trallfa robot tr 2000 - jærmuseet · 2017-09-02 · i 2002 fekk jærmuseet fire trallfarobotar:...

10

Upload: others

Post on 26-Apr-2020

4 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000
Page 2: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

Trallfa Robot hadde i 1985 50% av verdensmarkedetfor lakkeringsrobotar. I 1985 – 89 blei bedrifta selt til industrikonsernet ABB. I dag blir det framleis lagaavanserte lakkeringsrobotar på Bryne av firmaet ABBAS Robotics. Dei er den leiande produsenten avlakkeringsrobotsystem i verdsmålestokk. Kundane erbilindustrien og vareproduserande industri generelt.Salget er 100 % eksport.

I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000,

TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000og manipulatoren på OM 5000. Den siste er ein Geco-robot frå USA, laga av Ole Molaug. I studiemagasineti Jærmuseet Kvia stiller me ut den første serieprodu-serte roboten frå trallefabrikken Trallfa på Bryne, TR2000. Roboten blei selt i 1969 til den svenske bade-karprodusenten Gustavsberg, og i dei neste tjue åra fekktusenvis av badekar nokre strøk lakk av dette «maskin-mennesket» som blei kalla «Ole» etter opphavmannen,Ole Molaug.

I det følgjande lar me historikar Lars Gaute Jøssangfortelja historien om denne første lakkeringsroboten.Teksten er henta frå boka «Industrieventyret på Jæren1800–2000» som kom på Samlaget i 2004.

I vitensenteret på Jærmuseet Kvia finn du robotar både blant eksperimenta og i studiemagasinet. Kva ergrunnen til at eit museum med fokus på jordbruk og jærsk reiskapsindustri set søkelyset på roboten?

Årsaka ligg i vår nære historie, nærare bestemt 1960-talet. Då hadde Trallfa, ein liten reiskapsprodusentpå Bryne, problem med å rekruttera folk som ville lakkera trillebårer. Dei søkte å løysa det gjennom åautomatisera arbeidet. Dei ga denne oppgåva til rett mann – den unge ingeniøren Ole Molaug. Resultatetvar at Trallfa skreiv seg inn i den internasjonale industrihistoria fordi dei i 1966 hadde utvikla verdas førstehydrauliske lakkeringsrobot. Dette var bare fem år etter at Unimate, utvikla av Joseph Engelberger, bleilansert som den aller første industriroboten i verda. Alle desse første industrirobotane var hydrauliske.

117

FRÅ JÆRMUSEET SINE SAMLINGAR

Trallfa robot TR 2000Roboten er produsert av Trallefabrikken, Bryne i 1969

LARS GAUTE JØSSANG

Jærmuseet sin Trallfa TR 2000 robot består av manipulator t.v. ogstyreskap t.h. På manipulatoren ser ein handtaket som blir nytta nårroboten skal programmerast. Då blir programmet lest inn på eitlydband bak vinduet i styreskapet. Foto: Jærmuseet.

Page 3: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

Teknisk talent frå Frafjord Ole Molaug (1931– ) voks opp i Frafjord, «mellomhøgfjell og fjord», i det indre av Gjesdal. Her levde folkflest av jorda, fjellet og sjøen. Men enkelte, som far tilOle, levde av ein trevarefabrikk. Dei tidvis mange ar-beidarane laga alt frå møbler til kyrkjeutsmykkingar.Alt i 1911 sveiv eit lokalt kraftverk. Det gav straum,noko som bana veg for lys, elmotorar, kraftoverføring-system og dreiemaskinar. Tidlegare enn dei fleste skaffafaren seg også bil.

Om Ole ikkje akkurat voks opp i sponhaugen, varhan mykje i verkstaden. Der stirra han tidt og ofte påmaskineriet og blei teken av det han såg. Læraren tyktedet blei reint for mykje av det gode og spita han medat hovudet var fullt av flis. Det han ikkje visste var atOle sleit med dysleksi. Gjorde han lite av seg på sku-len, putla han med både det eine og det andre på fri-tida. Til det meir avanserte høyrde så avgjort den fjern-styrde flybåten han bygde. Den brukte han på fjordenvinterstid, og med full speed, greidde doningen 70 kmi timen. Han røpa tekniske gjevnader i unge år. Einonkel var sivilingeniør, og Ole fekk hug å gå samevegen. Men så var det denne dysleksien då… Han søktelikevel på «Teknikken» i Stavanger, og kom inn på dentoårige «motor, auto og flymotorteknikk»-linja. Hantreivst og greidde seg godt. Den nyutdanna ingeniørenflytta heim til Frafjord og begynte på fabrikken. Detblei ikkje berre arbeid. Han såg, tenkte og fundertemykje på korleis produksjonsprosessane i fabrikkenkunne forenklast og rasjonaliserast. Det gjekk så langtat eit automasjonskonsept tok til å formast. Men for å

koma vidare trong han nye impulsar og flytta til indus-tribyen Sandnes i 1958.

Ole fekk jobb på Sandnes Aducerverk, som på dettidspunktet var ei ung og ekspansiv bedrift. Det varskipsreiar Fredrik Odfjell i Bergen og skipsinspektørCarl Anda, og altså ingen jærgründarar, som fekk snø-ballen til å rulla under krigen. Av ein eller annan grunnblei Sandnes blinka ut, og i 1944 starta AS Industri-tomter opp i leigde lokale hjå Sandnes Støperi. Dei alli-erte seg med Ivar Mathisen, støyperisjef ved AS Jøtul,og fekk han vestover. På det tidspunktet var det alt kjøpttomt på Hana, og i 1947 kunne produksjonen flyttastover i den nye fabrikken.

Sandnes Aducerverk gjekk godt. Årsproduksjonenvar stipulert til 1000, men låg i 1959 på 3000 tonn i

118

Ole Molaug. Foto: Privat foto.

Page 4: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

året. Arbeidsstokken var på heile 400 mann. Til dettekom avdelingane i Larvik og Oslo med 250 og 75 mann.I den over 200 måls store tomta som blei kjøpt på 1960-talet låg det også mykje framtidsoptimisme innbakt.

Som jernkvalitet plasserer aducergods seg mellomsmijernet og støypejernet. Medan det smidde er flek-sibelt, er det støypte bunde og låst til forma si. Gren-sene er likevel ikkje absolutte. Gjennom ein spesiellvarmebehandlingsprosess mjuknar støypejernet, blir«aducert» og mykje føyelegare. Aducerverket lagasmåting til syklar, maskinar, elektriske installasjonar,beslag til vindaugo og dører. Arbeidsstokken fordelteseg på ulike mekaniske verkstader, på støyperiet medalle sine støtteavdelingar og på det merkantile avsnit-tet. «Engineeringen», konstruksjons- og teiknekontor-kontoret, var også eit viktig avsnitt. Det breie pro-duktspekteret kravde metallurgisk kompetanse oglaboratorieteknisk innsikt. Med sin komponentpro-duksjon blei Aducerverket viktig for reiskapsfabrik-kane på Jæren. Også sykkelfabrikken til Øglend nautgodt av den nye bedrifta. Heimemarknaden var viktig,men Aducerverket eksporterte også ein del til dei nor-diske landa, England, Frankrike og Amerika.

På Sandnes Aducerverk begynte Ole Molaug somautomasjons- og rasjonaliseringsingeniør. Etter berrenokre månader kom han i kontakt med ein mann i BIASsom var på besøk. Han tilskunda Ole om å søkja påarbeidsstipend som Noregs Naturvitskaplege For-skingsråd hadde lyst ut. Søknaden gjekk inn, ingeniø-ren frå Frafjord gjorde bergensar av seg og begynte iBIAS. Han var innom fleire bedrifter med råd, rett-

leiing og praktisk hjelp. Av og til hadde han også opp-drag på Jæren, og fekk med det ei viss føling med detsom rørde seg her. I 1962 var ei ingeniørstilling ledigi Jæren Automasjonsselskap. Ole søkte, fekk jobbenog flytta til Bryne. Eit av dei fyrste oppdraga var forSerigstad. Utfordringa bestod i å automatiserasandfordelingssystemet i støyperiet. Resultatet blei detfyrste transistorstyrde anlegget på Jæren. Så var det eitav desse slumpetreffa… Ein dag sat han og las i eitamerikansk tidsskrift. Så fall augo på ein artikkel omindustrirobotar. Det slo han straks at det måtte veranoko for Jæren Automasjonsselskap og jærindustrien.Samstundes måtte utviklingsoppgåver av denne typenfellast inn i ein konkret fabrikkontekst for å ha nokofor seg. Dei ville også krevja fleire ressursar. Spørs-målet var då om nokre av medlemsbedriftene villestrekka seg så langt.

Flaskehals i trillebåreproduksjonenNils Underhaug (1915– ) var Nærbø-bu og son tilMartha og F. A. Underhaug. Om han ikkje var fødd i fabrikken, vanka han mykje der. Noko var pålagdarbeid av faren, og ein del fann han på sjølv.

Fabrikkeigar F. A. Underhaug hadde mange arvingar.Dei fleste – Aksel, Gabriel, Henrik og Sigrid – bleiverande og fekk framskotne posisjonar i føretaket tilfaren. Nils kunne vel også ha fått det, om han haddevilja. Når han valde annleis, kan det usunne i at fleiresysken gjekk og trødde opp i kvarandre ha lege bak.Samstundes hadde han slik hug til å begynna for segsjølv med noko, men kva? Fabrikken hadde eigentleg

119

Page 5: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

to avdelingar, ei for jordbruk og ei for transport. Brørnesåg kva pilementa han var i, og etter å ha tenkt seg grun-dig om, kom dei med dette tilbodet: «Du kan få overtatrallene. Vi har mer enn nok med landbruksredska-pene». Han blei budd heile tralleproduksjonen og tokimot med opne armar. Den femnde om tohjuls sekke-og pakkhustraller, dragkjerrer, handvogner, traller ogtrillebårer. Med på kjøpet var også heile ordrebunka,teikningar, katalogmateriale m.m. På pengesida fekk10.000 kr av fabrikkbuet, ein kassakredittgaranti i Jæ-ren privatbank på 50.000 kr. Tralleagenten i Oslo varogså ein del av denne pakken. Til dette kom ein eigen-kapital på 10.000 kr og ein verktøykasse. I røynda fekkNils ein heil fabrikk i fanget.

«Trallefabrikken Nils Underhaug, Bryne» fekkoverta dei gamle låveliknande støyperilokala til Serig-

stad. Standarden var ikkje akkurat topp. Leirgolvet ogdet ringe taket trekte ned, likeeins den kleine isoleringa.Om vinteren blei det hutre, endå om den store rund-ovnen glødde. Når kulden var på det striaste, trongarbeidarane to par av den gamle underbuksetypen. Mendet blei snart ei betring. «Låven» brann ned i 1942, ogeit nytt murbygg kom i staden. I 1945 kjøpte Nils Under-haug eit myrlendt tomt i utkanten av Bryne. Planar forny fabrikk blei laga, likeeins ein større «generalplan»for område. Den kom vel med når det seinare blei aktu-elt med utvidingar.

Satsingsområdet til Nils Underhaug var «ikkemoto-risert transportutstyr» i omtrent alle fasongar og utgå-ver. Som andre næringsdrivande sleit også han med åfå tak i materialar etter krigen. For å få det til å gå måttehan ta det som baud seg. Så då han kom over eit lager

120

Modell av firehjulsvogn frå Trallfa. Det er ikkje vanskeleg å sjå at utgangspunktet har vore ei feltseng. Foto: Jærmuseet.

Page 6: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

av gamle tyske feltsenger, slo han til. Dei rektangulærejernrammene kunne fyllast med fjøler, setjast på hjulog få skyve- og trekkbom på. Trillebårer hadde voreein del av porteføljen frå starten av. Men dei fyrste 12åra var det berre snakk om små seriar med til dels dår-leg utstyr. Platene blei rissa opp og klypte, bukka ogsveisa med handemakt. Beslag blei kappa i ei maskin-driven saks. Boringa føregjekk også manuelt. Meddenne enkle verkstadteknologien tok det sju timar ålaga ei trillebåre. Det var mykje, særleg i høve til andreprodusentar. Rykta gjekk om eit svensk firma som berretrong ein god time på ei båre. Ein kvapp av slikt. Varavstanden så stor? Nervøs og spent la ein trillebårede-legasjon i veg til nabolandet, fekk syn for segn og reistetankefulle heim.

Ut av turen og synfaringane kom ein femårsplan medei klinkande klar målsetjing: «Trillebårene skulle blivår spesialitet». Ambisjonen var å bli leiande på feltet,korkje meir eller mindre. Det kravde trillebårer somfolk ville ha, eit effektivt produksjonsopplegg og helststore seriar. Frametter blei det mange timar ved teik-nebordet. Kring 20 ulike trillebårer blei laga. Etter eininngåande siktingsprosess sat ein att med ei handfull.Neste steg var å rusta opp og straumlinjeforma fab-rikken. Det kravde pengar ut over det bedrifta haddepå bok. Å gå til banken var nærliggande. Men det fanstogså andre finansieringskjelder å trekka på, som detstatlege Industrifondet. Søknaden om investerings-støtte møtte velvilje, og for denne kapitalen kjøpte Tral-lefabrikken ein automatisk punktsveisemaskin, ei storgradsaks og hydrolikk til den heimelaga knekkpressa.

Den nye hjelpemidla fekk fart på produksjonen. Detstore forspranget som svenskane hadde, blei dramatiskredusert. Når kostnaden pr. produsert eining fall, kunneogså utsalsprisen senkast. Billegare trillebårer stimu-lerte i neste omgang etterspurnaden. Det låg også pen-gar i å fri til ulike kundegrupper, noko «Folkebåren»,«Selvbyggerbåren», «Landbruksbåren», «Betongbå-ren» røper eit vake blikk for. Satsinga på effektiv ograsjonell trillebåreproduksjon med vekt på nokre ho-vudtypar slo an. Fabrikken fekk det travelt utover på1950-talet, og på slutten av tiåret sysselsette verksemdanærare 60 mann. Omsetninga auka år for år. Den godeinnteninga bana ikkje berre veg for vidare ekspansjoninnan transportsegmentet, men også for teknologis-prang i heilt andre retningar. Når det galdt trillebåre-

121

Den første roboten til Trallfa ble brukt i eigen produksjon frå 1966.Reklame frå bedrifta.

Page 7: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

122

Page 8: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

produksjonen, hadde den alt blitt mykje rasjonalisert.Men framleis var det ein del sekvensar som hang etter.Det galdt særleg den tungvinde og helsefarlege lakke-ringa.

Trallfa-roboten blir tilRobotideen svirra i lufta, eit FoU-miljø var i funksjonog ein fabrikk hadde ei konkret utfordring. Dermed varføresetnadene til stades for å laga ei innretning som vedhjelp av bestemte programmerings- og styringssystemkunne ta over og utføra arbeid som menneske tidlegarehadde gjort. Automasjonselskapet og Trallefabrikkenblei kopla og eit løp staka ut. Problemet var berre atein hadde lite av relevant erfaring og kunnskap å støseg til. Det Ole Molaug hadde røynt av ulike automa-sjonsteknikkar representerte likevel ei plattform somdet var råd å prøva og feila ut frå. Den fyrste juli i 1964hadde han klar eit framlegg til korleis roboten skullebyggast opp og arbeida. Det overtydde Nils, og der-med starta prosjektet for alvor.

Ole blei prosjektleiar. Med seg fekk han SverreBergene, mekanikar i Trallefabrikken, og Harald Mos-sige, elektrikar og tilsett i Jæren Automasjonsselskap.Det fyrste dei gjorde var å konstruera eit servosystemsom kunne repetera rørsler. Så laga dei eit system i fireledd med innbyrdes koordinering. Då var grunnstruk-turen så å seia på plass. Å få dei ulike delsystema til åbli eit integrert robotsystem var likevel ikkje gjort i ei

handvending. Arbeidet tok mykje lengre tid enn reknamed. Det blei lange dagar og seine kveldar. I kritiskefasar måtte dei også ta store deler av natta til hjelp. Detkosta flesk. Utgiftene i dei innleiande rundane tokautomasjonsselskapet. Men då FoU-arbeidet kom inni fastare former, måtte Trallefabrikken bla opp. Utanvelvillig støtte/lån frå Statens Utviklingsfond på300.000 kr hadde nok heile prosjektet stranda. «Når eg fysst har sett meg någe i håve, gjer eg isje opp føratte eg ser at det isje kan gå.» Trass i vonbrot og tilbake-slag så gjekk det framover. Og etter to år kunne gruppa

123

Bilde til venstre: Lakkering av badekar på Gustavsberg med Trallfarobot. Foto utlånt frå ABB Robotics.

Trillbår for liten – og trillebår for stor. Reklame frå Trallfa i 1974.

Page 9: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

presentera for oppdragsgjevaren noko som minna omein robot.

Den fyrste offisielle framsyninga var på jærdagen i1966. «Ole» var plassert framføre eit teiknebrett, ogmed skjelvande hand, rissa han opp store andlet medtusjpenn.

«Med sin ene arm kan Ole agere menneske. Den har’skulderledd’, ’albueledd’, ’muskler’og energi-depot.Nerver fins også, og så er Ole utstyrt med en hjerne såstor som et vanlig klesskap. Blink i øyet forteller om atblodtrykket er i orden, om arbeidsviljen er til stede ogom han føler seg opplagt og i form. Han har bevege-lige ledd, hydrauliske sylindre, hydrauliske oljeaggre-gat, servo-styringer, kontrollamper og et komplisertelektro-teknisk utstyr som står over alt dette».

I teknisk forstand var roboten ein elektrisk styrt ma-nipulator – «med en hjerne som mottar ordre fra etarbeidsprogram som er opptatt på lydbånd, og som av-spilles ved hjelp av en båndspiller. Roboten læres oppved at de nødvendige bevegelser med lakkerings-pistolen utføres manuelt en gang for hvert enkelt opp-drag, bevegelsene gir impulser til magnetbåndet, ogunder avspillinga overføres båndet sitt program til elek-triske impulser i hjernen, som igjen styrer roboten.»

At «Ole» samla mange forvitne tilskodarar rundt seg,er ikkje å undrast på. Ein slik jernmann hadde ingen påJæren sett før. Utgangspunktet hadde nettopp vore rørs-lene til ein vanleg lakkeringsmann. Ved hjelp av uliketeknologiar hadde dei blitt registerte og omsette til eitteknisk språk som jernmannen forstod og retta seg etter.

Trass i suksessen blei det fort klart at «Ole» ikkje

endå kunne løysa lakkeringsoppgåvene på Trallfa. Fin-teknologien måtte utviklast ei stund til. Det endelegegjennombrotet kom ikkje før i februar 1967. «Det skullevise seg at nå gikk det virkelig for alvor. Roboten arbei-det dag etter dag, og dager ble til uker og måneder.»Dette slo ut i ei monaleg produktivitetsforbetring i lak-keringa, og bemanninga kunne skjerast ned frå fem tiltre mann. Forutan at lakkeringa blei betre, gjekk ogsåmindre lakk til spille.

I utgangspunktet hadde det berre vore meininga åutvikla ein lakkeringsrobot berre til eige bruk. Etter atein hadde kome i mål var det openbert at andre bedrif-ter også kunne ha nytte av «Ole» og seinare avkom.Kommersialisering av roboten kravde meir midlar. Eitlån på 350.000 kr frå Industrifondet sikra det økono-miske fundamentet for å gå vidare.

I januar 1969 blei det starta produksjon av ein 0-serie på seks robotar. Den fyrste av desse blei plasserti lakkeringavdelinga på Trallefabrikken til utprøving.Mot slutten av året, nærare bestemt 29. oktober, skreivbedrifta robotkontrakt med Gustavsberg Fabriker i Sve-rige. Målet var å robotisera emaljeringa av badekara.Bestillinga var ei storhending. Avtalen viste at «Ole»hadde vunne tiltru i industrien. Salet representerte ogsåeit internasjonalt gjennombrot.

Same hausten blei produksjonen av TR-2000 sett isystem. Kristian Aareskjold blei leiar, Ole Molaugutviklingssjef og Gunnar Kluge «elektrosjef» i den nyerobotavdelinga. Trallfaroboten var det interesse for.Rundt midten av 1970-talet, hadde over 200 lakke-ringsrobotar blitt selde, for det meste til utlandet. Då

124

Page 10: Trallfa robot TR 2000 - Jærmuseet · 2017-09-02 · I 2002 fekk Jærmuseet fire Trallfarobotar: TR 2000, TR 3000 med CRC, TR 3000 med RPS og TR 4000 og manipulatoren på OM 5000

hadde også den nye robotfabrikken i Vardheia (Bryne)blitt teken i bruk. I tillegg hadde ein ny robotgenera-sjon, TR-3000, blitt lansert. Alt i 1972 blei det inngåttein distribusjonsavtale med det amerikanske selskapetDeVillbiss Co. Året etter blei det skrive kontrakt med

Kobe Steel Ltd. i Japan om lisensproduksjon. I 1980fekk DeVillbiss Co også løyve til det. Den jærskelakkeringsroboten var i ferd med å erobra verda, sals-tal, noko prisar og utmerkingar stadfesta.

125