rapporten er utarbeidd pÅ oppdrag frÅ · to siste åra har vi gjennomført oppdrag for ei rad...

8
ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren: KRAV, TRENDAR OG FORSLAG RAPPORTEN ER UTARBEIDD PÅ OPPDRAG FRÅ

Upload: others

Post on 30-Jan-2021

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • ESGMiljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren:

    KRAV, TRENDAR OG FORSLAG

    RAPPORTEN ER UTARBEIDD PÅ OPPDRAG FRÅ

  • 2 • ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige forhold i finanssektoren: KRAV, TRENDER OG FORSLAG 3 • FORVENTNINGER FRA TILSYNSMYNDIGHETENE

    InnleiingDenne rapporten oppsummerer dei sentrale og gjeldande krava til bank-, kapital-forvaltings- og forsikringsføretak når det gjeld miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve. Rapporten foreslår òg korleis bankane og selskapa i alliansen, og SpareBank 1 Gruppen, kan arbeida vidare med slike tema.

    Tradisjonelt har handtering av miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve (ofte omtalt som ESG – environmental, social and governance issues) vore sett på som ein føresetnad for å byggja og ta vare på eit godt omdømme. Ansvarleg drift er gjerne synonymt med å ha kontroll på slike tilhøve. Auka merksemd om korrupsjonsskandalar – vi kan til dømes nemna Statoil og Horton-saka frå 20021 – og om klimagassutslepp – til dømes Volkswagen si «diesel-gate»2 – har medverka til at problemstillingar som tidlegare berre vart rekna som omdømmerelaterte, er vortne flytta frå kommunikasjonsavdelinga til kontoret til finansdirektøren eller den daglege leiaren.

    Forståinga for at ESG-tilhøve påverkar risikoar med monalege finansielle konsekvensar, er i ferd med å få fotfeste: Bankar og forsikringsselskap har byrja å utvikla metodar for å prisa berekraftfaktorar inn i kredittmodellar og forsikringspremiar.3 Bloomberg og MSCI, to av dei store leverandørane av selskapsanalysar til finansbransjen, melde i 2017 om over 20 prosent vekst i salet av berekraftsdata. Det er eit signal om at det er eit aukande behov for slike vurderingar.4

    Kombinasjonen av omdømmemotivert arbeid og lovpålagd rapportering har skapt eit uoversiktleg landskap når det gjeld arbeidet med berekraft. I dei siste åra har ei veksande gruppe investorar leita etter kandidatar til etiske eller grøne fond, eller dei vil unngå å investera i såkalla verstingselskap. Når det gjeld kapitalforvalting, viser fleire studiar ein tydeleg samanheng mellom avkastning og god handtering av relevante ESG-faktorar.5 Vektlegginga av konkrete og forståelege berekraftsdata har spreidd seg frå investeringsanalysar til fleire område av finanssektoren: Det er ein gryande bruk av slik informasjon både i kredittrating6, som vert lagd til grunn for utlån, og i utrekning av premiar innanfor forsikring7.

    I lys av at praksis knytt til miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve er under ut vikling, vil vi i denne rapporten leggja vekt på konkrete føringar frå regulerande styresmakter. Dette gjer det enklare å få ei oversikt over kva tiltak som er konkrete og nyttige: Vi skal komma oss over frå støy til substans.

    Første del i denne rapporten drøftar korleis tilsynsstyresmaktene arbeider med miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve. Andre del ser på korleis kredittratingbyrå og investeringsbankar handterer slike spørsmål. I den tredje og avsluttande delen skisserer vi korleis verksemdene i SpareBank 1-alliansen kan vidareutvikla sine tilnærmingar til tematikken.

    o m l e v e r a n d ø r e n I The Governance Group AS er eit analyse- og rådgivingsselskap innanfor risikostyring, med vekt på miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve (på engelsk Environmental, Social, and Governance – ofte forkorta ESG). Dei to siste åra har vi gjennomført oppdrag for ei rad selskap som er noterte på Oslo Børs, til dømes SpareBank 1 SR-Bank, Spare-Bank 1 Nord-Norge, SpareBank 1 BV, SpareBank 1 Østlandet, Equinor, Telenor, Storebrand og DNB. Vi har òg gitt råd på området berekraft til Kommunalbanken og KLP.

    o m o p p d r a g s g i v a r e n I SpareBank 1 Gruppen AS er oppdragsgivar. Gruppa er eigd av SpareBank 1-bankane og LO og er morselskapet til åtte dotterselskap som alle utviklar og leverer produkt til alliansebankane, som igjen tilbyr produkta til kundar på sine lokale marknader. SpareBank 1-alliansen består av 14 sjølvstendige bankar over heile landet som samarbeider om felles plattform og merkevare. Samarbeidet er organisert gjennom dei felleseigde selskapa SpareBank 1 Gruppen AS og SpareBank 1 Utvikling DA med deira dotterselskap, i tillegg til fleire andre selskap som er direkte eigde av SpareBank 1-bankane. Kapitalforvalting og forsikring er mellom dei tenes-tene som bankane samarbeider om gjennom dei felleseigde dotterselskapa.

    Rapporten vart ferdigstilt i august 2019

    The Governance Group AS

    thegovgroup.org I Tel: 22 83 43 00

    OmgrepsavklaringarB E R E K R A F T I Omgrepet vart kjent i 1987 då Brundtland-kommisjonen definerte berekraftig utvikling som ein ressurs-bruk som gjer at vi som lever i dag, får tilfredsstilt våre behov, utan at det gjer det vanskelegare for kommande generasjonar å få tilfredsstilt sine behov. For bedrifter tyder berekraft å drifta verksemda slik at avgjerder tekne i dag også vil fungera i over-skodeleg framtid når det gjeld økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige tilhøve.

    ESG I ESG står for «Environmental, Social and Governance» og kan omsetjast til miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve. Ureining og energibruk er døme på miljømessige tilhøve, menneskerettar og arbeidstilhøve er døme på samfunns-faktorar, medan etterleving av lover og kontrollmekanismar er døme på styringsmessige tilhøve. Ettersom ESG er inn arbeidd som forkorting i f inanssektoren, vel vi å bruka desse tre bokstav ane for miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i denne rapporten.

    S A M F U N N S A N S VA R I Samfunnsansvar dreier seg om å ta omsyn til sosiale og miljømessige tilhøve i dei avgjerdene verk-semda tek, og vert ofte nytta synonymt med omgrepet berekraft.

    S A M F U N N S O P P G Å V E I Omgrepet samfunnsoppgåve refererer til den sosiale livsretten ei verksemd har i kraft av dei produkta eller tenestene verksemda leverer. Viktige samfunnsoppgåver er til dømes å medverka til kraftforsyning, infrastruktur, helsevesen eller utdanning, og omgrepet vert ofte nytta av verksemder i desse sektorane.

    Det er nyanseskilnader mellom omgrepa ESG, samfunnsansvar og berekraft. Førstnemnde inkluderer òg korleis selskap vert styrte, og kva styringsrammeverk selskapet opererer under.

  • 5 • FORVENTNINGAR FRÅ TILSYNSSTYRESMAKTENE 4 • ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren: KRAV, TRENDAR OG FORSLAG

    1 FORVENTNINGAR FRÅ TILSYNSSTYRES-MAKTENEFinanstilsynet følgjer opp alt frå bank-, forsikrings- og verdi-papirverksemd til eigedomsmekling og inkasso-, revisor- og rekneskapsførarverksemd. Gjennom tilsyn med føretak og marknader skal Finanstilsynet medverka til finansiell stabi-litet og velfungerande marknader, og til at brukarane kan ha tillit til at finansielle avtalar og tenester vert følgde opp slik dei skal. Tilsynet vurderer om føretaka har ei drift som er i samsvar med dei krava og forventningane det juridiske rammeverket set. Det er verdt å merka seg at endringar i EU-direktiv raskt vert innlemma i norske forskrifter. I EU sikrar det europeiske banktilsynet (EBA), det europeiske tilsynet for verdipapir og verdipapirmarknader (ESMA) og det europeiske tilsynet for forsikring og tenestepensjonar (EIOPA) at reglane vert følgde.

    I kjølvatnet av finanskrisa i 2008 vart det tydeleg at kort-siktige insentiv – som verken tente samfunnsøkonomien, kundane eller den langsiktige lønnsemda til bankane – førte til ein situasjon der enkeltpersonar, bankar, styra i bankane og kredittratingbyråa opplevde at det økono-miske fundamentet kollapsa.8 Ingen aktørar lykkast med å sjå det store biletet.

    I stor grad set det juridiske rammeverket krav til at bankar, forsikringsselskap og kapitalforvaltarar skal ta vare på interessene til kundane og samfunnet. Finansføretak-slova og finansavtalelova gir mellom anna føringar for korleis spare- og låneprodukt kan marknadsførast, og CRD IV-forskrifta set krav til likviditeten og risikostyringa i bankane. I tillegg til desse lovene og forskriftene er det etablert ei rad andre forskrifter som dekkjer ulike aspekt ved drift og styring av finansføretak.

    I det juridiske rammeverket som konkret gjeld for finans-sektoren, finst det så langt ingen heilt konkrete referansar til miljø- og samfunnsmessige tilhøve. Rekneskapslova skisserer likevel korleis store føretak skal gjera greie for sitt arbeid med samfunnsansvar, og det er òg eit generelt krav om at verksemda skal gjera greie for «de mest sentrale risikoer og usikkerhetsfaktorer».9 Desse krava er knytte til rapportering, men har i realiteten også konsekvensar for korleis verksemda vert styrt: Det er ein føresetnad at føretaket gjer greie for korleis det integrerer miljø- og samfunnsmessige tilhøve «i sine forretningsstrategier, i sin daglige drift og i forholdet til sine interessenter», og at selskapet opplyser om forventningar til dette arbeidet i tida framover. Eit anna døme er finansføretaksforskrifta, der det heiter at insentivsystema i ei verksemd «skal være i samsvar med foretakets overordnede mål, risikotoleranse og langsiktige interesser».

    Det er ikkje urimeleg for ein sparebank å tenkja seg at ein vert sårbar på lang sikt når ein finansierer bedrifter med store miljøutslepp (E) eller bedrifter som har ein forret-ningsmodell som truar arbeidsplassar i lokalsamfunnet (S).

    Mykje om G – vert E og S oversett?Den aukande reguleringa av finanssektoren etter finans-krisa har så langt i hovudsak vore knytt til selskaps styring. Dryge ti år etter krisa er det innført strengare krav til uavhengige kontrollmekanismar, med separate etter-levingsfunksjonar og særskilde risikoutval på styrenivå. Miljø- og samfunnsmessige tilhøve har fram til no ikkje fått konkrete føresegner i det juridiske rammeverket. I tildelingsbrevet for 2019 fekk Finanstilsynet i oppdrag frå

    Finansdepartementet å kartleggja moglege konse kvensar av klimarisiko og sørgja for at tilsynet vert tilpassa even-tuelle nye risikoar.10 Dette er eit tema som Stortinget legg vekt på,11 og som er omtalt i NOU 2018:17 «Klimarisiko og norsk økonomi» Krava vert no skjerpa: klimarisikoKlimarelatert risiko er eit område der reguleringsarbeidet er i ferd med å verta styrkt. Parisavtalen, som tredde i kraft i 2016, har som premiss at land skal gjera alt dei kan for at gjennomsnittstemperaturen på kloden ikkje skal stiga meir enn 1,5 oC. BIS (Bank for International Settlements), som er den uomstridde standardsetjaren når det gjeld kapitalkrav og risikostyring i banksektoren internasjonalt, hyser Financial Stability Board (FSB). FSB si arbeidsgruppe «Task Force on Climate-related Financial Disclosures» (TCFD) har definert korleis vurderingar av finansiell uvisse knytt til klimarisiko kan konkretiserast. I 2017 presenterte arbeidsgruppa tilrådingar om korleis selskap på ein god og systematisk måte kan følgja opp og rapportera om klimarelaterte risikoar som dei måtte ha. Det er førebels frivillig å følgja tilrådingane, men EU lanserte i juni 2019 retningslinjer12 som konkretiserer dei klimarelaterte faktorane som er omfatta av EU-direktivet om rapporteringsplikt for selskap om ikkje-finansielle tilhøve.13

    I juni 2019 publiserte Finanstilsynet sin eigen tema-rapport om klimarisiko.14 Tilsynet legg vekt på tilrådin-gane frå FSB som rammeverk for å rapportera klimare-latert risiko. Føretak og investorar vert rådde til å gjera greie for:

    ● korleis styret og leiinga vurderer og handterer klimare-laterte risikoar

    ● klimarelaterte risikoar og potensial for forretningsom-råda i strategiar, finansielle planar og stresstestar, i lys av ulike utsleppsscenario

    ● prosessane for å identifisera, vurdera og handtera klimarisiko, og korleis desse prosessane er innarbeidde i risikostyringssystemet til verksemda

    ● styringsindikatorar for klimarelaterte risikoar og poten-sial, klimagassutslepp frå verksemda (Scope 1, 2 og ev. 3) og tilknytte risikoar, og dessutan kva målsetjingar verksemda så langt har når det gjeld å følgja opp klima-relaterte risikoar, og korleis statusen er.

    Finanstilsynet i Noreg oppmodar no bankar om å in formera om klimarisiko i offentlege rapportar på tilsvarande måte som kredittrisiko, likviditetsrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko. I Noreg har mellom anna NBIM, DNB, Storebrand og Oslo Børs støtta tilrådingane frå FSB. Finans tilsynet legg vekt på at det ikkje bør innførast

    særnorske reglar for rapportering av klimarisiko i finans-næringa, men ventar på utfallet av det arbeidet som no går føre seg for å utvikla eit europeisk regelverk.

    FORSIKRING OG LIVSELSKAP – KLIMARISIKO Finanstilsynet krev allereie at forsikringsføretak

    minst årleg, som ein integrert del av systemet

    for risikostyring i føretaket, gjer ei eigenvur

    dering av risiko og solvens. I temarapporten frå

    juni skriv Finans tilsynet at dei i tida framover vil

    leggja meir vekt på korleis forsikringsføretaka

    vurderer risiko knytt til klima endringar (ORSA).

    Tilsynsstyresmakta i EU for forsikring og teneste

    pensjon  (EIOPA) vurderer det slik at norske,

    islandske og nederlandske forsikringsføretak har

    ein relativt høg prosentdel av investering ane sine

    eksponert mot næringar som vert rekna for å vera

    særleg utsette for klimarelatert overgangsrisiko,

    samanlikna med føretak i andre europeiske land.

    Dette er det verdt å merka seg. Dersom utanlandske

    investorar ser på norske verdipapir som risikofylte

    i klimasamanheng, kan det få konsekvensar for

    verdiutviklinga i enkeltselskap og i samfunnet

    generelt.

    Bankar og klimarisikoFinanstilsynet vil i tida framover følgja opp korleis bank-ane handterer klimarisiko, inkludert kva retningslinjer bankane har når det gjeld å vurdera klimarisiko i kreditt-givinga, og kva vekt dei legg på klimarisiko i vurderinga av risiko og kapitalbehov (ICAAP).

    Norske bankar har 65 prosent av dei totale utlåna til føretak som vert vurderte å operera i klimasensitive næringar.15 Utlån til eigedom utgjer, som for forsikring, den klart største klimasensitive eksponeringa, med 57 prosent av dei totale klimasensitive utlåna. Det er nokså stor uvisse knytt til kor utsette bankane sine utlån mot eigedom er i denne samanhengen. Det er avhengig av kor stor del av utlåna som er knytte til eigedommar som ikkje oppfyller gitte energistandardar, eller som fell i verdi ved ekstremvêrhendingar, som flaum og orkan. Transport og produksjon av fossilt brensel er dei to næringane som, etter eigedom, utgjer den største prosentdelen av bankane sine utlån til klimasensitive næringar.

  • 6 • ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren: KRAV, TRENDAR OG FORSLAG 7 • UTVIKLINGA HOS ANDRE AKTØRAR I FINANSBRANSJEN

    2 UTVIKLINGA HOS ANDRE AKTØRAR I FINANSBRANSJENHovudmålet til Finanstilsynet er å medverka til finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Som for andre risikofaktorar vil finansnæringa si handtering av klima-risiko først og fremst verta følgd opp gjennom tilsyn med risikovurderingane og soliditeten i føretaka. Inkludering av klimarisiko i tilsynsaktivitetane står høgt på agendaen hos finanstilsynsstyresmakter internasjonalt, og ein arbeider med å utvikla tilsynsverktøy for å følgja opp klimarisiko.

    Det finst allereie føresegner i CRR/CRDIV-forskrifta og internkontrollforskrifta16 som krev at føretaka i risiko styringssystema sine skal dekkja alle vesentlege risikoar. Gitt det vi har av kunnskap i 2019, bør slike vurderingar omfatta risikoar knytte til effekten av klima-endringar og overgang til eit lågutsleppssamfunn. Risiko knytt til klimaendringar og omstilling inneber auka uvisse for finansnæringa og for den økonomiske utviklinga. Ei naturleg forlenging av dette er at Finanstil-synet vil forventa at finansføretak inkluderer klimarelatert risiko når dei kartlegg og handterer risikofaktorar som kan påverka inntening, lik viditet og sikkerheit på kort, mellomlang og lang sikt.

    Temarapporten frå Finanstilsynet seier òg at finans-næringa må rekna med strengare kontroll med marknads-føringa av såkalla grøne investeringsprodukt: Kundane skal ha korrekt og fullstendig informasjon om eigenskapar og kostnader ved produkta – «grønvasking» vert forbode. Dette er forsterka av at EU-kommisjonen i juni 2019 presenterte omgrepsavklaringar og sette krav til kva

    som skal reknast som berekraftige finansprodukt og tenester.17 Det er enno ikkje utarbeidd noka forordning eller noko direktiv på EU-nivå, og dokumentet som vart lansert i juni, er framleis ute på høyring.

    Det er behov for betre kunnskap om korleis ulike næringar og regionar kjem til å verta påverka av klimaendringar og tilpassing til ein lågutsleppsøkonomi. Arbeidet med å måla og modellera økonomiske konsekvensar av klimaendringar og komma med tiltak for finansføretak og finansmarknader er i gang internasjonalt, men er framleis i ein modningsfase. Det gjeld òg utviklinga av relevante scenarioanalysar og stresstestar for klimarisiko. Finanstil-synet deltek mellom anna i det europeiske tilsynsarbeidet og i Network for Greening the Financial System (NGFS) om utvikling av slik metodikk. Det kan med andre ord vera verdt å følgja med på arbeidet til NGFS for å vera førebudd på kva krav norske styresmakter etter kvart kjem til å stilla.

    Basert på eksisterande formalkrav og det arbeidet som no går føre seg i Finanstilsynet, er klimarisiko det mest konkretiserte temaet innanfor berekraftsfeltet. Det vil ikkje seia at andre miljømessige faktorar, eller ulike prob-lemstillingar knytte til samfunns- eller styrings messige problemstillingar, kan utelatast frå vurderingar om det overordna målet, risikotoleransen og dei langsiktige interessene til føretaket. Forslag til korleis slike tilhøve kan vurderast, vert løfta fram i bolk 3 (side 11).

    Kapitalistane kjemInvestorar oppnemner styrerepresentantar som set prem-issane for mål, strategi og leiing i verksemder. Det er kort tid sidan fleire av bankane i SpareBank 1-alliansen vart noterte med eigenkapitalbevis på Oslo Børs. Allereie har fleire utanlandske investorar komme inn med etter måten store postar på eigarsida.

    Kva skjer når Wall Street brått har røysterett på generalforsamlinga til dømes i SpareBank 1 Telemark, i SRBank eller SpareBank 1 SMN? Vert det berre jakt på profitt, rovdrift på tilsette og null omtanke for lokalt næringsliv?

    Vil det på eit tidspunkt komma krav frå utanlandske eigarar om plass i styret?

    Morgan Stanley, JP Morgan og State Street Bank har alle vesentlege eigarinteresser i norske sparebankar. Ofte er dette depotbankar for «namnlause» eigarar, men desse store bankane har ofte ansvaret for aktivt eigarskap i dei porteføljane dei forvaltar på vegner av investorar. Sanninga er at berekraft langt frå er noko framandord i den internasjonale finansverda, og det vert lagt stadig meir vekt på dette. Nedanfor er nokre tankar om berekraft i ein stor investeringsbank oppsummerte.

    perspektiv frå state street bankState Street Corporation eig om lag 3,5 prosent av eigen-kapitalbevisa i SpareBank 1 SMN og representerer den største depotbanken i verda. Totalt administrerer banken verdipapir for 31,6 billionar dollar. Det svarer til verdien av 31 oljefond. Rakhi Kumar er direktør for ansvarleg forvalting og aktiv eigarskap i State Street.

    – ESG-faktorar er direkte knytte til den evna eit selskap har til å levera overskot på lang sikt. Kundane våre har tillit til oss, og vi har dermed ei plikt til nøye å analysera alle økonomiske og ikkje-økonomiske tilhøve som kan påverka resultatet til selskapet, uttaler Kumar.

    Per i dag er det meir enn 125 leverandørar av ESG-data, ifølgje The Global Initiative for Sustainability Ratings. Datakvalitet er eit nødvendig grunnlag for investering-sanalysar. Kvalitet kan definerast på fleire måtar, men dei fleste investorar er samde om at konsistens, og at data

    kan samanliknast på tvers av selskap, er viktige element i eit godt datasett.

    Dessverre er tilhøva i dagens landskap dårlege med tanke på å oppnå konsistens, kunna gjera samanlikn-ingar og få tilgang til data. Regjeringar kring om i verda krev ikkje at selskap rapporterer om nødvendige ESG-data. Selskap kan sjølv bestemma kva ESG-faktorar som er viktige for deira verksemd, og kva informasjon dei skal offentleggjera. – For å betra kvaliteten på dei ESG-data vi nyttar for å ta investeringsavgjerder, har State Street utvikla eit skårings-system som bruker data frå fleire leiande leverandørar, til dømes Sustainalytics og BloombergESG. Per i dag legg vi vekt på faktorar frå Sustainability Accounting Standards Board (SASB) og transparente vurderingar av kva som er vesentleg med tanke på ESG-faktorar, understrekar direktøren i State Street.

  • 9 • UTVIKLINGA HOS ANDRE AKTØRAR I FINANSBRANSJEN8 • ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren: KRAV, TRENDAR OG FORSLAG

    Det kan òg vera verdt å merka seg utsegnene frå Morgan Stanley, som eig over tre prosent av eigenkapitalbevisa i SpareBank 1 Telemark: «Ei tilnærming er å investera i alle sektorane i økonomien, inkludert tradisjonell energi, men berre i selskap som har bransjeleiande ESG-praksis. Det kan innebera å investera i selskap med god klima-tilnærming og i selskap som er opne om klimagassutslepp og vassforbruk og har tilhøyrande reduksjonsmål.»18

    Dette er heilt andre ord enn tidlegare tiders «greed is good», eller at finansmarknadene i hovudsak legg vekt på kvartalsvise finansielle resultat. Utsegnene frå inves-teringsbankane vitnar om grundige analysar av kor godt selskapa dei investerer i, tek innover seg utfordringar knytte til miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve. Fleire av SpareBank 1-selskapa er vortne gjennomgått av Sustainalytics, og låg karakter kan føra til mindre kurss-tiging – lågare aksjonærverdiar – eller mindre attraktive obligasjonar, noko som vert drøfta i neste avsnitt.

    Berekraf t – ein vurderingsfaktor for kredittratingbyråa?Dei store internasjonale kredittratingbyråa, som S&P, Fitch og Moody's, vurderer ei rad faktorar når dei skal setja ein karakter for kor kredittverdig eit selskap er. Karak-terane til kredittratingbyråa har mykje å seia for kva pris eit selskap må betala for tilgang på kapital. Sparebankane er ikkje noko unntak; innlån via obligasjonsutferdingar er ein viktig del av drifta, og dei vert jamleg analysert av til dømes Moody’s19. Ein A2 eller ein B2 er dommen over i kor stor grad ein kan lita på at selskapet vil vera solid og lønnsamt i tida som kjem. Spørsmålet er: Speler faktorar knytte til miljø-, samfunns- eller styringsmessige tilhøve ei rolle for kredittratingbyråa?

    Sjølv om datakvalitet framleis er ei utfordring med tanke på å gi konsistente vurderingar av ESG-tilhøve, oppgir byråa at slike faktorar vert analyserte som ein del av ratin-garbeidet. Nyleg gjorde S&P ein gjennomgang for å sjå på

    om sosiale faktorar – til dømes kor godt selskap admin-istrerer arbeidstilhøve – påverka rangeringar mellom 2015 og 2017. Av nesten 9000 ratingoppdateringar som vart publiserte over ein periode, fann S&P 346 tilfelle der sosiale faktorar vart haldne for å vera «svært viktige» for den endelege vurderinga, og 42 tilfelle der desse faktorane åleine hadde ført til ei endring av ratinga.20

    I tabellen (til venstre) er det vist meir i detalj kva faktorar dei tre kredittratingbyråa S&P, Fitch og Moody’s nyttar.

    Som oversikta viser, har særleg Moody’s offentlegg-jort detaljerte opplysningar om kva ESG-tilhøve som er med i vurderingane av kor kredittverdig ein er. I sommar offentleggjorde kredittratingbyrået ein analyse av kor sårbare forsikringsselskap er når det gjeld miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve. Moody’s peikar i rapporten på at forsikringsselskapa er viktige. Dei kontrollerer ein monaleg del av verdipapira i verda, samtidig som dei sørgjer for risikospreiing, slik at handel og samfunn fungerer. Kredittratingbyrået skriv mellom anna: «ESG-strategiar på både investerings- og forsikringssida må vektleggjast, inkludert retningslinjer for å halda ute kolavhengige sektorar.»21 Med dette som bakgrunn er det liten tvil om at kredittratingbyråa

    vil styrkja arbeidet med å finna treffsikre metodar for å samanlikna og vurdera kor tilfredsstillande finansielle aktørar handterer ESG.

    For å sikra meir konsistent bruk av ESG-data, slik at det òg vert mogleg for långivarar og investorar å forstå kva som ligg til grunn for kredittratingane, offentleggjorde ESMA i juli 2019 tilrådingar om korleis kredittratingbyråa bør handtera ESG-informasjon.22

    Ut av EU – inn i klimarisikovurderingarStorbritannia er den nasjonen som har komme lengst når det gjeld å inkludera klimarisiko som ein vurderings-faktor i finansnæringa. Bank of England har gitt ut eigne retningslinjer for korleis klimarisikomodellar kan utviklast for bankar og forsikringsselskap.23

    Gitt utviklinga i Storbritannia, er det interessant å sjå korleis dei mindre bankane har respondert. Om vi ser på dei mindre bankane i landet, kjem det klart fram at berekraft utan tvil er på dagsordenen. Samtidig er det lagt mest vekt på korleis banken held orden i eige hus når det gjeld resirkulering og straumforbruk, jamfør mellom anna Yorkshire Building Society. To andre bankar nemner noko høgare ambisjonar:

    st yrings- messige tilhøve

    S&P fitch moody’s

    Klimagass utslepp, energieffektivitet, vassforbruk, areal-påverknad

    Klimagass utslepp, energieffektivitet, vassforbruk, farleg avfall, kor sårbar ein er for endringar i miljøet

    Ureining av luft og vatn, kor sårbar ein er for naturkatastrofar og miljøøydeleggingar, kor sårbar ein er med omsyn til krav om ny teknologi eller avgifter knytte til utslepp

    Mangfald i arbeids-styrken, tiltak for å hindra skadar, kundedialog, lokal-samfunn

    Menneske rettar, kundevelferd, med rekna ærleg marknadsføring og personvern, arbeids-tilhøve, kor sårbar ein er for endringar i sam-funnet

    Sosiale tilhøve er mindre tydeleg definerte, men for selskap vert faktorar som omdømme, søksmål og helse- og tryggleiksrisikoar vurderte. Statar og offentlege føretak vert vurderte etter breiare sosio-økonomiske tilhøve som kan påverka kor kredittverdig ein er, som konkurransedugleik og gjennom-snittsinntekt per innbyggjar

    Struktur og styrings-mekanismar, verdiar og retnings linjer, transparens og rapportering, cyber-risiko og etablerte system

    Forretnings strategi, styringsstruktur, i kva grad ein er open om finansielle tilhøve

    Selskap vert vurderte etter strukturen og samansetjinga av styret, rammeverk for risiko-styring og organisasjons- og finans-struktur. Statar vert vurderte etter korrupsjons risiko, institusjonelt modningsnivå og rammeverk for styring av offentleg økonomi

    samfunn

    mil jø

    the co -oper ative bank nationwide building societ y

    Tilbyr ikkje banktenester til føretak med ein forret-ningsmodell som medverkar vesentleg til klimaen-dringar, til dømes føretak involverte i fossile brensel. Banken inngår ikkje avtalar med føretak som ikkje tilfredsstiller dei etiske retnings linjene som banken sjølv har utarbeidd, og i 2018 vart fire førespurnader frå kundar avviste på dette grunnlaget.

    Støttar TCFD-tilrådingane frå FSB, og banken arbei-der med ein metodikk for å gjennomføra forslaga på best mogleg måte for ein mindre bank som òg har eit sosialt ansvar i dei lokalsamfunna der banken er representert.

  • 10 • ESG Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve i finanssektoren: KRAV, TRENDAR OG FORSLAG 11 • BEREKR AF T – FR Å ORD TIL RESULTAT

    samfunn

    3 BEREKRAFT – FRÅ ORD TIL RESULTATSparebankane har i dei siste to hundre åra spelt ei avgjerande rolle for utvikling av bedrifter og lokalsamfunn ved å gi menneske høve til å spara med renter og ta opp lån. Bankane har medverka til nærings- og samfunns-utvikling, kultur, idrett og frivillig arbeid.

    Finansføretak lever av at folk har tillit til at dei kan ta vare på og forvalta verdiar. Slike selskap er derfor avhengige av eit godt omdømme. Leverer verksemda som lova? Er vilkåra rimelege og risikoen som avtalt? Miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve kan påverka omdømmet. Lån til aktørar som driv med sosial dumping eller sal av spareprodukt som får overraskande verdifall på grunn av kortsiktige strategiar i aksjeinvesteringar, vil øydeleggja omdømmet til ein bank. Eit forsikringsselskap som forsikrar eit anlegg som ureinar, kan òg tapa omdømme – og dersom klimaeffekten ikkje er vurdert, kan selskapet i framtida møta ansvarsrisiko. Ettersom tidene endrar seg, vert også måten verdiar vert forvalta på, endra. Den som ikkje følgjer med i timen, risikerer å tapa tillit og omdømme.

    Sparebankane må skapa overskot slik at det kan invest-erast i kompetanse og teknologi for å ta del i dagens og morgondagens utfordringar. Ein fare for aktørane i finans-sektoren er at tenestene vert heilt og fullt automatiserte og standardiserte, slik at det berre er nokre svært få sentraliserte – kanskje globale – verksemder som tilbyr betalingstransaksjonar, forsikring, lån, sparing, kapital-forvalting og meklingstenester.

    EU sitt andre betalingstenestedirektiv vart innlemma i norsk lov i 2019. Direktivet krev at bankar gir andre

    aktørar tilgang til kontoinformasjon om kundar og kva betalingstenester som er ytte til kundar, og det er venta at konkurransesituasjonen kjem til å verta skjerpa ved at nye aktørar tek opp kampen mot finansbransjen. Sterke platt-formselskap som Facebook, Amazon, Apple og Google – med stor tilgang til data og omfattande kunnskap om åtferdsmønsteret til brukarane – har eit fortrinn dersom dei vel å tilby mange av dei tenestene finanssektoren yter i dag.

    Det er vanskeleg å førestilla seg at konkurransestyres-makter og politikarar vil tillata ei utvikling med ei global sentralisering av marknadsmakt, med tilsvarande utra-dering av lokale tenestetilbydarar. Sparebankar og andre mindre aktørar i finansbransjen har alt å tena på å vera i forkant av dei forventningane lokalsamfunnet og kundane har, også når det gjeld å ta omsyn til miljø, samfunns og styringsmessige tilhøve. Med ei slik tilnærming vert det enklare for omverda å skilja dei mindre aktørane frå dei globale.

    Nedanfor følgjer tre avsnitt der det vert foreslått korleis verksemdene i SpareBank  1-alliansen kan arbeida målretta med ESG. Det er verdt å merka seg eitt tips som også investeringsbanken State Street understreka, attgitt lenger framme i denne rapporten: Ei systematisk vurdering av kva som er vesentleg, bør vera grunnlaget for å avgjera kva område innanfor miljø-, samfunns- og styringsmessige tilhøve føretaket skal prioritera. Ved å vega ulike faktorar opp mot kvarandre, i lys av formålet med verksemda og rammevilkåra, kan styret og leiinga vera tryggare på at ressursane vert nytta på rett måte.

    For finansføretak er miljøeffekten av eiga drift avgrensa. Men kreditt, forsikringar og invester-ingar kan likevel påverka og verta påverka av miljøet. Bank I Bankar skal både gjera kredittvurderingar og plassera kapital. Forslag til å handtera klimarisiko er å:● etablera retningslinjer for kva banken kan investera i og låna ut pengar til, og eventuelt

    justera prisinga av risiko (vekting)● estimera klimarisikoeksponering i kreditt i tråd med tilrådingane frå TCFD for å forstå og

    handtera risiko i porteføljane (sjå til dømes notat frå Bank of England, SS3/1924)

    Forsikring I Klimaendringar kan påverka både investeringskapitalen og omfanget av utbetal-ingar. Forslag til å handtera klimarisiko er å:a) analysera korleis ulike klimascenario påverkar porteføljen (sjå til dømes notat frå Bank of

    England25)b) etablera retningslinjer for kva eigedelar eller produksjonsmiddel som kan forsikrast – og

    eventuelt innføra auka premie eller gi rabatt med grunnlag i miljøeffekten av gjenstanden

    Kapitalforvalting I Klimaendringar kan påverka aksjeverdiar og utbyte frå selskap. Somme vil verta straffa for forelda teknologi og høge utslepp, medan andre har ein forretningsmodell som er betre tilpassa dei utfordringane vi står overfor. God førebuing knytt til klimarisiko er å:a) å etablera retningslinjer for kva banken skal investera i og låna ut pengar til, med minimums-

    krav til miljøstandardb) å gå igjennom porteføljen med stresstesting for ulike klimascenario. Ein bør vurdera over- og

    undervekting av sektorar som vil få negativ eller positiv utvikling ved ulike klimascenario.26

    Bankar som tilbyr betalingstenester, sparing og lån, forsikringsprodukt og investeringsverk-semd, påverkar enkeltinnbyggjarar og samfunnet. For at sparebankane skal skilja seg ut, er det viktig å nytta fortrinnet «nærleik til kundane». Ei betre forståing av kva behov dei har, og ei meir presis oppfatning av risikoar, er eit fortrinn sparebankane bør dra nytte av. Spare-bankar har tradisjonelt vore sentrale samfunnsinstitusjonar, og den rolla må førast vidare. Desse momenta bør vurderast grundig:

    a) retningslinjer for kva banken skal in vestera og låna ut pengar til, med minimumskrav til respekt for arbeidstilhøve og menneske rettar.

    b) å handtera kontantar er dyrt, men for somme, og i kriser, er det heilt nødvendig – hald derfor ved lag fysiske tenester.

    c) Ver ei tydeleg stemme: ● økonomiopplæring for aldersgruppa 16–19 år – på deira digitale plattformer og i samband

    med fritidsaktivitetar og skule – kan skapa ansvarlege framtidige kundar og gründerar.● finans kan verka komplisert. Arr anger seminar for politikarar og interesseorganisasjonar

    der de forklarer korleis lokale bankar tilpassar produkt og tenester for å skapa vekst for samfunnet – dette kan påverka reguleringar i favør av sparebankmodellen.

    ● etabler ein strategi for utdeling av donasjonar, med klare haldepunkt for kva banken meiner bidreg mest til trivsel og vekst i lokalsamfunnet.

    mil jø

    Dei momenta som er nemnde nedanfor, er meinte som inspirasjon til drøfting, slik at kvart enkelt føretak kan velja seg ut nokre få tiltak som føretaket kan arbeida målretta med.

  • 13 • FORVENTNINGER FRA TILSYNSMYNDIGHETENE

    Bankar har særskilde reglar å følgja for å hindra og avdekkja kvitvasking og korrupsjon. For sparebankar gjeld ikkje dette berre svart arbeid lokalt eller eventuelle pengar under bordet og utilbørleg påverknad i kommuneadmini strasjonen; mange mindre bankar vert òg nytta av internasjonale kriminelle som prøver å kvitvaska pengar der det er minst sannsynleg at tilsyns-styresmakter vil leita.

    Ei anna side av det regulatoriske landskapet som bankar, forsikringsselskap og kapitalforvalt-ingsselskap må handtera i dag, er stadig meir kompliserte reglar for likviditet og sikkerheit. Dette stiller heilt andre krav til gode system og kontrollar i finansføretaka. Investering i tilsette med kompetanse er heilt sentralt, men det er eit moment som må høgare opp på dagsordenen: Nomi-nasjon av styremedlemmer må ta omsyn til dei kompliserte oppgåvene føretaket har. Det er nød-vendig at styret totalt sett har erfaring med og innsikt i dei utfordringane administrasjonen skal levera på i det daglege. Det er viktig med eit styre som både er kritisk og støttande, og som forstår dei langsiktige interessene til føretaket, det vert understreka av europeiske standardsettarar27.

    Det er ofte ikkje krystallklart kva som er kriteria for utveljing og gjenoppnemning av styret i verk-semder. Med notering av eigenkapitalbevis på Oslo Børs kan profesjonelle utanlandske investorar i verksemder i SpareBank 1-alliansen stilla krav om meir transparens når det gjeld eigarstyring og selskapsleiing. Verksemdene i SpareBank 1-alliansen og særleg nominasjonsutvala bør:

    a) kartleggja dei oppgåvene styret skal dekkja, og sørgja for at styremedlemma totalt sett har nødvendig kompetanse (sjå prinsipp om bankstyring frå Basel-komiteen28)

    b) etablera ein plan for jamleg kurs/sertifisering av styremedlemma

    c) jamleg evaluera om:

    ● styret fungerer som ein god kontroll- og styringsmekanisme for verksemda (sjå notat om effektive styre frå det britiske organet FRC29)

    ● det er etablert velfungerande prosessar for vurdering av arbeidet til styret og av enkelt-medlem i styret

    ● rutinane for nominasjonar til styret er transparente og systematiske

    kjelder1 Statoil innrømmer korrupsjon, Dagens Næringsliv, 13. oktober 2006

    2 BMW, Daimler and VW charged with collusion over emissions, The Guardian, 5. april 2019

    3 Bank of England/PRA, Enhancing banks’ and insurers’ approaches to mana-ging the financial risks from climate change, SS3/19, April 2019

    4 Record Year of Growth for MSCI ESG Research og Bloomberg 2017 Impact Report

    5 Robert G. Eccles, Ioannis Ioannou, and George Serafeim. 2014. The Impact of Corporate Sustainability on Organizational Processes and Performance. Management Science, Volume 60, Issue 11, pp. 28352857, February 2014; Mozaffar Khan, George Serafeim, and Aaron Yoon. 2015. Corporate Sustainability: First Evidence on Materiality. Harvard Business School Working Paper 15-073, 2015; Nordea Equity Research, Strategy & Quant, 2017. Nordic Ideas, 5 September 2017; Bank of America – Merrill Lynch, The ABCs of ESG, 2018. Equity and Quant Strategy, 10 September 2017

    6 S&P Global Ratings, Our Approach to Assessing ESG in Ratings

    7 Underwriting environmental, social and governance risks in non-life insur-ance business, UNEP, februar 2019

    8 Incentives and the Financial Crisis, Insights by Stanford Business, J.B. Berk, December 1, 2008 and Report to the G20 on Reducing Reliance and Strengthening Oversight of Credit Rating Agencies, FSB, August 2013

    9 Sjå rekneskapslova, § 3-3 c

    10 Statsbudsjettet 2019 – Finanstilsynet – tildelingsbrev, 19. desember 2018

    11 Sjå punkt 2.2, Innstilling frå finanskomiteen om Finansmarkedsmeldingen 2018, Innst. 371 S (2017–2018)

    12 Guidelines on non-financial reporting: Supplement on reporting cli-mate-related information, EU-kommisjonen, 17. juni 2019

    13 Direktiv 2014/95/EU. Dette vart vedteke innlemma i EØS-avtalen ved EØS-komiteavgjerd nr. 39/2016 den 5. februar 2016. I norsk rett er det vedteke reglar som langt på veg svarer til krava i direktiv 2014/95/EU om såkalla rapportering om samfunnsansvar, sjå rekneskapslova § 3-3c

    14 Klimarisiko i finansforetakene, Temarapport, Finanstilsynet, 19. juni 2019

    15 Side 8 i «Klimarisiko i finansforetakene», Temarapport, Finanstilsynet, 19. juni 2019

    16 Merk særleg § 6 i Forskrift om risikostyring og internkontroll, FOR-2019-02-15-147

    17 Technical Expert Group (TEG) on sustainable finance, Taxonomy, European Commission, June 18 2019

    18 Morgan Stanley, Lily Trager, Director of Impact Investing

    19 Døme: Moody's assigns A2 issuer rating to SpareBank 1 Boligkreditt AS; Negative Outlook, 12 Feb 2019 og Moody's assigns A2 issuer ratings to SpareBank 1 BV; Stable outlook, 04 Sep 2018

    20 Credit rating agencies turn attention to ESG risk, Financial Times, 23. febru-ar 2019

    21 Research Announcement: Moody's – ESG risks increasingly affect insurers’ credit profiles, 1 July 2019

    22 ESMA Technical Advice to the European Commission on Sustainability Considerations in the credit rating market, ESMA, 18. juli 2019

    AtterhaldDenne rapporten skal gi ei generell oversikt over krav og forventningar til ESG i finansbransjen. Forslaga som er fremja, er meinte som inspirasjon til utvikling. Lover, forskrifter og retningslinjer som omfattar bank, forsikring og kapitalfor-valting med tilhøyrande tenester, er kompliserte og vert ofte endra. Avgjerder som SpareBank 1-alliansen og dei tilknytte verksemdene tek, må alltid baserast på grundige undersøkingar i tråd med gjeldande formalkrav. Leverandøren er ikkje ansvarleg for konsekvensane av avgjerder som vert tekne på dei områda som vert drøfta i rapporten.

    23 Sjå Enhancing banks’ and insurers’ approaches to managing the financial risks from climate change, SS 3/19 og Proposals to promote shareholder engagement: Feedback to CP19/7 and final rules, FCA, PS19/13

    24 SS3/19, Enhancing banks’ and insurers’ approaches to managing the finan-cial risks from climate change, Bank of England/PRA, April 2019

    25 A framework for assessing financial impacts of physical climate change: A practitioner’s aide for the general insurance sector, Bank of England/PRA, May 2019

    26 Sjå Investing in a Time of Climate Change, Mercer, 2015

    27 Guidelines on the suitability of board members, European Banking Authority and ESMA, 2017

    28 Avsnitt 77 i BCBS Guidelines Corporate governance principles for banks, BIS, July 15

    29 Side 24 i Guidance on board effectiveness, Financial Reporting Council, July 2018

    nyttige lenkjerKlimarisiko i finansforetakene, Finanstilsynet, 2019

    Høyringsfråsegn: NOU 2018:17 / Klimarisiko og norsk økonomi, Noregs Bank

    Mapping av lover/regler, Finansnæringens autorisasjonsordninger, Q1 2019

    First NGFS Comprehensive Report: A call for action. Climate change as a source of financial risk

    Independent Governance Committees: extension of remit. Consultation Paper CP19/15, FCA

    The Government’s final response to the Law Commission’s report: Pension Funds and Social Investment (Law Comm No. 374), UK

    Policy Statement PS19/13 May 2019. Proposals to promote shareholder enga-gement: Feedback to CP19/7

    Research on climate-related risks and financial stability: An «epistemological break»?, Mr. Luiz Awazu Pereira da Silva, Deputy General Manager of the BIS

    Sustainable finance and disclosures: Bringing clarity to investors, European Parliament, March 2019

    Enhancing banks’ and insurers’ approaches to managing the financial risks from climate change, Supervisory Statement 3/19

    Enhancing banks’ and insurers’ approaches to managing the financial risks from climate change, Policy Statement 11/19

    Interim report on climate benchmarks and benchmarks’ ESG disclosures, EU Technical Expert Group on Sustainable Finance, June 2019

    Financial System Review—2019, Bank of Canada

    Values & Ethics Report 2018, The Co-operative bank, UK

    Yorkshire Building Society Environment Policy

    Annual Report & Accounts 2018, Nationwide Building Society, UK

    st yrings- messige tilhøve

    https://www.dn.no/statoil-innrommer-korrupsjon/1-1-1651849https://www.theguardian.com/business/2019/apr/05/bmw-daimler-and-vw-charged-collusion-clean-emissions-techhttps://www.hbs.edu/faculty/Publication%20Files/SSRN-id1964011_6791edac-7daa-4603-a220-4a0c6c7a3f7a.pdfhttps://www.hbs.edu/faculty/Publication%20Files/SSRN-id1964011_6791edac-7daa-4603-a220-4a0c6c7a3f7a.pdfhttps://dash.harvard.edu/bitstream/handle/1/14369106/15-073.pdf?sequence=1https://dash.harvard.edu/bitstream/handle/1/14369106/15-073.pdf?sequence=1https://nordeamarkets.com/wp-content/uploads/2017/09/Strategy-and-quant_executive-summary_050917.pdfhttps://www.bofaml.com/content/dam/boamlimages/documents/articles/ID18_0970/abcs_of_esg.pdfhttps://www.bofaml.com/content/dam/boamlimages/documents/articles/ID18_0970/abcs_of_esg.pdfhttps://www.spratings.com/en_US/products/-/product-detail/our-approach-to-esg-in-ratingshttps://www.unepfi.org/psi/wp-content/uploads/2019/02/PSI-Guidance-for-non-life-insurance-underwriting.pdfhttps://www.unepfi.org/psi/wp-content/uploads/2019/02/PSI-Guidance-for-non-life-insurance-underwriting.pdfhttps://www.gsb.stanford.edu/insights/incentives-financial-crisishttps://www.fsb.org/2013/08/r_130829d/https://www.fsb.org/2013/08/r_130829d/https://ec.europa.eu/finance/docs/policy/190618-climate-related-information-reporting-guidelines_en.pdfhttps://ec.europa.eu/finance/docs/policy/190618-climate-related-information-reporting-guidelines_en.pdfhttps://www.finanstilsynet.no/contentassets/7696f7f0fec1488a954128c53b719024/temarapport-klimarisiko-i-finansforetakene.pdfhttps://ec.europa.eu/info/files/190618-sustainable-finance-teg-report-taxonomy_enhttps://www.morganstanley.com/articles/risks-and-opportunities-of-climate-changehttps://www.esma.europa.eu/sites/default/files/library/esma33-9-321_technical_advice_on_sustainability_considerations_in_the_credit_rating_market.pdfhttp://www.mercer.com/content/dam/mercer/attachments/global/investments/mercer-climate-change-report-2015.pdfhttps://eba.europa.eu/documents/10180/1972984/Joint+ESMA+and+EBA+Guidelines+on+the+assessment+of+suitability+of+members+of+the+management+body+and+key+function+holders+%28EBA-GL-2017-12%29.pdfhttps://www.finanstilsynet.no/contentassets/7696f7f0fec1488a954128c53b719024/temarapport-klimarisiko-i-finansforetakene.pdfhttps://www.norges-bank.no/aktuelt/nyheter-og-hendelser/Brev-og-uttalelser/2019/2019-03-15/https://www.norges-bank.no/aktuelt/nyheter-og-hendelser/Brev-og-uttalelser/2019/2019-03-15/https://www.finaut.no/media/filer_public/d5/f7/d5f729f5-8ce3-4cce-8bd8-e148eb002f36/190516_finaut_mapping_regelverk_q1_2019_publisert_oppdatert_versjon.pdfhttps://www.banque-france.fr/sites/default/files/media/2019/04/17/synthese_ngfs-2019_-_17042019_0.pdfhttps://www.banque-france.fr/sites/default/files/media/2019/04/17/synthese_ngfs-2019_-_17042019_0.pdfhttps://www.fca.org.uk/publication/consultation/cp19-15.pdfhttps://www.fca.org.uk/publication/consultation/cp19-15.pdfhttps://assets.publishing.service.gov.uk/government/uploads/system/uploads/attachment_data/file/717375/pension-funds-and-social-investment-final-response-to-law-commission-report.pdfhttps://assets.publishing.service.gov.uk/government/uploads/system/uploads/attachment_data/file/717375/pension-funds-and-social-investment-final-response-to-law-commission-report.pdfhttps://www.fca.org.uk/publication/policy/ps19-13.pdfhttps://www.fca.org.uk/publication/policy/ps19-13.pdfhttps://www.bis.org/speeches/sp190523.htmhttps://www.bis.org/speeches/sp190523.htmhttps://www.bis.org/speeches/sp190523.htmhttp://www.europarl.europa.eu/RegData/etudes/BRIE/2019/635572/EPRS_BRI(2019)635572_EN.pdfhttp://www.europarl.europa.eu/RegData/etudes/BRIE/2019/635572/EPRS_BRI(2019)635572_EN.pdfhttps://www.bankofengland.co.uk/prudential-regulation/publication/2019/enhancing-banks-and-insurers-approaches-to-managing-the-financial-risks-from-climate-change-sshttps://www.bankofengland.co.uk/prudential-regulation/publication/2019/enhancing-banks-and-insurers-approaches-to-managing-the-financial-risks-from-climate-change-sshttps://www.bankofengland.co.uk/-/media/boe/files/prudential-regulation/policy-statement/2019/ps1119.pdf?la=en&hash=CD95D958ECD437140A4C7CF94337DAFD8AD962DEhttps://www.bankofengland.co.uk/-/media/boe/files/prudential-regulation/policy-statement/2019/ps1119.pdf?la=en&hash=CD95D958ECD437140A4C7CF94337DAFD8AD962DEhttps://ec.europa.eu/info/sites/info/files/business_economy_euro/banking_and_finance/documents/190618-sustainable-finance-teg-report-climate-benchmarks-and-disclosures_en.pdfhttps://ec.europa.eu/info/sites/info/files/business_economy_euro/banking_and_finance/documents/190618-sustainable-finance-teg-report-climate-benchmarks-and-disclosures_en.pdfhttps://www.bankofcanada.ca/2019/05/financial-system-review-2019/https://www.co-operativebank.co.uk/assets/pdf/bank/news/values-and-ethics-report-2018.pdfhttps://www.ybs.co.uk/pdf/your-society/policies/YBS-Environment-Policy-Overview.pdfhttps://www.nationwide.co.uk/-/media/MainSite/documents/about/corporate-information/results-and-accounts/2017-2018/annual-report-and-accounts-2018.pdfhttps://www.google.com/search?client=firefox-b-d&channel=trow&q=%3A+A+practitioner%E2%80%99s+aide+for+the+general+insurance+sector

  • SpareBank 1 Gruppen ASPostboks 778 SentrumHammersborggata 20106 Oslo

    The Governance Group ASGrev Wedels plass 20151 Oslo