kjelda nr. 1 2007

40
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Nr. 1 - Mars 2007. Årgang 16 Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no Kjelda Milestein ved vegen over Bjørkedalseidet mellom Bjørkedal i Volda og Hjelmelandsdalen i Eid. Vegen over Bjørkedalseidet er ein av dei mest historisk interessante i heile fylket. Det er ein smal og svingete grusveg som følgjer terrenget så å seia utan skjeringar av noko slag. Der er fleire eldgamle bruer på vegen, og mange historiske minne i vegakanten: endesteinar ved bruer, ein rodestein, grensestein mellom dei gamle amta og - milesteinen på dette biletet.

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 01-Apr-2016

292 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 1 2007

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Nr. 1 - Mars 2007. Årgang 16

Fylkesarkivet på Internett:

www.fylkesarkiv.no

Kjelda

Milestein ved vegen over Bjørkedalseidet mellom Bjørkedal i Volda og Hjelmelandsdalen i Eid. Vegen over Bjørkedalseidet er ein av dei mest historisk interessante i heile fylket. Det er ein smal og svingete grusveg som følgjer terrenget så å seia utan skjeringar av noko slag. Der er fleire eldgamle bruer på vegen, og mange historiske minne i vegakanten: endesteinar ved bruer, ein rodestein, grensestein mellom dei gamle amta og - milesteinen på dette biletet.

Page 2: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

RedaksjonGunnar Urtegaard (redaktør), Oddvar Natvik, Karianne Schmidt Vindenes

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 1�5,-.

Bankgiro: 3781 14 0�894, merk Kjelda. ISSN 0803-968�.Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.

Ansvarleg dette nummer: Oddvar Natvik. Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen �, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

[email protected]:

Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, [email protected] Arkivarar:

Arild Reppen (foto), Fototeknisk avd., 68�3 Sandane. Tlf. 57 86 51 �4, [email protected]Øystein Åsnes (musikk), Tlf. 57 65 64 04, [email protected]

Karianne Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, [email protected] Olav Bøyum (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 14, [email protected]

Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 �0, [email protected] Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected]

Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected] Kvarsvik (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 00, [email protected] D. Øverbø, (fagleiar), tlf. 57 65 64 03, [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]:

Hermund Kleppa (Kulturhist. leksikon), tlf. 57 65 64 0�, [email protected] Oddvar Natvik (informasjon, amerikaportal), tlf. 57 65 64 05, [email protected]

Bjarnhild Samland (nettbasert kulturformidling), tlf. 57 65 64 08, [email protected] Ingvaldsen (nettbasert kulturformidling), tlf. 57 8� 50 08, [email protected]

Elin Østevik (eldre foto), tlf. 57 65 64 18, [email protected] Erik Bjørk (digitalisering), tlf. 57 65 64 1�, [email protected]

Silje Sjenken Svanevik (digitalisering), tlf. 57 65 64 1�, [email protected] Jurmi (nettbasert kulturformidling), [email protected]

Nettstad: www.fylkesarkiv.no

Fylkesarkivaren har ordetGunnar Urtegaard

Prosjektet nettbasert kultur – og kunnskapsformidling er inne i sitt tredje og siste år. Arbeidet skal førast vidare i 2008 som ei fast oppgåve.

Bak dette prosjektet står kultursektoren i fylkeskommunen og arkiv, bibliotek og museum i fylket. Prosjektet er og støtta av ABM-utvikling og dei ynskjer at røynslene kan overførast til andre fylke. Kultur og kunnskap skal formidlast gjennom Internett og nå ut til brukarane i ei form som høver for dei.

Institusjonane i Sogn og Fjordane har i første rekkje materiale som dekkjer tida etter om lag 1700. Kva så med det materialet som gjeld kommunane og fylket vårt for tida før 1700 ? Me har spor etter

menneske i Sogn og Fjordane nær 10.000 år attende. Me ynskjer og at dette skal koma ut til brukarane på ein god og lettvint måte. Som ein del av dette prosjektet sette me i gang arbeidet med å kartleggja status og sjå korleis dette arbeidet kan styrkast.

Arkeolog Marit Anita Skrede ved Fylkesarkivet vart engasjert til å utføra dette arbeidet, og med seg hadde ho ei brei faggruppe. I denne faggruppa sat Ingvild Øye (Universitet i Bergen), Svein Indrelid (Bergen Museum), Aage Engesæter (Sogn Folkemuseum), Anders Timberlid (Høgskulen i Sogn og Fjordane), Berit Gjerland (Sogn og Fjordane fylkeskommune, kulturavdelinga), Finn B. Førsund (Hyllestad kommune), Johs. B. Thue, historikar og journalist og Gunnar Urtegaard (Fylkesarkivet).

Skrede og arbeidsgruppa har arbeidd snøgt og godt. Rapporten er klar og det er semje om vegen vidare. Eldre historie skal verta ein viktig del av innhaldet i Kulturnett Sogn og Fjordane og Fylkesatlas.no og rapporten legg vekt på delplanar for arbeidet i dei einskilde kommunane. Årdal kommune vert no første kommune som skal få utvikla tenester i samsvar med planen som er laga.

Arbeidet med å laga delplan for Årdal kommune starta like etter påske og det er engasjert forfattar til dette. Årdal har mykje spanande - frå Ytre Moa til funn i fjellheimen. Kultursjef Steinar Lægreid har og arbeid mykje med dette og ynskjer at Årdal skal koma inn som første kommune.Me ser mykje fram til dette.

Gjennom denne rapporten byrjar me å sjå konturane av ei meir heilskapleg tilnæring når det gjeld formidling av kultur og historie i fylket vårt. Heile tidsaksen vert dekka. Dette er i pakt med grunnprinsippet om å setja brukarane i sentrum. Frå 1 mai 2007 vert og ABM Sogn og Fjordane oppretta som ei eining under fylkesdirektøren for kultur. Eininga skal arbeida vidare med formidling av kultur og kunnskap frå arkiv, bibliotek og museum. Kulturnett Sogn og Fjordane og Fylkesatlas.no vert to av mange viktige oppgåver for denne eininga. Eininga skal ha blikket festa på brukarane og kommunane. Sjå artikkel side 11.

Fornminne og eldre historie

Page 3: Kjelda nr. 1 2007

3

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Den 3. og 4. mai vert politikarar, leiarar og tilsette i kultursektoren/ABM - sektoren og skulesektoren inviterte til Førde for å høyra om digitale læringsressursar frå arkiv, bibliotek og museum. Målet er å inspirera til bruk, men også utvikling og utveksling av digitale læringsressursar. Til dette er det henta inn førelesarar frå inn- og utland.

Frå London, København og StockholmI Noreg har utvikling av digitale læringsressursar skote fart dei siste åra. Andre land er komne lenger og har nyttige erfaringar å dela med oss. Storbritannia er eit av dei landa som ligg lengst framme. Derifrå kjem Andrew Payne som er formidlingsansvarleg ved National Archives. Dette arkivet har ei av dei største samlingane av historiske dokument i verda og har lang erfaring når det gjeld formidling av kultur til born og unge. Elles må det nemnast at Mads Hayen frå Stockholms stadsarkiv og Pernille Fonnesbech frå Thorvalsens museum i Danmark kjem. Begge erfarne når det gjeld å utvikla digitale læringsressursar til bruk i undervisning.

Nyttig om digitale læringsressursar I hovudsak er del likevel førelesarar frå Noreg. Også frå Sogn og Fjordane har me nyttige nettressursar å presentera, blant anna nettstaden skulestova.no som vert lansert 26.mars. Dette er eit samarbeidsprosjekt i kultursektoren i fylket. Deltakarane vil i tillegg til å få kjennskap til eit utval av digitale læringsressursar, få idear til korleis dei kan tilrettelegga for digital læring.

Deltakarane vil få læra om korleis dei kan utvikla eigne digitale læringsressursar. Det er då på sin plass å få høyra frå dei som har gjort seg erfaringar på dette området. Svært nyttig for skulesektoren er det at to grunnskular frå Sogn og Fjordane og ein vidaregåande skule frå Troms vil dela sine erfaringar med bruk og utvikling av digitale læringsressursar der kultur og historie er tema.

ABM utvikling som arrangørDet veg tungt at Statens senter for arkiv, bibliotek og museum ( ABM – utvikling) er ein av arrangørane for konferansen som har tittelen ”Kultur og Kunnskapsløftet. Digitale læringsressursar frå arkiv, bibliotek og museum”. I lag med dei andre tilskiparane, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har dei ein viktig bodskap til målgruppene.

Kunnskapsløftet gir nye muligheiterKulturarv og identitet er to nøkkelord i læreplanen. Her har arkiv, bibliotek og museum verdfull kunnskap. Sidan Kunnskapsløftet opnar og oppmodar til samarbeid mellom skuleverket og lokalsamfunnet vert ein slik konferanse særs aktuell. Kunnskapsløftet vektlegg digital kompetanse, og gjer dermed Internett til ein viktig ressurs for å nå ut til fleire. Internett vert då også ein arena for samarbeid i og mellom målgruppene.

Om digital kompetanse i Kunnskapsløftet.Internett vert er eit viktig verktøy i målet om utvikling av digital kompetanse. Dette har det blitt fokusert mykje på i samband med

innføringa av Kunnskaps-løftet. På konferansen vil 1. ITU ( IT i Utdanning), ei fageining som held til ved Universitetet i Oslo, vera representert for å tydeleggjera kva som eigentleg mein-es med digital kompetanse i Kunnskaps-løftet.

Kunnskapsløftet om identitet og kulturarvDigital kompetanse fjernar oss ikkje frå viktige verdiar som kultur og historie. Kunnskapsløftet ser tvert om digitale verktøy som ein ressurs i å la den oppveksande generasjon få kjennskap til sitt lokalsamfunn og nærmiljø. Førelesarar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen vil vera til stades å snakka om kulturomgrepet i Kunnskapsløftet og om samanhengen mellom kunnskap om nærmiljøet og identitetsutvikling.

Ein nyttig konferanseDette var berre eit lite utval av det som vil møta deltakarane. Arrangørane ønskjer at mange tek turen til Førde desse dagane i mai og garanterer for at deltakarane får ein spennande, nyttig og lærerik konferanse. Det er ei unik moglegheit for kultursektor og skulesektor til å møtast og at målgruppene vert betre kjent og at dette kan stimulera til samarbeid for å finna ein god måte å gi born og unge kunnskap til kulturarven.

Meir informasjon er å finna på nettstaden www.fylkesarkiv.no

Frå heile landet til Førde for å læra omkultur og Kunnskapsløftet

Av Bjarhild Samland

Konferansen har stor fagleg

tyngde med blant anna

førelesarar frå dei to største

universiteta i landet.

Arrangørane ønskjer også

at deltakarane skal få

motivasjon ved å henta

inn førelesarar frå andre land.

Det høver i så måte

godt at eit av føregangs-

landa er presentert

gjennom Andrew Payne

frå National Archives i

London.

Page 4: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

4

I 1903 fekk 12 budeier i Sogn og Fjordane premie frå Landbruksselskapet. I alt vart 43 sølvskeier og 3 lommeur delt ut ”til flinke budeier med noget længre tjenestetid”.

Det er diverre ei kjensgjerning at store befolkningsgrupper er underrepresenterte i arkiva. Dei mange tenestefolka på gardane for eksempel, finn vi lite stoff om. Som regel er det dei penneføre – menn med makt - som vi treff på i møteprotokollar og brevbyte. Gardsarbeidarar, bønder, husmenn er det lite stoff om. Og kvinner i det heile. Men av og til støyter vi på dei også, som vi skal sjå nedanfor.

Skada og mangelfullt arkivDet gamle arkivet til Sogn og Fjordane Landbruksselskap er prega av tidens tann. Mugg og råte har diverre øydelagt mykje av dette verdfulle og viktige arkivet, og store delar av det gamle arkivet er kome bort i åras løp. Men ei mappe er godt bevart og fangar

vår interesse: ”Ansøgninger om Budeiepræmier 1903”.

Breva som ligg i mappa inneheld i hovudsak søknader om premiar og attestar om premiekandidatane. Dette var smålåtne jenter - tenestefolk på garden - og søknadene var korte med berre dei mest nødvendige opplysningar, som namn på garden dei arbeidde, og kor lenge dei hadde vore i teneste der.

Attestane derimot, er meir utfyllande. Alle er rosande om premiekandidaten sjølvsagt. Nokre få er ganske korte, og mange er meir utfyllande.

Det er her verdt å merke seg at omgrepet ”budeie” den gongen i 1903 vart brukt annleis enn i dag. Då vart det brukt på jenter/kvinner som hadde sitt daglege virke med dyrestell i fjøset, og som ikkje berre var på stølen nokre sommarmånader slik vi bruker omgrepet i dag.

Eli Steffensdotter LefdalI søknadsbunken er det ei budeie som peikar seg ut framfor alle dei

andre. Ho heiter Eli Steffensdatter Lefdal og var truleg frå Davik. Attestane som er bevarte fortel om ei svært godt likt budeie med stor kjærleik til dyr. Av ein eller annan grunn er sjølve søknaden ikkje å finne i mappa, men vi har fleire attestar.

Eg vil sitere heile stadfestinga frå ”madmoderen” på garden Bøen i Lefdal, der Eli tente i heile 18 år:

Bevidnelse.

Jeg skal herved oplyse at Eli S. Lefdal har tjent hos mig i 18 aar. Af denne tid har hun i 16 Aar været Budeie og røgtet Kreaturene baade Vinter og Sommer, og det har hun udført på en for mig meget tilfredsstillende maade. At omgaaes Kreaturene og stelle med dem var hendes kjæreste bedrift, naar det gjalt dem var nærsagt ingen uleilighed for stor for hende. I Fjøs og Lade vilde hun udføre omtrent det hele arbeidet alene. Hun forstod vel, baade saa, at besetningen fik tilstrækkelig underholdning og tillige saa, at intet gik spilt til unytte; for mig har det sidste omtrent ligemeget at sige som det første; thi i en besætning på 16 a 18 storfe 1 a � heste samt et tilsvarende antal faar, kan det sløses noksaa meget bort, naar det ikke er vel efterseet og passet til enhver tid.

Forøvrigt saa var hun hyggelig at leve sammen med, alltid flittig og strævsom og var i det store og hele altid sit Husbondfolks bedste, saa jeg maa give hende min bedste bevidnelse.

Davik, den �3de Desember 190�,Semianne Bøen.

Og så vil eg sitere frå stadfestinga frå naboen ”Gaardbr. og Forligelseskommisær” M. O Frimannslund, datert 21.12.1902. Han må ha vore ein gamal mann

”Hendes lodd har været at tjene hos andre” Om budeiepremiering i Sogn og Fjordane Landbruksselskap sitt arkiv

Av Snorre D. Øverbø

Mjølking på Straums-botnen, Gloppen, 1905.Fotograf: Ukjend.(Eigar: Fylkes-arkivet).

Page 5: Kjelda nr. 1 2007

5

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

då han skreiv det, for skrifta erhakkete og formuleringane kanskje litt alderdommelige:

Det er mig bekjent at Pigen, Eli Steffensdtr. Lefdal agter at andrage om offentlig erindring for sin langvarige tjenestetid, i den anledning er min bevidnelse bejeret.Det er mig en glæde at jeg trygt kan på det varmeste anbefale hende til offentlig paaskjønnelse,Hendes lodd har været at tjene hos andre fra barndommen av, og fra hun var nogenlunde voxen har hun stædligen veret budeie og er det fremdeles, hvilket hun har udført meget rosverdigt – hun er nu kring 50 aar gml. Hun har tjent hos min nabo henimod �0 aar og i 16 af disse �0 var hun budeie, hos en anden af mine naboer har hun tjent som budeie omkring 11 aar. Hun er bogstavelig talt en ven av kreaturene.Hendes forhold er stille venlig, sagtmodig, sandferdig paalidelig og tro tjener,Hvilket herved bevidnes.Davik den �1/ i 1� - 190� Gaardbr. og ForligelseskommisærM. O. Frimanslund

Eli Lefdal var ein av i alt 11 budeier som vart premiert av landbruksselskapet dette året. Dei fleste fekk 6 sølvspiseskeier. Eli fekk eit sølvur med kjede. Vi har diverre ikkje greidd å identifisere Eli Lefdal i korkje folketeljingar eller kyrkjebøker. Kanskje lesarane våre kan hjelpe?

Premiering som verkemiddelPremiering for god innsats i landbruket har lange tradisjonar, heilt attende til opplysingstida på slutten av på 1700-talet. M.a. delte Det Kgl danske Landhusholdningsselskap (skipa 1769) ut premiar til bønder på Vestlandet. I det heile vart premiering tidleg sett på som det

kanskje viktigast einskildtiltaket for å utvikle landbruket. Seinare kom også andre verkemiddel som stipend og statsstønad og kurs- og undervisning.

Her i Sogn og Fjordane vart mykje av utviklingsarbeidet i landbruket styrt frå Bergen i første halvdel av 1800-tallet. Men med skipinga av Nordre Bergenhus Amts Landhusholdningsselskab i 1857 fekk vi eit større trykk på arbeidet i Sogn og Fjordane. Den første formannen var Amtmann Christian Aubert ( 1811 - 1872) Namnet vart endra til Sogn og Fjordane Landbruksselskap i 1920. Organisasjonen eksisterar framleis, men mykje av verksemda er kanalisert gjennom Fylkesmannen sin landbruksavdeling i Førde.

Trongt nålaugeOgså landbruksselskapet her i fylket held fram tradisjonen med å dele ut premiar i landbruket. Etter det vi veit hadde dei berre 2 premietypar den første tida. Den eine premiekategorien var ein generell og svært høgthengjande premie for veldriven gard. For å reknast med måtte kandidaten:

a) drive garden for eiga rekning i minst 10 år, b) garden var hovudlevebrød i desse åra,

c) halde innmark og beite i god stand, d) husa skal vere ”hensigtsmessig indrettede og vel vedligeholdte” e) god gjødselhandtering f ) dyrehald og mjølkeproduksjon skal vere lønsam g) skogen skal vere ”ordentlig behandlet”.

Udbetalte budeiepremier 1903�6/11 Sendt ordføreren i Kirkebø herredsstyre premie til * Ingeborg K Krogsnæs * Ingeborg H. Brække hver 6 sølvspiseskeer * Signed J. Jetland

�/1� Sendt formanden i Nesjenes landboforening John A. Hyenæs premie til * Berthe M Eikenæs 6 sølvspiseskeer

�/1� Sendt formanden i Stryns Landboforening A. A. Aarheim Præmie til * Eline A. Gausemel hver 6 sølvspiseskeer *Kari P. Lunde 9/1 Sendt Arnefjords sogneselskab * Lillie J. Findebotten * Ragnhild M. Næse hver 6 sølvspiseskeer

9/1 Sendt ordføreren i Daviks herredsstyre * Anna Rimstads præmie 6 sølvskeer * Eli Lefdal præmie 1 uhr med kjæde

9/1 Sendt formanden i Førde landbofor- ening Olai Tefre * Oleanne J. Hagen hver 1 sølvlomme- * Kristianne Farsund uhr med kjæde

Til side 36

Budeieattest for Eli

Steffensdatter Lefdal, skriven

av M. O. Frimanslund, 21/12-1902: ”Det er mig bekjent...”.

Sjå heile attesten på denne sida.

Page 6: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

6

På midten av 1800-talet skjedde det ein enorm auke i talet på spedalske på Vestlandet. Tal frå St. Jørgens hospital i Bergen syner at det var særleg mange frå Leikanger. I 1849 gav kommunestyret i Leikanger ei fråsegn om korleis ein best kunne syte for dei som vart ramma av denne fryktelege sjukdommen. Presset på St. Jørgen hospital hadde vorte så stort, slik at altfor mange sjuke hadde måtte lide kringom i bygda. No måtte noko gjerast.

Auke i talet på spedalskeDet var amtet som oppmoda Leikanger kommunestyre til å gje ei ”Ærklæring om en bedre Forsørgelse af de Spedalske”. På denne tida byrja ein å forstå at isolasjon av pasientar kunne førebygge spreiing. Spørsmålet var om det var naudsynt å utvide St. Jørgens hospital med omsyn til om ein kunne forvente fleire innleggingar av spedalske frå distriktet.

Berre i løpet av dei siste av 1840-åra hadde det vore ein tilvekst på 86 sjukdomsramma. Dei geografiske skilnadane er påfallande. Ser ein på oversikta over dei frå Sogn som var innlagt på St. Jørgen frå 1822 til slutten av hundreåret, skil Leikanger og Sogndal seg ut med langt fleire sjukdomstilfelle, samanlikna med

andre bygder. Orsaka til skilnadane er uviss.

Kommunestyretsi fråsegnTilrådinga frå Leikanger kommunestyre var klar: det var deira ”Overbevisning, at en fulstendig Kuur og Pleie

alene kan ydes ved, at de mange adspredte Syge blive samlede i et Sygehus” Altfor lenge hadde ein makteslaust sett på lidingane dei spedalske vart utsett for. Det burde derfor vere ei plikt å hjelpe ”disse Ulykkelige, der bogstaveli-gen raadne levende uden Lægetilsyn og vistnok altfor ofte under Mangelfuldvanrøgt”.

Eit slikt sjukehus gjekk langt ut over dei midlar og ressursar som den enkelte kommune hadde. Alternativet var at kvar kommune ” erlagde en moderat Betaling” for kvar av sine sjuke. Problemet var at talet på sjuke varierte kringom i Sogn og Fjordane. Dermed måtte kvar enkelt kommune gjere eit utval blant sine spedalske. Kommunestyret i Leikanger frykta at det var ei for tung bør for kvar enkelte kommune å sjølv gjere dette utvalet. Omsynet til dei spedalske var derfor ei klår oppgåve for amtskommunen og staten.

Samfunnet sitt ansvarKommunestyret gjekk soleis inn for ei utviding av St. Jørgens hospital. Om ikkje det var tilstrekkeleg til å ta imot alle dei spedalske, gjekk dei inn for at amtskommunen byggje eit sjukehus i amtet. Staten meinte dei sjølvsagt skulle være med å dele utgiftene:

”Der er i det hele taget faa anliggender, der forekommer os at henhøre nære under det Almindelige, ikke alene under Amtscommunens men også Staten, end nettopp dette”.

Kommunestyret klaga over at altfor lite av skattepengane som vart betalt til staten fann vegen tilbake frå hovudstaden til distrikta. Dei sikta her til vegvesenet som kravde 40 skilling pr. skattebetalar, mens dei samla overføringane til vegarbeidet lokalt ikkje tilsvarde meir enn ei ”halmilsvei ved hovedstaden”. Kommune-styret oppmoda derfor ”det hele samfund” til å dele den børa det var å syte for dei spedalske, som dei meinte var ”denne menneskelighedens sag”.

Lungegårdens sykehusPresset på St. Jørgens hospital førte til at Lungegårdens sykehus vart bygt i 1849. Det romma 60 spedalske og 24 andre hudsjuke. Det skulle bli slutt på at dei ulukkelege skulle ligge å lide kring om på bygdene. I 1857 vart pleiestiftelsen for spedalske nr. 1 bygt for å avlaste St. Jørgen hospital. Her skulle det vere plass til 280 sjuke.

Forsømde spedalske i Leikanger

Av Sturla Binder

Til høgre: I samband med at det skulle gjevast ut ei bok om spedalske, vart det rundt 1812 laga akvarallar av fleire av pasientane ved St. Jørgen hospital. Denne akvarellen syner 19 år gamle Herman Arnesen frå Leikanger Sokn.

Page 7: Kjelda nr. 1 2007

7

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Talet på spedalske gjekk gradvis nedover, og sank raskt utover 1900-talet. I 1955 var det berre sju att.

Peder Olsen Feidie Peder Olsen Feidie frå Feios var innlagt på St. Jørgen hospital frå 1832 til han døydde i 1849. Han vart ramma av ”den glatte form” for spedalsksjuke, som var den minst smittsame. Dei forferdelege lidingane var mellom anna kjenneteikna av lamingar, tap av kjensle i delar av kroppen og store sår. Etter kvart som sjukdommen utvikla seg kunne fingrane krumme seg, verte kloliknande, og falle av ledd for ledd. Dei kunne miste både hender og føtter (Frå Salmonsens Konversations Leksikon).

I 1835 skreiv han eit diktet, ”en klagesang”, som er ei sterk vitneprov på korleis han opplevde å få ungdomsåra brutalt frårive av sjukdom:

Jeg tænker paa min Undomstid, da Verden syntes mig saa blid, og lystigt var at leve. Men Lykken vendte sig strax om, og Sorg igjen for Glæden kom. Det er det Verden giver, ja, mig og andre flere.

Jeg var omtrent en 15 Aar, da jeg paa glade Fødder staar, og kan ei længer komme. For Sorgen trængte sig saa ind, Igjennom Hjerte, Marv og Been, saa det var haardt at tage imod saa stor en Plage.

Om livet på hospitalet:

Jeg gaar paa Gulvet af og til, naar alting er i Huset still’, da høres Sørgetoner. Den ene raaber Ak og Vee, Den anden klager sig dermed at han maa gaae til Senge. Ak, Herre Gud! hvorlænge.

(vers 3,4 og 11 frå ”en klagesang”)

Kjelder:- Leikanger kommune, formannskapet, møtebok 1838-1856- http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=STJORGEN&metanr=�0�6- http://www.lepra.no/default.asp?kat=561&id=751

Litteratur:- Nedrebø, Yngve (red.), Lepra, Førde �006- Salmonsens Konversations Leksikon, Anden udgave, København 19�0- Årbok for Sogn �001- http://www.digitalarkivet.uib.no/lepra/

Under: utdrag frå møteboka: ”I dette Prestegjeld

have vi desverre havet altfor rig Anledning til at iaktage de

Spedalske, til at vi ikke skulde føle den store

Forpliktelse man har imod disse Ulykkelige, der

bogstaveligen raadne levende uden

Lægetilsyn og vistnok altfor ofte under Mangelfuld

vanrøgt”.

St. Jørgens hostpital

var asyl for spedalske

heilt tilbake til mellom-

alderen. Fram til det vart funnet

medisin som kunne lækje sjukdommen

vart dette rekna som

ein siste opphaldsstad

og endestasjon i livet.

Page 8: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

8

I fjor sumar vart det føreteke arkeologiske registreringar i form av flateavdekking på gbnr. 23/14, Kvåle. Det var Kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune som stod for registreringa.

Den avdekka buplassen ligg på ein terrasse i innmark og er solvendt. Til saman er det påvist 125 spor i grunnen (strukturar) etter tidlegare aktivitet. I tillegg vart det gjort om lag 60 gjenstandsfunn.

Både strukturane og gjenstands-funna viser til mange ulike aktivitetar over ein lang tidsperiode. Trekol i fem av dei avdekka strukturane er radiologisk datert (C-14 metoden). Dei strekkjer seg i tid frå yngre steinalder (4000-1800 f. Kr.) til romartid (0-400 e.Kr).

Bergen museum vil gjera meir omfattande utgravingar i området til våren. Då vil ein kunne få svar på mange av dei spørsmåla ein står att med etter den arkeologisk registreringa.

Gamal busetnad på KvåleFunna som vart gjort på terrassen på Kvåle er for ei stor grad spor etter busetnad og aktivitet knytt til den. Det vart funne over 80 stolpehol. Det er avtrykk og restar etter gamle stolpar. Dei viser i grunnen som runde, firkanta eller ovale fyllskifte, av og til med stein som har vore brukt som skoning for stolpen. Stolpehola på Kvåle varierer i storleik der dei minste er om lag 0,2 m og dei største er opp til 1,2 m i diameter.

Stolpane har ofte hatt ein funksjon i bygningskonstruksjonen. Måten dei er sett ned på kan seia noko om kva type bygning dei har høyrt til, og om storleiken på bygningen. I store delar av førhistoria har det vore mest vanleg med langhus, der det har vore bustad i den eine enden og fjøs i den andre. Dei kraftigaste stolpane har truleg vore takberande, medan mindre stolpar kan ha vore del av veggar.

Stolpehola på Kvåle ligg svært tett. Det tyder at her er restar etter mange bygningar, truleg frå fleire fasar med busetjing. Eitt stolpehol

Kven bestemmer kvar det skal gravast?Riksantikvaren har delegert den regionale kulturminneforvaltninga til fylkesrådmannen. I samband med plansaker gjer fylkeskommunen ei vurdering i høve til potensiale for automatisk freda kulturminne, og utfører eventuelt ei arkeologisk registrering. Den har som føremål å avklare kot vidt det er eventuelle automatisk freda kulturminne område. Ved ei registrering vert det berre gjort mindre inngrep i området. Dersom det vert gjort funn av automatisk freda kulturminne i planområdet, blir dette oftast løyst ved mindre justeringar av planane. I enkelte tilfelle kan ein søkja Riksantikvaren om å få kulturminna frigjevne. Dersom frigjevings-søknaden vert innvilga, er det oftast på vilkår av at området vert utgreve, slik at kunnskapspotensialet ikkje går tapt for all framtid.

I vårt distrikt er det Bergen Museum som står for utgravingar. Dei har høve til å avdekka større samanhengande område, og det vert som regel gjort i område med mykje funn. Ved ei utgraving er det dessutan mykje større rom for analyse av vitskaplege prøvar, som mellom anna radiologisk datering av trekol og vegetasjonshistoriske undersøkingar. Arkeologiske registreringar og gravingar er viktige brikker for å forstå kulturhistoria vår.

Spanande arkeologiske funn på Kvåle i Sogndal

Av Marit Anita Skrede

Oversikt over sjaktene i registrerings-området. Dei fleste funna vart gjort på flata midt på biletet. Spor etter gamal dyrking vart funne i området med frukttre. (Foto: Marit Anita Skrede).

Page 9: Kjelda nr. 1 2007

9

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

vart datert til 400 - 60 f. Kr, førromersk jarnalder.

I tillegg til stolpehola vart det registrert fem restar etter veggar. Ei veggrille vart datert til 100 - 450 e. Kr., romartid. I samband med det eine sporet etter ein vegg vart det påvist brent never og leire. Det tyder på at taket har vore tekka med never og at veggane kan ha vore leirklinte.

I tillegg til strukturane som vart avdekka i samband med huskonstruksjonar, vart det registrert rundt 20 eldstadar/kokegroper på terrassen. Det er mogleg at også nokon av desse kan setjast i samband med bygningar, men det er uråd å vita før området er greve ut.

Eldstadar var mest vanleg inne, medan det kring førhistoriske hus ofte fins store kokegropfelt der det vart kokt utandørs. Ei av kokegropene er datert til 160 f. Kr. - til 80 e. Kr., eldre jarnalder. Dei fleste av kokegropene har truleg lege i friluft, men det er vanskeleg å seia kor vidt dei er samstundes med bygningar. Ein vil koma nærare eit svar på dette etter at utgravinga er utført.

To av dei nedgravne strukturane skilde seg ut ved å ha til dels store ståande heller i kanten. Det er mogleg at dette er graver, såkalla hellekister. Ofte låg graver samla på eigne gravplassar. Dersom dette viser seg å vera graver, vil dateringane bli spanande. Har området i ein periode blitt brukt som gravstad, eller vart menneska gravlagt like i tunet?

Jordbruks-busetnad?I området med busetningsspor er det også avdekka spor etter tre gamle åkrar. Det viser at åkrane truleg har lege ganske nær opp til tunområdet, og at folket som har budd på Kvåle har handsama og dyrka jorda. Dette tyder på at det er spor etter jordbruks-busetnad me har funne på Kvåle.

Den eldste bruken i to av åkrane er datert, og dateringane viser til aktivitet attende til 2600 – 2400 f. Kr., yngre steinalder og til 1490 - 1120 f. Kr., eldre bronsealder. Busetnaden i det aktuelle området kan difor ha lang kontinuitet.

Produksjon av metallI tillegg til bygningsrestar og kokegroper er fleire andre strukturar. Minst to av desse er sannsynleg esser. Ei esse er ein open smelteomn der smedane varma metallet til det glødar, før han banka det til den forma han ynskte. Temperaturen i essa vart gjort høgare med blåsebelgar. Det vart vanlegvis fyrt med trekol i essa.

Det er dessutan registrert ni groper som me ikkje veit funksjonen til enno. Det er mogleg at også desse har samband med ei eller anna form for produksjon.

Få men varierte gjenstandsfunnVed flateavdekking vert det sjeldan gjort mange gjenstandsfunn. I samband med registreringa på Kvåle vart det gjort 58 funn. I tillegg til essefôringane er det gjort ein del funn av keramikk-skår, ei perle av keramikk, noko flint, ei nagle, eit bryne, dyretenner, bitar av bakstehelle av kleber og brent bein, never og leire.

Kva fortel gjenstandsfunna oss?Funna fortel dei ein del om kva aktivitet som har vore her. Essefôringane saman med spora i grunnen etter esser viser at her vart utført arbeid med metall. I kva utstrekning og kva metall vil

FlateavdekkingFlateavdekking er den arkeologiske metoden som er mest brukt i oppdyrka område. Det vil seia at ein reinskar av matjorda ned til undergrunnen. Eventuelle spor etter aktivitet vil visa seg i grunnen som fyllskifte eller steinpakningar. Arkeologane kan på bakgrunn av erfaring og analyse seia kor vidt dette viser til t.d. stolpehol, eldstadar, kokegroper eller graver.

Kva skil eldstadar frå kokegroper?Eldstadar kan variera i form og storleik. Eld-stadar kan ha steinsette ringar eller berre sjåast som mørke fargesjikt i undergrunnen. Kokegroper er ned-gravingar i bakken. Nedst vert lagt eit lag ved, sidan knyttnevestor stein. Når steinane er godt varme, blir maten lagt oppå steinpakningen og pakka igjen med t.d. lav og mose.

Del av registrerings-

sjakt. Dei kvite posane

viser kvar det er strukturar

(spor etter t.d. stolpar eller kokegroper)

eller gjenstands-funn. (Foto: Marit Anita

Skrede).

Til side 10

Page 10: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

10

ein truleg koma nærare eit svar når materialet frå utgravinga er studert.

Keramikk-bitane er restar etter ulike kar som ein kan knyta til matlaging. Det same gjeld bitane av bakstehelle. Bakstehella vart lagt over ein eldstad og fungerte som takke. Dei brende beina er truleg restar etter måltid som vart førebudd og innteke her. Det same kan vera tilfelle for dyretennene. Ein kan likevel ikkje utelukka at både dei brende beina og dyretennene stammar frå ei grav. Det var heller vanleg at dyr vart

Mogleg grav. Dei ståande hellene kan vera restar etter ei hellekiste. (Foto: Christoffer Knagenhjelm).

gravlagt saman med menneske i tidlegare tider.

Perla av keramikk viser at menneska som budde på Kvåle i førhistoria pynta seg. Den brende leira og neveren kan truleg knytast til konstruksjonen av bygningar. Det er mogleg at det har vore leirklining på veggane, medan taket har vore tekka med never

Få av gjenstandsfunna kan hjelpa oss med å datera aktiviteten her, då enkelte typar gjenstandar har hatt meir eller mindre same utforminga over lang tid. Enkelte

typar keramikk kan tidfestast. Nokre av keramikkbitane som vart funne på Kvåle var magra med asbest. Dette batt keramikken betre saman. Det vart berre brukt asbest som magring i enkelte periodar av førhistoria. Det er truleg at keramikken på Kvåle kan tidfestast til bronsealder (1800 – 500 f. Kr) og eldre jarnalder (500 f. Kr – 550 e. Kr.). Baksteheller vart truleg ikkje tekne i bruk før i yngre jarnalder, men også brukt i mellomalderen.

Sjølv om få av funna er gode til å datera lokaliteten, viser gjenstandane saman med dei radiologiske dateringane at det truleg har vore busetjing på terrassen frå yngre steinalder og kanskje heilt fram til mellomalderen. Det er enno ikkje mogleg å seia kor vidt det har vore kontinuerleg busetjing her.

Kvåle – ein stor og viktig gardDen arkeologiske registreringa på Kvåle sumaren 2006 avdekka ei rekke spanande spor etter aktivitet knytt til førhistorisk busetnad. Funna ligg svært tett på terrassen, og er ein viktig lokalitet i studiet at førhistoria på Kvåle, og kulturhistoria generelt. Frå tidlegare arkeologiske funn og historiske kjelder er det kjent at Kvåle har vore ein av dei største og viktigaste gardane i Sogndal, og også i distriktet, tilbake til yngre jarnalder. Truleg har denne rikdomen røter lenger bak i tid.

Dei arkeologiske registreringane har allereie vist at også denne delen av Kvåle har vore intensivt nytta i store delar av førhistoria. Det er likevel etter at gravinga er utført at ein kan få svar på mange av spørsmåla som kom fram ved registreringa. Truleg vil ein finna ut kor mange bygningar som har vore her, og kor mange av dei som har stått samstundes. Ein vil

Del av dyrkingsprofil. Dei varierande fargenyansane viser

til ulike fasar med dyrking og brakkperiodar. Generelt kan ein

seia at dei mørke laga er spor etter dyrking medan dei lysare er

periodar då åkeren har lege brakk. Det nedste mørke laget er datert

til 2600-2400 f.Kr. (Foto: Anne Mette Haugen).

Frå side 9

Page 11: Kjelda nr. 1 2007

11

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

koma nærare eit svar på kor vidt området har vore i kontinuerleg bruk frå yngre steinalder til nyare tid. Ein vil dessutan få høve til å studera kva aktivitet ein kan knyta til busetnaden her.

Den type sørvende morene-terrassar som den omtala lokaliteten ligg på, viser seg ofte å vera rike på automatisk freda kulturminne. Det mest nærliggande dømet frå Sogndal er

Rutlin-terrassen noko lenger aust. Der er det gjort omfattande funn, og det viste seg å ha vore stor og variert aktivitet i fleire tusen år. Etter at materialet frå utgravinga til våren er handsama, vil det visa seg kor vidt det er like omfattande og viktige funn på denne delen av Kvåle.

Kjelder:Uprenta kjelder:- Udgravningsrapport. Rutlin gbnr

��/4, Sogndal kommune, sogn og Fjordane. Rapport ved Søren Diinhoff og Kari L. Hjelle, Bergen Museum �003.- Rapport frå arkeologisk registrering på Kvåle/Gurvin (gbnr. �3/14 og gbnr �5/�) i Sogndal kommune. Av Marit Anita Skrede- Bilete Kvåle/Gurvin gbnr �3/14 og �5/� (vedlegg til rapport frå Kvåle/Gurvin).

Prenta kjelder:- Kulturhistorisk leksikon KAL/SF-14�0.004. Storgarden Kvåle.

Fylkesarkivet sine samlingar dekkjer i all hovudsak tidsrommet frå byrjinga av 1700-talet. Ein er komen godt i gang med arbeidet med formidling av dette materialet via Internett. Tida var difor inne til å sjå på løysingar for kjelder til eldre historie.

Det vart laga eit forprosjekt for å skissera ein plan for eit større formidlingsprosjekt når det gjeld eldre historie i Sogn og Fjordane. Arkeolog Marit Anita Skrede vart engasjert for å ta fatt på dette arbeidet. Det vart dessutan sett ned ei styringsgruppe med representantar frå dei viktigaste kulturinstitusjonane på Vestlandet innan dette feltet.

Prosjektet har dermed ei solid plattform, og det bør vera eitgodt grunnlag for å få gjennom-ført prosjektet. Det vil i hovud-sak dreia seg om nettbasert formidling, men også andre måtar å formidla på vil bli ein del av prosjektet.

Medlemane i styringsgruppa er:

- Berit Gjerland, arkeolog frå kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune, - Svein Indrelid, professor i arkeologi ved Bergen Museum, - Ingvild Øye, professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen,

- Anders Timberlid, historikar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, - Aage Engeseter, direktør ved Sogn Folkemuseum (historikar)- Johs. B. Thue, historikar- Finn B. Førsund, historikar- Gunnar Urtegaard, Fylkesarkivar i Sogn og Fjordane (historikar)

To månadar vart sett av til arbeidet. Om lag midtvegs var det møte i styringsgruppa der det foreløpige utkastet vart diskutert. Ved endt prosjektperiode var me igjen samla for å drøfta notatet og korleis prosjektet kan gjennomførast. Notatet som no ligg føre har sett på kva kjelder ein kan og bør bruka for å setja lys på den eldste historia frå fylket. Vidare blir det diskutert korleis ein kan gjera kjeldene tilgjengelege, og sidan korleis ein skal legga kjeldene til rette slik at folk får betre kunnskap om lokalhistoria.

Arkeologi og historieDet vil i hovudsak vera arkeologiske og historiske kjelder som er viktige for å formidla førhistoria i fylket, men også andre kjelder vil vera interessante. Av det arkeologiske materialet kan ein nemna store helleristningsfelt og flotte steinalderbuplassar på kysten, medan ein inne i fjordane våre finn nokon av dei rikaste bygdene på Vestlandet når det gjeld busetnad frå bronse- og jarnalder. Gode beiteområde i fjellet har vore med å bygt opp denne rikdomen.

I fjellet finn ein då også både spor etter gamle stølsområde og kulturminne knytt til jakt og fiske. Kjeldematerialet som kom fram til rundt 1990 er i dag tilgjengeleg i to arkiv. Desse er også tilgjengelege via Internett. Det er Førhistoriske Minne på vestlandet av Per Fett http://www.dokpro.uio.no/arkeologi/fett/fett_ramme.html og den arkeologiske tilvekstkatalogen: http://www.dokpro.uio.no/arkeologi/bergen/hovedkat.html .

Materialet som er kome fram etter 1990 finn ein i rapportar frå Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane og frå Bergen Museum og i databasar og arkiv som berre dei som jobbar med det har tilgang til, Askeladden og topografisk arkiv.

Det fins også mykje interessant historisk stoff frå fylket vårt. Døme på det er Gulatingslova, Diplomatarium Norvegicum (DN) og Skattematrikkelen av 1647. Gulatingslova galdt store delar av Vestlandet, og den eldste delen er truleg frå før år 900. Lova var gjeldande til kong Magnus si landslov frå 1274. I DN finn ein dokument som er eldre enn 1570. Det inneheld 2000 brev, mange av dei frå fylket vårt. S

Skattematrikkelen frå 1647 gjev god oversikt over økonomien i fylket på det gjevne tidspunktet, og er viktig i studiet av økonomisk historie. Alle desse

Formidling av den eldste historia frå fylket

Av Marit Anita Skrede

Til side 12

Page 12: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

1�

kjeldene er tilgjengelege både i bokform, i tillegg til at ein kan søka i DN på Internett: http://www.dokpro.uio.no/dipl_norv/diplom_felt.html . Mange av dei historiske kjeldene må ein ha spesiell kunnskap for å tolka.

Inndelt etter kommuneFor kvar kommune vert det presentert relevant materiale. Det vil bli skrive artiklar om aktuelle tema frå kommunen, samstundes som visualisering og omarbeiding av kjeldemateriale er aktuelt. I arbeidet med forprosjektet er Sogndal brukt som døme på korleis dette kan gjerast. Det vart sett opp ei liste over kva kriterium som må ligga til grunn for utveljing av emne til å skriva artiklar om.

Dei viktigaste kriteria er at ein må spreia artiklane i tid og at dei må ta føre seg ulike emne. Sidan vart det sett opp ei liste over kva artiklar som bør skrivast for Sogndal. Denne lista er per i dag på 25 artiklar, men vil bli utvida etter kvart.

For å illustrera korleis stoff kan formidlast via Internett valde eg meg ut to emne frå lista som eg skreiv artiklar om. Desse heiter Storgarden Kvåle og Spor etter

menneske i fleire tusen år. Begge kan ein finna på kulturnett.no/sfj/ kulturhistorisk leksikon.

I tillegg til artikkel-stoff, sette eg opp ei liste over kva anna materiale som bør presenterast for Sogndal. Ein del litteratur vil bli lagt ut i si heilskap. Det vil i hovudsak dreia seg om rapportar om Sogndal, samt studentoppgåver som tek føre seg emne frå Sogndal. Vidare vil kart og foto og ulike former for visualisering vera ein viktig del av ei slik teneste. Eg har også teke tak i enkelte av dei historiske kjeldene for å illustrera korleis ein kan legga til rette vanskeleg tilgjengeleg stoff. Med utgangspunkt i Skattematrikkelen av 1647 har eg rekna om landskulda til gardane i Sogndal og Norum til laupar smør. På denne måten kan ein enkelt sjå den faktiske og relative skilnadane på gardane.

Sogndal er brukt som døme på korleis ein ser føre seg at dette formidlingsprosjektet kan gjennomførast, men tyder ikkje at Sogndal har prioritet når prosjektet vert sett i verk. Det vil bli valt ut emne til artiklar frå alle kommunane i fylket. I tillegg vil anna aktuelt kjeldemateriale bli presentert på ulik måte, på same måte som skissert for Sogndal.

Lokalhistoria ut til folketProsjektet har som mål at materialet som kan setja lys på den eldste historia i Sogn og Fjordane skal leggast til rette for publikum. Målet er å treffa flest mogleg av dei som har interesse for feltet. Tilrettelegging vil såleis tyda både å samla dei tilgjengelege kjeldene og betra tilgjengeleggjering av allereie eksisterande materiale, t.d. rapportane frå Kulturavdelinga og Bergen Museum. I tillegg vil omarbeiding av vanskeleg tilgjengeleg stoff bli ein del av tilrettelegginga. Det vil bli skrive artiklar om kulturminne og kulturmiljø frå kommunane i fylket. I tillegg vil ein bruka den teknologien som fins for å visualisera forhistoria, t.d. med funnkart eller animasjon av arkeologiske funn.

Planen som ligg føre om formidling av eldre historie frå Sogn og Fjordane er ambisiøs. Me meiner likevel at den kan gjennomførast. Ein har diskutert kor vidt ein kan få til eit samarbeid mellom dei ulike forvaltningsnivåa på Vestlandet. Det vil seia dei tre fylkeskommunane Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samt Bergen Museum. Desse institusjonane sit på mykje kompetanse på feltet og vil vera ei god plattform for eit ambisiøst prosjekt som dette.

Døme på utskiftingskart. Dette kartet er over gardane Henjum, Røysum og Holen, Leikanger. Utskiftingskart er ei god kjelde til eldre historie.

Frå side 11

Page 13: Kjelda nr. 1 2007

13

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Fylkesarkivet opna detnye sentraldepotet forkommunar og fylkes-kommunen i 2006. I startfasen har vi prioritert å ta imot arkiv frå perioden 1837-1964. Det er kommunen si oppgåve å gjere arkiva klare til avlevering. Protokollar skal pakkast i kasser, og kasser og arkivboksar skal nummererast. Arkivmedarbeidarane skal så lage ei liste over alt arkivmaterialet som skal overførast til Fylkesarkivet.

Til no har vi tatt imot fem slike avleveringar og det vil seie at vi har arkiv frå heile åtte kommunar: Vevering, Naustdal, Askvoll, Gulen, Brekke, Kyrkjebø, Lavik og Balestrand.

Arbeidet med dei fem avleveringane har gått bra. Kommunane gjer eit godt og grundig arbeid og då vert

arbeidet sjølve flyttedagen enkel å handtere.

I det følgjande får du lese om avleveringane vi har hatt etter at siste nummeret av Kjelda gjekk i trykken.

Gulen18. desember 2006 var det klart for avlevering frå Gulen. Denne omfatta dei historiske arkiva frå Gulen (1837-1964) og Brekke (1904-1964). Gjennom fleire år har kommunearkivordninga arbeida med eldre arkiv frå kommunane. Vi har ordna arkiva og registrert dei i ein database. Når arkivpersonalet i Gulen skulle

klargjere arkiva for avlevering tok dei utgangspunkt i ei liste over dei arkiva som er ordna og registrert. Arkivet skal pakkast og nummererast i same rekkjefølgje som lista kommunen fekk utlevert. Alle protokollane vart pakka i kasser og kassene og arkivboksane fekk eit unikt nummer som også vart ført opp på lista.

Ute i kommunane

er det ein del materiale som Fylkesarkivet ikkje har ordna og registrert. Før avlevering må kommunen pakke ned dette materialet og lage lister som syner kven som har skapt arkivet og kva periode det dekkjer. Dette arbeidet tek lang tid og kan vere ei stor utfordring.

Då arkivarane frå Fylkesarkivet kom til Eivindvik 18. desember var alt materialet pakka, listeført og plassert slik at det skulle vere enkelt å flytte det over på pallar. Kassene og boksane skulle bærast opp frå kjellaren til første etasje der pallane sto. Vi var mange personar som hjelpte til med arbeidet og effektiviteten var høg. Etter om lag ein time var heile arkivet plassert på tolv pallar. Deretter vart arkivet transportert til Fylkeshuset på Leikanger.

Høyanger24. januar var det klart for avlevering frå Høyanger. Denne gongen var det dei historiske arkiva frå Kyrkjebø (1853-1964) og Lavik (1837-1964) som skulle flyttast. Når vi planlegg ei avlevering er det mange

Arkiv på flyttefot

Av Karianne Schmidt Vindenes

Ein nøgd gjeng etter at arkiva etter Kyrkjebø

og Lavik var plassert på pallar. Frå

venstre Marit Anita Skrede og Karianne

Schmidt Vindenes frå Fylkesarkivet

og Jorunn Flæthe og Annemor

Haaheim frå Høyanger

kommune. Det er Jorunn

og Annemor som har gjort arbeidet med

å klargjere arkiva for

avlevering. (Foto: Sturla

Binder).

Til venstre: arkiv frå Gulen

er klart til å settast på

pallar. (Foto: Karianne Schmidt

Vindenes).

Til side 14

Page 14: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

14

praktiske omsyn å ta. Noko som er vanskeleg å planlegge er været, men vi må likefullt ta omsyn til det. Avleveringsdagen låg det snø i Høyanger, men det var ikkje nedbør. Lastebilen kunne parkere rett utanfor inngangen og vi kunne trille pallane ned ei rampe og rett ut i bilen.

Også i Høyanger måtte vi transportere opp materialet frå kjellaren. Vi kjørte arkivet opp i heisen. Pallane vart plassert rundt i resepsjonslokalet og etter om lag ein time var tretten pallar fylt med arkivmateriale. Alle besøkande til kommunen fekk denne dagen eit godt innblikk i omfanget av eldre arkiv frå ein kommune.

BalestrandBalestrand kommune vart oppretta i 1850 og arkivet har stått i Balestrand fram til 6. februar 2007. Då vart alt arkiv fram til om lag 1964 avlevert til Fylkesarkivet. I Balestrand kunne lastebilen parkere utanfor kjellarinngangen og arbeidet med å laste arkivet på pallar og plassere pallane i lastebilen gjekk difor veldig greitt. Totalt var det åtte pallar med arkivmateriale frå Balestrand kommune.

Biletet synar eit utsnitt frå ein protokoll frå medlemslista til Fiskarmanntalsnemnda ved Brekke kommune 1951. Fiskarmanntala vart ført frå 1908 då fiskarar for fyrste gong fekk ei ulukkeslov, og ei kommunal nedsett nemnd skulle føre manntal over fiskarar som var sjukeforsikra. Nemnda skulle avgjera kven som skulle stå i manntalet og klager skulle avgjerdast av Riksforsikringa sin appellkommisjon. Lista vart kvart år satt opp til 1. november og skulle straks leggjast til ettersyn. Den vert inndregen 30. november same år.

Listene skulle gje opplysingar om den forsikra sitt namn, bustad, kjønn, fødselsår, ektefelle, tal på barn under 15 år, kvar vedkommande dreiv fiske eller fangst, arbeidsgjevaren, betalt premie og eventuelle merknadar. Frå 1910 vart det nye retningsliner for føringa av manntalslistene, og her kom det nærmare detaljar kring måten fisket vart drive på, og om fartyet vart drive med damp eller ikkje.

Kjelde: Mykland, Liv og Masdalen, Kjell-Olav (1987), Administrasjonnshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Universitetsforlaget, Oslo.

Til høgre: Roger Kvarsvik og Per Olav Bøyum er i gang med å gje dei første boksane og protokollane kvar sin unike hylleplass. (Foto:Karianne Schmidt Vindenes).

Kommande avleveringarDet er totalt 21 kommunar som skal vere med i Fylkesarkivet sitt sentraldepot. Vi vil at alle desse skal få høve til å avlevere dei eldste arkiva innan 2008. For å klare dette vil vi ha om lag ei avlevering kvar månad. Utover våren får følgjande kommunar høve til å avlevere arkiv frå 1837-1964: Stryn – marsFjaler – aprilSelje – maiBremanger – juni

Frå side 13

Ein av pallane vert flytta inn på lastebilen som transporterer materialet til Leikanger. (Foto: Karianne Schmidt Vindenes).

Fiskarmanntalsnemnda i Brekke kommune

Page 15: Kjelda nr. 1 2007

15

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

I løpet av 1700-talet vart det organisert eit offentleg fattigstell i Noreg. Ordninga kunne variere kringom i dei ulike stifta, men vart gjerne leia av presten. Fattigstyret sine viktigaste oppgåver var å setje opp budsjett og avgjere kven som skulle bli understøtta, og i kva form. Dei skulle og sjå til at vedtaka dei fatta vart sette ut i livet.

Kvar gard i prestegjeldet vart pålagt å gje bidrag til dei fattige etter økonomisk evne. Etter formannskapslovene i 1837, vart det kommunestyret si oppgåve å løyve dei nødvendige midlane til dekking av utgiftene. Men soknepresten skulle framleis vere formann.

KopibokaFram til slutten av 1800-talet er det ført fullstendige avskrifter av utgåande brev i kopiboka til fattigstyret i Gulen (“Eivindvikens Fattigvæsen”). Dei er derfor ei god kjelde for å få eit innblikk i kva saker som fattigstyret stelte med. Spørsmål om heimstad er noko som går igjen.

HeimstadspørsmålDen fattige hadde først og fremst rett til hjelp frå den kommunen han eller ho hadde budd i over lengre tid. Hadde fattigstellet utlegg til ein person som dei meinte hadde heimstad i ein annan kommune, kunne dei sende rekninga vidare. Ofte oppstod det tvist mellom kommunane i slike spørsmål. Dei kunne til slutt enda til avgjerd i departementet.

Tvist mellom Gulen og AskvollBrevet nedanfor vart sendt frå fattigstyret i Gulen til departementet i 1878, og er eit litt uvanleg døme på ein

heimstadtvist mellom Gulen og Askvoll: Avdøde Reinhard Pedersen Svabø Sognefæst hadde sete i arresten i Askvoll skulda for tjuveri. No ville fattigstyret der ha betalt tilbake utgifter dei hadde hatt til kona og barna i tida han var arrestert. Fattigstyret i Askvoll meinte nemleg at Reinhard hadde heimstad i Gulen. Det var ikkje Fattigstyret i Gulen einig i.

Teksten i brevet:Ved at gjennomlæse Dokumenterne vedkommende den af Askevolds Fattigvæsen anlagte Sag mod Eividvikens Fattigvæsen angaaende Reinhard Pedersen Svabø Sognefæst vil dethøie Departement behagentlig erfare, at Angjeldende en af Askevolds fattigvæsen arresteret grundet paa Mistan-ke af tyveri: Det er ikke bevist at Sagens Dokumenterat Reinhard Svabø har begaaet Tyveriet han er saale-des anholdt og arresteret, uden her at have forvoldt denBrøde han er sigtet for.

At Askevolds Fattigvæsenkunde anholde og arrestere en Person for Tyveri som denikke kunde bevise ham at have begaaet er meget paafaldende, og endnu mer paafaldende er det at den vil paaføre Eivindviks Fattigvæsen

disse store udgifter. Naar Askevolds Fattigvæsen har gaaet frem paa slig Maade som her er gjort, saa bør Askevolds Fattigvæsen ene og alene bære alle deUdgifter den selv har forvoldt sig, og bør nevnte udgifterikke i mindste Maade falde Eivindviks Fattigvæsen til Last,ja meget mere burde Askvolds Fattigvæsen blive tilpliktetat betale til Reinhard Svabøs efterladte Enke og Børn endaglig Godtgjørelse for den Tid han sad arresteret hos Lensmand Steen i Askevold.

At angjeldende Reinhard Pedersen SvabøSognefæst som nu er død er født paa Gaarden Sognefæst her i Eivindviks Præstegjeld kan ikke modsiges, men her er over �0 aar siden han vandret ud herfra. Manden var gift og har efterladt Sig Kone og Børn, han var bosat i Førde Prestegjeld, og der har hanopholdt sig saalenge, at man maa antage, at han hadde vundet sig Hjemstavn i nævnte Prestegjeld.

Paa Fattigkommisjonens Vegne vil jeg herved ikke undlade at henlede Departementets Opmærkosmhed af Foranstaaende idetSagen i sin Helhed overlades til de høie Departements gunstige Voldgiftserkjendelse.

Fattigstyret i Gulen

Av Karianne Schmidt VindenesArkiv på flyttefot

Page 16: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

16

I saksarkivet til formannskapet i Kyrkjebø kommune fann me denne saka:

Den 14. juni 1907 sende M.B. Oppedal søknad til Kyrkjebø heradsstyre for å få tetta lærarromma i Ortnevik skulehus. Truleg var Oppedal lærar ved skulen og budde i huset. Han skriv: “So lett og trivelegt som der elles er aa bu er det leidt at huset skal ha gisna so upp.”

Forsyningsnemndene vart oppretta i 1939, og hadde tre medlemer valde av kommunestyra. Dessutan skulle ein løna forretningsførar stå for det daglege arbeidet. Forsyningsnemndene hadde til oppgåve å halde seg informerte om forsyningssituasjonen for naudsynte varer, som brensel, mat og fòr. Dei skulle vidare syte for at rasjoneringsreglar vart følgde, sikre tilgang til viktige varer og gjennomføre tiltak frå styresmaktene.

Arkivmaterialet etter forsyningsnemndene kan vere svært rikhaldig. Eksempelet nedanfor er henta frå møteboka, og dreier seg om eit skriv frå fylkesforsyningsnemnda, der Lavik vart pålagd å levere 4500 kg. høy til den tyske vernemakta. Møtet blei halde saman med jordstyret.

Det vart gjort dette vedtak samrøystes:Høymengda 1940 var for dei fleste bruk mykje under det normale. For ikkje å få besetningane heilt øydelagde, måtte ein difor i tide ty til

Forsyningsnemnda i Lavik

hjelpefor: skav, ris og tang. Dertil sellulose. Det er fleire bruk i heradet som ikkje har anna fòr enn sellulose og bjerg[?].Trass i sparing er høyet alt no ein saga blot for andre dyr enn hesten. Skal nå Lavik levere 4500 kg høy, vil det heile brotne saman med våronna som nå står fyre. Her er ikkje anna trekkraft enn hesten ,og skal den den stå på svelteforing, må det vere klart, korleis det går. Me vil på det alvorlegaste bede styresmaktene om at det høyet som heradet har ikkje

Arkiv på flyttefot Av Karianne Schmidt Vindenes

må verte teke, då her ikkje er meir enn hesten treng. Skal hesten setjast ut av funksjon på grunn av fòrmangel, vil jordstyret fråseie seg alt ansvarkorleis det kan verta med den planlagde auke av åkerarealet.Elles viser ein til fråsegna frå Landbrukselskapet og Fylkesforsyningsnemnda. Lavik er til vanleg eit av dei herad i fylket som kjøper mest høy.Ein kan difor, før ny haust kjem, ikkje fordele den oppgjevne mengda på dei ymse leverandørar.

Kaldt og trekkfullt Ortnevik skulehus for 100 år sidanHan seier at sengekammerset ikkje kan brukast til sengerom om vinteren. Vindfulle dagar var det uråd å få opp varmen inne. Det vart brukt papir og bomull for å tetta så godt som mogleg.

Han skriv vidare at det er veggen mellom stovene som er verst: “ …, der kan ein sjaa igjenom paa fleire stader, og naar

eg luftar ut skulestova vert vetlestova utlufta med det same.”

Oppedal visertil at herad-styremennene frå Ortnevik har sett på huset, og at dei kan gje nærare opplysningar.

Page 17: Kjelda nr. 1 2007

17

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Alle som er interesserte i gardshistorie bør kjenne til arkivet etter Herads-kommisjonen som på 1860-talet reviderte matrikkelen. Matrikkelen var grunnlaget for å rekne ut skattar og inneheld oversyn over eigedomar. Du kan mellom anna finne informasjon om storleiken på åkrar, om garden har fjellslåttar, skog, nydyrka jord, kva dyr dei

har på garden og sjølvsagt namn på garden, med gards- og bruksnummer og namnet på eigaren.

I protokollen frå Balestrand kan vi mellom anna lese at garden Eithun har � hestar, 18 kyr, 10 ungfe og 60 får.

Heradskommisjonen

Arkiv på flyttefot

Eit omfattande prosjekt er sett i gang på Fylkesarkivet med sikte på å digitalisera møtebøker for formannskapa i alle kommunane i fylket, fram til rundt 1964. Kvar einaste side blir skanna og deretter lagt ut på nett, slik at alle som har interesse av det enkelt kan kike i bøkene frå kor som helst i verda.

Møtebøkene er ei viktig kjelde til forståing av vår nære historie. Her finn ein opplysningar om kva saker som har vore handsama i kommunestyre og formannskap. Slik sett er dei mellom dei mest interessante seriane som finst i det kommunale arkivtilfanget. Det er riktig nok ikkje alt materiale som er tilgjengeleg for ålmenta. Saker f.o.m. 1940 og fram til i dag blir ikkje lagt ut på nettsida, men dersom det er ynskjeleg kan innsyn i dette materiale innvilgast etter avtale med Fylkesarkivet.

Bøkene er gamle, men teknikken er ny. Ved å leggje dette materialet ut på nett når ein eit mykje breiare publikum og gjer det enklare for brukaren både å

finne og å studere kvar enkelt sak. Dette er til stor nytte både for bygdebokforfattarar, generelt historieinteresserte og oss her på Fylkesarkivet. For at du enkelt skal kunne finne fram til akkurat det du leitar etter følgjer her ein liten leksjon i korleis du leitar fram det du er ute etter:

Rett på sakPå Fylkesarkivet sine heimesider fylkesarkiv.no finn du i menyen til venstre ei lenkje kalla Databasetenester. Herifrå finst det tre vegar inn til dei digitaliserte dokumenta. Dersom du er ute etter ei spesiell møtebok klikkar du deg inn på Digitaliserte bøker. Her kan du plotte inn ulike søkekriterium som kommune og årstal og få opp dei aktuelle bøkene. Dersom du vel å gå vidare

inn i bøkene kan du klikke deg fram, side etter side.

Ein annan veg å gå er via lenkja Digitaliserte dokument. Her kan du også snevre inn søkeresultatet ved hjelp av kommune og årstal og få opp ei liste over alle dei aktuelle møteboksidene.

Det mest aktuelle er kanskje det tredje alternativet, å gå via Saksregister møtebøker – formannskap. Ved å ha ei aning om kvar og når ei sak utspelte seg og kva ho dreier seg om kan du hoppe direkte inn i teksten som omhandlar akkurat den saka! Dersom du til dømes er på jakt etter ei sak om skulen i Balestrand på midten av 1800-talet kan søkeskjemaet ditt sjå slik ut:

Møtebøker på verdsveven

Av Silje Sjenken Svanevik

Til side 18

Page 18: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

18

Resultatet du får i dette tilfellet består av fire forskjellige saker med skule i tittelen. Resultata vil variere i tråd med søkekriteria, og då spesielt stikkorda. Dersom du t.d. er ute etter ei sak som omhandlar øl og nyttar dette ordet i stikkordsrubrikken, får du opp samtlige artiklar med øl i tittelen, det vere seg i ord som vøling, og dei fins det mange av.

Så godt - så enkeltI dei fleste tilfelle vil resultatasamsvare godt med søka og du skal enkelt kunne finne det du leitar etter. Dersom du no klikkar deg inn på ei av dei fire sakene, vil det kome til syne eit skjema med diverse opplysningar om saka. T.d. kvar og kortid saka vart diskutert, kva ho dreier seg om og ei lenkje vidare til den avbilda teksten kalla Les. Ved å trykkje på Les nederst i skjema får ein altså opp ei jpg-fil av ei tekstside i ei møtebok. Så

Kommune

Årstal digitaliserte møtebøker

Årstal registrerte saker

Tal registrerte saker

Askvoll 1837-1964 1837-1909 3351Aurland 1837-1945 1837-1910 3827Balestrand 1849-1966 1849-1940 7211Kinn 1837-1929 1896-1929 3183

Florø 1865-1880 1865-1880 1278Fjaler 1837-1910 1837-1910 4245Gloppen 1838-1940 1838-1904 4354Gulen 1837-1923 - -Brekke 1905-1937 - -Hornindal 1867-1948 1867-1930 2525Hyllestad 1934-1943 1934-1937 2664Kyrkjebø 1874-1895 1853-1895 1241Leikanger 1838-1937 1838-1937 6003Jostedal 1838-1952 1838-1939 7619Lærdal 1900-1912 1876-1900 972Lærdal gamle 1837-1876 1837-1876 1471Selje 1837-1914 1837-1937 4662Sogndal 1837-1896 1837-1896 7607Solund 1903-1954 1903-1936 3897Stryn 1844-1886 1844-1877 1502Innvik 1837-1906 1888-1906 4843Vik 1837-1950 1837-1943 3062Årdal 1860-1915 1860-1923 3608

Askvoll - i ordna formerI siste nummer av Kjelda kunne de leseom avlevering aveldre arkiv frå Askvoll kommune. 4. september �006 avleverte kommunen 11 pallar med arkivmateriale. Dette vart plassert inn i Fylkesarkivet sitt depot, og rett før jul starta vi på arbeidet med å ordne og registrere arkivet.

Vi er no i gang med å ordne arkivet etter formannskapet i Askvoll. Sakarkivet er den største serien, og også ein av dei seriane der vi finn mange interessante historier.

Vi vil halde fram med å skrive om historia til Askvoll kommune, så følg med i dei følgjande nummera av Kjelda og på www.fylkesarkiv.no, Fylkesarkivet si Internettside.

er det berre å setje seg til å lese! Men for lettare å kunne studere teksten vil det vere eit betre alternativ å opne teksten i ny side og auke storleiken. Det gjer du ved å klikke på lenkja Vis i ny side og velje storleik blant følgjande alternativ: 65%, 100% og 135%.

FramgangJamvel om me er godt i gang med prosjektet gjenstår ein del arbeid før alle møtebøkene er tilgjengelege på nett. Nedanfor følgjer ei oversikt over kva som pr. dags dato er å finne på Fylkesarkivet sine heimesider:

Me er dessutan svært interesserte i tilbakemeldingar om den nye tenesta. Send melding til:[email protected]

Utdrag frå ei typisk møtebokside.

Frå side 17

Page 19: Kjelda nr. 1 2007

19

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

I 2007 skal Fylkesarkivet etablera ei depotteneste for elektroniske arkiv.I denne artikkelen tek vi for oss kva som skil elektroniske arkiv frå papirbaserte arkiv når det gjeld bevaring.

Kvifor er det slik Riksarkivaren seier?Det største problemet knytt til informasjon som er elektronisk er at den oftast er avhengig av det systemet den blei skapt i. Den dagen det aktuelle system vert lagt ned misser ein samstundes verktøyet til å lese informasjonen.

Etter arkivlova har det offentlege ansvar for å bevara elektroniske arkiv for framtida.

Langtidslagring av elektroniske system krev spesielle ressursar både i forhold til IT-verktøy og kompetanse. Dei interkommunale arkivinstitusjonane, inkludert Fylkesarkivet, har difor gått saman i eit prosjekt som skal gje medlemskommunane ei best mogeleg ordning for lovpålagt langtidslagring av elektroniske arkiv. Denne tenesta skal vera etablert innan utgangen av 2007.

Kva inneber ei avlevering til Fylkesarkivet? Ved ei avlevering overtek Fylkesarkivet ansvaret over materialet (jf. lov om arkiv § 10), inkludert ansvaret for alt vidare teknisk vedlikehald og dei tekniske konverteringar som seinare kan være nødvendige. Dette i motsetting til når arkivmateriale vert deponert (overført som depositum), då har arkivskapar det fulle ansvaret. Kopien av materialet som er deponert i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, vert bevart utilgjengelig for bruk. Arkivskapar har fortsatt det heile og fulle ansvar for materialet, og må vedlikehalde det aktuelle IT-systemet for eigne brukarar til den formelle avleveringa har

funne stad. Ein arkivskapar som deponerer elektronisk arkivmateriale, kan følgjeleg ikkje slette arkivdata i sitt IT-system. Ved deponering og avlevering av elektronisk materiale skal definerte data takast ut frå systema. IT systema i seg sjølv skal ikkje bevarast.

Standard og ikkje standard Vi skil mellom system som følgjer Noark-4 standard (Norsk arkivstandard ), og andre system. Ved avleveringar frå eit Noark-4 system vert dei førespurde data lagde ut automatisk.Til uttrekk som er produsert av eit system basert på Noark-4 skal det også følgje med spesifikk dokumentasjon frå systemleverandøren. For arkivuttrekk frå andre system kartlegg ein kva informasjon i systemet ein skal ta vare på, og dokumenterer desse etter Riksarkivarens retningsliner. Dokumentasjonen skal m.a. innehalde informasjon om systemet, bruk og brukarar. Sist men ikkje minst må den innehalde data som sikrar integritet.

For begge ovannemnde typar avleveringar må data lagrast i ei slik form (format) at den kan lesast for ettertida. Her har Riksarkivet gjeve oss eigne retningsliner.

Historiske journalbasar Historiske basar inneheld data frå avslutta arkivperiodar, og vert ofte danna som fylgje av skifte av system eller versjonar av system. Desse skal deponerast straks etter at perioden er avslutta/den historiske basen er generert.

Elektroniske arkiv er ikkje som andre arkiv

Riksarkivaren: ”Inntil vår tid har det stått som mer eller mindre gitt at arkiver akkumulerer og bevarer seg selv.Overgangen til elektronisk arkivering gjør bildet et helt annet. Elektronisk arkivert informasjon er informasjon som går naturlig til grunne etter få år hvis det ikke gjøres noe aktivt for å bevare den.”

Av Geir Utmo

Ansvar Arkivskapar er sjølv ansvarleg for å følgje arkivlovas forskrifter med omsyn til når deponering og avlevering skal gjennomførast.

Bruk av tenester knytte til produksjon av arkivuttrekkFylkesarkivet i Sogn og Fjordane byggjer no opp ei teneste som kan tilby teknisk bistand ved produksjon av arkivuttrekk og dokumentasjon. For at Fylkesarkivet skal kunne gje teknisk bistand forutset det at det aktuelle systemet er i operativ drift, dvs. at systemet er vedlikehalde og at eigne brukarar framleis er betjent.

Tilgjengeliggjering og formidling Tenester knytt til tilgjengelig-gjering og formidling er under utvikling. Vi arbeider for å ha ei mellombels løysing klar i år.

Page 20: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

�0

Angedalen skule i Førde, med lærar Reidar Eide i spissen, gjer ein strålande jobb for kulturarven i bygda. Dei har makta å samla heile bygda om eit arbeid der dei formidlar stadnamna sine frå dei eldre til dei yngre og ut til omverda. Dei eldre i bygda er ressurspersonar som informantar og turfylgje ute i terrenget. Alle blir og fleire gonger i året inviterte på stadnamnkafe på skulen. Vernearbeidet for stadnamna er med på å skapa gode band mellom generasjonane.

Internett til stadnamnformidlingStadnamninnsamlinga frå 1985/86 i Førde kommune ligg i magasinet på Fylkesarkivet. Kopiar av innsamlinga på økonomisk kartverk og namnelister fekk

dei frå arkivet, men her er ein del informasjon som det er vanskeleg å arbeide med for barneskuleelevar. Økonomisk kartverk har som oppgåve å formidle eigedomsgrenser og produksjonsevne (bonitet) av jord både på innmark og på utmark. Papirkopiar er heller ikkje så inspirerande å arbeida med, så dei såg fort at dei måtte få stadnamna presenterte på andre måtar.

“Vegen blir til mens du går”Frå starten av tenkte dei å kople foto og namn i papirformat, i permar eller på veggen i glas og råme. I Stardalen i Jølster har dei laga store foto med inntegna stadnamn. Men prosjektet i Angedalen utvikla seg i ei litt anna retning, delvis takka vere entusiastar i bygda og profesjonelle datafolk som har utvikla ein database på nettet. Ein av dei som har teke mykje del i stadnamnarbeidet i bygda er Ragnar Indrebø. Han har intervjua mange av dei eldre og skaffa mange namn i tillegg til namna innsamla i 1980-åra. Til saman har han truleg nytta eit par årsverk til prosjektet på frivillig basis. Reidar Eide har og nytta mykje meir tid enn det som vert omfatta av arbeidet – men så får ein så mykje meir interessante skuledagar på denne måten - meiner han.

På tur gjennom AngedalenDatabasen er mykje besøkt. Her kan du søka deg fram, anten etter gards- og bruksnummer, informant, type namn (stein, li, åker, bakke) eller stadnamn. Namna er merkte både på flyfoto og på elektroniske kart. Du har ei kjensle av å vandra gjennom Angedalen på pc-en din. Samstundes lærer du om fortida og notida i dalen. På URL-en http://www.automatisering.no/web2/stadnamn.

html finn du stadnamna frå Angedalen.

ProsjektmidlarEit slikt omfattande prosjekt kostar både i pengar og innsats. Ein velutforma søknad om pengestøtte gav resultat langt over det dei hadde rekna med. Prosjektet fekk STILK-midlar, og tilskot frå både sparebank og forsikringsselskap. Dermed vart det muleg å kjøpe fotoapparat og bestille fototurar med helikopter. Dei har og kunna kjøpa inn ein prosjektor som vert brukt for å visa fram stader i terrenget og bilete frå turar elevane har hatt med informantar. Dette er eit fast innslag på kafearrangementa.

StadnamnkafeFem til seks gonger i året samlar dei bygdafolk til stadnamnkafe. Då er ei elevbedrift ved skulen aktiv med servering av kaffi, te og vaflar. Både foreldre, besteforeldre, småsøsken, tidlegare elevar og elles alle som er interesserte møter fram. Alle elevane tek del i arrangementet med song, musikk og dramatisering. Elevane tek ansvar for oppgåvene sine og gjennomfører arrangementet på ein framifrå måte. Det ser og ut som dei har ein triveleg føremiddag saman med resten av bygda. På kvar kafe let dei og gjesteboka gå rundt, så dei kan dokumentera frammøte, og programmet blir filma med videokamera.

BjørnesteinanePå den førre kafeen (31. januar) las dei opp og dramatiserte historia kring Bjørnesteinane.Dette er ei verkeleg hending frå tidleg på 1800-talet om ungguten Anders Angedal som skulle ut og hente kalvar ein kveld. Det vart for mørkt for han om kvelden, så han måtte ut att neste morgon. Plutseleg kom han rett på bjørnen som låg og åt på ein av kalvane. Dei blei sikkert skremde begge

Barneskule med eit unikt stadnamnprosjekt

Av Randi Melvær

Ragnar Indrebø har lagt fleire årsverk med dugnadsarbeid i stadnamn-prosjektet. (Foto: Randi Melvær).

Page 21: Kjelda nr. 1 2007

�1

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Dramatisering/forteljing

av historia om Bjørne-

steinane.

to, og bjørnen slo og beit han i ryggjen. Dette hende akkurat ved nokre store steinar, som sidan fekk namnet Bjørnesteinane. Anders Angedal blei frisk att, men han låg til sengs nesten eitt heilt år etter hendinga.

75 år sidan skuleborn samla stadnamn sistDet er 75 år sidan skuleborn i Angedalen og i resten av landet samla inn stadnamn. Gustav Indrebø, som organiserte innsamlinga, ætta frå Indrebø i Angedalen. Innsamlinga blei utført med dei hjelpemiddel dei hadde til rådvelde den gongen – ikkje mykje teknologi med andre ord. Elevane fekk utdelt ferdig trykte lister og delte inn namna etter plasseringa på innmark og utmark. For Førde kommune har vi diverre ingen av desse listene bevarte.

Biletet er henta frå foto-arkivet til NACO (Høyanger verk), og er blant dei 500 glasplatenegativa som fotoarkivar Arild Reppen nyleg

Kjenner du desse karane?har digitalisert. Dermed er alle dei kring 7.500 bileta frå Høyanger verk digitaliserte. Me oppmodar lesarane til å bidra med informasjon

til denne smakebiten frå samlinga SFFf-199�050. Kvar og når er biletet teke? Kva er anledninga og kven er karane?

Biletet er truleg frå

1930-talet, men kan lesarane

fortelja oss meir om dette

biletet? Ta kontakt med Elin Østevik,

tlf. 57 65 64 18.

Page 22: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

��

Frå fotoarkivet Av Arild Reppen

Vi har funne fram eit dagsaktuelt bilete til glimt frå arkivet denne gongen. Med Fatlaberget i media mest kvar dag, gjorde eg eit søk i fotodatabasen på stikkordet ras. Der fann eg mellom annan biletet her på sida.

Sjåføren på mjølkebilen på byrjinga av 60-talet hadde flaks då bilen vart treft av eit ras på vegen mellom Luster og Skjolden. Mjølkespann ligg att i vegen etter at ein stor stein traff mjølkespanna på lasteplanet. Sjåføren kom frå ulukka utan skade, men fekk seg nok ein alvorleg støkk.

Mjølkebil treft av ras

VegbokaI førre nummer av Kjelda gjorde me kjendt at ei bok om vegane i Sogn og Fjordane er i kjømda. Arbeidet med boka er no mest ferdig, og ho vil truleg vera ute i byrjinga av juni.Boka er sett opp med oversikt over vegar for kvar kommune. Her er med omtale av vegar frå dei eldste tider og fram til i dag. Boka inneheld mange gode bilete frå vegbygging før og no. Det er Selja forlag som skal gje ut boka med Kristin Ese som forfattar. Fylkesarkivet har medverka i arbeidet med vegboka.

Frå fleire har me fått kommentarar til eit bilete i førre nummer av Kjelda (3/�006), øvst på side 37. Her står det at biletet kan vera frå arbeid med ei telefonline i Gulen. Dette er truleg feil. Tilbakemeldingar tyder på at biletet syner det gamle heradshuset i Sogndal, og at det er arbeid i gang for å skøyta på telefonstolpen. Dette for å få telefonlina til å gå over nokre hus i nærleiken.

Staden der raset gjekk vert kalla Gullringen, grunna eit merke oppe i fjellet. Biletet er kome in til arkivet frå Sigvard Fossøy i Skjolden. Fotografen er ukjend.

Aktuelt på 60-talet og aktuelt i dag. Ras har alltid truga trafikken langs bratte fjellsider på vestlandsvegane. Her ras på vegen mellom Luster og Skjolden. Arkivnummer SFFf-1995079.0001. Ukjend fotograf. Eigar Sigvard Fossøy.

Page 23: Kjelda nr. 1 2007

�3

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

I samband med at Fylkesarkivet digitaliserer fotosamlingane til musea i fylket, har Fylkesarkivet i samarbeid med DHS – Sogn Folkemuseum satt i gang eit fotodokumentasjons-prosjekt i Luster. Prosjektet omfattar fotosamlingane etter fotograf Samson Brathole (1884-1960) og amatørfotograf Johan R. Døsen (1869-1906).

DHS – Sogn Folkemuseum er eigar av dei to biletsamlingane på høvesvis 456 (Brathole) og 333 (Døsen) bilete. Båe fotosamlingane inneheld for mesteparten personbilete. Truleg er Brathole sine bilete frå perioden 1910 – 1940, medan Døsen sine bilete er frå perioden 1880-1920. Trass i likskapar mellom dei to biletsamling, skil dei seg likevel frå kvarandre: bileta etter Samson Brathole er portrett og gruppebilete tatt på oppdrag frå dei portretterte og har generelt eit meir formelt preg enn Døsen sine friare amatørbilete.

Glasplatene etter Døsen fekk Sogn Folkemusem av Døsen sitt barnebarn Hans Haagensrud, medan bileta etter Brathole vart gitt til museet av Olav H. Lavoll, som var son til ei av systrene til Brathole.

Stort lokalt engasjementArbeidet med å samle inn og registrere informasjon til dei totalt om lag 800 bileta starta med ein fotokveld på Dale skule i Luster i november i fjor. Oppmøtet på denne første fotokvelden, der samlingane og dokumentasjonsprosjektet vart introdusert, og ein seinare fotokveld med praktisk foto-registrering har vore særs godt. Luster sogelag, som er ein viktig pådrivar og samarbeidspartnar for arbeidet lokalt, har dessutan

Fotosamlingane Døsen og Brathole Dokumentasjonsprosjekt i Luster

Bilet-samlinga etter

J. R. Døsen inneheld

også ei rekke landskaps- og

tettstad--bilete. Til

venstre ser me Aurlands-vangen, med

Vangen kyrkje om lag midt

på biletet. Lesarar som

kan hjelpe oss med datering

eller annan informasjon

til biletet oppfordrast til å ta kontakt.

Av Elin Østevik

jobba vidare med bileta på eigne samlingar. Så langt er om lag 70-80 bilete registrert lokalt.

Arbeidskatalogar og registrerings-skjema er no også tilgjengelege på Luster bibliotek, avdeling Gaupne og Skjolden, slik at alle interesserte kan sjå på bileta og bidra med informasjon til samlingane.

Fotoregistrering på Internett

Informasjonen som vert samlainn på papir-skjema, skal i neste rekkeregistrerast elektronisk i Fylkesarkivet sin fotodatabase. Også denne delen av registrerings-arbeidet blir gjort lokalt: Fylkesarkivet gir opplæring til frivillige registratorar som er ansvarlege for å handsame dei innkomne registrerings-skjemaa. Til side 36

Eit av dei mange

familiebileta i samlinga

etter Samson Brathole. Me ser ekteparet

Anders (f. 1851) og

Maria (f. 1859) Havellen med

borna Brita, Jørgen og

Aagot. Biletet er truleg teke i perioden 1915-

1920.

Page 24: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

�4

Me ønskjer opplysningar om minnesmerke! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 57 65 64 02. Epost: [email protected]

Av Hermund KleppaMinnesmerket

I Innvik står det oppsett ein høg stein attmed hovudinngangen til kyrkja. Eg stoggar og tek han i nærare augesyn. Kva slags stein er det? Ein gamal bautastein? Nei, det passar ikkje med forma. Han er breiare oppe enn nede. Det er inga innskrift på steinen, heller ikkje opplysningar om steinen. Men eg kan skimta noko som liknar på ein solkross.

Steinen går under namnet Prestesteinen, men han vert óg kalla Kyrkjesteinen. Bergarten er kleberstein. Steinen er trapesforma, 11 cm tjukk, 36 cm brei nede ved bakken og 57 cm brei oppe. Høgda er 153

cm. Steinen er fundamentert i betong. Det er ukjent kor stor del av steinen som går ned i fundamentet.På framsida er kantane sneia av langs sidene. I den breiaste enden er det hogge eit solkors i relieff. Frå korset kan skimtast ein stav som går heilt eller nesten ned til andre enden av steinen. Baksida er plan utan spor av teikn eller ornament.

På vandringPr. 2006 har steinen ei kjend soge frå slutten av 1800-talet. Då vart steinen oppdaga på garden Hilde, på ei ekre (eit stykke eng) der, kalla Kyrkjeækra. Det var Arne Larsson Reme (1828-1909) som fann steinen. Han hadde nett kjøpt garden som gjekk under namnet Hans-bruket. Arne

køyrde steinen opp i gardstunet. Der vart han liggjande i fleire år til han vart køyrd ned på kyrkjegarden og plassert liggjande på grava til Arne Reme. Seinare vart steinen teken bort frå grava og plassert inne i kyrkjeinngangen (våpenhuset). Der stod han til dei flytte han ut att og reiste han der han står i 2006.

Gamal kyrkjestadDen første soknekyrkja i Innvik stod truleg på Hilde. Det var ei mellomalderkyrkje som i dei eldste kjeldene er nemnt som Hildinar kirkja, etter garden Hildin (Hilde). Stadnamnet Kyrkjeækra kan gje ein peikepinn om kvar kyrkja stod. Hilde-kyrkja skal ha vore ei stavkyrkje av

Møre-typen, som er kjenneteikna ved stor lengde i høve til breidda samanlikna med Sogne-typen. Rekna etter lengda, var ho ei av dei største i landet. Skipet åleine var 22 m langt, men berre 7 m breitt.

Kva slag stein?Boka På kyrkjeferd (2000) opplyser at Innvik-steinen er ein „steinkross frå mellomalderen“ med solkross „i keltisk stil“ som kanskje har vore del av lóket på ei klebersteinkiste?“Skriftet Innvik kyrkje 175 år (1999) har óg litt om begge spørsmåla, kva slag stein og alder. „Ein veit ikkje kor gammalt dette gravminnet er, men det er truleg frå før 1500. Det er tvilsamt om det er ein gravstein i vanleg tyding. Det er heller eit lók som har høyrt til på ei klebersteinkiste for det liknar på lóket på liknande kister som finst på Historisk Museum i Bergen.“

Tidlege gravminne i kristen tidKristendomen braut skikken med å gravleggja dei døde nær bustaden. No skulle alle døde gravleggjast på kyrkjegarden. Dei mest privilegerte vart jamvel gravlagde inne i kyrkja. Dei utstøytte, mordarar og andre, vart nekta å koma i vigsla jord. Det var streng straff for å bryta lovpåboda om gravleggjing.

Berre dei mest velståande ordna seg med gravminne, og berre ein liten del av gravminna er tekne vare på. Dei eldste var plateforma, utan skrift, gjerne berre forsynt med kross, ornament eller bilete. Ein tenkjer seg ei førestelling om at krossmerket skulle vera til hjelp for den døde på ferda i dødsriket. Dei liggjande gravminna heilt nede på bakken skulle førestilla

Prestesteinen i Innvik

Mellomalder-gravminnet i Innvik 2006. Solkross-symbolet er framleis godt synleg, men nedbrytinga i materialet går sin ubønnhøyrlege gang. Dag Vanberg, Innvik, skriv i brev 27.11.2006: ”No er steinen nokså vêrsliten, og han har sikkert ikkje hatt godt av å stå ute.”

Page 25: Kjelda nr. 1 2007

�5

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

lóket på kista (sarkofagen) til den døde. I nokre tilfelle vart det bygt opp ein sarkofag, ein karm som endå tydelegare synleggjorde kista.

DateringI Ortnevik i Høyanger har dei ein stein som liknar på steinen i Innvik. Kunsthistorikar Marit Nybø har datert ein liknande stein ved Oddernes kyrkje i Kristiansand til om lag 1200. Oddernes-steinen er plan og trapesforma, og dekorert med

Kvart år arrangerer kommune-arkivordninga konferanse for medlemmene våre. Deltakarane er arkivmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunen. I år hadde vi lagt konferansen til Selje.

Vi var glade for at ordføraren i Selje, Gunn Vårdal Helgesen kunne opne konferansen. Ho la vekt på Selje sin rike historie. Den historia fekk vi sjølve eit innblikk i då vi tok turen ut til Selja og dei gamle klosterruinane. Der fekk vi høyre om legenda om Sunniva og om busetnaden som har vore på øya helt fram til vår tid. vi

liljefigurar. Det er først og fremst forma og dekoren ho legg til grunn når ho daterer steinen til å vera mellom dei eldste av denne type gravminne. Dekor og innskrift utviklar seg frå det heilt enkle, til det rikare og meir samansette.Både Innvik-steinen og Ortnevik-steinen har same form som Oddernes-steinen, men er enklare dekorert. Dei kan difor vera minst like gamle som Oddernes-steinen, jamvel eldre, dvs. over 800 år gamal.

Kjelder:Informasjon frå: - Dag Vanberg, Innvik, Stryn.- Aaraas, Margrethe Henden o.fl. På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 1. Nordfjord og Sunnfjord. �000.- Vanberg, Dag: Innvik kyrkje 175 år- Bugge, Anders: Vore gamle gravvminder. I serien Fortidsminde. nr. VIII, Oslo 19�5.- Ortnevik kyrkje 75 år. �000.

Nettartikkel:KAL/SFF-636.1449 Prestesteinen – mellomalder-gravminne i Innvik.

Legenda om Sunniva, blanda med Noark-5

Ordføraren i Selje,

Gunn Vårdal Helgesen,

opna årets kontakt-

konferanse.

Dei fleste deltakarane på

konferansen var med på tur ut til Selja. Her

ser vi tårnet som står att

etter munke-klosteret som

haldt til på øya fram til

reformasjonen i 1537.

Av Karianne Schmidt Vindenes

fekk også høve til å drikke av ungdomskjelda som er på øya.

Inne i konfer-ansesalen fekk deltakarane høyre om korleis Fylkesarkivet presenterer kommunale arkiv på Internett. Nytt av året var at vi kunne vise korleis desse kjeldene vert presentert på den nye nettstaden skulestova.no

Hovudemnet på konferansen var elektroniske arkiv. Ikt-arkivar ved Fylkesarkivet, Geir Utmo fortalte om kva arbeid vi må gjere med dei elektroniske arkiva for å sikre at dei blir bevarte. Vi presenterte også kva krav kommunar og fylkeskommunen må oppfylle før dei kan seie at originalversjonen av arkivet er den som er lagra elektronisk. Vidareutviklinga av Riksarkivet sin standard for arkivsystem, Noark vart også presentert. Den femte utgåva av denne standarden er snart klar. Den gjev mellom anna betre høve til å logge kva som skjer med dokumenta og registreringane. Med Noark-5 skal det også bli enklare å registrere e-post.

Page 26: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

�6

Bedehus Av Hermund Kleppa

Det var i Førde dei bygde det første bedehuset i fylket, i 1880/81 – står det i eit stykke om Førde bedehus i Jol i Sunnfjord 1963. Stykket er signert ”O.H.” (eg trur det er bokstavane til Otto Huseklepp, skulestyrar Solvang ungdomsskule, no folkehøgskule i Førde).

Nei, Førde hadde ikkje det første bedehuset! Det stemmer ikkje. Det stod eit bedehus ein annan stad i fylket då dei bygde bedehuset sitt i Førde. Beviset finn me i Nordre Bergenhus Amtsformandskabs Forhandlinger for Aaret 1873, side 3: ”Aar 1873 den 4de Juli sammtraadte Nordre Bergenhus Amtsformandskab i Bedehuset paa Lærdalsøren.” Slutning: Lærdal hadde bedehus før dei bygde bedehus i Førde!

Frå Borgund. Tyske soldatar i døra til det første bedehuset i Lærdal ein gong i krigsåra 1940-1945. Forklaringa på

at bedehuset er kome til Borgund, er at då bedehuset

på Lærdalsøyri vart rive i 1905, vart det sett opp att i Borgund og teke i bruk som kårhus. Namnet fylgde med på den måten at huset blei

nemnt som Bedehuset lenge etterpå. Tyskarane rekvirerte ”Bedehuset” ei tid. Det første

bedehuset i Lærdal, truleg også i fylket, står enno.

Elles kan eg leggja til at dei reiv det gamle bedehuset på Lærdalsøyri i 1905 og bygde nytt på same tufta. Kor gamalt huset var då, veit eg ikkje. Det einaste eg har å halda meg til, er noko som står i den gamle bygdeboka for Lærdal og Borgund. Jon Laberg fortel at Lærdals Indremissionsforening vart skipa i 1878, og at det ”lenge før denne tid stod eit bedehus på Øyri.” Vidare føyer han til - at då huset vart rive i 1905, hadde det ”visseleg stade fleire mannsaldrar på tufti.”

Dette siste - ”fleire mannsaldrar» før 1905 – førekom meg å vera i drygaste laget, jamvel litt alarmerande, for ein rogalending. Fordi at - dersom me set Jon Laberg sine ”fleire mannsaldrar, til minimumet to, og reknar kvar mannsalder til 30 år, vil bedehuset i Lærdal koma faretrugande nær det offisielt eldste bedehuset i landet, nemleg Hjelmeland bedehus og årstalet 1842. Men - greitt nok at Førde blei henvist til ein andreplass.

Page 27: Kjelda nr. 1 2007

�7

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Litteratur Av Randi Melvær

Oversikt over litteratur som er komen til Fylkesarkivet. Send oss bøker, skrifter og hefte som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket.Denne litteraturen er tilgjengeleg på lesesalen til Fylkesarkivet. Kontakt Randi Melvær, tlf. 57 65 64 00. Epost: [email protected]

Ny litteratur til lesesalen november 2006 - januar 2007November• Skrede, Marit Anita (�00�). Utmark og gard : studie av tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn og Fjordane. – Bergen : [s.n.]. – 141 s. – Hovudoppgåve i arkeologi – UiB �00�• Beretning fra Sogn og Fjordane landbruksselskap for 19�1. – Bergen : Grieg. – 19��. – 55 s.• Norsk språk i Amerika : foredrag frå ein konferanse på Blindern 19. november 1987 / Botolv Helleland (red.). – Oslo : Novus. – 1991. – �3� s. – 8�-7099-180-5• Bach, Tron (199�). Rallarvegen : kulturhistorisk vegvisar for høgfjellsvegen langs Bergensbanen. - [Oslo] : Cappelen. – 1�7 s. – ISBN 8�-0�-1�839-0• Bach, Tron (1994). Aurlandsdalen : ei kulturhistorisk vandring frå fjell til fjøre. - [Oslo] : Cappelen. – 1�8 s. – 8�-0�-14675-5• Geithus, Ingrid (�006). Geithus den gamle garden. – Vik : Eige forlag. – 7� s.• Bondevik, Kari Johanne (�001). I sjukdomens teikn : sjukdomsforståinga ved Lyster sanatorium 190�- 1958. - [Bergen : s.n.]. – 80 s. – Hovudoppgåve i historie – UiB �001• Brekke, Kai Martin (�006). Nattergal. – Leikanger : Skald. – 177 s. – ISBN 8�-7959-07�-�• Laing, Samuel (�005). Vikingene : bedre enn sitt rykte. – Stavanger : Erling Skjalgsonsselskapet. – 94 s. – ISBN 8�-91640-�3-8• Rasteplassen (1995) / Hanna Eikrem Ruset (red). – Stryn : Hanne forlag. – 467 s. – ISBN 8�-993605-0-1• Arildsen, Britt (�003). Sild – havets sølv : en historie om hvordan mennesket gjennom tidene har tatt vare på en viktig matvare. - [Boston, Mass.]. – 5� s.• Gjerdåker, Johannes (1989). Postvegane i Hordaland : vegbygging og bruk av vegane – med kart og turframlegg. – Bergen : Eide. – 63 s. – ISBN 8�-514-0350-�• Halse, Leif (1973). Spelemenn på Nordmøre. – Theim : Rune. – �01 s. – ISBN 8�-5�3-00��-7• Rusti, Ivar (1978). Solgangsvind på Sognefjorden. - [Sogndal : Eige]. 56 s.• Bremer, Kristen (1994). Hafslo ikring år 1860. – Leikanger : Historielaget for Sogn, Hafslo sogelag. – 140 s.• Heilårsveg Ottadalen – Vestlandet : Ottadalen – Jostedal – Loen i Nordfjord : brosjyre / utgjeve av Luster kommune ved Luster kommunale samferdselsnemnd. – Luster : Luster kommune. - [1950?]. – 4 s.

• Eide, Ove (�006). Jakob Sande : liv, diktning. – Oslo : Samlaget. – 479 s. – ISBN 8�-5�1-6497-8• Skjelsvik, Elisabeth (1958). Austrheimssteinen i Nordfjord : et nytt bidrag til dateringen. – Bergen : Universitetet. – �5 s.• Straume, Eldrid (196�). Nordfjord i eldre jernalder. – Bergen : Universitetsforlaget. – 8� s.• Johnson, Trine (1995). Gravfeltet i Baldershagen : arkeologiske undersøkelser på Husabø 1993 og 1994 Leikanger kommune. – Bergen : Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen.• Johnson, Trine (1993). Sein-neolittisk tid i Sogn og Fjordane : gjenstandstyper og funndistribusjon. - Bergen : T.Johnson. – Hovudoppgåve i arkeologi – UiB 1993• De der ute – vi her hjemme / norsk pressehistorisk forening. – Oslo : Norsk pressehistorisk forening. – �006. – 159 s. – ISBN 8�-9�587-05-5• Jostedalsbreen nasjonalpark : årsmelding … / Statsskog Vestlandet avd. Hermansverk. – Fylkesarkivet har 199�-�004.• Årbok for Bergen Museum �005. – 79 s. – ISSN 0808-040�

Desember• Sørebø, Herbjørn (1996). Fløytelåt : eit naturlyrisk møte med diktaren Jakob Sande. – Oslo : Samlaget. – 58 s. – ISBN 8�-5�1-4770-4 • Svihus, Årstein (�006). Bremanger bygdebok : gards- og ættesoge. – Svelgen : Bremanger kommune. – 4 band. – ISBN 8�-997414-0-8• Vestlandets historie : Natur og næring : Samfunn : Historie. – Bergen : Vigmostad & Bjørke. – �006. – 3 band. – ISBN 8�-419-0400-�• ’Utmark’ : the outfield as industry and ideology in the Iron Age and the Middle Ages. - Bergen : Department of Archeology, University of Bergen. – �005. – �51 s. – ISBN 8�-90�73-79-7• Tilleggshefte til boka sogningane og fjordingane i Vestfold. – Horten : Sogn og Fjordanelaget i Vestfold. – 1950.• Diinhoff, Søren (�003). Udgravningsrapport Rutlin gbnr ��/4 Sogndal kommune, -Sogn og Fjordane. – Bergen : Bergen museum. – 153 s.• Årbok for Sogn �006. – Kaupanger : Historielaget for Sogn. – 13� s.• Kanalvæsenets historie : det vesten- og nordenfjeldske Norge fra og med Stavanger amt … - Kristiania : [s.n.]. – 1888. – 536 s.• …So han sa… : lokalhistorisk årshefte hausten �006. – Sogndal : Sogndal sogelag [og] Fjærland

sogelag. – �006. – 87 s.• Jølst / [utgjeve] av Jølster mållag. – Årdal i Jølster : mållaget. – �006. • Nye muligheter i nye landsskap : arkivorganisering i Nederland og Sverige. – Oslo : ABM-utvikling. – �005. – 34 s. – ISBN 8�-8105-0�6-8.

Page 28: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

�8

Av Randi Melvær

Aud Elsa Grøneng frå Askvoll har skrive ei historie om atløyværingen Kåre Olset og oslomannen Mads-John Tyvold. Boka kom ut på Det norske samlaget hausten 2006. Boka fortel om andre sider av krigen enn dei vi vanlegvis får presentert. Synsvinkelen hennar er og spesiell.

“Den som har vore i krigen, er ikkje menneskje lenger”Frå Svalbard til Odessa er ei spanande bok. Men, som mange andre krigshistorier er ho diverre sann, og ingen som har delteke i krigshandlingar vil vel kunne sjå på desse historiene som berre spanande. Dei er og ufatteleg skræmande. “Den som har vore i krigen, er ikkje menneskje lenger”,

sa Kåre Olset frå Atløy. Både denne utsegna og skildringar i boka gjer at eg oppfattar boka langt på veg som ei antikrigsbok.

Flukt frå Askvoll til ShetlandDei to hovudpersonane i boka opplever svært lite av krigstida i Noreg. Dei flyktar frå landet heilt i byrjinga av krigen, kvar på sin måte, vestlendingen i båt frå Askvoll til Shetland, austlendingen med tog og til fots

over grensa til Sverige, sidan med båt til Færøyane og England. Begge vil dei til England for å slåst mot tyskarane. Begge blir trente til krigsinnsats i same tropp i Skottland. I 1943 blir dei sende til Svalbard. Der kjempar dei mot okkupasjonsmakta og blir tekne til fange. Så blir dei sende til Tyskland, først til ein gjennomgangsleir ved Bremen, sidan er dei heldige og blir sette i ein fangeleir for offiserar ved Schildheim, med rimeleg gode forhold. Likevel får dei innsyn i tyskarane sin grusomme behandling av fangane i naboleiren.

Felttoget mot BerlinI 1945 blir leiren deira evakuert. Dei rømer under marsjen og blir etterkvart tvinga til å vera med Den

raude arméen på eit knusande felttog vestover mot Berlin. Før har dei vore vitne til ufatteleg råskap på tysk side, no får dei og eit innblikk i russarane si brutale åtferd. Vi som lesarar får og høyre om tilfeldigheiter som reddar livet til hovudpersonane, og om korleis dei to tenkjer og planlegg for å klara å halda seg i live.

Journalist og lokalhistorikarAud Elsa Grøneng har skrive avisartiklar gjennom 20 år, og lokalhistorie i artiklar og bøker. I denne boka kjenner vi att både journalisten og lokalhistorikaren i arbeid. Boka er kort, 156 s. med kjeldeliste og eit godt register. Gruppebilete har og personkart. Stilen blir noko reportasjeprega, med lite skildringar. Slik får lesaren sjølv høve til å gjere seg opp meiningar om det som skjer og leva seg inn i handlinga. Forfattaren stiller lesaren fri til å

Frå Svalbard til Odessa - ei uvanleg bok om andre verdskrigen

Aud Elsa Grøneng, fødd 1939, bur på Atløy i Askvoll. Ho har skrive avisartiklar i om lag �0 år som journalist i Firda, men er no pensjonist. I 1995/96 studerte ho lokalhistorie ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og skreiv då semesteroppgåva: Arbeidarrørsla i industribygda Stongfjorden 1907-1940 : Stongfjorden kjemiske industriarbeidarforening avd. 89 1925, Stangfjorden arbeidarlag 1927, Stongfjord arbeidarungdomslag 1935.

Noko av stoffet frå oppgåva blei nytta då ho saman med Malmfrid Stang gav ut boka Stongfjord-albumet : Nordens første aluminiumsverk : bilete frå eit gamalt industrisamfunn. Boka kom i 1999. Grøneng er medlem av Askvoll sogenemnd og har skrive lokalhistoriske artiklar i Sogeblad for Askvoll frå 1993-�004. Hausten �006 kom Frå Svalbard til Odessa : på flukt gjennom krigen. – Oslo : Samlaget. – 156 s. – ISBN 8252169449. - Register over stader, personar båtar. Kjelderegister.

Page 29: Kjelda nr. 1 2007

�9

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

tolka og kjenna på eigne tankar og kjensler. Dette tykkjer eg er med på å gjera boka til ei god bok.

InnvendingarEin bokomtale bør og ha med innvendingar til boka. Viss eg skal vere kritisk, vil eg peike på at ved einskilde høve tykkjer eg at det er ei anna stemme enn Aud Elsa Grøneng si som nokre stader får snakka litt for mykje. Kan hende er det formuleringar frå kjeldemanus som slår igjennom, eller er det munnleg overlevering?

Eg trur ikkje at Grøneng sjølv ville ha skildra einskilde hendingar under felttoget mot Berlin med akkurat dei orda som står i boka. Ho kunne kan hende heller brukt direkte sitat? Då ville det verka meir ekte. Det er og nokre fåe fagmilitære uttrykk som burde vore forklarte eller utelatne.

“På flukt gjennom krigen”Undertittelen til boka viser at dette er noko anna enn ei vanleg krigsskildring: “på flukt

gjennom krigen”. Her er meir flukt enn kampar, meir venting enn handling. Lesaren får innsikt i fleire partar sin brutalitet i ein krig, og heroiseringa manglar.

Dette gjer boka til ei viktig bok. Eg tykkjer ho bør brukast i skulane her i fylket, i dei siste klassane i ungdomsskulen eller i videregåande skule.

Askvoll kommune avleverte i fjor haust det eldre arkivmaterialet sitt til sentraldepotet i Leikanger. Litt unnseleg, innimellom likningsprotokollar og tilskotsbøker til siloar, låg det ei utlånsbok for Vilnes filial. Som alt anna arkivmateriale har protokollen ei soge å fortelje - om gløymde bøker og gamle lesevanar, og kanskje også ein særmerkt bibliotekbruk i Askvoll?

Utlånsprotokollane er ein del av arkivtilfanget etter biblioteka/folkeboksamlingane. For kommunane i Sogn og Fjordane går fleire av utlånsbøkene tilbake til 1800-talet. Den eldste registrerte protokollen tilhøyrer Fjaler bibliotek, og har startår så tidleg som 1827. Utlånsprotokollane gjev opplysingar om talet på utlån, namn på låntakarar og kva bøker som blei lånte ut. På den måten kan dei fungere som ein kulturell spegel mot fortida.

I tillegg til utlånsprotokollar finst det òg rekneskapsbøker, tilvekstprotokollar og medlemslister i mange bibliotekarkiv. Ein del

folkeboksamlingar har også etterlete seg dei vanlege arkivseriane, som kopibøker, brevjournalar og korrespondanse/sakstilfang.

Askvoll folkebibliotekI 1828 vart det oppretta eit ålmugebibliotek i Askvoll og boksamlinga bestod nokre år seinare av 100 band. Dei vart visstnok nytta med ”iver og interesse”, for alt midt i 1830-åra blir det meldt om at bøkene er så slitt at dei mest er uleselege (Nilsen 1953:343).

Søk i møtebokregisteret for Askvoll viser at biblioteksaka var ein trugen gjest i kommunestyremøta på 1800-talet. Så tidleg som i 1838 kom sokneprest Harbitz med forslag til formannskapet om at ”Præstegjeldets Almuebibliothek maatte tages under Formandskabets Opsyn og Ansvar”. Det vart vedteke at biblioteket skulle delast mellom ”Askevolds og Vilnæs Sogne paa den ene Side og Øens og Hyllestads paa den anden Side”.

Finansieringa blei ordna ved at kvar gardbrukar skulle betale fire skilling til boksamlinga det fyrste året, og seinare to skilling årleg. Året etter søkte formannskapet

om stønad frå Opplysingsvesenet sitt fond. Samstundes auka dei bidraget til biblioteket til seks skilling for kvar gardbrukar og to skilling frå dei husmenn som makta ei slik avgift.

I 1908 blei det også skipa ein filial i Stongfjorden. Same året vart det løyvd 50 kroner til bibliotekstellet i kommunen. I dag består Askvoll bibliotek av eitt hovudutlån og ein filial i Gjelsvik. Biblioteket

Frå Bjørnson til Ragde- bokutlån i Askvoll før og no

Av Per Olav Bøyum

Abraham Strømmen

voks opp i Bergen,

men flytta til Askvoll i 1922. Han vart tilsett som styrar ved

Askvoll folke-boksamling året etter.

Til side 30

Page 30: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

30

Utlån Askvoll bibliotek 2006 Utlån Vilnes filial, Askvoll, 1931-32Nr Forfattar Tittel Utlån Forfattar Tittel Utlån

1 Ragde, Anne Eremittkrepsene 21 Bjørnson, Bjørnstjerne Samlede verker 14

2 Nilsen, Olaug Få meg på for faen 16 Falkberget, Johan Bør Børson 13

3 Nesbø, Jo Frelseren 14 Marstein, Helge Bellona : ein sjøroman

11

4 Pettersen, John Maximum 13 Haggard, Rider Kong Salomos miner 11

5 Berglund, Ingrid Det svakeste ledd 13 Kræmmer, Elias Sigurd Seiersborg 10

6 Simon, Francesca Rampete Robin blir rik 12 Sletto, Olav Primas 10

7 Dahl, Roald Matilda 12 Lagerløf, Selma Liljecronas hjem 9

8 Wolde, Gunilla Emma og lillebror 12 Christensen, Hjalmar Samlede romaner 9

9 Nicolaysen, Marit Svein og rotta i syden 12 Einrem, Johannes Gryteng-Guri 8

10 Hoem, Edvard Mors og fars historie 11 Fønhus, Mikkjel Trollelgen 7

11 Brown, Dan Den digitale festning 11 Andersen, Trygve Samlede fortellinger 7

12 Simon, Francesca Rampete Robin lager stinkbombe

10 Duun, Olav Juvikfolket 7

13 Rowling, J.K. Harry Potter og de vises stein 10 Hamsun, Knut Markens Grøde 7

14 Gaarder, Jostein Kabalmysteriet 10 Jaastad, Lars Dagleg braud 7

15 Ragde, Anne Berlinerpoplene 10 Lagerløf, Selma Legender og Fortællinger

6

Tabell 1: 15 mest utlånte bøker i Askvoll �006 og 1931-3�

blei i år 2000 samlokalisert med Askvoll skule. Filialen på Vilnes vart betent av bokbuss til for to år sidan.

Bjørnson og Ragde på toppUtlånsstatistikken for Askvoll i åra 1931-32 viser at Bjørnstjerne Bjørnson tronar øvst. Lista er, som ein kunne forvente, ei blanding av tidlause klassikarar og svunne romanar. Lagerløf, Duun, Hamsun og Fønhus er framleis folkekjære forfattarar som vert lesne av eit breitt publikum. Av lokale namn kan me notere oss Hjalmar Christensen. Han kom frå Førde og skreiv fleire bøker med tema som krinsa om embetsmanns- og bondekultur i Sunnfjord.

Andre forfattarar er trengd ut i gløymsle og mørke. Til dømes er bøkene til Lars Jaastad i dag neppe anna enn magasinfyll i dei største biblioteka. Jaastad var husmannsson frå Ullensvang i Hardanger. Han fann seg ein veg ut av vesaldomen gjennom seminarutdanning og læraryrke. Samstundes skreiv han bøker der motsetnaden mellom samfunnsklassar er eit hovudtema. I Dagleg braud fortel han om husmannssonen Oddmund

som har funne seg arbeid i industristaden Røynsnes (Odda), og som går ut i streik for ein oppsagd arbeidskamerat.

Ei nærare gransking av bøkene som vart utlånte viser at Askvoll ikkje skilde seg særleg ut frå dei generelle trendane i mellomkrigstida. Populære forfattarar som Bojer, Scott, Uppdal, Elster, Frich og Undset var alle på leselista til folk i Askvoll i åra 1931-32.

Mykje av den same tendensen finst òg i dagens utlånsstatistikk. Både på landsbasis og i Askvoll er Ragde og Nesbø omtykte forfattarar. Landsstatistikken gjeld rett nok berre vaksenbøker, og er henta frå Bibliofil, som leverer biblioteksystem til om lag 60% av norske folkebibliotek. For Askvoll er også barnelitteraturen teken med, noko som gjer at samanlikningsgrunnlaget haltar ein del.

Tek kriminallitteraturen over?”Det er i grunnen rart at så mange forbrytere blir tatt her i landet - etter tredve års lesing vet vi jo alt om fingeravtrykk, tropiske giftplanter og alibiets edle kunst.”

Statistikaren og bibliotekforskaren Tord Høivik si litt skjemtefulle utsegn om kriminallitteraturen har ei kjerne av sanning i seg, og vel så det. På landsbasis har utlån av krim vunne ein dominerande plass. Litteratur om dei ”mørke gjerningane” fyller no drygt 50% av alt utlån, litt avhengig av korleis ein definerer ei kriminalbok.

For Askvoll er mønsteret mindre tydeleg, mest fordi barnebøkene også er med på denne lista. Til trass for det utgjer kriminallitteraturen om lag fjerdedelen av bokutlånet i bygda.

For 80 år sidan var det lenger mellom dei utlånte krimbøkene. Årsaka kan ikkje reduserast til ein mangel på slik litteratur. Allereie kring 1900 byrja Sven Elvestad å skrive bøker om detektivhelten Krag. Stor suksess hadde også Detektivmagasinet, der etterforskaren Knut Gribb dukka opp. I tida fram mot andre verdskrigen vart det gjeve ut kriminalbøker frå ei rekkje norske forfattararar, som Olaf Bull, Nordal Grieg og Arthur Omre.

Denne krimbløminga ser ikkje ut til å ha nådd Askvoll. Det næraste me kjem ein kriminalforfattar for dei to utvalde mellomkrigsåra er Øvre Richter Frich. Bøkene hans,

Frå side 29

Page 31: Kjelda nr. 1 2007

31

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Nr Forfattar Tittel Utlån1 Ragde, Anne Eremittkrepsene 76542 Ragde, Anne Berlinerpoplene 64683 Nesbø, Jo Frelseren 47824 Brown, Dan Da Vinci-koden 43135 Lindell, Unni Orkestergraven 37096 Hoem, Edvard Mors og fars historie 35907 Hosseini, Khaled Drageløperen 34268 Fossum, Karin Brudd 33349 Elstad, Anne Karin Hjem 316810 Brown, Dan Engler og demoner 314311 Lindell, Unni Rødhette 293212 Ragde, Anne Arsenikktårnet 278113 Uri, Helene De beste blant oss 277614 Nesbø, Jo Sorgenfri 276615 Nesbø, Jo Rødstrupe 2735

Tabell �: Utlån vaksenbøker i norske folkebibliotek siste seks månader (Kjelde: Bibliofil medio januar 2007).

om den tvilsame helten Jonas Fjeld, kan seiast å vere ei blanding av spanings- og kriminalromanar (Lundeby 1979:24).

FaglitteraturSjølv om dei skjønlitterære bøkene var mest populære i Askvoll kunne ein sogning notere seg med fem utlån for ei historiebok. Lustringen Henrik Angell si ”Fortællinger fra grænsevagten 1905” blei populær lesnad mot slutten av 1932. Angell nådde i samtida ut til eit stort publikum med sine reiseskildringar og sterkt nasjonalpatriotiske forteljingar.

Christen Collin vann seg òg ein lesarkrins i Askvoll med ”Den hvite mands siste chance”. Collin la fram ei biologisk forklaring på kvifor sivilisasjonar kollapsa. Han hevda at undergangen åt dei mektige oldtidsrika hadde bakgrunn i at dei store og gåverike slektene fekk færre ungar, og at det såleis skjedde ei intellektuell utarming av folket.

Elles var det ei rekkje bøker med religiøst innhald som hadde mindre utlån. Særleg kan Sven Scarthum, Einar Berggrav og Edin Holme nemnast.

Ein særeigen bibliotekbruk?Det er ei kjent sak i litteratur-sosiologien at kvinner les fleire bøker enn menn, i alle høve når det dreier seg om skjønlitteratur. I Askvoll kjem me kanskje på sporet av ein mannsdominert lesekultur. Pastor Dahl opplyste alt på 1830-talet at bibliotekbøkene var reine filler, fordi ”lærelystne unge menn især hadde nyttet dem” (Nilsen 1953:343). At bokutlånet på den tida var mannsdominert må

truleg eit patriarkalsk samfunn ta mykje av skulda for. Dessutan var bøkene gjerne av religiøs art, veleigna for bonden og plikta han hadde til å halde husandakt.

Meir forvitneleg er det at menn stod for 64% av utlånet i åra 1931-32. Dei kvinnelege lånetakarane var i klårt mindretal, heilt ulikt det me i dag veit om bibliotekbruk og lesevanar. Sjølv om utvalet er etter måten lite,- 323 lånte bøker for 1931-32,- vil tala gje eit nokolunde røynleg bilete av stoda. Ei god forklaring på bibliotekbruken er det vanskeleg å finne. Kanskje er det slik at menn i Askvoll har lange tradisjonar som lesehestar?

Bokutval og medievanarEin grunnleggande faktor bak utlånet i Askvoll var sjølvsagt boktilbodet. Samlinga i Vilnes kan truleg ikkje ha utgjort meir enn nokre få hundre band. Samstundes var fjernlån frå andre bibliotek neppe var eit etablert tilbod. I stor mon vil difor utlånstala vere eit resultat av bokutvalet. Det kom klårt fram mot slutten av 1932, då Vilnes filial fekk inn nye bøker frå Stongfjorden. Med eitt forsvann dei gamle listeslitarane frå utlånstoppen.

Vurdert mot bibliotekbruken i vår tid syner endringane seg fyrst og fremst i nye medievanar. Dei siste åra har biblioteka fjerna seg frå si eiga etymologiske tyding: Frå å vere samlingar av trykte bøker har dei blitt kulturinstitusjonar og informasjonssentralar med eit mangfelt medietilbod. Utgangspunktet for denne artikkelen har vore det skrivne ord. I dagens Askvoll

er det framfor alt DVDar, lydbøker og spel som ruvar på utlånsstatistikken.

Kjelder• Askvoll kommune. Biblioteket. Utlånsprotokoll 1913-197�• Askvoll kommune. Formannskapet. Møtebok 1837-1869• Askvoll kommune. Formannskapet. Møtebok 1889-1909

LitteraturAnnaniassen, Geir : Bok over land

Dahl, Willy: Hjerte, smerte, blod og død : artikler om trivialiteter og kriminaliteter

Fet, Jostein: Lesande bønder

Høyvik, Tord: Fleire innlegg på bloggen ”Plinius”(http://plinius.wordpress.com/)

Lundeby, Ingard: Kruttrøyk og fullmåne over Andeby: studiebok i populærlitteratur

Nilsen, Halkild: Skolestell og folkeopplysnings-arbeid i bygdene i Bergens stift 1800-1850

Statistisk sentralbyrå: Mediebruk, boklesing, biblioteksbesøk (http://www.ssb.no/emner/07/0�/30/)

Ein stor takk til Randi Bjørneset for bibliotekstatistikk og nyttige opplysingar om Askvoll bibliotek.

Bernt Askevold hadde teologi-

utdanning frå USA, og

fungerte som prest i fleire amerikanske

kyrkjelydar før han

vende heim i 1922. Året

etter donerte boksamlinga si på 1000 bøker

til Askvoll bibliotek.

Page 32: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

3�

I fjor haust var eg på Hebridene. Her vil eg fortelja om ein litt uventa ”suvenir” eg fekk med meg frå fylkesmuseet i Stornoway: - eit fotografi, ein bilettekst og eit ord eg kjende att. BARKING kan stå som stikkord og overskrift. Seinare har eg småforska litt rundt dette litt spesielle reiseminnet.

Men fyrst– kvifor Hebridene? Det er ein stad eg har hatt med meg heilt frå barndomen, gjennom vermeldinga på radio, (”Hebridene og Rockall” var dei to siste stadene i opprekninga til Vervarslinga på Vestlandet), og frå sogebøkene (vikingane som drog i vesterveg, til Hjaltland (Shetland), Orknøyane og Suderøyane (Hebridene) og endå lenger.

Østerhus, læraren på folkeskulen, var god å fortelja. Seinare har eg frå tid til anna streifa innom det

historiske Hebridene i arbeidet mitt på Fylkesarkivet: - dei mange ”namnlause” vikingane som gjennom fleire hundre år kom, herja og handla, takka for seg, eller busette seg på øyane, - eit par tre nordmenn med namn: Ketil Flatnev, hovding og herse med røter i Sogn som skal ha halde til på Hebridene ei tid på 800-talet, og dei seinare kongane Magnus Berrføtt og Håkon Håkonsson som var på besøk med stort leidangsfylgje for å markera norsk overherredømme.

Eit treff av nyare dato var då eg i 2004 arbeidde med S/S ”Norge”-forliset ved Rockall i 1904. To livbåtar vart tekne inn til Stornoway. Så - eg har hatt eit ønskje om ein tur til Hebridene i fleire år.

Museum an eilean (dei to siste orda gaelic, Museet of the isles, for øyane) i den størst byen Stornoway, var eitt av reisemåla. Der har dei ei utstilling besøkande kan ”gå” seg ein snartur gjennom

heile soga til øygruppa – frå steinalder til vår tid. Eg gav meg best tid i vikingavdelinga (The Vikings ca AD 800 – 1266), men fekk meg også ein litt lenger og uventa stogg ved ei utstillingsplate i den siste delen av utstillinga, - eit stort fotografi av fiskebåtar på hamna i byen, påtrykt teksten Drifters barking the nets, Stornoway. På tekstplata ved sida står:

Herring nets were made from cotton [..]. These had to be treated to preserve them (utheva her). Traditionally they were soaked in a

liquid with tormentil and water-lily plants. Later a commercial product – ”Burma Cutch” – was used dissolved in hot water. The photograph shows nets beeing barked aboard steam drifters in the harbour.

Barking the nets… Eg såg og las noko i utstillingsmonteren som eg kjende att frå min eigen barndom, - ein arbeidsprosess (eit gjeremål) og eit ord, her på Hebridene. Eg voks opp i Ryfylke rundt 1950 på ein gard som ligg til sjøen. Me vart tidleg sleppte til i robåt og tekne med i småfisket til huset, - med pilk, dorg, bakk (line) og garn. Hendinga som dukka fram i minnet på museet i Stornoway, var at far ein gong kom til husar med eit par splitter nye garn. Dei var heilt lyse i fargen. Dei måtte

Hebridene - Sogn og Fjordane:

BARKING – same ord for same gjeremål

Av Hermund Kleppa

Oppgåver over bork i sekker frakta med Fylkesbaatane i åra 1918 og 1919 oppsette kommunevis (kommunane på den tida). Kjelde: Trafikkplankomiteen av 1919. Oversynet er delt i tre bolkar, a) kommunar med oppgjevne tal, b) kommunar med null, og c) kommunar det ikkje er oppgåver frå.

a) Kommunar med oppgjevne tal:

�030 Fjaler (1313 frå Flekke)1980 Naustdal 555 Balestrand (mest Vetlefjorden og Lånefjorden) 43� Hyllestad 4�0 Gaular (skipa ut frå Vadheim) 197 Gloppen 180 Innvik 166 Brekke 150 Breim 114 Davik 70 Hafslo (Marifjøra) �6 Vik (Sylvarnes) 5 Luster (Gaupne) 1 Bremanger (Kjelkenes)

b) Kommunar som står med null i rubrikken ekspedert bork:Årdal, Lærdal , Aurland, Sogndal, Gulen, Solund, Askvoll og Nord-Vågsøy.

c) Kommunar det ikkje er oppgåver frå: Stryn, Kyrkjebø, Lavik, Jølster, Førde, Vevring, Kinn, Sør-Vågsøy og Selje.

Faksimilene til høgre: Bork var handelsvare og somme hadde barkeri. A. Haave i Florø averterer at han har bork til salgs og barkeri. (Firda Folkeblad, 04.08.1925). I den andre annonsa er det P. Terdal i Bremanger som averterer at notbruk kan koma å hengja nøter og barka (Fjordenes Tidende, Måløy, 22.02.1937).

Page 33: Kjelda nr. 1 2007

33

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

barkast – for å få ein mørkare farge, og for å gjera bomullstråden meir haldbar.

Me felte (hogg) bjørk, flekte av nevra, deretter borken – som me turka, laga avkok (log, lut) av i ein stor koparkjel i grua i eldhuset, auste oppi ei stor tønne, og stappa garna oppi. Me barka dei nye garna, me dreiv dreiv med barking – me brukte det same ordet for same gjeremål som fiskarane på Hebridene.

Frå Kleppa såg me over til Hundsnes. Der dreiv dei stor i fiske, verkeleg stort, med fleire fiskefarty og svære sjøhus. Ei tid dreiv dei notbarkeri og. Noteigaren Mikal Viga var vide kjend, samleis sonen med same namn. Det var Litle-Mikal som ein dag i februar 1950 stengde Hovdevågen på øya Hovden i Flora, og etterpå melde inn 87 000 hl sild til Sildesalslaget.

Mikal Viga sitt storkast med skøyta ”Margit Viga” (oppkalla etter kona, Margit Hauge, som var frå Dale i Sunnfjord) kom med i artikkelverket Familieboka, og det fekk eit eige kapittel i Malvin Toft si bok Sildeeventyret i 2004.

Barking the nets, stod det. Eg fekk med meg ein liten tråd, noko å spinna vidare på. Vel tilbake i Sogn og Fjordane, kontakta eg Kaare Risnes (82) på Leikanger. Eg rekna med han at han visste noko om barking. I heile oppveksten var han med på laksefiske i Sognesjøen, også kalla Losnaosen, ytst i Sognefjorden.

Fire bruk på Risnes i Lifjorden (arm av Sognefjorden i Hyllestad) hadde lakseverp her. Dei bytte plass kvart år. Det skulle vera likt.

Kaare Risnes fortel at han levde opp med barking av bommullsnøter frå han var 6-7 år til han var 17, då han reiste ut. Barking var ei impregnering av bomullsmaterialet. Det var garvesyra i borken som hadde konserverande verknad. Til anna materiale som hamp, vart det brukt blåstein.

Borken kjøpte dei i sekkjer. I Sunnfjord var det visst ein heil liten industri å produsera bork. Så hadde dei borken oppi eit kar fylt med sjøvatn. Det måtte vera noko temperatur på vatnet, det vart som ein gjæringsprosess, det skumma. Oppi dette hadde dei nøtene. Dei måtte oppi og trø for å få alt godt nedi. Nøtene låg i barkekaret natta over. Då var det å hala opp og hengja til turking. Nøtene måtte turkast før dei hadde dei oppi barkekaret og før dei kunne setjast i sjøen. Elles var det om å gjera

å utnytta barkevæska så godt det let seg gjera. Difor drog dei nota opp or stampen over staurar med eit kar under. Det var om å gjera å missa minst mogeleg.

Dei byrja å barka om våren når fisket tok til, kvar fjortande dag gjennom heile sesongen. Barking og turking var hardt arbeid. Mellom gutane vart det ein ”krig” om å sleppa unna arbeidet – som føregjekk frå fredag kveld – og då særleg når dei kom litt oppi åra. Då ville dei heller gå på dans. Under krigen vart fredningstida innskrenka, frå laurdag kveld til måndag kveld. Arbeidet dei før hadde tre døger på, måtte no gjerast på to.

Mange år seinare, tidleg på 1950-talet, vart det kjøpt inn ei tønne frå Drægni sin fabrikk i Leikanger. Tønna hadde vore brukt i saftproduksjonen der. Meininga var å bruka tønna til barking, men det vart ikkje nødvendig fordi nylonøtene kom akkurat på den tida. Tønna har dei enno i Lifjorden og eit par sekker med

bork.

Flekke i Fjaler – storprodusent av bork”Ein heil industri i Sunnfjord”, nemnde Kaare Risnes. Eg kom til å tenkja på om me på Fylkesarkivet har litteratur eller arkivmateriale eller fotografi til å fylgja denne opplysninga litt lenger. Eg henta fram Trafikkplankomiteen av 1919 si innstilling til ny trafikkplan i Sogn og

“Barking the nets” – bilete

og tekst i utstillings-monter på

museet i Stornoway, Hebridene.

Fiskarane held på å barka garna sine.

Eg ventar på ein betre

reproduksjon frå museet.

Til side 34

Stor tønne på sjøbud

i Lifjorden, kjøpt frå

Drægnis saft- og syltetøy-

fabrikk på Hermansverk

på 1950-talet. Meininga var

å bruka tønna til barkekjer, men det vart

slutt med barking då

nylonnøtene kom i

staden for bomullsnøtene

omtrent på same tida.

(Foto: Kaare Risnes).

Page 34: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

34

Fjordane. Denne boka har ein bolk med omtale av kvar kommune. Her står allslags opplysningar om vegar og posthus og næringsliv og mykje anna.

I somme kommune-kapittel står det liste over vareslag og varemengder som vart ekspederte med Fylkesbaatane: ”Gammelost i kasser” [..] ”Tomtønder antal” [..] Ved i maal [..], Einestaur [..], Næver i knipper” og bingo!! ”Bark i sækker.”

Tala viser berre ein del av den samla borkproduksjonen i fylket. Mykje av borken har falle utanfor denne statistikken. Det manglar oppgåver for fleire kommunar. Me kan rekna med at noko bork vart produsert til eige bruk, og at bork vart frakta på andre måtar enn med Fylkesbaatane. Likevel står me att med tal som til fulle stadfester kva Kaare Risnes meinte han hadde høyrt – at det var ”ein heil liten industri i Sunnfjord”.

Fjaler og Naustdal plasserer seg suverent på toppen. Vidare kjem Flekke fram som den heilt store utskipingsstaden i åra 1918-1919. Flekke har over ein firedel av all borken som vart sendt med Fylkesbaatane frå Naustdal og Fjaler tilsaman. Gaular kjem òg fram som ein betydeleg

borkkommune. I Sogn er det Balestrand og Hyllestad som har mest, med Vetlefjorden og Sværefjorden som sentralområde i Balestrand. I Nordfjord kjem sørsidekommunane Innvik, Breim, Gloppen og Davik fram med nokolunde same kvantum.

Barking i høve til behandling av skinnEg spurde med det same Kaare Risnes om han kjenner til barking i høve til behandling av skinn. Ja, var svaret, det er same metode, å leggja skinn i barkelog for å impregnera, gjera haldbart. Skinna måtte fyrst liggja til blot i vatn ei tid. Skinna røytte, det vil seia at håret losna. Så var det å skrubba av hår og feitt.

Om bork og barking i andre kjelderKaare Risnes hadde mykje å fortelja. Vidare vil eg ta med opplysningar om bork og barking frå andre kjelder, både frå kjelder eg har fått tips om, eller sjølv har kome over.

I ei fiskarsoge for Sogn og FjordaneI 1939 kom det ut ei fiskarsoge

Frå spørjelister (NEG) om borketaking. Johan Dingsøyr på garden Dingsøyr i Guddal sitt svar stadfester det Kaare Risnes hadde høyrt, at borkeproduksjon var ”ein heil industri i Sunnfjord”. Dingsøyr fortel om borkeproduksjon i Guddal og at dei frakta salsborken ”til sjøen”, dvs. Flekke. Opplysningane var etter slik han hugsa frå barndommen og hadde vore med på. I attgjevinga her tek me berre med svara.

1. (...).�. Det var mest bjørkebork som vart nytta her i bygda. Noko lite vart nytta til dyrefor (skav) helst osp og rogn.3. Å taka bork av trea, kalle dei her for flekking.4 og 5. Dette arbeidet var ei særskilt vinne kring slutten av juni og byrjinga av juli.6. dette var helst mannsarbeid.7. Arbeidsreiskapen var kniv og ein borkespade som var laga av eine. [liten teikning]8. Ein tok for det meste borken berre av stomnen [dvs. ned på treet].9. Det avberkte treet vart nesten alltid nytta til ved.10. Her hjå oss hadde ein små borkeløer i bjørketeigane der borken vart lagra til vinteren, og då kjøyrd til gards. Borken måtte berast frå trea og fram til løa.11. Borken vart tørka på staden der den vart teken.1�. Den borken som skulle nyttast på garden vart knust med ymse reiskap. Dette føregjekk på låven og det vart nytta tust [slagreiskap for tresking] for det meste. Også klubbe og øksehammar vart bruka. Borken måtte knusast så fint som mogeleg.13. Dette var helst mannsarbeid [knusinga].14. Borken vart oppbevart i kar (strokkar) og kanskje også sekker.15. I vår bygd var det ikkje borkestampe.16. Her i bygda vart det selt ein god del bork, og helst til handelsmenn ved sjøen [Flekke]. Det førekom og noko byte med fiskarar ute på øyane. (Sildefiske.)17. Byte av bork i fiske og sild kom som regel i stand etter kjennskap under fiske.18. Det var alltid knust bork som vart seld. Den vart køyrd med hest til leveringsstaden ved sjøen.19. Ein kjenner ikkje til at det var oppkjøparar som for rundt og tinga eller kjøpte bork.�0. Eg kan ikkje gi noke opplysningar om salg til garvarar.�1. Kjenner ikkje til at skomakarar har kjøpt bork.��. Borken vart seld etter vekt (kg.).

Bork i sekker i Lifjorden. Borken vart kjøpt inn rundt 1960, men då nylonnøtene kom, vart det ikkje bruk for han. (Foto: Ove Losnegård).

Frå side 33

Page 35: Kjelda nr. 1 2007

35

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

for Sogn og Fjordane. Bernhard Færøyvik var redaktør. Forfattarne brukte for ein del Hans Michael Seehus (1767-1784) sin topografiske beskrivelse over Nordfjord som kjelde. Seehus var fødd i Øn sokn, Hyllestad. Han var mykje i Nordfjord i unge år før han reiste til Danmark og vart buande der. På side 67 står det:

Garni barka dei. Han (dvs. Seehus) meiner at det var mest for at dei skulde vera mindre synberre i sjøen. Men ”efter nogles rimelige Paastand” skulde dei og verta sterkare.

Norsk etnologisk gransking (NEG)Norsk etnologisk gransking, sine spørjelister om arbeid og arbeidsmåtar omfattar åra 1947 - 2006. Folk rundt om i bygdene har svara på oppsette spørsmål. Emnenr. 132 (1981) var borketaking. Fylkesarkivet har kopi av spørjelister og svar. Det er fem svar om borketaking. Svara til Johan Dingsøyr er tekne med i eit eige oppslag (sjå eigen boks).1. Johan Dingsøyr, Dingsøyr, Fjaler�. Sverre Myklebust, Flatjord, Jølster3. Herborg Indrehus, Midt-Nordgulen, Bremanger4. Sverre Barmen, Barmen, Selje5. Erik E. Hæreid, Hæreid, Årdal

I ei dagbokEin lærdøl førte dagbok midt

på 1800-talet. Han noterte opplysningar om ver og vind, folk og fe, daglege gjeremål og mykje anna. Barking av huder og skinn var eitt av gjeremåla til dagbokskrivaren.

1855 20de November lagde jeg ned Oxehuden til Barkning, jeg og David Richum1854 den 13 November lagde jeg i Elven Kyrehuden, tænker jeg faar tage den op igjen den 25de November, Løverdag, men Bark mangler der os, Gud ved hvor vi skal faa den fra, Holten har vel ingen.1858 den 13de November lagde jeg i Routa Grisehuderne og den Varr Kouden i Kalkrouting, Kohuden har ligget i Elven siden 3die November i rindende Vand. Jeg faar lægge den i Barkning nu 20/11 om Gud vil.

Me ser at mannen la skinna i rennande vatn ei vekes tid, deretter i borkelog. Hausten 1854 ser det ut til å ha vore liten tilgang på bork. Holten (Holt) var handelsmann. Ein skulle kanskje venta at dei ordna seg med bork sjølv der dei hadde skog, og det hadde dei vel i Lærdal? Merknad: Trur at ordet routing betyr røyting.

Hjå Petter DassÅ bruka bork til å gjera haldbart og til å farga har ei lang historie. Petter Dass nemner metoden i eit

par liner i diktsyklusen kjend som Nordlands Trompet, i sekvensen om lappane og finnane. Me høyrer om hanskar, støvlar og ver (som i dynetrekk) laga av ”Huuder og Skind”, farga (befarvit) av bork av treet or eller older (Barken af Olderens Veed).

Skind-Handsker, Find-Støvler og Dyne-Skinds Vær Af Huuder og Skind heel behændig beredBefarvit med Barken af Olderens Veed

På VerdsvevenJan Talsethagen på Kaupanger fann ein godbit til meg på Verdsveven, eit fotografi av barking i Edinburgh (til venstre). Ei dame i Australia hadde kome over biletet saman med gamle papir ho hadde føre seg då ho heldt på med slekstgransking. Tanning or

Johan Dingsøyr

(1908-1987) frå Guddalen

og kona Aslaug (1914-1977). Johan

Dingsøyr svara på spørsmåla om ”Bork og borketaking”

frå Norsk etnologisk gransking.

(Sjå boks side 34). (Eigar:

Fylkesarkivet i Sogn og

Fjordane).

Barking i Edinburgh. Sjå

teksten ’På Verdsveven’.

Til side 36

Page 36: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

36

Det var ingen gardbrukarar som oppnådde premie etter desse reglane! Først då landbruksselskapet innførte premiar for snevrare fagfelt, og særleg etter at det kom statlege midlar til premiering etter 1900, kom det fortgang i premieringsverksemda. Og då var det ikkje berre snakk om premie (dvs. kontantutbetaling) men og premielån. Premielån vart innretta slik at lånet med renter vart ettergjeve viss tiltaket (t.d. utbetring av gjødselstell) vart gjennomført innan fristen. Viss ikkje måtte heile lånet med renter betalast attende.I perioden 1900-1920 vart det utdelt 827 lån og 263 premiar.

Den andre premiekategorien var premiar for flinke tenestefolk. Den vart innført av landbruksselskapet i 1861 og galt begge kjøn. Budeiepremien som Eli Lefdal vann var i denne kategorien. Vi veit diverre ikkje så mykje om tidlegare premievinnarar her. Jens Lunde fortel i boka si at i 1861 vann ei ”tjenestepige Brita Torkildsdatter Wigøren …til Husbondsfolkets store tilfredshed, en sølvske, verdi 3 spd.”Budeiepremie vart for øvrig delt ut av selskapet heilt fram til 1960-talet.

Kjelder:• Lunde, Jens:

Sogn og Fjordane Landbruksselskap (Førde 1957)

• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-�000131 Sogn og Fjordane Landbruksselskap, mappe ”Budeiepremiering 1903)

• Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: K-14�80.150 Askvoll kommune. Formannskapet. Brev til ordføraren 03.11.190�

Frå om lag mars månad vil internettregistreringa vere i gang, og biletinformasjon- og tekstar til bileta frå samlingane Døsen og Brathole vil såleis bli fortløpande publisert på Fylkesarkivet sin nettstad (http://fylkesarkiv.no). Er du interessert i å følgje med på arbeidet med bileta frå Luster kan du gå inn på fylkesarkiv.no og søke fram samlingane SFFf-100106 (Døsen) og SFFf-100114 (Brathole).

Kjelder- Bonge, Susanne (1980), Eldrenorske fotografer: Fotografer ogamatørfotografer i Norgefrem til 19�0, BergenUniversitetsbiblioteket i Bergen- Engesæter, Aage (1998), ”Unikfotosamling til museet”, i Årbokfor Sogn, 44: 108-1�5- Informasjon frå Aage Engesæter.

Barking the Nets at the Harbour, stod det. Ho lurde på om nokon visste noko meir om biletet. Ein mann visste beskjed:

”After the nets had been boiled in the cutch solution [avkok av bork av treet shah, Burma] they were taken on wheel barrows to the Fishermans Park and hung to dry on the mast like poles therin. As youngsters, we used to help with this filthy chore. We were rewarded with a bag of herring when they turned up towards the end of the year, and scolded when we got home for being so dirty and smelly.”

Kjelder:- Nettstad Norsk etnologisk gransking (NEG): http://www.norskfolkemuseum.no/neg/negsplst.html

Bilete til artikkelen ’Barking - same ord for same gjeremål’.Fylkesarkivet har sikra seg ein prøve av borken som blei liggjande att i Lifjorden, her på Løveglas i ei bokhylle frå det gamle fylkesmannskontoret.

Frå side 5 Frå side 23 Frå side 35

Page 37: Kjelda nr. 1 2007

37

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

Amerikaimpulsar til Sogn og Fjordane

Av Roger Kvarsvik

Perioden med masse-emigrasjon til USA frå Europa tok til i 1880 og vart avslutta i 1930. Då kom restriksjonar, lover og den store depresjonen. Nærare 850 000 utvandra frå Noreg i tida 1825-1924, og heile 87 prosent av desse drog i tidsrommet 1865-1924. Dei fleste som utvandra fram til rundt 1880 var bondefamiliar som reiste for å busette seg permanent i Amerika. Frå 1880 vart det enklare og billigare å reise. No starta ei utvandring der ungdommar, og i særleg grad menn, reiste åleine.

Etterkvart som jordbruksområda i Midtvesten vart opptekne, tok fleire arbeid i byane, ved jernbana og i skogbruket. Denne nye typen utvandrarar tenkte meir kortsiktig, og såg Amerika som ein førebels arbeidsmarknad der målet var å tene pengar som skulle nyttast godt når dei kom heim att. Desse vart kalla for ”pendlarar”, og drog over til Amerika fleire gonger før dei busette seg i Noreg att.

Sjølv om ikkje Sogn og Fjordane var det mest markante fylket når det galdt tilbakevandring, var det ein god del som valde å komme heim for godt. Statistikk syner at om lag 25 prosent av alle utvandrarar som drog til Amerika etter 1881, busette seg på nytt i Noreg mellom 1891 og 1940.

Pioneren i norsk migrasjons-historie Ingrid Semmingsen skriv i Veien mot Vest (1950), at dei heimvende norskamerikanarane frå slutten av det 19. århundre og fram til 1920-åra hadde mykje å seie for lokalsamfunna der tilbakevandringa var stor. Dei tok med seg erfaringar og ikkje minst kapital som vart investert i ulike næringar. Semmingsen skriv også at i mange tilfelle gjorde dei heimvende ein stor arbeidsinnsats og skapte nytt initiativ i heimbygda. Dette skal me sjå nærare på.

Pendling til AmerikaFleirtalet av dei som vende heim brukte amerikapengane på bustad, gardsdrift og jord. Ein av desse var ”pendlaren” Simon Eliasson frå Naustdal. I 1888 overtok Simon eit bruk på Indrekvam, og drog til Amerika for å tene pengar til garden. I 1898 reiste han ein ny driftsbygning på garden og i 1910 eit nytt våningshus. Dette var kostbart, og måten Simon finansierte nybygga på, viser korleis mange tilsvarande ”pendlarar” på 1900-talet tenkte. Han såg på Amerika som ein mellombels arbeidsplass for å tene dei pengane som var naudsynte. Fyrste turen tok han i 1906, og fekk arbeid på eit sagbruk, og var deretter på skogsarbeid.

I 1909 vende han heim, og da våningshuset stod ferdig tok han ein ny tur til Amerika, der han frå 1910-1914 jobba som skogsarbeidar og på eit damanlegg. Simon kom heim att og vart i Naustdal i 6 år før han i 1920 drog sin siste tur til Amerika. Denne gongen vart han verande i heile 10 år, og i løpet av denne tida fekk han prøvd fleire yrke. Han tok først arbeid på eit jarnverk, deretter i anleggs- og bygningsbransjen, vidare på bilfabrikken til Henry Ford og til slutt tre somrar som fyrbøtar på turistbåtar på Detroit River.

I dei åra han var og tente pengar i Amerika, var det kona, Oleanna som måtte ta seg av gardsdrifta med hjelp frå borna. Å vere borte så lengje som ti år i gongen, slik Simon Eliasson gjorde, var svært uvanleg for ein pendlar, både når det galdt tidsperspektivet, og med tanke på at han hadde familie heime. At mange av dei heimvende i fylket investerte i bustadar vart lagt merke til.

Distriktslegen i Ytre Sunnhordland noterte i førre hundreår at det var framgang i bustadar blant bøndene. Bustadane vart betre bygd enn tidlegare, og æra for dette gav han til amerikapengane som følgde den heimvende amerikafararen.

Nybrotsmann i JølsterUndersøkingar frå 1920 viser at størsteparten av dei som vende heim att var menn under 40 år, og at litt over 80 prosent av desse slo seg ned i grenda dei var fødd i. Henrik Danielson Dvergsdal frå Jølster var ein av desse. Han kom heim i 1929 etter omlag åtte år i Amerika og starta som bureisningsmann i Dvergsdalsdalen. I Bygdeboka for Jølster (1985) skriv Anders O. Klakegg at ”med den sterke arbeidsviljen og innsikt i arbeidet, vart han den mest kjente nydyrkar i Jølster i seinare tider (…) og nydyrkinga hans Henrik fekk store fylgjer lenger oppi dalen på Dvergsdalssia.” Dette resulterte i at han vart føregangsmann for eit av dei største nybrotsfelta i Sogn og Fjordane.

I 1962 fekk Henrik D. Dvergsdal den høgaste utmerking ein bonde kunne få: Sogn og Fjordane landbruksselskap sin medalje i gull, og diplom. Landbrukssjefen uttalte at Henrik kunne samanliknast med Isak Sellanrå i Knut Hamsun si bok Markens grøde.

Tobakksdyrking i SognI Aurland si bygdebok Undredal og Nærøy: gard og ætt (2006), kan vi lese om ein annan føregangsmann. Han skulle ikkje berre bringe liv til heimbygda, men også til store delar av Indre Sogn. 26 år gamle Øystein Underdal kom tilbake til Undredal i 1882 etter å ha vore sju år i Wisconsin. Der hadde han lært seg å dyrka tobakk, og dette fortsette han med etter han slo seg ned i Undredal. Tobakksfrø frå Amerika vart sådde, og han starta raskt med å lære bøndene å dyrke tobakk. Ikkje berre i Undredal, men også i store delar av Indre Sogn. Øystein Underdal var som mange norskamerikanarar samfunnsengasjert. Han var medlem av kommunestyret og formannskapet, og var også varaordførar i ein periode.

Ingvald Martinussen, opp-rinneleg frå Sunnmøre, var ein annan som hadde vorte kjent med

Til side 38

Page 38: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

38

tobakksdyrkinga i Wisconsin. Han slo seg ned i Luster tidleg på 1890-talet etter å ha vore i Amerika. Martinussen satsa stort på tobakksdyrkinga, og fekk også mange andre gardar med seg i løpet av kort tid.

Eit lite tobakksmiljø frå Wisconsin vart bokstavleg talt planta over i sognsk jord. I måten dei organiserte arbeidet på kan me sjå at impulsane frå Amerika var sterk. Dei innførte amerikanske reiskap, konstruerte ”tobakkshus”, og amerikanske ord vart vanlege å bruke i dyrkinga. Korleis såg så dei andre i bygda på tobaksdyrkinga? I Veien mot vest (1950) kan vi lese at doktoren i Lærdal omtalte tobaksdyrkinga som god verknad på naboane. Vidare slo doktoren fast at ”norskamerikanarane viste sogningane at ei kvar bedrift som skulle lønne seg måtte passes nøye samt flid og iherdighet.”

Hotellskiping i BalestrandEtter fleire år i Amerika med hardt arbeid på farm eller i skogsdrifta, var det ikkje alle som følte for å investerte pengane i gardsdrift eller jord. Nokre brukte også pengane dei hadde tent til å starte eller kjøpe seg inn i forretningsverksemder. Knut Kvikne var ein av mange frå Lærdal som drog for å prøve lykka i Amerika. Etter å ha lagt seg opp ein god del med pengar i det nye landet, valde Knut tidleg på 1880-talet å reise heim til Noreg og Balestrand. Han investerte ikkje sparepengane sine i gardsdrift slik Simon Eliasson frå Naustdal gjorde, men i eit gjestgiveri med fire senger som bror hans Ole eigde. Ved hjelp av denne

investeringa vaks gjestgiveriet seg opp til å bli Noreg sitt største hotell med heile 200 sengeplassar i 1913. Hotellet vart kjent utanfor Noreg sine grensar og Balestrand vart eit populært reisemål, særskilt for engelske turistar.

Den tidlegare amerikapendlaren Hermund Steffenson var ein av dei som nytte godt av den store mengda internasjonale turistar som ferierte i Balestrand. Han dreiv nemleg sal av suvenirar ved Balahaugen etter at han kom attende frå Amerika.I Amerika hadde Knut forandra etternamnet sitt frå Kvigne til Kvikne fordi amerikanarane hadde problem med å uttale namnet. Broren Ole skifta også namn fordi det skulle være lettare å uttale for dei utanlandske turistane han venta. Knut Kvikne bygde også den kjende engelske ”St. Olavs Church” for turistane. Han og kona, Margaret, som var ei engelsk prestedotter, gjorde eit stort arbeid her. Johan Laberg skriv i bygdeboka for Balestrand : bygd og ætter (1934), at ”bygdefolk tykte godt um at denne kyrkja vart reist. Og dei var med og arbeidde friviljug på grunnmuren og muren til kyrkja.”

Fabrikkarbeid i SandaneSom Knut Kvikne fatta amerika-pendlar Anders Hansen frå Utvik interesse for straum og kraftanlegg. Anders Hansen kom heim frå sin andre tur i Amerika og kjøpte i 1906 Evebøfoss Mølle og Shoddyfabrikk (tekstilavfall frå ull og bomull) ved Storelva i Gloppen. Han kjøpte også fallretten på halve fossen i Gloppen, og fekk i 1909 bygd eit kraftverk. Straum vart ikkje berre levert til fabrikken, men omlag

50 husstandar i Sandane sentrum vart også abonnentar.

Evebøfoss Fabrikkar vart tidleg på 1900-talet eit av dei største industrianlegga i fylket. Ved sia av Vadheim og Stongfjorden var dette den første straumleveringa til vanlege hushald i fylket.

Fruktplantasje og gullgruve i Førde”Plassguten frå Førde som vart uppfinnar og fabrikkeigar i U.S.A. og sidan bygde på heimetufter so det har gått gjetord av det.” Slik lyd ei av overskriftene i bladet Jul i Sunnfjord (1938). Dette vart skrive berre nokre månader etter at hovudpersonen døydde av hjernebløding 65 år gamal. Mannen var Andreas Olai Mo. I følgje Førde bygdebok (1990) vart han var fødd på garden Mofleten i Førde 28. desember 1873.

Han flytte til Bergen og arbeidde her ved ein papirfabrikk i sju år før han utvandra til Amerika 22 år gamal. Det første han gjorde var å dra til Alaska for å leite etter gull, der heldt han til i sju månader. Deretter arbeidde han heile 12 år på ein fruktfarm, før han prøvde seg som elektrisk sveisar og fabrikkarbeidar. Til slutt eigde han to store fabrikkar i Toppenish, Washington. I Amerika skifta han namn til Andrew Moe, og fabrikkane vart difor kalla Moe iron work. Manufactures of fruit cleaning and packing appliances. Han hadde i 1929 heile 100 mann i arbeid.

Ein dag oppdaga han at rekneskaps-føraren var borte saman med ein god del pengar han eigde. Han selde difor den eine av fabrikkane, medan den andre vart overteken av eit konsern som han sjølv hadde aksjar i. I 1930 tok han ein tur heim til Mofleten for å vitje systera si. Staden passa perfekt for fruktdyrking, og han bestemde seg difor for å byggje ein fruktfarm. Pengar hadde han visst nok av, for Førde Sparebank kunne ikkje ein gong ta imot alle sparepengane han hadde tatt med frå Amerika.

Han hogde skog, sprengde berg og ein fruktplantasje med over 5000 tre vart eit faktum. Også ein bilveg med kostnad kring 9000 kr vart bygd opp til tunet og til fruktplantasjen. Samstundes med dette vart det bygd ei kraftlinje for straum til huset og verkstaden.

Under ein jakttur i 1930 fekk han auge på noko glinsande i berga. Han fekk undersøkt berget, og det viste seg å være eit gullskjerp. Våren 1931 vart folk leigde inn til å sprengje i gullgruva som låg i Blåane i Flugedalen. Litt gruvedrift var det, men den tok slutt då Andrew Moe

Kristiane Flekke Olson f. 1876 utvandra til USA før 1900. På dette biletet er ho heime på besøk i Flekke, Fjaler kommune. Dette var den einaste turen til gamlelandet sidan ho utvandra. På biletet har David Hustveit, Inger Hustveit og Kristiane Olson teke seg ein tur med hest og kjerre. Norsk-amerikanarar som var på vitjing hadde ofte fine klede. Kristiane var ikkje noko unntak.

Frå side 37

Page 39: Kjelda nr. 1 2007

39

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

døydde i 1938. At sambygdingane var godt nøgde og sette pris på den heimvende utvandraren kan det ikkje vere tvil om. Jul i Sunnfjord (1938) skriv at det aldri hadde vore satt i verk eit større privat arbeidstiltak i Førde, og at ”ingen einskildmann i seinare tid har gjort so mykji for bygdi her som han.” I Jul i Sunnfjord (1980) kan vi også sjå at Moe framleis var hugsa. I dette nummeret blir det omtala korleis Andrew Moe sine erfaringar frå Amerika kom bygda til gode:

”og slik han nytta dei verdiar han hadde vunne - til å byggja ut og vyrdsla den vesle fattigslege barndomsheimen sin, - æra sine foreldre og gjere ein innsats for si heimegrend - leggje ein provins - om han ikkje var kjempestor - til landet, vil avkrevja oss ein viss respekt for mannen og livsverket”.

Røynsler frå AmerikaFelles for desse føregangsmennene som no er nemnde var at dei kom heim med erfaringar, kunnskap og pengar som vart investerte i ulike føretak som skapte nytt liv i bygda. I Amerika hadde dei erfart ein atskillig hardare arbeidskvardag, og ein meir nådelaus arbeidskultur enn dei var vande med heimafrå. Dei hadde også erfart at det var mogleg å oppnå suksess med hardt arbeid og pågangsmot.

Dette passar godt med synet den amerikanske migrasjonsforskaren Mark Wyman har på emigrantane som kom tilbake. I boka Round-Trip to America. The immigrants return to Europe 1880-1930 (1993), slår han fast at emigrantane som kom tilbake til Europa etter å ha vore i Amerika hadde gode ferdigheitar og kunnskapar til å drive forretning, til å leie store prosjekt og handtere fleire ting samstundes.

Ikkje alle oppnådde lykke i heimgrendaDesse føregangsmennene haddetydelegvis nokre av desse eigenskapane, og fekk såleis ein positiv innverknad i lokalmiljøet dei busette seg i, men langt i frå alle opplevde å komme heim og heve levestandarden. Knut Djupedal skriv i si magisteravhandling ”Dei va best sett, dei so va omtrent i balanse” : en undersøkelse av verdensbildet i Selje i 1920 (1985), at det i Selje var forventa at utvandrarane

skulle komme heim med pengar. Bygdesamfunnet var kritisk mot dei som tok sjansen på å reise, og om utvandrarane returnerte like fattige som då dei drog, risikerte dei å bli gjort narr av når dei kom heim. Djupedal fann også ut at ein del nekta å komme heim nettopp fordi dei ikkje ville utsetje seg for ei slik handsaming. Ein skal heller ikkje sjå bort i frå at dette var tilfelle andre stader i fylket.

Å bli godtatt, og ikkje minst beundra av lokalmiljøet, var ikkje noko sjølvsagt for den heimvende. Også utvandraren som hadde gjort det godt i Amerika, eller heime, kunne få problem med å tilpasse seg sitt opphavlege miljø. Ein må hugse at han hadde brote med miljøet, vakse seg inn i eit nytt, og tileigna seg amerikanske normer og verdiar. Når utvandraren då kom attende til eit konservativt jordbrukssamfunn med pengar, andre klede, friare haldningar, andre vanar, ord og smakspreferansar kunne han eller ho fort bli ein trugsel mot den lokale kulturen. At ein kunne få problem med å innpasse seg etter fleire år i Amerika kan ein finne spor av i emigrantviser:

I come to Norway from United States --- In Sunnfjord mig ingen forsto’, no. De satt bare op noen fjæs, yes ---

for det har jeg en gang forsvoret mig, til Sunnfjord jeg ei vil hen.

Andreas Bøe reiste frå Hyllestad til Amerika i 1906. I 1960 kom han heim til Leirvik på besøk etter 54 år i Amerika, og ferierte der i nokre månader. Han hadde tydelegvis latt noko av dialekten gå i gløymeboka, og dette vart det gjort narr av. Det vert sagt at då han kom heim snakka han ”indre-sogning”, fordi han på båten heim hadde reist saman med folk frå Vetlefjorden.

Prenta kjelder• Borgen Førsund, Finn: Førde

bygdebok. Førde kommune, 1990.

• Djupedal, Knut: ”Dei va best sett, dei so va omtrent i balanse” : en undersøkelse av verdensbildet i Selje i 19�0. Magistergradsavh. i folkloristikk - Universitetet i Bergen, 1985.

• Engesæter, Aage: Turiststaden Balestrand : om reiselivsnæringi i Balestrand

før 1914. Lokalhistorisk undervisningsstoff. Sogndal: SFdh, Balestrand kommune, 198�.

• Espe, Alfred, Gram, Olav og Hovland, Kåre: Lærdal bygdebok. Lærdal kommune, 1987.

• Grimeland, Magnus: ”Gullgruva”, i Jul i Sunnfjord. Sunnfjord sogelag, 1980.

• Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster : ættesoge 1801-1974. Jølster kommune, 1985.

• Klevland, Geir: Naustdal bygdebok : gards- og ættesoge. Naustdal sogelag, 1985.

• Kvideland, Reimund: Emigrantviser - propaganda og nostalgi. Universitetet i Bergen. Etno-folkloristisk institutt. Særtrykk ; 3. Oslo, 1975.

• Laberg, Jon: Balestrand : bygd og ætter. Bergen, 1934.

• Laberg, Jon: Lærdal og Borgund : bygd og ætter. Bergen, 1938.

• Ohnstad, Åsmund: Undredal og Nærøy : gard og ætt. I serien til Aurland bygdebok. Aurland sogelag, �006.

• Ringdal, Siv: Det amerikanske Lista : med 110 volt i huset. Pax forlag, Oslo �00�.

• Sejerstad, Francis og Strømme Svendsen, Arnljot: Blader av tobakkens historie: J.L. Tiedemanns tobaksfabrik 1778-1978. Gyldendal Norske Forlag. Oslo 1978.

• Semmingsen, Ingrid: Veien mot vest. Utvandringen fra Norge til Amerika 1825-1865. Aschehoug, Oslo 1941.

• Semmingsen, Ingrid Utvandringen fra Norge 1865-1915. Aschehoug, Oslo 1950.

• Albert Soleide: ”Plassguten frå Førde som vart uppfinnar og fabrikkeigar i U.S.A. og sidan bygde på heimetufter so det har gått gjetord av det”, i Jul Sunnfjord. Sunnfjord sogelag, 1938.

• Storsten Einar: Social håndbok for Noreg. utgitt av Norsk forening for socialt arbeide. Oslo 1937.

• Underdal, Hans Martin: Kvikne’s hotel : eventyrslottet ved Sognefjorden. Skald forlag, �00�.

• Wyman, Mark: Round-trip to America : the immigrants return to Europe, 1880-1930. Trykt: Ithaca, N.Y. : Cornell University Press, 1993.

Internett• NRK Fylkesleksikon• Anders Hansen http://www.

nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1683522.html

• Evebøfoss Fabrikker http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1683511.html

Page 40: Kjelda nr. 1 2007

Kjelda, nr. 1 - 2007, årgang 16

FYLKESARKIVETAskedalen 26863 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682

Lanseringa av den nye nettstaden skulestova.no skjedde på Leikanger måndag 26.mars. Elevar i 9. klasse ved Leikanger ungdoms-skule fekk æra av å vere dei første offisielle brukarane.

Målgruppa for nettstaden er elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring, og no har dei fått ei høgst moderne ”stove” der dei kan møtast og finne ei mengde stoff knytt til kulturfeltet.

Digitale læringsressursarGjennom oppgåver, kjelder og anna vil skulestova.no gje elevar og lærarar tilgang til ei mengde lærestoff med lokal forankring. Dei får høve til å introdusere ulike tema for elevane gjennom kjende hendingar og personar med tilknyting til fylket. På det viset formidlar ein kunnskap til elevane på ein engasjerande måte, og ein startar med det som er nært ho eller han. Kvifor lese amerikabrev frå Telemark i lærebøkene, når skulestova.no har ei mengde tilsvarande brev til og frå personar som var heimehøyrande i vårt eige fylke.

Trena i InternettUngdommane frå Leikanger som tok del på lanseringa er trena i bruk av Internett og hadde ikkje problem med å ”forstå” skulestova.no. Dette er ein del av skulekvardagen deira. Den mykje omtala læreplanen, Kunnskapsløftet, vektlegg digital kompetanse. Gjennom å kombinere det med kulturformidling gir dette store moglegheiter. I spalta ”siste nytt” kan kulturinstitusjonar og skular få legge ut sine nyhender. Døme på slike nyhender kan vere tekst og bilde frå ein skule som har arrangert ein kulturkafé, eller frå fylkesbiblioteket som har eit nytt klassesett til utlån.

Elevar får visa kva dei kanGeoatlas ( www.geoatlas.no) er ein

Spenstig kultursatsing

del av skulestova.no. Dette er ein nettstad der elevar kan fortelje kva dei veit og har funne ut om kultur og natur i sitt nærmiljø. Dette ved å skrive artiklar, ta bilete, gjera intervju og lage video som dei legg ut på Geoatlas. Det ligg mange artiklar der allereie, og talet kjem til å auke raskt no når denne databasen blir ein del av skulestova.no

FramtidaFylkesdirektøren for kultur, Ingebjørg Erikstad, opna det heile og tala varmt om satsing på nettbasert kulturformidling til born og unge. I sitt innlegg om utdanning i eit framtidsperspektiv, understreka også den kjende føredragshaldaren og forfattaren Eirik Newth at skulestova.no nettopp er eit god døme på korleis ein tenkjer framtidsretta.

Dei som har utvikla den nye nettstaden i samarbeid, er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane saman med representantar frå dei fire lokalhistoriske regionmusea, Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Den kulturelle skulesekken. Dei er samde i at fornying må til om kulturformidlinga i fylket skal nå ut til nye målgrupper, og særleg dei unge. Med skulestova.no ser ein ut til å vere på god veg.

Skuleelevar frå Leikanger kastar seg over nettstaden.

Nokre av dei som har vore med på oppbygginga av Skule-stova.no. Frå venstre Eva Kristin Svidal (Den kulturelle skulesekken), Stein Sande-mose Bårdsen (Kunstmuseet) Berit Snøan (Sunnfjord Museum), Tina Vilencia (Nordfjord Folkemusem), Anna Sagen (Fylkes-biblioteket) og Bjarnhild Samland (Fylkes-arkivet).