vik kommune 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. sørover til voss...

44
- Alle gode ting er fem: Vik, Vangsnes, Arnafjorden, Feios, Fresvik VIK KOMMUNE 2016

Upload: others

Post on 30-Dec-2019

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

- Alle gode ting er fem:Vik, Vangsnes, Arnafjorden, Feios, Fresvik

VIK KOMMUNE 2016

Page 2: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Kommunane i Sogn regionråd har gjennomført ei felles ut-greiing som skal gje kommuna-ne eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med andre kommunar i Sogn. Telemarksforsking har gjen-nomført utgreiinga, og ferdig rapport vart offentleggjort i oktober 2015.

I tillegg til prosessen i Sogn er Vik også med på ein parallell prosess i lag med kommunane Voss og Aurland. Også i denne prosessen er Telemarksforsking engasjert til å greia ut saka. Den vidare prosessen er lagt

opp for at kommunane seinast innan 1.7.2016 skal ta stilling til val av alternativ.I arbeidet med kommunerefor-ma fram til no har ein freista å drøfta seg fram til kva som er utfordringsbilete for Vik kom-mune. Dette har ein gjort ved å ta utgangspunkt i kommunen sine 4 hovudoppgåver:

• Kommunen som tenestey-tar.

• Kommunen som forvalt-ningsorgan og utøving av mynde.

• Kommunen som samfunns-utviklar.

• Kommunen som demokra-tisk arena.

Det er semje om at det er særskilt i rolla som samfunnsut-viklar at ein vil møta dei største utfordringane framover dersom ein vel å stå åleine. Vik ligg vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på våren (april/mai). Nordover inn i eige fylke er ein avhengig av ferje, som framleis ikkje har nattavgangar (mellom 24.00 og 05.30). Vik er ikkje del av eit større bu og ar-beidsområde sjølv om ein del pendlar til Leikanger/Sogndal. Dei fl este er nok samde om at alternativet med samarbeid sørover i lag med Voss og evt.

andre kommunar har det stør-ste potensialet, men då er ein avhengig av sikkert heilårssam-band. Sjølv om det er god von om at tunnel under Vikafjellet vil bli realisert , ligg den med gjeldande planstatus meir enn 10 år fram i tid.

Kommunestyret har no avgjort at ein skal arbeida vidare med begge alternativa. I møte den 26.11.2015 vart det gjort slikt vedtak:

«Vik kommune seier ja til å delta i forhandlingar om inten-sjonsavtale for ny kommune for desse alternativa:

1. Ein kommune bygd på eit framtidig felles bu- og arbeidsområde for kommu-nane Aurland, Vik og Voss.

Framsidefoto: Vik: Turid Haga Vange – Arnafjorden: Liv Engan – Vangsnes: Karen Weichert – Feios: Liv Engan – Fresvik: Liv EnganRedaktør Vinteravisa 2016: Arne Inge SæbøUtgjevar: Vik kommune

Sjølv om ein har levd meste-parten av livet i Vik og trur ein veit det meste om kommunen, er erfaringa for eigen del, at det er mangt som går «under radaren». For å få betre kunn-skap om det som rører seg er Vinteravisa eit lettfatteleg og greitt hjelpemiddel som når ut til alle. Endå viktigare er avisa som kunnskapskjelde for nye innbyggjarar.For det er mangt og mykje som skjer blant anna i det svært varierte næringslivet, i dei mange frivillige organisa-sjonane og i kommunal regi i Vik. Ein heil del av dette kan du lesa om i avisa. Verden forandrar seg heile tida og me må hengja med dersom

det ikkje skal gå galne vegen. Forandra for å bevara er eit stikkord. Me spela på alle dei strengene me har og då må me vita om dei. Kunsten er å sam-eina kreftene, hjelpa kvarandre fram og trekkja i same retning. Det er dei mange små skritta som til saman kan gje ei positiv utvikling. Me må vera open for det meste av nyskaping. VELKOMMEN TIL VIK er eit tilfl yttarprosjekt som er sett i verk for å snu den negative folketalsutviklinga i kommu-nen. Ein god del andre tiltak i kommunal regi er og innretta med dette for auga. Me er heilt avhengige av tilfl ytting og tilbakefl ytting i dei rette aldersgruppene dersom me

skal stabilisere og helst auke folketalet. Dette arbeidet må me lukkast med skal me oppretthalda dei tilboda me har i dag. Innvandring frå i hovudsak Polen har bidrege til å bremsa nedgangen i folketal dei siste åra. I tillegg til å hjel-pa menneske som treng det, vil og busetjing av fl yktningar trekkja i same lei. Mykje god frivillig innsats er viktig også på dette feltet.Ikkje alt kan få plass i ei avis, men årlege utgåver av Vin-ter- og Sommaravisa vil syna ulike sider ved kommunen. Les avisene grundig, ikkje hiv dei, men ta dei fram att dersom du lurer på noko.Til slutt vil eg takka alle som

har bidrege og gjort det muleg å gje ut avisa.

God lesnad.

Olav TurvollOrdførar

Kommunereforma

Finn ut meir om kommunen din

2 VINTERAVIS 2016

Page 3: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

2. Ein storkommune i Sogn som omfattar kommunane i Sogn regionråd med unn-tak for Høyanger.

3. Eit evt. anna alternativ som måtte bli aktuelt i Sogn.

Forhandlingsutvalet skal vera samansett av ordførar, varaord-førar og ein frå opposisjonen. Tillitsvald blir representert med ein representant med talerett. Rådmannen deltek som sekre-tær. Samansetjinga av forhand-lingsutvalet skal vurderast på nytt dersom andre kommunar set saman sine forhandlings-utval på annan måte enn det som no blir vedteke. Frist for å forhandla fram intensjonsav-talane for alle alternativa blir tilpassa det som blir bestemt i Sogn regionråd.Etter at intensjonsavtalane er framforhandla, skal det gjen-nomførast folkerøysting. Resul-tatet av folkerøystinga skal vera

rådgjevande for kommunesty-ret når det skal gjerast endeleg vedtak i saka.Kommunestyret vil be om at forhandlingsutvalet går inn i forhandlingane med det som utgangspunkt at det fram-leis skal vera arbeidsplassar i alle kommunehusa, og at dei administrative funksjonane bør sikrast gjennom ei funk-sjonsfordeling. Aktiviteten på dette området i Vik skal stimulerast gjennom å vera eit lokalt knutepunkt ved bruk av servicetorg, desentraliserte kommunehusfunksjonar og plassering av publikumsretta tenester som det er naturleg ligg desentralt.»

Kommunestyret skal seinast 1.7.2016 gjera endeleg vedtak i høve til ny kommunestruktur. Saka går etter det til Fylkes-mannen som skal gi si tilråding til Kommunal og regionalde-

partementet i løpet av hausten 2016. Stortinget handsamar ny kommunestruktur i vårsesjon 2017. Evt. ny kommunestruktur vil gjelda frå 1.1.2020.

Oddbjørn Ese-rådmann-

I skrivande stund står me midt i budsjett- og økonomiplanar-beidet for 2016 – 2019. Sidan 2007/2008 har svært mykje av budsjett- og økonomiplan-arbeidet vore konsentrert om å handtera det akkumulerte underskotet etter Terrasaka. Det oppsamla underskotet var på sitt største pr. 31.12.2008 då underskotet var på kr 112,9 mill. Pr. 31.12.2014 var under-skotet redusert til kr 36 mill. I juni 2015 vart det inngått forlik med DNB Bank ASA. For Vik kommune sin del gjorde dette at ei samla gjeld til DNB på kr 152,5 mill., vart redusert til kr 95,8 mill. Forliket med DNB Bank ASA har såleis endra den økonomiske situasjonen radikalt for Vik kommune. Frå å ha eit attståande oppsamla underskot ved inngangen til 2015 på kr 36 mill., har me no ei forventa fondsavsetjing pr.

31.12.2015 på vel kr 26 mill. Dette har gjort at utgangs-punktet for budsjett- og øko-nomiplanarbeidet for 2016 – 2019 har vore vesentleg endra. I tillegg til utviklinga i Terra-saka, har me hausten 2015 særskilt hatt fokus på utvik-linga i andre inntekter. Negativ folketalsutvikling gjer at staten sine rammeoverføringar blir reduserte. Dramatisk lågare kraftprisar verkar også negativt inn på kommunen sine samla inntekter. Samla gjer dette at me også ved budsjettrulleringa i haust har hatt utfordringar. Tronge økonomiske tider dei siste åra har i særskilt grad gått ut over vedlikehaldet av kom-munale bygg og eigedomar. Investeringsbudsjettet har også vore redusert til eit minimum. Dette viser no att i økono-miplanen. Det er lagt opp til ekstraordinært vedlikehald dei

to komande åra på samla kr 5 mill. Fellesrådet får ei tilleggs-løyving på kr 1 mill. til ekstraor-dinært vedlikehald av kyrkjene. Midlane skal brukast til m.a. utvendig måling av kyrkjene i Vik og på Vangsnes. Investe-ringsbudsjettet for 2016 er på brutto kr 115 mill. Største ein-skildprosjektet er nye bustader for funksjonshemma. Byggjeti-da for dette prosjektet er plan-lagt frå mars 2016 med ferdig-stilling tidleg i 2017. I tillegg er det lagt inn vesentlege beløp til planlegging og tilretteleg-ging for bustadbygging i heile kommunen. Det same gjeld for teknisk infrastruktur som vegar, vatn og avløpsanlegg. Dersom NVE får nødvendige løyvingar er det også under planlegging rassikringstiltak for sikring av deler av Tenål.Mykje av dei planlagde inves-teringsprosjekta må fi nansierast

med låneopptak. Sjølv om det er lagt opp til store investerin-gar i økonomiplanperioden, vil Vik kommune framleis ha ei lånegjeld godt under gjennom-snittet i fylket.

Oddbjørn Ese-rådmann-

Budsjett og økonomiplan – Vik etter Terra

Formannskapet har møte og diskuterer kanskje om Vik skal slå seg saman med Voss. Mor-ten Holmberg, Oddbjørn Ese, ordførar Olav Turvoll, Laila Kris-tin Sætre, varaordførar Roy Egil Stadheim og Morten Midlang.Foto: Geir Svendsen

VINTERAVIS 2016 3

Page 4: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Vik SonglagVik Songlag er eit blanda kor som vart starta i Vik i 1867 og skal ha 150 års jubileum i

2017. Det er ein lystig gjeng i alle aldersgrupper med eit stort repertoar. Dei har framført både revyar og musikalar. Dei

siste store framføringane var «100 years of Broadway» og eit Elvis-potpurri. Vik Songlag har omtrent 25 aktive songarar, har

god plass til fl eire og vil godt ta imot nye medlemar! Minste-alder for medlemskap er 14 år.Dirigent er Beth Anita Ram-fjord (1982) som vart nytilsett hausten 2015. Ho er utdanna musikkvitar frå Griegakademiet i Bergen og i tillegg har ho studert drama og teater på NTNU i Trondheim. Ifølge kor-medlemene er ho «ei fantastisk ung dame, ei inspirasjonskjel-de rett og slett! Ho får fram songglede hjå alle, gamal som ung. I tillegg har ho sjølv ei fantastisk stemme».

Abu Adonaba Abu kjem frå Ghana i Vest-Af-rika. Han har vakse opp med dans og tromming og begynte å dansa i den lokale danse-gruppa då han var 12 år. Han har dansa i fl eire grupper i

Multikulti festival i Vik i februarMarkering av mangfaldet 27. februar er det klart for ei nyskaping i Vik, nemleg ein vinterfestival som har fått namnet Multikulti festival. Ein festival som vil markera den nye tidi i Vik med mange nasjo-nalitetar og fl yktningar innafor kommunegrensa. Det blir spesielt fokus på dans, musikk, mat og trommeworkshops, og meir enn tjue nasjonalitetar inkludert gjester frå regionen vil vera representert. Vik kommune er arrangør med hjelp frå Afrost Events, eit nystarta eventfi rma som innfl yttaren Monica Akesh står bak. Ein komite på fem personar styrer planleggingi, Loek Laumans, Polly Evans, Mustapha Mekhatria, Yrla Klein og Monica Akesh. I tillegg vil mange friviljuge hjelpa til med

arrangementet.Målet er at det skal skje noko i Vik vinterstid, betre integrering og å læra meir om andre kultu-rar. Me buset mange fl yktnin-gar og det er berre eit fåtal av oss som kjenner fl yktningane som personar og deira kultur. For å få til ei god integrering og inkludering må me læra kvarandre å kjenna og ha ei bra forståing av kvarandre sine kulturar. ”Festivalen er og ein unik mo-gelegheit til å etablera eit årleg vinter-arrangement i tillegg dei andre fl otte festivalane vi har på sommartid,” seier Odd Rune Turvoll, næringssjef i Vik.Arrangementet byr på inn-slag av Vik Songlag, Tabanka Dance Ensemble frå Oslo og den afrikanske trommaren Abu

Adonaba frå Bergen. Elleve nasjonalitetar vil laga mat frå heimlandet med utstillingar og presentasjonar rundt bodane. Publikum kan smaka og stude-ra det som er utstilt og snakka med innfl yttarane. Aktivitetane er retta mot alle aldersgrupper, born, tenåringar og eldre. Programmet er ein stor opningsseremoni, danse og trommeverkstad, kultur- og matpresentasjonar og kvelds-

konsert. «Det blir kjempespen-nande å få smake mat frå land der eg aldri ha vore før, og eg gler meg masse til å sjå dansa-rane frå Tabanka Crew, ” seier Loek Laumans, prosjektleiar i Vik Kommune for tilfl yttarpro-sjektet “Velkomen til Vik.”Alle er velkomne til å delta på dette arrangementet. For meir informasjon, besøk www.multikultivik.no

Dei som underheld

Vik Songlag frå ein tidlegare oppsetjing.

4 VINTERAVIS 2016

Page 5: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Ghana, blant anna Ghanas nasjonale danseensemble. Han underviste også i dans i Ghana. For 17 år sidan fl ytta han til Bergen og der under-viser han i dans og trommer. Han held kurs og verkstader,

konsertar og førestellingar. Han jobbar mykje med barn, både i samband med verkstader og førestellingar, han har blant anna vore med i den kulturelle skulesekken i Bergen kom-mune i fl eire år. Han tykkjer at det er svært kjekt å jobba med barn og at det er kjekt å få vera ein formidlar av musikk og dans frå hans kultur. Han opplever at borna er svært interesserte og engasjerte og tykkjer det er kjekt.

Tabanka Dance Ensemble er hovudførestillinga ved Mul-tikulti Festival. Dei er velkjende nasjonalt og internasjonalt for deira afrikanske og karibiske danseformer, også kjent som Talawa-teknikk, ein afrikansk dansestil. Deira kunstnariske direktør Thomas Talawa Prestø har sidan 1998 brukt tida si til å skapa ein plass for svart dans i Skandinavia, som førte til starten av bedrifta og skulen i 2007. Han har hatt førestillin-ger med karibisk og afrikansk dans for meir enn ein fjerde-del av Noregs befolkning og jobbar heile tida med å vise at gamal kraft i moderne bruk er relevant. Gruppa deltok i den populære TV-serien Norske Ta-

lenter, og nådde der semifi na-len som første svarte gruppe. Talawa-teknikken for dans vert lært på fem kontinent, og dei vil visa sine danseeigenskapar med ein halvtimes lang danse-verkstad før dei har danseføre-stilling om kvelden.

KomiteenPolly Fain Evans, 35 år, bur i Feios og kom til Vik i novem-ber 2015. Men ho hadde vore her i feriar før. Ho er sambuar med William på Skotagarden i Feios. Ho har vorte svært godt

motteken i Feios og følt seg akseptert, støtta og verdsett. Det gjeld alt frå skyss, lån av møblar, invitasjonar til lokale arrangement og tålmod og oppmuntring til å læra norsk. Polly vaks opp i ein liten by ved kysten aust i England, men som vaksen budde ho Cardiff. Det har vore mange norske sjømenn i Cardiff, og der er ei norsk kyrkje. Av utdanning har Polly mastergrad i sosialt arbeid og arbeidde sist innan barnevern. Ho og sambuaren William har ein liten gard som

Tabanka Dance Ensemble skal underhalda med afrikansk inspirert dans på festivalen. Dei var med i Norske talenter der dei kom til semifi nalen. Dei vil skapa liv og stemning i Blixhalli.

Abu Adonaba er frå Ghana, men bur i Bergen der han bl.a. held konsertar og underviser i trommespel. Gjer klar for heftige rytmer i Blixhalli.

VINTERAVIS 2016 5

Page 6: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

dei håpar å utvikla. Polly er glad i å stella med dyr. Men ho vil og driva med sosialt arbeid i framtidi, og ho gler seg til å begynna i språkpraksis i barne-hagen. Ho har og arbeidd ein del på Alm Gard og på butik-ken i Feios. Ho er ei sporty dame som likar å springa og gå tur på fjellet. Men ho likar og å lesa, serleg tykkjer ho det er kjekt å sitja framfor peisen om vinteren og lesa. Ho seier at å vera med på det-te arrangementet er «ein fl ott mulegheit til å møta menneske og dela erfaringar. Det har vore eit privilegium og ein lærdom å høyra andre sine livshistorier frå deira heimland, og reisene som har ført dei til Vik.»

Yrla KleinYrla f. 1991 er nederlandsk og fl ytta til Vik sommaren 2013. Familien hennar kom til Noreg i 2002 og vart busette på Svanøy. Ho er bachelor i pedagogikk frå Universitetet i Bergen frå 2014. I Vik har ho jobba både i barnehagen, på barneskulen, på SFO og litt på Ostebaren. No jobbar ho som programrådgjevar i fl yktningte-nesta i Sogndal. Arbeidet går ut på å fylgja fl yktningane som er på introduksjonsprogram

tett. Ho er aktiv i politikken og er leiar i Vik SV, og var med på skuledebattar i fjor haust. Elles er ho med på handballaget til Vik.I jobbsamanheng har ho lenge sett behovet for ein møteplass mellom tilfl yttarar med anna kulturbakgrunn og lokalbefolk-ninga. Som privatperson har ho også sakna dette i Vik, så ho tykkjer det var fantastisk å bli spurt om å vera med å plan-legga ein uformell møteplass mellom alle innbyggjarar i Vik. Forventninga til eventen er at

det skal bli ein kveld som ikkje vert gløymd. At folk kan bryta gjennom dei første barriera-ne, slik at ved neste møte på for eksempel butikken, er det lettare å ta kontakt, om ikkje berre å smila til kvarandre! Yrla håpar dette blir ein årviss festival.

Mustapha MekhatriaHan er 37 år gamal og arbei-der som community manager i Highsoft. Mustapha er utdanna dataingeniør, er fødd i Algerie, men har budd både i Frankrike og Canada. Derfor har han tre statsborgarskap. Han har vore

gift og er no skild, då arbeidde han i Paris og karakteriserer seg at han då var ein worka-holic (ein som arbeider svært mykje). No studerer han også og vil ta ein master i business administration (MBA) i Canada. Han kom til Noreg som utveks-lingsstudent og var eitt halvt år på Handelshøgskulen i Bergen før han kom til Vik. Han håpar å bli ferdig med mastergraden innan eit halvt år eller eitt år. Mustapha kan fem språk: en-gelsk, fransk, spansk, arabisk, algirsk og litt norsk.Mustapha kom til Vik i februar 2015 og bur i Prestberget. Han likar å gå på tur, å sykla, og han er glad i langrenn og gards-arbeid. Han ynskjer å busetja seg i Vik, og han fortel at han kunne tenkt seg å kjøpa gard. I sommar prøvde han kajakk, og vil kjøpa seg kajakk neste år. Han var alt vore i avisa fl eire gonger, til og med omtala på leiarplass i Sogn Avis fordi han driv gratis datakurs for fl yktnin-gar i Vik. Sist kunne me sjå han på bilete i lag med Hadia Tajik som var på besøk i Highsoft. Han likar å hjelpa folk, og var med på leiteaksjonen som var i Vik hausten 2015. Han har og vore vakt på fl eire dansar i Vik. Ein svært positiv type som Vik kan vera glad for å ha fått til bygdi, me får håpa han blir her.

Program1500–1530 Opningsseremoni, Opening ceremony, Blix-halli1530–1730 Multikulturell messe, Multicultural Fair, Blix-halli Afrikansk trommeverkstad, African Drum workshopv/Abu Adonaba Danseverkstad, Danceworkshop v/Tabanka Dance Ensemble1800-2000 Kveldsførestelling, Eveningshow, Blixhalli with Vik Songlag, Abu Adonaba and Tabanka Dance Ensemble

Solidaritetsveke på Flatbygdi skuleI veke 8, veka før den multikulturelle festen, skal Flatbygdi skule ha si årlege Solidaritetsveke. Før har veka vore om hausten, men dette skuleåret blir det altså i februar. Veka blir avslutta med sal i Blixhalli av produkt som elevane har laga, og inntektene går til arbeidet for born i dei landa me har fl ykt-ningar frå. Det er og kafe og litt underhaldning. I fjor sprang elevane rundar i Kålhagen der foreldri gav pengar etter kor mange rundar sonen eller dotteri sprang, noko liknande vil ein prøva å få til dette skuleåret og viss ver og føre tillet. Elles er ikkje programmet heilt klart i skrivande stund.

6 VINTERAVIS 2016

Page 7: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Monica Akech er frå Kampa-la i Uganda og kom til Vik i desember 2013. Ho er no skild og leiger hus i Feios. Ho har starta eit fi rma som heiter Afrost Events, som har kontor i Industrihuset. Firmaet driv med planlegging av arrangement som festivalar, konsertar og pri-vatfestar. Fyrste større arrange-mentet blir den multikulturelle festivalen i slutten av februar. Monica var fødd i Uganda, men vaks opp i Kenya. Ho rei-ste tilbake til Uganda for å stu-dera ved Cavendish universitet og tok eksamen i public rela-tions og media management i 2012. No skal til våren skal ho ta master ved Høgskulen i Molde i event management.Ho har reist mykje og jobba fl eire stader. Ho var redaktør for universitetsavisa i Uganda, har vore radiovert, jobba med tv og var journalist i Geneve. Ho arbeider no litt som repor-

tar i nettavisa til Høgskulen i Molde. Då ho kom til Noreg, kom ho frå New York der ho arbeidde for Uganda i FN og arbeidde og i ein organisasjon for fl yktningar. Ho likar seg godt i Vik, «I love Vik», seier ho og meiner at eit slikt fi rma som ho driv treng ikkje vera lokalisert i ein by. Ho får gjort mykje via pc. Ho kan tilby hjelp ved arrangement når det gjeld lyd, lys, dekor, spesi-aleffektar, scene og underhald-ning. Ho kan skaffa artistar og sponsorar. Ho har nettside www.afrost.events, og kan kontaktast pr e-post: [email protected] eller mobil: 94729610.

Loek LaumansLoek har budd i Vik i 8 år og dei fl este kjenner ho som dyrle-ge. No jobbar ho i kommunen som prosjektleiar for #vel-komentilvik. Loek er frå den sørlegaste bygdi Nederland, nær Mastricht. Ho er gift med Svein Hønsi og er sauebonde, men er og svært hesteinter-essert. Hestar er hennar store lidenskap. Ho er og ein fl ink musikar, spelar saksofon, og har vore nytta på fl eire arran-gement i Vik, no sist Rundbal-leri Hurra. I samband med jobben i kom-munen har ho fått ei stor og spennande utfordring i å leggja til rette for at alle som kjem til Vik skal føla seg velkomne og inkluderte i samfunnet vårt. Difor har ho og Monica teke

initiativet til Multikulti Festival Vik slik at alle som bur i Vik kan jobba i lag om å få det til, kan delta i lag og bli betre kjende med kvarandre og kulturane.

Ho håper at mange blir med for å gjere denne første utgåva av Multikulti Vik til ein stor suksess!

Ny kulturarena i VikKommunestyret har vedteke at det skal bli nytt kulturbygg for kulturskulen og det frivillige song- og musikkliv. Det skal greiast ut tre alternativ:

- Utbygging ved Flatbygdi skule- Utbygging/ombygging Vikjahalli- Delt løysing Vikjahalli/skulen

Notestova skal avviklast som kulturbygg og skal omdispo-nerast til andre føremål når nytt bygg er på plass. Notestova held ikkje mål som undervisningslokale.

Utvikling avreiselivsproduktI samarbeid med Visit Sognefjord har vi oppretta «Ressursgruppe Reiseliv». I gruppa deltek Jorunn Åsfrid Røyrvik, Morten Jacobsen, Eivind Lidal, Bjørn Tore Åre-vik og Odd Rune Turvoll.Mandatet til gruppa er å ut-vikle nye reiselivsprodukt for Vik, enten i regi av deltaka-rane i gruppa eller gjennom å samarbeide med andre.Produkta vi vil utvikle først er innan fi re område: Jakt og fi ske, Sommarsnø, Vandring/ turar/hiking og festivalar. Målgruppa er tilreisande, turistar og fastbuande. Produkta skal gi grunnlag for aktivitet hjå reiselivsverk-semdene og andre næringar i Vik. Ein starta marknadsføringa

av det første produktet vå-ren 2015. Det er produktet «Sommarski på Vikafjellet», eit samarbeid mellom Vik IL og Myrkdalen Hotell. Du kan lese meir om dette produktet på www.vikskisen-ter.no og www.myrkdalen.no. Nye produkt vil bli utvikla og bli marknadsført i løpet av 2016. Følg med på www.sognefjord.no.

VINTERAVIS 2016 7

Page 8: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Nye vikjer

Dette er Pujan Bajracharya frå Nepal, ho er 28 år gamal og arbeider hjå Bystøl. Pujan er frå Lalitpur i Katmandudalen, det er ein heller stor by med rike tradisjonar. Pujan var i Nepal då jordskjelvet ramma landet, og huset deira vart skada og dei kunne ikkje bu der dei før-ste to månadene. Det skuldast og at nabohuset var svært ska-da, og det var fare for at det kunne kollapsa og trua huset til Pujan sin familie. Pujan er ingeniør og tok Bachelorgrad i Nepal i 2010, ho studerte ved NTNU i Trond-heim frå 2011 til 2013 og tok Mastergrad innan vasskraft. Ho er gift, mannen er el-ingeniør, men er att i Nepal. Dei har ikkje bestemt seg for om dei vil bu i Noreg eller Nepal. Det av-heng blant anna av om han får jobb, og om Pujan får arbeida vidare hjå Bystøl etter det 15 månader lange engasjementet ho har der no. Sommaren 2013 arbeidde Pujan i Statkraft i Gaupne. No arbeider ho med kontrollarbeid i samband med rehabilitering av Tunsbergdalsdammen, og ho arbeider med klassifisering av vassdragsanlegg og andre vasskraftprosjekt. Ho likar seg i Vik og hjå Bystøl, ho seier ho har fått favorittjob-

ben. Kanskje kan det bli til at ho buset seg i Vik. I fritidi er ho med på trening i Blixhalli, aerobic og styrketrening. Ho likar og å gå tur, både nede i bygdi og på fjellet. Så høyrer ho mykje på musikk, ser på filmar og TV og snakkar med familien i Nepal. Men Vik er svært annleis enn heimlandet hennar, fortel ho.

Alnour Ahmed Osman er ein av flyktningane som kom til Vik i 2015, han kom i septem-ber etter å ha vore i mottak i Førde. Det er mange i Vik no, så Alnour tek me med som representant for desse. Han er 29 år gamal og kjem frå ho-

vudstaden Khartoum i Sudan. Alnour er bachelor i Business Administration og har språk-praksis på Accountor her i Vik. Til Noreg kom han i mai 2014 etter å ha vore i opposisjon til styresmaktene i landet. Han er gift, har ingen barn, og kona er utdanna laborant (bioingeni-ør). Alnour vil ta mastergraden i Noreg, og han vil helst bu i ei bygd og likar seg godt i Vik fordi «Vik har veldig snille folk». Han likar å vera aktiv og delta i lokalsamfunnet, og er på fotballtrening onsdag og sundag, er på styrketrening og går turar i bygdi. Han likar og

å lesa bøker og hjelpa folk, og er tolk og hjelpelærar for dei to syriske foreldri som har komme til Vik.

Nokre innflyttarar gjer sitt for folketalet i Vik. Matheusz Kurowski (1990) og Natalia Plucinska (1992) og Marta Antoniak-Kaniewska (1988) og Grzegorz Kaniewski (1987) fekk begge pari sine førstefød-de i september. Greg arbeider ved VikØrsta, han er ingeniør i konstruksjonsteknikk. Han har vore i Vik sidan januar 2013. Sambuaren Marta er barneha-gelærar, og har ikkje jobba i Vik, men håpar på jobb i fram-tidi. Dei bur i Nedste Hopper-stadmarki. Greg er frå Stettin i Polen, og Marta frå ei liti bygd ca 1 time frå Stettin. Greg jobba i bygg- og anleggsbransjen i Polen før han kom til Noreg. Han var arbeidsformann og bygde blant anna badebasseng og ein akvapark. Marta jobba 3 år i barnehage, barneskule og noko som tilsvarer SFO. Dei har ikkje planar om å flytta attende til Polen, og vil gjerne busetja seg i Vik. Alt avheng av jobbsituasjonen framover, etter kvart vil Marta og ha jobb.

8 VINTERAVIS 2016

Page 9: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Begge likar å sykla og gå tur, Greg er glad i å gå på ski og sit mykje ved pc’en på fritidi. Dei trivst godt i Vik og vil ikkje flytta tilbake til ein storby.Mateusz arbeider som sveisar på Sogneprodukt, og Natalia er utdanna til noko ein kanskje kan kalla dyrepleiar. Dei bur på Vikøyri. Far til Mateusz, Wojtec, arbeidde i bakeriet i Vik fram til januar 2015. Då flytta han og kona til Bergen, begge er konditorar. Dei har fått jobb i Bergen, først i Åsane, men no er bedrifti flytta til Flesland. Dei lagar og leverer kaker til mange av restaurantane i Bergen, som Bellevue, Fløien, Traktøren, så har du vore på restaurant og kjøpt kake til dessert, kan den ha vore laga av Wojtech og kona. Familien hadde eigi bedrift med fleire butikkar i Polen, men det var hard konkurranse og vanskeleg å få det til å løna seg, difor flytte dei.Både Natalia og Mateusz er aktive i lokalsamfunnet, noko ikkje alle innflyttarar er. Dei er å sjå på tilstellingar og konser-tar i Vik, og Mateusz er vorten friidrettstrenar og har vore på kurs i haust. Han dreiv før med karate. Dei trivst svært godt i Vik og vil gjerne busetja seg her, og hadde Natalia fått jobb, «hadde det vore fantastisk».

Linda Hopperstad (1971) har flytta heim til garden på Hop-perstad som Arne Hopperstad f. 1926, død i 2015, hadde. Arne og kona Jenny S. Wold (1928-2000) hadde tre born: In-gunn 1955, Rigmor Anita 1958 og Odd Sture 1963. Ingunn og Rigmor er i Bergen, og Odd Sture er professor i Trondheim. Linda er dotter til Ingunn, og

mori mangla ein månad på å bli 16 då ho fekk Linda med Kjell Stadheim frå Leikanger. Men Linda og mori flytta snart til Bergen, og Ingunn vart fyrst gift med Jan Sæbø og deret-

ter med ein franskmann, Marc Robert, han var kokk. No er ho skild, bur i Bergen og er trygda etter å ha vore reinhaldar heile livet. Linda gjekk først eitt år på tøm-rarlinja, men gav opp det yrket då det var svært vanskeleg å få lærlingeplass. Bedriftene måtte då ha skaffa eigen garderobe og toalett. Så ho tok etter kvart allmennfaglinje på vidare-gåande, er bachelor i kultur og samfunnsvitskap, master i historie, har fransk grunnfag og PPU (tidlegare pedagogisk seminar). I Bergen har ho jobba i helsevesenet, i seismikkbran-sjen i eit firma som produser-

te kablar som skulle ned på havbotnen, har vore vikarlærar og var sist på Nygård skule og underviste framandspråklege. Det gjer ho og i Vik no, i tillegg til at ho har vakter på Vik Byg-de- og Sjukeheim. Linda har to born: Daniel 1991 og Sebastian 1997. Daniel utdannar seg til kjemiingeniør i Tromsø, og Sebastian skal fullføra allmennfag på vidare-gåande. Linda er ugift.

Familie frå Iran, Fatemeh (31) og borni Afsaneh (16), Jeganeh (14), Rihaneh (10) og Attieh (6) busette på Vikøy-ri. Dei kom til Vik i mai 2015 frå Iran, men mori er fødd i Afghanistan. Der budde ho til ho var tre år, så ho hugsar in-genting til det. Familien måtte flykta pga krigen i heimlan-det. Fatemeh er frisør, og har språkpraksisplass i frisørsalong og på kjøkenet på Vik Byg-de- og Sjukeheim. Ho er skild frå mannen sin, og att i Iran er mori og ei syster som og er frisør. Familien budde i Mashad i ein leilegheit, og dei vilel til Noreg for å sikra utdanning og ei betre framtid for borni og for at jentene ikkje skulle bli gifte i ung alder.

Bruktbutikk i VikDet vert arbeidd med å få starta opp ein bruktbutikk i Vik i samarbeid med Simas og Vik Asvo. Både Simas og Vik Asvo har lokale som kan nyttast både som lager og utsal, men det vert og jobba med å finna utsalsstad i sentrum. Bruktsal har vore prøvd før i Vik, det var då vanskeleg å få økonomi i det. Men tidi arbeider for dette, det er ei gruppe på Facebook som formidlar sal av brukte ting. Det er og snakk om at ein vil nytta flyktningar til dette arbeidet. La oss håpa dette kjem i gong, det er betre alternativ å gje bort eller selja billeg i staden for å kasta.

VINTERAVIS 2016 9

Page 10: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

For 2016 har kommunestyret vedteke eit omfattande inves-teringsbudsjett med fleire store prosjekt for kommunalteknisk eining. Nedafor kjem ei kort oppsummering av dei største prosjekta.

Veganlegg:FeiosprosjektetFeios står føre ei omfattande skogsdrift. Vik kommune skal legga forholda til rette for denne drifta med utbetring av fylkesveg og kommunal veg. Vik kommune har fått tilskot

frå Statens Vegvesen til utbe-tringar på fylkesvegen. Fylkes-vegen er ferdigstilla i 2015, medan den kommunale vegen vil bli arbeidd med i 2016.

HalsetvegenHalsetvegen har vorte teke i mindre parti over nokre år. I 2016 vil me gjera eit løft for å få ferdigstilt vegen.

Nedste HopperstadmarkiDet vert masseutskifting og lagt ny vassleidning for den nordlege delen av Nedste Hopperstadmarki.

Investeringsbudsjett og prosjekt 2016

Familie frå Syria. Ahmed (40) og Ansaf (30) og borni Mo-hammed (11), Ranim (9), Sha-hd (4) og Khalid (2). Familien bur i Gildhus. Dei kjem frå Ed-leb der dei dreiv gard med 20 sauer, høner og duer. Men det var vanskeleg å klara seg på ein liten gard, så Ahmed jobba som snikkar i Libanon. Han kunne då vera borte ein par månader om gongen. Huset deira vart bomba to gonger, første gongen var mori og eine dotteri heime, og ho vart skada i foten av material og glas. Ho måtte sy fleire sting, men har heldigvis ikkje varige mein av det. Andre gongen huset vart bomba var dei ikkje heime. Ahmed vart arrestert skulda for å motarbeida Assad, og han var arrestert i 6 månader. Han sat i eit overfylt fengsel, dei var bortimot 100 mann i eit lite rom der dei måtte sitja saman-kropne for å få plass. Maten var elendig, og han var til stadige forhøyr om han hadde våpen, og dei ville ha han til å angje andre som kjempa mot Assad. Men at Ahmed vart fengsla var heilt grunnlaust, det var forveksling av namn og så vidare. Familien måtte betala for å få besøkja han, dei skaffa advokat som kosta pengar og arbeidsgjevaren hans gjekk god for han og til slutt vart han sett fri. Men det hadde vore ei tøff tid for dei vart hengde opp etter armane og utsett for tøffe forhøyr.

Etter dette flykta dei til Libanon og budde der i 2 år i eit hus dei leigde. Det kosta pengar å ha ungane på skule, så etter eit par månader gjekk ikkje det lenger. Dei registrerte seg hjå FN, fekk litt pengar til mat og opphald og vart så plukka ut til å reisa til Noreg. Det hadde dei ikkje valt sjølve.

Anne Bekkhus (1980) og Simon (1950), radarparet i uteseksjonen i Vik kommune. Anne er frå Hjartdal i Telemark og er utdanna anleggsgart-nar. Ho har utdanningi si frå Ulvik, men ho er og utdanna agronom og har gått to år på kokkelinja på vidaregåande. Før ho kom til Vik i mai 2013, arbeidde ho i firmaet Gravdal Hage og Anlegg i Bergen. I Bergen var ho til saman 5 år. Ho har og vore geitebudeie i Aurland og gjekk på Sogndal folkehøgskule i 1998-99. Anne er frå gard med sauehald, og har to eldre sysken. Hennar store interesse er trening, springing, gå på ski og fjell-turar. På ski har ho berre vore med i lokale renn, i Bergen var ho medlem av BFG Fana og Bergen løpeklubb. Ho likar best motbakkeløp, og Kvass-hovden opp i Ulvik var fyrste løpet ho var med på. I Vik held ho seg på Rislåg der ho er gei-tebonde og sambuar med Jo. Folk legg merke til Anne og Simon for begge utmerkar seg med voldsam energi og

arbeidsinnsats. Simon er frå Eritrea der han var bonde, og familien hans er att i Eritrea.

Men han har ein slektning som bur i Sverige som han har vore på besøk hjå. Simon er alltid blid, helser alltid og spør: «Hvordan går det, det går bra?» Han et korkje kjøt eller fisk, og lever sunt og søv berre 2-3 timar pr natt. Han hadde i byrjingi då han jobba i kommunen ikkje mat med seg, men no har han det og drikk kaffi og mjølk. I sommar hadde han med seg cola, som han tynna ut med litt vatn og hadde ekstra sukker oppi. Kanskje det er bra blanding for å jobba hardt? Han var tilsett i 60 % stilling i kommunen fram til jul. Kanskje er han på plass att til sommaren. Elles er han avløysar og kjøkenhagesjef hjå Asbjørn Holstad.

Arne Inge

10 VINTERAVIS 2016

Page 11: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Det er mangel på byggeklare tomter og ledige bustader, særleg i sentrale delane av Vik kommune.Dette er ein hemsko både for tilfl ytting og etablering og for busetting av fl yktningar .Kommuneplanen som vart vedteken 2014 viser fl eire nye byggeområde, både for eine-bustader og for konsentrert bustadbygging, men det tek tid å gjera dei byggeklare.

Område for einebustader.Området Tenål i Vik er under regulering. Her er det tale om ca 40 nye tomter, og stegvis utbygging.Planforslag er venta klart til høyring i løpet av vinteren. Det let seg ikkje gjera no å seia når tomter kan vera byggekla-re.På Tryti («Vomb») er det lagt til rette for eit mindre felt for 3-4 tomter i tillegg til 3 eksisteran-de utbygde tomter. Her er det forutsett regulering og utbyg-ging i privat regi.

På Vangsnes er opparbeiding av nye kommunale tomter i Tråna 2 under oppstart. Tomter

kan tidlegast vera byggeklare til sommaren. I Fresvik vil nye kommunale tomter i området Grundeland vera byggeklare til sommaren, når avløpsanlegg er på plass.I Feios er det eit fåtal ledige tomter i kommunalt felt Rinde 2. Eit nytt område for bustad-bygging på oppsida av vegen frå Kyrkja og innover er lagt inn i kommuneplanen. Regulering vert truleg oppstarta i 2016.I Arnafjorden er det ledige tomter i privat felt i Indrefjor-den, og eit fåtal i kommunalt felt Odlane i Framfjorden.

Konsentrerte småbustaderDet er eit misforhold mellom den eksisterande bustadmas-sen med stor overvekt av ei-nebustader, og utviklinga mot stadig fl eire små husstandar med ein og to personar.Kommuneplanen legg opp til at mesteparten av nye busta-der i hovudsoknet skal vera av typen leilegheiter og rekkehus (småbustader). Det er her be-hovet vil vera størst framover.Ledige areal for bustadbygging i sentrumsområdet (nord for Krossvegen) er reserverte for

slike bustader, m.a. for å få be-tre utnytting av knappe areal.Kommunestyret godkjende rett før jul reguleringsplan for Galilea. Planen legg til rette for ca 12-15 nye småbustader i området. Det står att å erverva arealet, og avgjera utbyg-gingsform. .

Det er planarbeid i gang for bustadbygging på Øen-marki og Ara, og i området Sæbø.Nye bustader i desse område vil truleg vera innfl yttingsklare tidlegast om to år.

Ottar Wiik

Bustader og bustadfelt

Investeringsbudsjett og prosjekt 2016Ara bruDet skal byggast ny bru over Hopra ved Ara. Brua er svært dårleg, og fekk ytterligare ska-der under fl aumen 28. oktober 2014.

VA – anlegg:HøgretjørnVik kommune er i gang med arbeidet med å byggja ny og større demning på Høgretjørn i Vangsnesmarki. Det er eit viktig prosjekt for å sikra meir stabil vassforsyning for bustader og bærdyrkarar på Vangsnes.

Bustadfelt:Tråna 2Stort prosjekt med tilretteleg-ging av infrastruktur for fl eire tomter i Tråna på Vangsnes.

GrundelandGjera kommunale bustadtom-ter byggeklare på Grundeland i Fresvik med bl.a. ny av-laupsleidning.

Kommunale bygg:Rehabilitering av formingsav-deling på Flatbygdi skuleOmfattande prosjekt for å rehabilitera lokale for kunst og

handverk ved Flatbygdi barne- og ungdomsskule. Dagens lokale er gamle og dårlege særskilt med tanke på støv og støy.

Ny ambulansestasjonVik kommune har levert inn anbod på bygging av ny ambu-lansestasjon i Vik. Helse Førde har enno ikkje teke avgjerd om kven som får anbodet.

Andre prosjekt:AdresseprosjektVik kommune skal fullføra

adresseprosjektet med å tildela gateadresser i heile Vik kom-mune. Arbeidet med å få sett opp vegskilt vert gjort i samar-beid med Sogn Regionråd.

Vik aktivitetsparkFerdigstilling og tilretteleg-ging for aktivitet på områda i og ved den nye friidrettsbana og kunstgrasbana i Vik. Vik kommune har i dag fått eit fl ott felles anlegg for heile kommu-nen.

Arve Hønsi

VINTERAVIS 2016 11

Page 12: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Aleksander Valsvik (1986) og kona Karoline Moe Fardal (1987) frå Hafslo med sonen Teodor fødd 2013. Aleksander jobbar i barneskulen på Flat-bygdi skule, og kona som er førskulelærar arbeider i Sogn-dal som personleg assistent for ein funksjonshemma. Der har ho døgnvakter som fører til ein del dagar fri. Ho håper å få seg arbeid i ein av barnehagane i Vik med tidi. Aleksander gjekk på lærarskulen i Bergen og ar-beidde i 4 år ved Haukås skule i Åsane, og Karoline arbeidde i Flaktveit barnehage. Dei had-de rekkehus som dei selde, og vonar det snart vert byggeklare tomter i Vik. Aleksander fortel at dei len-ge har hatt planar om å flytta heim, dei har berre venta på at sjansen baud seg med jobb. Han meiner Vik er ein svært god plass å ha born, å veksa opp i Vik er heilt ideelt. Sjølv-sagt spelar nærleik til familie for begge og ein viktig rolle. Begge er aktive innan idretten i

Vik. Aleksander spelar på A-la-get til Vik og Karoline er med på håndballaget. Dei vil oppmoda andre til å gjera det same som dei. Flytt heim, flytt til Sogn, flytt til Vik!Gad Ndizeye (35 år) og kona Dalhie Fabiola (30) med borni Asta Megane (3) og tvillinga-ne Arwen Thea (1.5) og Ava Tessia (1.5). Dei bur på Voll

i det raude huset i tunet hjå Odd Kinden. Gad kom til No-reg med storfamilien sin i april 2003 og er frå Burundi. Dei var heile 13 sysken, ein bror døydde liten i Burundi og ein bror døydde her i Vik, så dei er att 11. Ti bur i Noreg, berre ein av syskeni var att i Afrika, i Malawi. Mori Jane kjenner dei fleste vikjer. Ho var i Afrika i

fjor vinter, ho er ikkje så glad i den norske vinteren. Men i år er det svært ustabilt og farleg i Burundi, så nokon tur dit blir det ikkje denne vinteren. Elles døydde eksmannen til Jane og far til alle borni like før jul.Gad gjekk på Sygna vidaregå-ande skule og er utdanna inge-niør frå Grimstad. Han jobbar no hjå Bystøl, og er kjempe-glad for at han fekk seg arbeid i «heimbygdi» og får bruka utdanningi si. Før dei kom tilbake til Vik, budde familien i Stavanger der Gad køyrde minibuss. Han likar å springa, og sprang på stafettlaget til Vik då han var her sist. No har han teke oppatt treningi og er med på intervalltrening om månda-gane. Det er førebels lite tid til andre fritidsaktivitetar. Kona Dalhie er utdanna jurist, men å ta tilleggsutdanning for å bli godkjent jurist i Noreg er ikkje fort gjort. Så ho må finna noko anna å gjera i framtidi. Ho ynskjer seg arbeid når borni er vortne større. Gad har eitt års vikariat for Nils Gunnar Finne, han håpar å få halda fram i jobben og bu i Vik. Draumen er å få eige hus og busetja seg her med familien. Me håpar den draumen går i oppfylling.

Arne Inge

Har flytta heim12 VINTERAVIS 2016

Page 13: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Me har fått kunstgrasbane, løpebane med tennisbane og servicebygg ved kunstgras-bana, det er sletta ut sør for løpebana, det er gjort grun-narbeid for skøyteis aust for kunstgrasbana og balansetau er på plass. Men mykje arbeid står att før parken er ferdigstilt, og det blir spanande å sjå om grasbana kan nyttast komande vårsesong.

Vidare utbygging:- Tuftepark mellom banene- Garderobebygg/lager- Tribunar ved begge banene- Parkeringsplassar- Opprusting Klubbhuset - Ferdigstilling område sør for

grasbana og området aust for kunstgrasbana

- Gjerde rundt kunstgrasbana- Garasjebygg/pumpehus

TribunarDet skal byggjast tribunar både ved grasbana, oppe i bakken, og ved kunstgrasba-na på vestsida. Det er allereie tribunar ved grasbana, men fleire trengst og dei eldste som er der må i alle fall bort. Det er og ynskjeleg med overbygg. Tribunebygg trengst og ved kunstgrasbana, men her må ein ta omsyn til husrekka bak. Tribunar her er og viktig for trafikktryggleiken og at det vert avstand mellom bana og publikum.

Garderobebygg/lagerDette bygget er planlagt i nordvest ved grasbana. Flat-bygdi skule vert no nytta som garderobe på fotballkampar, det er for tungvint og for lang avstand unna bana. Friidretts-gruppa har alt ein god del utstyr som ein treng lager til, både hekkar, matter, hinder og anna. Klubbhuset er altfor lite til å lagra alt utstyret. Lageret må liggja slik at utstyret kan køyrast rett ut på løpebana. Det kan og vera aktuelt med kontorplassar og møterom i bygget.

Garasjebygg/pumpehusViss ein skal ha isbane, må ein og ha pumpehus. Idrettslaget ynskjer at dette vert bygt som ein del av eit garasjebygg med speakerbu. Det er og behov for rom for dommarane i pausen og plass til utstyr til kunstgras-bana.

Parkeringsplassar/trafikkav-viklingSom ein vil sjå på illustrasjonen er det teikna inn parkerings-plassar både sør og nord for kunstgrasbana. Det er mykje trafikk til og frå kunstgrasbana som kan medføra trafikkfarle-ge situasjonar, det gjeld både spelarar, gjestande lag og publikum. Ein må prøva å skilja mjuke trafikantar frå trafikk og parkering, det må markerast kvar ein skal parkera og gjerde mot vest vil og hjelpa. Dette gjerdet kan og nyttast til å festa måla etter trening.

TufteparkDet er frå mange hald eit sterkt ynskje om at området mellom banene blir ferdigstilt til ein såkalla Tuftepark. Ein Tuftepark er eit område der ein kan driva med styrketrening og samtidig vera ein sosial samlingsstad med benker, bord, leikeappa-rat og anna. Mange ungdomar etterlyser dette, og vil bidra til å realisera prosjektet. Ein vil kunna få spelemidlar til dette som eit nærmiljøanlegg. Elles vil dette finansierast ved støtte frå kommunen, idretts-laget sjølv, gåver, dugnad og sponsorar. Det er mange planar for kva dette området skal fyllast med: Bord, benker, leikapparat, styr-ketreningsapparat, trampoline, grindhus, grillstad, ballvegg og anna. Området ligg sen-tralt til i Vik med kort avstand til sentrum, skule, barnehage og bustadområde. Turløypa Sylvringen og elvi Hopra går rett forbi, slakk line og sandvol-leybane er alt på plass. Det har og vore lansert framlegg å laga

til ein sandhandballbane. Det vil bli eit stort løft for området å få dette på plass både til leik, uorganisert og organisert tre-ning og samlingsstad. Det vil og bli eit fint tilbod for søsken og andre når familiemedlemer er med på organiserte aktivite-tar. Det er og viktig at området vert lagt til rette for rørslehem-ma. Alt i alt vil Vik Aktivitetspark bli eit viktig folkehelsetiltak, noko kommunen og understrekar og

legg vekt på. Ferdig utbygd aktivitetspark vil gjera Vik til ein meir attraktiv kommune å flytta til, og det er eit viktig mål for Vik kommune å stoppa ned-gangen i folketalet. Vik Idrettslag håpar på eit godt samarbeid med kommunen dei komande åri og at aktivi-tetsparken vil stå ferdig i løpet av to-tre år. Det vil bli eit stort løft for Vik og er svært fram-tidsretta. Arne Inge

Vik Aktivitetspark

KlatreområdeMange stader er det tilbod om klatring i fjell, berg eller stei-nar. Har me stader i Vik som vil egna seg til dette? Folk er ute etter aktivitetar, anten ein er på ferie eller i fritidi, så klatring hadde og vore eit fint alternativ. Finst det i kommunen?

VINTERAVIS 2016 13

Page 14: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Våren og hausten 2015 vart alle grendene i Vik fotograferte av Helge Grønningsæter. Bileta kan ein no sjå i det nyopna Blix hotell. Fyrste kvelden kom mange per-sonar innom og såg på bileta, og det var høve til å kjøpa kopiar. Bileta er gjevne til hotellet og dei blir hengande der framover. Det er og høve til å kjøpa kopiar på hotellet eller hjå Sogn Gullsmed-forretning, inntektene går til Vik Røde Kors. Så langt er det berre fotogra-fert i Vik, og også her må det til fl eire oppsamlingar då mange var vekke den aktuelle dagen deira grend skulle fotograferast. Ein må og prøva å få fotografert dei som går på skule utanbygds. I tillegg står dei andre bygdene i kommu-nen att, Arnafjorden, Vangsnes, Feios og Fresvik for tur i 2016. Dette prosjektet vekte nasjo-nal interesse og vart omtalt på radio med intervju i programmet Kveldsåpent.

Grendefoto-utstilling

Folk studerer og vurderer å kjøpa kopiar av grende-fotoa. Her frå resepsjonen på Blix hotell den dagen utstillingi vart opna. Foto: Arne Inge Sæbø

Dei to bak prosjektet, Hel-ge Grønningsæter og Arne Inge Sæbø framfor eitt av grendefotoa.Foto: Per Magne Kleven

Kulturminneplan for Vik kommuneKulturminne er spor etter folk før oss: M.a.: gravhaugar og gamle kyrkjer, fangstanlegg i høgfjellet, gamle hus og gardstun, naust og båtstø, utløer, støl og stølsveg, strandsitjarmiljø, gamle bruer og vegfar, linestrengar, gamle båtar, reiskap, plagg og bidne. Kulturminne er vår viktigaste kjelde til kunnskap om fortida, og gjev bygdene våre særpreg og identitet.Lokale historielag og interesserte en-keltpersonar og huseigarar i bygdene i Vik har over mange år lagt ned stor innsats i registrering og vøling av byg-ningar og andre kulturminne, med litt bidrag frå offentlege støtteordningar.Fortidsminneforeininga og andre frivil-lige organisasjonar tek vare på mange kulturminne av nasjonal verdi. Likevel forsvinn kulturminne i høgt tempo, og det hastar med å avgjera kva som bør bergast for framtida. Me kan ikkje ta vare på alt.

Vik Kommune har starta opp arbeid med ein kulturmin-neplan, med føre-mål å gje eit over-syn over verdifulle kulturminne, og kva som kan gjerast for å berga dei.Plannemnda i sam-arbeid med lokale bygdelag har i haust arrangert 4 godt besøkte møte i bygdene for å informera og få innspel frå bygdefolket.Fotokonkurransen «Mitt kulturminne 2015» resulterte i 62 gode bidrag og ei utstilling som vandra rundt i soknene. Fresvik skule vart kåra til verdig vinnar i den utlyste konkurransen.Framlegg til kulturminneplan for Vik kommune er venta lagt ut til offentleg

ettersyn i løpet av vinteren. Då er det viktig at interesserte kjem med innspel og merknader, slik at den vedtekne planen vert ein god reiskap. Karen Weichert og Ottar Wiik

Bruresal. Bidrag frå Olav Bøthun til fotokonkurransen «Mitt kulturminne 2015»

14 VINTERAVIS 2016

Page 15: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Feiosprosjektet som starta i 2009 og slutta i 2014 var del av prosjektet „Fra ti til en”, eit 5-åreg KMB-prosjekt (kom-petanseprosjekt med brukar-medverknad) i regi av Norsk institutt for Bygdeforskning. „Fra ti til en” tyder at skogen i eit område med mange små skogeigedomar i større grad blir forvalta som om han var ei eining. Det har vore mykje lærdom i prosjektperioden, og måla til prosjektet endra seg noko undervegs fordi ein fekk betre kunnskap om enkelte delområ-de. Her er eit utval av kunn-skap som Feiosprosjektet har gitt oss om skogbruk:

• Skogtakst er sjølve grunnla-get for ein vellukka skog-drift og bør ha fyrste priori-tet. Det å få ei oversikt over kor mykje skog som faktisk står i området og kor gamal den er, er avgjerande for planlegging av drifter, byg-ging av skogsvegar m. m.

• «Skogssamarbeid» er meir realistisk enn «skogssam-drift».

• Det kanskje viktigaste sam-arbeidsområdet er skogs-vegbygging. Ein må ha god tid til planlegging og gjennomføring, også med omsyn til å komme gunstig ut i skattesamanheng.

• Det er viktig at grunneiga-rane organiserer seg i skog-veglag og utarbeider ved-tekter, både med omsyn til

skatt og t.d. med tanke på naturskade og eigeandelen i erstatningssaker.

• Det er viktig med gode vegavtalar, som skil mellom bruk til næring og fritids-bruk og som sikrar fi nansi-ering av vedlikehaldstiltak på vegen.

• Det er viktig å fjerne «fl askehalsar» på kommu-nale vegar og fylkesvegar for å unngå kostnader for kipping (fl ytting av tøm-mer frå skogsbil over på vogntog) og ulempene for miljøet knytt til dette. Feiosprosjektet var sentralt i arbeidet som resulterte i ei fylkeskommunal løyving

på 1,2 mil. kr til utbetring av fylkesvegane i Feios.

• Skogbruksplanar er nyttige og bør tingast for større samanhangande område. Planane kunne med fordel vere meir praksisretta (når bør vi hogge, kva meto-de bør brukast, kva type skogsveg treng vi?).

• Skogeigarane på Vestlan-det er ingen «skogbruka-rar» på heiltid. Dei treng enkel tilgang til relevant kunnskap tilpassa deira situasjon.

• På mange av dei små skogeigedomar vil det vere hogstaktivitet berre ein gong per generasjon. Skogdrifta bør samord-nast med andre som har hogstmoden skog om lag i same tidsperiode. Grundig planlegging er viktig!

I løpet av 2016 vil resultata frå Feiosprosjektet og anna nyttig materiell knytt til skogbruk (malar for vegavtalar, vedtekter

etc.) bli gjort tilgjengeleg på internet. I Feios er ein komme langt, men det er framleis mykje som må takast tak i før ein er rusta for den store avverkinga av skogreisingsskogen som tek til for alvor om nokre år.

K. Weichert

English summary:Small units of forest (spruce and pine) per farm are typical for Western Norway and Vik, and this is a challenge for land owners and forestry. Feiospro-sjektet was a forestry project, running from 2009 – 2014, that looked into the opportunities of treating many small units of forest as one big unit (“from 10 to 1”) when it comes to mapping the forest resources, building forestry roads and fi nally to harvest the forest. The results of the project will be valuable in the years to come, when huge areas of forest will be harvested in Vik.

Kva har Feiosprosjektet lært oss om skogbruk?

Skogreisingsskog I Feios (sett frå Lundslivegen)

Fjern skjemmande byggDet er ein del bygg både i Vik og dei andre bygdene i kommunen som er til nedfall, er ute av bruk og som dermed skjemmer ut inntrykket av bygdene. Særleg ille er dette når dei er lett synlege og ligg sentralt. Både for turistar og fast-buande er dette ikkje eit fi nt syn. Det kan og gjelda anna enn bygg, som til dømes gjerde som er gamalt og burde vore rive eller skifta. Ta kontakt med kommunen om riving eller brann-vernet om det skal brennast ned under full kontroll.

VINTERAVIS 2016 15

Page 16: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Vatn er ein viktig del av alle økosystem og livsgrunnlaget for alle menneske - vi klarer oss ikkje utan! Difor er det viktig at vi forvaltar denne viktige res-sursen på ein berekraftig måte, slik at vi og dei som kjem etter oss kan halde fram med å bruke han. I året 2000 blei EU sitt vassdi-rektiv sett i verk, eit av EU sine viktigaste og mest ambisiøse miljødirektiv. Det handlar om etablering av rammer for ein felles vasspolitikk. Hovudmålet er å sikre vern og berekraftig bruk av vatnet sine økosystem. I 2007 kom den norske Vann-forskriften, som gjennomfører EU sitt vassdirektiv i norsk rett.

I vassforvaltninga er Vik del av Ytre SognVannforskriften delar Noreg inn i 11 vassregionar. I kvar region er det ein fylkeskommune som er peika ut som styresmakt og som er leiar for eit vassregio-nutval, der også kommunane deltek. Vassregionen Sogn og Fjordane fylg i hovudsak fylkes-grensa, men mindre delar ligg i Møre og Romsdal, Buskerud og Hordaland. Regionen er vidare delt inn i 4 vassområ-de: Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Vik høyrer til vassområdet Ytre Sogn. Høyanger er per i dag verts-kommunen for vassområdet.

Forvaltningsplanen er vedte-ke i FylkestingetFor kvar vassregion skal det ut-arbeidast ein forvaltningsplan med miljømål for kvar vassfø-rekomst. Ein vassførekomst er defi nert som ei avgrensa og tydeleg mengde overfl atevatn eller grunnvatn, t. d. innsjø, magasin, elv, bekk, kanal, fjord eller ei kyststrekning. Planen inkluderer eit tiltaksprogram for å oppnå miljømåla. Den 8. de-sember 2015 vedtok Fylkestin-get Regional plan for vassfor-

valtning for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021.

Miljømål for kvart vassdragVassdirektivet stiller kravet at miljømåla skal vere nådde innan 6 år etter den fyrste for-valtningsplanen er vedteken, dvs. i året 2021. Målet er god økologisk og kjemisk tilstand i alle vassførekomstar. Kva som blir rekna som «god tilstand» er defi nert i Vannforskriften (vedlegg 5). Under visse føre-setnader kan fristen utsetjast med inntil 12 år. Det kan også setjast mindre strenge miljømål for så kalla «kunstige eller sterkt modifi serte vassføre-komstar». I desse kan det vere umogleg eller «uforholdsmes-sig» kostnadskrevjande å nå miljømåla. Vassdrag som blei regulert til kraftproduksjon er blant desse.Sentralt i den nye vassforvalt-ninga står eit overvakings-program som omfattar ulike parameter, m. a. økologiske og kjemiske. Programmet skal bru-kast både til å stadfeste status av miljøtilstanden til vassføre-komstar og til å måle om even-tuelle tiltak viser verknad.

Vassførekomstar i VikPå nettportalen vann-nett.no, drifta av Norges Vassdrags- og energidirektoratet (NVE), er det i Vik kommune per i dag registrert 72 vassførekomstar. Av desse er 8 innsjøar, 49 elver, 10 gjeld grunnvatn og 5 er fjordar. Ser ein på elvane, er 28 av dei 49 kategoriserte som «naturlege» mens 21 er rekna som «sterk modifi serte». Med omsyn til den økologiske tilstanden er 11 elver vurderte som «gode», 24 som «mode-rate», 5 som dårlege og 9 som «svært dårlege». For 37 av dei 49 elver er vurderinga at det er ein risiko for at miljømåla ikkje kan nåast innan 2021.

UtfordringarDet er ein omfattande prosess å implementere vassdirekti-vet og Vannforskriften lokalt i vassområda. Overvakingspro-grammet må på plass, mange og delvis omfattande tiltak må

gjennomførast. Betre kunnskap om vassførekomstane er kan-skje noko av det viktigaste. No i startfasen er mange vurderin-gar, t.d. av økologisk tilstand, framleis teoretiske og lite baserte på målingar. Turvollelvi

Kva har EU sitt vassdirektiv å seia for vassdraga i Vik?

«Hopra, så stille og mager du er…» heiter det i ei 30 år gamal revy-vise frå Vik

16 VINTERAVIS 2016

Page 17: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

til dømes har ein «antatt svært dårleg økologisk tilstand» mest pga. at elva er regulert og utan minstevassføring. Det er i tillegg bygd fl aumvern langs elva, og det er observert lite eller ingen fi sk. Den kjemiske tilstanden er lite kjent. Når ein veit så lite om økologien i elva, blir det vanskeleg å vurdere kva økologisk tilstand ein kan oppnå og kva som må til. For andre elvar i kommunen er kunnskapsnivået noko betre, men langt frå godt nok, t.d. for Nedre Vikja og i Hopra som begge er registrerte med «dår-leg økologisk tilstand».

Vinn-vinn-situasjonÅ fi nne fram til og gjennomfø-re gode tiltak for reint vatn og god økologisk tilstand i vass-førekomstane i kommunen er ein vinn-vinn-situasjon. Vi sikrar denne så viktige ressursen til vår bruk i dag og for framtida, og vi bidreg til å gjere kommu-nen til ein god plass å bu og drive næring i, og ikkje minst å vitje. Fjordane er framleis Vestlandet sin viktigaste reise-livsressurs!

Lenkjer:http://vannportalen.no/http://vann-nett.no/

English summary:The Water Framework Directi-ve (2000) is a European Union directive which commits Eu-ropean Union member states to achieve good qualitative and quantitative status of all water bodies. Also Norway has bound itself to the Directive, introducing Vannforskriften in 2007. The Directive aims for ’good status’ for all ground and surface waters (rivers, lakes, transitional waters, and coastal waters). A regional plan for water body manage-ment went through Fylkestin-get December 2015. In Vik, ex-tensive knowledge about local water bodies is still needed in order to identify suitable measures to achieve the aims of the Directive.

K. Weichert

Geocaching (uttale: geokæsjing) er ein aktivitet som liknar på orientering, men ein fi nn fram ved hjelp av GPS eller Smart-phone i staden for kart og kompass. Ein leiter etter postar, kalla ”cache” (kæsj). Cache’ane er plasserte ut over store deler av verden og informasjon om alle 2,7 millionar cache’er ligg på nettstaden geocaching.com . Det fi nst til og med ein cache på den internasjonale romstasjonen ISS. Cache’er som regel gøymde på stadar der det er noko interessant å sjå eller lære om. Som oftast er det små plastboksar med loggbok i. I utgangspunkt kan alle legge ut geocache’er. I Vik kommune var det per desember 2015 gøymd 15 cache’er. Some er også tilgjengelege om vinteren.

Korleis fungerer det?For å ta i bruk Smartphone-appen el-ler få lov å laste ned koordinatane til cacher til din GPS må du registrere deg på geocaching.com . Dette er gratis og krev ein gyldig e-postadresse. Når du har funne fram til ein cache, kan du skrive deg inn i boka (dersom det fi nst) og etterpå „logge” funn av cache’en på geocaching.com eller direkte via geocaching-appen på telefonen. På denne måten kan ein „samle” cache’er, og dei ivrigaste har allereie funne fl eire tusen.

Kjekt for barn!Geocaching er også ein fi n uteaktivitet for barn. Det er gøy å leite og fi nne! Dersom cache’en er ein boks med loggbok, er det

som oftast også fl eire små leikefi gurar i boksen. Barn ute på geocaching kan ta med seg små ting (t.d. frå Kinderegg) hei-mefrå og kan byte dei mot tinga i boksen dei fi nn. Ein bør alltid byte lik eller opp, ikkje ned.

Meir informasjon: www.geocaching.com og www.gcinfo.noKaren Weichert

Engelsk samandrag:Geocaching in VikGeocaching is an outdoor activity bas-ed on GPS (Global Positioning System). Players use a receiver or mobile device and other navigational techniques to hide or look for containers, called ”geocaches” or ”caches”. In Vik there are hidden 15 geocaches (status 12/2015), some of them can also be found during the winter season. More information on geocaching.com.

Geocaching i Vik

Logo Geocaching.The Geocaching Logo is a registered tra-demark of Groundspeak, Inc., used with kindly permission of Groundspeak, Inc.

Bilete av cache og GPS.

VINTERAVIS 2016 17

Page 18: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Bakgrunn, historikkEtter ein forutgåande prosess i Vik kommune, vart det hausten 2007 satt i gang eit arbeid med å gjera ei prinsippvurdering av mogeleg utbyggingsmåte og mogelege utbyggingsom-råde for 10 stk bustader for funksjonshemma i Vik. Dette arbeidet vart vidareført i juni/juli 2009 med eit konkret ut-greiingsarbeid, med sikte på å laga eit grunnlag for vurdering og val av tomtealternativ i Vik sentrum, der 3 ulike tomteom-råder vart vurdert opp i mot kvarandre.Med utgangspunkt i denne utgreiinga, gjorde Vik kommu-nestyre den 09.11.2009 vedtak om å nytte området aust for Helsetunet som tomt for bu-stadprosjektet.I løpet av 2010 vart det utar-beidd eit skisseprosjekt for i alt 11 bueiningar, samt eit felles-areal med fellesrom, personal-rom og trenings-/avlastnings-bustad.I reguleringsplanen som den-gang var gjeldande, var stør-stedelen av planområdet sett av til friområde, og deler av planområdet i sør var sett av til offentlege bygg og veg. Om-rådet måtte difor omregulerast for å kunne nyttast til bustader for funksjonshemma. Som ein følgje av høyringsut-talane til planprogrammet som hausten 2010 vart utarbeidd i forkant av reguleringsplanar-beidet, vart skisseprosjektet revidert og tal bustader redu-sert til 7 stk. Ny regulerings-plan vart utarbeidd, og planen vart vedteken av Vik kommune 19.12.2013, med endeleg stad-festing av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane den 10.09.2014.Etter at reguleringsplanen vart godkjent, gjekk ein vidare med å vidareutvikla det reviderte skisseprosjektet i forprosjekt-fasen.Forprosjektdokument vart oversendt byggherren Vik kommune 30.04.2015 der det vart godkjent i formannskapet

07.05.15 og kommunestyret 21.05.15. Etter dette gjekk ein inn i de-taljprosjektfasen med detaljer-te avklaringar og utarbeiding av anbodsdokument. Fredag 04.12.15, vart anbodsdoku-menta lagt ut i Doffin-da-tabasen for nedlasting for interesserte anbydarar innan hovudentreprise for bygnings-messige fag og sideentreprisar innan røyranlegg, luftbehand-lingsanlegg og elektroinstalla-sjonar. Byggearbeida skal vera avslutta 1. februar 2017.

LøysingHovudtilkomsten til anlegget er frå vest, med inngang til fellesareal og bustader i den sørlegaste delen av bygnings-massen. Det er forutsett at tomta vert planert/fylt ut, slik at bygningane vert liggande på same plan for best mogleg tilgjengeligheit for alle, uav-hengig av funksjonsnivå. Anlegget er i ein etasje utan kjellar, med alle bustader og fellesareal på same etasjenivå. Bygningsmassen er oppdelt og organisert i samsvar med tomteformen: 7 bustader er plassert i 2 bygningskroppar på kvar side av ein overdekka fellesgang. Ein tredje byg-ningskropp med tilkomst frå fellesgangen, har fellesrom, trenings-/avlastningsbustad og personalrom, samt bøttekott og handikaptoalett. Mellom felleshus og eine bustaden ligg teknisk rom som eit lite

mellombygg med tilkomst frå fellesgangen. Dette gjev ei oppdelt form som er med på å bryta ned bygningsvolumet. Alle bueiningane har opp-holdsrom og privat, delvis overdekka uteplass anten mot aust eller vest. Felleshuset ligg ved hovudinngangspartiet og har felles uteplass mot sør.Ved inngangsområdet ligg ei stor utebod som er felles for alle bebuarane. Det er takover-bygd plass for avfallshandte-ring og sykkelparkering utanfor, samt gjesteparkering for 1 bil. Øvrig parkering er lagt m.a. til parkeringsplassen ved Vik Helsetun. I samsvar med reguleringsplan er det planlagt ein offentleg gangsti/gangveg frå nord til sør gjennom friområdet vest for nybygget.

BueiningDet er to typar bueiningar: Bu-eining 1 er den største og den er det 5 stk av og alle ligg på vestsida av fellesgangen. Ei av desse har direkte tilkomst frå det overbygde inngangspartiet ved hovudinngangen. Buei-ning 1 har gang, stove m/ kjøk-

kenkrok, soverom, bad og bod med plass til ei seng for evt. gjesteovernatting. Bueining 2 er det 2 stk av. Denne bueinin-ga er litt mindre, men har same rominnhald berre organisert litt annleis. Bueining 2 er breiare og smalare enn bueining 1, og oppstod som eit resultat av at det var ynskjeleg med ein sma-lare bygningskropp for å gje mest mogleg friareal vest for nybygget. Begge bueiningsty-pane er tilrettelagt for rullestol-brukar og er i samsvar med krava i TEK10 m.o.t. universell utforming, samt anbefalingar frå Husbanken.Det er planlagt lik kjøkkeninn-reiing i alle bueiningane, med innebygd kjøleskap, mikro-bølgeovn, oppvaskmaskin og steikomn, og høgde på benke-plate og overskap skal kunne tilpassast den einskilde bebuar. Det er plass for vaskemaskin på bad og fryseskap i boden.

Felleshus / fellesarealFelleshuset har tilkomst frå fellesgangen og rommar fel-lesrom, trenings-/avlastnings-bustad og personalrom, samt bøttekott og handikaptoalett. Handikaptoalettet har tilkomst frå fellesgangen.Fellesrom m/ gang er eit samlings- og aktivitetsrom med plass til biljardbordet som be-buarane alt har. Det har også plass for tillaging og eting av felles måltid. Rommet har lukka peisomn med stålrøyrpipe. Frå rommet er det tilkomst til over-bygd terrasse, treningsbustad og personalrom.Treningsbustad har stove med sovealkove og enkel kjøkke-ninnreiing med minikjøkken,

TEIKNING NR. REVISJON

PROSJEKT NR. MÅLESTOKK

DATO SIGN:

BYGGHERRE / TILTAKSHAVAR:

REV

ISJO

NA

R: Revisjonen gjeld: Revisjonen gjeld: PROSJEKT / TYPE TEIKNING:Dato: Dato:

KST/RT

Vik kommuneTekstA 00.00.00 07.06

-190

A 00.00.00 Tekst Bustader for funksjonshemma i VikAnbodsteikningOversiktsperspektiv

--------

04.12.2015

Bustader for funksjonshemma

TEIKNING NR. REVISJON

PROSJEKT NR. MÅLESTOKK

DATO SIGN:

BYGGHERRE / TILTAKSHAVAR:

REV

ISJO

NA

R: Revisjonen gjeld: Revisjonen gjeld: PROSJEKT / TYPE TEIKNING:Dato: Dato:

KST/RT

Vik kommuneTekstA 00.00.00 07.06

-197

A 00.00.00 Tekst Bustader for funksjonshemma i VikAnbodsteikningFasadeillustrasjon

--------

04.12.2015

18 VINTERAVIS 2016

Page 19: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Norsk kulturskuleråd er rekna som hovudsetet for kulturskula-ne i Noreg. Dei arbeidar under visjonen om ein kulturskule som er for alle. Ein skule som kjenneteiknast for å ha høg kvalitet, rikt mangfald som skal ivaretaka bredde og talent. Norsk kulturskuleråd måtte arbeide i mange år for å få gjennomført ei lovforankring av musikk- og kulturskulane. Fyrst i 1997 vart kulturskulen omsi-der lovforankra med fylgjande ordlyd i paragrafen: ”Alle kom-munar skal aleine eller i samar-beid med andre kommunar ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Ut over dette var det, og er framleis i dag opp til kvar enkelt kommu-ne korleis ein arbeider ut frå

denne lovforankringa. Hausten 2015 lanserte norsk kultursku-leråd ein etterlengta ny ram-meplan for kulturskulen som i dag ligg på skrivepultane hjå kulturskulane i Noreg. Norsk kulturskuleråd har som mål for framtida at kvar kommune skal kunne anvende planen for å kvalitetssikre sin eigen kulturskule. Eit av punkta er å kunne tilby mangfald. Dette kan vera ei utfordring for dei minste kommunane. Kommu-nar som er heilt avhengig av at faglærde lærarar fl yttar inn i ein avkrok for å ytra yrket sitt.

Kulturskulen i Vik kommuneIdeelt sett seier rammeplanen at kulturskulen skal kunne tilby disiplinane musikk, drama og teater, dans, visuell kunst og kreativ skriving. I Vik kom-mune kan me i 2016 tilby dei tre fyrstnemnde disiplinane i tillegg til idrettskule. På sikt ynskjer me å oppnå alle. Sær-leg spanande dette halvåret er oppstartinga av drama og teater i Framfjorden og Feios. Våren 2016 skal kulturskulen i samarbeid med skulekorpsa i kommunen og Vik songlag utarbeide eit afrikansk mu-sikkprosjekt som me har gitt

namnet ”Jambo” som tydar ”Hallo” eller ”Hei” på swahili. Drama og teaterelevane skal stå for den fysiske teaterbiten i tillegg til dans og song saman med dei andre aktørane. I lys av ”Multikulti festivalen” som tilbyr kurs innan afrikansk dans og rytmikk, vil me i vidareføring av denne festivalen gjerne in-vitere alle som vil i kommunen til å melde seg på ”Jambo” prosjektet hjå kulturskulen i Vik. I tillegg til dansarar, songarar og musikarar treng me aktørar som vil vera sminkørar og som vil lage kostymar. Prosjektet vert bygd på ein modell un-derteikna har gjennomført på musikalkurs ved den landsdek-kande sommarleiren ”Splæs-hcamp” under organisasjonen Frilynt sommaren 2015 (sjå bilete).

Ung Kultur Møtes5. Mars i Vikjahalli vert det oppført UKM (Ung Kultur Møtes) som før hadde namnet Ungdomens Kulturmønstring. Underteikna var før jul rundt på skulane i kommunen for å snakke med elevane frå 13 års alderen og opp (grensa er 20 år) om å delta med noko dei vil visa fram. Her er det lite av-

grensa kva ein kan delta med, men dersom ein er nyfi ken kan ein gå inn på nettsida UKM.no og fi nna fram til si lokale mønstring i Vik. Scenekunst, visuell kunst og kreativ skriving er hovudsjangrane. På nettsida kan ein sjå på kategoriar og melde seg på. Oppmodar alle i kommunen til å vera fram-på med å få ungdomen til å melde seg på. Til fl eire påmel-dingar me har, til meir staseleg vert denne ettermiddagen i Vikjahalli der ein kan dela kunstuttrykk med kvarandre. Nokon heldige vil verta plukka ut til fylkesmønstringa som er i Førde 2. og 3. April. Deri-frå går dei vidare utplukka til landsmønstringa i Trondheim. Kvelden i Vikjahalli vert etter-fylgt av disko for 1-6. Klasse og seinare 7. Klasse til 18 år. Me vonar dette kan verta starten på ein god UKM tradisjon som kan fungere som målsetjing for kreativ skapande ungdom.

Vil med dette ynskje Vik kom-mune eit strålande kulturår!

Beth RamfjordKulturskulerektor

samt dusj/WC med plass til vaskemaskin. Personalrom har opphaldsrom med enkel kjøkkeninnreiing med minikjøkken, samt dør ut. I tillegg er det personaltoalett m/dusj, samt eit rom for garde-robe og sovande nattevakt.

Karen Tangstad

Helsing frå kulturskulerektoren

Frå «Løvenes konge» under Splæshcamp 2015. Noko slikt vil ein prøva å få til under Gamalostfestivalen i Vik. Born og vaksne vert oppmoda til å bli med som songarar, dansarar, musikarar, sminkørar og å laga kostymar til Jambo i Vik. Meld dykk, bli med! Foto: Marte Berg

VINTERAVIS 2016 19

Page 20: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Tomme driftsbygningarDet er etter kvart mange tomme driftsbygningar i kommunen. Dei står unytta og er tomme eller nytta til lager. Her er det rom for kreative personar. Kva kan desse tomme bygningane nyttast til? Kan dei byggjast om til eit anna føremål? I Sæbø har dei laga eit selskapslokale i fjosen. Men i Vik er det behov for fl eire lokale til trening, Blixhalli er sprengd. Mindre lokale til mindre grupper, alt frå styrketrening, aerobic og yoga. Noko Vik treng sårt, er nytt spinningrom. Det som er nytta i dag, i 2. etasje i Blixhalli, er for lite og har for dårleg lufting. Det er elles vorte ein fl ora av treningsformer som kan tilbydast. Det trengst hyblar og leilegheiter i Vik framover, til fl yktningar og andre. Bygg om til utleige.Kva med produksjon av gardsmat, satsa på turisme, open gard eller noko heilt anna. Kva treng me i Vik, kva saknar me?

Hjå Tux-Ola står det to driftsbygningar som ikkje er i bruk lenger. Det er mange slike i kommunen. Det burde vera ein ressurs som kan nyttast til noko anna enn å fylla opp med reiskap og anna. Foto: A. I. Sæbø

Vik er pilotkommune i akti-vitetsprosjekt for å motivera eldre til å halda seg aktive med sykkel og skjerm. I tillegg er det svært sosialt. Frå sist haust har dei som har villa fått høve til å sykla med tak over hovudet og kjente gater på skjermen– Eg tykkjer det er kjempefi nt. Eg går ikkje så mykje lengre, for eg er ikkje så god i føtene, så dette er trimmen min, seier Ingrid Stadheim medan ho syklar i Vik inne på velferdssen-teret i kommunen.Prosjektet har fått namnet «Auka fysisk aktivitet gjennom sykkel og video», og er eit delprosjekt for å utvikla kunn-skap og innovasjon i pleie- og

omsorgstenestene i fylket.– Alle får tilbod om å sykla. Så kartlegg me 18 brukarar gjennom åtte til ti veker, der me ser på næring, vekt, fysisk funksjon, søvn, åtferd for dei som har demens, depresjon, livsglede og korleis dei kla-rar seg i dagleglivet, seier avdelingssjukepleiar Annet Neeleman, som saman med kommunefysioterapeut Hanne Græsli og Marta Liljedal driv aktivitetsprosjektet i Vik.Opplegget med sykkel og video er levert av selskapet Motitech og vert kalla «Moti-view». Stadig fl eire kommunar har teke i bruk opplegget, som har synt å føra med seg gode helsegevinstar. Det gjeld både

dei med god og dei med redu-sert mental helse.– Færre fall og brot, betre matlyst, søvn, mindre medisin-bruk og vektreduksjon er nokre av effektane. Det verkar veldig

bra, så me har hatt lyst på det-te lenge, seier Neeleman.

Frå Sogn Avis ved Joar Offerdal Vatlestad

Thea Aase t.v. og Ingrid Stadheim diskuterer aktivitetsprosjektet med kommunefysioterapeut, Hanne Græsli, ved velferdssente-ret. (Foto: Joar Offerdal Vatlestad)

Trim på Vik Bygde- og Sjukeheim

I november var ei gruppe elevar ved Feios skule heldige å få læra korleis fl atbrød skal bakast på ordentleg vis. Hildny Marit Grindedal, ei av mange i Feios som sit på kunnskapar om denne tradisjonsmaten, sa ja til å vera med og læra oss kunst-en. Seks elevar frå valfaget «Levande kulturarv» hadde laga knoa på førehand, funne fram forklede og fylgde ivrig med då Hildny Marit forklarde og synte korleis det skulle gjerast. Me steikte opp mot 100 leivar i løpet av nokre timar, og fl atbrøda vart serverte saman med heimelaga lapskaus på Solidaritetska-feen på Feios skule, der inntekta i år gjekk til Flyktninghjelpen.Jarle

Flatbrødbaking Feios skule

Hildny Marit Grindedal lærer elevane å laga fl atbrød.

20 VINTERAVIS 2016

Page 21: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Den naturlege skulesekken er ei nasjonal skulesatsing og er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Satsinga skal bidra til at born og unge gjennom opplæringa får kunnskap og bevisstheit om berekraftig utvikling og globa-le miljøutfordringar. Skulen i Fresvik har hatt mange ulike prosjekt i Den naturlege skulesekken, men me skal her fortelja litt om pro-sjektet me hadde førre skuleår. Me skulle utforske eit naturom-råde i nærmiljøet. Gjennom å bli godt kjende med området skulle elevane læra å verdsetje området ut frå miljømessige, økonomiske og sosiale ver-diar. Så skulle elevane med bakgrunn i det dei hadde lært og funne ut, argumentere for og imot ein endra bruk av området. Til slutt skulle dei ta ei avgjerd på bakgrunn av argumenta. Prosjektet enda altså i eit oppdrag eller oppgåve: Ein tenkjer seg at kommunen yn-skjer ei uttale frå barn og unge i kommunen. Elevane skal så jobbe i grupper og skrive eit fi ktivt brev der dei kjem med råd for og imot endringa av området. Argumenta i brevet skulle byggje på feltarbeidet og datainnsamlinga og belyse dei ulike perspektiva av bere-kraftig utvikling: sosial, miljø og økonomi. Me ynskte å fokusere på heimestølen Engi i Fresvik. Etter at stølinga slutta, grodde mykje av stølsområdet att. Eit beiteprosjekt i regi av Fresvik Beitelag hadde opna oppatt mykje av det gamle landska-pet. Mykje skog var rydda, deler av området inngjerda og området blir på nytt brukt til beiting. Me tenkte oss så at det var planar om eit hyttefelt på det gamle stølsområdet. Kva endringar ville det føre

med seg på godt og vondt? Er her verdiar som vil gå tapt ved ei eventuell utbyggjing og kva positive verknader vil det gi? Skuleåret starta med feltdagar på heimestølen. Me registerte planter i ulike bio-topar. Attende på skulen vart funna sette inn i tabellar og ein samanlikna dei ulike biotopa-ne og prøvde fi nna grunnar til variasjonane. Me fekk også tak i gamle bilete frå Fresvik Sogelag. Så fotograferte me på dei same stadene, og slik dokumenterte me landskapsendringar. Gjen-nom skuleåret arbeidde me vi-dare med å dokumentere bru-ken av området. Me intervjua ulike brukargrupper og fann ut korleis dei hadde nytte av området. Svara vart bearbeid-de og sette inn i skjema som viste bruken av området, kva eventuell økonomisk verdi det hadde for brukarane, kva sosial verdi etc. På den måten nærma me oss dei ulike perspektiva av berekraftig utvikling: sosial, miljø og økonomi. Kommunen blei så kontakta og me fortalde om prosjektet vårt og spurde om dei kunne hjelpa oss med kart som viste

eit hyttefelt med parkering etc. Me fekk tilbake eit veldig offi -sielt brev der dei varsla at det skulle setjast i gang planarbeid på Engi med vedlagt kart over hytteområdet. Det var veldig kjekt å få så positiv respons. I april hadde me synfaring på hytteområdet. Me målte opp, såg på terrenget og prøvde å vurdere pluss og minussider ved ei utbygging. Midt i synfaringa vår kom eit stort snøras ned Engjagilet, så då fekk me brått eit ekstra argument mot utbygging! På Engi er det mange gamle steinmurar, så seinare på våren hadde me med oss foreldre som lærte oss tørrmu-ring. Tungt arbeid fann alle ut. Me var også inne i eit gammalt sel og såg på kva som var der. Deretter besøkte me eit modernisert sel og såg på kva som kan gjerast for å få det praktisk og fi nt inne samstun-des som ein bevarer selet utvendig. Me hadde også besøk av høgskulelektor Espen Hoff frå Norges teknisk-naturvitenska-pelige universitet i Trondheim . Han var med oss i to dagar både på feltdag og på ette-

rarbeid i klasserommet. Han skreiv på ei forskingsoppgåve om kva elevar lærte og korleis undervisninga blei gjennom-førd i prosjekta i den naturlege skulesekken. Alle elevane i mellomtrinnet blei intervjua og måtte diskutere i grupper og forklare kva dei meinte og visste om dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling. Arbeidet vårt munna ut i tre fi ktive brev til «kommunen» der me kom med ein uttale til planforslaget. Her lista me opp positive og negative verknader med bakgrunn i dei ulike per-spektiva i berekraftig utvikling. Desse breva blei sende inn til den naturlege skulesekken. På haustparten fekk me ein uventa respons på breva våre. Me visste at det var ein konkurranse for heile landet der dei fem beste bidraga blei premierte. No var me ein av dei fem! Klassen fekk 2000 kr i premie og to lærarar fekk reisa på Naturfagkonferansen i Oslo. Uventa og kjempekjekt og ei fl ott avslutning på eit prosjekt der me trur både elevar og lærarar lærde mykje! Mia

Prosjekt i Den Naturlegeskulesekken ved Fresvik skule

VINTERAVIS 2016 21

Page 22: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Vik Kommune får no utført anleggsarbeid ved Høgretjørni på Vangsnes. Prosjektet skal sikra større vassmagasin, og dermed sikrare vassforsyning til Vangsnes. Hovuddelen av arbeidet går ut på å byggja ny betongdam, slik at vann-standen i vatnet kan hevast. Hovudentreprenør for arbeidet er Jordalen Entreprenør As på Voss, mens betongarbeidet vert utført av Røryvik Bygg og Betong As, Vik.

Arbeidet har vore planlagt i lang tid, men anleggsarbeidet starta opp første dagane av september 2015. Ein viktig del i startfasen, har vore å sikra vassforsyninga i bygge-perioden. Det vart laga til eit hevertsystem, der ein kunne tappa frå vatnet utafor det van-lege avtappingspunktet. Dette området er no anleggsområde. Her er det no bygd ein mel-lombels dam av lausmasse, slik

at vannkapasiteten i tjørna kan haldast på om lag opprinneleg nivå i byggeperioden. Det måtte også lagast ny veg forbi tjørna fordi gamlevegen her i framtida vert neddemt. Anleggsområdet er no reinska for store mengder lausmasse, og betongarbeidet starta i slut-ten av november. Men vinteren kom fort i denne høgda, over 500 m.o.h., med opp mot 60 cm snø. For å unngå for store ekstrakostnader, farlege ar-beidssituasjonar, m.m. vart det bestemt å ta ein vinterpause. Kor lenge vil ver og temperatur bestemma, men ein skal i gang att seinast 1. april. Målet er at dammen skal vera i funksjon til midtsommars. Viss dette ikkje skulle gå, må den mellombelse dammen fungera i vatningsse-songen for bringebær, og at ein koblar om til nytt system når sesongen er over. Den nye betongdammen vi syna godt att i terrenget; over

40 meter lang, og ca. 7 m høg på det høgste. Ein reknar med å fylla opp ein god del på ned-sida, for å dempa høgda. Den nye løysinga skal sikra uproble-

matisk vassforsyning til Vangs-nesområdet, og at ein slepp å bruka så store ressursar til drift som i dagens situasjon.Nils Gunnar Finne

Røyrvik Bygg og Betong ved Lukas og Arne Morten Sætevik forskalar og armerar.

Vassverket på Vangsnes – HøgretjørniDamområdet er avdekka for lausmasse. Dam skal byggjast mot fjellknaus på motsett side.

22 VINTERAVIS 2016

Page 23: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

På Facebook, Instagram og andre sosiale medium kan ein ofte fi nne fl otte bilder av Vik eller bygdene i kommunen vår. Det bugnar av lovvord og patriotisme over kor fi nt og vakkert det er hjå oss. Og det er heilt rett, - fi nare stad skal ein leite lenge etter. Me har fjell og fjord, og nydeleg tett-stader i den vidstrakte kommu-nen vår. Og det meste er lett tilgjengeleg, sjølv om det rett nok krev litt meir planlegging å komme til nokre av stadene i kommunen.

Me som bur her veit alt dette. Og me deler gjerne bilda våre. Men korleis kan me få fl eire turistar til å komme her og oppleve dette? Dette er ei reell utfordring no etter oppstarten av Blix hotell, og dette var ei utfordring som redaktøren av Vinteravisa ga til meg. Kunne eg skrive litt om mine tankar om korleis Vik kan bli ein betre turistkommune? Kva skal til for at turistane kjem til Vik, og blir her?

Alt no er det nok ein del som har oppdaga Vik, og kjenner Vik godt. Mellom anna har Vikja mange faste besøkande som prøver fi skelukka, og det imponerande det arbeidet som er lagt ned rundt elva. Cam-ping-plassane rapporterer om bra med besøkande, og gjester som kjem igjen år etter år. Vik har etter kvart fått eit svært godt rykte i ski-miljøet då det har vorte lagt ned eit godt arbeid med å køyre løyper på Vikafjellet om sommaren. Takka vere ein grei grunneigar og god dugnadsånd i idrettsla-get har dette vore muleg, og langrennstoppar og skiskyttarar frå inn- og utland har starta med sesongoppkøyringa si Vik. Også Stølsheimen er godt besøkt. Er ein på parkerings-

plassen ved Kvilesteinsvatnet ein fi n sommardag er den som regel stappfull av bilar. Og kyr-kjene, dei kan vise fram gode besøkstal og er vel den staden ein verkeleg kan fi nne turistar i Vik.

Likevel er det rikeleg med plass for fl eire. Og dei er så velkomne. Skulle så gjerne at fl eire av bilane som kjem i «fer-jekø-rekker» stoppar når dei kjem her, eller at fl eire plan-legg på førehand eit lengre eller kortare stopp her. Korleis skal Vik bli kjend for noko anna enn «Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt»?

Eg må seie at mellom anna Sogndal imponerer. Dei har «tatt» og bygt eit «frilufts- og snøkøyringsimage» som ser ut til å trekkja mange. Dei har på kort tid klart å byggja ei sterk merkevare som er attrak-tiv og når ut i media. Kva er merkevara for Vik? Med fare å fornærme mange, og sikkert gløyme mykje viktig, dristar eg meg likevel til å vise til ein del som vi kan byggje vidare på; «Vidasete Opp», «Suten Opp», løyper for skigåing sommarstid på Vikafjellet, Stølsheimen, Sølvringen, Vikja, mulegheiter for sykling i fjellet, jakt og fi ske, og mange andre aktivitetar i friskluft. Både vinter og sommarstid. I fjor sommar budde det 2 sveitsiske turistar på annekset til Blix som kom eine og åleine for fjellturar med utgangspunkt frå Fresvik. Det gir håp for noko vidare å bygge på.

Det er ikkje heilt enkelt, men me må framstille Vik systema-tisk som ei «merkevare» innan aktivitet, sommar og vinter. For aktive er me her. Og me likar å vise det fram. Med fl otte bilete i sosiale media. Lat oss vise

det fram på ein felles internett-stad, i ein felles «gammeldags» brosjyre, lat oss skryte av det i media, og ikkje vere smålåtne. For det er me ikkje når dei fl ot-te bilda våre litt på Facebook. Eg har tru på at vi kan få fl eire turistar til å komme her berre dei faktisk får vite om kor lett det er å vere her, kor lett det er å fi nne på noko ute her, eller at ein kan gjere turen så lett eller hard og lang som ein sjølv vil. Me må byggje på det me har, vise fram det me har, og deretter driste oss til noko nytt. Kva med eit «utsiktsplatå» som «premie» når ein har gått opp Suten? Eg veit at me skal ha re-

spekt for grunneigarane i om-rådet, og den gode ideen om eit slikt utsiktspunkt var slett ikkje min, - men tanken er god. Det hadde vore noko det! Å nyte utsikta over Sognefjorden ved Kyrelvstupet, på ein slags «terrasse». Her kan forresten alle komme til, på fl atare måte enn opp Suten, om ein vil.

Kom til Vik, og ver aktive. I ak-kurat det tempoet og så fysisk krevjande som ein sjølv vel at det skal vere. For mulegheiten har me her.

Jorunn Åsfrid Røyrvik

Korleis kan Vik bli einbetre turistkommune?

Blix hotell: Nye møterom og konferansesal snart klarI desember 2015 opna Blix hotell dørene til totalrenovert spisesal, kro, resepsjon og lounge-område. Romfl øyen til Blix har vore i drift dei siste 2 åra, men fram til no har det kun vore sjølve romma som har vore tilbodet til Blix. Med opninga i desember vart det no heilt andre og mykje bedre fasilitetar for gjestene. Hotellet tilbyr middag kvar dag heile veka, både til tilreisande og fastbuande i Vik. «Blix kroi» er open også på føremiddagane for lunsj-gjester, og på kveldstid for dei som ønskjer å kose seg litt der. I løpet av januar vil 2 heilt nye møterom vere klare. Desse ligg også i 1. etasje med direkte ankomst frå resepsjonen. I løpet av våren vil eit større konfe-ransesal med plass til opp mot 100 personar stå klart. Kon-feransesalen kan nyttast både på dagtid og kveldstid til ulike typar arrangement etter behov. Me ser fram til at denne blir ferdig. Blix hotell har 28 rom og 56 senger.

Omsorgsektoren takkarOmsorgssektoren vil nytte høve til å takka for minnegåver og andre gåver frå enkeltpersonar, næringsliv eller lag og orga-nisasjonar gjennom året. Alt til glede for bebuarar på VBS, omsorgsbustader eller Fresvik Bygdaheimen!Me ynskjer i tillegg å takka for godt samarbeid med frivillige organisasjonar! Nokre gir av si tid og omsorg i form av be-søksteneste i regi av Røde Kors. Fleire grupper underholdning med sang, musikk eller dans. Det er ei glede å sjå engasje-mentet og det vert verdifulle møte i det små og store!Til sist vil me også takke for samarbeid med skule og barneha-ge som vitnar dei eldre. Mange stjerne-stunder vert til!

VINTERAVIS 2016 23

Page 24: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Stølsheimen landskapsvern-område inneheld, som namnet tilseier, rikt med spor etter støling. Nokre stølar ser ut om lag som dei gjorde då dei var i bruk, medan andre er knapt synlege i landskapet, då husa er lagt i ruinar og skogen har teke tilbake selbøen. Styret for verneområdet har vedteke å skjøtta landskapet på fl eire av dei truga stølane så dei ikkje skal forsvinna, men halda fram å vera vikti-ge innslag i landskapet. Ikkje berre visuelt, men også som god beitemark og berarar av kulturhistorie.

I 2009 vart alle stølar i området registrert med omsyn til vege-tasjon og bygningar. Rappor-ten frå dette arbeidet seier kva verdi (oppleving, historie, beite mm) stølen har i dag og kva som må til for å halda denne verdien oppe. Stølane er vidare sett inn i ei rangeringsliste for ressursbruk.Arbeidet er i full gang på fl eire stølar. Desse er stølar tilhøyrande Strendene og Arnafjord, og alle ligg i sko-gen eller i skoggrensa. Difor er det vanleg å begynna med naudsynt skogrydding for å få kjernen i stølen fri og så gå

vidare med kratt og til slutt den fi nare vegetasjonen som bringebær, bregner og til slutt gras. Ofte har det på selbøen laga seg store grastubber som må fjernast. Tubbene må takast ved rota og alt plantemateriale fjernast frå beiteområdet. Det fi ne graset som då kjem fram er veldig attraktivt for beitedy-ra! Med eit fi nt grasdekke og beitedyr attende er stølen sikra for lange tider framover.Det ligg mykje godt arbeid i ein nyrydda støl; riktig kunn-skap, ein god plan, avtale med grunneigarane og ikkje minst; godt mannskap! I Stølsheimen

har vi alt dette. Til no er det rydda på stølane Sylvarnesda-len, Ytstestølen, Rotteskaret, Rosete, Fossesete og Negard-stølen.Tilgangen på beitedyr er veldig ulik for stølane, slik at på nokre må det takast høgde for ei avgrensa beitepussing også i framtida.

Nils Kvamme, prosjektleiar for skjøtselsarbeidet

Ikkje alle stølar skal gro att!Ytstestølen Fossesete

Rosete Sylvarnesdalen

Negardstølen

Rotteskaret

24 VINTERAVIS 2016

Page 25: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

I arbeidslivet kjem det stadig nye krav til kompetanse og kunnskap. Samfunnet er stadig i endring og i oppvekstsekto-ren har me eit særskild ansvar for å rusta barn og unge til å møta utfordringar og krav i samfunnet, no og i framtida. I oppvekstsektoren veks det fram ein kultur for endring og utvikling. Dei tilsette ynskjer å styrka kompetansen sin på fleire områder.Dette gjer ein på ulike måtar. Gjennom utviklingsprogram-met «System for styrka læring» i regi av Sogn Regionråd, deltek ein på fagnettverk i dei faga ein underviser i. I tillegg har ein meir temaba-serte nettverk som psykisk helse, spesialpedagogikk og IKT. Desse fagnettverka er blitt peika på som ein av nøklane til at ein har så gode skuleresultat i Sogn og Fjordane. «Ungdomstrinn i utvikling» er

ei anna satsing som me skal i gong med i 2016. Dette er ei nasjonal satsing der ein skal heva kvaliteten i ungdoms-skulen. Gjennom skulebasert kompetanseheving i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane skal lærarane som underviser på ungdomsskulen få fagleg oppdatering og rettleiing. Vik kommune har valt Klasselei-ing som fordjupingsområde. Situasjon i klasseromma er meir komplekse enn dei var for eit tiår tilbake i tid. I dette biletet vert klasseleiing og relasjons-bygging viktigare enn nokon sinne. Dette skuleåret har me fem lærarar i grunnskulen som tek vidareutdanning gjennom «Kompetanse for kvalitet». Fagområda er rådgiving, matematikk, norsk som an-drespråk og lese og skrive-opplæring. Denne satsinga er i stor grad finansiert av staten.

Det finst også ei liknande ord-ning for barnehagane og ein oppmodar også der om å heva kompetansen blant dei tilsette. I haust starta ein tilsett i bar-nehagane opp med vidareut-danning i spesialpedagogikk og to har fullført barne – og ungdomsarbeidarutdanninga med fagbrev dette året. Ein har også tilsette som tek min-dre kurs (etterutdanning) på eige initiativ. I løpet av hausten har det kom-me strenge krav til kompetanse for å undervisa i matematikk,

norsk og engelsk. Særleg gjeld dette for undervisning i ungdomsskulen. For læra-rar som manglar kompetanse betyr det at dei må ta vidareut-danning om dei ønskjer å halda fram å undervisa i realfaga på sikt. Det er ulike meiningar om at auka kompetanse gir betre lærarar, men me kan slå fast at dei fleste får auka motivasjon og engasjement av fagleg påfyll. Dette er gode kompo-nentar og viktige føresetnadar for å lukkast i klasserommet. Bjarnhild

Kompetansehevingi barnehagar og skule

Sommaravis i maiDet vert Sommaravis i 2016 og, med fokus på dei tre festiva-lane våre, Gamalostfestivalen, Fresn og Bringebærfestivalen. Avisa vil koma ut tidleg i mai, og vil bli som vanleg innstikk i Sogn Avis og sendt til abonnentane i Vik, Balestrand, Leikan-ger og Sogndal. Kom gjerne med tips om stoff. Vinteravisa er utan annonser, men det skal Sommaravisa ha, og me håper firma og bedrifter støttar avisa. Svar ja når de blir spurde om annonser. ais

VINTERAVIS 2016 25

Page 26: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Kva verdiar skapar landbruket i Vik?Kva verdiar skapar landbruket og kor mykje betyr landbruket for sysselsetjinga? Korleis er ut-viklinga i Vik kommune saman-likna med resten av fylket? Tala i denne artikkelen er henta frå statistikkbanken hjå Land-bruksdirektoratet og frå ein rapport* som NILF og Øst-landsforskning har gjeve ut om verdiskaping og sysselsetting i landbruket i Sogn og Fjordane. Tala gjeld året 2013 eller perio-den 2007 - 2013 (6 år).

Verdiskapinga i tradisjonelt jordbrukVerdiskaping er verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsatsen. I rappor-ten er det argumentert for at tilskot skal reknast med av di det er betaling for produksjon av fellesgoder. Avskrivingar er ikkje med av di tala er vanske-leg å stipulere. Modellen er slik:

I NILF sine tal for tradisjonell jordbruksproduksjon er ver-diskapinga frå jordbruket i Vik kommune rekna til 46,5 mill. kr. Frå 2007 til 2013 har denne verdiskapinga auka med 4% (rekna i faste 2013-kroner). Vik ligg no på 8. plass i fylket av 26 kommunar. Berre dei største landbrukskommunane Gloppen, Stryn, Luster, Sogn-dal, Jølster, Eid og Gaular har høgare verdiskaping målt i kr. I vår kommune er mjølkepro-duksjon den størst driftsforma, på andreplass kjem produksjon av sauekjøt og på tredje plass frukt og bær. Vik har også gei-temjølk-produksjon, kjøtpro-duksjon på ammeku, grønsa-ker, veksthus og bi-røkt m.m. Her er ikkje svinehald, pelsdyr, egg og fjørfe.

MjølkeproduksjonFiguren viser at mjølkeproduk-sjonen står for 50% (23 mill kr.) av verdiskapinga i landbruket. Det gjer oss til den 9. største kommunen i fylket på mjølke-produksjon. I 2013 hadde fylket 918 gards-bruk med mjølk, 15.207 kyr og i gjennomsnitt 16,6 kyr pr. buskap. Same år var det i Vik 42 bruk med mjølk, 848 kyr og 20,2 kyr i snitt pr. buskap. Dei tre store samdriftene er ein

del av forklaringa på at me har fl eire kyr i pr. bruk .

I fylket har tal bruk med mjøl-keproduksjon vorte redusert med 33%, og tal kyr gått ned med 13 % frå 2007 – 2013. Mjølkemengda i fylket har like-vel berre gått ned med 2,4% til 105,2 mill. liter i perioden. I Vik har tal bruk med kyr vorte redusert med 8%, og ned-gangen er såleis mindre enn i fylket elles. I same periode har tal liter ku-mjølk frå Vik levert til meieri halde seg heilt stabil på 5 mill liter. Det vart også levert 215.500 kg storfekjøt frå Vik i 2013 (frå mjølkeproduksjon og ammeku)

Sauehald Produksjon av sauekjøt står for 28 % av verdiskaping i land-bruket i Vik, noko som tilsvarar 13 mill. kr og gjer oss til den 4. største kommunen på sau i Sogn og Fjordane. I fylket var det 1580 bruk med sau, 87.948 vinterfôra sau og gjennomsnittsbuskapen var på 56. Same året (2013) hadde Vik 111 bruk med sau og 5.870 tal vinterfôra sau. Gjennomsnitts-buskapen var på 53 dyr, noko lågare enn snittet i fylket. I fylket har talet på sau gått

ned med 9% frå 2007-2013 medan produksjonen av sauekjøt har blitt redusert med 2,9% i same periode. I Vik har ikkje talet på sau gått ned like mykje, 6% i perioden (frå 6256 til 5870). Produksjonen av sauekjøt har faktisk også auka. I 2009 (manglar tal for 2007) le-verte våre sauebønder 161.146 kg kjøt medan i 2013 hadde talet auka ti1 162.092 kg. For dei siste to siste åra (2014 og 2015) har til og med utviklinga i sauetalet snudd og tal sau har auka (til 5.975 v.f.s i 2015).

Frukt- og bærFylket sin produksjon av frukt- og bær er konsentrert. Vik og Luster har mest bær medan Leikanger, Sogndal og Stryn er størst på fruktproduksjon. I Vik stod denne næringa for 18 %, dvs. 8,5 mill. kr av verdiskapin-ga i landbruket i 2013. Avlinga-ne i frukt- og bærproduksjonen varierer mykje med vêrtilhøva og 2013 var eit dårleg år med avlingar langt under snittet. I 2014 leverte 53 dyrkarar 473.000 kg bringebær, 44.000 kg jordbær, 68.000 kg eple (inkl. pressfrukt). Overgangen i bringebærproduksjonen frå industribær til konsumbær (korgbær) som gir betre betalt, har ført til verdiauke.

Verdiskaping pr. innbyggjarDersom ein ser verdiskapinga i jordbruket i forhold til tal inn-byggjarar, gjev det eit uttrykk for kor viktig jordbruksnærin-ga er for kommunen. Her har NILF kome til at Vik ligg på 4. plass av dei 26 kommunane i fylket med ei verdiskaping på kr 17.024 pr. innbyggjar. Berre Hornindal (19.976), Gloppen (18.882) og Jølster (18.748) ligg over oss. Fiskerikommu-nen Vågsøy (633) og industri-kommunen Årdal (353) ligg naturleg nok nederst på lista.

Sysselsetjing Det var 172 landbruksføretak i Vik som dreiv jordbrukspro-

VERDISKAPING = BRUTTOPRODUKT Sum inntekter (inkl. tilskot), jordbruk+ familiens arbeid på

nyanlegg - Sum kostnadar før av-

skrivingar+ Kostnadar til leigd hjelp

26 VINTERAVIS 2016

Page 27: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

duksjon i 2013. Mange driv landbruk i deltidstilling, men det er oftast fl eire i familien som deltek i arbeidet på eit gardsbruk. NILF har rekna ut at sysselsetjinga i jordbruket i Vik utgjer 159 årsverk (à 1845 timar). Av desse er det 64 års-verk i mjølkeproduksjon (ku og geit) inkl. kjøttproduksjon med ammeku. I sauehaldet er det 68 årsverk og i produksjon av frukt og bær er det 26 årsverk (utan sesongarbeidarar). Dei aktuelle 6 åra har tal årsverk i landbruket vorte redusert med 16 % (frå 190 årsverk i 2007).

Verdiskaping frå skogbruketVerdiskapinga i skogbruket i Vik kommune er rekna til 4,9 mill. kr. I dette talet ligg verdien av netto tilvekst i kul-turskogen som utgjer absolutt største delen, dvs. 4,3 mill. Resten er verdi av tømmer og ved, både for sal og til eige bruk, samt sal av juletre og utleige av jakt. Verdien frå sal av tømmer vil variere mykje frå år til år. Verdien av ved er sett til kr 100.000 og verdien av jakt er sett til 249.000. I fylket totalt er verdiskapinga i skogbruket rekna til 134 mill. kr. pr år. Vik ligg om lag «midt på treet» samanlikna med dei andre kommunane.

Verdiskaping frå tilleggsnæ-ringar i landbruket Tilleggsnæringar er defi -nert som «næringsverksemd utanom tradisjonelt jord- og skogbruk med basis i ressur-sane på bruket». Eksempel er turisme, leigekøyring, utmarks-næring, vedproduksjon, grøn omsorg, utleige med meir. I gjennomsnitt for fylket driv 53 % av landbruksføretaka ei eller anna form for tilleggsnæring og verdiskapinga er rekna til 133 mill. I Vik er andelen låg, 37 %. Verdiskapinga er rekna til å vere 5,4 mill. kr. Sysselsetjin-ga frå tilleggsnæringar i Vik er rekna til 13 årsverk.

Verdiskaping frå landbruksba-sert industriDet er også gjort estimat for verdiskaping for den delen av landbruksbasert industri

som er avhengig av råvarer frå landbruket. I fylket er denne verdiskapinga rekna til 0,7 mrd. kr og mesteparten skjer der dei store foredlingsbedrifte-ne i fylket ligg, t. d. Nortura i Førde, Nordfjord kjøtt og ved Tine sitt meieri på Byrkjelo. Bøndene i Vik leverer til desse. Ein har likevel kome til at det er om lag 20 sysselsette i næringsmiddelindustrien i Vik, jf. Gamalostmeieriet og Vikja. Verdiskapinga er rekna til å vere 12 mill kr.

Ringverknadar på sysselset-ting Frå bonden sitt arbeid innanfor jordbruk, skogbruk og tilleggs-næringar vert det levert råvarer og kjøpt tenester. Arbeidsplas-sar i landbruksbasert industri, forretningsmessig tenesteyting og anna er såleis avhengig av landbruket. Forskarane har kome fram til ein sysselset-tingsmultiplikator på 1,73. Det vil sei at kvart årsverk i land-bruket gir grunnlag for 0,73% stilling i andre yrke. Ein kan såleis sei at dei 159 årsverka i

landbruket i Vik gjev grunnlag for 116 andre fulltidsstillingar. Dette omfattar då også stillin-gar utanfor kommune, t.d. ved dei store slakteria og meieria som bøndene i Vik leverer til.

OppsummeringDen samla verdiskapinga for landbruket i Vik er summen av jordbruk (46,5 mill), skog-bruk (4,9 mill), tilleggsnæring (5,4 mill) og landbruksbasert industri (12 mill) som totalt vert kr. 68.8 mill. Med 159 årsverk i tradisjonelt jordbruk, 13 årsverk i skogbru-ket, om lag 13 årsverk i til-leggsnæringar og 20 årsverk i

landbruksbasert industri som er avhengig av landbruket, kjem ein til at landbruket genererer 205 årsverk i Vik kommune. Reduksjonen i tal bruk med mjølkeproduksjon og sauehald er mindre i Vik enn i resten av fylket. I 2013 snudde også utviklinga i talet på vinterfora sau til auke siste 2 åra. Bønde-ne vert færre men dyktigare og gardsbruka større. Produksjo-nen av både mjølk pr. ku og kjøt pr. sau har auka. Når det gjeld «verdiskapinga i jord-bruket i forhold til tal innbyg-gjarar», noko som gjev det eit uttrykk for kor viktig jordbruks-næringa er for kommunen, har NILF kome til at Vik ligg på 4. plass av dei 26 kommunane i fylket. Veronika Seim Bech Landbrukssjef

* Kjelde: «Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Sogn og Fjordane», Notat 2015 - 13, NILF og Østlands-forskning, med vedlegg «Kom-munesider i Sogn og Fjordane.

«Jobb for helse» - tidleg inn og tettare på dei sjukemelde

Å vera i arbeider helsefremjande!Hedmark fylke har vore pilot for dette prosjektet, som no Sogn og Fjordane har teke i bruk frå oktober 2015, utifrå at Hedmark har gode erfarin-gar når det gjeld det å få ned sjukefråværet. Aktivitetskravet ved 8 veker sjukmelding skal handhevast – jf. Erfaringane frå Hedmark.

• Bistandsynskjer frå aktø-rane skal fylgjast opp – jf. Ny IA-avtale og lovend-ringar 01.07.14, samt ny elektronisk sjukmelding.

• Dialogmøte 2 skal gjen-nomførast innan frist og

eventuelt tidlegare i sju-kefråværet ved behov – jf. styringsindikator.

• Sjukmelde utan arbeids-gjevar skal følgjast opp i hht § 14a i NAV-loven.

Dette vil i praksis seia at kvar og ein som er 100 % sjuke-meld ved 8-vekerstidspunktet vert vurdert av ei nemnd når det gjeld aktivitetskravet. Ein kan gjera unntak ut i frå to kriterier, at medisinske årsaker tilseier at den sjukemelde ikkje kan vera i aktivitet, eller at tilrettelegging ikkje er mogleg på arbeidsplassen. For at NAV ikkje skal stoppa

sjukepengane ved dette tids-punktet, må ein ha informa-sjon frå lege når det gjeld det medisinske om at aktivitet ikkje er mogleg, og/eller opp-følgingsplan frå arbeidsgjevar som den sjukemelde har vore med å utarbeida. I oppføl-gingsplanen må det tydeleg koma fram kva tilrettelegging som er prøvd og på kva måte det har lete seg gjennomføra. Om det ikkje let seg gjera må årsakene tydeleg koma fram. Ein viser elles til NAV-telefonen 55553333 og nav.no.

VINTERAVIS 2016 27

Page 28: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Eg blir ofte spurd om kva som er hemmelegheita bak at Hig-hsoft har lukkast. Nokre ting klarer eg å setja fi ngeren på, andre ikkje. Eg veit til dømes at eit usvikeleg fokus på kundane og produktet er viktig, men klarer ikkje heilt å forklara kvifor vi er så mykje meir populære enn konkurrentane. Eg veit og at nokre gonger har me fylgt læreboka for entrepenørskap, andre ikkje. Stereotypen av den risikovillige gründeren som stablar opp mengder av kapital og hiver seg ut i nye investerin-gar passar ikkje på oss. Heller ikkje den som vier all vaken tid på prosjektet sitt og gløymer alt anna.

Generelle råd for gründerar fi nst det mykje av på Internett, blant anna i regi av Innovasjon Norge. Eg vil gå inn på nokre av desse og vinkla dei frå mine personlege erfaringar.

Følgjande råd kjem frå Anita Krohn Traaseth, toppsjef i Inno-vasjon Norge.

• ”Tør å satse 100%. Å skape ny virksomhet er krevende”. Det er nok rett for mange, men ei 100% satsing har også ei bak-side. Mange pressar seg for hardt, eller er for lite tilgjengeleg for familien og dei rundt seg. For meg har det heile tida vore eit mål å balansera jobb og fritid. Dei første åra som gründer sat eg åleine i kjellaren og jobba, men gav meg presis klokka 1600 kvar dag. Eg er overbevist om at avkoplinga med familie og fritid gjer meg i stand til å yta mitt beste for Highsoft i mange år framover.

• ”Sikre deg så tidlig som mulig at produkt/tjenestei-deen din løser et problem som er verdt å løse”. Mitt entrepenørskap sprang ikkje ut av tanken på at eg

skulle fi nna på ein god ide og bli gründer. Eg starta i den andre enden – eg hadde ein jobb, og sakna ein måte å løysa eit spesi-elt problem på. Samtidig hadde eg ein grunnleg-gjande hang til å fi nna ut korleis ting virka og å laga ting sjølv viss eg ikkje var

fornøygd med andre sine løysingar. Resultatet var at eg laga ei løysing som fun-gerte, og som også løyste det same problemet for andre i min situasjon. Som viste seg å vera veldig mange, sidan internettet er ein stor marknad. Først seinare kom tanken på å byggja eit fi rma rundt produktet.

• ”Fokuser på kunden. Jobb tett med mulige kunder el-ler noen som representerer kundebehovet fra dag en”. Dette er nok ei av Highsoft sine paradegreiner. Me utviklar ny funksjonalitet i samråd med kundar. Ikkje berre ein kunde, men i opne fora på nettet i sam-råd med brukarane våre. Kvar dag kan kven som helst følgja med på kva me har gjort. Slik får kunden vera med å påverka, og me veit me er på rett spor.

• ”Tenk internasjonalt fra dag en. Tenk stort, men implementer steg for steg”. I vår marknad repre-senterer Noreg omtrent 1% av omsett verdi. Det ville vore meiningslaust å laga eit produkt inretta mot Noreg spesielt. Andre marknader er nok meir styrde av fysisk distribu-sjon, lovverk, handelsav-talar og nasjonale forhold, men ein må uansett prøva å løfta blikket. Tenk at heile verdsmarknaden har hundre gonger større kjøpekraft enn Noreg!

Følgjande råd kjem frå Stina Birkeland, årets kvinnelige gründer i 2013.

• ”Lag en god og innholds-rik forretningsplan. Gjen-nom denne øvelsen blir du tryggere og mer kjent med ditt eget produkt eller tje-

Gründerråd

Highsoft-tilsette i Irland. Frå venstre Torstein Hønsi, Mustapha Mekhatria, Anne Jorunn Fjærestad, Gert Vaartjes, Gjertrud Fretheim, Grethe Hjetland, Anita Nesse, Linda Svendsen, Øystein Moseng, Sigrid Rauboti, Hilde Instefjord, Jon Arild Nygård, Lars Alberto Cabrera Vangsnes og Katharina von Oltersdorff-Kalettka.

Mannen bak Highsoft, Torstein Hønsi.

28 VINTERAVIS 2016

Page 29: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

neste”. I vårt tilfelle byrja salet av lisensar tidleg, og forretningsplanen var meir som ein vag ide enn eit nedskrive dokument. Eg hadde fokuset på å hjelpa brukarar. Alt anna, til og med forhandling rundt kjøp og sal, måtte vika.

• ”Kapital og cash. Alle ideer og selskap trenger kapital for å kunne utvikle ideen og skape vekst i selskapet. Det å fi nne riktig investor som kan bidra med kapital, men også kompetanse er viktig. Lag en god presentasjon, med ideen samt forretnings-modellen og ta kontakt med potensielle investo-rer”. Igjen eit godt råd for dei aller fl este idear, spesielt for dei som treng investering i dyrt utstyr for å komma i gang. Men Highsoft var så heldige at me hadde kontantstraum frå dag ein. For det tidlege Highsoft var fokuset alltid retta mot kundane. Me tok oss rett og slett ikkje tid til å laga søknader og pre-sentasjonar.

• ”Når selskapet vokser må du også kunne lede dine ansatte, bygge kultur og delegere ansvarsoppgaver. Her feiler mange da de er vant med å gjøre alt selv”. Dette er ein av dei stadene eg veit at me har gjort rett. Å vera gründer krev heilt andre eigenskapar enn å vera dagleg leiar. Då eg kom ut av kjellaren hadde det vore naturleg å tilsett fl eire programutviklarar slik at eg sjølv kunne styra selskapet vidare. Men i sta-den tilsette eg ein dagleg leiar slik at eg kunne be-holda fokuset på produktet og kundane. På den måten kunne dagleg leiar ta seg av all vidare vekst, og min rolle har vorte meir og meir retta mot den inn-tektsgivande produksjonen i selskapet.

Til slutt vil eg framheva kor viktig det er å byggja eit godt team. Vi har klart å skapa eit

eineståande miljø i Highsoft, fullt av folk som er nysgjerrige på bransjen og dreg i same retning. Vi har etablert ein fl at struktur der idear og visjonar blir løfta opp og diskuterte i fellesskap og belyste frå fl eire sider. Alt i alt er det eit mål at både gründer, dagleg leiar og andre tilsette skal ha det kjekt på jobben, og føla at dei er med på noko spesielt. Det er då me er på det beste.

Fakta:Highsoft AS blei danna i 2011 som ei vidareføring av Torstein Hønsi sitt enkeltpersonføretak, skipa i 2006. Selskapet lever av å produsera og lisensiera ut Highcharts, eit verktøy som gjer det enkelt for programut-viklarar å leggja ut diagram på nettet. I 2015 ligg Highsoft an til ei omsetning på 58 millionar kroner.

Kjelder• Råd frå Anita Krohn Traa-

seth, toppsjef i Innovasjon Norge. http://www.nrk.no/norge/rad-til-grundere_-_-gi-gass-og-stol-pa-deg-selv-1.12507040

• Artikkel av Stina Birkeland i Ledernytt, https://www.ledernytt.no/10-raad-for-aa-lykkes-som-grun-der.5464714-112372.html

10 råd for gründerarMange gründerar har fyrst og fremst fokus på ideen og pro-duktet, og i mindre grad på om det er råd å fi nne kundar som er villig til å betale. Inn-ovasjon Norge har fokus på å sjekke marknaden så tidleg som mogeleg og heller ha ei trinnvis utvikling. Nedanfor fyl-jer mine 10 bod for livet som gründer:

1. Test om problemet (pro-duktet ditt), behovet og marknaden er verdt å satse på, før du utviklar og testar løysinga. Ikkje omvendt.

2. Snakk med potensielle kundar, om problemet og behovet deira. Lytt og lær av kundane . Gjer som Torstein!!

3. Snakk med dei som har «migrene», ikkje bruk så mykje tid på dei som har «lett hodepine». Dei som har ei migrene søkjer aktivt etter ei løysing (som er betre enn den dei har i dag), og vil godta ei upolert løysing så lenge den dekker behovet/løyser problemet.

4. Bygg løysinga så fort og så billig du kan, og test løysinga hyppig på kundar – lytt til kva dei seier, og observér kva dei gjer. Forbetre løysinga hyppig, i små intervallar, basert på det du lærer om kundens bruk av løysinga. Brukar du lang tid på utvikling stig risikoen for at du lagar noko kun-den ikkje vil ha.

5. Tenk stort. Spør deg sjølv; kor stort kan dette bli? Tenk globalt. Tenk som Torstein !!

6. Bygg nettverk og knytt til deg folk som er gode på det du er dårleg på. Gjer som Torstein !!

7. Oppsøk gründermiljø og klynger, og sparre med andre gründarar. Finn nokre partnarar – sjansen for å lukkast stig om du har nokon på laget. Torstein reiste til Silicon Wal-ley!!

8. Bruk smarte og smidige verktøy for planlegging og strate-gi – som er utvikla for gründarar, ikkje for etablerte bedrif-ter. Sjølve forretningsplanen er ikkje så viktig, planlegging derimot er heilt essensielt!

9. Bruk det offentlege verkemiddelapparatet. Innovasjon Norge, kommunen osv. Vi er her for DEG slik som vi var her for Torstein!!

10. Hugs at det er lov å feile, då lærer du, og du kan justere kursen. Alle kan ikkje lukkast som Torstein!!

Halvor Flatland

Syng og spelSpelar du eit instrument? Vik Musikklag vil gjerne ha nye medlemer. Det må vel vera nokon av våre nye innfl yttarar som har vore med i korps? Dette er ein fi n måte å bli kjent med andre i bygdi og få større kontaktfl ate. Ta kontakt med leiaren Jan Loopstra, tlf. 97668918.Kva med å bli med i song-koret? Dei ynskjer og nye medlemer, særleg menn er mangelvare. Det er moro, sosialt og inspirerande. Ta kontakt med leiaren Inger Kari Langeteig, tlf. 91304459.

VINTERAVIS 2016 29

Page 30: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

StatusrapportMarknad 22. mars 2015STOR TAKK til alle som bidrog til at me fekk eit overskot på kr. 47.587,- Frå 2016 skal marknaden ha eiga nemnd. Dei siste åra har styret i bygdalaget vore nemn-da. Marknaden skal arrangerast kvart år vekselvis vår og haust.

Faste årlege driftsutgifterVi har faste årlege utgifter på til saman kr. 42.000,-. Dette er strøm, forsikring og kommuna-le avgifter.

Inntekter• ingen faste • marknaden er vår største

inntektskjelde. • minimalt med leigeinntekter

Leige av grendahuset eller ungdomshusetVi har kjøpt inn storkjøkken-komfyr, nye panner, frysar, hardangerbestikk, 2 stk. store kaffi traktarar, vannkokar, vin-glas + meir kjøkkenutstyr som vi trengte å fornya.

Ønskjer du å leiga grenda-huset, ta kontakt med leiar Katrine Evensen Hove på tlf.: 958 53 862.

Priseksempel:• Konfi rmasjon: kr. 500,- • Lukka fest: kr. 750,-.• I tillegg kjem kommunalt

gebyr på: kr. 750,-.

Ønskjer du å leige ungdoms-huset, ta kontakt med Lillian Tistel på tlf.: 907 37 804.

Priseksempel:• Barneselskap, kaffi selskap

og møte: kr 500,-

• Lukka lag: 1.000,-

Fleire måtar å støtta Vangsnes bygdalag påDersom du tippar hjå Norsk tipping, kan du bli grasrotgivar. Dette kostar deg ingen ting, men Norsk tipping gir oss 5% av det du spelar for. Vangsnes bygdalag har organisasjons-nummer 986 462 066, oppgi dette når du skal bli grasrotgi-var. Tal spelarar i dag er 26, og dei har generert ei inntekt på 6221,- kr hittil i år.

Vi du gje ei pengegåve til Vangsnes bygdalag kan du sette inn på konto: 3800.30.17556

AktivitetarDametrimMåndag kl. 1945-2100. Styr-ketrening. Instruktør: Elise Hagene. Torsdag kl. 1900 – 2000. Kon-disjon og styrketrening. Instruk-tør: Astrid Øygarden. Satsar haust og vår 2015 - 2016: 1 kveld i veka kr. 200,-. 2 kveldar i veka kr. 400,-.

TassatrimmenKvar tysdag. Gruppe 1: Barn som går siste året i barnehagen og elevar i 1. – 3. kl. kl. 1800 – 1900. Gruppe 2: Barn frå 4. – 7. klasse. kl. 1900 – 2000.

LuftgeværskytingKvar måndag frå kl. 1730. Aldersgrense frå 4. klasse og oppover. Pris pr. sesong kr. 200,-.

FjellvandrarenBli betre kjent i Vangsnes nærområde. Dette er eit fl ott tilbod til å besøke dei ulike turpostane i heile Vangsnes-distriktet. Du oppnår poeng som gir rett til fjellvandrarmerke. Ved spørsmål ta kontakt med Gunn Randi Bjørnevoll på tlf.: 91380642.

TrimkarusellenTrimkarusellen var ein populær aktivitet som samla bygde-folket annan kvar veke på vår og hausten. Vi var over 100 deltakara på det meste. Dei siste åra har det vore lite del-

taking. Dette er ein aktivitet som passar for alle. Klarar du ikkje å gå heile løypa, kan du likevel vere med. Det sosiale er det viktigaste.

Løypa er rundt skogsvegen og du må vere med/møte opp minst fem gonger for å kunne vere med på trekning av fl otte premiar. Kr. 15,- pr. gong. Premiane vert trekt på avslut-ningsfesten. Alle er hjarteleg velkomen til å vere med neste år. Kanskje klarer vi å samle fl eire til neste år. Bli med då vel.

Ungdomsklubben:Ungdomsklubben skal vere ein møtestad der ungdom på Vangsnes kan slappe av, samtidig som det er rom for aktivitet, utan nødvendigvis å delta i organiserte aktivitetar. Vi har eit fl ott ungdomshus, som vi ønskjer at ungdom frå 13 – 18 år skal få glede av annan kvar fredag. Deltakinga må vere frivillig. Det krevjast verken spesielle ferdigheiter eller kunnskap for å delta aktivt i klubben.

Neste ungdomsklubb blir fred-ag, 4. desember kl. 1900. Det vert sal av kioskvarar. Styret tek på seg ansvaret for all organ-isering fram til jul. Ungdomsk-lubben skal vere ein rusfri og mobbefri sone. Har du spørsmål? Kontakt Lil-lian Tistel på tlf.: 907 37 804

Vangsnes bygdelag 2015/2016

HoppbakkaneSkianlegget vårt blir mykje nytta til treningsleirar heile året, og rulleskiløypa, langrennsløypa, skiskyttaranlegget og skitrekket er mykje nytta. Men hoppbakkane blir nesten ikkje nytta. Treng me den store bakken? Burde ein heller byggja om ein par av dei minste bakkane til plastbakkar, til rekrutte-ring? Skulle ein få fram seniorhopparar att, reiser dei til andre bakkar og andre stader for å trena og konkurrera.

Nytt fi rmaSom omtalt annan stad i bladet har Monica Akesh starta eit fi rma som heiter Afrost Events. Fyrste store utfordringi er den multikulturelle festivalen i februar. Dette fi rmaet skal hjelpa til med arrangement som festivalar, konsertar, dansar, seminar, konferansar, lagbygging, men og meir private arrangement som selskap og andre samankomstar. Monica har eit breitt kontaktnett og hjelper til med å skaffa artistar og sponsorar. Me ynskjer eit slikt fi rma velkome og håpar at ho kan få eit le-vebrød ut av dette. Sjå nettsida www.afrost.events, ta kontakt pr e-post: [email protected] eller mobil 94 72 96 10

30 VINTERAVIS 2016

Page 31: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

28. oktober 2014 var det store nedbørsmengder kombinert med snøsmelting. Dette førte til ein stor fl aum som gav kom-munar i Sogn og Fjordane og Hordaland store utfordringar. Alle minnast vel nyhendebi-lete den kvelden og natta frå Aurland og Flåm, Odda og Voss. I Vik kommune vart det omfattande skadar i Fresvik og Feios, og mindre skadar i Vik og Arnafjorden.I Fresvik var fl aumen svært omfattande, men til all lukke vart ingen personar skada. Det

vart derimot store materielle øydeleggingar. Dagen etter var ordførar, rådmann og teknisk sjef på synfaring, og det gjorde sterke inntrykk. Det var store øydeleggingar frå elveosen i fjorden, til langt ovafor stølen Engi. Fresvik vassverk og Joka kraft fekk totalhavari, og det var store øydeleggingar på fyl-kesvegen til Tretteteig. I tillegg var det mykje landbruksjord som berre var vekke. Enkelte parti langs elva minna meir om eit krater. Vik kommune starta med ein gong med krisetiltak

for å sikra bustader og infra-struktur. I etterkant kom NVE og Statens Naturskadefond på bana. Vik kommune tok initiativ til ein samordning der NVE, Statens Naturskadefond, Statens Vegvesen og ei lokal nemnd frå Fresvik var represen-terte. Det resulterte i eit kon-struktivt samarbeid for arbeidet med oppattbygging etter fl aumen langs heile streknin-gen. Det har vore samanhen-gande anleggsarbeid i Fresvik frå oktober 2014 til og med november 2015, og Fresvikelva framstår no betre rusta for å ta imot store vassmengder. I Feios var det store skadar vest for Grindedal. Elva had-de gravd seg ned på leirlag, og gjort store skader i bratt skråning nedafor gardstunet Grindedal. I etterkant har NVE og Vik kommune gjort eit omfattande arbeid med å fl ytta elveløpet tilbake til det opp-rinnlege, og sikra skråningen

mot Grindedal. I tillegg har Statens Naturskadefond vore inne og taksert skadar og gjort ein god jobb på landbruksareal ovafor og nedafor Grindedal. Dette arbeidet har også pågått heilt til no.I Vik og Arnafjorden var det mindre skader langs elva Vikja og Hopra i Vik, og Dalselvi i Arnafjorden. Arbeidet med desse elvane etter fl aumen er ikkje ferdig alle stader, og vil bli fullført i løpet av 2016. Her er det Vik kommune, Statkraft Energi AS og Statens Natur-skadefond som er med frå det offentlege. I tillegg har Vik kommune fått skjønnsmidlar frå Olje og Energidepartementet og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til oppretting skadar på kommunal infrastruktur, noko som kjem vel med for å få utført alt arbeidet.

Arve Hønsi

Flaumen 28. oktober 2014Dette fotoet gjev eit godt bilete av øydeleggingane etter fl aumen hausten 2014. Fresvik vassverk og Joka kraft fekk totalhavari.

Folketal 20151.januar 2015: 2678, 1. oktober 2015: 2687Fødde: 25Døde: 37Innvandring: 15 (til 1. okt.)Utvandring: 3 (til 1. okt.)Innfl ytting, innalandsk: 70 (1. okt.)Utfl ytting, innalandsk: 72 (1. okt.)Folkevekst: 9 (1. okt.)

VINTERAVIS 2016 31

Page 32: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Her er skule 1.-7. steg, barne-hage og skulefritidsordning. Vi held til i bygget frå 1964 som i si tid vart bygt som skule for 1. til 7. trinn. På det meste gjekk her rundt 50 elevar! I dag er vi 20 barn, delt på barnehage og skule og her er det godt å vera!

Eit av kjerneområda som vi tyk-kjer er viktig er fysisk aktivitet i kvardagen. Barnehagebarna er mykje ute, elles er gymsalen berre inn til neste dør! I skulen har vi lagt opp til fysisk akti-vitet kvar dag: gym, uteskule, bading eller ’fysak’. ’Fysak’ (fysisk aktivitet) har vi i skulen 2 gonger i veka og den inkluderer alle elevane. Vi er helst ute i desse timane, vi er i aktivitet samstundes som vi kan ha matteoppgåver, norsk, engelsk eller til dømes sam-funnsfag. Dette likar både dei vaksne og elevane. Sitat: ’Eg liker fysak fordi at det er gøy og at alle får vere med’. ’Eg

liker at vi har fysak fordi eg får bruke kroppen og lære mange gøye leikar’. ’Eg tykkjer at fysak er gøy fordi vi får gjere mykje kjekt og vi får lære litt imens’. ’Fysak er fi nt. Me får trimme oss, me får leike leikar som me ikkje har i friminutt’.

Eit anna kjerneområda vi satsar på er fellesskap og samarbeid. Vi har mange felles aktivitetar, dei eldste borna er med og hjelper dei som er yngre og her er mange venskapar på tvers av alder. Sitat: ’Ein ting som er bra med skulen er at alle er venner’. ’Eg synest det er veldig bra at alle er venner, fordi då er det ingen mobbing og vi fi nn på gøye ting saman’. Som ledd i dette arbeidet har barnehage og skule dei siste to åra teke initiativ til aktivitets-kveldar for heile bygda. Vi er opptekne av at det skal vere aktivitet i bygget og på skule-plassen også på kveldstid og

i helgene. Det var blant anna juleverkstad i desember og no på nyåret vil vi ha brettspel-kveld igjen etter stor suksess i fjor.Herved ein invitasjon til alle som ynskjer å skape aktivitet:

Har du bruk for ein gymsal, skulekjøkken eller kinosal (=klasserom), ta kontakt, dess meir aktivitet, dess betre.’Vi har ikkje meir moro enn den vi lagar sjølv!Lenie

Valsvik oppvekstsenter

Frå ein av aktivitetskveldane som vert arrangert på Valsvik skule.

Julebord for fl yktningarOnsdag 9. desember arran-gerte Vik kommune julebord for fl yktningar i Kyrkjestova. Inviterte var og politikarane i Vik, ordførar, prest, norsklæra-rar og tilsette på NAV. Vel 40 var til stades, av dei var halv-parten fl yktningar. Vikja stod for maten som var pinnakjøt, pølser, kålrotstappe og pote-ter. Og kaffi og kaker, norske kaker og bambousa frå Sudan og mandasi frå Burundi. Vik Kvinne- og Familielag stod for tilrigging med hjelp av bl.a. nokre av fl yktningane, og dei serverte også.Det vart ein triveleg kveld som ein håpar vil bli årvisst. Slike tilstellingar er viktige for integreringi og for å bli kjende med fl yktningane for andre enn norsklærarane og NAV-tilsette. Festleiar var ein av fl yktnin-

gane, Alnour frå Sudan, som snakkar svært godt norsk og han greidde seg svært bra. Det var litt underhaldning av Ottar Wiik, nokre helsingar av ordførar, Morten Holmberg og

Jostein Skutlaberg, og allsong leia av Sylvi Nummedal. Pre-sten vår viste korleis det skal snakkast når ein vil at fl yktnin-gane skal forstå, han snakka sakte og tydeleg, med korte

setningar og litt teiknspråk og fekk spontan applaus av fl ykt-ningane. Dei andre som heldt innlegg snakka for fort og på dialekt, og då dett fl yktningane fort av.

32 VINTERAVIS 2016

Page 33: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Det er bibliotekteneste i alle fem bygdelag i kommunen. Alle biblioteka er samlokalisert med skulebiblioteka – ute på dei einskilde skulane. Hovudbiblioteket ligg på Flatbygdi skule, og vi har ope 5 dagar i veka. Her er det høve til å låna bøker, lydbøker, tids-skrift og fi lmar. Sjå opningstidene på nettsida til Vik kommune.

Bok på døraBesøkstenesta til Røde Kors og biblioteka utvidar tilbodet og syter for at bøker, lydbøker, tidsskrift og fi lmar kjem heim i stovene til leselystne. Me ønskjer å hjelpa innbyggja-rar som ønskjer lesestoff, men som ikkje kjem seg i veg til biblioteket, enten det skuldast høg alder, sjukdom eller glatt føre. Vik Røde Kors besøksteneste vil avtala eit høveleg tidspunkt som passar når det gjeld leveringa. Besøkstenesta vil bringa bøkene heim på døra, og vil også syta for at bøkene blir returnerte når brukaren har lese ferdig. Heile kommunen er med i ord-ninga og me oppmodar bruka-rane om å kontakte biblioteket: Mona Svendsen, tlf.: 924 52 063 eller leiar i Vik Røde Kors besøksteneste: Olav Fimreite, tlf.: 480 52 391

Ebok-utlån på biblioteketHar du nettbrett eller smartte-lefon kan det å låne bøker på biblio-teket bli ei ny opp-leving.Med gra-tis appen eBokBib gir bibli-oteka deg tilgang til hundrevis av bøker som du kan lese på

nettbrett eller smarttelefon. Du må ha lånekort og pinkode frå ditt bibliotek for å kome i gang. Det er enkelt å bruke og heilt gratis. Ta ein tur innom ditt lokale biblioteket. Vi kan hjelpe deg! Sommarles Av satsingar på biblioteket var lesekampanjen ”Sommarles” den som engasjerte fl est i 2015. Biblioteka i Vik kommu-ne inviterer kvart år barn frå 1.-7. klasse til å bli med på sommarles. I 2015 hadde vi 5-årsjubileum. I alt 101 elevar var med på lesekampanjen i 2015. Som-marles startar 1. juni og varer ut august. Det viser seg at leseevna ofte går tilbake hjå elevar som ikkje les i løpet av skulens sommarferie. Sommar-les har som mål å forhindra dette på ein morosam måte. Ungane må låne og lese minst fem bøker for å bli med i trekninga av fl otte premiar. Vi avsluttar lesekampanjen med stor sommarles-fest og overras-kingsbesøk. I fjor fekk vi besøk av Klovnen Knut. Han trollband heile salen med ei ellevill, morosam fø-restilling. Det var ordkunst og språkleik på høgt nivå som fall i smak både blant ungane og dei vaksne. Sofi e Tenold var den heldigas-te og blidaste av alle. Ho vann hovudpremien; ein iPad air, sponsa av Sognekraft.

Andre aktivitetar som kjem Språkkafé for vaksne tysdag, 10.02. og 24.02 kl. 1830Vi ønskjer velkomen til vår fyr-ste språkkafé ved Vik folkebi-bliotek. Dette blir eit uformell treffstad for dei som ønskjer å trene på norsk. Det blir servert kaffi /te med noko attåt. Heilt gratis. Fint dersom frivillige kan bidra som samtalepartnare – slik at fl est mogleg kan få praktisera norsk. Alle er hjarteleg velkom-ne!

Bibliotektenesta

Askeladden FriteaterVelkomen til Vik folkebibliotek, onsdag, 2. Mars kl. 1800. Gratis inngang for alle

Askeladden og dei gode hjelparane”ein familieførestilling inspirert av Asbjørnsen og Moes eventyr.Det var ein gang ein konge, som hadde høyrt tale om eit skip som gjekk like godt til lands som til vanns og i lufta med, så ville han også ha slikt eit, og til den som kunne byggje det, lovde han ut kongsdottera og halve kongeriket. Det var mange som prøv-de, må vite, for halve riket kunne vere godt å ha, mente dei vel, og kongsdottera kunne vere bra å ha attpå; men ille gjekk det med dei fl este.

Produsert og framført av Askeladden Friteater. Scenograf: Maren Sofi e Rage Larsen, Dukkar: Kari Noreger. Lyd-design: Heien Media.

Målgruppe: barn frå 2 år/familie – Varighet ca. 35/40 min.

Mona Svendsen

Bildet viser frå venstre, oppvekstsjef Bjarnhild Samland, 1.-premievinnar Sofi e Tenold og Klovnen Knut (Knut Berntsen).

To fl inke jenter frå Vik, som las til saman 215 bøker i sommar. Anna Drægni (3. kl, las 114 bøker), Kaja Hegerland (4. kl, las 101 bøker). Dei fekk utdelt eit gåvekort og diplom for eineståande leseinnsats under Sommarles 2015.

VINTERAVIS 2016 33

Page 34: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

I 2015 har Vik Kommune teke imot 21 flyktningar. Det var 9 einslege menn med bakgrunn frå Eritrea, Somalia, Sudan og Syria, ein familie frå Afghanis-tan med 4 born og ein familie frå Syria med 4 born, samt ein familiegjenforeining For 2016 har kommunestyret vedteke at Vik kommune tek imot 15 flyktningar, men det er komen oppmoding om å ta imot 20, det vil seie 5 ekstra, og desse 5 skal vere einslege mindreårige flyktningar.

Integrering og inkluderingDet er viktig at dei som kjem til Vik fort vert integrerte og inkluderte i samfunnet. Orda integrering og inklude-ring er kanskje vanskeleg å forstå innhaldet i, og difor skal eg prøve å forklare litt meir om desse orda og korleis innhal-det til orda kan bli realisert i praksis:

Integrering betyr at alle skal ha same mulegheiter, rettar og pliktar til deltaking i samfunnet. Integrering vert ofte forstått som fysisk tilrettelegging gjen-nom auka tilgjengelegheit og betre organisering slik at ein kan delta i fellesskapet. Inte-grering inneberer ikkje noko krav til relasjonsbygging og sosial deltaking. Integrering av flyktningar er i utgangspunktet kommunen sitt ansvar og for å få til god integrering må flykt-ningane gjennom det såkalla introduksjonsprogrammet.

Inkludering betyr ein prosess og eit mål der deltaking i fellesskap er bygd over for-skjellane. Kjernen i omgrepet inkludering er difor å auke individet si deltaking i, utbytte av deltaking og reelt påverka fellesskapet. For å omsetja det til Vikjasamfunnet: at flyktnin-gane kan delta i, ha utbytte av og reelt påverka fellesskapet i Vik. Dette krev at deltakarane i fellesskapet klarer å byggja relasjonar med utgangspunkt

i menneska sitt eigenart og likeverd, slik at alle deltakara-ne i fellesskapet deltek på ein likeverdig måte, både fagleg, sosialt og kulturelt.Dette går altså forbi den fysiske tilrettelegginga som kommunen har ansvar for. Det fellesskapet/samfunnet, inklusiv flyktningane sjølv, som må ta ansvar for å byggja relasjonar. Kommunen som organisasjon kan hjelpe med å legge til rette for relasjonsbygging, men det er menneska som byggjar sjølve relasjonen! Menneske som enkeltperson eller menne-ske som medlem i eit lag eller organisasjon. Det er folk me treng for å skape eit likeverdig fellesskap!

IntroduksjonsprogramIntroduksjonsprogram er «job-ben» til dei vaksne flyktningane som kjem til Vik i ei periode på 2 år etter busetjing. Då er dei i arbeid 37,5 time i veka, 47 veker i året. Arbeidsoppgåvene deira er å lære seg norsk og samfunnskunnskap og å lære om norsk arbeidsliv. Målet for introduksjonsprogrammet er å vere i arbeid eller i vidaregåan-de utdanning etter desse 2 åra.

Norskopplæring får flyktninga-ne kvar formiddag, i nyoppussa lokale i helsetunkjellaren. Det er per no ca 16 deltakarar på språkopplæringa, men ikkje alle har begynt på introduk-sjonsprogram enno. Ein av grunna til det er at det ikkje er så stor tilgang til språkprak-sisplassar. Språkpraksis har som mål å gi deltakarane høve til å snakke med ekte vikjer og andre norsktalande for å praktisere det som dei har lært på norskopplæringa, samt å gi dei innblikk i norsk arbeidsliv. Flyktningane er på språkpraksis kvar ettermiddag og i skulefe-riane. Vik kommune treng fleire språkpraksisplassar, både i det offentlege og i det private næ-ringslivet. Bedrifter som ynskjer å bidra til integreringa ved å

stille som språkpraksisplass, kan gjerne ta kontakt med underteikna!

BustadVik Kommune leiger no cirka 10 bustader hjå private husei-garar i Vik og på Vangsnes. Samarbeidet mellom huseiga-rane, Vik Kommune og leigeta-karane går bra. Me har framleis behov for bustader for framleige til flyktningar. Spesielt bustader til einslege eller par med 1 so-verom, i Vik (gå/sykkelavstand frå sentrum) eller på Vangsnes. Ta gjerne kontakt med under-teikna om du er interessert i å leige ut.

Loek

Busetjing av flyktningar

Flyktningar, nederlendarar og polakkar på norskkurs i Helsetunkjellaren. Alle som er på kurs var ikkje til stades.Foto: Arne Inge Sæbø

Hogst i 2016?Det er ikkje planlagt tømmerhogst i Vik i 2016. Ei hogstmas-kin kom til Balestrand i desember 2015, og viss mange nok eigarar hadde meldt seg ville maskina vorte flytta til Vik. Så langt er det berre eit lite felt i Refsdal opp mot Undi planlagt hogge. Vik kommune ber om at interesserte melder seg. Dei ber og om at hogst vert planlagt i god tid både av skatte-omsyn, men og med omsyn til kulturminne, stiar og andre miljøomsyn.

34 VINTERAVIS 2016

Page 35: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Rammeplanen for alle barneha-gane i landet gjev føringar for arbeidet med dei 7 fagområ-da: Kommunikasjon, språk og tekst – Kropp, rørsle og helse – Kunst, kultur og kreativitet – Natur, miljø og teknikk – Etikk, religion og fi losofi – Nærmiljø og samfunn – Tal, rom og form. Fagområda vert arbeidd med på ein tverrfagleg måte. Og Kommunikasjon, språk og tekst er det fagområdet barnehagen arbeider mest med dette året. Her er språklæring og biletbo-ka sentral.

Kvar kommune i regionen har ansvar for sitt fagområde, og skipar til fagdagar for alle barnehagane (fagnettverk). Vik kommune har ansvar for Kunst, kultur og kreativitet. På plan-leggingsdagen 5.oktober var kommunevåpenet tema. Det kan jobbast med på mange måtar. For Vik sin del brukte dei lauvsigden (snilen) i kom-munevåpenet. Kursdeltakarane fekk sjå og prøve lauvsigd og lage lauvkjerr hos Ragnar Hove, ein av dei få som fram-leis lagar dette. Det vart og ein tur innom Hove steinkyrkje. Dei eldste borna i barnehagen har årvisse kultur-turar innom både Hove og Hopperstad kyrkje og gravhaugane på Moahaugane.

I samband med fagområdet Natur, miljø og teknikk vert det laga ein gapahuk, der borna er ivrige arbeidsfolk. Arbeidet føregår ein gong i veka gjen-nom barnehageåret. Borna er med på saging og bygging. Gapahuken står attmed ei ny grillhytte som er oppsett i til-knyting til uteleikeplassen. Den har vi fått økonomisk støtte til frå Vik Helselag og foreldre har bidrege med dugnad. Både gapahuken og grillhytta er eit godt supplement til uteleike-plassen i barnehagen.

Aud Bell Hove

Fagnettverk for barnehaganei Sogneregionen

Vik IL fotball er kvalitetsklubbVik er den fjerde klubben i fylket som er godkjent som kvalitetsklubb. Fotballgruppa starta arbei-det med å bli kvalitetsklubb i 2013. Det første ein tok tak i, var kompetanse. For få av trenarane hadde oppdatert kompetanse. Dei to siste åri har gruppa arrangert to til tre trenarkurs, i tillegg til barne- og ungdomsfotballkveldar. 15 trenarar har teke kurs, 9 av desse har c-lisens så langt. Det er viktig å bli betre på barnefotball framover, god kompetanse for dei yngste er viktig. Styret treng og fagleg påfyll, og halvparten av fotballstyret har teke leiarkurs. Men ein ting er kompetanse, fokus på verdiar og samfunnsansvar er og viktig. Fotballgruppa sine verdiar er: Idrettsglede, fellesskap, god helse og Fair play. Elles har det vore sett søkelyset på trafi kktryggleik, det gjeld å halda fartsgrensene, bruka bilbel-te og at ungane vert leverte i rett tid til avreise. Borna skal koma trygt heim. Kosthald har ein og hatt som tema, og det vil bli fylgt opp framover. Det er og viktig at bruk av alkohol av vaksne på turneringar er ikkje akseptert. Styrande dokument er og komme på plass, dette gjer det lettare å ta på seg verv i fotballgrup-pa. Dei som kjem inn i styret veit kva som skal gjerast og overføring av kunnskap vert lettare. Klubbhandbok og sportsplan må oppdaterast, og alle anlegg ved Vik Aktivitetspark må ferdig-stillast innan rimeleg tid.

VINTERAVIS 2016 35

Page 36: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Vik ungdomslagVik Ungdomslag er eitt av 400 lokallag underlagt Noregs Ungdomslag som har 14000 medlemer på landsbasis. Føremålet til ungdomslagi er å skapa engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Ungdomslaget i Vik vart skipa i 1898 og har opp gjennom tidene hatt skodespel, danse-tilstellingar, ymse kurs, disku-sjonskveldar og framsyningar av song og musikk. Laget fekk eige hus i 1910, Vikjahalli. Dei siste åri har aktiviteten vore liten, men huset vert stadig leigt ut, og det pågår sta-dig oppussing. Det kom nytt toalett med handikapstandard for eit par år sidan, og det skal bli nytt toalettanlegg i kjella-ren, vonleg i 2016. Gangen og trappi skal pussast opp med nytt golvbelegg blant anna. Golvet inne i storsalen er og svært slite. Ny septikktank kom i 2014 og huset vart måla. My-kje av arbeidet i huset er gjort på dugnad. Det har vore arrangert festar jul og påske dei siste åri, og det har vore diskotek for dei under 18 år. Det har vore bryllaup og fødselsdagar i huset, og huset er nytta under festivalane i Vik. Hausten 2015 var det musikal bygt på songane til Ottar Wiik.Laget treng fl eire eldsjeler, kontaktpersonar er Reidunn Bolstad, tlf 90533581, Reidun Ovrid tlf 47865959 eller Nils Bryn tlf 90952323. Eller pr e-post: [email protected]

Vik IdrettslagLaget har desse gruppene: Fotballgruppe, friidrettsgrup-pe, handballgruppe, ski- og skiskyttargruppe, hoppgruppe og trimgruppe. Alle desse gruppene har tilbod både til å trena og konkurrera. Trimgrup-pa tilbyr aerobic, badminton, spinning og innebandy i Blix-halli. Fylg med på oppslag eller ta kontakt med idrettslaget. Trimgruppa står og for fjelltrim

og sykkeltrim. Det er utplassert bøker ein kan skriva seg inn i på mange fjelltoppar og stølar. Det same gjeld sykkeltrimmen der det er bøker bl.a. ved Svar-dal skule, Eitreneset og andre stader. Vil du vera med i Vik Idrettslag er det berre å ta kontakt med leiar eller gruppeformenn. Leiar: Anne Jorunn Fjærestad, e-post: [email protected], mobil 95 19 19 38.

Vik Musikklag Musikklaget har øving kvar tysdag kl 2000 på Notestova. Laget held konsertar både i Vik og i dei andre bygdene i kommunen, dei spelar på 17. mai og på Gamalostfestivalen og Bringebærfestivalen. Dei er og med på seminar i Vik eller andre stader. Omtrent anna-kvart år er musikklaget på tur, i 2015 var dei til Callela i Spania på ein festival der. Av musikklaget har ein knopp-skytingane, Dixielanders og Tyrollarorkesteret. Musikklaget vil gjerne ha fl eire medle-mer. Ta kontakt med leiar Jan Loopstra, e-post: [email protected], mobil: 97 66 89 18

Vik SonglagSonglaget har øvingar kvar torsdag kl 2000 på Notestova. Vik Songlag er eit svært gamalt lag, det vart starta alt i 1867. For tidi har laget 25 aktive medlemer, men ynskjer seg fl eire. Særleg menn, tenorar, er mangelvare. Ein treng ikkje vera storsongar for å vera med. Miljøet er godt, og det er tri-veleg å vera saman med andre songarar. Songlaget held konsertar i kommunen, ofte i lag med musikklaget. Songlaget har mange år hatt større prosjekt, som t.d. 100 years of Broadway og Elvis-konsert i lag med Rolf Arne Olsen i Fresvik. Songlaget har ein par gonger hatt sam-arbeid med Kersti Ala-Murr, kjend songarinne frå Stavanger. Dei er og på songarstemne

i fylket kvart år, nokre år på landssongarstemne.Ein gong i året held songlaget seminar, i 2014 var seminaret i Vik i lag med Toneskredo frå Eidfjord. I 2015 har det ikkje vore seminar. Dette året fekk songlaget ny dirigent, Beth Anita Ramfjord. Ho er til stor inspirasjon for medlemene.Vil du vera med i songkoret, ta kontakt med leiaren Inger-Kari Langeteig, telefon 91 30 44 59 eller pr e-post: [email protected]

Vik PensjonistlagPensjonistlaget i Vik har møte eller samling siste onsdag i kvar månad frå september til mai. Tidlegare var samlinga-ne på hotellet, men etter det brann har samlingane vore på Kafe Øyri. På møti er det ord for dagen kåseri, musikk og song og mat. Lenge var Lars Olav Brekke, Ivar Vassli Brekke og Sverre Aase musikantar, no i det siste Sverre Aase. Tidlegare var det og vanleg å reisa på ein tur pr år, ei stund vart det ikkje. Det har vore samarbeid med Balestrand om turar. I 2015 var laget til Gula-tingstaden i Ytre Sogn saman med Balestrand. Det er og regionmøte for pensjonistlagi i fylket i mai månad. Då kan det vera fl eire hundre deltakarar, og ofte har det då vore 10-15 pensjonistar frå Vik.

Det er ca 50 medlemer i Vik Pensjonistlag, og årskontingen-ten er på 250 kr. Medlemene får då bladet «Pensjonisten». Fresvik har eige pensjonistlag. Nye medlemer er svært vel-komne, særleg vil ein gjerne ha fl eire menn med. Ta kontakt med leiar Grethe Grønningen, telefon 95 87 54 38.

Vik BridgeklubbKlubben har spelekveld kvar torsdag kl 1830 på Kafe Øyri frå ca 20. september til ca 20. april. Siste året har ein vore 12-16 spelarar, dvs 3 eller 4 bord. Det er litt få, ein ynskjer fl eire medlemer. Det vart arrangert kurs i 2012/13, men få av dei har halde fram. Det er planar om nytt kurs. Klubben er med i divisjonssystemet og spelar i 4. divisjon.Det var fl eire medlemer før, det er vanskeleg å få med folk til å reisa på turneringar og KM og NM. Ein kan og no sitja å spela bridge heime på datamaskina, t.d. med makkerar frå andre land. Vik Bridgeklubb vil gjerne ha fl eire medlemer. Leiar er Gunn-stein Fjellheim, mobil 41 33 15 20 eller e-post: [email protected]

Vik Bondelag Vik bondelag er eit lokallag i Norges Bondelag som er

Lag i Vik

Frå aktivitet som eitt av lagi i Vik driv, nemleg Vik Idrettslag. Dette er frå styrketreningi om onsdagane kl 2000 til 2100. Her er kvinner og menn med, unge og gamle, spreke og mindre spreke, trente og mindre godt trente. Praten går i pausane, nokre pratar mykje og andre lite. Foto: Kjell Vikestad

36 VINTERAVIS 2016

Page 37: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

største fagorganisasjonen for bønder. Fylkeslaget heiter Sogn og Fjordane Bondelag. Bondelaget har som mål å samla alle som er, eller kjenner seg knytt til bondeyrket. Laget skal fremja felles saker, tryggja landbruket og ivareta bygdene sine økonomiske, sosiale og kulturelle interesser. Dei prøver og å betre vilkåra for landbru-ket og synleggjera landbruket si betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uav-hengig og har årlege forhand-lingar med Staten om bøndene sine inntekter.Vik bondelag hadde pr 01.09.14 153 medlemmer. I styret i 2014 var: Per Olav Langeland Tistel, Frode Voll, Hildegunn Tretteteig, Jo Risløv, Kirsti Helleland og Asle Lilje-dal. Saker og aktivitetar laget har arbeidd med er :

- Svara på høyringssaker, td kommuneplanen for Vik kommune.

- Jordbruksoppgjeret.- Arrangera kurs for medlem-

mer. I september 2014 var laget medarrangør på eit dreneringskurs.

- Arrangera medlemsaktivi-tetar. I juni 2014 var laget medarrangør på tur til land-bruksdagar på Mo. I 2012 arrangerte laget tur til land-bruksmessa på Lillestrøm, og i 2013 arrangerte dei Bondefest i Vikjahalli. I 2015 arrangerte laget Open Gard i Vik. Det vart sist arrangert i 2012.

Har du spørsmål eller vil bli medlem, ta kontakt med Per Olav Langeland Tistel, telefon 91 70 32 38 eller e-post: [email protected]

Vik SkyttarlagSkyttarlaget i Vik ligg for tidi nede pga banesituasjonen i Vik. Tidlegare kunne ein skyta på Hove, men då fellesfjosen kom, vart det slutt på det. I Fresvik og på Tenne er det godkjende 100-baner med elektroniske skiver. På Vangs-nes og i Feios skyt ein på dispensasjon.

Dei siste åri har det berre vore jaktskyting. Dei siste som har vore med på Landsskyttarstem-na har vore Arvid Stadheim og sonen Oddvar. Vik Skyttarlag har ingen leiar, Arvid Stadheim fungerer som kontaktperson. Laget er enno tilslutta DFS, Det Frivillige Skyttarvesenet.Det var planar om ny bane på Vangsnes, Svillangsmyri. Det vart laga ein reguleringsplan i si tid, og det kom protestar frå grunneigarar. Men i den nye kommuneplanen er det band-lagt eit stort område her med tanke på sentralskytebane. Så arbeidet med ny plan er nystar-ta, så dette alternativet er ikkje lagt på is. Men mykje arbeid står att, og det må blant anna ordnast med tilkomst dit og lagast ny reguleringsplan. Skyttarlaget har planar om miniatyrbane på det nye Si-mas-anlegget i Vik. Det er ein bunkers under der som veg-bana er. Der kan ein få ei 20 m bane. Dugnad er planlagt for å få bana i stand.Har du spørsmål, ta kontakt med Arvid Stadheim, telefon 915 53 747 eller e-post: [email protected]

Vik Kvinne- og familielag er eit aktivt lag i Vik som har 23 medlemmer. Dei hadde i 2013 to studieringar, ein om inter-nasjonal mat, og den andre i strikking. Laget hadde i 2013 10 møte-kveldar om kulturutveksling for innvandrarjentene/damene. På desse samlingane lagar dei både norsk og internasjonal mat. Der plar vera 12-20 per-sonar. Dei utanlandske damene kjem frå fleire forskjellige land, og ein prøver for det meste å snakka norsk for at dette skal vere språktrening for dei og. Mange oppskrifter har ein fått inn. To av kvinnene var i 2013-14 på Vestnorsk kulturakademi på Voss. Dei er med på eit kurs ”Innvandrarkvinner og mat”. Hausten 2014 vart tre nye frå Vik med på opplegget på Voss, alle tre frå Polen. Håpet er at dei kan få lærlingplass eller arbeid i Vik etter kurset. Den 10. mars 2013 starta

kampanjen: ”Utan mat og drikke duger helten ikkje”, ein landsomfattande underskrift-skampanje der landet sine ordførarar vart utfordra til å underskriva eit opprop der ein ber staten om å setja i gang forsøk med servering av skule-måltid. Bokprosjektet Saman på kjøkkenet vart ferdig første kvartal i 2013 og klart for sal, og den 28. mai 2013 fekk boka heiderleg omtale i lokalavisa. På Gamalostfestivalen og på Fridtjovmarkeringa hadde laget stand. Vestnorsk kulturakademi nytta boka i undervisning for innvandrarar. Mange har kjøpt boka.Den 31. oktober 2013 arran-gerte laget saman med bygde-kvinnelaget, husflidslaget og helselaget hundreårsjubileum for stemmerett for kvinner. Der var det samla om lag 200 menneske i Vikjahalli; heilt fullt hus! Det var 2 dagars utstilling med bilete av kvinner i alle yr-kesgrupper med fokus på mat, husflid og kle. Det var ei rikt program av historikk, sketsjar mannekengoppvisning, song og god mat. Vil du bli medlem, ta kontakt med leiaren Kårhild Melheim Rinde. Mobil: 47413304 E-post: [email protected]

Vik TurlagVik Turlag skal fremja eit ak-tivt, allsidig og naturvennleg friluftsliv, blant anna med turar i nærområdet. Laget driv og Målsethytta og arbeider for at denne skal vera eit samlings-punkt for naturinteresserte. Hytta Jashaugbu eigd av Mo-dig Il vert og nytta. Vik Turlag kan inngå leigeavtale av andre hytter for å gjera naturen i nær-miljøet lettare tilgjengeleg for medlemene. Laget har eit eige Barnas Turlag som har sitt eige turprogram. Medlemstalet ligg på mellom 130-140 medlemer. Laget arrangerer onsdagstu-rar, dags- eller fleirdagsturar i helgane, både i kommunen og utanfor, og fellesturar med andre turlag. Det har siste åri vore turar i samband med Gamalostfestivalen og Brin-

gebærfestivalen. Ein kan og nemna Kom-deg-ut-dagar og årlege Opptur-arrangement for 8.-klassen.Ei viktig oppgåve er merking av turstiar og skilting av turstiar etter nasjonal standard. Så langt er 15 ruter merka og skilta. Vik Turlag arrangerer lokale kurs, t.d. i kart & kompass, GPS, geocaching og andre. Turlaget låner og ut utstyr til medlemene sine, kanoar, truger, etc.Av planar framover kan nem-nast at Vik Turlag har teke initi-ativet til eit samarbeid om nyttturkart for Vik. Sluttføring av turstiprosjektet Vikafjellruta, skilta vart monterte oktober 2014. Turlaget har sendt førespurnad til Vik kommune om å drive skulehuset på Sylvarnessom DNT-hytte. Det er planar om trimpostar for barn (tur-bokassar) og tematurar. Ein vil jobba med å forbetra til tilbodet til ungdomar, og ein vil få fleire medlemar til å ta „Grunnleggjande turleiarkurs” til DNT, og det er planar om kurs i publisering på nettsta-den ut.no. Vidare oppussing av Målsethytta, ferdigstilla Vetlahytta og vedlikehaldsar-beid ved Jashaugbu. Turlaget ynskjer og å utbetra stien opp til Gunnarsete. Vik Turlag ynskjer fleire med-lemer, ta kontakt med Karen Weichert, mobil: 90 53 41 02 eller e-post: [email protected] Turlag har og nettside www.turistforeningen.no/vik og Facebookside.

Vik Kraftlag 2013Vik Kraftlag 2013 er eit frivillig lag, skipa 1. juni 2010, med einaste føremål å restaurera og drifta gamle Refsdal Kraftsta-sjon frå 1913 som kulturminne. Målet for restaureringa var å ha stasjonen ferdig restaurert inn-an eit 100 års jubileum i 2013. Denne målsetjinga speglar seg også i namnet på laget. Dette lukkast når det galdt sjølve sta-sjonsbygningen. Sommaren og hausten 2013 vart det halde 2 markeringar med god oppslut-

VINTERAVIS 2016 37

Page 38: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

nad. Prosjektet har møtt mykje velvilje både lokalt og mellom offentlege og private finansi-eringsinstitusjonar på nasjonalt nivå. Frå starten i 2010 og til og med 2013 nådde kostnaden med restaureringa totalt ca. 1,7 millionar kroner inklusive dug-nadsinnsats på ca. kr. 370 000. Laget har om lag 50 betalande personmedlemer og 5 bedrift-smedlemer. Arbeidet med restaurering av røyrgate og inntaksdam står att. Når det er ferdig vil Vik ha eit komplett visningsanlegg av eit tidleg kraftverk som bør vera av in-teresse langt utover Vik. I den samanheng er det interessant at anlegget ligg i eit miljø med nyare kraftverksinstallasjonar.Laget er interessert i at anleg-get skal nyttast. Stasjonsbyg-ningen er eit vakkert bygg i Jugend-stil. Det er romsleg og godt eigna til både omvising og diverse samkomer. Faste omvisingsdagar sommaren 2016 vil bli nærare annon-sert. Elles er omvising etter førespurnad mogeleg. Ein kan støtta laget ved å bli medlem eller ved å gi ”grasrotdelen” ved tipping og lotto til laget. Kontakt: E-post [email protected] Mob. 905 72 820.

Vik BygdekvinnelagLaget vart skipa i 1961, og det var Ingebjørg Ølnes frå Sogn-dal som hjelpte til frå byrjingi. Kvinner frå heile bygdi melde seg inn, og kvinnene tykte

det var kjekt å koma i lag sjølv om dei budde langt unna. Medlemstalet var ei tid 40, no har laget 18 medlemer. Planar framover er bakekurs, der ein vil få læra å baka lefser og flatbrød. Kvar sommar arrangerer laget ein tur til støls, der medlemene lever opp att den gamle stølskulturen. Laget har til utlån brurekro-ne med alt som høyrer til, ein mannsbunad og ein liten jentebunad. Vil du bli medlem eller har du spørsmål, ta kon-takt med Aasa Tenold, e-post: [email protected] eller tlf 97162199

Vik Næringssamskipnad (VNS) VNS er ein medlems/interes-seorganisasjon for næringslivet i Vik kommune. Dei har om lag 50 store og små med-lemsbedrifter, fordelt på «alle» næringar. Næringslivet i Vik kommune er svært mangfal-dig, og mellom anna store på industri (Vik Ørsta, Petal, Linn Bad, Fresvik Produkt, Tine m. fl.) og store på landbruk. I tillegg er Kriminalomsorgen Vest Vik Fengsel, Statkraft og Sognekraft store verksemder i Vik. Vidare kan nemnast fleire arkitektfirma i tillegg til at handelsstanden og reiselivet er viktige næringar. Av grün-derbedrifter som har lukkast i Vik kan nemnast Barn-Nett AS (størst i Norge på administra-sjonsløysingar retta mot barne-

hagar) og Highsoft AS (utviklar av grafisk presentasjonsverktøy til bruk på internett).VNS har som føremål å ta vare på, og utvikle, næringslivet sine interesser i Vik kommune. Dei skal vera ein pådrivar og tilretteleggar, og har ein koor-dinerande rolle mellom næ-ringslivet og eksterne instansar som kommuneadministrasjo-nen, politikarar eller andre.VNS jobbar med små og store prosjekt og saker, men har sagt at prioritet 1, det absolutt aller viktigaste, for næringslivet og næringslivet si utvikling i Vik, er Rv 13 Vikafjellet – heilårs-veg, som i praksis betyr tunnel, samt samferdsel, kommunika-sjon og infrastruktur generelt. Ferjesambandet Vangsnes – Hella –Dragsvik er også ein del av Rv13. Det bør bli fleire avgangar (spesielt i rushtidi/til og frå jobb og skule), og det må innførast nattferjer. Vidare er sjølvsagt rassikring viktig for vegnettet vårt. I tillegg til samferdsel, kom-munikasjon og infrastruktur arbeider ein med andre små og store saker som er viktig for næringslivet. Reiseliv og hotell er eit viktig tema. Etablering av hotell har prioritet 2, nest etter Vikafjellstunnel. Det er i godt gjenge no, ein ser fram til fullføring i 2016. Vidare har dei bl.a. kvart år ansvar for salsbo-dene på Gamalostfestivalen, dei spleiser med kommunen på blomster og vatning i sentrum, arbeider for å få torgsal på ein meir egna stad og mykje meir. Dei er og med i ulike grupper og fora som representantar for næringslivet.Har du spørsmål eller vil bli medlem, ta kontakt med leiar Trude Undebakke, tlf 91683498, e-post: [email protected]

Vik HusflidslagVik Husflidslag vart starta i desember 1983. Målet er å fremma god norsk husflid kulturelt, sosialt og økonomisk. Husflidslaget i Vik sitt satsings-område er kursverksemd for ungdom og vaksne og husflids-aktivitet for barn frå 3. klasse og oppover.

For medlemane i barneklubben har vi 4 samlingar i året der barna får lære handverksteknik-kar. Nokre eksempel er toving av ull, spikking, trådsløyd, teikne med tråd, stofftrykk, hekling, lage fuglehus, makra-me og brodere med korssting. Laget har ein fin gjeng på ca 25 barn som er utruleg flinke og ivrige. Vi har eit godt sam-arbeid med skulen som låner vekk sløydsal og handarbeids-sal til aktivitetane. Barn og ungdom betaler kr 100 pr år i medlemskontingent til Norges Husflidslag. Då er all aktivitet, materiell og kurs i laget gratis for dei. For vaksne og ungdom har laget siste par år hatt kurs i tredreiing, pilefletting, kipela-ging, kontstrikk, lappeteknikk, pjoning, redesign og hakking. Alle kan melda seg på kurs og koma med ynskje om nye kurs. Siste 2 åra har laget jobba med raudlista handverksteknikkar. Norges Husflidslag starta ein landsomfattande dugnad for å ta vare på teknikkar som står i fare for å bli gløymde. Kurs i å laga kipe var Vik Husflidslag sitt bidrag. Kipe var tidlegare mykje brukt også i Vik, men vi fann ingen i Vik som kunne lære oss denne teknikken. Kurslærar vart difor henta frå Rogaland. Pjoning var og på raudlista, men der fann vi kurs-lærar i VikI 2013 vart Vik Husflidslag med i eit samarbeidsprosjekt med Vik Bygdekvinnelag, Vik Helse-lag og Vik Kvinne- og familie-lag. Festkveld og utstillingar i høve Stemmerettsjubileet, teaterframsyning og Gamalost-seminar er førebels resultat av samarbeidet. Eit svært vellukka samarbeidsprosjekt både so-sialt og fagleg. No skal sam-arbeidslag ha ei utstilling av heimestrikka kofte og genser i slutten av januar. Då vert det handarbeidskafe og demon-strasjon av karding og spinning og aktivitet for barn. Vil du bli medlem eller har spørsmål, ta kontakt med leiar Ingebjørg Kongslien tlf 97073996 eller e-post: [email protected] Inge

Feios kyrkje 150 årFeios kyrkje er 150 år i 2016, og i høve jubileet blir det gjeve ut ei bok redigert og forfatta av Jan Magne Rinde. Boki vil truleg bli ferdig før sommaren såfremt ein får finansieringi på plass. Det er og planlagt ei utstilling av kyrkjekunst i kyrkja.Det vert jubileumsgudsteneste 28. august med festsamvær i ungdomshuset etterpå. Det er og planlagt ein konsert 29. oktober i kyrkja. Jens Brekke, Beth Anita Ramfjord og Håvard Skaadel arbeider for å få dette til. Nemndi har sendt fleire søknader om økonomisk støtte, men det er framleis behov for meir pengar. Dei som vil støtta pro-sjektet kan betala inn til konto 3800 15 67834

Trykkeri i Vik?Me hadde i si tid trykkeri i Vik. Diverre har me det ikkje det lenger, men det hadde vore kjekt å ha i bygdi. Denne avisa du sit med, er trykt på Leikanger. Pridlao vert trykt i Førde, og alle brosjyrar og anna må ein utanbygds for å få trykt. Eit mindre trykkeri burde det vera marknad for i Vik.

38 VINTERAVIS 2016

Page 39: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap med delområde Geirangerfjorden og Nær-øyfjorden vart innskrive på UNESCO Verdsarvliste 14. juli 2005 under UNESCO sitt 29. komitémøte i Durban, Sør-Af-rika.

Med bakgrunn i dette vart stiftinga Nærøyfjorden Verdsar-vpark skipa som stifting 25. januar 2008. Formelle stiftarar er Sogn og Fjordane fylkes-kommune og Aurland, Lærdal, Vik og Voss kommunar.Parkorganisasjonen blir leia av eit styre, men har ein dagleg administrasjon og eit feltappa-rat som jobbar med konkrete prosjekt og tiltak innan hovud-satsingsområda: primærnæ-ringane, natur- og kulturbasert næringsutvikling, stadformid-ling, vertskapsutvikling og læ-ring, skjøtsel av kulturminne og kulturlandskap, tilrettelegging for ferdsel, samt styrking av felles identitet og merkevare. Parkorganisasjonen prioriterer å nytte ressursane på gode samarbeidsprosjekt som skaper positive ringverknader for part-narane og andre.Å være på UNESCO Verdsarv-

liste blir lagt merke til av om-verda. Inngangen til verdsar-vparken frå Vik kommune er i Engi i Fresvik. Lokale krefter i Fresvik har for fl eire år sidan sett opp skilt om Nærøyfjorden Verdsarvpark både ved kaia i Fresvik og ved inngangen til Engi. Vik kommune vil difor legge til rette for at dette blir formid-la og i dei andre områda av kommunen. Vi trur at å formid-le informasjon om Vestnorsk Fjordlandskap / Nærøyfjorden Verdsarvpark til både fastbu-ande, tilreisande og turistar vil ein marknadsføre Vik og bidra til å skape grunnlag for næ-ringsverksemd med grunnlag i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Om skiltprosjektet:Plassering av skiltaFresvik har allereie dei fl este skilta ved kaia i Fresvik. Her manglar berre eit skilt om Vik kommune. I Feios kjem skilt om Vestnorsk Fjordlandskap / Nærøyfjor-den Verdsarvpark, eit om Vik kommune og eit om Feios. Skilta er tenkt plassert på veggen på butikken (ut mot vegen). Eventuelle sikringstiltak

mot trafi kkert område inngår i prosjektet.På Vangsnes kjem skilt om Vestnorsk Fjordlandskap / Nærøyfjorden Verdsarvpark, eit om Vik kommune og eit om Vangsnes. Skilta er tenkt plassert i same området som det står skilt no; mot fjorden ved sida av kiosken. I Vik sentrum kjem skilt om Vestnorsk Fjordlandskap / Nær-øyfjorden Verdsarvpark, eit om Vik kommune og eit om Vik. Skilta er tenkt plassert ved sida av torgplassen i sentrum der det allereie står eit skilt om Vik. I Framfjorden kjem skilt om Vestnorsk Fjordlandskap / Nærøyfjorden Verdsarvpark, eit om Vik kommune og eit om Framfjorden / Arnafjor-den. Skilta er tenkt plassert på veggen på butikken (ut mot vegen). Eventuelle sikringstiltak mot trafi kkert område inngår i prosjektet.På Storehaug kjem skilt om Vestnorsk Fjordlandskap / Nærøyfjorden Verdsarvpark og eit om Vik kommune. Skilta er tenkt plassert på utkøyrsla rett utanfor tunellen. På Hella kjem skilt om / Nær-øyfjorden Verdsarvpark og eit om Vik kommune. Skilta er tenkt plassert på rasteplassen det det i dag er eit skilt om Vik.

Om skilta Skilta om Vestnorsk Fjordland-skap / Nærøyfjorden Verdsar-vpark er utarbeida og vil vere identiske med tilsvarande skilt andre plassar i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Det står att å utarbeide eit skilt for Vik kommune. Admi-nistrasjonen i Vik kommune tek på seg dette saman med organisasjonen i Nærøyfjorden Verdsarvpark. Det skal vidare lagast eigne skilt for Feios, Vangsnes, Vik og Framfjorden / Arnafjorden. Desse skilta vil bli laga av bygdelaga i samarbeid med kommunen og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Alle skilta blir på norsk og en-gelsk. Skilta om Nærøyfjorden Verdsarvpark blir og på tysk og fransk.

Planlagt framdriftProsjektet er eit samarbeid mellom Vik kommune og Nær-øyfjorden Verdsarvpark. Vik kommune har budsjettert med gjennomføring av heile pro-sjektet i 2016. Viss prosjektet ikkje oppnår full fi nansiering i 2016 kan deler av prosjektet bli utsett til 2017.

Odd Rune Turvoll

Skilting om Nærøyfjorden Verdsarvpark

Minnesmerke over dei ReisandeVik kommune er kontakta av Landsorganisasjonen for Roma-nifolket (LOR) som ønskjer å setja opp eit minnesmerke over «Dei reisande» i Vik. Bakgrunnen for dette er at LOR med stønad frå Statens kulturfond ønskjer å setja opp minnesmerke på stader dei reisande oppheldt seg. Det er tidlegare sett opp minnesmerke andre stader i landet. Dei reisande var ein viktig del av dagleglivet i Vik i perioden 1850 til 1930 og det vil difor høva med eit minnesmerke her. Vik kommune stiller seg positiv til dette og har vurdert ulike stader å plassera minnesmerket på og komme fram til at det mest aktuelle er å festa minnesmerket til ein stein i forkant av enden på naustrekka mot Best.Sett i lys av at Vik kommune som resten av landet tek imot fl yktningar, kan eit slikt minnesmerke vera eit fi nt symbol på respekt for andre folkegrupper og kulturar. I brevet frå LOR vert Vik omtala som ein fristad for dei reisande eller splintane som mange omtalte dei som. LOR skriv fylgjande: «Derfor ville vi gjerne ha satt opp ein minneplate i Vik i Sogn, da dette var ein god plass for dei Reisande å vera». Eit minnesmerke av denne typen er i tråd med mottoet «Velkommen til Vik» og at ein ynskjer å visa at Vik er ein god kommune å vera i.

VINTERAVIS 2016 39

Page 40: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

I løpet av våren 2016 kjem det eit nytt turkart for Vik kommu-ne, som då erstattar turkartet som har vore i bruk sidan 2002. Kartet er eit samarbeidspro-sjekt mellom alle bygda- og idrettslag i kommunen, Vik Røde kors, Vik Jakt- og fiske-lag, Vik kommune og Vik Tur-lag. Prosjektgruppa har i løpet av 2015 oppdatert kartgrunn-laget med tanke på merka og umerka stiar, vald ut over 30 ru-ter som blir omtalte på kartet, gradert dei etter vanskegrad og samla anna nyttig informa-sjon for turgåarar. Kartet er finansiert av Vik kommune, og alle husstandar vil få eit gratis kart i posten.

Merking av stiarI samband med turkartprosjek-tet blei ein del stiar rydda og merka opp att. Når ein merkar

stiar bør „Merkehandboka” vere rettesnora. Heftet (digital versjon: www.merkehand-boka.no) er gjeve ut av Den Norske Turistforening (DNT), Friluftsrådenes landforbund og Innovasjon Norge og er rekna som den norske standarden for planlegging av turruter og det praktiske arbeidet med ryd-ding, merking, skilting, grade-ring og meir. Ein av hovudre-glane å ikkje merke på jordfast stein eller fjell. Dette for å få høvet til å leggje ned stiar når dei ikkje blir halden ved like lenger, t. d. ved å snu steinane med merke på. Ein bør heller ikkje merke på hus og kultur-minne eller lage ekstra varder på merka stiar. T-merking er det berre turistforeninger og turlag som har lov å bruke, sidan det fylgjer med eit vedli-kehaldsansvar.

Det finst ein del stiar som blei T-merka av andre enn turlaga og som då ofte ikkje blir halden ved like. Dette er skummelt, sidan det nasjonalt og internasjonalt (reiselivet) er venta at T-merka stiar er i god stand. Veit du om slike stiar her i kommunen? Vik turlag set pris på ei melding til [email protected] eller tel. 905 34 102 eller på Facebook-sida: facebook.com/vik.turlag .

Vik Turlag v/Karen Weichert

Engelsk samandrag:New hiking mapSpring 2016, a new hiking map for Vik municipality will be published. I contains over 30

recommended hikes which are graded according to their dif-ficulty and described in three languages. All households will get a free copy by post. There is a nasjonal standard for marking of hiking paths (www.merkehandboka.no). Only official hiking associations are allowed to mark with red T’s, and marks shouldn’t be placed on parent rock or big boulders. Pathes which aren’t maintained anymore, can then be „dele-ted” by turning marked stones upside down. Do not build additional cairns on marked hiking paths.

Nytt turkart for Vik

Foto:1 Reidun Ovrid

Har du lyst til å bli betre kjent med våre nye innbyggjarar og kan du tenkje deg vise ein av dei vegen i lokalsamfunnet vårt? Då kan du melde deg på som

flyktningguide! Flyktningguid-ar må vere engasjerte og får (obligatorisk) opplæring. For meir informasjon om flykt-ningguide eller påmelding kan du komme til den multi-

kulturelle messa på Multikulti Festival Vik. Røde Kors skal vere til stades for å svare på alle spørsmål og ta imot på-meldingar. Du kan også ta kontakt med:

Darek Hauderowicz, tlf 411 04 713, [email protected], www.rodekors.no Loek Laumans, tlf 469 04 819, [email protected]

Vil du vere flyktningguide?

Foto: Karen Weichert

40 VINTERAVIS 2016

Page 41: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Status pr desember 2015Kommunen arbeider med å følgja opp kommunestyre-vedtaket om å byggja fi ber til alle bygdene i kommunen. Så langt har fi berutbygginga i kommunen kome i stand på to ulike måtar:

1. I Vik Sentrum, som er lønsamt å byggja ut for leverandørane, har Sogne-nett AS bygd ut fi bertilbod utan offentleg tilskot.

2. Vik kommune har søkt statlege, offentlege midlar til fi berutbygging utanfor dei kommersielt lønsam-me områda i kommunen, dvs alle andre stader enn Vik sentrum. Det er NKOM (tidlegare post og teletilsynet) som forvaltar tilskotsordninga. Eit av kriteria for å kunna nå opp i desse søknadsrundane, er at området det vert søkt om ikkje er kommersielt lønsamt å byggja ut for breibands-aktørane. Etter kommunestyret sitt vedtak i april 2013 har søknadane vore prioritert slik:

1. Vangsnes2. Feios3. Fresvik4. Arnafjord

I 2012 fekk kommunen statleg

tilskot til å byggja ut fi berba-sert breiband på Vangsnes, og i 2014 fekk me tilskot til tilsvarande anlegg i Feios. Anlegget på Vangsnes er nær ferdig med dekningsområde frå og med dei austlegaste husa fram til Vetlehagen. Me manglar framleis tilbod frå Vet-lehagen til Gotevik. Kontrakten for bygging av anlegget i Feios er tildelt Telenor, og anlegget skal stå ferdig seinast i oktober 2016. I Feios vil alle få tilbod om fi berbasert breiband når anlegget er ferdig.I søknaden om statleg tilskot i 2015, fekk me dessverre ikkje midlar verken til anlegget i Fresvik eller Arnafjord. I desse søknadsrundane samarbeider kommunen med Fylkeskommu-nen og dei andre kommunane i Sogn og Fjordane. 2 av 3 store, likt prioriterte delprosjekt i fylket, fekk tilskot, medan det tredje ikkje nådde opp. Fresvik sitt anlegg var plassert i delprosjektet som ikkje nådde opp.Det fylkeskommunale samar-beidet held fram også i neste søknadsrunde som kjem våren 2016, med tildeling hausten 2016.Utbygging av fi berbasert breiband til alle er eit særs viktig verkemiddel for å opp-retthalda eller auka folketalet

i alle grendene i kommunen. Datatrafi kken over internett dobblar seg kvar 18. månad, og fl eire og fl eire tenester vert tilgjengeleg via denne kanalen. Skal ein ha høve til å ta del i dette tenestetilbodet, er kravet at ein har tilgang på breiband av god kvalitet. I IT-forum Sogn og fjordane sin strategi, som er under revisjon, vil fylkessamar-beidet setja mål om 100 Mbit/s til alle innan 2020. I praksis er det berre fi berbasert breiband som vil vera godt nok til å møta dette kravet og ytterlega-re krav om kapasitetsauke som vil koma i framtida.I mai/juni 2015 gjennomførte me også kartlegging av mobil-dekninga i heile kommunen. Kartlegginga viser at me, slik som meldt frå fl eire innbyggja-rar tidlegare, har fl eire område med mangelfull dekning. Me er kjent med at Netcom har oppgradert sendaren i Vik til 4G etter denne kartlegginga, og at Telenor er i planleg-gingsfasen for å oppgradera sendaren sin. Me forventar at både Telenor og Netcom vil starta med taletrafi kk over 4G-nettet i løpet av 2016. Pr nå vert 4G-nettet berre nytta til datatrafi kk. Denne nye tenesta vil truleg medføra at rekkevid-da for sendarane i Vik vil auka noko for taletrafi kk. I beste fall

vil detta betra situasjonen for dei som har dårlegast dekning i Seljadalen og Refsdal.

Vidare arbeid Sjølv om kommunen ikkje fekk statleg tilskot i søknadsrunden i 2015, er det ikkje rom for å stoppa utbygginga dersom me skal ha håp om å nå målet om 100 Mbit/s til alle i Vik kommu-ne innan 2020. Me har derfor budsjettert med følgjande tiltak i 2016 :

1. Utviding av dekningsom-rådet på Vangsnes slik at heile Vangsnes får tilbod, det vil seia frå Vetlehagen til Gotevik.

2. Utlysing av anbod for byg-ging av anlegget i Fresvik med kommunale og private midlar i 2016.

3. Me vil i 2016 prioritera arbeidet med temaplan for IKT og kommunika-sjon. I samband med dette arbeidet vil me også sjå på korleis mobildekninga kan betrast i dei områda den er for dårleg. Temaplanen skal konkludera med tiltak og prioritering, og til slutt er det kommunestyret som skal vedta planen.

Geir SvendsenLeiar IKT og tenestetorg

Breiband og mobildekning i Vik kommuneTrekking av fi ber i eksisterande stolpekursar, Vangsnes.

VINTERAVIS 2016 41

Page 42: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

NM Rulleski-skyting på Vik Skisenter 23. – 25. september vert det nytt nasjonalt meister-skap i Vik. Då skal Vik IL igjen vera arrangør av NM i Rulleskiskyting. Også i 2009 var Vik IL vertskap for arrangementet, og det var nokre fantastiske dagar på Vik Skisenter. Det blir konkurransar både laurdag og sundag, både for junior- og seniorklassa-ne. Det betyr at om lag 350 – 400 skiskyttarar kjem til Vik desse dagane, inkludert eliten og landslagsløpara-ne. I tillegg kjem trenarar, støtteapparat, foreldre og andre interesserte. Me håpar å sjå også deg på Vik Skisenter. Ta turen og kjenn på spenninga på stand-plass, sjå farten på rulleskia og ver med og heia fram din favoritt til medalje. Ekstra gledeleg er det at Vik IL sjølv har fleire delta-karar. Me håpar at det blir ei kjekk oppleving å delta i NM på heimebane. Dei fortener at me støttar dei, så du kjem vel og blir med?Lyst til å vere funksjonær? Dersom du har lyst til å vere funksjonær er det berre å ta kontakt. Det er mange oppgåver som skal gjerast før og under arran-gementet. Vik IL Skiskyttargruppa

Vik kommune leiger to kontor-plassar hjå Petal AS som kan brukast av etablerarar eller næringsdrivande som treng kontorfasilitetar i ein periode. Næringsdrivande kan gjerne være personar som har bruk for kontor ein dag når dei er i bygda, er her på ferie eller liknande. Leigeprisen er svært attraktiv (som regel null) og ein har tilgang til ‘alle’ fasilitetar (internett, utskrift/kopiering, vi-deokonferanseutstyr etc. etc.). Ta kontakt med næringssjefen om du ynskjer å leige.

Akkurat no er begge kontora i bruk. Monica Akech (som no-kon av dykk kjenner) er i opp-startfasen med opplevings- og arrangementsselskapet Afrost Events. Monica er allereie i dia-log med tilsvarande selskap på Voss (Staut* AS, tidligare Festi-val Voss). Monica er og allereie deltakande i planlegginga av nokre av festivalane våre og vi håper at ho vil bidra til vidare utvikling av arrangement i Vik.I tida frå medio januar og i om lag tre månader skal Mara Si-monazzi , ein Marinebiolog frå

Universitetet i Bologna, ta ho-vudoppgåva hjå Fjordforsk AS for sin Mastergrad. I den peri-oden skal ho finne anslag for torskebestanden i Sør-Midtre Sognefjord, altså frå Vangsnes mot Limmesand, og kanskje i Arnafjord. Fjordforsk AS held til på Vangsnes og er Sergio Man-zetti sitt selskap som driv med forskning og anna utviklings-arbeid innan naturvitskap og teknikk. Prosjektet får støtte frå EU-programmet ‘Erasmus’. Odd Rune

Aktivitet i næringsparken

Vinteren er komen, og det merkar me godt på kommunalteknisk eining i Vik kommune. Det er dagar og periodar der me må gå frå planlagt arbeid for å trø til på fleire arenaer når veret er som verst. Sist haust hadde me utfordringar med store nedbørsmengder kombinert med snøsmelting. Det har stort sett gått bra, men utfordringar har det vore. Det har vore størst skader i Arnafjorden, med vegen til Dale og Lee.I årstidene haust, vinter og vår er det ofte mykje snø, is og vatn som gir oss utfor-dringar. Stikkrenner vert av og til tette, og vatnet tek nye vegar, og det kan føra til store skader. Det er ofte enkelt arbeid med ei krapse eller spade som kan vera med å

minska skadane, og kanskje redda vegen. Kommunalteknisk eining vil difor oppfordra alle som bur i Vik om å fylgja med på stoda på vegane de nyttar. Enkelt arbeid som er skissert over kan de gjerne gjera sjølve. Er det større hendingar, eller de ikkje får gjort noko med det sjølve, ynskjer me å få be-skjed så tidleg som mogleg. Innafor opningstidene til Vik kommune, kan de ta kontakt med tenestetorget som vil formidla informasjonen vidare. Er det utafor opningstida er det teknisk vakt de kan ringja til ved vakttelefon: 415 94 443.Arve Hønsi

Vintervedlikehaldpå kommunale vegar

Born og unge utgjer ein positiv ressurs i kommunen. Den viktigaste føresetnaden for å førebyggja at born og unge utviklar rus og kriminalitetspro-blem, er å leggja til rette for gode oppvekstmiljø. Ein måte å gjera dette på er gjennom gode skular/skulemiljø, og eit mangfaldig aktivitet og fritids-tilbod. Enkelt sagt så kan gode og positive aktivitetar for born og unge, hindra mykje nega-tiv åtferd og aktivitetar. Det å kunna ha det kjekt ilag med

andre! Alle uteområda ved skulane våre har status som nærmiljøanlegg. I tillegg er det planlagd nærmiljøanlegg på området mellom banene, og området attmed kunstgrasba-na, Vik idrettspark. Eit nærmil-jøområde er eit anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, og som ligg i tilknyting til bu eller opphalds-område. Skuleområda har og lang tradisjon for å fungera som samlingsstad for born og unge. Difor er det og viktige

område, ikkje berre i skuleti-da. Vik kommune vil på sikt, prøva å få til ei oppgradering av desse uteområda. Med hjelp av eksterne midlar, er det kome på plass sykkelløype ved Flatbygdi skule. I tillegg er det planar om ein klatrejungel m.m.

Britt Marit StadheimRådgjevar oppvekst

Trivelege uteområde vedskulane!

42 VINTERAVIS 2016

Page 43: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Sollidaritetsveka ved Flatbygdi skule 22.-26. februarTradisjonen tru har Flatbygdi skule hatt solidaritetsveka to veker etter haustferien. Dette skuleåret har me bestemt at me skal ha denne veka etter vinterferien. I solidaritetsveka skal me i år fokusere på dei landa me har motteke flyktnin-gar frå i det siste, Afghanistan og Syria. Elevane jobbar då med å setja seg inn i histo-rie, geografi og kultur frå dei landa. I tillegg til dette produ-serer dei ting i god kunst- og handverktradisjon som dei sel i ein open kafe i Blixhalli fredagen den veka. Dette er alltid populært, og det er viktig for Flatbygdi skule å markera solidaritet som ei motvekt til materialismen i samfunnet. Overskotet frå kaffi, kaker og sjølvproduserte salsobjekt går til inntekt for prosjekt med born i Afghanistan og Syria. I år vert det spanande i og med at det same veka, laurdag, skal arrangerast eit stort multikul-turelt arrangement i Blixhalli. Dette er og omtala i Vinteravi-sa. Slik sett vert det ei fin råme

rundt fokuset på solidaritet heile veka. Alle er velkomne til å koma innom i løpet av veka for å kikka på det me driv med (ikkje aktivitet onsdag), og det er veldig kjekt om vikjene tek seg tid til å koma på kafeen i Blixhalli fredag 26. februar.

Flyktningar på FlatbygdiSidan våren 2015 har Flatbygdi motteke sju flotte elevar frå Eritrea, Afghanistan og Syria. Desse elevane er spreidde frå 1. klasse til 10. klasse, og det er svært gjevande å kunna bi-dra til å hjelpa born og familiar som har opplevd mykje dei kunne vore forutan. Elevane er veldig flinke på å bidra med god integrering og språkopp-læring. Språket kan nok vera utfordrande i starten, men med velvilje, godt humør og kropps-språk kjem ein langt. Datamas-kiner med omsetjingsprogram hjelper oss og godt. I tillegg kan ein nemna at ein har veldig god hjelp av flyktningar som Alnour som går på språkopp-læring på vaksenopplæringa. Alnour er frå Sudan, og han er til uvurderleg god hjelp som tolk i arabisk. Slik sett er eit

slikt samarbeid til god hjelp i integreringsarbeidet for både liten og stor. Allereie i februar kjem det ein familie til frå Afghanistan med mor og fire born. Den eine av desse borna skal til på Flat-bygdi, medan syskena er over grunnskulealder. Det er flott og utviklande for skulen at ein får flyktningar og at me set fokus på solidaritet. Slik det er no har me elevar med bakgrunn frå Eritrea, Somalia, Burundi, Afghanistan og Syria.

Rådgjevar og inspektør Ingunn Bjørk Refsdal trer tilbakeEtter at yrkeskarriera starta 1. august 1975 i Vik kommune, har Ingunn vald å pensjonera seg frå 1. januar 2016. Sett vekk frå to år der Ingunn jobba i Sognekraft, har ho alltid tent skuleverket. Me takkar Ingunn for veldig godt utført arbeid som inspektør og rådgjevar på Flatbygdi skule! Samstundes ynskjer me Anne Mårdalen velkomen. Ho skal arva konto-ret og jobben til Ingunn, og me ynskjer lukke til!!

Oppussing av kunst- og hand-verksalen Det har i om lag halvanna år vore jobba med plan for å renovera og pussa opp kunst og handverksalen på Flatbyg-di. Teikningane og prospektet ser veldig bra ut. Ei prosjekt-gruppe av Knut Iversen, Bernt Skogsrud og Siri Engan har jobba med planane saman med arkitektar. Dei tre var og på vitjing på skular i Luster, Sogndal og Årdal for å sjå på ulike planløysingar og idear. Det var ein gjevande runde med omvising, og dei tok med seg mykje til planarbeidet vidare. Me gler oss til dette vert ein re-alitet, og slik planane er så vert bygget stengd frå vinterferien 2016 fram til haustferien. Då vonar me på å få eit praktisk godt tilrettelagt undervisnings-lokale for kreativ aktivitet både for elevane og for lag/organi-sasjonar som vil nytte lokala.

OJØ

Nytt frå Flatbygdi skule

Vik IL må ha ny idrettslagsbuss, bussen ein har byrjar å bli gamal og sliten og treng avløysing. Ny buss er ikkje minst viktig med omsyn til trafikktryggleik, ein må vera trygg på at ein sender borna ut av bygda i ein buss som stettar alle krav til trafikk-tryggleik. Dette vil bli eit stort økonomisk løft for idrettslaget, ein ny buss kostar rundt ein halv million. Dette kjem i tillegg til or-dinær drift og vidare utbygging av aktivitetsparken og skianleg-get. Hovudstyret står framfor eit viktig arbeid for å finansiera ny buss. La oss håpa at kommune, bedrifter og private trør til!

Ny idrettslagsbuss Sentrumsnære turstiarDet er teke initiativ både frå privatpersonar og idrettslaget om å få laga til sentrumsnære turstiar. Desse stiane bør liggja i kort avstand frå sentrum og vera tilrettelagt for alle. Sti-ane bør lagast slik at dei ikkje blir for bratte og tunge, ha mjukt underlag og vera tett på naturen. Men dei bør og kunne nyttast til trening for dei som ynskjer å springa og kanskje sykla. Eit tilbod både for fastbuande og turistar.

Det var planar om ei trimløype frå Vetleøyri til Seim og Tenål, etter initiativ frå Torstein Hønsi på Highsoft som og var villig til å gå inn med midlar. Men dessverre viser det seg at pga rasfare kan ein ikkje byggja denne stien utan at det vert sett opp rasvoll. Ein har byrja å sjå på motsett side av bygdi, og ein sti mot Skjørvo og Tryti frå skogsvegen over Hopperstadmarki har vore lansert. Men mykje arbeid og avtalar må til for å få dette reali-sert.

Elles har turlaget søkt og fått løyvd midlar for å kunna bidra til utbetring av stien opp til Gunnarsete, men også here må det lagast avtalar med grunneigarane fyrst for å få realisert prosjektet. Ein annan sti som bør utbetrast til å kunne nyttast så å seia heile året er Sutastigen. Mange er vorte inspirert av turstiane i Balestrand som er mykje nytta av turistar. Desse stiane er laga med minimale naturinngrep, delvis grusa eller med morene-masse og grøfting for å halda vatnet vekke.

La oss verkeleg håpa dette blir realisert, som så mykje anna nemnt i denne avisa er dette eit framtidsretta tiltak.

VINTERAVIS 2016 43

Page 44: VIK KOMMUNE 2016vanskeleg til geografi sk, med dårlege og ustabile vegsam-band. Sørover til Voss er vegen over Vikafjellet usikker og mykje stengt frå november til langt ut på

Layo

ut/t

rykk

:

Dei som har reist forbi Indrefjorden i sommar, har kan-skje lagt merke til at strandområdet i Indrefjorden har fått ei skikkeleg ansiktsløfting. Området er heva, der er vorte plen, det er murt mot fjorden, og pir, stupetårn og gangveg er på plass. Det var eit problem før med at området var så lågt at det fl øymde over, og det var van-skar med å få ein fi n plen. Alt dette arbeidet er utført av brørne Halset utan noko tilskot frå kommunen. Arbeidet vart gjort våren 2015, og det var ca ein månads arbeid. Det var overskotsmasse frå utgravne tomtar i området som vart nytta der det er plen. Blant anna er det eit sam-buarpar frå Hemsedal som har kjøpt to tomtar og sett opp hytte her. Her er vorte mange hytter og hus dei seinare åri, og fl eire vil koma. No er området vorte meir attraktivt for fastbuan-de, turistar og andre. Det er vorte meir aktivitet ved fjor-den. Alt i alt eit fl ott tiltak og ein fi n tilvekst i kommunen.Det er planar om å setja opp eit offentleg toalett, og det burde bli sett ut bosspann. Men dette er det berre planar om, og truleg kjem kommunen til å få søknad om midlar til å få gjort dette. Vedlagde foto er teke med drone.

Nytt strandområde i Indrefjorden

44 VINTERAVIS 2016