sunnmøre kammermusikkfestival 2011

20
5.–7. MAI 2011 KAMMERMUSIKKFESTIVAL SUNNMØRE

Upload: eirik-gilje

Post on 13-Mar-2016

235 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Programhefte for Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

TRANSCRIPT

Page 1: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

5.–7. MAI 2011

KAMMERMUSIKKFESTIVALSUNNMØRE

Page 2: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011
Page 3: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011
Page 4: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Sunnmøre kammermusikkfestival

Eit møte mellom menneskeSunnmøre kammermusikkfestival vil skape kunstnarlege opplevingar på høgt nivå for alle på Søre Sunnmøre. Eiksund-sambandet gjer dette mogleg. Poetisk kan det seiast at folket frå kystbygdene møter folket frå fjordane i Sunnmøre kammer-musikkfestival.

Festivalprogrammet speglar denne inten-sjonen. Dei fem konsertane på program-met vil i perioden 5.–7. mai bli avvikla i ulike konsertlokale i kommunane Volda (Høgskulen i Volda, Volda kyrkje), Ørsta (Ivar Aasen-tunet), Ulstein (Fredheim) og

Herøy (Herøy kyrkje). Festivalen vert av-slutta med ein stor konsert i Volda kyrkje, der festivalorkesteret og festivalkoret spelar saman med dei profesjonelle musikarane.

Møtet mellom meister og elev – meisterklasserFestivalen har også eit klart mål om å bidra til vekst og utvikling for musikklivet i regionen. Sunnmøre kammermusikkfes-tival samarbeider tett med kulturskulane og musikklinjene på Søre Sunnmøre. Tilreisande artistar vil i løpet av opphaldet gje instruksjon til vidarekomne elevar i regionen (meisterklasser). Dei vil òg by

på kurs og inspirasjonsseminar for kultur-skulelærarar og høgskulestudentar.

Sunnmøre kammermusikkfestival vert arrangert for andre gong 5.–7. mai 2011. Bak festivalen står

Høgskulen i Volda og ei rekkje samarbeidspartnarar frå Søre Sunnmøre i nært samarbeid med

fiolinisten Annar Follesø og pianisten Wolfgang Plagge.

4

Page 5: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Kurs og undervisning

Gjennom festivalveka vil dei profesjonelle utøvarane gje kurs og undervisning til musikkskuleelevar, elevar ved vidaregå-

Sunnmøre kammermusikkfestival samarbeider tett med kulturskulane og musikklinjene på Søre

Sunnmøre. Tilreisande artistar vil i løpet av veka gje instruksjon til vidarekomne elevar i regionen

(meisterklasser).

ande skular og studentar ved Høgskulen i Volda. Jennifer Stumm og Wolfgang Plagge vil i tillegg til undervisninga halde

seminar for interesserte tilhøyrarar. Te-maet til Jennifer Stumm vil vere erfaring med outreach-arbeid og undervisning av born i skule og lokalsamfunnet.

Wolfgang Plagge skal halde seminar om temaet «Hva vil komponistene, og hva når frem til lytterne?».

Ole Edvard Antonsen vil halde seminar for blåsarane i festivalorkesteret, og Per Kristian Skalstad vil ha eit tilsvarande seminar for strykarane. Alle dei andre medverkande artistane vil ta del i meister-klassene.

5

Page 6: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

OpningskonsertTORSDAG 5. MAI KL. 18.00. AUDITORIUM ABC, HØGSKULEN I VOLDA

Friedman: «Fanfare»Liszt: Fire songar til tekstar av Victor HugoBrahms: Haydn-variasjonarTsjaikovskij: «Souvenir de Florence»

AntonsenSolset, PlaggePlagge, GrøvlenThorsen, Follesø, Gotlibovich, Stumm, Weidmann, Rostamo

Sunnmøre kammermusikkfestival 2011 opnar i Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda, og først ut av årets gjestemusikarar er vår internasjonale stjernetrompetist, Ole Edvard Antonsen. Sopran Berit Norbakken Solset gjorde eit sterkt inntrykk på festivalen i fjor, og det er ei glede for oss å ønskje henne velkomen attende. Solset syng fire av 200-årsjubilanten Franz Liszt sine vakraste songar i samspel med Wolfgang Plagge. Plagge skal i elden også i det neste verket, Brahms sine staselege Haydn-variasjonar i samspel med det unge stortalentet Christian Hundsnes Grøvlen.

Konserten vert avslutta med Tsjaikovskij sin fargesprakande strykesekstett «Souvenir de Florence», framført av Marianne Thorsen, Annar Follesø, Jennifer Stumm, Yuval Gotlibovich, Noëlle Weidmann og Johannes Rostamo.

6

Page 7: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Klassisk på Fredheim

Etter ei storslått opning i Volda går festivalen gjennom Eiksundsambandet til Ulstein, der Wolfgang Plagge opnar konserten med Liszt sitt gripande solostykke «Angelus» i den tradisjonsrike konsertsalen på Fredheim. Griegs kjende «Holbergsuite» vert framført av Ole Edvard Antonsen og Wolfgang Plagge. Antonsen og Plagge står sjølve for arrangementet, som vi trur vil bli litt av ei oppleving på Fredheim. Som avslutning fyller Grøvlen, Follesø, Gotlibovich og Rostamo salen med Brahm sin meisterlege klaverkvartett nr. 1 i g-moll. Her møter vi den unge Brahms i eit verk der komponisten si beundring for sigøynarmusikken for alvor kjem til syne. Vi trur dette blir ei gnistrande avslutning som både innleier helga og vonleg inspirerer mange til å bli med oss til Ørsta for ein ekstra dose kammermusikk seinare på kvelden.

FREDAG 6. MAI KL. 18.00. FREDHEIM, ULSTEINVIK

Liszt: «Angelus» frå «Années de pèlerinage», år 3Mozart: Seks songarGrieg (arr. Antonsen/Plagge): «Holbergsuite»Brahms: Klaverkvartett nr. 1 i g-moll

PlaggeSolset, GrøvlenAntonsen, PlaggeGrøvlen, Follesø, Gotlibovich, Rostamo

7

Page 8: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Meisterverk i Ivar Aasen-tunet

Beethovens femte klavertrio, som på grunn av sin mystiske og skuggeliknande langsame sats har fått tilnamnet «Spøkelsestrioen», vert framført av Plagge, Thorsen og den talentfulle finnen Johannes Rostamo. Vi kan også glede oss til eit nyskrive verk av Wolfgang Plagge, som komponisten sjølv framfører saman med Berit Norbakken Solset, Ole Edvard Antonsen, Annar Follesø og Yuval Gotlibovich.

Til slutt denne fredagskvelden får vi servert Dvořáks praktfulle klaverkvintett i A-dur, som på mange måtar oppsummerer denne festivaldagen: frå wienerklassikarane Mozart og Beethoven, via romantikarane Liszt, Dvořák og Brahms, til heilt ny musikk av Wolfgang Plagge.

FREDAG 6. MAI KL. 21.00. IVAR AASEN-TUNET, ØRSTA.

Beethoven: Klavertrio i D-dur, «Spøkelsestrioen»Plagge: TingingsverkDvořák: Klaverkvintett nr. 2 i A-dur

Plagge, Thorsen, RostamoSolset, Plagge, Antonsen, FollesøGrøvlen, Follesø, Thorsen, Stumm, Weidmann

8

Page 9: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Perler ved havet

Konserten opnar med det livlege og skamlaust romantiske forspelet til Richard Strauss sin opera «Capriccio», som vart urframført i 1942. Ole Edvard Antonsen tek oss så med tilbake til den italienske barokken, med Corelli sin stemningsfulle sonate for trompet, to fiolinar og basso continuo, før han saman med Berit Norbakken Solset gjev oss Wolfang Plagge sin mellomalderinspirerte duett «Liber Sequentarium». Vi vil så få spennande møte med virtuosen Liszt og Joseph Haydn før vi kjem til den russiskfødde Alfred Garrijevitsj Schnittke, ein av dei store komponistane i etterkrigstida. Vi vil som avslutning på denne innhaldsrike konserten få ei framføring av Schnittke sin mektige klaverkvintett, eit mystisk, postmoderne stykke som nok vil både overraske og bevege mange i kyrkja denne tidlege ettermiddagen.

LAURDAG 7. MAI KL. 13.00. HERØY KYRKJE, HERØY.

Strauss: Forspel til «Capriccio»Corelli: «Sonata a quattro»Plagge: «Liber Sequentarium»Liszt: Frå «Six Grandes Études de Paganini», nr. 2Haydn: Orgelkonsert i D-durSchnittke: Klaverkvintett

Follesø, Thorsen, Stumm, Gotlibovich og fleireAntonsen, Follesø, Thorsen, Rostamo, PlaggeSolset, AntonsenGrøvlenPlagge, Thorsen, Follesø, Gotlibovich, WeidmannPlagge, Thorsen, Follesø, Stumm, Weidmann

9

Page 10: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Avslutningskonsert

Etter ouvertyren til «Tryllefløyta» får vi to stykke for strykarar av Johan Svendsen, som døydde for hundre år sidan i år. Etter dette er Berit Norbakken Solset og Ole Edvard Antonsen solistar i Bach sin glade kantate nr. 51, «Jauchzet Gott in allen Landen». I tillegg får vi denne laurdagskvelden nyte kjende og mindre kjende stykke for kor av Brahms og Mendelssohn, saman med festivalkoret og eit orkester samansett av musikarar frå heile regionen.

Kammermusikkfestivalen har fått stor hjelp frå mellom anna musikkstudentar ved høgskulen. Profesjonelle virtuosar inspirerer og vert inspirerte av ei festivalveke saman med lokale born og ungdomar. Festivalen sitt mål er å spreie god kammermusikk og å inspirere unge talent.

LAURDAG 7. MAI KL. 19.00. VOLDA KYRKJE, VOLDA

Mozart: Ouvertyre til «Tryllefløyta»Svendsen: «I fjol gjætt’e gjeitinn» «Alt under himmelens feste»Bach: Kantate nr. 51, «Jauchzet Gott in allen Landen»Brahms: Tre valsar frå «Liebeslieder Walzer»Mendelssohn: Salme 42, «Wie der Hirsch schreit»

Festivalorkesteret

Solistar: Solset, AntonsenPlagge, GrøvlenSolist: Solset, festivalkoret og festivalorkesteret

10

Page 11: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011
Page 12: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Ole Edvard Antonsen (trompet)

Ole Edvard Antonsen har siden han vant viktige internasjonale konkurranser i 1987 og 1989, vært regnet blant verdens fremste trompetister. Han har samarbeidet med flere av vår tids fremste dirigenter, deriblant Mariss Jansons, Kent Nagano og Jiri Belohla-vek, og han har vært solist med en rekke av verdens ledende orkes-tre, bl.a. Berliner Philharmoniker, BBC Symphony og Dresdner Philharmoniker. Antonsen har gjennom hele karrieren også hatt en stor interesse for prosjekter på tvers av musikksjangre, og han har gjort seg bemerket innenfor både pop, rock og jazz.

Annar Follesø (fiolin)

Annar Follesø var i sin barndom elev ved den kommunale mu-sikkskolen i Volda, før han flyttet til Oslo og fortsatte ved Barratt Dues musikkinstitutt. I 1999 ble han den første norske fiolinsolist til å opptre ved festspillene i Salzburg, da han vant fiolinprisen ved det internasjonale sommerakademiet. Follesø regnes blant våre fremste fiolinister, og han har ved turneer og plateinnspil-linger fått glimrende kritikker i inn- og utland. I fjor ga han som solist med Kringkastingsorkestret ut førstegangsinnspillinger av Ole Bulls fiolinkonserter, en plate som fikk strålende kritikker.

12

Page 13: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Yuval Gotlibovich (bratsj)

Yuval Gotlibovich er født i Israel. Han vant en rekke nasjonale og internasjonale priser før han i 2004 vant førstepris i verdens kanskje viktigste konkurranse for bratsjister, Lionel Tertis Com-petition på Isle of Man. Han er i dag meget etterspurt, både som solist og som kammermusiker på festivaler verden over. I årene 2004–08 var han yngste professor ved Indiana University i Bloomington, USA, mens han nå har sine faste undervisnings-aktiviteter ved Escuela Superior de Musica Reina Sofia i Madrid og ved Conservatorio Svizzera Italiana i Lugano.

Christian Hundsnes Grøvlen (klaver)

Christian Hundsnes Grøvlen ble som 13-åring tatt opp i talentklassen Unge Musikere ved Griegakademiet i hjembyen Bergen, som yngste elev noensinne. Han studerer nå ved Norges musikkhøgskole under professor Håvard Gimse og arbeider også parallelt med professor Jiri Hlinka. Som tenåring vant han flere førstepriser i konkurranser både i Norge og USA, og han har gjes-tet flere festivaler, bl.a. Festspillene i Bergen og Nordlysfestivalen i Tromsø. I 2009 var han solist med Bergen Filharmoniske Orkester ved åpningskonserten til festivalen Hardingtonar.

13

Page 14: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Johannes Rostamo (cello)

Johannes Rostamo er en av Nordens ledende unge cellister. Her har studert i Helsinki, Stockholm og Oslo under Heikki Rautakesko Salo, Torleif Thedéen og Truls Mørk, samt deltatt ved internasjonale mesterklasser med blant andre Frans Helmerson, Heinrich Schiff, Tsyoshi Tsutsumi, Erling Blöndal Bengtsson og Jan-Erik Gustafsson. Våren 2006 vant han andrepris og den nasjo-nale radios spesialpris ved Turku Cello Competition, og han vant talentstipendet ved Aurora Chamber Music Festival i Trollhättan.

Wolfgang Plagge (klaver)

Wolfgang Plagge har helt siden sin sensasjonelle debut som 12-åring i 1972 tilhørt toppsjiktet blant norske pianister og komponister, og han har vunnet flere internasjonale priser og utmerkelser både som pianist og komponist. Hans verker frem-føres av orkestre, solister og ensembler over hele verden. Plagge er en populær foredragsholder, og hans brede kunnskaper og uhøytidelige stil har gjort ham flittig benyttet i radio og tv, blant annet i serien «Landeplage» på NRK.

14

Page 15: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Per Kristian Skalstad (fiolin)

Per Kristian Skalstad er utdannet fiolinist fra Norges musikk-høgskole (NMH) og var i en årrekke medlem av den suksessrike Oslo Strykekvartett, som han var med på å stifte i 1991. Han var alternerende konsertmester i Den Norske Opera i årene 1993 til 2005 og er fremdeles medlem av Det Norske Kammerorkester. Skalstad mottok diplom i direksjon ved NMH i 2002, og etter den tid har han gjort rask karriere som dirigent. Han har dirigert samtlige av de profesjonelle norske symfoniorkestrene.

Berit Norbakken Solset (sopran)

Berit Norbakken Solset tilhører eliten blant våre yngre sopraner. Etter studier i Karlsruhe og Oslo vant hun i 2006 Rikskonsertenes prestisjefylte konkurranse INTRO-Klassisk. Hun har vært solist ved en rekke festivaler og med flere av våre fremste orkestre. Hen-nes spesialitet er kirkemusikk, samtidsmusikk og lied, men hun har i de senere år også sunget opera med stor suksess. Solset er ved siden av sin solokarriere fast medlem av Det Norske Solistkor.

15

Page 16: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Marianne Thorsen (fiolin)

Marianne Thorsen har gjennom mer enn to tiår vært regnet blant Norges aller fremste musikere. Etter studier i Trondheim og London begynte hun en internasjonal karriere der hun har vært solist med en rekke fremstående orkestre, bl.a. Philharmonia, BBC Symphony, City of Birmingham Symphony og Stockholms-filharmonikerne, og hun har spilt kammermusikk med flere av vår tids ledende musikere. I tillegg til konsertvirksomheten er hun professor ved Royal Academy of Music i London og ved NTNU i Trondheim.

Jennifer Stumm (bratsj)

Jennifer Stumm er en av sin generasjons fremste bratsjister. Hun vant i 2005 og 2006 førstepriser i tre store internasjonale konkurranser: Primrose, Genève og Concert Artists Guild. Sist-nevnte konkurranse vant hun som første bratsjist i konkurransens seksti år lange historie. Hun er en hyppig gjest ved festivaler og konsertserier i Europa og Nord-Amerika, både som solist og kammermusiker. Hun var i sin tid med og grunnla Aronowitz-ensemblet i London, som ble plukket ut til det prestisjefylte BBC New Generation Scheme og vant Borletti Buitoni-prisen.

16

Page 17: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Kammermusikk tyder musikk framført av nokre få utøvarar, i motsetning til musikk for orkester. Opphavleg vart omgrepet kammermusikk nytta om musikk som vart framført ved hoffa, i motsetning til kyrkjemusikk. Kammerorkesteret og kammer-verka har fått namn etter kor mange musikarar som medverkar, til dømes snakkar ein om duett, trio, kvartett, kvintett, sekstett, septett, oktett og nonett osb. Den mest klassiske forma er stryke-kvartetten med to fiolinar, bratsj og cello. Kammermusikk vert gjerne framført i små og intime lokale. Musikken vert oftast spela utan dirigent og har difor eit solistisk preg. – God festival!

Kva er kammermusikk?Noëlle Weidmann (cello)

Noëlle Weidmann er født i Metz, Frankrike. Som 16-åring ble hun tatt opp som student ved Conservatoire National Supérieur de Musique i Paris under professor Michel Strauss, som siden har vært hennes mentor. I 2007 deltok Weidmann i den interna-sjonale Aldo Parisot-konkurransen i Sør-Korea, der hun kom til finalen. Hun har opptrådt som solist med flere franske orkestre og med Det nordnederlandske orkester, og som kammermusiker ved en rekke festivaler i Frankrike, Nederland og Spania. Hun har samarbeidet med flere komponister, deriblant Sofia Gubaidulina, Philippe Hersant og Thierry Escaich.

17

Page 18: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

FOTO: ANNA MASKAVA

Page 19: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

WWW.KAMMERMUSIKKFESTIVAL.NOBILLETTAR TIL KONSERTANE • OPPDATERT PROGRAM • SISTE NYTT

Page 20: Sunnmøre kammermusikkfestival 2011

Volda kommune