marine prosjekter i hordaland 2007

40
MARINE UTVIKLINGS- PROSJEKT I HORDALAND Arbeidslag verdiskaping i kystsona 2007

Upload: jan-hausken

Post on 08-Mar-2016

232 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Marine utviklingsprosjekter i Regionalt utviklingsprogram.

TRANSCRIPT

Page 1: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE UTVIKLINGS-PROSJEKT I HORDALANDArbeidslag verdiskaping i kystsona

2007

Page 2: Marine prosjekter i Hordaland 2007

FORORD

Denne prosjektkatalogen viser oversikt over regionale utviklingsprosjekt innan marin sektor som er starta opp i perioden 2004-2007, og som enten er avslutta eller pågåande. Felles for prosjekta er at dei er blitt realiserte med hjelp av regionalpolitiske tilskotsordningar, og/eller eigne midlar frå fylkeskommunen. Samarbeid om konkrete marine regionale utviklingsprosjekt er eit av Hordaland fylkeskommune sine verktøy for å utnytte distriktssysselsettings- og verdiskapingspotensialet innan marin sektor. Prosjekta er forankra i fylkesplan, regionalt utviklingsprogram og mandat for ”Arbeidslaget verdiskaping i kystsona”, m.m., og dei er planlagt og utført saman med ”den marine partnarskapen” i fylket. Næringsvake regionar i fylket har vore geografisk prioritert. Det er særleg satsa på tilrettelegging for utvikling av nye næringar som kan gje marin sektor fleire bein å stå på framover. Gjennom prosjekta har ein også prøvd å få til tettare samarbeid mellom kunnskapsinstitusjonar, offentleg sektor og næring, og meir fylkesovergripande samarbeid på Vestlandet. Vi rettar stor takk til alle involverte institusjonar og bedrifter! Arbeidslag verdiskaping i kystsona

Page 3: Marine prosjekter i Hordaland 2007

HAVBRUK -nye artar

-fôr -helse og miljø

Page 4: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR LYSTORSK - Storskala optimalisering av lysstyring av oppdrettstorsk 2005-2008. Bakgrunn og mål Tidleg kjønnsmodning er av næringa rekna som den største utfordringa i matfiskoppdrett av torsk. Modninga medfører veksttap, dårlegare fôrutnytting og lengre produksjonstid fram til ønskt slaktestørrelse. Modning kan også gje auka dødstal, og torsk som gyter i merdane kan representere genetiske trugsmål mot villtorsken. Prosjektet vil gje storskala dokumentasjon og vidareutvikling av lysstyringsprotokollar for å utsette kjønnsmoding hjå torsk i kommersielle merdanlegg på Vestlandet. Dette er ei felles satsing mellom ei rekkje aktørar i matfiskproduksjon og ein utstyrsleverandør. Aktivitetar

• Innsamling av data, lysmåling og miljøkarakterisering av lokalitetar. • Observere åtferd og analysar av gonader, ekperimentelle opplegg. • Småskalaforsøk og utprøving i storskalanlegga. • Skinnfarge og lysmodellar og økonomisk analyse.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Sjømatsenter, ”Sats på Torsk”, Havforskningsinsituttet, torskeoppdrettarar på Vestlandet og finansiert m.a. av fylkeskommunane på Vestlandet, Innovasjon Norge, bedriftene og Skattefunn. Totalkostnad: 14.500.000 ( 300.000 frå HFK)

Start – slutt: 2005-2008

Kontakt: Jørgen Borthen, Norsk Sjømatsenter 55554884 [email protected] Geir Lasse Taranger, Havforskningsinstituttet i Bergen 55236373 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.sjomat.no, http://www.imr.no/ og http://www.torsk.net/

Page 5: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Riktig valg av not til oppdrett av torsk. Bakgrunn og mål

• Bygge kunnskap som bidreg til å redusere rømming av torsk. Oppdrettar og notprodusentar skal få betre basis for utvalg av teknologi og rutinar. Fenomenet napping skal dokumenterast.

• Ulike notlinprodukt skal testast i praksis og vurderast. • Bidra til å hindre rømming av oppdrettstorsk ved å heve kompetansen om

not og produkt hos oppdrettarar og notprodusentar og bøteri. Aktivitetar

• Skaffe kunnskap om napping, skaffe fram kunnskap om effekt av napping. • Betre rutinar. • Teste ulike notprodukt. • Opprette web-basert fagside for informasjon og kommunikasjon.

Prosjektet er eit samarbeid mellom SINTEF Fiskeri- og Havbruk og torskeoppdrettarar på Vestlandet og ”Sats på torsk” og samfinansiering mellom fleire fylkeskommunar og Innovasjon Norge. Totalkostnad: 3.925.000 (250.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2008

Kontakt: Heidi Moe, SINTEF Fiskeri- og havbruk 48042932 [email protected]ørgen Borthen, Norsk Sjømatsenter 55554884 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.sintef.no, http://www.sjomat.no/ og http://www.torsk.net/

Page 6: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR PROCOD-Progressiv, moderne produksjon av torskeyngel. Bakgrunn og mål Det overordna målet er å modernisere og optimalisere yngelproduksjonen ved ei multidisiplinær tilnærming mot å løyse sentrale flaskehalsar knytte til yngelkvalitet, vasskvalitet og fiskevelferd i ein intensiv produksjon. Prosjektet vil fokusere på utfordringar knytt til kommersiell skala produksjon av larvar og yngel av torsk, og vil integrere biologiske, vasskjemiske, logistiske og teknologiske faktorar, der det overordna målet er å foreslå praktiske løysingar. Aktivitetar

• Optimalisering av rotatoriekvalitet og optimale startfôringsregime. • Interaktive effektar av salinitet, temperatur og genetisk bakgrunn på juvenil

kvalitet. • Kunnskap om og forbetring av kritiske vasskvalitetsparametrar ved intensiv

drift. • Vasskvalitet og mikrofauna i opne system og resirkuleringssystem. • Transport.

Prosjektet er i regi av Avaplan Niva og er eit samarbeid mellom fleire forskningsitstitusjonar og næringa. Prosjektet er finansiert med støtte frå Norges forskningsråd og Hordaland fylkeskommune. Totalkostnad: 15.172.000 (600.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2008

Kontakt: Atle Foss, Akvaplan Niva 55302250 [email protected] Imsland, Akvaplan Niva 3545625800 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.akvaplan.niva.no/

Page 7: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Torskehelse - Kartlegging sjukdomsagens i Hordaland. Bakgrunn og mål Ved oppstart av marine yngel-anlegg vil stamfisken i stor grad vere villfanga, noko som inneber ein direkte fare for smitte (virus, bakteriar og parasittar). Nokon sjukdomsorganismar vert overført vertikalt, og utgjer særleg stor fare. Eit slikt potensiell patogen som nyleg er påvist i Hordaland, er bakterien Francisella sp. Denne bakterien er vist å gje ein systemisk infeksjon med påfølgjande høge dødstal hos både laks og torsk. I kveiteoppdrett er det problem med Noda virus. I tillegg vil oppdrettsfisken bli eksponert for nye patogenar etter utsetting i merdanlegg, frå villfisk utanfor merda. Målet for dette prosjektet er å utvikle nye sensitive metodar for deteksjon av bakterien Francisella sp samt nodavirus hos torsk, samt gjennomføre ei undersøking av det ”naturlege bakgrunnsnivået" av desse smittestoffa. Aktivitetar

• Å utvikle og teste biopsibasert metode for deteksjon av Francisella sp og Noda virus.

• Å screene villfanga torsk frå utvalde lokalitetar i Hordaland for Francisella sp og Noda virus

• Å undersøkje langtidseffektar av biopsi-taking hos torsk m.o.t. overleving, vekst og sårheling.

Totalkostnad: 2.175.000 (600.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006 - 2007

Kontakt:

Sigurd O. Handeland, UiB 97179607 [email protected] Nylund UiB, 55584444 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.bio.uib.no

Page 8: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Helse og miljø i torskeoppdrett. Samarbeid mellom produsentar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Bakgrunn og mål Prosjektet skal setje fokus på dokumentasjon for helsesituasjonen på oppdrettstorsk og knyte samarbeid mellom oppdrettarar, veterinærar og FoU-institusjonar. Prosjektet er ei fellessatsing mellom aktørar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Auke overlevinga i matfiskproduksjon frå yngel til slakt ved betre fokus på helse- og miljørelaterte problemstillingar. Aktivitetar

• Kartlegging av aktuelle problemstillingar i regionane. • Helseovervaking og betring av rutinar. • Kurs og opplæring av oppdrettarar/røktarar.

Totalkostnad: 6.640.000 (1.550.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007-2009

Kontakt: Jørgen Borthen, Norsk Sjømatsenter 55554884 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.sjomat.no/

Page 9: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Frisk Torsk – forprosjekt. Bakgrunn og mål Torskehelse er ei utfordring for den norske torskenæringa, særleg på Vestlandet der sjøtemperaturen er høg om sommaren og hausten. På den årlege samlinga ”Sats på torsk” var helse eit tema og det var ønskje om ein betre koordinering og målretting av arbeidet frå FoU og næringsaktørane. Veterinærinstituttet v/Brit Hjeltnes tok til orde for å etablere eit program for satsinga ”Frisk torsk”etter modell av ”Frisk fisk”. Det langsiktige målet for prosjektet er å oppnå samarbeid og koordinering av FoU-innsats og informasjonsflyt om torskehelse til beste for næringsaktørene. Forprosjektet skal bidra til eit system for kometanseheving og god informasjonsflyt, framlegg om konkrete tiltak på kort og lang sikt og med særleg fokus på situasjonen i Hordaland samt etablere innhald og foreslå organisering og finansieringsmodell for ”Frisk torsk”. Aktivitetar

• Forankre ideen i NFR, FHL, næringa og FoU-miljøa, møte, seminar. • Gje innspel til nasjonal torske-strategi (spesifikt på helse). • Strategi for kompetanseheving av veterinærar. • Strategi for samording av FoU og informasjonsflyt. • Strategi for forebyggjande arbeid. • Utfordringar knytt til patentering av vaksinar. • Innhald, organisering og finansiering av ”Frisk Torsk”.

Totalkostnad: 210.000 (150.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Jørgen Borthen, Norsk Sjømatsenter 55554884 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://sjomat.no, http://www.vetinst.no/ og http://www.torsk.net/

Page 10: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Laksebiprodukt i torskefor. Bakgrunn og mål: Kartleggje grunnleggjande årsaker til det positive produksjonsresultatet i torsk fôra med askerike marine ingrediensar frå biprodukt frå oppdrettsnæringa som grunnlag for vidare arbeid med optimal nytting av marine biprodukt i kommersielt torskefôr. Aktivitetar: Hovud- og ryggavskjær fra laks bidreg, samleis som andre marine biprodukt, med høgt innhald av aske (mineraler), forutan protein- og fettforbindingar som kan ha viktige funksjonar og eigenskapar for oppdrettsfisk. Ein ønskjer å vurdere kor eigna marine biprodukt er som fôringrediens til torsk ved å gjennomføre eit eksperimentelt fôringsforsøk som tar sikte på å studere grunnleggjande årsaker til det positive produksjonsresultatet som er oppnådd, uavhengig av kva type biprodukt som er brukt i fôret (fiskebein, krabbe, blåskjell). Totalkostnad: 1.875.000 (300.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007 - 2008

Kontakt: Olav Flesland, Fiskeriforskning: [email protected] Sissel Albrektsen, Fiskeriforskning: 55501204 mailto:sissel.albrektsen@ fiskeriforskning.no Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.fiskeriforskning.no/ og http://www.biomar.no/

Page 11: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Aktiv bekjempelse av Pancreas Disease (PD) i Hordaland –forprosjekt. Bakgrunn og mål Virussjukdomen Pancreas disease (PD) har blitt ein alvorleg trussel mot kommersiell oppdrett av laks og regnbogeaure på Vestlandet, særleg i Hordaland. Det er behov for samordna tiltak for å halde sjukdomen nede. Det er avgrensa kunnskapar om korleis smitten spreier seg. I forprosjektet skal det leggjast til rette for eit hovudprosjekt for å halde PD nede. Hovudmålet i forprosjektet er å samle oppdrettarane og få oppslutning om ein sameint plan for eit hovudprosjekt om PD bekjempelse i Hordaland (Vestlandet). Aktivitetar

• Innsamling av litteratur, felterfaring og uttale frå kompetanse- og forskingsmiljø.

• Lage overordna/samordna tilrådingar om tiltak for aktiv nedkjempong av PD i Hordaland.

• Definere geografisk område med tilhøyrande oppdrettsaktivitet. • Sikre kommunikasjons- og informasjonsflyt mellom aktørar i prosjektet. • Utarbeide kostnadsestimat, finansieringsplanar og kontraktsmalar for

hovudprosjekt. Totalkostnad: 450.000 (250.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Ketil Skår, VESO 73580782/48083020 [email protected] Hoel, VESO 73580761/[email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.veso.no

Page 12: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Kompetanseutvikling i blåskjelnæringa – biomasseregistrering, kvalitet og logistikk. Bakgrunn og mål

• Gjere blåskjeldyrkarar i stand til å levere blåskjel av den kvalitet marknaden etterspør og oppnå betre lønnsemd og tillit i marknaden for norske blåskjel.

• Etablere eit system som gjer dyrkarane i stand til å få dokumentert kontroll på biomasse og kvalitet på skjel.

• Fullføre og ta i bruk system og verkty for biomasseregistrering, kvalitetsmål og logistikk tilpassa blåskjelnæringa.

• Gjennomføre opplæring av kvalitetslosar, dyrkarar og pakkeri. • Gjennomføre halvårlege samlingar av kvalitetslosane og årlege samlingar for

alle dei involverte i prosjektet. • Gje ei tilråding om korleis kompetanse og arbeidet til losane vert vidareført

etter prosjektslutt. Aktivitetar

• Koordinering, prosjektførebuing, detaljplanlegging og utarbeiding av materiell og protokoll for prøvetaking.

• Utvikle og fastsette kriteriar for val av kvalitetslosar og dyrkare/demoanlegg. • Opplæring, møter og samlingar. • Praktisk prøvetaking / feltarbeid med kvalitetslos, dyrkar og pakkeri saman.

Totalkostnad: 7.146.000 (500.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2008

Kontakt: Trude Nordli, FHL 55554867 [email protected] Duinker, NIFES 55905142 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.nifes.no og http://www.fhl.no

Page 13: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Utvikling av blåskjelnæringa i Hordaland – forprosjekt. Bakgrunn og mål Blåskjellnæringa står overfor både strukturelle og næringmessige utfordringar for å få lønsemd i verksemdene. I Hordaland har Hordaland blåskjeldyrkarlag som mål å samordne og koordinere blåskjel-næringa. Målet i forprosjektet er å definere utfordringer og innsatsområde i eit hovudprosjekt og finne gode modellar for samarbeid dyrkarane i mellom og mellom dyrkarar og mottak.Vidare skal forprosjektet forankre eit hovudprosjekt som skal vare i 4 år og utarbeide ein konkret prosjektplan for hovudprosjektet. Aktivitetar Avklare og konkretisere dei viktigaste utfordringane for blåskjelnæringa i

Hordaland. Prioitere innsatsområde og forankre og foreslå effektive samarbeidsturkturar Avklare kopling og deltaking i prosjektet ”Kompetanseutvikling i

blåskjelnæringa” i regi av FHL og implementering av rutinar for kvalitetskontroll. Utarbeide ein plan for innhald og kostnader i eit hovudprosjekt.

Totalkostnad: 300.000 (200.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006 - 2007

Kontakt: Terje Ledahl, Hordaland Blåskjeldyrkarlag 91144310 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin

Page 14: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Utvikling av verktøy for evaluering og gradering av kvalitet hos Norsk flatøsters (KVALITETSØSTERS). Bakgrunn og mål Norsk flatøsters er eit interessant nisjeprodukt med potensiale innan høgt betalande marknader i Europa. Førebels er produksjonen i liten skala, men dyrkarane har planar om gradvis oppskalering. Østersprodusentane samarbeider godt i dyrkar– og kompetansenettverket NET-østers som er eit prosjekt i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Verksemder har innleia samarbeid med Eksportutvalget for fisk (EFF) som arbeider med tilgang til Europeisk resturantmarknad og bygging av merkvare for den Norske flatøstersen. Dette prosjektet tek sikte på utvikling av fysisk kvalitetsstandard for Norsk flatøsters tilpassa krav frå ein definert Europeisk nisjemarknad og utvikling av eit praktisk verktøy for evaluering og gradering av kvalitet. Arbeidet skal gjerast gjennom eit samarbeid mellom østersdyrkarar, NET-østers, NIFES og EFF. Opplæring av dyrkarene og implementering av rutinar for dyrking av kvalitetsøsters skal gjennomførast i NET-østers. Aktivitetar

• Utvikling av fysisk kvalitetesstandard i samarbeid med EFF. • Utvikle verktøy i samarbeid med dyrkarar/NET-østers. • Undersøke kvalitetsvariasjonar i høvet til lokalitet og årstid. • Undersøke verdien av ”sluttvekst-lokalitet”. • Undersøke størrelsesvariasjon og kvalitet på 2.5 år gamle østers.

Totalkostnad: 600.000 (400.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Gro Jensen Gjerde, 53456790 [email protected] Duinker, 55905142 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.godfisk.no, http://www.nifes.no og http://www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no/no/

Page 15: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Kvalitetssystem i havbruksnæringa med fokus på fiskehelse. Bakgrunn og mål Hovudmålsetting er å bidra til å utvikle internkontrollsystem for helseområdet i medhald av IK-akva forskrifta for å redusere smittepresset og betre sjukdomssituasjonen i sør og nord Hordaland. Dette skal gjerast i samarbeid med oppdrettarane, veterinærane og Mattilsynet.

• Lage oversikt over krav frå styresmaktene i Matlova, IK-akva og den nye Akvakulturdriftsforskrifta.

• Kartlegge måle- og registreringsrutinar i oppdrettsverksemdene for sentrale helse-velferdsindikatorar.

• Avdekke område som er kritisk for næringa og som må følgjast opp gjennom fellestiltak som opplæring, informasjon eller andre tiltak (t.d. område tiltak).

Aktivitetar

• Kartlegge kva slags livsløpsdata og produksjonsdata som oppdrettarane nyttar i sjøfasen for smoltinnsettgrupper og avklare kva slags data som skal registrerast vidare i prosjektet

• Skaffe oversikt over krav, fastsetting av mål (standard og metodar for måling) og døme på dokumentasjon.

• Analyse av data og vurdering av resultat i den første fasen i sjø. • Vurdera behov for tiltak som aktørane bør utgreie som felles tiltak i ulike

område. Totalkostnad: 1.450.000 ( 800.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006 - 2007

Kontakt: Hans Inge Algrøy, FHL-Havbruk 55554860 [email protected] Grete Kjørrefjord, 55962580 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.essentia.no, http://www.fhl.no, http://www.mattilsynet.no/

Page 16: Marine prosjekter i Hordaland 2007

NETTVERK OG PROFILERING

Page 17: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR MØTEPLASS MARIN – Hordaland. Bakgrunn og mål Skape kommunikasjon mellom forsking og næringsliv med omsyn til næringsutvikling, spesielt innan marin sektor. Møteplass Marin har eksistert sidan 2003 og starta som eit initiativ frå Arena-prosjektet Marin Vest. Losane i MarinVest vert nytta aktivt. Det er ein serie med kveldsmøte over aktuelle tema innan marin sektor som er av interesse både for forsking og næringsliv. Møta vert tematisk og i tid koordinerte med andre møte, konferansar og arrangement. Møteplassen er eit samarbeid mellom Innovasjon Norge Hordaland, Protevs, Fiskeriforum Vest, Bergen Næringsråd, Marin Vest, NFR og Hordaland fylkeskommune. Totalkostnad: 750.000 (400.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Sidsel Lauvås, (IN) 55559351 [email protected] Solberg, Protevs 55543742/91634053 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.protevs.no/

Page 18: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Nettverk for kamskjelnæringa. Bakgrunn og mål Prosjektet er ei oppfølging og utvikling av prosjektet ”Kystskjell”. Prosjektet skal samle aktører i kamskjelnæringa langs norskekysten og FoU-miljø i eit nettverk for kunnskapsutvikling, erfaringsutveksling og informasjon. Marknadsarbeid, felles strategiplan og kontoll av predatorar er prioriterte oppgåver. Universitetet i Bergen er ansvarleg for prosjektet, og saman med Havforskningsinstituttet utgjer dette den forskingsfaglege forankringa i nettverket. Prosjektet får støtte frå alle fylka frå Rogaland til Sør-Trøndelag. Aktivitetar • Vidareføre og utvikle bedrifts-nettverk FRESA med fokus på heile verdikjeda. • Optimalisere nettverket si evne til problemløysing. • Utvikle modell for marknadsorganisering av kamskjeldyrking. • Utarbeide ein strategiplan for havbeite. Totalkostnad: 855.000 (300.000 frå HFK)

Start – slutt: 2004-2007

Kontakt:

Thorolf Magnessen, UiB 55584250 [email protected] Ånonsen , 91137034 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.bio.uib.no og http://www.imr.no/

Page 19: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR NET-østers - Fase 2 (2007-2008). Bakgrunn og mål Prosjektet er ei vidareutvikling av dyrkarnettverk med utgangspunkt i østersnæringa i Sunnhordland. Prosjektet driv kompetanseheving og erfaringsutveksling knytt til dyrkingsteknologi, kvalitetsproduksjon og marknadsstrategi samt oppskalering. Hovudmålet er å leggje grunnlaget for ei levedyktig østersnæring med utgangspunkt i østersmiljøet i Sunnhordland. Aktivitetar

• Kompetanseheving i bedriftsnettverk, marknadsstrategiar, kopling til FoU-miljø og prosjekt. Best practice.

Totalkostnad: 1.588.000 (790.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007-2009

Kontakt: Gro Jensen Gjerde, 53456790 [email protected] Bergtun, 53427600/91329755 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.samarbeidsraadet-sunnhordland.no/no/

Page 20: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Fellesstand for Vestlandet på Aqua Nor 2007. Bakgrunn og mål Fiskeriforum Vest har teke initiativ til ei fellesmarkering av havbrukssatsinga på Vestlandet under Aqua Nor 14.- 17. august 2007. Fellesstanden vil ha einskildsstands for bedrifter frå Vestlandet, sjømatbar, m.v. Fellesstanden skal vere eit samarbeidsprosjekt som synleggjer regionen som ein verdiskapingsregion og fremjar næringsutvikling og innovasjon i Vestlandsfylka, der det offentlege tilrettelegg for kontakt mellom næring, offentlege kompetansemiljø og forvalting. Aktivitetar

• Drive sal og marknadsføring av fellesstanden for å sikre brei deltaking frå regionen.

• Utforme og byggje standen, samt tilretteleggje for eit fellesareal med sjømatrestaurant og fagleg program.

• Arrangere møter/seminar med sentrale tema som har høg aktualitet for næringa.

• Lage magasin med presentasjon og program for fellesstanden, aktørane og regionane.

Totalkostnad: 1.760.000 (150.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Odd Jordheim, 55554882/99090049 [email protected] Midttveit, 55554880/92801315 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, www.fiskeriforum.no og http://www.aqua-nor.no/

Page 21: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR NCE - kompetansebasert havbruk Bakgrunn og mål I februar 2006 vart det søkt om etablering av eit Norwegian Center of Expertice (NCE) innan havbruk. På kort tid vart det etablert ein samarbeidskonstellasjon som stod bak NCE-initiativet og sjølv om søknaden ikkje vart innvilga meinar ein at dei grunnleggjande elementa og initiativet er både riktig og naudsynt. Etableringa av eit søkjegodt NCE-konsortium og utforming av ein ny søknad for 2007 er ein arbeidskrevjande prosess som krev fokus og engasjement frå ei kommitert prosjektgruppe. Målet er at at prosjektgruppa lykkast med å synleggjere ei moden næringsklynge og utforme ein fokusert søknad med stort næringspotensial, og som innvilgast NCE status. Mål for evt. framtidig hovudprosjekt er å etablere eit funksjonelt NCE innan kompetansebasert havbruk der Hordaland spelar ei leiande rolle for å vidareutvikla aktivitetane innan fokusområda i prosjektet både nasjonalt og internasjonalt. Aktivitetar

• Etablera ei kjernegruppe av lokomotivbedrifter i klyngekonsortiet. • Identifisera og avgrensa NCE innsatsen til konsortiet og fokusområde. • Inkludere fleire bedrifter i konsortiet. • Evaluere og revidere hovudmål. • Utforme, revidere og levere NCE søknad.

Totalkostnad: 500.000 (250.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Tor Solberg, 55543742/91634053 [email protected] Handeland, 53402224/97179607 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.protevs.no/ og http://www.bio.uib.no

Page 22: Marine prosjekter i Hordaland 2007

AREAL OG MILJØ

Page 23: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR God fiskehelse i Nordhordland - betre miljø- og produksjonstilhøve m.o.t. lakselus. Bakgrunn og mål Oppdrettarane i Nordhordland stifta våren 2005 Nordhordland fiskehelsenettverk (NFN), for å få oversikt over og kontroll med lakselus-situasjonen i området. NFN er også interessert i å arbeide med andre fiskehelsetema som bendelorm m.m. For å få kontroll med lakselus m.m. er det nødvendig med koordinert innsats gjennom forpliktande nettverk. Hovudmålet er å betre miljø- og produksjonstilhøva for oppdrettsfisk for auka lønsemd og betre tilhøve for villaksen, særleg tilhøva for Vossolaksen. Aktivitetar

• Opplæring 1 dag pr år, 1. år lus, 2.år bendelmark, 3. år ? Faglege møte elles 1 dag pr år.

• Kontinuerlege teljingar og registrering ute på anlegga. • Kontinuerleg registreing og publisering av resultat på internett.. • Kontinuerleg rettleiing om tiltak i regi av veterinær/prosjektleiar etc.. • Informasjon til offentlege styresmakter og private interessentar. • Samkøyring og informasjonsutveksling med Vosso-prosjektet i regi av

prosjektleiar, evt. inngå i Vosso-prosjektgruppa). • Undervegsrapportering og sluttluttrapportering skriftleg.

Totalkostnad: 740.000 (250.000 frå HFK)

Start – slutt: 2005-2007

Kontakt: Jan-Emil Johannessen, 55927373 [email protected] Åsheim, 57781050/48174453 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin

Page 24: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Vasskvalitet for settefiskanlegg - laks. Bakgrunn og mål Fleire anlegg har opplevd mykje daud fisk på grunn av kiselalgar. Slike episodar har gjeve økonomiske tap for næringa. Det finst lite kunnskap om kritiske kiselalgekonsentrasjonar i ferskvatn og dette prosjektet skal auke kunnskapane om dette. Ein skal undersøke toleranse og fysiologiske/histologiske effektar av kiselalgeblomstringar for oppdrettslaks i tidleg livsstadium i ferskvatn, samt utvikle gode metodar for tidleg varsling og tiltak for å unngå negative effektar på fisken. Aktivitetar

• Eksperimentelle forsøk for å kartleggje toleransen hjå lakseyngel for kiselalga Asterionella formosa.

• Etablere samanhengar mellom algekonsentrasjon og operasjonelle måle- og loggeparametre (turbiditet, klorofyll) som grunnlag for tidleg varsling av kritiske blomstringar.

• Samle erfaringane frå delprosjekta og formidle resultata til næringa. Totalkostnad: Start – slutt: 460.000 (250.000 frå HFK)

2007-2008

Kontakt: Hans Inge Algrøy, 55554866 [email protected] Dale, NIVA 48156969 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.fhl.no og http://www.niva.no/

Page 25: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Gjenoppbygging av Vossolaksbestanden - Forprosjekt. Bakgrunn og mål Forprosjektet skal gjennomføre eit forstudium som skal munne ut i eit forslag til hovedprosjekt for korleis oppdrettsnæringa, spesielt i Nordhordland kan bidra til at "Vosso-laksen" vert gjenoppbygd til ei levedyktig stamme. Aktivitetar

• Teknisk gjennomgang av kultiveringsanlegg Voss og genbanken i Eidfjord og vurdering av tiltak og finansiering for å auke smoltproduksjonen.

• Vurdering av lagringskapasitet i kommersielle anlegg. • Bidrag frå oppdrettsnæringa til transport av smolt – vurdering. • Analysar av innsats og kostnader. • Utarbeide plan for hovudprosjekt.

Totalkostnad: 300.000 (150.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Tor Solberg, 55543742/91634053 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.protevs.no/

Page 26: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Utvikling av GIS-verktøy for rasjonell havbruksplanlegging med fokus på nye oppdrettsartar. Bakgrunn og mål Oppdrett av marin fisk og skjel kan anten ha særlege areal- og miljøkrav eller konkurrere med den etablerte laksenæringa. Optimal lokalisering av desse artane må difor vurdere tilhøve til eksisterande næringar, andre samfunnsinteresser og ikkje minst dei nye artane og dyrkingsmetodane sine særskilde miljøkrav. Kommunane i Hordaland arbeider aktivt med planlegging av sjøareal, og planlegging av havbruk er ein viktig motivasjon for kystsoneplanlegging. Rådgjeving om plassering av havbruksverksemd skal vere basert på kunnskap om optimal lokalisering. Aktivitetar

• Framskaffe informasjon og data om parametrar for lokalisering av havbruksartar og fastette grenseverdiar.

• Grunnlagsinformasjon som t.d. digitale djupnedata, straumdata og arealfesta informasjon om bruks- og verneinteresser for eit eller fleire utvalde areal på Vestlandet skal skaffast, tilretteleggjast og koplast mot samfunnsdata.

• Utvikle ein datamodell. Totalkostnad: 2.000.000 (600.000 frå HFK (RUP og KOMP) + eigeninnsats

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Inge Døskeland 55 23 93 15 [email protected] Siri Hanson 55 23 92 86 [email protected] Jomar Ragnhildstveit 55 23 93 08 [email protected] Lena Søderholm 65 62 58 / 970 35449 [email protected] Livastøl 51752459 / 97755330 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin

Page 27: Marine prosjekter i Hordaland 2007

SJØMAT -marked -kvalitet

-profilering -kultur -reiseliv

Page 28: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR

Bergen Internasjonale Stoccafissofestival 2007. Bakgrunn og mål Bergen Internasjonale Stoccafissofestival er ein integrert del av Bergen Matkulturfestival. Festivalen skal syne det historiske sambandet mellom Vestlandet, Nord-Noreg og utlandet når det gjeld tørrfisk. Festivalen skal føre til auka merksemd og sal.

• Auka omsetnad og bruk av tørrfisk i restaurantane og butikkane i Hordaland. • Medverke til innovasjon og nyskaping mellom fiske- og landbruksprodukt

og auka tilbod av tørrfiskprodukt i ulike variantar. • Auka lokal foredling, nye ferdigrettar, og styrkje grunnlaget for eit senter for

tørrfisktradisjonane i Bergen. Aktivitetar

• Restaurantane, Fisketorget og spesialbutikkane møter publikum. • Tørrfisk på Genovesisk vis - matkurs for folk flest på Sjømatsenteret. • Historisk utstilling frå Genova/Liguria - på Fiskerimuseet/Hanseatisk

museum. • Kokkekonkurranse om beste Tørrfiskrett i videregåande skule. • Invitasjon til "historikarar” om å skrive kulturhistoriske innlegg omkring

tørrfisken / Festivalavis. Totalkostnad: 950.000 (200.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Ketil Natvik, 900 49 698 Terje Inderhaug, Hordaland fylkeskommune 552 39997 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.hordaland.no/kls

Page 29: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Markedsanalyse for stort kamskjel (Pecten maximus). Bakgrunn og mål Ein av dei største flaskehalsane for vidare utvikling av kamskjelnæringa vil bli å tiltrekkje seg privat kapital, noko som krev god kunnskap om godt betalande nisjemarknader for stort kamskjel. Signal frå finansieringskjelder og næringa sjølv er at marknadsretta tiltak må iverksetjast. Målet er å auke marknadskunnskapen om norske kamskjel ved å foreta ein marknadsanalyse og skaffe til vegs statistikk og faktainformasjon som viser markedsmuligheter for norske dyrka kamskjel i ein internasjonal marked. Aktivitetar

• Marknadsanalyse – utvikle marknadsteoriar. • Gjere innleiande arbeid med produktutvikling. • Kvalitetssikre arbeidet ved å gjere testsal til kundar i utvalgte marknader. • Gje tilråding om strategi/modell for salg og marknadsføring av norske dyrka

kamskjell. Totalkostnad: 645.000 (450.000 frå HFK)

Start – slutt: 2005-2006

Kontakt: Petter Ånonsen, 91137034 [email protected] Thorolf Magnesen, 55 58 42 50 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.bio.uib.no

Page 30: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Profilering av vestnorsk sjømat på Slow Fish 2007. Bakgrunn og mål Slow Fish er den internasjonale matkulturrørsla ”Slow Food” si messe og konferanse for sjømat. Dette er ein god sjanse til å profilere sjømat frå vår region og knyte kontaktar med andre kystregionar. Produkt frå Hordaland som laks frå Bremnes Seashore og Blom fiskeoppdrett, og blåskjel frå Hardanger vert presentert. Synleggjere samarbeid mellom skule og næring både i vidaregåande skule (Fitjar) og ungdomsskule (Øygarden). Prøve å få oppdrettslaks og blåskjel med som presidium under Slow Food sine kriteriar. Aktivitetar

• Gjennomføre profileringsarenaen/fiskerestauranten på ”Slow Fish” • Utstilling og salsbod som døme på marine skulehagar og elevbedrifter. • Organisere skulane og deira deltaking. • Organisere ein meny og praktiske utprøvingar på skulane saman med dei

aktuelle bedriftene. • Syte for transport av varer, deltakarar og materiell.

Totalkostnad: 750.000 (100.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Terje Inderhaug, 55 23 99 97 [email protected] Anna Bodil Tislevoll, Fitjar Vidaregåande Skule 53 49 75 95 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://fiv.hfk.no og http://www.hordaland.no/kls

Page 31: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Kvalitet på sjømat i heile verdikjeda. Bakgrunn og mål Sjømatnæringa er ei næring som består av mange svært ulike typar verksemder som er geografisk spreidd. Dei fleste er små og mellomstore. Sjølv om delar av bransjen har vore aktiv når det gjeld intern opplæring, har det ikkje tidlegare vore ei satsing på eit nasjonalt opplæringsprogram som tek for seg kvalitet i heile verdikjeda; frå fangst av råvara, via mottak, foredling, transport, grossist, detaljist og heilt fram til forbrukar. Trong for ei samla nasjonal satsing på opplæring må også sjåast som ein del av det stadig sterkare fokuset som vert retta mot matvaretryggleik og kvalitet. Strengare kundekrav og auka press på verdiskaping i næringa krev ei satsing. Eit koordinert opplæringsprogram retta mot alle seks ledd i verdikjeda vil vere eit naudsynt og viktig tiltak, då kvaliteten på produkta ikkje vil vere betre enn det svakaste ledd i kjeda. Aktivitetar

• Auka forståing for kunnskap og rett handsaming av fisk i alle ledd. • Auka verdiskaping og salg, trygg mat og nøgde kundar. • Auka samspel om kvalitet for å møte kundekrav. • Betre samspel mellom Mattilsynet og næringa.

Totalkostnad: 1.850.000 (500.000 frå HFK)

Start – slutt: 2005-2006

Kontakt: Odd Jordheim, Norsk Sjømatsenter 55554882/99090049 [email protected] Bjørg Samuelsen, Norsk sjømatsenter 55 55 48 83 97 72 40 55 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.sjomat.no/

Page 32: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Smak av kysten. Bakgrunn og mål Hovedmålsettinga er å auke bruken av sjømat ved å tilby fastbuande, tilreisande og turistar unike sjømatopplevingar gjennom sterkare samorganisering av lokal, kystbasert sjømat, næringsutvikling og kulturformidling. Aktivitetar

• Auke omsetnaden av regionale sjømatprodukt i hotell- restaurant- og catering markedet samt i daglegvarehandelen.

• Utvikle og tydeleggjere sjømatprodukt for å betre det totale reiselivsproduktet i Norge og sikre at turistane får levert god kvalitet også på matopplevinga.

• Auke nyttingsgrada av allereie gjennomførte investeringar og fremme samarbeid, erfaringsutveksling og kompetanseoverføring mellom aktørane i bransjen og gjere bruk av den betydelege kompetansen som tildømes UIB, HI og NIFES har på dette området.

• Bidra til ein kontinuerleg kvalitets- og produktutviklingsprosess med vekt på å nytte det store mangfaldet av kystens ressursar.

Totalkostnad: 6.100.000 ( 1.700.000 frå HFK)

Start – slutt: 2005-2007

Kontakt: Odd Jordheim, 55554882 [email protected] Alexandra Krage Angell, 55 55 48 81 [email protected] Per Christian Valland, 55 55 48 96 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.sjomat.no og http://smakavkysten.no/

Page 33: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Sjømat for alle 2007. Bakgrunn og mål "Sjømat for alle" er eit publikumsarrangement og ein fagleg konferanse i Bergen der profilering av sjømat, sjømatprodukt og internasjonal marin forsking er sentrale element. Det er søkt om støtte til den faglege konferansen som i år skal omhandle helse og sjømat. Sjømat for alle skal stimulere næringa til å ta i bruk den stadig aukande kunnskapen om dei positive eigenskapane til sjømat som trygg, bærekraftig og sunn mat. Kunnskapen skal brukast i utvikling av produkt og kommunikasjonen ut til forbrukarane, spesielt retta mot barn og ungdom. I år skal dei tre matfestivalane samarbeide om felles arrangement i september. Aktivitetar

• Konferanse • Butikkaktivitetar • Open publikumsdag, forsking ut til forbrukar • Aktivitetar for born og unge

Totalkostnad: 1.450.000 (200.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Odd Jordheim, 55554882/99090049 [email protected] Midttveit, 55554880/92801315 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.sjomat.no

Page 34: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Strategi for auka verdiskaping for oppdretts-SMB'ar i ei brytningstid for norsk lakseoppdrett. Bakgrunn og mål Norsk oppdrettslaks vert i stor grad seld som eit ”bulk” produkt i eksportmarknadane. I dette prosjektet skal ein sjå på moglegheiter for differensiering og verdiskaping for små og mellomstore bedrifter i Hardanger. Ein skal undersøke grunnlaget for ei marknads- og produktutviklingsordning basert på visse kriteriar i samarbeid med oppdrettsbedrifter i Hardanger; og potensialet for verdiskaping gjennom differensieringsstrategiar som motstrategi til volumstrategien. Ein skal analysere strukturelle trekk ved lakseoppdrettsnæringa i Hardanger og undersøke interessa og motivasjonen for alternative produkttypar og produksjonsformer og moglege alliansepartnarar i andre næringar. Aktivitetar

• Førebuing til feltarbeid/datainnsamling og feltarbeid/datainnsamling. • Analyse av data frå feltarbeid og rapportskriving. • Formidling av resultat.

Totalkostnad: 500.000 (350.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Per Heum, 55959500 [email protected] Aarset, 55 95 95 09 [email protected] Inger Beate Pettersen, 55 95 94 41 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og www.snf.no

Page 35: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Utvikling av serveringstilbod og matpakkeløysing til Hardanger Akvasenter. Bakgrunn og mål Å utvikle eit menykonsept tilpassa kafeteria og eit lunchpakketilbod som kan lagast på førehand for bruk til møter ute på anlegget. Menyen skal vere lønsam, effektiv å produsere, i tråd med profilen på senteret og samtidig vere attraktiv for kundane. Prosjektet er nært knytt opp til ”Smak av kysten” prosjektet og skal vere pilot for kafe segmentet i dette prosjektet. Dersom konseptet vert vellukka kan det brukast i ein vidare samanheng på dagsturar med buss og båt, som møtemat osv. Aktivitetar

• Kartlegge råvarer/ leverandørar og tilrettelegge for ein god logistikk. • Kartlegge kjøkkenfasilitetar og utvikle kravspesifikasjon for kjøkkenløysing. • Menyutvikling og kompetansehevande opplæring. • Testing/ implementering/ kvalitetssikring av meny på staden. • Tilpasse lunsjboksar til visningsanlegget sin profil og utarbeide menyar med

ein god presentasjon av rettane. Totalkostnad: 509.950 (200.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Odd Jordheim, 55554882/99090049 [email protected] Krage Angell, 55554882/90977447 [email protected] Christian Valland, [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.hardanger-akvasenter.no/ og http://sjomat.no

Page 36: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Bondekaien i Steinstø. Bakgrunn og mål Betre infrastrukturen ved å ferdiggjere bondekaien i Steinstø i Fyksesund der ein no etablerer Hardanger Akvasenter, eit besøksanlegg der lakseoppdrett er tilrettelagt for turistbesøk. Kai med småbåthamn skal vere til nytte for Hardanger Akvasenter, Grunneigarar og reiselivet i området. Aktivitetar

• Organisere samarbeidet og byggje kaien. Totalkostnad: 330.000 (40.000 frå HFK)

Start – slutt: 2007

Kontakt: Jan Tjosås, Kvam kommune 56553027 / 92018912 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin og http://www.kvam.kommune.no/

Page 37: Marine prosjekter i Hordaland 2007

MARINE NÆRINGAR Visningsanlegg - akvakultur i Øygarden. Forprosjekt. Bakgrunn og mål Hordaland fylkeskommune og kystkommunane har i lengre tid arbeidd med å bruke lokale ressursar på kysten når det gjeld utvikling av lokal reiselivsnæring. Kystmuseet og Nordsjøløypa er døme på dette. Eit besøksanlegg vil vere eit nytt opplevingstilbod i området samtidig som næringa har trong for å bruke anlegg til profilering, formidling og kundepleie. Ein viktig trend i reiselivet er opplevingar knytta til lokal produsert mat og lokal matkultur. Eit visningsenter kan verte eit godt utstillingsvindauge for norsk havbruk og sjømatproduksjon i tilknytning til kystmuseet. Aktivitetar

• Kartleggje aktuelle interessentar. • Etablere eit eigedoms- og driftsselskap som skal søkje om konsesjon,

utvikle og drive visningssenteret. • Kartleggje aktuelle oppdrettslokalitetar og lokalitetar for eit

visningssenter i Øygarden. • Samarbeid med andre visningssentra i Hordaland. • Skissere ein modell/forretningsplan for ei lønsam drift av

utstillingskonsesjonen og visningssenteret. Totalkostnad: 310.000 (150.000 frå HFK)

Start – slutt: 2006-2007

Kontakt: Bernt Hjørnevik, 56382000 [email protected] Asbjørn Stavland, 95146623 [email protected] Meir informasjon: http://www.hordaland.no/marin, http://www.oygarden.kommune.no og http://www.norgesvel.no/

Page 38: Marine prosjekter i Hordaland 2007

SAMLA PROSJEKTLISTE TIDLEGARE OG PÅGÅANDE PROSJEKT 2004

• Hardanger Skjeldyrkarlag • NET-skjel Hordaland • Sjømat for alle • A taste of norwegian seafood - et sjømat- og reiselivsprodukt fra Norsk Sjømatsenter • Fangst og utnytting av berggylte både til rensefisk og matfisk • Fiskerihavneplan for Bergen • Sjømat for alle 2004 • Norsk Tradisjonsfisk i Bjørgvin 2004-2005 • STOCCAFISSO 2005 Tørrfiskfestival i Bergen 10-12. juni 2005 • Rensefisk i oppdrettsnæringen - Rio • Nettverk for kamskjelnæringa • NET-Østers • Utvikling av Mongstad Havbrukspark • Lærebok; behandling av fisk

2005

• Marine areal- og havbruksdata på internett • Berggylte utnyttet som matfisk • Trainee - kontaktstipend for studentar innan havbruk og vidareforedling av sjømat i Hordaland • Produktutvikling og design sjømat • Profilering av kystnorge og Vestnosk matkultur i utlandet • Skjellkonferansen 2006 • Norway Fish and Aqua Messe i Bergen - fellesstand • Registreringer av lakselus på tilbakevandrende postsmolt av sjøørret i Hardangerfjorden 2005 • Kvalitet i hele verdikjeden • Blåskjelnæringa på Vestlandet. Produksjonsnettverk, koordinering og kvalitetssikring • Bergen internasjonale Stoccafissofestival 2005 • Aqua Nor 2005 fellesstand for Vestlandet • Sjømat for alle 2005 • Møteplass Marin • Storskalaoptimalisering av lysstyring av oppdrettstorsk 2005-2008 (LYSTORSK) • Utvikling av verktøy for evaluering og gradering av kvalitet hos Norsk flatøsters (Kvalitetsøsters)

2006

• Nasjonalt senter for utvikling av fôr til nye marine oppdrettsartar i Bergen - Forprosjekt • Aktiv bekjempelse av Pancreas Disease (PD) i Hordaland • God fiskehelse i Nordhordland, etablere system for betre tilhøve m.o.t. lakselus • Sjømat for alle 2006 • Visningsanlegg for oppdrett av laks og aure i Øygarden • Fellesstand "Det marine Vestlandet" på Aqua Nor 2007 • Biomarint Industriseminar i Bergen 5 og 6. desember • Besøksanlegg og tilrettelegging for auka bruk av sjømat i Hardanger

Page 39: Marine prosjekter i Hordaland 2007

• Produktutvikling og design sjømat 2005-2006 • Smak av kyst • Kontaktstipend for studentar innna havbruk og vidareforedling av sjømat i Hordaland • TORSKENOT-Riktig valg av not til oppdrett av torsk • Utvikling av blåskjellnæringa i Hordaland-Forprosjekt • NET-østers Fase 2 (2006) • Informasjonskonferanse for blåskjellnæringa i Hordaland • "Frisk torsk" - forprosjekt • "Kompetanseutvikling i blåskjellnæringa-biomasseregistrering, kvalitet og logistikk • Møteplas marin 2006-07 • NCE - kompetansebasert havbruk • Konferanse "Det Marine Hordaland 2006" • NET-østers Fase 2 (2007) • Utvikling av GIS-verktøy for rasjonell havbruksplanlegging. Eit samarbeid på Vestlandet • "LYSTORSK-Storskala optimalisering av lysstyring av oppdrett av torsk" • TORSKENOT-Riktig valg av not til oppdrett av torsk • PROCOD • TORSKEHELSE-Kartlegging av sjukdomsagens i Hordaland • Markedsanalyse for stort kamskjell (Pecten maximus) • Kvalitetssystem i havbruksnæringa med fokus på fiskehelse • Kompetanseutvikling i blåskejllnæringa

2007

• Fellesstand "Det marine Vestlandet" på Aqua Nor 2007 • Utvikling av serveringstilbod og matpakkeløysing til visningsanlegg for havbruk i Hardanger • Sjømat for alle 2007 • Bondekaien i Steinstø • Profilering av vestnorsk sjømat på Slow Fish 2007 • Bergen Internasjonale Stoccafissofestival 2007 • Strategi for auka verdiskaping for oppdretts-SMB'er i ei brytningstid for norsk lakseoppdrett • Vannkvalitet for settefiskanlegg - laks • NET-østers-Fase 2 (2007-2008) • Gjenoppbygging av Vossolaksbestanden - Forprosjekt • Laksebiprodukt i torskefor • Helse og miljø i torskeoppdrett. samarbeid mellom produsenter i Sogn og Fjordane og Hordaland • Torskehelse-kartlegging av sjukdomsagens i Hordaland

Page 40: Marine prosjekter i Hordaland 2007

ARBEIDSLAG VERDISKAPING I KYSTSONA Inge Døskeland (gruppeleiar) 55 23 93 15 Siri Hanson (havbruk) 55 23 92 86 Jomar Ragnhildstveit (skjelsand, GIS) 55 23 93 08 Jan Hausken (sjømat, kystsone) 55 23 93 03 Stein Ottosen (kystkultur) 55 23 91 74 e-post: [email protected] Verdiskaping i kystsona Pb 7900 5020 Bergen Tel.: 55 23 93 06