prinsessa på erta

13

Upload: det-norske-samlaget

Post on 25-Jul-2016

239 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Leseland. Nivå tre. Av Sarah Davidson og Mike Gordon (ill.).

TRANSCRIPT

Page 1: Prinsessa på erta
Page 2: Prinsessa på erta
Page 3: Prinsessa på erta

Basert på eit eventyr av H.C. ANDERSEN

Gjenfortalt avSUSANNA DAVIDSON

Illustrert av MIKE GORDON

Frå engelsk ved BRIT BILDØEN

Samlaget OSLO 2016

på erta rinsessaP på erta rinsessaP

Page 4: Prinsessa på erta

Innhald

KApITTEL 1 Den kresne prinsen 6

KApITTEL 2 På besøk hos heksa 16

KApITTEL 3 Prinsesse Pavlova 26

KApITTEL 4 Ei ekte prinsesse 32

6 7

Page 5: Prinsessa på erta

KApITTEL 1

Den kresne prinsen

Det var ein gong ein prins som hadde så lyst til å gifte seg med ei prinsesse. Men han ville ikkje ha kva prinsesse som helst. Han ville ha ei ekte prinsesse.

Dette er prinsesse Kornelia,

Høgvørde Prins.

6 7

Page 6: Prinsessa på erta

Ikkje ei einaste av prinsessene var bra nok.

«Kva er det som er i vegen med dei, Preben?» klaga far hans, kongen. «Eg har snart ikkje fleire prinsesser å vise deg.»

Er dei for gamle? For høge? For hårete?

8 9

Page 7: Prinsessa på erta

«Eg kan ikkje vere sikker på at dei er ekte», sukka prins Preben. «Eg må ut og finne ei på eiga hand.»

«Du får gjere akkurat det du vil, venen», sa dronninga, som hadde skjemt han grundig bort.

Berre det beste er godt nok for

prinsegullet mitt.

Mamma!

8 9

Page 8: Prinsessa på erta

Neste dag la prins Preben ut på ei reise verda rundt, på jakt etter ei ekte prinsesse.

Ferdig, Finn?

Eg trur handa mi sit fast.

Han tok med seg tolv koffertar, ti par sko, ei reservekrone, og fetteren sin, Finn.

10 11

Page 9: Prinsessa på erta

«Farvel, elskling», skreik dronninga og tørka vekk ei tåre med silkelomme-tørkleet sitt.

Ikkje gløym å halde deg varm … Og puss

tennene!

Det går bra! Slutt med det maset.

10 11

Page 10: Prinsessa på erta

Dei hadde ikkje reist langt før dei høyrde eit høgt nys under setet.

«Kven der?» ropte prinsen.

Ein liten skapning kraup ut.

Det er Pia!

«Er ikkje du tenestejente på slottet?» sa prins Preben.

12 13

Page 11: Prinsessa på erta

Pia nikka.

«Vel, kva gjer du her?» spurde prinsen.

«Eg har lyst til å sjå verda», sa Pia. «Eg har vore på slottet heile livet – heilt sidan eg var baby og blei etterlaten på trappa.»

Eg vil ut på eventyr!

Ho raudna. «Og kokka er rasande fordi eg svidde puddingen», la ho til.

12 13

Page 12: Prinsessa på erta

«Vel, du kan ikkje bli med oss», sa Finn. «Dette er eit eventyr berre for gutar.»

Du kjem til å bli skremd og får lyst

til å dra heim.

«Vi kan ikkje snu no», sa prins Preben. «Ho må berre bli med oss.»

Nei, det blir eg ikkje! Eg er like modig som deg.

14 15

Page 13: Prinsessa på erta

Pia gliste til Finn.

«Greitt», heldt prins Preben fram. «Første stopp er huset til den vonde heksa.»

Finn såg sjokkert ut. «Du tullar?»

Ho kjem til å ete oss levande!» Kven er redd no?

Prins Preben rista på hovudet.

«Heksa veit sikkert korleis ein finn ei ekte prinsesse. Ho er det beste håpet eg har …»

14 15