spøkjelse i hus med eit -...

6
26 JULEMAGASINET 2010 FIRDA Ein gong styrte ho garden med jernhand. Heller ikkje etter sin død i 1913 greidde Oline å sleppe taket på Åmot gard i Bygstad. Ikkje før ho fekk fortelje historia si. spøkjelse I HUS MED EIT >>>

Upload: hoangdiep

Post on 31-Jul-2019

213 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

26 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

Ein gong styrte ho garden med

jernhand. Heller ikkjeetter sin død i 1913

greidde Oline å sleppetaket på Åmot gard i Bygstad. Ikkje før

ho fekk fortelje historia si.

spøkjelseI HUS MED EIT

>>>

27JULEMAGASINET 2010 FIRDA 27JULEMAGASINET 2010 FIRDA

28 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

ÅÅmmoott ggaarrdd 11991133..Livredd spring han over tunet, kan ikkjekomme raskt nok vekk og snublar nærast ieigne bein. Han spring mot huset, må vekk frålåven og det han såg der inne i den dunklebygningen som no sit som ein isande kulde ihan.

Ho døydde i førre månad, Oline, denstrenge husfrua på Åmot gard. Drengen sågsjølv liket i kista som låg på laden, blått, kaldtog stivt.

Han stod der då kista blei senka ned i densvarte jorda på gravplassen og blei dekt avmold.

Han veit kva han såg, men skjønar detikkje. Det var Oline som kom til han inne ilåven denne ettermiddagen.

ÅÅmmoott ggaarrdd 22000033..Livredde. Kvifor står det plutseleg ei dameinne på rommet der ho skal sove saman medfamilien sin i natt?

Men kvinna ser ikkje ut til å bry seg omkven som søv på rommet eller ikkje. Ho fortelkva ho heiter medan den vesle jenta lyttar.

Men då ho går ned trappa, trippar inn til

foreldra og fortel om møtet med kvinna vednamn «Line», blir dei med eitt så rare. Hoskjønar det ikkje, sjølv vil ho berre opp att ogsnakke meir med kvinna.

Med kjappe hender riv foreldra med segkoffertane, dei får ei kjensle av noko unatur-leg, dei har ikkje eingong rokke å pakke utbagasjen.

Lite veit dei om at det seinare skal overnat-te ein journalist på nettopp dette rommet somer så livredd at ho ikkje eingong torer hentekofferten sin.

Andre gjester set opp telt ute i hagen veddet kvitmålte huset, dei nektar å sove endå einatt på rommet der det skjer så mykje rart.

Torer ikkje overnatte. Steinar Sørli er fortvilader han prøver å byggje opp Åmot gard. Gjestetter gjest fortel om nifse opplevingar frårommet i tredje etasje i det gamle huset frå1890. Stadig vekk må han bytte rom til gjes-tene, mange er for redde til å sove på det somein gong var Oline sitt gamle rom. Rommetder ho døydde i 1913.

Heilt sidan året etter at Steinar starta res-taureringa av den gamle familiegarden i2002, har det komme fleire livredde gjester tilhan om morgonen og fortald om dette rom-

met der det skjer uforklarlege ting. Men resten av garden og dei andre romma

har ein god energi, gjestene likar seg godt,men akkurat dette soverommet held dei segunna. Dei merkar at det er noko der inne, deier redde, torer ikkje å gå inn att på soverom-met etter å ha overnatta ei natt der.

Steinar og partnaren Yngve Brakstad veitikkje heilt kva dei skal tru om alle historiene.Visstnok har dei sjølv prøvd å sove i rommetetter alle tilbakemeldingane, men dei haraldri merka noko sjølv. Men Yngve kjennerberre kor mykje lettare han pustar når hankjem seg raskt vekk frå rommet og ned i 1.etasje.

Steinar ringjer til mor si, Solveig Oline,som voks opp på garden. Fortel om dei reddegjestene som trur det er spøkjelse som går att.

Det blir stille i den andre enden ei stund.Så kjem det frå Solveig Oline.

– Ja, det er nok ho Oline det.

ÅÅmmoott ggaarrdd 22000088..Ei oppgåve i vente. – Har du sove godt?

Like spente som alltid når overnattingsgjes-ter søv i rommet der det skjer så mykje rart,ser Yngve og Steinar granskande på den nye

>>>

29JULEMAGASINET 2010 FIRDA

gjesten sin som no sit framfor dei og et fru-kost denne tidlege oktobermorgonen.

Gunvor C. Røkholt tenkjer litt etter, jovisstsov ho godt. Men merkeleg nok vakna ho såveldig tidleg denne laurdagsmorgonen. Van-legvis søv mannen hennar uroleg medan hosjølv søv som ein stein, men denne morgonenvar det annleis. Allereie i fem-sekstida er hovaken. Og ho veit at nokon prøver å få kon-takt med henne. Ho har denne emna, ho kanfå kontakt med det som mange av oss stengjerute. Ved hjelp av englar kan ho føle korleisvenner og andre menneske har det, ho berenglane om hjelp til å hjelpe.

Steinar tenkjer litt etter, og så tek han sats.Vanlegvis plar han ikkje seie noko om Oline,vil halde det hemmeleg, men no fortel hanGunvor om spøkjelset som går att og skaperuhygge og skremmer gjestene. Steinar er så

sint og irritert på henne, vil berre at ho skalhalde seg langt vekke. Ho lagar så mykje trøb-bel.

Interiørdesignaren Gunvor er eigentleg påhelgebesøk frå Oslo for å innreie romma ihuset, men når ho høyrer historia til Yngve ogSteinar, veit ho at den kjensla ho så bråttvakna med, den var riktig. Nokon i soverom-met tidleg den morgonen, ei kvinnekraft, villefortelje henne noko. Gunvor veit at ho har eioppgåve ho må løyse.

Oline si historie. Så gjer Gunvor seg klar. Gåropp trappa til soverommet, opnar døra, luk-kar den, og så er ho på plass i rommet derOline døydde for nær 100 år sidan.

Her får ho kontakt med den gamle husfruapå Åmot gard, ei kvinne som styrte gardenmed jernhand, dreiv tenarskapet hardt ognekta dei å gå inn hovudinngangen.

Oline greidde aldri å få eigne born, nokosom sat som ei smerte i henne resten av livet,også etter at ho og mannen Søren tok til segto born.

I så mange år har Oline prøvd å bli sett oghøyrt på garden, og no er det ei kvinne i rom-met hennar som tek kontakt. Som vil at hoskal fortelje.

Så kjem historia til Oline. Om dei lange,tunge arbeidsdagane på garden. Om alt slitet ilivet hennar. Om sinnet som har brent seg fastmot mannen Søren.

Og det som ho trudde og håpte skulle bli eilette, døden, blei i staden så veldig lang ogvond.

Gunvor lyttar til Oline. Kommuniserer innei hovudet sitt. Men også Gunvor har noko hovil seie. Ho fortel at folk er redde for å liggje idette soverommet, dei føler uro. Ho ber såOline om å vere med å løyse problemet. Ogslik blir det.

Oline får vere skytsengel for rommet, passepå gjestene som søv her. Engelen oppe i hjør-net syner at det no er trygt og godt her. Menkvinnene blir også einige om at dei andre somein gong levde her, også må få vere skytseng-lar. Elles blir det ubalanse.

Så reinsar Gunvor rommet, balansen blirgjenoppretta.

Oline får hjelp til å komme inn i lyset.Endeleg får ho fred.

Gunvor lukkar døra bak seg, går ned trap-pa. Møter to karar som knapt greier ventemed få vite kva som har skjedd der oppe.

Oslo-kvinna fortel om møtet med Oline ogom kva ho fortalde om livet sitt. Steinar og

I KONTAKT: Gunvor C. Røkholt visste at ho hadde eioppgåve då ho kom til Åmot gard for første gong i2008. Det var ho som skulle komme i kontakt medOline og hjelpe ho til å få fred.

«No ler hogodt av oss, ho Oline»

>>>

30 JULEMAGASINET 2010 FIRDA

Yngve blir stumme. Korleis kan Gunvor vitealt dette? Det einaste dei har sagt er at det erei kvinne som går att. Men det er også alt.

AAsskkøøyy 22001100..LLiivvrreeddddee ddrreennggaarr.. Historia om den vesle jentasom møtte på «Line», fekk Solveig Oline Sørlitil å komme i hug alle historiene om Olineetter hennar død i 1913.

Om dei vaksne drengene som var vitskrem-de etter å ha sett den gamle husfrua, om morasi som høyrde rabalder frå kjøkkenet i eit nat-testilt hus medan ho sat ved senga til dendøde adoptivmora si. Om Søren som på natte-tid fekk besøk av Oline inne på rommet derho døydde mange år tidlegare. Ho ville leggjeseg opp i senga til han.

Fleire såg henne, mange var redde. Solveig Oline voks opp på garden. Ho blei

fødd i 1921, åtte år etter at kvinna ho er opp-attkalla etter, døydde.

– Eg visste veldig lite om Oline, det varikkje så veldig mykje prat om henne. Men deteg han hugse, var at særleg tenarane snakkaom at ho gjekk igjen, seier ho.

Også mor til Solveig Oline, adoptivdotteratil Oline, såg gjenferdet av mora fleire gonger.Ho merka at adoptivmora sleit med at hoikkje fekk eigne born, ho var veldig strengmot begge dei to barna ho tok til seg.

Livet på garden var hardt med mykje slit.Oline var mykje åleine medan Søren var påreisefot i jobben som byggherre.

– Oline hadde det nok ikkje heilt lett. Hokjende seg nok veldig tilsidesett og lite verds-ett. Søren tok henne veldig hardt, fortel Sol-veig Oline.

Som lita jente på garden laga ho og deiandre borna fleire historier om Oline, særlegredde var dei ikkje.

– Vi laga nok litt moro ut av det, seier den90 år gamle kvinna.

– Trur du sjølv på at Oline skal ha gåttigjen?

– Hm. No spør du eit vanskeleg spørsmål.No har det ikkje vore noko snakk om historiafør eg fekk høyre om den vesle jenta sommøtte på «Line». Då kom det mykje fram att,seier Solveig Oline.

ÅÅmmoott ggaarrdd 22001100..Eit kvitt lys. Ein liten kvit engel heng ned fråtaket oppe i det eine hjørnet i det sjøgrønerommet. Studerer på ein måte Firda sineutsende der vi står med kamera og notatblokkog ser oss litt undrande rundt i Oline sitt rom.

Vi har lukka ytterdøra og den iskalde og

«Deter

godenergi

herno»

Det spøkjer i stille grenderI ein artikkelserie i seks delarsom startar i dag fortel men-neske som har opplevd ufor-klarlege hendingar si historie.

Serien held fram i Firda i rom-jula, og måndag 27. desemberkan du lese om gamlemeierietpå Breim der fleire meiner detspøkjer.

Har du opplevd ei uforklarleghending som du vil fortelje oss om? Kontakt Firda på[email protected] eller ring oss på 57 83 33 00

stjerneklare novemberkvelden bak oss, gåttopp trappa og funne rommet.

Og no står vi her. – Det var oppe i det hjørnet der eg fekk

Oline opp den dagen eg møtte henne, seierGunvor og peiker opp på den vesle, kvite eng-elen.

Gunvor sit på sengekanten på Oline sittgamle rom, eit rom som er oppattkalla etterden gamle husfrua. Det vakre rommet medsjøgrøne vegger som ei verdskjend operastjer-ne har sove i, heiter sjølvsagt «Oline», eit romder gjestene no søv godt.

– Det er god energi her no, seier Gunvorsmilande med raude lepper.

Ingen ville ta Oline på alvor før den okto-berdagen i 2008. Ho blei støytt ut, var eit pro-blem og tabu. No er det ro på Åmot gard.

– Ho held eit auge med oss no, seier Gun-vor, og smiler litt, medan ho og underteiknafår instruksar frå fotografen som er i full gangmed å ta bilete.

Oline blir illustrert ved hjelp av skuggar, vistiller oss opp slik fotografen ønskjer medanhan tek bilete.

Så kjem det frå senga der Gunvor sit. – No ler ho godt av oss, ho Oline, smiler ho,

og får litt undrande blikk tilbake. Gunvor ser bilete som englane syner henne.

Og no er det ei krokrygga Oline som flirergodt. Tenk at vi prøver å ta bilete av henne?

Fotografen gjer seg ferdig. Vi ser nysgjerrigpå bileta, blei det slik vi trudde? Men på bile-ta som er tekne opp mot veggen der skytseng-elen heng ned, legg fotografen og Gunvormerke til noko som ikkje var der då biletetblei tatt: eitt lite, kvitt lys.

Har fått fred. Etter at Gunvor reiste heim tilOslo den oktoberhelga for to år sidan, endraalt seg på garden i Bygstad. Steinar pustar littlettare.

– No er stemninga heilt annleis i rommet.Oline er til stades og er veldig nøgd, ei fantas-tisk god kjensle. No jobbar ho saman med ossfor å utvikle garden, fortel Steinar.

No reinsar dei rommet av og til ved å tennerøykjelse før det kjem gjester, dei kjenner atrommet vil dei vel. Det er godt å vere der.Sidan den oktoberdagen i 2008 har dei aldri meir hatt redde gjester. Bedrifta gårgodt.

– Men vi held det i sjakk med å aksepterehenne, vi tek kontakt når vi er på rommethennar og så har vi innreidd rommet hennar.På den måten styrkjer vi posisjonen hennar.Og at ho hamnar i avisa no, ja, det er storstas, synest ho. Ho likar å få merksemd, fortelSteinar smilande.

>>>

31JULEMAGASINET 2010 FIRDA

Sjelene på Åmot gard. – Spøkjelsa er rundtoss heile tida. Men det er først når det stilnarat vi tek dei inn, seier Gunvor.

Vi sit i mjuke, djupe stolar rundt eit bordmed blafrande lys. Vi har tatt bileta på Olinesitt rom og forflytta oss over på naborommetder Gunvor skal overnatte denne helga.

– I dette rommet har det vore mange men-neske. Eg merkar energien, fortel Gunvor.

For det er fleire enn berre Oline sin lagnadpå garden.

– Det er mange av dei. Eg merkar alle deisom var her ein gong, seier Gunvor, og legg tilat ho snakkar om eit tema som mange avfeiarsom tull.

Sjølv trudde ho lenge at det berre var hen-nar eigen fantasi når ho såg dei symbolskebileta som englane viste henne.

– Og når eg vakna midt på natta utan åheilt vite kvifor, tenkte eg ikkje på at detkunne vere noko spesielt. Kanskje du har opp-levd det same? Du kan ha opplevd noko somdu berre avviser som noko naturleg?

Gunvor meiner spøkjelse er sjeler som ikkjevil over på den andre sida. Kanskje har deiopplevd noko så dramatisk i livet sitt at deiikkje får fred, og så søkjer etter eit menneskeå bu i.

Ho trur vi alle har ei sjel som vel ulike opp-gåve i kvart liv.

– Og eg trur at eg er her for å løyse oppgå-ver, fortel ho.

Sjølv meiner ho det handlar om bevisstmedvit. Alle har denne evna i seg, alle kanlære det.

ÅÅmmoott ggaarrdd 22000088..Skytsengelen. Steinar er litt ekstra nervøsdenne helga. Ikkje berre er han bekymra forom gjesten merkar noko på rommet, menogså fordi han jobbar med å få den verds-kjende operastjerna Kiri Te Kanawa til Åmotgard for å halde konsert.

Men kva om ho kjem og det blir ein kata-strofe fordi ho blir vitskremt av Oline?

Like før Gunvor reiser den søndagen, kvis-krar ho Steinar noko i øyret.

– Ho kjem til å seie ja. Kvelden etter tikkar det inn ei melding på

mobilen til Gunvor frå Steinar. – Du hadde rett. Kiri kjem!Og Kiri Te Kanawa har visstnok knapt sove

så godt nokosinne før. For oppe i taket hengjo ein liten engel og passar på.

Astrid Iren Solheim tekstBent Are Iversen foto