jubileumshefte

76

Upload: thore-lunde

Post on 07-Apr-2016

238 views

Category:

Documents


8 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Jubileumshefte

Os Mannskor

90 år”Leve Sangen”

Page 2: Jubileumshefte
Page 3: Jubileumshefte

Forord.

I samband med 90-års jubileet i Os Mannskor har styret ved fleire høve diskutert om det kunne la seg gjera å gi ut ei bok om koret. For å stå føre dette vart det i 2013 sett ned ei redaksjonsnemnd . Følgjande vart med i nemnda: Vidar Fristad, Jan Ove Petersen, Trygve Skorpen, Thore Lunde og Bjørn Erik Hagen.Etter ein del drøftingar la ein bokplanane på hylla først og fremst av øko-nomiske årsaker. Men ein arbeidde vidare med spørsmålet om å laga eit jubileumshefte. Roald Anthun vart spurd om å vera skriftstyrar. Etter å ha tenkt seg om svara han ja på dette og nå ligg resultatet føre.

Heftet går på mange måtar kronologisk gjennom Os Mannskor frå star-ten 5. mars 1925 heilt fram til jubileet i mars 2015. For meg er dette interessant lesnad og det vitnar om ein organisasjon som har vore viktig for kulturtilbodet i bygda og som heile tida har vist stor aktivitet.

I samband med utarbeidinga av heftet har ein nytta innhaldet i tidlegare jubileumshefte, årsmeldingar, intervju med gamle medlemer og mange medlemer har delteke i gjennomgang av ulikt stoff om koret som har stått i aviser o.l.

Det er også lagt stor vekt på å samla bilete frå alle epokane i Os Mann-skor si historie. Her har familie til medlemer som ikkje lenger er mellom oss, gamle medlemer og andre vore til stor hjelp. Det ligg føre eit omfatt-ande biletmateriale og det som ikkje vart nytta i heftet vil i alle høve vera viktig å ta vare på.

Eg takkar redaksjonsnemnda for eit flott stykke arbeid! Aller størst takk til Roald Anthun som har stått føre organiseringa og skrivinga, og Tho-re Lunde som har stått føre layout av heftet. Det omfattande stoffet som er samla vil også kunna gi eit fantastisk utgangspunkt når 100-årssoga skal skrivast om 10 år!

Nemnast og takkast må også Sparebanken Vest for bidraget på kr.25.000,- til jubileumsheftet!

5217 Hagavik januar 2015

Jan Terje Skutlabergformann Os Mannskor

Page 4: Jubileumshefte

OS MANNSKOR - 90 ÅR

LEVE SANGEN!Innhald:

Forord s. 3 Eit kor med tradisjon og variasjon. s. 5

90 år "i gode og vonde dagar". s. 10 Etablering Oppslutnad gjennom åra Organisering og regulering av aktiviteten Milepælar Repertoar Når koret jubilerer. s. 18 Ut i verda. s. 26 1969: Danmark 1973: Skottland 1980: Austerrike 1985: Tyskland 1990: USA 1995: Estland 2000: Praha og Wien 2005: Island 2010: Irland 2015: Austerrike og Italia

Livet i - og med - koret. s. 38

Særlege minne frå dei siste 30 åra. Veteranar minnest! "Funderingar over korkånelivet".

Kven var og er dei? s. 55 Medlemer Leiing Dirigentar

Vedlegg. s. 60

Aktiviteten 1985-2014 ifølgje årsmeldingar

Page 5: Jubileumshefte

Eit kor med tradisjon og variasjon.

Os Mannskor er i år 90 år, og eit av dei eldste kora i distriktet. Det blei stifta 5. mars 1925, og har i dag nokon og førti medlemer. Tidene skiftar, og oppslutnad og medlemstal med dei. Men i motsetnad til mange andre av dei lengstlevde kora i distriktet, har Os Mannskor fornya seg dei siste par åra, med nye og ein del yngre medlemer og nye, habile dirigentkrefter. Koret synest å ha fått ny kraft, med fornya repertoar og fyldigare klang som resultat. Om klangen heiter det elles i eit avisreferat frå slutten av 1960-talet, skrive av Thorleif Aamodt:

”Os Mannskor har fortsatt en lys, lett og velpleiet korklang .............”.

I Bergen Sangerforbund sin songkonkurranse hausten 1972 oppnådde koret 1. pris. Og i eit referat frå Leirvik Mannskor sin jubileumskonsert i mars 1974 heiter det i lokalavisa ”Sunn-hordland”:

”....har dei alliert seg med to av dei beste mannskora i Hordaland, Fana Mannskor ...... og Os Mannskor..... Dette er kor som borgar for songleg kva-litet utanom det heilt vanlege”.

Då koret i 1987 vann si klasse i det første ”Syng for oss” i Bergen, uttalte domarane om finale-nummeret ”Voggevise i skogen”:

”Meget fin klang”!

Hausten 2011 kommenterte lokalavisa ”Hordaland” ein konsert i Granvin kyrkje på følgjande måte:

”Mannskorsong er ikkje ofte å høyra i Granvinskyrkja. Dei rutinerte songarane frå Os fekk publikum til å fryda seg, og i avsluttingsnummeret ”Land-kjenning” av Grieg sparte dei ikkje på noko. Lufttrykket kjendest formeleg i alle krokar i kyrkjerommet”.

Når ein ser bort frå reint barne- og ung-domskulturelle tiltak, er Os Mannskor ein viktig part i kulturlivet i bygda, og har vore det heilt frå starten. Godt vak-sen alder blant medlemene hindra likevel

ikkje ein av dei mest kjende unge pop-artistane i kommunen i å få mannskoret til å kora i ein av hans siste songar, rett nok då ein song om heimbygda (ORBO: ”Heim igjen til Os”). Også andre, regionale, kul-turaktørar trekte i 2011 og 2012 ei gruppe frå koret med i eit skodespel med integrert song og dans (Vibeke Flesland Havre/BIT Teatergarasjen: ”The End - a gentle reminder”) som blei framført fleire stader i fylket, med start i Oseana, det nye kultur-

Os Mannskor i Minneparken blir fotografert av Midtsiden5

ORBO m/gruppe fra Os Mannskor

Page 6: Jubileumshefte

huset i Os.

Gjennom tidene har koret vore med på utruleg mange aktivitetar, sjølvsagt med song som eit sentralt element. Ein starta tidleg opp med song, underhaldning og dans Olsokafta, og danse-tilstellingar i helgene for å halda hovudet over vatnet økonomisk. Songunderhaldning på ba-sarar, jubileum, ulike stemne og store dagar, både private og offentlege, blei snart vanleg. Dels var dette tiltak for å styrka økonomien i koret, dels fordi koret blei populært blant bygdefolket til underhaldning. Slike tiltak blei etterkvart til tradisjonar, som song 17. mai og ved høgmes-

sa 1. juledag. Denne tradisjonen er halden ved like den dag i dag, 17. mai no med song under høgmessa i Os kyrkje og i Minneparken over falne under 2. verdskrigen. Ein julekonsert der inntektene gjekk til fattige i kommunen var også fast. Song skitnesundag på eldreinstitusjonar er elles blant dei eldste tradisjonane. Andre framføringar som etterkvart har forma seg til tradisjonar er på Korforbundet sine Nyårskonsertar, og på kommunane sine Kulturhistoriske dagar. Det store kultursamarbeidet i Os, Fritio, var frå 1976 til 2010 kvart andre år ein stad der mannskoret tok del med konsertar eller kabaretar. Nore Neset-dagane, no kalla Osmessa, var også ein stad mannskoret skapte stemning med frisk song. Dei seinare åra har det vore tillaup til tradisjon i å ha ein liten haustkonsert på Eldresenteret i bygda, og for koret sin førjuls- eller adventkonsert i kyrkja på Nore Neset gjeld det same. Koret har elles

jamnleg ein vårkonsert og ein haustkonsert, sistnemn-de gjerne utanbygds.

Mannskoret er også po-pulært når det gjeld stem-ningsskapande og sals-fremjande tiltak i butikkar og handelssenter, til jul eller t.d. ved mannekeng-oppvis-ningar, og medlemer frå ko-ret har siste åra også deltatt som modell eller aktør i slike tilstellingar. Dette er betalte oppdrag som styrkjer koret sin økonomi. Det same gjeld når grupper eller heile koret syng ved jubileum og store dagar, private og offentle-ge. Norske Kvinners Sani-tetsforening sitt 100-års-jubileum i Bergen i 1996 er

Deler av mannskoret med guttekoret

Fra åpning av Oseana

6

Page 7: Jubileumshefte

eitt døme utanbygds. Andre døme er innviinga både av det nye Gulatinget i Bergen (2011), og det nye Odontolo-gisk institutt ved Universitetet i Bergen (2012). Når innviingar og jubileum er aktuelle heime i Os, er mannskoret eit førsteval. Nokre døme frå seinare tid er 100-årsjubilea til Os Ungdomslag (1990), Os Musikkforening (2001) og Os Sanitetsforening (2013), innviinga av Nore Neset kyrkje i desember 2000, Aktivitetshuset på Nore Neset i novem-ber 2003, og kulturhuset Oseana i juni 2011, det siste rett nok saman med dei andre kora i Os.

Os Mannskor er så vidt ein kjenner til, det einaste koret som har hatt eige re-krutteringskor med medlemsskap i vedkomande korforbund. Gutekoret blei oppretta i 1944, og var i mange år aktivt, låg så nede ei stund på 50-talet og blei gjenoppretta i 1962. Etter nokre år med fornya liv måtte tiltaket på slutten av tiåret avsluttast, først og fremst grunna

vanskar med å finna øvingsleiar.

I 1973 blei mannskoret sitt Mi-nikor oppretta. Tiltaket var ein konsekvens av at ein ofte ber-re trong ei gruppe frå koret til aktuelle framføringar, at ein del av songarane var meir ihuga og songglade enn dei fleste andre, og elles hadde meir høve til å stilla opp når det trongst. Mini-koret deltok saman med mann-skoret ved mange tilstellingar og framføringar, gjerne som ein variasjon av dette. Det synte seg etter kvart at ikkje alle medleme-ne i mannskoret var like nøgde med tiltaket, kanskje fordi alle gjerne hadde lyst å vera med, men av ulike grunnar ikkje kunne. Minikoret blei i alle høve historie i 1985, og bygda ein res-

surs mindre i musikk- og kulturlivet. Behova Minikoret dekte blir i dag stetta ved varierande grupperingar når det er trong for det. Slike behov kan t.d. vera framføringar i private selskap og tilstellingar, gjerne som betalte oppdrag som før nemnt.

Ei heilt anna gruppering knytt til mannskoret oppstod alt i 1956: ”Damene”! Ikkje slike som vanlegvis går under namnet tilhengjarar, fans eller groupiar. Denne grupperinga er samansett av medlemene sine ektemakar, sambuarar eller kjærestar, og kallar ofte seg sjølve for ”Korkå-nene”. Gjennom åra har dei gjort ein nærast uvurderleg innsats for koret. Sjølv om deira til-stelling, ”Damefesten”, i mange år har gjeve gode inntekter til koret, er deira sosiale og emosjo-nelle støtte kanskje vel så viktig. Dette skjer ved oppslutnad som publikum og songsakkyndige kommentatorar, og som gode reisefeller på turar i inn- og utland. Denne oppslutnaden er heilt uvurderleg, og gjer merkbar verknad når den sviktar. Den har kanskje også medført at ein del damer frå andre kor når ein møttest har følt seg ”svikta”? Men for mennene i mannskoret sin felles innsats er ikkje det viktig!

Minikoret

”Damenes” koldtbord

7

Page 8: Jubileumshefte

Samarbeid i ulike former er også ein viktig komponent i Os Mannskor sin historie. Dei første åra hadde ein mykje samarbeid med Follesø Mannskor, med felles konsertar og turar. Seinare hadde ein liknande samarbeid med Fana Mannskor og Mannskoret Freya, bl.a. med same diri-gent. Også Leirvik Mannskor har ein hatt sporadisk samarbeid med. Men også i bygda har det vore vanleg å samarbeida både med felles dirigentar og med felles framføringar, både med kor og musikkforeiningar. Første dirigent i Os Mannskor var såleis Mons Lyssand, som frå før var dirigent i Os Musikkforening. Dei siste åra har koret hatt felles dirigent med Os Kammerkor, noko som naturleg medfører ein del framføringar same stader. Vi har elles nemnt kultursamarbeidet, Fritio. Det største samarbeidet mellom kora i bygda var kanskje 100-års jubiléet hausten 2012 for Henrik Lyssand sin fødsel. Han var son til Mons Lyssand og døydde hausten 1989. Denne bygda sin store musikar, komponist og tidlegare mangeårig dirigent for Os Mannskor og fleire andre kor i bygda, blei heidra med ein stor fel-les konsert i det nye kulturhuset Oseana. Ein minneverdig og flott konsert med berre utval av ”Henriken” sine verk!

Utanom ”Henriken” har koret gjennom åra hatt med andre habile musikalske krefter, anten som musikalske lei-arar, eller dei har laga song og musikk for koret. Her kan nemnast namn som Thorleif Aamodt, Lars Ragnvaldsen, Øyvind Widerøe, Øyvind Vik og Torgeir Kinne Solsvik . Slike bidrag har også kome utanfrå, som frå Jimmy Øv-redal og Norvald Kobbeltvedt lokalt, som koret mange gon-ger har samarbeidd med.

Den nye våren i Os Mann-skor omfatta også at koret ifjor (2014) tok på seg Korfor-bundet si songarstemne for første gong på over 40 år. Et-ter fleire års tankeutveksling

og drøftingar blei ei hovudnemnd på fire kormedlemer oppnemnd av styret, og fekk i oppgåve å avklåra om ei stemne kunne gjennomførast i Os, og korleis.

Nemnda blei så utvida til ein stemnekomité samansett av

Jan Terje Skutlaberg, Jan Erik Bugge, Vidar Fristad, Arnljot Grytøyr, Kåre Hjelle, Thore Lunde, Jan Ove Petersen og Olav Solberg.

Dagen kom med sol og vår ei veke etter 17. mai. Til saman 19 kor med kring 460 songarar frå så langt unna som Tysvær i Rogaland, deltok:

Bergen Handelssamfunds Sangforening, Bjørgvin Blandakor, Breistein Mannskor, Bøneskoret, Dale Mannskor, Fanakoret, Follesø Mannskor, Kammerkoret Takt og Tone, Kor for Det, KorNess, Kor(t)pusten, Lysekoret,

Stemnekomitéen

8

Page 9: Jubileumshefte

Nordlandskoret, Os Kammerkor, Os Vocalis, Songkoret Albatross, Strand-vik Blandakor, Tysvær Blandakor og Unnelandskoret.

Os Mannskor hadde hendene fulle med arrangementet og deltok naturleg nok ikkje anna enn i fellesnummer ved opninga av stemna, og ved opninga av Songarfesten om kvelden. Songane ”Liten fuggel” av Vamp, med innleiande plystring av fuglelydar, og ”Always look on the bright side of life” av Eric Idle, hausta trampeklapp og laga høg stemning frå starten av festen. På an-dre omslagsside i dette heftet ser ein stemneprogrammet, med m.a. fire konsertar og ”Singer’s corner”.

Månader og års planlegging, saman med det fine vårveret, sikra ei godt organisert stemne som deltakarane vil hugsa len-ge, og arrangørane fekk mykje ros for. Det blei m.a. uttalt av garva songarar at så god mat som på songarfesten hadde deltakarane aldri før fått på ei stemne. Som arrangørar var vi også godt nøgde, både med gjennomføringa av stemna, og med eit stort økonomisk overskot til sikring av kordrifta framover. Tiltaket var i det heile så vellukka, at korstyret lanserte tanken om å halda faste stemne framover med få års mellomrom. Dette sa medlemene seg einige i å arbeida for på eit medlemsmøte ved starten av haustsesongen.

Oppmarsj fra Oseana til torget. foto: Midtsiden

Formann Jan Terje Skutlaberg og ordfører Terje Søviknesfoto: Midtsiden

9

Page 10: Jubileumshefte

90 år ”i gode og vonde dagar”.

Etablering.Mannskoret blei, som nemnt innleiingsvis, formelt stifta i møte 5. mars 1925. Tiltaket hadde sitt utspring i Os ungdomslag, og blant dei 17 frammøtte var medlemer derifrå og andre inter-esserte. Desse var:

Johannes Birkelund, Bernt Børret-zen, Åsmund Falkanger, Harald Gille, Johannes H. Hjelle, Jon J. Hægland, Olaf J. Hægland, Brynjulf Johannesen, Martinus Jordal, Hans Lundetræ, Johan Lundetræ, Mons H. Lyssand, Bernhard Midthus, Sverre Nicolaysen, Harald Søvik, Thorbjørn Tveit og Peder Vangsnes.

”Ungdomslagets Sangforening blev stiftet 5. mars 1925. Til styre blev valgt følgende: Torbjørn Tveit 14 stemmer, Bernhard Midthus 13 stem-mer, Sverre Nicolaysen 12 stemmer, Brynjulf Johannesen 8 stemmer.

Til formand valgtes B. Midthus. Kontingenten blev sat til 2 kr. årlig som betales halvårlig. Leder er Mons Lyssand”.

Slik lyder referatet frå første side i møteboka.

Brynjulf Johannesen blei nestformann, Thorbjørn Tveit skrivar, og Sverre Nicolaysen kasserar.Mons H. Lyssand, som var dirigent i Os Musikkforening, tok som vi ser, på seg jobben som instruktør, og øvde og dirigerte koret dei første fire åra. Alt første året blei namnet endra til ”Os Mannskor”, etter namnekonkurranse blant kormedlemene. Koret vaks fort og hadde alt same året 26 songarar. Innsatsen var høg, med øvingar på 2 1/2 time to gonger i veka. Dei første åra hadde ein bry med å skaffa høveleg øvingslokale, og måtte halda til i kommunehuset og fleire andre stader, før ein fekk plass i gamle Fjellheim. Den første framføringa var på ein

basar ungdomslaget heldt, og første songen her var ”Leve sangen”, som seinare har vore koret sin oppsong i alle år. Forfattar og komponist til denne songen er ikkje kjende.

Koret blei snart eit fast inn-slag i kulturlivet i bygda, og opptrådde ved mange slag samkomer. Dei var ikkje trå-bedne, men økonomisk kom det lite ut av denne aktivite-ten. Som døme på koret sin plass i kulturlivet kan ein nemna at det alt første året song ved 17. mai-tilstellinga-ne. Det var nok mange spanande tiltak for det nystarta koret dei første åra. ”90 år - i gode

Os og Follesø Mannskorene sammen på stevnet 19.06.1927 på Lurane (Hauge)

Fra 25-årsjubileet

10

Page 11: Jubileumshefte

og vonde dagar”, er dette samandraget kalla, og også dei vonde opplevde ein heilt frå starten, då ein alt første våren på ei framføring på tur til Tysnes berre kunne stilla med ein tenor. Kan-skje var denne framføringa likevel vakker, sidan det truleg kunne opplevast som solosong med koring! På stemna til Mannssangerforbundet i Odda i pinsehelga 1929, stilte berre 17 songa-rar. Slike mannefall har diverre hendt også i nyare tid, men dei er unntak.

Oppslutnad gjennom åra.Det er naturleg at oppslutnaden om eit kor skifter gjennom åra. Det kan vera mange grunnar til det, som skiftingar i allmenne sosiale verdioppfatningar, økonomiske tilhøve i samfunnet og for kora, private råmevilkår i ulike livsperiodar, sosialt miljø i koret, val av aktivitet og reper-

toar, men også eigenskapar ved dirigent og styrande organ.

Vi veit alt at entusiasmen og engasjementet i koret var stort i starten, og at koret vaks til 26 songarar første året. Noko særleg høgre blei ikkje medlemstalet i før-krigsåra - 25-30 mann var det gjennomsnittleg med i denne bolken, men rett ofte var ein under 20 mann ved framføringar. Ein sleit såleis ein del med oppslutnaden, og rett mange var med berre kortare tid. Ei gamal liste over kormedlemer dei første 25 åra syner 94 namn, per-sonar som har vore innom eitt eller fleire år, men der dei fleste har slutta igjen og

er borte før det har gått 10 år.

Oppslutnad omfattar også frammøte til øvingar og konsertar. Av møteboka framgår detat sjølv dei som møtte oftast til øvingane i 1927-28, ikkje møtte meir enn 38-40 gongar av 46 registrerte. No er dette forståeleg når ein tenkjer på at mange truleg hadde både full stilling i arbeid og eit gardsbruk i tillegg, og spesielt om ein framleis hadde to øvingar i veka, ei av dei sundags ettermiddag. I Hordaland Mannssangerforbund sitt 10-års jubileumsskrift i 1938 heiter det om Os Mannskor:

”Korets arbeide har vært en del hemmet ved stadig skiftning av medlemmer. Der er nå kun 4 sangere igjen som har vært med den hele tid, ...............”.

I desse tronge tidene hadde truleg nære og samansette relasjonar mellom fleire av dei sentrale medlemene mykje å seia for at koret overlevde. Ein bror av dirigenten Mons, eit søskenbarn, og eit søskenbarn av mora, var med alt frå første året, og sentrale ved etableringa av koret. Sistnemnde, som også var søskenbarn av nemnde søskenbarn, blei første formann i korstyret, og styremedlem i fleire år. Søskenbarnet til Mons var også med i første styret og blei styremed-lem i Hordaland Mannssangerforbund då dette blei stifta i 1928. Han var seinare styremedlem og formann i koret i mange år; det same var nemnde bror til Mons, m.a. formann gjennom hei-le krigstida. Då Mons etter nokre år fann ut at han måtte gje seg som dirigent, overtok sonen, og to andre av brørne til Mons trødde til som kormedlemer. Det hjelpte nok også at eit anna søskenbarn av Mons var ordførar, og kunne hjelpa til med å skaffa øvingslokale i kommune-huset då koret sleit med å skaffa lokale.

På stemne

11

Page 12: Jubileumshefte

I okkupasjonstida steig interessa sterkt for å delta i mannskoret. I 1943-44 auka medlemsta-let frå 29 til 37, og etter ein rekrutteringsaksjon i 1945 til 60-70 mann. Satsinga på nasjonalt repertoar var vel også no den sterkaste i koret si historie. Viljen til å hevda norsk kultur og motstand mot okkupasjonsmakta var rimeleg nok sterk. Hausten 1945 hadde ein mange gon-ger to øvingar i veka i arbeidet med ein forseinka jubileumskonsert, og oppslutnaden om koret var då på 65 medlemer. Til sjølve konserten 15. desember stilte rett nok berre 54 av desse opp, noko som likevel truleg er det største talet songarar Os mannskor nokon gong har hatt ei framføring med i fredstid.

Året etter kunne koret berre stilla 29 mann på forbundsstemna i Ytre Arna. 25-30 aktive son-garar er truleg det mannskoret har hatt i lengre tid i etterkrigsåra. Ved 30-årsjubiléet i 1955 kan ein telja 31 mann inklusiv dirigenten, Oscar Johannesen, på eit bilde i lokalavisa ”Os og Fanaposten”. I årsmeldinga for 1961 blir medlemstalet oppgjeve til 38 aktive. Ein viss tryggleik for at koret ville leva og kanskje ha vekst, hadde ein i gutekoret, som på det meste hadde like mange medlemer, som også deltok i mannskoret sine konsertar og andre framføringar. Men i jubileumsåret 1965, gjekk det først i september ut eit alarmerande brev frå styret til medleme-ne. Der kan ein bl.a. lesa:

”Slik vårt kor står i dag, kan vi ikke fortsette i det hele tatt. Her er for få mann som har møtt på prøvene, og det har vist seg at vi kan ikke påta oss et eneste tilbud til sang. Dette må vel karakteriseres som en stor skam. Ikke minst for det renomé vårt kor har hatt frem gjennom tidene...”

Ein grunn til den svake oppslutnaden akkurat då, kan ha vore at den mangeårige og avhaldne dirigenten, Henrik Lyssand, sa frå seg jobben, og ny dirigent overtok året etter. Styret inviterte til medlemsmøte om saka, og appellerte til medlemene om å rekruttera nye medlemer. Dette utspelet har truleg hjelpt, for den neste perioden vi ser rapportar om medlemstal i, er slutten av 60-talet, då 30-35 mann jamnt over deltok aktivt i koret. På forbundet si stemne på Leirvik i 1968 deltok 32 songarar. Gutekoret måtte leggjast ned på denne tida grunna mangel på diri-gent, men interesse for korsong hjå unge gutar var det framleis.

I 1972, då Os Mannskor oppnådde 1. pris i songarkonkurransen i Bergen, var 35 songarar aktive. Til 50-års jubiléet var dette talet stige til 45 aktive, ein svært bra korstorleik. Dei 45 var då i alderen 17-67 år, iflg. intervju i lokalavisa med dåverande formann, Olav Tøsdal. Ved jubiléet var det berre eitt medlem att av dei som var med og starta koret: Torbjørn Tveit.

Vi veit lite om oppslutnad dei neste 10 åra, då talet på aktive songarar likevel truleg har lege på rundt 40. På bildet på programheftet til den profane 60-års jubileumskonserten i april 1985 kan ein telja 42 mann i koret, inklusiv dirigenten, Jan Ove Petersen.

Frå 1987 har ein årsmeldingar, der ein ofte kan finna medlemstal o.l. Medlemstal finn ein ikkje for dette året, men frammøteprosenten på øvingane var 69, eit tal ein ikkje var særleg nøgd med, men som ikkje har vore uvanleg seinare heller. I 1991 opplyser årsmeldinga at koret har fått 6 nye medlemer same hausten, og talet på medlemer er då kome opp i 47 aktive, eit svært godt tal. Hausten 1994 har 5 nye medlemer kome til, og det totale medlemstalet er då oppgjeve til 48 medlemer. Litt opp og ned går medlemstalet, for i 1996 blir det oppgjeve til 43 songarar, medan det i 1997 er oppe att i 50, med 4 nye same haust. Dei siste 20 åra har talet på medlemer gått opp og ned på denne måten, slik at gjennomsnittleg tal på aktive med-lemer har vore på øvste halvdel av 40-talet. Talet på songarar koret kan stilla ved kvar framfø-ring har likevel ikkje overstige 40, og såleis lege ein stad på 30-talet. Dette har koret i sitt nitti-ande år von om å overstiga, slik at ein kan sjå 40-talet også på framføringane. Dei siste par åra har det såleis kome til 10-15 nye medlemer, slik at ein har passert nemnde tal på mange øvingar.

Desse siste 20 åra har ein i snitt tapt rundt eitt og eit halvt medlem for året, dvs. 30 av 52. Berre 1-2 nye medlemer kvart år er såleis det som trengst for å halda medlemstalet konstant

12

Page 13: Jubileumshefte

over ein lengre periode. Men kjernen av kormedlemer, med høg gjennomsnittsalder, har sam-stundes blitt 20 år eldre, slik at den kraftige fornyinga vi no ser, er naudsynt dersom ikkje koret brått skal bli vesentleg redusert dei neste 10 åra.

Organisering og regulering av aktiviteten.Når 25-50 ulike menn skal møtast ofte nok til å læra ofte krevjande songar, og framføra dei til passande tider for ulike publikum, trengst det planlegging og reglar for samarbeidet deira. Val av eit styre ved etableringa i 1925 var såleis sjølvsagt. Det første regelverket kom, som vi har sett, året etter. Ein kan seia at dette regelverket var uventa framsynt, sidan røyking under øvingar og konsertar blei forbode. At det blei forbode å vera synleg rusa på øvingar og under framføringar var vel meir kva ein kunne venta. Dette har truleg heller aldri vore noko problem i Os Mannskor, sjølv om medlemer flest ikkje har vore kjende for å spytta i glaset når ein had-de fest og moro. Framføring av mange viser om dette har då også vore vanleg i koret, til hyggje og løye for både dei sjølve og publikum. Alle dirigentane har ikkje vore like glade i slike viser, medan nokre har nytta dei til å få ekstra god stemning og kontakt med publikum.

Regelverket har gjerne gått under namn som ”lover” eller ”vedtekter”, og vore reviderte etter behov gjennom åra. Styret for ein organisasjon kan vera planleggingsorgan, men når aktivite-ten overstig visse grenser, trengst det fleire til å planlegga og styra. At mange medlemer deltar i og deler på slikt arbeid, aukar både demokratiet i organisasjonen og eigarkjensla til det han står for, og dermed lojalitet og trivnad i organisasjonen. Behovet for komitéar, utval og nemn-der synte seg nok tidleg med det nivået for aktivitet Os Mannskor la seg på.

Vedtektene frå 1926 blei på årsmøtet i 1947 erstatta med nye ”Lover for Os Mannskor”, som m.a. i § 8 påbaud ei Programnemnd med 2 medlemer. Desse lovene blei regulerte i 1964, og seinare i 1987 med m.a. nye formuleringar om frammøte, rusbruk og valordninga, i §§ 5, 6 og 8. I den nye § 8 heitte det om nemnder m.a. at der skal vera ei Musikknemnd med to medle-mer og dirigenten, ein Noteforvaltar med varamann, og ein Arrangementskomité med minst fire medlemer. Ved denne reguleringa blei også formuleringar om gutekor strokne. Den truleg mest omfattande reguleringa av vedtektene i koret fann stad frå 1996 og nokre år frametter. I 1996 vedtok årsmøtet, etter framlegg frå styret, å oppretta 5 faste nemnder med 4 medlemer valde for 2 år om gongen, og eitt medlem frå styret for å sikra kontakten og samar-beidet med dette. Tanken var at nemndene skulle ha ansvaret for ulike delar av koret sin ak-tivitet, både planlegging og gjennomføring i samarbeid med styret og kvarandre, og ved enga-sjering av andre medlemer etter behov når det galdt gjennomføringa av aktiviteten. Etter nokre års utprøving, blei nemndene redusert til 3, men seinare utvida til 4, slik organiseringa no er: Musikk- og konsertnemnd, Miljønemnd, Medianemnd og Økonomi- og materialnemnd. Nemn-dene ser no ut til å ha funne fram til gode samarbeidsformer, som regulerer koraktiviteten på ein god måte. Dette utelukkar ikkje at meir kortvarige komitéar og utval trengst til meir om-fattande arrangement som spesielle prosjekt (t.d. økonomiske), utanlandsturar og gjennomfø-ring av songarstemne, som i fjor. Nogjeldande vedtekter for koret blei vedtatt av årsmøtet 10. februar 2009 etter gjennomgang og totalrevidering av dei gamle. Særlege endringar blei ikkje her gjort. Ein la mest vekt på å gjera vedtektene klåre og eintydige.

Høg aktivitet stiller krav til økonomien. Mykje av aktiviteten blir nok dekt av medlemene sjøl-ve ved kontingent, medlemslotteri og eigenandelar. Eit overslag gjort for få år sidan synte at ein kontingent på 1000 kroner i året og faste lotteri og eigenandelar, framleis krov rundt 40 000 kroner årleg i inntekter for å få balanse. Når ein framleis ønskjer å halda kontingenten låg bl.a. for rekrutterings skuld, krev dette innsats frå økonominemnda, styret og medlemer m.a. gjennom dugnadar som skaffar desse inntektene. Damene er også med på innsatsen ved å halda Damefestane, som ofte gjev eit bra overskot som går til koret. Koret har no faste tilbod om å stilla opp for bl.a. eit kontorflyttebyrå. Gjennom åra har ulike former for dugnad vore vanleg, ikkje minst måling av private hus, og distribusjon av ulike artiklar. Sal av song er nemnt som ei fast inntektskjelde dei seinare åra. Eit par medlemer har tatt særleg ansvar med eit eige prosjekt som har vore særleg inntektsbringande for koret. Koret er dei såleis stor takk skuldig.

13

Page 14: Jubileumshefte

Milepælar. Ei 90 års historie har sjølvsagt mange hendingar som trer fram som særleg minneverdige, eller som milepælar i ei utvikling. Det er mange slike i Os Mannskor si historie. Dei syner også at det trass i sterk gründarinnsats tok lang tid før alt koret representerer i dag, var på plass. Nedanfor syner vi kronologisk dei viktigaste milepælane til koret:

1925 Ungdomslagets Sangforening stifta 5. mars. Fekk seinare same året namnet Os Mannskor.1926 Innmelding i Nord- og Midthordland Songarsamskipnad. Koret deltok på si første songarstemne, i Ytre Arna.1927 Os Mannskor får sine første vedtekter, 26. mai. Inneheldt forbod mot røyking.1927 Os Mannskor held si første songarstemne (19. juni). Her stilte koret for første gong med songarhuer.1928 Hordaland Mannssangerforbund stifta 25. mars på Voss. Torbjørn Tveit i Os Mannskor vald til styret.1931 Henrik Lyssand overtar som dirigent.1936 Koret arrangerer si første stemne under Hordaland Mannssangerfor bund. Framfører for første gong Os-songen med tekst av Nils Tveit og musikk av Henrik Lyssand.1939 Første æresmedlemer i Os Mannskor utnemnde: Mons H. Lyssand og Torbjørn Tveit.1940 Koret tar i bruk eiga fane innvigd på Årsfesten, 4. mars. Undertekst på fana er ”Leve sangen”.1944 Gutekoret blir oppretta som rekrutteringskor.1944 Tysk razzia på Os, mange kormedlemer flyktar, blant dei dirigenten, Henrik Lyssand.1956 Bjørnson Men’s Choir frå Chicago på visitt til Os. Henrik Lyssand er visedirigent i koret og er med på turen. Støttegruppa ”Mannskordamene” blir oppretta.1958 Henrik Lyssand har vendt heim frå Amerika og tar oppatt dirigentjobben.1965 Henrik Lyssand sluttar som dirigent.1969 Første utanlandstur, til Danmark (og Sverike). 1970 Os Mannskor arrangerer forbundsstemna, på Os.1971 Koret deltar i forbundskoret ved Landssongarstemna i Bergen.1972 Koret deltar i Bergen Sangerforbund sin konkurranse, og oppnår 1. pris.1973 Koret deltar i NRK sin konkurranse. Os Mannskor sitt Minikor blir oppretta.1975 Os Mannskor har 50-års jubileum. Koret får sine første uniformer, brune jakker, beige skjorte, bukser og lommetørkle, og mørk brunt slips. 1981 Koret skifter øvingsstad frå Fjellheim til Nore Neset skule. Os Mannskor tar ansvaret for

14

Page 15: Jubileumshefte

Fritio si utstilling.1982 Jan Ove Petersen overtar som fast dirigent.1985 Koret får nye uniformer, blå jakker, kvite skjorter, grå bukser og raudt slips. Jubileumsheftet ”Med Os Mannskor i 60 år 1925-1985” blir utgjeve. Minikoret blir avvikla.1987 Koret deltar i konkurransen ”Syng for oss” i Bergen. Os Mannskor vinn si klasse.1990 Første tur til eit anna kontinent: Amerika!1993 Luren Singing Society frå Decorah, Iowa, vitjar Os Mannskor.1995 Nye uniformer til 70-årsjubiléet; grøne jakker, svar- te bukser, mønstra, purpurraud vest og slips i raudt, med grønt, gult og blått mønster.1996 Koret opprettar 5 faste nemnder med repre- sentasjon frå styret. Nemndene har kvart sitt ansvarsområde, med planlegging og ansvar for gjennomføring av tiltak i samarbeid med styret og frivillige medlemer.2002 Dirigent Jan Ove Petersen blir på Årsfesten utnemnd til æresmedlem av Os Mannskor.2003 Koret gjev til jul ut si første CD-plate, med 17 songar. ”Leve sangen”2005 Koret tar til 80-årsjubiléet i bruk nye uniformer, denne gongen smoking!2007 Dirigent Jan Ove Petersen får lokalavisa sin kulturpris for 2006, og koret feirar med ein syngjande tur på Hatvikferja. Os Mannskor får venskapskor i Hjørring, Danmark: Mannskoret ”Arion”. Os Mannskor får eiga heimeside og domene på internett, med adressa: www.osmannskor.no2009 Vedtektene til koret blir oppdaterte og talet på nemnder endra til 4: Musikk- og konsertnemnd, Økonomi- og materialnemnd, Miljønemnd, og Medianemnd.2010 Koret får eiga Facebook-side: www.facebook.com/osmannskor2011 Jan Ove Petersen sluttar som dirigent. Han held fram i koret som aktiv songar og æresmedlem.2012 Koret får eiga side på Google+: google.com/+OsmannskorNo, blir presentert på Choir.com og har si første utgeving på YouTube.2014 Os Mannskor arrangerer Norges Korforbund, Hordaland, si kor-

15

Page 16: Jubileumshefte

stemne.2015 I høve 90-årsjubiléet blir det utgjeve eit jubileumshefte: Os Mannskor - 90 år - Leve sangen!

Repertoar. Den første framføringa Os Mannskor hadde, var som vi har høyrt, på ein basar i gamle Fjell-heim for ungdomslaget. Her song dei ”Leve sangen”, ”Gud signe vårt dyre fedreland”, ”Me heiser vårt flagg”, og ”Kjerringa med staven”. På stemna i Ytre Arna året etter hadde koret tre songar vi ikkje kjenner. Som ekstranummer let dei det stå til med ”Lilla Stina”, ein song dei hadde sett opp, men som arrangøren hadde refusert som uhøveleg. Songen hausta trampe-klapp og fekk nok mange til å hugsa dette koret lenge.

Det neste vi kjenner av tidleg repertoar er frå songar-stemna på Frekhaug i juni 1928. Koret song ”Slå ring um Norig”, ”Fiskaren talar åt sonen sin” og ”Hav” på ei stemne som talde 4-500 songarar. På Hordaland Manssangerforbund si første stemne på Leirvik, Stord, ein månad seinare song Os Mannskor ”Lover den Her-re”, ”Gud signe Norigs land”, ”Slå ring um Norig” og ”Vort Flag”. Her deltok 7 kor på stemna. Eit av dei mest kjende fellesnummer på songarstemne gjennom åra - ”Sangerhilsen” - saman med ”Ånders Herre”, øvde koret også inn dette året.

Året etter var koret på Nord- og Midthordland Songar-lag si stemne på Nesttun sist i juni. Der hadde koret nye songnummer: ”Norges Fjelde”, ”Gamle Norig”, ”Litle Olamann” og ”Vaar”. Dei to første er kjende mannskor-songar og står på Os Mannskor si repertoarliste også no i jubileumsåret 2015.

I april 1930 heldt koret tilstelling med konsert og dans på Kalandseid for å spe på ei slunken kasse. Dei song då 9 songar, med desse nye: ”Perleskjel” (V. Aamodt), ”Maistrofe” (T. Torjus-sen), ”Vaggvisa” (sv. folkemelodi), ”Dommaredansen” (O. Olsen), ”Varde” (J. Hårklau) og ”En engel har rørt din pande” (P. F. Lange Müller). På dei to siste var Per Svanæs solist - og nytt kormedlem.

Av protokollane frå årsmøta på 30-talet ser ein at koret øver inn fleire og fleire songar, songar som ikkje no lenger er aktuelle. Vi tar difor ikkje med alle her, men nemner som døme på nye songar dei som blei framførde nyårsafta 1942, då koret song under nattgudstenesta i Os-kyr-kja. Her song dei ”Stille natt”, ”O bliv hos mig” og ”Vektersang”.

Den 15. desember 1945 heldt koret ein utsett 20-års jubileumskonsert med assistanse frå Øistein Brandvik på fiolin, Andreas Olsen med solosong og Thorleif Aamodt på piano. Av pro-grammet nemner vi Os Mannskor sine songar, der dei fleste er nye i høve til dei vi har sett til no:

Alf Paulsen: Når fjordene blåner Johs. Haarklau: Slå ring um Norig F. A. Reisinger: Olav Trygvason Kr. Wendelborg: UlabrandEdv. Grieg: Røtnams Knut C. P. Wahlin: Lilla StinaH. Lyssand: Ei fin vise Asbj. Andersen: Sangernes marsj V. Aamodt: Havsalt V. Aamodt: BrigdeL. Irgens Jensen: Dagvise L. Irgens Jensen: Ei malmfuruBj. Gjerstrøm: Demanten på marssnøen

16

Page 17: Jubileumshefte

Jubileumsprogramma frametter skal vi ta med oss meir detaljert. Av repertoaret som vi til no har sett, kan ein slå fast at koret nytta mykje tradisjonell mannskorsong med innhald som syner norske nasjonalkjensler. Religiøse songar har også, slik vi ser, tradisjon heilt frå starten. Lettare songar med romantisk og humoristisk innhald har det blitt meir og meir av gjennom koret si historie, t.d. viser, barbershop, musicals og popsongar, og sjangrar som spirituals, blues og shantiar. Koret har ikkje, som mange andre kor, til no satsa på framføringar med songar frå ein einskild komponist eller songartist, når ein ser bort frå koret sin ”eigen” Henrik Lyssand. Det næraste ein har kome slike framføringar er vel når ein, særleg under Fritio, had-de kabaretar.

Koret har permar med repertoarlister frå ulike periodar. Desse er etter 90 år for omfattande til å ha med i eit jubileumshefte, men vi tar under andre avsnitt med konsertrepertoar som har vore brukt. Vi tar også med aktuelt repertoar for vårsesongen i jubileumsåret 2015, synt nedanfor:

A leading man J. Zuckerman/B. WynnAlways look at the Bright Side of Life Eric Idle Mac HuffDen gamle korplata Becton/Wollf/H. LyssandDet hvite landet E. Solheim/H. LyssandEn hustavle A. Øverland/H. LyssandFred E. Skjæraasen/Ø. VikGloria Trad. Latin/M. Lightfoot Kjære kvinne O. Bremnes/Robert SundLandkjenning B. Bjørnson/E. GriegLeve sangen Ukjendt opphav Linnea E. Solheim/H. Sødal Liten fuggel Staveland/Hovland/H. BæverfjordLive a humble Trad. Spir./P. BagleyLova herren Fritt et. Davidssalme 103 J. H. GrimstadMi pia O. Bremnes/Robert SundNår fjordene blåner J. Paulsen/A. PaulsenOs-songen N. Tveit/H. LyssandThe Pink Panther H. Mancini/Jay Althouse Ride the Chariot Trad. Spir./W. H. SmithRop ut med fryd (Cry out and shout) K. NystedtSangerhilsen S. Skavlan/E. Grieg Sumarkveld ved fjorden R. Vaage/H. LyssandSwing low Trad. Spir./S. EielsenUngkarssalme A. Prøysen/K. Roen/T. KragsetVed havet C. Larsen/T. Kragset

17

Page 18: Jubileumshefte

Når koret jubilerer.

Årsmøtereferat og årsoversyn (årsmeldingar) i Os Mannskor sin gamle protokoll (1925-1947) tyder på at 10-årsjubiléet ikkje blei feira på annan måte enn med Årsfesten. Styret meinte at ein ikkje hadde godt nok repertoar til jubileumskonsert, og det ser ut til at koret i staden kon-sentrerte arbeidet sitt det året om songarstemna året etter, som det hadde fått tildelt.

Som nemnt ovanfor blei 20-årsjubiléet utsett til om hausten grunna omstenda ved krigsslutt, men blei då feira med ein konsert med det største mannskapet til no i fredstid. Repertoaret på konserten har vi synt under omtalen av repertoar gjennom åra.

25-årsjubiléet blei feira både med vårtur til Høyanger, og konsert og jubileumsfest heime. På konserten hadde ein assistanse av Henry Gloppen på trompet og F. Wollf på piano. Eit skår i gleda var at publikum svikta. Høyangerkonserten var derimot ein stor suksess, kanskje litt sidan koret innleia med Høyanger-songen. Men koret var også kvalitetsmessig på topp med eit rikhaldig, godt innøvd program.På jubileumsfesten fekk dei tre første medlemene Hordaland Mannssangerforbund sitt heider-steikn med diplom for 25 års medlemskap, frå etableringa av koret. Det var Brynjulf Johanne-sen, Andreas Lyssand og Sverre Nicolaysen. Dei mottok også Os Mannskor sin eigen 25-års-medalje.

30 år. Kjelda vår fortel at koret på den tida ikkje talde meir enn 25-30 mann. Det blei halde to jubileumskonsertar, ein i Fjellheim og ein i Bergen. Repertoaret kjenner vi ikkje.Jubileumsfest var det også, der koret fekk Hordaland Mannsangerforbund sitt diplom. Det fekk også Jakob Hetleflåt og Anders Vaktdal som no hadde vore med i 29 og 28 år.

40 år Koret var dette jubileumsåret svært aktivt med konsertar, men kjeldene våre opplyser ikkje om eigne ju-bileumskonsertar. Men jubileumsfest var det, på Mat-stova. Formannen i Norges Lands-sangerforbund, Nils Tønnesen, var til stades og overrekte koret forbundet sitt banner i bordmodell.

50 år. Til jubileumsfesten på Solstrand den 8. mars var det samla nær 100 personar - songarar med ektefellar og innbedne gjestar. Mellom des-se var den einaste attverande av skiparane av koret, Torbjørn Tveit. Det blei ein stilig og vellukka fest i god songarånd frå først til sist, der formannen i Norges Landssangerfor-bund, Nils Tønnesen, overrekte ko-ret forbundet si ”Den Gyldne Lyre”. Formann Harald Holmedal helsa frå Hordaland Mannssangerforbund.

18

Page 19: Jubileumshefte

19

Page 20: Jubileumshefte

Den 21. april hadde ein profan jubileumskonsert i Oshaugen, denne bl.a. med urframføring av Henrik Lyssand sin komposisjon til ”Det hvite landet” av Elling Solheim, spesielt komponert for Os Mannskor og Lysefjorden musikklag, som også jubilerte dette året. I tillegg til Os Mann-skor og musikklaget deltok Os Blandakor og Minikoret til mannskoret. To av mannskoret sine medlemer, Jonn Vinciansen og Øyvind Vik, framførte solosong med pianospel til. Her er kon-sertprogrammet:

Til jubiléet blei det også utgjeve eit jubileumshefte: Med Os Mannskor i 60 år 1925-1985, ført i pennen av Magnus Hauge, i samarbeid med André Knudsen og Jakob Hetleflåt.

I eit intervju med lokalavisa ”Midhordland” fortel mangeårig formann, Andrè Knutsen, at talet på kormedlemer jamnt har lagt på rundt 40, og at til sommaren skal ein ha tur til Holland og Rhindalen saman med familiemedlemer. Avisa fortel også at eit av medlemene, Johan Kårtveit, køyrer 135 km kvar øvingskveld, denne våren to gonger i veka.

70 år. Den 4. mars 1995 feira koret 70-års ju-bileum med fest i Fjellheim. Her var gjestar med helsingar frå Hordaland avdeling av Norges Korforbund, Os kulturstyre, Os kommune, Os Musikkforening, Os Kam-merkor og Os Blandakor.Etter middagen blei mange medlemer hei-dra med medaljar og gåver for lang og tru medlemskap. Frå koret blei det utdelt:

50-års gåve: Olav Tøsdal25-års medalje: Audun Lygre, Jan Ove Petersen, Norvald Stor-um og Jon Sæter.10-års medalje: Johannes Taule, Jakob Valle og Håkon Østgulen.

20

Page 21: Jubileumshefte

Frå Norges Korforbund delte Arild Espedal ut 40-års medaljar og diplom til medlemer som hadde vore med 40 år eller meir i koret (år medlemskap i parantes):

Jakob Hetleflåt (69), Anders Vaktdal (68), Kåre Fjellanger (54), Henrik Eidsvik (53), Lars Borgen (52), Isak Eide (52), Olav Tøsdal (50).Alf Bjoervik (53) var ikkje til stades, og fekk medalje og diplom ved eit seinare høve.

31. mars heldt så koret jubileumskonsert i Os kyrkje. Her deltok Os Musikkforening sitt janitsjarorkester med eigen avdeling og saman med koret med songen ”Det hvite landet” av Elling Solheim. På kon-

serten var det også innslag på panfløyte med Torleiv Harrystad og Jostein Østgulen på gitar. Koret sitt repertoar var som følgjer:

Knut Nystedt: Eg er livsens brød, Orgel: Einar Haug landValter Aamodt (arr.): Min GudKnut Nystedt: Han er oppstandenNegro spiritual: Amazing GraceN. spiritual/S. Eielsen (arr.): Sometimes, Sol: Thore LundeN. spiritual/J. Hairstone (arr.): Poor Man LazarusLeif Solberg: Davids Salme 8Harm. Edvard Grieg: Den store, hvide flok, Sol: Thore LundeJohan H. Grimstad: Høgt frå den himmelske klåraJohan H. Grimstad: Motett (Luk. 11.28, Mat. 4.4) Til SanctusSteinar Skøyeneie: Du skal elske Herren din Gud

21

Page 22: Jubileumshefte

På konserten stilte Os Mannskor i nye uniformer: Grøn dressjakke og svarte bukser, med til-høyrande burgunder vest, slips, sløyfe og lommetørkle. Ei burgunder dobbeltknappa strikke-jakke høyrde med til lettare antrekk og arrangement.Nytt emblem blei også tatt i bruk. Motivet på dette er ein oselvar sett framanfrå, med ei lyre som segl.

Frå 1980 har det blitt slik at utanlandsturar har blitt paralelle med jubileumsåra. Ved 70-års-jubiléet gjekk turen til Estland. Turen er skildra i kapitelet om utanlandsturar.

Midt i september blei det arrangert helgeseminar med etterfølgjande medlemsfest i ”Ulvehiet”. På festen var sjåførane frå jubileumsturen til Estland og Finland inviterte, og festen var sjølv-sagt med damefølgje. Her blei det bl.a. synt video og bilde frå turen.

Profan jubileumskonsert blei i slutten av oktober i Fjellheim integrert i Fritio. Her medverka Os Blandakor og Lysefjorden Musikklag i konserten, og i tillegg dei to solistane på panfløyte og gitar frå kyrkjekonserten tidlegare. Thore Lunde frå Os Mannskor og Øyvind Widerøe var solistar med koret, sistnemnde med ”Landkjenning” saman med Os Mannskor og musikklaget. Elles var repertoaret som følgjer:

”Leve Sangen” (ukjent opphav), ”Sangerglede” (A.W. Andersen), ”Det klinger så herlig”, ”Prestekoret” og ”Må Isis og Osiris” frå operaen Tryllefløyten (Schikaneder/Mozart), ”Poor Man Lazarus” og ”Sometimes I feel” (båe trad. amer. spiritual), ”Kristallen den fina” (sv. folketone), ”I folkviseton”(Ferlin/Bjørk), ”Spurven” (Øverland/Lyssand), ”Fred” (Skjæråsen/Vik), ”Sommernatt ved fjorden” (K. Bjørnstad) og ”Landkjenning” (Bjørnson/Grieg).

75 år.

22

Page 23: Jubileumshefte

Jubileumsfeiring kvart 10. år er standard, men kvarte og halve hundreår er kanskje endå viktigare. Dette jubileumsåret var også millennimumsskifte, og dermed eit dobbeltjubileum som blei innleidd med ein nyårskonsert avvikla på uvanleg vis og på heimebane - i Os kyrkje. I staden for den eine konserten blei det to etter einannan, med lang pause med kaffi og kaker for publikum imellom. I konsertane deltok blåseorkester i tillegg til kora, Os Musikkforening i den første, og Lysefjorden Musikklag i den andre. Dette var ei opning av jubileumsåret som mange nok vil hugsa lenge.

På festen blei medalje for 10 års medlemskap utdelt til:

Nils Henrik Tuastad og Steinar Vangdal

Andre helga i april heldt koret sakral jubileumskonsert i Os kyrkje. Her var Os Musikkforening og songsolisten Marianne Juvik Sæbø med å gjera konserten til ei verdig oppleving.

Også 17. mai blei markert ekstra dette året, då Os Mann-skor deltok i prosesjonen med taktfast marsj og song. Dette førte med seg at koret blei tildelt førstepris for inn-slag i prosesjonen.

Utanlandstur blei det også ved dette jubiléet, til Praha og Wien. Turen er skildra i neste kapitel.

Mot slutten av jubileumsåret deltok koret med sin song i ei kyrkjeleg storhending, då den nye Nore Neset kyrkje blei innvigd første helga i desember. Denne hendinga var også ei markering av oppstarten for ein ny, viktig kon-sert-arena for Os Mannskor.

Til jubileumsfesten i mars hadde kormedlem Asbjørn Le-kven skrive prolog med korhistorisk innhald:

23

Page 24: Jubileumshefte

Velkommen til vår jubileumsfestmed mannskoret sjølv her som heiders-gjestnår feststemt me jubilerer.Os Mannskor er blitt fem og sytti år,og difor me no- som de nok forstår-høgtideleg dette markerer.

Det byrja så smått alt i tjuefem,men koret vart større _ slik litt om senn-med korformann Bernhard Midthus.Mons Lyssand tok jobben som instruk-tør,der mannsstemmer ljoma som aldri før,med luer lik nybakte kvitruss.

I krig og fred har vårt kjære kor, med skiftande mannskap sett klåre spor - i bygda og fylket- med tonar.Og med Henrik Lyssand som frontfigurfekk koret gitt bygda som ein songkul-tur - liv laga i generasjonar.

Trass alder er koret i kjempeslagnår glade me møter kvar øvingsdagmed notar og songarmine.Me merkar at alle har godt humør,at somme har stemme og litt gehør,mens andre er flik til å mime.

Vårt repertuar og vår korkultursprer trivsel med songar i moll og dur,frå sjantis til salmetonar.Me syng og om damer med sjarm og smil-til svingande beger -i velkjent stil-og nyt våre- ”HIKK”-posjonar.

Om bygda set pris på vår glade song,har mannskoret likevel utferdstrongsom gladstemte langturar stettar;til land i Europa og USA-godt songmotiverte og reiseglad-med kåner og korturbillettar.

Prologen til koret må og ha nemnt:Jan Ove - vår eldsjel og dirigent - ein trollmann i songarsporet.Med iver og glød får du alle mednår songar skal lærast på ein - to - tre;Di stjærne står høgt i koret.

Me vil ikkje gløyma å gje honørtil kåner - og alle dei songarbrør - som trufaste sjøttar om koret, -med notar og utstyr av ymse slag,som trengst på konsert og kvar øvings-dag,med formannen trygg ved roret.

Ja! framleis me ønskjer at songen vårsprer vellyd og glede i mange år,fint avstemt og rein i klangen.og difor i festglede - her til slutt -me heidrar vårt mannskor med full salutt -med mottoet: ”LEVE SANGEN”!elkommen til vår jubileumsfest

80 år. Jubileumsfesten var av det meir rolege slaget. Men fire medlemer kun-ne heidrast for langt medlemskap:

25 år: Kåre Hjelle 10 år: Leif Harald Lekven Inge Bernt Jonassen Bjørn Erik Hagen

Og til dette jubiléet kosta koret på seg smoking som hovuduniform, og har sidan fått mykje lovord for denne.

Jubileumskonsertar høyrer med i eit jubileumsår, både kyrkjelege og profane konsertar. Den første, kalla ”Sommeraften”, fann stad først i juni i Os kyrkje. Her medverka Strusshamn Mu-

Marianne Juvik Sæbø deltok på konserter ved 75 og 80 år

24

Page 25: Jubileumshefte

sikkforening, og Marianne Juvik Sæbø som solist. Medverkande solistar var også dirigenten frå Strusshamn på trompet, og Gerd Inger Eide Yddal på orgel. Det blei ein flott konsert, men

lite publikum.Turen til Island blei ei stor oppleving som vi omtalar i neste kapittel. Her blei det sjølvsagt også halde jubileums-konsert.Haustsesongen var lagt opp med m.a. jubileums-konsert 19. november på Os barneskule. Konser-ten var tileigna Henrik Lyssand og med hans komposisjonar og ar-rangement som innhald, i samarbeid med Os Kammerkor og Os Vo-

calis. I tillegg blei det organisert eit ”Minikor” frå mannskoret, som minne frå den tida eit slikt kor eksisterte. Konserten opna med Os-songen som fellesnummer, deretter ei avdeling med mannskoret og songane: ”En hustavle”, ”Voggevise i skogen”, ”I folkviseton” og ”Du ska’ itte trø i graset”. Sluttavdelinga med mannskoret omfatta ”Sumarkveld ved fjorden”, ”Det hvite landet” og ”Hordaland”. Konserten var svært vellukka, sjølv om det her også vanta litt publikum.

Kyrkjekonsert blei det alt dagen etterpå, i Rosendal kyrkje med medverknad av Rosendal Son-glag og Anne Solberg Andersson m/akkompagnement.

På Island i smooking.

25

Page 26: Jubileumshefte

Ut i verda.

Det tok nokre år før Os Mannskor drista seg utanfor landegrensene med songen sin. Om det som skulle til var høvet til å koma ut og sjå seg om, eller lysta til å syngja for eit framandt publikum og sjå deira reaksjonar, eller først når ein fekk råd til det, veit vi ikkje. Men den som har vore på tur i utlandet med sitt kor, blir biten av ein basille som er vanskeleg å bli kvitt. Det kan opplevast som ein draum eller ein lett rus, å sjå og høyra så mykje av ukjend kultur og natur saman med så mange som ein kjenner seg trygg med, og som stimulerer med sine tilsvarande re-aksjonar. Endå betre opplevest det kan henda om ein får oppleva det same nok ein gong, når forvirringa av førsteinntrykket er borte, og ein kan få med seg endå meir av heilskap og samanheng. Og får ein også posi-tiv tilbakemelding om songen, veks koret og ein sjølv

Den første utanlandsturen var planlagd å skulla gå til Is-land i 1966 saman med Fana Mannskor. Denne blei avlyst, men i staden deltok halve koret dette året på den Finland-Svenske musikkfesten i Mariehamn på Åland. Her representerte dei Norges Landssangerforbund saman med Fana Mannskor.

Den oppgåva kom dei vel ifrå, og det blei ei særs vellukka og minnerik førstereis utanlands.

1969 Danmark.Den første utanlandsturen til Os Mannskor på eiga hand fann stad tre år seinare, i 1969, då koret hadde eksistert i 44 år. Krigs- og gjenoppbyggingstida etterpå er nok mykje skuld i at det tok så lang tid.

Turen til Danmark gjekk midtsommars med buss og ferje og Århus som første stogg.Det blei ein svært vellukka tur, med framføringar i Århus, Glostrup og København. God mot-taking av lokale kor, omvising på bryggeriet til Tuborg og ein tur i Tivoli sette spiss på opp-levingane. Turen heim gjekk gjennom Sverike, med stogg i Gøteborg. Både i København og Gøteborg hadde ein framføringar i sjømannskyrkja.

1973 Skottland.Turen til Danmark med heimtur gjennom Sverike gav, som ein kunne venta, meirsmak, og alt i 1973 la koret med følgje så ut på tur til Skottland. Det blei ei stor oppleving, med bl.a. kon-sert i Sjømannskyrkja i Edinburgh med samsong med Newhaven Fisherwomen’s Choir, som var kontakten til Os Mannskor i byen. Også song på ein konsert med byen sitt militærorkester sto på programmet, og der var dagsturar til dyrepark med frittgåande dyr, delfinar i dressur, og middag på Melville Castle som då hadde norsk eigar.

1980 Austerrike.Det tok litt lenger tid før koret igjen drog ut i verda, no til Austerrike. Turen gjekk med eigen buss frå Os midt i juli til Oslo, og nattbåt til Frederikshavn. Andre, tredje og fjerde dag tok koret seg vidare til Hamburg, Bad Kissingen og Zell am See i Tyrol.

I Finskebukta med Isak Eide i forgrunnen.

26

Page 27: Jubileumshefte

Ei overnatting i Ham-burg og to på Hotel Son-nengluth i Bad Kissin-gen. I den trivelege vesle turistbyen Zell am See i typisk austerriksk land-skap hadde koret opp-hald på Gasthof Bruck-berg. Herfrå hadde ein dagsturar til m.a. Ber-chtesgaden, men let tur til Hitler sitt ”Ørnereir” vera grunna regn og manglande sikt. Regnet følgde med til Mozart sin fødeby Salzburg, men turen med guide

var likevel forvitneleg. Den eine dagen gjekk turen gjennom Brennerpasset til byen Vipitena i Italia. På denne turen var dei svære vei- og bruposjekta i området særleg spanande å sjå.

På heimturen var det overnatting i Fulda i nærleiken av Frankfurt am Main, på det største motellet i Nord-Europa den gongen. Vidare bussa ein til Cuxhaven, og tok ”Venus” til Bergen med ankomst neste ettermiddag.

1985 Tyskland.Jubileumsåret 1985 tok koret turen til Tyskland. Her gjekk turen med buss til Egersund, ferje til Hirtshals og buss vi-dare til Hamburg. Turen var ein 10-dagars rein ferietur med endemål Rüdesheim i Rhindalen med familie i følgjet. I Ham-burg vitja ein sjømannskyrkja med song, og vidare hadde koret ein stogg i Køln med vitjing i den verdskjende domen der. I Rüdesheim var ein tre dagar, med dagstur på Rhinen, rundtur i Moseldalen og tur til Lorelei. Konsertar var ikkje planlagde, men song blei det både her og der, ikkje minst i vinkjellaren turmedlemene vitja i Rüdesheim. Ein særs vel-lukka tur med solskin, god mat og gode hotell, og spanande vitjingar på heimvegen i dyrehagen i Hamburg og i ”Planten und Blumen” med det vidgjetne vassorgelet der.

1990 USA.Koret sin til no mest omfattan-de, spanande og langvarige tur er turen til USA ved på-sketider i 1990. Her deltok 27 songarar med makar og tre born, til saman 58 personar. Med på tu-ren hadde ein

27

Page 28: Jubileumshefte

diverse gåver og eit flott program i nasjonalfargane, og med 29 songar til ulike framføringar underveis. Turen varte i to veker, der første del var ein rundtur med opphald i

New York, tvillingbyane Minneapolis/St. Paul, og den ”nor-ske” byen i Iowa, Decorah, med St. Olavs College og Westr-heim Museum, som ein besøkte.

I New York deltok Os Mannskor på 100-års jubileet til mannskoret ”Norwegian Singing Society” i Brooklyn, ein storslått fest med 300 gjester i eit storslått lokale, ”The Grand Prospect Hall”. Dagen etter hadde Os Mannskor kyr-kjekonsert i ”Our Saviour’s Lutheran Church”. Elles var der busstur med omvising på Manhattan med alle severdighei-tene der, ein tur i Empire State Building, og høve til å sjå ”La Boheme” på Metropolitan Opera. Spanande var det elles når ein skulle ha frukost på ein kafe nær hotellet, og berre fann amerikanske frukostrettar. Det endte med at dei fleste nøydde seg med toast med smør på, så kaféen måtte skaffa meir brød! Ein tur innom resepsjonsdelen av luksushotellet The Waldorf Astoria blei det også høve til, sidan vårt eige hotell låg i nærleiken.

I

Minnesota hadde ein omvising og blei mottatt av koret ”Norwegian Glee Club”, samansett av norskav-stamma amerikanarar som gjerne reiste svært lang veg for å koma til øvingane. Her hadde Os Mannskor felleskonsert med NGC i Sons of Norway sine lokale, og deretter sosialt samvere.

I Decorah var koret sjølve påskedagane. Her song koret bl.a. i kyrkja ved kveldsmessa deira skjærtorsdag, og mottakinga særleg frå dei eldre damene som var til stades, var sterk og kjenslevarm. Her hadde ein elles kontakt med songkoret Luren. Ein rundtur i Decorah synte ein by full av butikkar og kafe-ar med norske namn, og norske flagg overalt, og flagga var ikkje fordi Os Mannskor var på besøk!

Turen gjekk vidare til ei vekes ferieopphald i Orlando, Florida, med vitjing på romfarts-senteret Cape Kennedy (Cape Canaveral) og bading på den nærliggjande stranda Cocoa Beach, og heile dagar på Disney World og Epcot-senteret.

Frå konserten i Minneapolis

Frå Cocoa Beach i Florida28

Page 29: Jubileumshefte

Eit sterkt inntrykk gjorde elles guiden i Minneapolis/St. Paul, som var gravid, og fortalde at i USA fekk ein ikkje fri med løn meir enn nokre dagar etter fødselen. Ba ein om nokre veker ubetalt permisjon, var det ikkje sikkert at ein fekk att same jobben når ein kom tilbake!

USA-gjengen

1995 Estland.Etterkvart som det har blitt vanleg med utanlandsturar, har det også blitt vanleg å leggja des-se til ”jubileumsåra”, kvart 5. år. Med sine 70 år i ryggen drog koret av garde med endeleg mål i Tallinn i Estland. Turen gjekk med buss over Aurland-Hol og Austlandet til Stockholm, og vidare med Silja Line si ferje ”Silja Symphony” til Helsinki.I Stockholm stogga koret på vakre Skansen og deltok neste dag med eiga avdeling som avslut-ning ved høgmessa i Kronprinsesse Märtha-kyrkja. Kyrkja er stamkyrkje for dei mange nordmennene som bur i Stockholm. Presten der hadde vore ungdomsprest i Bergen på åttitalet, og hadde då preika i Os-kyrkja, fortalde han. Før ein forlet kyrkja, vanka der gåver frå koret og Os kommune under kyrkjekaffien.

Neste dag segla koret med ferja gjennom den idylliske skjergarden rundt Stockholm, over Øst-ersjøen til Helsinki, og med ny ferje til Tallinn. På kaien møtte representantar for mannskoret EKE Inseneride Meeskor som tok seg av oss under heile opphaldet. Dei arrangerte konsert i sin Town Hall, ein mellomalderbygning med flott akustikk. Sjølv bidrog dei her med tre num-mer. Os Mannskor framførde bl.a. ein estisk fridomssong vi hadde øvd inn, og dette varma publikum. ”Landkjenning” var godt kjend av EKE, på estisk. Den blei framførd med første verset på norsk avOs Mannskor, neste verset på estisk av EKE, og dei to siste versa saman på begge språk sam-stundes. Uvanleg, men vellukka.

Etter konserten var det mottaking for kor og publikum, med helsingar og gåveutveksling mel-lom kora og kommunane deira. Om kvelden hadde kora sosialt samvere, der ein snart ”fann tonen”.Estland har sterke songtradisjonar, og utanfor byen ligg eit songstadion med plass til 30 000 songarar. Byane har også eigne songarenaer, og her starta fridomskampen for alvor i 1988, der Estland i motsetnad til dei andre Baltiske landa unngjekk tap av menneskeliv. Omvising i området rundt Tallinn, og til byane Pärnu og Hapsalu synte mange minne om Sovjet-tida med militære installasjonar. Det blei fortalt om drap og deportasjonar av 80-90 000 menneske til Orgelsang

29

Page 30: Jubileumshefte

Sibir under, og dei første åra etter, krigen. Ber-re ein femdel av desse kom heimatt.

Heimturen til Noreg gjekk via Helsinki. Ein

guida tur i byen synte Operahuset, Sibeliusmonumentet, Tempelplassens kyrka, Olypiastadi-on og mykje meir. Salu- torget ved hamna er også ein spa- nande stad med yrande liv og eit utal utsalsstader med alt ein kan ønskja. Før vidare heimtur hadde ein høve til sightse-eing på eiga hand. Nokre drog då ut i skjergarden, andre var i parlamentet, og nokre blei innelåst i den gresk-or-todokse kyrkja då dei ville oververa eit bryllaup. Men heim til Noreg og Os kom alle til slutt frå ein uvanleg min-neverdig tur.

2000 Praha og Wien.Turen dette året gjekk til Praha og Wien med omegner, og med buss mel-lom byane. I Praha var det omvisingar som synte oss ein by med svært gamal arkitek-tur som var spart for øydeleggingar under krigen, bl.a. det gamle jøde-kvarteret. Og her budde og levde folk som før, i levande ”turistattraksjonar”. Tredje dagen drog koret med makar til Melnik, ein liten by der vi smakte på vinproduksjonen på det lokale slottet, og handla krystallglas billeg i ein spe-sialforretning.

Om ettermiddagen hadde vi konsert i St. Nicolausdomen attende i Praha, der vi opplevde at turistar tok turen inn for å høyra på oss. Vi song ”Ossongen”, ”Morgensang af Elverskud”, ”Stjernesangen”, ”Sanctus”, ”Amazing Grace”, ”Swing Low”, ”Sometimes I feel”, ”Ride the Chariot”, ”Den store, hvide Flok”, ”Eg veit i Himmerik”, ”Høgt frå den himmelske klåra”, ”Du skal elske Herren, din Gud”, ”Jesus din søde Forening at smage”, og ”Sumarkveld ved fjorden” (sjå repertoarlister for opphav). Her var ein akustikk vi ikkje har opplevd maken til, og der tonane hang igjen lenge etter at dei var avslut-ta.Etter ein fridag på byen hadde vi avskjedsmiddag på restauranten ”U Marcanu”, der vi kunne kjøpa det berømte Gambrinus-ølet som vi syng om i ei av drikkevisene våre, og der stemnin-gen i lag med turistar frå fleire nasjonar etterkvart sto i taket, med spontan song av koret som attraksjon.

St. Nicolausdomen

30

Page 31: Jubileumshefte

I tillegg til alt det hyggelege ein opplevde i denne gamle kulturbyen, kan ein nemna kuriøse ting som flotte sportsarenaer og anna frå Sovjet-tida som tsjekkarane ikkje ville bruka. På hotellet blei vi openlyst ”vakta på” av prostituerte kvinner, men blei truleg skjerma av våre eigne damer. Vi blei åtvara om gjengar av ungdomar frå romfolket, som vi også kunne sjå opererte på undergrunns-banen. Dei greidde å få med seg ein mobiltelefon frå sidebukselomma til eit av kormedlemene. Lite hyggelege ting, men også spanande!

På veien med buss til Wien tok vi pause med sighseeing på det vidgjetne, då ny-restaurerte klos-teret, Melk .

I Wien hadde vi omvising og såg bl.a. på Belve-dere-palasset, Hofburg, Stad-topera, Prater og Stephandomen,

og på Hundertwasser-huset, som er utan rette vinklar og har skeive golv, tak og veggar, slik byggherren ønskte det. Den store opplevinga i Wien var likevel slottet Schønbrunn, med parkar og sommarpalass. Utanfor slottet hadde koret ei økt med framføring av høvele-ge songar, som også her lokka mange turistar. I tillegg til nokre av songane frå kyrkjekonserten song vi her ”Leve sangen”, ”Kom sommarvind”, ”April”, ”Vår løyn-de strand”, ”My Iveline”, ”Når fjordene blåner”, og ”Norges Fjeld”.

Om kvelden hadde vi avskilsmiddag i bydelen Grinzing, dit turistane blir bussa til middag og fest i til formålet høvelege vertshus. Ein gretten, gamal bussjåfør med dårlege erfaringar frå turar med overberusa passasjerar, var ein liten kuriositet den kvelden. Dagen etter var det heimtur med fly.

Melk

Kordamene på trappa

Konsert foran Schønbrunn

31

Page 32: Jubileumshefte

2005 Island.Tur til Island som var planlagd nær 40 år før, blei endeleg ein realitet denne sommaren. Den 26. juni innleidde koret ei veke i uvanleg fint sommarver på øya. Det var eit utruleg landskap som møtte oss då vi forlet flyplassen Ke-flavik - eit uendeleg lava-landskap dei fleste av oss ikkje hadde aning om. Et-ter ei stunds køyring fekk vi sjå ei låg betongblokk i horisonten, og skjøna et-terkvart at dette var ”Den

blå lagune”, dit vi var fortalt at vi skulle og bada. Blokka vi hadde sett først, var det tilhøyrande huset med service-personell, restaurant og suvenirbutikk. Lagunen var eit 1-2 meter djupt vatn rundt eitt dekar i utstrekning, midt uti lavalandskapet. Og her var vatnet nær kroppstempera-tur, og kom frå ei varm kjelde i landskapet med mineralsalt, gode for kroppen. Ein verkeleg behageleg og uventa vel-komst til landet etter det første sjokket.Neste sjokk fekk vi då vi såg hotellromma våre i Reykjavik. Vi var innkvartert på eit hotell med namnet Hotel Cabin, truleg mynta på reisande som berre trong ei rask overnat-ting på vegen inn eller ut av landet. Romma våre var så små at vi nær måtte ut av rommet for å skifta meining! Men det-te hotellet var spesielt, og var valt fordi andre ikkje hadde rom nok til koret og reisefellar.

No var vi ikkje komne til landet for å vurdera hotellstandarden eller sitja på

hotellrommet, og nøgde oss snart med situasjonen. Neste dag bar det av garde til dei histo-riske gardane Borg og Reykholdt for å sjå heimstadane til Egil Skallagrimson og Snorre Stur-lason. Nye uventa syn møtte oss både på vegen og då vi kom fram, for her var det vide, grøne marker og litt lauvskog, omkransa av heller låge fjell. Her og der kunne vi sjå dampstrålar og -skyer koma ut frå fjellsidene. Dei synte at her var det varme kjelder under trykk.På garden til Snorre Sturlason var det eit lite utandørs badebasseng med ei varm kjelde, og her, fortalde guiden, blei Snorre overfallen og drepen av svigersonen Gissur sine menn, medan

2-sengs rom

Den blå Lagune

32

Page 33: Jubileumshefte

han bada.

Den neste dagen gjekk turen til det gamle bispe-setet Skálholt, og vidare gjennom tilsvarande land-skap som dagen før, men utan tre eller skog å sjå. Men no kom vi til Gull-foss, største fossefallet på Island, og den var verke-leg imponerande! Ikkje i høgd, som heime, men med vassmengd, breidd,

vassprut og i det heile uvant utsjåande, der han rann utfor kanten av landskapet og ned i ei stor forkasting, litt som Niagarafossen. Det var hyller med stiar i bergsidene så ein kunne koma nærare innpå, og nokre stader kom det vassprut ut av fjellsida i forkastinga, vatn som gjekk gjennom årer i fjellet og kom ut i sidene som nemnt.

No gjekk turen vidare til Thingvellir, staden der Alltinget blei halde i gamle dagar. Det var også ei smal forkasting der den amerikanske og europeiske kontinentalplata møter kvar-andre, og eigentleg ein merkeleg tingstad, der

talarane stod på kanten av forkastinga og snakka til tingdeltakarane nede i den. Her var også ei elv med ein foss ned i ein stor høl, dit dei kasta kvinner som dei trudde var hekser. Dersom dei flaut, var dei hekser og blei drepne. Så utfallet blei uansett det same for dei mis-tenkte kvinnene. Nedanfor tingstaden var landskapet lågt og vakkert med ein stor innsjø, men med sprikker i marka som synte at her var det rørsle i grunnen.På heimturen var vi så innom geysiren Strokkur, som no er den største, vass-

prutan-de varme kjelda på Island. Det var eit impone-rande syn når spruten med 5-6 mi-nuttars mellomrom stod 15-20 meter opp i lufta.

Reykjavik var ein by med rundt 120 000 ibuarar. Med forsta-dar og omland budde to tredelar av eit folketal på rundt 320 000 i heile landet der. Vegane i og rundt byen var imponerande moderne. Mange av husa var kledde med plater, mange av bøl-geblekk. Ein stor vasstank på toppen av ein haug midt i byen var utsiktspunkt og museum. Vi fekk vita at alle dei fine grøn-tareala om sommaren blei haldne i stand av elevar i ungdoms-

Halgrimskirkja33

Page 34: Jubileumshefte

og yrkesskulane. Dei hadde plikt til å ha sommarjobb med dette. Andre uvante sosiale tiltak var t.d. alle badeanlegga rundt i Reykjavik. Desse hadde sauna og symjebasseng, og var gratis for ibuarane i området.

Vi hadde fritid der vi vandra rundt og såg oss om. På kaia var ein vidkjend pølseki-osk, med ”dei beste pølser i verda”, og der m.a. president Bill Clinton hadde handla. Songen ivaretok vi med konsertar i kyr-kjer, m.a. den mektige Langholtskirkja, i friluft og i Nordens hus. Song gjorde vi også i islandsk fjernsyn, på direkten i programmet ”Frukost-TV”. Ein flott konsert hadde vi saman med det dugande mannskoret Karlakórinn Fóstbrædur, med påfølgjande hyggjeleg fest i deira romslege klubbhus.Avsluttingsfest før heimreisa hadde vi på den mykje omtykte restauranten ”Apoteket”, og av-slutta turen med spontankonsert utanfor Alltinget, noko islendingar og turistar sette stor pris

på. Her song vi så lenge stem-mene heldt med mykje publikum, ei verdig avslut-ting på ein fin og opplevings-rik tur.

2010 Irland.Irland var også eit aktuelt turmål lang tid før turen blei ein realitet. Sist i juni flaug koret via Gardermoen til Dublin. Herfrå var det buss med skandinaviske guidar som orienterte om det vi såg på vegen gjennom landet. Målet var byen Killar-ney, eit turistsenter på rundt 15 000 ibuarar, i det beste irske turistområdet med varierande landskap og tilbod. Her overnatta koret tre netter, medan vi om dagen var på ulike turar i området. Før-ste dag gjekk turen til Midleton, der det gamle destilleriet til Jameson Whiskey

Killarney

Fra ”Apoteket” - avsluttingsfest

34

Page 35: Jubileumshefte

var i produksjon til 1966. Derfrå gjekk turen til Cobh Heritage Centre, ein nedlagd jarn-banestasjon med ei instruktiv utstilling med informasjon om irsk utvandring. Denne kvelden

hadde koret konsert i St. Mary’s Church saman med ei lita korgruppe med namnet ”Cantaloupe Choir” frå småbyen Dingle, for stappfull kyrkje! Dirigenten for korgruppa vende seg til publikum

og fortalde at dei mangla ein alt - var der nokon som kunne ta den oppgåva? Utruleg nok var det ei dame som melde seg, og løys-

te oppgåva med bravur! Vi lurer enno på om dette var avtalt spel!

Neste dag tok vi bussturen ”The Ring of Kerry”, rundt halv-øya Kerry. Undervegs stogga vi ein stad der vi fekk sjå ein dreven sauegjetar, som manøvrerte saueflokken sin

omkring i landskapet ved hjelp av to hundar og ei hunde-fløyte - ei fantastisk framsyning. Ferda gjekk elles gjennom sjarmerande landsbyar og vekslande, heile tida lysegrønt landskap, til byen Sneem, der vi hadde lunsj. Vi vitja også

staden Wa-terville, der Charlie Cha-plin sin mest brukte ferie-stad var.

Neste dag gjekk turen med hest og kjerre frå Kate Kearney’s Cottage over passet The Gap of Dunloe, til Lord Brandon’s Cotta-

Cantaloupe Choir

Wiskey-kurs hos Jameson

35

Page 36: Jubileumshefte

Tre glade gutter !!!

ge, der vi hadde lunsj. Her vandra vi rundt i villmarksparken Killarney National Park ei stund, før ferda gjekk heimover med elvebåtar med grupper på 10-12 personar over dei tre Lakes of Killarney og elvestykke imellom.

Femte dagen drog vi mot Dublin, og på vegen var vi innom Limerick og vitja slottet Bunratty. Denne borga er frå 14-hundretalet, og rundt er det bygd opp ein landsby

med hus, utstyr og aktør-ar i drakter som skal syna korleis eit slikt samfunn var organisert på 18-1900 talet.

I Dublin blei vi innkvartert på Trinity Capital Hotel, i noko av det mest sentrale sentrums-

området av byen, og i nærleiken av statuen av ”Molly Malone”. Neste morgon var det sight-seeing, først til Trinity College der ein m.a. kunne sjå den eldste

boka i verda - The Book of Kells. Om ettermidda-

Molly Malone

36

Page 37: Jubileumshefte

gen heldt koret konsert i St. Patricks Cathedral, der den norske ambas-sadøren, Øyvind Nords-letten, var til stades. Vi rakk

også å vit-ja Guinness sitt ølbryg-geri same dagen.

Midt i byen ligg den store, grøne og skug-gefullle parken St. Stephen’s Green. Her, på

ein musikkpaviljong, heldt Os Mannskor neste dag ein konsert i fri luft, med publi-kum idyllisk liggjande og sittande rundt

i graset. Denne kvelden var det avskjed med byen etter også ein halv fridag. På denne underhaldningsstaden kunne vi

lytta til song frå ”The Merry Ploughboys” og sjå fengjande, rytmisk ”Riverdance”, medan god mat og drikke gjorde sin roa-nde verknad.

Og neste morgon gjekk turen heimatt, med buss og fly etter ein sjeldan opple-vingsrik utanlandstur.

37

Page 38: Jubileumshefte

2015 Austerrike og Italia.90-årsjubiléet i år blir også feira med tur, den-

ne gongen til korfestivalen ”Feurer & Stimme 2015” i St. Michael im Lungau i Austerrike 12. -14. juni, og til Gardasjøen i Nord-Italia. Som vanleg er turen med makar og eventuelle born og gjestar, og siste delen er for ferie med avslap-ping og litt sightseeing. Byen Verona er også eit mogleg mål på turen.

Livet i - og med - koret.

Særlege minne frå dei siste 30 åra.Endå om ein berre tar med dei 30 siste åra, er gode minne og hendingar så talrike at eit hef-te som dette ikkje kan omfatta vesentleg omtale av alt. Det gjeld større konsertar, kabaretar, stemne og turar og mange tilstellingar og oppdrag koret har vore med på. Det har vore eit mål å delta på ei stemne kvart år, og omtalen av vår eiga stemne ifjor syner kor omfattande slike opplevingar kan bli. Stemne let vi difor liggja her. Likevel opplever kormedlemene gjerne årleg ting som blir sitjande i minnet for alltid, helst då gode opplevingar. For koret vårt gjeld dette opplevingar som konsertar med store fellesnummer som i Fritio (”Håtta du?” i 1987, ”Songen er tollfri” i 1991), ”Singer’s corner” i Bergen med sending i NRK (1991) og mannskorfestivalen ”Heftig og begeistret” same stad i 2002, minnekonserten for Henrik Lyssand i 2005, ”Blåturar” som Voss- Vangsnes - Bergen med overnatting (1988), helgeturar med konsertar til Sunndal i Maurangerfjorden (1998), Herand (2007), og Varaldsøy(2012), vitjingar frå inn- og utanlandske kor som Kud Karol Pahor frå Jugoslavia i 1991 og Langesund Mandssangerforening (1997), fleire kabaretar, osb. Alt er summarisk nemnt i det historiske vedlegget til slutt i heftet. Vi har nedanfor plukka ut dei stadene og tilstellingane vi kanskje minnest best samla sett i den aktuelle perioden, dei fleste gode, men også døme på ei tilstelling med mindre heldig ut-fall.

Så har vi snakka med veteranar om opplevingar dei har hatt med koret. Og damene våre, ”korkånene” som dei sjølve har titulert seg, har gjort seg nokre tankar om koret og si rolle i høve til det.

Syng for oss (1987).Eit av dei beste minna frå denne bolken er nok korkonkurransen ”Syng for oss”sist i oktober. I alt 39 kor med 1200 songarar deltok, og det var første gong konkurransen blei arrangert. Sjølve konkurransen fann stad i Grand Hotell sine selskapslokale, og rulla i gang alt kl. 09.15 om morgonen. Domarar var Gjert Fluge, Erling Dahl jr., Helge Aafløy, Elisabet Byrkjeland og Maria Gamborg Helbekkmo.Os Mannskor hadde oppvarmings- og øvingsstad i Blå Kors, og hadde si framføring kl. 15.45. Her stilte dei i sine blå og grå uniformer som dei fekk til jubiléet to år før, med dirigenten sine 38

Page 39: Jubileumshefte

ord i bakhovudet: ”... og vinner gjør vi selvfølgelig”!Og vann gjorde dei si klasse, med dei sjølvvalde songane ”Kristallen den fina” (Sv. folkevise) og ”Voggevise i skogen” (Elling Solheim/Henrik Lyssand). Premien var 3000 kroner til vidareutvikling av koret.

I denne konkurransen gjorde elles Os-kora samla reint bord, og vann alle stemmebaserte klassane – og i tillegg den uoffisi-elle konkurransen mellom Bergen og Hordaland! At denne storhendinga fann stad på dirigentkona sin fødsels-dag, forklarer truleg kvifor dirigenten ikkje kunne vera med på festen etter konkurransen! Men det blei truleg ikkje mindre festleg heime hjå dei enn det var på den offisielle festen, etter at dirigenten blei oppringt om resultatet!

Mannskor -ka e’ da? (1988-89).Eit anna godt minne frå denne tida er kabareten året etter: ”Mannskor - ka e’ da?” Kabareten fann stad i ungdomshuset i Nordstrøno, og hovudmennene bak var Harald Haugland og Audun Lygre, med musikalske innslag laga og spelte av Øy-

vind Vik. I denne revyprega kabareten fekk publikum ein humørprega presentasjon av livet i eit mannskor. Ein ung mann som tar til i koret (Caspar Erstad), er gjennomgangsfigur, og blir følgd i fasar av livet i koret til han endar på ”heimen”. Konene har ein viktig rolle i kabareten, spesielt kona til gjennomgangsfiguren. Eit innslag der Thore Lunde og Jan Ove Petersen song duett frå ”En månskensnatt på Slottsbacka”, blei særleg godt mottatt når det galdt det musi-kalske. Både kor og publikum hadde mykje moro av framføringa, som altså står att som eitt av dei særs gode minna om lokale hendingar.

Kabareten blei elles så godt mottatt at han blei sett opp på ny i redigert form på Fritio sitt pro-gram i Fjellheim året etter. Her var opninga av kabareten endra til at nokre av gründarane til Fjellheim var attende som gjenferd på synfaring. Innslaget blei dramatisk, sidan eit av gjenfer-da fall ned i orkestergrava som sto open, men kom heldigvis frå det utan større skadar. Men eit sterkt minne blei det for nokon kvar. Eit minne om Minikoret blei det også i kabareten, då tidlegare medlemer av dette song bl.a. ein hyllingssong til kvinna, og kasta roser ut i salen. Hovudinnhaldet i kabareten var som året før, og med song av heile mannskoret og mindre grupper, bl.a. barbershop som fekk særleg god kritikk etterpå. Deltakarar med spesielle roller i stykket var utanom dei tidlegare nemnde, Nils Henrik Tuas-tad, Johannes Taule (gjenferdet), Harald Hansen, Jonn Vinciansen, Håkon Østgulen, Gerhard Sundfjord og Jørgen Sundfjord.

Tur til Bodø og Lofoten (1992).Turen hadde samband med plan-lagd deltaking i Landssongarstemna i Bodø. Stemna blei avlyst, men eit finsk gjestekor og naboen vår, Hauke-land Songlag, ville likevel koma. Sidan det også var fødebyen til dirigenten vår, og opphald i Lofoten var med i planen, fann også Os Mannskor ut at vi ville ta turen likevel. Noko av bak-grunnshistorien var at turen også var lagd til staden i Lofoten der dirigenten og kona hadde hatt sine første lærar-jobbar.Gildeskålkoret var vår kontakt i Bodø, og tok imot oss med frisk song på

39

Page 40: Jubileumshefte

flyplassen der. Etter innkvartering på Skagen hotell i sentrum av byen, drog vi til Bestemorstua, der vi hadde ein triveleg kveld med vertskoret.

Etter å ha sett oss om i Bodø laurdag føremiddag, var koret med på konsert i kulturhuset. Her deltok også Bodø Håndverkersangforening, Haukeland Songlag frå Arna, og Kuopio-Kvartetti frå Finland. Sistnemnde var eit elite-mannskor som det var ei stor nyting å høyra. Festmiddagen etterpå fann stad i festsalen på Nordland Psykiatriske Sykehus. Om dette hadde noko med reaksjonane ein kunne ven-ta på festmaten å gjera, er ikkje godt å vita. Denne synte seg overraskande nok for oss søringar å vera

kald, kokt pale, med tilhøyr som er van-leg til kald, kokt makrell og laks! Men maten smaka utmerkt den, og stemnin-ga var deretter. Songarane frå Kuopio underheldt også med uvanleg vakker og høveleg song, sjølv om vi ikkje kunne vita for visst kva dei song.Sundagen song Os Mannskor ved høg-

messa i den ni år gamle Tverlandet kirke, truleg ei av dei nyaste vi har opptrådd i. Etter ein god lunsj på Saltstraumen hotell promenerte vi på brua over straumen. Ikkje berre vart straumen eit overveldande syn, men også brå og kraftige haglbyer sende oss fort attende til bussen. Ei oppleving vi seint vil gløyma var om kvelden i kjellaren på Hotell Skagen. Med sparsame midlar, som eit stort, tomt lokale og ein reiseradio, hadde reisefellane dans og sosialt samvere. Med medbragt fluidum blei stem-ninga høg, og klimaks kom då Audun (Lygre) snudde brillene opp ned, tok peikestokken som låg ved ei tavle på eine veggen, og gav seg til å teikna og forelesa om eit påkome emne. Fram-føringa, som i dag ville blitt kalla ”stand up” komedie, sto ikkje attende for dei beste framfø-ringar i sjangeren i dag, og fekk oss til å le så tårene trilla! Noko av den sterke effekten i dette innspelet låg kanskje i at Audun i koret elles var kjend som ein tålsam og helst stille mann.

Neste dag måtte vi avlysa tur til Kjerringøy grunna pågåande filmopptak der. I staden blei det busstur med sightseeing i distriktet rundt byen.

Dei fleste hadde nok store forventningar til Lofoten, der få hadde vore før. Turen gjekk med Hurtigruten over ein blikkstille Vestfjorden med spisse Lofot-fjell i bakgrunnen. Bussturen frå Stamsund sørvestover gjekk gjennom eit område med svært vakker natur, og særleg blei vi overraska over dei store og flate markene og gardane! Heilt til den ytterste bygda, med namnet Å, skulle vi. Her blei vi innkvarterte i rorbuer, og så bar det rundt i distriktet til stader som Sund, med Skarve-smeden som m.a. sende ein av sine skarvar til kongen, Nusfjord med ned-lagde fiskebruk, Vikten m.fl. Konsert heldt vi i Reine kirke, saman med Hasle Sangverk, ei fin

40

Page 41: Jubileumshefte

oppleving.

Første natta, som var St. Hansafta, blei det elles ein spontan busstur på nordsida til utrulege sandstrender bada i midnattsol. Siste natta blei det lite søvn. Festleg samvere varte utover den lyse natta, til nokre tidleg om morgonen tok ned til sjøen og heimkomande fiskarar som kunne forsyna oss med blodfersk fisk. Denne blei kokt i sjøvatn og reinska og eten med fingrane, ein utruleg fin nattmat etter ei lang festnatt. Så bar det heim med buss, båt og fly til ferie og ny sesong, med fornya krefter etter ein uvan-leg minnerik og andeleg oppfriskande tur.

Mannskoret ”Luren Singing Society” på besøk frå Amerika (1993).Luren Singing Society er det eldste koret med norsk-amerikansk bakgrunn, og held til i De-corah, Iowa. Koret blei stifta i 1868, og talde meir enn 60 aktive songarar. Noverande dirigent heiter David Judisch og er professor i musikk ved Luther College. Dei har eit omfattande re-pertoar, m.a. med norske songar, og deltar annakvart år i arrangementet ”Nordic Fest” i USA. Ein konsert dei årleg held med norske julesongar, er svært populær der borte. Dei har vore fleire turar til Noreg sidan den første i 1969. Dette året var dei 125 år, og kva var meir naturleg enn å feira dette i gamlelandet?

Turen var ein Noregs-turné på gode to veker, og på våre kantar vitja dei mannskora Dale, Fana og Os, det siste som ein gjenvisitt etter vår vitjing m.a. i Decorah i 1990. Hjå Dale Mann-skor var koret til lunsj, då dei kom sist i juni. Konsert blei halden i Fana kyrkje same dag, medan vi inviterte på middag med fest i Fjellheim etterpå. Dei let svært vel over middagen, som var steik med saus, poteter og grønsaker, for elles hadde dei berre fått rømmegraut, drav-le, lefser, flatbrød o.l. Koret budde på Kongshaug folkehøgskule under opphaldet, og reiste vidare alt neste dag.

Livet i eit mannskor (1993).Først i november hadde Os Mannskor igjen eit kabaretinnslag i Fritio. Dette var ein variant av kabaretane i 1987 og -88, og handla om livet i eit mannskor. Her var med heile fem av men-nene sine makar. Dei ville ikkje lenger sitja heime når mennene var på øving, dei ville også ta til i kor, hadde dei funne ut. Kabareten hadde med amerikanske musikalar, Bellman-viser, stoff frå ”Gitarkameratene” og morosame songar som ”Det Norske Kammerkor” sin song ”Den gamle korplata”, og blei eit underhaldande og humørfylt innslag i kulturmønstringa. Og ikkje minst: kor og makar hadde det moro sjølve! Koret fekk også denne gongen mykje skryt for si framføring!

Ytre Suløen (1996).I byrjinga av desember 1996 la koret opp til eit uvanleg arrangement i samarbeid med koret JAdaZZ i Bergen og Ytre Suløens Jass-ensemble, sistnemnde på turné til Bergen, Os og Nord-hordland. Konserten blei halden i gymsalen på Os barneskule, og hadde avdelingar med kvar av dei to jazz-formidlarane åleine, og saman. Det som kunne blitt ei stor oppleving for mange i bygda, blei i staden ein økonomisk nedtur for mannskoret, sidan berre 64 betalande personar møtte opp til konserten. Mykje fin musikk var det likevel, og ei sjeldan oppleving med Os Mannskor som arrangør. I tillegg blei det inspirasjo-nen til eit svært innbringande økonomisk tiltak for drifta av koret.

EKE Inseneride Meeskor (1996).I pinsehelga, i slutten av ein uvanleg kald mai månad, hadde vi gjenvisitt av EKE Inseneride Meeskor frå Tallin i Estland, koret som tok så godt imot oss året før på vår tur til Estland. Koret med sine makar, til saman 83 personar, blei innkvartert privat hjå Os Mannskor sine medlemer og vener. Med turdeltakarane sine avgrensa engelsk-kunnskapar og oppvekst i tid-

41

Page 42: Jubileumshefte

legare Sovjet-land, var dette i seg sjølv ei spanande oppleving for oss som tok imot dei. Koret var opprinneleg samansett av ingeniørar, derav namnet Inseneride. Det var ein omfattande tur dei hadde lagt opp til. Laurdagen var dei ein tur i byen og prøvde Fløybanen, før dei hjå NRK på Minde song i direktesending på radioen. På Os var dei innom Lyssand Treindustri og Unik Filtersystem. Om kvelden var det stor fest i Fjellheim med rundt 150 personar til bords, deriblant ordførar og kultursjef i kommunen.Sundag song koret under gudstenesta i kyrkja, og så bar det med hurtigbåt til Rosendal Mu-sikkfestival. Koret var invitert til avslutningskonserten i kyrkja der, og gjorde stor lukke med programmet sitt.2. pinsedag tok koret turen til Lyseklosterruinane, og vidare til Øygarden. Om ettermiddagen arrangerte vi konsert for dei i Trollsalen. EKE hadde heile programmet, og hadde ein flott kon-sert.Tysdag reiste koret vidare, vel nøgde med opphaldet i Os, og med fleire stoppestader i landet før heimtur. Under opphaldet hjå oss inviterte dei Os Mannskor til den store songfestivalen i Tallin, ein freistande invitasjon etter å ha opplevd dette koret, så homogent og dynamisk at ein må leita lenge etter maken. Ein varm, kjærleg og lågmælt voggesong dei hadde på program-met, har vi seinare fått oversett til norsk til eige bruk.

Shantyfestivalen i Langesund (1996, -99 og 2006).Langesund er den staden Os Mannskor har gjesta oftast på festival. På denne Langesund International Shantyfestival arrangert av Langesund Mands-sangerforening har koret deltatt heile 3 gongar, i 1996, 1999 og 2006. I den idylliske vesle byen,

med ferjerute til Danmark og kontinentet, og ei mengd små butikkar og spisestader i tron-ge gater med låge trehus, har mange, særleg utanlandske, kor og songgrupper deltatt med mykje uvant og rytmisk vellyd som resultat.

Den første festivalen Os mannskor deltok på, gjekk av stabelen andre helga i juni 1996. Her song vi blant tradisjonelle shantyar ”Heim-fiskarshanty”, nylaga for Os Mannskor av Jimmy Øvredal, som også deltok med sitt trekkspel på turen. Om dagen hadde ein framførin-

gar rundt på tilviste stader i byen, à là ”singer’s corner”, og om kvelden var det konsertar der ulike koreiningar og musikarar opptrådde under reine jam-stemninga. Shantyar har i dei fleste nummer solistframføring med koring, og på desse festivalane måt-te mange av mannskormedlemene opptre som solistar - uvant, men også moro. Med i opplegget for festivalane var moglegheit for tur med ”Christian

42

Page 43: Jubileumshefte

Radich”, og om kvelden felles middagsservering og bryggjedans, gjerne med spontane song-nummer av kor og grupper. Som vanleg er, hadde også koret vårt fått ordna med fellesrom på hotellet, der ein kunne ha hyggje og moro til langt på natt. Her var damene våre gode å ha med, i tillegg til å opptre som fans og skapa liv og inspirasjon om dagen.

Det høyrer med til historien om denne festivalen at Os Mannskor i slutten av oktober arran-gerte ein litt uvanleg konsert heime i Os, der Bergen Munnspillorkester deltok etter avtale i Langesund, og der ein nytta repertoar frå festivalen og kyrkja. Her song Os Mannskor shan-tyar og negro spirituals, bl.a. med soloar av Grete Inger Berge, og pianospel ved koret sitt eige medlem, Øyvind Vik.

Dei gode festivalopplevingane medførde deltaking både i 1999 og 2006. Grunna ein del fråfall blei koret styrkt med mannskap frå Os Kammerkor og Bergen Mannskor i 2006. Deltakinga gjekk fint, og før returen med buss sundags morgon song koret ved høgmessa i kyrkja. Her framførte koret m.a. ”Anna Lovinda” med solo ved Thore Lunde og akkompagnement av Ber-gen Munnspillorkester. Dette var 1. pinsedag, og innslaget gjorde stor lukke i kyrkjelyden. Deltaking i festivalen trong ikkje å ha stogga med dette, men både avgrensa økonomi og øn-skje om nye opplevingar andre stader har voge tyngre til no.

Hvad søguterne synger (1997).Denne hausten blei sterkt prega av ”Fritio”, der Os Mannskor deltok med kabareten ”Hvad Søgutterne synger”. Kabareten bygde mykje på songar koret hadde øvd inn i samband med Shantyfestivalen året før, og blei promotert i midten av oktober med eit innslag på Flåten sen-ter av ei gruppe frå koret. Første november fann kabareten stad, med tekstar og melodiar ut-valt og samla av Nils Henrik Tuastad, som saman med Øyvind Vik, som arrangør av nokre av innslaga, hadde den musikalske regien. Lokalet var dekorert med stor omhu og avspegla godt karakteren til eit gamalt sjømiljø. I første avdeling heldt koret seg på heimleg kyst, og hadde her med ”Heimfiskarshanty”, laga av Jimmy Øvredal til nemnde Shantyfestival året før. Ein av karakterane i kabareten, ein fordrukken sjømann, blei framført av Morten Flaterås så naturtru at lokalavisa i referatet hevda referenten venta å få noko i fanget når som helst. Koret akkompagnerte her med ”What shall we do with the drunken sailor”. I neste omgang avsong Flaterås shantien ”Strike the bell” med stor patos og innleving. Også Vidar Fristad fekk skryt av sin resitasjon av Jakob Sande si vise om kokkedrengen, og Thore Lunde av sin solo på ”Anna Lovinda”.

Heile 20 shantiar og songar frå sjømiljø blei framførte av koret, og i tillegg var det to allsongar med ”Jungman Janson” og ”Flickan i Havana”. Ifølgje lokalavisa ”Os og Fusaposten ein smak-full kabaret som gjorde ein glad.

There’s no business like showbusiness (2002). Mannskoret har samar-beidd mykje med blan-dakoret gjennom åra, og denne gongen hadde dei funne saman med ein kabaret i Fri-tio-programmet: ”Th-ere’s no business like show business”. Ka-bareten opna like godt med nemnde song som fellesnummer. Mann-skoret kalla på humø-ret m.a. med songen ”Man kan vel ikke gjøre for at man har sjarme”,

43

Page 44: Jubileumshefte

sjølvsagt med tilvising til seg sjølve. Repertoaret denne kvelden var elles kjende perler frå ymse sjangrar, dryssa utover Fjellheim ein torsdag kveld under Fritio. Og publikum let seg ifølgje lokalavisa ”Os og Fusaposten” sjarmera frå første stund.

Kora hadde sjølvsagt sine eigne bolkar undervegs, Blandakoret m.a. med songar frå ”My Fair Lady” og Beatles-songar. Mannskoret gjorde særleg lukke med ”snekkersve-kara” veiftande med spritflaska i Alf Prøysen sin ”Snekkersve-marsj”. Elles song mannskoret ”Aquarius”, ”Om eg var ein rik mann”, ”Få meg i kjerka”, og ”Må Isis og Osiris”, eit utdrag frå Schikaneder og Mozart sin opera, ”Die Zauberflote” - eller ”Tryllefløyten” på norsk.Litt dans var det også, med koreografi av Marianne Wik. Støttande musikk sto Jon Søfteland Sæbø for med sitt einmannsorkester. Konserten blei avslutta med ”Funiculi, funicula”.

Både kor og dirigentar fekk i etterkant mykje ros i lokalavisa for framføringa, som meinte at lageret av sjarm dei hadde tatt frå, måtte vera utømeleg!

Kulturpris til dirigenten (2007).Litt før 17. mai blei styreformannen i Os Mannskor oppringt av lokalavisa Os og Fusaposten, som fortalde at dei hadde tildelt sin årlege kulturpris for Os kommune til dirigenten vår, Jan Ove Petersen. For Fusa kommune hadde dei tildelt same prisen til dirigenten i Strandvik Blandakor, Magne Tuft. Men desse tildelingane ville dei ikkje avsløra og gjera før 17. mai. Spørsmålet var om vi kun-ne vera med koret på ein ferjetur Hatvik-Venjaneset. Planen var at på Venjaneset i Fusa skulle Strand-vik Blandakor koma ombord, og så skulle tildelinga av kulturprisen finna stad midtfjords, heilt overras-kande for dirigentane.Til dirigentane kunne vi berre seia at turen var ein lekk i 17. mai-fei-ringa. Som sagt så gjort, og det var to overraska og glade dirigentar som tok imot prisen frå lokalavisa sin representant midtfjords. Mannskoret hadde alt lete seg høyra på framturen, og no kvitterte båe kora med fleire songnummer frå overdekket på ferja. Og mange glade ferjereisande og turistar kunne vi også registrera, smilande og fotograferande, tydeleg glade for den overraskande underhaldninga i det fine vårveret.

Kulturprisen var eit diplom, eit glasfat forma av kunstnaren Cathrine Kårevik, og 10 000 kroner. Juryen uttalte at:

”Dirigenten er kjend for å gje mykje av seg sjølv og er svært engasjerande. Hans inn-sats for korlivet har gledd mange.”

Tur til venskapskor i Hjørring, Danmark (2008)Etter initiativ frå eit av styremedleme-ne vedtok styret hausten 2007 å re-gistrera mannskoret ”Arion” i Hjørring i Danmark som venskapskor.

Midt i september det neste året blei det så tur for å vitja koret. Turen starta fredag middag med buss til Bergen og ombordstiging i m/s Ber-

44

Page 45: Jubileumshefte

gensfjord, med ankomst Hanstholm lørdag morgon kl. 09.00. Noko av grunnen til at det passa med eit venskapskor i Hjørring var at byen ligg berre nokre kilometer frå ferjeleiet i Hirtshals. Men til vi var klare for turen, var ferjeruta lagt om, så ferja gjekk til Hanstholm i staden, og koret fekk ein busstur på eit par hundre kilometer i tillegg.

I Hjørring blei vi innkvartert på Hotel Phønix. Innsjekkinga der måtte damene våre ta seg av, for koret måtte møta straks på Arion sitt klubbhus til felles øving. Koret hadde heilt eige klubbhus, som dei

kunne opphalda seg i når dei vil-le. Korkulturen var også noko annleis enn vi var vane med, for her sto kass-ar med pilsne-røl framme, og det var berre å

forsyna seg og leggja ein tiar for flaska i ei skål. Ei utfordring for oss, og særleg dirigenten, som legg stor vekt på å vera upåverka når vi syng. Mange av oss forsynte seg av kassene for ikkje å syna manglande respekt for venskapskoret sin kultur, og det såg ikkje ut som det hemma oss på noko vis når vi seinare på dagen var ute og song for publikum på eit stort kjøpesenter, Metropol. Vi song både frå eit stort galleri der, og på gata utanfor, og kunne registrera mange blide fjes blant publikum.

Om kvelden var det festmiddag saman med Ari-on-medlemene og deira fruer, som då også fekk

møta våre. Vi opplevde danskane som kjekke og sosiale menneske som vi hadde det hyggjeleg sa-man med. Arion hadde 110-års-jubileum dette året, og vårt besøk var sjølvsagt med på å fargeleggja jubiléet. Det blei tala og overrekt gåver frå oss, og sjølvsagt song av båe kora. Det mange av oss ikkje hadde registrert, var at dette var eit kor som var ei arbeidar-song-foreining, og difor hadde mange

45

Page 46: Jubileumshefte

arbeidarsongar på repertoaret, med nydelege melodiar og tekstar.

Sundagen måtte vi nytta til den lan-ge heimreisa via Hanstholm, og var ikkje i Bergen før måndags morgon. Alt i alt var det ein fin og lærerik tur, med songleg suksess, og som vi i ettertid er svært nøgde med å ha opplevd.

Minnekonsert for Henrik Lyssand (2012).Konser-ten blei halden i kultur-huset Os-eana, på 100-års-dagen for Henrik Lyssand (”Hen-riken”) sin fød-selsdag 9. sep-tember. Kora i Os gjekk mann (og damer) av huse og øvde i veker og månader på eigne og fel-les nummer. Her sette Os Mannskor også saman eit Minikor av tidlega-re deltakarar i dette, forsterka med nokre andre frå mannskoret. Det blei ein storslagen og minneverdig kon-

sert, med utelukkande musikk komponert og/eller arrangert av Henrik.

Mannskoret hadde desse nummera:

Hordaland R. Vaage/H. LyssandDet hvite landet E. Solheim/H. LyssandDrama (i 4 akter) J. Sande/H. Lyssand

”Minikoret” song:

Halling Folketone/arr. H. LyssandHokken ska’n godblunke tel E. Skjæråsen/H. LyssandNoget om tusindårsriget H. Rasmussen/H. Lyssand

Konfransierene

46

Page 47: Jubileumshefte

Utanom desse numme-ra inneheldt konserten 26 nummer i to avdelingar, sungne eller spelte av Os Kammerkor, Os Blandakor, Os Vocalis, Os Pensjonist-kor, Lysekoret, Tre med skjegg og ein utan, Os Mu-sikkforening, Os Spelemannslag og Torgeir Kinne Solsvik. Kvar avdeling blei avslutta med eit mektig felles-nummer med alle kora: Sumar-kveld ved fjorden (R. Vaage) og Song til Os (N. Tveit). Kora song også Våren (Å. Vinje/E. Grieg) i Henrik Lyssand sitt arrangement, saman. Konserten blei ei verdig minne-markering for ein stor musikar.

Møte med Os Mannskor (2013).Etter at koret hadde mottatt feilsendt post til eit kor i Østerdalen i fleire år, fann vi ut at der

fanst endå eit Os Mannskor i landet. Eitt av våre medlemer var så innom trebåtfestivalen i Risør, og der trefte han koret som hadde ei framføring på festivalen, og kom i prat med dei. Det gjekk eit par år der vi prata om at det ville ha vore kjekt med eit møte mellom dei to kora med same namn. Eit styremedlem fekk i oppdrag å arbeida med saka, og resultatet var at vi midt i juni 2013 tok med oss damene våre og bussa til Os i Østerdalen, nabokom-mune til Røros.

Turen starta ein torsdag med buss frå Osbuss og mi-nibuss frå LHL, med til saman 66 personar ombord. Det var planlagt at vi også skulle vitja Hønefoss undervegs, fordi vi gjerne ville vitja minnesteinen over Elling Solheim, som har laga diktet ”Det hvite landet”. Med tone av Henrik Lyssand er songen ein av vårt kor sine favorittar. På Hønefoss skulle vi møta Ringerike Mann-

47

Page 48: Jubileumshefte

skor og ha ein konsert saman med dei. Den planlagde ruta over Hemsedal var i mellomtida blitt vegstengt, så vi måtte køyra Hardangervidda. Litt heseblesan-de kom vi noko forseinka til denne kon-serten, men kunne gjennomføra som planlagt. Her song Ringerike Mannskor fleire tonesette dikt av Solheim. Det blei ein hyggjeleg konsert der Os Mannskor framførte songen ”Hegg og gran” og ”Det hvite landet”, med medbragt pianist Eleonora Melnik Larsen som akkompag-natør. Etter konserten hadde vi ei stund med hyggjeleg prat med ringeriksko-

ristar som m.a. kunne fortelja mykje om Solheim og hans liv.

Denne natta var vi på det kjende konferan-sehotellet Klækken, og neste morgon heldt turen fram med vitjing og lunsj på Hadeland Glassverk. Her var utruleg mykje vent å sjå, og i tillegg fekk vi sjå og læra om glasfram-stelling. Før vi forlet området kunne vi også fråtsa i nydelege glasting til overkomelege prisar, og mange kjøpte både eitt og to fat el-ler andre ting dei fall for. Vi nytta også høvet til å syngja, både under lunsjen og ute på gardsplassen, før vi reiste vidare.

Overnatting denne dagen var på Røros, og turen dit gjekk gjen-nom Os kommune. Der kom ein representant for mannskoret deira på bussen, og guida oss vidare og fram til hotellet.

Etter ein hyggjeleg kveld på hotellet, der nokre av oss også hadde utilsikta ”danseoppvi-sing” blant ei gruppe turistar, starta neste formiddag med tur i Røros by guida av to av medle-mene i Os Mannskor, som også dreiv med slikt på si. Så tok dei

På Løten

48

Page 49: Jubileumshefte

oss med til grenda Narjordet, der vi fekk omvising på det gamle gardstunet Oddentunet.

Etter dette inviterte dei til ein herleg lunsj med heimelaga sodd og brygg. Men det var ikkje slutt på gjest-friheita med dette, for no blei vi guida med bussen rundt i sentrale delar av kommunen, og fekk m.a. sjå heimegarden til langrenssjenta Therese Jo-haug. Så bar det til hotellet for ein liten kvil før høgdepunktet

om kvelden - kon-sert i amfisalen og fest i idrettshallen, i sentrum av Os.

Det blei ein flott konsert med to Os Mannskor som sto godt til kvarandre, både i storleik, alder og dugleik, med unge, entusi-astiske dirigentar. To fellesnummer blei framført på ein framifrå måte: ”Ære det evige for-år i livet” og ”Su-markveld ved

fjorden”.

På festen var det gåveover-rekkingar mellom kora og kommu-nane, med hel-singar frå ordføra-rane, den lokale til stades sjølv. Og det blei fleire talar, med m.a. påpeiking av ulikheitene mellom dei to kommunane, og mykje skjemt og moro m.a. på politisk grunnlag.Heimturen med buss neste dag blei lang for nokre av deltakarane, sidan der ikkje var vesent-lege stogg som på framturen, utanom lunsj nær Fagernes i Valdres. Men for mange var det nok ein fin tur gjennom vekslande landskap i vår vakre og varierande natur, med område som dei sjeldan ser. Å sjå så mykje av sitt eige land og folk, i tillegg til alle reiser i utlandet, er både viktig og tilfredsstellande. Og denne turen er kanskje ein av dei vi seinast vil gløyma, også i takksemd til dei som tok så godt imot og vare på oss i Os-bygda!

Os Mannskor

49

Page 50: Jubileumshefte

Veteranar minnest!Henrik Eidsvik byrja i koret i 1943, 14 år gamal. Dette var midt under 2. verdskrigen, og for han eit legalt alternativ til konfirmasjonsundervising. Etter minna hans å døma fann han seg snart til rette i koret, der han i 1959 også var formann.

Henrik hugsar godt dei gamle veteranane, som var med og etablerte koret eller kom med i dei første åra. Familien og slekta til dirigenten, Mons Lyssand, var godt representert. Av yrke var dei tidlege medlemene m.a. målarar, snikkarar, (på Bahusfabrikken) rutebilsjå-førar, mekanikarar og/eller jordbrukarar. Ei stund var det fleire bakarar med, og då blei det ein vane å ta med ei bløtkake når dei song for dei på Gamleheimen til jul.

Det er naturleg at det ein best hugsar etter mange år, er dei morosame og rare episodane som oppsto, t.d. når ein var på stemne og turar. Eit av desse tidlege minna Henrik har, var då ein av songarane på stemna på Dale i 1947 var blitt utelåst om natta på gjestgjeveriet dei låg på. På programmet til koret sto m.a. songen ”Vakna, vakna!”,og denne stemte han i med, så høgt han kunne. Det var ikkje berre lysa i gjestgjeveri-et som då kom på! Men han kom seg då inn.Elles måtte nokon frå koret på denne stemna innlosjerast på BKK sitt feriehus på Brek-keflaten i Bergsdalen, sidan der ikkje var plass nok på Dale. Og der var det ikkje så farleg med litt ekstra songut-falding!

Det Henrik synest å minnast aller mest, var alt dei gjorde saman med Follesø Mannskor etter krigen. Di-rigenten, Henrik Lyssand, var ei tid vikar for Thorleif Aamodt som dirigent i dette koret, og det førte til mykje samarbeid mellom dei to kora. Songarane hadde i denne perioden mykje moro, og to av dei som fann på mest var Jakob (Hetleflåt) i Os Mannskor og Sivert i Follesø Mannskor. Follesø Mannskor kom gjerne med båt til Buena i Lysefjorden når dei skulle møta Os Mannskor, og her møttest dei. Ved eitt høve hadde dei kappløp til utsiktstårnet på Lysøya. Premien var ei overrasking - og det var ein halvliter frå eit kar dei hadde installert på førehand i tårnet.

Henrik Eidsvik med diplom for 70 år som korsanger

50

Page 51: Jubileumshefte

Ein gong kora møttest på Askøy til konsert, fekk dei vita at dirigenten ville emigrera til Ameri-ka. Då fann dei ut at dei måtte testa sjødugleiken hans, og drog ut på havet med han i skøyta osingane var komne med. Dei hadde mykje moro med dette, og kom til lands med lystig song. Men dei blei fort tause då dei kom inn på vika og blei møtt med høglydt radiogudsteneste. Då dei kom i ungdomshuset til middag var dei så svoltne at når dei første hadde forsynt seg, blei det ikkje mat igjen til dei andre. Korleis dei løyste den utfordringa, fortalde ikkje Henrik noko om.

På songarstemna på Stend i 1947 var det frykteleg varmt i veret. Til bords på landbrukssku-len sat alle i full mundur og sveitta. Då reiste Henrik Lyssand seg og sa med myndig røyst: ”Os Mannskor! Reis dåke! Jakker av!” Og problemet var løyst. Men på denne stemna var det fleire problem, som då dei skulle ha fellesnummer frå ein tribu-ne i Melkevika. Vel komne på plass byrja tribunen å søkkja saman på eine sida. Det blei litt panikk då alle ville koma seg ned før tribunen kollapsa heilt. Men grunnen var at pelane ikkje var slått djupt nok ned. Så då tribunen slutta å søkkja, hadde han nådd fjell, og litt skeive kunne kora halda fram med framføring av fellesnummer.

Til ei anna stemne var det reisa som var utfordringa: ”Det byrja med bussturen inn”, humrar Henrik om turen til stemna i Ålvik i Hardanger sommaren 1948. ”Midt i Trengereid-bakkane blei det nok for den gamle Laksevåg-bussen vi hadde leigd, då tok han til å koka. Det gjekk to timar før vi kunne koma vidare. Og vatn måtte vi henta i elva - i korhuene, anna hadde vi ikkje å bera i! I stigningane opp til Kvamskogen svikta bensintilførsla, så vi måtte fylla bensin direkte i forgassaren, brannfarleg som berre det. Og vi blei jo svært seine til stemna. Då vi skulle heimatt om kvelden, hadde ikkje eg og kameraten min lyst å fara, sidan den sviktande bussen for tryggleiks skuld måtte avgarde tidleg. Men så kom vi på at vi kunne spørja Fana Mannskor om dei hadde plass til oss, og det var greitt. Så langt på natt kom vi til Nesttun, då skulle ikkje bussen lenger. Kva skulle vi så gjera? Jau, sa kameraten min! Kjær-asten min bur på Vallaheiane, og ho har sykkel. Eg tar henne, og du tar sykkelen og syklar heim. Så vi tok i veg oppover, fann sykkelen utanfor, og eg kom meg heim på den, på dårleg grusveg og utan lykt. Men du kan tru det var nokon som gjorde store augo då foreldra mine kom ut om morgonen før eg var stått opp, og fekk sjå at det sto ein damesykkel utanfor!”

På Landssongarstemna på Lillehammer i 1952 var det òg mykje moro. Sverre (Nicolaysen) var blitt borte for koret på vegen til samlingsstaden, og dei spurde då folk dei møtte om dei hadde sett han. ”Ja, korleis såg han ut då”. Då kom Henrik Lyssand sin humoristiske sans fram: ”Jau, han hadde kvit songarhue”, sa Henriken i tilsynelatande fullt alvor! (For yngre lesarar må vi kanskje skyta inn at stemna var store den gongen, gjerne over tusen songarar, og alle med kvit hue). Det var også på denne stemna det blei eit skikkeleg skodespel av alle songarane som sto i polkø, i store klyngjer. Her var også Henriken framme, og kommanderte dei til å stå i kor-rekkje to og to. Ein politimann som var til stades, kunne berre smilande sjå på dette skodespelet. Etter festen om kvelden hadde Follesø Mannskor og Os Mannskor nachspiel hjå førstnemnde kor. Då osingane skulle heim, ville ikkje Sivert lata dei gå åleine, han ville følgja dei attende. Og det gjorde han, i berre underbuksa.

Det var også Follesø Mannskor som kom til stemna på Stord med rutebåt i 1968. Det var ikkje så lenge sidan sterkølet var frigjeve (Export), og mange i koret hadde forsynt seg godt på reisa. Men dirigenten hadde på førehand instruert dei godt, så alle hadde med ein ti-kilopose som dei la huene i når dei gjekk i land. Dei hadde ikkje uniformer den gongen (difor dei kvite hue-ne), så utan huene kunne ingen vita kven dei var når dei kom i land, meinte nok dirigenten.

På 60-talet hadde Os Mannskor mange helgeturar til Ungdomslaget si hytte i Steindalen. Her kunne det vera så mange med (også damene) at der ikkje var plass til alle. Dels som bytemid-del køyrde dei då store ølspann med seg til Midtsæter, og bar dei til hytta. Så fekk nabo-hyt-teeigarar vera med på festen, og kormedlemer og deira damer kunne få liggja over i hyttene deira.

51

Page 52: Jubileumshefte

Dei formelle festane koret hadde var samstundes både meir frigjorde og meir seremonielle enn i dag, fortel Henrik. Dei kunne ikkje ta til før klokka ni om kvelden grunna fjøsstell, og korsong måtte vera avslutta innan klokka 24. Etter den tid var det fritt fram for “solistane”. Festen kunne ikkje slutta før lerkene var tomme og det hadde tatt til å lysna ute. Fast på pro-grammet var både tale for dagen, for songen, for dirigenten, for damene og takk for maten. Ved eitt høve var takk-for-maten-talaren uteblitt, og talaren som utan forvarsel blei utpeika, byrja slik: “Eg er ikkje den rette til å takka for maten! Eg har ikkje fått ein smule mat i min munn etter at eg blei beden om dette, men ser at alle dei andre har ete godt”!

Henrik er den i Os Mannskor som dei siste tiåra har dokumentert mest, og tatt kilometer og ti-mar med lydband, film og video. Dette gjeld særleg tilstellingar som konsertar, og vil nok koma til stor nytte i framtida. Kanskje er det dette seriøse dokumentasjonsarbeidet som har gjort at han har mindre av den typen minne som her er nemnde, frå nyare tid?

Det Henrik har fortalt er frå etterkrigstida fram til omkring 1970. Dei eldste i koret no, utanom Henrik, slutta seg til rundt dette årstalet, dei fleste då nær 30 år gamle. Dei stadfestar at det er mykje moro og mange rare opplevingar - særleg når koret er på reiser og turar. Noko av det-te har vi fortalt om andre stader i dette heftet, som i omtalen av Bodø-turen, og heimturen frå stemna på Stord i 1998. Eit anna døme er ein tur til Valen og Skånevik, då skyssbåten med altfor svak motor gjorde at ein kom mykje for seint fram til Valen. Der song koret for pasientane før ein reiste vidare til Skånevik for å halda konsert der. Då denne var unnagjort, var det blitt så seint at det var stengt alle stader, og verken vått eller tørt å få. Det var lenge å venta på skyss heim også. Men etter litt om og men og nokre telefonar, hadde ein kiosk ved hamna opna, og lensmannen gjeve løyve til å dansa på kaien. Dei hadde med både eigne damer og Os Blandakor, så dansepartnarar var det ikkje vondt om! Og då skyssbåten tok dei heimover, blei det også dans ombord!

Dei veteranane vi snakka med, Trygve, Kjell, Harald H., Harald Aa. og Norvald, har alle vore med i koret i over 40 år. Dei humrar litt når dei fortel om han som sette seg på varm kokepla-te for å bli betre tenor, på seminar på Skorpo, ein metode litt utanom det vanlege. Dei fortel om damene til koret som nytta høvet og reiste på ski på Kvamskogen då koret hadde dei med på seminar i Øystese, om strev med nedsnødde bilar etter song på Sjukeheimen, og om son-garane i Luren-koret frå Amerika, som var redde i bussen på vegen til Lepsøy og Kongshaug. Telefonering og springing for å nå korresponderande fly til og frå Island grunna forseinkingar, sit friskt i minnet. Ei gruppe som ville på byen i Miami blei sterkt frårådd dette av hotellperso-nalet, som hevda at overfallsmenn sto og venta på dei bak kvart hjørne.På turen til Austerrike tok ei gruppe ein flytur frå ein lokal flyplass. Her blei bussjåføren som var med, over Alpane overleten spakane, til skrekk for nokre andre passasjerar som var med. Mykje var nok annleis rundt om på den tida, for då dei under eit måltid på hotellet på turen til Skottland spurde etter teskeier, fekk dei skeier kelnaren gjekk rundt med i lomma. Her sto det framleis brannbøtter frå krigstida i gangane, og badekara måtte dei sjølve vaska før dei kunne brukast.

Veteranane funderte litt over om kormedlemene kanskje er blitt meir disiplinerte med åra, men fann ut at mange kanskje er blitt vesentleg meir vaksne, med omsyn til alder, og dermed rolegare. Det dei er svært samde om, er at medlemene tar vare på kvarandre på ulikt vis - det er alltid nokon som tar ansvar når medlemer har problem eller skeiar ut på nokon måte. Koret er grobotn for mykje knyting av band og venskap også utanom den formelle kor-aktivi-teten, slik det er vanleg der folk ofte kjem saman. Stemninga i koret er alltid positiv, og etter kvart som åra går blir ein meir og meir samanknytt, og set meir og meir pris på å vera saman. I ei så stor gruppe som Os Mannskor er det elles alltid nokon som kan mange gode historiar, og å le saman er ekstra stemningsskapande. Os Mannskor sine lengstpraktiserande dirigentar har også visst å skapa stemning på denne måten. Noverande dirigent er eit prakteksemplar som med sine kommentarar kan få steinar til å le, og såleis også har sterk motiverande kraft blant kormedlemene.

Mange av makane til medlemene er også veteranar som har følgt koret i tjukt og tynt. Ei av

52

Page 53: Jubileumshefte

dei, Jorunn Hansen, skreiv i samband med turen til Estland i 1995 ein prolog som seier litt om stemninga når songarane er på tur - eller var på tur i litt yngre dagar? I alle høve er hennar observasjonar talande:

Osinger drog ut i verden ut i Østerled.Høvdinger var med på ferdenetter god og gammel sed.Menn som måtte styre ”skipet”stødig og med sikker hånd.Andre måtte styre folket,førte dem med stramme bånd.Mange, lange, tunge dager.Strid for mat til mange menn.Lyttet vel til folkets klager.Glemte dem ei siden hen.Sveariket ble erobret. Båndene da løsnet litt.Folket myldret uforferdet.Tenk nå fikk de vandre fritt!Etter gavedryss og ofringhærtoget på nytt drog frem.Herjet vilt på båter store,forråd måtte bringes hjem.Øst i Estland så de strandetog med sang fra brede bryst,stemmer med de Ek’ske blandet.Slik erobres fremmed kyst.Også finske folk fikk følenordmenn kom på vikingtokt.Ei var tiden til å nøle,

kjøpelysten var ei sløkt.Stolte hirdmenn og ”hirdinner” sanket rikdom på sin ferd.Førte med seg mange minneralle var de mye verd.Æres skal da høvdingflokken som på slik en aktsom visførte denne ville ”skokken”. Takk Nils Henrik - Odd og Atlefor de ord som førtes frem.Takk til Vidar og til Arneoss de ledet sikkert hjem.Så en takk til høvedsmannenhan som finner tonen fram.Strever mer enn noen annen,flokken hans er ikke tam.Der skal øves - der skal prøvesså at tonen kan bli ren.Uten høvedsmannens gaffelblir ei lyden særlig pen.

Så vi samles til en hyldningnå ved turens siste blot.Takk fra hele denne fylking, vi ser fram mot neste tokt!

«Funderingar over korkånelivet» v/nokre kåneveteranar

Då koret starta – i 1925 – fanst det korkåner då???Desse staute karane som starta det heile, hadde vel minst like stau-te kåner, men kor mykje dei tok del i mannen si fritidssyssel, veit vi helst lite om.Reknar med at dei hadde sine konsertar i ulike samanhengar, slik at dei kunne få syna fram kva dei kunne. Då sat nok korkåna der og be-undra dei og sa at.. «Jammen e de flinke»Vi har høyrt rykte om at på turar til stemne/konsertar ute i disktrik-tet, så fekk korkåna fylgja med.., men ho måtte passa på å få med seg nistepose.. Den fekk ho lov til å sitja på «galleriet» og gnaga i seg, medan mannen fekk mat på fat ved veldekka bord… Dette er historie fortalt av ein tidlegare velkjend kordirigent. Då som no hadde dei vel sine årsfestar.., slik at dei fekk lufta korkåne-ne litt.. Ein fin anledning for småsjenerte koraspirantar til å introduse-re like småsjenerte eksemplar av det motsette kjønn.. Lurte på om dei kunne tenkja seg å bli korkåner.., og kva kunne ikkje det bringa med seg av lukke og glede..Det vi veit er at på -60 talet ( då dei første av oss framleis oppegåande kåner kom inn i dette fellesskapet) så fanst det ei støttegruppe.. Dei kalla det «Damegruppa».., høyrest nok litt finare ut enn kånegruppa..

53

Page 54: Jubileumshefte

Dei hadde i alle fall ein klubb (strikkesådan?) der det vart laga små-ting.., kanskje kjøpt inn småting.., som dei lodda ut..til kvarandre.. Tenkjer dei koste seg.., drakk kaffi medan drøsen gjekk.. Slik samla dei trufast inn krone for krone til drift av koret..,høgtidleg overrekt til formannen når det var årsfest.. Dei heldt nok ut i ein god del år før det stoppa opp.Tidene endra seg.., både mor og far gjekk i jobb.., gå i klubb for å sam-la kroner til mannskoret var nedprioritert i aller høgste grad.Tenk deg eit scenario.. øvingskveld.. korkallen spratt ut gjennom døra for å terpe desse hersens kryssar og B-ar.. Småputra nok litt i korkåna når ho sto att midt i ein kaotisk heim.., mulla med seg sjølv at dette mannskoret kunne vera både ei byrde og eit åk til tider..Men som dei seier «da mesta går seg te»Når songarkallen kom heim smånynnade for seg sjølv, så var huset strigla.., avkommet var sovna og korkåna hadde funne freden med avis og kaffikopp..i godstolen.. Harmoni i heimen med andre ord.No ville ho gjerne høyra nytt.. Koss hadde de da i kveld…? Bra veit eg.. Høyrt nåke nytt..? Nei.. Lært nåke nytt..? Nei.. Jammen ka song de då..? Nei… da va vel da vanliga… Tilsynelatande hadde det vore ein fredeleg og god kveld for korkallen..Rett skal no vera rett.. Korkallane våre har så avgjort vore flinke til å involvera oss.., å ta oss i sin trygge favn.. Mon tru, kunne det koma av at då…1) visste dei kor dei hadde korkå-na til ei kvar tid...ho kunne ikkje finna på noko sprell på eiga hand… Eller var det.. 2) når korkåna var med, så visste korkallen at han kom seg trygt heim om humøret skulle stiga til uante høgder.., med andre ord.. ei hand å halda i..Tenk på turar vi har hatt til inn- og utland.. Minneverdige turar som vi på ingen måte ville ha vore forutan. Minne for livet som vi kan plukka frå …,mimra om i festleg lag .., kanskje også i einsame stunder.Fine konsertopplevingar både av det profane og kyrkjelege slaget. Då er det nok sikkert `og litt godt at «fanklubben» stiller.., publikummet er sikra.., litt praktiske ting kan overlatast til korkåner.. Billettsal og den slags …, sjå til at slips og sløyfer og hår er dandert som det skal, og at sokkane er av det rette slaget. Vel, det med sokkane er vel i sei-naste laget når utøvaren er komen i konsertlokalet. Må for øvrig berømma koret for med tida å ha utvikla ei stor omsorg for kvarandre.., melda frå om rett bekledning til eikvar tid i høve ulike opptredenar.., repertoarval og frammøtetid.. Akk ja.. mobiltelefonen er god å ha då..For å yta litt attende til koret, dukka det opp ein ide om å laga fest for korkallane.. Damefest, må vita.. Kånefest e`kje fint nok.. Festane fun-kar godt dei.., går på omgang til kvart «distrikt» i Osbygda.. Inviterer med oss vener og kjende.. Kanskje dukkar det opp eit nytt medlem til koret..Dreg med oss mat i skåler og på fat.., kosar oss.., og slik samlar vi inn pengar til koret.., og oss sjølve. Vi har som kriterium at pengane vi får inn på festane, skal nyttast til hygge og glede for både korkallar og kåner.., når vi er på turar og liknande..Summa summarum .., det er ikkje så dumt å vera korkåna.., få ta del i eit større felleskap.. utan altfor store forpliktelsar.., få eit fint nett-verk med vener som du trivst saman med. Ikkje minst er det ganske så beviseleg at skilsmisseprosenten i koret er ualminneleg låg.., nesten ikkje eksisterande…Om det er eit gode eller ikkje, får kvar især ta opp med korkallen/kåna …etter behov..Korkånene ynskjer tillukke med dei første 90 åra til koret.., håpar dei får mange, mange fine år ..og vi.. vi diltar så gjerne med vidare..

54

Page 55: Jubileumshefte

Kven var og er dei?

Medlemer.Svært mange har vore innom Os Mannskor nokre år. Som vi har sett har ei gamal liste over medlemer som var innom koret dei første 25 åra heile 94 namn. Om denne trenden har halde seg dei neste 65 åra, kan over 300 mann ha tatt del i koret sine aktivitetar i dei 90 åra koret har eksistert!

Det er vanleg at dei som blir verande i koret anten er med livet ut, eller til dei sjølve finn ut at dei er blitt for skrøpelege til å kunna bidra med si røyst. Vår aktive veteran, Henrik Eidsvik, har i jubileumsåret vore med i koret i 72 år! Dette er ein rekord som truleg blir ståande, om den ikkje blir slått av han sjølv! Denne ”Henriken” har også vore til stor glede og nytte for ko-ret gjennom åra, ikkje minst for sin uformelle, sosiale innsats. Mange er dei lyd- og videooppt-aka han har gjort gjennom åra, med betre og betre utstyr som han har kosta sjølv. For eit par år sidan kjøpte han også nytt elektronisk orgel til koret, til bruk på delte øvingar, reiser o.l. I unge år var han styreformann, som før nemnt, i 1959.

På baksida av dette heftet ser vi bilde av mannskapet i Os Mannskor i dag, ved inngangen til 90-årsjubiléet.

Følgjande medlemer har blitt heidra med medaljar og heidersteikn for lang, aktiv deltaking (siste medalje og årstal):

70 år: Henrik Eidsvik (2013).60 år: Jakob Hetleflåt (1986), Anders Vaktdal (1987).50 år: Alf Bjoervik (1991), Lars Borgen (1994), Isak Eide (1994), Kåre Fjellanger (1992), Olav Tøsdal (1995).40 år: Magnus Hauge (1981), Kristoffer Fagerheim (1986), Harald Hansen (2008), Jonn Vinciansen (2008), Kjell Årdal (2008), Norvald Storum (2011), Jan Ove Petersen (2012), Audun Ebbesvik (2013), Erling Herheim (2013), Trygve Skorpen (2013), Harald Aasen (2013).25 år: Brynjulf Johannesen (1950), Andreas Lyssand (1950), Sverre Nicolaysen (1950), Henrik M. Lyssand (1963), Halvard Bahus (1980), André Knutsen (1981), Bjørn Meidell Hansen (1987), Johan Kårtveit (1987), Arne Aase (1991), Audun Lygre (1995), Jon T. Sæter (1996), Gerhard Sundfjord (2003), Kåre Hjelle (2005), Harald Gjerde (2006), Inge B. Jonassen (2006), Vidar Fristad (2007), Kåre Fjellbakk (2009), Johannes Taule (2010), Snorre Birkeland (2013), Thore Lunde (2013), Roald Anthun (2014), Nils Henrik Tuastad (2015), Steinar Vangdal (2015).10 år: Morten Kvelstad (1979), Norvald Hellevang (1980), Lars Andreassen (1981), Torgeir Utaaker (1982), Bjørn Herheim (1984), Arvid Hansen (1984), Jakob Valle (1992), Alfred Rekkum (1992), Asbjørn Lekven (1993), Håkon Østgulen (1993), Øyvind Vik (1997), Rolf Mosaker (1999), Odd Moldestad (2001), Njål Eidhammer (2003), Reidar Bremerthun (2004), Olav Solberg (2004), Bjørn E. Hagen (2005), Leif H. Lekven (2005), Ove Tumyr (2006), Ole Moberg (2007), Sigvaldi Thorlakson (2007), Jan E. Bugge (2008), Kjell Aadland (2008), Ragnar Nesheim (2012), Steinar Trovåg (2014), Unnvar Bakke (2015), Arnljot Grytøyr (2015), Jan Uglehus (2015).

55

Page 56: Jubileumshefte

Ifølgje § 6-1 i gjeldande vedtekter kan koret utnemna æresmedlemer, anten for særleg innsats og tenester for koret, eller for 50 års medlemsskap eller meir. Æresmedlemer er og var (ut-nemnt årstal):

Mons H. Lyssand (1939) Thorbjørn Tveit (1939) Brynjulf Johannesen (1960) Jakob Hetleflåt (1975)Anders Vaktdal (1975) Henrik Lyssand (1981)Magnus Hauge (1986) Olav Tøsdal (1989) Lars Borgen (1996) Isak Eide (1996) Henrik Eidsvik (1996) Kåre Fjellanger (1996)Jan Ove Petersen (2002) Øyvind Vik (2006)

Berre tre av æresmedlemene er blant oss i dag, to av dei enno aktive songarar i koret: Henrik Eidsvik og Jan Ove Petersen, sistnemnde også med lengst tid som dirigent i koret, og no som habil songar og vikardirigent, slik han i 1972 starta i koret. Av tala og namna ovanfor ser vi elles at 39 mann av dei som starta under og etter krigen, har vore med i koret i over 25 år, nær halvparten av dei i over 40! Fleire av dei som er oppført med 10-årsmedalje var også med i rundt 20 år før dei slutta. Denne stabiliteten står i sterk motsetnad til åra før krigen.

Leiing.Under avsnittet ”etablering” har vi nemnt det første styret i koret. Dei fleste av kormedleme-ne har tatt sin tørn i styret eller i ei eller fleire nemnder og komitéar, mange i lange periodar. Ifølgje gjeldande vedtekter vil 25-29 mann ha verv i koret til eikvar tid, med meir eller mindre omfattande oppgåver. Dette kan synast å vera mykje, men noko av målet med det er som tidle-gare nemnt at drifta av koret er effektiv, demokratisk og godt fordelt på medlemene, og at den skaper eigarkjensle til koret. Skulle ein ut frå det vi her har sagt nemna alle som har vore med og leidd koret si verksemd, ville det ta for mykje plass. Vi nemner likevel styret som har plan-lagt jubileumsåret, og fører koret inn i det:

Formann Jan Terje SkutlabergNestformann Jan UglehusSkrivar Arnljot GrytøyrKasserar Reidar BremerthunStyremedlem Harald Haga (var ikke tilstede når bilde ble tatt)Varamann Olav Solberg Varamann Thore Lunde

56

Page 57: Jubileumshefte

Varamennene til styret møter også fast for orienterings skuld.

Nedanfor finn vi styreleiarane gjennom åra:

Bernhard Midthus 1925-27 Thorbjørn Tveit 1927-31 og 1932-33 Harald Gille 1931 Rolf Dahl 1934-35 Sverre Nicolaysen 1936 Kristoffer Vindenes 1937 Andreas Lyssand 1938-45 og 1948-50 Magnus Hauge 1946-47 og 1953-54 Trygve Helgesen 1951-52 Olav Tøsdal 1955, 1958 og 1971-75 Lars Orrebakken 1956-57 og 1960-61 Henrik Eidsvik 1959 Leiv Risan 1962 (1/2 år) Lars Øvreeide 1962 (1/2 år) Anders Vaktdal 1963-64 Reidar Phil 1965-66 André Knudsen 1967-70, 1977-78 og 1984-86 Audun Lygre 1976 (1/2 år) og 1987-88 Jon Sæter 1979-83 Harald Haugland 1986-87 Caspar Erstad 1988-89Trygve Skorpen 1989-90 og 2001-02 (1/2 år)Kåre Hjelle 1990-92Nils Henrik Tuastad 1992-94Roald Anthun 1994-96, 2006-09 og 2012-13Vidar Fristad 1996-97 og 2009-12Rolf Mosaker 1997-01 (3 1/2 år)Oddvar Onstad 2002-06 Jan Terje Skutlaberg 2013-

Første året som er oppgjeve i formannsperioden viser til årstalet for årsmøtet då formannen blei vald. Sidan årsmøta har vore haldne til ulike tider på året i ulike historiske periodar, er reell formannstid nokre gongar frå om våren til neste vår, og nokre gongar frå om hausten til neste haust, eller vinteren til neste vinter. Før krigen heldt ein årsmøta om våren. Etter krigen var dei gjerne i november månad, fram til ekstraordinært årsmøte i februar 1999, då det blei fastlagt i vedtektene at årsmøtet skal haldast på nyåret før utgangen av februar.

Dirigentar.Dirigenten i eit kor er fagleg leiar, og har det største ansvaret for miljøet og resultata til koret. Os Mannskor har vore heldig og hatt fleire fagleg sterke dirigentar med framifrå sosiale eigens-kapar. To av desse har åleine stått for over 50 års fagleg leiing og instruksjon av koret: Henrik M. Lyssand og Jan Ove Petersen.

Henrik M. Lyssand tok over taktstok-ken i 1931. Han var sonen til Mons, Henrik Lyssand

57

Page 58: Jubileumshefte

koret sin første dirigent og frå før dirigent i Os Musikkforening, båe med yrke som målarar. I slekta finn vi m.a. opphavet til rosemålartradisjonen i Os, Nils J. Midthus (Møs’n). Då han overtok dirigentjobben var Henrik berre 19 år, men det synte seg snart at han hadde eit uvan-leg musikktalent. Som ein av dei få som blei ”profet” i eiga heimbygd, kjende han sjølv store delar av livet på ein trong til å læra meir om musikk. I denne første perioden som dirigent for Os Mannskor fekk han høve til å delta på nokre kurs, i 1933 på ei vekes kurs leia av Lars Sør-aas d.e. på Stord. Etter fire år tok han arbeid i Oslo, men vende attende til Os Mannskor og dirigentjobben i 1937.

Under krigen var han motstandsmann med etter kvart høg rang, og måtte flykta då okku-pantmakta gjorde razzia i november 1944. Et-ter krigen fekk han høve til eit års studiar ved Musikkonservatoriet i Oslo. I 1946 heldt han fram med musikkarbeidet i Os og dirigentjob-ben i Os Mannskor til 1952, då han drog med familien til Chicago for å freista livet i Ameri-ka. Etter heimtur i 1956 med Bjørnson-koret, blei heimlengten og etterspurnaden heimefrå for stor for familien, og dei vende heim att til Os året etter. Frå 1958 var han igjen dirigent for mannskoret til og med 1965, då dei truleg samla arbeidsbyrdene som einsam musikk-lærar i Os-skulen, og kor- og musikkutviklar i kommunen, blei for omfattande til å kunna halda fram som fast dirigent for koret.I si levetid dirigerte han kor i Os, Askøy, Oslo og Chicago og starta fleire kor i heimbygda. Han spelte fleire instrument, og var også komponist og utøvande musikar, som fiolinist i Os Musikkforenings Salongorkester (”Stryken”), og hadde mange viktige verv innan musikklivet i bygda, bl.a. som formann i Os Musikkråd. Vi viser her elles til andre delar av heftet, og boka ”Musikar og medmenneske” av Lars Skorpen.

Jan Ove Petersen vaks opp i Bodø, og tok utdanning ved musikklina på Lærarskulen i Bergen. Faren spelte fleire instrument, og var med i byorkesteret. Jan Ove var alt ein habil fiolinist då han i 1971 flytta til lærarjobb i Os. Her tok han til i mannskoret, var vikardirigent frå året et-ter, og tok over den faste jobben i 1982. Han byrja også i Os Musikkforening sitt salongorkes-ter (”Stryken”), og spelte her fleire år saman med Henrik Lyssand. Alt i 1973 var han med og starta mannskoret sitt Minikor, og ei songgruppe av kvinner og menn som i 1976 formelt blei til Os Kammerkor. Samstundes som han var dirigent i Os Mannskor, var han dirigent i kam-merkoret heilt til nokre år inn i det nye millenniet, då han heldt fram som songar i koret. I tre år var han også songar i Hordaland Kammerkor.

I mai 2007 fekk han lokalavisa ”Os og Fusaposten” sin kulturpris for 2006 for sin innverknad på musikk- og kulturlivet i kommunen. Som ein initiativrik, kreativ og frimodig person, ja, ei verkeleg eldsjel, har han mykje av ansvaret for dei tiltaka Os Mannskor har stått for og/eller har vore med på i dei over 40 åra han har vore med i koret. Særleg gjeld dette dei nesten 30 åra han var fast dirigent. Han er framleis velviljug og svært god å ha når noverande dirigent har fråfall.

Den store innsatsen til Jan Ove er likevel ikkje avgrensa til det faglege; den sosiale innsatsen og verknaden i kormiljøet har også vore stor og omfattande saman med kona Bodhild. Huset deira har vore opent for nære og fjerne, med selskap og innkvarteringar, også for andre delar av kulturmiljøet. Som dirigent var han tolsam og med godt humør, men også krevjande og ut-haldande. Kor avhalden han var i Os Mannskor kom litt til uttrykk ved utnemninga til æres-medlem i 2002. Dette er ei anerkjenning som til no berre han og dei to første av dirigentane har fått - Mons og Henrik Lyssand. Jan Ove er den som i 90-årsperioden til Os Mannskor har lengst fartstid som dirigent, nær ein tredel av koret si levetid!

58

Page 59: Jubileumshefte

Tar ein også med Morten Kvelstad, som dirigerte i 12 år før Jan Ove Petersen overtok, må vi tru at Os Mannskor har hatt uvanleg stabil fagleg leiing, noko som har stor verdi for eit kor dersom det også er god leiing. At denne i Kvel-stad sin periode også var god, talar innleiande avisreferat i dette heftet om.

Nedanfor er ei liste over alle faste dirigentar mannskoret har hatt:

Mons H. Lyssand 1925-28Thorleif Aamodt 1929-31Henrik M. Lyssand 1931-35, 1938-52, 1958-65Nils Aam 1936 (1/2 år)Nils Sæbø 1935-38Lars Ragnvaldsen 1946Leif Fredriksen 1953Oscar Johannesen 1954-57, delvis 1958-59Øyvind Widerøe 1965-69Morten Kvelstad 1969-81Jan Ove Petersen 1982-2011Torgeir Kinne Solsvik 2011-2012 (1 1/2 år)Marius Dale Romslo 2013-

Marius Dahle Romslo, vår nåværende dirigent

59

Konsentrerte sangerbrødre

Page 60: Jubileumshefte

VEDLEGG .

7. Aktiviteten 1985-2014 ifølgje årsmeldingar.

1985.Året var 60-års jubileumsår, men utanom jubileumskonsertane og utanlandsturen til Rhindalen i Tyskland, veit vi lite om aktivitetar dette året. Utanlandsturen er omtalt i kapitelet ”Ut i verda”. Sakral jubileumskonsert blei halden midt i mars i Os kyrkje, og profan jubileumskonsert i gymsalen på Os barneskule 21. april. Konsertane er omtalte i kapitelet ”Når koret jubilerer”. Her er også det vi veit om festen fortalt. Den var lagt til Solstrand hotell i byrjinga av mars.

Koret har nok også dette året gjennomført 17. mai-tradisjonane, men nøgd seg med dei to jubileums-konsertane i vårsesongen.

Ein månad før jul var det konsert på Våge, Tysnes, i tiltaket ”Syng med oss”. Her var vi saman med Tysneskoret.Først i desember hadde Lysefjorden Musikklag 60-års jubileum, der Os Mannskor var med og song. Ei veke seinare var det tradisjonell julekonsert i Os kyrkje, der vi deltok. Året blei avslutta med tradisjonell framføring av julesongar på Gamleheimen, Sjukeheimen, og i Os kyr-kje juledag.

1986. Utanom øvingar starta året med konsert med Fjellkoret på Kolltveit skule dagen etter kvinnedagen.I helga ein månad seinare spanderte styret korseminar på Hardanger Fjordhotel. Alt to veker seinare var det songarstemne på Bergen Travpark, der Os Mannskor deltok.Ei veke ut i mai hadde Os Mannskor konsert i Søre Neset ungdomshus, saman med Tysneskoret, Øy-trall og Søfteland Trekkspelklubb.17. mai var det song i Os kyrkje og Minneparken, som vanleg.

I haustsesongen var det ikkje framføringar før siste oktober. Då heldt koret konsert på Nore Neset skule saman med ”Gamle Symragjengen”.

I tillegg til vanlege juleframføringar for dei gamle og i kyrkja juledag, heldt koret også konsert skitnesun-dag i Søre Neset ungdomshus.

1987. Året byrja med seminar på Kongshaug folkehøgskule midt i januar med den kjende dirigenten Per Odd-var Hildre frå Sunnmøre Kristelege Ungdomskor (SKRUK) som leiar. Seminaret blei avslutta med kon-sert i Korskirken i Bergen.Alt to månader seinare hadde ein på ny seminar, no på ”ferieøya” Skorpo utanfor Strøno saman med Os Blandakor. Her avslutta ein med konsert på Kongshaug.

I slutten av april hadde ein medlemsmøte på Nore Neset skule, og midt i mai Årsfest i Elvegården, Os Eldresenter. På festen fekk Bjørn Meidel Hansen, André Knudsen og Johan Kårtveit diplom og medaljar for 25 års medlemskap i koret, og Magnus Hauge fekk diplom som æresmedlem frå året før.

Som vanleg song ein i kyrkja 17. mai, og framførte ”Det hvite landet” som preludium med orgelmusikk. Saman med Os jentekor framførte ein Os-songen. Tysnesdagane var på Uggdal sist i mai, og her deltok koret i ein konsert. Ein del av koret deltok med Os Blandakor i Os-kyrkja.

Sist i oktober deltok koret som før nemnt i konkurransen ”Syng for oss”, og vann si klasse. Seinare var ei gruppe frå koret med for å støtta songen ved eit NRK-opptak i Os-kyrkja.Koret deltok i byrjinga av november dette året med song i kulturmønstringa Fritio med hovudtittelen ”Håtta du?”. Midt i desember deltok ein i den tradisjonelle julekonserten i Os kyrkje saman med koret Kyriaké, Os Blandakor og Os skulekorps.

På årsmøtet i november gjorde ein ei vedtektsendring, der det blei slått fast at møtet vel formannen for 1 år blant styremedlemene.Økonomien blei dette året styrkt med dugnad med skraping og måling av røyrgata på Gåssand.

1988.Eit år spekka med konsertar og annan aktivitet! Første framføring var i byrjinga av februar på ein kyr-kjekonsert (Os) arrangert av Os Musikkforening, og med Os Mannskor, Kyriaké, Os Blandakor og Os Kammerkor som stort felleskor. To veker seinare var det konsert på Nore Neset skule med Os Mannskor og Fjellkoret, med bl.a. to fellesnummer. Ein månad deretter deltok Os Mannskor etter invitasjon på Haukeland Songlag sin 60-års jubileumskonsert i Trollsalen.

Helga midt i mars hadde koret seminar på Kongshaug folkehøgskule med dirigenten som leiar, assistert av Oddvar Rotvik frå skulen.På ”okkupasjonsdagen” deltok Os Mannskor på songarstemne halde i Grieghallen i høve Hordaland Sangerforbund sitt 60-års jubileum.

I månadsskiftet april/mai tok koret ein framskoten avsluttingstur for vårsesongen, med buss og hyggje-kveld med middag på Fleischer Hotell på Voss. Dagen etter buss over Vikafjellet til Vangsnes, og ”Sog-

60

Page 61: Jubileumshefte

nekongen” til Bergen.

Etter eit halvårs pause tok det til att med konsertar, først forbundet sin distriktskonsert i Os kyrkje i slutten av oktober. Her sto Os Mannskor som arrangør og deltok saman med blandakoret, barnekoret ”Spiren”, Stordkoret og Eikelandsfjorden Musikklag.Ei veke seinare var det konsert i ungdomshuset på Nordstrøno, der Os Blandakor var arrangør, med Søfteland Trekkspelklubb og Os Mannskor som deltakarar. Ei god veke deretter var det konsert i Grand selskapslokaler i Bergen saman med Mannskoret Brage, Follese Mannskor og Bergen Mandolinorkester.Mot slutten av november framførte så koret ”Cabaré” i ungdomshuset på Nordstrøno.

Annan aktivitet dette året var t.d. dugnad med plukking og sal av takskifer, med god forteneste. Koret hadde også representantar i fleire forbundsmøte, og gav ei mengd gåver til jubilantar, æresmedlemer og institusjonar.

På Årsfesten blei Gerhard Sundfjord tildelt medalje for 10 års medlemskap.

I slutten av november døydde Magnus Hauge, æresmedlem, skrivar av 60-års jubileumsheftet, og høgt akta for mangeårig deltaking og leiarskap i koret. Den siste æra synte koret han ved deltaking i gravfer-da med framføring av songane ”En Hustavle” (Øverland/Lyssand) og ”Sumarkveld ved fjorden” (Vaage/Lyssand), båe komponert av kameraten, motstandsmannen og koret sin mangeårige dirigent, Henrik Lyssand. Formannen i koret, Caspar Erstad, la ned krans.

1989.Året starta friskt med øvingar, og medlemsfest med damene, med middag, song og dans i Pensjonist-foreininga sine lokale. Langtur til Amerika i 1990 var under planlegging, og dagen etter festen var ein gjeng frå koret igang med riving av eit eldre hus for å skaffa midlar til turen. Seinare, veka etter 17. mai, hadde ein dugnad på Flåten senter med rydding av grøntanlegga der, og nokre dagar etter sette ein i gong med vasking og måling av Iris fabrikken. Grunna godt arbeid fekk ein også jobben med å skifta takrennene. I tillegg til desse tinga blei det selt andelar i eit tippelag i koret.

Songframføringar kom i gong tidleg i februar på basar i Eikelandsfjorden, ei gjengjeld etter musikklaget der si hjelp på ein konsert året før. Midt i mars deltok koret på ein konsert på Søre Neset skule, med Søre Neset Musikklag og Rikskonsertane som arrangørar. På konserten deltok sjølvsagt arrangøren, og også Søfteland Musikklag.

Ei veke ut i april blei det halde korseminar i øvingslokala våre. 28 medlemer øvde her intenst på reper-toaret til Amerika. Ein månad etter hadde koret ”Amerika kveld” på Solstrand hotell, med orientering frå Os Reisebyrå.

Ei god veke seinare deltok Os Mannskor på songarforbundet sin distriktskonsert på Åsane Folkehøg-skule, med Bergen Nord Kammerkor som arrangør. Grunna øvingstrongen for Amerikaturen, og også for planlagt kabaret på Fritio programmet, starta haustøvingane opp tidlegare enn vanleg, no ved skule-start. Kabaréten var i store trekk den same som året før på Strøno, og fekk god mottaking også i Fjell-heim i slutten av oktober. Ein julekonsert blei det i travelheita likevel tid til å delta i, ei god veke ut i desember i Tysnes kyrkje saman med Tysnes Musikklag, Tysnes Skulekorps og Tysneskoret. Musikkla-get var arrangør.

Den mest minneverdige hendinga dette året var at koret sin tidlegare mangeårige dirigent og bygda sin store musikar, Henrik Lyssand, døydde. I gravferda 25. oktober medverka både Os Mannskor, Os Kam-merkor og Os Musikkforening. Medlemer frå desse organisasjonane fekk æra av å bera båra til grava, og formannen i Os Mannskor, Caspar Erstad la ned krans frå koret. Dette året var det ingen som fekk heidersteikn på Årsfesten, men gåver til ulike partar var det som vanleg mange av utover året. Også dette året var koret representert i ulike møte med lag og foreiningar, bl.a. årsmøtet i Hordaland Sanger-forbund. Aktiviteten for året blei avslutta med vanlege songframføringar ved juletid.

1990.Det nye året starta friskt med seminar på Nore Neset skule første helga. Her gjennomgjekk ein vår-programmet, inkludert repertoaret til USA -turen.Alt første laurdagen i februar blei Årsfesten avvikla, i eldresenteret Elvatun. Festlyden talde 60-70 personar. Det blei ein triveleg kveld med ein velsmakande gryterett, frå Kleiven Kjøtt A/S som så ofte før, og med musikk ved også ein gjengangar i slike høve - Svein Larsen.

Medalje for langt medlemskap blei tildelt:10 år: Kåre Hjelle og Inge Bernt Jonassen

Første sundag i mars deltok mannskoret på ein konsert i Os kyrkje saman med Lysefjorden Musikklag, som var arrangør. Her hadde koret to avdelingar med til saman 10 nummer.

Helga midt i månaden var det igjen seminar, på Åsane folkehøgskule fredag og laurdag, og Nore Neset skule sundagen. Instruktørar var Christian Killengren og Bjørn Berentzen frå folkehøgskulen, og vår eigen dirigent Jan Ove Petersen. Her blei det ekstra øvingar for dei som skulle til USA månaden etter, og avslutting med konsert på NN skule saman med Nore Neset og Os Skulekorps og dansegruppa ”Victory”.

Så, sundagen før avreise til USA nokre dagar seinare, deltok koret på ein konsert i Samfunnsalen, Vaksdal senter, saman med Dale Mannskor, Firda/Sygnakoret og musikkskuleelevar frå Dale.

61

Page 62: Jubileumshefte

Dårleg konsertlokale, men bra konsert, med to avdelingar av Os Mannskor. Turen til USA varte i 15 dagar og er referert i kapitelet ”Ut i verda”. Ein ugløymeleg tur med eit vell av gode opplevingar.

På øvingsdagen ein knapp månad etter heimkomst, fekk koret midt i mai vitjing av det jugoslaviske ko-ret Kud Karol Pahor frå Portorez. Koret var gjestar hjå Leirvik Mannskor, og nytta høvet til å vitja min-nesmerke på Os over falne soldatar frå heimlandet under 2. verdskrigen. Det var eit verkeleg bra mann-skor som blei henta på Halhjem, og rakk både blomenedlegging med song på kyrkjegarden, konsert i Sanitetshuset Kløvertun og ei kaffiøkt, før dei blei køyrde attende til Halhjem. Os Mannskor deltok med song både på kyrkjegarden og konserten.

Ei god veke seinare arrangerte koret mimrekveld i Nordstrøno ungdomshus frå amerikaturen. To av ko-ret sine stiftarar, Jon Hægland og Hans Lundetræ, deltok på tilstellinga. I tillegg deltok reiseleiaren på turen, Leif Fjellvang frå Os Reisebyrå. Det blei ein lang og fin mimrekveld med m.a. syning av videoopp-tak frå turen.

Midt i juni blei vårsesongen avslutta med deltaking i Hordaland Korforbund si første songarstemne, i Rosendal. Stemna blei arrangert av Rosendal Songlag og Leirvik Mannskor. Os Mannskor deltok berre laurdagen, og reiste fram og attende med skyssbåten ”Fjordlynet”. Etter fellesøving og prosesjon deltok Os Mannskor på fellesnummeret på profankonserten, før turen gjekk til kyrkja og konserten der. Her deltok koret med sine nummer i tillegg til 6 andre kor.

Før heimreisa tidleg natt, rakk vi også festmiddagen i eit sprengt Rosendal Samfunnshus, der 7 - 800 songarar skulle ha plass. Alt i alt ei hyggjeleg avslutting av vårsesongen.

Første øving i haustsesongen møtte 39 mann til ein positiv start. Mindre positivt var det at frammøtet utover hausten til stemmetrening og songpedagogikk med Øyvind Widerøe var svært sparsamt.

Siste helga i oktober blei det halde seminar på NN skule med dirigenten, Jan Ove Petersen som instruk-tør. I samband med dette var koret laurdagskvelden på gjesting i Eldresenteret med song for Os Ung-domslag, som hadde 100 års jubileumsfest. Seminaret blei avslutta med deltaking i Tertnes Songlag sin 40 års jubileumskonsert i Eidsvåg kyrkje.

Andre helga i november heldt koret konsert på Os skule, saman med Dale Mannskor, Kuventræ Sku-lekorps og elevar frå musikkskulen. Etter ein bra konsert trass mykje nytt repertoar, hadde kora ein retteleg fin fest med Dale Mannskor i ungdomshuset på Nordstrøno. Ungdomslaget ”Havglimt” gjorde mykje til at det blei ein så fin kveld.

Siste arrangement før tradisjonell julesong var julekonsert i Os kyrkje andre helga i desember. Medver-kande i tillegg til Os Mannskor var Os Blandakor, Os Vocalis og Søre Neset/Søfteland Musikklag.

Før året var slutt rokk ein elles å riva eit hus og rydda tomta som betalt dugnad. Koret hadde i novem-ber utsendingar til fylkesforbundet sitt årsmøte.

1991.Nyårskonsertane var første høve til framføring, denne gongen i Storetveit kyrkje i Fana. Her deltok i til-legg Mannskoret Fremad og 4 blandakor, deriblant Os Kammerkor. Årsfesten var også dette året tidleg, i byrjinga av februar. Her blei to medlemer heidra for langt medlemskap: 50 år: Alf Bjoervik 25 år: Arne Aase

Dette året blei eitt medlem også heidra og utnemnd til æresmedlem. Han hadde då vore medlem i 43 år med mange og lange styreverv og elles aktiv deltaking i lagsarbeidet i koret:

Olav Tøsdal

I midten av mars hadde ei gruppe frå koret eit betalt songoppdrag på Sparebanken Vest sin årlege pen-sjonistfest. Her vanka det også kaffi og kaker. I april hadde koret ein dags songseminar i øvingslokala med dirigenten som instruktør. Her møtte 28 medlemer.

Nest siste sundag i april arrangerte koret konsert i ungdomshuset på Nordstrøno, og hadde med Tys-neskoret og Søfteland Trekkspillklubb. Her hadde ein pause midtvegs og serverte rundstykke, kaker og kaffi. Arrangementet blei vel mottatt, og konserten gjekk med overskot. I slutten av mai blei det arrangert ”Singer’s Corner” i Bergen, og her deltok Os Mannskor. Her blei det gjort opptak av koret og intervju med dirigenten, og dette blei sendt i NRK Radio. Helga etter deltok koret på songarstemna i Indre Arna. Her var det fellesøving, defilering, profankonsert i to lokale og songarfest i Bjørnarhallen. To konsertlokale var naudsynt med 20 deltakande kor og over 60 songnummer. Om lite publikum hadde samanheng med denne organiseringa er vandt å vita.

1992.Ei lang og omfattande årsmelding frå fjoråret blei dette året etterfølgt av ei tilsvarande kort, men utan at dette tyder mindre aktivitet dette året.Songaktivitetane starta tradisjonelt med deltaking i Nyårskonsertane, denne gong i kyrkja på Dale. Des-se konsertane er alltid andre helga i januar.Først i februar var det konsert med påfølgjande fest i ungdomshuset på Strøno.Midt i mars var det konsert på Kongshaug Folkehøgskule, og konsert med loddsal på Flåten Senter.

62

Page 63: Jubileumshefte

Same dag som sistnemnde tiltak var det Årsfest i Eldresenteret. Her fekk eitt medlem tildelt medalje for langt medlemskap:

10 år: Vidar Fristad

Veka etter Årsfesten blei kabareten frå ”Fritio” om hausten framført i Samnanger.Først i april kom Fjellkoret på vitjing med eigen kabaret.På 17. mai song koret i gymsalen på Nore Neset skule, i tillegg til vanleg program i sentrumskrinsen.Veka etter deltok koret på songarstemna på Manger.I slutten av månaden hadde koret blåtur til Storebø i Austevoll, og heldt ein vårkonsert der.

Vårsesongen blei avslutta med ein herleg tur til Bodø og Lofoten. Meir om denne i kapitelet ”Særlege minne”.

Etter årsmeldinga å døma blei hausten noko rolegare enn våren. Av tilstellingar og framføringar blir det såleis berre meldt om to, nemleg bingo med song av koret på NN skule i slutten av oktober, og song på basaren til skulekorpset same stad. Men som vanleg blei året avslutta med song på Gamleheimen og Sjukeheimen skitnesundag, og i kyrkja juledag.

1993.Nyårskonserten sesongen starta opp med, var i kyrkja heime på Os.

Elles var det øvingar fram til Årsfesten i Eldresenteret ei veke ut i mars månad. Dette året kunne fram-leis aktive songarar heidrast for langvarig medlemskap:

65 år: Anders Vaktdal 50 år: Henrik Eidsvik 25 år: Harald Hansen Jonn Winciansen Kjell Årdal

Og framleis var mange av dei gamle veteranane med over 40 års medlemskap aktive!

Siste veka i mars var koret svært aktivt med framføringar, først to helgar som underhaldning ved Nore Neset skule sitt 100-årsjubileum og deira fest, og deretter på ein konsert Søre Neset Musikklag arran-gerte.

Ei veke ut i juni deltok koret på Forbundet si songarstemne på Storebø i Austevoll i glitrande sommar-ver.I Bergen var det på denne tida eit Grieg-jubileum, og nokre av kormedlemene deltok der.Sist i juni kom mannskoret ”Luren Singing Society” på vitjing frå USA. Fana Mannskor og Os Mannskor arrangerte konsert med dei i Fana kyrkje, og Os Mannskor arrangerte middag og fest for dei i Fjellheim. Meir om dette i kapitelet ”Særlege minne”.

Utover haustsesongen blei det mykje øving og ekstraøvingar med kabareten ”Livet i eit mannskor” som koret framførte sist i oktober som lekk i Fritio. Nokre dagar før framføringa deltok koret på hyggjeleg Fritio-fest med damer i kjellaren i Fjellheim. Her var det middag med talar, og dans.Etter dette var det roleg fram til dei tradisjonelle julesong-framføringane før og i jula.

Årsmeldinga nemner mange økonomiske tiltak dette året, m.a. dugnad med flytting av kommunen sitt arkiv for hovudadministrasjonen. Ein annan dugnad var flaskeplukking på Kokstad hjå Hansa Bryggeri. Den mest omfattande dugnaden var måling av Os Husmorlag sin barnehage på Flôten.

1994Som tradisjonen har blitt, starta året 1994 med deltaking i Nyårskonsertane, denne gongen i Dale kyrkje. To veker seinare var koret tinga til ei framføring på partiet Venstre sitt årsmøte på Solstrand. Etterpå blei vi shanghaia til å ha ei framføring for Statoil-tilsette, som hadde eit arrangement i salen ved sida av. Båe forsamlingane sette stor pris på songen vår.Årsfesten fall dette året på sjølve stiftingsdagen til koret, 5. mars. Tre medlemer i koret hadde vore med i koret i 50 år, og fekk kvar si tine rosemåla av Annanias Rød i gåve:

Lars Borgen, Isak Eide og Henrik Eidsvik

Medalje for langvarig medlemskap blei tildelt:

10 år: Kåre Fjellbakk

Gåver vanka det også til Kjell Årdal for mangeårige sjåførtenester, og til Dagrun Fjellbakk og Jorunn Hansen for mange gongers god innsats for koret.I byrjinga av juni deltok koret i songarstemne på Voss, med overnatting på Oppheim Turisthotell på Vossestranda. Første dagen deltok koret i profankonsert i Voss kino, neste dag i konsert i kyrkja. På hotellet hadde koret eigen fest med musikk og dans og mykje hyggje.I slutten av oktober hadde ektemaken til dirigenten, Bodil Petersen, 50-årsfeiring, der koret sjølvsagt ville bidra med song. Kaffi, kaker og klemmar var god belønning. I tillegg til dei tradisjonelle framføringane ved juletider, hadde ei gruppe frå koret midt i desember ei betalt framføring for Norwinch sitt julebord i Fjellheim.

63

Page 64: Jubileumshefte

På årsmøtet kom det fram at koret denne hausten hadde 48 medlemer, derav 5 heilt nye. Utfrå behov blei det oppretta ei dugnadsnemnd og ei uniformsnemnd. Ein reisekomité arbeidde med turforslag til året etter, og la fram alternative framlegg til tur i samarbeid med Os Reisebyrå.Dugnadar dette året var måling av tre bustadhus, juletrehogst og distribusjon av bossekkar til husstan-dar.

1995.Året starta som vanleg med deltaking i Nyttårskonsertane, denne gongen i Indre Arna kyrkje. Etter dette var koret opptatt med øvingar til jubileumstilstellingane frametter året, og planlegging, finan-siering og arbeid med tilstellingar, utstyr og turar i samband med jubileet.Den 4. mars feira koret 70-års jubileum med fest i Fjellheim. Her var gjestar med helsingar frå Horda-land avdeling av Norges Korforbund, Os kulturstyre, Os kommune, Os Musikkforening, Os Kammerkor og Os Blandakor.Etter middagen blei mange medlemer heidra med medaljar og gåver frå koret for langt og trufast med-lemskap. Frå Norges Korforbund delte Arild Espedal ut 40-års medaljar og diplom til medlemer som hadde vore med 40 år eller meir i koret. Vi viser her til omtale av jubileumsfeiringa i kapitelet ”Når koret jubilerer”. Medlemer som blei tildelt medalje:

25 år: Audun Lygre 10 år: Johannes Taule Jan Ove Petersen Jakob Valle Norvald Storum Håkon Østgulen Jon Sæter

Siste marsdagen heldt så koret jubileumskonsert i Os kyrkje. Her deltok Os Musikkforening sitt janit-sjarorkester med eigen avdeling, og saman med koret, med songen ”Det hvite landet” av Elling Solheim. På konserten var det også innslag på panfløyte med Torleiv Harrystad og Jostein Østgulen på gitar. (...omtale/bilde i avisa?). På konserten stilte Os Mannskor i nye uniformer: Grøn dressjakke og svarte bukser, med tilhøyrande burgunder vest, slips, sløyfe og lommetørkle. Ei burgunder dobbeltknappa strikkejakke høyrde med til lettare antrekk og arrangement.Nytt emblem blei også tatt i bruk. Motivet på dette er ein oselvar sett framanfrå, med ei lyre som segl.Samspel med janitsjarorkesteret med ”Det hvite landet” hadde ein også første sundagen i mai på ein fridomskonsert i Fjellheim. 17. mai hadde ein denne gongen i tillegg til vanleg songprogram også ei framføring på Nore Neset skule. Nokre dagar seinare var det songarstemne i Norheimsund, og her deltok koret på ”Singer’s corner” og profankonsert i Bedehuset. Eit travelt mai-program enda med at ei gruppe denne kvelden drog til Ber-gen for å syngja i ein 50-årsdag.

Etterkvart har det blitt vanleg å ha utanlandsturar i jubileumsår, og denne gongen gjekk turen til Est-land via Finland 10 dagar inn i juli.

Midt i september blei det arrangert helgeseminar med etterfølgjande medlemsfest i ”Ulvehiet”. På festen var sjåførane frå jubileumsturen inviterte, og festen var sjølvsagt med damefølgje. Her blei det bl.a. synt video og bilde frå turen.Profan jubileumskonsert blei i slutten av oktober i Fjellheim integrert i Fritio. Her medverka Os Blanda-kor og Lysefjorden Musikklag i konserten, og i tillegg dei to solistane på panfløyte og gitar frå kyrkjekon-serten tidlegare. Thore Lunde frå Os Mannskor og Øyvind Widerøe var solistar med koret, sistnemnde med ”Landkjenning” saman med mannskoret og musikklaget.

Eit rett travelt år for svært mange kormedlemer innebar også dugnadar som måling av to hus i mai og juni, og deltaking på Korforbundet og Os bygdakunstlag sine årsmøte. Den samla aktiviteten omfatta også to orienteringskveldar for medlemer med følgje om utanlandsturen, to betalte framføringar på pri-vate arrangement, og vitjing og song på fire medlemer sine store dagar. Ei vedtektsendring på årsmøtet med ei omfattande endring av nemndstrukturen var også ein viktig del av aktiviteten dette året. Meir om nemndene under avsnittet om organisering.Året blei avslutta med tradisjonell song på Sjukeheimen skitnesundag, og i kyrkja juledag.

1996.Eit år som starta med framhald av høg aktivitet i koret. Det tok til med at Os Mannskor måtte trø til som arrangør for Nyårskonserten i kyrkja på Os på kort varsel, sidan NKH ikkje hadde avtalt med ar-rangør då dei peika ut Os som konsertstad. Etter hektisk aktivitet enda det heile med eit arrangement alle partar sette stor pris på.Siste helga i februar hadde vi øvingsseminar med øvingar til Shantyfestivalen i Langesund. Denne helga underheldt koret også på Norske Kvinners Sanitetsforening si 100-års jubileumsfeiring i Bergen.

Årsfesten fann stad andre laurdagen i mars på Eldresenteret. Lang og tru teneste - minst 50 år - førde då til utnemning av fire æresmedlemer:

Lars Borgen, Isak Eide, Henrik Eidsvik og Kåre Fjellanger.

Det blei også utdelt medalje for langt medlemskap til:

25 år: Jan Ove Petersen Norvald Storum

64

Page 65: Jubileumshefte

I pinsehelga i slutten av mai hadde vi besøk av EKE Inseneride Meeskor, eit svært dyktig mannskor frå Tallin i Estland. Koret med sine makar blei innkvarterte privat hjå Os Mannskor sine medlemer. Besø-ket var ei stor hending vi seier meir om i eit anna kapitel.

Shantyfestivalen i Langesund gjekk av stabelen andre helga i juni. Her deltok vi med bl.a. ”Heimfiskars-hanty”, nylaga for Os Mannskor av Jimmy Øvredal, som også deltok med sitt trekkspel på turen. Meir om denne festivalen annan stad.

Hausten blei dette året rolegare, med meir tradisjonell aktivitet, men også med song på basaren til Nore Neset Sanitesforening, Os Soroptimistklubb sin landsdels konferanse, og i ein fødselsdag i ”Ulvehiet” - betalte oppdrag. I slutten av oktober arrangerte koret ein litt uvanleg konsert, der bl.a. Bergen Munnspillorkester med-verka, etter kontakt og avtale under festivalen i Langesund. Her song Os Mannskor shantyar og negro spirituals, bl.a. med soloar av Grete Inger Berge, og pianospel ved koret sitt eige medlem, Øyvind Vik.Ei uvanleg tilstelling var det også når koret først i desember arrangerte konsert på Os barneskule med medverknad frå jazzensembla Ytre Suløen og Jadazz. Oppslutnaden frå publikum til dette flotte arran-gementet blei diverre for liten til at ein unngjekk økonomisk underskot.

Haustsesongen blei som nemnt avslutta med tradisjonelle framføringar ved juletid.Årsmøtet dette året vedtok ei heving av medlemskontingenten til 400 kroner.

1997.Ifølgje årsmeldinga hadde koret dette året heile 54 medlemer - av dei 50 aktive songarar. Alle desse stilte ikkje opp samtidig på same arrangement, men mange nok til å gje fyldig klang. Ei positiv musi-kalsk utvikling med utviding av repertoaret med shantyar ein nytta under deltakinga i Shantyfestivalen i Langesund sommaren 1996, og andre lettare songar, blir understreka i årsmeldinga.Som vanleg starta framføringane med deltaking på Korforbundet sine nyårskonsertar, for OM denne gongen i Biskopshavn kyrkje. Eit godt seminar med pedagog Ruth Nonseid blei gjennomført i midten av februar med afrikanske son-gar og rytmar.

I midten av april deltok koret på ein konsert arrangert av Lysefjorden Musikklag, og dagen etter som gjestekor på damekoret Toneveld sin jubileumskonsert. Det blei laga ein CD av vår avdeling og felles-nummeret med damekoret der Jimmy Øvredal akkompagnerte på trekkspel. Koret fekk mange gode tilbakemeldingar for si avdeling.

Ei uvanleg hending var at koret for første gong på mange år stilte opp i hovudprosesjonen 17. mai. For dette fekk vi premie for beste innslag i prosesjonen.Alt veka etter kom Langesund Mannssangerforening på besøk, og deltok i ein liten utandørs konsert på Osøyro. Saman besøkte kora Oselvarverkstaden og avslutta dagen med fest i Ungdomshuset på Strøno. Med på festen var også nokre frå Bergen munnspelorkester, som hadde vore med på Festivalen i Lange-sund.Ei veke ut i juni var det ”munkevandring” i ruinane på Lysekloster med song av Os Mannskor.

Hausten blei sterkt prega av Fritio, der Os Mannskor deltok med kabareten ”Hvad Søguterne synger”. Arrangementet blei innleia i midten av oktober med promotering på Flåten senter av ei gruppe frå koret. 1. november fann kabareten stad, med tekstar og melodiar samla av Nils Henrik Tuastad, som saman med Øyvind Vik som arrangør av nokre av innslaga, hadde den musikalske regien. Kabareten var godt gjennomført og fekk svært positiv kritikk i lokalavisa (bilde/omtale?). Den følgjande veka hadde koret også ansvaret for Fritioutstillinga, der Jacob Valle og Erling Herheim hadde hovudansvaret. Desse tiltaka under Fritio hadde eit godt positivt økonomisk utfall for koret.Eit aktivt år med mange spanande og hyggjelege tilstellingar og framføringar blei avslutta som vanleg, med song for eldre skitnesundag, denne gongen også i Mobergslien, og ved høgmessa 1. juledag.

1998. Ifølgje årsmeldinga eit litt rolegare år enn året før. På Nyårskonserten deltok koret i Olsvik kyrkje.Framover våren arbeidde koret med eit utvida repertoar med varierande sjangerar ved ulike framførin-gar, og med gode resultat.

Årsfesten midt i mars var også denne gongen i Eldresenteret. 5 medlemer blei her tildelt medalje for langt medlemskap:

25 år: Harald Aasen 10 år: Thore Lunde Audun Ebbesvik Erling Herheim Trygve Skorpen Veka etter hadde koret eit betalt songoppdrag på Flåten senter.

Midt i april hadde koret seminar i Mauranger. Dette var også lagt opp som ein tur med omvising og konsert i fjellhallane til Statkraft, med hyggjekveld med middag, song og dans i ”Olaløa” saman med det lokale koret, og spasertur til Bondhusbreen neste dag.

17. mai som vanleg med song i Os kyrkje og i Minneparken, men dette året også med deltaking i hovud-

65

Page 66: Jubileumshefte

prosesjonen, der vi hausta premie for beste innslag.Første helga i juni deltok koret på songarstemna i Leirvik på Stord. Heimreisa etter festen om kvelden blei opplevingsrik, sidan ferjemannskapet måtte vekkjast fordi dei ikkje hadde fått melding om ekstra-tur om natta. Og dei var ikkje lette å vekkja!

I slutten av september blei det halde ”bli-kjent-fest” for å gje fleire nye medlemer eit inntrykk av kva go-der medlemskap i koret innebar. Som eit rekrutteringstiltak blei det også opna opp for at vener og vener sine vener kunne delta på ”Damefesten”, ein månad seinare.Juleaktivitetar som vanleg med song skitnesundag og juledag.

Dette året blei 3 bustadhus måla på dugnad og gav store bidrag både til koret og medlemene sin reise-kasse. Ein eigen komité arbeidde òg mykje med prosjektet ”Os-posen”, eit økonomitiltak som gav store inntekter til drifta av koret.

Etter årsmøtet i slutten av november var det medlemsmøte med bl.a. drøfting av planar framover. Tema her var planar for aktivitetar for komande to år, bl.a. jubileumsåret 2000 med utanlandstur og val av turkomité. Andre tema var retningsliner for påmelding til ulike aktivitetar, og retningsliner for dei faste nemndene. I planane låg bl.a. å arbeida med shantiar til deltaking på Langesundfestivalen, jubileum-sprogrammet i år 2000 og CD-innspeling. På slutten av året hadde koret 47 aktive medlemer og 5 ikkje-aktive æresmedlemer.

1999.Også dette året har vi få opplysningar om aktiviteten, men det er klart at Nyårskonserten blei gjennomført.

Den 23. februar blei det halde ekstraordinært årsmøte, m.a. med endring av koret sine vedtekter.

Årsfesten blei halden ei veke ut i mars. Medaljar for 10 års medlemskap blei tildelt:

10 år: Roald Anthun og Rolf Mosaker.På Kvinnedagen opptrådde koret på feiringa av dagen i Kløvertun, med Søre Neset Sanitetsforening som arrangør, og utdeling av Likestillingsprisen. Mannskoret blei vel mottatt her.

Vi veit at 17. mai-tradisjonen med song i Os-kyrkja og Minneparken blei gjennomført.

Haustsesongen kan vi berre registrera songseminar nest siste helga i oktober. Helga etter blei ”Damefesten” halden.

I tillegg til song skitnesundag, der vi dette året også var på demensavdelinga i Mobergslio, og juledag var koret i aktivitet med julesong i Os sentrum ei knapp veke før jul.

2000.I dette doble jubileumsåret, millennimumsskifte og 75-årsfeiring for Os Mannskor, blei Nyårskonserten første helga etter nyår avvikla på uvanleg vis og på heimebane - i Os kyrkje. Det blei også dobbelt opp med konsertar, to etter einannan, med lang kaffipause for publikum imellom. I konsertane deltok blåse-orkester i tillegg til kora, Os Musikkforening i den første, og Lysefjorden Musikklag i den andre. Om års- og jubileumsfest syner vi til kapitelet ”Når koret jubilerer” i jubileumsheftet. Medaljar for 10 års medlemskap blei utdelt til:

10 år: Nils Henrik Tuastad Steinar Vangdal.

17. mai-song blei framført som tradisjonen tilseier, men i tillegg deltok koret i prosesjonen med song og taktfast marsj, og hausta både førstepremien for beste innslag og mykje lovord i ettertid.

Som vanleg var det utanlandstur i jubileumsåret, denne gongen til Praha og Wien. Turen er nærare skil-dra i jubileumsheftet 2015.

Sist i oktober framførte koret kabareten ”Nostalgia”, som var bygd over historien til koret. Her var Jakob Hetleflåt heidersgjest, og blei intervjua på scenen. Første sundagen i desember blei den nye kyrkja på Nore Neset vigsla i ein verdig seremoni. Her deltok Os Mannskor med song som sette ein ekstra spiss på høgtida.

2001.Framføringane starta med Nyårskonserten midt i januar, i Fana kyrkje. Årsmøtet for året før blei halde ei veke ut i februar.

Ei uvanleg knapp årsmelding fortel ikkje kva tid Årsfesten blei halden, men andre kjelder syner at det blei tildelt to medaljar for tenestetid:

40 år: Bjørn Meidel Hansen 10 år: Odd Moldestad

Neste songframføring var midt i mars med kyrkjekonsert på Nore Neset, saman med Spiren kvartett, Nore Neset kyrkjekor, og Anne Solberg.

66

Page 67: Jubileumshefte

Først i mai var det så song på Flåten Senter, og 17. mai song i Os kyrkje og ved Minnesteinen, som van-leg.To dagar etter 17. mai deltok koret i forbundet si songarstemne på Dale.På songens og musikkens dag 9. juni blei det arrangert blåtur til Askvik, med stogg undervegs på Kyst-hospitalet med song for pasientane.

Haustframføringane starta med felles konsert i Fjellheim med Sola Fide. Midt i oktober deltok så Os Mannskor på ein konsert i samband med TV-aksjonen -01. Ti dagar seinare var det seminar i Os kyrkje med Per Oddvar Hildre, den kjende dirigenten for SKRUK.

I midten av november var det innspeling av CD i samband med jubiléet året før. Innspelinga heldt fram ei veke seinare.

Julesong var dette året ei veke før jul grunna sein skitnesundag, og juledag.

Årsmeldinga nemner elles at det var halde notekurs over fem kveldar med Edvard Bjørnevik som in-struktør, og at eit styremedlem hadde deltatt på Os Kammerkor sin 25-års jubileumsfest.

2002.Knappe årsmeldingar heldt fram nokre år i denne perioden. Meldinga fortel at framføringane starta med Nyårskonserten midt i januar, men ikkje kvar. Etter denne var det ingen framføringar før i april.

Årsfesten blei halden ei veke ut i mars månad. Vår trufaste og avhaldne dirigent gjennom 20 år og med-lem av koret i 31 år, Jan Ove Petersen, blei her utnemnd til æresmedlem.

Grunnen til prioritering av øvingar dei første månadane var mange planlagde framføringar på våren og hausten. Det blei også arbeidd vidare med CD-innspelinga som ein starta opp hausten før. Denne blei fullført i april.Som ofte elles blei øvingane påspedd med øvingsseminar, i helga midt i mars.I siste halvdel av april hadde ein første konserten denne sesongen, saman med Strandvik Blandakor. Så braka det laus med mannskorfestivalen ”Heftig og begeistret” i Bergen helga før 17. mai, song i dok-tormiddagen til eit av kormedlemene, 17. maisong vanlege stader og songarstemne på Stord første to dagar i juni.

I samband med Fritio hadde ein samarbeid med Os Blandakor, med to øvingsseminar om hausten. Sa-man heldt kora to Fritio-konsertar ei veke ut i november.

Midt i desember fylte vår avhaldne dirigent, Jan Ove Petersen, 60 år. Dette blei feira med stor fest i Klø-vertun med dei to kora han dirigerte, Os Mannskor og Os Kammerkor. Her var det stor stemning med både songar frå repertoaret og songar til og frå Jan Ove, og elles presangar, talar og mykje god mat og drikke.Dagen etter denne festen hadde koret så julekonsert i NN kyrkje. Julesong til dei eldre blei dette året to dagar før julafta, og juledag var det som tradisjonen tilseier song i Os kyrkje.

2003.Nyårskonserten vi deltok i dette året var i Skjold kirke i Fana. Åtte kor deltok, fire av dei som eit stort felleskor: Os Kammerkor, Kammerkoret Takt og Tone, Kammerkoret Vellæta, og Kyriaké. Dei song ”Et incarnatus est” av Norvald Kobbeltvedt, og Requiem av G. Faure.

Kjeldene våre vedkomande dette året er mangelfulle, men årsmøte og Årsfest hadde koret som vanleg i februar og mars. 10 års medlemskap medførte medaljeutdeling til:

10 år: Njål Eidhammer

Dette året hadde koret eit uvanleg seminar med den afrikansk-fødde Chiku Ali som instruktør. Her blei kormedlemene innhylla i fargerike sjal og klede, og lærte afrikanske viser og rytmar.

Song 17. mai i Os-kyrkja og Minneparken blei gjennomført som vanleg.

Midt i september hadde Eldreforeininga hyggjekveld der Os Mannskor hadde ein halvtimes konsert, som blei særs godt mottatt av ein fullsett sal av eldre.Ei veke ut i november var koret med og innvigde det nye Aktivitetshuset på Nore Neset, med song i Sym-ra-salen.

Først i desember hadde lokalavisa Os og Fusaposten ein reportasje med presentasjon av koret over to sider. Denne månaden var også første CD-plata til koret ferdig og lagt ut til sals.

Julesong blei gjennomførd som vanleg skitnesundag og juledag.

2004.Året starta svært uvanleg og hyggjeleg, med 75-års fødselsdagsfest for Henrik Eidsvik, og parallell fei-ring av hans 60 aktive år i koret. Henrik inviterte, og feiringa fann stad i Kløvertun.Nyårskonsert i Storetveit kirke ei veke seinare måtte koret stå over grunna stort mannefall!

67

Page 68: Jubileumshefte

Fram mot Årsfesten midt i mars var det konsentrasjon om øvingar. Årsfesten var som vanleg prega av god stemning. Fire medlemer hadde kvalifisert seg for medaljeutdeling:

10 år: Leif Ivar Bakke, Reidar Bremerthun, Ole Haakon Lunde og Olav Solberg.

Ei veke seinare hadde koret konsert i Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus. Her var Bergen Munnspil-lorkester med. Konserten samla mykje folk, med god stemning.Midt i mai var koret med på konsert i Fjellheim saman med litt yngre songarar og musikarar frå Kongs-haug musikkgymnas. 17. mai var det song vanlege stader. Vårsesongen blei avslutta med Blåtur, som endte på Sandven Hotell i Norheimsund med ei hyggjeleg stund med servering før heimreise.

Hausten starta med øvingar, og seminar helga midt i september på Nore Neset skule. Siste dagen blei avslutta med framføring i Idrettshallen i samband med Nore Neset-dagane.

”Damefesten” var som vanleg svært hyggjeleg, og fann stad midt i oktober i Fjellheim.

Ei veke seinare gjekk turen til Austrheim kyrkje. Her var det konsert saman med Os Blandakor, Bergen Munnspillorkester og Anne Solbergs Trio. Fin konsert med lite publikum.

Årsavslutting med julesong vanlege stader.

Asbjørn Lekven og ikkje-aktivt æresmedlem Kåre Fjellanger gjekk bort dette året, medlemer som kvar på sin måte hadde særlege og gode bidrag til koret. Koret, forsterka med eldre medlemer, bidrog med song i gravferdene.

2005.Eit høvesvis roleg år, om enn 80-års jubileumsår. Roleg gjeld likevel berre talet på framføringar, for der var mykje konsentrasjon om øvingar til jubileumskonsertar i inn- og utland. Også seminar med vekt på øving var der første helga i mars, og på hausten første helga i november i øvingslokala på Nore Neset skule. Siste seminaret hadde koret fellesøvingar med Os Kammerkor og Os Vocalis som skulle medver-ka på jubileumskonserten tileigna Henrik Lyssand, to veker seinare.

Jubileumsfesten var også av det meir rolege slaget. Men tre medlemer kunne heidrast for langt medlem-skap:

25 år: Kåre Hjelle 10 år: Leif Harald Lekven Inge Bernt Jonassen Bjørn Erik Hagen

Til dette jubiléet kosta koret på seg smoking som hovuduniform, og har sidan fått mykje lovord for den-ne.

Utanom song vanlege stader 17. mai, hadde koret først i juni ein konsert i Os-kyrkja saman med Strusshamn Musikkforening og Marianne Juvik Sæbø. God konsert men lite publikum.

Jubileumsturen til Island sist i juni blei ei verkeleg stor oppleving som er omtalt i kapitelet om utan-landsturar.

Haustsesongen starta også roleg, med øvingar, og seinare nemnde seminar. ”Damefesten” seint i okto-ber var prega av god stemning. Dagen etter skulle ein vore i Fusa kyrkje med konsert saman med koret ”Takt og Tone”, men sjukdom i dette koret medførte avlysing.

Sist i november kunne Os Mannskor saman med Os Kammerkor og Os Vocalis halda jubileumskonsert tileigna Henrik Lyssand, med hans komposisjonar og arrangement.Svært bra konsert, men også her noko publikumsvikt. Alt neste dag gjekk så turen til Rosendal, med kyrkjekonsert i samarbeid med Rosendal Songlag og Anne Solberg Andersson m/akkompagnement.

Årsavslutting med vanleg song på Luranetunet, Sjukeheimen, og i kyrkja 1. juledag.

Dette året hadde Os Mannskor 45 aktive medlemer. Året starta med 6 æresmedlemer, men to av dei ikkje aktive, Jakob Hetleflåt og Olav Tøsdal, gjekk same året bort. Koret tok del i båe gravferdene med song.

2006.Ifølgje våre kjelder deltok Os Mannskor ikkje i Nyårskonsertane dette året. Første framføring var på Sol-strand hotell i samband med det kommunale utviklingsprosjektet ”Os inspirerer”. I februar var det så eit betalt songoppdrag på ein 70-årsdag i Nore Neset Aktivitetshus. Her vikarierte Edvard Bjørnevik som dirigent.

Årsfesten blei avvikla på same aktivitetshus midt i mars. Denne gongen tok ein songen ”Spiseseddelen” på alvor, og diska opp med alle rettar nemnde i songen. Det blei ein stor suksess, og samla sett ein svært vellukka årsfest! Medaljeutdeling omfatta dette året:

25 år: Harald Gjerde 10 år: Ove Tumyr Kåre Hjelle

68

Page 69: Jubileumshefte

Inge B. Jonassen Gerhard Sundfjord

I tillegg blei Øyvind Vik utnemnd til æresmedlem for omfattande musikalsk innsats for koret, m.a. ak-kompagnement på piano og arrangement og komposisjon av musikk til songar koret framfører.

Vårsesongen heldt fram med vanlege songframføringar 17. mai.

Os Mannskor reiste denne våren igjen til Shantyfestivalen i Langesund. Grunna ein del fråfall blei koret styrkt med mannskap frå Os Kammerkor og Bergen Mannskor. Omtale av turen i kapitelet ”Særlege minne”. Helga etter heimkomst var det medlemskveld i ”Ulvehiet” - klubbhuset til Os Skyttarlag. Gjerde og Sundfjord, som ikkje var til stades på Årsfesten fekk her tildelt sine medaljar.

Haustsesongen starta med øvingar alt ved skulestart grunna framføringar på Kystsogedagane. Dette var første gong koret deltok her, og nytta då shantiar innøvde i høve Langesund-festivalen. Framføring om formiddagen ved Oselvarnaustet, noko publikum sette stor pris på. Jan Ove Petersen og Snorre Birke-land deltok også i kapproinga, og fekk med seg ein bronsemedalje!Same kveld heldt koret konsert saman med Bergen Munnspillorkester og den lokale gruppa ”Tre med skjegg og ein utan”. Odd Moldestad var konferansier på ein konsert med god stemning, men litt tynt med publikum.

Siste halvdel i september var koret engasjert i Nore Nesetdagane, fredag kveld på Thuenstølen og laur-dag kveld med konsert i Aktivitetshuset - vellukka tiltak!Midt i oktober hadde koret samarbeid med ”Takt og Tone” frå Fusa om kyrkjekonsert i Os. Eleonora Melnik Larsen frå Fusa, men opprinneleg frå Kviterussland, gjorde her sterk innsats som akkompagna-tør på piano til songen ”Det kvite landet” (Solheim/Lyssand).Sist i oktober heldt koret ein minikonsert på Eldresenteret.Kvelden etter var det ”Damefest” i Kløvertun. Her deltok Bergen Munnspillorkester og bidrog musikalt. Dansemusikken var ved dei fire med og utan skjegg.

Sist i november heldt koret så førjulskonsert i Nore Neset kyrkje. Her deltok også Os Kyrkjekor, Søfte-land Musikklag, og grupper frå Kongshaug Musikkgymnas. Overskotet frå konserten gjekk til sistnemn-de sitt prosjekt i Mongolia.

Sesongen og året blei avslutta med tradisjonell julesong.

2007.Ein svært roleg vårsesong, etter Nyårskonserten i Nykirken i Bergen. Årsmøte i siste halvdel av februar og Årsfest ei veke ut i mars, som vanleg. Medaljar dette året tilfall:

25 år: Vidar Fristad 10 år: Ole Moberg

17. mai blei ein dag med ein uvanleg vri for koret: Os Mannskor og Strandvik Blandakor blei etter invitasjon frå lokalavisa ”Os og Fusaposten” med på ein ferjetur Hatvik-Venjaneset og retur med ”M/F Folgefonn. Grunnen var at dirigentane til kora båe var tildelt lokalavisa sin kulturpris, og prisen blei tildelt midtfjords med akklamasjon og song av kora! Nok ei minnerik oppleving for dirigentane Jan Ove Petersen og Magne Tuft, og sjølvsagt kormedlemene - og andre ferjepassasjerar!

Vårsesongen blei avslutta med ei spanande songarstemne på Austrheim. Her overnatta koret på West-land hotell på Lindås, og hadde ein fin kveld og frukost om morgonen. På heimturen blei det tid til ein tur innom utvandrarmuséet på Sletta, Radøy, og ein minikonsert i ”Utvandrarkyrkja”.

Hadde tidleg vårsesong vore roleg, så blei ikkje hausten det. Først i september song koret ved Oselvar-verkstaden på Kystsogedagane. I andre halvdel av september var det ”Korkafé” med Lysekoret(?). Litt dårleg frammøte, men kjekt tiltak. Nore Nesetdagane var neste post på programmet, også ei vellukka framføring. Siste halvdel av oktober var det så song for eldre på senteret deira.

Så bar det neste dag av garde til Herand med konsert om kvelden saman med det lokale hornorkeste-ret. Her overnatta koret med følgje i hus og rom innreidde for turistar, og hadde ein fin tur i ei såkalla kulturløype dagen etter. Kontakten i Herand var Una Eiken frå Os, men busett i Herand. Det blei ein koseleg og minnerik tur med mann av huse i bygda på konserten.

Ei veke ut i november hadde koret sin første medverknad som mannekengar, på Flåten Senter! Halve koret hadde ei vellukka deltaking her, i betalt oppdrag. Eit par dagar etter hadde koret som alltid ein vellukka ”Damefest”.

I samband med urframføring av ”Julesalme frå fjellheimen” av lokale Jimmy Øvredal og Norvald Kob-beltveit, var sistnemnde hjelpedirigent for koret i haustsesongen. Songen blei urframført på koret sin førjulskonsert i Nore Neset kyrkje sist i november.

Ei veke ut i desember var Os Mannskor med på den tradisjonelle julekonserten i Os kyrkje, og den nye julesalmen blei også framført juledag i kyrkja, med medverknad av messingblåsarar frå Os Musikk-forening. Elles julesong skitnesundag vanlege stader.

To viktige hendingar elles denne hausten var at koret oppretta heimeside på Internett med adressa

69

Page 70: Jubileumshefte

www.osmannskor.no, og at det fekk venskapskor i Hjørring i Danmark - mannskoret ”Arion”.

2008.Nyårskonserten koret denne gongen deltok i, var i Fridalen kyrkje. Koret hadde ei fin framføring på ein triveleg konsert.Siste halvdel av januar hadde koret eit betalt songoppdrag på Solstrand Hotell, på ei samling av ordfør-arane i fylket, i regi av KS.Dagen etter hadde koret øvingskveld på Kongshaug Musikkgymnas, etter invitasjon på førjulskonserten. Her blei koret svært godt tatt imot, og hadde ein uvanleg triveleg øvingskveld.Først i februar hadde koret så eit øvingsseminar i helga, og her dukka dirigenten for Os Kammerkor, Marius Dale Romslo opp som instruktør. Tema på seminaret var songteknikk og stemmebruk, og blei ei klår utfordring til kvar einskild.

Årsfesten blei halden i Kløvertun nokre dagar etter stiftingsdagen. Ein triveleg fest, som alltid. Det blei tildelt medalje til:

40 år: Kjell Årdal 10 år: Kjell Aadland

Sesongavslutting var ein blåtur som enda opp på hotellet på Marsteinen.

Haustsesongen starta svært tidleg dette året, då koret tok del i ”TheTall Ships Race” i Bergen alt ei veke inn i august. Eit svært arrangement med mykje støy i opent lende, og dermed vandt å nå fram med son-gen. Vi song i to avdelingar i nærleiken av dei største båtane, og var nøgde med det.Etter innleiande øvingar i haustsesongen var det klart for storoppleving igjen, med tur til venskapskoret ”Arion” i Hjørring, Danmark. Turen er nærare skildra i kapitelet ”Særlege minne”.

Song i Eldresenteret på Os i siste halvdel av oktober fann også stad dette året, ein byrjande tradisjon. Ein annan tradisjon, ”Damefesten”, fann stad kvelden etter. Dette året var det damene på Søfteland og i Varåsen som sto for eit hyggjeleg tiltak, som vanleg.Øvingsseminar blei halde midt i november, med fokus på Førjulskonserten i Nore Neset kyrkje. Denne blei halden nest siste helga i november, i samarbeid med Os Blandakor og NyeStryken, sistnemnde ei gruppe frå Os Musikkforening. Kyrkja var full, som vanleg.

Vanlege julesongtiltak blei avvikla, men med uvanleg innhald juledag: Då hadde organist Tore Hegdal laga eit arrangement med orgel og messingblåsarar til songen ”O helga natt”, som saman med koret sette heile kyrkja i svingningar.

Dette året går det fram av årsmeldinga at koret hadde 51 medlemer, det høgaste medlemstalet etter krigen.Styret gav Lars Skorpen i oppdrag å skriva Os Mannskor si historie i bokform til 90-årsjubiléet, og opp-fordra på årsmøtet alle til å samla stoff til oppdraget.Ei nemnd til å planleggja utanlandstur i 2010 blei også oppnemnt.Styret gjorde elles vedtak om prisar for song etter oppdrag:Private oppdrag: 4000 kroner for heile koret, 2000 for ei gruppe.Oppdrag for lag/organisasjonar: 8000 for heile koret, 4000 for ei gruppe.

2009.Året starta med ein litt lengre tur enn vanleg til Nyårskonserten, no til Norheimsund.Her deltok ein saman med kora Kor(t)pusten, Kordial, Kvammakoret og Mannskoret Laudimus, dei to siste frå Kvam kommune.

Årsmøte og Årsfest blei dei neste postane, møtet i slutten av februar og festen midt i mars. Medaljar gjekk på festen til:

25 år: Kåre Fjellbakk 10 år: Oddvar Onstad Kjell Våge

Ei veke etter Årsfesten gjekk kulturtiltaket Fritio av stabelen, og Os Mannskor deltok her med konsert i Os kyrkje.Veka deretter var det øvingsseminar i helga. Her sto Jan Ove Petersen for stemmeøving, Marius Dale Romslo for stemmebruk, og Norvald Kobbeltveit for notelære.

Siste sundagen i april heldt Os Mannskor så konsert på Os Barneskule, med medverknad av koret ”To-neveld”, og Os Durspelsamskipnad. 17. mai som tradisjonen tilseier - Os kyrkje og Minneparken.Vårsesongen blei avslutta med deltaking i songarstemna ”Syng i Sydvest” i Haugesund først i juni. Her kunne koret stilla med 36 songarar.

Haustsesongen starta igjen med Kystsogedagane, sist i august, og koret song som før ved Oselvarnaus-tet.Så blei det eit langt opphald i framføringar, fram til song på Eldresenteret i siste halvdel av oktober, og ”Damefesten” i Kløvertun dagen etter.No var det førjulskonsert og julekonsert som var i fokus resten av hausten, med fleire utvida øvingar og Norvald Kobbeltveit som hjelpedirigent.Førjulskonserten fann stad siste sundag i november, i Nore Neset kyrkje, og med medverknad av

70

Page 71: Jubileumshefte

Barnekoret ved Os Kulturskule, Songgruppa ”Latter” og Os Durspelsamskipnad. På piano blei vi ak-kompagnert av Aasmund Brekke.Julekonserten i Os kyrkje fann stad første sundag i desember i regi av Os Musikkforening. Også her blei Os Mannskor akkompagnert av Brekke. I eitt av våre nummer var Annveig Fjeldstad solist.To dagar etter julekonserten var vi med Fanakoret på deira Adventskafé på Aurdalslia skole. Her blei vi akkompagnert av Eleonora Melnik Larsen.skitnesundag song koret som vanleg på eldreinstitusjonane.

På årsmøtet var viktigaste saka nemndstrukturen, og det blei vedtatt nye lover og retningsliner for des-se, som no blei nedkorta til tre nemnder: Musikk- og konsertnemnd, Økonomi- og materialnemnd, og Miljø- og medianemnd.Etter årsmøtet var det medlemsmøte der utanlandstur året etter, Årsfesten og haustprogram var vikti-gaste saker.

2010.Nyårskonserten blei også dette året i Storetveit kirke. Her deltok også kora Os Kammerkor, Bøneskoret, Kammerkoret Takt og Tone, Corona, Laudamus og Sola Fide.

Årsfesten var 85-årsjubileum, og blei halden i Kløvertun i siste halvdel av mars. Her blei det tildelt medalje til:

25 år: Johannes Taule

Fokus var denne våren på framføring ved bispevisitasen i Nore Neset kyrkje i siste halvdel av april, ju-bileumskonsert sist i mai, og utanlandsturen som gjekk til Irland i juni. Turen er skildra i kapitelet ”Ut i verda”. Elles som vanleg song 17. mai.På jubileumskonserten i visningssenteret ”Vindu mot fjorden” blei vi akkompagnert på piano av Eleon-ora Melnik Larsen. Ho og mannskormedlem Thore Lunde som solist, hadde også eigne nummer. Andre medverkande var Os Kammerkor, Kor(t)pusten og visegruppa ”Tre med skjegg og ein utan”.

Også denne hausten starta øvingane ved skulestart for deltaking på Kystsogedagane og Bondens dag på Os. Desse dagane var sist i august, og opplegget var som før.Nokre dagar etter var det ”open øving” som rekrutteringstiltak med kaffi og noko å bita i, men det kom ingen nye.Mot slutten av september var det ”Damefest” i Kløvertun.No gjekk det ein månad til neste framføring, som var deltaking i Os Blandakor sin konsert på Os bar-neskule.Siste sundagen i november heldt Os Mannskor så førjulskonsert i Nore Neset kyrkje. Her deltok Os Kammerkor, Søre Neset Musikklag, og elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. Flott var Os Kammerkor sitt nummer med gutesolisten Eirik Spangelo Haga. Også Thore Lunde og Eleonora Melnik Larsen var fine innslag i konserten.

Os Mannskor deltok også dette året i den faste julekonserten i Os kyrkje, midt i desember. Elles vanleg julesong skitnesundag og juledag.

Ein liten nedgang i medlemstalet i koret blei registrert på årsmøtet. Elles blei koret meldt inn til Grasrotandelen dette året. 2011.Årsmeldinga fortel at dette året blei hektisk. Nyårskonserten koret deltok i var i den katolske kyrkja i Bergen, St. Paul, midt i januar. Men våren blei ikkje så travel, for framføringar av song var der no ikkje før 17. maitradisjonen.

Årsfesten var sein, litt etter midten av mars. Her blei følgjande tildelt medaljar:

40 år: Jan Ove Petersen 10 år: Ragnar Nesheim Norvald Storum

Etter møtet var det medlemsmøte, der ein drøfta program for sosialt samvere, ny lotteriordning, dugna-dar, stemna Syng i Sydvest i Haugesund, og framlegg om å halda songarstemna til forbundet i 2014. Sist i mai deltok koret så i songarstemna, som var på Nesttun. Det blei ei heller trasig stemne, sidan regnet hølja ned det meste av dagen, og konsertlokalet i Kulturhuset var dårleg eigna til song- og mu-sikkframføringar utan el-forsterking. Opninga av stemna fann stad m.a. med fellessong frå opne altanar på blokkene på båe sider av gågata, og dirigenten blei heva opp mellom desse med lift. Eit spenstig føre-tak, men lite vellukka i pøsregnet.

Som avslutting av vårsesongen var det blåtur med båten ”Epos” frå Os kai til Nordstrøno, og fest i naus-tet til kormedlem Harald Hansen. Sidan Jan Ove Petersen avslutta jobben som dirigent i koret etter vårsesongen, blei han takka og heidra på festen.

Men vårsesongen var ikkje heilt slutt med dette. Det nye kulturhuset i Os, Oseana, blei nemleg opna 17. juni, og her deltok dei fleste kora i Os med Os-songen frå galleriet. Etter det fekk ein sjå eit flott opningshow.Opninga av Oseana blei feira ei heil veke med ulike framføringar, og avslutta med ein stor, felles konsert

71

Page 72: Jubileumshefte

med kora i Os. Der hadde kora både eigne nummer og fellesnummer, og det blei ein flott konsert etter mykje ekstra øving i vårsesongen.I kulturhuset er koret ”eigar” av ein stol i hovudsalen, etter deltaking i finansieringa av huset.

Haustsesongen starta med ny dirigent, pianisten Torgeir Kinne Solsvik, busett i Vikøy.

Første framføring i haustsesongen var i Aktivitetshuset midt i september på Nore Neset-dagane, som seinare har fått namnet ”Osmessa”.

Første oktober skulle Damefesten vore halden, men blei uventa avlyst. Oppgjeven grunn var for lite på-melding. I skrivande stund (hausten 2014) er dette einaste gongen festen ikkje har funne stad.

To tredelar ut i oktober var det song for Os Pensjonistforening i Eldresenteret. Sundag same helga bussa koret til kyrkja i Øvre Granvin og deltok i ein konsert arrangert av soknerådet. Her deltok også blandakoret Bygdaklang frå Voss. Det blei ein konsert bygdefolket seint vil gløyma!

Helga etter var det øvingsseminar i øvingslokala. Øvinga her var særleg med sikte på song koret skul-le framføra ved opninga av Gulating Lagmannsrett sitt praktbygg i Kaigaten i Bergen først i november. Førjulskonsert i Nore Neset kyrkje sist i månaden var ein annan grunn. Etter denne konserten deltok koret same kveld med to nummer på avslutningskonserten for kantor Tore Hegdahl i Os kyrkje, i takk-semd for godt samarbeid med han.

Æresmedlem Anders Vaktdal, som var aktivt medlem frå 1927 til 1996 gjekk bort denne hausten. Det same gjorde Odd Moldestad, som var aktiv fram mot det siste. Koret deltok med song i båe gravferdene.

2012.Første framføring som vanleg på Nyårskonserten, i Slettebakken kirke.

Årsmøtet var i andre halvdel av februar, og Årsfesten ti dagar ut i mars månad. Dette året var det ikkje kandidatar til medaljar eller annan heider.

To tredelar ut i mars var det øvingsseminar i helga. Ein månad seinare hadde koret vårkonsert i Foajéen i Oseana. Først i mai var det så betalt oppdrag med song i Oseana på jubileum for verksemda ARKA.

Dette året blei tradisjonen med song 17. mai broten grunna dirigentmangel! Truleg einaste gongen i dei 90 åra koret har eksistert - når ein ser bort frå krigsåra.

For første gong tok koret del i songarstemna ”Syng i Sydvest” i Haugesund først i juni. Dette er nærast ein festival med stor oppslutnad, avhalden annakvart år.

Alt midt i august var så koret i gang igjen, no med song ved opninga av nybygget til Odontologisk in-stitutt, Universitetet i Bergen, også eit betalt oppdrag, ærefullt og godt gjennomført, som oppdraget i Gulatinget hausten før.Ti dagar seinare deltok koret med song på Kystsogedagane. Her var koret ombord i veteranbåten ”Mid-hordland”, som stogga på Vinnes og Våge, der koret song vekselvis med lokale kor.

9. september var det stor jubileumskonsert i Oseana på 100-årsdagen for Henrik Lyssand sin fødsel. Her deltok kora i Os med eigne og felles nummer med berre Lyssand sine komposisjonar og arrange-ment.

Etter Lyssand-konserten fekk Os Mannskor førespurnad frå ORBO, den kjende popartisten Ole Reinert Berg-Olsen frå Os, om å kora ved innspeling av hans nye song ”Heim til Os”. Ei gruppe frå koret på-tok seg dette, og blei til eit heilt kor ved elektronisk mixing. Plata sende artisten ut til alle husstandar i kommunen.

Nest siste helga i september blei det Damefest igjen, ein korgafest der medlemene kan ta med gjestar, og som alltid er ein suksess. Festen gjev alltid nyttige overskot til aktiviteten i koret.

Siste helga var det øvingsseminar i øvingslokala i samband med konsertane seinare på hausten. Men helga før song ein for medlemene på Eldresenteret, etterkvart ein tradisjon.

Siste helga i oktober var det så konsert i kyrkja på Varaldsøy, med nesten full sal i denne største kyr-kja i Kvinnherad kommune. Turen gjekk med buss og ferje, og folk på staden ordna opp med eit måltid suppe og kaker og kaffi i skulelokala. Det var ein svært hyggjeleg tur og ein fin konsert.

Siste helga i november heldt koret tradisjonell førjulskonsert i Nore Neset kyrkje. Denne konserten blei noko improvisert etter at koret tidlegare i månaden valde å avslutta sitt engasjement av dirigenten og fristilte han straks, etter hans ønskje.

Ei veke ut i desember hadde koret betalt oppdrag hjå Meny på Os, med song rundt i butikken der smaksprøvar var å finna. Eit morosamt og lønsamt tiltak.

Midt i desember deltok Os Mannskor i den tradisjonelle julekonserten i Os-kyrkja, arrangert av Lyseko-ret. Som vanleg sesongavslutting med song skitnesundag og juledag.

72

Page 73: Jubileumshefte

Ny dirigent blei engasjert ved årsslutt, med oppstart først i februar 2013: Marius Dale Romslo. Han dirigerte frå før Os Kammerkor.

2013.Året starta med nyårskonsert. Konserten var i Rosendal kyrkje, og var samstundes 130-års jubileums-konsert for Rosendal Songlag, som hadde invitert Os Mannskor til å delta.

Ei god veke ut i februar hadde vi så øvingsseminar i helga, i øvingslokala.

Årsmøtet var ei veke seinare, og Årsfesten ei veke ut i mars. Uvanleg mange medlemer blei på Årsfesten tildelt medalje for langt medlemskap:

40 år: Harald Aasen 25 år: Snorre Birkeland Audun Ebbesvik Jan Erik Bugge Erling Herheim Thore Lunde Trygve Skorpen I tillegg til nemnde medlemer blei det for første gong tildelt ein medalje for 70 års medlemskap til den første som har vore aktiv songar i koret i 70 år!:

70 år: Henrik Eidsvik Dagen etter Årsfesten deltok koret i 60-års jubileumskonsert for Søre Neset Musikklag. Og tidleg i april underheldt koret med song på 100-årsjubiléet til Os sanitetsforening.Tre veker ut i april var Os Mannskor med på Korkafé med Lysekoret som arrangør.

Nokre dagar ut i mai hadde koret stand på Os under såkalla ”Vårslepp”, med sikte på rekruttering av nye medlemer. Dei to følgjande helgene song koret på Kuventræ stadion før fotballkampane til A-laget, med same siktemål.

17. mai var det tradisjonelle songframføringar, og første og andre juni hadde koret eit ”songstunt” på Amfisenteret, som eit rekrutteringstiltak.

Vårkonserten for året fann stad først i juni. Her hadde koret fått med trommeslagaren Asbjørn Hau-keland, gitaristen Jone Finne Kuven og elevar frå Kongshaug Musikkgymnas. Pianist var som vanleg Eleonora Melnik Larsen.

Midt i juni var det tur til Hønefoss og Os/Røros. Her hadde vi med vår mykje brukte pianist, nemnt ovanfor, og damene våre. Turen er skildra i kapitelet ”Særlege minne”.

Helga etter denne turen hadde koret betalt oppdrag med song utanfor Os kyrkje i eit bryllaup.

Haustsesongen starta med første framføring ved Kystsogedagane i Oselvarverkstaden. Midt i september underheldt koret i Oseana ved den kommunale tilstellinga for eldre: ”Trygg i Os”.Ei veke seinare hadde Os Mannskor stand på Osmessa på Nore Neset - eit nytt rekrutteringstiltak.Siste helga i september var det så øvingsseminar igjen, i øvingslokala. Seminaret blei avslutta med ein minikonsert same stad saman med Durspelsamskipnaden i Os.

Den neste framføringa var først i oktober i Grieghallen på konserten ”Song for ei betre verd”.To veker seinare var det konsert for pensjonistforeninga i Eldresenteret, etterkvart ein av tradisjonane til koret.

Tre veker ut i oktober var det haustkonsert i Våge kyrkje på Tysnes, i samarbeid med Tysnes Kammer-kor. Her deltok pianisten Marina Kan, og kyrkja var fullsett.

Sist i månaden deltok koret igjen på ein korkafé, no arrangert av Fanakoret i Ytrebygda kyrkje.

Damefesten var sein dette året, ei god veke ut i november.

Første desember heldt koret Adventskonsert i Nore Neset kyrkje. Her deltok Søfteland Musikklag og ele-var frå musikkgymnaset, og båe partar gjorde konserten til ei god oppleving.

Helga etter song koret for Gulatinget, ved deira julebord.

Året enda med dei vanlege songframføringane før og i jula.

Året var, som ein ser, svært travelt med nærare 30 songframføringar og i tillegg standar ved messer og liknande tilstellingar. Alle konsertane bar seg økonomisk. Innsatsen for å verva nye medlemer var heilt uvanleg stor, og medførte rekruttering av 10-15 nye kormedlemer. Mange kormedlemer har deltatt i dugnadar til inntekt for koret (flytting, song).Noteprogramma ”SmartScore” og ”Finale” blei elles kjøpt inn for å lesa inn notar og laga lydfiler som medlemene kunne nytta ved songøving heime.

2014.Året tok til med nyårskonsert i Fanakyrkja andre helga i januar.

73

Page 74: Jubileumshefte

Sidan Os Mannskor dette året var arrangør av forbundet si songarstemne, blei det ikkje lagt opp til eig-ne konsertar i vårsesongen. Året før hadde koret vikardirigent, og denne inviterte no til konsert i Åsane kyrkje, som ein avskjedskonsert fordi han skulle ta til i ny jobb i Fana. Denne konserten fann stad ei veke ut i april, og som vanleg gjorde koret lukke, i samarbeidet med eit lokalt damekor og eit jentekor.

Årsfesten fann stad midt i mars, og var som vanleg ein hyggjeleg kveld, m.a. med oppsummering av året som gjekk og planar framover. To av medlemene fekk her tildelt medaljar for tenestetid:

25 år: Roald Anthun 10 år: Steinar Trovåg

Etter konserten i Åsane var det øvingar og arbeid med Songarstemna 2014 som sto på programmet. Song 17. mai blei framført som vanleg, og laurdagen etter var det så songarstemna. Dagen opprann med sol og vår, og stemna, som er omtalt i innleiingskapitelet, blei svært vellukka.

Først i juni var det formell avslutting av vårsesongen med tur til Håheim gard på Tysnes. Ein fin tur bortsett frå lunsjen, som var svært knapp m.o.t. matmengd. Men veret var fint og garden spanande å sjå. Sjølv om dette var sesongavslutting, hadde koret eit oppdrag med song i bryllaup midt i månaden, før ein heilt kunne ta ferie.

Haustsesongen starta med øvingar til seinare framføringar. Men først hadde vi ”Damefesten”, midt i oktober, som alltid ein svært hyggjeleg kveld. Sist i månaden var vi invitert til å vera med på konsert i Fana kyrkje, tilsvarande konserten i Åsane og med same arrangør, nemleg kantoren i Åsane som no hadde bytt til Fana.

Neste framføring var ved dåpsgudsteneste i Bekkjarvik kyrkje sundag ei veke før advent. Her streva vi litt med eitt av nummera (Rop ut/Nystedt), men reiste kjerringa med dei tre andre. Etterpå var det her-leg lunsjbuffet i gjestgjeveriet, der meisterkokken Ørjan Johannesen held til. Ein sur regnversdag, men godt nytta på denne måten.

Første sundagen i advent heldt vi tradisjonell konsert i Nore Neset kyrkje. I veka mellom hadde vi lute-fisklag i Oseana kafe og restaurant, slik vi har hatt dei siste åra, kanskje ein ny tradisjon? I haustsesongen var elles mange kormedlemer opptatte med dugnadar med flytting for Høgskolen i Ber-gen og Statoil. For Høgskolen var det også slike dugnadar i vårsesongen.

Skitnesundag og juledag song koret på eldreinstitusjonar og i Os-kyrkja, som vanleg.To veteranar i koret, Harald Gjerde og Erling Herheim, som i løpet av dei siste få åra slutta grunna sjuk-dom, gjekk bort i jula og romjula, og koret sine siste framføringar dette året blei i gravferdene deira.

Kjelder.

Os Mannskor (1985). Med Os Mannskor i 60 år. Os: Os Mannskor.Os Mannskor (1985-2014). Årsmeldingar. Os: Os Mannskor.Os Mannskor (1926-1947). Styreprotokoll. Os: Os Mannskor. Lars Skorpen (2012). Musikar og medmenneske. Bergen: John Grieg Forlag.Os og Fanaposten (1955). Os Mannskor 30 år. Os og Fanaposten, 11, 1.Avisreferat frå Bergens Tidende, Hordaland, Midhordland, Os & Fusaposten, Midtsiden og Sunnhordland, 1975-2013.Skrifter og munnlege forteljingar frå medlemer og ”korkåner”.

Kommitéen for jubileumheftet:Roald Anthun - skrivar og redaktør

Thore Lunde - layout, klargjøring for trykking Jan Ove Petersen, Trygve Skorpen, Bjørn Erik Hagen og Vidar Fristad

Vi takkar alle som har skaffa materiell - tekst og bil-der m.m. til dette heftet.

Page 75: Jubileumshefte
Page 76: Jubileumshefte