startside - vestland fylkeskommune · web view2020/03/17  · kartet under viser det vi kan kalle...

11
REGIONALT PLANFORUM 17.03.2020 Selje - frå kommunesenter til ein tettstad ytst i Stad kommune Kvifor planforum? Stad kommune skal varsle oppstart av ny sentrumsplan for Selje i næraste framtid. Kommunen ynskjer tidleg involvering av fagetatar og ressurspersonar for å diskutere tettstadutvikling og korleis gjere dei rette vala for at Selje skal utvikle seg som tettstad. I dei fylgjande kapittel, freistar vi å presentere Selje som tettstad og få fram dei viktigaste temaa for diskusjon. Korleis gjere Selje til ein attraktiv stad å bu? Stad kommune vil ha Selje – frå kommunesenter til ein tettstad ytst i Stad kommune, som eit eige prosjekt. Prosjektet skal bestå av to delprosjekt, stadutvikling og ny sentrumsplan. Det vil seie at samstundes som ein utarbeider ny sentrumsplan for Selje, vil ein ved bruk av forsking og teoriar, sjå nærare på korleis Selje kan utvikle seg til å bli ein meir attraktiv stad å bu. Arbeidet skal utførast av avd. for samfunnsutvikling og Plan og forvaltning i Stad kommune, i samarbeid med Nordplan. Kunnskapsgrunnlag; Nordplan held på å utarbeide stadanalyse – utkast av denne vert presentert i planforum og er ein del av kunnskapsgrunnlaget for føreståande planarbeid. Innspel frå tidlegare folkemøte i Selje; Opplisting i bestillingsskjema er henta frå innspela frå folkemøte for Selje krins. Tema vi ynskjer innspel til: Selje skal utviklast som regionalt pilegrimssenter Selje skal få nytt hotell Selje ynskjer å bygge fleirbrukshall Selje ynskjer fortetting i sentrum

Upload: others

Post on 23-Sep-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

REGIONALT PLANFORUM 17.03.2020Selje - frå kommunesenter til ein tettstad ytst i Stad kommune

Kvifor planforum?Stad kommune skal varsle oppstart av ny sentrumsplan for Selje i næraste framtid. Kommunen ynskjer tidleg involvering av fagetatar og ressurspersonar for å diskutere tettstadutvikling og korleis gjere dei rette vala for at Selje skal utvikle seg som tettstad. I dei fylgjande kapittel, freistar vi å presentere Selje som tettstad og få fram dei viktigaste temaa for diskusjon.

Korleis gjere Selje til ein attraktiv stad å bu?Stad kommune vil ha Selje – frå kommunesenter til ein tettstad ytst i Stad kommune, som eit eige prosjekt. Prosjektet skal bestå av to delprosjekt, stadutvikling og ny sentrumsplan. Det vil seie at samstundes som ein utarbeider ny sentrumsplan for Selje, vil ein ved bruk av forsking og teoriar, sjå nærare på korleis Selje kan utvikle seg til å bli ein meir attraktiv stad å bu.Arbeidet skal utførast av avd. for samfunnsutvikling og Plan og forvaltning i Stad kommune, i samarbeid med Nordplan.

Kunnskapsgrunnlag;

Nordplan held på å utarbeide stadanalyse – utkast av denne vert presentert i planforum og er ein del av kunnskapsgrunnlaget for føreståande planarbeid.

Innspel frå tidlegare folkemøte i Selje;Opplisting i bestillingsskjema er henta frå innspela frå folkemøte for Selje krins.

Tema vi ynskjer innspel til: Selje skal utviklast som regionalt pilegrimssenterSelje skal få nytt hotellSelje ynskjer å bygge fleirbrukshallSelje ynskjer fortetting i sentrumSelje treng meir aktivitet i sentrum – korleis legge til rette for den?Selje vil legge til rette for reiseliv og turismeSelje har nedgang i folketal- korleis snu den negative trenden?Selje treng fleire arbeidsplassar – korleis stimulere tid dette?

Hvorfor vokser steder av Knut Vareide https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/32

Skisse over korleis vi tenkjer å arbeide med stadutvikling og planarbeid;

Stadutvikling SentrumsplanStadanalyse Detaljregulering

Page 2: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Oppdatere plansystem – ny plan avløyser eldre planar.Planavgrensing

Planforum 17.03.2020 Planforum 17.03.2020Dialog med næringslivet for å få kartlagt deira behov

Varsel om oppstart

Utarbeiding av ny sentrumsplanDialog med lag- og organisasjonarInvolvering av barn/ungeFolkemøte med fokus på stadutvikling

Høyring og offentleg ettersyn

Selje som tettstad-kommunesenter i tidlegare Selje kommune

Strukturelle forholda;

låge fødselstal innvandring/tilflytting er med på å dempe effekten av fødselsunderskot nedgang i offentlege arbeidsplassar p.g.a kommunesamanslåinga ikkje ein del av ein større bu- og arbeidsmarknadsregion (Måløy 45 min, Nordfjordeid 1 t)

Meir om Selje i stadanalysen som vert ettersendt.

Page 3: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Planavgrensing

Kart som syner planavgrensing for ny sentrumsplan i Selje.

Planavgrensinga ovanfor tek utgangspunkt i to planar, reguleringsplan for Skogen og reguleringsplan for Selje, inkludert alle endringar. I tillegg til desse reguleringsplanane, har vi valt å innlemme området nedanfor fylkesvegen ved Seljetunet (sjukeheimen i Selje), som er avsett til fleirbrukshall, miljøstasjon (pumpestasjon for avlaup) og ny brannstasjon i kommuneplanen sin arealdel 2017-2029. Innanfor ytre plangrense finn vi m.a areal for skule, barnehage, samfunnshus, idrettsanlegg med kunstgrasbane m/tribune, klatrepark og klubbhus. Vi finn også areal for offentleg park, hotell (er i prosjekterringsfasen for nytt hotell), helsesenter, kyrkje og kyrkjegard.

Page 4: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek og turistinformasjon, servicetilbod knytt til reiseliv og turisme, overnatting, pilegrimsstove i samband med regionalt pilegrimssenter, gjestehamn, kai for hurtigbåten mellom Selje og Bergen.

Kart som viser sentrumskjernen med handel, kafear og servicetilbod knytt til reiseliv og turisme.

Korleis gjere Selje til ein attraktiv stad å bu?Attraktive steder vokser mer enn forventet ut fra de strukturelle kreftene som påvirker stedet utenfra. https://press.nordicopenaccess.no/index.php/noasp/catalog/book/32

Vi veit at dei strukturelle forholda for Selje ikkje peikar i retning mot folketalsauke og vekst, men har Selje nokre faktorar som gjer at staden kan vekse meir enn vi kan forvente ut i frå dei strukturelle forholda? I boka Hvorfor vokser steder? av Knut Vareide, er det peika på nokre faktorar som kan gjere ein stad attraktiv; Eksempler kan være vakker natur, gode skoler og barnehager, kulturtilbud og andre fritidsaktiviteter, kafeer og shoppingmuligheter, et godt omdømme som bosted, god tilgjengelighet for boliger og lave

Page 5: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

boligpriser. På samme måte vil det være et utall av faktorer som vil kunne gjøre et sted attraktivt for næringsliv.Vi meiner tettstaden Selje har mykje å tilby i dag, men mange av tilboda bør vidareutviklast for at ein skal framstå som attraktive. I fylgjande kapittel vil vi kort presentere nokre av desse.

Selje som regionalt pilegrimssenterDet er fatta vedtak i kommunestyre om at regionalt pilegrimssenter skal lokaliserast i Selje prestegard.

Les om kystpilegrimssenter; https://www.fjordabladet.no/nyhende/2019/11/27/Gjennombrot-for-Kystpilegrimssenter-i-Selje-20485515.ece

Page 6: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Idrettshall, pumpestasjon/miljøstasjon, ny brannstasjon

Utsnitt frå plankart, arealdel 2017-2029.

Nytt hotell

Page 7: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Nytt hotell er i prosjekterringsfasen. Stad kommune ynskjer at nytt hotell vert ein del av sentrumsplanen fordi vi meiner det er viktig å sjå hotellet i ein større samanheng - men Stad kommune har også opna for at det kan utarbeidast eigen reguleringsplan for hotelltomta.

Page 8: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Utviding av kyrkjegard i Selje

Kan vi ta i bruk areal til utviding av kyrkjegard, sjølv om der ligg gravrøyser?

Page 9: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek

Fortetting, reiseliv og turisme

Det er fortettingspotensiale i Selje sentrum på fleire stadar. På biletet ovanfor, tenkjer eg at potensialet er særleg stort; -Øyvind Drageseth ynskjer å rive det gamle kontorbygget ved Sagaboats og føre opp nytt leilighetsbygg. –Eigarar av nausta mellom Sagaboats og Bunnpris har teke kontakt med tidlegare Selje kommune om å rive nausta og legge til rette for rorbuer. Nausta er SEFRAK-registrerte. Er det ok å gje slepp på desse nausta? Vi har kyrkjefjøra som er underlagt eit særskilt vern. Dersom vi gje løyve til å rive desse og tillate t.d rorbuer, er det enklare å legge til rette for samanhengande strandpromenade mellom nytt leilighetsbygg ved Sagaboats og Seljesanden. -I planen bør ein legge til rette for å rive det gamle kommunehuset frå Sunniva-stiftinga. Bør leggast til rette for å tenke heilt nytt for denne tomta (rive huset og føre opp ny bygning på tomta, kombinert bustad og forretning med garasjeanlegg under? (på nivå med St. Sunnivaplassen). -Kombinert formål bustad og forretning på nye kommunehuset og COOP- Prix. Veit det har vore planar om fleire etasjer på COOP-bygget.-Tiltak i parken for å gjere den meir attraktiv som møtestadVi gjev meir utfyllande forklaring i planforum.

Page 10: Startside - Vestland fylkeskommune · Web view2020/03/17  · Kartet under viser det vi kan kalle ei indre sentrumskjerne, der vi finn tilbod som handel, kafear, rådhus m/bibliotek