infou nr 1 2013

13
InFoU Årgang 2013, nr. 1 Mars 2013 Barnehagebarn kan ha angst ”Denne boken har en dårlig nyhet: Angst er et van- lig problem hos barn. Men den har også en god nyhet; at det finnes god og effektiv hjelp.” Forskar på samfunnsøkonomi Ulrikke Hernæs er tilsett i Helse Førde i ei forskar- stilling der målet er å evaluere fedmekirurgi frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Effekten er målt Ein ny artikkel gjer ein klar dom for langtidseffek- ten av livstilsbehandling i institusjon for sjukleg overvekt. Styrka brukardeltaking To nye medforskarar fortel om deira deltaking i eit KOLS-prosjekt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Professor på publiseringstoppen I løpet av 2012 har professor Maj-Britt Råholm ved avdeling for helsefag vore med på heile fem publi- serte vitskapelege artiklar. I dette nummeret: ...og enda meir!

Upload: senter-for-helseforsking

Post on 13-Mar-2016

244 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Nyhetsbrev fra Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane, et samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane.

TRANSCRIPT

Page 1: Infou nr 1 2013

InFoU Årgang 2013, nr. 1 Mars 2013

Barnehagebarn kan ha angst”Denne boken har en dårlig nyhet: Angst er et van-lig problem hos barn. Men den har også en god nyhet; at det finnes god og effektiv hjelp.”

Forskar på samfunnsøkonomiUlrikke Hernæs er tilsett i Helse Førde i ei forskar-stilling der målet er å evaluere fedmekirurgi frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

Effekten er måltEin ny artikkel gjer ein klar dom for langtidseffek-ten av livstilsbehandling i institusjon for sjukleg overvekt.

Styrka brukardeltakingTo nye medforskarar fortel om deira deltaking i eit KOLS-prosjekt ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Professor på publiseringstoppenI løpet av 2012 har professor Maj-Britt Råholm ved avdeling for helsefag vore med på heile fem publi-serte vitskapelege artiklar.

I dette nummeret:

...og enda meir!

Page 2: Infou nr 1 2013

InFoU nr. 1 - 2013 Vitskaplege artiklar

2

Page 3: Infou nr 1 2013

Helse Vest starta i 2005 opp eit tilbod om livsstilbehandling i institusjon for sjukleg overvektige busette innanfor Sogn og Fjor-dane. Målet med denne studien var å evaluere langtidseffekten av behandlinga. John Roger Ander-sen, førsteamanuensis ved HiSF og post-doc ved Helse Førde, har saman med sine kollegaer pre-sentert resultata i ein ny artikkel. Artikelen vert publisert i tidsskrif-tet Sykepleien Forskning i februar 2013.

Gena skapar problemAndersen seier at BMI over 40 er ein tommelfingerregel for å gje nokon diagnosen sjukleg overvekt. For desse menneska er det ofte svært vanskeleg å gå ned i vekt. – Det er ein sterk genetisk kompo-nent involvert. Ved MR-scanning av hjernen kan vi sjå at desse per-sonane har større appetitt. Mett-heitssignala hos desse pasientane verkar ikkje slik som hos normal-vektige, forklarar Andersen. For desse pasientane fins det to meto-dar for å gå ned i vekt; fedmeki-rurgi og livstilsbehandling.

Langtidseffekten evaluertForskarane frå Helse Førde og HiSF har forska på fedmekirurgi

sidan 2001, og livsstilsbehand-ling sidan 2005. I denne studien har dei følgt 48 pasientar som gjennomgjekk eit 40 veker langt behandlingsprogram i 2005-2006. Opplegget var eit samarbeid mel-lom institusjonane Ebeltoft kur-center i Danmark og Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler. Pasientane var saman-hengande i 16 veker på kvar stad med eit åttevekers heimeopphald mellom. Deltakarane fekk eit sunt kosthald, fysisk trening, motive-rande samtaler og psykisk støtte.

Veljer operasjonJohn Roger Andersen fortel at langtidsresultata er interessante. Det viser seg at 80% av dei som mottok livsstilsbehandling var fed-meopererte eller stod på venteliste 6 år etter. – Konklusjonen er at vi ikkje får til gode langtidsresultat på livsstils-behandling av sjukleg overvektige, seier Andersen. På kort sikt er re-sultata gode, fordi pasientane går ned mykje i vekt under sjølve be-handlinga, men dei færraste greier å oppretthalde den nye vekta når dei kjem tilbake til kvardagen.

Gode resultat for operasjonStudien viser også at dei som har

teke operasjon har ein gjennom-snittleg BMI på rundt 30 etter operasjonen. Dette vil seie at dei ikkje vert karakteriserte som sjukleg overvektige lenger. Etter operasjonen har mange fått ein ny moglegheit til å kunne drive med fysisk aktivitet. Andersen viser til eit døme der ei kvinne begynte å springe maraton, og no deltek i løp over heile verda.

Nokon lukkastAndersen vil imidlertid ikkje tilrå operasjon for alle ut i frå for-skingsresulata så langt. Han fortel at om lag kvar tiande person imid-lertid lukkast med livsstilsbehand-ling, og at dei no vil forske meir på desse for å sjå kvifor. Kan hende vil tidlegare intervensjon kunne gje betre resultat enn livsstilsbe-handling for pasientar som allereie er passert 40 i BMI, undrar han.

Ein ny artikkel gjev ein klar dom for langtidseffekten av livstilsbehandling i institusjon for sjukleg overvekt. Etter seks år med forsking kan John Roger Andersen konkludere.

Av Charlotte Eikefjord Holen og Ragna Lillevik.

Effekten er målt

InFoU nr. 1 - 2013 Vitskaplege artiklar

3

Vil du lese meir? Du finn heile artiklen på heimesidene til Sykepleien Forsking ved å følgje denne linken: http://www.sykepleien.no/forskning/forskningsartikkel/1118938/livsstilsbehandling-i-institu-sjon-%E2%80%93-oppfol-ging-seks-ar-etter

Page 4: Infou nr 1 2013

Maj-Britt Råholm, professor ved avdeling for helsefag, er ein aktiv bidragsytar i vitskaplege tidsskrift. I fjor toppa ho statistikken over publiserte vitskaplege artiklar frå avdeling for helsefag. Sjølv forkla-rer ho dette med at ho er nysgjer-rig av natur og likar å skrive. – Eg er nok ein forskar. Ein må vere litt nysgjerrig og ein må for-midle, seier Råholm. Ho synes det er spesielt viktig å ta med forsking til studentane i undervisninga. Derfor inviterer ho og andre kollegaer snart masterstudentane ved master i samhandling til ein open dag med presentasjonar av forskingsprosjekt dei kan kopla seg på.

Aktiv i forskingsnettverkRåholm er medlem i ulike for-skingsnettverk med deltakarar frå skandinaviske universitet og høg-skular. Fleire av disse har ho pu-blisert i saman med i fjor. Mellom anna er ho med i eit nettverk som kartlegger verdigheitsomgrepet frå personalet, pårørande og pasient-perspektivet. Emnet verdigheit går att i fleire av artiklane hennar. – Etikk i forsking og det kliniske er mi store interesse, seier ho. Hennar doktorgradsavhandling vart utgangspunktet for denne in-teressa. Der tok ho utgangspunkt i oppfølging og rehabilitering av pasientar som har vore hjarteope-rerte.

Inspirerande samarbeid-Det er veldig inspirerande å være med i forskingsnettverk, berre dialogen forskarane imellom. Det er veldig viktig å ha medspelarar som er opptekne av same tema, og som ein kan føre ein konstruktiv diskusjon med om forskingsre-sultat, seier Råholm. Vidare fortel ho at nettverka samarbeider om å analysere datamateriale som vert samla inn, og bidreg med kvali-tetssikring av artiklane dei skriv. Samtidig synes Råholm det er fint at dei stiller kritiske spørsmål til kvarandre. Slik vert både forskinga og formidlinga betre.

Rolla som rettleiarRåholm påpeiker at kunnskap veks med forsking. Ho likar godt å rettleie studentar og vise dei forskingsprosessen med å gå frå eit kunnskapshol til å bidra med ny kunnskap. Råholm ser det som svært viktig å også kvalitetssikre rettleiinga av studentane i praksis. Ho framhever såleis eit tettare samarbeid mellom praksisfeltet og Høgskulen. Sjølv er Råholm også rettleiar for fleire kollegaer i samband med ulike forskingspro-sjekt desse har. Dette er ei rolle ho trivast godt i. – Det er fint å sjå korleis dei opp-lever å bli bekrefta når andre ser moglegheiter i deira prosjekt. Eg håper eg inspirerer andre kollega-er, seier ho.

I løpet av 2012 har Maj-Britt Råholm vore med på heile fem publiserte vitskapelege artiklar. Ho har framheva seg positivt som ein viktig bidragsytar til helseforsking og HiSF.

Av: Charlotte Eikefjord Holen og Ragna Lillevik

Professor på publiseringstoppen

InFoU nr. 1 - 2013 Vitskaplege artiklar

4

Publikasjonar i 2012:Löfmark, Anna; Torkildsen, Kari Marie; Råholm, Maj-Britt; Natvig, Gerd Karin. ”Nursing students’ satisfaction with supervision from preceptors and teachers during clinical practice.” Nurse Education in Practice 2012;Volum 12.(3) Rykkje, Linda; Eriksson, Katie; Råholm, Maj-Britt. ”Spirituality and caring in old age and the significan-ce of religion-a hermeneutical study from Norway.” Scandinavian Journal of Caring Sciences 2012 (juni) Råholm, Maj-Britt. ”The Ethics of Presence when Bathing Patients in a Nursing Home.” International jour-nal for human caring 2012 ;Volum 16.(4) Skorpen, Frode; Thorsen, Arlene Margaret Arstad; Råholm, Maj-Britt; Forsberg, Christina; Rehns-feldt, Arne. ”Caring with dignity: A Q-Methodological study of staff members’ experiences in a psychi-atric context.” Operant Subjectivity 2012 ;Volum 36.(1) Torkildsen, Kari Marie; Eriksson, Katie; Råholm, Maj-Britt.”The substance of love when enco-untering suffering: an interpretative research synthesis with an abductive approach.” Scandinavian Journal of Caring Sciences 2012

Page 5: Infou nr 1 2013

I løpet av 2012 har Maj-Britt Råholm vore med på heile fem publiserte vitskapelege artiklar. Ho har framheva seg positivt som ein viktig bidragsytar til helseforsking og HiSF.

Av: Charlotte Eikefjord Holen og Ragna Lillevik

Professor på publiseringstoppen

InFoU nr. 1 - 2013 Vitskaplege artiklar

5

Page 6: Infou nr 1 2013

InFoU nr. 1 - 2013 Forskingsprosjekt

6

Anne-Grethe Halding, førstelek-tor ved høgskulens avdeling for helsefag, fekk i november 2012 midlar frå ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering. Midla vart tildelt via Landsforeininga for hjarte og lungesjuke og skal nyttast til eit forprosjekt til eit prosjekt som skal gjennomføre forsking. Deltakara-ne i prosjektet skal også gje inn-

spel til kvalitetsforbetring av fagle-ge retningsliner for rehabilitering og oppfølging av personar som lev med KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

Engasjerte i forbetringsarbeidBrukarane skal i første omgang delta i utvikling av kvalitetsfor-betringsarbeidet i 2012 og 2013.

Prosjektgruppa består både av hel-searbeidarar, pasientar og forska-rar. Dei hadde sitt første møte i september 2012.

To medforskarar intervjuaEin viktig del av prosjektet er ei medforskaropplæring på bachel-ornivå som går over fem kursdag-ar våren 2013. Denne opplæringa

Det er i dag aukande forståing for nytten av brukarinvolvering i kvalitetsforbetring av helsetenestene. Her fortel to nye medforskarar om deira deltaking i eit KOLS-prosjekt ved Høgskulen i Sogn og Fjorda-ne.

Av: Charlotte Eikefjord Holen

Styrka brukardeltaking

Å forske samen med [brukarane] gjev oss høve til å få nye svar. Dette gjer at vi kan oppnå best mogleg oppfølging og tilbod av helsetenester.- Grete Berg Grimelid

Grete Berg Grimelid Steinar Valvik

Page 7: Infou nr 1 2013

starta opp 11. mars 2013.I samband med denne første dagen i medforskaropplæringa intervjua vi to av deltakarane; Steinar Valvik og Grete Berg Gri-melid. Valvik er snart 69 år, og har diagnosen KOLS. Han kjem frå Bygstad. Grimelid er spesialsjuke-pleiar i Helse Førde.

Motiverte deltakararSteinar Valvik fortel at han synes det er spennande å kanskje kunne vere med å påverke rehabiliteringa til denne pasientgruppa og det tilbodet som vert gjeve i kommu-nane. Gjennom deltaking i pro-sjektgruppa får han også høve til å treffe andre som er interesserte i dei same emna. Han får også innblikk i korleis andre med same diagnose har det.

Ønskjer ny kunnskapGrete Berg Grimelid fortel at ho har teke vidareutdanning inn-an lungesjukepleie. Då Halding trengde helsepersonell i denne

prosjektgruppa, blei ho spurd om å vere med. Grimelid arbeider mellom anna med lungerehabi-litering. Ho poengterer at det er viktig at vi er opptekne av desse pasientane sine behov, og kva dei treng av tilbod for å meistre livs-situasjonen sin på ein best mogleg måte. - Å forske samen med dei gjev oss høve til å få nye svar. Dette gjer at vi kan oppnå best mogleg opp-følging og tilbod av helsetenester, seier ho.

Erfaren brukarrepresentantValvik har delteke som brukar-representant tidlegare. Frå 2008-2011 deltok han i eit prosjekt i Helse Førde som skulle betre opp-følgingstilbod og rehabilitering til pasientar med diagnosen KOLS. Det har i fleire år vore eit læ-rings- og meistringstilbod, såkalla KOLS-skule, i Førde og Florø. Han har også vore med å starte eit bru-karstyrt nettverk i Førde (2011) for dei som har diagnosen.

Nye rollar for brukararGrete Berg Grimelid seier at det ikkje var så vanleg å trekke bruka-rane med i planlegging av tilbodet då ho starta med KOLS-rehabili-tering, men etterkvart vart bruka-rane trekt med som rådgjevarar i utviklinga av KOLS-skulen. Tidlegare deltakarar er også med på kursa for å dele erfaringar med nye KOLS-skuledeltakarar om korleis det er å leve med sjukdo-men.

Grimseid fortel vidare at personar som lever med KOLS tidlegare har vore med i prosjektgrupper for å få kvalitetsforbetring av tilbodet til pasientane. Her kan nemnast bru-karstyrt nettverk (vidareutvikling av KOLS-gruppene), og “Hver-dagen med oksygen”. Sistnemnde er utvikling av ein informasjons/kommunikasjonsperm for helse-personell og brukarar. Målet med denne er auka kunnskap og betre oppfølging av oksygenbrukarar.

InFoU nr. 1 - 2013 Forskingsprosjekt

7

Prosjektleiar Anne-Grethe Halding (nummer to frå venstre) og deltakare frå prosjektgruppa som består av helsearbei-darar, pasientar og forskarar.

Page 8: Infou nr 1 2013

Ulrikke Hernæs er tilsett i Hel-se Førde i ei forskarstilling der målet er å evaluere fedmekirur-gi frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv.

Hernæs er 27 år og har mastergrad i samfunnsøkonomi frå Norges Handelshøgskule i 2012. Stillin-ga er førebels på eit år, og er eit samarbeid mellom Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen (UiB).

– Det er eit mål å søke midlar frå eksterne kjelder for å oppnå eit fullt PhD-prosjekt, fortel Lars-Pet-ter Jevnaker, Seniorrådgjevar i Helse Førde.

Sjukleg overvekt fører med seg til-leggssjukdommar og vanskar med å klare seg i arbeidslivet. Målet

med første del av dette prosjektet er å utforske i kva grad sjukleg overvektige som får fedmekirurgi ved Førde Sentralsjukehus tek del i arbeidslivet, kva faktorar som kan bidra til om dei er i arbeid eller ikkje, og å undersøke om dette skil seg frå normalbefolkninga.

– Vidare arbeid i prosjektet vil fokusere på endring i arbeidslivs-deltaking, helseutgifter og helsere-latert livskvalitet etter behandling, seier Jevnaker.

Prosjektet er eit polsk- norsk for-skingssamarbeid. I korte trekk går prosjektet ut på å utvikle eit data-program som skal hjelpe legane å klassifisere ein spesiell type ledd-gikt. Biletet over viser den norske delen av prosjektgruppa som på noverande tidspunkt består av ( frå venstre): Preben Gråberg Nes, Pawel Mielnik og Marcin Fojcik. Preben Gråberg Nes og Marcin Fojcik representerer ingeniørut-danninga i Førde, medan Pawel Mielnik er lege i Helse Førde.

Midlane til prosjektet er tildelt frå EØS-midlane til forskingssamar-beid med Polen. På Forskingsrådet si nettside kjem det fram at kvali-teten på søknadane var svært høg, og det var skarp konkurranse.

Av 269 søknader ble183 funne støtteverdige. Heile 95 prosjekt fekk toppscore (20/25 poeng) og av desse vart 47 prosjekt finansiert med totalt 280 millionar kroner.Prosjektet MEDUSA oppnådde

20,5 poeng av 25 moglege. HiSF er ein av berre tre høgskular som fekk tildeling, og Helse Førde ett av berre to sjukehus. Vi gratulerer! Les meir om Forskingsrådet si tildeling her.

Forskar på samfunnsøkonomi

InFoU nr. 1 - 2013 Forskingsprosjekt

Nytt forskingsprosjektHiSF og Helse Førde er med i det spennande forskingsprosjektet MEDUSA.

Av: Charlotte Eikefjord Holen og Ragna Lillevik

8

Page 9: Infou nr 1 2013

”Denne boken har en dårlig nyhet: Angst er et vanlig problem hos barn. Men den har også en god nyhet;at det finnes god og effektiv hjelp.”

Desse orda frå professor Einar Heiervang sler ann tonen i boka Barnehagebarn og angst av Kirsten Flaten. Flaten har skrive den første norske boka om dette temaet retta inn mot barnehagelærarutdannin-ga og tilsette i barnehagen.

Med barnehagen som ramme gjev forfattaren eit innblikk i kva angst er og korleis ulike typar angst artar seg. Boka gjev dei

vaksne rundt barnet innsikt og verktøy for å forebyggje og redusere angsttendensar hos barn. Stoffet vert illus-tert med ulike case, og kvart kapittel og vert avslutta med refleksjonsoppgåver. Boka er fagfellevurdert.

Barn sin angst kan vere vanskeleg å legge merke til. Ein veit ikkje heilt kva ein skal sjå etter, og ein veit ikkje heilt om ein skal ta signala på alvor. Samtidig er det slik at dei fleste vaksne med angst har vanskar også som barn. Men hittil har det i gjennomsnitt gått fleire tiår før dei som vaksne,

kanskje etter å ha falle ut av utdan-ning eller arbeidsliv, endeleg får hjelp for vanskane.

Dei mange innlegga og helsin-gane på boklanseringa i Sogndal 15. mars illustrerte betydningen boka har for å fremme kvalitet og profesjonaliteten i barnehagelær-arutdanninga. Det vart påpeika at dette er ei viktig bok for alle som er opptekne av barns utvikling. Den breie fagbakgrunnen til for-fattaren vart også trekt fram som ein stor styrke som viser att i boka. Kirsten Flaten er allmennlærar med Master i spesialpedagogikk og cand.polit. psykologi. Ho arbeider ved Psykisk helsevern for barn og unge, Sogndal BUP, Helse Førde, og har gjennomført forskingsprosjekt for å komme fram til kostnadseffektive måtar å forebygge angstutvikling hos barn på.

InFoU nr. 1 - 2013 Bøker

Barnehagebarn kan ha angstKirsten Flaten har lansert ny bok med gode og dårlege nyhende for tilsette i barnahagar.

Av: Marit Solheim

Bilde frå boklanseringa: frå venstre seksjonsleiar Tore Hågård, Kirsten Flaten og avdelingssjef Liv Åse Dybdal.

9

Page 10: Infou nr 1 2013

InFoU nr. 1 - 2013 Artiklar/avhandlingar

Førstelektor Grete Fischer, avde-ling for samfunnsfag, har skrevet fagartikkel i siste nummer av Tidsskrift for psykisk helsear-beid. Kan bildeskaping være en kilde til velvære, er spørsmålet hun stiller.

Fischer har gjort en kvalitativ un-dersøkelse av temaet. Spørsmålet som stilles i artikkelen, er hvordan ulike former for motivasjon får betydning for tanker og følelser knyttet til aktiviteten hos amatører som maler bilder som en fritids-aktivitet. I analysen står begrepene indre og ytre motivasjon, flyt, hedonistisk og eudaimonistisk motivasjon og glede sentralt.

Undersøkelsen har vist at gleden

ved aktiviteten (indre motivasjon) er den sentrale motivasjonskilden. For noen er opplevelse av flyt et mål i seg selv.

Andre vektlegger det å uttrykke det personlige (eudaimonia). I begge tilfeller beskriver infor-mantene en sterk konsentrasjon om aktiviteten. Flyt innebærer en positiv emosjon, men det er ikke snakk om sterke følelser.

Ved eudaimonia kan både sterke positive og negative følelser være en integrert del av bildeskapin-gen. Gleden blir da knyttet til det å kunne formidle det personlige i møtet med motivet/bildet. Det å stå i disse følelsene blir viktig for å finne fram til uttrykksformer som

speiler hvem de er eller ønsker å være. Les artikkelen her (s. 55).

Kjelde: www.hisf.no

Å male bilder som en kilde til velvære

Førsteamanuensis Amund Riiser fikk i desember tildelt Voksen-toppenprisen 2012 for arbeidet med doktoravhandlingen 'The role of bronchial hyperresponsi-veness in childhood asthma'.

Amund Riiser ved Institutt for idrett disputerte i desember ved Universitetet i Oslo. I samme må-ned ga Oslo universitetssykehus Voksentoppenprisen 2012 og kr 30 000 til Riiser for arbeidet med avhandlingen.

Innstillingen"Gradsarbeidet bygger på Miljø Barneastma (MBA) studien i Oslo, en longitudinell kohortstudie av barn 0-2 år etablert i Oslo 1992, og senere undersøkt ved 10 og 16 års alder.

I sine studier fant han at bronkial

hyperreaktivitet (BHR) predikerte astma seks år senere, og at meta-kolintesten predikerte astma bedre enn anstrengelsestesten. Barn med residiverende luftveisobstruksjon ved to års alder hadde økt fore-komst av BHR ved 10 og 16 års alder. Bronkial reaktivitet avtok

mellom 10 og 16 års alder, og utvik-lingen var ikke påvirket av høyde eller lungestørrelse, og i liten grad av kjønn, astma, rhinitt eller aller-gisk sensitivisering.

Gradsarbeidet består av et sam-mendrag og tre artikler. Alle tre artikler er publisert i meget aner-kjente og høyt rangerte tidsskrifter.

Kandidaten har tilegnet seg god metodologisk forståelse av viktige kliniske undersøkelser, statistiske analyser og opparbeidet enestående forskningskompetanse og kunn-skaper som materialiseres i artikler publisert i de beste tidsskrifter internasjonalt."

HiSF gratulerer - både med flott disputas og Voksentoppenprisen!

Kjelde: www.hisf.no

Pris til førsteamanuensis Amund Riiser

10

Page 11: Infou nr 1 2013

InFoU nr. 1 - 2013 Informasjon

11

Av: Randi Jepsen

Statsministeren Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen presenterte Forsknings-meldingen (Meld. St. 18 (2012-2013) Lange linjer - kunnskap gir muligheter) på Universitetet i Bergen den 8. mars 2013. Ansatte, studenter og journalister var til stede, og presentasjonen kan ses på Nett-TV.

Status og veien videreMeldingen gjør opp status for norsk forskning og legger fø-ringer for veiene videre. Antall vitenskapelige publikasjoner med norske forfattere øker støtt, flere og flere tar PhD, og kvinneande-len av PhD’er er nå over 50 %. Til gjengjeld er det lang vei før den lave kvinneandelen i toppen av akademia er rettet opp. Regjerin-gen ønsker mer forskningsfor-midling utenfor snevre fagkretser og bedre kvalitet på forskningen. Kvalitetsforbedring skal bl.a. skje gjennom mer samarbeid mellom forskningsinstitusjoner og mellom offentlige og private aktører, mer internasjonalt samarbeid og mer spesialisering i toppen av norsk forskning. Statsministeren vil at «forskningen skal snakkes opp», og at forskere skal oppnå større anerkjennelse. Åpen adgang til forskningsresultater og -artikler skal forbedres.

Regjeringen lover økte bevillinger i statsbudsjettet i årene fremover og ønsker at næringslivet skal bidra mer. En langtidsplan for norsk forskning de neste 10 år skal gi langsiktighet og forutsig-

barhet. Forskningsrådet vil få en sentral rolle i å utforme planen, og forskningsinstitusjonene skal bidra. Regjeringen mener norsk forskning generelt har god kvali-tet, og at den på noen felt utmer-ker seg spesielt, men at det altså er rom for forbedringer.

Utdanning og innovasjonUtdanningsinstitusjonene skal satse mer på sammenheng mellom forskning og utdanning. Studenter skal i større grad stille forsknings-spørsmål, lære om og delta i forskningsprosesser. Prestisje i og belønning for at legge til rette for dette skal økes.

Regjeringen trekker frem behovet for innovasjon både i offentlig sektor og i næringslivet, bl.a. innenfor helse og omsorg. Forskningssamarbeid må skje på tvers av disipliner og fagfelt. Næ-ringslivs-PhD-stipendiater finnes allerede, og nå skal det jobbes mot offentlige PhD’er som kan knytte akademiske institusjoner og offentlige arbeidsplasser tettere sammen.

ForskerstillingerUniversitets- og høgskolesektoren har alt for mange midlertidige stillinger, og regjeringen vil at det skal utarbeides lokale handlings-planer for å komme problemet til livs. Dessuten ønsker man en prøveordning med såkalte inn-stegsstillinger i noen fagfelt. Det er 300 åremålsstillinger på 4-6 år for rekruttering inn i forskerstillinger og med utsikt til fast stilling i den andre enden.

Regjeringens presentasjon av Forskningsmeldingen – kort fortalt

FoU-kalenderApril:Seminar i utarbeiding av pro-sjektsøknad (samarbeidspro-sjekter AHF/praksisfeltet) 11. april kl 16.00 – 18.30

Seminar om omsorgsforsking 19. april 2013 11:45-14:45, HiSF, Campus Førde

Mai:Nordic Health Research and Innovation Network, konfer-sanse 6.-8. mai 2013, Solstrand

Kunnskapssenterets årskon-feranse Bergen 23. mai 2013 08:30-15:14

Juni:Seminar innen overvektsfors-kning 7. juni, FSS. Program vert lagt på heimesidene til HF og HiSF

Utlyste midler frå ExtraStif-telsen Helse og Rehabilitering. Søknadsfrist 15. juni. NB! Alle søknader må gjennom ein organisjon, med ein tidlegare frist.

Fjordkonferansen 20.-21.juni, Alexandra Hotel, Loen

Page 12: Infou nr 1 2013

12

Samhandlings-barometeretAv: Runar Tengel Hovland

Samhandlingsbarometeret er ein nettstad som skal gjere samhand-lingsrelatert kunnskap tilgjengeleg for kommune- og spesialisthel-stenesta i Sogn og Fjordane, og styrke grunnlaget for samarbeid mellom partane som er kommu-nane, Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Gjennom å gjere tilgjengeleg data, kunnskap og informasjon frå partane øn-skjer ein mellom anna å legge til rette for å sikre føreseieleg og lik tilvisingspraksis til spesialisthelse-tenesta, tilrettelegge for naudsynt forbetringsarbeid og forsking og fagutvikling i kommunane.

Data frå Samhandlingsbaromete-ret kan fritt nyttast og data kan på ein enkel måte hentast ut, og også byggast inn på eigne nettstader om ønskjeleg. Målet er å få til ein god læringssløyfe: Kommunar kan samanlikne seg med andre kom-munar, data kan danne grunnlag for forsking og prosjektoppgåver, kunnskap frå prosjekter kan delast i portalen, partane kan nytte kunnskapen som ledd i forbe-tringsarbeid, resultat frå forbe-tringsarbeid kan igjen delast osv.

Samhandlingsbarometeret er i dag drifta som eit prosjekt med Helse Førde som eigar og finansiert med samhandlingsmidlar frå helse Vest. Ein prosjektleiar står for utvikling og drift, og ei arbeids-gruppe bidreg med råd og sørgjer for samarbeid mellom partane. Høgskulen er representert med rådgjevar for fou i prosjektgruppa. I løpet av våren skal det vurderast kva rolle HiSF skal ha i Samhand-lingsbarometeret.

Av: Runar Tengel Hovland

Styret i HiSF vedtok 7. februar strategi for fou og dermed også etableringen av et forsknings-administrativt nettverk i HiSF (Fane). Formålet med Fane er:• å bidra til informasjons- og

kunnskapsdeling mellom støt-tefunksjoner knyttet til fou

• å være et forum for drøfting av forskingsadministrative spørsmål

• å være en pådriver for å ut-vikle beste praksis for fou-ak-tivitetene i høgskulen

• å være et rådgivende organ og aktiv støttespiller for fou-ut-valg og Seksjon for fou

Fane skal spille en viktig rolle i ytterligere å styrke støtten til det økende omfanget av forsknings-aktivitet i HiSF, og i tillegg knytte tettere bånd mellom institutt, avdelinger og sentrale stab- og støttefunksjoner som er involvert

i fou-arbeid. Oppgavene til Fane vil i grove trekk være å følge opp og diskutere fou-problemstillin-ger samt saker som fou-utvalgene behandler. Spørsmål som oppstår lokalt og sentralt skal kunne få et svar som er felles der det er mulig. Motsatt skal Fane også kunne løfte frem problemstillinger som trenger en drøfting og forankring i fou-utvalgene.

Eksempel på aktuelle saker for Fane er: budsjetteringsarbeid ved eksterne søknader, rutiner for eksterne oppdrag, formalia rundt godkjenning av prosjekter, forskningsverktøy, formidling og arkivering av forskningsdata etc. Fane skal også fungere som en kompetansehevingsarena for med-lemmene. Viktige grunnprinsipp for Fane er at arbeidet som utføres skal fremme forskningen i HiSF og at informasjon, kunnskap og løsninger skal deles.

Etablering av Forskningsadminis-trativt nettverk (Fane) i HiSF

InFoU nr. 1 - 2013 Informasjon

Page 13: Infou nr 1 2013

InFoU nr. 1 - 2013 Informasjon

13

«Prinsipielt mener regjeringen at alle vitenskapelige artikler som er resultat av offentlig finansiert forskning, skal være åpent tilgjen-gelige», Klima for forskning (St.meld. Nr. 30:2008-09). Argumenta for Open Access er mange; fritt tilgjengelig kunnskap; solidaritet overfor økonomisk svakare stilte land eller institusjonar, forsking må spreiast; og ikkje minst slepp forfattaren å seia frå seg rettane til publikasjonen. Trass gode argu-ment for denne publiseringsmo-dellen så er det ein jungel der ute, noko som ein - på lik line med tett oreskog på Vestlandet - kan gå seg vill i.

All offentleg finansiert forsking vert målt gjennom målesystem frå Kunnskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet eller Forskingsrådet. Eit kom-plekst system med kvalitetssikring, rutinar og prosedyrar inngår før

statistikken er endeleg. For at publikasjonar skal telja i denne samanhengen må kvart einskilt bi-drag tilfredsstilla ei rekkje krav, og val av publiseringskanal er i denne samanhengen viktig. Mange Open Access-utgjevarar utnyttar diverre publiseringsmodellen gjennom å la forskarane betala dyrt for å publisera utan noka fagfellevurde-ring av artiklane.

Men det er ikkje berre sjølve publiseringa som skapar problem. Lik krokodillar som ventar på den tyrste gnuflokken som nærmar seg vassholet, vaktar predatorforlaga på våre unge forskarar. Mange stipendiatar og ferske doktorar får smigrande tilbod om plass i tidsskriftredaksjonar, men her òg er det på sin plass med varsemd. På lik line med at ein ikkje ynskjer at norsk forsking skal koma til ut-trykk i useriøse kanalar vil ein hel-ler ikkje at norske forskarar skal

identifiserast med desse i form av å stå på redaksjonslister.

Det kan då verka utfordrande å møta oppmodinga om Open Access-publisering, og vidare få dette til å harmonera med mål-setjing om at norsk forsking skal publiserast i seriøse tidsskrift. Omfanget av useriøse aktørar er enormt og det er heller ikkje lett å laga seg verkty for skilja desse frå dei seriøse. Likevel finst det eit par kjelder som er til hjelp: I fyrste rekkje finn ein Open Access Scholarly Publishers Association, som er bransjeorganisasjonen til dei seriøse aktørane. Men ei verke-leg nyttig kjelde til informasjon om fenomenet er bloggen til den amerikanske bibliotekaren Jeffrey Beall.

Senter for helseforsking tek gjerne i mot spørsmål om Open Access!

Ver varsam med Open Access-publiseringI jungelen av Open Access-tidsskrift er det lett å gå seg vill (og til og med skjemma seg ut).

Av: Lars-Petter Jevnaker

InFoU nr. 1 - 2013 Informasjon

SENTER FOR HELSEFORSKING ER:

Marit Solheim, forskingsleiar Lars-Petter Jevnaker, seniorrådgjevar tlf 57 72 25 31 tlf 915 32 913 [email protected] [email protected] [email protected]

Ragna Lillevik, førstekonsulent Ta kontakt med oss dersom tlf 57 72 25 79 du treng hjelp til noko [email protected] i samband med forskinga di!

www.helseforsking.no