søknad om støtte til nettleksikon - wikimedia · store norske leksikon as oslo 14. mai 2014...

19
papir Næringsliv og teknologi Industri Papirindustri stoff fremstilt av fibrer i trevirke og andre råstoffer som frigjøres ved mekaniske og kjemiske prosesser og forenes ved papirfabrikasjonen til et sammenhengende ark. Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon som dekkjer innhald det finst kunnskap om i Noreg. Artiklane byggjer på det første leksikonet som kom ut i den nye nasjonen Noreg i 1906, og innhaldet er kontinuerleg oppdatert i over hundre år. Alle kan skrive i Store norske leksikon, men fagansvarlege har ansvaret for om det blir publisert. Vi får 450 fagfolk til å kommunisere på nett og å oppdatere i et omfang nettet verdig. Store norske leksikon er gratis tilgjengeleg for alle på www.snl.no. Nettsida har 143 000 daglege brukarar (mai 2014). Leksikonet blir publisert av SNL AS, som er eit ideelt aksjeselskap. SNL AS søkjer med dette om fem millionar kronar frå tilskotsordninga for nettleksikon for 2014. Utan eit tilskot i dette omfanget kan vi ikkje halde fram med å publisere Store norske som eit oppdatert nettleksikon. UTGIVAR: STORE NORSKE LEKSIKON AS Store norske leksikon AS er eit ideelt aksjeselskap med denne føremålsparagrafen: Selskapets formål er å publisere norsk fagkunnskap på internett, blant annet gjennom et nært samarbeid med universiteter og høyskoler. Selskapet driver en digital kunnskapsbase som publiserer signert innhold redigert av fagfolk. Det publiserte innholdet skal være kvalitetssikret med hensyn til faglig etterrettelighet, kildekritikk, samt pedagogisk og språklig presentasjon. Opprettelsen av Store norske leksikon AS er basert på at Selskapet eier og publiserer Store norske leksikon (SNL). Selskapet skal være en premissleverandør for digital danning og kunnskapsspredning i norsk nettoffentlighet. Selskapet kan publisere innhold på alle offisielle norske språk. Selskapet tilbyr en redaksjonell og teknisk plattform til alle eiere som ønsker å utgi redigerte leksikalske verk på nett. Utgivelsene må være i tråd med formålet til Store norske leksikon AS.

Upload: others

Post on 19-Jan-2020

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

papir → Næringsliv og teknologi → Industri → Papirindustri

stoff fremstilt av fibrer i trevirke og andre råstoffer som

frigjøres ved mekaniske og kjemiske prosesser og forenes

ved papirfabrikasjonen til et sammenhengende ark.

Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014

Søknad om støtte til nettleksikon

Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon som dekkjer innhald

det finst kunnskap om i Noreg. Artiklane byggjer på det første leksikonet som kom

ut i den nye nasjonen Noreg i 1906, og innhaldet er kontinuerleg oppdatert i over

hundre år. Alle kan skrive i Store norske leksikon, men fagansvarlege har ansvaret

for om det blir publisert. Vi får 450 fagfolk til å kommunisere på nett og å

oppdatere i et omfang nettet verdig. Store norske leksikon er gratis tilgjengeleg for

alle på www.snl.no. Nettsida har 143 000 daglege brukarar (mai 2014). Leksikonet

blir publisert av SNL AS, som er eit ideelt aksjeselskap. SNL AS søkjer med dette

om fem millionar kronar frå tilskotsordninga for nettleksikon for 2014. Utan eit

tilskot i dette omfanget kan vi ikkje halde fram med å publisere Store norske som

eit oppdatert nettleksikon.

UTGIVAR: STORE NORSKE LEKSIKON AS

Store norske leksikon AS er eit ideelt aksjeselskap med denne føremålsparagrafen:

“Selskapets formål er å publisere norsk fagkunnskap på internett, blant annet

gjennom et nært samarbeid med universiteter og høyskoler. Selskapet driver en

digital kunnskapsbase som publiserer signert innhold redigert av fagfolk. Det

publiserte innholdet skal være kvalitetssikret med hensyn til faglig etterrettelighet,

kildekritikk, samt pedagogisk og språklig presentasjon.

Opprettelsen av Store norske leksikon AS er basert på at Selskapet eier og publiserer

Store norske leksikon (SNL).

Selskapet skal være en premissleverandør for digital danning og kunnskapsspredning i

norsk nettoffentlighet. Selskapet kan publisere innhold på alle offisielle norske språk.

Selskapet tilbyr en redaksjonell og teknisk plattform til alle eiere som ønsker å utgi

redigerte leksikalske verk på nett. Utgivelsene må være i tråd med formålet til Store

norske leksikon AS.

Page 2: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

2

Selskapet drives på ikke-kommersiell basis og Selskapets formål er ikke å generere

økonomisk utbytte til aksjonærer. Eventuelle overskudd som genereres fra salg av

eiendom, eiendeler eller salg av aksjer skal utelukkende gå til drift og vedlikehold av

SNLs plattform og innhold.”

SNL AS er eigd av Fritt Ord (40 %), Sparebankstiftelsen DNB (40 %) og Det Norske

Videnskaps-Akademi (20 %), og i styret sit:

Trond Andreassen (styreleiar) – generalsekretær i Norsk faglitterær forfatter-

og oversetterforening

Inger Lise Larsen – økonomidirektør i Sparebankstiftelsen DNB

Francis Sejersted – professor emeritus, tidlegare styreleiar i Fritt Ord

Nils Christian Stenseth – preses i Det Norske Videnskaps-Akademi

Torgeir Waterhouse – direktør for internett og sosiale medier i IKT Norge

Sjefredaktør er Anne Marit Godal. Sjefredaktøren har utgivaransvar etter ein

vedtektsfesta redaktørplakat som mellom anna seier:

Sjefredaktøren skal gjennom sitt medium fremme en saklig og fri

kunnskapsformidling.

Sjefredaktøren har det personlige og fulle ansvar for mediets innhold.

Innenfor rammene av formålsparagrafen skal sjefredaktøren ha en fri og

uavhengig ledelse av redaksjonen og full frihet til å forme mediets innhold, selv

om det i enkelte spørsmål ikke deles av utgiveren eller styret.

SNL AS er utgivar av fire verk: Ålmennleksikonet Store norske leksikon (SNL),

samt dei tre fagleksikona Store medisinske leksikon, Norsk biografisk leksikon og

Norsk kunsterleksikon.

Store medisinske leksikon (SML) blei publisert på papir i 2006, og har 12 000

artiklar om medisin. I 2013 opna vi SML for vidare oppdatering, etter same

redaksjonsmodell som i SNL. Med dette er eit nytt norsk leksikon gitt vidare liv.

Samtidig vil medisinstoffet i SNL bli fasa ut. Innhaldet i dei to verka har vori

overlappande, men SML er eit grundig og omfattande verk som gir det medisinske

innhaldet meir tyngde.

SNL eig og publiserer også Norsk biografisk leksikon (NBL) slik det kom ut på

papir frå 1999 til 2005. NBL har 6 000 artiklar og er ei viktig kjelde om sentrale

menneske i norsk historie, men vil ikkje bli opna for oppdatering.

Page 3: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

3

Godal er ansvarleg redaktør for dei tre verka i eige av SNL AS. Frå 2013 tilbyr SNL

AS andre leksikoneigarar å nettpublisere og oppdatere leksikon på vår tekniske

plattform. Vi har så langt publisert Norsk kunstnerleksikon (NKL), eigd av

Nasjonalmuseet for kunst. Museet har redaktøransvaret for NKL, medan SNL er

ansvarssubjekt som nettvert. NKL er publisert slik det kom ut på papir frå 1982 til

1986. Museet planlegg å ferdigdigitalisere dei to siste banda i løpet av 2014.

INNHALDSPROFIL

Artiklane i SNL er delt inn etter fag i ein taksonomi som er open for lesarane

gjennom forsida www.snl.no. Her kan ein bla seg gjennom dei femten hovudemna,

som igjen er delt inn i om lag 2500 underemne totalt. Noko forenkla kan vi seie at

SNL skal dekkje fag det i Noreg er mogleg å ta utdanning innanfor – det seg vere

politikk og kjerneenergi, idrett eller limnologi, og vi skal særleg formidle og

forvalte kunnskap om norske forhold eller forhold som er relevante i norsk

samanheng. SNL ser det som vår jobb å ta vare på den norske kunnskapsarven,

også den som ikkje er så kjend eller aktuell i dag. Det betyr at vi skal vere

oppdaterte på bjørnedyr, der norske forskarar har internasjonal ekspertise, så vel

som på norsk oljehistorie og 1814.

SNL har i dag 170 000 artiklar. Innan kvart fagfelt skal vi omtale sentrale omgrep,

hendingar, fenomen, stader, organisasjonar og personar. SNL skal vere ein guide til

kva som er viktig i ulike emne. Ved å sjå under Russlands litteratur skal lesarane få

eit overblikk over kva som er dei mest sentrale forfattarskapa. Derfor har vi ikkje

eit uavgrensa mål om fleire artiklar. Vi har kriterium som set rammar for kva som

er leksikonrelevant i ulike fagfelt.

SNL vil gi kunnskapen ein stemme i samfunnet. I sentrale samfunnsdebattar som

om FrP er høgrepopulistiske skal SNL formidle kor forskinga står. Om det er fagleg

strid, skal SNL formidle kor den faglege striden står. Og når vi omtaler

populærkultur som house-musikk, skal det vere med ein musikkfagleg vinkel.

Skuleelevar og studentar er den største og tydelegaste lesargruppa vår. Jødedom,

den kalde krigen, 1814, Henrik Ibsen og fotosyntese er “kioskveltane” på snl.no.

Helsestoffet er også mellom det mest leste. I 2013 opna vi Store medisinske

leksikon (SML) for oppdatering. Fordi SML har fleire oppslagsord og lengre

artiklar enn medisinstoffet i SNL, har vi vald å byggje vidare på SML når vi no

oppdaterer medisinsk innhald. Den tredje kategorien innhald som blir mest lest, er

saker i nyhendebiletet. Folk les SNL for å få forklaringar på omgrep dei ikkje

forstår og bakgrunnsinformasjon om det som til ei kvar tid blir omtalt i media.

Page 4: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

4

EI KJELDE TIL KUNNSKAP

SNL ser det som vårt ansvar å byggje ein infrastruktur for kunnskapsformidling i

det norske nettsamfunnet. Nettet er blitt den offentlegheita vi lærer, les og

debatterer i. Google styrer kva kunnskap folk finn. Men Internett skriv seg ikkje

“sjølv”. Innhaldet kjem an på kva aktørarar som deltar i å skape det. SNL AS vil som

utgivar publisere leksikalske tekstar som kan vere truverdige kjelder til

basiskunnskap. På same vis som norsk nett treng truverdige kjelder til nyhende,

trengst kjelder til basisen og breidda i kunnskapen. Folk må kunne finne fagleg

gyldige framstillingar av islam, så vel som av makt og vaksine. Den offentlege

debatten treng kjeldetekstar signert av fagfolk – fordi gyldig kunnskap er ein

føresetnad for å argumentere, forstå og skrive alt frå nyhende til skuleoppgåver.

Skulen skal lære elevane å vere kritiske i val av kjelder. Treffa elevar får når dei

søkjer på Google varierer i kvalitet, slik kunnskapsminister Røe Isaksen har

formulert det: ”Du kan ikkje rekne med at ei kvar kjelde du finn på nett er truverdig.

Det er ikkje som eit godt, gamaldags leksikon, om du ikkje då går inn på Store

norske”. Der klasseskilja tidlegare var synleg i kor mange bøker elevane hadde

heime, er skilja iferd med å dreie seg om kompetanse til å velje gode kjelder i

nettmylderet. Det betyr at gode norske kjelder bør vere lette å finne. Derfor

arbeider SNL spesielt med å tilpasse innhaldet vårt til behova skuleelevar har på

ulike trinn.

Når kjelder manglar blir nettet eit ekkokammer der ingen står ansvarleg for at

orda falt. Kjeldetørke gjer informasjonen folk finn dårlegare. For norsk og engelsk

Wikipedia er SNL mellom dei mest brukte kjeldene om norske tilhøve, ved sia av

presse og (mindre objektive) heimesider for firma og institusjonar.

Dersom norske fagfolk skal skrive analytiske framstillingar på norsk, er dei

avhengige av arenaer for formidling. SNL sørgjer for at basisen i norsk

kunnskapsunivers blir formidla på norsk. Sjølv om nettet er fullt av informasjon,

skaper ikkje dette automatisk funderte analysar. Det er skilnad på å samle

faktaopplysningar og å definere omgrep eller skrive analytiske framstillingar, til

dømes av kva rolle ein person som Jens Stoltenberg har spelt i samfunnet. Gamle

omgrep, personar og hendingar er definerte og analyserte i gamle leksikon, men

stadig nye omgrep treng omtale – og perspektiv og kunnskap om det gamle

utviklar seg, som ein t.d. kan sjå av dei ulike variantane av Camilla Collett i SNL.

Ved å be ekspertar definere og redefinere omgrepi SNL, sikrar vi også produksjon

av kunnskap. Som da vi arbeidde forbi synsing og bad fagfolk produsere ein

Page 5: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

5

analyse med fagleg hald kring eit omgrep som med eitt var svært viktig for det

norske samfunnet: kulturmarxisme.

FAGLEG KVALITET OG HØVE TIL KJELDEKRITIKK

Fagleg kvalitet er sjølve eksistensgrunnlaget for SNL. Føremålet vårt er å publisere

signert innhald redigert av fagfolk. Artiklane skal vere kvalitetssikra med omsyn til

fagleg etterrettelegheit og kjeldekritikk. Dette inneber at innhald skal vere fagleg

gyldig i det vi publiserer det. Derfor blir alt innhald på snl.no godkjend av fagfolk i

emnet før det blir publisert.

Autoriteten til eit papirleksikon kvilte på tillita til sjølve verket og til at utgivaren

valde ekspertar til å skrive. Nettsamfunnet stiller andre krav til truverd enn

papirsamfunnet. Alle bør kunne føreslå, spørje og peike dersom keisaren er utan

klede. Kunnskapsproduksjonen bør skje i dialog, ikkje i autoritær monolog.

Nettpublikasjonar har høve til å gje lesarane eit godt grunnlag for sjølv å vurdere

truverdet til kvar einskild artikkel. Det er mogleg fordi digital produksjon gjer det

lett å bli kvitt anonym autoritet. Som nettleksikon vil SNL gjere

kunnskapsproduksjon mest mogleg gjennomsiktig. I SNL skal ingen namnlaus

storleik tale. Avsendar skal vere kjend slik at direkte kjeldekritikk er mogleg.

Namngitte menneske skal kunne bli stilt til ansvar for å ha skrivi og publisert

innhaldet. For å få til dette er det på snl.no eit avgjerande prinsipp at anonymitet

ikkje skal vere mogleg. Derfor er vilkåret for å bidra på snl.no at ein registrerer seg

som brukar med fullt namn.

I SNL går fagfolk ved sine namn gode for kvaliteten på to vis: Gjennom fagansvar

og forfattarsignatur. For å gje lesarane høve til direkte kjeldekritikk har SNL i

tillegg tre sentrale virkemiddel: signert endringshistorikk, brukarprofilar og

kommentarfelt med direkte publisering:

Signert endringshistorikk

Alle endringar på snl.no kan bli spora og er synlege for lesarane. Alle

tekstendringar blir knytt til signaturar. Sjølv små endringar og språkvask skjer

under fullt namn. I historikken for kvar artikkel kan ein sjå alle redigeringar, både

kven som har føreslått kva i artiklane og like viktig: kven som har godkjend

endringa. (Denne historikken svarer til Wikipedias lister over bidragsytarar til

artiklane.) Slik er det gjennomsiktig kven som skriv leksikonet. Dette gjør det

mogleg å drive direkte og detaljert kjeldekritikk. Som Kulturkomiteen på

Page 6: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

6

Stortinget formulerte det i sin merknad til støtteordninga for nettleksikon:

“Komiteen vil påpeke at åpenhet om hvem som skriver er vesentlig for å kunne utøve

direkte kildekritikk, og derved kvalitetssikre og forbedre levende leksikalske

oppslagsverk ”. I SNL-historikken kan alle t.d. sjå kven som har vori med på å

definere kva parlamentarisme er. Høva til slik historikk var naturlegvis ikkje til

stades før den digitale produksjonen. Den nye digitale historikken i SNL vil over tid

– for kvar artikkel – bli forteljinga om kven som har definert den norske

kunnskapsarva.

Fagansvarlege med fullt namn

Framlegg til endringar i SNL blir godkjend av

namngitte fagansvarlege før det blir publisert

som innhald i SNL.

Ein fagansvarleg er ein handplukka fagperson

som forvaltar ein liten bit av leksikonet. Her er

ei oversikt over fagansvarlege i SNL (fordelt på

fag). Dei fagansvarlege må ha solid

fagbakgrunn frå området dei har ansvar for.

180 av dei fagansvarlege er tilsette ved

universiteta. Andre arbeider ved høgskular og institutt eller har anna arbeid og /

eller utdanning som inneber ekspertise på området. SNL har etablert gode

samarbeid med alle dei åtte universiteta. Vi har eit felles definert mål om å auke

talet fagansvarlege frå universiteta og slik sikre at dei blir synlege formidlarar i

nettoffentlegheita.

Vi har no 450 fagansvarlege som til saman dekkjer 1 609 fagområde. 24 % av dei

er kvinner, 74 % er menn og 2 % er institutt, museum eller organisasjonar.

Redaksjonen aukar kvinnedelen stadig når vi erstattar eldre fagansvarlege.

Det er berre ein fagansvarleg per kategori, men ein fagansvarleg kan ha fleire fag.

Kvar fagansvarleg står ved sitt namn til ansvar for alt innhald i sin kategori. Dei skal

sørgje for at alle artiklar i kategorien formidlar oppdatert og gyldig kunnskap,

anten dei skriv og oppdaterer sjølv, godkjenner framlegg frå andre eller

republiserer innhald frå papirleksikonet. Ofte føreslår fagansvarlege endringar på

andres fagfelt. Dette styrkar formidling på tvers av ulike faglege perspektiv.

Dei fagansvarlege signerer for det faglege innhaldet i SNL, medan dei tilsette

redaktørane ikkje har i oppgåve å lage innhald sjølv. Oppgåva deira er å organisere

Talet fagansvarlege i SNL. Ny

redaksjon overtok i april 2011.

Page 7: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

7

arbeidet ved å finne fagansvarlege og å hjelpe dei med språk, sjanger og med å

handle riktig på nett og oppdatere der lesarane er.

Det er sjefredaktøren som er ansvarleg utgivar for SNL og som står til ansvar for

valet av kvar einskild fagansvarleg. Lesarar kan kritisere dei fagansvarlege, t.d.

opent under artiklane i snl.no, og sjefredaktør kan seie opp fagansvarlege som

syner seg å bryte med krava SNL stiller, både til å forvalte oppdatert og fagleg

gyldig innhald, og til åtferd og aktivitet på snl.no.

Brukarprofilar I tillegg til fullt namn har alle brukarar i SNL ei profilside med oversikt over alle

endringar den einskilde har stått bak, som t.d. fagansvarleg Kjetil Lysne Voie.

Profilen inneheld også høve til ein tekstbiografi og foto. For dei fagansvarlege står

det om dei arbeider ved eit universitet, høgskule eller forskingsinstitutt. Slik kan

lesarane ha gode høve til å vurdere truverdet deira, både den faglege posisjonen og

produksjonen deira i SNL.

Forfattarnamn

Artiklane i SNL står med forfattarnamn. Å stå som forfattarar tyder at ein har

ideelle rettar til sine bitar av teksten. Leksikon er eit samskrivingsprosjekt. Berre

dei som har skrivi minst 30 % av det substansielle innhaldet skal stå som

medforfattar under artikkelen. Oversikta over alle som har skapt teksten, er det

likevel historikken som syner.

Alt innhald som blir digitalt produsert i SNL står med namngitte forfattarar. SNL

pleidde å vere eit papirleksikon. I papirversjonen var plassen avgrensa, og

forfattarnamn blei inkludert om artikkelen var lengre enn 50 linjer. Derfor står ein

del korte artiklar frå papirtida med forfattar “Store norske leksikon (2005 – 2007)”.

Storparten av desse blei skrivi av eksterne fagfolk, resten av fagredaktørar som var

tilsett i Kunnskapsforlaget for å produsere leksikonstoff. Ettersom innhaldet blir

skrivi digitalt vil denne resten av papirproduksjon forsvinne – på same vis som vi

på andre vis utviklar SNL til eit heilstøypt digitalt produkt med t.d. internlenking,

fotografi, utvald litteratur og eksterne lenker.

Brukardeltaking

For SNL er det ein kjerneverdi å vere opne og ta innspel og kritikk alvorleg. Folk

har høge forventingar og tiltru til innhaldet i SNL. Derfor er det desto viktigare å ha

låge tersklar for at folk kan stille spørsmål, engasjere seg og delta. På snl.no kan

alle delta på tre vis, ved å:

Page 8: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

8

1. føreslå endringar,

2. skrive nye artiklar,

3. delta i kommentarfelt med direkte publisering.

I SNL skal lesarane intuitivt kunne forstå korleis dei kan bidra. Vi legg stor vekt på

å gjere det teknisk enkelt å føreslå endringar, og vi ser at det fungerer: Aktiviteten

frå lesarane aukar. I 2013 bidrog 1000 menneske med tekst i SNL. Mellom desse

var 25 % kvinner. Endringsframlegg til artiklane blir ikkje publisert direkte, men

blir vurdert av den fagansvarlege for området. Dei fagansvarlege har tre dagar på

seg til å gje tilbakemelding.

I tillegg har kvar artikkel eit kommentarfelt som folk kan bruke til å kommentere,

kritisere og spørje dei fagansvarlege. SNL skal vere gjennomsiktig: Derfor ligg alle

kommentarar like under artikkelen. I kommentarfeltet kan ein publisere utan at

fagansvarleg eller redaktør godkjenner. Det betyr at det er lett å kome med synleg

kritikk, og å sjå om SNL svarer.

Dei fagansvarlege eller redaktørane svarer i kommentarfeltet. I praksis blir feltet

mest brukt til å føreslå endringar, men også til å stille spørsmål. I tida omkring

eksamen bruker elevar og studentar feltet til å spørje fagfolk om ting dei ikkje finn

eller ikkje forstår.

Ein kan ikkje kommentere utan fullt namn, og redaksjonen moderer usakleg åtferd

både frå lesarar og fagansvarlege. Slik har vi utvikla eit kommentarfelt der tonen i

ordskifta er respektfull, seriøs og legg til rette for at alle skal ha ytringsfridom.

SNL lærer fagfolk å delta på internett. Vi vil setje ein ny standard for digital

danning, der tradisjonelle danningskrav (gyldig argumentasjon, truverdige

kjelder) blir kombinert med krava til å bli tatt alvorleg på nett, så som rask respons

og deltaking når debatten skjer. Derfor forventar vi at dei fagansvarlege ikkje berre

skriv, men at dei er aktive og gir tilbakemelding. SNL vil ikkje ha fagansvarlege som

ikkje svarer lesarane, same kor flinke dei er i faget sitt.

SNL skal vere tilgjengelege og lette å kome i dialog med. Derfor deltar vi på

Facebook og Twitter. Her tar vi imot kritikk og skryt, og bruker det til å gjere

leksikonet betre. Vi tar også sosiale media i bruk for å hjelpe folk, som då snl.no ein

kveld i eksamensvekene hadde nedetid og vi gav elevar tilgang på artiklar dei

spurte etter via Facebook så lenge nedetida varte. Kvelden lærte oss at vi leverer ei

teneste folk er avhengige av og at vi har plikt til å vere der når lesarane treng oss.

Page 9: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

9

OPPDATERING

SNL er mellom dei norske nettsidene med mest innhald, og det er ein omfattande

jobb å halde det oppdatert. Då vi som ny redaksjon overtok etter

Kunnskapsforlaget i 2011 var oppgåva å finne ut om det var mogleg å lage eit

leksikon som er oppdatert, der alle endringar blei kvalitetssikra av fagfolk.

Oppdateringsaktiviteten er tredobla frå 2011 til 2013, til 21 millionar teikn siste

år. Auka siste år er på 75 %. Auka syner at modellen med fagfolk som oppdaterer

nettleksikon er levedyktig.

Redigeringsmodellen vår inneber at vi gjennomgår heile artikkelen sjølv når det

kjem ei lita endring. Det betyr at ein artikkel er republisert som kvalitetssikra så

snart ei endring er godkjend. Dei siste to åra er 32 % av artiklane republisert og

såleis godkjend på nytt. Med både nye teikn og republiserte teikn blei til saman

omlag 38 millionar teikn publisert i løpet av 2013. Målt i talet på teikn blei over ein

fjerdedel av innhaldet republisert i 2013.

SNL overtok for tre år sia ein enorm tekstbase, der mykje innhald ikkje var

oppdatert sia det stod på papir. Det tvingar fram prioriteringar i kor vi oppdaterer

først. Vi har ein lang hale av innhald som blir svært lite lest, medan andre artiklar

har mange tusen lesarar i månaden. Vi prioriterer systematisk oppdatering slik:

- Artiklar som blir ofte lest, som jødedomen.

- Område der samfunnsutviklinga går raskt, som i Syria.

- Fagområde der forskinga utviklar seg mykje, som på Det gamle Egypt.

Etter nokre års røynsle ser vi også systematikk i når på året lesarane er interessert

i ulike emne, slik at vi oppdaterer artikkelen om brennmanetar før sommaren

kjem. Vi lager også ei “spåkule” for hendingar vi trur blir viktige kvart år, som

jubileum, val eller idrettsarrangement, og oppdaterer relevante artiklar i forkant.

LESARANE

Om SNL skal gje folk tilgang til kunnskap er det ein føresetnad at folk finn SNL når

dei søkjer på nett. Etter systematisk arbeid med både innhald og HTML er SNL no

ofte på førstesida ved Google-søk, spesielt på fagomgrep og norske personar og

ord. Eit søk på ”kulturmarxisme” illustrerer effekten godt: Tidlegare trona den

rasistiske Metapedia og Vigrid toppen av Google. No finn folk ein definisjon frå

SNL.

Page 10: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

10

Dei siste tre åra har SNL firedobla lesartala frå 35 tusen til 143 tusen daglege

brukarar. Såleis er snl.no mellom dei mest leste norskpubliserte nettsidene.

Lesartala aukar stadig og klart. Det betyr at SNL aldri nokon sinne har vori så

etterspurt som no. Om lag ein tredel av lesarane er elevar og studentar. Når

lærarar ber elevane “søkje på nett”, finn dei SNL mellom førstetreffa. SNL er blitt

den mest leste læringskjelda som er publisert med utgivaransvar i Noreg.

FAGKUNNSKAP PÅ NORSK Stortingsmeldinga «Mål og Meining» slår fast at leksikon er ein viktig del av den

norske skriftkulturen: «Alle former for ordbøker og leksikalske oppslagsverk utgjer

ein viktig del av den totale skriftkulturelle infrastrukturen i eit språksamfunn … Det

går heller ikkje an å trekkja noko skarpt skilje mellom leksikonet og ordboka ... Eit

livskraftig nasjonalleksikon, som i dag må finnast i digital grunnform, er ein

nødvendig del av ein språkleg infrastruktur for framtida.»

For SNL er språkarbeidet viktig. Vi er avhengige av at folk finn oss under dei

søkeorda dei bruker, og av at dei forstår det vi skriv. Vedtektene slår fast at “Det

publiserte innholdet skal være kvalitetssikret med hensyn til faglig etterrettelighet,

kildekritikk, samt pedagogisk og språklig presentasjon.”

Stadig færre fag blir formidla i norske bøker. Om norsk fagspråk skal vere levande

trengst ein arena der fagfolk kan formidle på norsk. Det er eit demokratisk

problem dersom ekspertar berre skriv på engelsk. Utvikling av norske fagtermar

vil stoppe opp og vi etablerer eit gap mellom fagspråk og språket folk flest kan.

SNL er den einaste nettsida der ekspertar må skrive om dei viktigaste omgrepa i

alle fag. Såleis er SNL ein garantist for å vidareutvikle eit gjeldande norsk fagspråk.

I SNL skal elevar og studentar finne dei fagomgrepa dei kan bruke når dei tar

eksamen. I 2011 blei Språkrådet bedne om å finne strategiar for å sikre norsk som

fagspråk. Då peika dei på SNL som kanalen for bruk og formidling av norske

fagtermar.

Norskspråkleg kunnskap er viktig for lesarane. Om termar ikkje finst på norsk

hindrar det folks høve til å forstå. Derfor arbeider SNL med å finne dei beste

norske termane til dømes i Store medisinske leksikon, slik at lesarane ikkje berre

finn framandgjerande engelske og latinske omgrep på det dei er redde for er galt.

SNL analyserer kven som søkjer etter ulikt innhald, for så å tilpasse språket etter

dette. Vi undersøker systematisk kva artiklar elevar på ulike trinn treng og legg

lesenivået slik at elevane kan forstå innhaldet. Når IKT i utdanninga utviklar den

Page 11: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

11

offentlege elevressursen minstemme.no er SNL den einaste nettkjelda som kan

levere fagleg solide og leselege definisjonar på norsk for det elevane skal lære om,

som stemmerett og ytringsfridom.

Basen vi overtok etter Kunnskapsforlaget er på bokmål. Dei nye eigarane har eit

uttalt mål om at lesarane skal finne leksikoninnhald på nynorsk. Vedtektene slår

fast at vi kan publisere innhald på alle offisielle norske språk.

Vi har vurdert å omsetje basen til nynorsk, og slik operere med to verk, men har

landa på at det beste er å skrive i båe målformar i SNL. Slik vil også

bokmålslesarane møte nynorsk, og vi unngår ein nynorskvariant med B-stempel,

der nynorskbrukarar møter eit mindre oppdatert leksikon og ender med å bruke

bokmålsutgåva i staden. I staden lar vi forfattarar i SNL velje om dei vil skrive på

bokmål eller nynorsk. Vi har som definert mål å auke nynorskdelen, og derfor tar

vi kontakt med nynorskskrivande og oppmodar dei til å bruke nynorsk når dei

skriv i SNL. For mange er det overraskande at utgivarar gir dei lov til dette.

Nynorskdelen aukar stadig, og målet vårt er at alle nynorskskrivande

fagansvarlege skal bruke nynorsk i SNL.

SNL arbeider med tekniske løysingar for å overkomme vanskane ved å finne

nynorsk innhald i SNL ved søk på Google. Vi har også tilbydd nynorskleksikonet

Allkunne bruk av plattforma vår slik at innhaldet deira kjem høgare i

søkjemotorane og dei kan auke lesartala.

For dei samiske språka er det ikkje mogleg å språkblande. Derfor er SNL opne for å

publisere eigne verk på nordsamisk og gjerne også mindre delar på dei to andre

samiske språka. Vi ønskjer å stille innhaldet vårt opent for omsetting til samiske

språk og publisere det på linje med dei fire andre verka på plattforma vår – slik at

snl.no også får leksikon på samisk. Det finst ingen innhaldsmessige eller tekniske

hindre for dette. Vi kjem til å kontakte Sametinget for å få til dette så snart og

dersom vi får ei grunnfinansiering av SNL på plass. IKT-LØYSING

SNL publiserer med eit eigeprodusert publiseringssystem bygd med Ruby, Rails og

PostgreSQL. Nettsida er innkapsla i handlaga HTML5 som er overflatebehandla

med CSS, JavaScript og vektorgrafikk. Datasenteret som driftar snl.no står i Oslo.

I 2011 overtok vi koden som var utvikla i Kunnskapsforlaget. I 2012 lanserte vi

nytt grensesnitt, og vi vidareutviklar stadig koden for å sikre ei brukarvenleg og

Page 12: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

12

oppdatert teknisk løysing som ikkje berre følgjer relevante standardar, men som

er i front av utviklinga på nett, til dømes ved responsivt design og universell

utforming.

Vi har med oss nokre av dei klokaste netthovuda i landet, og utviklar leksikonet

med nettet for auge: Redaksjonen samarbeider med Netlife Resarch om design og

utvikling av nettsidene. Utviklarfirmaet WJA er teknisk ansvarleg for utvikling og

drift, og arbeider tett med dei teknisk ansvarlege i redaksjonen.

SNL bruker ulike element med open kjeldekode utvikla av andre, og all kode vi

utviklar sjølv har open kjeldekode. Vi har eit ope API for å gjere det lett å

gjenbruke data frå SNL. Vi legg stor vekt på å bidra til deling av innhald og

utvikling av det frie internett, og deltok til dømes i hack4no, der eit SNL-prosjekt

fekk andreplass.

I SNL skjer all produksjon digitalt, inkludert samhandling mellom redaktør og

skribent. Alt innhald blir redigert direkte i løysinga. For SNL er det viktig at det

skal vere enkelt å bidra – både for salskonsulent Shazia Gill og professor Francis

Sejersted. Den tekniske løysinga er tilpassa folk som kanskje først og fremst kan

sitt fag, men ikkje nødvendigvis er nettvande og teknisk kyndige.

Redigeringssystemet gjer det mogleg å endre artiklar anten ein sit med

datamaskinen, ipaden eller mobilen. Løysinga gjer det samstundes enkelt for

lesarar å bidra både med kommentarar og endringsframlegg.

SNL arbeider for å sikre at nettsida er universelt utforma, og vi brukartestar og

vidareutviklar med dette for auge. Her er t.d. liste frå januar 2014 over kva som

blir retta opp for at sida skal følgje standarden for universell utforming. Det finst

ingen mobilversjon eller nettbrettversjon av SNL. Nettsidene er responsive og

endrar storleik og oppsett etter kva skjerm lesaren bruker. 30 % av besøka kjem

frå mobil og nettbrett, ei nidobling frå 2011 til 2013.

Snl.no har fått tre prisar for nettsidene: Rosingprisen – ein brukarvennlegheitspris

frå Den norske dataforening (2012), Merket for god design og Design for alle

(2014). Merket for god design er designbransjens utmerking for vellukka bruk av

design for å skape innovative produkt og løysingar. Design for alle-prisen blir delt

ut av Delta-senteret, Statens kompetansesenter for deltagelse og tilgjengelighet, og

går til nokon som har utvikla eit produkt med særleg fokus på brukarvenlegheit og

god universell utforming. SNL er den første nettsida som har vunni prisen.

Page 13: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

13

BUDSJETTBEHOV OG FINANSIERINGSPLAN

Leksikon har alltid hatt stor samfunnsverdi. Tidlegare har sjangeren vori i ei

særstilling der ein ikkje trengte offentleg støtte nettopp fordi leksikon var så viktig

at ein svært stor del av folket kjøpte bøkene. Denne betalingsmodellen duger ikkje

lenger. Det betyr ikkje at folk har slutta å trenge leksikon. SNL er den mest leste

norskpubliserte “boka” – med nettet som trykkeflate er leksikonet meir lest enn

nokon sinne.

Leksikon er framleis ein litterær sjanger, men det er ein sjanger som ikkje lenger

kan bli seld. I internetts tid er det uaktuelt å ta betalt for ålmennleksikon. Leksikon

er ein sentral del av infrastrukturen i nettsamfunnet. I flaumen av informasjon har

folk bruk for å finne komprimert og relevant kunnskap raskt. Vi treng leksikon på

same vis som vi treng kart og ordbøker, fordi leksikon er vegnettet av kunnskap

som trengst for å tolke og forstå annan informasjon.

Grunnkunnskapen må vere ein del av det opne internettet. Det norske

nettsamfunnet må innehalde basiskunnskap som er søkbar, som er gratis og som

fritt kan bli lenka inn i resten av innhaldet på norsk nett. Den kunnskapen som

tidlegare var ein kostbar konfirmasjonsgåve skal og må vere gratis tilgjengeleg på

snl.no.

Det er likevel ikkje gratis å produsere leksikon. Teknisk drift, utvikling og

publisering kostar for alle nettpublikasjonar. Med SNLs produksjonsmodell kostar

det også pengar å skape godt innhald.

Då Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DNB overtok leksikonet i 2010 var målet å

finne ut om og korleis ein best kunne drive nettleksikon i internetts tid. Vi har sia

då lagt vekt på lage eit oppdatert leksikon som blir lest, men som samtidig har så

låge kostnader som mogleg. Vi har gjennomført ei storstilt omlegging av drifta og

utvikla gode digitale løysingar, både for publisering og organisatorisk

oppgåvestyring.

Samla kostar det 13 millionar kroner i året å oppdatere innhaldet og å publisere

SNL (og dei tre andre leksikona på plattforma). Kostnadene fordeler seg slik:

Oppdatering av innhald

7,8 millionar kroner går til dei fagansvarlege og til redaksjonen som arbeider med

å få oppdatert innhaldet i SNL (inkludert SML for medisindelen av SNL). Å vere

fagansvarleg er eit tillitsverv der ein får betalt etter arbeidsinnsats (per teikn). Vi

Page 14: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

14

bruker 4 millionar til saman for å betale dei fagansvarlege, inkludert forfattarar av

einskildartiklar, samt litt foto. For kvar fagansvarleg er løna låg – 43 øre per teikn. I

snitt får dei under åtte tusen kroner i året.

I tillegg kostar det 3,8 millionar per år å ha redaktørar som rekrutterer og følgjer

opp og hjelper dei fagansvarlege med språk, sjanger og prioriteringar. I dag har

kvar heile redaktørstilling i snitt 90 fagansvarlege å følgje opp. Det inneber eit

stort arbeidspress. I 2013 publiserte vi innhald svarande til om lag 70 vanlege

bøker. Samanlikna med andre utgivarar har vi om lag halvparten av utgiftene til

tilsette. Nedbemanning av staben og talet fagansvarlege er ikkje eit alternativ

dersom SNL skal kunne vere eit oppdatert leksikon.

Drift og publisering

SNL bruker 5 millionar kroner per år til drift og publisering. Dette er kostnader til

organisatorisk og teknisk infrastruktur. Ein relativt liten del på 1,2 millionar (nær

10 % av totale kostnader) går til organisatorisk drift og økonomistyring. Vi har

billege lokale i Det Norske Videnskaps-Akademi. Gode verktøy og lite

arbeidskapasitet held administrativ orden på dei om lag 500 som skaper SNL

(fagansvarlege, redaktørar, leverandørar, styre) og samarbeidspartnarane.

Størsteparten av driftsmidlane går direkte til den tekniske infrastrukturen.

Pengane vi bruker til publisering er ein heilt avgjerande premiss for at SNL skal

vere eit oppdatert leksikon der lesarane finn innhaldet dei søkjer etter.

Det som kostar mest er å vidareutvikle ei teknisk plattform som er enkel å skrive i

og lett å lese på. Dette er sjølve nøkkelen til å vere eit godt og oppdatert leksikon.

For SNL har det synt seg at vi må ha eit enkelt brukargrensesnitt for dei som skal

skrive. Fagfolka er gjerne ikkje teknisk kompetente, og klarer rett og slett ikkje å

bidra dersom dei møter mange tekniske hindringar. På same vis treng lesarane

våre, særleg dei yngste, dei eldste, dei med funksjonshindringar og dei som les på

mobil, ei inkluderande nettside som er enkel å navigere i. (Sjå avsnitt om IKT-

løysing.)

Slik andre utgivarar har kostnader til trykk og distribusjon, fordrar effektiv

nettpublisering det same: Digitale leksikon må “trykkast” og bli distribuert på nett.

Det må bli integrert med resten av innhaldet i nettoffentlegheita, noko som fordrar

både strukturelt, analytisk og teknisk arbeid. Resultata er t.d. høg Google-

plassering, samarbeid med andre nettstader og dialog i sosiale media. Utan denne

Page 15: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

15

delen av arbeidet vil SNL bli eit lukka leksikon lesarane ikkje finn og som ikkje er i

dialog med omverda.

På plattforma vår publiserer vi SNL, men også SNL, NBL og NKL. Gjennom

vedtektene er SNL AS forplikta til å tilby denne plattforma også til eigarar av andre

nisjeleksikon som ønskjer å formidle på nett. I dag gjeld dette Nasjonalmuseet med

NKL, men plattforma er open for alle fagredigerte leksikon – så lenge dei anten har

finansiert innhaldsoppdatering frå anna hald (som t.d. Allkunne) eller ikkje

oppdaterer innhaldet sitt (som NKL).

Budsjett

I ein prosjektperiode frå 2011 til 2013 har SNL avklart aktuelle vis å finansiere

SNL på. Gjennom dialog med politiske myndigheitar har vi funni fram til ein modell

der både universiteta og kultursektoren bidrar:

SNL har avtalt samarbeid med alle dei åtte norske universiteta. Formidling er

mellom kjerneoppgåvene deira, og dei ønskjer å formidle på nett. I 2013 blei

universitetsrektorane samde om å bruke SNL som kanal for formidling.

Universiteta kan betale SNL for tenesta vi gjer ved å sørgje for at dei

universitetstilsette formidlar i norsk nettoffentlegheit. Dei har sett av pengar til å

betale for innhaldsproduksjonen i SNL med til saman 7,8 millionar kroner i 2014. I

samarbeid sett vi mål for kor mange fagansvarlege som skal bidra frå kvart

universitet. Slik kan universiteta ta sin del av ansvaret – ansvaret for at

offentlegheita får tilgang til kunnskapen dei forvaltar og har plikt til å formidle.

Universiteta har derimot ikkje lov til å finansiere sjølve drifta av SNL fordi det i

mandatet deira står at dei ikkje kan overføre pengar som dekkjer drift av andre

organisasjonar. Leksikondrift er ikkje ein naturleg del av universitetas

samfunnsansvar. Dermed manglar SNL finansiering av kostnader til drift og

publisering.

SNL har med andre ord mogleg finansiering for den delen av verksemda som

produserer sjølve innhaldet i SNL. Universitetas vilje til medansvar er likevel utan

verdi dersom SNL ikkje har pengar til publiseringa.

På denne bakgrunnen søkjer SNL AS om å få dekt kostnadene til å publisere og

distribuere leksikon. Dersom vi får denne støtta er eit viktig spleiselag mellom

kunnskaps- og kultursektoren etablert, eit spleiselag for at nasjonen også etter

2014 har oppdaterte leksikon redigert og signert av fagfolk.

Page 16: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

16

Dermed søkjer vi om fem millionar kroner i støtte for 2014, etter dette budsjettet:

INNTEKTER

Universiteta

7 800 000

Kulturdepartementet 5 000 000

Andre (Nasjonalmuseet, Forsvarsdepartementet) 226 000

SUM INNTEKTER TOTALT 13 026 000

UTGIFTER

UTGIFTER TIL INNHALDSPRODUKSJON (SNL, SML)

Innhald (betaling til fagansvarlege, foto) 4 000 000

Innhald forsvarsprosjekt

150 000

Redaktørar

3 800 000

SUM UTGIFTER TIL INNHALDSPRODUKSJON 7 950 000

DRIFT OG PUBLISERING (SNL, SML, NBL, NKL)

Organisatorisk drift

1 200 000

Teknisk drift, utvikling og publisering 3 900 000

SUM DRIFTSUTGIFTER 5 100 000

SUM UTGIFTER TOTALT 13 050 000

BALANSE -24 000

Inngåande balanse 1 771 913

ÅRSRESULTAT 1 747 913

Etter tre års prøveprosjekt for å avklare drifts- og finansieringsmodell, er dette

planen vi har også for vidare drift og finansiering etter 2014. Vi planlegg ikkje for

utvikling av andre varige finansieringskjelder eller driftsendringar. Dersom denne

grunnfinansieringa kjem på plass, er det likevel både mogleg og ønskjeleg å utvide

innhaldet ved hjelp av ulike prosjektmiddel, til dømes til samiske leksikon.

Page 17: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

17

Behov for finansiering

Støtteordninga for nettleksikon skal bidra til formidling av norskspråkleg,

oppdatert og kvalitetssikra kunnskap over digitale IKT-plattformer for å styrke

tilbodet av gratis leksikalske tenester som grunnlag for den ålmenne

kunnskapsutviklinga og meiningsdanninga i samfunnet.

SNL søkjer om fem millionar kroner fordi vi treng heile denne summen for å klare

å produsere eit oppdatert norsk ålmennleksikon på nett. Alternativa er følgjande:

1. nedlegging av Store norske leksikon, eller

2. eit leksikon der vesentlege delar av innhaldet ikkje blir oppdatert.

Båe desse alternativa vil påverke mange: Eit uoppdatert SNL vil raskt tape truverd

og verdi for lesarane. Nedlegging eller manglande oppdatering vil ta frå den norske

ålmenningen tilgang til kvalitetssikra kunnskap. For dei 143 tusen lesarane som

12. mai 2014 kunne gå til snl.no, finst ikkje andre signerte og fagredigerte kjelder

som formidlar basiskunnskap på alle område. Skuleverket vil miste den mest

brukte læringskjelda på nett. 45 tusen elevar vil mangle oppslagsverket dei bruker

dagleg.

Dersom SNL ikkje kan få finansiert drifta vil det også vere eit uheldig signal til

universitetsmiljøa. Universitetsleiingane har no synt vilje til medansvar så langt

det lar seg gjere innanfor grensene av sitt samfunnsmandat. Mange hundre tilsette

har engasjert seg i ein dugnad for å bidra til ei betre norsk nettoffentlegheit.

Nedlegging av SNL vil demotivere dei norske kunnskapsprodusentane.

For SNL finst ikkje alternative finansieringskjelder til offentleg støtte og betaling

frå universiteta. Dei to einaste store aktuelle private stiftingane, Fritt Ord og

Sparebankstiftelsen DNB, har allereie tatt heile den økonomiske risikoen med å

avklare om og korleis den nasjonale leksikonarven kunne få verdi i eit digitalt

samfunn. Dei har dei siste åra brukt 35 millionar på dette. Det er uaktuelt for dei to

stiftingane å ta eit vidare økonomisk driftsansvar når det no er avklart at SNL kan

vere eit oppdatert, mykje lest leksikon med betydeleg samfunnsverdi, noko som

bør vere innanfor kjerneområdet av offentleg finansiering.

Stiftingane forpliktar seg derimot langvarig ved å ta ansvar for å gje SNL ein

eigarskap som både er ikkje-kommersiell og ikkje offentleg: Saman med Det

Norske Videnskaps-Akademi har dei gått saman om eigarskapen for å sikre ein

ideell utgivar.

Page 18: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

18

Ei støtte til SNL AS vil ikkje berre bety støtte til ålmennleksikonet SNL. Det vil bety

støtte til leksikonsjangeren fordi det gjer det mogleg for andre å publisere leksikon

i ei digital tid: SNL AS er aleine om å ha ei effektiv plattform for å publisere og

distribuere fagredigert kunnskap. Publiseringsplattforma er laga slik at vi kan tilby

nytt liv til fagredigerte leksikalske verk med andre eigarar enn SNL. Det finst enno

fleire små fagleksikon som sitt på innhald som anten ikkje blir oppdatert eller ikkje

når fram. SNL er t.d. i samtale med fleire fylkesleksikon som treng ein ny plass å

publisere. Ved tilgang til SNLs fungerande plattform kan dei som sit på slike

leksikon, utan for store kostnader, dele innhaldet sitt med lesarane.

Alternativet til eit slikt mangfald, der både SNL og andre mindre leksikon finst, er

ein nettoffentlegheit der Wikipedia-modellen får monopol på korleis leksikalsk

innhald kan bli formidla. Sjølv om SNL AS er glade i Wikipedia, meiner vi at eit

Wikipedia-monopol er uheldig.

Publiseringsmodellen til Wikipedia er ikkje tilpassa fagredigerte leksikon. Den

prinsipielle og tekniske plattforma deira kan ikkje dekkje behovet for å publisere

kvalitetssikra kunnskap, signert og redigert av fagfolk. Wikipedia er eigd av

Wikimedia foundation i USA, som dekkjer kostnadene til drift og teknisk utvikling.

Modellen fungerer utan redaksjon, utan fagansvarlege og utan ein nasjonal

ansvarleg utgivar. (Interesseorganisasjonen Wikimedia Norge består av ca. 53

frivillige medlemar (2013) og er ikkje utgivar av norske Wikipedia.)

Det norske nettsamfunnet har bruk for både Wikipedia, SNL – og gjerne ein flora

av mindre fagleksika. Pressekontakt for Wikipedia, Harald Haugland, seier det slik:

“Selv mener jeg at når Wikipedia-samfunnet har klart å etablere et leksikon på norsk

med over 417.000 artikler, vil man nok klare seg også i fremtiden uten støtte fra det

offentlige til artikkelproduksjon. Serverne står i USA og drives av donasjoner fra

brukere over hele verden. Samtidig er det bra at man får en ordning som kan sikre

Store Norske Leksikon videre drift, for det er bedre for publikum å ha flere

nettleksikon å velge mellom.”

SNL er ikkje og skal ikkje vere det same som Wikipedia. SNL er eit leksikon som

har klart å få fagekspertar til å bidra til internett med signerte og vitskapleg

funderte kjelder. Vi driv samfunnsbygging ved å byggje ei bru mellom

nettsamfunnet og dei som sit på kunnskapen. Det er farleg for demokratiet om det

ikkje finst bruer mellom debatt i den lærde eliten og nettdebatt der folk flest

deltar. Ved å flytte ekspertane ut som synlege aktørar kan SNL bidra til læring, til

Page 19: Søknad om støtte til nettleksikon - Wikimedia · Store norske leksikon AS Oslo 14. mai 2014 Søknad om støtte til nettleksikon Store norske leksikon er eit norskspråkleg ålmennleksikon

19

ein opplyst offentlegheit og ein kunnskapsbasert debatt. Slik vil vi vere med på å

styrke den demokratiske infrastrukturen og meiningsdanninga i det norske

nettsamfunnet, også i framtida.

Finansmarknadsmeldinga frå Finansdepartementet i 2012 omtaler målet vårt slik:

“Internett har skapt nye moglegheiter for samfunnsbygging gjennom deltaking,

ordskifte og samhandling”. SNL meiner “den demokratiske ålmenta er avhengig av å

verta styrkt på Internett, som er den nyaste og minst utvikla av kanalane for

demokratisk deltaking. SNL har som mål å skapa ein tydeleg arena for

kunnskapsbasert ordskifte og å syna korleis valid kunnskap ikkje er det same som

nøytralitet. SNL ynskjer at lesarane skal finna signert informasjon og ei opplyst

offentlegheit å delta i. Leksikonet ynskjer å spreia kunnskap gjennom internett slik at

fagfolk vert ein ressurs for folk flest.”

SNL er i løpet av få år med nye eigarar blitt ein suksess bygd i ein unik koalisjon

mellom IKT-miljø, kunnskapssektoren og kulturbransjen. Om SNL får den

finansielle støtta vi treng, vil eit nytenkjande spleiselag for formidling av

kvalitetssikra kunnskap på norsk internett vere etablert.

Søknaden er dokumentert ved lenker i teksten, samt tre vedlegg. Ta kontakt om de har

spørsmål eller bruk for meir dokumentasjon.

Venleg helsing

Store norske leksikon AS

Anne Marit Godal

sjefredaktør

Vedlegg:

1. Oversikt over fagansvarlege per fagområde (dynamisk nettside) 2. Vedtekter for SNL AS (lagt ved) 3. Årsmelding 2013 (lagt ved)