infou nr 4
DESCRIPTION
Nyhendeskriv frå Senter for helseforsking i Sogn og Fjordane.TRANSCRIPT
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
1�
InFoU� Senter for helseforsking�Nyhendeskriv nummer 4 desember 2010 årgang 2�
Julebrev�s.2 kan livsstilsbehandling� hjelpe overvektige?�
s. 3 Fedmeoperasjon gjev� best langtidseffekt�
s. 4 Vil hjelpe elevar å meistre� angsten�
s. 6 Nye behandlingsmetodar� for angst�
s. 7 Forskingsresultat vekkjer� interesse i USA�
s. 8 Stipendiat til Helse Førde�
s. 8 Interessert i å forske på� kvalitet og pasienttryggleik?�
s. 9 Gjertsen tilsett som� stipendiat�
s. 9 Vann pris for beste poster�
s. 10 - Kunst bidreg til betre helse�
s. 11 Mot tettare samarbeid om� eldre og teknologi�
s. 12 Kvalitet og kvalitetsproblem� for demensråka�
s. 13 Makt og motmakt i sykehjem�
s. 14. Publisert siden sist�
s. 15 Delta i Kvalitativt forum�
s. 16 Forskingspris til Geir Kåre� Resaland�
Julebrevet frå� med adresse HF�og HSF - korleis skulle så det sjå ut? Som for�andre brev vil det vere avhengig av kven som�skriv. Familien er mangfaldig. På Forskingsda-�gane i haust var 11 av avdelingane i HF og alle�dei fem avdelingane ved HSF representerte�
med presentasjonar innan helse. Om eg var brevskrivaren�ville eg fortalt om dette mangfaldet!�
Så ville eg ha lagt inn litt skryt: Artiklar i vitskaplege�tidsskrift, kronikkar, masteroppgåver - forskings- og ut-�viklingsarbeid som bidreg til betre helsetenester. Eg ville�nok også ha lurt inn ei setning om at den første som har�fullført heile PhD-løpet ved Avdeling for helsefag disputerte�dette året.�
Bak linjene over ligg arbeid – mykje arbeid. Eg ville ha�skrive om hardt arbeidande forskarar, leiarar som legg til�rette for FoU og kollegaer som bidreg. Så ville eg ha fortalt�om søknadsskriving og samtalar om ferske funn.�
På baksida av brevet: Bilete av køen framfor mikroskopet�på Forskingsdagane. Bøker tilsette har vore involverte i,�med hint om kjøpe.�
Til slutt i brevet ville eg teke med eit sitat frå ein disputas i�haust: På eit av spørsmåla om materialet - blod - kom det�spontant frå doktoranden:�
Med desse orda ønskjer eg dykk alle god jul!�
Beste helsing�Marit Solheim�
INNHALD�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
2�
- Det er positivt å ha den eine rettle-�iaren så nært, men eg håpar vel at eg�slepp å ta i bruk desse bankesignala,�sjølv om eg har tenkt på det, seier ho.�Randi Jepsen er den nyaste doktor-�gradsstipendiaten i gruppa som�forskar på sjukleg overvekt.�
To år med innsamling�Ho skal sjå nærare på helserelatert�livskvalitet før og etter livsstilsbehan-�dling for sjukleg overvekt. I desember�var ho og idrettspedagogen Eivind�
Aadland ferdig med�den første innsam-�linga av datamateri-�ale frå 50 pasientar.�Den siste gruppa�med pasientar er�nettopp ferdige�
med eit seksvekers opphald på Haug-�landssenteret. Jepsen og Aadland har�fått eit nytt sett med datamateriale å�analysere. I løpet av to år skal pasien-�tane inn til behandling fire gonger, og�dei to doktorgradsstipendiatane skal�følgje dei heile vegen.�
– Vi skal sjå på variablar som fysisk�form, vekt, matvanar, blodprøver, kor�fysisk aktive dei har vore i tida før og�etter at dei kom til Hauglandssenteret�og korleis dei opplever eigen situasjon�og livskvalitet, fortel Jepsen.�
Utfordrande metode�Det er knytt uvisse til resultata av�livsstilsbehandling for sjukleg over-�vekt. – Hovudspørsmålet vårt er kven�denne behandlinga kan hjelpe, seier�Jepsen. Spelar det noko rolle om du er�kvinne eller mann, høgt eller lågt ut-�danna, kor fort du går ned i vekt og�korleis du trenar? Avanserte metodar�blir nytta for å sjå om det let seg gjere å�dele pasientane inn i subgrupper med�felleskjenneteikn.�
Jepsen fortel at ein del tidlegare stu-�diar er vanskelege å etterprøve på�grunn av svakheiter med design og�innsamling. – Det er ikkje alltid så�greitt å vite kva tidlegare studiar har�meint med livsstilsbehandling. Meiner�dei at pasienten har fått eit tilrettelagt�opplegg, eller har legen berre sendt�pasienten heim med klar melding om å�
kome seg opp av sofaen?, seier�Jepsen.�
Randi Jepsen og teamet er difor�nøye med datainnsamling og me-�tode. –Forskinga skal vere etter-�prøvbar. I og med at dette er ein�veldig open studie, er det ekstra�viktig. Vi ynskjer å finne ut så�mykje som mogleg om kva som er�fellesnemnarar for at livsstilsbe-�handling skal fungere. Analysane�våre blir veldig omfattande fordi vi�må inkludere alle moglege�variablar og så luke ut etter kvart,�seier ho.�
Kva er målet?�Det er ikkje berre metodane og�analysane som er skapar hovudbry�for den tidlegare kreftsjukepleiar-�en, høgskulelektoren, studieleiaren�og internasjonale koordinatoren.�
Som elles i helsefremjande arbeid�er det ei stor utfordring er å konk-�retisere kva resultat som er bra og�kva som er dårleg. Er målet at�pasientane skal bli normalvektige�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 OVERVEKT�
Kan livsstilsbehandling hjelpe overvektige?�
Foto: sxc.hu�
På eit kontor i lettbygget på Vie sit doktorgradsstipendiat Randi Jepsen og analy-�
serer ei mengd variablar. Ho skal finne ut kven livsstilsbehandling kan fungere for.�
Skulle ho stå fast i arbeidet kan ho banke i veggen med SOS-signal.�
RANDI JEPSEN�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
3�
eller kan ein seie at livsstilsbehan-�dlinga fungerer dersom nokre pasien-�tar går ned 10 prosent, normaliserer�blodtrykket, blir kvitt diabetesen eller�dei kjenner at dei meistrar kvardagen�på ein ny og betre måte?�
- Ein ting er også kva mål vi som for-�skarar set oss for studien, men det vik-�tigaste er kanskje kor tid eller kva skal�til for at pasientane får det bra og au-�kar livskvaliteten sin?, seier Randi�Jepsen.�
Dei første resultata frå studien skal leg-�gast fram på ein stor internasjonale�konferanse i Istanbul i mai.�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 OVERVEKT�
Tverrfagleg samarbeid�Randi Jepsen fortel ivrig om arbeidet og�målsettingane. Sjølv hadde ho aldri�trudd dette skulle bli forskingsemnet.�
- Eg har ikkje spesialisert meg på dette�feltet tidlegare, men det er utruleg span-�ande. Ikkje minst er eg særs glad for det�tverrfaglege samarbeidet, seier ho. Det�tette samarbeidet ho har med fagmiljøet�innan fedmebehandling og forsking i�Sogn og Fjordane styrkar prosjektet trur�ho . – No blir problemstillingane granska�frå ulike vinklar og alle som er med�lærer utruleg mykje av kvarandre og dei�fagfelta vi representerer.�
For Randi er det motiverande å�arbeide tett med ei forskings-�gruppe. – Vi kan arbeide saman�og halde kvarandre oppe. Å ta ei�doktorgrad er ikkje berre enkelt,�det kan bli tunge dagar, men det�er målet at dei kjekke dagane�skal vege opp for dei litt tyngre,�seier Jepsen.�
– Vi som forskar på andre sin�livskvalitet må jo hugse på vår�eigen livskvalitet opp i det heile�også, avsluttar Randi Jepsen.�
Den siste tida har det vore ein høglydt�debatt om fedme er ein sjukdom eller�ikkje. Det heile starta med eit blog-�ginnlegg av Kari Jaquesson, som er ein�aktiv meiningsytrar på emne som kost-�hald, trening og livsstil.�«�Fedme er�ikke noe du HAR!»�,� skriv ho i blog-�ginnlegget.�
- For dei som har ein KMI over 40, så�er fedmen definerert som sjukdom.�Det kan også gjelde dei som har KMI�på 35 og i tillegg har fedmerelaterte�sjukdommar som til dømes diabetes.�Der KMI står for kropssmasseindeks�og seier noko om balansen mellom�høgde og vekt, seier John Roger An-�dersen. Han er ein av forskarane knytt�til fagmiljøet.�
Kva behandling fungerer?�Andersen har nett avslutta si doktor-�gradsavhandling om "Helserelatert�livskvalitet før og etter kirurgisk be-�handling for sjukleg overvekt". – I for-�skargruppa ser vi no grundigare på�
om livsstilsbehandling faktisk fungerer�for å redusere vekta. Så langt er forsk-�ingsresultata i tilknyting til denne be-�handlingsforma nedslåande. Slik�behandling fungerer dårleg på lengre�sikt, og berre for eit fåtal pasientar, for-�tel Andersen.�
Nettverk for fedmeforsking som HSF�og Helse Førde er sentrale partar i, har�tre doktorgradsstudentar knytt til seg i�tillegg til to som er i oppstartsfasen�med slikt arbeid. Forskinga er i hovud-�sak knytt opp mot Helse Førde og�overvektsoperasjonane som skjer der�samt to prosjekt som er knytt til stu-�diar av livsstilsbehandling ved Haug-�landssenteret.�
Livsstilsbehandling�Behandlinga på Hauglandssenteret in-�neheld kognitiv terapi for å påverke�åtferda. - Mange har negative tankar�og kjensler knytt til åtferda og sabot-�erer seg sjølve, fortel Andersen. I tilbo-�det om livsstilsbehandling får dei hjelp�
til å meistre dette i tilegg til�mykje fysisk trening/aktivitet og�ein del som går på ernæring.�
Forsking syner at med kirurgi får�om lag 80 % av pasientane gode�langtidseffektar i høve vekttap,�medan det for livsstilsbehandling�i beste fall er om lag 10 % suk-�sess.�
- Forskinga tilseier at dei fleste�som er sjukleg overvektige og�som treng vesentleg vekttap bør�velje operasjon. Eit mål med for-�skinga vi gjer no, er at vi prøver å�forutsjå kven som kan ha nytte�av livsstilsbehandling. Då får ein�målretta behandling av fleire,�som også vil påverke suksess-�raten av behandlingane, seier�John Roger Andersen.�
John Roger Andersen, stipendiat ved HSF�
Fedmeoperasjon gjev best langtidseffekt�Debatten om fedme er sjukdom eller ikkje har rasa i�media den siste tida. Forskarar frå høgskulen er sentrale i eit av�landets få fagmiljø på fedmeforsking.�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
4�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PSYKISK HELSE�
- Behovet for hjelp til angstmeistring�er godt dokumenter og vi ønskjer no å�prøve ut eit treningsprogram for ang-�stmeistring som kan nyttast i skulen,�seier spesialpedagog Kirsten Flaten�ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og�Førde BUP.�
Samarbeid med skulen�Flaten har saman med professor Einar�Heiervang utvikla eit treningspro-�gram for angstmeistring som med�støtte frå Regionalt forskningsnettverk�for angstlidelser har vore prøvd ut i ei�femte klasse i Sunnfjord denne haust-�en. Programmet består av fem trening-�søkter på 45 minutt kvar og inneheld�undervisning, øvingar og avspenning.�I tillegg fyller elevar og foreldre ut eitt�spørjeskjema før dei byrjar og eitt når�dei er ferdig. I desse dager held Flaten�på med å gå i gjennom spørjeskje-�maene og kan derfor ikkje seie så�
mykje om resultatet av treninga enda.�Men nokre inntrykk har ho danna seg:�
- Angst er meir vanleg enn ein trur,�men fordi den ikkje er synleg for an-�dre vert ein like overraska kvar gong�dette vert tatt opp. I klassa som eg�gjennomførte treningsprogrammet i�skil elevane seg ikkje noko vesentleg�frå andre elevar. Dei kjem frå heimar�som heller ikkje skil seg ut på noko�vis, men angst er ikkje fråverande av�den grunn. Dette bilete samsvarar�godt med kartleggingar som mellom�anna Barn i Bergen-undersøkinga�også finn, seier Flaten.�
Imponert over elevane�Det var også knytt litt spenning til ko-�rleis elevane ville reagere på trening-�sprogrammet, men elevane som�deltok imponerte forskaren:�
Vil hjelpe elevar å meistre angsten�
- I det heile har det vore ein fin�prosess der skulen, foreldre og ele-�var har vore positive. Eg vart im-�ponert over kor raskt elevane�forstod programmet og kor posi-�
Fleire norske studiar dei siste åra har vist at talet på born som slit med ulike typar angst er relativt�
høg. Ein studie gjennomført i Nord-Trøndelag syner at nesten fem prosent av elevane i sjette til�
niande klasse har plager av ein slik grad at det kan kvalifisere til diagnosen sosial angst, og Barn i�
Bergen-undersøkinga viser at blant skulebarn er angst meir vanleg enn utagerande atferd.�
Fakta om angst:�Utbreidd liding, antatt at 10% av�befolkninga slit i så stor grad at det�burde vore behandla.�
Vanligste angsttyper hos barn;�separasjonsangst, sosial angst og�generalisert angst.�
Kun 13% av barn som slit med angst får�behandling.�
I motsetning til det ein trudde før veks�ein ikkje av seg angst. Fører til mykje�unngåing og vegring, noko som over tid�vil vedlikehalde angsten.�
Vanskelig å oppdage, også for foreldre.�Barn med angst prøver gjerne å skjule�at dei har angst, og vegrar seg for å�oppsøke eller be om hjelp.�
Kan over tid føre til depresjon og�einsemd.�
Kognitiv terapi har vist å være svært�effektiv i behandling av angst.�
Illustrasjonsfoto: sxc.hu�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
5�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PSYKISK HELSE�
tive dei var til å delta. Men evna til å�konsentrere seg over lengre tid vari-�erte sterkt og av den grunn var det til�tider utfordrande å halde på merk-�semda deira. Det var knytt litt spen-�ning til korleis elevane takla å fortelje�om sine kjensler, men dette gjekk også�veldig fint, fortel Flaten og legg til at�gjennomføringa av undervisninga�med samarbeidsvillige og ivrige ele-�var viser at elevane er mottakeleg for�å snakke om kjensler. Det vart ikkje�opplevd som flaut eller rart å snakke�om dei tema som vart tatt opp.�
Ikkje berre ulemper med angst�- Men ein må også hugse på at det ik-�kje berre er ulemper med angst, og då�særskilt sjenanse, legger Flaten til. Ho�trekker fram at det i nokre samanhen-�gar er ein føremon:�
- Ein sunn sjenanse gjer oss betre so-�sialt, og er heilt naudsynt i nokre sa-�manhengar fordi det heng saman med�evna til empati og forståing. Her vil�litt angst gjere oss betre til å fange opp�sosiale signal og å tilpasse eigen åtferd�i dei ulike situasjonane. Men nokre�slit meir enn andre og målet med tren-�inga er å nå desse med eit program�som vi veit kan hjelpe. Ein viktig del�av treninga er at alle elevane skal del-�ta, slik at det ikkje vert ekstra be-�lastande for dei som slit mest frå før.�
Etter års arbeid med angstterapi fann�ho at visse fobiar er forbunde med�prestisje:�
Populær fobi�- Eg har oppdaga at blant fleirtalet av�jentene er det populært å vere redd for�edderkoppar. Sjølv om denne skrek-�ken er relativt enkel å kurere vil dei�ikkje gjere noko med det fordi det er�knytt til ein oppleving av status og�prestisje. For jentene er det eit fel-�lesskap i denne fobien, og kanskje ein�del av utviklinga inn i ein kvinneiden-�titet, seier Flaten med eit smil.�
Når data frå pilotprosjektet er ferdig�bearbeida og analysert er målet å ut-�vide prosjektet til ein doktorgrad.�
Berre eit fåtall får hjelp�- Det er berre dei seinaste fem til ti åra�at forsking på angst hos barn har fått�mykje merksemd. Store undersøkin-�gar har kartlagt problematikken på�ein god måte. Vi veit no at berre eit�fåtal av barna som treng det vert hen-�vist til BUP for behandling. I skulen er�fokuset i stor grad retta mot barn med�utagerande åtferd, samtidig som vi�veit at følgjene av angst kan verte�store seinare i livet. Målet no er å�skaffe finansiering til at treningspro-�grammet kan prøvast ut i større skala�som grunnlag for eit doktorgrad-�sprosjekt, avsluttar Flaten.�
KIRSTEN FLATEN� er høgskule-�
lektor ved Høgskulen i Sogn og�
Fjordane og spesialpedagog ved�
Førde BUP.�
Ho har mastergrad i spesialped-�
agogikk frå University of St.�
Thomas, Minnesota, og hovud-�
fag i psykologi frå NTNU.�
Flaten har publisert ei rekke�
artiklar om sosial angst og sjen-�
anse hos born. Ho arbeider også�
med terapi, både individuelt og i�
gruppe, med born, unge og�
vaksne med sosial angst.�
Prosjektet har som mål å realisere følgende:�1. Fremme utviklingen av regionale, nasjonale og internasjonale forskernettverk.�2. Legge grunnlaget for rekruttering til forskning med høy internasjonal kvalitet.�3. Utvikle en modell for integrasjon av klinisk praksis og forskning ved�poliklinikker i det psykiske helsevern, Helse Vest RHF.�4. Etablere et metodebatteri for diagnostikk og behandlingsevaluering for klinisk�virksomhet som kan danne grunnlag for effektivitetsforskning og pasientnær�helsetjenesteforskning.�5. Gjennomføre en fokusert utprøving og videreutvikling av evidensbasert�behandling for angstlidelser.�6. Utvikle egne metodepakker og forskningsdesign for barn/ungdom og voksne.�
Teksten er saksa frå strategidokumentet til forskingsnettverket.�
Om Regionalt forskningsnettverk for angstlidelser�
Professor Einar�Heiervang�(bilete) er leiar�for nettverket�saman med pro-�fessor Odd E.�Havik. Heiervang�har vore tilsett i�Helse Førde�dette året.�
Tekst: [email protected]�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
6�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PSYKISK HELSE�
200 deltakarar møtte opp då Regionalt�forskingsnettverk for angstlidingar i�Helseregion Vest arrangerte Nasjonal�kunnskaps- og erfaringskonferanse i�byrjinga av desember arrangerte kon-�feransen. Temaet var: Kva er effektiv�behandling? Korleis nå dei�som trenger det?�
Synleggjere norsk angstfor-�sking�Nettverket vert leia av over-�lege Einar Heiervang ved Un-�gdomsavdeling for psykisk�helsevern i Helse Førde, sa-�man med dr. philos Odd E.�Havik ved Universitetet i Ber-�gen. Heiervang fortel om ein�vellukka og inspirerande kon-�feranse, mellom anna med workshops�ved internasjonale ekspertar om be-�handling av psykiske lidingar. Det var�god deltaking frå VOP og BUP klinik-�kar i heile landet, også frå Helse�Førde.�
- Målet med konferansen var å synleg-�gjere norsk angstforsking, diskutere�kva som er effektiv behandlingsme-�tode og korleis ein kan nå dei som�treng behandling, seier Heiervang.�
Budsjettauke tross dramatiske kutt i�offentleg sektor�Han trekkjer fram eit døme frå Stor-�britannia kor ordninga med IAPT-pro-�grammet har vore ein suksess med�
tanke på å få langtidssjukemelde�tilbake i arbeid�
- I Storbritannia er det�etablert fleire lavterskeltil-�bod for personar med angst�og depresjonar gjennom�såkalla Increased access to�psychological treatment�(IAPT). Denne ordninga�som professor David M.�Clark ved University of�London tok initiativ til, har�gjort at tilgangen til hjelp�har auka kraftig og særs�
mange langtidssjukemelde kjem at-�tende i arbeid. Metoden har vore så�god at sjølv i eit land der ein kuttar�kraftig i offentleg sektor har IAPT fått�auka offentleg støtte, fortel Heiervang.�
Terapi utan ventetid�IAPT går ut på å gje kognitiv terapi og�assistert sjølvhjelp som lavterskeltil-�bod utan ventetid til personar som slit�med angst og depresjonar. Helsede-�partementet i Storbritannia har som�mål å utdanne 3 600 helsearbeidarar�som igjen skal behandle 900 000 britar�innan utgangen av 2011, då program-�met skal vere etablert i full skala. I lø-�pet av programmets to første år har�
over 100 000 britar fått betra si�mentale helse. Nær halvparten av�desse igjen har vorte heilt kvitt lid-�inga, i følgje det britiske helsede-�partementet sine eigne tal.�
Lønsam�investering�Heiervang�meiner at vi har�mykje å lære av�erfaringane frå�Storbritania:�
- Når ein veit�kor mange som�slit med angst�og depresjonar�i Noreg bør ein�diskutere�liknande tiltak�her også. Ein�må også vege kostnadane med å�ha personar under stønadsordnin-�gar mot å gje eit effektivt tilbod�som får folk tilbake i arbeid. Bri-�tane har rekna på det og funne det�lønsamt, avsluttar Heiervang.�
Tekst:�[email protected]�
Nye behandlingsmetodar for angst�Overlege i Helse Førde, Einar�
Heiervang, er positiv til nye�
lavterskeltilbod for personar med�
angst og depresjonar. Han viser�
til Storbritania, der erfaringane er�
gode.�
"Metoden�
har vore så god�
at sjølv i eit land�
kor ein kuttar�
kraftig i offentleg�
sektor har IAPT�
fått auka of-�
fentleg støtte."�
Professor Einar�Heiervang har i�2010 vore tilsett�som overlege ved�Ungdomspsykia-�trisk hus i Helse�Førde. Neste år�byrjar han i profes-�sorstilling ved Uni-�versitetet i Oslo.�
Illustrasjonsfoto: sxc.hu�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
7�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PSYKISK HELSE�
Forskingsresultat vekkjer interesse i USA �
Nyleg vart forskinga hans lagt merke�til av USA sitt mest prestigetunge�fagmagasin innafor psykoterapi,�”Psychotherapy Networker”. Årsaka�er ein vitskapleg artikkel Moltu har�publisert i tidsskriftet ”Psychotherapy�Research” i mai i år. Her legg han�fram resultat frå djupneintervju med�12 erfarne psykoterapeutar frå ulike�”skuleretningar” – om korleis dei�handterer og meistrar dei vanskele-�gaste terapiane.�
Det amerikanske fagbladet� skriv at�heilt sidan Freuds tid har det vore ei�semje om at terapeutar skal trenast og�spesialiserast innanfor ein teknikk og�orientering for å halde behandlinga på�rett spor. Resultata til Moltu viser der-�imot at terapeutane finn lita støtte i�etablerte diagnostiske metodar og be-�handlingstiltak når terapien vert van-�skeleg. Terapeutane vil i staden på�ulikt vis prøve å reetablere ein em-�patisk og tillitsfull relasjon med�pasienten.�
– Eg er ikkje heilt samd i det som�”Psychotherapy Networker” skriv,�seier Moltu. Det er riktig at den klas-�siske psykoanalysen var veldig�teknikkorientert, og at nokre retnin-�gar, som kognitiv terapi og fokusert�psykodynamisk terapi, spesielt utover�80-tallet, blei veldig opphengde i�teknikk - i alle fall i teorien. I praksis�trur eg psykoterapeutar har vore retta�inn mot relasjonsprosessar heile veg-�en, men det har vore få tilgjengelege�fagomgrep for denne forma for�kunnskap. Dei seinare tiåra har dette�endra seg mykje, og både psykoanal-�yse, kognitiv terapi og andre terapi-�former har gått gjennom det som kan�kallast en relasjonell dreiing i teoriane�sine. Men det betyr ikkje at teknikk og�
teoriprinsipp ikkje er viktig. Vi må�berre forstå betre kva teknikk er, og�viktigare, kva det ikkje er, seier Moltu�og legg til:�
– Tekniske psykoterapiintervensjonar�er ikkje piller. Med det meinar eg at�den lineære tanken om at ei viss�mengde intervensjonar retta mot til�dømes negative automatiske tankar�ved depresjon vil ha ein effekt i seg�sjølv. Dette er ein fordummande og�for enkel tanke som har prega ein del�forsking på psykoterapi opp gjennom�åra. No er dette eit tilbakelagt stadi-�um, fortel Moltu.�
Psykoterapiteori og psykoterapi-�teknikk er metaforar�som skal støtte�både terapeut og pasient i arbeidet�med å skape ei meiningsfull forståing�av lidinga som pasienten søkjer hjelp�for, og for kva som skjer i endring-�sprosessen.�
Moltu meiner det finst velfungerande�metodar når terapiane vert vanskel-�ege.�
– Men ein skal vere forsiktig med å�snakke om lausrivne metodar, for då�
er det så lett å skulde på metoden�viss det ikkje går. Den viktigaste�metoden er terapeuten sjølv, kor-�leis han eller ho er til stades og�regulerer seg sjølv og samspelet i�vanskelege terapiar. Kor godt han�eller ho kjenner seg sjølv og sine�sterke og svake sider, og kor flek-�sibelt og godt teoritilfang han eller�ho har for å forstå kva som skjer�når det vert vanskeleg. I forhold til�dette finst både gode teoretiske�omgrep, viktig erfaringsbasert�kunnskap og empirisk forsking.�Metodar for å reparere vanskelege�terapirelasjonar kan ikkje forståast�lausreve frå terapeuten sjølv.�
Kva er det som gjer at det skjer seg�mellom pasient og terapeut?�
– Forsking har vist at det kan vere�ulike forhold. Nokre kan vi bli be-�tre på, og nokre er utanfor vår�kontroll. Det kan vere eigenskapar�ved lidinga i seg sjølv som blir for�sterk for den terapeutiske relas-�jonen, og i slike tilfeller er det sær-�leg viktig at terapeutar er godt�forankra i eit teoretisk og fagleg�
– Tekniske psykoterapiintervensjonar er ikkje piller, seier Christian Moltu,�
psykolog ved Psykiatrisk klinikk, Helse Førde, og doktorgradskandidat�
ved Universitetet i Bergen. �
«�Den viktigaste me-�
toden er terapeuten�
sjølv, korleis han eller�
ho er til stades og reg-�
ulerer seg sjølv og�
samspelet i vanskelege�
terapiar.�»�
Christian Moltu. psykolog og forskar�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
8�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�
Prosjektet til Laugaland har sitt�utspring i tryggleiksmiljøet ved Uni-�versitetet i Stavanger og er eit del-�prosjekt innan ein større�samanliknande studie om samhan-�dling, eldre og pasienttryggleik.�
Marit Solheim, leiar for Senter for�helseforsking er lukkeleg over�tildelinga:�
- Konkurransen om stipendmidlane er�stor, og det er fleire år sidan Helse�Førde har fått tildelingar frå dei opne�utlyste forskingsmidlane. Av 113 dok-�torgradssøknadar var det berre 16�som i år fekk tilslag - og det fortel�
noko om kvaliteten på Laugaland sitt�prosjekt. Vi gleder oss over tildelinga�og noko som kan vere starten på eit�godt og fruktbart samarbeid mellom�Stavanger og fag- og forskingsmiljø i�vårt fylke, seier Solheim. Ho legg til at�slik forsking er svært viktig for å for-�betre samhandlinga om eldre pasien-�tar.�
Laugaland byrjar sin stipendperiode i�Helse Førde 1. januar 2011.�
rammeverk som dei kan regulere seg�gjennom. Det kan også vere terapeu-�tar som vert fanga av vanskelege reak-�sjonar i seg sjølve og ikkje�klarer å vere godt tilstades�i terapien. Forsking viser�at det finst gode og dår-�lege terapeutar uavhen-�gig av kva terapiretning�dei høyrer til. Ofte går�dette på personleg-�domsvariablar, og�evne til å kjenne seg�sjølv og bruke kjensler konstruk-�tivt heller enn destruktivt.�
Det er vel rimeleg å anta at det for�pasienten er uheldig om relasjonen til�
terapeuten vert broten, eg tenker på at det�kan ta tid både å finne ein ny terapeut, og�ikkje minst bygge opp att relasjonen på�
nytt til ein annan. Er det i dag for�liten fokus på desse vanskelege �prosessane?�
– Nei, tvert i mot, vil eg seie.�Den relasjonelle dreiinga som�
skjer i alle psykoterapiretnin-�gar er ofte motivert av nettopp�
ønskje om å betre kunne jobbe�med vanskelege terapiprosessar,�
saman med pasientar med ulike�grad og type liding. Her ligg det�mykje forskingsinnsats, før, no, og�truleg framover.�
Moltu kjenner ikkje til� at det ek-�sisterer noko nasjonalt oversyn�eller statistikk som handlar om for�tidleg avslutta terapiar.�
– I psykoterapiforsking vert dette�likevel sett på som eit svært viktig�punkt. Safran og Muran, to svært�anerkjende psykoterapiforskarar,�har sagt at relasjonsbrot og�reparasjon ikkje berre er forventa�delar av ein terapi, det er sjølve�terapien i mange samanhengar,�avsluttar Moltu�
Tekst:�[email protected]�
Stipendiat til Helse Førde�
I helsetenesta i dag er det eit au-�kande fokus på kvalitetssatsing og�pasienttryggleik.�
Frå 1. januar startar ein nasjonal�pasientsikkerhetskampanje som�inkluderar alle helseforetak.�
Frå Helse Førde er det mellom�anna plukka ut tre personar som�skal arbeide med Global Trigger�Tool - eit verktøy for å identifisere�og måle førekomst av skader i�helsetjenesten basert på gjennom-�gang av pasientjournalar i to år�framover.�
Fagdirektør Hans Johan Breidablik�i Helse Førde ser på dette ar-�beidet som svært viktig, og øn-�skjer å kome i kontakt med tilsette�som er interessert i å forske på�kvalitet og pasienttryggleik i Helse�Førde.�
Interessert i å forske�på kvalitet og�pasienttryggleik?�
Kristin Laugaland (bilete) har fått�stipend frå Helse Vest til Ph.d.-�prosjektet: “Quality and safety�within elderly health and care ser-�vices – the role of transitions and�interactions”. Prosjektet er forankra�i Helse Førde.�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
9�
Gjertsen tilsett som stipendiat�
- Dei neste 20-30 åra vil vi få fleire eldre i Norge, og dermed�også flere eldre med kreft i palliativ fase, seier Gjertsen.�
Gjertsen forel at det er gjort lite forsking som er direkte retta�inn på eldre og kreft, både internasjonalt og nasjonalt.�
- Det var veldig overraskande å vinne, og veldig�gledelig, seier Marianne Gjertsen.�
- Det gir motivasjon og inspirasjon til vidare arbeid med�forsking innan palliasjon, seier ein nøgd vinnar.�
Gjertsen vann med posteren: ”BETYDNINGSFULLE�RELASJONER – Hvordan personer som lever med kreft�opplever forholdet til sine nærmaste”. I tillegg til diplom�for beste poster fekk ho med seg ein premie på 3000 kro-�ner.�
I vurderinga av posteren har juryen lagt vekt på at dette er�eit viktig tema med stor betyding for mange. Studien er�presentert på ein ryddig og oversikteleg måte med godt�samsvar mellom tekst og bilete. Juryen meiner at Gjertsen�presenterer noko nytt når ho legg fram korleis den sjuke�strevar i forhold til unge vaksne barn.�
Prisen vart delt ut under forskingsdagane tidlegare i haust.�
Tekst: [email protected]�
Vann pris for beste poster�
Marianne Gjertsen ved Avdeling for helsefag er�
tilsett i stipendiatstilling ved same avdeling. Ho skal�
forske på eldre kreftpasientar i palliativ fase.�
- Vi har behov for meir kunnskap om korleis eldre�kreftpasientar i palliativ fase erfarar sin situasjon,�slik at vi kan gje pasientane god lindrende behan-�dling, pleie og omsorg når livet nærmar seg slut-�ten, seier Gjertsen.�
I følgje Samhandlingsreforma skal pasientane vere�heime lengst muleg, og eventuelt også dø heime. -�Dette krev at pårørande kan stille opp for dei sjuke�og døyande, seier Gjertsen og viser til at nære�relasjoner er særs viktig for kreftpasienter i pallia-�tiv fase:�
- Nære relasjonar gjev håp, meining, livskvalitet og�vørdnad ved livets slutt. Dette temaet har eg utfor-�ska tidlegare i masterstudiet, men då i forhold til�pasientar i alderen 45-65 år. I doktorgradsarbeidet�vil eg arbeide vidare med samme tema, no fokusert�mot eldre kreftpasientar i palliativ fase.�
Gjertsen kjem frå stillinga som fagleg leiar ved vid-�areutdanning i Lindrande behandling, pleie og om-�sorg, Høgskolen i Sogn og Fjordane�.�
Tekst: [email protected]�
DOKTORGRADSPROSJEKT�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
10�
Ho som har fått kunsten opp og fram�er Astrid Wittersø. Sjukeheimen i�Førde leigde ho inn for å få fram kun-�sten i bygget.�
- Mange av bileta, åkla og dei andre�kunstverka var gøymt bak plantar og�dører eller hang høgt opp på veggen.�Korleis skal bebuarane, tilsette og�pårørande få med seg kunsten når det�er umogleg å sjå den, spør Wittersø og�peikar på tre store plantar som tidle-�gare skjulte ein vev med Stabben fyr�som motiv.�
- Kunstsamlinga her er jo særs variert.�Noko er utsmykking av det nye�tilbygget, noko har dei fått frå samla-�rar, anna kunst er kjøpt inn og ein del�er gåver frå tidlegare bebuarar og�pårørande. Det har absolutt vore krev-�
jande å få oversikt over alle verka, in-�nhente informasjon om dei og så sette�det saman til noko som skal oppfattast�som ein heilskap i bygget, seier Wit-�tersø. Kommunen har og fått alle kun-�stverka registrert og lagt inn på data.�
Balanse i tilværet�Wittersø har samla verk frå same kun-�stnarar og avdelingane har sine eigne�kunstseksjonar. Astrup-kunsten er på�ei avdeling, åkla heng på ein stad og�akvarellar av til dømes Agnes Bjørbæk�heng for seg.�
– Fleire spør om vi har fått nye bilete�eller om det er ei utstilling, seier ein�tilsett på dagsenteret der bileta til�mellom anna Ferdinand Finne og�Anna Sofie Viken prydar veggane.�
Å få balanse på veggane og i heile�huset sett under eitt har vore eit�mål for Astrid Wittersø.�
– Form og farge påverkar folk.�Tenk deg eit tilvære der alle bileta�rundt deg var foto i gråtonar.�Truleg er det, dessverre, normalen�på mange sjukeheimar, seier ho.�Ein må ikkje undervurdere dei el-�dre, dei treng andre impulsar enn�det å mimre om gamle dagar, seier�Wittersø.�
Ho peikar på eit stort fargerikt�måleri i felleskantina og under-�strekar kor viktig fargar og former�er for folk si sinnsstemning. Ein�kan skimte eit slags landskap i eit�mylder av fargar. – Mange er vel-�dig glade i dette måleriet og blir�glade av å sjå på det.�
Førde kommune kan vere stolt�Det skal også lagast ein kunst-�guide som losar deg gjennom kun-�stverka og dei ulike kunstnarane i�bygget. – Det er ein positiv aktiv-�itet som kanskje kan vere med å�lette tankane til dei som er innom�sjukeheimen, samstundes som det�er noko bebuarar kan gjere saman�med tilsette eller pårørande, seier�Astrid Wittersø.�
- Kommunen kan verkeleg vere�stolt over arbeidet dei har sett i�gang. Samstundes må dei hugse�på at det er dei som no er ans-�varlege for å drifte prosjektet vid-�are. No kan ein ikkje berre ta fram�hammar og spikar og henge opp�bileta i all hast. Det vil krevje ein�ekstra innsats frå kommunen si�side om dei ynskjer å vedlikehalde�dette, avsluttar Wittersø.�
Tekst: [email protected]�
- Kunst bidreg til betre helse�
Foto: Runar Tengel Hovland�Kunstnaren Astrid Wittersø syner fram kunstverka på Helsetunet i Førde�
- Mange av bebuarane reagerar særs positivt på kunsten. Kunsten�
har hengt her i mange år, men det er først no den kjem skikkeleg�
fram og folk legg merke til den. Det gjer noko med dei, seier ein�
sjukepleiar på Førde Helsetun.�
ELDRE�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
11�
Utfordringar som kjem med el-�drebølga�I november møttest teknologar og�helsefagarbeidarar kvarandre på sem-�inaret ”Kan vi mekke oss til ei betre�omsorg” i regi av Senter for helsefor-�sking. Her diskuterte eit breitt sa-�mansett panel om helse- og�omsorgsteknologi er vegen å�gå for å løyse utfordringane�som kjem med eldrebølga og�fleire kronisk sjuke. Dei fleste�er einige i at teknologi kan�gjere livet enklare både for�den som treng hjelp og om-�sorgsarbeidaren gjennom til�dømes intelligent overvaking�av pasientar og smarthuste-�knologi. Men det reiser seg også ein�del etiske spørsmål ved bruken.�
- Er det eit gode eller ei krenking av�vørdnaden når alarmen går etter at fru�Jensen ikkje er tilbake i senga etter eit�nattleg toalettbesøk som har vart�lenger enn 30 minutt? Spør høgskule-�lektor Joanna Galek og legg til at�teknologi er viktig, men ein må ikkje�gløyme Kari Martinsen sine ord om at�omsorg er eit mål i seg sjølv.�
Gode forutsetningar i Førde�Mykje ligg til rette for at Førde kan�utvikle god kompetanse på helse- og�omsorgsteknologi. På Vie ligg sjuke-�huset tett i lag med høgskulen som på�si side har sjukepleieutdanninga og�ingeniørutdanninga under same tak.�Leiaren for Senter for helseforsking,�
Marit Solheim, understreka�denne mulegheita:�
- Når ingeniørutdanninga�vart flytta frå Førde sentrum�og samlokalisert med sjuke-�pleiarutdanninga på Vie�snakka vi nettopp om denne�mulegheiten av å kople�teknologifaga med helsefa-�
ga, fortalde Solheim.�
Med 13 000 nye eldre kvart år i landet�og eit fylke med høg andel av eldre i�befolkninga må ein sjå på mulegheit-�ene som byr seg, men som Marcin�Fojcik, høgskulelektor ved ingeniørut-�danninga påpeikte:�
- Eit vilkår for å samarbeide er at ein�utviklar eit språk som begge fagdisi-�pliner forstår. Ofte er det slik at ein�tek med seg sin fagterminologi i møte�
med andre og det skapar ofte un-�ødvendige hinder for samarbeid,�sa Fojcik til forsamlinga.�
I følgje Galek ønskjer Sjukepleiar-�forbundet meir teknologi inn i ut-�danninga.�
- På den måten vil kompetansen�og forståinga for teknologifaget�senke barrierane for samarbeid og�forståing mellom faga.�
Krevjande datatekniske løysinga�Avdelingsjef for Medisinsk�teknisk avdeling i Helse Førde, Jon�Erik Skei, skildra ei utvikling in-�nan den medisinske teknologien�som meir og meir går i retning av�samansette og integrert datatekni-�ske løysingar som krev mykje av�personellet. Men ein har også luk-�kast i mange tilfelle å tilpasse tek-�nologien slik at det vert intuitivt�forståeleg for brukaren. Maria�Ljungløf som er fysioterapeut ved�Lærings- og meistringssenteret�gav eit illustrerande døme på kor-�leis Hjelpemiddelsentralen kan�skreddersy teknologiske løysingar�til pasientar med store lammelsar:�
Mot tettare samarbeid om�eldre og teknologi�
Senter for helseforsking samla helsearbeidarar og teknologar til seminaret "Kan vi mekke oss til betre omsorg".�
Sekstiåtterane vert dei nye gamle, i dobbel forstand. Dei er neste generasjons el-�
dre, men på mange måtar ein ny type eldre. Dei er mange, har sterk økonomi, høg�
utdanning, er aktive i samfunnslivet og erfarne forbrukarar�
- også når det gjeld teknologi.�
«�Eit vilkår for å�
samarbeide er at�
ein utviklar eit�
språk som begge�
fagdisipliner�
forstår�.»�
ELDRE�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
12�
- Vi har pasientar med store lammel-�sar som har problem med å kommu-�nisere. Det kan vere at pasienten berre�klarar å bevege ein muskel i andletet.�Ved å kople denne til ein sensor som�registrerar rørsla kan pasienten ut-�løyse ein alarm som påkallar person-�alet. Ytterlegare utvidinga av tilbodet�kjem når pasienten kan nytte auge til å�kommunisere med via ei datamaskin.�Dette viser kor viktig og avgjerande�teknologi kan vere for kontakt med�omverda, fortalde Ljungløf.�
Nærare samarbeid mellom ingeniør-�og helsefag�
Studieleiar ved ingeniørutdanninga,�Eli Nummedal var i ettertids særs�nøgd med utbytte av seminaret:�
–Ingeniørutdanninga in-�neheld mykje prosjektar-�beid og dette gjev�mulegheit for å ta tak i�ulike problemstillingar�innan helseteknologi,�gjerne i samarbeid med�sjukepleiestudentar. Ein�kan også ha stort utbytte�av felles undervisning -�ingeniørane kan til�dømes inspirere sjuke-�pleiarane gjennom sin teknologitryg-�gleik og sjukepleiarane kan gje viktige�innspel om brukarperspektiv og ret-�tleiing. Ingeniørstudentane som var til�stades syntes det var eit interessant�seminar – og det gledar meg, avsluttar�Nummedal.�
Dekan Eva Marie Hal-�vorsen ved Avdeling�for helsefag avslutta�seminaret med ein in-�spirerande appell. Ho�viste mellom anna til�forsking som viser at�brukarane er nøgde og�kjenner seg trygge ved�bruk av teknologi, og at�det no vert sett i gang�nærare samarbeid mel-�lom ingeniør- og helsef-�
ag.�
Tekst og foto:�[email protected]�
Saman med førsteamanuensis Gro�Kvåle ved Institutt for statsvitenskap�og ledelsesfag ved Universitetet i�Agder, skriv Midtbø artikkelen�"Perspektiv på samspel, kontinuitet og�kvalitet i omsorgstenester for pasien-�
tar med demens i�heimetenesta".�Føremålet med ar-�tikkelen er å gje eit�empirisk og teore-�tisk bidrag til å�forstå kvalitet og�kvalitetsproblem i�omsorgstenestene�
for demensråka som bur heime og�deira pårørande.�
Viktige spørsmål�Forfattarane drøftar følgjande�spørsmål i studien:�
·�Opplever pårørande til heime-�buande demenspasientar ein yn-�
Kvalitet og kvalitetsproblem for demensråka�Høgskulelektor Toril Midtbø er ute med ein fagutvikling-�
sartikkel som handlar om demens i heimetenesta i siste�
utgåve av Norsk tidsskrift for sykepleieforskning.�
skjeleg kvalitet i helse og�omsorgstenestene?�·�Korleis kan teoretiske perspektiv på�samanhengen mellom organisering,�kontinuitet og kvalitet kaste lys over�kva som gir gode helse- og omsorg-�stenester til demente og pårørande?�
Empirien baserer seg på ein studie av�seks pårørande til demente som bur�heime sett i lys av tidligare studiar og�kjent basislitteratur om temaet.�
Manglande kontinuitet�Den empiriske studien til Midtbø og�Kvåle og anna forsking om korleis�kvaliteten i tenestene overfor heime-�buande demente vert opplevd av dei�pårørande, syner at det manglar kon-�tinuitet i tenestene og at det er van-�skeleg å verte sett og få hjelp.�Opplevinga av manglande kontinuitet�kan sjåast som eit internt samordning-�sproblem i den tenesteytande eininga.�
Samtidig kan det tyde på at konti-�nuitetsproblema vert forsterka ved�at brukaren sine pårørande ikkje�vert rekna med. Både organisato-�risk og definisjonsmessig fell desse�tilhøva utanfor samordningsmeka-�nismane som finst og vert tekne i�bruk i dei tenesteytande einin-�gane.�
Toril Midtbø�
(forts. på neste side)�
Illustrasjonsfoto: sxc.hu�
ELDRE�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
13�
Eit organisasjonssystem som bygger�system nedanfrå og opp - rundt�pasienten - kan bidra med å synleg-�gjere at relasjons- og kunnskapskonti-�nuitet er minst like viktig som dei�formelle kontinuitetsformene. Forfat-�tarane argumenterer for eit systemteo-�retisk samordningsperspektiv som tek�omsyn til ein kompleks situasjon med�ei rekkje aktørar både innan den pri-�vate sfæren til pasienten og innanfor�dei som tilhøyrer den offentlege om-�sorgstenesta og sambandet mellom�desse. Eit slikt system vil gjere oss i�stand til å sjå og forstå både kva som�må reknast som kvalitet i tenestene og�brestar i kvaliteten.�
Artikklen i sin heilskap kan lesast i�Norsk tidsskrift for sykepleieforskn-�ing, nr 3, 2010, årgang 12.�
Tekst: [email protected]�
Sammen med førsteamanuensis Solveig Hauge ved Universitetet i Oslo har�Melheim skrevet artikkelen "Makt og motmakt i sykehjem". Refleksjoner�over pasienters mulighet for maktutøvelse i sykehjem i lys av Michel Fou-�calts tankesett." Hensikten med artikkelen er å utforske hvordan makt�utøves i relasjoner mellom pasienter og pleiere i et institusjonelt miljø.�
Maktballanse�Over tid har det festet seg en oppfatning om at i syke-�hjem er det pleierne som har makt til å bestemme hva og�hvordan. En slik måte å tenke om maktballansen mellom�pleiere og pasienter på er beskrevet i en rekke kjente og�banebrytende studier, samt teoretiske arbeider. Annen�forskning sitller spørsmål ved om pleieren har en så en-�tydig og sterk makt i den daglige samhandlingen med�pasientene som vi til nå har tenkt. Artikklelen til Mel-�heim og Hauge fokuserer på hvordan pasienter i ett�sykehjem bidrar inn i slike skiftende maktrelasjoner. Kan det være at�pasienter i hverdagen skaper maktmessige handlingsrom som ikke alltid er�like synlige, spør forfatterene.�
Gjensidig avhengighetsforhold�Forfatterene peker på noen måter pasienter kan utøve makt på innenfor et�begrenset felt i ett sykehjem. Makten framstår som asymmetrisk og skif-�tende, der pasienter i begrenset grad utøver motstand i forhold til hva�pleierne legger opp til. Ved å tilpasse seg, framstå fornøyde og vise omsorg�for pleierne, knytter pasientene seg nærmere pleierne. Utfordringen for�pleierne er å gi pasientene flere muligheter til å vise seg fram og reagere,�slik at pasientenes integritet og verdighet lettere kan ivaretas. De er gjensi-�dig av hengig av hverandre i dette.�
Artikkelen i sin helhet kan leses i Norsk tidsskrift for sykepleieforskning, nr�3 - 2010, årgang 12.�
(forts. frå førre side)�
Makt og motmakt i sykehjem�
Høgskolelektor Bente Gunn�Melheim har dette som tema i�en fagutviklingsartikkel i Norsk�tidsskrift for sykepleieforskning,�nummer 3 - 2010.�
Foto: Runar Tengel Hovland�
Aldring av befolkningen og�solidariteten mellom�generasjonene�
7.januar frå 11.30 – 14.30, Kulturhu-�set, Avdeling for samfunnsfag,�HSF,Sogndal�
v/ Svein Olav Daatland forskar ved�
NOVA og cand.psychol.�
Ingen seminaravgift, men ein betaler�for lunsjen om ein ønskjer lunsj,�Gje melding ved påmelding om du�ønskjer lunsj.�
Påmelding innan 4. januar til�Rosa Marie Øyrehagen:�[email protected]�
Kontaktperson:�[email protected]�
SEMINAR�
Bente Gunn Melheim�
Tekst: [email protected]�
ELDRE�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
14�
I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PUBLISERT�
PUBLISERT:�Acta Radiol. 2010 Nov;51(9):962-8.�
Screen-film mammography versus full-field digital mammography in a population-based screening program: The�Sogn and Fjordane study.�
Juel IM,�Skaane P, Hoff SR, Johannessen G, Hofvind S.�
Department of Radiology, Forde Central Hospital, Forde, Norway. [email protected]�
Acta Ophthalmol. 2010 Nov 2. doi: 10.1111/j.1755-3768.2010.02020.x. [Epub ahead of print]�
Visual function in 6 to 7 year-old children born extremely preterm: a population-based study.�
Haugen OH, Nepstad L,� Standal OA�, Elgen I, Markestad T.�
Department of Ophthalmology, Haukeland University Hospital, Bergen, Norway Department of Clinical Medicine, Uni-�versity of Bergen, Bergen, Norway Department of Ophthalmology, Førde Central Hospital, Førde, Norway Depart-�ment of Pediatrics, Haukeland University Hospital, Bergen, Norway.�
Acta Obstet Gynecol Scand. 2010 Jul;89(7):975-9.�Camera trocar lifting in office gasless laparoscopic sterilization under local anesthesia.�
Bergström BS.�
Department of Obstetrics & Gynecology, Nordfjord Hospital, Nordfjordeid, Norway. [email protected]�
Michael 2010; 7: 234-43.�
Mennesket i DRG-systemets bilde – helt eller stykkpriset og delt?�
Kyte, Lars (1), Hauge, Solveig (2)�
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for Helsefag (1), Universitetet i Oslo,Institutt for helse og samfunn,�Avdeling for sykepleievitenskap og helsefag (1,2)�
Michael 2010; 7: 190-7.�
Når menneske vert «kalkulerbare ting» – om Skjervheim si tenking og geriatrisk helseteneste�
Midtbø, Toril (1), Hauge, Solveig (2)�
Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for Helsefag (1), Universitetet i Oslo,Institutt for helse og samfunn,�Avdeling for sykepleievitenskap og helsefag (1,2)�
Saknar du din artikkel på lista? send ein e-post�til: [email protected]�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
15�
Delta i kvalitativt forum�Forumet skal være en arena med spesiell fokus på kvalitativ�
metode, på tvers av de tematiske forskningsnettverkene.�
Hensikten med Forumet er å styrke den kvalitative forskningen�
og bidra til økt publisering.�
Forumet skal være et sted hvor forskere og studenter som har planer om, eller�er i gang med FoU-prosjekter med kvalitativt design, har mulighet til å disku-�tere sine ideer og prosjekter i de ulike stadier:�
·� den spede begynnelse med utvikling av prosjektbeskrivelse og�forskningsplan�
·� problemstillinger som dukker opp underveis for eksempel i�dataproduksjonsfasen og i analysefasen�
·� i forbindelse med at resultater skal publiseres�
Forumet tenkes arrangert to ganger pr semester og vil vare i to-tre timer.�
Programmet vil hver gang bestå av at en-to forskere/studenter legger fram�sine arbeider for diskusjon. I tillegg vil en hver gang ta opp et spesielt tema�knyttet til kvalitativ forskning. Det kan også være aktuelt å benytte eksterne�forelesere.�
Forumet vil ledes av Kari Kvigne og Anne Grethe Halding.�
Møter våren 2011�Mandag 31. januar:�- Eli Natvik legger fram analysen hun har benyttet i sin masteroppgave.�
- Andre som er interessert i legge frem arbeid kan ta kontakt med�Halding elller Kvigne.�
- Endelig program kommer senere.�
Mandag 11. april:�-�Toril Midtbø: �
- Andre som er interessert i legge frem arbeid kan ta kontakt med Halding�elller Kvigne.�
- Endelig program kommer senere.�
Kari Kvigne (bildet) er ansatt i 20�% stilling som førsteamanuensis II�ved Avdeling for helsefag der hun�arbeider med videreutdanningen i�hjerneslag. Hun er til daglig FoU-�leder i 60 % stilling ved Høgskolen�i Hedmark, Institutt for syke-�pleievitenskap. De restrerende 40�% bruker hun til Post.doc arbeidet�ved Universitetet i Oslo.�
Anne Grethe Halding (bildet) er�høyskolelektor ved Avdeling for�helsefag og doktorgradsstipendiat�ved Universitetet i Oslo, Institutt�for sykepleievitenskap og helsefag�med prosjektet: Pasienterfaringar�frå kronisk obstruktiv lungesjuk-�dom og rehabilitering med fokus�på livskvalitet og meistring.�
I nFoU� Nummer 4 desember 2010 årgang 2�
16�
HELSE FØRDE LYSER�UT FORSKINGSMIDLAR�
Helse Førde lyser ut forsk-�ingsmidlar for 2011 primo janu-�ar. følg med på intranettsidene�for meir informasjon.�
WOLFF GJEV SEG SOM�FORSKINGSKO-�ORDINATOR�
Anette Susanne Bøe Wolff har�vore forskingskoordinator ved�Avdeling for helsefag sidan�2008. Ho tek til i ny stilling som�forskingsleiar ved Haugland�Internasjonale Forsknings- og�Utviklingsselskap i Fjaler.�
OMORGANISERING AV�FoU I HELSE FØRDE�
Frå og med 1. januar 2011 vil�Fagavdelinga overta ansvaret�for FoU i helseføretaket. I�tillegg vil fagavdelinga få det�overordna ansvaret for smitte-�vern, EPJ og fagbiblioteket.�
FoU har tidlegare vore organi-�sert som ein seksjon under Ad-�ministrasjonsavdelinga.�
Geir Kåre Resaland, førsteamanuensis ved Avdeling for lærarutdanning og�idrett, vann Nycomedprisen ved årets idrettsmedisinske høstkongress.�
Nycomedprisen for 2010 blei laurdag 6. november delt ut på Idrettsmedisinsk�Høstkongress i Kristiansand. Av seks nominerte føredrag vann Resaland saman�med medforfattarane Asgeir Mamen, Ingar Holme Lars Bo Andersen og Sig-�mund Anderssen prisen for beste frie føredrag:�
"60 minutt dagleg fysisk aktivitet i skulen over to år”�
Nycomedprisen består av eit reisestipend på 15.000 kroner som skal nyttast til�deltaking på den årlege konferansen til American College of Sports Medicine�(ACSM) i 2011 i Denver, Colorado, der Resaland også får presentere studien�som prisvinnarføredrag.�
Tekst: Ingebjørg Vikesland, HSF�
Forskningspris til Geir Kåre Resaland� Notiser�
SENTER FOR HELSEFORSKING ER:�
Marit Solheim, forskingsleiar . tlf 57 72 25 31 .�[email protected],�
Runar Tengel Hovland, seniorrådgjevar . tlf 57�72 25 66 [email protected]�
Ta kontakt med oss dersom du treng hjelp til�noko i samband med forskinga di.�
www.helseforsking.no�
16�
Brita Sangolt, kommunikasjons-direktør i Nycomed deler ut prisen.�Fotograf: Stian Engen.�
God Jul�