meldingar dag og tid fredag 1. juli 2011 tek brodden frå døden · dylan steig fram i. men det kan...

1
MELDINGAR DAG OG TID FREDAG 1. JULI 2011 22 Tek brodden frå døden Dylan er 70. Den prekære ungdomslidenskapen er og må vera borte. Til gjengjeld har røysta hans gått over til dødsralling. KONSERT Bob Dylan BERGENHUS FESTNING/KOENGEN, 29. JUNI Bob Dylans kunstnarlege høgde- punkt vart nådd i perioden 1963– 66. Det kan vera at han reint musikalsk kan levera meir avan- serte ting no enn den gongen. Men Dylan er ikkje berre musi- kar. Han er kanskje endå meir poet. Dessutan spela han ei viktig historisk rolle i kulturoppbrotet i 1960-åra. Nedslaget hans som røyst for ein epoke og eit kultur- oppbrot var i si tid så sterkt at berre dei historielause kan klara å oppfatta Dylan av i dag utan bakteppet frå Dylan i 1960-åra. Eg veit ikkje kor mange av dei 14.000–15.000 menneska som er møtte fram for å høyra Dylan på Koengen i Bergen sentrum ons- dag kveld, hugsar den epoken Dylan steig fram i. Men det kan ikkje vera få. Dei fleste rundt meg er over seksti, men nokre har òg med seg vaksne born, som har arva interessa foreldra har for den store, vesle mannen frå Minnesota. DEN HISTORISKE KONTEKSTEN Lat oss repetera stemninga Dylan voks fram i. Då amerika- narane sleppte dei fyrste kjerne- fysiske sprengladningane over Hiroshima og Nagasaki i 1945, avslutta dei den andre verdskri- gen og starta den tredje. Etter at Sovjetunionen utvikla atomvå- pen i 1949, levde menneska i pre- kær frykt for utbrotet av ein krig som kunne øydeleggja verda. Den fiendslege freden mellom dei to supermaktene var tufta på at dei kunne utsletta kvarandre. Krigen kunne ikkje bryta ut så lenge redsla for eigen undergang var like stor hjå begge. Det var dette ein treffande kalla «redselsbalansen». Jorda var dominert av to krigarar med kvar sin ladde pistol hardt pressa mot tinningen til den andre. Ein aug- neblinks manglande merksemd var likt med døden. Denne gjensi- dige gisselsituasjonen polariserte all politisk tenkjing og handling, lamma refleksjon og dialog og fraus fast den kulturelle og poli- tiske utviklinga. Det einaste som gjekk framover i åra etter 1945, var teknologien og økonomien. EIN MARGINAL OPPOSISJON Under, eller i utkanten av denne nedfryste verda av krig, konsum og kristendom, var det ein margi- nal opposisjon. Nokre av dei som nådde tenåra rundt 1950, sette seg instinktivt imot verdsbile- tet til den kalde krigen. Kanskje førde dei konstante trugsmåla om atomkrig til at dei søkte sjølv- realisering og verdsinnsikt med dødsforakt. I alle fall omfamna dei destruktive krefter i leitinga etter meining, erkjenning og personleg fridom. Alkoholisme, stoffmisbruk og andre grense- ritt vart knytte til poesi, musikk og revolusjonær politikk. Det var som om kvardagens redsels- balanse hadde ein så hypnotisk verknad at ein berre kunne riva seg laus i løynd av nattemørkret. Viktige litterære uttrykk for denne nattas opposisjon var Jack Kerouacs On the Road og Allan Ginsbergs Howl, begge frå midten av 1950-åra. Særleg Ginsbergs prosadikt er eit fabel- aktig uttrykk for den elendsro- mantikken som prega retninga. Desse kunstnarlege og eksisten- sielle avvikarane opplevde den nøkterne kvardagsverda som «Molok», ein velordna helheim der ikkje berre åtferda, men òg tankane og kjenslene var masse- produserte og fjernstyrde. Den vestlege verda vart sedd på som eit mentalt skrekkvelde ein berre kunne sleppa unna gjennom risi- kabel praksis utanfor lov og sed- vane og ved å venda seg til orien- talske religiøse tradisjonar. Gal- skap og svolt, sjølvmord og rus, promiskuitet og arbeidsløyse, buddhisme og hinduisme, likt og ulikt, berre langt nok vekk frå vestlege riksvegar, vart rekna som middel til og teikn på opply- sing og innsikt. LJOSBERARANE Allan Ginsberg fortel at han nett var komen heim frå India i 1962– 63 då han for fyrste gong fekk høyra ein song av den då ukjende Bob Dylan. Songen var «A Hard Rain’s A-Gonna Fall». Idet han lytta til teksten, brast han i gråt, «fordi det syntest som om fakke- len hadde vorte gjeven vidare til ein ny generasjon frå den tidle- gare bohem- eller beat-rørsla i strevet etter illumasjon og per- sonleg frigjering». Både reaksjonen og ordvalet til Ginsburg seier noko om kor- leis denne randgruppa i vestleg etterkrigskultur opplevde seg sjølv: Dei bar på ein fakkel, eit ljos i mørkret, som vitne for ei indre sanning i ei forfalska verd. Dei var uorganiserte «illumi- nati», verkelege opplysingsmenn i mystisk-religiøs meining. Bohe- men, beatnikane og hippiane oppfatta seg sjølve som utvalde ljosberarar i ei formørkt tid. Det var denne sjølvmedvitne tonen av utval og frelse som Ginsburg høyrde i songen til Dylan. TO DYLAN Kan ein enno høyra denne tonen i ei Dylan-røyst som verkar best skikka til bruk i anti-røykjekam- panjar? Dét kan ein, fordi den eldre Dylan ikkje kan fri seg frå den yngre. Den yngre følgjer den eldre som ein skugge, særleg fordi Dylan frå 2011 ikkje berre spelar Bob Dylans songar frå 1960-åra, men parafraserer dei, spelar dei om, nokre gonger på eit vis som mest parodierer dei. Men fordi det er han sjølv som spelar seg sjølv, oppstår eit mer- keleg spel på scena, men òg for tilskodarane: Det er som om vi saman med Dylan minnest dei klassiske, revolusjonære song- ane ved hjelp av dei nye versjo- nane som minner om dei gamle, og med ei anna røyst, som sam- stundes er den same røysta, men annleis. Eg står og ventar på «A Hard Rain’s A-Gonna Fall», som han på denne turneen har spela i Odense og Tel Aviv. Korleis vil denne drastiske profetien frå 1963 høyrast ut i 2011? EIN APOKALYPTISK SONG «Hard Rain» er ein tekst i bibelsk stil. Han gjev att ein openber- ringssekvens om ei nært førestå- ande verdskrise. Eit ungt men- neske har nådd til denne mektige rada av openberringar gjennom store og risikable lidingar i sam- funnet og sinnsutkantane. Les ein teksten i dag, verkar han nokså open. Det er snakk om ein som har gått og krabba langs krokute motorvegar, gjennom djupe sko- gar og svære gravplassar og sett «eit nyfødt barn med ville ulvar ikring» eller «ein kvit stige under vatn», «brølet av ei flodbølgje som kunne drukna all verda» eller «ti tusen som kviskra og ingen som lytta» osb. Stemninga er drama- tisk og minner mest av alt om slike symbolske prøvingar det vert fortalt om frå mysteriesku- lane og frimurarritane i oldtida. Men denne retorisk sugges- tive songen fekk ein eineståande funksjon gjennom den samtidige Cuba-krisa. Då motsetninga mel- lom USA og Sovjetunionen til- spissa seg til randa av atomkrig i 1963, vart den mystiske symbo- likken i «Hard Rain» tolka poli- tisk. Med eitt slag vart den 22 år gamle Dylan sett fram som pro- fet for eit politisk generasjons- opprør, ei rolle som Dylan sjølv forsterka med albumet The Times They Are a-Changin i 1964. Då karrieren hans vart komet- aktig i meir enn éi meining i 1965–66, vart det klårt poli- tiske trengt vekk av kampen for å overleva på eit personleg og metafysisk plan. Det profe- tiske preget vart ikkje svakare av at det visjonære høgdepunk- tet strekte seg frå hausten 1963 til hausten 1966, tre år og altså ein tidbolk etter målet av dei tre verkeåra til Kristus frå Johannes- dåpen til krossfestinga. Som om ikkje dette var gale nok, avrunda Dylan dei tre profetåra sine med ei livstrugande motorsykkel- ulukke, som om den kunstnar- lege lagnaden hans hadde vorte dana etter ein evangelisk mal. NÆRVÆRET SIKRAR MAGIEN Endå den klassiske Dylan natur- legvis har vorte borte saman med heile 1960-talet, står han i ei viss meining opp att og er til stades – det er jo den same personleg- domen som står og syng nokre meter lenger framme, med lett regn ovanifrå. Nærværet hans sikrar magien. Men merkeleg er det å høyra «Rainy Day Woman # 12 & 35», som konserten opnar med; ein høyrer originalversjo- nen som undertone eller bak- teppe, og det lèt seg ikkje nekta at songen no har fått eit islett av eldrekos. Dylan er 70. Den pre- kære ungdomslidenskapen er og må vera borte. Til gjengjeld har røysta hans Den yngre følgjer den eldre som ein skugge, særleg fordi Dylan frå 2011 ikkje berre spelar Bob Dylans songar frå 1960- åra, men parafraserer dei, spelar dei om, nokre gonger på eit vis som mest parodi- erer dei. Det mytisk-religiøse innslaget hos Dylan er synleg òg på konsertane hans. Det er lagt inn i scenografien. Sc

Upload: lekiet

Post on 26-Jul-2019

215 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: meldingar dag og tid Fredag 1. juli 2011 Tek brodden frå døden · Dylan steig fram i. Men det kan ikkje vera få. Dei fleste rundt meg er over seksti, men nokre har òg med seg

meldingar dag og tid Fredag 1. juli 201122

Tek brodden frå dødenDylan er 70. Den prekære ungdomslidenskapen er og må vera borte. Til gjengjeld har røysta hans gått over til dødsralling.konsertBob dylanBergenhus festning/Koengen,

29. juni

Bob Dylans kunstnarlege høgde-punkt vart nådd i perioden 1963–66. Det kan vera at han reint musikalsk kan levera meir avan-serte ting no enn den gongen. Men Dylan er ikkje berre musi-kar. Han er kanskje endå meir poet. Dessutan spela han ei viktig historisk rolle i kulturoppbrotet i 1960-åra. Nedslaget hans som røyst for ein epoke og eit kultur-oppbrot var i si tid så sterkt at berre dei historielause kan klara å oppfatta Dylan av i dag utan bakteppet frå Dylan i 1960-åra.

Eg veit ikkje kor mange av dei 14.000–15.000 menneska som er møtte fram for å høyra Dylan på Koengen i Bergen sentrum ons-dag kveld, hugsar den epoken Dylan steig fram i. Men det kan ikkje vera få. Dei fleste rundt meg er over seksti, men nokre har òg med seg vaksne born, som har arva interessa foreldra har for den store, vesle mannen frå Minnesota.

den historiske kontekstenLat oss repetera stemninga Dylan voks fram i. Då amerika-narane sleppte dei fyrste kjerne-fysiske sprengladningane over Hiro shima og Nagasaki i 1945, avslutta dei den andre verdskri-gen og starta den tredje. Etter at Sovjetunionen utvikla atomvå-pen i 1949, levde menneska i pre-kær frykt for utbrotet av ein krig som kunne øydeleggja verda. Den fiendslege freden mellom dei to supermaktene var tufta på at dei kunne utsletta kvarandre. Krigen kunne ikkje bryta ut så lenge redsla for eigen undergang var like stor hjå begge.

Det var dette ein treffande kalla «redselsbalansen». Jorda var dominert av to krigarar med kvar sin ladde pistol hardt pressa mot tinningen til den andre. Ein aug-

neblinks manglande merksemd var likt med døden. Denne gjensi-dige gisselsituasjonen polariserte all politisk tenkjing og handling, lamma refleksjon og dialog og fraus fast den kulturelle og poli-tiske utviklinga. Det einaste som gjekk framover i åra etter 1945, var teknologien og økonomien.

ein marginal opposisjonUnder, eller i utkanten av denne nedfryste verda av krig, konsum og kristendom, var det ein margi-nal opposisjon. Nokre av dei som nådde tenåra rundt 1950, sette seg instinktivt imot verdsbile-tet til den kalde krigen. Kanskje førde dei konstante trugsmåla om atomkrig til at dei søkte sjølv-realisering og verdsinnsikt med dødsforakt. I alle fall omfamna dei destruktive krefter i leitinga etter meining, erkjenning og personleg fridom. Alkoholisme, stoffmisbruk og andre grense-ritt vart knytte til poesi, musikk og revolusjonær politikk. Det var som om kvardagens redsels-balanse hadde ein så hypnotisk verknad at ein berre kunne riva seg laus i løynd av nattemørkret.

Viktige litterære uttrykk for denne nattas opposisjon var Jack Kerouacs On the Road og Allan Ginsbergs Howl, begge frå midten av 1950-åra. Særleg Ginsbergs prosadikt er eit fabel-aktig uttrykk for den elendsro-mantikken som prega retninga. Desse kunstnarlege og eksisten-sielle avvikarane opplevde den nøkterne kvardagsverda som «Molok», ein velordna helheim der ikkje berre åtferda, men òg tankane og kjenslene var masse-produserte og fjernstyrde. Den vestlege verda vart sedd på som eit mentalt skrekkvelde ein berre kunne sleppa unna gjennom risi-kabel praksis utanfor lov og sed-vane og ved å venda seg til orien-talske religiøse tradisjonar. Gal-skap og svolt, sjølvmord og rus, promiskuitet og arbeidsløyse, buddhisme og hinduisme, likt og ulikt, berre langt nok vekk frå vestlege riksvegar, vart rekna

som middel til og teikn på opply-sing og innsikt.

ljosBeraraneAllan Ginsberg fortel at han nett var komen heim frå India i 1962–63 då han for fyrste gong fekk høyra ein song av den då ukjende Bob Dylan. Songen var «A Hard Rain’s A-Gonna Fall». Idet han lytta til teksten, brast han i gråt, «fordi det syntest som om fakke-len hadde vorte gjeven vidare til ein ny generasjon frå den tidle-gare bohem- eller beat-rørsla i strevet etter illumasjon og per-sonleg frigjering».

Både reaksjonen og ordvalet til Ginsburg seier noko om kor-leis denne randgruppa i vestleg etterkrigskultur opplevde seg sjølv: Dei bar på ein fakkel, eit ljos i mørkret, som vitne for ei indre sanning i ei forfalska verd. Dei var uorganiserte «illumi-nati», verkelege opplysingsmenn i mystisk-religiøs meining. Bohe-men, beatnikane og hippiane oppfatta seg sjølve som utvalde ljosberarar i ei formørkt tid. Det var denne sjølvmedvitne tonen av utval og frelse som Ginsburg høyrde i song en til Dylan.

to dylanKan ein enno høyra denne tonen i ei Dylan-røyst som verkar best skikka til bruk i anti-røykjekam-panjar? Dét kan ein, fordi den eldre Dylan ikkje kan fri seg frå den yngre. Den yngre følgjer den eldre som ein skugge, særleg fordi Dylan frå 2011 ikkje berre spelar Bob Dylans songar frå 1960-åra, men parafraserer dei, spelar dei om, nokre gonger på eit vis som mest parodierer dei.

Men fordi det er han sjølv som spelar seg sjølv, oppstår eit mer-keleg spel på scena, men òg for tilskodarane: Det er som om vi saman med Dylan minnest dei klassiske, revolusjonære song-ane ved hjelp av dei nye versjo-nane som minner om dei gamle, og med ei anna røyst, som sam-stundes er den same røysta, men annleis. Eg står og ventar på «A Hard Rain’s A-Gonna Fall», som han på denne turneen har spela i Odense og Tel Aviv. Korleis vil denne drastiske profetien frå 1963 høyrast ut i 2011?

ein apokalyptisk song«Hard Rain» er ein tekst i bibelsk stil. Han gjev att ein openber-ringssekvens om ei nært førestå-ande verdskrise. Eit ungt men-neske har nådd til denne mektige rada av openberringar gjennom store og risikable lidingar i sam-funnet og sinnsutkantane. Les

ein teksten i dag, verkar han nokså open.

Det er snakk om ein som har gått og krabba langs krokute motorvegar, gjennom djupe sko-gar og svære gravplassar og sett «eit nyfødt barn med ville ulvar ikring» eller «ein kvit stige under vatn», «brølet av ei flodbølgje som kunne drukna all verda» eller «ti tusen som kviskra og ingen som lytta» osb. Stemninga er drama-tisk og minner mest av alt om slike symbolske prøvingar det vert fortalt om frå mysteriesku-lane og frimurarritane i oldtida.

Men denne retorisk sugges-tive songen fekk ein eineståande funksjon gjennom den samtidige Cuba-krisa. Då motsetninga mel-lom USA og Sovjetunionen til-spissa seg til randa av atomkrig i 1963, vart den mystiske symbo-likken i «Hard Rain» tolka poli-tisk. Med eitt slag vart den 22 år gamle Dylan sett fram som pro-fet for eit politisk generasjons-opprør, ei rolle som Dylan sjølv forsterka med albumet The Times They Are a-Changin i 1964.

Då karrieren hans vart komet-aktig i meir enn éi meining i 1965–66, vart det klårt poli-tiske trengt vekk av kampen for å overleva på eit personleg

og metafysisk plan. Det profe-tiske preget vart ikkje svakare av at det visjonære høgdepunk-tet strekte seg frå hausten 1963 til hausten 1966, tre år og altså ein tidbolk etter målet av dei tre verkeåra til Kristus frå Johannes-dåpen til krossfestinga. Som om ikkje dette var gale nok, avrunda Dylan dei tre profetåra sine med ei livstrugande motorsykkel-ulukke, som om den kunstnar-lege lagnaden hans hadde vorte dana etter ein evangelisk mal.

nærværet sikrar magienEndå den klassiske Dylan natur-legvis har vorte borte saman med heile 1960-talet, står han i ei viss meining opp att og er til stades – det er jo den same personleg-domen som står og syng nokre meter lenger framme, med lett regn ovanifrå. Nærværet hans sikrar magien. Men merkeleg er det å høyra «Rainy Day Woman # 12 & 35», som konserten opnar med; ein høyrer originalversjo-nen som undertone eller bak-teppe, og det lèt seg ikkje nekta at songen no har fått eit islett av eldrekos. Dylan er 70. Den pre-kære ungdomslidenskapen er og må vera borte.

Til gjengjeld har røysta hans

Den yngre følgjer den eldre som ein skugge, særleg fordi Dylan frå 2011 ikkje berre spelar Bob Dylans songar frå 1960-åra, men parafraserer dei, spelar dei om, nokre gonger på eit vis som mest parodi-erer dei.

Det mytisk-religiøse innslaget hos Dylan er synleg òg på konsertane hans. Det er lagt inn i scenografien. Sceneteppet syner Guds altsjåande auga. Foto: Scanpix