program 2015 – 2019 lÆrdal hØgre...satsingsomrÅder for lÆrdal hØgre i perioden 2015 – 2019...

6
Program 2015 – 2019 LÆRDAL HØGRE heile Lærdal Gode idéar og betre løysingar

Upload: others

Post on 09-Jul-2020

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Program 2015 – 2019LÆRDAL HØGRE

heile Lærdal

Gode idéar og betre løysingar

SATSINGSOMRÅDER FOR LÆRDAL HØGRE I PERIODEN 2015 – 2019Utvikling av eit variert og bærekraftig næringsliv, kulturliv, samt gode leve og buområder, er viktig for at eit bygdesamfunn som Lærdal skal bidra til vekst og tilflytting. Lærdal Høgre vil at Lærdal kommune og Lærdal Næringsutvikling as skal være ein aktiv og positiv tilretteleggar for at skaparkraft, initiativ og kreativitet skal blomstre i eksisterande og ny næring.

Gode tilhøve for unge og eldre er avgjerande for eit levande bygdesamfunn. Lærdal Høgre vil arbeide for gode oppvekstvilkår, med gode skular og barnehagar, samt være med å utvilkle det beste helse og omsorgstilbodet for innbyggarane.

Godt utbygd kommunikasjonsnett er svært viktig for utvikling av næringslivet, og er samstundes ein trivselsfaktor for innbyggjarane. Utnytte den geografiske beliggenheita til Lærdal, og arbeide for at Lærdal får ein sentral posisjon i framtidig kommunesamarbeid og kommunesamanslåing.

ØKONOMILÆRDAL HØGRE vil til ei kvar tid stø tiltak som gjer kommunen sine tenester, servicetilbod og investeringar meir effektive og kostnadsbesparande.

LÆRDAL HØGRE vil arbeide for:• At Lærdal kommune skal ha ein bærekraftig og sunn økonomi.

• Konkurranseutsette tenester dersom dette er teneleg.

• At Lærdal kommune har konkurransedyktige kommunale avgifter og gebyr.

• At det ikkje blir innført eigedomsskatt på bustader

• Å sjå på moglegheita for å drifte noko av den kommunale eigedomsmassen som eige driftsselskap

AREALFORVALTNINGI kommuneplanen er strategien og ramma for drift av kommunen trekt opp for dei nærmaste åra. Derfor vil Lærdal Høgre prioritere revisjonen av kommuneplanen. Dette er ei rette- snor for utviklinga framover.

LÆRDAL HØGRE ser at bustader og næring går hand i hand, og derfor vil me at det blir utvikla bustadområder som gjev alle moglegheiter til å bu og arbeide i kommunen.

SAMFERDSLELÆRDAL HØGRE vil arbeida for:• Å sikre trygge og gode tilbod for alle trafikkantar.

• Nødvendig opprusting og godt vedlikehald av kommunale vegar.

• Gode kollektive tilbod til bygdefolk, pendlarar og skuleelevar.

• Stø opp om RV52 over Hemsedalsfjellet og sikre finansiering E16 i tunell forbi Ljøsne.

• Vidareutvikling av Håbakken som nasjonalt knutepunkt.

NÆRINGSLIV• At kommunen i samarbeid med LNU skal legge til rette for vekst og utvikling av

eksisterande og nye verksemder.

• Å bruke lokale ressursar for å styrkje utviklinga av lokalt næringsliv.

• Samarbeide tett med nabokommunar kring bustad- og næringspolitikk.

KULTUR OG REISELIVLærdal HØGRE vil arbeida for å utvikle Lærdal til ei attraktiv kulturbygd som fremjar trivsel og som aukar attraksjonskrafta for tilflytting.

Lærdal er ein reiselivskommune med lang historie, og LÆRDAL HØGRE vil stø opp kring ei vidare utvikling i denne bransjen.

LÆRDAL HØGRE vil arbeide for:• At Lærdal skal satse på utvikling og innova-

sjon med utgangspunkt i natur- og kultur- arven vår.

• Å sikre kulturarven gamle Lærdalsøyri, Borgund Stavkyrkje og Kongevegen og an-dre historiske vegtraséar og kulturminner.

• Oppretthalde og vidareutvikle Kulturskulen, og legge til rette for gode og utviklande tilhøve for barn og ungdom.

• Å vidareutvikle Lærdal som marknadsbygd. At arrangement som til dømes Lærdals-marknaden, Haustmarknaden, festivalar og andre arrangement etc. blir oppretthaldne og vidareutvikla i ei form som gagnar Lærdal.

• Stø opp kring drift og aktivitetar i frivillige lag og organisasjonar.

HELSE OG OMSORGLærdal Høgre vil arbeide for å styrke Lærdal Lokalmedisinsk senter i saman med Lærdal Sjukehus.

LÆRDAL HØGRE vil arbeide for at kommunen har trivelege møtestader og aktivitetar for alle.

LÆRDAL HØGRE går inn for å:• Oppretthalde og vidareutvikle tilboda på Lærdal Sjukehus.

• Styrke arbeidet kring Doktorheimen aktivitetssenter.

• Brukarmedverknad i eldreomsorgen i kommunen.

• Fremme bruk av teknologiske hjelpemiddel i helse- og omsorgstenesta.

• Å sikre førebyggande tiltak for alle.

• Å jobbe for styrking av alle habiliterings- og rehabiliteringstiltak.

• Jobbe for å få til gode tilbod på tvers av kommunegrensene for ressurskrevjande brukarar.

• Fremme tiltak som styrkar folkehelsa.

• Følgje opp arbeidet med busetting av flyktningar

OPPVEKSTLÆRDAL HØGRE vil prioritere kvalitet og kunnskap i barnehage og skule, med trygge og gode oppvekstvilkår som råme.

LÆRDAL HØGRE vil arbeide for at:• Eit godt og utviklande barnehagetilbod.

• Skulane og barnehagane i Lærdal har den beste kvaliteten, og er ein føregangs- kommune å vekse opp i.

• Alle har ein god og trygg skuleveg.

• Oppmuntre til at entreprenørskap i skulen blir prioritert i samarbeid med næringslivet.

• Felles læreverk og tettare samarbeid på tvers av skulane.

• Lærdal har eit godt utvikla SFO-tilbod for alle som treng det.

• Følgje tilrådingar gitt i skulebruksplan for å fremje det beste opplæringstilbodet for ungane i Lærdal.

MILJØLÆRDAL HØGRE vil at kommunen skal vera blant dei leiande når det gjeld å løysa miljø-problem og å skapa gode tilhøve for innbyggjarane. Den grøne bygda; at det er ein heilskapleg miljøtankegang i kommunen.

LÆRDAL HØGRE vil arbeide for:• Å legge til rette for alternative oppvarmingskjelder.

• Å gjennomføre Energiøkonomiseringstiltak på kommunale bygg.

• Legge til rette for at både kommunale og private verksemder blir miljøsertifisert.

• Aktiv samarbeid med t.d. Simas for å betre innovasjonsevna og miljøarbeidet kring avfall.

• Incentiv for miljøbevisste verksemder.

• Oppfølging av revisjon av klima- og energiplan til Lærdal kommune.

Nei til Eigedomskatt – Ja til Eigedomsrett

1. Trond Øyen EinemoOrdførarkandidat

2. Frøydis Helland

3. Knut Opdal

4. Brita Einemo

5. Øystein Lysne

6. Lise Cirotzki

Kandidatane våreLærdal

Ordførarkandidat Trond Øyen EinemoMobil: 91 62 00 [email protected]

NA

TV

IK, F

LOR

Ø

1 Trond Øyen Einemo 1971 Øyri 2 Frøydis Helland 1974 Ljøsne 3 Knut Opdal 1974 Borgund 4 Brita Einemo 1979 Øyri5 Øystein Lysne 1983 Ljøsne6 Lise Cirotzki 1968 Øyri7 Jarle Molde 1946 Øyri 8 Vilhelm Rumohr 1962 Frønningen9 Jon E. Tamnes 1962 Øyri

10 Guri Olsen 1976 Øyri 11 Truls Ringø 1970 Ljøsne12 Olav Haugen 1976 Øyri13 Kjell Rune Humborstad 1981 Borgund14 Oskar Brugrand 1937 Ljøsne15 Rune Einemo 1967 Øyri16 Robert Øyen Einemo 1969 Øyri17 Gerd A. Skalle 1949 Øyri18 Kaare Helland 1940 Ljøs

Eit kommuneval er like mykje eit personval enn eit partival. Høgre har mange på si liste som har lang erfaring med t.d. politisk arbeid, og som har vist både handlekraft og vilje til å satse. Med utfordring- ane Lærdal kommune står framfor er det avgjerande at veljarane stemmer på det partiet dei trur vil fremje Lærdal sine interesser best dei kommande åra.

Godt val!

GLØYM IKKJE Å BRUKE FYLKESTINGSLISTA!FylkesordførarkandidatNORALV DISTADAurland