p for plass

10
Foto: Scanpix P for plass

Upload: ndla

Post on 30-Jun-2015

577 views

Category:

Education


4 download

TRANSCRIPT

Page 1: P for plass

Foto: Scanpix

P for plass

Page 2: P for plass

Foto: Scanpix

I marknadsføringsfaget er plass det same som distribusjon. Distribusjon omfattar avgjerder om

• kva strok som passar produkta• korleis ein vil plassere seg i forhold til konkurrentane• kor mange og kva typar mellomledd ein vil ha i distribusjonskanalen• kva for transportform ein skal velje• kva lagerhald som passar produkta• kor lett tilgjengelege ein ønskjer at varene skal vere

Tenk deg at du skal opne ein butikk som sel eksklusive merkeklede. Kva slags nabobutikkar ønskjer du deg, og kvifor?

Kva er plass?

Page 3: P for plass

Foto: Scanpix

Desse avgjerdene dannar distribusjons-strategien til bedrifta.

Distribusjonsavgjerder

Distribusjonsavgjerder handlar om• kva slags distribusjonskanalar ei bedrift skal velje• om bedrifta skal ha direkte eller indirekte distribusjon• kor lett tilgjengelege ein ønskjer at varene skal vere

Page 4: P for plass

Foto: Scanpix

Ein distribusjonskanal er vegen eit produkt tek frå produsent til forbrukar.

Vegen blir skildra av kva for type og kor mange mellomledd han har.

produsent grossist detaljist

Kort eller lang veg til kunden? Kva er best?

Distribusjonskanalar

Page 5: P for plass

Foto: Scanpix

Direkte distribusjonVara går direkte frå produsent til forbrukar, utan mellomledd.

Indirekte distribusjonVara går frå produsent til kunde via eitt eller fleire mellomledd.

Diskuter fordelar og ulemper med direkte og indirekte distribusjon.

Direkte og indirekte distribusjon

Page 6: P for plass

Foto: Scanpix

Grossistar er mellomhandlarar som kjøper inn for vidaresal til bedriftsmarknaden. Dei kan, men treng ikkje, spesialisere seg på eitt produktområde.

Detaljistar er butikkar som sel til forbrukarar.

Agentar er salsformidlarar.

Kommisjonærar sel produkt for andre i sitt eige namn.

Kjenner du til ein detaljist som ikkje spesialiserer seg innan eitt produktområde?

Kanalmedlemmer

Page 7: P for plass

Foto: Scanpix

Intensiv distribusjon: Ein kan få tak i produktet «overalt».

Selektiv distribusjon: Ein kan få tak i produktet i ein del utvalde butikkar.

Eksklusiv distribusjon: Ein kan berre få tak i produktet i heilt spesielle butikkar.

Finn døme på eit produkt du meiner har eksklusiv distribusjon, og eit produkt som har intensiv distribusjon.

Er det noko meir enn distribusjonsgraden som skil dei to produkta frå kvarandre?

Distribusjonsgrad

Page 8: P for plass

Foto: Scanpix

Alle har behov for å få utført nokre basisfunksjonar, som til dømes

o rekneskapo marknadsføringo innkjøp

Ein oppnår skalafordelar eller stordriftsfordelar når fleire samarbeider om desse basisfunksjonane.

Forklar korleis fleire butikkar kan gå saman om marknadsføring.

Kjedesamarbeid

Page 9: P for plass

Foto: Scanpix

Horisontal integrasjonButikkar på same nivå i distribusjonskjeda inngår eit samarbeid eller får same eigar.

Vertikal integrasjonButikkar på ulikt nivå i distribusjonskjeda inngår eit samarbeid eller får same eigar.

Nemn ein butikk du kjenner som er horisontalt integrert.

Horisontal og vertikal integrasjon

Page 10: P for plass

Foto: Scanpix

Frivillige kjederEit samarbeid mellom butikkar under eit felles namn, samtidig som kvar butikk bevarer den lokale tilknytinga og det lokale preget sitt.

Filialføretak Ei gruppe detaljhandelsbedrifter som har same eigar og er underlagt ei sentral leiing og kontroll.

Franchise-kjederEit samarbeid mellom ei verksemd som låner bort eit innarbeidd konsept eller varemerke til forhandlarar som tek eit sjølvstendig ansvar for drift og økonomisk resultat.

Adhoc-alliansarFleire aktørar samarbeider om å levere eit produkt, men avsluttar samarbeidet når produktet er levert.

Nemn eit filialføretak du kjenner.

Fire typar kjedesamarbeid