september 2013-september 2016 - barnehageside.no · barnehagars landsforbund (pbl) ... etikk,...
Post on 10-Mar-2019
213 Views
Preview:
TRANSCRIPT
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
September 2013-September 2016
Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Snøkrystallen småbarnehage Treårsplan for perioden september 2013-september 2016
Tida går så alt for fort. Og no er vi i gang med vår andre treårsplan. Planen tar
utgangspunkt i barnehagelova, rammeplan for innhaldet og oppgåvene til
barnehagen, styringssignal frå staten, kommunen, politikarar, samarbeidspartar, barn
og foreldre.
Vi har valt å ha ein treårsplan fordi det er det lengste tida eit barn kan vere hos oss i
Snøkrystallen. I tillegg til treårsplanen vår har vi ein eittårsplan. Den planen tek for
seg det som skal skje for akkurat det barnehageåret. I eittårsplanen finn ein kven
som jobbar i barnehagen, kva vi skal jobbe med, korleis vi skal jobbe, kven som er
tillitsvalde for foreldra og opningstider.
Snøkrystallen småbarnehage vart starta av Karina Kjørstad og Mari Henden Nilsen.
Barnehagen var ein ide som såg dagens lys under barnedåpen til Karina og Mari
sine barn. Ved ein tilfeldighet hadde dei same dåpsdag i kyrkja. Karina fekk ideen
om å starte eigen barnehage, og hadde behov for ein førskulelærar. Etter å snakka
litt i lag, vart permisjonstida med to små barn brukt til å starte eigen barnehage og
drive eige firma. Barnehagen opna 2. januar 2007, Småbarnehagen er no ein
ordinær, privat barnehage. Barnehagen vert drive av Snøkrystall AS som Karina
Kjørstad og Mari Henden Nilsen eig. Småbarnehagen er medlem av Private
barnehagars landsforbund (PBL)
Snøkrystallen småbarnehage består av ei avdeling med 10 plassar for barn i alderen
0-3 år. Barnehagen er godkjent av kommunen, og samarbeider med den om
samordna opptak.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Innhaldet i barnehagen
Snøkrystallen småbarnehage
Vi valde Snøkrystallen som namn av ulike årsaker. Ein av grunnane for dette namne
valet, seier litt om korleis vi ønskjer å drive barnehagen.
Snøkrystallen i naturen er noko vakkert, skjørt og naturleg. Ingen snøkrystallar er
like. Det er på den måten vi ønskjer å sjå kvart enkelt barn. Alle er unike på kvar sin
måte. Vi må sjå kvart enkelt barn og legge til rette for det enkelte barn. Vi må lytte til
barna og tolke signala dei gir oss gjennom kroppsspråk og verbalt språk.
Kvardagen går i mange vante rutinar med måltid, bleieskift, legging og leik. Vi er
heldige og får mange gode stunder i kvardagen vår med kos og gode stunder med
små tillitsfulle barn. Det er godt å jobbe i barnehagen, når ein set seg ned på golvet
og heile gjengen kjem springande, stabbande og krabbande over golvet for å vere
med på leiken.
Då vi i 2009 vart ein ordinær privat barnehage, valte vi å bruke namnet
småbarnehage. Valet er gjennomtenkt, vi skil oss ut fordi vi har barn under tre år. Vi
er ei lita avdeling, og det er ein liten barnehage.
«Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for
omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling.
Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og
tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet,
nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i
ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.
Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare
på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskap og
ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger.
Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens
egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være et utfordrende
og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og
likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.»
(Barnehageloven §1Formål)
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Leiken og barns medvirkning
Når vi i Snøkrystallen skal ta barns medvirkning på alvor, kan vi ikkje sjå vekk frå
leiken. Barns medvirkning i barnehagen vår er viktig, for å kunne ivareta dei yngste
barna sin rett til ytringsfrihet, då gjennom den uttrykksforma barnet måtte velge. Det
betyr at dei må få bruke kroppen, språket, stemmen og teikn til å uttrykke sine
meininga i barnehagen.
Leikande samspel er ein del av barns medvirkning. Det handlar om at vi vaksne skal
sjå det leikande i daglege situasjonar, under måltidet, under av- og –påkledning eller
når barnet sit på fanget hos ein vaksen. I slike situasjonar gjev små barn ofte uttrykk
for kva dei meinar, om vi tek oss tid til å lære oss å sjå kva dei uttrykker.
Leiken gjev barn rom for ytringsfrihet, leikande handlaingar er barn si uttrykksform.
Fordi leiken er så sentral i småbarns liv, er det ekstra viktig at barn som ikkje
beherskar leikens spelereglar, eller som ikkje sjølv oppsøker leik, får hjelp til å bli
inkludert i leiken.
Ein god barnehage gir støtte for læring, ser og anerkjenner barnets evne til å lære og behov for å lære. Læring skal foregå gjennom leik og kvardagsaktivitetar, og læring og omsorg skal sjåast i samanheng.
Rammeplan for barnehage og fagområda som set spor
Hensikta med rammeplanen er å gje kvar enkelt barnehage ei forpliktande ramme å
arbeide ut i frå. Den skal fungere som ei ramme for barnehagen si planlegging,
gjennomføring og vurdering.
Barnehagen skal jobbe med alle dei 7 fagområda i rammeplanen. Kvart fagområde
dekker eit vidt læringsfelt, og vil sjeldan opptre isolert, men heller gå over i kvarandre.
Dette fører til at fleire områder ofte vil vere representert samtidig i eit temaopplegg,
og i samband med kvardagsaktivitetar og turar i nærmiljøet.
Her vil vi vise korleis ein kan sjå igjen dei ulike fagområda i barnehagen vår, og i
forhold til aldersgruppa.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
1. Etikk, religion og filosofi: o meg sjølv og familien min o nærmiljø og
lokalsamfunn o merkedagar i livet o høgtider o normer og reglar o likeverd og toleranse o undring i lag med barna o konfliktløysing
2. Kunst, kultur og kreativitet: o song og sangleikar o musikk, rytmeinstrument
og dans o drama og korte eventyr o begynnande rolleleik o forming med ulike
materiale
3. Kropp, bevegelse og helse: o leik ute og inne i alt slags
vær o Klede til all slags vær og
påkledning o hygiene og
stellesituasjon o pottetrening o mat og måltid o kvile og avslapping o yoga leik i samling o Sjå seg sjølv i speil
4. Natur, miljø og teknikk: o oppdaging og
eksperimentering ute og inne
o spor av dei ulike årstider og samspelet i naturen
o spor av plantar, dyr og menneske
o tekniske hjelpemiddel og data
o miljøvern, kjeldesortering
5. Kommunikasjon, språk og tekst:
o lytte, tale og kroppsspråk o song og musikk o rim og regler o samtale, lesing og
forteljing o bli kjent med symbol som
tal og bokstavar.
6. Nærmiljø og samfunn: o alle i barnehagen bidrar
til fellesskap, o turar og aktivitetar i
nærmiljøet, o likestilling der gutar og
jenter får lik merksemd
7. Atal, rom og form: o mengder, sortering, pusle
puslespel o bli kjende med tal o tid o ulike storleikar o plassering, orientering og
lokalisering o leik med puter, gardiner
og madrassar o Leik med speil o Ommøblering o
Gå inn på www.snokrystallen.barnehageside.no for å lese heile rammeplanen for
barnehage.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Kompetanse og kvalitet
Å ha den beste barnehagen for dei
minste barna er eit stort mål for oss i
Snøkrystallen. Då er det viktig å vere
oppteken av kvalitet. God kvalitet er
ikkje å oppfylle primærbehova til våre
små snøkrystallbarn, det er noko meir
og viktigare. Vi skal vere vaksne som
er til stades, som ser barna som legg til
rett for det enkelte barnet. Vaksne som
held seg oppdatert på forsking om
barn, idear innan pedagogisk arbeid og
at vi kan lære av kvarandre både i
Snøkrystallen og av kollegar i andre
barnehagar
Hausten 2009 fekk alle barnehagane i
kommunen tilbod om kurs til eit
utviklingsprogram for barnehagen, med
tanke på å sette fokus på kvalitet i
barnehagen. Våren 2010 var vi i gang
med framlegging av fokusområde nr1.
Sosial læring gjennom leik i utetida.
Utviklingsprogrammet set fokus på
kvalitetsheving av arbeidet i
barnehage.
Vi deler arbeidet vårt inn i ulike
fokusområder, og jobbar i prosessar
for å verte betre på kvart enkelt
område. Vi vel eit felles fokusområde,
der vi bestemmer oss for kva del av
arbeidet vi vil kvalitetssikre. Dette finn
vi ut i lag med barnehagane i
kommunen som deltek i
utviklingsprogrammet.
Neste steg er «beste praksis», her tek
vi arbeidet ut i avdelinga. Vi ser på
korleis situasjonen er no, og set oss
mål for korleis vi vil jobbe for å bli
betre. Undervegs i prosessen justera vi
arbeidsmåtar og måla våre for å nå eit
ønska resultat. Kvar prosess vert
avslutta med ei avlevering av resultat
anten i samarbeid med dei andre
barnehagane, eller gjennom rapport
eller dokumentasjonsarbeid til foreldra.
Vi ser at det fører med seg gode
resultat og gode arbeidsmåtar ved å
arbeide systematisk med kvaliteten i
barnehagen.
Fokusområda vi har jobba med:
1. Sosial læring gjennom utetida.
2. Barn og føresette sitt møte med
barnehagen om morgonen.
3. Måltidet.
4. Samlingstunda.
5. Pedagogisk likestilling i
tilrettelagde aktivitetar.
6. Klare sjølv- av og påkledning.
7. Lesing i barnehage.
8. Språkutviklande
kvardagssamtale.
Fokus-
område
Beste praksis
Justering
Resultat
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
SamarbeidSamarbeid mellom barnehagen og
foreldrene
Samarbeid mellom barnet sine foreldre
og personalet er viktig for barna sin
trivsel og utvikling. Heim og barnehage
er to ulike miljø med eit felles mål om å
skape best mulig oppvekst for barnet.
For å lykkast med dette er samarbeid
kor vi kan utveksle informasjon er det
ei forutsetning. Frå barnehagen si side
vektlegg vi å vere åpne, faglege og
imøtekommande.
Føresette er barnehagen sin viktigaste
samarbeidspartner. Det er viktig å ha
eit godt og ope samarbeid omkring
barna som går i barnehagen.
Barnehagen kallar føresette inn til
samtale to gongar per barnehageår.
Utover dette kan både føresette og
barnehage ønske fleire samtaler ved
behov.
Barnehagemøte for foreldre
Om hausten vert det eit
informasjonsmøte for foreldrene i
barnehagen. Her vel vi
foredrerådsrepresentant og
feriestengning for neste sommar
Pedagogisk psykologisk tjeneste
(PPT)
Barnehagen samarbeider med
pedagogisk psykologisk tjeneste. Det
er foresatte som henviser barn til PPT,
og det skjer som regel i samarbeid
med barnehagen.
Barnehagen si opplysningsplikt og
meldeplikt
Barnehagen har opplysningsplikt til
politiet i straffesak dersom dei spør om
dette. Likeins har barnehagen
opplysningsplikt ovanfor sosilatenesta
ved forspørsel fråd ei.
Barnehagepersonalet skal i sitt arbeid
være merksame på forhold som kan
føre til tiltak frå barnevernets side. Det
er ikkje opp til barnehageansatte å
vurdere om det er grunnlag for tiltak.
Barnehagepersonalet er pliktig å melde
dersom ein trur det kan vere grunnlag
for tiltak.
Barnehagepersonalet er ikkje bunden
av teieplikt når ein gjev informasjon til
barnevernet.
Andre samarbeidspartar
I tillegg samarbeider barnehagen med
helsestasjonen og fysioterapeut i
kommunen. Foreldrene til barna som
er tilknytte desse samarbeidspartane
har gjeve samtykke til dette. Alle som
jobbar i barnehagen har teieplikt.
Samarbeidsutval og Foreldreråd
Barnehagen skal ha eit foreldreråd og
eit samarbeidsutvalg for å sikre
samarbeid med barna sine heimar. Alle
foreldrene er medlem av foreldrerådet.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Oppgåvene til foreldrerådet er:
-fremme felles interesser
-styrke samarbeid barnehage-
foreldregruppa
-skape eit godt barnehagemiljø
Barnehagen har tradisjon for å levere
ut ei brukarundersøking i løpet av
barnehageåret. Det for at vi kan få
evaluert arbeidet vi gjer i barnehagen i
samarbeid med foreldrene.
Samarbeidsutvalet sine oppgåver er å
vere rådgjevande, kontaktskapande og
samordna organ. Utvalet skal arbeide
for eit godt barnehagemiljø for barn,
foreldre og personalet.
Foreldreutvalet for barnehagar
Fub er eit sjølvstendig rådgjevande
organ og høyringssinstans for
kunnskapsdepartementet i saker om
samarbeid mellom heim og barnehage.
FUB skal vere eit bindeledd mellom
heim og barnehage og skal gi
informasjon og rettleiing til foreldre,
barnehagar og myndigheiter.
For meir informasjon: www.fubhg.no
Retningslinjer for mat i
barnehagen
I retningslinjene om mat i barnehagen
frå helsedirektoratet er det lista opp ei
rekke punkt. Desse prøver vi å rette
oss etter så godt det lar seg gjere.
Nokre av hovudpunkta er:
- Varier mattilbodet. Då lærar barna å like mange smakar.
- Bruk grønsaker og frukt til kvart måltid.
-Bruk grovt brød. Det har meir vitamin, mineral og kostfiber.
-Bruk fisk eller sjømat som pålegg.
- Drikke til maten bør vere lettmjølk og vatn.
- Det bør gå maksimalt tre timar mellom kvart måltid, oftare med små barn. Vaksne og barn bør ete saman.
-Vatn er den beste tørstedrikken mellom måltida.
Sidan vi praktisera at alle tek med den
maten dei treng i barnehagen, krev det
at foreldra tenker gjennom kva dei
lagar til som mat i barnehagen. Det er
viktig at ein er flinke å variere kosten
og prøver å dekke behovet til sitt barn.
Vi har ikkje lagt oss på ”null sukker” i
barnehagen holdning. Vi feirar bursdag
med det foreldra må ønske. Andre
festdagar kosar vi oss litt. Saft, vert
sjeldan servert i barnehagen, men av
og til har vi is om sommaren eller litt
kjeks eller fruktjuice.
Vi lar ikkje barna få noko utan vi veit
det er greitt for foreldra.
Sjuke barn i barnehagen
Barn som ikkje kan vere ute, kan ikkje
vere i barnehagen. Allmenntilstanden
avgjer om eit barn kan vere i
barnehagen. Sjuke barn skal vere
heime. Ein bør ha ein symtomfri dag
heime før ein kjem i barnehagen etter
sjukdom. Sjå: folkehelseinstituttet sine
faglige råd for meir informasjon.
www.fhi.no/dav/93d098077c.pdf
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Satsingsområde: I barnehagen ønskjer vi å ha eit satsingsområde gjennom heile året. Sidan det er
små barn er det enklare å jobbe over eit lengre tidsperiode enn berre for nokre veker
i gongen. Ein er sikrare på å kunne gjennomføre eit prosjekt når ein har eit langt
tidsaspekt. Prosjektet vert ikkje velta av ein i personalet er sjuk eller barna viser
interesse og glede for å gjere noko heilt anna akkurat denne dage. Ein har meir
fridom til spontane og impulsive aktivitetar på denne måten.
I visjonen vår, er spor eit viktig ord, i sist treårsplan valde vi å ha ordet SPOR som
satsingsområde. Med spor som baktanke på alt vi gjer i barnehagen kunne vi få inn
alle fagområda i rammeplanen. Å sette spor er viktig med barn i alderen 0-3 år.
Barnehagen set mange spor i eit lite barn. Barn begynner tidleg å sette spor i
omgjevnaden. Det første materiale som utforskas er mat og drikke. På bordet klappar
dei graut og mjølk utover og fingrane lagar strekar.
Sporarbeidet vårt har vore både spennande, gjeve oss nye idear og har engasjert
oss. Dei neste tre åra vil vi ha følgande tema:
Spor med sansane våre
Språk som set spor Spor og naturen
Gjennom desse tre tema føler vi at barna som går her hos oss får oppleve fagområda
i rammeplanen på mange ulike måtar, vi får flotte fellesopplevingar på ulike arena og
vi får ha fokus på mange viktige ting i eit småbarnssinn.
Døme på aktivitetar som famnar om ordet spor og som kan koplast til dei tre
ulikesatsingsområda:
Fotavtrykk og fingeravtrykk, vårt eige spor!
Spor av sansane gjennom å smake, kjenne, sjå, høyre og føle ulike aktivitetar.
Spor i livet, familie, venner.
Spor av årstider: maleri, tørka blad, kongler, blomstra o.l.
Spor i vatn: regn, sølekaker, sølepyttar, akvarellmåling.
Spor av musikk: ulike sjangrar, tradisjonelle barnesongar, instrument.
Spor av dyr, kjøretøy, menneske.
Spor med blyant, tusj og fargekrit og måling.
Spor av barnehage kvardagen i form av forteljingar munnleg og skrifteleg.
Spor frå barna sin leik i form av foto på heimesida vår.
Spor av tradisjonar både i barnehagen og i samfunnet.
Spor på kroppen vår i form av eit lite blåmerke, skrubbsår, skitne fingrar osv.
Nye spor, opplevingar, turar og erfaringar frå kvardagen.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
I tillegg vil årstidene, høgtider og uterommet vere ting ein vil jobbe med, gjennom
året. Alt dette vil ein finne igjen i arbeidet i barnehagen. Kvar månad legg vi ut nye
bilete på heimeside til barnehagen slik at ein kan følje med på det vi gjer i
kvardagen.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Våre små snøkrystallar
1 åringen i Snøkrystallen.
Her er eg!
Tryggleik
Viktig med kjende vaksne som er saman med barna i leik og samspel gjennom dagen.
Dei vaksne legg til rette leikar og materiell, slik at det er tilgjengeleg for 1 åringen.
Dei vaksne er der for 1 åringen under måltidet, hjelper barnet å få i seg maten.
Fokuset under stell og hygiene er kontakten mellom barn og vaksen.
Gi rom for søvn og kvile, tilpassa barnet sitt behov.
Gjentaking av rutinar, aktivitetar, songar og leikar over tid.
Dei vaksne er nær barnet når dei utforskar nye ting.
Gi 1 åringen tid og rom til utforsking.
Vere ute og gje opplevingar gjennom sansane i alle årstider og vær.
Sanseoppleving og sporarbeid.
Måle med fingrane, eventuelt heile kroppen.
Leik med vatn ute.
Smake på alt.
Kos og nærhet
Leik med leikeleire.
Leik med kroppen, gjennom fysisk aktivitet.
Små turar i nærmiljøet for å finne og sette spor.
2 åringen i Snøkrystallen.
Sjå! Kva eg kan.
Kroppskontroll i rekordfart.
Helle springe enn gå!
Vi bruker skogen i nærmiljøet, går i ulendt terreng.
Få bruke kroppen i aktivitetar som rulle, krype under og over og hoppe.
Trene på å sykle.
Utfordringar som å gå i trapper, klatre opp og ned av stolar.
Leike med ball- øve på auge – hand koordinering.
Stimulere til glede over finmotorisk aktivitet som å pusle, bygge, male med pensel og kle på.
Ordforråd
Bruke ord og tall.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Vaksne er tydelig språkmodellar, vi snakkar enkle og tydelege setningar.
Visualisere songar og forteljingar.
Vi lærer fargar.
Synge enkle songar og les bøker.
Spele enkle spel.
Pottestund for dei som vil.
Mestringsglede og Sporarbeid
2 åringen må få tid til å prøve sjølv ved av og påkledning og måltida.
Gå sjølv på tur.
Vaksne set ord på det barnet mestrar.
Vaske hender og ansiktet sjølv.
Barna får venner som set spor. Gi dei plass til å vere venner.
Felles opplevingar i nærområdet og i barnegruppa.
3 åringen i Snøkrystallen!
Klare sjøl! Gode vener.
Vi går lengre turar med små grupper med treåringar.
Gje rom og legge til rette for rolleleik.
Fokus på hygiene som dotrening og vaske seg på hender og ansikt.
Hjelpe til med kvardagsaktivitetar som matlaging, rydding, vasking og liknande.
Få kle av og på seg sjølv med støtte og veiledning frå ein vaksen eller ein venn.
Klare å formidle og bli forstått med ord og handlingar.
Trene på å halde ein samtale over tid.
Sporarbeid om familie.
Lage og finne spor med ulike matriale og formingsaktivitetar.
God motorikk, går godt, betre balanse.
Begynner å mestre å teikne figurar.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Tradisjonar i småbarnehagen
Vi har laga oss nokre tradisjonar i den tida småbarnehagen har vore i
drift.
Nytt bildealbum på heimesida vår kvar månad.
Vi feirar bursdagane til barna i barnehagen. Her får dei bok med
bilde og eit bursdags lys. Vi syng bursdagsang, pyntar med flagg
ute og ballongar inne.
Haust og vår tur til Hennebygda.
Gardsbesøk til Silje Bakke sin gard.
Advent i barnehagen i heile desember med lilla og stemning som
fokus.
Deltaking på barnehagegudsteneste i desember.
Nissefest med graut og overrasking.
Vi har solfest i januar.
Tur for å helse på svanene.
Barnehagetog med dei andre barnehagane rett før 17. mai
Tur til Vårsetra og utsikten.
Fotograf i barnehagen på våren.
Påskelunsj med mykje god mat.
Sentrumsdag.
Besøke andre barnehagar. (Spesielt for 3 åringane)
Sommarfest med kunstutstilling.
Utdeling av permar til dei som skal slutte i barnehagen på
sommarfesten.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Dokumentasjon og vurdering Årsplan
Årsplanen skal vere eit arbeidsreiskap for barnehagen sitt personale, den skal bygge
på lov om barnehage og rammeplan for barnehage.
Årsplanen skal gje informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar,
politikara, kommunen, føresette og barnehagen sine samarbeidspartar.
Den skal vere eit oppslagsverk og eit utgangspunkt for foreldra til å påverke innhaldet
i barnehagen. I årsplanen vil du meir informasjon om kva vi jobbar med gjennom året
som går. Kva merkedagar vi har i den enkelte månaden og korleis personalet skal
legge til rette for leike, læring og mestring for barna.
Kvardagsdokumentasjon og evalueringsarbeid
Vi nyttar mykje foto for å dokumentere arbeidet og livet i barnehagen.
Formingsarbeid stiller vi ut i tillegg til fotodokumentasjon. Dette gjer vi slik at foreldre,
lokalmiljøet og kommunen skal kunne få informasjon om kva barn opplever, lærer og
gjer i barnehagen. Vi lagar rapport for kvar månad, på kva som har vore gjort av
aktivitetar og kva som har hendt.
Vi nyttar oss av nettsamfunnet Facebook for å gi føresette og familien til barna som
går her, meir innblikk i barnehagen. Alle offentlige bilde som vi legg ut er av ein slik
karakter, at barna ikkje lar seg identifisere. Personvern er viktig for oss, og for å sikre
at barna ikkje vert eksportert på ein slik måte at dei ved seinare høve kan ha
innvendingar, er ei viktig rettesnor for oss. Bilde som viser det enkelte barn, ligg på
heimesida vår og er passordbeskytta. Blidene kan ikkje lastast ned frå den
passordbeskytta sida. Passord vert endra ein til to gongar i året. Ønsker ein bilde frå
den passordbeskytta heimesida må føresette ta kontakt med personalet om dette.
To gonger i året har ein foreldresamtale der ein snakkar om barnet og gjev
tilbakemelding om kor ting fungerer og ser på utviklinga til barnet.
Barnegruppa og det enkelte barn sin trivsel og utvikling skal observerast og vurderast
fortløpande. Personalet evaluerer og vurderer arbeidet sitt på personalmøter. Ein
gongar i året sender vi ut brukarundersøking som vi evaluera for å kunne utvikle oss
og gjere endring på ting som ikkje fungerer. På våren har vi møte med foreldreråds
representant i barnehagen, her går ein blant anna gjennom resultatet på
brukarundersøkinga.
Vi tar gjerne i mot tilbakemeldingar på ting vi skal gjere annleis og ting de er nøgde
med. Vi set pris på om de har idear og innspel til aktivitetar og andre ting de kjem på
i forhold til årsplan eller liknande.
Snøkrystallen småbarnehage
2013-2016
Her finn du oss:
Holane 12, 6770 Nordfjordeid
Mobiltelefon: 47395464
Heimeside: Snokrystallen. Barnehageside.no
E-post: snokrystallen@gmail.com
Facebook, under:
Snøkrystallen småbarnehage
top related