seier den danske dikta- fedraheimen side 20-21 kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. saxlund kjem frå...

24
Eit skilje Etableringa av ein Norsk Ordbank vil markere eit skilje i korleis ein tek vare på norsk språk. Det vil gje utfordringar for dei språk- teknologiske miljøa. Side 6-7 Medlemsblad for Noregs Mållag Nr. 3 – juni 2009 SPRÅKBANKEN NÆRINGSLIV NOREGS MÅLLAG Frå gård til gard – Ingen isprodusentar i Noreg brukar nynorsk i marknadsføringa. Nynorsk understrekar det unike, særpreget med vårt produkt, isen skil seg ut, seier Grete Waldeland Høiland ved Iskremgarden. Midten Ingen fasit – Det som er spanande med språkpolitikk er at det ikkje er nokon fasit. Det blir styrt av dei som engasjerer seg, seier Håvard B. Øvregård, den nye leiaren i Noregs Mållag. Side 10–11 Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai Foto: Iskremgarden Illustrasjonsfoto: Rui Rodrigues/Stock.Xchng Foto: Kjartan Helleve – Om ein skal skrive litteratur, må ein både vere ærleg, og lyge. I prosessen med å bear- beide noko litterært er det jo vanskeleg å ta omsyn til om det er sant, seier den danske dikta- ren Lone Hørslev. Side 20-21 Foto: Thomas A. /Athene Mange elevar som har nynorsk som hovudmål på skulen, byter seinare over til bokmål. Somme byter allereie på ungdomstrinnet, andre fyrst når dei er ferdig med vidaregåande. No samarbeider Valdres Mållag, Noregs Mållag og Norsk Målung- dom for å få fram meir kunnskap om målbyte. Det er løyvt 200 000 kroner til prosjektet. Me kunne ikkje sitje stille og sjå på dette, seier Aud Søyland styre- medlem i Noregs Mållag og busett på Leira i Valdres Side 4 Kvifor byter dei mål? Foto: Steve Woods/Stock.Xchng Sanninga om løgna

Upload: others

Post on 30-Dec-2019

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

Eit skiljeEtableringa av ein Norsk Ordbank vil markere eit skilje i korleis ein tek vare på norsk språk. Det vil gje utfordringar for dei språk-teknologiske miljøa.

Side 6-7

Medlemsblad for Noregs Mållag • Nr. 3 – juni 2009

SPRÅKBANKEN NÆRINGSLIV NOREGS MÅLLAG

Frå gård til gard– Ingen isprodusentar i Noreg brukar nynorsk i marknadsføringa. Nynorsk understrekar det unike, særpreget med vårt produkt, isen skil seg ut, seier Grete Waldeland Høiland ved Iskremgarden.

Midten

Ingen fasit– Det som er spanande med språkpolitikk er at det ikkje er nokon fasit. Det blir styrt av dei som engasjerer seg, seier Håvard B. Øvregård, den nye leiaren i Noregs Mållag.

Side 10–11

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Foto

: Isk

rem

gard

en

Illus

trasjo

nsfo

to:

Rui R

odrig

ues/

Stoc

k.Xc

hng

Foto

: Kja

rtan

Helle

ve

– Om ein skal skrive litteratur, må ein både vere ærleg, og lyge. I prosessen med å bear-beide noko litterært er det jo vanskeleg å ta omsyn til om det er sant, seier den danske dikta-ren Lone Hørslev.

Side 20-21

Foto

: Tho

mas

A. /

Athe

ne

◆ Mange elevar som har nynorsk som hovudmål på skulen, byter seinare over til bokmål. Somme byter allereie på ungdomstrinnet, andre fyrst når dei er ferdig med vidaregåande.

◆ No samarbeider Valdres Mållag, Noregs Mållag og Norsk Målung-dom for å få fram meir kunnskap om målbyte. Det er løyvt 200 000 kroner til prosjektet.

◆ Me kunne ikkje sitje stille og sjå på dette, seier Aud Søyland styre-medlem i Noregs Mållag og busett på Leira i Valdres

Side 4

Kvifor byter dei mål?

Foto

: Ste

ve W

oods

/Sto

ck.X

chng

Sanninga om løgna

Page 2: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

Utgjeven av Noregs Mållag

Tilskrift: Postboks 474 Sentrum

0105 Oslo

Redaktør: Kjartan [email protected], 23 00 29 32,

faks 23 00 29 31

I redaksjonen: Magnus Bernhardsen, Hege Lothe, Jens Kihl

Heimeside: www.nm.no

Abonnement: Kroner 250,- per år

Utforming: Språksmia [email protected]

leiarteigen

– Når nokon snakkar nedsettande om språket mitt, har eg vondt for å vera verdig og imøtekomande.

Edvard Hoem

–h

«KVIFOR LÆRER VI IKKJE NYNORSK ved vak-senopplæringa?» spør Lamai Khot-mongkhol frå Kvinnherad og Th ailand. «[Det] ville vore lettare om vi lærte ny-norsk på skulen» seier Jurgita Zemaitai-tènè frå Kvinnherad og Litauen. «Målet mitt er ikkje berre å snakka godt, men å læra meg god skriftleg nynorsk» seier Sandra frå Brasil og Kvinnherad.

Sitata er frå avisa Kvinnheringen onsdag 29.oktober i fj or. Fire førstegenerasjons norske kvinner vert intervjua. Dei har eit felles ønske: Dei vil ha nynorske lærebøker. Det same ynskjer Julanda Garcia Romano frå Vindafj ord og Den dominikanske republikk i lokalavisa Grannar torsdag 7.mai i år. Ho vil at norskopplæringa hennar skal vere på same språket som guten lærer på skulen, men slik har det ikkje vore. Vindafj ord Mållag har heldigvis teke opp saka, fått med seg ordførarar, og sett dagsorden.

FOR DETTE ER EI SAK som ligg midt i hovud-utfordringane til distrikta. Korleis sikre folketal og tilfl ytting? Korleis byggje ein identitet som synleggjer dei positive ver-diane i kommunen? Korleis sikre god in-tegrering av tilfl yttarar? Det er ikkje rart at ordførar etter ordførar no vaknar og tek initiativ til at innvandrarar skal lære det same skriftspråket som vert nytta el-les i kommunen.

Engasjementet var veldig tydeleg på Landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) i Loen 27.-29.mai. Ordførarane i Vågå og Stryn var mellom dei som tok det opp. Ordføraren i Stryn, Nils P. Støyva, hadde hatt vitjing av statssekretær Libe Rieber-Mohn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet same veka, og gjeve tydeleg beskjed om

at det må verte fortgang i arbeidet med opplæringsmateriell på nynorsk.

LNK skriv i årsmeldinga si at «Det kan sjå ut som om den positive utviklinga på dette området har stoppa noko opp». Etaten som har ansvar for saka nasjonalt, VOX – læring for arbeidslivet, har ikkje tykt det var viktig nok. Det er på veg til å endre seg. Få dagar etter Landstinget til LNK er VOX på bana og vil få framgang i saka.

Regjeringa har nett kome med framlegg om utviding og styrking av norskopplæring for nye statsborgarar, med mellom anna obligatoriske prøver i norskopplæringa. Mållaget har vore i media og peika på at dette sjølvsagt skal bety at opplæring og prøver skal fi nnast på både nynorsk og bokmål.

Kvifor er dette så viktig for oss i Mållaget?

DIALEKT OG NYNORSK = BETRE INTEGRERING. Å snakke den lokale dialekten, og å skrive det lokale skriftspråket, kan ikkje over-vurderast som integreringsfaktor. Du kan ha ein uvanleg hudfarge, men om du snakkar den lokale dialekten så betyr det mykje meir. Berre tenk på taxisjåføren i reklamefi lmen: «Æ e’ fra Harstad, enn du?». Om ein lærer nynorsk skriftleg, vert det lettare for førstegenerasjonsnord-menn også å ta til seg dialekten.

FLEIRE NYNORSKBRUKARAR. I arbeidspro-grammet vårt står det «Noregs Mållag ynskjer å påverka individuelle og kol-lektive val på eit vis som fører til auka bruk av nynorsk i heile landet: Fleire nynorskbrukarar, fl eire målfolk, fl eire som er glade i nynorsken.» Som vi les i Kvinnheringen og Grannar, så ynskjer vaksne innvandrarar i nynorskkom-munar å verte nynorskbrukarar, det er berre mangel på materiell som hind-rar dei. Dette MÅ vi som målfolk ta tak i.

SKULEMÅL. Det er ei vrangførestelling at det er vanskeleg for elevar med minori-tetsbakgrunn å lære seg nynorsk. Erfa-ringar frå mellom anna Holmlia indike-rer det motsette. Den ukritiske praktise-ringa av unntak frå sidemål for alle med minst ein forelder fødd utanfor landet er ein hån mot nynorsken, så vel som ein hån mot første- og andregenerasjons nordmenn si evne til å lære båe målfor-mene i Noreg. Dess viktigare er det at ein viser at opplæring i nynorsk fungerer uavhengig av kor foreldra dine er fødde. Då er det viktig at foreldra sjølve har kunnskap i nynorsk.

«Borna ber om hjelp til skulearbeidet, men mora kan ikkje hjelpa fordi ho manglar kunnskapar om det nynorske skriftspråket» seier Lamai frå Kvinnherad og Th ailand om ei venninne.

Slik skal det ikkje vere! Eg oppmodar alle lokale mållag til å ta kontakt med kommunen dei bur i, spør om vaksne innvandrarar i kommunen får norskopplæring på nynorsk, og utfordre ordføraren på å ta opp saka.

God sommar!

MålelagetEg bur på vestkanten i Oslo, men

ikkje beste vestkant. Nokre svære OBOS-blokker sperrar den strake vegen opp til Hol-menkollen. Blokkene kan nok kallast vestkant-OBOS, sidan kvadratmeterprisen ikkje lok-kar til seg einslege foreldre eller nye norske. Blokkene er difor fylde opp med mellomleiarar både frå det private og det of-fentlege. Desse mellomleiarane har ungar som går i klassen til eldste son min, eller i barne-hagen til yngste son min. Det betyr at eg må seie kva eg ar-beider med.

Då eg fl ytta hit, visste eg at eg nærma meg den hardaste kjer-nen av nynorsk-motstandarar. Det er er her Høgre-folka bur, som får ungar som byrjar i Unge Høgre og som brenner ordlister i skulevalkampar.

Pussig nok har eg sett lite til denne motstanden. Det kan sjølvsagt ha noko å gjere med at ingen forstår dialekten min, men det gjer ikkje ein gong mor mi. Dialekt eller mumling, kjært barn har mange namn.

Tvert om opplever eg rett som det er at arbeidsstaden min spinn av meiningsfulle samta-lar. Somme er mellomleiarar i NAV, og fortel om korleis nynorsk ikkje akkurat blir prio-ritert der. Somme arbeider i industrien og fortel om korleis engelsk overtek i næringslivet. Og somme har tenåringsjenter i huset og vil vite om det fi nst nokre bøker som kan hjelpe henne i sidemålsopplæringa.

Her om dagen var det til og med ein innfl ytta vestlending som sa han ville melde seg inn. Rett nok kom me litt skeivt ut. Då eg sa kvar eg arbeidde, svara han: «Ja, eg har sett du har sånt måleutstyr bak i bilen.» Etter-kvart skjøna han kva eg sa inne i all mumlinga, og no skulle han altså gjere det han hadde tenkt på lenge.

Det er håp.

Håvard B. Øvregård, leiar

Nynorsk for vaksne innvandrarar

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Kjartan Helleve, redaktør

NORSK TIDEND NR. 3 – 20092

Orsak. Eg fekk ikkje tak i namnet ditt.

OI! HVORDAN LIKER DEG I NORGE?! KALDT, IKKE SANT?!

Neven Andrijašević

Teikning: Kjartan Helleve

Page 3: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

intervjuet

Ny dagleg leiar i BokdykkAnnicken Saxlund er tilsett som fungerande dagleg leiar for Bok-dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm. Ho vil ha hovudbase i Oslo med kontor i lokalet til Det Norske Samlaget.

Helleviks mediemålpris 2009 til Ingvill TandstadIngvill Tandstad (1976), NRK Østlandssendingen, er tildelt Alf Helleviks mediemålpris 2009. Tandstad er fødd og oppvaksen i Sykkylven på Sunnmøre og er den fyrste nynorsktalande journalisten som er tilsett ved NRK sitt største distriktskontor, NRK Østlands-sendingen i Oslo. Ingvill Tandstad arbeider som journalist og pro-gramleiar i radio og fj ernsyn.

Samlagsprisen 2009 til Helga (Gunerius) EriksenSamlagsprisen for 2009 blir delt mellom Helga Eriksen og Helga Gunerius Eriksen. Ein og same forfattar bruker to namn: Helga

Eriksen når ho skriv for vaksne og Helga Gunerius Eriksen når ho skriv for barn. Forfat-taren har sidan debu-ten i 1986

teke imot ei rekkje prisar. Prisen blei delt ut på årsmøtet i Det Nor-ske Samlaget i april 2009.

Hildegun Riise får Hulda Garborgs stipend 2009– Det er ein generasjon som mar-kerer eit skilje i norsk skodespelar-kunst på den måten at dei har fått prega sine rollekarakterar med ein meir personleg språktone.

Dette har verka forny-ande både på norsk fi lm og tea-ter, meinte juryen. Fondet vart skipa i 1923

av Hulda Garborg på grunnlag av pengar som Det norske spellaget i si tid hadde spela inn. Styret i Det Norske Samlaget styrer fondet. Stipendet blir utdelt an-nakvart år.

f o l k

– Eg vart glad, stolt og overraska – eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong, seier Ronny Brede Aase.Den 22 år gamle prisvinnaren har fått Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar for 2009. Ronny Brede Aase er «pla-tepratar» og bloggar i P3. I snart to år har førdianaren teke lytta-rane med verbal storm både på dag- og nattestid.

– Han er ein sprek og særeigen språksjonglør. Berre arbeidsopp-gåvene til Brede Aase tilseier at han brukar nynorsk på det som til no har vore eit utradisjonelle område, der det går raskt unna og fl eire format som SMS-ar, e-post og anna skal handterast, seier juryleiar for nynorskprisen, Gry Molvær.

– Han stortrivst på lufta og gleda hans ved det smittar over på dei som lyttar. Ronny Brede Aase er eit sjeldan fenomen i norsk kringkasting, både som journalist og nynorskbrukar, og vi er svært glade for å kunne gje han prisen i år, seier Molvær.

StoltBrede Aase har så vidt vakna av sjokket. Av 30 nominerte var det han som stakk av med årets ny-norskpris for journalistar.

– Eg vart glad, stolt og over-raska - eg visste jo ikkje at eg var nominert ein gong!

Når juryen trekkjer fram at «Ronny Brede Aase tykkjest å vere ein stolt nynorskbrukar», kan prisvinnaren ikkje nekte for det:

– Ja, eg er stolt av språket mitt. Og det er jo heilt naturleg å bruke språket sitt!

– Korleis er det å vere dialekt-brukar frå Sunnfj ord i P3?

– Det er kjempegøy! Eg har frie tøylar og møter ingen mot-stand i leiinga eller blant kollega-ene. Tvert om støttar dei opp og heiar på dialektbruken min. Det som òg er litt tøft, er at det jo ikkje er sjukt vanleg med dialektbru-karar som meg, til dømes i Radio Norge og P4.

– Legg du band på deg i dia-lektbruken?

– Ikkje så mykje. Men det er ikkje noko poeng å bruke uttrykk som er så spesielle at den jamne lyttar ikkje forstår dei. Eg seier til dømes ikkje «hi sida». Det forstår rett og slett ikkje folk.

«Slitsom sunnmøring»– Møter du språkleg motbør frå lyttarane?

– Mest av alt får eg skryt.

Mange lyttarar skriv meldingar og seier at dialekten min er fi n og dei lurer på kvar eg kjem frå. Men eg har fått ein hatmail der eg blir omtalt som «han der slitsomme sunnmøringen». Hehe!

– Er nynorsk / nynorsknære dialektar kult?

– Ja, det er jo det. Så lenge ny-norsken er tilgjengeleg, levande og eksisterer ute blant folk. Eg har ikkje tru på at ungdom til dømes skal lære ein nynorsk som på ein måte ikkje fi nst i dag.

– Mange unge går over til å skrive bokmål når dei tek til på vi-daregåande og på høgare utdan-ning. Du var ikkje blant dei?

– Eg har aldri vore freista til å svikte! Men eg vart tvinga til å skrive bokmål i studentavisa ved Høgskulen i Halden. Men eg likte det ikkje. Bokmål var utruleg stivt og kjenslelaust. Eg uttrykkjer meg mykje betre på nynorsk.

– Du omset SMS-ar til ditt eige språk på direkten i eit forrykande tempo. Er ikkje det vanskeleg?

– Nei, det går bra. 90 prosent av SMS-ane er på bokmål. Eg vil ikkje lese dei på bokmål, men for-telje innhaldet. Då må eg bruke mitt eige språk.

– Du får m.a. 50 000 kroner som prov på at du er prisvinnar. Det er ein bra slump pengar det …

– Hehe, naturlegvis. Dei kjem godt med. Eg har ein BSU-konto (Bustadsparing for ungdom) som skal fyllast opp.

– Og så blir det vel litt att til CD-kjøp?

–Å ja! Det blir nok litt fråtsing på Platekompaniet.

Homer får avløysing– Har du ein ledig vegg til kunst-verket som du òg får?

– Det ordnar vi! Eg tippar at det no vil passe bra å skifte ut ein Homer Simpson-plakat på veg-gen, seier ein audmjuk prisvinnar.

– Eg er kanskje ein nynorsk-outsider. Ikkje står eg på barri-kadane, og eg er nok sikkert ikkje ein perfekt nynorskbrukar. Men dette var utruleg stas, seier Ronny Brede Aase.

Kulturdepartementet sin ny-norskpris for journalistar blir delt ut under Dei nynorske Festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, tors-dag 25.juni. Tidlegare prisvinna-rar er Linda Eide, Kjell Erik Kall-set og Odd Reidar Solem.

GEIRMUND HENJUM,Nynorsk Mediesenter

Pris til platepratar

PRATAR PÅ NYNORSK: Ronny Brede Aase er «platepratar» og bloggar i P3. I snart to år har førdianaren teke lyttarane med verbal storm både på dag- og nattestid. Foto: NRK

NORSK TIDEND NR. 3 – 2009 3

NBI-stipendet til Helge TorvundHelge Torvund har motteke NBI-stipendet 2009 under eit arrangement ved Norsk barnebokinstitutt i Oslo. Stipendet er på 50 000 kroner. Torvund skal undersøkje korleis ulike verkemiddel i barnedikt har samanheng med verkemiddel som blir brukte i hypnose.

Foto: Hilde Holthe-Berg/Samlaget

Foto: Det Norske Teatret

Ingvill Tandstad

RONNY BREDE AASE◆ Kjem frå Førde, bur i Trondheim.◆ Platepratar i NRK P3 ◆ Vinnar av Kulturdepartementets

nynorskpris for journalistar

Foto

: Mor

ten

Brun

/Sam

lage

t

Page 4: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

4 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

målnytt

Historisk vedtak i Norsk Journalistlag: Landsmøtet i Norsk Journalistlag (NJ) har ført inn eit nytt punkt i arbeidsprogrammet under kapittelet Likestilling og mangfold. Der heiter det at «NJ vil arbeide for med-lemmenes mulighet til å utvikle journalistisk og språklig kvalitet og uttrykksfrihet, mangfold og integritet.» – Svært gledeleg, seier Berit Rekve, leiar i Mediemållaget.

Framlegget kom frå Dag Hellesund frå Bergensavisen.

Han ville i utgangspunktet at setninga skulle inn under eit punkt om ytringsfridom, men ho vart etter eit ordskifte plassert under kapittelet om likestilling og mangfald. Berre seks utsendingar røysta mot framlegget.

– Tanken om større ytringsfridom for journalistar kom etter utspelet til Tor Fuglevik, som ville kople subsidiar til mediebransjen med krav om språkmangfald, seier Hel-lesund.

Valdres Mållag har sett i gang eit stort prosjekt for å stogge målbytet hjå ungdomen. Noregs Mållag har løyvt inntil 200 000 til prosjektet.– Det heile byrja med at me tok til å spørje oss sjølve: Kva er det som skjer med ungdomen her? Kvifor byter dei til bokmål og kva kan me gjere for å stogge målbytet, seier Aud Søyland, styremedlem i Noregs Mållag og busett på Leira i Valdres. Valdres Mållag kom fram til at me lyt gjere noko, ikkje sitje still og sjå på dette. Me sette ned ei nemnd, tok saka opp med NMU og Noregs Mållag og der-med var me i gang.

Spørjegransking– Jamvel om me veit at mange byter, veit me ikkje kor mange, for ikkje å seie kvifor dei byter. Saman med Samisk Høgskole laga me eit spørjeskjema som me gav til alle elevane på Valdres vgs. Det er over 500 elevar på skulen, og godt over 400 svara på spørje-skjemaet. Nett no driv NMU og lagar ein database – det er mange spørsmål og mykje å gå gjennom, seier Søyland.

– Dei siste åra har målrørsla teke inn over seg at målkjensla vår vert skapt vel så mykje utanfor sku-len som i skulen. Mellom anna er den aller fyrste språkopplæringa, i barnehagen svært viktig. Sameleis gjeld målbruken i det off entlege og i det sivile samfunnet ikring oss. Me eig alle språket saman, og der-med vert det viktig for oss å få med oss kommunane, næringslivet, organisasjonane osb. Alt som kan heve terskelen for målbyte, er bra, seier Søyland. I tillegg til målbyte frå nynorsk til bokmål, skjer det ei endring i talemålet her òg. Me høy-rer jamt korleis bokmål/oslomål påverkar valdresmålet, og me veit at mange, også utanfor målrørsla i Valdres ottast denne utviklinga. Her har me gode alliansar å byggje på, seier Søyland.

Viktig for alle– Dette er eit pilotprosjekt som er viktig for fl eire enn folk i Valdres, seier Håvard Øvregård, leiar i No-regs Mållag. Til no har det aldri vore noka off entleg interesse for målbytet mellom nynorskskri-vande ungdom. Dei siste åra har det endra seg noko; så vel Kristin Clemet som Øystein Djupedal drog fram at det er eit kulturpo-litisk problem at mange elevar byter frå nynorsk til bokmål. Det

er brei tverrpolitisk semje om at noko må gjerast. Valdres Mållag har verkeleg teke tak i denne saka og prosjektet bør vere interessant og viktig for så vel sentrale styres-makter som kommunar i rand-sonene, ti dømes ikring Bergen, seier Øvregård. Styret vedtok å løyve inntil 200 000 kroner til prosjektet. Me er visse på at dette er eit bra tiltak å bruke pengar på, eit tiltak som har nasjonal inter-esse, seier Øvregård.

Framover– Me har nett tilsett Karen Marie Kvåle Garthus, lærar på Valdres vgs som dagleg leiar i 60 % stil-ling. Ho har vore med i målrørsla lenge, aktiv i SmiO, skrive hovud-fagsoppgåve om utviklinga av val-dresmålet og er veldig kveikt for prosjektet. Me kunne snautt fått nokon betre enn henne, seier ei oppglødd Søyland. No skal svara frå granskinga analyserast. NMU er i fyr og fl amme og skal vere med framover. Me skal kontakta skular, barnehagar, organisasjonar, ordfø-rarar, spelemenn- og kvinner, son-garar og ikkje minst elevar. Og me skal blæste prosjektet mykje slik at me får med oss heile Valdres, smi-ler Aud Søyland.

INGAR ARNØ[email protected]

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har no fått godkjent ein treårig tiltaksplan av Utdanningsdirektoratet.Planen inneheld tiltak for opplæ-ringa i nynorsk frå barnehagen til lærarutdanninga, og forsking på opplæringa i nynorsk er sentralt i planen.

Det er fl eire år med førearbeid som no blir løna med kroner og øre. I utgangspunktet var det meininga at dette skulle bli ein strategiplan for korleis ulike aktørar kunne sam-arbeida for å styrkja nynorskopp-læringa. Men med fare for at dette

berre vart nok ein plan, vart ansva-ret plassert hjå Nynorsksenteret, og strategiplanen vart til ein tiltaksplan berre for dei. Dermed kunne han vera meir konkret og handlingsretta. Alt i år er det sett av 4,1 millionar kroner til arbeidet.

Tiltaksplanen inneheld både mål og tiltak for alle steg i skulen, inklu-dert på høgskulenivå. Arbeidet tek utgangspunkt i Læreplan for Kunn-skapsløftet 2006, Stortingsmelding nr. 11 om læraren si rolle og Stor-tingsmelding nr 23 «Språk bygger broer», der denne tiltaksplanen blir særskild nemnd.

– Denne tiltaksplanen byggjer på det me har gjort tidlegare, men no fylgjer det med pengar som gjer

at me kan fylgja opp arbeidet på ein heilt annan måte, seier leiar for Nynorsksenteret, Anne Steinsvik Nordal.

– Me kallar det aksjonsforsking. Det vil seia at me aktivt går inn og stimulerer, og så måler me eff ekten. Me har korkje tid eller ressursar til berre å observera for å fi nna ut kva som er problemet. Me ynskjer å fi nna ut om tiltaka våre har nokon eff ekt.

HovudmålNynorsksenteret vart etablert med eit mål om å styrkja opplæringa i nynorsk som sidemål. No ser sen-teret vidare og ynskjer å undersøkja korleis ein kan styrkja opplæringa av

Utdanningsdirektoratet ønskjer å sty

Målbyte i Valdres

Illustrasjonsfoto: Sophie/Stock.Xchng

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ynskjer å undersøkja korleis ein kan styrkja opplæringa av nynorsk som hovudmål, seier leiar for Nynorsk-senteret, Anne Steinsvik Nordal. Arkivfoto: Norsk Tidend

Page 5: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

5NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

– Mange av oss likte ideen om tvang dårleg. Men vi kjempar stadig for ytringsfridom både i Noreg og utlandet. Eg tenkte difor at det var naturleg at Norsk Journalistlag kravde ein større del av ytringsfridomen til sine medlemmer. Eg meiner sjølv at vi bør støtte ein språkpolitikk som den Nationen, Vårt Land, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende følgjer, der det er mogleg å skrive både på nynorsk og på bokmål. Om dette blir eit meir allment akseptert prinsipp, ville mykje ha vore vunne for ytrings-

fridomen til kvar einskild journalist, seier Hellesund.Han åtvarar likevel mot å leggje sjampanjen i kjøleskåpet.– Dette vil ikkje automatisk vere bra for nynorsken. Konse-

kvensen kan jo bli at ein bokmålsbrukar i NRK Sogn og Fjordane kan bruke bokmål. Prinsippet går og atskillig lenger enn språk-politikk. Ein kollega av meg jobba før i ei avis der redaktøren retta ordet «abort» i artiklane til «fosterdrap». Vedtaket til landsmøtet ser eg på som ei støtte til sjølvvald bruk av ordet abort, og eit nei

til redaktørpålagd «fosterdrap», seier Hellesund.Berit Rekve, leiar i Mediemållaget, tek dette som eit signal om

at Journalistlaget vil arbeide for meir nynorsk i norske avisspalter.– Det er svært gledeleg at dei har gjort eit slikt vedtak. Vi

vonar dette betyr at Journalistlaget vil gi tydelegare støtte til ny-norskskrivande journalistar, seier Rekve.

KJARTAN [email protected]

nynorsk som hovudmål. Kva lærer elevane? Kva kompetanse sit dei att med? Kva kan lærarane?

– Me veit at det fi nst mange læra-rar som bruker opplegg som funge-rer. Dette er kompetanse som van-legvis ikkje syner att i forskingsrap-portar. Me vil stimulera og styrkja slike lærarar og skular for å studera eff ekten. Målet er å syna fram korleis ein kan gjera det og peika på kon-krete døme, seier Steinvik Nordal.

For elevar i ungdomsskulen og i vidaregåande skule som har nynorsk som hovudmål skal dei setja i gang prosjekt med fy lgjeforsking med fokus på skriveopplæring i alle fag. Måla for opplæringa i nynorsk er at elevane får kulturell og språkleg

sjølvtillit som gjer dei til trygge ny-norskskrivarar.

På alle nivåI barnehagane vil Nynorsksenteret setja i gang prosjekt for språksti-mulering, og få utvikla digitale res-sursar for leik og læring på nynorsk. På barnesteget vil ein prøva ut pro-sjekt med tidleg start med skriftleg nynorsk for elevar som har bokmål som hovudmål. Tidleg start vil seia frå 5. klasse.

I universitets- og høgskulesekto-ren skal Nynorsksenteret arbeida for å byggja opp kompetanse på høgt nivå når det gjeld nynorsk språk og didaktikk, og ei stipendiatstilling på dette feltet vert utlyst no i vår.

– Det er vanskeleg å halda på med på slike prosjekt om ein ikkje har høg nok fagleg kompetanse. Professorar som har greie på opplæ-ring i nynorsk er ei mangelvare, seier Steinsvik Nordal.

Nynorsksenteret vil òg tilby sti-muleringstiltak for studentar og lærarar som tek særskild utdanning i nynorsk, og vil utvikla og få i gang eit emne på 15 studiepoeng med moderne nynorskutdanning for læ-rarar.

Valdres– Har de funne dei rette prosjekta?

– Me lyser kvart år ut FoU-midlar (Forskings-, forsøks- og utviklings-arbeid) og mellom desse har me

funne fl eire prosjekt som kan høva. Me skal i gang alt i år, og det hadde teke mykje tid å lysa ut på nytt.

Mellom søknadene som har kome inn, er ein frå Valdres Mållag som i samarbeid Sámi allaskuvla – Samisk høgskole vil sjå nærare på grunnane til at ungdom byter frå nynorsk til bokmål.

– Utan at me har teke noka en-deleg avgjerd, så er dette noko me på ein eller annan måte ynskjer å vera med på. Eg har sjølv undersøkt dette her i Volda, men det er likevel ein skilnad. For medan ein i Valdres byter skriftspråk medan ein går på skulen, så byter ikkje elevar frå Volda før dei er ute av skulen og reiser vekk eller får seg jobb.

Regjeringa vil få fl eire til å bruke dei samiske språka. Barnehage og skule, off entlege te-nester og kulturtilbod er sentrale område for handlingsplanen for samiske språk som vart lagd fram i slutten av mai. – Det er særleg viktig med ein innsats for å sikre lulesamisk og sørsamisk som levande språk også for framtidige generasjonar, seier arbeids- og inkluderings-minister Dag Terje Andersen.

Tiltaka i handlingsplanen rettar seg mot tre hovudom-råde: styrkje språkopplæringa,

auke off entlege tilbod på samisk og synleggjere det samiske språ-ket.

Sametinget sine undersøkin-gar om samiske språk og evalue-ringa av språkreglane i samelova syner at det framleis er mange utfordringar. Regjeringa vil difor gjennomføre ei undersøking av språkreglane i samelova.

– Retten til å kunne nytte samisk språk i møte med det of-fentlege er mellom dei viktigaste rettane for samane som folk, seier statsråden.

Det er sett av midlar til sær-skilde tiltak for å styrkje språk-utviklinga i lulesamiske og sør-samiske område. Midlane vil bli forvalta av Fylkesmannen i Nordland.

– Regjeringa meiner det er

viktig å etablere tospråklege samfunn der det er mogleg, og er positiv til ei vidare utviding av forvaltingsområdet for samisk språk. Eg er difor glad for at det no er lagt til rette for at Lavan-gen kommune kjem inn under forvaltingsområdet, seier stats-råden.

Han trekkjer fram verdien av bidraga mellom anna frå Same-tinget og samiske språkmiljø i arbeidet med handlingsplanen.

– Samarbeidet har vore av-gjerande for å få til ein hand-lingsplan som kan møte behova for språktiltak i det samiske samfunnet, og me ynskjer å vi-dareføre samarbeidet i oppfyl-ginga av handlingsplanen, seier arbeids- og inkluderingsminis-ter Dag Terje Pedersen.

yrkje nynorskopplæringa

Vil auke bruken av samiske språk

Skulen er blant satsings-områda for ein ny hand-lingsplan for sa-miske språk som vart lagd fram i slutten av mai.

Illustrasjonsfoto: Ola Røe/Sámediggi/Sametinget/

Åtvarar mot omreisande asfaltarbeidararPolitiet åtvarar no folk mot å engasjere britiske og irske asfaltarbeidarar, mel-der NPK. Dei tilbyr å gjere jobben for ein billig penge, men kundane endar opp med halvgjort arbeid og tap av pengar.

– Dette var nytt for meg, seier Ragnar Hovland i ein stutt kommentar.

– Tvert imot er dei en-gelskmennene og irane eg kjenner, både hyggjelege og til å stole på.

Page 6: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

mediaTarjei Vågstøl

Medietilsynet har nett lagt fram Allmenn-kringkastingsrapporten for 2008.

Det er neppe noka overrasking at NRK framleis ikkje greier kravet om å nytta minst 25 prosent nynorsk og di-alekt, men det må vera lov å undra seg over at det ikkje går framover heller.

Eg skal vera den fyrste til å vedgå at prosenttala som kjem fram i Allmenn-kringkastingsrapporten ikkje gjev heile biletet av nynorskbruken i NRK. Sjølvsagt er det viktig at nynorsk vert brukt overalt og i program med høg prestisje. Likevel er prosentgrafane det næraste vi kjem eit oversynsbilete.

I fj or synte rapporten (for 2007) at ny-norskbruken såg rimeleg stabil ut, men likevel under minstekravet. Medietilsynet konkluderte den gon-gen med at dette var for dårleg, og etterlyste at tiltaka NRK har sett i verk skulle gje resultat. Informasjonsdirek-tøren i NRK, Sigurd Sandvin, la seg fl at, og uttalte at det ikkje var nokon grunn til at NRK ikkje skulle greia kravet.

Rapporten i år, som altså gjev oversy-net for 2008, fortel om ein faktisk nedgang jamført med 2007 i alle kanalane, bortsett frå «verstingen» NRK2. Tala frå seriekanalen NRK3 og barnekanalen NRK Super er ikkje med i oversynet, men det er lite sannsynleg at dei er mykje betre enn resten av ka-nalane. I rapporten står det òg at NRK har sett i verk tiltak i andre halvår i fj or, men at desse ikkje var nok til å redda statistikken.

Det er sjølvsagt oppmuntrande å lesa at det er sett i gang tiltak, men det får ein òg til å lura på kor dårleg det eigent-leg stod til i fyrste halvår. Det er òg lett å hugsa på at dette er tredje året på rad at rapporten fortel at NRK har sett i gang tiltak, og peikar på Nynorsk mediesenter som eit særleg viktig eitt. Då vert ein ikkje så munter lenger.

Medietilsynet har, på same måte som til dømes Stortinget, gjort det heilt klart at 25 prosent nynorsk og dialekt er eit krav. Då er det ikkje nok med spreidde tiltak som tilsynelatande ikkje verkar. NRK må utarbeida ein gjennomgri-pande plan for korleis dei skal koma seg i hamn, og kva som skal til. Førre månad lyste dei ein handfull stillingar for å betra nettsatsinga si. Ressursane fi nst altså når det er viktig.

10. juni er det generalforsamling i NRK. Det er eit godt høve for kulturminister Trond Giske til å minna kringkastings-sjefen på at nynorskkravet står tydeleg i Allmennkringkastingsplakaten, og be om ein konkret plan, ikkje berre gode tiltak.

Medan viventar pånynorsken

6

Ta nynorsken alvorleg, NRK!– Eg er djupt skuff a over at å sjå at NRK ikkje på noko vis har nærma seg kravet om 25 prosent nynorsk i sendingane sine, seier Martin Toft, styreleiar i Kringkastingsringen.

For tredje år på rad kjem Allmennkring-kastingsrapporten med kritikk av NRK for å ikkje greia krava om å nytta minst 25 pro-

sent nynorsk og dialekt. ”Vi må bare skjerpe oss. Det fi nnes ingen grunn til at vi ikke skal være bedre på nynorsk,” sa kommunika-sjonssjef i NRK, Sigurd Sandvin, til NTB i mai i fj or då Allmennkringkastingsrapporten for 2007 vart lagd fram.

– Når vi ikkje ser noka skjerping, men faktisk ein nedgang i bruken av nynorsk og

dialekt, syner det at det ikkje held med gode ønske, meiner Toft. Han krev at NRK lagar ein tiltaksplan for korleis dei skal greia å koma opp på 25 prosent nynorsk innan 2012.

Brei kritikkKravet om kor mykje nynorsk NRK skal nytta, er mellom anna slege fast i Allmenn-

Språkbanken markerer eit skilje i korleis ein tek vare på norsk språk. Tidlegare skulle ein dokumentere norsk språk i eit historisk perspektiv. Språkbanken skal til kvar tid dokumentere norsk språk i samtida. Han skal berre innehalde ferskvare. Stortingsmeldinga «Mål og meining» inneheld ei lang rekkje med prioriterte tiltak. Det dyraste av desse tiltaka er opp-rettinga av ein norsk språkbank. Det er snakk opp ein oppstartskostnad på om lag hundre millionar kroner, pluss nokre millionar årleg så lenge han er i bruk. Det er ikkje naudsynt at det dyraste tiltaket samstundes er det viktigaste. Men alle-reie ved presentasjonen av meldinga i fj or trekte Kulturminister Trond Giske fram dette prosjektet.

Samstundes kom spørsmåla om kva dette var for noko. Giske gav då ordet fort til Sylfest Lomheim som gjorde eit hei-derleg forsøk på å forklare dei frammøtte at dette var veldig viktig. Han snakka om taleattkjenning når dokterar tek munn-lege notat og om kjøleskåpsdører som kan opne seg på verbal kommando. Un-der høyringa av språkmeldinga i Aasen-tunet, hadde ein like godt invitert med eit par representantar frå bransjen som kunne gjere greie for korleis dei kunne bruke Språkbanken i kvardagen.

Eit dømeNoko av nyaste du kan kjøpe innan ting du ikkje visste du trong, er ein Kindle. Han er utvikla av nettbokhandelen Ama-zon og er kalla ei elektronisk bok. Du kan altså sjå eit bilete av ei bokside, og skjer-men er såpass god at du kan lese heile ro-manar utan å gå til dokter med rennande auge. Han har no kome i ein større ver-sjon, som er meint for avissider. Det er no råd å kjøpe 285 000 boktitlar til Kindle. Ein av funksjonane på ein Kindle er at du kan få teksten lesen opp av ei elektronisk røyst, anten av ei dame eller ein mann. Men Amazon kallar framleis denne funk-sjonen eksperimentell, så teknologien har enno eit stykke å gå.

For at denne funksjonen skal fungere på norsk, må ein ha ein base av norske tek-star og røyster. Jo større denne samlinga er, jo betre kvalitet vil ein få på røysta. Å byg-gje opp ein slik ressurs er eit svært arbeid som nødig noko privat selskap vil ta på seg åleine. Nordisk Språkteknologi på Voss prøvde, men mange måtte betale dyrt då det ikkje gjekk. Difor risikerer ein at det ikkje kjem norske versjonar av språktek-nologiske verktøy, og ein må greie seg med engelske. Dette har dei faglege miljøa skjøna og ein har arbeidd i meir enn ti år for å få til ein slik base.

Dei faglege miljøa vil her seie både dei som så langt har teke vare på norsk språk og dei som arbeider for at norsk språk

skal henge med i den teknologiske ut-viklinga. Dei deler båe målet om at norsk skal overleve.

No har Stortinget endeleg vedteke at ein skal byggje opp ei slik samling. I stor-tingsmeldinga står det at «sjølve ideen med ein norsk språkbank er å etablere ei felles nasjonal ressurssamling av elektro-nisk lagra språkmateriale til bruk i ulike språkteknologiske løysingar». Det gjev nye utfordringar.

Behovet for ei ressurssamlingFrå 1991 til og med 1997 samarbeidde dei humanistiske forskingsmiljøa ved universiteta i Oslo, Bergen og Trondheim om det som har vorte kalla Dokumenta-sjonsprosjektet. Dei gamle arkiva var papirbaserte, tok mykje plass og hadde ofte ulike arkivkodar. No skulle manus-kript, katalogar, hefte og arkivkort gje-rast tilgjengelege via nett og dataskjerm. Dette gjorde mellom anna at dei om lag tre millionane ordsetlar i Ordboka vart digitaliserte. I tillegg har Norsk Ordbok bygt opp eit elektronisk tekstkorpus med hovudvekt på moderne nynorsktekstar. Dette korpuset inneheld no til saman om lag 37,7 millionar ord. Dette arbeidet var byrjinga på ei ny tid for dei lingvistiske miljøa. Ein ting var at datamaskina letta det praktiske arbeidet. Noko anna var at det gav høve til å bruke tekstkorpuset på ein annan måte.

Den fyrste konferansen om språktek-nologi på norsk vart arrangert i 1998 på Lysebu. Arrangøren var NIFST (Norsk infrastruktur for språkteknologi), ei sa-manslutning av ein del nasjonale for-skingsmiljø. Dette var altså året etter at Dokumentasjonsprosjektet var avslutta. Det var fyrste gongen at både forskings-miljø, næringsliv og politisk leiing møt-test i ein slik skala. Ein hadde sett at språkteknologiske verktøy vart utvikla på engelsk, eller som det står i eit referat: «Etterhvert fl ommer det over av produk-ter for større språk». No ville ein sjå på korleis ein kunne arbeide med å utvikle norske utgåver.

Samstundes hadde ein sidan seint i 70-åra drive eit arbeid med utvikling av norsk terminologi. Desse miljøa vart et-terkvart ein naturleg del av dei språktek-nologiske miljøa.

KUNSTI I 1999 kom den fyrste utgreiinga som konkluderte med at ein burde etablere ein språkbank som det off entlege skulle fi nan-siere. I 2001 etablerte Noregs forskings-råd eit forskingsprogram kalla KUNSTI (Kunnskapsutvikling for norsk språktek-nologi), som var eit forskingsprogram for språkteknologi. Programmet støtta fyrst og fremst prosjekt som var eit samarbeid mellom fl eire institusjonar. Ikkje minst skulle KUNSTI bidra til at norsk språk kunne nyttast fullt ut i framtidig program-vare og andre nye IT-produkt.

For at dette programmet skulle fun-

Eit vegskilje i nNORSK SPRÅKBANK◆ Nasjonal ressurssamling av elektronisk

lagra språkmateriale.◆ Eit av dei prioriterte tiltaka i Språk-

meldinga.◆ Skal vere eit grunnlag for å kunne utvikle

programvare og språkteknologiske pro-dukt på norsk og sjølve hjørnesteinen i språkteknologisk forsking i Noreg.

◆ Kostar 100 millionar i oppstart. I tillegg kjem årlege lønsutgifter til 2–3 personar og eit avgrensa behov for teknisk utstyr.

Illustrasjonsfoto: Rui Rodrigues/Stock.Xchng

Page 7: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 3– 2009 7

kringkastingsrapporten. Medietilsynet er ikkje det einaste som har kritisert målbruken i NRK. I stortingsmeldinga «Mål og meining», som vart vedteken av Stortinget i april, får NRK òg kritikk.

– Eg forventar at kulturminister Trond Giske vil nytta eigarmakta si og krevja at NRK legg fram ein konkret tiltaksplan.

Det har han høve til alt 10. juni, når NRK skal halda generalforsamling og allmennkringkastingsplakaten står på saklista.

Positive unnatak– Biletet er ikkje heilsvart, meiner Toft likevel.

– Når det gjeld barnekanalen NRK Super, har vi hatt ein svært god dialog med leiinga for kanalen om å ta i bruk meir nynorsk og dialekt, og vi veit at dei har sett i verk fl eire gode tiltak. Dersom resten av NRK hadde teke nynorsk like alvorleg, hadde dei ikkje hamna i den stoda dei er i i dag. (Pressemelding)

norsk ordsamling

gere, var ein avhengig av at dei digitale språkressursane vart utvikla og oppdaterte. I 2002 oppnemnde Kyrkje- og Kulturdeparte-mentet ei prosjektgruppe som skulle kome med ei ny utgreiing om ein språkbank. Det er denne rapporten som konkluderer med at oppstartskostnadane vil kome på om lag hundre millionar kroner. Kan hende var den summen grunnen til at arbeidet stoppa opp. KUNSTI fekk problem sidan dei digi-tale ressursane ikkje var gode nok. Dei var usystematiske, ufullstendige og daterte, og programmet vart avslutta i 2007.

I mellomtida hadde Nordisk Språktekno-logi på Voss gått konkurs. Problemet var at dei

prøvde å utvikle digitale verktøy samstundes som dei bygde opp ein ressursbase. Det gjekk ikkje. For å sikre at det materialet som dei hadde samla inn ikkje gjekk tapt, kjøpte uni-versiteta, Språkrådet og IBM restane. Dette materialet er no den største byggjesteinen i Språkbanken. Eit interimstyre vart etablert med representantar for oppkjøparane.

Utfordringar for SpråkbankenNo ser det endeleg ut som om banken skal verte ein realitet. Samstundes fi nst det openberre utfordringar.

For det fyrste må ein fi nne ut kva ein har frå før og samle det på ein stad. I tillegg til

dei openberre tekniske utfordringane det vil by på, må ein avklare spørsmål og løyve. Det er skilnad på å late røysta si verte spelt inn som ein dokumentasjon på vossadialek-ten, noko anna er at IBM skal kunne bruke han til å utvikle kommersielle produkt. Di-for vil ein Språkbank vere avhengig av å ha juridisk hjelp med spesialkompetanse på opphavsrett. Dette har ein allereie etablert i samband med overtakinga av ressursane frå Nordisk Språkteknologi.

For det andre må Språkbanken heile tida ha evna til raskt å ta opp i seg nye ord og språklege uttrykk. Det vil seie både dei nye norske orda og dei nye utanlandske. Skal ein

kunne nytte språkbanken som ein ressurs til omsetjing i ei eller anna form, må altså han kunne ha gode norske ord på plass etter kvart som dei dukkar opp i andre språk.

Krava til dei faktiske ressursane vil endre seg. Den tekniske utviklinga går så fort at krava ein set til dei digitale ressursane, truleg vil endre seg. I arbeidet med å skaff e seg over-syn over kva ressursar som allereie fi nst, har ein sett om visse krav til t.d. teknisk kvalitet. Desse krava kan fort kome til å endre seg.

Den tredje, og kan hende største utfor-dringa, er at Språkbanken skal vere ein res-sursbase for både private aktørar og forskings-miljø. Han skal altså kunne selje materiale til t.d. Amazon til ei norsk utgåve av Kindle, samstundes som forskarmiljø skal ha tilgang. Men ulike forskarmiljø har ulike mål og ulike arbeidsmåtar. Skal språkbanken lukkast, må ein greie å fi nne ein standard på materialet. Dette arbeidet er i gang, og forskarmiljøa vil vere ein naturleg del av banken.

Samstundes vert det no arbeidd med å lage ein felleseuropeisk infrastruktur for språkressursar og teknologi, CLARIN. Her vil ei standardisering av materialet, i tillegg til opphavsrett og eigarskap, vere noko ein må fi nne ut av.

Ein språkbank må altså samkøyrast mel-lom det private næringslivet, mellom for-skingsmiljø i Noreg og mellom dei ulike forskingsmiljøa i Europa. I framlegget som no ligg på bordet, skal det berre arbeide ei handfull menneske i språkbanken, som skal lene seg på ekstern fagleg, juridisk og teknisk kunnskap. Det er ingen tvil om at det bør stå «ha evner til å kunne samarbeide» i stillings-utlysinga for dei som skal arbeide der.

Eit vegskiljeEtableringa av ein norsk ordbank i fullskala vil markere eit skilje i korleis ein tek vare på norsk språk og det vil gje organisatoriske ut-fordringar for dei språkteknologiske miljøa.

Norsk Ordbok skal t.d. «gje ei uttøm-mande vitskapleg framstilling av ordtilfan-get i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet». Det vil seie at ein samlar inn og katalogiserer alt ein kan kome over, med unnatak av skriftleg bokmål. Ein etablerer eit apparat som sorte-rer og katalogiserer etter visse kriterium og ein kan så gje det ut som eit samla verk. I ein digital språkbank vil det fungere annleis.

Det mangfaldige syner att når Kultur-departementet no freistar å involvere både Forskingsdepartementet, Nærings- og han-delsdepartementet og Fornyingsdeparte-mentet i arbeidet. Akkurat no ligg arbeidet med Språkbanken hjå Kulturdepartemen-tet. Ingen veit heilt kor lenge departemen-tet skal arbeide med banken, men Språk-meldinga er vedteken, og banken skal på plass. Denne involveringa er kan hende eit uttrykk for at Kulturdepartementet ynskjer at fl eire skal vere med å dele rekninga.

Om fem år endar prosjektet Norsk Ord-bok 2014. Kan hende er det dagen ein plan-legg å opne dørene i Norsk Språkbank?

KJARTAN [email protected]

Stryk i nynorsk: Språkrådet sin rapport for 2008 viser at ved Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST) er 15,8 prosent av papirtilfanget på ein til ti sider på nynorsk, medan kun 0,9 prosent av papirtilfanget på over ti sider er på nynorsk. Når det gjeld ulike skjema fi ns åtte av 39 i begge målformene. Nettsidene til HiST inneheld omlag tre prosent nynorsk.

Språkrådet ber om at HiST styrkjer nynorskbruken i 2009.

Page 8: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

8 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

Målprisen til Kleppa: Etter mange år som ein av dei tydelegaste representantane for nynorsk i det off entlege, fekk endeleg Magnhild Meltveit Kleppa Målprisen frå Noregs Mållag.

Prisen vart delt ut frå Ragnar Hovland sin Kulturkviss fredag kveld.

Hege Myklebust hadde førebudd sin eigen kviss, der Meltveit Kleppa var svaret på alle spørsmåla. Det siste spørsmålet var om kven som fekk Målprisen 2009, og publikum var tydeleg i uvisse. Men då Meltveit Kleppa sjølv kom gåande opp mel-lom rekkjene, så braut applausen ut.

Grunngjevinga la vekt på at kampen for nynorsk blir førd på fl eire frontar.

– Målreisinga har alltid vore ein vekselverknad mellom jamt dagleg målarbeid i lokalsamfunna frå mål-laga og målfolket på den eine sida, og å få fram vedtak som tryggjar nynorsk like rettar som bokmål og gode vok-

Opplæring i nynorsk har vore den viktigaste saka på mange landsmøte i Mållaget. Landsmøtet i Oslo vart såleis ikkje noko unnatak. – Når eg no opnar landsmøtetalen i 2009 med å snakka om skulemålskrav frå 1906, er det fordi kra-vet om skriftleg opplæring i nynorsk i skulen var ho-vudsaka den gongen Noregs Mållag vart skipa, og det har nesten utan unnatak vore den viktigaste saka for organisasjonen i dei 103 åra som har gått sidan den gongen.

Avtroppande leiar Hege Myklebust hadde rett då ho held leiartalen. Mykje av landsmøtet i Oslo skulle kome til å dreie seg om opplæring. Eit av dei momenta ho meinte var viktigast, var tidleg start.

– Unge elevar har heller ikkje nådd å få negative haldningar til nynorsk, og dei lærer framleis fordi det er kjekt – ein uslåeleg suksessfaktor, sa Myklebust.

Barnehagen som ein språkarenaDess tidlegare, dess betre, meinte skulemålsskrivar Ingar Arnøy. Laurdag innleidde han om arbeid med språkstimulering og nynorskbruk i barnehagen.

– Dette er det viktigaste skulemålsarbeidet i åra som kjem, sa Arnøy.

– Det er 250 000 ungar i barnehagane no, og for-eldra deira er den defi nitivt viktigaste målgruppa til Mållaget. Greier me å gjere barnehagane medvitne på dialekt og nynorsk, så vil foreldra verte medvitne. Truleg vil det gjere det tradisjonelle skulemålsarbeidet enklare. Alle som arbeider med barnehagane, ser han no som ein læringsarena, og særleg ein læringsarena for språk. Difor er det viktig å arbeide for at dialektar og nynorsk får den plassen dei skal ha. Skulemålet er ofte eit konfl iktområde. Det er ikkje barnehagen. Di-for er dette berre eit praktisk problem som må løys-ast, sa Ingar Arnøy, og ville at dette skulle verte ein naturleg del av språkpolitikken i kommunane.

Etter innleiinga kom Máre Helander frå Samisk barnehage i Oslo og fortalde korleis dei driv språk-opplæring. Det var tyst i salen under innlegget hen-nar, og det var nok fl eire som plukka med seg ein idé eller to.

– Det er opplagt at barnehagen har eit ansvar for å arbeide med språket i ein kulturell kontekst, sa Mimi Bjerkestrand, som er leiar i seksjon barnehage i Utdanningsforbundet. Ho meinte at førskulelærarar gjer eit godt arbeid, men meinte samstundes at det var for får som kravde noko av barnehagane.

– Så kontroller bokhyllene, sjå i songhefta, spør og grav og still krav, sa Bjerkestrand.

ValdresprosjektetDet var likevel snakk om skulen òg. Styremedlem Aud Søyland informerte om eit prosjekt som Valdres

Mållag har sett i gang, kalla «Prosjekt om målbyte i Valdres». Dei vil freiste å fi nne ut av kvifor det er så mange skuleelevar som byter frå nynorsk til bokmål når dei kjem på ungdomsskulen og i vidaregåande.

– Nedslåande at så mange vel vekk nynorsk til for-del for bokmål, sa Søyland.

– Samstundes ser me at det er større medvit rundt dialekten. Det gjev oss håp om at det er råd å gjere noko med haldninga til nynorsk òg, sa Aud Søyland. Tanken er at prosjektet skal gå over tre år og at erfa-ringane skal kunne nyttast i andre delar av landet.

PolitikarpanelIkkje noko landsmøte i eit valår utan eit panel med politikarar. Det var likevel skuff ande at ikkje alle par-tia greidde å stille med utsendingar. Representantane frå FrP, KrF og SP greidde likevel å gjere det til eit spa-nande ordskifte. Per Jordal, statssekretær ved statsmi-nisteren sitt kontor og representant frå Senterpartiet, kunne lene seg på Språkmeldinga.

– Senterpartiet stiller til val som forsvarar av ny-norsk i stort og smått. Dei tiltaka som er i Språkmel-dinga, er ikkje berre framlegg. Me skal syte for at dei vert sette ut i livet, lova Jordal.

Knut Arild Hareide frå KrF var samd i at Språk-meldinga var bra. Det viktigaste i hans auge var like-vel å gjere noko med lærarutdanninga.

– Me må sikre ei god nynorskopplæring, og eg trur at me må tenkje nytt. Me må gje høve til å stimulere lærarane slik at dei greier å gje ei levande og god opp-læring av norsk og nynorsk. Det trur eg er jobb num-mer ein, sa Hareide.

Kulturpolitisk talsmann i Frp, Ulf Erik Knudsen, var klar over han kom til ei forsamling som truleg var politisk usamd med han, og han måtte tåle respekt-lause kommetarar om at han representerte «Atter-stegpartiet». Han gjorde likevel eit forsøk på å seie at Frp ville vere godt for nynorsken.

– Det er somme i Mållaget som har den oppfat-ninga at me i Framstegspartiet er mot nynorsk. Det er heilt feil. Me er varme tilhengjarar av nynorsk. Men me trur at dagens politikk gjer nynorsken ei stor bjør-neteneste, sa Knudsen.

Ville ha innspelSjølv om ikkje Arbeidarpartiet hadde funne nokon som kunne stille opp ein politikarpanelet, så var dei li-kevel tungt til stades på landsmøtet. Wegard Harsvik innleidde om Språkmeldinga og fekk mange spørs-mål frå salen. Det hadde han ingenting i mot.

– Språkmeldinga har ei lang rekkje med prioriterte satsingsområde. Det betyr ikkje at me no er ferdige. Me vil gjerne ha innspel og inviterer med glede til ein dialog med Mållaget på det språkpolitiske feltet, sa Harsvik.

KJARTAN [email protected]

NORSK TIDEND NR 3 2009

landsmøtet

Stipend til brettspelAudun Blokkum er frå Oslo og har fått 50 000 kroner i stipend for å utvikla eit brettspel som skal trena bok-målselevar til å slå opp i den nynorske ordlista.

BLOKKUM ER FRÅ OSLO og arbeider som lærar i Bærum. Gjen-nom arbeidet sitt har han sett kor vanskeleg det er for mange elevar med bokmålsbakgrunn å læra nynorsk.

– Eg er ikkje norsklærar, men skulle likevel undervisa ein 9. klasse i nynorsk. Eg prøvde å innprenta at ordlista er det beste verktøyet elevane har. Om dei nytta henne fl ittig, sat tida ut på eksamen og sjekka rettskrivinga, så ville dei vinna ein karakter på det. Diverre var det ikkje alle som høyrde på meg, fortel Blokkum.

DETTE VAR INSPIRASJONEN TIL Å UTVIKLA eit brettspel som kan nyttast i klasseromma, og som let elevane spela og leika seg til lærdom i grammatikk, ordlistebruk og ordtilfang på nynorsk. Spelet er førebels berre laga i ein prototype og testa ut på nokre få elevar, men Blokkum vil no få hjelp til grafi sk utforming og produksjon av spelet, og vil på sikt prøva å selja det til skular over heile landet.

– Dette stipendet er ein veldig god inspirasjon og ei slags stadfesting av at det er fl eire som tykkjer dette er ein god ide. Det kom eit titals menneske bort til meg på landsmøtet og var interesserte. No har eg ressursar til å få hjelp både til formgjeving, språkvask og utvikling av spørsmål.

– Korleis ligg du an?– Eg håpar at alt skal vera ferdig seinast i september,

slik at det kan gå i trykken då. Det er mykje som manglar, både på korleis det faktisk ser ut og på språksida. Heldig-vis skal eg ha møte med Nynorsk Kultursentrum, som eg håpar kan klargjera ein del lause trådar.

KH

Målblomen til MjøsMålblomen 2009 gjekk til den tidlegare leiaren for Nobelkomiteen.

MJØS HAR KVART ÅR LESE GRUNNGJEVINGA PÅ NYNORSK, og det for nær ein halv milliard menneske. Han er truleg den som når lengst ut i verda med nynorsk. Mållaget er oppteke av

at nynorsk kan nyttast i alle samanhengar, og Ole Danbolt Mjøs syner at det nettopp går an å gjere, las Hege Myklebust opp frå grunngjevinga.

Danbolt Mjøs tok i mot heideren og takka varmt for Målblomen.

– Eg har aldri fått nokon negative reak-sjonar på at eg las opp grunngjevingane på

nynorsk. Det var ikkje mange som reagerte på kva språk eg nytta, men dei som gjorde det, var utelukkande positive.

Han hadde heller ikkje fått nokre reaksjonar frå utlandet.– Det får de ta som eit teikn på at nynorsk er i ferd med

å verte eit verdsspråk, sa han med glimt i auga. KH

Stipend til kaffi -importZapatistgruppa i Bergen har fått 50 000 i stipend til prosjektet Cafe YaBasta. Gjennom prosjektet vil dei importera og selja kaffi frå zapatistar i Mexico.

ZAPATISTANE ER EI URFOLKSRØRSLE som arbeider for meir sjølvstende i Chiapas i Mexico. Dei har organisert seg i sjølvstyrte demokratiske samfunn og bygd eigne sjuke-hus og skular. Målet er å gjera innbyggjarane meir med-vitne og stolte over deira eigen kulturelle identitet.

– Retten til språk er ein slik konkret og global

kamp, og me meiner zapitastane har denne til fel-les med den norske målrørsla. På same måten som målrørsla i Noreg har vore del av ei brei folkerørsle retta mot kulturell og sosial undertrykking, er språk og kultur ein viktig del av zapatistrørsla sin kamp mot utbyting og for eit deltakande demokrati, seier Marry-Anne Karlsen (biletet).

NO FÅR PROSJEKTET 50 000 KRONER i støtte frå Noregs Mållag sidan dei skal bruka nynorsk i marknadsfø-

Opplæring i fokusl d t t

Arne Blokkum (t.v.) syner fram skissene til brettspelet han har fått stipend til å lage, til interesserte på landsmøtet. Foto: Marit Tennø

Page 9: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

9 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

stervilkår på den andre. Magnhild Meltveit Kleppa er eit av dei fremste prova på denne vekselverknaden, og utan slike som henne ville ny-norsken ha stått mykje veikare i samfunnet, sa Myklebust.

Ministeren var tydeleg stolt, men understreka at målkampen ik-

kje vart ført av sentrale politikarar.– Dette er eit dugnadsarbeid.

Me politikarar kan arbeide for ved-tak på stortinget og presse på for ein aktiv språkpolitikk. Men det blir gjort eit like viktig arbeid i skulen, på arbeidsplassen og i heimane, sa Kleppa og takka varmt for prisen.

Nynorsk barnelittera-turpris til HorndalSissel Horndal (biletet) fekk Nynorsk barnelitteratur-pris 2008 for biletboka Himmelspringaren.

JURYEN TREKTE FRAM at boka er eit svært dyktig handverk frå forfattarens hand. Historia om lammet Lilla og Rak-karhågsauene er på mange måtar ei klassisk forteljing om mot og venskap, men dei vakre illustrasjonane og det forfriskande språket er av det slaget som er med på å halda biletboksjangeren høgst levande både blant små og store. «Sissel Horndal har med boka Himmelspringaren laga ei barnebok som kombinerer ei rad ulike element; her er humor og alvor, livsvisdom som verken er påtren-gande eller pompøs, og ein sjølvsagt kjærleik til dyr og natur. Ein bra slant spaning og litt fi n fi losofering i tillegg gjer boka til ei av desse som både gler oss i noet men som samstundes viser veg vidare innover i bøkene si vedun-derlege verd».

JURYEN ØNSKTE ÒG Å LYFTA FRAM det vesle forlaget Mangschou som dei seinare åra har kome med ei rad gjennomarbeidde og vakre kvalitetsutgjevingar for barn.

Horndal var veldig glad for prisen.– Endeleg er eg her. Endeleg kan eg seia kor utruleg

glad eg er for denne prisen, sa ho frå talarstolen.– Ein ting er at folk faktisk ser det eg held på med, noko

anna er at dei set stor pris på det. Historier er jo som regn-bogar som ein kan sjå på når vêret er tungt, fullt av regn-versskyer og mørkt. Slik kan det òg vera å laga bøker. Ein arbeider og slit og ser regnbogen der framme. Men når ein trur ein har teke han att, så har han fl ytta seg vidare. Når eg no får ein slik pris, så føler eg på ein måte at eg har teke han att, sa Horndal og takka nok ein gong for prisen.

Det er andre gongen ho har vunne. I 1998 vann ho med boka Ei halspastillehistorie.

KJARTAN [email protected]

Foto frå landsmøtet: Kjartan Helleve

NORSK TIDEND NR 3 2009

gla

annbogverarbeinNåtek

bok

Foto

landsmøtet

ringa av kaffi en. Eit eventuelt overskot av prosjektet skal førast attende til zapatistrørsla.

– Arbeidet med å importera kaffi en vert drive av ei gruppe på seks personar. Det er ikkje alle av oss som er like stø i nynorsk, men me tykte det var naturleg sidan kampen for språk som zapatistane fører i Mexico, har så mykje til felles med kampen som målrørsla har kjempa her i Noreg, seier Karl-sen.

KH

l d t t

Den nye og de n gamle: Avtrop-pande leiar Hege Myklebust yn-skjer påtroppande leiar Håvard B. Øvregård lykke til.

Foto: Kjartan Helleve

Page 10: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 1 – 200910

målpraten

Det går lang tid mellom kvar gong Noregs Mållag har ein leiar som høyrer heime på den poli-tiske høgresida. Håvard B. Øvre-gård har tru på at det fi nst eit rom for nynorsk også der. Det er han sjølv eit levande døme på. Libertarianisme er ei retning innan libera-listisk ideologi. Omgrepet kjem frå USA, der liberalist er noko sosialistane byrja å kalle seg på 1950-talet. For å skilje seg ut, byrja verkelege liberalistane å kalle seg li-bertarianarar. Kjenneteiknet for denne po-litiske rørsla er stor tru på den individuelle fridomen kombinert med ein tanke om at vald berre kan nyttast i sjølvforsvar.

Dette var noko eg måtte lese meg til på Boksmåls-Wikipedia. I Nynorsk-Wikipedia var det fritt fram for å byrje på ein artikkel om emnet. Når Noregs Mållag har fått ein leiar som gjerne fortel han er libertarianar, så må han kan hende ta ansvar for det.

– Eg har nokre meiningsfellar som mei-ner eg er for lite tru mot grunnprinsippa, at eg til dømes ser for mildt på kva rolle staten skal ha. Eg får ikkje gjort mykje om eg skal vere ideologisk heile tida, ein kan ikkje spele seg utover sidelinja. Så i det praktiske poli-tiske arbeidet er det vel rettare å kalle meg konservativ, seier Håvard B. Øvregård.

– Meiner du i prinsippet at det er staten si oppgåve å ta vare på nynorsken?

– I idealsamfunnet mitt, er det avgrensa kva verkemiddel staten kan nytte for å fremje nynorsk. I idealsamfunnet mitt er det heller ingen stor og dominerande stat. Når han no er her, så fører han med seg ein dominans, ei einsretting, inkludert ei språkleg einsret-ting. Det ynskjer eg å arbeide mot.

– Men vil ikkje ein svak stat føre til ei kommersiell einretting?

– Eg har tru på det gode i kapitalkref-tene. Eg fryktar dei ikkje, men ser heller på dei som eit potensiale for målrørsla. I dag ligg det store verdiar i nisjar, mellomstore og mindre verksemder i halen etter dei aller største. Her gjeld det å skilje seg ut. For meg er dette eit uttrykk for noko som er på veg vekk frå sentralisering.

– Sjå til dømes på språket. Før måtte me skrive innanfor ei viss offi siell norm. Det private språket såg ein sjeldan i skrift. I dag er det private språket mykje meir synleg, ein ser det i nett-debattar, hjå forfattarar som skriv sitt personlege språk, i tekstmeldingar. Om me inkluderer dialekt-bruk, er lett å sjå korleis dette har endra seg.

– Det å kjempe for minoritetsgrupper og kjempe for at dei skal kome til orde i sam-funnet, er viktig for meg. Det gjev samfun-net eit større spekter og eg trur me kan tene på det. Når ei verksemd på Vestelandet pro-fi lerer seg på nynorsk, ligg det ein økono-misk vinst i det. Ein politikar som snakkar dialekt, får fl eire røyster.

– Anar eg at det kan bli eit problem for deg å krevje ting av staten?

– Nei, langt i frå. Det har eg gjort før, og det kjem eg til å gjere igjen. Ein stat er ikkje automatisk nøytral, sjølv om han blir opplevd slik. Det er ikkje så veldig mange andre land som har ei statskyrkje som vår. Denne ord-ninga gjer at vår protestantiske religion blir sett på som den nøytrale og normale, og alt anna som noko framand og utfordrande.

– På same måte ser me at bokmål blir oppfatta som nøytralt, det er det som er «norsk». Nynorsk blir utruleg nok framleis sett på som utfordrande, radikalt og ann-leis. Staten er ein autoritet, og som liberalist meiner eg at alle autoritetar bør utfordrast. Det aukar medvit og refl eksjon.

– I vedtak har Noreg to likeverdige skrift-språk, men i praksis har me det ikkje. Staten er uærleg i mot den fellespolitiske samlinga som Noreg er, som historisk har vore ein ba-lanse mellom by og land, mellom bønder og overklasse. Uavhengig av kva politisk ideo-logi ein sver til, så må ein vere samd i at det som er vedteke skal gjennomførast.

Målheimevern– Er det individet som skal utfordre?

– Eg set jo det private initiativet høgt. Det er personar som avgjer om ei verksemd skal gå over til å bruke nynorsk. Men det er med språk som med andre ting: du endrar ikkje noko åleine. Vel, Ivar Aasen og Knud Knud-sen gjorde vel det, men det går nok ikkje i dag.

– Det som er spanande med språkpolitikk er at det ikkje er nokon fasit. Det blir styrt av

dei som engasjerer seg. Og medlemene i Mål-laget har teke eit val. Er du medlem, så støttar du både økonomisk og legitimerer ein organi-sasjon som arbeider for meir nynorsk.

– Er me fl inke nok til å seie i frå?– Du kan jo alltid gjere meir, men med-

lemene skal ikkje ha dårleg samvit. Samfun-net endrar seg, og me som organisasjon må sjå på korleis me kan endre oss. Me må gjere det enklare for folk å engasjere seg på den måten dei sjølve vil.

– Når eg voks opp var eg med i Miljøhei-mevernet. Det var ein måte å få miljøarbei-det inn i heimane. Me hadde ein plakat med enkle reglar og bilete, og eg masa på foreldra mine, passa på at dei gjorde som reglane sa. Det hadde vore fl ott om me kunne lage eit tilsvarande Målheimvern, lage ein plakat med ti enkle råd.

– På same måten har Amnesty synt kva ein kan få til med bruke av sms- og brevak-sjonar. No er det sjølvsagt ein skilnad på deira arbeid og vårt, men det er ein enkel måte å syne engasjement på. Me må leggje til rette for at dei som vil engasjere seg, kan gjere det på den måten dei har lyst og tid til.

– Politikarar baserer politikken sin på kva impulsar dei får. Det politikarane får gjentekne spørsmål om under ein valkamp, vil vere med på å avgjere kva dei er opptekne av etterpå.

Eit rom i Høgre og Frp– Kulturdepartementet har sendt ei melding til dei andre departementa om at no skal

- Eg set det private in

HÅVARD B. ØVREGÅRD

◆ Ny leiar i Noreg Mållag◆ 34 år, kjem frå Bjørkedal i

Volda kommune, bur i Oslo ◆ Organisasjonsrøynsle mel-

lom anna frå Høgre, Norges Gymnasiastsamband, Norsk Målungdom, Landsrådet for Norske Barne- og Ungdoms-organisasjonar og den eu-ropeiske ungdomsparaply-organisasjonen «European Youth Forum».

Nyvald leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, eit steinkast unna heimen sin i Storgata i Oslo Sentrum. Foto: Kjartan Helleve

Page 11: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 1 – 2009 11

PolitikkDet er mai og utanfor vindauget mitt står kanskje

50 barneskuleungar på rekkje. Dei har kvart sitt vesle, norske fl agg, og ei fane som viser kva skule dei kjem frå. Dei syng først «Ja, vi elsker», så roper dei «hipp hipp hurra» og an-dre ting ein plar rope når ein øver til 17. mai. Når øvinga er ferdig, marsjerer dei på rekkje attende til skulen sin.

For kanskje fem dagar sidan møtte eg på ei anna

barneskuleklasse, også dei organiserte i ei lang rekkje, på veg gjennom gamlebyen i Jerusa-lem. Palestinske ungar, på skuleutfl ukt, men absolutt ikkje med kvart sitt vesle, palestin-ske fl agg i handa. For – og dette kjem truleg ikkje overraskande på så mange – om du er palestinar i Jerusalem skal du helst vere det så stille som muleg. Om du er palestinar i store delar av Palestina skal du vere det så stille som muleg.

Medan eg var i Palestina/Israel/Th e Holy Land uttalte ein israelsk, politisk kommentator på engelskspråkleg Al-Jazeera at palestinarane kontrollerer 98 prosent av Vestbreidda. Du skal verkeleg knipe augene godt igjen for å tru på det når du reiser gjennom landet. Israelske busetjingar – beskytta av mur og piggtråd og portvakter – lyser mot deg frå stadig fl eire høgder i det som eigentleg skal vere Palestina. I aust-Jerusalem, den palestinske delen av byen, bryt den israelske staten opp halvparten av motorvegen for å lage jernbane til sine inn-byggjarar. Like i nærleiken har ein palestinsk familie vorte kasta ut av huset sitt fordi nokon meiner at ein jøde budde på denne tomta for 2500 år sidan. Kona bur no i eit telt nokre me-ter bortanfor huset – mannen hennar døydde i dette teltet etter at dei vart tvangsfl ytta.

I Betlehem, som er ein «palestinsk by», fi nn ein den mykje omtalte muren. Åtte meter høge betongblokker som blir sette opp for å verne israelarane mot palestinarane. Men det bur ingen jødar på andre sida av muren ved Bet-lehem. Det er ikkje eit tryggingstiltak, det er berre ein maktdemonstrasjon. Eit palestinsk hus blir her ståande med mur på tre kantar. Utsikta til landskapet nedanfor er blokkert, det einaste dei ser er muren, dekorert med teikningar og setningar som er typiske, men ikkje mindre ektefølte; «WE WANT PEACE» eller «I WANT MY BALL BACK!»

For å komme inn og ut av sin eigen by må pa-lestinarane gjennom dei like velkjende sjekk-punkta. Det går føre seg på denne måten: stå i bilkø til den israelske soldaten bestemmer seg for å vinke deg fram (om du køyrer fram før han/ho vinkar, får du refs og må rygge attende og vente enda lenger), gå ut av bilen og bort til ei luke der du viser fram ID-papira dine, gå at-tende til bilen, køyre gjennom porten, stoppe nokre meter bortanfor, gå ut av bilen og opne bagasjerommet som ein israelsk soldat skal kontrollere, gå inn i bilen igjen, køyre. Dette er ein by som «palestinarane kontrollerer» – og desse områda utgjer i realiteten ca 50 prosent av Vestbreidda, ikkje 98 prosent.

Ja, og det er ikkje slik at eg trur eg fortel noko nytt her. Vi «veit» jo alle at det er slik det er. Eller eventuelt veit ein ingenting før ein ser det sjølv, før ein kjenner det på sin eigen kropp. Slik sett veit dei ungane som gjekk på rekkje i Jerusalem mykje meir enn eg.

kleivaAnna Kleiva

språk vere like viktig som likestilling og miljøvern.

– Det er bra, men ikkje nok. På same måte som likestilling og miljøvern, så vil ikkje språk bli viktig for departementa om ingen pressar dei. Då eg arbeidde i Brussel for European Youth Forum, hadde eg ansvar for likestillingspolitikk. Mantraet der var «mainstreaming». Li-kestilling skulle integrerast i all politikk og bli så «mainstream» at ein ikkje trong eigne senter og eigne fora. Manglande fokus gjorde likevel at «mainstreaming» førde til mindre arbeid med likestilling. Dette er eit døme på kva ein trur ein kan vedta politisk. Det går ikkje å berre vedta at kjønn skal inn som ein faktor i alle vur-deringar, og rekne med at det skjer av seg sjølv. Det er berre når nokon tek det opp, det blir viktig. Me må vere dei som set språk på den politiske timeplanen.

– Kan me vone, med deg som leiar, at språkpolitikk vil kome høgare på prioriteringslista hjå Høgre?

– Eg trur det er eit stort potensiale for det i Høgre. Eit av problema med Høgre er at det har blitt eit by-parti. Partiet er lite var for problema som ligg utanfor byane. Dess meir ein snakkar om pengar og makroøkonomi, dess vanskelegare er det å overføre politik-ken til ei lita bygd.

– Men kvar einaste nynorskbrukar som har opplevd å bli diskriminert, har eit potensial til auka språkmedvit. Krevje sin rett som individ og ikkje bli

påtvinga noko anna. Dette fi nst det ei ideologisk grunngjeving for, ikkje berre i Høgre, men og i Framstegspar-tiet. Ein medviten nynorskbrukar frå desse partia vil nok meine at det er feil at staten skal leggje hinder i vegen for å bruk sitt eige språk.

Set nynorsk på dagorden– Det er påfallande korleis mange som røystar Frp, krev sin rett på alle om-råde, bortsett det å få nytte nynorsk.

– Eg trur at det kjem. Frp er ikkje lenger eit byparti for ein litt rar elite. No er det eit folkeparti, med tillits-valde overalt, også i nynorskområde. Det tek tid å få ei politisk sak opp på agendaen, men eg er sikker på at det vil kome. Mållaget treng ikkje å «lage» eit språkmedvit i Frp, men det er viktig at me legg til rette for politikarar, slik at dei uavhengig av parti kan sjå verdien av språkmangfald.

– Korleis skal me gjere det?– Som sagt, så trur eg at folk må en-

gasjere seg for å ei sak på dagsorden, stille spørsmål. Måten me stiller desse spørs-måla på, er avgjerdande for om me blir sedde på som ein fi ende eller ven. Det nyttar ikkje å berre vera negativ. Det har større verdi å kome med framlegga, enn å vere den som kritiserer dei.

– Så du fryktar ikkje ei eventuell Frp-regjering?

– I den augneblinken Frp sit i regje-ring, så trur eg dei får lyst til å støtte

ei rekkje særinteresser og minoritets-grupper. Det krev at ein kan støtte desse særinteressene på ein måte som samsvarar med overbygnaden, for å nytte eit omgrep frå venstresida. Då treng me vener, folk som kan byggje bruer, slik me greier å få nynorsk til å passe inn i deira politikk. Det har eg tru på er råd å få til.

Målbyte– Til slutt: kva er den største utfor-dinga til Mållaget?

– Målbyte, utan tvil. Me må fi nne ut kvar det skjer, i kva omfang og kvifor. Dette var jo det viktigaste innspelet vårt til Språkmeldinga, og me håpar at Kulturdepartementet vil vere med på meir forsking kring dette. Mykje av det andre arbeidet me gjer, nynorsken i staten, nynorsk i media, er faktorar som påverkar folk til å byte hovudmål. Det er veldig spanande å sjå kva me får til med prosjektet i Valdres.

– Og kvar står me sterkast?– Du meiner der me ikkje treng å

arbeide like hardt? Me bør ikkje tenkje slik. Det me er sterke på, må me ta vare på. Når eit politisk parti går til val, så gjer dei undersøkingar for å fi nne dei områda der dei har høg tillit hjå vel-jarane. Dei områda der partia har høg tillit, er dei områda dei prioriterer. Slik må me tenkje òg.

KJARTAN [email protected]

nitiativet høgt

Eg har tru på det gode i kapitalkreftene. Eg fryktar dei ikkje, men ser heller på dei som eit potensiale for målrørsla. I dag ligg det store verdiar i nisjar, mellomstore og mindre verksemder i halen etter dei aller største. Her gjeld det å skilje seg ut. For meg er dette eit uttrykk for noko som er på veg vekk frå sentralisering.

Håvard B. Øvregård,

nyvald leiar i Noregs Mållag

EEs

Page 12: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

i brukar nynorsken

bevisst i mar-knadsfør inga .

Dei kundane vi vil nå, legg mykje

meir merke til oss når vi brukar nynorsk, fortel den sporty sogningen.

På Lysaker brygge, akkurat på grensa mellom Oslo Vest og Bærum, ligg trenings-senteret Mykjemeir i store, lyse lokale som vender mot Oslofj orden. I snøen utanfor travar dress- og draktkledde folk forbi i raskt tempo til og frå dei mange kontora i området. Yngvar Andersen sit i ein stilrein, knalloransje stol i resepsjonen og ventar på sin neste kunde. Sidan treningssente-ret Mykjemeir starta for snart tre år sidan, har dei fått ein kundemasse på om lag 250 personar. Det er kanskje ikkje så mykje, sa-manlikna med eit vanleg treningsstudio. Men ved Mykjemeir kan du ikkje sveitte over tredemøllene og lyfte vekter på eiga hand. Her kjem du berre innanfor dørene dersom du har avtale med ein av dei i alt ni personlege trenarane på senteret. På ein slik marknad gjeld det å skilje seg ut. Difor tyr Yngvar til nynorsk. Og nynorskprofi len er gjennomførd. Det er ikkje berre namnet og reklamemateriellet som er på nynorsk. På heimesida til Mykjemeir må ein aktivt gå inn og trykkje på ein knapp for å lese innhaldet på bokmål. Det er eit bevisst val.

– Det er berre på off entlege nettsider at ein har valet mellom å lese innhaldet på nynorsk eller bokmål. Slikt gjer ein ikkje i det private, ler Yngvar.

– Ved å bruke nynorsk, skil vi oss ut. Folk legg merke til det.

For mange vil treningsgründeren vere eit kjent fj es frå Puls på NRK. Bak seg har

han seks års erfaring som personleg tre-nar, og dessutan lang fartstid som utøvar både innan friidrett, langrenn, styrkelyft og ulike ballsportar. Treningssenteret My-kjemeir er resultatet av ein draum Yngvar har hatt i mange år:

– Eg hadde drøymt heile mitt vaksne liv om å skape ei leikegrind for god trening, seier han.

– Eg fann ut tidleg at eg ikkje hadde toppidrettsgenet, held han fram.

– Eg ville ikkje trene så mange timar om dagen, og berre tenkje på meg sjølv. På den tida las eg masse livsstilsmagasin frå USA, der trenden med personlege trena-rar var komen like langt då som han har kome i Noreg no. Eg såg med ein gong moglegheitene som låg der, og eg tenkte: «Ein gong skal eg revolusjonere personleg trening», seier Yngvar og ler.

– No har eg gjort det. Og det er eg utru-leg stolt av, held han fram.

Treningsfi losofi en hans går ut på knall-hard, men riktig trening.

– Folk skal strekkast så langt som mog-leg, med minst mogleg sjansar for å få treningsskadar. Dersom ein trenar hardt, treng ein ikkje å bruke så mykje tid på tre-ning, seier han.

– Flink til å motivereBerit Normann (66) har trena med Yng-var i snart eitt år, og kjem til Mykjemeir på bryggjekanten éin gong i veka.

– Yngvar får meg til å strekkje meg len-ger, seier ho.

Den spreke 66-åringen hadde trena ak-tivt heile livet, då ho for eitt år sidan fekk ein hofteskade.

– Eg måtte slutte å spele basketball, og det gjorde meg heilt fortvila, fortel ho.

Ein arbeidskollega tipsa ho om å prøve

ein time med Yngvar på Mykjemeir, og Berit seier det er viktig for ho å ha ein tre-nar som kan rettleie ho i å trene riktig.

– Yngvar er utruleg fl ink til å motivere. Eg er så gammal at eg ikkje let meg lure av

trenarar som berre seier «fl ott» og «godt» når eg trenar dårleg. Slik er ikkje Yngvar. Han får meg til å yte mitt beste.

Det same seier Jeanette Brett (29). Ho er ein av deltakarane i Puls på NRK,

Iskremgarden på Vigrestad har fått mange posi-tive reaksjonar etter at dei gjekk over til å bruka nynorsktekstar på iskremboksane sine. Historia gjekk landet rundt.

Ideen om å leggja om marknadsføringa frå bokmål til nynorsk samtidig med at dei skifta design, kom frå kleppsbu, tekstforfattar og kreativ leiar Morten Aamodt i reklamebyrået procontra i Stavanger.

Eit godt salsargument– Det var ikkje mykje bokmål i dialogen med ekteparet Grete Waldeland Høiland og Morten Høiland. Morsmå-let deira er nynorsk, det er også målet i kommunen der isen vert produsert. Å bruka nynorsk understrekar også at dette er småskalaproduksjon på Jæren, eit godt sals-argument som styrkjer produktet, ikkje berre på Jæren men også i Oslo 3. Isen blir ikkje akkurat mindre eksotisk ved å presentera han på nynorsk, seier Aamodt.

Han meiner òg det er ein annan grunn til å bruka ny-norsk framfor bokmål: – Når dei skal selja produktet sitt framfor ei forsamling, vil det verka svært kunstig at dei snakkar klingande jærsk, men at teksten på boksane er på bokmål, legg han til.

Tekstforfattaren Aamodt synest nynorsk er eit fl ott språk, det fl yt lett og er meir poetisk enn bokmål. Dessu-tan har språk med identitet å gjera. Iskremgarden har eit kvalitetsprodukt med moderne design, nynorsk under-strekar kvaliteten.

– Kult med nynorskGrete Waldeland Høiland og Morten Høiland måtte tenkja seg om både éin og to gonger før dei sa ja, dei hadde heller ikkje eit så bevisst forhold til språket på iskremboksane. No er dei overtydde om at det var ein glimrande idé.

– Ingen isprodusentar i Noreg brukar nynorsk i mar-knadsføringa. Nynorsk understrekar det unike, særpre-

Iskremeventyr på nynorsk

M Y K J E M E I

STADIG VIDARE: 25 minutt med Yngvar Andersen som personleg trenar kostar 450 kr. Då kan ein ikkje kaste vekk eitt einaste minutt på å ta ein pust i bakken.

Treningsgründer Yngvar Andersen (35) brukar nynorsk som marknads-føringsspråk for å skilje seg ut i jungelen av treningstilbod i Oslo.

TEKST OG FOTO: INGVILD GRANE

Page 13: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

get med vårt produkt, isen skil seg ut. Det er kult med nynorsk.

På boksen står det: «Om lag ein liter» - er det ikkje fl ott? Nynorsk er bondeaktig - det er oss det, me er stolte over å vera bønder, seier Grete Waldeland Høiland ivrig.

Ho innrømmer at ho var skeptisk, ikkje minst då isen vart lansert i Bergen. Ville bergensarane kjøpa is frå Iskremgarden om han vart marknadsførd på «målet»? Ingen grunn til å engsta seg, issalet har teke heilt av, også i Bergen. Snart kan Oslo stå for tur, går det bra, vil dei utvida til andre delar av landet.

– Fleire bør bruka nynorsk Historia om den vesle iskremprodusenten på Waldeland som sel isen på nynorsk, har gått i mange aviser landet over. Dei har alt fått full utteljing for ideen sin, slik dei håpa på, seier Morten Aamodt. Mange har kommentert språkvalet smilande, ein positiv reaksjon gjer òg at du

blir glad i det og går og kjøper produktet. Han gler seg med Iskremgarden, dei er ikkje akkurat største kunden deira, men har vore utrulege gilde å jobba med.

– Eg håpar at andre småskalaprodusentar vert inspi-rerte av Iskremgarden og går over til nynorsk. Me synest det er altfor få som brukar nynorsk. Eg trur det er viktig å bruka det i marknadsføringa for å halda språket levande. Det ligg òg ein sjølvtillit i å bruka sitt eige språk.

– Ingenting er verre enn småskalaprodusentar som kjem med tekst på bokmål og eit heimesnikra produkt. Utruleg mange gode produkt har gått tapt fordi produ-senten ikkje har klart å skapa identitet, meiner Aamodt. Grete Waldeland Høiland set pris på «skrytemailar» ho har fått frå nynorskfolk som tykkjer det er eineståande at dei brukar nynorsk.

– Veldig gildt det, smiler ho.

ANNE BERIT [email protected]

R N Y N O R S K

og trenar med Yngvar ein gong i veka. – Han pushar meg til å strekkje

meg mykje lenger enn eg ville gjort dersom eg trena på eigenhand, seier ho andpustent frå tredemølla, der ho var-

mar opp til møtet med Yngvar denne veka. Jeanette begynte å trene på Mykjemeir i

januar. Etter å ha slite med bekkenløysing i mange år, tek ho etter to månaders trening 80 kilo i markpress.

– Det er kanonbra! ropar Yngvar når ho rykkjer opp ei tung vektstong for femte gong på rad.

Både Berit og Jeanette har lagt merke til senteret sin nynorskprofi l, og trass i at

Oslo Vest knapt kan kallast ei nynorskens vogge, stiller begge seg positive til målva-let:

– Eg synest nynorsk er nydeleg. Og så er det jo eit marknadsføringstriks òg. Ein legg jo merke til det, seier Berit.

– Eg synest det er innmari morosamt, seier Jeanette om marknadsføringsmålet.

– Det er jo ikkje så mange stader her i Oslo som brukar nynorsk, held ho fram.

– Så du reagerer ikkje negativt på ny-norsken?

– Nei, absolutt ikkje. Det kan heller vere ein fordel, som gjer senteret synleg.

Ein målpris frå heimkommunen Luster blei den store oppmuntringa til å satse på språket for Yngvar:

– Det er ikkje særleg mykje fokus på slikt i treningsbransjen. Det er mykje dår-leg språk, mykje skrivefeil, og ingen ventar noko anna. Hos oss jobbar vi for at ting skal vere skrive godt. Målsetjinga er at all informasjon frå oss skal vere på nynorsk, seier han.

Investering i helsaOg medan Jeanette blir pusha til endå eit rykk med vektstanga, er det umog-leg ikkje å vedgå at treninga blir mykje meir eff ektiv med ein trenar som klap-par, hoppar og ropar «glimrande» når ein trenar godt. Men det er ikkje gratis. For ei treningsøkt på 50 minutt kostar det 800 kroner. For 25 minutt kostar det 450.

– Det er jo kjempedyrt, men det er ei vurderingssak. Eg set helsa framfor alt, seier Berit Normann om prisen.

– For det er litt dyrt, Yngvar?– Der må eg seie nei. Ein må sjå prisen

opp mot andre ting. Viss ein samanliknar prisen med pengar ein elles kunne sett i banken, er det dyrt. Men det er ikkje så dyrt om ein set det opp mot andre ting ein kjøper og brukar pengar på. Men då må jo også treninga ha eit innhald som står seg. Elles er det ikkje verdt nokon ting.

MOTIVASJON: – Du klarar to til! Det klarer du! ropar Yngvar Andersen oppmuntrande til Puls-deltakar Jeanette Brett.

SPREK: Berit Normann (66) kom til Mykjemeir etter at ein hofteskade tvinga henne til å leggje basketballen på hylla.

GIR ALT: – Eg kjenner det godt no, er Jeanette Brett (29) sin kommentar etter 25 minutt med Yngvar Andersen si hardtrening.

Page 14: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

14 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

nmuJens Kihl

Når ein planlegg ferien, vil nok dei fl este – jamvel i målrørsla – priori-tere sol og sumar framfor sidemål. Men dei siste åra har det gjerne blitt lite av dei to fyrste og mykje av det siste for oss i Norsk Målung-dom – i alle fall i valår. Fire valkam-par på rad har nemleg Unge Høgre rulla ut anti-sidemåls-kampanjar som hovudsak, og meir eller min-dre faktabaserte argument har blitt presenterte som grunnlag for at no! – no må sidemålet ut av skulen.

Men denne våren har dei førebels svikta. Ikkje ein lyd om at sidemå-let tek kverken på dei med lese- og skrivevanskar, at det diskriminerer innvandrar eller at det fi nst så mange skumle og rare ord i ny-norsk. Ingen kraftfulle retoriske poeng som at nynorsken har gått ut på dato, høyrest ut som rauting eller at sidemål syg. Nei, Unge Høgre har ikkje ein gong fortalt omverda at nynorsk er keisamt eller står i vegen for valfridom for einskildmennesket.

Kva fortel dette oss? For det fyrste trur eg ikkje ein skal tolke det som nye takter frå Unge Høgre: Kanskje kjem kampanjen litt seinare i år, kanskje er fl ygeblada forseinka frå prenteverket eller kanskje kampan-jen alt har byrja, berre at media ik-kje har kasta seg på denne gongen.

Men dersom ein skal sjå ordskiftet om sidemålet under eitt (og det inkluderer trass alt fl eire debat-tantar enn berre Unge Høgre og NMU), ser det ut til at stemninga har snudd: fl eire diskuterer korleis sidemålsordninga kan fungere betre, medan færre bruker tida på å diskutere eksistensgrunnlaget for denne delen av norskfaget. Dette er gledeleg – ikkje minst av di denne snunaden ikkje har skjedd av seg sjølv: Målrørsla kan fi nt ta sin del av æra for at ordskiftet har teke ei meir meiningsfull retning.

Då er det leitt å sjå at Håvard Øvre-gård, nyvald leiar i Noregs Mållag, ikkje ser ut til å fylgje opp denne lina. I samband med leiarvalet blei Håvard intervjua i Dag og Tid 30.04., og tittelen på intervjuet er «–Ryk sidemålet, ryk nynorsken». Dette er sjølvsagt ikkje sant, utan at det er det viktigaste her. Poenget er derimot at vi må hamre fast at denne problemstillinga er avleggs, og at vi vil bruke tida på å ord-skiftast om kva vi kan gjere med sidemålsundervisinga. Her trur eg jo eigentleg Håvard og underteikna er rørande samde. I ordskiftet i dag tek ofte Unge Høgre rolla som si-gerherrane, ettersom «alle veit» at sidemålsordninga er på veg ut.

Røynda ser litt annleis ut: I 102 år har vi hatt nynorsk for alle i Noreg. For ein siger!

Sol, sumarog sidemål

Paleo tyder gammal og logos tyder ord eller språk. Med eit slikt etternamn skulle det berre mangle om ein ikkje valde seg nynorsk. Andreas Paleologos halvt gresk, kvart svensk og kvart norsk, men er vak-sen opp i Sverige. I 2004 fekk han seg ein norsk kjærast, men han orka ikkje tanken på eit langdistanseforhold. Så i 2005 fl ytta han til Oslo. Kjærasten var sunnmøring og etter fyrste besøk på Sunnmøre så kjende han at det gjekk tregt med kommunikasjonen.

– Eg såg på dei eg snakka med at dei måtte konsentrere seg. Berre eit lite ekstra sekund mellom replikkane kan ofte øydeleggje heile rytmen i ein sam-tale. Og var det eit særskild norsk ord som vart nytta i samtalen, så måtte eg putte det inn i min svensk. Då vart det faretruande svorsk, og det vil eg i alle fall ikkje snakke. Så då gjekk eg heller heilt over til norsk, dialekten vart sunn-mørsk og sidan 2007 har eg nesten ik-kje snakka anna her til lands.

– Eg høyrer du har fått dreisen på det.

– For meg er det å snakke norsk å snakke dialekt, og dialekten min er frå Sunnmøre. Det beste er når folk frå Sunnmøre prøver å gjette heimbygda mi. Ulsteinvik? Ørsta? Stryn ... ? Då kjenner eg meg skikkeleg integrert!

Men det er moro med svensk og ny-norsk. Fleire av venene mine frå aust-landet seier dei brukte å skrive svensk i skulen i nynorsktimane. Det er nokre felles trekk i bøying av verb, og mange ord som ikkje fi nst i bokmål, kan ein fi nne i nynorsk og svensk. Så gamal-norsk og svensk har nok meir til felles enn svensk og bokmål.

– Ja, for du skriv nynorsk òg? – Ja, eg har aldri likt å skrive bok-

mål. Eg følte lenge eg hadde ein aust-lending inn i hovudet mitt som dikterte kva eg skulle skrive, og enda opp med å skrive bokmål og svensk annakvar gong. Den einaste nynorsken eg såg, var dei få gongene NRK teksta fi lmar på nynorsk. Våren 2008 kjøpte eg meg mi fyrste bok på nynorsk, Innsirkling av Carl Frode Tiller. Eg skulle til Sverige på ferie og tenkte eg måtte ikkje gløyme norsken! Eg var heilt slått av bana! Det var sånn det skulle vere! Eg skifta over til nynorsk same dagen og har sidan jobba med rettskrivinga og språket. Når dialekten min er så nær nynorsk, som er så fi nt, så er der jo verkeleg in-gen grunn til å skrive bokmål.

–Har du møtt fordomar mot ny-norskbruken din? Eller reagerer dei mest på at du ikkje skriv og snakkar svensk?

– Folk trur som regel eg tullar når eg etterkvart fortel eg er svensk. Somme blir skuff a og kjenner seg lurt, mens andre tykkjer det er heilt fantastisk. Og nynorskbruken møter blanda reaksjo-nar han òg. Dei fl este av venene mine

tykkjer det er kjempebra at eg vel ny-norsk, men sånn er det no med vener. Ein støttar kvarandre. Men eg som er aktiv innan fi lm og musikkbransjen har mange gonger vorten tilrådd av bransjefolk å droppe nynorsken i pres-seskriva mine. Dei meiner eg set opp unødvendige hinder for folk ved å velje nynorsk.

– Velkomen til Noreg, seier no berre eg. Korleis arbeider du for å betre språket ditt? Eg reknar med du held fram med å lese Tiller, men du har ikkje prøvd eit Nynorsk-for-innvandrar-kurs?

– Nynorsk-for-innvandrar-kurs? Skriv eg så dårleg altså? Det kurset har

eg faktisk aldri høyrt om. No som eg har kome meg vidare med nynorsken, har eg jo forstått at Tiller er litt rotete med språkbruken sin. Men kven bryr seg eigentleg om det når bøkene er så rå? Nei, eg skriv mykje, både meldingar, e-postar, manus, søknader og presse-skriv. Då slår eg opp i nynorskordboka mest heile tida. No fekk eg nett lese debutromanen til Aina Basso, som eg tykte var heilt fantastisk. Ho har tilrådd mykje eg må følgje opp. Det eg manglar mest, er ein god dagsavis på nynorsk.

– Blir det meir nynorsk teiknefi lm no?

– Det håpar eg verkeleg. Eg har vel-dig lyst til å lage skikkelege eventyrfi l-mar for barn og unge. Og mange av dei. Lage eit heilt imperium med nynorsk teiknefi lmproduksjon.

– Eit imperium?– Gje meg ein 8–10 år.

KJARTAN [email protected]

ny norsk

Andreas Paleologos

ANDREAS PALEOLOGOSFødd og oppvaksen i SverigeFlytta til Noreg i 2005Regissør og musikar

Fridthiov Oos’ legat 2008: Fridtjov Oos’ legat 2008 gjekk i til Steinar Daltveit frå Bergen Katedralskole, Karoline Aaland frå Stranda vidare-gåande skole og Henry Røyset Almedal frå Ulstein vidaregåande skole.

Prisane blei delt ut på årsmøtet til Det Norske Samlaget. Legatet går til dei tre beste hovudsti-lande på nynorsk til eksamen allmennfag i vidare-gåande skole, som blir premierte med kr 5000 kvar.

På nokre av songane til Andreas Paleologos syng han duett med Jenny Hval. Når ho ikkje kan vere med på konsertar, er det dukka Rosalyn som på steppe inn. Rosalyn til venstre.

Foto: Kjartan Helleve

Page 15: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

15NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

Nettsjekking

VEGVESENET-IDAEg byrja hjå Vegvesenet-Ida.

– God dag, jeg heter Ida og er Statens vegvesens nye medarbeider på vegvesen.no. Jeg kan svare på spørsmål om kjøretøy og førerkort og generelt om Statens vegve-sen. Det er best hvis du skriver spørsmålet ditt som en hel setning og på bokmål, da er det enklere for meg å forstå. Hva kan jeg hjelpe deg med?

– Kan du nynorsk?– Nå skjønner jeg ikke helt hva du spør

om. Jeg håper det er relatert til kjøretøy el-ler førerkort, for det er det jeg er best på.

– Det står at du helst vil eg skal bruke bokmål.

– Jeg adlyder gjerne så lenge det dreier seg om å svare på spørsmål om Statens vegvesen innen området kjøretøy og fører-kort.

– Eg skjønar. For moro skuld: er du les-bisk?

– Beklager, matematikk er ikke min sterke side. Jeg er best på kjøretøy- og fø-rerkortkunnskap.

– Er du lesbisk?– Å være eller ikke være... Har du et an-

net spørsmål?– Ja. Har du type?– Jeg er singel!

IKEA-ANNADet er ikkje så mykje til hjelp når dei ikkje bryr seg om språket mitt. Eg går vidare til IKEA-Anna.

– Kan du nynorsk?– Jeg forstår at du prøver å stille et

spørsmål. Kan du skrive det på en annen måte?

– Nynorsk?– Jeg er fl inkest til å svare på hele spørs-

mål, frittstående ord kan være litt vanske-lig for meg å oppfatte.

– Er det råd å få svar på om denne te-nesta er å fi nne på nynorsk?

– Jeg har stor kunnskap om IKEA, skal vi snakke litt om det?

– Er du lesbisk?– Jeg er heterofi l, men har ingen for-

dommer mot homofi le.– Har du fordommar mot dei som nyt-

tar nynorsk, då?– Er det noe jeg kan gjøre for å hjelpe

deg? – Gløym det.– Beklager, nå oppfattet jeg ikke hva du

sa.

TROMSØ-EMMAEmma er på plass på nettsidene til Tromsø Kommune. Kommunal nettstad, det må vel hjelpe.

– Du som arbeider i ein kommune må vel i det minste ha høyrt om nynorsk?

– I Tromsø kommune har vi ca 4000 årsverk og vi er nå rundt 4800 ansatte. På siden jeg åpner for deg fi nner du informa-sjon om kommunens Personalenhet.

– Javel? Men nynorsk?– Du stiller to spørsmål, jeg kan bare

svare på et emne av gangen. Kan du stille spørsmålet ditt på nytt?

– Nynorsk?– Jeg forstår dessverre ikke helt hva du

spør om og ingen av chattoperatørene er tilgjengelige nå. Vil du at jeg skal åpne en side med kommunens kontaktinforma-sjon?

– Nei. Eg lurer berre på kvifor dei som har programmert deg har teke høgd for at folk spør om du er lesbisk, men ikkje at folk vil spørje om noko som har med nynorsk å gjere?

– Neivel. Er det noe annet du lurer på?– Er du lesbisk?– Det er vel ikke så vanskelig å se. Jeg er

jo en fl ott og fi n dame!

1881-SARAAkkurat i det eg var i ferd med gi opp, dukka Sara opp.

– Kan du nynorsk?– Det er ikke en eneste dialekt eller si-

demål som jeg ikke kan! Prøv meg da vel.– Fantastisk!– Skjønner du denne? No må du itj fårrå

nålles!– Du er min type!– Når vi snakker om parforhold og slikt,

vil du høre om da jeg var forlover?– Ja– Som forlover måtte jeg arrangere ut-

drikkingslag og jeg hadde minst 1881 små ting som måtte organiseres. Da dagen kom og vi skulle hente bruden, hadde jeg glemt å notere meg den nye adressen hennes. Takket være 1881.no fant vi allikevel frem, og bruden ble til slutt behørig drukket ut. Nå kan du fortelle noe morsomt ...

– Ikea-Anna, Vegvesenet-Ida og Tromsø kommune-Emma kan ikkje nynorsk.

– Hva sier du til denne da: De e fole låkt au!

– Du er ikkje lesbisk vel?– Det er ikke så relevant i forhold til å

fi nne frem informasjon til deg. Fortell meg heller noe annet.

– Samd. Kan du seie meg kvar eg kan fi nne ein romantisk restaurant i nærleiken av deg?

– Jeg kan hjelpe deg med å fi nne en restaurant. I hvilken by eller del av Norge ønsker du å spise?

– Kvar bur du?– Jeg vil søke etter en restaurant med

søkeordet: «Kvar bur du?»Det kunne ikkje vare.

Dei interaktive spørjetenestene på nettet er meir opne for sek-suelt mangfald enn språkleg mangfald. Interaktive spørjetenester dukkar opp på stadig nye nettsider. Du kan mellom anna fi nne dei hjå SAS, Vegvesenet og IKEA. Dei fungerer slik at du kan skrive inn eit spørsmål, og så skal du i teorien få eit svar. Det personlege ansiktet skal vel gjere at du slappar meir av enn om det berre var tekst. Problemet er at dei ikkje er særleg gode på nynorsk. For meir enn eitt år sidan spurde eg webredaktør Kristin Moe i Vegvesenet om kva dei ville gjere med det.

– Årsaka til at tenesta er på bokmål er at ein stad må ein starte og dei fl este brukarane har bokmål som hovudmål. Vi tenkjer oss at tenesta etter kvart vil vere å fi nne både på nynorsk og på engelsk, svara ho då.

Har det blitt betre no? Eg bestemte meg for å sjekke ut desse orakla. Dette er faktiske svar på faktiske spørsmål.

KJARTAN [email protected]

Saknar nynorsk hos PostenKulturdepartementet tvilar på at Posten Noreg AS oppfyller kravet om nynorsk.

Kulturdepartementet ber i eit brev Samferdselsdepartementet forklare korleis dei følgjer opp det som står om målbruk i vedtektene for Posten Noreg.

Bakgrunnen for saka er ei oppmoding frå førsteamanuensis Aud-Kirsti Pedersen ved Institutt for språkvitskap ved Universitetet i Tromsø. Ho hadde prøvd å fi nne eit fl ytteskjema på nynorsk på nett-sidene til Posten, men fann korkje det eller nokon nynorskversjon av nettsidene.

Page 16: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

16 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

Samlagsbøker populære i utlandet: På barnebokmessa i Bologna vart Kari Stais bilet-bok Jakob og Neikob selt til Danmark. Like før bokmessa hadde boka fått Kulturdepartementets pris for beste débutbok for barn og ungdom i 2008.

Departementets pris for beste biletbok vart motteken av Stein Erik Lunde og Øyvind Torseter

for boka Eg kan ikkje sove no. Denne vart kjøpt av eit tysk forlag som satsar med 3000 eksemplar i første opplag. Begge desse biletbøkene blir no vurderte av fl eire andre forlag i mange land.

Maria Parr sin andre roman - Tonje Glimmer-dal – er no selt på førehand til Belgia, Sverige og Tyskland. Utgjevinga av forteljinga om Tonje er i september, melder Hagen Agency.

Nytt styre i Noregs MållagHåvard B. Øvregård er vald til ny leiar i Noregs Mållag, Aud Søyland er ny nestleiar. I tillegg har styret fått to nye medlemer. HÅVARD ØVREGÅRD ER FRÅ VOLDA og er 34 år. Håvard har brei organisa-sjonsrøynsle mellom anna frå Høgre, Norges Gymnasiastsamband, Norsk Målungdom, Landsrådet for Norske Barne- og Ungdomsorga-nisasjonar og den europeiske ungdomsparaplyorganisasjonen «Euro-pean Youth Forum». Håvard har det siste året vore nestleiar i Noregs Mållag.

Søyland frå Valdres er ny nestleiar i Noregs Mållag. Søyland (f. 1954) er språkvaskar, ordbokredaktør, omsetjar, kommunepolitikar, folke-musikar og lokalaktivist, og ho var leiar i Norsk Målungdom frå 1981 til 1982. Ho har skrive eller vore med på å skrive bøker om stølsliv, om språkføring, nynorsk, dialektar og om jernbane.

DEI TO NYE STYREMEDLEMENE ER Kirsten Tegle Bryne og Maria Svendsen. Tegle Bryne (f. 1957) er leiar i Rogaland Mållag og samfunnsplanleg-gjar i Statens Vegvesen. Maria Svendsen frå Oslo er Norsk Målungdom sin representant i styret til Noregs Mållag. Svendsen (f. 1988) er nyvald leiar i Norsk Målungdom.

Dei andre i styret er Jon Todal, frå Kautokeino. Todal (f. 1952) er professor i sosiolingvistikk ved ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole. Bente Riise, frå Oslo. Riise (f. 1962) er skriftstyrar i Syn og Segn. Olav Kuvås, frå Børsa i Sør-Trøndelag. Kuvås (f. 1949) er advokat.

Varamedlemer: Gudrun Kløve Juuhl (Oslo), Håkon Steinar Giil (Hyllestad), Reza Rezaee (Oslo), Marit Aakre Tennø (Luster)

NYTT STYRE: Jon Todal, Maria Svendsen, Bente Riise, Aud Søyland, Håvard Øvregård, Kirsten Tegle Bryne og Olav Kuvås.

NORSK TIDEND NR

fråsegner

Læreplanar på både nynorsk og bokmålDEI NYE LÆREPLANANE SOM KOM med Kunnskapsløftet haus-ten 2006, diskriminerer elevar og lærarar med nynorsk som hovudmål. Av åtte læreplanar for grunnskulen og ti gjennomgåande planar for grunnskule og vidaregåande skule, er berre fi re på nynorsk: kroppsøving, matematikk, samfunnsfag og mat og helse. Dei 14 andre planane er på bokmål.

Noregs Mållag krev at alle læreplanar skal liggje føre på både nynorsk og bokmål. Dette vil lette arbeidet for lærarane og sikre rettane til elevane. Parallellutgåver av alle læreplanar er det einaste logiske i ein situasjon med språkleg jamstelling mellom bokmål og nynorsk.

LÆREPLANANE ER I DAGENS SKULE EIN SENTRAL REISKAP for læra-rar og elevar til å planleggje, gjennomføre og vurdere un-dervisning og læring. Lærarane skal dokumentere at un-dervisninga er i tråd med kompetansemåla i læreplanen, og må såleis stadig sitere læreplanen i arbeidsplanar og vurderingsskriv. Læreplanane er ein integrert del av un-dervisninga og ein tekst elevane støtt møter og arbeider med. Den skeive fordelinga av bokmål og nynorsk fører til at bokmål blir snikinnført i nynorskområde, og gir meir-arbeid for dei lærarane som set om planane til nynorsk.

UTDANNINGSDIREKTORATET MÅ SYTE FOR at læreplanane ligg føre på hovudmålet til alle elevar. Dagens situasjon il-lustrerer berre så altfor godt eit av kompetansemåla i norsk etter 10. årssteg, som slår fast at elevane skal kunne «drøfte hvordan språkbruk kan virke diskriminerende og trakasserende». Slik tilstanden er i dag, undergrev lære-planverket påstanden i eit av dei andre kompetansemåla etter 10. årssteg, som seier at elevane skal kunne «forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske skriftspråk og gjøre rede for språkdebatt og språklig variasjon i Norge i dag». Ei reell likestilling inneber samtidige parallellutgå-ver av læremiddel og læreplanar.

Drøfting av MedietilsynetKONSESJONSTILDELINGANE FRÅ MEDIETILSYNET til lokalradioar har i det siste ført til uro og misnøye i vide krinsar. Til dø-mes har det vekt undring i Hordaland at ein institusjon som Kystradioen med mykje bruk av nynorsk og dialekt, er nekta konsesjon for andre gong.

Landsmøtet i Noregs Mållag 2009 meiner konsesjons-tildelinga til lokalradioar må ta omsyn til og fremja språk-leg mangfald. Landsmøtet bed Kultur- og kyrkjedeparte-mentet, Stortinget og Medietilsynet sjå nærare på korleis dette kan sikrast.

Skal ikkje løne språkleg diskrimineringLANDSMØTET I NOREGS MÅLLAG MEINER at momsfritaket for aviser fungerer som eit indirekte statstilskot til språkleg diskriminering.

Lov om meirverdiavgift § 16, 7. lekken gjev momsfritak for aviser som kjem med minst eitt nummer i veka. Dei tre avisene som tener mest på dette momsfritaket, er VG, Aftenposten og Dagbladet (høvesvis 215 millionar, 126 millionar og 121 millionar for 1999). Dei same tre avisene har i røynda forbod mot nynorsk på redaksjonell plass

Noregs Mållag meiner det er meiningslaust at eit of-fentleg verkemiddel som har som mål å stimulera til mei-ningsmangfald, i dette tilfellet momsfritaket, i praksis vert brukt til det motsette: sensur og einsretting. ➚

REGJERINGA HAR KOMMENTERT denne einsrettinga i Stor-tingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Under «Prioriterte tiltak» står det: «Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass.»

Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at Kyrkje- og kulturdepartementet bør koma med ei utgreiing om momsfritak for aviser. Utgreiinga bør vurdera om riksdekkjande aviser som forbyr å bruka éi av dei to offi sielle norske målformene på redaksjonell plass, og som ikkje har eit språkpolitisk defi nert føremål, bør mista momsfritaket.

Nynorsk forinnvandrararI DEN SEINARE TIDA HAR INNVANDRINGA til Noreg auka sterkt. Mange nye landsmenn har slege seg ned i ny-norskkommunar, og har trong til å læra seg norsk. Ny-leg gjorde landsmøtet i Arbeidarpartiet vedtak om at løyvingane til norskundervisning for innvandrarar bør aukast monaleg. Landsmøtet i Noregs Mållag støttar dette fullt ut. Det er sjølvsagt at nokon av desse pen-

f å

Gunnhild Øyehaug fekk prisen for boka Vente, blinke.

Dette er Øyehaug sin første roman, men ho er for lengst ein driven skribent og aktør i det off entlege rom, med dikt, noveller og essay på merittlista – i til-legg til at ho underviser på Skrivekunstakademiet og har vore redaktør for tidsskriftet Kraftsentrum.

JURYEN MEINTE GUNNHILD ØYEHAUG SJARMERER stort i Vente, blinke. «Ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman», kalla juryen boka. «Med sin særeigne stil leikar Øyehaug med lesaren, med språket og med personane sine, og ho gjer det med eleganse og humor. Øyehaug verkar nyta å tøya grensene for det realistiske og det moglege. Dette er kor-kje draum eller røynd, dette er litteratur – slik det

skal vera i gode romanar», skreiv juryen vidare. Øyehaug kunne ikkje sjølv vere til stades på landsmø-tet, men hadde i staden sendt ein takketale på video.

– Det betyr mykje for meg å få nettopp Nynorsk litteraturpris, sa Øyehaug på videoen.

– Nynorsk er ei sak som har halde meg vaken sidan femårsalderen, mellom anna på grunn av ei redsle for at eg ikkje skulle få off entlege skjema på nynorsk då eg voks opp. I barndomen hadde eg ein sterk mistanke om at eg var reinkarnasjonen av Ivar Aasen. Glad i å lesa, udugeleg i gardsarbeid. Basert på såpass sterke indisium er det vel berre å konsta-tera at Nynorsk litteraturpris er komen heim. Men det er vel slik at eg er mest min eigen person med nynorsk i hjarta mitt. Eg set umåteleg stor pris på å få denne prisen, og det gjev inspirasjon til å skriva meir, avslutta ho.

Nynorsk litteraturpris til ØyehaugFoto: Kjartan Helleve

Page 17: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

17 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

Eksamen i nynorsk og bokmål for alleNOREGS MÅLLAG BED REGJERINGA ved kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell om å endra eksamensordninga i norsk slik at alle elevane på studiespesialiserande programområde kjem opp til eksamen i både hovudmål og sidemål.

Nynorsk og bokmål skal vera jamstelte, både i skulen og elles i samfunnet. Det er slege fast både i stortingsmel-dinga Mål og meining, som meislar ut ein overordna språk-politikk, og i Språk bygger broer, som tek føre seg språk-opplæringa i skulen. Då må òg evalueringa i norskfaget spegla denne jamstellinga. Det er ein velkjend mekanisme at evalueringsforma får konsekvensar for innhaldet i og omfanget av undervisninga. Dersom jamstellinga mellom nynorsk og bokmål skal vera reell i skulen, må eksamen vera lik for begge språka. Lat oss få tilbake ordninga med to jamstelte eksamensstilar!

Få tilbake klassen!DÅ OPPLÆRINGSLOVA VART ENDRA I 2003, vart det slutt på kravet om å dela elevane opp i klassar i skulen. I staden kom det inn ei formulering om at skulen skal «organisera elevane i grupper etter behov». I praksis har klassen i stor grad forsvunne. Elevar, lærarar og foreldre har heile tida uttrykt frustrasjon og sinne over stoda. Føremålet med å fj erna klassen som eining, var å opna for meir lokale og fl eksible måtar å organisera undervisninga på. Resultatet har vorte det same for svært mange skular: Kommunane brukar den nye ordninga til å føysa fl est mogleg elevar inn i ei gruppe for å spara pengar.

FOR NYNORSKEN HAR DETTE VORE EIN KATASTROFE: Mange kom-munar blandar elevar med ulikt opplæringsmål, jamvel heilt ned i fyrste klassesteget. Dette er ikkje lov ifølgje opp-læringslova, men det vert likevel praktisert. Dette fører til at nynorskelevane ikkje får skikkeleg opplæring i nynorsk, og det endar med at foreldra vel å byta opplæringsmål for borna sine til bokmål. Sameleis er det færre foreldre som torer velja nynorsk for borna sine når dei ikkje er sikra ei fullgod opplæring.

UTDANNINGSFORBUNDET HAR BEDE STYRESMAKTENE ta inn att klassen som kjerneorganisering i skulen. Lærarane opp-lever dagstøtt korleis det å «organisera elevane i grupper etter behov» går ut over elevane. Før var opplæringslova ein garanti for rettane til elevane og foreldra. No blir den same lova brukt til å hindra at elevane får den under-visninga dei har krav på. Sjølvsagt lyt det vera mogleg å tilmåta undervisninga til lokale tilhøve, men dagens lov kombinert med dårleg kommuneøkonomi undergrev ei pedagogisk og fagleg fornuftig organisering av undervis-ninga.

Trygg elevrettane – få tilbake klassen i skulen!

NORSK TIDEND NR

fu

UTklalevetteinsavistilkopeni

fråsegner

gane skal gå til nynorskopplæring for innvandrarar i kommunar som har nynorsk som hovudmål. Mange av innvandrarane ønskjer sjølv å læra nynorsk, slik at dei lettare kan slå rot i lokalmiljøet, og hjelpa borna sine med skulearbeidet. Det er urimeleg at dei blir av-viste med at det ikkje fi nst læremiddel på nynorsk.

Noregs Mållag krev difor at Regjeringa og dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane i felles-skap gjer noko for at dei nynorske læremidla som fi nst, skal bli tilgjengelege for dei innvandrarane dette gjeld, og at det blir produsert meir læremiddel for innvandrarar enn tilfellet er i dag.

f å

I DEN GJELDANDE RAMMEPLANEN FOR BARNEHAGEN er der sett opp fl eire fagområde som barnehagane skal arbeida med. I ein fersk rapport frå Høg-skolen i Vestfold seier 67 prosent av barnehage-styrarane at dei særleg legg vekt på arbeid med «kommunikasjon, språk og tekst». Dette er også i tråd med kravet frå fl eire regjeringar om at le-seopplæringa skal byrja i barnehagen. Når over 80 % av førskuleborna i Noreg går i barnehage, seier det seg sjølv at barnehagen er ein viktig arena for språkutviklinga i landet vårt.

Når ungane tek til i skulen, har dei alt eit ty-deleg grunnlag for den (vidare) skriftlege opplæ-ringa. Det syner seg at ungar i nynorskområde ofte kjem dårleg ut i høve til sitt eige hovudmål. Det er ei følgje av at der er eit sterkt press frå bokmål i samfunnet generelt, og at der sjeldan

er formelle krav til opplæringsmål i barnehagen. I tillegg er der etter måten lite kunnskap mel-lom barnehagetilsette om korleis denne fyrste språkopplæringa påverkar skriftspråket.

LANDSMØTET I NOREGS MÅLLAG ser det som svært viktig at barnehagestyresmakter nasjonalt og lokalt tek denne problematikken på alvor og legg til rette for meir nynorsk og dialekt i bar-nehagane. Det inneber også at ein er medviten om lokalt talemål og prøver å styrkja det, slik at ungar kan ha naturleg støtte i sin eigen dia-lekt når dei for alvor tek til med skriftleg arbeid. Berre slik kan me sikra ei positiv utvikling av begge dei norske språka. Noregs Mållag invite-rer kommunar til eit samarbeid for å lukkast i dette arbeidet.

Fråsegn: Barnehagen avgjerande for språkutviklinga

Foto

: Zsu

zsan

na K

ilián

/Sto

ck.X

chng

Foto

: Sto

ck.X

chng

Satsar på nynorsk nettavis: Prosjektet «Ung til sinns- på Nett» er ei nettsatsing på nyheiter med fokus på kultur, ungdom og regionalt stoff . Målgruppa er ungdom og folk som er «unge til sinns».

Satsinga skal prioritere stoff relatert til kultur og ung-dom. Initiativtakarane til satsinga har alle eit ynskje om å styrkje nynorsktilbodet på Internett, og særleg tykkjer dei det er viktig å gje unge eit betre tilbod enn i dag.

Prosjektet er eit samarbeid og spleiselag mellom ABC-Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkom-munar (LNK), Nasjonalt Garborgsenter, Magasinnett og Pirion. Det er tenkt at stoff et skal treff e ungdommen på deira premissar. Nettavisa skal famne breidda av nyheiter innanfor temaet kultur og det som kan vere relevant for det å vere ung i Noreg. Nyheitene skal kome frå dei ulike regionane i Noreg. (LNK NYTT)

Page 18: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 3 – 200919

ved Hilde Myklebust,skrivande småbrukar

i bokevja

Dikt frå ei grøn øyTi år etter eg sjølv sat i det same klasseromet som lit-

teraturhungrig og skrivevillig elev, sat eg no ved kateteret som lærar. Eg skulle snakke om bøkene mine, om forfattarskapen, om poesi. Det var svært underleg å sitje der og vere det eg den gong for ti år sidan drøymde om å verte. Også min gode, gamle linjelærar var til stades. Han introduserte meg med å lese ein dagens tekst frå klasseturen i 98/99, ein av dei daglege tekstane klassen måtte skrive i løpet av ein heilt vedunderleg tur til og gjennom Irland. Eg hugsa teksten. Og eg hugsa nøyaktig kvar eg skreiv han: på ein benk ved sida av James Joyce i bronse. Joyce - med briller, hatt og avis på fanget. Eg - knisande av beundring og sprekkeferdig av skrivetrong. Teksten handla om kor nær ein var forfattarar til stadigheit, når ein traska gjennom Dublin. Korleis ein heile tida vart gjort merksam på framifrå forfattarar som hadde levd og virka der, vunne nobelprisar og skrive verdslitteratur. Den handla om vakre menn og gode bøker, forfattarliv og irske auge. Langt ifrå no-kon god tekst. Eg vart faktisk ein smule brydd. Men kanskje spratt denne teksten ut som ein avleggar frå noko som skulle vekse i meg seinare.

Ja, for kanskje var det nettopp den gongen då eg sat der i ei grøn lunge i Dublin, ved sida av Joyce, for å skrive dagens tekst, at eg oppdaga irsk litteratur. Kor rik han var. Kor over alt og synleg. Ei oppdaging som leidde meg til poeten Seamus Heaney. Som igjen leidde meg til John F. Deane. Det går ein tråd frå den gongen eg sverma med Joyce på ein benk i Dublin og fram til notida, då eg oppdaga Deane og skjøna at her fanst ein favoritt. Eg visste ikkje kven han var den gong eg var i Irland. Vi var tjue år, og var helst opptekne av dei som var berømte, daude og hadde levd det mest utesvevande livet: Oscar Wilde, til dømes. Å, ja, vi tok gjerne ei Guinness for han. No ville eg nok heller drukke for Deane.

For det var han som atter leidde meg til ei enorm glede då boka Grøne dikt kom ut i 2005, der han var godt representert. Eit prakteksemplar av ei bok, smekk-full av irske lyrikarar, bugnande av grønt gras mel-lom steingardar, kvasse klipper, mørkt og tjukt øl, øyar på øyar, svaler, murstein og vakre horisontar.

Irsk lyrikk har ein fantastisk god og stolt tradisjon for det episke uttrykket. Dei vil fortelje. Formidle ei historie, stor eller lita, det er ikkje så nøye, berre det er noko der som krummar seg på tunga, men fl yt på papir. Dikta er ofte heilskaplege, dei spen-ner seg ut og dreg berande strengar gjennom seg som har ei eiga evne til å klinge med i både fortid og framtid. Samstundes som dei er her og no. Her. Og no. Tilstades. Det gjev ei heilt særeiga ut-trykkskraft. Både Historia og Naturen fi nst i linene, slik er det berre, og slik skal det vere. Dette er dikt som ikkje kavar seg opp. Dei fyk ikkje rundt og vil vere i fl eisen på deg med storkjefta sanningar, men let deg oppdage seg. Sjølvsagt er også irsk lyrikk mang slungen, men dei har noko som kanskje norsk lyrikk stundom mister av syne: ein tryggleik i det faktum at eit godt dikt er eit godt dikt, heilt uavhengig av form og tradisjon.

Grøne dikt er også knakandes godt omsett til velklin-gande nynorsk av Knut Ødegård og Jostein Sæbøe. Eg kjenner takksemda til desse to renne i meg som ein pint med brunt øl. For å ha trekt den irske moderne lyrikken inn i den norske. Synt han fram, gjort han tilgjengeleg. Gjeve meg ei rekkje open-berringar. Å få Grøne dikt i hendene, var for meg slik Deane skriv i diktet Dedikasjon:

Spovane spreier seg no på ei vintereng, deira roper små halleluja av overleving: Eg byd deg pådikt, her som det er liding og glede, det er kveld, og det er morgon fyrste dagen.

Amen til det!

«Eg vil snakke om stygge mammaer. Mammaer som ikkje meistrar rolla si.»I mai inviterte Litteraturhuset i Oslo til eit møte om morsrolla i norsk sam-tidslitteratur. Helle Vaagland og Hanne Ørstavik skulle diskutere saman med ein ukjent debutant frå Tromsø. Slik in-viterte Litteraturhuset til møtet:

«I 1990-åra auka alderen for første-gongsfødande kvinner sterkt. Utdan-ning, opplevingar og prøving av part-narar dominerer no tjueåra, noko som gjev god tid til å førestelle seg framtida. Familieli-vet har nær sagt vorte ein arena for livsstil og sjølvrealisering. Me kler ungane opp i dansk retro, investerer i vakle-vorne designvogner på høge bein og les om kor lukkelege me er med det, i glansa blad som heiter Mamma.

Midt i denne røynda står Tove, mora i Kjersti Kollbotns debutroman, Eg er mamma. Eg skal vere god. Sedd utanfrå er ho vellukka, der ho hentar og leverer, skjøt-tar jobben som vegingeniør og sjekkar menn på fest, men heime er ikkje ting som dei skal.»

– Eg ville undersøkje skeive maktre-lasjonar, der den eine parten er avhen-gig av den andre, den med mest makt, seier Kollbotn.

– Typiske situasjonar er foreldre – barn (vaksenmakt). Men ein kan ha det i andre relasjonar også, til dømes i hjelpe-apparatet, i klasserommet, på trenings-bana, på ein arbeidsplass, etc. Kva kan skje om den som sit med makta ikkje er i stand til å forvalte denne på ein bra måte, men tvert om får fart på skadepotensialet sitt? Dette er eg nysgjerrig på.

– Kvifor er dette så interessant?– Eg er fasinert ved det verjelause og

sårbare som mikrofamiliar i Noreg, om det er to vaksne i familien og ikkje berre éin, som i min roman, er det likevel mi-kro og ofte stengt for innsyn, og mange liv blir for magre og åleinelevde. Det kan bli einsamt, og det kan bli utrygt dersom summen av mentale belastningar blir for stor.

– Eg ville også forsøke å vise at det ik-kje treng vere noko automatisk saman-heng mellom det å ha høg utdanning, det å vere sjef, og det å vere ein forelder som handterer dei vanskelege mellom-menneskelege forholda. Det er etter mi meining ei kortslutning.

– Det er ikkje alltid verken enkelt el-ler greitt å be om hjelp. Og at systemet skal ordne opp, er nok heller ingen ho-kus pokus. Igjen er det avhengig av at der er eit godt samspel og ein type krev-jande ærlege haldningar, seier Kollbotn.

– Er det rett å tolke romanen som ein kommentar til eit tilsynelatande evig

ordskifte om kva ei god mor er, kva ein god far og kva ein god familie er?

– Eg er meir oppteken av kva ein vak-sen, eller ein som har mest makt i ein relasjon, maktar å få til av gode resul-tat gjennom å vere refl ektert, til stades, heile vegen vere interessert i å korrigere eigen oppførsel og haldningar om det er nødvendig. Eg synest ikkje noko om at familiar blir delte inn i «det som er best» og «det som er nestbest» fordi det ikkje alltid er «mann, kvinne og barn» invol-verte på «rette» måten.

– Men samstundes må det vel vere bra at ein får eit ordskifte om dette, at det blir sett på dagsorden slik du gjer det?

– Eg trur det er heilt avgjerande, ikkje berre fordi det er etisk sett er viktige spørsmål å ta fram i lyset, men fordi det kan hjelpe på trykket som kan vere hos den enkelte fami-lie som lever liva sine utan innsyn. Vi kan kome til å samtale om det som ikkje kjennest heilt greitt, og slik gan-ske enkelt fi nne ut meir av det som kan vere

vanskeleg, utan denne båstenkjande kli-entifi seringa. Slik kan vi gje oss sjølve nødvendige korrektiv gjennom å kunne sjå eigen situasjon, og korleis vi, som er vaksne, handterer utfordringane det er å forvalte andre sine liv.

– Kva er det du saknar i opp dette? I ordskifte om t.d. homofi le sine rettar så blir det mest eit ordskifte mellom kyr-kjemoral og sosialdemokratisk alle-har-like-rettar. Kven er det som bør meine noko og gje råd?

– Eg saknar ein slags «letthet», og ein nærleik. Det blir ofte til at ein snakkar om nokon andre. Noko som skjer ein annan stad. Eg trur ikkje alltid det er så «pent» rundt omkring, når ein legg saman smått og stort. Og det treng det då aldri hel-ler vere. Stygt blir det først når ein ikkje greier å ta tak i det, bryte eit mønster før det er blitt eit mønster, setje ord på det før trollet blir for stort, seier Kollbotn.

– Romanen er eit format som nettopp stimulerer til refl eksjon, møte med ein sjølv og eit språkleg medvit.

– Ein har høve til å kome tett på i ein skjønnlitterær tekst. Ei forteljing som rører, er kjenneteikna av det personlege som er attkjennande for fl eire, i motset-nad til det private der ein vert ein kikar inn i andre sine liv. Tematikken eg tek opp, er av ein slik karakter at ei roman-, eller novelleform, og kanskje også es-sayet, vil vere format som fungerer godt. Lesaren kan få bli med inn i universet som blir skrive fram, ønskje seg vekk derifrå, få seg nokre aha-opplevingar, eller rett og slett avvise heile greia.

– Eg skriv og les også mange akade-miske og byråkratiske tekstar, og det kan blant anna verte litt for mange bør-, skal-,

Den vanskeleg

Ein kan få seg ein på trynet omein er for naiv og sovnar i draumen om ein glansa familie

Eei

meddd

avfoetafotrhliukdhsk

Page 19: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

NORSK TIDEND NR. 3 – 2009 19

Vil du ha ei skrå?OM DU SVARAR JA på dette spørs-målet, kva får du då?

DEI FLESTE AV OSS REKNAR NOK MED at tilbodet gjeld skråtobakk, og svarar helst nei. I denne tydinga skal ordet ha lågtysk opphav og tyda ’avskore stykke’. Det høyrest rimeleg ut.

FAR, SOM VAR FØDD I 1907 og tala eit stødig fronsmål, hadde nok tolka ordet på same måten og truleg svara ja takk. For han sa ikkje nei til ein ’buss’. Men han nytta ordet i ei anna tyding òg. Rett nok ik-kje i eintal, det høyrde eg aldri han sa. Men fl eirtalsformene ’skræ’ og ’skræn’ (nynorsk ’skrær’ og ’skrærne’) var faste inventar i ordtilfanget hans. Når han tok på seg eller av seg ’skræn’, var det skorne det galdt. Gjerne arbeids-skorne eller eit utslite skopar som han aldri ville ha vist seg med i fi nt lag. For han var nøye på det, skomakarmeister som han var. På norrønt (’skrá’) tydde ordet opphavleg ’tørt skinnstykke’. Nynorskordboka gjev tydingane ’lapp, stykke av (hardt) skinn el. lêr, gammal skinnsko’. Og vi får eit bruksdøme: Å ’dra skrærne’ vil seia å dra føtene etter seg.

MEN SKINNSTYKKE KUNNE NYTTAST til meir enn skolaging. Folk skreiv på dei. Og Nynorskordboka gjev atter god opplysning: I norrøn tid vart ordet nytta om skinn- eller pergamentstykke med oppskrivne lover, vedtekter og liknande. Som døme nemner ordboka ’hirdskrå’.

HIRDA, VEIT VI, VAR KRIGSFØLGJET, livvakta og hoff et til dei norske kongane i mellomalderen. Slike innretningar treng reglar. Etter sogetradisjonen skal Olav den heilage og seinare Olav Kyrre ha gjeve dei fyrste reglane for hirda, men dei er ikkje skriftleg doku-menterte. Det skal ha vore kong Sverre som fekk laga den fyrste skrivne hirdlova, hirdskråa. Ho vart omarbeidd og utvida av Magnus Lagabøte. Hirdskråa hans har vi framleis; ho er ein dyrgrip og eit viktig kjeldeskrift. Hirdskråa vart opplesen for heile hirda når ho var samla i kongs-garden i jula.

SAMSKIPNADER som handverkar-laug og gilde hadde òg sine skrær, med strenge og bindande reglar om opptak, tilsyn og straff er.

NO LAGAR VI IKKJE SKRÆR MEIR i denne tydinga. Ordet gjekk or bruk saman med pergamentet.

språkspalte ved Ola Breivega

ord med ola

kan- og må-setningar, og språket ein bru-kar, er ofte tømd for meining, og er ofte ueigna som refl eksjonsfundament og der-med kunnskapsbygging. Ein blir i beste fall informert. Ein skapar ein avstand til stof-fet, ein avstand som gjer at lesaren ikkje opplever at noko står på spel, og dermed ikkje vedkjenner seg alvoret i dei ulike sa-kene. Det står noko på spel heile tida – for nokon. Viktige val som skal gjerast, og som har konsekvensar for grupper eller individ. Språket er ein svært dårleg utnytta ressurs. Utruleg nok.

– Er det råd å sjå ein samanheng med at du arbeider som byplanleggjar? Du planlegg og planlegg, men når bilane og folka kjem, så fungerer det ikkje slik du tenkte.

– Byplanlegging er eit svært politisk fagområde, og det vil det nok halde fram med å vere. Men det viktigaste ved ein plan er at ein har ein, sjølv om han ofte blir «torpedert» av politikarane. Utan ein plan som byggjer på ein overordna idé, tanke og analyse, så vekst og utviklar byane seg på måfå. Byplanlegging er eit samansett bilete av problemstillingar som skal løysast. Ein godt fundert plan fungerer som eit korrektiv, eit korrektiv som gjev høve til å gjenkjenne avvik mel-lom kva som var tenkt, og kva som vart resultatet. Om ein gangstig vert lagd som ein omveg, vil folk lage ein eigen stig – den kortaste vegen. Om ein park vert lagt skuggefullt, eller utan skydd for vind, vil folk ikkje bruke han.

– Så nokre parallellar til foreldrerolla kan ein sjå. Ein trur kanskje at slik og slik kjem det til å bli, og ein kan få seg ein på trynet, om ein er for naiv og sovnar i draumen om ein glansa familie.

– Har du ei oppskrift til oss?– Det fi nst nok ikkje ei enkel opp-

skrift. Og dette er ikkje noko ein kan lære til fulle i eit auditorium. Dette må levast av den enkelte. Berre slik kan ein vere ein god dialogpart, ikkje som ein som gjev råd, men som ein som har eigne refl ekterte erfaringar å by på. Om ein berre byr på teoretiske ulevde råd, kan det slå feil i ein slik komplisert te-matikk som dette her.

– Det kan vere mange faktorar som spelar inn når det går gale, eller familie-livet ikkje blir så godt som ein kanskje hadde håpa på. Det viktigaste er kanskje å vere så til stades i eige liv at ein kan vere i stand til å registrere kva som skjer, når det skjer, og å utvikle ei slags interesse for at heimen skal vere ein god stad å vere, også på det indre planet. Då set ein seg sjølv i posisjon til å kunne handle, og kan-skje handle rett om det blir nødvendig.

– Kva tykkjer du me bør bli betre på?– Det et viktig å tenkje over språket

ein nyttar. Er det no verkeleg slik at det er ein tydeleg samanheng mellom men-neske som vert putta i båsen «svake grupper», og manglande evne til om-sorg og godt foreldreskap? Det er eit sji-kanerande og lite nyansert språk, og syn på enkelte grupper som også gjer seg gjeldande i samfunnet. Det handlar, slik eg ser det, om vere menneske. Og evna til å vere menneske har vi alle. Men vi må øve oss. Og for å orke å øve, må vi vedkjenne oss at det trengst, og at det er viktig. Slik kan det også verte intellektu-elt interessant, seier Kollbotn.

ge fyrsteboka

Kjersti Kollbotn, byplanleggjar busett i Tromsø, debuterer med roman om ei mor som slit med morsrolla. Foto: Cappelen Damm

Page 20: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

20 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

SAMLAGET morten søberg

Senatet som aldri vart Essay frå StortingetSøberg skriv kunnskapsrikt om

dissensar i regjering, statsrådsfall,

statssekretærane som den nye politiske

klassen og om (mangelen på) saft og kraft

i debattane i stortingssalen.

kr 299, -

«For lesarar som er opptekne av politikk og har sans for

freistnader på å sjå dagsaktuelle politiske stridsspørsmål

i eit historisk perspektiv, er det mykje å fi nna i Søbergs

essay frå Stortinget, både av skarpsynte observasjonar,

profi lerte personlege vurderingar og av framlegg som

provoserer lesaren til sjølv å ta stilling.»

inge lønning , Dag og Tid

«Søberg skriv særs godt. Korrekt og stilsikkert,

men samstundes overraskande og morosamt.

Han er god på elegante vendingar. Ei god

essaysamling eg hadde stor glede av.

bård vegard solhjell , www.bardvegar.no

Det er fredag, det vil seie helg, og sola har komme til Lillehammer for å bli. Poet og romanforfattar Lone Hørslev har ikkje komme for å bli, ho er snarare på 24 timars besøk i byen som har «Sanning» stempla over heile seg. Hørslev les blant anna opp frå si siste dikt-samling på Galleri Zink, før ho fl yg attende til Danmark og cd-slepp dagen etter. Eg møter henne og må sjølvsagt aller først spørje om årets festivaltema.

– Poesi, seier eg, – er jo den sjangeren der forfattarens biografi oftast blir sett i samanheng med dei litterære tekstene. Kva tenkjer du om dette? Lone Hørlev seier:

– Om ein skal skrive litteratur, må ein både vere ærleg, og lyge. I prosessen med å bearbeide noko litterært er det jo vanskeleg å ta omsyn til om det er sant. Men då eg jobba med den siste diktsam-linga mi, «Jeg ved ikke om den slags tanker er normale – Skils-missedigte» var målet å vere så ærleg som muleg. Eg skreiv om noko som låg meg på hjartet – oppbrotskjensla i den skilsmissa eg nettopp hadde gått gjennom. Å skrive om det ville ikkje ha gitt meining om eg ikkje var ærleg.

DagboknotatDu spelar jo også på dette med poesien som «vedkjenningssjan-ger» i fl eire av bøkene dine. Du brukar ditt eige namn, skriv om draumar, skriv noko som ser ut som dagboknotat?

– I den siste boka fi ns ein eigen del som er utforma som dagbok-notat – og det som står der, for-held seg heilt faktisk til det som skjedde dei dagane. Eg har gene-relt eit bevisst forhold til korleis fakta og fi ksjon relaterer seg til kvarandre, eg blandar det uper-sonlege med noko klart personleg slik at ein ikkje veit kva som er oppspinn og kva som er ekte. Det

handlar i grunnen mest om å gi det ei form.

Eg spør Lone Hørslev om kli-sjéar, som eg tenkjer ho jobbar ein del med – både språklege klisjéar, og stereotypiar for eksempel i for-hold til kvinne- og mannsroller.

– Ein klisjé rommar jo alltid ein viss grad av sanning, seier Hørslev.

– Når eg skriv, vil eg djupast sett seie noko om ei slags fundamental einsemd. Dette med å søkje kjær-leiken til det andre mennesket opptek meg. Men slike ting er jo skildra så mange gonger før at ein balanserer på ein knivsegg når ein skriv om det. Dersom ein ikkje ver-keleg engasjerer seg, blir slikt stoff heilt fl att. Min måte å skildre dette på er å undersøkje det språkleg. Stoff et er jo også så varmt, det er nødvendig å trekkje seg litt attende innimellom og skape ein avstand. Samtidig vil eg ikkje fortape meg i ironi og for stor avstand. Det er ei komplisert greie.

Enkle forteljingarI tidlegare diktsamlingar, særleg «Ærgerligt, ærgerligt» (2003), men også i «Lige mig» (2007), dukkar prinsen stadig opp, seier eg. Eg liker dette med prinsen. Hørslev seier det er vanskeleg å snakke om «Ærgerligt, ærgerligt».

– Eg har endra meg ein god del sidan den tid. Men bruken av prin-sen som ei slags fi ksert mannsrolle er jo også eit distanserande grep i forhold til å skrive om dette varme stoff et. I den siste diktsamlinga har eg forsøkt å halde slik avvæpning meir attende. Eg har vore tettare på, blant anna ved å skrive om ungane mine. «Skilsmissedigte» er nokså annleis frå dei andre dikt-samlingane eg har skrive.

– Men eg liker i grunnen godt å bruke ein type enkle forteljingar når eg skriv om store tema – fordi det jo nettopp ikkje er enkelt. Eg

kan for eksempel bli fascinert av måten kristenfundamentalistar forenklar problem på. Det er ein lengt etter enkelheit, ein motpol til alt det som er kaotisk.

Lone Hørslev, som så mange andre, har skrive tekster med New York City som tydeleg bak-teppe. Kvifor er det så spennande å skrive om denne byen?

– Eg synes generelt det er spennande å bruke forskjellige sta-der som bakteppe innanfor ei og same bok. Når ein skiftar scene, eller stad, blir også det språklege uttrykket endra, ein får eit anna språkleg reservoar. Innhaldet blir jo også påverka – i dikta om NYC dukkar for eksempel Andy War-hol opp. Det er ein energi mel-lom land og by i dei bøkene eg har skrive.

Ulike sjangrarKva med romanane, spør eg, job-bar du veldig annleis med dei? Er romanane eit anna type prosjekt enn dikta?

– Absolutt, seier Hørslev.– Når eg skriv romanar, hen-

tar eg stoff frå ein annan stad enn når eg skriv dikt. Eg jobbar jo også med musikk, skriv songtekster – det blir ein tredje måte å skrive på. Eg spelar på forskjellige register – men det startar alltid med noko eg er interessert i å fi nne ut av, å utforske. Samtidig påverkar dei ulike sjangrane kvarandre, eg får ofte lyst til å skrive prosa når eg skriv poesi, og omvendt.

Takk, seier eg til slutt, sjølv om eg for så vidt kunne tenkje meg å snakke med Lone Hørslev heile kvelden. Eg kunne også tenkje meg å stele dei raude, høghæla skorne hennar. Men mest av alt kunne eg tenkje meg at fl eire folk las dikt. (Og om dei skulle fi nne på noko slikt, kunne dei begynne med Lone Hørslev.)

ANNA KLEIVA

Litteratursymposiet i Odda fornektar ikkje røtene sine. Difor blir det også i år mogleg å vera med på Bikubegang med Frode Grytten.– Det heilt unike med Litteratur-symposiet i Odda er den sterke koplinga mellom litteraturen og staden, seier ein entusiastisk festi-valleiar, Marit Eikemo.

– I byvandringa Bikubegang guidar Frode Grytten folk gjen-nom det litterære og samtidig heilt konkrete Odda. På vegen får publikum både opplesingar, litterære referansar og god gam-maldags folkesnakk om oddin-gar og faktiske hendingar. Og så blir det musikalske innslag med Pedro Carmona-Alvarez når dei kjem til Kinotrappa.

– Ellers får publikum møta a-laget av norske forfattarar på våre legendariske arenaer, som til dømes Lindehuset i det nedlagde Smelte-verket, Odda Kino og Hardanger Hotell. I år blir det også slamkafe med daglege litterære overraskingar på den nyopna Smelt, ein kafe som ligg fi nt til midt mellom alle ruinane på smelteverkstomta. Lokal forank-ring er ein sentral motivasjon. Det skal ikkje vera mogleg å skipa til dette andre stader enn i Odda.

– Når …– Vi er opptekne av at folk i Odda skal kjenna seg trygge, og derfor inviterer vi alltid forfattarar at-tende, og det skaper ein heilt spe-siell dialog mellom forfattarar og publikum. Samtidig som publikum lettare opnar opp for det som er nytt, for dei nye forfattarane på programmet. I år kjem mellom andre Karl Ove Kanusgård, Selma Lønning Arø, Erlend Loe, Eldrid Lunden, Brit Bildøen, Agnes Ra-vatn og Marit Nicolaysen for første gong. Me passar på å få til ein ba-lanse i programmet slik at det alltid er noko kjent og noko som er nytt.

– Ja, vel, men ...– Knut Nærum, Tore Renberg og Trude Marstein kjem til dømes for andre gong og Pedro Carmona-Alvarez har vore med fl eire gonger, i tilegg til oddaforfattarane Frode Grytten og Lars Ove Seljestad. Den spesielle energien oppstår i møte mellom forfattarar og publikum og mellom forfattarar og forfattarar, som både kjenner kvarandre og som møtest for første gong. Då kan det

henda publikum får med seg noko nytt, noko anna som dei ikkje visste om. Det gjeld i grunnen både for dei fastbuande og dei som kjem på vit-jing. Det er fl eire fagmiljø som har lagt opp til å ha seminar samstundes med festivalen og båe skrivekunsta-kademia kjem.

- Når er det ...– Eg er utruleg stolt over at me får eit nyskrive verk til opninga. Trond Espen Seim skal framføra prologen Ein fl ytande bjørn av Frode Grytten. Trond Espen Seim er veldig begeis-tra for Frode Grytten, og det er kjekt å kunne føra kunstnarar saman og sjå kva som hender. Det er ein veldig viktig motivasjon for å driva med festival, å kunna vera ein møteplass for kunstnarar og slik bidra til at nye samarbeid kan oppstå.

– Ja, men ...– Teamet i år er litterære bilete, både som fagleg term, men også som forholdet mellom bilete og tekst, litteratur og fi lm og teikne-seriar. Alt på onsdagen opnar vi med eit interessant biletbok – og teikneserieseminar med mellom andre Svein Nyhus, Stian Hole, Frode Grytten og teikneserieska-paren InkaLill.

– Så når ...– Symposiet tek utgangspunkt i Dag Solstad si programerklæring frå 1967 i Svingstol som startar sånn: Vi ville gi kaff ekjelen vinger. På arbeidsplassene tegnet vi utkast til vinger og om kveldene disku-terte vi og sammenlignet. Til vi en morgen forsto at vi for alltid måtte slutte å drømme … Dag Solstad kjem sjølv – og på laurdagen vil Trude Marstein og Odd W Suren diskutera kva det er med Dag Sol-stad. Solstad vil sjølv kommentera innlegga deira etterpå.

– Hallo! Stopp! Når?, spurde eg. Når er det det skjer?

– Å, slik. Hjarteleg velkomen til Odda mellom 7. og 11. oktober!

KJARTAN [email protected]

Sanning og forbanna dikt

Programmet for Symposiet klart

Kva er det med Dag Solstad?

Foto: Oktober

Lillehammer litteraturfestival sitt tema «San-ning» viser seg å vere blant dei meir produk-tive i sitt slag. For eksempel i samtale med den danske forfattaren Lone Hørslev.

Page 21: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

21NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

Målpris til Hordaland TeaterLNK-prisen for off entleg målbruk 2009 gjekk til Hordaland Teater for produk-sjonen Vestlandsrevyen.

Det er Landssamanslutninga av Ny-norskkommunar (LNK) som gir ut denne prisen annakvart år. Prisen kan gå til ei off entleg verksemd som har arbeidd for å fremje nynorsk språk, men han kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det off entlege rom-met. Den første prisen vart delt ut i 1993.

– Hordaland Teater er ikkje meir enn 20 år gamalt, men har verkeleg sett spor etter seg gjennom desse to tiåra, sa Kom-munal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa då ho delte ut prisen til Hordaland Teater.

– I 1997 fekk dåverande teatersjef Ar-

vid Ones ein glimrande ide. Han ville vise fram den vestlandske sjela, på godt og vondt - men kanskje aller mest på løye. Gjennom skråblikk og verbale svingslag i alle retningar, gjennom tvisyn og treff sik-ker ironi, fekk framsyninga fram kvalitetar og haldningar hos menneske – langt ut over det vestlandske. Gjennom denne produksjonen klarte Arvid Ones og co å skape ei framsyning som gjekk for fulle hus i Bergen i 2007 og som seinare har vore på turne over store delar av landet.

– Eg er stolt og litt rørt, seier Arvid Ones og lova med det same ein oppfyl-gjarrevy i 2011.

Pris for off entleg målbruk vert delt ut av Landsamanslutninga av nynorsk-kommunar annakvart år, og består av ein sjekk på kr 50 000, og eit trykk av kunstnaren Ludvig Eikaas. (Pressemel-ding LNK)

Vil ha politiske romanarGarborgsenteret og Samlaget inviterer no til ei romantevling i ånda til Arne Garborg. Gulrota er 100 000 i premie. Haken er at romanen må vere politisk.

Innleveringsfristen er fyrst neste år, og vinnaren blir ikkje kåra før opninga av Gar-borgsenteret i 2011. Draumen er sjølvsagt at tevlinga skal få fram ein like skarp penn som det Arne Garborg hadde, ein penn som kunne skaka opp i den politiske kvar-dagen. Samstundes er ein som alltid glad i å understreka at Garborg hadde ei sterk interesse av det som hende ut i Europa. Politisk kan likevel vere så mykje.

– Det viktigaste er at det blir ei god bok, seier David Aasen i Det Norske Sam-laget. - Me ynskjer berre at ho skal ha ein politisk snert.

– Men er ikkje alt politikk?– Det kan du sjølvsagt seia. Sjølv bøker

om ein kjernefamilie vil ha eit politisk inn-hald ein stad. Denne tevlinga er eit forsøk på å motivere forfattarane til å leggja litt meir vekt på det enn vanleg. Du kan seia at me trykkjer på ein knapp og så ser me kva som hender.

– Det er ikkje meir enn tre år sidan Gyldendal lyste ut ei liknande tevling. Er norske forlag frustrerte over manglande politisk engasjement hjå norske forfat-tarar?

– Det er vel både òg. Det kjem jo ut ro-manar med jamne mellomrom som har eit samfunnskritisk blikk. Denne tevlinga er vel så mykje eit forsøk på å dyrka den tra-disjonen som Arne Garborg representerer, og særleg hans hang til å sjå til Europa. Det hadde ikkje vore meg i mot om det kom inn nokre manus som såg nærare på kva tilhøve Noreg har til resten av verda.

KJARTAN [email protected]

Dei nynorske festspela 2009 gir publikum lit-teratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er fest-speldiktar, men det blir òg høve til å høyre Jon Fosse, Stein Torleif Bjella, Aasmund Nord-stoga og Side Brok.

Til hausten blir Jon Fosse 50 år. Det er det uråd for Det Norske Samlaget ikkje å markere. Difor har dei fått Dag og Tid-journa-list Cecilie N. Seiness til å skrive ei portrettbok. Ho kjem fyrst til hausten, men alt i sommar er det råd å få ein forsmak. På Dei Nynorske Festspela skal Seiness intervjue Fosse på direkten.

– Sjå! sa Seiness begeis-tra. Noko av det første Sei-

ness gjorde då ho byrja ar-beidet med boka, var å gå gjennom mengdene av usortert materiale som Jon Fosse har deponert i Ivar Aa-sen-tunet. Der fann ho mel-lom anna den første klipp-boka han utstyrte seg med, og som inneheld dei aller første tekstane han fekk på trykk. Jon Fosse har vore styremedlem

i Nynorsk kultursentrum sidan 2008.

NordstogaOnsdag 24. juni står Aasmund Nordstoga på utescena i Ivar Aasen-tunet og held opnings-konserten for Dei nynorske fest-spela. Den første singelen frå CD-en heiter «Det er meg det samme hvor jeg havner når jeg dør», og blir for tida spelt på ra-dio av NRK P1. Til hausten skal Aasmund Nordstoga og bandet ut på turné med materialet, men først kjem dei altså til Dei ny-norske festspela i juni.

Fredag 26. juni kjem Stein Torleif Bjella saman med Dum-Dum Boys-gitarist Kjartan Kris-tiansen til Aasen-tunet for å halde festspelkonsert. Bjella sin solodebut er noko av det yppar-ste innan norskspråkleg musikk som har blitt gitt ut på lenge. Kjartan Kristansen var den ut-løysande faktoren for at CD-en Heidersmenn blei innspelt.

– Eg var veldig lett å be då Kjar-tan ringde og ville lage CD med mine songar. Det var berre veldig kult, seier Stein Torleif Bjella. Sa-man med Tor-Egil Kreken på bass serverer dei to gitaristane vise-psykiatri av beste merke.

– Eg kallar gjerne sjangeren for «mann med gitar», seier Bjella smilande.

No gler han seg veldig til å kome til Festspela, og vurderer å kome ein dag tidlegare for å få med seg Bø og Bæ i festspelhumør.

– Eg er kanskje landets stør-ste Bø og Bæ-fan, seier Bjella.

– Ragnar Hovland sine om-setjingar er geniale. Eg har lese bøkene fi llete for jentene mine, og eg har lese dei høgt for vaksne på fest. Det fungerer veldig bra, slår han fast.

Side BrokKarane i Side Brok har fått meir hår på brystet og mindre på ho-vudet. Rytmen og orda har den populære hip-hop-gruppa fram-

leis stålkontroll på. Denne våren er dei aktuelle både med doku-mentarfi lmen Heimegutar og den nye CD-en Ekte menn. I juni gir dei heimepublikummet og til-reisande ein kraftfull utekonsert på Volda bygdetun under Dei ny-norske festspela laurdag 27. juni, slik berre ekte menn kan.

– Musikken er, som før, ei sa-lig blanding av stilartar, mykje spøk og alvor, lys og varme – og to store posar god stil. Dei to viktigaste endringane frå tidle-gare er at tekstane ikkje handlar om Ørsta lenger, og at me har med beats frå andre folk, seier Runar Gudnason i eit intervju med Lars Vaular.

Festspela blir arrangerte i Volda og Ørsta frå 24. til 28. juni og inneheld meir enn 50 arran-gement på 20 scener. Temaet er «Med andre ord», og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

KJARTAN HELLEVE

[email protected]

Dei nynorske festspela: Jon Fosse får ordet

Jon Fosse i arkiv-ut-gåve frå om lag 199 2.

LONE HØRSLEV: – Når eg skriv, vil eg djupast sett seie noko om ei slags fundamental ein-semd.

Foto: Thomas A./Athene

Page 22: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

Prent: Nr1Trykk asOpplag: 12 000Abonnement: Kr. 250,– per år

Annonsar: Annonseprisar: kr 9,00,–/mmTillegg for tekstside: kr 0,50,–/mmSpaltebreidd: 45 mmKvartside: kr 4 000,–Halvside: kr 7 000,–Heilside: kr 12 000,–Tillegg for fargarIlegg til avisa: kr 1,00 pr. stk.

Alle prisar er eks. mva. Ved lysing i fl eire nummer kan vi diskutere særskilde avtalar.

Stoff rist nr 4 – 2009: 1. august 2009

NOREGS MÅLLAG

Tilskrift: Boks 474 Sentrum, 0105 OSLO

Telefon: 23 00 29 30 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: [email protected]:

Schweigaardsgt. 16Bankgiro: 3450.19.80058

Leiar: Håvard B. Øvregårdmobil: 917 73 157

[email protected]

Tilsette: Gro Morken Endresen, dagleg leiar,

tlf. 23 00 29 37, 957 85 [email protected]

Magnus Bernhardsen, organisasjonskonsulent, tlf. 23 00 29 34, [email protected]

Berit Krogh, økonomikonsulent, tlf. 23 00 29 35, [email protected]

Ingar Arnøy, skulemålsskrivar, tlf. 23 00 29 36, 975 29 700 [email protected]

Hege Lothe, informasjonskonsulent, tlf. 57 86 53 60, 926 48 [email protected](permisjon)

Kjartan Helleve, informasjonskonsulent,tlf. 23 00 29 32, 943 97 [email protected]

Else Elise Sætre Bullus, kontormedarbeidar, tlf. 23 00 29 30, [email protected]

Tarjei Vågstøl, IT-medarbeidar,tlf. 23 00 29 50, 452 31 [email protected]

NORSK MÅLUNGDOMwww.nynorsk.no/nmu

Tilskrift: Postboks 285 Sentrum, 0103 Oslo

Telefon: 23 00 29 40 Telefaks: 23 00 29 31 E-post: [email protected] Bankgiro: 3450 65 48707Leiar: Jens Kihl,

tlf.: 23 00 29 40 (a), 992 31 [email protected]

Skrivar: Janne Nygård,tlf.: 23 00 29 40 (a), 916 16 [email protected]

www.nm.no

Framhald av Fedraheimen og Den 17de Mai

Namn:

Adresse:

Medlemskap i gåveKjenner du nokon som burde ha vore med i Mållaget? Gje dei medlemskap i gåve! Dette kostar 200 kroner.

JA TAKK, eg tingar:

__ stk. medlemsbevis som eg kan gje vekk i gåve, 200,– per stk

__ stk. av Takk, Ivar Aasen-jakke-merke, 10,– (50,– for 20 stk!)

__ stk. av Slepp nynorsken til-jakkemerke, 10,– (50,– for 20 stk!)

__ stk. Ivar Aasen-almanakk-omslag i skinn som varer i mange år. A-plan-/Filofax-system. Burgunder farge. Passar for innmat storleik 96 x 167 mm. Du byter ut innmaten for kvart år. I dette lausbladsystemet er det også mykje anna tilleggsutstyr å få kjøpt, m.a. lausark for eigne notat! 300,–

__ stk. Ivar Aasen-almanakk med perm for 2009. Kr 155,–

__ stk. frimerkemapper frå Posten med førstedagsbrev med frimerket som Posten laga i høve hundreårsjubi-leet. 50,–.

__ stk. badehandkle i frotté, gult med raud Noregs Mållag-logo (150 cm x 100 cm) NO KR 50,– (Før kr. 100,–)

__ stk. paraply (kan slåast saman). 100,–

__ stk. nøkkelring, kvar av ringane kan takast av. Fin om du treng å dele nøkkelknippet. 75,–

__ stk. krus i børsta stål, med skru-lokk, 0,4 liter. Svart logomerke. 84,–

__ stk. Viljen til språk av Ottar Grepstad. 200,–

__ stk. av heftet Då Noregs Mållag vart stifta. Kr 10,–.

__ stk. paraply med trehandtak. Svart med kvit logo og slagord: Mange røyster – felles mål. Diameter om lag 1 meter. Kr. 100,-

__ stk. refl eksband til å slå rundt armen eller foten for å vere tryggare i trafi kken. Med logo og slagord: Mange røyster – felles mål. Kr. 20,-

KRYSS AV, KLIPP UT ELLER KOPIER OG SEND TINGINGA TIL:Noregs Mållag, Postboks 474 Sentrum, 0105 Oslo, eller faks til 23 00 29 31, e-post til [email protected], ring 23 00 29 30 eller ting på heimesidene våre www.nm.no. Vi sender ut varer kvar 14. dag.

Noregs Mållag har ei rekkje gode og praktiske produkt til sals. Desse kan du kjøpe ved å sende inn kupongen nedst på sida, eller ved å gå inn på på heimesida vår www.nm.no.

M Å L S A K E R

Nye kvalitetsjak-kemerke som toler både regn og snø! 33 mm breie.

22 NORSK TIDEND NR. 3 – 2009

— stk. kaffi krus for 100 kroner stykket (svart dekor og gulltekst) (PS! Kruset er nytrykk av jubileumsserviset) Det går mangt eit menneske og ser seg fritt i kring for Ivar Aasens skuld Tarjei Vesaas 1950

— stk. kaffi krus for 100 kroner stykket (svart dekor og brun tekst) Skogen stend, men han skifter sine treOlav H. Hauge, 1965

— stk. tekrus med skål for 150 kroner per sett (svart dekor og brun tekst)Nynorsken kviskrar: Dette går ikkje an. Kristin Auestad Danielsen, 2007

— stk. frukostasjett for 100 kroner stykket (svart dekor og brun tekst)Nokon må elske ordet og reinske bort ugras der det gror. Nokon må bruke ordet. Berre ved bruk blir det vakkert. Marie Takvam, 1987

SERVISE

NYTT NEDSETT PRIS! Serviset frå 2007 er snart selt ut. Du har

enno høve til å sikre deg asjett og tekrus med skål. Serviset er produsert av Porsgrund Porselen, og dekoren er oransje med svart skrift.

_ stk. tekrus med skål for 120 kroner per stk. (Sitat: OSS, RETNING Eg veit ikkje

kvar vi skal. Men eg gler meg medan vi kjem dit. Ann Kavli, 1996)

_ stk. frukostasjett for 80 kroner per stk. (Sitat: Den som fi nn ei plomme kan svelgje ho rett ned. Men den som fi nn ein gullklump kan aldri meir få fred. Rasmus Lie, 1972)

_ stk. frukostsett (asjett, tekrus og skål) for 175 kroner per stk.

Page 23: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

– Norsk og nynorsk er så hardt. Jeg nekter å synge norsk eller ny-norsk. Det får andre ta seg av.

Mariann Th omassen, vokalist i Surferrosa til Dagbladet

– Morsomt at boka var på ny-norsk.

Elev ved Biri ungdomskole kommenterer at Terje Torkildsen

fekk UPrisen for ungdomsromanen Marki Marco

– Nynorsk er mer romantisk enn bokmål.

Elev 2 ved Biri ungdomskole

– Ja, jeg tenkte ikke over at boka er på nynorsk før du sier det nå.

Elev 3 ved Biri ungdomskole

– Vi har i dag vore inne på nett-staden til Posten utan at vi kunne fi nna stoff på nynorsk. Vi gjekk ik-kje gjennom heile nettstaden, men med det søket vi gjorde, kan vi i alle fall konstatera at nynorsk ikkje er lett synleg på denne nettstaden.

Kulturdepartementet i brev til Samferdsledepartementet

– Når du skriv nynorsk skal du alltid høyre ei indre røyst som snakkar. Nyttar du nynorsk som fagspråk, så kjenner du pisken til talemålet over deg heile tida. Der-med blir du nøydd til å skrive så tilgjengeleg så mogleg.

Stephen J. Walton til Universitas

– Nynorsk må ikkje få lov å bli eit reservatspråk for minoritetar i ut-kantkommunar på Vestlandet.

Styreleiar Jan Magne Dahle på landstinget til LNK

– Ordet nynorskisering står ikke i noen ordbok. Men det gjør heller ikke islamisering. Men de kommer nok, i hvert fall det siste.

Tønsberg Blad

Vi er ikkje i tvil om at framtidas nynorskbrukarar må vinnast, ikkje tvingast.

Firdaposten

Eg takkar Ola Borten Moe so mykje for hans tilsvar til meg i Hallingdø-len 30. april. Du tok utfordringa. Rett nok ikkje i VG, men Halling-dølen, som er landets beste lokala-vis, er ei god erstatning. Dessutan sette eg pris på at du svara meg på nynorsk. Det var ei overrasking.

Lesarinnlegg i Hallingdølen

– Det er bedre at læringen er lyst-betont og preget av lærevilje fram-for tvang.

Lesarinnlegg frå Unge Høgre i Nordlys

MORGO-NEN

ERFELE

FLOG-VIT

PLUSS

SOMME

FINSKDRIV

ART.

SANSE-TRÅD

PÅ-KJEN-NING

STORTFYLGJE

SLUTT-ORD

PRESTI BIB. TRINN

MORO-SAME

STREKAR

I DAG

DETTEFRYSE

SLAG-PLASS1177

BYE

SEIGMASSE

FERS-KE

ERTOG GRUS

KONGE

FLUORSTAG-

GE RISTE VANE LAST LENGD FALLE TREK-KJE

TA AVFRÅ

BAKKEN

HYL

VALSE-RYTME

FRIBERESEG

RETTS-VITSKAP

TONE

TONEFRYS LAGA

SMØR

FAN-TASI

DANSKØY

UJAMN

KANALHALEUT PAVE

GASS

50ODDE DREV SINT

LYD SJARM

DEBU-TANT

DRIKK

OE

KONGE

VEKT

TONE

VEKT

GASS

MÅL-TID

MENGDNOREG

JAPANUJAM-

NE

QUIZ JOULE GRØNTBELEGG TONN KEIK HEIV LIKE

UNDER-TRYK-KJE

FOR-STYRRAR

VAR-SEL

SKUL-DER SYSAK STRID

BLIKK-FANG

SAND-TANGE

IRSKHÆR

LANGNEDOVER

PREP.STÅK

FOR-TRULEG

LYSTIG

KVARTLITER

OP-NING

LANGTGILDE TEKKE

VEKT

TONE

IKKJE-

KONGE

ALFA-BET-

NABOARLIKE LEIGE

TONE

IKKJE-

TEV-LING

YTRAL DISKU-

SJON M FIN-KLEDE K PRYD B HEILT

TETT U SPEN-NING

LEVERE R SEIG

TYPE L LÅG-MÅL M

S A TONE-ART

HANDE M O L L VEKT G MAKEN K O N A SKINN-

REIM II N N I BAK

SKALET N GASS

TONE ORETTS-LÆRE

NORSKFORF.

J U S OLDER

PÅVAKT

MÅLTID N O NTELE

PEIK.PRON.

D E N TRIVLE F A M L E UT-KOPLA A V FUNG-

ERE G L IGJEREVONDT S V I UNION I EIGE-

DOMS-PRON. S I N DRON-

NING

LIKEM A U D 1000 M

MUSK-LAR S E N E R BLIR

SINT T E N N E R PREP. I LIKE UKJÆR-TEIKN K OST

BIB.KONGE

G U M M E ARBEID

LIKE O N N SJØ-VEKST

BELØP

SØLV S U MK Y S S = LA A STRAM

PÅSMAK R A M STIL-

LING S T A T U SBAND

OKSE T A U SATT S E D A T PINTE

FJELL-REKKJE

N A G A VEKT

METALL TS T U T MÅL

FORENERGI J = RE E HAU-

GAR R U E R FERSKE N Y EVETTE

KLOKKE A L V FÅTAK I O VOGN K J E R R E ENERGI S SÅ

TUNGT! MU R JAM-

FØRTMED E N N FOR-

TUMLA O MIDT-DEL N A V KORN-

SORT P E P PPYNT S TALAR

FØ K Å S Ø R ELD G L Ø R PLAGG L U ES T A S HALE

GJÆ-RER

D R A SYSAK J FUGLEN

PÅ DENSTADEN

S U L A TINGEN RALTER-NATIVT

SLÅE L L E R LUR S N E D I G STOR-

MAKT U S AS M E I S E

TIL-GJORD

ELV IITALIA

J Å L E TMINE-RAL

SITJEHØGT

S P A THEI-LAG-DAG N RET-

NING

MENGDN ØYDE-

LEGG S P O L E R E R HALVBOK-

TITTEL A K UH E L G AVKOM S O N LEIGE G ROVDYR T I G R A R

Løysing på kryssord 2 – 2009

1. Anker Vassend, Selåsvatn

2. Eivind Aasmundtveit, Kvitseid

3. Eva Haugen Sørgaard, Evje

Send løysinga til:Noregs MållagPostboks 474 Sentrum0105 Oslo

Frist: 1. augustMerk konvolutten «Kryssord». Rett løysing kjem i neste ut-gåve. Tre vinnarar vert trekte ut og får fi n premie.

Namn:

Adresse:

Postnummer/-stad:

Kryssordvinnarar i nr. 2 – 2009

løysing

Nedanfor fi nn du alle orda som skal vere med i kryssordet til venstre:

2 bokstavar: NO PÅ RO TO

3 bokstavar: ARE RAS TUE ÅME

4 bokstavar: ATOM ISEN LOSE VARE

5 bokstavar: BENTE KVIST TAKET UNDER

6 bokstavar: KRABAT POSTEN TALENT (Løysing fi nn du nedst på sida)

sagt sidan sist

kryssord

NORSK TIDEND NR. 3 – 2009 23

T O

puslekryssord for barna

K R A B A T V A R E A I S E N K S T U E T A L E N T T O D

P O S T E N Å M E R O

Løysing på puslekryssord

Page 24: seier den danske dikta- Fedraheimen Side 20-21 Kvifor ...files.zetta.no/dykk.no. Saxlund kjem frå jobb i Forleggerforeningen der ho var prosjektleiar for Bokmessa på Lillestrøm

Ny leiar i NMUNorsk Målungdom skipar til sommarleir i Elverum 24.–28.

juni. Det er den siste tilskipinga der Jens Kihl vil sitje som leiar. Frå 28. juni er det Maria Svendsen som vil styre NMU-skuta.

– Eg kjem til å halde fram det gode arbeidet vi har byrja på når det gjeld organisasjonsbyggjing, og håpar at Norsk Målungdom framleis vil vekse seg større og sterkare med meg som leiar, Maria Svendsen.

Ny årbok frå Norddal MållagNordal Mållag satsar friskt, og for fyrste gong kjem Årbok for Nord-dal ut med stivt omslag. Årets år-bok er mangslungen, til dømes med ein artikkel om tyrkisk på-verknad på norsk kultur. Historia er fortald med Heilag-Olavs fl ukt gjennom Valldalen i 1028–29 som rammeforteljing. Årboka inneheld også artiklar om det nye kraftverket i Eidsdalselva, om Dale skipreide og namnet Norddal og om korleis folk såg på fj ella før dei vart turistmål og nasjonalsymbol.

Namnevit i NorddalSamstundes med at Årbok for Norddal vart lansert, delte Nordal Mållag ut ein pris for godt namnevit til Muri Hytteutleige, som har kalla sanitærbygget sitt «Brusehuset». Juryen likte at namnet hadde dobbel botn, og at det er både kjekt og godt å seie. Namnet tek utgangspunkt i namnet Muri-Bruse, som i fylgje Snorre var ein småkonge på Muri på den tida Heilag-Olav fl ykta gjennom dalen. På same tid kan ordet tyde dusj på dansk.

i nynorskens skogi nynorskens skog

– Nynorsk-kommunar godt rusta for innfl ytting– Kommunar som brukar nynorsk som hovudmål, har funne seg ein eigen verdifull ståstad i møte med inn-fl yttarar og innvandrarar.Det sa kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa på landstinget for Landssaman-slutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Dei 116 kommunane som har valt nynorsk som målform, er medvitne om tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering, sa Kleppa. Ho streka under at nynorsken ikkje berre gir eit særpreg, han fortel noko om historia.

– Han fortel noko om kva som har vorte teke inn i varmen og defi nert som norsk kultur, og at dette korkje har vore eller er sjølvsagt på nokon måte. Ivar Aasen, som var sentral i språkkampen, hadde meiningar om kva vi i Noreg skulle dyrka fram i høve til kultur. Han let ikkje det rådande sy-net på kva som skulle vera offi siell norsk kultur stå uimotsagt. Han lanserte sitt eige alternativ, nynor-sken, basert på dialektane. Det var ein kamp som skapte større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa.

Ho la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet er ikkje motsetnader.

– Å ha ståstad i eigen kultur kan styrkja evna til å forstå det som er annleis. Også evna til å ta i bruk nye impulsar og ressursar. Vinje i Telemark er eit døme på det. Innbyggjarane der har teke konsekvensen av at det fl eirkulturelle samfunnet er ein del av det moderne Noreg. Dei satsar på kultur og dei satsar på integrering. Tradisjon og fornying går hand i hand. Slik kan eit lokalsamfunn ta i bruk både historie og dagsaktuell røyndom når dei skal formidla og forklara folk som kjem utanfrå, kven dei er. Det gir tryggleik, og det gjer menneska rau-sare, sa Kleppa. (NPK)

Dobbelt? Får du dobbelt opp av Norsk Tidend, kan det kome av at du er medlem av både Mållaget og NMU. Send e-post til [email protected] om du meiner det greier seg med eitt eksemplar.

– Å ha ståstad i eigen kultur kan styrka evna til å forstå det som er annleis. Også evna til å ta i bruk nye impul-sar og ressursar, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. Foto NPK

Målblome til DalseideÅl og Torpo Mållag har gitt ein mål-blome til Nils Dalseide (biletet), leiar

av meklingsarbeidet i årets statsoppgjer. Nils Dalseide, kretsme-klingsmann og soren-skrivar, fekk prisen for måten han nyttar dia-lekten sin på. Som leiar av meklingsarbeidet i

årets statsoppgjer har han vore mykje framme i riksdekkjande media og ut-merkar seg med å prate hallingdialekt på ein god og naturleg måte. At han brukar sitt eige språk i arbeidet som meklingsmann, styrkjer biletet av han som ein truverdig og tillitvekkjande person.

Pris til Sverre Hatle – Språket er levande. Det må brukast, var Sverre Hatle (biletet) si oppmoding då

han takka for Målprisen han fekk av Nils Bjørs-vik, nestleiar og skrivar i Nordmøre Målag etter konserten i Svinviks ar-boret. Bjørsvik fortalde at Hatle hadde lagt ned eit stort arbeid for målsaka,

og særleg arbeidet med å digitalisere ord-samlinga til Bjarne Østbø.

– Eg har lese forordet til boksam-linga. Les det, for det er noko av det beste eg har lese, sa Bjørsvik.

– Men språket må brukast, liksom kroppen, for å halde seg i god form, sa Hatle då han mottok diplom og eit fat med teikna løvetenner på.

(Tidens Krav)

Ung språkrøkt gav utteljing Brita Øvregård og Elise har gjennom dei tre åra på Odda vidaregåande skule utmerkt seg som gode ambassadørar for nynorsk som målform. Øvregård fekk Odda Mållag sin Nynorskpris 2009 for god målbruk. «Ikkje berre er ho ein god nynorskbrukar, men òg ein utmerkt ambassadør for Røldal og røldalsmålet», stod det i grunngjevinga frå mållaget.

I Haldor O. Opedals fond for allmen-nyttige føremål, er det eit legat for fremme av god målbruk i distriktet. Norskseksjonen på skulen er jury, og var ikkje i tvil om at Digranes Winterthun var den beste nynorskeleven i dette kullet. I tillegg til fi n diplom, fekk dei to språkmedvitne jentene ein sjekk på 2000 kroner kvar. (Hardanger Folkeblad)

Årbok for Norddal 2009

Norddal

å

Årbok for Norddal2009

Norddal mållagNoNoNordrdrddadadaal ll måmåmållllagagag

Denne våren har Gloppen Mållag delt ut nynorsk songbok til barnehagane i Gloppen. Det er Odd Nordstoga som er redak-tør for boka som heiter Song for deg og meg. Gloppen Mållag har gjennom fl eire år gjeve ulike barnebøker til barne-hagane fordi mållaget er oppteke av at borna i Gloppen skal ha eit godt forhold til det nynorske språket. Ved å møte nynorsken gjennom biletbøker, songar, rim og regler alt tidleg i barndomen er dette med på å skape tryggleik om språket sei-nare i livet.

– Samlingsstund med song og høgtlesing er veldig gode stunder for ungane. Det skaper gode minne og det er ei viktig sosialisering for

ungane. I dag er det slik at bok-målssongar og -bøker er svært lett tilgjengelege. Mållaget ynskjer at det skal vere like lett å velje frå den nynorske songskatten, seier Elfrid Rauset, nyvald leiar i Gloppen Mål-lag. Saman med styret i Gloppen Mållag har ho vitja alle barneha-gane denne våren for å levere ut songboka.

– Vi opplever at desse bokgå-vene vert godt mottekne hjå dei tilsette i barnehagane. I Teina bar-nehage kvitterte dei med å gje ein pakke egg tilbake, smiler Rauset.

Siste åra har Gloppen Mållag fått gode inntekter frå sal av gradestok-ken for Gloppen. Dette er ein eigen gradestokk med lokale dialektord og uttrykk, som har blitt svært po-pulær. I tillegg til desse inntektene har mållaget motteke støtte frå Gloppen kommune og Spareban-ken Sogn og Fjordane.

Songbok til barnehaganeGloppen Mållag deler ut songbøker. Frå venstre: Hege Lothe, styremedlem, Elfrid Rauset, leiar, og Geir Skagen, styremedlem. Med seg i styret har dei Lillian Støyva og Olin Johanne Henden.

Vigdis og Elisabeth Muri framfor Brusehuset. Elisabeth kjem til å ta over drifta av plassen etter kvart. Foto: Storfj ordnytt