salicifolia 5-7
Anaphalis triplinervis 7-9
Anemone hupehensis 5-7
Asarum europaeum 12-16
Aster 6-7
Astilbe 6
Astilbe ’Purpurlanze’ 4
Astrantia 7-9
Bergenia 6
Brunnera macrophylla 6
Calamintha 9
Chelone 5-7
Cimicifuga 3-5
Darmera 5-7
Dryoptheris 6
Echinacea 9-12
Epimedium 9-12
Eupatorium 4-6
Galium odoratum 9-12
Geranium cantabrigiense 9-12
Geranium hybr. 6
Geranium macrorrhizum 9-12
Geranium x magnific. 9
Geranium oxonianum 7-9
Gillenia trifoliata 4-6
Helianthus 3-5
Helenium 7-9
Prydgras
Calamagrostis 4-6
Carex 6-9
Carex muskingomensis 4-5
Deschampsia 4-6
Hakonechloa 7-9
Luzula 9
Oversikt over kva tal planter pr. kvadratmeter
utgjer i planteavstand
1 100 cm 7 38 cm
2 71 cm 8 35 cm
3 58 cm 9 33 cm
4 50 cm 12 29 cm
5 45 cm 16 25 cm
6 41 cm 20 22 cm
Hemerocallis (store) 7-9
Heuchera 9-12
Hosta (sterktveksande) 4-6
Hosta(middels sterke) 6-9
Kalimeris incisa 6-7
Lamium 9-12
Lavandula 7-9
Ligularia 3
Lythrum 9-12
Matteuccia 4-6
Monarda 9
Nepeta 7-9
Persicaria 4-6
Phlox pan. 7-9
Pulmonaria 9-12
Rudbeckia 7-9
Rodgersia podophylla 4
Salvia 7-9
Sanguisorba 4-6
Scutellaria 7-9
Sedum 7-12
Smilacina 7
Stachys 9-12
Thalictrum 7
Vinca minor 12-16
Veronicastrum 6
Waldsteinia 9-12
Miscanthus 3-6
Molinia små 7-9
Molinia, store 3-6
Panicum 6-7
Sesleria 7-9
Stipa 6-7
Amsonia tabernaemontana Amsonia tabernaemontana
Helenium ‘Rubin Zwerg’ Hemerocallis ‘Serena sunburst’
Ajuga reptans ‘Catlin’s Giant’ Stachys monieri ‘Hummelo’