dagbok 1924-1994. i utval

18

Upload: det-norske-samlaget

Post on 08-Mar-2016

245 views

Category:

Documents


12 download

DESCRIPTION

Dagbok 1924-1994. I utval, Olav H. Hauge, Sverre Tusvik

TRANSCRIPT

Page 1: Dagbok 1924-1994. I utval
Page 2: Dagbok 1924-1994. I utval

Olav H. Hauge

Dagbok 1924–1994Utval

Redigert og med føreord av Sverre Tusvik

SamlagetOslo

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 3

Page 3: Dagbok 1924-1994. I utval

© Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

omslag: Øystein Vidnes

førtrykk: Samlaget

skrift: Adobe Garamond 11/13,5

papir: 90 g Munken Premium Cream 1.3

trykkeri: AIT Otta AS

Printed in Norway

isbn 978-82-521-7869-2

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 4

Page 4: Dagbok 1924-1994. I utval

Føreord

Skalden, gjendiktaren og poeten Olav H. Hauge døydde i mai 1994.Alt same haust gav Samlaget ut Jan Erik Vold: Under Hauges ord,der den største avdelinga er 134 brev, postkort og andre skriftlegehelsingar frå Hauge til Vold i åra 1967–1994. I 1996 hadde for lagetlikeins gleda av å gi ut Olav H. Hauge/Bodil Cappelen: Brev 1970–75 (ny utgåve 2011). Båe bøkene vart vedunderlege vitnemål om atHauge var ein særmerkt og stilsikker ordkunstnar også når han ytraseg i prosa.

I haustferien 1995 køyrde eg ei natt over fjellet til Bodil Cap-pelen i Ulvik for å hente fire fruktkasser, merkte Gartnerhallen.Den eine var fylt med raudgule gravensteineple, dei tre andre meddet skire gull: 84 stilhefte med til saman 5720 dagboksider. Førsteheftet var datert mars 1924, då var Hauge 15 ½ år og skreiv med bly-ant, det siste slutta 16. mai 1994, veka før han døydde.

I år 2000 var dagbøkene ferdig inntasta, og parallelt med at Nasjonalbiblioteket i Oslo fekk overta originalane, kunne Sam lagetlansere ei fembandsutgåve med eit personregister på vel 5000namn. Med eit tidsspenn på 70 år og eit omfang på 3727 boksiderer denne litterære dagboka mellom dei mest omfattande i verds -litteraturen

Originalhefta har overskrifter som viser til hendingar, emne,forfattarnamn, bokverk, filmar, radioprogram, boktitlar, tidsskrift,seminar og opplesingar, enkeltdikt eller andre tekster han vil kom-

5

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 5

Page 5: Dagbok 1924-1994. I utval

mentere. Ofte kjem det under slike overskrifter sitat og lengre av-snitt som tek opp heilt andre emne. Dette hadde Hauge markertmed blankliner eller innrykk, men av plassomsyn sette forlaget deitrykte dagbøkene berre med innrykk. Overskriftene står no sominitialord i kapitelbokstavtypar – innleiingsord med store boksta-var, og eittbandsutgåva følgjer det same typografiske redigerings-oppsettet. I dette utvalet er det ikkje markert sprang og lakuner iog mellom dagbokinnskriftene, heller ikkje feilskrivingar av namnog datoar som er retta opp.

Frå utgivinga i 2000 har lek og lærd vitna om at Hauges dag-bøker nærast har vore eit kultobjekt, og at dei for somme beintfram har fungert som eit litteraturhistorisk referanseverk. Når eg noskulle redigere eit utval, er det sjuande gong eg har gitt meg i gåveå reinlese dei vel 3700 dagboksidene.

Dette eittbandsutvalet pretenderer ikkje å vere objektivt repre-sentativt, korkje mekanisk-kronologisk eller i emneval. Til ein vissgrad er dei 300 sidene prega av mi subjektive lesing, men mest er deiforma av ei inderleg von om at mange fleire skal bli fanga og over-velda av forma og innhaldet i denne magisk-medrivande prosaen.Og for dei som etter dette dagbokbadet har hug til meir langvarigeog djupare dykk, er den komplette og gedigne fem bands utgåvaframleis tilgjengeleg.

Oslo, juni 2011Sverre Tusvik

føreord

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 6

Page 6: Dagbok 1924-1994. I utval

Kronologi

1908 Olav Håkonsson, fødd 18. august. Mora, Katrina Hake stad(1873–1975), frå Ulvik. Faren, Håkon Hauge (1877–1954), fråLærdal i Sogn. Dei fekk sju born, men berre fire levde opp,tre gutar og ei jente. Olav var nummer tre i søskenflokken.

1913 Utskifting på garden, Håkon og Katrina får urudd jord, dyr-kar og byggjer

1924 Elev ved Framhaldskulen i Ulvik. Fyrste dagbokblad1925 Elev ved Ulvik mllomskule1926 Elev ved Ulvik mellomskule, får nyresjukdom og må avbryte1927 Elev ved Hjeltnes hagebruksskule i Ulvik 1930 Gartnarlærling i drivhusa på Landbrukshøgskolen på Ås1931 –33 Gartnarlærling på Statens forsøksgard på Njøs, på Sy -

strond, Leikanger i Sogn 1932–33 Får trykt eigne og omsette dikt i fleire aviser og bladi SognSender inn dikt til Norli forlag, blir refusert.

1934–37 Innlagd på Valen sjukehus (26. mai 1934 –18. september 1937)1935 –37 Faren byggjer kårhus på Rossvoll.1945 Debuterer på Noregs Boklag med Glør i oska1951 Under bergfallet1956 Seint rodnar skog i djuvet 1961 På ørnetuva. Norsk Litteraturkritikerlags pris for 19611964 Dikt i utval. Ved Ragnvald Skrede1966 Dropar i austavind1967 Utanlandske dikt1969 Doblougprisen

7

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 7

Page 7: Dagbok 1924-1994. I utval

1971 Spør vinden1972 Dikt i samling1974 Stephen Crane: Svarte ryttarar. Umsetjing, 19741975 Bodil Cappelen flyttar saman med han i Ulvik 1975 Syn oss åkeren din. Utval ved Jan Erik Vold1978 Bertolt Brecht: Til ettertidi. Umsetjing

Får Aschehougprisen 1979 Hand grip hand i svevne. Umsetjingar1980 Janglestrå1982 Dikt i umsetjing1983 Regnbogane. Dikt for barn og vaksne. Ill. av Wenche Øyen1984 Får Nordahl Griegs Minnefond 19841985 ABC. Ill. av Bodil Cappelen1987 Overgang til Samlaget etter at Noregs Boklag er gått inn1988 Mange års røynsle med pil og boge. Lydbok med to kassettar

og ei «minibok».Festspeldiktar i Bergen

1991 Frå Rimbaud til Celan. Nye dikt i umsetjing, 19911992 Mange års røynsle med pil og boge. Lydbok med to kassettar,

19921993 Dikt i samling. Ny og auka utgåve, 19931994 Dikt i samling. 6. utgåva, 19941994 Døyr 23. mai

Norsk Litteraturkritikerlags pris 1961Doblougprisen 1969Melsomprisen 1973Aschehougprisen 1978Nordahl Griegs Minnefond 1984

kronologi

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 8

Page 8: Dagbok 1924-1994. I utval

Dagbok 1924–1994

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 9

Page 9: Dagbok 1924-1994. I utval

Mars 1924dagbokord Ein tanke slo meg her um dagen: eg skal føra dagbok,det vil verte hugnad med den. – Ja, ikkje dagbok i vanleg meining –versjaa, hendingar, handel og vandel, kjøp og sal. Nei, ei dagbok yvertankar og hugskot – ei aandeleg dagbok, – og meir sligt som kanvere verdt aa minnast.

Det treng ikkje vere kvar dag, fylgjestrengt med dagetal ogsligt. – Det fær vera naar eg hev tid, og elles um helgedagane so-leis. – Det kan no vera ein grand hugnad med det. Men eg maaha papir, best vilde det vere um eg kunde faa fat i ei stor linjebok,– lat meg sjaa paa det! –

– Og kanskje kan eg med det same, og i same boki rite nedmeiningar um ymse bøker soleis.

Lat meg tenkje paa det! –

Ja ha; no hev eg tenkt paa det! – Eg las Brand her um dagen; merkjeleg bok; fantasi, tanke spinn

segjer de vel; ja ved fyrste gjenomlesnaden. Men les henne medettertanke, og sjaa! – Du finn ut noko, noko stort. – Det er eit idealav eit menneskjeliv – Vel, han vann ikkje hevde seg i samfundet;dei hadde ikkje bruk for honom; dei steina honom! – Men likevel,deri ligg netupp det store. Han hadde tvo ting aa gjera Brand; antenaa gjeva upp trui si, og anten falle, – sige –

Han valde aa sige! – Det var stort! Det var livet det!Men: Vis alt du gav foruden livet, da vid, at du har intet givet! –

11

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 11

Page 10: Dagbok 1924-1994. I utval

Det synes hardt dette her, men so er det!

10 juni 1924Hev no sett gjenom protokollen ein grand – bokprotokollen – ogfunne ut at eg hev lese 626 bøker or biblioteket. Det er lite. Temme -leg lite.

Fatig er aandi mi! ho veit ikkje mykje. – Gjeve eg kunde mettakunskapstrongen min! – Gjeve eg kunde suge all heimsens vis-dom i meg! – Aa. Ja daa!

Mars 1925[Dagbok:]Eg held no på med eit engelsk brev til Amerika, og det gjeng fint.Eg ser det no at det gjeng å læra framande mål, um so på eigi hand– um ein vil då. Når eg no hev lært engelsk toleg bra er eg tenkttil å taka fatt på eit anna. Hev tenkt so smått på spansk eller fransk,tysk er no heller ikkje til å forsmå. Og so sku eg ha lært latin, he-braisk og græsk – klassisk – –. Då vert folk vise, hev eg høyrt! –-

Lyt sjå til å få tak i lærebøker! – Ja, so les eg meg til professorpå eigi hand, og det fint òg! Nett som det skulde vere noko! – –«blås! For her er gut her! – –»

Mars 1927Ein lyt eitkvart hava å pusla med; arbeidet er livsens salt, sa deigamle. Difor hev eg tenkt å skriva upp ymse småting som kundevera moro å minnast, og som på same tid kann vera til hugnad ifristundene. Og det vantar ikkje meg på fristunder no for tidi. Egligg til sengs. Det vart so eg laut slutta på skulen og slå alle tankarum eksamen ifrå meg. Og eg er mest like sæl. Eg er trøytt; trøyttav alt stræv og pugg. Sjuk hev eg vore i heile vinter; og hev fare soog hangla. No er eg då komen der eg høyrer heime.

Det vart berre vanheppa med skulen. Fyrst døydde no han

1924

12

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 12

Page 11: Dagbok 1924-1994. I utval

Sigurd, det var det verste. Han var ein framifrå mann. Det vart tomtog daudt i skule kjellaren etterpå. Eg trur at alle vart modlause; menme laut trøysta oss so godt me kunde. Vinteren gjekk. Våren kom,og til Voss laut me. Me tok eksamen i handarbeid, teikning, Botanikk, anatomi, religion. Det gjekk bra. Eg fekk fire Mtf.. Egvar nøgd.

Hausten 1926 fekk me ny lærar, og alt såg vel og bra ut. No liggeg altso her. Eg fær trøysta meg me bøkene. Det er berre gjenombøkene eg fær ein tanke um det ovrike jordliv.

Eg hev nett pløgd igjenom ei svært forvitneleg bok av BertrandRussell, Education and the Good Life. Russell er so klårtenkt at deter ein hugnad å lesa. Trass i all rådløysa og uro trur han på fram-tidi for menneskja som aldri fyrr. Han meiner at me just no stendpå dørstokken til ny, rikare tid, men fyrst må folki gjera seg frie fråmykje gamalt, – frie frå slikt som er utslite og verdlaust. Folklore,tradisjon, religion, nasjonalitet må burt; det hev ingenting å gjerai det nye riket. Russell legg den største brett på uppsedingi. «Edu-cation is the key to the new world,» segjer han. «Knowledge is theliberation from the empire of natural forces and destructive pas-sions; without knowledge the world of our hopes can not bebuilt.» «A generation educated in fearless freedom will have widerand bolder hopes than are possible to us, who still have to strug-gle with the superstitious fears that lie in wait for us below thelevel of consciousness. Not we, but the free men and women whomwe shall create, must see the new world, first in their hopes, andthen at last in the full splendour of reality.»

Grunntanken i Russells uppsedingsfilosofi er elles denne: atkjærleik, hjelpt og rettleidd av kunnskap skal vera grunnlaget forall uppseding. Ein kann sjølvsagt ogso segja det umvendt. Dettehøyrest ikkje so gale ut, og det er visseleg mange som set storevoner til desse nye tankane. Russel er ikkje berre pedagog; han ermatematikar og samfundsreformator. Vil ein karaktirisera honom

13

1927

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 13

Page 12: Dagbok 1924-1994. I utval

heilt rett, vert det filosof, for filosof hev meir og meir vorte eitsams namn på alle tenkjande menneskje, og filosofi på systematisktenkjing yver eitt eller anna spursmål, same kva det er. BertrandRussell er ovleg radikal, so radikal at mange vert reint andfælne.Truvedkjenningi si hev han lagt fram i boki What I believe. Eg hevnett granska henne grundig. Eg hev høyrt gjete ein amerikanskprofessor som bruker denne boki til grunnlag for fyrelesninganesine; men han vart ikkje gamal i tenesta. Som ventande kundevera. Åndsfridomen i Amerika hev ikkje noko vidare godt ord.Ein kann ikkje segja at Russell kjem med noko nytt; men fåe, kan-henda ingen, hev sett fram sine meiningar i slike saker so point-blank og umsynslaust som han. Han er ateist av reinaste vatn.Kald og usentimental, skjerande logisk gjeng han laus på utgamlefor domar og nedervde livssyn. Mange meiner at hovudverket hanser Principles of Social Reconstruction, som han skreiv medan han sati fengsel under Heimskrigen. Han vart likeso mykje hata i Eng-land som Rolland i Frankrike og Croze i Italia. Endå ei bok til heveg lese av Russell med det same: Free Thought. Eit makelaust fri-syn og vidsyn syner alle desse bøkene. Når eg fyrst talar um bøker,lyt eg nemna ei til, nemleg The Mind in the Making av den ame-rikanske professoren James Robinson. Det er ein essai. Han bru-kar ein noko tyngre fraseologi, Robinson, enn Russell; men hanhev svært mykje på hjarta. Ho er tankevekkjande, denne boki. Eiuavhengig og vidsynt ånd talar frå kvart blad; atter ei som høyrertil den «frie intelligensen».

August 1927No er eg 19 år. Ein vert gamal fyrr ein veit ordet av det. Nådelaustsniglar dagar, månader og år avstad – og endå segjer Einstein at detikkje eksisterar tid!

Eg hev slege meg på lyrikken no. Det slumpa seg til at eg lasUppdals diktsamling Altarelden for ei tid sidan. På meg verka boki

1927

14

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 14

Page 13: Dagbok 1924-1994. I utval

so sterkt at eg kom i ovundring. Det er den fyrste diktbok eg hev lesemed sann hugnad. Det stend ein gufs mot deg av frisk og sterk ori-ginalitet, du kjenner det lever og andar i desse dikti. Du tykkjestkjenna urkrafti, det sanne geniet, attum den ytre hamen. Uppdal erein mann som er mykje for lite påskyna. Etter mitt vit er han denfremste millom diktarane i landsmålsleiren i dag.

September 1927Eg er mest heil kar att no. Eg arbeider ein grand til kvar dag; mennår eg hev ei stund, so les eg. Eg sniglar langsamt gjenom det eineverset etter det andre. Men planlaust. Den eine forfattaren av løyserden andre. Dickens, Wergeland, Moren, Ibsen. Vinje er det helst eghev halde meg til no ei stund. Og eg likar alle saman. Werge landsevigunge dikt! Desse gyllne, jublande solsongane! Tindrande friskeer dei som alltid. Wergelands lyrikk er ein serafisk hymne, sublimi sin ekstase.

Lat sjælen møte sjæl! Måskeblir pyramiden lav …

November 1927Eg fekk tak i ein antologi av engelsk lyrikk for ei tid sidan, og eghev vore uppteken med lesnaden. Boki er i kronologisk orden medsmå biografiar og merknader og skal gjeva eit yversyn yver engelsklyrikk frå Chaucer til Kipling. Boki innheld mange fine ting, ogden ubrotne tradisjonen, kontinuiteten kjem godt fram. Her møtereg for fyrste gong Burns’ vedunderlege dikt i originalen, Keats’ ve-modfulle ode til natter galen og Shelleys soldirrande lovsong tillerka. Eg hev lese dei fleste av desse vidspurde dikti i yversetjing(rettare umsetjing!). – Rytter hev dikta um mange av Shelleys dikt,soleis «Ode til vestanvinden» og «The Sensitive Plant». Rytter hevvisseleg gjort det meisterleg; men eg «prefer to read them in Eng-

15

1927

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 15

Page 14: Dagbok 1924-1994. I utval

lish». Lynner hev umsett «To a Skylark» på ein meisterleg måte tilnorsk-dansk. Swinburne, Browning og Tennyson er ogso repre-senterte ved fine ting.

SeinareEg hev nett lese dikti til Edgar Poe og meir fantastiske og underlegedikt hev eg aldri lese. Poe var utan tvil ein introvert; kannhenda hanhøyrde til den introverte sensasjonstypen. Verki hans er ikkje sermerktepå den måten at dei inneheld djupe tankar og genial intuisjon. Hangjev eit underleg bilete av imaginasjonens «ingenmannsland», hansansar og gjev ein tokke av åndsverdi. Me kjenner røyndi i desse bi-leti. Dei gjev oss i fullt mål kjensla av å vera «out of space and out oftime». Poe var ei subjektiv og lidenskapeleg sjel, ein drøymar og einromantikar. Det var umogeleg for honom å finna seg til rettes i livet.Som so mange slike ulukkelege naturer, skapte han ei draumeverd isitt eige bilete, fantastisk og løyndomsfull.

Det hev vel knapt funnest ein so streng estetisk teoretikarso[m] Poe; men den rosi skal han ha, at hans eigne ting svarar fulltog heilt til dei kravi han sette til andre. Sjølv påstod han at diktihans hadde ikkje vorte til ved det me kallar inspirasjon, men vedlangt og strævsamt studium. Han spekulerte, tenkte dikti sine ut.Han gjorde seg upp ein plan, og den planen fylgde han utan avvik.Å kalla fram effekt var hans store mål, og til å nå dette måletbrukte han alle midlar ein forfina artist råder yver.

«Poesi skal vera musikk; alt skal fljota burt i ei gyllt skodda avtankor og kjenslor,» sa han; og hans eigen lyrikk er ikkje anna ennmusikk. Han skreiv for deim som hadde songbotn i sjeli. Dei mestkjende dikti er «The Raven» og «Ulalume», dei evige symbol ogugløymande songane um hans underlege vemod og fortærandesorg. Han er magikaren; han veit å finna uttrykk for dei zartastesvingningane i eit menneskesinn, for den evige lengt mot æva sittmysterium. Poes produksjon er ikkje «caviar to the general» (dvs

1927

16

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 16

Page 15: Dagbok 1924-1994. I utval

kaviar for den store hop). Han var ein Drömlands-son som Fröd -ing, ein framand ein som var nøydd å gå under.

Joli 1927Det skjulte Norge er ei god bok. Gildt å sjå at ein framand kannsetja seg so godt inn i norske tilhøve. Bukdahl fortener visseleg eiovstor takk!

Eg les og les; eg lever i bøkene og av bøkene; utan bøker komeg til å ganga nord og ned.

Eg friska uppatt minne um Faust for ei tid sidan, men eg lytsegja at eg skyna like so lite som fyrste gongen. Eg likar heller ikkjeArctander’s umsetjing. Det er so tungt å lesa. Andre luten av ver-ket er no reint umogeleg. – Eg trøytnar forresten av all dikting,serleg av lyrikken. Dei syng mest eins alle. «Weakwinged is song,and cannot reach the heights where the great deeds belong,» segjerLowell. Will Durants bok, The Story of Philosophy er eit hugtak -ande verk. Å lesa denne boki er som å stiga inn i ein annan heim.Ein fredsæl heim der dei store aandene sit paa sine trunor og råderyver sine stille rike.

Mars 1928No er det hundrad år sidan Ibsen er fødd. Det er sjølvsagt at allesom er interesserte i litteratur friskar upp minne um denne man-nen. Ein stor dag er dette for landet vårt. Og det skynar dei vel.Dei festar. Det vil segja autoritetane, samfundsstyttone. Det storefolket høgtidar vel dagen paa sin måte ogso. Dei veit han var einstor mann denne Ibsen. Og sjølv den strenge, tilknappa Ibsen hevno vorti ein populær mann. Det er ingen fåre av han lenger no;han skal faa all den æra han fortener. Elden i ordi, brodden somsting, sviga som susar og svid var ikkje mynta paa oss. Det var deigamle som var so syndige. Me gløymer at so lenge Ibsens spel-stykke lever millom oss, er det fordi dei hev noko å segja oss.

17

1928

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 17

Page 16: Dagbok 1924-1994. I utval

Engelsk er eit vanskeleg språk. Det er so stor skilnad på dag-legtalen, folkespråket og det tekniske språket. Denne skilnaden erlett å merka i Upton Sinclair’s anthologi The Cry for Justice, somelles er ei underleg bok på mange måtar. Der er snapshots frå allesamfundslag i fortid og notid, der er myndige ord av heimsensstørste tenkjarar um urettferdige samfundstilhøve og skrik somropar til himmels. Det er avgrunnar i den boki.

Ein annan eloquent amerikanar er Longfellow sjølv um han klæ-der seg i den bundne formi si faldrike kappa. The Song of Hia-watha er eit metrisk meisterverk av rang, og det er vel det mestpopulære diktverk Amerika eig. Det er heilt naturleg, for det «ap-pellerar» til unge og gamle. Boki hev mange bolkar som er ve-dunderleg vene. Formi er den same som i Kalevala og klær stoffet(emnet) ypperleg.

Ye who love a nation’s legendsLove the ballads of a people,That like voices from afar offCall to us to pause and listen,Speak in tones so plain and childlikeScarcely can the ear distinguishWhether they are sung or spoken; –Listen to this Indian Legends,To this Song of Hiawatha.

Omar Khayyam syng på ein annan måte i ei underleg blandingav filosofi og lyrikk. Ein kann kalla honom ein ædel epikuréar. Isine melodiøse vers gjev han uttrykk for mannsens evige stem-ningsliv og spursmål. Alt vert den skiraste poesi i hans hand. Liveter stuttvarugt, alle er me skuggar og støv, slik tonar det atter ogatter gjenom Omars vers. Blenk og dropar er me som lyser eit

1928

18

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 18

Page 17: Dagbok 1924-1994. I utval

lite bel, so driv dei tilbake til sitt upphav. Men andi og æva varerved.

When you and I behind the veil are past,Oh, but the long, long while the world the world shall last,Which of our coming and departure heedsAs the sea’s self should heed a pebble cast.

Ein skal gleda seg med ein lever, meiner Khayyam

Ah, make the most of what we yet may spend,Before we too into the dust descend;Dust into dust; and under dust to lieSaves wine, saves song, saves singer and saves end!

Elles hev kannhenda Fitzgerald like stor æra av Rubáiyát somOmar. I alle fall er det ein av dei mest geniale umsetjingar verdieig. Seippels umsetjing til norsk skal ogso vera ypperleg.

– – – «Doch alle Lust will Ewigkeit, will tiefe, tiefe Ewigkeit!»Eg hev ofte høyrt gjete Nietzsche, men eg hev aldri lese noko

av honom. No laga det seg so heppeleg at eg fekk tak i den engel-ske umsetjingi av Also sprach Zarathustra. Aa lesa denne boki ersom å springa frå tind til tind i eit fantastisk fjell-landskap. Nyesyner og utsyn opnar seg stadig med gamle horisontar kverv.

Ein fær age og vyrdnad for denne eldsjeli som kunde gjeva liveteit hugheilt ja trass i sjukdom og naud. Han camouflagera ikkjerealitetane. Han var ein introvert som brende seg sjølv ut. Men utav grundingi i einsemdi sprang den velduge idéverdi hans. Alsosprach Zarathustra er eit utbrot frå umedvitet. Kvar bolk i boki, ogkvar bolk er umlag hundrad sidor, vart skriven på ti dagar. Tankarog ord kom so fort, at han knapt visste å skriva ned alt etter kvart.Var han ute, laut han skriva med han gjekk.

Also sprach Zarathustra er eit bilete på det «kollektive umed-

19

1928

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 19

Page 18: Dagbok 1924-1994. I utval

vitet», eller kva det no heiter i psyko-analysen sin jargon. Maktimot kjærleiken, er Nietzsches principp. Han gjer revolt mot denekstroverte Individualismen i si krassaste form, hevdar han i sinapotheose av eit reint biologisk yvermenneske. Det er i det heile tekeeit åtak på den kristne sivilisasjon. Kjernen i kristendomen er kjær-leik og det hev mange fylgjer. I kjærleiken sine augo er objektet all-tid verdfullt. For ei elskande mor er barnet like kjært um det so eridiot. Der kjærleiken råder gjeng det mot likskap, brorskap og de-mokrati. Og ideen um «the greatest good for the greatest number»vert av dette sjølvsagd. Dette meiner Nietzsche vil tyna alt nytt ogoriginalt so alt vert ei grå mengd. Den vest-europeiske sivilisasjoner ekstrovert; kristendomen hev kuva og torturert den introverte.

Mot dette set Nietzsche upp sitt «Übermensch». Wille zurMacht er rita i hans skjold.

Når so Nietzsche seinare skulde arbeida læra si ut konsekvent,vart alt saman absurd og monstrøst. Eit yverflatisk kjennskap tilDarwins teoriar var visseleg ei av årsakene til Nietzsches filosofi.

Ja; det var filosof han på død og liv vilde vera, endå han varmeir diktar enn tenkjar. Og som eit diktverk må Also sprach Zarat-hustra dømast. Ein vert riven med av hans høge tankeflog og denreine poesien; stundom vert alt myrkt og gåtefullt so du synest ing-enting skyna, men so skin det atter herlege gullkorn fram. Etterpåvil eg prøva setja um nokre setningar frå den engelske teksten.

April 1928Robert Brownings Complete poetical and dramatical Works er eitverk som ikkje er so heilt lett å lesa. Morbror segjer Browning erein av dei største diktarane i verdi; det er berre eit lyte ved honom:han er for mykje av ein optimist! Eg for min part lyt segja, at eghev vanskar med å lesa Browning endå. Eg trur Shakespeare er let-tare å skyna. Nå, dette kjem (seg) sjølvsagt av at eg er for lite innei engelsk.

1928

20

OHH Dagbok utval ferdig.qxd:A 10-08-11 12:39 Side 20