infou nr 3 2010

14
Nummer 3 september 2010 årgang 2 1 InFoU Senter for helseforsking Nyhendeskriv nummer 3 september 2010 årgang 2 Forsking og kunnskap står i fokus når Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helse Førde og Førde helsetun inviterer til Forskingsdagane i Førde siste veka i september. Eit kunnskapshungrig publikum kan sjå fram til forsking- storg med aktivitetar og innslag for barn og vaksne, presentasjonar av ny forsking og ein seminardag med drop-in føredrag på Vie. Programmet i år rikare og breiare enn tidlegare år, seier leiaren for Forskings- dagane i Førde, Marit Solheim. Publi- kum kan mellom anna prøve seg på hjarte- lungeredning, sjå og prøve kor- leis ein patolog arbeidar, og ikkje minst få sjå spennande teknologi frå ingeniørutdanninga i Førde. Arrangørane meiner det er viktig å nå ut til folk og dele den kunnskapen som faktisk blir produsert i og av fagmiljøa lokalt, og vonar at foredraga kan in- spirere til debatt i media. - Nokre av føredraga kan nok både provosere og føre til debatt, me- dan andre vil gje nye perspektiv og større innsikt utan å generere iltre lesarinnlegg. Til dømes vil professor Olav Kvalheim snakke om bruk og misbruk av statistiske modellar (med døme frå medisinsk- og klimaforsk- ing). Kvalheim har markert seg som ein kritikar av modellane som ligg til grunn for konklusjonane til det inter- nasjonale klimapanelet. Ein annan som bør vekke interesse er høgskulelektor Lars Kyte sitt føredrag om kva som skjer med pasientane når omsorg ikkje er ein del av poengsyste- met i spesialisthelsetenesta. Dette er eit spørsmål som går rett på premissa som ligg til grunn for den medisinske prak- sisen og finansieringa av den, seier Sol- heim. Forskingsdagane er ein årleg nasjonal festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar vert invitert til syne fram verksemda si for Forskingsdagane i Førde Arbeidsgruppa frå venstre: Erling Nydal, Bente Walaker, Marit Solheim Kari Valle og Runar Tengel Hovland ålmenta på nye og spennandes måtar. Festivalen blir også markert ved Høgskulen sine avdelingar i Sogndal, med foredrag og ulike ak- tivitetar i Sogndal. I Førde blir fes- tivalen arrangert for tredje gong, og skiltar i år med opning av Ut- viklingssenter for omsorgstenester i kommunen på Førde helsetun (sjå program s. 11). Det er planlagt eit innhaldsrikt program for opninga med film, song, foredrag og kunst- vandring. Arrangørane oppmodar særskilt tilsette i offentlege verksemder, skular og helseinstitusjonar om å sette av tid til å delta på aktivitet- ane og foredraga 29. september på Førde helsetun og 1. oktober i lokala til høgskulen og Helse Førde på Vie. Oppdatert program finn ein frå side 10 og utover, og på: www.hisf.no INNHALD: s.2 Gener og oppleving av helse s. 3 Ny metode på laboratoriet s. 3 KOLS og rehabilitering s. 4 Doktorgrad i brukarmed- verknad s. 4 Forskingsdagane i Sogndal s. 5 Disputas: Aud Marie Øien s. 5 Interne forskingsmidlar i Helse Førde, tildelingar s. 6 Uroa over valdsutviklinga s. 7 Ny stipendiat innan overvektssatsinga s. 7 Tildeling av FoU-tid, AHF s. 8 Få hjelp med statistikken s. 9 Publiserte artikler s. 10ff FORSKINGSDAGANE I FØRDE s. 14. Førelesningar Harald Grimen

Upload: senter-for-helseforsking

Post on 31-Mar-2016

240 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

Nyhendeskriv frå Senter for helseforsking

TRANSCRIPT

Page 1: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

1�

InFoU� Senter for helseforsking�Nyhendeskriv nummer 3 september 2010 årgang 2�

Forsking og kunnskap står i fokus når�Høgskulen i Sogn og Fjordane, Helse�Førde og Førde helsetun inviterer til�Forskingsdagane i Førde siste veka i�september. Eit kunnskapshungrig�publikum kan sjå fram til forsking-�storg med aktivitetar og innslag for�barn og vaksne, presentasjonar av ny�forsking og ein seminardag med�drop-in føredrag på Vie.�

Programmet i år rikare og breiare�enn�tidlegare år, seier leiaren for Forskings-�dagane i Førde, Marit Solheim. Publi-�kum kan mellom anna prøve seg på�hjarte- lungeredning, sjå og prøve kor-�leis ein patolog arbeidar, og ikkje�minst få sjå spennande teknologi frå�ingeniørutdanninga i Førde.�

Arrangørane meiner det er viktig å nå�ut til folk og dele den kunnskapen som�faktisk blir produsert i og av fagmiljøa�lokalt, og vonar at foredraga kan in-�spirere til debatt i media.�

- Nokre av føredraga kan nok�både provosere og føre til debatt, me-�dan andre vil gje nye perspektiv og�større innsikt utan å generere iltre�lesarinnlegg. Til dømes vil professor�Olav Kvalheim snakke om bruk og�misbruk av statistiske modellar (med�døme frå medisinsk- og klimaforsk-�ing). Kvalheim har markert seg som�ein kritikar av modellane som ligg til�grunn for konklusjonane til det inter-�nasjonale klimapanelet.�

Ein annan som bør vekke interesse� er�høgskulelektor Lars Kyte sitt føredrag�om kva som skjer med pasientane når�omsorg ikkje er ein del av poengsyste-�met i spesialisthelsetenesta. Dette er eit�spørsmål som går rett på premissa som�ligg til grunn for den medisinske prak-�sisen og finansieringa av den, seier Sol-�heim.�

Forskingsdagane er ein årleg nasjonal�festival� der alle typar forskings- og�kunnskapsbaserte institusjonar vert�invitert til syne fram verksemda si for�

Forskingsdagane i Førde�

Arbeidsgruppa frå venstre: Erling Nydal, Bente Walaker, Marit Solheim�Kari Valle og Runar Tengel Hovland�

ålmenta på nye og spennandes�måtar. Festivalen blir også markert�ved Høgskulen sine avdelingar i�Sogndal, med foredrag og ulike ak-�tivitetar i Sogndal. I Førde blir fes-�tivalen arrangert for tredje gong, og�skiltar i år med opning av Ut-�viklingssenter for omsorgstenester i�kommunen på Førde helsetun (sjå�program s. 11). Det er planlagt eit�innhaldsrikt program for opninga�med film, song, foredrag og kunst-�vandring.�

Arrangørane oppmodar� særskilt�tilsette i offentlege verksemder,�skular og helseinstitusjonar om å�sette av tid til å delta på aktivitet-�ane og foredraga 29. september på�Førde helsetun og 1. oktober i�lokala til høgskulen og Helse Førde�på Vie. Oppdatert program finn ein�frå side 10 og utover, og på:�www.hisf.no�

INNHALD:�

s.2 Gener og oppleving av� helse�s. 3 Ny metode på laboratoriet�s. 3 KOLS og rehabilitering�s. 4 Doktorgrad i brukarmed-� verknad�s. 4 Forskingsdagane i� Sogndal�s. 5 Disputas: Aud Marie Øien�s. 5 Interne forskingsmidlar i� Helse Førde, tildelingar�s. 6 Uroa over valdsutviklinga�s. 7 Ny stipendiat innan� overvektssatsinga�s. 7 Tildeling av FoU-tid, AHF�s. 8 Få hjelp med statistikken�s. 9 Publiserte artikler�s. 10ff FORSKINGSDAGANE� I FØRDE�s. 14. Førelesningar�

Harald Grimen�

Page 2: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

2�

Dette kjem fram av ein nyleg publi-�sert studie som samanliknar korleis�ungdomar og deira foreldre vurderar�sin eigen helsetilstand. Ungdomane�som deltok i undersøkinga var i al-�deren 13 – 19 år og hadde både ein�genetisk og ein sosial arv med seg�frå foreldra, men deira eigen op-�plevde helsetilstand var sterkare�påverka av andre faktorar.�

-- Det er gjort fleire studiar, mellom�anna ulike tvillingstudie, som har�forsøkt å avklare i kor stor grad det er�genane eller miljøet som påverkar op-�plevinga av eiga helsa, men resultata�er sprikande. I vår studie har vi sett på�kor vidt oppfatninga av eiga av helse�er arva av foreldra, eller om andre so-�siale tilhøve har større innverknad.�Dette kan vere andre strukturelle og�kontekstuelle faktorar, seier Hans Jo-�han Breidablik som har leia studien�som er basert på data frå HUNT�(Helseundersøkinga i Nord-Trøn-�delag). Med seg i undersøkinga har�han Eivind Meland (UiB), Turid Ling-�sås Holmen (HUNT Research centre),�og Stian Lydersen frå NTNU.�

Medisinske faktorar mindre viktig�Tidleg i livet er ein truleg sterkare�påverka av foreldre og dei nære�omgjevnadane si såkalla ”vertikale”�innverknad. Seinare i ungdomsåra blir�det ofte rekna med at innverknaden frå�jamaldringar og vener blir viktigare for�den unge. For å drive førebyggande�og helsefremmande arbeide blant unge�er det viktig å vite kva ein skal ha�fokus på, og då må ein vite kva og�kven som har størst innverknad på�helsa og også styrkeforholdet mellom�dei, forklarar Breidablik.�

Gjennom ulike modellar samanliknar�forskarane kva foreldre rapporterer�om sin eigen opplevd helsetilstand�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 NYE ARTIKLAR�

Gener har liten innverknad på oppleving av eigen helse i tenåra�

med korleis ungdomane rapporterer å�oppleve sin helsetilstand. Resultata er�oppsiktsvekkande. Ulike lidelsar blant�foreldra, som til dømes muskel- og�skjelettlidelsar, høgt alkoholforbruk og�fysisk inaktivitet hjå foreldra har liten�effekt på korleis ungdomane vurderar�sin egen helse. Derimot fann ein at lav�utdanning, å leve aleine, røyking og�ein generell lav kjensle av velvære�blant foreldra hadde klar betyding for�korleis ungdomane igjen rapporterte si�eiga helseoppleving. Dei tradisjonelle�”medisinske” faktorane ser altså ut til�å vere av mindre betydning, i følgje�studien.�

Kjønn spelar ei rolle�Eit interessant funn er at foreldres al-�koholinntak har liten innverknad på�ungdomars helse, men om foreldre�røyker aukar det sjansen for at barna�sjølv opplever dårlegare helse. Dette er�stadfesta også av andre studier, nem-�leg at den største innverknaden på un-�gdomars vurdering av eigen helse er�avhenging av sosioøkonomiske�tilhøve. Det er ein sterk samanheng�mellom foreldra sin sosioøkonomiske�status og utdanningsnivå og korleis�

barna trivast og kva helse dei har.�Men uavhengig av dette ser ein at�særskilt jenter vert prega av om�foreldra opplever høg vel-�befinnande eller ikkje.�

Utdanning viktigast�-- I sum kan vi konkludere med at�samanhengen mellom foreldre sin�helsetilstand og korleis ungdo-�mane vurderer sin eigen helsetil-�stand er avhenging av meir�strukturelle faktorar. Døme på�dette er nivået på utdanninga hjå�foreldra, om dei bur i lag eller kvar�for seg og kor vidt dei har det bra�med seg sjølv eller ikkje. Genetikk�ser her ut til å spele ei mindre rolle�enn det som ofte vert anteke, avs-�luttar Breidablik.�

Den vitskaplege artikkelen�Role of�parents in adolescent self-rated health:�Norwegian Nord-Trøndelag Health�Study� er publisert i tidsskriftet:�"Adolescent Health, Medicine and�Therapeutics" og er fritt tilgjen-�geleg på internett.�

Page 3: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

3�

Eit samarbeid mellom Avdeling for�patologi og Mikrobiologisk avdeling�har resultert i ein ny metode for å�lage kontrollmaterialet som er�naudsynt for å påvise bakteriane ein�finn i pasientar med magekatarr og�magesår.�

Den vanlege framgansmåten for labo-�ratoria er å nytte pasientprøver frå�arkivet til kontrollmateriale når dei�leitar etter bakterien Helicobacter py-�lori i ei pasientprøve. Ulempa med�denne metoden er at kontrollmateriale�raskt vert oppbrukt, slik at ein stadig�må finne fram nye prøver frå pasien-�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 NYE ARTIKLAR�

tarkivet, noko som opplevast som�tungvint og tidkrevjande.�

Den nye metoden går i kortheit ut på å�lage kontrollblokker frå bakteriekolo-�niar som er dyrka fram på Mikrobiolo-�gisk avdeling. Bakteriene vert drepne i�ei fikseringsvæske og vert så støypt�inn i parafinblokker. Frå desse blok-�kene vert det skore mikrotynne snitt�som utgjer sjølve kontrollmaterialet. I�denne kontrollprøven kan patologen�lett teste i mikroskopet at bakteriane�fargast slik dei skal.�

Publisert i anerkjent tidsskrift�Metoden er utarbeida av overlege�Aleksandar Vodovnik og bioin-�geniør Hans Hadenfeldt ved�Avdeling for patologi, i samarbeid�med overlege og avdelingssjef�Reidar Hjetland ved Mikrobiolo-�gisk avdeling. Oppskrifta er for�kort tid sidan publisert i det�anerkjente tidsskriftet Archives oof�Pathology & Laboratory Medicine�- tidsskriftet til den amerikanske�patologiforeninga som blir lese av�fagfolk verda rundt.�

Metoden er rask og kostnadsef-�fektiv� og gjer ein stabil og lettvint�tilgang på kontrollmateriale, seier�Ståle Sund, avdelingssjef ved�Avdeling for patologi. No som ar-�beidet er publisert i eit prestisjefylt�tidsskrift, trur vi at metoden vil�vekke interesse også internasjonalt.�Det er ikkje uventa om avdelinga�vår får førespurnadar frå andre�laboratorier som er nyfikne på å ta�i bruk den same metoden, seier�Sund.�

På nettstaden til�tidsskriftet�kan ein�laste ned artikkelen i fulltekst og�lese meir om detaljane i prosessen.�

Bakterien Helicobacter pylori�

Ny metode gjer laboratoriearbeidet�enklare og raskare�

Anne Grethe Halding ved Avdeling�for helsefag har publisert ein artik-�kel i det fagfellevurderte tidsskriftet�"Disability and Rehabilitation".�

- Studien vår syner at det å høyre til i�eit sosialt fellesskap er viktig for�KOLS-pasientar som er under rehabili-�tering. Dersom ein lukkast med å�skape gode grupper der pasientane�deler erfaringar og har tillit til kvaran-�dre, kan sjølvkjensla, motivasjonen og�meistringskjensla auke, seier høgskule-�lektor Anne Grethe Halding, ved�avdeling for helsefag.�

Saman med Astrid Wahl frå Univer-�sitetet i Oslo og Kristin Heggdal frå�Høgskulen i Oslo har ho sett nærare på�kva slags erfaringar KOLS-pasientar�har når det gjeld rehabilitering. Artik-�kelen er publisert i det vitskaplege fag-�fellevurderte tidsskriftet�”Disability�and Rehabilitation”�. I studien har dei�intervjua 18 KOLS-pasientar og gjen-�nomført innhaldsanalyse av intervjua.�

Positiv kvardagsaktivitet�- Mange KOLS-pasientar skildrar�kvardagar prega av einsemd og�negative kjensler. Mange har dår-�leg sjølvtillit fordi dei er avhen-�gige av andre, møter lite forståing�for sjukdomen og føler at dei blir�neglisjerte av helsetenestene, seier�Halding. Studien synte at dei som�deltok i rehabiliteringsgruppene,�opplevde positiv livskvalitet når�dei var saman, og vart motiverte�til vidare sosial deltaking.�

– For mange vart det å delta på�rehabiliteringa, sett på som ein�positiv kvardagsaktivitet heller�enn sjukdomsbehandling. Den�uformelle og avslappande atmos-�færen samt støtte og kjensla av�gjensidig respekt frå�

Anne Grethe Halding, førstelektor,Avdeling for helse-�fag, har publisert artikkel i fagfellevurdert tidsskrift.�

KOLS-pasientar og rehabilitering�

(forts. på neste side)�

Page 4: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

4�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�

I sommar starta sosialkonsulent�Tone Larsen i Helse Førde opp sitt�doktorgradstudie i brukarmed-�verknad i tenesteutvikling.�

Hovudmålet med prosjektet er å dra�nytte av både brukarane sine erfar-�ingsbaserte kompetanse og personalet�si formelle kompetanse og integrere�kunnskapen i behandlingspraksisen.�

– Denne kompetansen vil eg bruke for�å leggje til rette for samarbeid, dialog�og utvikling av behandlingstilbodet,�seier Tone Larsen.�

– Det vil bli fokus på kompetansehev-�ing både for brukarar og personale, og�eitt av måla med prosjektet er å finne�

ein god metode for brukarmed-�verknad i offentlege tenester.�

Larsen peikar på at det kan bli smer-�tefulle endringar når personale skal�endra gamle vanar og måten dei ar-�beider på.�

– Forskingsprosjektet må likevel�gjennomførast på ein måte som både�gjev personalet og brukarane ein�eigarfølelse av endringsprosessen og�som vidareutviklar behandlinga til�fordel for brukarane, framtidige bru-�karar og personalet, understrekar�Larsen.�

Ho skal bruke to og eitt halvt år i full�stilling på forskinga og eit halvt år i�

Doktorgrad i brukarmedverknad�

halv stilling i doktorgradprosjek-�tet.�

– Eg får forskingstid og det blir�forventa at det skjer noko, seier�Larsen.Ho studerte i Nederland�før ho kom til Helse Førde som�sosialkonsulent.�

Av Finn Ove Njøsen�

Tone Larsen,Helse Førde�

kunnskapsrikt helsepersonell, var�med på å skape kjensla av å høyre til,�seier Halding. Ho seier at også helsep-�ersonellet spelar ei viktig rolle for å�skape godt fellesskap i gruppa.�

Ho legg samstundes til at ikkje alle�hadde same positive erfaringane. –�Nokre, og spesielt dei som hadde dår-�lege erfaringar med helsetenestene frå�før, opplevde ikkje det sosiale fellessk-�apet på same måten.I artikkelen skriv�forfattarane at det må bli lagt meir�vekt på pasientane sine erfaringar i�utarbeiding av rehabiliteringstenester,�og at integrering og felles støtte må bli�uttrykte mål for rehabiliteringsgrup-�pene.�

- Klarer ein å skape ei kjensle av at�deltakarane høyrer til kan det også�vere med å byggje opp tilliten til�helsetenestene på lengre sikt, avsluttar�Anne Grethe Halding.�

Av Eva Marie Felde�

(forts. frå førre side)�

Korleis er formen til folk i Sogn og Fjordane samanlikna med resten av�landet? Kva har den nye digitale kvardagen å seie for historieskrivinga?�Dette kan du få svar på under Forskingsdagane i Sogndal!�

I Sogndal er det planlagt to arrangement i samband med Forskingsdagane.�Tysdag 28.september blir resultata frå ei landsomfattande undersøking om�fysisk aktivitet lagt fram. HSF-idrett er med i denne undersøkinga. Det blir�også høve til å teste eigen fysisk form i laboratoriet til HSF-idrett. Møt opp�på Fosshaugane Campus frå 18:30.�

Dagen etter skipar Avdeling for samfunnsfag til seminar om kjeldebruk og�historieformidling. Korleis kjelder og historisk kunnskap blir teke vare på,�korleis kjelder blir nytta for å formidle visse syn på historia og kva den�digitale kvardagen har å seie for historieskrivinga, er sentrale spørsmål på�seminaret. Arrangementet blir skipa til i samarbeid med Fylkesarkivet i�Sogn og Fjordane og de Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum. Ar-�rangementet finn stad i Kulturhuset i Sogndal 10:00 - 13:45.�

Norsk Bremuseum skipar også til arrangement om klima og klimaendrin-�gar. Fredag 24. september forklarar forskarar om korleis Vestlandsnaturen�arkiverar klimaendringar. Klimaforskaren Atle Nesje forklarer korleis�menneska er i ferd med å endre klimaet, på Sogningen Storsenter. Om�kvelden kan du teste klimakunnskapen din på pubquiz under Research-�ers' Night, på Meieriet.�

Kontaktperson�Vegard F. Moe og Oddmund Hoel�

I Sogndal�

Page 5: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

5�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�

Aud Marie Øien disputerte onsdag�1.september for PhD-graden ved�Universitetet i Bergen med avhan-�dlingen: ”Change and Communica-�tion. Long-Term Norwegian�PsychoMotor Physiotherapy for Pa-�tients with Chronic Muscle Pain”.�

Hensikten med studien var å utvikle�kunnskap om endring og kommu-�nikasjon i langvarig psykomotorisk�fysioterapi hos pasienter med�muskulære smerter i rygg og nakke.�

Forskningsmaterialet var hentet fra�elleve behandlingsforløp, elleve�pasienter og seks erfarne fysioterapeu-�ter med psykomotorisk videreutdan-�ning. Studien viste at pasienter�reduserte smerte gjennom å endre�

bevegelsesmønster, respirasjonsmøn-�ster og sine fortellinger om egen�kropp. Pasient og fysioterapeut skapte�også endring ved å utforske sammen-�henger mellom ulike typer belast-�ninger, symptomer og kroppslige�reaksjons- og handlingsmåter. Endrin-�gene innebar å fremme kontakt med�egen kropp. Gradvis å bli bevisst�spenninger og pust hadde sammen-�heng med å utforske variasjon mellom�spenning og avspenning. Å fremme�kontakt med egen kropp var vevet�sammen med gradvis å knytte mening�og følelser til kroppslige reaksjoner i�situasjoner i og utover behandling.�Pasientene formidlet hvordan de�prøvde ut nye bevegelsesmønstre og�handlemåter i sosiale situasjoner uten-�for behandling.�

Kommunikasjon mellom pasient og�fysioterapeut var i perioder krevende,�spesielt i situasjoner der pasienten�ikke var i stand til å kjenne eller sette�ord på egne kroppslige reaksjoner.�Fysioterapeutens sensitivitet overfor�pasientens ikke-verbale budskap, ini-�tiativ til å skape felles forståelse, og�refleksjon over konfliktfylte situas-�joner var avgjørende bidrag i�

pågående forhandlinger om en-�dring.�

Studien indikerer hvordan� fysiot-�erapeuter bør ha oppmerksomhet�på pasienters bevissthet om egne�bevegelsesmønstre og respirasjon-�smønstre. Studien peker på betyd-�ningen av at fysioterapeuter�håndterer krevende kommunikas-�jonssituasjoner som forventede�hindringer gjennom forhandlinger�basert på refleksjon over egne og�pasientens bidrag. Økt oppmerk-�somhet på pasientens spontane�verbale og ikke-verbale fortell-�inger om egen kropp kan være�kilde til innsikt for både pasient og�fysioterapeut.�

Personalia:�Aud Marie Øien arbeider som�førsteamanuensis ved Avdeling�for samfunnsfag, Høgskolen i�Sogn og Fjordane, og som spesial-�ist i psykiatrisk og psykosomatisk�fysioterapeut i egen praksis i�Sogndal. Doktorgradsarbeidet er�gjennomført ved Seksjon for�Fysioterapivitenskap, Institutt for�samfunnsmedisinske fag, Univer-�sitetet i Bergen, i perioden 2005-�

Disputas: Fysioterapi for pasienter med kroniske muskelsmerter�

Helse Førde tildelte før sommaren�interne forskingsmidlar på til saman�kr 300 000. Følgjande fekk støtte til�sine forskingsprosjekt:�

Jan Roar Orlin, Ortopedisk avdeling,�Kronisk losjesyndrom (CCS), får�midler frå overvektssatsinga.�

Sigmund Bjørhovde, Psykiatrisk�klinikk, Common mental disorder,�global health and disability benefits.�

Jofrid Aa Nedrebø, Medisinsk avdel-�ing, Studie av forebyggende behan-�

dling for latent tuberkulose i Norge i�2009.�

Christian Moltu, Psykiatrisk klinikk,�Ungdom i psykoterapi.�

Hege Fimreite, Sogndal BUP, Hand-�tering av eksternaliseringsvanskar i�skulen.�

Hege Kristiansen, Barneavdelinga, Ef-�fekten av livsstilsfaktorer på forekom-�sten av overvekt og fedme hos barn og�ungdom.�

Reidar Hjetland, Mikrobiologisk�avdeling, Seroepidemiologisk�studie av flåttoverførte infeksjoner�i Sogn & Fjordane.�

Arnold Goksøyr, Sogndal BUP,�Fødselsdepresjon og temperament�hos barn.�

Kathrine Kloppen, Førde BUP,�Metodiske problemer ved måling�av forekomst av omsorgssvikt og�mishandling.�

Tildeling interne forskingsmidlar i Helse Førde�

Page 6: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

6�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�

Tenåringsjenter kan ha blitt meir�utsette for seksuelt misbruk og vald�av nære familiemedlemmer enn det�ein før har trudd. Dette viser funn�som forskar i Helse Førde, Kathrine�Kloppen, nyleg har gjort.�

Ho har den siste tida sett nærare på�risikobelastning, vanskar og hjelp til�småbarn i høg risiko – eit område det�er gjort lite forsking på tidlegare.�Funna er interessante: 0,7 – 1,8 prosent�av nordiske tenåringsjenter vert eller�kan ha vore utsette for seksuelt mis-�bruk av nære familiemedlemmer. I�tillegg kan så mange som ti prosent av�ungdommane ha opplevd vald mel-�lom omsorgspersonar i heimen, viser�førebelse tal frå det nystarta doktor-�gradsprosjektet til Kloppen.�

- Det er liten grunn til å tru at norske�førekomsttal skil seg frå dette, seier�stipendiat Kathrine Kloppen som har�kome fram til tala etter ein littera-�turgjennomgang av ulike nordiske�studie på området.�

Sidan dei fleste tilfella av omsorgss-�vikt og mishandling i familien aldri�vert meldt til det profesjonelle hjelpe-�apparatet, er det ei utfordring å finne�riktige førekomsttal, men forsking�

viser at mangelfull eller skadeleg om-�sorg finst i alle lag av samfunnet, og�råkar barn i alle aldrar. Samstundes er�det slik at barn som vert utsett for�mishandling i oppveksten oftare vert�overgriparar som vaksne. Slik aukar�med andre ord risikoen for at ofra, når�dei sjølve vert foreldre, gjentek det�same mønsteret overfor eigne barn.�Omsorgssvikt og mishandling i barn-�dommen kan difor få vidtrekkande�konsekvensar – ikkje berre for dei det�gjeld, men òg for ein ny generasjon,�fortel Kloppen, som har fått forsk-�ingsmidlar frå Helse Førde, RBUP�Vest og Regionalt kompetansesenter�for rusforsking i Helse Vest til å forske�på førekomsten av mishandling og�omsorgssvikt av barn, samt studere�risikobelastning, vanskar og hjelp til�små barn i høg risiko som blir fanga�opp gjennom det tverretatlege�”Konsultasjonsteam for sped- og småbarn�i risiko i Sogn og Fjordane”� - eit samar-�beidsprosjekt mellom Førde BUP og�Bufetat.�

Høgare risiko for tidleg død�Ho utdjupar dette årsaksforholdet�med å vise til ein omfattande ameri-�kansk studie som viser at å vekse opp�med mangelfull eller skadeleg omsorg�eller i ein familie prega av mange be-�

lastningar gjev ein betydeleg auke�i risikoen for utvikling av vanskar�på ein rekke områder seinare i liv-�et. Til dømes vil ein barndom med�mange belastningar gje vesentleg�høgare risiko for psykiske og so-�matiske lidingar som rusmisbruk,�depresjon, sjølvmord, kreft og�hjerte-/karsjukdom i godt vaksen�alder. Likevel er det slik at sam-�funnet ikkje klarer å ta godt nok�vare på risikoutsette barn. Norske�studie viser til dømes at heile 75�% av barnevernsbarn ikkje full-�fører vidaregåande skule, og at dei�som unge vaksne har dårligare fy-�sisk og psykisk helse enn dei utan�barnevernsbakgrunn, og 3,5�gonger høgare risiko for tidleg�død.�

Viktig med tidleg hjelp�Det er no godt dokumentert at dei�første leveåra er av særleg bety-�ding når det gjeld seinare psykisk�og somatisk helse. Difor er både�statlege myndigheiter og forska-�rar opptekne av å fange opp risik-�outsette barn og gje dei god hjelp�så tidleg som mogleg. Dette var�også bakgrunnen for opprettinga�av det tverretatlege�”Konsultasjonsteam for sped- og�småbarn i risiko i Sogn og Fjordane”�,�som er retta mot fagpersonar i�kommunale og private tenester�som møter og arbeider med gra-�vide og barn i alderen 0-6 år. I�dette forumet kan ein drøfte�bekymringar og spørsmål�(anonymt) om barns utvikling,�fungering og omsorgssituasjon.�Sidan oppstarten i 2003 har om lag�150 barn og deira omsorgsgjevarar�vore drøfta i teamet.�

Det tette samarbeidet mellom BUP�og barnevern om dei minste risik-�outsette barna har ført til at�prosjektet har fått stor merksemd�både frå klinisk og politisk hald,�

UROA OVER VALDSUTVIKLINGA MOT BORN OG UNGE�

Kathrine Kloppen forskar på risikobelastning, vanskar og hjelp til små barn i risiko.�

(forts. på neste side)�

Page 7: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

7�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�

og til at liknande team har blitt op-�pretta andre stader i landet. Imidlertid�har ein per i dag ingen systematisert�kunnskap om kva barn og foreldre�som vert fanga opp gjennom dette tilt-�aket, eller kva for hjelp dei har fått et-�ter drøftinga i teamet. Dette ønskjer�Kloppen å sjå på i sitt doktorgrad-�sprosjekt.�

- Basert på dei anonymiserte referata�frå konsultasjonsteammøta vil eg sjå�på kva for risikofaktorer hjå omsorgs-�gjevarane og barna som er identifisert�av dei frammøtte instansane. I tillegg�vil eg undersøke kva tiltak barnever-�net har gjennomført og kor mange av�dei omdrøfta barna som i dag er un-�der barnevernets omsorg, seier Klop-�pen.�

Resultata vil bli presenterte som�gruppedata, slik at det ikkje vil vere�mogleg å tilbakeføre opplysningar til�det enkelte barnet eller familien.�

Viktig for framtidas tenestetilbod�

Resultata frå studien vil kunne gi vik-�tig kunnskap om eit høgrisikoutvalg�det er forska veldig lite på i norsk og�nordisk samanheng, og om eit samar-�beidstiltak med føremål å gi tidleg�hjelp til denne gruppa. Studien vil òg�auke kunnskapen om kor mange barn�i Norden det er som vert utsett for�omsorgssvikt og mishandling, og�peike på områder som krev meir for-�sking.�

I følgje Kloppen vil resultata av forsk-�inga samla sett kunne gi bidrag til ei�betre dimensjonering og organisering�av tenestetilbodet retta mot små risik-�outsette barn; ei av dei mest sårbare�gruppene i samfunnet vårt.�

(forts. frå førre side)�Høgskulelektor ved Avdeling for�helsefag, Randi Jepsen, er tilsett i�stipendiatstilling på same avdel-�ing. Forskinga hennar vil inngå i�den tverrinstitusjonelle satsinga�på�Multidisplinær tilnærming til�behandling, oppfølging og rehabi-�litering av menneskjer med�sjukleg overvekt�.�

Doktorgradsprosjektet vil inngå som�ein del eit større forskingsprosjekt�med tittelen Fysisk aktivitet, fysisk�form, livskvalitet og risikofaktorar�for hjarte- og karsjukdommar hos�personar til livsstilsbehandling for�sjukleg overvekt ved Røde Kors�Haugland Rehabiliteringssenter�(RKHR).�

Behandlinga ved RKHR er toårig og�består av fysisk aktivitet, kosthald-�sendring og kognitiv terapi. Jepsen�skal undersøke effekten av livsstils-�behandling på, samt prediktorer�for endring i helserelatert livskvalitet�underveis og ved avslutning av�forløpet.�

Ny stipendiat innan overvektssatsinga�

Randi Jepsen har byrja på doktorgraden�

Rettleiar for prosjektet er�førsteamanuensis Gerd Karin�Natvig ved Universitetet i Bergen�og stipendiat John Roger Ander-�sen ved Avdeling for helsefag�(HSF).�

Jepsen har tidlegare vore tilsett�som mellom anna internasjonal�koordinator og studieleiar ved�Avdeling for helsefag.�

Tildelt FoU-tid Avdeling for helsefag 2010/2011�Heile 10 FoU-prosjekt har fått midler studieåret 2010-11.�Tildelt FoU.tid Førstelektorstipend (35% FoU-tid):�

Elisabeth Solheim,� HøgskulelektorTittel på prosjektet: ”Livet gjennom 5 år�etter overvektskirurgi”�

Tove Sandvoll Vee�, HøgskulelektorTittel på prosjektet: ”Intervensjonstudie�for å forbetre sjukepleiedokumentasjoneninnan eldreomsorga.”�

FoU-tid til prosjekter�Irene Aasen Andersen,� HøgskulelektorProsjekt-tittel: ”Pleiepersonell på�sjukehus si vurdering av arbeidsmiljø og kvalitet på helsetenester”�

Irene Sjursen�, HøgskulelektorProsjekt-tittel: ”Tillit – ein kontinuerleg pros-�ess i sjukepleia”�

Gro Hovland,� HøgskulelektorProsjekt-tittel: ”Medpasienten sin rolle i infor-�masjonsutvekslinga i eit internettbasert diskusjonsforum”�

Anny Aarsprang�, HøgskulelektorProsjekt-tittel: ”Helserelatert livskvalitet�før og 5 år etter operasjon for sjukleg overvekt”�

John Roger Andersen�, PhD stipendiatProsjekt-tittel: ”Multidisiplinær�tilnærming til behandling, oppfølging og rehabiliteringav menneske med�sjuklig overvekt”�

(forts. på neste side)�

Page 8: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

8�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 DOKTORGRADSPROSJEKT�

(forts. frå førre side)�Merete Dale�, førstelektorProsjekt-tittel: ”Pårørende som kunnskapsformidler”�

Ole Kleiven�, Førsteamanuensis og Tom Arne Elzer, Høgskulelektor* Tittel på prosjekta: Naturvitenskap i sykepleie-�rens praksisStudie om effekten av fotkompresjoner i hjerte/lunge-redning. Har Norge behov for ’Physician Assis-�tant’? DRG systemet over tid.�

Solveig Sægrov�, FørstelektorProsjekt-tittel: ”Implementering av Individuell plan (IP) for kreftramma”�

Anne Storaker,� Høgskulelektor�Ferdigskriving av artikkel: Sedation and pain relief for patients on mechanical ventilation -nurse - physician commu-�nication. -Omgjering av vitskapsteoretisk essay til fagartikkel: Sjukepleiar og lege som deltakar ogtilskodar til�kvarandre -Samarbeid med internasjonal koordinator Wolverhampton University College: Artikkel om kva effekt�studentar har av utveksling Førde-Wolverhampton.�

Regionalt kompetansesenter for�klinisk forskning (KKF), Helse Vest,�har som oppgave å bistå forskere�med en rekke oppgaver innenfor�forskning i alle helseforetakene i�vest. En av hovedoppgavene er å�heve kvaliteten på forskningsarbe-�idene ved å tilby råd og forsknings-�veiledning.�

Det er for tiden tre biostatistikere ved�KKF som server foretakene i Helse�Vest. Disse er Geir Egil Eide, Jörg Aß-�mus, og Roy Miodini Nilsen med til�sammen 2,6 årsverk. Alle er utdannet�statistikere og har doktorgrader i�statistikk eller epidemiologi ved Uni-�versitetet i Bergen. Senteret er organi-�sert i FoU avdelingen i Helse Bergen.�

Vi ønsker at ansatte i helseforetaket�som ønsker å gjøre forskningsarbeid,�tidligst mulig, tar�kontakt med KKF�med forespørsel om hjelp til forskn-�ingsprosjekter. Dette kan være hjelp til�å beregne utvalgsstørrelser i en klinisk�studie eller råd om hvordan enkle�statistiske analyser kan gjennomføres.�Vi arbeidet etter prinsippet om hjelp�til selv-hjelp. Henvendelser til senteret�behandles regelmessig ved at den en-�kelte blir tildelt en av statistikerne�som kontaktperson og som utfører op-�pgaven i samarbeid med forskeren.�Ofte er det veiledning i bruk av en�statistisk programpakke som skal til,�men av og til vil større og mer kompli-�

serte oppgaver måtte utføres. Lang-�varig samarbeid vil i noen tilfeller�kvalifisere til medforfatterskap i hen-�hold til�Vancouver reglene.�Vi har to�typer registreringer; henvendelser og�prosjekter. De siste vil bli registrert i�prosjektregisteret hos KKF, som man�kan finne på Forskning på Innsiden.�

Senteret tilbyr kurs og skreddersydd�gruppeundervisning i medisinsk�statistikk. Dette kan være alt fra enkle�statistisk metoder til mer avansert�statistisk analyse som blandede mod-�eller og levetidsanalyser. Vi planleg-�ger nå innføringskurs i statistiske�programpakker som Stata og R samt i�epidemiologisk metode. Det er også�tilgjengelig e-læringskurs i SPSS.�Dette finner du på�læringsportalen�under tittelen SPSS.�

Helse Vest har kliniske og translasjo-�nelle forskningsprosjekt som sin�hovedsatsing. Dette inkluderer også�studier om hvordan helsetjenestetilbu-�det er eller bør være. Vi oppfordrer�forskermiljøene til å utforme forskn-�ingsprosjekter som tar utgangspunkt i�allerede eksisterende, gode datamate-�rialer som kan besvare viktige�spørsmål i helsetjenesten. Dette kan�være større registerbaserte studier�eller epidemiologiske undersøkelser.�Slike studier krever mindre arbeid i�forkant av gode analyser fordi de ofte�

er godt kvalitetssikret og godt til-�rettelagt.�

Med vennlig hilsen�

Regionalt kompetansesenter for�klinisk forskning i Helse Vest.�

Roy M. Nilsen, statistiker ved KKF�

Om du har statistiske�utfordringer kan denne�mannen hjelpe deg 6.�oktober på Førde sen-�tralsjukehus. Bestill�ein time ved å sende�e-post til:�runar.tengel.hovland@�helse-forde.no. Neste�mulegheit er�6. desember�.�

Få hjelp med statistikken�

Page 9: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

9�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PUBLISERT�

PUBLISERT:�Dis Esophagus. 2010 Sep 2. [Epub ahead of print]�

Health-related quality of life in long-term survivors after high-dose chemoradiotherapy followed by surgery in�esophageal cancer.�

Hurmuzlu M�, Aarstad HJ, Aarstad AK, Hjermstad MJ, Viste A.�

Department of Oncology, Førde Central Hospital, Førde, Norway.�

Radiother Oncol. 2010 Aug 11. [Epub ahead of print]�

High-dose preoperative chemoradiotherapy in esophageal cancer patients does not increase postoperative�pulmonary complications: Correlation with dose-volume histogram parameters.�

Hurmuzlu M�, Ovrebø K, Wentzel-Larsen T, Muren LP, Viste A, Smaaland R.�

Department of Oncology, Førde Central Hospital, Førde, Norway; Department of Surgical Sciences, University of Ber-�gen, Norway.�

World J Surg Oncol. 2010 Jun 1;8:46.�

High-dose chemoradiotherapy followed by surgery versus surgery alone in esophageal cancer: a retrospec-�tive cohort study.�

Hurmuzlu M�, Øvrebø K, Monge OR, Smaaland R, Wentzel-Larsen T, Viste A.�

Department of Oncology, Førde Central Hospital, N-6800 Førde, Norway. [email protected]

Br J Clin Psychol. 2010 Jul 1. [Epub ahead of print]�

The voices of fellow travellers: Experienced therapists' strategies when facing difficult therapeutic impasses.�

Moltu C�, Binder PE.�

Psychother Res. 2010 May;20(3):309-20.�

Commitment under pressure: experienced therapists' inner work during difficult therapeutic impasses.�

Moltu C�, Binder PE, Nielsen GH.�

Helse Forde Psychiatric Clinic, Forde, Norway. [email protected]

Arch Pathol Lab Med. 2010 Jul;134(7):967.�

Preparation of immunohistochemical control from Helicobacter pylori culture.�

Vodovnik A, Hadenfeldt H, Hjetland R.�

Department of Pathology, Department of Microbiology, Førde Central Hospital, 6807 Førde, Norway�

Disabil Rehabil. 2010;32(15):1272-80.�

'Belonging'. 'Patients' experiences of social relationships during pulmonary rehabilitation.�

Halding AG�, Wahl A, Heggdal K.�

Scand J Caring Sci. 2010 May 31. [Epub ahead of print]�

Experiences of self-blame and stigmatisation for self-infliction among individuals living with COPD.�

Halding AG�, Heggdal K, Wahl A.�

Faculty of Health Studies, Sogn og Fjordane University College, Førde, Norway.�Saknar du din artikkel på lista? send ein e-post til: [email protected]

Page 10: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

10�

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2 PUBLISERT�

Har Bamse fått teddyfeber?�Ta med deg Bamse til bamsesjukehuset på VilVite-�torget på laurdag og undersøk han. Der kan han få�bandasje, plaster eller litt Nonstop-medisin, når�Sjukepleieutdanninga ved Høgskulen i Sogn og�Fjordane, Undervisningssjukeheimen og Helse Førde�tek helsesjekk på alle bamsar.�

Teknologi på hjul�På VilVite-torget kan du også prøve high-tech utstyr�og robotar frå ingeniørutdanninga ved høgskulen.�Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri�stiller med ein trailer fullstappa med teknologi. Her�kan du mellom anna sjå korleis vatn blir tappa på�flasker.�

Sjå det store i det lille�Har du nokon gong tenkt på kor stort alt det små kan�vere? Kom og sjå sjølv i mikroskopet og høyr kva ein�patolog eigentleg gjer.�

Lynkurs i Hjarte- og lungeredning�Hugsar du kor mange kompresjonar og innbåsingar�det skulle vere? Oppdater deg og prøv sjølv på�Skywalken.�

...og meir til:�Mellom anna konkurransar med store og små premi-�ar, rebusløp og ein fullstendig tullerusk professor...�

Ta med deg Bamse og nysgjerrigheita og kom!�

I Førde med forskingstorg, kunstvandring og foredrag m.m�

Forskingstorg�Handelshuset kl 12 - 15�

Kulturdag�Førde Helsetun kl 10 - 14�

Markering av Utviklingssenteret�TALAR: Nils Gjerland�

Politisk rådgjevar Tord Dale�

FILM: "Lyden av liv"�

KONSERT: Seniorkoret og tilsettekoret�

KUNST: Astrid Wittersø er guide�

Foredrag, oppstart forskingsprosjekt, mat m.m�

Kortreist�forsking�20 populærvitskaplege foredrag med utgangs-�punkt i lokal forskingsproduksjon. Her kan du�mellom anna få vite meir om:�

·� Kven dei siste røykande ungdommane er�·� Kvifor barn treng å vere fysisk aktive�·� Korleis samtalen kan bidra til�

betre helsetenester�·� Kor mennesket blir av i den stykkpris-�

finansierte helsetenesta�

Dette og mykje meir innanfor tema som sam-�handling, læring, overvekt, sjukdom, diagnosar�og verktøy.�

Tid: 1. oktober kl 8 - 15�Stad: Førde sentralsjukehus og� høgskulen på Vie�

HEILE PROGRAMMET PÅ: WWW.HISF.NO�

25/9� 29/9�

1/10�

Page 11: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

11�

UTVIKLINGSSENTER�

PROGRAM FORSKINGSDAGANE: WWW.HISF.NO�

1/10�

Undervisningssjukeheimen i Førde blir:�

PROGRAM:�10:00�Ordførar Nils Gjerland ynskjer velkommen�

Utvilingssentera si rolle og tyding i forhold til noverande og�framtidige utfordringar i kommunale omsorgstenester�v/ Tord Dale, politisk rådgjevar�

Kort om pågåande og planlagde prosjekt v/ Utviklingssenteret i Førde�v/ utviklingskoordinator Kari Valle og Toril Marie Terum�

11:00� Filmvisning –�Lyden av liv�- om musikk og musikkterapi i eldreomsorga�

11:15� Konsert m/� seniorkoret�

11:30� kaffi og noko godt å bite i�

12:00�Tilsettekoret�

12:15� Informasjon om oppstart av forskingsprosjektet ”�Effekten av individuell�musikkterapi på livskvalitet, agitert åtferd og medisinering hjå personar�med demens”�v/ Kaja Elise Enge, musikkterapeut Fylkeskommunen�

12:45�Kontinuitet som kvalitet i omsorga for demenspasientar og deira�pårørande�v/ Toril Midtbø, Ressursgruppa i heimetenesta og Høgskulen i�Sogn og Fjordane�

13:30�Tydinga av å ha kunst rundt seg…�v/ Astrid Wittersø�

Avslutningsvis blir det gitt tilbod om�kunstvandring på Førde Helsetun� v/ Astri Wittersø.�

Vi rettar fokus på forsking, fag- og kvalitetsutvikling i kommunehelsetenesta�

På Førde helsetun 29. september 2010, kl 10 - 14�

Page 12: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

12�

Ein lokal kunnskapsbuffé�

1/10�

Kortreist forsking:�

PROGRAM:�

På Vie 1. oktober 2010, kl 8 - 15�

20 foredrag opne for publikum. Gratis inngang.�

8.00 - 8.45 OPNINGSFOREDRAG:�

Olav M. Kvalheim:� Bruk og misbruk av statistiske modeller -� eksempler fra klimaforskning og�

medisinsk forsking.�

Presentasjon av program for dagen, ved� Marit Solheim.�

Prisutdeling for beste poster.�

TEMA: OVERVEKT�

9.00 – 9.25� Dag Fadnes:� Fettceller ved sykelig overvekt – ikke bare� lagringssted for fett.�

9.25 – 9.50� Camilla Movik Laukeland:� Hva skjer med matinntaket etter en� overvektsoperasjon? Om smak og� kosthold hos overvektsopererte.�

10 min pause�

TEMA: PERSPEKTIV PÅ DIAGNOSAR� OG SJUKDOM�

10.00 - 10.25�Gro Hovland:� På kvar sin planet - på same klode.� Brystkreftpasientar sin bruk av nettforum� for avklaring av informasjon gitt av� helsepersonell.�

FØRDE SENTRALSJUKEHUS�aud, 2. etg., ved kantina�

HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE, VIE�aud. Sogn, 1. etg�

TEMA: UNDER HAMMAREN OG� MIKROSKOPET�

9.00 – 9.25� Konrad Mader:� Forskingas verktøy i ortopedisk kirurgi.�

9.25 – 9.50� Ståle Sund:� Med pasientens liv og helse under� mikroskopet. Fra patologens hverdag.�

10 min pause�

10.00 - 10.25�Inger-Marie Juel� Digital mammografi brukt i Mammografi-� screening - sammenligning med� konvensjonell analog mammografi.�

Page 13: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

13�

Page 14: InFoU nr 3 2010

I nFoU� Nummer 3 september 2010 årgang 2�

14�

Utlysing av stimuleringsmid-�ler til medisinske�kvalitetsregistre�

frist 1. oktober.�

Siktemålet til stimuleringsmid-�lane er å gi støtte til etablering�eller vidareutvikling av lokale/�regionale register som har po-�tensial til å bli nasjonale, eller�av andre grunnar er prioriterte.�Det blir ikkje tildelt midlar til drift�av register og heller ikkje til�investeringar/utstyr. Midlane�blir tildelte som eingongsbeløp.�

Nasjonal kunnskaps- og erfa-�ringskonferanse om angstlid-�ingar�

Regionalt forskingsnettverk for�angstlidingar inviterer til nas-�jonal kunnskaps- og erfaring-�skonferanse om angstlidelser i�Bergen 1.-3. desember 2010.�

Påmeldingsfristen er 1. novem-�ber 2010 og deltakaravgifta er�500 kroner per dag, inkludert�lunsj.�

Helse Vests forskingskonfer-�anse 2010�

Det regionale samarbeidsorga-�net og Helse Vest RHF arrang-�erer sin åttande�forskingskonferanse torsdag�14. og fredag 15. oktober 2010.�Konferansen blir arrangert på�Solstrand Hotel og Bad,�Bergen/Os.�

Målgrupper for konferansen er�styremedlemmer, leiarar og�

14 oktober 2010 - 20 oktober 2010�

Høgskulen i Sogn og Fjordane ved Avdeling for samfunnsfag har gleda av�å tilby fem førelesingar i oktober med professor Harald Grimen�

Dag og tid�Torsdag 14. oktober: 13.15 – 15.00�Fredag 15. oktober: 13.15 – 15.00�Måndag 18. oktober: 13.15 – 15.00�Tysdag 19. oktober: 13.15 – 15.00�Onsdag 20. oktober: 13.15 – 15.00�

Kort omtale�I førelesingane vil professor Harald Grimen ta utgangspunkt i omgrep som�”skjøn” og ”tillit” og ”profesjonsmoral” , sentrale omgrep og problem i utøv-�inga av helse- og sosialfaglege yrke. Opplegget vil vera slik at ein kan ha ut-�bytte av kvar einskild førelesing, samstundes som det vert knytt band gjennom�heile førelesingsrekkja.�

Om professor Harald Grimen�Harald Grimen, f. 1955 i Gulen i Sogn og Fjordane, er filosof. Han er professor�ved Senter for profesjonsstudier , Høgskolen i Oslo og professor II ved Avdel-�ing for samfunnsfag, Høgskulen i Sogn og Fjordane. I seinare arbeid har Gri-�men skrive mykje om ”skjøn”, ”tillit” og ”evidensbasert profesjonsutøving”.�

Bygg�Sogndal kulturhus medoverføring av bilete og lyd til�Avdeling for helsefag i Førde.�

Kontaktperson�[email protected], telefon 57 67 76 24�

Skjøn, tillit og profesjonsmoral –�profesjonelle utfordringar i velferdsstaten� Notiser�

SENTER FOR HELSEFORSKING ER:�

Marit Solheim, forskingsleiar . tlf 57 72 25 31 .�[email protected],�

Runar Tengel Hovland, seniorrådgjevar . tlf 57�72 25 66 [email protected]

Anette Susanne Boe Wolff, forskingskoordinator�[email protected]

Ta kontakt med oss dersom du treng hjelp til�noko i samband med forskinga di.�

www.helseforsking.no�

14�