4h-knask nr. 2-2014

32
Medlemsblad for 4H Rogaland Nr. 2 - 2014 - 32. årgang -KNASK Landsleir er livet! Haustfest 2014 Gambiabesøk

Upload: 4h-rogaland

Post on 06-Apr-2016

243 views

Category:

Documents


9 download

DESCRIPTION

4H Rogaland sitt medlemsblad.

TRANSCRIPT

Medlemsblad for 4H Rogaland • Nr. 2 - 2014 - 32. årgang

-KNASK

Landsleir er livet!

Haustfest 2014 Gambiabesøk

Då er hausten komen til Rogaland òg, og me kan sjå tilbake på oktober som ein månad med utruleg mange flotte haustfestar.

Fylkesstyret er heldige som får moglegheit til å reise rundt. Å få sjå alle dei flotte prosjekta som alle medlemane legg så mykje arbeid i gjennom året, er utruleg kjekt, og ikkje minst inspirerande. Ein ser så mange medlemar som står på, klubbrådgjevarar som hjelper til, og ikkje minst føresette som støttar opp. Alle fortener verkeleg ein klapp på skuldra.

Eg har ein ting eg vil utfordre dykk alle på til neste år; ta med vener eller familie, og reis på besøk til ein haustfest i ein annan klubb. Du vil ikkje bare få møte vener igjen, men eg kan love at ein kan hente mange idear til eigen haustfest!

Elles har dette halvåret gått utruleg fort. Ikkje før storkurset på Tau var ferdig, var det klart for fire dagar i vakre Nedstrand. Må nok ein gong få takke alle som hjelper til, og får begge desse to arrangementa til å bli så vellukka som dei i år. Om det er sol, vind eller regn, er humøret alltid på topp!

106 spente deltakar satt seg i bussen 18 timar kvar veg, for å oppleve ei veke på landsleir på Tautra. Eg trur alle med handa på hjarte kan seie at denne veka var heilt magisk. Ikkje nok med at me hadde dei varmaste temperaturane i heila landet, men i tillegg var alle smilande og hjelpsame uansett kor ein gjekk – og ein fekk både i pose og sekk, då dette var ein ferietur som innehaldt alt!

Eg vil og takke for at ”Det store potetløpet” blei så vellukka som det blei, potetkaker, trillebårer, potetløp, tomatfestivalen er bare nokre av opplevingane ”poteta Petra” fekk med seg i løpet av sin kjekke tur i Rogaland. Meir om potetløpet kan de lese i dette nummeret av Knask.

Elles vil eg takka for eit supert år til nå, og håpar alle sit klar til eit nytt år med nye moglegheiter. Eg vil spesielt oppmode alle som er glad i å reise, til å bruke alle dei tilboda som 4H har. For i tillegg til alle leirane, kan ein reise til USA, Gambia og mange andre stader. Gambia skal eg sjølv til rett før nyttår og kan ikkje seie anna enn at eg gler meg utruleg mykje. Det kjem til å bli ei erfaring og reise for livet.

Maria Fjeldheimstyreleiar i 4H Rogaland

Hei!FRÅ FYLKESSTYRET

Utgjevar: 4H RogalandPb. 59, 4001 StavangerE-post: [email protected] 4h.no/rogalandflickr.com/4hrogalandfacebook/4hrogaland

Redaktør: Synnøve JørgensenFramsidebilete: Kristine Løland, Vannlilja 4HFoto: 4H Rogaland Grafisk utforming: Synnøve JørgensenTrykk: Kai Hansen Trykkeri AS

Organisasjons-rådgjevarKatrine SægrovTlf.: 51 56 89 48E-post: [email protected]

4H kontormedarb.Åslaug AksdalTlf.: 51 56 89 49E-post: [email protected]

Dagleg leiarSynnøve JørgensenTlf.: 51 56 89 47E-post: [email protected]

2 4H Knask 4H Rogaland

NESTE FYLKESARRANGEMENT

VELKOMMEN TIL

I 2015 er det i Freidig 4H i Vats som skal arrangera styrevervskurs for styremedlemmer i Rogaland.

Freidig 4H blei stifta i 1956 og er ein 4H klubb med ca. 50 medlemmer. På møtene våre gjer me masse forskjellig og me er ein del ute. Då har me leikar og nokon gonger ror me i kano og spelar volleyball. 4H møtet vårt i mai er litt annerledes. Då køyrer me opp til garden Stråtveit i Nedre Vats og søv der. Her må me klare oss med berre solcellepanel som straumkilde og dårleg mobildekning. Me kallar det for «Farmen-helg». Me har aktivitetar ute, og kosar oss inne på kvelden. Ein av dagane der oppe er det familiedag. Då kjem foreldre, søsken, besteforeldre eller anna familie opp på grilling, natursti og leikar.

No er me klare for å arrangere eit kjekt styrevervskurs for alle som skal komme.MvhStyret i Freidig 4H

STYREVERVKURS

ÅRSMØTE! Søndag den 8. februar inviterer vi alle medlemmer og andre intersserte til årsmøte i 4H Rogaland hos Freidig 4H i Vats. Innkalling og sakspapir vil bli sendt ut til alle medlemmer og klubbar, samt lagt på heimesida vår, 4h.no/rogaland seinast den 20. desember.

Er du klubbrådgjevar, foreldre eller annan engasjert 4H-ar? Då har du ikkje stemmerett på møtet, men er hjarteleg velkomen innom som observatør. Kanskje ønskjer du å kome med ei helsing frå eit lag eller organ-isasjon du er engasjert i? Vi blir kjempeglade for gjester! :-)

Dette året er det handlingsplan for dei to neste åra som er den største saka. Vi skal altså bestemme kva 4H Rogaland skal arbeide med i ganske lang tid framover. Vi oppmodar alle klubbar og medlemmer til å gå gjen-nom planen. Kanskje de har andre idear? NÅ har de sjansen til å påverke!

Styret i 4H Rogaland

6. - 8. februar 2015Påmeldinga er åpen fram til 13. januar.

Nyvalgt leder/nestleder

Sekretær

Styrekurs for de minste

Kasserer

Leder pluss

«Ringrev»

Informasjon om kursene finner du på 4h.no/rogaland

3Nr. 2 - 2014

NESTE FYLKESARRANGEMENT

Det er Firkløveren, Vibå, Skogstjerna og Bjerkerota 4H som er teknisk arrangør og komiteen jobber iherdig med å få kurs, mat, natte-vakter, transport og alt annet på plass til storinnrykket.

Det er i år, som tidligere, plass til 400 deltakere pluss ledere. For å være med må du være 4H-medlem og født før 2003. Kurset koster 700,- pr deltaker, noen kurs kan ha tillegg og reisa kommer utenom.

STORKURS 2015Påmeldingen er åpen fra 2.-12. februar. Det blir tilbud om ca 30 kurs, og det er første mann til mølla prinsippet som gjelder. Når et kurs er fullt, forsvinner det fra medlem-sregisteret. Hvis et kurs får for få påmeldte, vil de påmeldte få tilbud om et annet kurs.

Det er lurt å teste ut medlems-registeret (Min side) i god tid før på-meldingen. Har du medlems-nummer, passord, registrert

pårørende og e-postadresse? Da er du klar!

Trenger du hjelp kan du kontakte en i styret, klubbrådgiver eller 4H-kontoret.

På kursa i år gjør vi en vri og retter de mot 4H prosjekta. Tanken er at medlemmer som ønsker det kan bruke kursopplegget i sitt 4H-prosjekt. Se kursplan neste side.

20.-22. mars arrangerer 4H-nemnda Indre Sør storkurs, for hele fylket, i Bjerkreim!

PÅMELDING2. - 12. februar

4 4H Knask 4H Rogaland

Med pinner og garn -strikke- og heklekursFriluftsliv 4H fotografen Jakt og fangst –fluebindingForm og fantasi –dekor, mal-ing, tovekurs, kalligrafi, sying og leirbuksemalingPå scenen –sangkursRevy, ekstremsport for pyser Sau –fra slakt til middagBier som hobbyHestTraktorMekkingLær deg å bruke motorsagAspirantlederen4H kokken –fruktcarvingMatstellVi baker –tradisjonsbakst, kakepynt og marsipanVolleyball er miljø –både trener- og spillerkursMin idrett –fotball, swingTil tops med 4H Mitt instrument – bygg din egen gitar

Fullstendig kursliste med antall plasser, aldersgrense og beskrivelse kommer på vår nettside i januar. Sett av helga og gled deg til storkurs!

KURSPLAN:

DRØMMEDAG 2014

DRØMMEDAGTekst/foto: Katrine Sægrov

Vibå 4H var klubben som hadde fleste landbruksrelaterte prosjekt, og dermed vinneren av Drømme-dagen til 4H Rogaland. I høstferien gikk turen med buss fra Hognestad til Nortura sitt anlegg på Forus og en dag på slakteri. Et fantastisk

opplegg som tilførselsmedarbeider Stian Espedal, hadde laget for oss, bestod av orientering, frokost, omvisning, lunsj, mer omvisning og quiz. Oktober er ei veldig hektisk tid på anlegget på Forus, da en i tillegg til gris også slakter mange lam.

Ferdig kledd for slakteribesøk.

Slakting av gris.

Stian skal holde kurs for oss på storkurset: Sau – fra slakt til middag. Her blir det slakting, nedskjæring, anatomiundervisning og tilslutt middag!

5Nr. 2 - 2014

Tekst/foto: Gerd Inger Aarnes

Grøn Framtid er eit prosjekt der 4H-medlemmer og andre interesserte kan melde seg på eit eller fleire kurs for ein smakebit av kva det vil seie å leve av naturen. Vi arrangerer kurs i kjøtproduksjon hos Toreif Susort i Tysvær, mjølkeproduksjonskurs hos dei unge Hel-land bøndene på Varhaug, skog- og motorsagkurs på Stråtveit gard i Vindafjord og sist men ikkje minst kurs i lamming og sauehald i Gjesdal. Kursa var ein suksess i fjor. Deltakarane kom med tilbakemeldingar som «kjem-pegilt», «lærerikt og sosialt», og «gode læremeistrar». Fordi læremeistrane var så populære og fekk såpass gode tilbakemeldingar i fjor har vi spurt dei same om å halde kurs i år, og heldigvis hadde dei det så kjekt at dei ville gjere det igjen.

Forbetringar i år-Etter eit år med utprøving av kurs har vi kome fram til kva som er passelg nivå å leggje oss på og kor mange deltakarar vi kan ha på kurs for at vi skal halde eit bra kvalitetsnivå på kurset, seier Hanne og Arild Helland

som har kurs i mjølkeproduksjon. Per Helle som helde motorsagkurs starter kurset litt tidlegare første dagen i forhold til i fjor. -På den måten slepp vi å stresse med å kome oss gjen-nom programmet på tida. Det er jo mykje å lære på kort tid når ein skal ende opp med sertifikat i motorsag, seier Per.

Grøn framtidkjekke kurs 2015

Etter eit år med Naturleg Framtid skifter vi namn til Grøn Framtid og oppgraderer kursmenyen vår med forbetra program på kvart kurs. I tillegg har vi etter press frå ivrige saueungdommar bestemt oss for å halde kurs i sauehald og lamming der deltakarane er lammevakter om natta!

Deltakarane lærte mykje på kurs i kjøtproduksjon hos Torleif og Siv Susort 2014.

6 4H Knask 4H Rogaland

Sauehald og lamming 24.-26. aprilVi har gjennom Rogaland sau og geit fått ein av dei kulaste sauebøndene i fylket til å halde kurs. Asbjørn Haga produserer kjøtt og ull av sau og villsau. Hos Asbjørn får deltakarane overnatte i eit rom midt i sauefjøset med vindauge mot sauene, slik at dersom det blir lamming, får dei vere med Asbjørn og hjelpe til. I tillegg får de bli med på veterinærhøgskulen og sjekke ut laboratoriet der.

Skog og motorsag 1.-3. mai Vi drar til flotte Stråtveit gard med Aktivt Skogbruk- instruktør Per Helle (på bilete over). Her lærer vi korleis vi handterer motorsaga for sikker felling av trær. Elles lærer vi oss kvisting, felling etter vindfall og korleis ein gjer vedlikehald av motorsaga. Du må ha fylt 16 år eller fylle 16 år i 2015 for å delta på kurset.

Mjølkeproduksjon 6.-8. mars på VarhaugArild og Hanne Helland starta gardsdrift då dei var

21 og 19 år. Dei har Holstein-kyr og har lagt om gardsdrifta til å bli meir moderne enn då dei overtok. Hanne er spesielt oppteken av avl og kalvar og Arild liker dei tekniske duppedittane på garden. Kurset passer for deg som vil lære om moderne mjølke-produksjon og for deg som treng praksis.

Kjøttproduksjon 17.-19. april i TysværvågTorleif og Siv Susort er eit travelt par med mange interesser, blant anna livdyrsalg og kjøtproduksjon. Dei har 150 storfe av rasen limousin som er kjent for å produsere førsteklasses kjøt. Hos Susort kan du treffe det som truleg er Noregs dyraste eliteokse, nemlig Grim av Dovre som han kjøpte for 110 000 kr!

Vil du vite meir, eller rett og slett melde deg på? Ring til 95210357 (Gerd Inger)eller send e-post til [email protected]

Sjå også 4h.no/rogaland7Nr. 2 - 2014

I sommer var jeg på 4H Landsleir for første gang. Jeg er 98’modell, hvilket betyr at jeg kunne ha vært med på leir to ganger tidligere, men på grunn av liten interesse for leir i klubben, Utstein 4H, reiste jeg ikke før i år. Og turen gikk til Trøndelag. Jeg kjente ingen, men var sikker på at dette kom til å bli en bra uke.

Jeg skal innrømme at bussturen på 19 timer opp til Tautra var litt lang da jeg ikke hadde noen å snakke med store deler av turen, men stemningen på bussen var bra! Vi kjørte hele natta, men det betyr ikke at det var rolig i de mørke nattetimene!

Vel framme på Tautra hadde jeg blitt kjent med et par stykker, og i løpet av åpningsopptoget hadde jeg fått

tilbud om å sove i 4 telt, uten å kjenne en eneste en av dem et par timer tidligere – 4Here er noen vennlige sjeler!

Totalt var vi 1200 4Here, 104 av oss var fra Rogaland, og det sies at vi var det fylket med flest medlemmer representert! I 4H er det veldig lett å bli kjent med folk, det merket jeg fort som «førstereisejente». Jeg gikk rundt og snakket med folk dagen lang, noen mer enn andre. Og det er ikke sånn som på skolen der du bare blir kjent med de som er like gamle som deg – i 4H er du med de som du liker å være med, det gjør ingenting om de er fire år eldre eller to år yngre.

MINNER FRÅ SOMMAREN 2014

Leirlivet er toppen! Lederne koser seg på leirAlltid volleyball i 4H

LANDSLEIR ER LIVET!

8 4H Knask 4H Rogaland

Dagene på leiren gikk fort! Den ene dagen hadde vi aktivitetsdag, hvor jeg var på båttur, og en dag gikk vi tur, hvor jeg gikk en historisk tur og lærte om Frostas historie. Vi hadde også tevlingsdag, åpen dag med besøk fra mange familier og vi hadde turneringer i 4H-sporten, volleyball. Hver kveld kom lokale band og hadde konserter med vømmøl som tema og det var alltid god stemning. Den siste dagen var vi også på Stiklestad, hvor vi fikk se hvordan livet var der via skue-spill, aktiviteter og bygninger. Om kvelden var det duket for spillet om slaget på Stiklestad!

Maten skal det heller ikke klages på. Vi fikk fortalt at all maten var ureist, altså produsert i kommunen, Frosta. Hver dag fikk vi servert skikkelige måltider, og jeg per-

sonlig synes at alle måltidene smakte skikkelig godt. Denne leiren ga mersmak, og jeg gleder meg allerede til Finland neste år! Jeg har hatt planer om å fullføre 4H og få plaketten, og de planene ble bare forsterket i som-mer. Tanken på å bli alumn har også dukket opp i hodet mitt etter leiren, og 4H-engasje-mentet mitt erennå større enn før.

Hilsen Helene Nærheim, Utstein 4H

Fotballgjengen Klar for Vømmølfæst! Dagens dugnadsøkt

9Nr. 2 - 2014

Takk til alle som sponsa leiren:

Fantastisk innsats frå leirkomiteen. F.v: Tore Erland, Sis-

sel Elise Skogland, Sigbjørn Eikje, Johanna Veim Eikje,

Henning Bratthammar og Torleif Susort (ikkje til stades).

Kristoffer Nese organiserte og leia årets volleyballturnering med stø hand.

Vinnarlaget var frå tun 1: Fjellbygdå, Sjøglimt og Vannlilja 4H!

Det store leiroppdraget utført:

Endeleg middag!

150, samt leiarar og dugnadsfolk frå lokal arrangør, 4H-nemnda i Tysvær, samla for fellesfoto. Tveit vg. skule.

10 4H Knask 4H Rogaland

Fra jord til bord mellom fjell & fjordTekst/foto: Synnøve Jørgensen

Nesten 100 deltakarar hadde nemleg fagaktiviteten sin i den nye klatreparken i Nedstrand. I tillegg var nokre på tur i Nedstrandsfjella, padla kajakk og kano, lærte å kjøre brukshest, lagde fantastisk mat på bål, var journalistar, eller på tur med ekte vikingskip saman med kystlaget

i bygda. Nedanfor kan du sjå nokre av bileta frå fagaktivitetane.

Det store leiroppdraget Om laurdagskvelden måtte delta-karane samarbeide om ei rekkje praktiske oppgåver før dei kunne lage sin eigen middag. -Mmm fiskepakke på bål smaker godt!

Den store konkurransedagen!Søndagen var det tid for den tradis-jonelle volleyballturneringa, men også for tevling i teater. Fire gode lag. Dette var gøy!

Takk til alle deltakarar, leiarar, dug-nadsfolk og leirkomite for super stemning på leir. Vi ses!

4H sin fylkesleir er fire dagar fullpakka med teltliv, aktivitetar, vener ein møter att og nye vener. I år var det i tillegg mange som nådde nye høgder på leiren siste helga i juni.

foto: Roy Karlsen

Logo: Janne Eide/Irene Stålesen

11Nr. 2 - 2014

SAMAN KLARTE VI DET!Det store potetløpet var eit prosjekt i regi av 4H Norge, som satte fokus på sunn mat, familielandbruk og fysisk aktivitet. 21.-29. august var poteta Petra i Rogaland. - Og jammen klarte vi å få ho vidare med stil! Tekst: Synnøve Jørgensen

Torsdag 21. august stod ein spent gjeng frå Skjold og Fjordsol 4H ved fotenden av Hornefjellet i Tysvær. Til og med ordføraren i Vindafjord var møtt opp for å ta imot Petra!

Maria, Magdele (bildet) og resten av medlemane i Skjold 4H sørga for at Petra kom seg frå Hornefjellet til Vats. Her overtok Freidig 4H som sykla vidare mot Sandeid, kor Sol-stråle 4H stod klare. Nå bar det til Vikedal og potetfest hos Falken 4H! På Finnøy var det klart for Barnas Matfestival og potetløp under Tomatfestivalen. Petra fekk til og med ein ny ven; Tomas (tomat).

Turen gjekk så vidare til Bygdevon 4H i Sand. Dei frakta ho vidare til Erfjord og Ørnen 4H, som kanskje gjorde den mest imponerande etap-pen: Erfjord - Nesvik!

Her stod aspirantar frå Hjelmen 4H og “Jærstolens heimland” og venta på Petra og følget. Saman med skuleungdom frå same klubb, gjekk ferden mot Stavanger sentrum med hurtigbåt. Her skulle Petra møte Vennskap 4H. Vennskap 4H tok vel vare på Petra,

og neste dag frakta dei ho vidare til Fjellbygdå 4H på Sviland i Sandnes

Nå skulle Petra over fjellet for å overleverast til Kløver 4H. Rosa trillebår blei brukt som transportmiddel!

Ungdomane i Kløver 4H tar godt i mot gjestene, og set kurset mot Øksnevad. Her var det Frøy 4H som skulle overta. Hos Frøy 4H på Kverneland var Petra med på eit ekte styremøte.

12 4H Knask 4H Rogaland

Nå starta den store togturen nedover Jæren. Første etappe var til Bryne. Her stod Vibå 4H klar på taket i “Høghuset på Jæren” for å vise Petra potetriket, Jæren! Vigre 4H tok over, og nå var det klart for fest på 4H-garden på Kvia, Vitengarden!

Potvald (bildet), ordførar i Hå og politikar, Geir Pollestad helsa og skulekorpset på Nærbø spelte. Neste dag var det skulebarn som fekk helse på Petra og lære om poteta.

Svala henta Petra på 4H-garden, og viste ho rundt i området.

Neste klubb ut var Solglimt 4H. Hos denne klubben var Petra med på aspirantaktivitet, før siste etappe til Sjøglimt 4H på Brusand. Saman med to medlemar frå Sjøglimt 4H reiser Petra vidare til Vest Agder med toget. Foto: Hjelmen, Solglimt, Kløver, Fjellbygdå, Svala og 4H Rog. sjå 4h.no/rogaland for fleire!

Tekst/foto: Synnøve Jørgensen

Dette året arrangerte 4H Rogaland Barnas Matfestival med støtte fra 4H Norge. Festivalen ble til i samarbeid med Tomatfestivalen på Finnøy 23. august. Tusen takk til festivalkomiteen: Gjert Fjeldheim, Harald F. Hetland (bildet over), Elin Lode, Ola Tomlin-son, Nikolas Kyllingstad,

Per Sverre Grødeland og Heidi Boll-estad. Dei gjorde alle ein strålande innsats. Dette var gøy!

BARNAS MATFESTIVAL

Mini 4H Matskole med kald tomatsuppe og kinning av smør på menyen!

Maria Fjeldheim og Petra potet sprang løp sammen med statsråd Sylvi Listhaug, en rekke lokale politikere og kjendisbudeia, Bodil Nordjore.

4H-Maria (Fjeldheim) kom på andreplass i kåringa av den store Tomatmesteren!

Å melke kua Brit var en populær aktivitet på festivalen.

13Nr. 2 - 2014

HAUSTFEST 2014

Å lære ved å gjere«Å få sjå alle dei flotte prosjekta som alle medlemane legg så mykje arbeid i gjennom året, er utruleg kjekt, og ikkje minst inspirerande» skriv styreleiar, Maria Fjeldheim. Og det er nettopp prosjekta som er fokus når haustefesten er eit faktum. Etter intenst og hardt arbeid står 4H-arane stolt og fortel gladeleg om kva, kvifor og korleis.

Loddtrekning er fast innslag også i Fjellbjørka 4H i Suldal. Klubben feira i år 25 årsjubileum. Gratulerer! Foto: Fjellbjørka 4H

Underhaldning og leik hosTerna 4H på Sjernerøy i Finnøy kommune.

Christian Todnem Aanestad i Viking 4H snekrar sjølv!

Bjørn Eirik i Vannlilja 4H har gått fjellturar i år!

14 4H Knask 4H Rogaland

UTSTEIN 4H Tekst/foto: Stine Årthun

Fredag 17. oktober var det igjen tid for årets store høydepunkt. Ivrige medlemmer stilte ut arbeider kvelden før, og dommere vurderte prosjektene.

På selve kvelden, ca 200 i salen, ønsket formann Martin Aske velkommen, og 4H-sangen ble sunget med Helene Nærheim ved pianoet. Så var det tid for under-holdning, og konferansierer var Ann Helen Aske og Julie Tjøstvold. En del av medlemmene hadde underholdning. Det var manne-quinnoppvisning og dans. Else Mai Hodnefjell Haugen og Martine Haugen var klovner. Isabella Haugen sang.

Alle på festen koste seg med mat og drikke. Også i år var det lodd-salg. En del av inntektene på basaren gikk til Sambolabo-prosjektet som 4H støtter. Sivert Hodnefjell viste bilder fra prosjek-tet og fortalte om dette. Vi takker lokale butikker for flotte fruktkurver og gavekort som klubben fikk til utlodningen. Etter pausen var det innslag med Karen Anne Hodnefjell på gitar hvor Susanne Kloster og Stina Gunstad sang. Vi fikk en gjennomgang av året som var gått med flotte bilder.

Klubben hadde besøk fra 4H Rogaland representert ved Ingonn Søyland Bø. Hun bistod med merkeutdelinger sammen med ordfører Dagny Sunnanå. Kommunalsjef og rådmann var også til stede. Vi setter umåtelig stor pris på at de kommer og deltar på denne typen arrangementer og ser vikigheten av det.

Dommerne som skulle kåre årets beste 4H-prosjekt hadde ingen lett oppgave, og valget falt på Truls Helle (se bilde over). Til tross for brukken arm, klarte han å få gjennomført prosjektet sitt.

VIBÅ 4HTekst/foto: Elise Tjemsland

Fredag 24.oktober arrangerte Vibå 4H haustfest på Undheim samfunnshus. Deltakarane bidro

med underhalding i form av sketsj, bildevising, åresal og litt snakk frå 4H-arar i klubben som har vore på utveksling. Leiar, Marie Soma og nestleiar, Astrid Tunheim, leia fes-ten. Takk til alle klubbrådgjevarar, foreldrekontakter, dommarar, dei i styret og alle andre som har hjelpt til! I år fekk heile seks medlemmer plaketten for vel gjennomførte 9 år i klubben!

FRØY 4HTekst/ foto: Sonja Rita Risa

Frøy 4H hadde sin årlege haustfest fredag 17. oktober. Dette året fekk Frøy 4H to flotte plakettmottakarar: Mathias Aarsland og Mari Bryne Ullestad. Gratulerer!

Plaketten er eit synleg vitnemål på at dei har gjennomført 7 år med prosjektoppgåver. Dette siste året hadde begge prosjekt Bil-lappen. Begge to har hatt styreverv dette året. Mari Bryne Ullestad har vore leiar og Mathias Aarsland har vore sekretær. Det er ei flott erfaring å ta med seg vidare i arbeidslivet.

Frå venstre 2. rad: Målfrid Grødem, Elise Tjemsland, Gina Salte Risa, Astrid Tunheim. Første rad: Bjørnar Grødem, Tormod Nedrebø.

15Nr. 2 - 2014

Hjelmen 4H. Foto: O. Tomlinson Jerv 4H. Foto: O. Tomlinson

Kløver 4H Fjellbygdå 4H

Skjalg 4H Skjold 4H

Solglimt 4H Utstein 4H

16 4H Knask 4H Rogaland

Bjoa 4H: Ann Elen Sandsgård, Åshild Vee SandsgårdBygda 4H: John Barkved LeirvikFalken 4H: Katrine Kili, Ida Marie Andreassen, Anna Marie E. Vikedal, Tonje Johannessen Skålnes, Jørgen Solheim. Firkløveren 4H: Jofrid Søyland, Tor Bjørn Grødeland, Ida Marie Bollestad, Erling Bårseth, Espen Birkeland. Fjellbygdå 4H: Arve Lomeland, Harald Folkvord Hetland. Fram 4H: Susanne Damsgård Haugsland. Freidig 4H: Hanne Kristin Døvik, Kamilla Eike Hustoft, Hege Fatland.Frisko 4H: Ingrid BogFrøy 4H: Mari Bryne Ullestad, Mathias Aarsland .

Hauk 4H: Hanne ØvregårdHjelmen 4H: Tor Ottar Laugaland, Jarle Hetland Jerv 4H: Anne Langeland Mæle, Oline Ingvaldstad, Katrine Ullestad.Randaberg 4H: Signe RafosSjøglimt 4H: Rebecca Sikveland, Ine Søyland Bø, Oline Søyland Bø, Eirik Hadland, Truls Morten Kvalbein, Livar Stokkeland. Sjøsprøyt 4H: Solveig Erga, Gunhild Paulsen, Tollef Bilstad, Miriam Rosland. Skjalg 4H: Sigurd Joa.Skjold 4H: Maria Fjeldheim , Aina HustveitSkogstjerna 4H: Marit Surdal, Thomas Mæland Olsen. Snøklokka 4H: Viljar Ness,

Ingrid Austarå, Juul Bellemakers. Soldogg 4H: Line Solem. Solglimt 4H: Jonas Øvrehus, Jone Håland. Svala 4H: Hanne BorsheimUtstein 4H: Charlotte T. Gabrielsen. Vigre 4H: Håvard Nærland, Mathilde Nærland, Maren Nærland, Kristine Nærland, Anne Gry Vigre, Torunn Marie Høyland, Silje R. Wiig.Vibå 4H: Bjørnar Grødem, Målfrid Grødem, Tormod Nedrebø, Gina Salte Risa, Elise Tjemsland, Astrid Tunheim. Viking 4H: Siv Iren SerigstadVilje 4H: Johanna Veim Eikje, Gunvor K. Svendsen.Ørnen 4H: Karen Malene Økstra, Helene Romsbotn

GRATULERER MED PLAKETT!

17Nr. 2 - 2014

KUNNSKAP, INSPIRASJONOG FRAMTIDSTRU TILLANDBRUKSNÆRINGA

Modulbasert agronom- utdanning for vaksne på kveldstid

•Plante-oghusdyrfag

•Utmark og kulturlandskap

•Gardsdrift

•Økonomiogdriftsleiing

•Traktorogmaskinar

www.vlj.no

Tekst/foto: Synnøve Jørgensen

August hvert år arrangerer 4H-gården, Vitengarden på Nærbø 4H Matskole i samarbeid med 4H Rogaland. I løpet av uka fikk barna dette året lære å lage mat på bål, grille sine egne hamburgere av kylling og lage deilig smoothie. I tillegg besøkte de fisk- og skalldyrforedlingfabrikken; Fonn og Sjokoladefabrikken i Egersund.-Det kjekkeste hele uka var besøket på sjokolade-fabrikken, men de ferske rekene og fiskebollene

på Fonn var også gode, sier Vilde (12 år). Hun liker godt å smake på ulike ting.

Sammen med mellom andre Kirsten Malena er det andre året Vilde er med på 4H Matskole. -Det er så gøy å lage mat, og så blir vi kjent med så mange nye folk, forteller de. -Det er stor forskjell på deltak-erne i forhold til hvor mye de kan om mat, forteller Solveig Tjessem Lillebø . Det er første gang hun og Vilde Bilstad er med som hjelpeinstruktører. Imens spør hovedinstruktør, Brit Mattingsdal, om noen vil skjære agurk og ni ivrige hender er i været. -Dette har vært en fantastisk gruppe deltakere. Vi har kost oss masse hele uka og anbefaler absolutt andre 4H-ere å søke om å få bli hjelpeinstruktører til neste år, smiler Vilde og Solveig. Med seg hjem har de fått både inspirasjon og erfaringer nok til å arrangere egne matskoler. Vi gleder oss!

De 16 deltakerne på 4H Matskolen på 4H-gården kunne melde om fantastisk mat og mange nye venner.

"Galgoe mad" på 4H Matskole!

18 4H Knask 4H Rogaland

4H-GARDEN

Tekst/foto: Monica Taksdal

Siste søndagen i april arrangerte 4H-nemnda i Hå og 4H-garden på Kvia (Vitengarden, Jærmuseet) sin årlige åpne 4H-aktivitetsdag for hele familien. Vitengarden hadde ordinære åpningstider, slik at publikum også kunne utforske deres aktiviteter.

Hver klubb hadde aktiviteter som barn og voksne kunne prøve seg på. De fleste aktivitetene var gratis. Det var godt oppmøte på arrange-mentet, både for 4H og for Vitengar-den.

Sjøglimt 4H hadde neglelakkleg-ging, som var veldig populært for både jenter og faktisk et par gut-ter også. Her var det opprinnelig en person som skulle ha ansvaret, men på grunn av stor pågang var det 3 4H-ere som lakket negler på det meste! Aktiviteten «melking av kua Otto» (se bilde) foregikk på tid. Hver person som prøvde seg, skulle melke så mye de klarte på 30 sekunder. Her ble det premiert i 3 aldersklasser, der det meste på voksne var over 1 liter.

På eggeløp kunne barn og voksne konkurrere mot hverandre. Her ble det også tatt tiden på de som deltok. Hver deltaker fikk hvert sitt egg i en spiseskje, og skulle komme frem og tilbake i løypa så fort som mulig uten å miste egget. Siste aktiviteten til Sjøglimt var hesteskokasting. Her var det også 3 aldersklasser som sa noe om hvor langt fra du skulle stå og kaste. Det var flere som prøvde seg, og høyeste poengsummen var 13 poeng som ble kastet av ei jente i barneklassen.

Solglimt 4H sin aktivitet var snekring av båt. Båten var et byggesett, hvor de fikk utdelt alt av material og utstyr de trengte. Det var voksne tilstede som kunne hjelpe med byggesettet, og det var også laget til et basseng til å teste båten. Her var det også stor pågang, og de fikk solgt alle byggesettene som de hadde tatt med.

Svala 4H hadde flere ulike aktiviteter, og mye kjekt utenom å se på. De hadde en lavvo, hvor det var utstilt flere plakater som er brukt på høstfester, og mulige prosjekter de kan velge i 4H. I lavvoen kunne en også spikke sin egen grillpinne for

å steke pinnebrød, og lage seg en sprelleku eller gris. På hver figur var

det også skrevet hva de forskjellige kroppsdelene heter. En ny og spennende måte å lære på.

Vigre 4H hadde aktiviteten toving. Også her fikk alle som ønsket, prøve seg. Med flere erfarne tovere som kunne hjelpe til, var det flere som fikk teste ut toving. Det var mange farger å velge mellom, og de kunne også sette sammen flere farger vis de ønsket det. Med farger, vann og grønnsåpe tok flere tøvde figurer form.

Utenom arrangementet var det flere som nyttet været, med volleyballspill og grilling på området.

4H-AKTIVITETSDAG

19Nr. 2 - 2014

KLUBBEN MIN

TEVLINGSMØTETekst/foto: Solveig Erga

Kvart år arrangerer Bygde-ungdomslaget (BU) på Orre eit tevlingsmøte for 4H Sjøsprøyt. Dei siste åra har blautkaketevling vore det vanlege, elles har Sjøsprøyt også deltatt i tevlingar med grønsak-er, frukt, og til og med eigen pizza-tevling. I år slo Orre BU til med ein annan vri, der møtet hadde gøyale oppgåver som skulle løysast ved hjelp av samarbeid.

Seniorane og juniorane blei delt opp i fire lag, og skulle samarbeide i ulike utfordringar, organisert av BU, der fleire er tidlegare 4Harar.

Oppgåvene var spanande og morosame; det var blant anna å få flest mogleg på ein sykkel og deret-ter klare sykle å ein kort strekning. Enkelt var det ikkje, og taktikkar måtte tenkjas ut! Det var også ete-konkurranse med tørr kjeks, blinde-bukk og mykje anna. Nokre blei blaute då dei skulle samarbeide om å halde ei stor bøtte med vatn med føtene i vèret.

Dramatiske augeblink blei vitna då bøtta falt over dei uheldige. Heldig-vis var dei fleste førebudd.

Me takkar BU for at dei ville stelle i stand eit så kjekt møte i år også!

Tekst/foto: Lene Mathilde Staknes

Lene Mathilde V. Staknes og Marte W. Søyland (volleyballturnering som 4H-prosjekt) arrangerte torsdag 22. mai 2014 sandvolleyball-turnering i Vikedal. Alle 4H-klubbane

i Vindafjord kommune vart invitert. Turneringa var for juniorar og seniorar. Det var totalt 9 påmeldte lag. 4H-erar frå klubbane: Falken 4H, Solstråle 4H, Hauk 4H og Frei-dig 4H. Laga blei delt inn i junior- og seniorlag. Det var 3 seniorlag og 6 juniorlag. Volleyballturneringa haldt til på sandvolleyballbanen i Vikedal. I pausen grilla me i Falkareiret.

Det blei kåra to vinnarar, eit senior-lag og eit juniorlag. Seniorfinalen vart spelt mellom Falken S1 og

Freidig, der vant Falken S1(bilete). Juniorfinalen blei spelt mellom Falken J1 og Hauk, der vant Falken J1. Avisa Grannar kom og tok bilder og intervjua arrangørane, det kom ei sides repportasje måndag 26.mai.

Volleyballturnering i Vikedal

KVA SKJER I KLUBBEN DIN? Send inn bilete og tekst til

[email protected]

20 4H Knask 4H Rogaland

Tekst/foto: Tove Moi

Helga 26. til 28. september var det Marken i Bjerkreim. Bjerkerota 4H stilte med stand lørdagen og søndagen.

Vi hadde kiosk og barna kunne grille sine egne pinnebrød. Vi hadde også ansiktsmaling, jentene i klubben ernoen dyktige malere. Nytt av året var klubbens nylagde Smoothiesykkel. Unge og voksne

syklet sin egen smoothie . Til og med ordføreren hadde en tur på sykkelen!

BJERKEROTA 4H PÅ MARKEN

Kokkekurs på VigrestadTekst: Karin Hansen Nærland

Solglimt 4H har hatt kokkekurs. Formålet var å lage en kjekk aktivitet for de litt eldre i klubben innen temaet «fra jord til bord». Samtidig ønsket vi å ta et initiativ overfor asylmottakere i vårt distrikt, og inviterte med noen i samme aldersgruppe.

Vi har mange matinteresserte i klubben, og for at det skulle bli noe kjekt og annerledes, ba vi Jærkok-ken, Heine Grov, om å ta en del av kurset. Kurset gikk over tre dager. Første dag (torsdags kveld) hadde vi litt bli kjent aktiviteter, handlet

matvarene til de neste dagene, samt laget en enkel makaroni og kjøtt-deigrett. Fredag kom Heine Grov. Ungdommene ble delt inn i grupper, og det ble laget kjempe-mye god mat: Ovnsbakt torsk med ertepuré, fiskegrateng, fiskesuppe med lokale rotgrønnsaker og tomat, tomatsalat, sylta laks, vår-ruller, posjert kylling, kikertsalat og ostechips og mye mer. Det ble et festmåltid, og alt for mye mat! :-)

Det gode med å ha Heine Grov med var at han var rolig samti-dig som han var overalt og alltid klar til å vise og forklare. Vi fikk lært mange nye ting om matlag-

ing. Lørdag fant vi ut at vi hadde ganske mye mat, men at vi ville lage noen av rettene om igjen. Dessuten var det noen som hadde savnet kaker og desserter, og derfor ble det også yougurtpan-nacotta, nøttebunn med marengs og jordbær samt nøtte-, pære- og sjokoladekake. Heine Grov veldig imponert over kunnskapsnivået til deltakerne. Han mente at de var bedre enn mange av de voksne som han har på kurs. Asylmot-takerne, som var fra Eritrea, syntes det var gøy å være med, selv om det var en språklig utfordring for dem.

Strandadagen -i Nedstrand er eit årleg samarbeid mellom Leirong kystlag, Nedstrand bygdemuseum og Fjordsol 4H.

Foto: Sissel Elise Skogland

21Nr. 2 - 2014

Tekst/foto: Sonja Rita Risa

Frøy 4H hadde en flott overnattingstur til Melsvatnet. Vi var ikke de eneste som syntes at turområdet var nydelig, det gjorde nemling også en stor gjeng med flotte sauer. Før oppsetting av lavvoene , så måtte det en dugnadsinnsats til. Stikkord: Sauebæsj! Mange kreative og kloke 4H-hoder tok utfordringen, fordi ingen ville ha bæsj inne i lavvoen.

Etter at lavvoene var satt opp, var det tid for et friskt kveldsbad. Det var godt med varm, god mat på bålet etterpå. Leker, måneskinnstur, frosker, sauer, klubb-aktivitet, popkorn og ikke mindre enn 3 stjerneskudd ble observert på stjernehimmelsen om kvelden. Stikkord: Magisk.

Etter en nydelig natt, med beitende sauer rundt lavvoene, så var det atter en flott dag. Frokost og nistepakke, natursti, premieutdeling, nedpakking og hjemreise. Stikkord: Vellykka.

Stikkord: MAGISK! Magnus forteller om poteten.

Johanne, Ingrid og Gurine fornøyde etter bading

Tomine, Astrid, Elizabeth, Synne og Frida ville gjerna ha badet litt lengre :-)

Gurine og frosken

Kjøpe annonseplass?1/1 helside annonse:Pris: kr 2000 Mål: 194 mm x 281 mm

1/2 side annonse:Pris: kr 1500 Mål: 194 mm x 136 mm / 93 mm x 281 mm

1/4 side annonse:Pris: kr 1000Mål: 136 mm x 93 mm / 194 mm x 65 mm

Baksida: Pris: 2500Mål: 194 x 210 mm

22 4H Knask 4H Rogaland

Tekst: monica taksdal

Søndag 6. april, var Sjøglimt 4H med på å arrangere bygdedag på Ogna. Dette var et samarbeid mellom flere lag og organisasjoner, som Brusand IL, Matningsdal IL, Brusand Turn, Ogna kirke, Ogna ungdomslag med flere.

Målet med bygdedagen var å samle familier og kjente til en aktiv og sosial dag på Ogna. Hver arrangør hadde aktiviteter, noen med premie og andre for en liten «slant». Mange av aktivitetene foregikk innendørs i idrettshallen, mens Sjøglimt 4H stod for noen av aktivitetene ute. Vi hadde lavvo stående for å vise hvor vi var. Utenom lavvoen hadde vi hesteskokasting, med premier til de som kastet høyest poengsum. Vi hadde tipping på et stort påskeegg fult av snop, der personen som var nærmest vant egget. Og sist men ikke minst hadde vi laks i folie, hvor hver enkelt laget en pakke med grønnsaker og laks, som ble grillet på grillen.

Dagen startet med oppvisning i kirken som turnen hadde laget til, en spennende og kjekk oppvisning med budskap. Etter kirken ble det salg av komle inne i idrettshallen, der alle kunne sette seg ned og ta enn drøs. Aktivitetene inne og ute startet kl. 13.00, med litt spesielle oppvisninger til fastsatt tid. Programmet var sett slik at de som ønsket å se både trailoppvisning, rulleskiløp, sauegjeting og fotballkamp, kunne få med seg disse. Programmet ga fortsatt rom for å sjekke ut alle de andre aktivitetene som var laget til.

Selve dagen var en suksess, det var godt oppmøte inne i idrettshallen, til tross for regn og dårlig vær. Det hadde nok vært mer folk på aktivitetene ute også dersom været hadde vært bedre, men det får vi håpe på blir annerledes til neste år.

BYGDEDAG PÅ OGNA

Tekst/foto: Sissel Elise Skogland

Åpen Gård på Tveit videregående skole i Nedstrand arrangeres årlig siste søndag i mai. Fjordsol og Vilje 4H er med på arrangementet og har ansvar for kiosk med salg av is, grillmat, drikke, samt spikring av fuglekasser.

Det er alltid like spennende å se hvor mange gjester som kommer til gards. Blir det publikumsrekord i år tro?

Her er tilbudene mange blant annet: Hesteskyss, hundeskyss, kaninhopping, ulike demon-strasjoner, hilse på ulike dyr, se kyllinger bli klekket, brukskunst, halmhopping, trøtraktor,løype og mye mer!

ÅPEN GÅRD på Tveit

23Nr. 2 - 2014

Vi hører stadig om at Norge gror igjen, at naturen omgjør tidligere snaue arealer til skog. Grensen mellom skog og fjell flytter seg stadig høyere over havet. Dette pågår konstant og er et resultat av mindre beiting kombinert med sur nedbør som gjødsler opp jorda. Gjengroingen anses som et problem for framkommelighet, for mangfoldet av arter som trives i åpent terreng og for opplevelsesverdien i naturen. Gjengroingen skjer i all hovedsak av bjørk. Gjengroingsbjørka er glim-rende ved til brensel, men har per i dag få andre bruksområder.

Samtidig forteller ekspertene at det foregår det en avskoging av Rogaland. Hvert år avskoges det rundt 2000 dekar bare i vårt fylke. Hvordan kan det ha seg at det foregår gjengroing og avskoging samtidig? Svaret ligger i at det er forskjell på skog og skog.

For drøyt 100 år siden, da Norge kastet svensken på dør, var landet snauhogd og bart. Folk frøs, og det fantes ikke tømmer til hus og bren-sel. Dette måtte ordnes opp i, og skogreisingstiden startet. Militæret, skoleklasser, sanitetsforeninger og andre gikk mann av huse for å plante trær, denne perioden nådde toppen rundt 50 år senere og resultatet var at store områder utviklet seg til kulturskog.

I dag høster vi av denne innsatsen, skog er et langsiktig prosjekt. Men dessverre er det mange som ikke planter nye trær der det hogges. Når det skal bygges veier eller hus blir det også langt mindre klaging dersom man legger disse i områder med skog heller enn på dyret mark. Til sammen fører dette til avskoging av de områdene der kvalitetsskogen står.

Alt som kan lages av olje kan også lages av tømmer. Om 50 til 100 år skal våre etterkommere ha noe å leve av de også. Mer og mer tyder på at det ikke kan være olje, plan-eten vår tåler det dessverre ikke. Så da burde vi være opptatt av å skape alternativer, og det mest innlysende er å plante mer kvalitetsskog. Som en ytterligere bonus vil skogen vi planter konstant binde opp karbon fra atmosfæren slik at vi også over-leverer en planet med bedre helse.

Eirik Faye-Schjøll, daglig leder i Skogselskapet i Rogaland

Skog og skog, fru Blom...

Visste du?Kulturskog binder

rundt ti ganger mer CO2 sammenlignet med gjengroing av bjørk og

karbonet vil varig lagres i produkter.

FRÅ SKOGSELSKAPET I ROGALAND

24 4H Knask 4H Rogaland

Velg skog oppfordrer alle til å velge 4H-prosjekt med skogtema i år.

Test ut hva som passer din personlighetSett ring rundt det svaret som passer best:Hvor tålmodig er du?a) Jeg er så utålmodig at jeg vet hva jeg får til jul lenge før vi offisielt åpner gaveneb) Jeg kan vente lenge nok til at pizzaen blir ferdigstekt, men så brenner jeg meg på tunga fordi jeg ikke klarer å vente på nedkjøling.c) Den som venter på noe godt venter ikke forgjeves er mitt motto. Jeg er kjempetålmodig!Hvor omsorgsfull er du?a) Jeg klarer ikke holde liv i en kaktusb) Jeg hjelper gjerne til med småsøsken eller kjæledyr av og tilc) Jeg tar gjerne ansvar for et kjæledyr alene og sitter gjerne barnevakt på eget forslagHva slags metoder liker du best av følgende?a) Jeg liker å bruke hendene best og er ikke redd for å få skitt under negleneb) Jeg bruker gjerne elektriske og motordrevne duppeditter under kyndig veiledningc) Jeg er ikke redd for å prøve litt forskjellig utstyr både manuelt og mekanisk

Hadde du flest A-svar? Plant din egen skog! Ring kommunen du bor i og spør om du kan få plante til et lite felt. Når du går forbi om noen år og ser hvor mye trærne har vokst, kan du tenke at «denne skogen var det jeg som plantet!»Flest B-svar? Ha prosjekt i ungskogpleie. Ungskogpleie er å stelle skogen idet den vokser opp ved å fjerne kvister og planter som står for tett slik at skogen får best mulig vekstvilkår. Ungskogpleie er veldig viktig for skogens vekst, så det er mange skogeiere som hadde blitt glad for å bli spurt om du kan få ha 4H prosjekt i skogen deres.Flest C-svar: Plant juletrær. Dette er prosjektet for deg som har tilgang til et lite stykke jord. Å plante juletrær krever stell i etterkant, så her kan det være lurt å alliere seg med noen andre slik at man kan dele på arbeidet. Det tar 7-9 år for et juletre å vokse opp.

Motorsagkurs passer for alle: Du som er 16 år+ kan delta på et superpopulært motorsagkurs, f.eks det som holdes i Grøn Framtid 2-4 mars (se side 6). Foto: Gerd Inger Aarnes

Betalt annonse25Nr. 2 - 2014

Layo

ut: S

ulda

lspo

sten

• Kurs/konferanse • Blåtur • Firmatur • Ferie/fritid

Betalt annonse26 4H Knask 4H Rogaland

KLØVER OG ASPIRANT

Hjelper du meg å finne fram til kløveren?

Pynte litt?Du trenger:

Julegavetips

Lurt å bruke tråd for å binde ringene sammen. Da ødelegges ikke klærne!

Lykke til!

God jul

27Nr. 2 - 2014

FRÅ BYGDEUNGDOMSLAGET

Tekst: Elin Roda

Rogaland Bygdeungdomslag er ein ungdomsorganisasjon av og for ungdom. I Rogaland har me over 600 medlemmer fordelt på fleire lokallag rundt om i fylket. BU er ein organisasjon for all ungdom, i aldersgruppa 16 år og eldre. Viss du tykkjer det er kjekt å sitte i styre og arrangere spennande arrangement, kan du få nye utfordringar og opplæring gjennom RBU sin organisasjonsskule. Dersom du har nokre spørsmål eller ynskjer å finne ut meir om oss, sjekk ut www.rbu.no eller www.facebook.com/rogalandbu

Framover kjem det fleire kjekke arrangement:Landbruksfest på Klepp – 5 desemberPepperkakehuspynting på Nærbø – 6 desemberNissefest på Orre – 13 desemberJuleball på Gjesdal - 20 desemberBlautkaketevling på Gjesdal

Kva er Bygdeungdomslag?

BlautkaketevlingTekst/foto: Jofrid Søyland

Tysdag 28. oktober arrangerte Gjesdal BU blautkaketevling for Firkløveren 4H. Til saman var me 30 glade kakebakarar, og mange fekk tevla for første gong. Alle fekk med seg kaker heim, og fleire var svært nøyaktige med deleprosessen. Resultatet vart fleire knallflotte og smakfulle kaker! Sty-ret i Gjesdal BU fekk også laga nokre kaker, og var svært nøgde, spesielt når det var meir igjen av både vaniljekrem, nonstop og anna godt! Me hadde fått med oss to flinke dommarar, sånn at dei unge kaketalenta fekk kjensla av at det var ei ekte tevling. På årsmøtet til Firkløveren 4H, ei veke etterpå, fekk me høyra at "sånn tevlingsgreie" burde det definitivt vera meir av; så då vert det nok det!

28 4H Knask 4H Rogaland

4H INTERNASJONALT

Studiebesøk frå GambiaFem nyfiknw og blide 4H-arar frå Gambia vitja i oktober 4H Rogaland. Første fem dagane på Haugalandet i nord og dei neste på Jæren i sør. –I Gambia er vegane strake og jorda flat, fortalte gjestene meg i bilen. Den dagen kjørte dei tunell for første gong og satt sikkert lenger i bil enn nokon gong før, seier dagleg leiar i 4H Rogaland, Synnøve Jørgensen.

-Målet var at gjestene både skulle bli kjent med samfunnet vårt generelt, samt sjølvsagt 4H-miljøet i regionen. I tillegg ønska dei å lære meir om kva gardsdrift og landbruk er her i landet, fortel internasjonal rådgjevar i 4H, Marie Stenstadvold.

Maria Fjeldheim, Susanne Horpestad, Vilde Bilstad, Heidi Bollestad og Gunvor Guttormsen var nokre av 4H-arane som stilte opp som guidar og sjåførar.

-Det var verkeleg kjekt å bli kjent med alle fem, særleg for oss som skal til Gambia i januar, smiler Maria Fjeldheim og Vilde Bilstad. Vi var ganske spent i framkant, men dei

var opne og varme menneske med eit fantastisk humør og energi. -Til saman fire familiar tok utfordringa, og inviterte heilt ukjende gjester inn i eigen heim for fem døgn kvar. Tilbakemeldingane frå alle fire og frå gjestene er svært positive, fortel Synnøve.

Programmet i nordfylket var prega av omvising på folkemuseum og ulike typar gardsbruk. I sørfylket fekk gjestene besøke eit gartneri, oppleve haustfest hos Sjøsprøyt 4H med over 170 gjester i salen, samt lære litt om oljeindustrien på Norsk oljemuseum i Stavanger.

-Gjestene våre har knytt mange sterke band til 4H-arar i alle aldrar her i Rogaland. Inntrykka var sjølvsagt mange og tydeleg over-veldande. Det er ikkje så enkelt å setje ord på korleis ein sjølv opplev eit besøk og ein kultur mens ein er i situasjonen, og i tillegg på eit anna språk. Dei har nok be-hov for å fordøye inntrykka sine. Kroppsspråket deira avslørte det viktigaste: nemleg at dei blei møtt

med varme og kjærleik, seier Synnøve.

Omvisning og middag på Nesheimstunet gard i Vats. Foto: S. Horpestad.

Morgontur på krabbefiske på Mosterøy er gøy! Foto: Å.M. Hodnefjell

Gjestene lager Gambisk middag til over 20 gjester på 4H-garden, Vitengarden på Nærbø. Foto: H. Bollestad

VERTSFAMILIEKvart år søker 4H Rogaland etter familiar som ønskjer seg besøk av ungdomar frå andre land. I 2015 får vi sannsynleg-vis besøk gjennom utveksling-sprogrammet IFYE. Les meir på 4h.no/internasjonalt.

REGISTRER DEG SOM INTERESSERT FAMILIE! Vi i Rogaland vil gjerne lage ei uforpliktande liste over familiar som er interessert. Skjema finn du på 4h.no/rogaland.

TUSEN TAKK TIL ÅRETS VERTSFAMILIAR: Henning BratthammerÅse Marit HodnefjellBjørn Steinar BergAnita Weltzien Dalaker Kennet Horpestad

29Nr. 2 - 2014

SMÅKNASK

9.-11. januar 2015, SolaKlubbrådgjevarsamling for alle vaksne i 4H! Har du gløymt å melde deg på? Kontakt kontoret i dag! [email protected] eller telefon 51 56 89 47 (Synnøve)

FLEIRE ENN NOKON GONG SKRIV TIL 4H-KNASK!Vi i 4H Rogaland opplever at medlemmene i fylket blir meir og meir aktive. DETTE ER SUPERT! Skriv gjerne lesarinnlegg, reportasje, dikt, intervju eller heilt andre tekstar du vil dele med andre 4H-arar gjennom heimesida eller bladet vårt. Tekstar på 2-300 ord er perfekt (då får vi plass til fleire!)

LEDER PÅ KURS OG LEIRFor at du som deltaker skal være trygg mens du er på kurs og leir i 4H, har vi regler om hvor mange voksne klubbene må sende i tillegg til deltakerne. Mange klubber i fylket vårt sliter med å finne ledere nok. Vær derfor positiv når dere blir spurt neste gang!

LANDSLEIR 2018 -I ROGALAND!Fylkesstyret har søkt om å få arrangere 4H-landsleir i 2018. Mellom fleire andre gode søkarar blei fylket vårt plukka ut! Førebu-ingsarbeidet startar allereie til neste år. Øksnevad vgs. er vedtatt og avtalt leirstad. Landsleirane våre har dei siste åra hatt om lag 1500 deltakarar. Vi gler oss!

STATSBUDSJETT OG SÅNN...Denne hausten har 4H fått merke korleis eit Statsbudsjett verkeleg kan påverke. Først fekk vi melding om at vi innan juni 2016 må finne andre lokaler til kontora våre. Så la regjer-inga fram eit forslag til budsjett der 4H får 400 000 mindre å rutte med til neste år, men der dei i tillegg foreslår å kutte over 7 millionar av støtta vi får fordi vi rekrutterer til landbruket. I skrivande er ikke dette vedtatt, men dette (saman med utgifter til kontorlokaler) kan få store konsekvenser for oss.

Mange av dykk har ytra dykk om dette i media. Dette er vi fantastisk glade for - VI TRUR DETTE HJELPER!

SKAL DERE UT Å PROFILERE 4H?

Kanskje trenger du utstyr, brosjyrer og t-skjorter?Ta kontakt med 4H-kontoret. Vi har nemlig fine bannere dere kan låne.

Brosjyrer om 4H bestiller dere gratis i nettbutikken hos 4H Norge.

Kanskje dere trenger noen aktiv-iteter? Noen klubber har nå kjøpt inn smoothie-sykkel. Kanskje klubbene kan gå sammen om lignende kjøp?

Et annet tips er å samarbeide med for eks. Bondelaget. De har for eksempel fine aktivitetshefter om dyr og planter. Disse er gratis.

Vær kreativ. Verv medlemmer, gjør klubben kjent!

Lykk til!

30 4H Knask 4H Rogaland

NY KLUBB-RÅDGJEVAR?

Sjekk ut ressurssida«klubbrådgjevar»på 4h.no/rogaland

(lenke nedst på sida)

NY FRIST! Legg inn ditt 4H-prosjekt i

medlemsregisteret innen 1. mars

Visste du at Sparebank1 -SR bank og mange lokale Sparebanker sponser innkjøp av merker og skeier for

mange klubber i fylket?

TUSEN TAKK!

Fylkesleir 2015 Velkommen til fylkesleir på Kvalbein i Hå kommune. Leiren starter allerede torsdag den 25. og slutter søndag den 28. juni.

Påmeldinga åpner i starten av april. Følg med på 4h.no/rogaland.

Satsingsområde 2015Landsmøtet i 4H Norge bestemte i sommar at satsingsområdet “frå jord til bord” skulle halde fram eitt år til.

Vi oppmodar klubbane til å bruke dette aktivt! La dykk inspirere til aktivitetar og sprell med dette som tema.

ETTER ÅRSMØTE I KLUBBEN......er det ulike oppgaver som venter både det gamle og nye styret. Endre opplysningene i medlemsregisteret:Årsmelding 2014 (sekretær 2014)Legg inn nytt styre/oppdater tillitsvalgte Årsrapport (dato for årsmøte) (nyvalgt leder)Sende til 4H Rogaland ([email protected] eller i posten):Årsplan 2015 (sekretær)Sammendrag av regnskapet for 2014 (kasserer 2014)Tips: ta gjerne et bilde med mobilen og send på epost! Husk underskrift av både revisor og kasserer.

Siste frist for å gjøre alt dette er 15. desember. Dette fører til at klubben får pengestøtte både gjennom frifond og momskompensasjon-sordningen.

ER DU MED I KLUBBSTYRET? Har du sett ressurssida “KLUBBSTYRET”? Sjå lenke under nyhendesakene på 4h.no/rogaland. Her finn du råd, informasjon, tips, lenker og mykje anna!

GÅR DATOENE I SURR?

Vi har egen kalender! sjekk linken “KALENDER: 4H Rogaland”

under nyhetene.

31Nr. 2 - 2014

Returadresse: 4H Rogaland, FMLAPostboks 594001 Stavanger

Kalender9. - 11. januar: Klubbrådgiversamling

6. – 8. februar: Styrevervkurs og årsmøte

20. – 22. mars: Storkurs

25. – 28. juni: Fylkesleir

23. – 30. juli: Nordisk 4H-leir i Finland

Se også vår google-kalender:

4h.no/rogaland/flg-4h-rogaland-p-kalenderen.aspx

Trivselsagentene 2015!

F.v: Helene, Johan, Jens, Per Sverre, Sigve, Karina og Aleksander.

32 4H Knask 4H Rogaland