sogndal studentbarnehage - sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver...

17
Sogndal Studentbarnehage Fagområda i barnehagen 2018-2019

Upload: others

Post on 10-Oct-2020

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Sogndal

Studentbarnehage

Fagområda i barnehagen

2018-2019

Page 2: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Fagområda i barnehagen

Me har laga ei oversikt over korleis me formelt og uformelt jobbar med dei 7 fagområda i barnehagen. Me har òg freista setje opp skjematisk, kva progresjon ein kan forvente. Me har delt det inn i alder ( frå 1 – 5 år), - men det er ikkje slik at dette er noko skjema ein skal følgje slavisk, det kan vere eit hjelpemiddel for å sjå kva område me skal stimulere litt ekstra. Kommunikasjon, språk og tekst 0-3 år Kommunikasjon, språk og tekst 3-5 år Kropp, rørsle, mat og helse 0-3 år Kropp, rørsle, mat og helse 3-5 år Etikk, religion og filosofi 0-3 år Etikk, religion og filosofi 3-5 år Natur, miljø og teknologi 0-3 år Natur, miljø og teknologi 3-5 år Nærmiljø og samfunn 0-3 år Nærmiljø og samfunn 3-5 år Mengd, rom og form 0-3 år Mengd, rom og form 3-5 år Kunst, kultur og kreativitet 0-3 år Kunst, kultur og kreativitet 3-5 år

Page 3: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kommunikasjon, språk og tekst 0-3 år På 0-3års avdeling vil ein øve på språket gjennom song, lære turtaking på språk, snakke om det me held på med. Me gir meining til barna sine opplevingar, prøve å forstå det barna vil formidle og setje ord på det, gjensidig kommunikasjon. Vaksne set ord på ulike kjensler. Me brukar peikebøker, og barn skal oppleve gleda ved å bli lest for. Barnehagen brukar rim og reglar, enkle eventyr, forteljingar og dramatisering. Saman lyttar me etter lydar, klappar stavingar/rytmen i namnet og enkle ord. Og me oppmodar dei minste til å bable og bruke stemma. Barna skal få erfaring med tall og bokstavar. Me tel saman med barna, kor mange barn er me, kor mange klossar har me, kor mange skiver har du med i dag? osb.. Ein vil aktivt gå inn og utvide barnas ordforråd, bruke alle kvardagssituasjonar, påkledning, måltid, bleieskift osv. F.eks. ta på sokken, ta opp glidelåsen, kva har du på skiva? Småbarnsavdelingane har vekerapportar med mange bilde. Desse rapportane med bilete tek me fram, - og det vert mange fine og gode samtalar om det dei har opplevd tidlegare.

1-2 år

2-3 år

Bruke peiking kommunikativt. Forstår ein del vanlege kvardagsord. Barna skal kunne nemne einskilde gjenstandar/ personar med eigne ord.

I 2-3 års alderen skal barna kunne peike ut dagligdagse gjenstandar og følgje enkle instruksjonar f.eks. legg bamsen i senga. Dei skal kunne halde merksemda i kortare periodar. Vera i kortare dialog med andre og kunne meddele seg verbalt på eige initiativ. Bruker ord frå dagleglivet. Ha 2-3ordsytringar med forståeleg meining.

Heile tida vil me vera merksame på å utvide barna sitt ordforråd, og utvikle barna si språkforståing

Page 4: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kommunikasjon, språk og tekst 3-5 år På 3-5års avdelinga vil me ha ulike tema og aktivitetar, mellom anna høgtlesing, samlingsstund med dramatisering, song, rim, reglar og samtalar både ein til ein, i smågrupper og heile gruppa samla. I tillegg har barnehagen teke i bruk digitalt verktøy, som digital kamera og pc/ipad. Dette er viktige hjelpemiddel for å stimulere til kommunikasjon, språk og tekst. Me bruker språket aktivt i samhandling med andre, i samtale med andre og i leikesituasjonar (rolleleik, konstruksjonsleik, songleik mm.). I barnehagen skal barna få utvikle kreativitet og fantasi. Me går ut av barnehagen og oppsøker arenaer som kan gje næring til ny leik. Me les og snakkar om ting som kan gir næring og forståing for samanhengar i samfunnet. Me har barn og føresette som er frå andre stadar og land, me viser at me er interessert i deira dialekt/ språk og vil fange opp mangfaldet. Barnehagen skal understreke at morsmålet til barnet er viktig.

3-4 år

4-5 år

Visualisering→ tekst og bileter Rim, regler og rytme Lytte, samtale, fortelje, formulere lyder, lese bøker Bruke språket relevant i forhold til situasjonar og vere i dialog over tid. Kategorisering - Overbegrep, underbegrep Bildesangar i storformat. At mimikk stemmer med den sinnstemning barnet er i, non verbal kommunikasjon Kunne vere med på Kim`s leik Leike med språket Gjenkjenne bokstavar Synge seint, alle skal få med seg alle orda, og forstå det me syng. Bruke setningar på inntil 4 ord i riktig rekkefølgje.

Visualisering - vera med å produsere tekst og bilder. Rim, reglar, rytme - vitsar klappe stavingar dikte sjølv Kunne uttrykke seg muntleg, t.d å fortelje samanhengande om opplevingar og erfaringar, og setje ord på kjensler og meiningar. Lese bøker – gjenfortelje. Eksperimentering – finne fakta saman med barna. Skriftspråket - skrive på pc, gjenta. skrive etter bokstavmal

Aktiv bruk av språk, non verbalt og verbalt er viktig for å utvikle eit godt muntleg språk. Vaksne er rollemodellar

Page 5: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kropp, rørsle, mat og helse 0-3 år Barn er skapt for å være i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvere og meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår, og det er samstundes den billigaste, enklaste og kan hende også den mest morosame metoden for å få betre helse. Regelmessig fysisk aktivitet gjev mellom anna betre kondisjon, auka muskelstyrke, betre leddfunksjon og rørsle, betre søvnkvalitet og eit sterkare immunforsvar. Fysisk aktivitet har også positiv verknad på barns mentale helse, evne til sosialt samspel, evne til å konsentrere seg og lære, og såleis gjere at barn både trivst betre og presterer meir. Gjennom kroppslig aktivitet lærer barn verden og seg sjølve å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar barn seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskap på mange områder. Barn sin kontakt med andre barn, startar ofte med kroppslege signal og aktivitetar. Dette har betyding for utvikling av sosial kompetanse. Vi freistar å organisere dagen slik at det vert veksling mellom periodar med ro og aktivitet, og måltid/frukttid. Det bidreg til at barna kan tileigna seg haldningar og kunnskap når det gjeld kosthald, hygiene, aktivitet og kvile. Småbarn oppheld seg på golvplan, der er òg dei vaksne. Barn skal få positiv sjølvoppfatning, og ein tilrettelegg aktivitet som dei minste kan meistre. Me går òg turar i nærområdet til barnehagen, for å skaffe dei utfordringane me ikkje får innan vårt område. Vi syng og snakkar om kroppen, me er opptekne av sunn mat, og barna får 2 fruktmåltider.

1-2 år 2-3 år

Barn i denne alderen er i rørsle, dei stabbar og går og ”smakar på det meste”. Dette er deira væremåte og dei vaksne må ha forståing for det. Barna skal bli kjent med eigen kropp. Me skal setje ord på dei ulike kroppsdelane t.d. ved bleiebyte og påkledning, kroppsbehersking ute og inne, gi dei tryggleik og utfordringar, oppmuntre og vera støttande. Barn opplever glede ved å meistre nye ting. Gje barna sanseinntrykk, kva ser du, kva høyrer du, kva kjenner du (eks. sansepose)? Behovet for kvile skal dekkjast. Bruke pinsettgrep, øve på å plukke opp ting og putte ting i former. Rørslesanger – rytme, glede. Utvikle positivt forhold til mat, måltid og stell i barnehagen.

Gi barna fysiske og sansemotoriske utfordringar. Hoppe, klatre, springe. (Eks. hinderløype, trimgruppe, hermeleik). Øve på finmotorikk – pusle, perle, teikne, male Me øver på påkledning. Barn skal få forståing og respekt for eigen og andre sin kropp. Meistre å bruke sklia og ribbeveggen. Gå på tur, òg i ulendt terreng. Bruke stien, storhallen m.m Sangleikar, musikk og dans. Øve på å klyppe og lime. Er i ferd med å få til sykling på trehjulssykkel. Me snakkar om kva dei har på maten, kva frukt me et. Lukte og smake. Me snakkar om at det er viktig å vaske seg på hendene før me et, og når me har vore på do. Begynnande interesse for å bruke potta/doen.

Page 6: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kropp, rørsle, mat og helse 3-5 år Barn er skapt for å være i rørsle. Fysisk aktivitet er ei kjelde til glede, velvære og meistringskjensle. Ein aktiv kvardag har mange gode verknader på kroppen vår, og det er samstundes den billigaste, enklaste og kan hende også den mest morosame metoden for å få betre helse. Regelmessig fysisk aktivitet gjev mellom anna betre kondisjon, auka muskelstyrke, betre leddfunksjon og rørsle, betre søvnkvalitet og eit sterkare immunforsvar. Fysisk aktivitet har også positiv verknad på barns mentale helse, evne til sosialt samspel, evne til å konsentrere seg og lære, og såleis gjere at barn både trivst betre og presterer meir. I barnehagen gir me barna utfordringar tilpassa deira nivå, både når det gjeld grov- og finmotorikk. På den måten får dei positiv sjølvoppfatning gjennom meistring. Me går ofte ut av barnehagen sitt område, på turar til storhallen eller turar i nærmiljøet. Me legg vekt på at barna skal ha ein positiv og god oppleving av naturen. Barna får kunnskap om menneskekroppen og forståing for gode vanar og sunt kosthald. Dei får respekt for eigen og andres kropp, likskapar og ulikheitar.

3-4 år

4-5 år

Teikne omriss av seg sjølv - grepstrening, sansetrening. Sangleikar Aktivitetar i forhold til årstider t.d. aking om vinteren, sykling, klatring om sommaren Øve på av - og påkledning Finmotorikk – klypping, liming, perling m.m. Grovmotorikk - hinderløype ute og inne Gå tur i variert terreng Vera ute i all slags vær Mat - positivt forhold til mat, gode matvanar, sunt kosthald, smake på nye ting Hygiene - vaske hender før mat og etter å ha vore på do.

Teikne omriss av seg sjølv → begrepstrening, sansetrening, kva kan me brukast til. Sangleikar Aktivitetar i forhold til årstider t.d. skigåing, klatring, balansering mm. Finmotorikk – blyantgrep, klippe, lime, perle, veve, skrelle og hakke opp mat. Trafikkreglar for fotgjengar Beherske av - og påkledning Grovmotorikk – hinderløype, natursti Vera ute i all slags vær Mat - delta i matlaging, eksperimentere med mat, smake på ny og ukjent mat Hygiene - vaske hender før mat og etter å ha vore på do. Sjølvstendigheits trening

Page 7: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Etikk, religion og filosofi 0-3 år Etikk, religion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verda og menneske på, og pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som den skal ta med seg verdiar og tradisjonar i den kristne kulturarven. Den etiske rettleiinga barnehagen gir barn, må ta omsyn til barnet sine føresetnader, og den enkelte heim sin kulturelle, religiøse eller verdimessige tilknyting. (Rammeplan) Studentbarnehagen driv etter formålsparagrafen. I juletida har vi fokus på å roe ned. Vi syng songar som ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer Lucia, jul og påske til. Vi inviterer foreldra på ”gløggfest” i forbindelse med Lucia, og vi har nissegrautfest, der nissen ofte kjem på besøk. Vi har julekalender på vindauga som vi fyller med hjerter for kvar dag, og vi syng julesongar. Fokus på å glede andre. Vi markerar FN- dagen, korleis har barn det i andre land. Fokus på å hjelpe kvarandre.

1 – 2 år

2 – 3 år

- Empati, det å vera god mot

andre. - Sette ord på kjensler, begrepa

lei seg, glad og sint. - Møte barna på følelsar. - Vaksne rollemodellar i sosial

kompetanse. - Alle barn skal oppleva å bli

sett, høyrt og forstått. - Læra barn innleving - Fundere saman med barna

over ting vi møter i kvardagen. - Gruppefellesskap- synge

navnesangar

- Kjenne att kjensler. - Byrja å forstå konsekvensar

av sine eigne handlingar. - Kunne klare å vente på tur -

turtaking. - Tørre å vise kjensler. - Like å vera ilag med andre

barn. - Fundere saman med barna

over ting vi møter i kvardagen, spinne vidare på barns interesser og spørsmål.

- Lære barna respekt for ulikskapar.

- Dele og forhalda seg til konfliktløysing.

- Medverknad

Page 8: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Etikk, religion og filosofi

3-5 år Etikk, religion og filosofi er med på å forme måtar å oppfatte verda og menneske på, samt pregar verdiar og haldningar. Religion og livssyn legg grunnlaget for etiske normer. Barnehagen skal reflektere og respektere det mangfaldet som er representert i barnegruppa, samtidig som den skal ta med seg verdiar og tradisjonar i den kristne kulturarven. Den etiske rettleiinga barnehagen gir barn, må ta omsyn til barnet sine føresetnader, og den enkelte heim sin kulturelle, religiøse eller verdimessige tilknyting. (Rammeplan) Studentbarnehagen driv etter formålsparagrafen. I juletida har vi fokus på å roe ned. Vi har syng songar som ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer Lucia, jul og påske til. Vi inviterer foreldra på ”gløggfest” i forbindelse med Lucia, og vi har nissegrøt -fest, der nissen kjem på besøk. Vi har òg ”julekalender” på vindauga. Vi får òg brev frå nissen kvar dag, der det er oppdrag og ting som skal gjerast den aktuelle dagen. Det er ordensvakt som hentar kortet frå nissen i postkassen. Forventningar og fokus på å gleda andre. Vi markerar FN- dagen, korleis har barn det i andre land. Fokus på å hjelpe kvarandre.

3 – 4 år

4 – 5 år

- Grunnverdiar;

- empati- vera god mot andre - likeverdigheit- alle er like viktige - respekt for ulikskapar

- Gi barna anerkjenning. - Bruke sangar, forteljingar, bilde som

eit utgangspunkt for gode samtalar. - Rollespel- dei vaksne spelar og barna

skal snakke/ undre seg over korleis vi behandlar kvarandre.

- Sjå eigne og andres følelsar og behov, hjelpe kvarandre.

- Delta i samspel med andre barn over tid

- La barna komme med tankar om korleis ting er - utvikle evne til å stille spørsmål - ikkje gi svara med ein gong.

- Møte barna på følelsar - sette ord på ulike følelsar.

- Utvikle evne til å løyse konfliktar

- Undre seg over livets spørsmål,

prate om kva som skjer og kvifor. Utvikle evne til å stille spørsmål, resonnere og undre seg.

- Barna få innsikt i andre kulturar og tradisjonar. Lære om dei ulike religionane vi evt. har i bhg.

- Kjenne til at alle mennesker er forskjellige og har forskjellige forutsetninger og vise respekt for det.

- Hjelpe dei som er mindre og kvarandre

- Kunne uttrykke tankar/ spørsmål og vera nysgjerrig på livet.

- Kunne føra ein enkel samtale om korleis vi skal vera med kvarandre.

- Ha klare forventningar om å bli sett, høyrt og forstått av omgivnadane.

- Kunne vera med å løyse enkle konfliktar.

Det du vil at andre skal gjera mot

deg, skal du gjera mot

andre.

Page 9: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Natur, miljø og teknologi 0-3 år

Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Naturen er ei kjelde til skjønnheitsopplevingar og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Fagområdet skal bidra til at barn blir kjent med og får forståing for planter og dyr, landskap, årstider og vær. Barn heilt ned i småbarnsalder undrar seg over enkle naturfenomen, slik som is/snø som smeltar, sjå frø som spirer, iakta dyr mm.

1 – 2 år

2 – 3 år

- Få kjennskap til dei ulike

årstidene, lage eit års - tre som

endrar seg i karakter alt etter

årstid.

- Gå turar i nærmiljøet.

- Oppleve glede ved å være ute.

- Sjå på bilder av kjente dyr og bli

kjent med kva lydar dei lagar.’

- Årstidene, sjå på års -treet, vera

med å henge opp lapp om dagens

vær.

- Jobbe med tema;

- haustfargar

- vinter- snø, frost, is

- vår- naturen vaknar-

så frø

- Oppleve naturen, undre seg over

det dei ser.

- Vi vaksne må stimulere barna til

å oppleve med alle sansar og

spele vidare på det barna er

interessert i.

- Gå turar i nærmiljøet, studere

kva vi finner på bakken, i

skogen, i fjæra osv. ta med noko

av det vi finn å bruke i forming.

- Snakke om ulike dyr, kva heiter

dei, kva lydar lagar dei?

- Lære seg gode haldningar og

respekt for naturen.

- Delta litt i dei praktiske

gjeremåla; tørke støv, brette kle,

bake, lage mat m.m.

Frøet låg i jorda svart, trengte lys og varme.

Eg vil opp i dagen snart, strekke mine armer.

Sola høyrde frøets ord, sendte varme under

jord. Spiren ut i hagen, fekk sjå lyse dagen.

Page 10: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Natur, miljø og teknologi

3-5 år

På stor avdeling er forsking veldig spennande, og det er berre fantasien til dei vaksne som stoppar for kva vi kan halde på med. Vi snakkar om det som skjer i matproduksjon - om liv og død - dei er mykje ute til alle årstider og opplever naturen i endring. Vi jobbar framleis med ”Entreprenørskap i barnehagen”, eit pilotprosjekt som vi hadde tildelte midlar for å utvikle frå 2007-2011. Barnehagen fremjer kunnskapen om korleis samfunnet heng saman. Barna får vere med i heile prosessar. Eit døme på dette kan vere at dei plantar i kjøkkenhagen, tek vare på og vatnar plantene, dei haustar, dei behandlar produktet fram til dei førebur, sel eller serverer produktet. Vi tek utgangspunkt i barna si nysgjerrigheit og interesse, og oppsøkjer det dei undrar seg over. I tillegg nyttar vi litteratur eller internett for å få informasjon. Barnehagen besøker gardar, der vi får oppleve dyrelivet. Besøk til Anestølen (ei geitestøl fremst i Sogndalsdalen) er eit døme på det.

3 - 4 år

4 - 5 år

- IKT → få kjennskap til bruk av

tekniske hjelpemiddel - Kildesortering; få kjennskap til

ulike måtar å sortere på (og kvifor).

- Lære seg gode haldningar til naturen

- Lære om ulike årstider, - kjennskap til livet i naturen - vær, temperatur - dag, mnd.

- Menneskelivet; gi barna kjennskap om fødsel, vekst, aldring og død.

- Planting, såing, hausting. - Samle mat frå naturen. - Glede i å ferdast i naturen. - Få kjennskap til kva dyr som

lever i naturen (dyrespor, mat, levemåtar).

- IKT→ utvikle ferdigheiter i bruk

av digitale verktøy

- Kildesortering; gjenvinning→

- at mat blir til jord

- at ”mjølka”, bli eit anna produkt.

- Lære seg gode haldningar til

naturen og vise respekt for

naturen.

- Lære om ulike årstider, kva skjer i

naturen i nærmiljøet, med været?

- Kle seg etter været.

- Menneskelivet; gi barna kunnskap

om fødsel, vekst, aldring og død.

- Mat frå naturen; lage mat frå bunn

av.

- Glede i å ferdast i naturen, GPS,

kart, kompass

- Lære om korleis dyra lever i

naturen, sjå etter dyrespor, kva et

dei m.m.

- Spikre, hamre m.m.

Page 11: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Nærmiljø og samfunn

0-3 år Barnas medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlaget for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk samfunn (Rammeplanen 2017 s.55). Barnehagen skal bidra til at barn møter verda utanfor familien med tillit og nysgjerrigheit. Den skal legge vekt på å styrke kunnskap om og tilknyting til lokalsamfunnet, natur, kunst og kultur, arbeidsliv, tradisjonar og levesett. Barn skal medverke i å utforske og oppdage nærmiljøet sitt. Barn sine ulike erfaringar frå heim, omgangskrets og reiser vil kunne gi kunnskap om ulike samfunn. Fagområdet omfattar også media si betyding for barna sin kvardag. (Rammeplanen) Vi freista å gje alle like mykje merksemd, alle skal ta omsyn til kvarandre, og alle skal få kjensla av å vera viktige og verdifulle i ein større samanheng.

1 – 2 år

2 – 3 år

- Kva finnes her i barnehagen,

avd. Sol, Stjerne; Måne og

uteområdet.

- Kven er i barnehagen i dag-

opprop.

- Eg høyrer til på Stjerne/ Sol,

skape tilhøyrigheit til kvarandre

som gruppe.

- Kven er på Måne?

- Trine høyrer til på kontoret.

- Gå på tur i nærområdet.

- Ta bilder av ”ting” i nærmiljøet

og bruke dette i kvardagen til

samtale med barna.

- Bli kjent i nærområdet, gåturar

og med vognturar;

- parken, kaia/ fjæra,

leikeplassen (Rutlin),

stien til Trudvang,

biblioteket, storhallen

m.m.

- Kva ligg ved sida av bhg;

vaskeriet, aldersheimen,

studentheimen, brannstasjonen

osv.

- Gi barna innsikt i samfunnet dei

er blitt ein del av, kva er typisk

for Sogndal for eks. epletre,

fjord, fjell osv.

- Utvikle gruppefølelse med faste

trygge rammer t.d. sangstund

- Oppleve gjenkjennelse i

nærmiljøet

- Oppleve meistring og glede ved å

gå sjølv.

- Dei vaksne set ord på kva vi ser

og opplever.

Page 12: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Nærmiljø og samfunn 3-5 år

Som nemnt tidlegare jobbar barnehagen med “Entreprenørskap i barnehagen”, noko som gjer at barnehagen er bevisst på å få lære/forklare at vi er alle ein del av noko større, vi må alle bidra og vi er alle viktige i ein større samanheng. Barna opplever demokratiet sine spelereglar. Vi er alle like mykje verdt sjølv om vi er ulike, og det er lov å vera ulike og meine ulike ting. Vi opnar barnehagen for at det skal bli ein nettverksbyggeplass for både liten og stor, både vaksne og barn. (Kafedrift m.m) Vi har dialogar om det å leva i eit samfunn, og dei får kjenne på kroppen kor viktig det er at dei bidreg i ein større samanheng. Alle har noko dei er flinke til, og dette er det viktig å få tilbakemelding på. Vi jobbar for at det skal vera godt å vera i barnehagen. Barnegruppa i lag med dei vaksne, kjem fram til normer for korleis ein har det godt i lag. Vi jobbar med likestilling mellom gutane og jentene i barnehagen.

3 – 4 år

4 – 5 år

- Sjå på ting i nærmiljøet, vite

kvar ting er - naturområde

- kulturhuset/ bibliotek

- kyrkja, brannstasjon, politi

- skular, aldersheimen

- museum

- gardsbesøk

- Snakke om kor ein bur, om det

er muleg å gå tur og sjå kvar

barna/ vaksne bur.

- Snakke om reglar i barnehagen.

- Snakke om det som er lov

og

ikkje lov. ( Jmf. 7 prinsipp

for

godt samspel, sette positive

grenser.)

- Bli kjent med samiske eventyr/

forteljingar.

- Snakke om urbefolkning i

Norge, samisk kultur/ språk med

mer.

- FN - dagen, korleis lever ein i

andre land, andre samfunn.

- Snakke om vennskap

- Undersøke/ lære om viktige

ressurser i nærmiljøet t.d.:

- Lerum - syltetøy- entreprenørskap - Skulane - Trudvang

- Hsf - (foreldre)

- Besøke brannstasjonen og politi - Arbeidsplassar - kvar jobbar

foreldre?

- Kart over Sogndal, ta bilder.

- Reglar i bhg: La barna oppleve at

deira val påverkar seg sjølv og

andre. Snakke om situasjonar i

ettertid. Kva skjedde? Kvifor?

Kva skulle vi ha gjort?

- Gå litt meir inn på samisk kultur.

Urfolket i Norge, samiske

tradisjonar, forteljingar, segner

m.m.

- Lokale segner/ forteljingar (Gjest

Baardsen).

- Språk og dialekt, kvar kjem ein i

frå. Ulike tradisjonar og levesett.

- Jobbe med vennskap

Kva finnes i nærmiljøet som vi kan gripe tak i?

Page 13: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Mengd, rom og form

0-3 år

Barn er tidleg opptekne av tal og teljing. Dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar, utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre barn si eiga forsking, og legge til rette for tidleg og god stimulering. (Rammeplan) Barnehagen har ulike leiker og hjelpemiddel som fremje leik med tal og form. Vi tilbyr barn i leik ulike spel, teknologi, klossar og formingsmateriell, som kan fremje den matematiske undringa. Vi er bevisst vår bruk av matematiske begrep. Personalet freistar å stimulere til matematisk glede i leiken.

1 – 2 år

2 – 3 år

- Dei vaksne vera lyttande og

oppmerksame i forhold til tall,

rom og form.

- Bevisst bruk av begrep som stor,

liten, over, under, på, bak, inni

osv.

- Erfare å plassere seg sjølv i

”lokalet” - under

bordet…..

- Bruke begrepa i

påkledning. →

- Bruke teljing ofte i kvardagen

f.eks før sang, i påkledning og i

leiken.

- Bruke puttebokser, sortere

former.

- Lego- stor, liten, lang osv.

- Lage ulike former med

plastilina.

- Enkle puslespill.

- Dei vaksne er oppmerksame og

spinna vidare på barnas interesse

for tall, rom og form.

- Øve på å telje til ti. Songar, rim/

reglar og bøker f.eks ”Ein og to

og tre indianarar”, ”Telja til ein

og telja til to”, ”Geitekillingen

som kunne telle til ti”.

- Kalender og opprop - kor mange

er vi i barnehagen i dag.

- Bevisst bruk av tala på veggen.

- Vera med å dekka bordet.

- Vaksne teikne ulike former

saman med barna. Klyppe ut

former og henge på veggen eller

på golvet.

- Bruke kims leik.

- Bruke rette matematiske

begrepene sirkel, firkant

(kvadrat), trekant.

Klokka ett smøre fett, klokka to lappe sko, klokka tre hogge ved, klokka fire spille på lire, klokka fem går vi hjem.

Page 14: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Mengd, rom og form

3-5 år

Barn er tidleg opptekne av tal og teljing. Dei utforskar rom og form, dei argumenterer og er på jakt etter samanhengar. Gjennom leik, eksperimentering og kvardagsaktivitetar, utviklar barna sin matematiske kompetanse. Barnehagen har eit ansvar for å oppmuntre barn si eiga forsking, og legge til rette for tidleg og god stimulering. (Rammeplan) Barnehagen har ulike leiker og hjelpemiddel som fremjar leik med tal og form. Vi tilbyr barn i leik ulike spel, teknologi, klossar og formingsmateriell, som kan fremje den matematiske undringa. Vi er bevisst vår bruk av matematiske begrep. Personalet freistar å stimulere til matematisk glede i leiken. Barna leiker med tal, slik dei leiker med bokstavar. Vi lagar mat, der vi veg, tel og sorterer. Ute i sanden leikar dei med former og her lagar vi til vektstong.

3 – 4 år 4 – 5 år

- Sortere duplo etter fargar

- Telle til ti.

- Puslespel med former.

- Tema: Sirkel, kvadrat, trekant.

- Øve på begrepa stor/ liten,

kort/lang, størst/minst,

kortast/lengst, framfor/ bak,

under/ over. ”Set bilen bak

hesten”. ”kryp under bordet,

gå over steinen” osv.

- Konstruksjonsleik, bygge med

klossar.

- Ulike aktivitetar knytt til

gruppene.

- Bruke kims leik.

- Bli kjent med måleeiningar

som meter, cm, grader. Bruke

måleband, sjå på gradestokken

m.m.

- Aktiv deltaking i matlaging,

handling tal/ mengde, vekt.

- Klippe ut former, lime ulike former

på golvet på skuffer, på veggen.

- Kvar finn vi former, kva ser ut som

ein sirkel. (I nærmiljøet, i naturen..)

- Bruke dei rette begrepa; sirkel,

rektangel, kvadrat m.fl.

- Forstå begrepa stor/ liten, kort/lang,

størst/minst, kortast/lengst, framfor/

bak, under/ over. ”Set bilen bak

hesten”. ”kryp under bordet, gå

over steinen”.

- Sortere ting i ulik kategoriar, etter

form, størst/minst osv.

- Kalender, telje barna.

- Spel med terning.

- Eksperimentering

- Kjenne til klokka og tid.

- Kjenne til vekedagar og mnd.,

(7 dg. i veka, 12 mnd. i året).

- Orientere seg etter enkle kart over

nærmiljøet.

Page 15: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kunst, kultur og kreativitet 0-3 år Å vere saman om kulturelle opplevingar og å gjere eller skape noko felles, bidreg til fellesskapsfølelse. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk, vil barn få eit mangfald av moglegheiter for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som billedkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. (Rammeplanen) Vi gjer små barn kjend med dei ulike estetiske faga. Vi syng mykje, vi leikar enkel rolleleik, og ”titt tei leik” og har ulike formingsaktivitetar. Og ein fortel enkle eventyr slik som ”dei tre bukkane bruse” og ”Gullhår og dei tre bjørnane”. Dagleg er vi gjennom fleire av dei estetiske faga i barnehagen. Det er naturleg for mange barn å uttrykkje seg gjennom dette faget. Det er ofte gjennom dei estetiske faga vi tileignar oss ny lærdom og får utløp for kjensler. Vi oppmodar borna til å ”gå inn i denne verden”.

1 – 2 år

2 – 3 år

- Barna skal få kjennskap til å

bruke blyant, fargestiftar, maling

med pensel, svamp m.m. →

- Male med hender og føtte.

- Male på ulike underlag og bruke

store ark på bordet så barna får

bruke heile armen. →

- Viktig at barna også får male fritt

utan at det skal bli eit bestemt

produkt. →

- Gi barna tid og rom for å utfolde

seg i forming.

- Forme i sand, snø og modellkitt.

- Synge og høyre på ulike type

musikk.

- Bli kjent med instrumenter, lage

lyd, lytte til lyd.

- Forhåndsinntrykk av fargar –

primærfargar.

- Synsintr. nede på veggen og

golvet, evnt. taket for småbarn.

- Male med bruk av staffeli.

- Vaksne dramatisere eventyr og

enkle forteljingar. Barna er med

på deira premisser.

- Legga til rette for at barna kan

kle

seg ut.

- Bruke bordteater.

- Gi barna utfordringar til å tørre å

uttrykke seg.

- Musikksamling, barna få spela

med ulike instrument.

- Gjere formingsmaterial

tilgjengeleg, set det fram på

bordet.

- Leike med form og fargar.

- Vera med å blande

primærfargar, ”kva blir det?”

Namn på fargar.

- Henge opp ein del av det barna

har laga evt. med bilder av

prosessen.

Fantasi og skaparglede

Page 16: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer

Kunst, kultur og kreativitet 3-5 år Å vere saman om kulturelle opplevingar og å gjere eller skape noko felles, bidreg til fellesskaps følelse. Barn skaper sin eigen kultur ut frå eigne opplevingar. Gjennom rike erfaringar med kunst, kultur og estetikk, vil barn få eit mangfald av moglegheiter for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. Fagområdet omhandlar uttrykksformer som bilde- kunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. (Rammeplanen) Vi gjer barn kjend med dei ulike estetiske faga. Vi syng mykje og har ulike formingsaktivitetar. Barna er i rolleleik mykje av dagen, der vi har tilgang til utklednings klede og anna rekvisita. Vi har eigne bolkar med eventyr i løpet av året. Dagleg er vi gjennom fleire av dei estetiske faga i barnehagen. Det er naturleg for mange barn å uttrykkje seg gjennom dette faget. Det er ofte gjennom dei estetiske faga vi tileignar oss ny lærdom og får utløp for følelsar. Vi oppmodar borna til å ”gå inn i denne verden”.

3 – 4 år

4 – 5 år

- Kunst i laga av det vi finn i

naturen -pinnebilde, snikre, veve

m.m

- Teikne og male med ulike reiskap

og underlag. Staffeli. →

- Matlaging

- Klippe/ lime, perle m.m.

- Museumsbesøk → næring til

kreativitet.

- Musikk og dans, ulik type

musikk. F.eks. roleg musikk i

kvilestund.

- Tørre å stå fram i ei gruppe,

meistring

- Eventyr og gamal

forteljartradisjon.

- Bli lest for.

- Dramatisering

- Lære namn på fargar, blande

primærfargar.

- Få øving i å bruke fantasi og

kreativitet gjennom skapande

verksemd og den frie rolleleiken.

- Foto, eigne bilder – utstilling:

vekas/ dagens (utstiller/

kunstnar).

- Skape eigne sangar, forteljingar/

eventyr. Dramatisere.

- Ansvar for invitasjon, pynting

og matlaging til foreldremiddag/

kafé.

- Lytte til lydbok.

- Øve på blyantgrep.

- Lokale kunstnarar - Astrup

- Torsheim

- Kari´s systue

- Kunstbilder som viser barna kva

som er abstrakt osv.

- Kunne namn på ein del fargar.

- Barna male/ pynte på glasrutene

i barnehagen, lage utstilling av

eigne produkt.

- Kulturminne – arkitektur – Gjest

Baardsen m.m.

- Besøk på kunstutstilling.

- Sjå på statuar i Sogndal

Fantasi og skaparglede!

Page 17: Sogndal Studentbarnehage - Sammen · ikkje har religiøs tekst, vi bakar kaker og laga julegåver og julepynt. Barnehagen skal formidle den norske kulturelle tradisjonen som høyrer