tilrettelagt opplæring røros videregående skule

15
Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule Kva styrer oss i arbeidet?

Upload: zaza

Post on 12-Jan-2016

52 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule. Kva styrer oss i arbeidet?. Elevar vil gjerne lære det som er viktig for dei     . Elevar er flott å ha. Grunntankar om elevfokus. Verdsatt rolle er ei individuelt kjensle. - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Tilrettelagt opplæringRøros videregående skule

Kva styrer oss i arbeidet?

Page 2: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Elevar vil gjerne lære det som er viktig for dei     

Elevar er flott å ha

Page 3: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Grunntankar om elevfokus

Verdsatt rolle er ei individuelt kjensle.

Elevens karriere går føre seg på alle livsarenaer. Derfor må vi alltid søke løysingar tufta på heilskap.

Vi vil finne fram til kva som er best for eleven og gjera alt vi kan for å nå desse måla.

Eleven sitt potensiale og lærelyst kan ikkje ”aktiverast” utan at kvardagane i hovudsak inneheld positive og gode opplevingar knytt til opplæringa og møtet med medelevar og personell.

Vi skal ha tru på eigne tiltak, men alltid vera audmjuke for om vi har rett, eller noko kan gjerast betre.

Page 4: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Grunnpilarar i tilretteleggingsarbeid 

Å vera saman med eleven

Å jobbe saman med andre

Kontinuitet og planmessighet i arbeidet

Dei som arbeider saman må vera tilstades samtidig, tilgjengeleg for samhandling og samarbeid

Faglege diskusjonar kvar dag

Samhandling og relasjonsbygging er alltid viktig og bør prioriterast

Alle må høyre til i eit felleskap med andre

Enkeltpersonarr skal sjåast og høyrast

Vi må sjå langt framover

Målsettingar skal styre arbeidet vårt

Evaluering må nyttast i arbeidet

Page 5: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Rammer i arbeidet”Ryggsekken vår”

• Økonomi

• Kompetanse

• Samarbeidstid

• Gode opplæringsarenaer og læremiddel

• Gode nettverk

• Organisering

• Gode relasjonar

Page 6: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Viktige grep

organisatoriske

Dei som arbeider saman er eit definert samarbeidssystem og må møtast dagleg.

Tiltak skal alltid ha meir enn ein ansvarleg.

Vi har eit system med primær- og sekundærkontakt til kvar elev.

Kvar gruppe har sitt eige rom (Base)

Dersom ikkje anna er avtala startar dagen alltid på basen med ”klargjering” av dagens planer.

Page 7: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Basen 

Basen er Samarbeidsforumet vårt

Samarbeidstid må vera fast kvar dag

Samarbeidstid skjer i prinsippet på same stad kvar gong (Basen).Der veit alle at dei finn oss.

Dersom dei som arbeider saman skal bruke samarbeidstida til andreoppgåver, eller vera borte, skal dei avklare dette med fellesforumet.

Oppgåver avtalt i fellesforumet er styrande for oss

Informasjon skal skje til fellesforumet

Mål og tiltak skal drøftast i fellesforum.

Vi må ha daglege diskusjonar om fag.

Page 8: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

MorgonmøtePlanlegge dagen (Justere)Møte enkeltelevar/gruppe

Page 9: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

EttermiddagsmøteOppsummere dagen Fagleg drøfting av dagens problematikkPlanlegging av neste dagOrganisering

Page 10: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

AvdelingsmøteFelles faglig forum for avdelingaFelles organisatoriske spørsmål 

Page 11: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

FAGMØTEFaglege drøftingarKvar veke

Page 12: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

 Fagleg utviklingoppnår vi gjennomArbeid med elevarPraktisk tilrettelegging.Teoretisk tilnærming gjennom fagstoff KursSeminarKollegarettleiingSamarbeid med andre fagfolk coauching

Page 13: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Felles ansvar/ felles løysing er alfa og omega i styring av pedagogisk verksemnd. Dersom det er noko vi vil, eller vil sjekke ut. -Sjå fyrst mulighetane, så kan vi finne vanskane og hindringane  List opp hinder vi kan vente åtreffe på, før saksbehandling tek til.(Klargjer eigen konservatisme) LYTT !!!! SEI MEININGA DI!!!!!!VIS AT DU VIL ALLE VEL!!! Leiing er å føre ”skuta” tilløysing, ikkje å få andre til å ville det du vil!  Gå aldri ut over økonomiske rammer. Det er å stjele andre sine pengar.

Page 14: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Tilrettelagt opplæringLæring er i litteraturen definert svært forskjellig. Gunn Imsen fremmar synet om at læring er ein prosess som går føre seg kognitivt, erfaringsmessig og med atferdsmessige konsekvensar for personen.

Hilgard og Atkinson 1967 definerar læring slik: ”Læring er ein relativt permanent atferdsforandring som oppstår som grunnlag av erfaring.”

Imsen seier: ”Læring er ein tilvekst i personens kompetanse.” Årsaken til atferdsendring eller personlighetsendring skyldes øvelse eller erfaring og ikke arvelige faktorer eller midlertidige tilstander som skyldes for eksempel rusmidler.”

Kva dette har å seie for tilrettelagt opplæring har vi gjort eit forsøk på å gje nokre hovudpunkt slik at vi kan grunngje valga våre av tiltak og opplæringsmål

Page 15: Tilrettelagt opplæring Røros videregående skule

Verdsetting og verdsatte rollarVerdsetting har noko med likevekt å gjera. Enda meir presis har det med likeverd å gjera. Men verdsetting er ikkje det same som likeverd fordi verdsetting i prinsippet kan vera ein situasjon eller rolle der ein person eller gruppe sin verdi kan gå utover, eller redusere verdsettinga til andre. Likeverd gjer ikkje det. Ein kan tenke seg ein verdsettingsskala der maksimal verdsetting er øvst og nedverdigelse står på botnen av skalaen. I denne oppgåva nevner eg hovudsakeleg verdsetting som knytter seg til sosiale relasjonar. Det fører oss inn i begrepet Verdsatt sosial rolle. (K.Kristiansen: Normalisering og verdsetting av sosial rolle s. 91). Wolfenberger tok opp bruken av ordet "valorization" i stadenfor normalisering. Dette sette straks meir presise tydingar på kva ein snakka om i høve til likeverd.

Med ei heilt klar forankring i sosialt samspel og beskrivelse av verdighet i høve til andre menneske får begrepet ei meining som kan nyttast for å beskrive kva som skjer i jakta på suksess og verdi i høve til andre. Vi snakkar om drivkrafta og ønskje om å bli sett opp til, sett pris på og verdsatt. Kristiana Kristiansen stiller i same bok opp motpolen til verdsetting. Ho kallar det "sosial devaluering", ein tilstand der ein person eller gruppe er nedskrive/redusert i verdi i høve til andre. Ser ein no på skalaen kan ein teikne denne slik:

 Det ligg ein grunleggande motivasjonen i mennesket til å jakte etter verdsetting eller etter ønskje om å bli verdsatt av andre personar eller grupper som har betydning for oss. Vi lever i eit evig spenningsfelt der vi arbeider for å koma så nær inn i verdsatte sosiale rollar som råd. Held vi fast ved at sosial devaluering betyr å bli "nedskrive"/redusert i høve til andre er dette ein risikosituasjon for ein person eller grupper. Fyrst og fremst fordi det er stor fare for mental slitasje og redusert sjølvbilde, samt at vi veit at ein person i ein sosialt devaluert situasjon og under nedverdigande stress ikkje vil yte det han er god for. Han vil også vera generelt redd for å misslykkast. Dette fører til meir reduksjon både av personen sin sosiale verdi og hans eiga kjensle av verdsetting. "Eit samfunn som ser opp til mestring, dugleik, sjølvstende og produktivitet utsett t.d. menneske som har vanskar med å lære å meistra ting, eller som er avhengig av andre på ulike måtar, for devalueringsfare." (K. Kristiansen s. 46)

Modellæring etter forbilde/dei ein ser opp til (Kristiansen s. 128) har etter mi meining enorm betydning i fagopplæring der den gode og sosialt verdsatte fagarbeidaren vil vera eit tydeleg forbilde for kandidaten. Utan at verdsettinga er tydeleg vil også forbilde/modelleffekten svekkast. Dette fører ikkje berre til at modellæringseffekten svekkast, men vil og føre til at ein finn seg forbilde/modell som står for anna enn den gode fagarbeidar. Det kan t.d. vera fagarbeidarar som svik, snakkar nedsettande om kunder og kollegaer, juksar med arbeidet av makeleghetsgrunnar o.s.b.

Gjennom samtalane med transportfaggjengen min trer det heilt klart fram kor avhengige vi er av dei gode modellane, både i opplæring og, ikkje minst, i det daglege virket vårt.

Modellæring som prosess er pedagogisk viktig og utfordrar praksisen vår. Vi lærer alltid av samspel med andre, også det vi ikkje burde lært. Modellane finn vi oppover i det personen ser som sitt verdsettingshierarki.

Imitering av uønska atferd er også rekna som kritisk i høve til personen sin verdsatte rolle. Plagar ein andre med uønska atferd, vil ein raskt bli sosialt devaluert. (Imsen: Elevens verden s. 333)