kjelda nr. 1 2008

32
Kjelda Nr. 1 - Mars 2008. Årgang 17 Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet på Internett: www.fylkesarkiv.no SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 01-Apr-2016

256 views

Category:

Documents


9 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 1 2008

KjeldaNr. 1 - Mars 2008. Årgang 17

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet på Internett:www.fylkesarkiv.no

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE

Page 2: Kjelda nr. 1 2008

2

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Leiar:Kulturarven til alle?Har kappløpet om å ta i bruk stadig nyeinternett-tenester medført at vi ekskludererviktige brukargrupper frå kulturarven vår?Er det blitt slik at berre dei som har tilgangtil, og er fortruleg med Internett, får eit full-verdig tilbod?

Ikkje noko problem seier mange. Noreg ereit av dei landa i verda med størst internett-utbreiing, og alle kan få viss dei ønskjer det.Vi rangere høgt over gjennomsnittet for euro-landa. Mange peiker og på at mang-lande Internett-tilgang er gårsdagens problem: No har vi kome så langt i utviklinga at dette meir eller mindre er eiuaktuell problemstilling. Men går vi til deioffisielle tala for bruk og tilgang tilInternett, så ser vi at biletet er meir saman-sett enn som så. TNS Gallup sine siste tal frådesember 2007 syner at i alders-gruppene opp til 60 år har rundt 90 % til-gang til Internett. Men ser vi på alders-grup-pa 60+ fell talet markant. Berre om lag 65 %av desse har tilgang til veven.

Går vi litt vidare ned i tala på Internett-bruk,ser vi at aldersgruppa 60+ fell endå dårle-gare ut. Berre kring 40 % i denne storealdersgruppa har brukt Internett den sistemånaden (tal frå 2006).

Ut frå eit generelt demokrati/samfunns-perspektiv, er det bekymringsfullt.

Mange av dei nye (og viktige) tenestene fråstyresmakter og privat sektor er innretta påein slik måte at dei føreset at du har tilgangtil, og er fortruleg med bruk av Internett.Debatten kring nedlegging av tradisjonelleskranketenester i banken til fordel for nett-bankar er eit døme. Men offentlege styre-smakter køyrer og i same retning.

Ein ting er å ha Internett, noko anna er ågjere seg kjent med relevante ressursar og åforstå tenestene som er tilgjengelege der utepå veven. Vi kan skaffe oss allverdas tra-fikktal, men det er lite kunnskap om korleisInternett-tilbodet blir oppfatta og forstått.

Berører desse problemstillingane oss somarbeider innan kulturfeltet? Ja i høgste grad. Det er lagt ned mykje godinnsats for å skape gode kulturtenester pånettet til ungdom og skulesektoren dei sisteåra. Det er eit naudsynt arbeid som må haldefram. Men vi kjem ikkje utanom alders-gruppa 60+. Seniorane er ofte berebjelkanei lokalt kulturvernarbeid, og veldig mangehar ei brennande interesse for lokalhistorieog kulturarven vår generelt. Samstundes erdet den brukargruppa som nok er vanskele-gast å få med seg over på nye tenester. Formange er datamaskina ein uoverstigelegbarriere, og sjølv om mange har tilgang tilInternett kan problemet ofte vere å kjennetil, forstå og bruke kulturtenestene.

Samstundes er det nettopp i denne gruppamogelegheitene og ligg. Dei representerernoko viktig for oss; Ikkje berre som bruka-rar av tenestene våre, men og som ressurs ogkjelder til vår mangfaldige historie. Det erfleire grunner til at mange eldre i så litengrad bruker Internett. Utfordringa vår inn-anfor kulturfeltet blir å gjere slike tilgjenge-problemstillingar tydlegare når nye tenesterskal utviklast.

Vi bør vi gå grundig igjennom det teneste-tilbodet vi har i dag, og sjå på om vi kanopne dei opp for fleire, dvs gjere tenestenemeir intuituve og brukervennlege for alle.Kanskje tida er inne for å relansere nokre ipapirform?

Uansett trur eg at eit auka medvit om slikeutfordringar er ein utviklingsfremjande fak-tor, Det vil gjere framtidas tenester på kul-turfeltet meir mangfaldige enn dei er i dag.

Snorre D. Øverbøfylkesarkivar

Snorre D. Øverbø (red.) Marit Anita Skrede, Sturla Binder, Arild Reppen

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 155,-. Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Marit Anita Skrede.

Utforming: Sogne-Prent AS.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00.

Fax. 57 65 61 01 [email protected]

Fylkesarkivar:Snorre D. Øverbø, tlf. 57 65 64 01, [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avd., 6823 Sandane. Tlf. 57 86 51 24, [email protected] Schmidt Vindenes (fagleiar), tlf. 57 65 64 06, [email protected]

Sturla Binder (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 20, [email protected] Utmo (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 09, [email protected]

Marit Anita Skrede (kommunearkiv), tlf. 57 65 64 16, [email protected] Melvær (sekretær/stadnamn), tlf. 57 65 64 00, [email protected]

Prosjekt/ABM-Sogn og Fjordane:

Øystein Åsnes (ABM S. og Fj.), Tlf. 57 65 64 04, [email protected] Hermund Kleppa (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 02, [email protected]

Oddvar Natvik (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 05, [email protected] Samland (ABM S. og Fj.), tlf. 57 65 64 08, [email protected]

Elin Østevik (eldre foto) tlf. 57 65 64 18, [email protected]: www.fylkesarkiv.no

Redaksjon

Personalnytt Per Olav Bøyum, fødd i 1974, har av-slutta sitt engasjement knytt til kommunear-kivordninga.

Magni Svanevik, fødd i 1988, har avsluttasitt engasjement hos oss 15.01.2008. Ho tektil med studier i USA.

Gunnar Urtegaard, fødd 1952, har fåttpermisjon frå Fylkesarkivet for å tiltre stillinga som avdelingsdirektør i ABM-Utvikling, Oslo. Han byrja i stillinga01.02.2008.

Helge-Willy Røed, fødd i 1954, er enga-sjert på eit 3 mnd prosjekt som gjeld digi-talisering av video og film knytt til musea iSogn og Fjordane, Han byrja 01.01.2008.

Informasjon om framside-biletet finn du på side 6.

Kjelda i ny bladbunad Vi har lagt om layouten på bladet. Send ossgjerne kommentarar på den nye utforminga.

Page 3: Kjelda nr. 1 2008

3

MANGFALDSÅRET 2008 kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Då kongen og dronninga markerte 70 -årsdagane sine i 2007 hadde dei eiframsyning der alle fylka i landet varrepresentert. Kongeparet hadde på føre-hand lagt fram ønskje om kva dei villeskulle serverast frå dei einskilde fylka.Med bunadar, felespeling og born somframførde stev fekk Sogn og Fjordanemange godord.

Me kunne ha gitt oss der, teke mot rosog halde fram som før, hadde det ikkjevore for at filmskaparen Randi Førsundstilte spørsmål ved korleis Sogn ogFjordane marknadsfører seg. Ho sette igong ein debatt i fylket som fekk oss tilå stilla spørsmåla Kven er me? Korleisønskjer me at andre skal sjå på oss? Kvakjenneteiknar kultur og samfunn i Sognog Fjordane?

Tida moden for inkluderingLiknande spørsmål vart også stilt her ilandet i den nasjonalromantiske perio-den på 1800-tallet då ein vart opptekenav nasjonale særkjenne i historie, språk,kunst og kultur. Sjølv om 90 prosent avfolket budde mindre enn 10 kilometerfrå kysten, vart den innlandske bondenog bondekulturen ståande som det ”sær-norske”. Med omstendene forut for- ogunder unionsoppløysinga i 1905 vart detsæreigne nasjonale eit viktig politiskverkemiddel i kampen om sjølvstyre. Eifelles oppfatning av kva som var detnorske vart eit viktig middel for å samlaeit ungt land som Noreg. Landets kultur-institusjonar har hatt som tradisjon åformidla og verna om det ”typisk nor-ske”. Oppfatninga av kva som er norskkultur har ført til at mykje av kulturar-ven har gått tapt og spesielt har detramma minoritetsgrupper som Romani-folket og Samane. Denne tradisjonenvitnar også om ein tenkemåte generelt isamfunnet: dei og oss.

Slike haldningar er vanskeleg å forsvarai eit stadig meir mangfaldig samfunnsom ønskjer å vera demokratisk oginkluderande. Eit slikt samfunn må veramedvite og spørja seg kven er meeigentleg? Kven er skuleeleven, studen-ten, gardbrukaren, ingeniøren, sjuke-pleiaren, vegarbeidaren, pensjonisten?Svaret er menneske frå heile landet, fråEuropa og andre verdsdelar med uliktopphav, ulik kultur, historie og religion.Alle med kvar sin eigen samansetteidentitet.

2008 – markering av kultureltmangfaldUt frå målet om eit inkluderande sam-funn har regjeringa pålagt kulturinstitu-sjonar som mottek statleg støtte til åfremja og utføra eit kulturarbeid somsamsvarar med og speglar ei samansettbefolkning. Ved å gjera 2008 til at mar-keringsår for kulturelt mangfald ønskjerstyresmaktene å gjera kultursektorenmedvitne deira sentrale rolle for å leggatil rette for at menneske som bur i Noregskal vera i stand til å delta i det fleirkul-turelle samfunnet på ein fullverdigmåte. Dei tradisjonelle måtane kultur-sektoren har samla og dokumentert kul-tur på skal fornyast, og formidlinga skalfå eit anna og meir mangfaldig innhald.Me skal sjølvsagt dokumentera og for-midla den delen av kulturenvår som me har gjort tidlegare,men ved å inkludera mangfal-det vil me gjera kulturutrykketrikare.

Ressursar til mangfalds-arbeidEi slik kursendring krev at memå finna fram til – og prøva utnye arbeidsmetodar for vernog formidling av kultur. Det erdifor sett av tid og ressursar tildette arbeidet og mellom annahar Kultur- og kyrkjedeparte-mentet oppretta eit sekretariatsom skal vera pådrivar, rådgje-var og koordinator forMangfaldsåret. Sekretariatetsamarbeider med eit nettverkav fylkeskontaktar og ei råd-gjevande referansegruppe.Dessutan er det blitt lyst utprosjektmidlar frå blant anna

Norsk kulturåd og ABM – utvikling(Statens senter for arkiv, bibliotek ogmuseum). I Sogn og Fjordane har detogså vore høve til å søka fylkeskommu-nen om støtte til tiltak i samband medMangfaldsåret.

Mangfaldsåret i Sogn og Fjordane Tiltaka skal vera med å legga grunnlagetfor ei varig haldningsendring, og det erlagt klare føringar for kulturinstitusjonarsom mottek statsstøtte om å vektleggamangfaldsperspektivet.

Ei rekkje tiltak er i gong i her i fylket.Me kan nemna De HeibergskeSamlingar – Sogn Folkemuseum sombyrja med fleirkulturelt arbeid allereie i2007 og dei har fått eit fleirkultureltnettverk. Blant anna sette dei fokus påhovudplagg for kvinner i samarbeidmed islamsk senter på kvinnedagen 8.mars. Nordfjord Folkemuseum samar-beider med Gloppen opplæringssenterog Kunstmuseet er i gong med eit størreprosjekt om japansk kunst sin påverk-nad på Nicolai Astrup sin kunst.Fylkesbiblioteket set fokus på norskeforfattarar som opphavleg kjem fråandre land. (Sjå meir om planlagdearrangement og prosjekt i informasjons-boksar tilknytt denne artikkelen.)

Mangfaldsåret - kven er me?Av Bjarnhild Samland

Her er Mangfaldsåret sin logo. Det liggande 8 - talet ereit symbol på det uendelege, at dette er eit arbeid somskal halde fram i framtida.

Sidan 2006 har Jurmy Rahimollah, opphavleg frå Afghanistan, presen-tert sentrale kulturtilbod på persisk på nettstaden Kulturnett Sogn ogFjordane (http://sognogfjordane.kulturnett.no). Slike og liknande tiltak,er ein del av filosofien bak Mangfaldsåret.

Page 4: Kjelda nr. 1 2008

4

Positivt for Sogn og Fjordane Variasjonen i aktiviteten som er planlagther i fylket i samband med Mangfalds-året fortel om ei mangfaldig befolkning.Til dømes er omlag 4,5% av befolk-ninga i Sogn og Fjordane personar medopphav i andre land der foreldra ellerbesteforeldra ikkje er fødde i Noreg.Dette talet er litt høgare enn for Møre ogRomsdal og 2 % mindre enn Hordaland.Om me er ein av dei med opphav i utlan-det eller ikkje, har me alle ulik bak-grunn, erfaring og kunnskap.

Saman utgjer me ein kultur, ein mang-faldig kultur. Målet for framtida er at mesom bur i Sogn og Fjordane skal møtast og sam-handla i større grad enn tidlegare.

Mangfaldsåret kan vera med å gi befolk-ninga meir kunnskap om ulike kulturarog voneleg kan dette fremja aukarespekt for kvarandre. FN sin HumanDevelopment Report understrekar atkulturelt mangfald er ein føresetnad forlevedyktige samfunn.

Kanskje kan eit meir inkluderande mevera ei redningsbøye for eit fråflyttings-truga Sogn og Fjordane?

Kjelder: Nettstad for Mangfaldsåret 2008 www.kultureltmangfald.no ( vitja 20.02.2008) Statistisk sentralbyrå www.ssb.no (vitja24.02.2008)Sogn og Fjordane fylkeskommune: Hovudutvalfor Kultur : Sak nr.: 07/2592 -6 Kultur og kyrkjedepartementet: St.meld.nr. 17(2005-2006); 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold.

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Nytt innhald på Skulestova.noMangfaldsåretSkulestova.no har i høve Mangfaldsåret som mål at born og ungeskal læra seg å tenkja nytt rundt norsk kultur. Nettstaden er ut-vikla i samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken, arkiv,bibliotek og museum i Sogn og Fjordane. Dei ønskjer no å bliflinkare til å inkludera kulturutrykk som ikkje er ”typisk norske”eller ”typisk Sogn og Fjordane” i formid inga si. Difor er detlaga eit eige menypunkt, ”Mangfaldsåret 2008”, i menyen til venstre på nettsida. Der vil lærarar, elevar og andre interessertefinna stoff som fortel om det kulturelle mangfaldet i fylket.

SkuleSkulestova.no er førstemann ut med eigen skuleguide for bådegrunnskular og vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.Menypunktet ”Skule” er inngangen til sider der du finn ei kom-plett oversikt over skular fordelt på kommunar. Og sjølvsagt –lenkjer til nettsidene til skular som har fått dette på plass.

Page 5: Kjelda nr. 1 2008

Mangfaldsåret 2008 – Fylkesarkivet si rolle

5

MANGFALDSÅRET 2008 kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Året 2008 vert kalla mangfaldsåret.Kulturinstitusjonar skal synleggjere ogstyrke det kulturelle mangfaldet i Noreg.Historia til dei nasjonale minoritetaneer eit spesielt ansvar i mangfaldsåret. INoreg er det definert fem nasjonaleminoritetar: Rom, romanifolket, kvener,skogfinnar og jødar.

Nasjonale minoritetarI 1966 vedtok FN ein konvensjon omsivile og politiske rettar. Artikkel 27 idenne konvensjonen handlar om etnis-ke, religiøse eller språklege minoritetar.Individuelt og i grupper skal minorite-tane ha rett til å dyrke sin eigen kultur,vedkjenne seg og utøve sin eigen religi-on, eller bruke sitt eige språk. I 1999vart artikkel 27 også teken inn i den nor-ske menneskerettslova.

Europarådet har vedteke ein pakt forregions- eller minoritetsspråk(Minoritetsspråkakten) og ein ramme-konvensjon om vern av nasjonale mino-ritetar (Rammekonvensjonen). Begge erratifiserte av Noreg. Vi har difor teke påoss eit særskilt ansvar for å verne kultu-ren og språket til dei nasjonale minorite-tane i Noreg.

Artikkel 5 i Rammekonvensjonenpålegg staten å legge til rette for at deinasjonale minoritetane kan bevare ogutvikle sin eigen kultur. Etter at artikkel27 i FNs konvensjon vart teken inn imenneskerettslova, vart det i 2001 lagtfram ei stortingsmelding (nr. 15) omnasjonale minoritetar i Noreg. Meldingatek opp det internasjonale grunnlagetfor minoritetsrettane, historia til og situ-asjonen for dei nasjonale minoritetaneog drøftar tiltak og arbeid frå myndig-heitene si side.

Stortingsmelding 22 om arkiv, bibliotekog museum inneheld også eit kapittelom nasjonale minoritetar. Det vert kon-kludert med at kulturinstitusjonane pri-mært representerer majoritetssamfunnetog at tenester og materiale i høve tilnasjonale og etniske minoritetar er dår-leg representert. Både Stortingsmeldingnr. 15 og 22 konkluderer med at det ertrong for ekstra innsats på dette feltet,både for arkiv, bibliotek og museum.

Via kulturmeldinga (Stortingsmeldingnr. 48 2002-2003) leiar dette fram tilmangfaldsmeldinga (Stortingsmeldingnr. 17 2005-2006) og 2008 som marke-ringsår for kulturelt mangfald.Mangfaldsåret skal synleggjere og styr-ke det mangfaldet som finst og stimu-lere til auka kunnskap og interesse forkulturelt mangfald i kulturinstitusjonar.Det vert lagt vekt på samspelet mellomulike miljø i majoritetsbefolkninga,urfolk, nasjonale minoritetar og innvan-drarbefolkninga.

Dei nasjonale minoritetane i NoregNoreg har som sagt fem nasjonale mino-ritetar, rom, romanifolket, kvener, skog-finnar og jødar.

Kvener og skogfinnarInnvandring frå Finland og Nord-Sverige kan sporast tilbake til 1500-talet. Kvenene som i hovudsak er busetti Nord-Troms og Finnmark er etterkom-marar etter innvandrar frå Finland ogTornedalen i Sverige. Den største grup-pa kom i perioden frå 1720 til slutten av1800-talet. Kvenene har eige språk somvert kalla kvensk eller finsk.

Skogfinnane innvandra frå områdetSavolaks i Finland på midten av 1500-talet. Dei busette seg over store deler avAustlandet, men mest i Finnskogene på

begge sider av grensa mellom Noreg ogSverige. I dag pratar skogfinnane norsk,men med einskilde finske ord oguttrykk.

Rom og romanifolketRom eller sigøynarane utvandra fråIndia for om lag 1000 år sidan, og er idag busett over store deler av verda. Denstørste gruppa kom til Norden på midtenav 1800-talet. Dei utvandra frå område iRomania. Rom er namnet folkegruppasjølve nyttar, og er no også nytta av detoffentlege i Noreg. Rom har eit eigespråk, kalla romanes.

Romanifolket har vore i Noreg sidan1500-talet. Tidlegare har folkegruppaofte vorte referert til som tatarar ellerreisande. Språket vert kalla romani ellernorsk romani. Det skil seg frå romanes.

JødaneI Noreg utgjer jødane ein religiøs mino-ritet, organisert i mosaiske trussamfunn.Dei fleste jødane i Noreg nyttar norsk,men nokre nyttar også hebraisk og irelativt liten grad jiddisch.

Kjelder om romanifolket For å sjå kva materiale Fylkesarkivetkan ha om dei nasjonale minoritetanehar eg gjort eit søk i møtebokregisteret.Her kjem det fram ein del saker somomhandlar romanifolket:

Av Karianne Schmidt Vindenes

Dette er eit utsnitt av referat frå møte i Vik kommunestyre 20. februar 1900. Kommunestyret handsama ei sak om med-lemmer av romanifolket som oppheldt seg i kommunen. Les meir om denne aktuelle saka seinare i artikkelen.

Page 6: Kjelda nr. 1 2008

6

• Omreisande kramseljarar, Jostedal 1854

• Skattelegging av omreisande innlendingar, Florø 1880

• Om fantefølgjer eller såkalla ”splintepak” – krav om godtgjersleom desse vert sende til Vik i arrestfrå andre prestegjeld, Vik 1848

• Kunngjering om fantane, Sogndal 1855

• Rekning frå lensmann Steen for reiser vedk. fattigvesenet – utgiftersom vedkjem omstreifarar skal refunderast av Fantefondet, Fjaler 1883

• Riving av hus som vart oppbygd av”fantefondet” til omstreifarar, Årdal 1892

• ”Fantevesenet” – skriv frå Sjur Bø om fjerning av fantar som oppheldseg i Vik til plage for folk, Vik 1900

Den siste saka frå Vik er eit godt dømepå haldningane som kjem fram i deioffentlege kjeldene:

”Skrivelse fra Sjur Bø med henstillingtil heredstyret om at tage under over-veielse, hvorvidt der kunde gjøres nogetfor at fjerne den mængde fanter, som ivinterens løb har opholdt sig her til ube-hagelighed for befolkningen. Udsattestil eftermiddagsmødet.(…)Sak 8 Gjennoptaget.Enstemmigt: Ordføreren paalægges athenstille til alle og enhver ikke at hyseomstreifere lengere enn en nat, dettegjelder særlig Vikøren og Lilløren.Plakat herom bør opslaaes paa etbekvemt sted og indtrykkes i”Sogningen”. Heredstyret misbilliger ihøi grad dette tilhold af omstreifere somfortiden finder sted.”

Sakene frå møtebøkene viser negativehaldningar til Romanifolket. Dei var ein”ubehagelighed” slik dømet frå Vikviser. Kommunestyret i Jostedal bad i1854 lensmannen om pågripe og skriveut bøter til personar som vart rekna åhøyre til fantefølgje. Frå Vik kan vi leseat kommunen ville krevje godtgjerslefor medlemmer av romanifolket somvart arrestert i andre kommunar og sendti fengsel i Vik.

Eit anna døme på arkivmateriale somkan fortelje om romanifolket er eit foto-grafi. Det er teke av Malvin N. Horneog viser eit ektepar med eit barn.Teksten som er lagt inn i databasen

fokuserer i hovudsak på kvinna. Vi Fårvite at ho er av ei svensk romanislekt.Det er klesdrakta til kvinna som vekkermerksemd, og som kan fortelje noko omkulturen til romanifolket.

Fotografiet gjev eit heilt anna bilete avromanifolket enn dei offentlege kjel-dene. For å få ny kunnskap om minorite-tar som romanifolket og deira historie iSogn og Fjordane treng vi difor eit stør-re og meir variert kjeldetilfang.

Fylkesarkivet i mangfaldsåretABM-meldinga slår fast at arkivinstitu-sjonar har eit særskilt ansvar for å tavare på historia til dei nasjonale mino-ritetane. Mangfaldsåret har som mål åsynleggjere og styrke det kulturellemangfaldet, og til å stimulere til aukakunnskap og interesse for kultureltmangfald i kulturinstitusjonar. Innanarkiv-, bibliotek- og museumsfeltet seierMangfaldsmeldinga at det er trong for åstyrke dokumentasjon og formidling avkulturen til minoritetane. Det vert vidarelagt vekt på at dette er langsiktige mål.

Fylkesarkivet ynskjer å ta tak i utfor-dringa mangfaldsåret gjev oss. For detførste vil vi vurdere våre eigne samling-ar for å sjå på kva kjelder vi allereie harom kulturelt mangfald. Informasjon omdesse kjeldene og historiene dei kan for-telje vil vi formidle gjennom artiklar ognettutstillingar. Arbeidet vil vidare gjeoss eit godt grunnlag for å vurdere stra-tegi for innsamling av nytt kjeldemateri-ale om kulturelt mangfald.

Prenta kjelder:Holmesland, Hilde, De nasjonale minoritetene,ABM-skrift nr. 25, 2006Kultur og kyrkjedepartementet, Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006); 2008 som markeringsår for kulturelt mangfold.www.kultureltmangfold.no, nettstad for mangfaldsåret 2008

Uprenta kjelder:Vik kommune, Møtebok 1891 - 1900Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Malvin N. Horne fotografisamling

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Biletet viser Adolf og Fredrikka Olsen i lag med sonen Oluf. Begge skal vere av romanislekt, men det er særskild klesdrakta til kvinna som gjer dette biletet til ei interessant kjelde for å lære om kulturen til romanifolket.Fotograf: Malvin N. Horne, År: ukjent

Page 7: Kjelda nr. 1 2008

7

Mangfaldige uttrykk: Om kultur og etnisitet

MANGFALDSÅRET 2008 kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

2008 er nasjonalt markeringsår for kul-turelt mangfald, og det er også det euro-peiske året for interkulturell dialog.Målsetjinga er at etniske minoritetarsine kulturutrykk skal bli ein naturlegdel av det nasjonale kulturlivet i Noreg.Men kva ligg eigentleg i omgrepet ”kul-turelt mangfald” og kva er ”etnisitet”?

Kultur – eit komplekst omgrepOmgrepet ”kultur” kjem av det latinskeordet cultura, ”å dyrke”. Det var først på1700-talet at ein byrja å nytte omgrepeti fleirtal for å omtale mangfaldet i men-neskelege livsformer. Ideen om at men-neska tilhøyrer ulike, separate kulturarvaks altså fram i denne perioden.Kulturomgrepet vart vidareutvikla ogfekk meir komplekse, men overlap-pande tydingar utover 1800- og tidleg på1900-talet. På den eine sida har vi detsom grovt kan kallast den ’humanistis-ke’ forståinga av kultur, og på den andresida har vi det som vert omtala som den’antropologiske’ forståinga av kultur.

Kultur som einskap – det ’humanistiske’ kulturomgrepetKultur i ’humanistisk’ forstand vart for-stått som eit einskapleg fenomen, sompersonar og folkegrupper, menneskele-ge produkt og aktivitetar, kunne ha meireller mindre av. Kunstmåleri og litteraturvart til dømes sett på som ”meir kultur-elt” enn ulike handverksteknikkar.Innafor denne måten å forstå kultur påvart personar som produserte eller kon-sumerte høgverdige former for kultur, iein viss forstand sett på som ”betre” enn”ukultiverte personar”. Denne tenkemå-ten ligg til grunn både for skiljet mellom”høgkultur” og ”folkekultur” eller”populærkultur” innanfor eit samfunn,og for ideen om at nokre samfunn ermeir siviliserte enn andre.

Kultur som mangfald – det’antropologiske’ kulturomgrepetPå motsatt hald har vi det som vert kalladen ’antropologiske’ kulturforståinga.Kultur vart innafor denne tolkinga settpå som eit mangfaldig fenomen: Verdaer delt inn i ulike kulturar som alle harein unik eigenverdi. Mennesket vart for-stått som eit produkt av den kulturen hoeller han lever i, og forskjellar mellom

folk sitt levevis og måte å forstå verdapå kunne forklarast med ulik kulturbak-grunn. Vi er altså alle ”kultiverte” inna-for den antropologiske kulturforståinga,og det er heller ikkje slik at nokre folke-grupper eller menneskelege produkt hareller er meir eller mindre ”kulturelle”enn andre.

Element frå begge desse to historiskemåtane å forstå kulturomgrepet på, gjerseg gjeldande i korleis kulturomgrepetvert nytta i språket vårt i dag. Vi talar velså gjerne om at det viktig med gode kul-turtilbod i distrikta, som om at viønskjer å reise og oppleve ulike kulturar.På komplekst og mangfaldig vis vev den’humanistiske’ og ’antropologiske’tydinga av kultur seg saman i vår brukav kulturomgrepet.

Mangfaldsåret 2008 – kultureltmangfald i kulturlivetMangfaldsåret 2008 sin definisjon av”kulturelt mangfald” sameinar desse toulike, men overlappande måtane å forståkultur på. Mangfaldsåret 2008 baserer siforståing av kulturelt mangfald påUNESCO sine konvensjonar om kultur-elt mangfald. I konvensjonen om vernog fremje av eit mangfald av kultur-utrykk frå 2005, heiter det:

”Kulturelt mangfold” viser til de mangeforskjellige måtene gruppers og sam-funns kulturer kommer til utrykk på.Disse uttrykkene overleveres internt igrupper og samfunn, og mellom disse.Kulturelt mangfold viser seg ikke bare ide forskjellige måtene menneskehetenskulturarv kommer til uttrykk på, berikesog overleveres i kraft av forskjellige kulturuttrykk, men også – uansett hvilkemidler og teknologier som brukes – i

Av Elin Østevik

”What sank the Titanic ?” av Mike Kline. Teikninga spelar på ein metafor som ofte vert nytta for å forklare kultur-omgrepet: Som med isfjellet er det slik at berre ein liten del av kulturen er synleg på overflata – dei mest omfattande,kraftfulle og djuptgåande delane av kulturen er ”under vatn”.

Page 8: Kjelda nr. 1 2008

8

forskjellige former for kunstnerisk skaperkraft, produksjon, formidling,utbredelse og bruk av kulturuttrykk.

Ulike kulturar sine kulturutrykk – både ikulturhistorisk (kulturarv) og kunst-narisk forstand – skal takast vare på ogbli formidla som del av eit felles nasjo-nalt kulturliv. Ein ynskjer ikkje lenger åfremje ein ”nasjonal einskapskultur”,men snarare å stimulere til eit variert ogmangfaldig kulturliv i det fleirkulturelleNoreg. Fokuset er altså på ulike kulturar,i vid ’antropologisk’ tyding, sine kultur-uttrykk i ’humanistisk’ forstand.Samanhengen mellom dei to ulikemåtane å forstå kultur på kan med littfantasi illustrerast med ein velkjendsamfunnsvitskapleg metafor.

Kultur – som eit isfjellSom med isfjellet er det slik at berre einliten del av kulturen er synleg på over-

flata – dei mest omfattande, kraftfulleog djuptgåande delane av kulturen er”under vatn”. Kulturutrykk som mat,språk, musikk, kunst, klednad og hand-verk er over vatn. Under vatn ligg tildømes kroppsspråk, oppfatningar om tidog rom, om kjønn, om venleik, om for-holdet mellom natur og kultur, og idearom sjølvet. Dei 9/10 delane av kulturensom ligg under vatn lærer enkeltindivi-det seg ubevisst gjennom å vekse oppinnafor ein gitt kultur, medan den einetidelen over vatn er kulturelement somenkeltindividet blir eksplisitt oppdratt tilå kunne og som det er lettast å endre på.Det er den delen under vasskorpa somsterkast former enkeltindivida, og somer med på å skape dei kulturutrykka vikan sjå på overflata. Kultur i snever for-stand er berre tuppen på eit mykje stør-re isfjell.

”Etnisk” – ein naturgitt kvalitetved andre folk og kulturar?I mangfaldsåret 2008 er det nettopp”tuppane”, kulturutrykka, til ulike etnis-ke grupper sin kultur som skal løftastfram. I Stortingsmelding nummer 17kan vi lese at det i markeringsåret, erprioritert å synleggjere, bevare og for-midle kulturutrykka til dei nasjonaleminoritetane (jødar, kvener, rom, romani og skogfinnar), urbefolkninga(samane) og nyare minoritetsgrupper(innvandrarar og flyktningar). ”Etnisk”er altså ein kvalitet ved ”dei Andre”, veddei som er annleis enn meg, tenkjer dukanskje?

Som Jon Peder Vestad poengterer i einartikkel om ”den nynorske etnisiteten”,så har ”etnisk” også blitt nytta i omtaleav nordmenn i den offentlege debatten idei seinare åra. Vi er altså ”etniske” viogså. I nynorskordboka frå 1994, skrivVestad i artikkelen sin, er ordet ”etnisk”omtala som det ”som gjeld eller sær-merkjer eit folkeslag eller ein rase”.Likeeins kan vi lese på bokmålsversjo-nen av Wikipedia at ”etniske nordmenner germanske innbyggere i Norge.Etniske nordmenn er nært beslektet medandre skandinaver og andre germaneresom tyskere”. Er etnisitet biologi?

Både innføringa i nynorskordboka og iWikipedia må seiast å vere basert på eingrunnleggjande misforståing av kvaetnisitetsomgrepet referer til. Etnisitetsom samfunnsvitskapeleg fagutrykkvart nettopp utvikla og nytta i ein kritikkav raseomgrepet og biologiske forkla-ringsmodellar på kulturforskjellar.

Etnisitet – eit dynamisk fenomenDen norske antropologen Fredrik Barthhar med boka Ethnic Groups andBoundaries (1969), levert eit svært vik-tig bidrag til etnisitetsforskinga.Hovudpoenget til Barth er at kulturarikkje er avgrensa einingar som eksiste-rer uavhengig av kvarandre, og at etnis-ke grupper ikkje er førhistoriske, nærastnaturgitte kategoriar. I følgje Barth eretnisitet eit sosialt fenomen som gjer seggjeldande både på individ- og gruppeni-vå. På individnivå kan etnisitet best for-ståast som ein prosess av tilskriving ogsjølvtilskriving, der individet blir klassi-fisert og klassifiserer seg sjølv ut frå sinmest generelle og inklusive identitet –opphav og bakgrunn. På gruppenivå eretnisitet ein form for sosial organisering

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

”Etnisk” blir ofte feilaktig nytta i tydinga eksotisk/tradisjonell i omtale av mat, krydder, stoff, handarbeid, smykke,interiørtrendar med meir: Kva med litt ”etnisk chili”, eit stykke ”etnisk bling”, eller ”etnisk strikk” frå Nederland,Danmark, Noreg og Andesfjella(!)? Andre gonger blir ordet feilaktig knytt til personar sin fysiske utsjånad. Men etni-sitet er ein pågåande sosial prosess, og ikkje ein fysisk kvalitet ved ein person, ein gjenstand eller ei folkegruppe.Fotomontasje laga av foto frå Caroline Mortimer, Marnie Maclean, Ionushi, Nathan Gibbs og T. Bridge.

Page 9: Kjelda nr. 1 2008

9

der desse identitetane vert manipulert iein prosess som skaper ei slags sosialgrense mellom folk – det vert dannaetniske grupper. Ulike kulturelementsom til dømes språk, levevis og religion,vert i denne prosessen nytta som markø-rar på etnisk gruppemedlemskap.Etniske grupper er altså ei form for sosi-al organisering på grunnlag av kulturfor-skjellar, men kva kulturelement som skilmellom etniske grupper er vilkårleg. INord-Irland utgjer katolikkar og protes-tantar to ulike etniske grupper med eikonfliktfylt historie - her er det religionsom er den sentrale markøren på for-skjell. I Canada derimot, er språket sen-tralt i den etniske mobiliseringa tilfransktalande canadiarar.

Eit viktig poeng for Barth er vidare atsjølv om ei etnisk gruppe deler grunn-leggjande kulturelle verdiar, så er detogså kulturell variasjon innetter i eietnisk gruppe. Det er til dømes stor vari-asjon i religiøse, moralske og politiskeoppfatningar blant etniske nordmenn.Sjølv om ei etnisk gruppe utgjer einkategori som blir gjenkjent av medlem-ma sjølve og av andre, så er det moglegå skifte etnisk tilhøyring. Grensenemellom etniske grupper vert opprett-haldt, sjølv om personar flytter seg påtvers av desse grensene. Samstundes kansjølvsagt definisjonane av kva det vilseie å vere til dømes ”etnisk norsk”endre seg over tid. Som Jon Peder Vestad(2002) skriv:

På ein flytur til Noreg frå utlandet varteg sitjande attmed ein kar, og vi kom iprat. Sidemannen sa at det var så godt åfå snakke norsk att, og det same syntesteg. Han kom frå Pakistan, føde-landet, og skulle til heimlandet. Båe varvi norske.

Forskjellar – ei kjelde til kreativitet og nyskapingPoenget med mangfaldsåret 2008 er net-topp å leggje bak seg ein kulturpolitikksom einsidig fremjar ein nasjonal ein-skapskultur. Norsk kulturpolitikk skalspegle det fleirkulturelle samfunnet somNoreg i dag har blitt, og som vi vel kanseie landet alltid har vore. Markerings-året skal bidra til å auke innbyggjaranesin mogelegheit til å delta i og opplevedet mangfald av kulturutrykk som detnorske samfunnet – samane, dei nasjo-nale minoritetane, nyare minoritetsgrup-per og majoritetsbefolkninga – er i standtil å skape. Det kulturelle mangfaldet er

ei kjelde til fornying og kreativitet, og,som det står i UNESCO si universelleerklæring om kulturelt mangfald frå2001, ”like nødvendig for menneskehe-ten som det biologiske mangfoldet er fornaturen”. Etnisitet er ein av fleire fakto-rar som bidrar til det kulturelle mangfal-det i Noreg – kjønn, alder, språk, klasse,seksualitet, religion og regional tilkny-ting er andre. I mangfaldsåret 2008 ret-tast søkelyset mot den kreative og komp-lekse miksen av forskjellar som formerbåde kvar og ein av oss og samfunnetsom heilskap. Godt mangfaldsår!

Litteratur:Barnard, Alan og Jonathan Spencer (red) (2002),Encyclopedia of Social and CulturalAnthropology, London & New York: RoutledgeBarth, Fredrik (red) (1969), Ethnic Groups andBoundaries: The Social Organization of CulturalDifference, Bergen: UniversitetsforlagetGuibernau, Montserrat og John Rex (red) (2003),The Ethnicity Reader: Nationalism,Multiculturalism and Migration, Cambridge:Polity Press

Stortingsmelding nr. 17 (2005-2006): 2008 sommarkeringsår for kulturelt mangfold, Det kongeli-ge kultur- og kirkedepartementetVestad, Jon Peder (2002), ”Den nynorske etnisite-ten”, Vestads vevstad:http://www2.hivolda.no/jpv/dennynorskeetnisite-ten.htm, vitja 06.02.08

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

”We all have a creative mix of difference!”, teikning av Mike Cline. Sosiale og kulturelle forskjellar møtest i kvar ogein av oss. I mangfaldsåret 2008 er det særleg det etniske mangfaldet som står i fokus.

Abonnér på Kjelda! Ring tlf 576 56 400, eller send epost til:

[email protected]

Ei årstinging kostar 155 kr

Page 10: Kjelda nr. 1 2008

10

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17 FYLKESBAATANE 150 ÅR

“Sjå dampskipsflåten vår i dag!”Talen til ordførar D.O. Bakke på 50-årsfesten i 1908

Den 27. november 1858 komFylkesbaatane sitt første skip DSFramnæs til Bergen. Den 2. desembergjekk båten ekstratur til Sogn. Det erdenne datoen som seinare har vorte hal-den som årsdagen til Fylkesbaatane. 50-årsjubileet i 1908 feira dei likevel omsommaren, i Bergen, der fylkestingssetaogså vart halden. Om kvelden var detjubileumsfest på Holdts Hotel.Ordføraren i Ytre Holmedal (Fjaler),David.O. Bakke, heldt ein tale somFjordenes Blad (Fjordabladet) ei tidetter refererte "det væsentligste" av.

"Han gav eit overmaate interessantutsyn over vore reiseforhold før damp-skipstrafikens begyndelse", skreivFjordenes Blad, "og fremhævede damp-skipsselskapets betydning for amtet."Her gjev me att talen slik han stod i bla-det, med ei endring, aa er bytt ut med å,for å gjera teksten lettare å lesa. Til slutthar me teke med nokre ordforklaringar.

David O. Bakke: lensmann, fylkestings-vald medlem av direksjonen (styret) iåra 1906-1921.

Godtfolk!Eg minnest væl, då far min [Ola Bakke]skulde til byen på lyftingsbåten sin. Deikunde vera en tre-fire grannar, som slogseg ilag på slike byturar um hausten, oghadde med seg den budrotten, som deihadde lagt upp um sumaren: Smør, ost,talg, ofte ogso ein stut og meir, somkunde vera å avlatast. Ei tenestegjenta,ei kona eller ein gutunge fekk då oftevera med for fyrste gong. Dei laut nohansa, dei, når dei kom til byen.Ferdafylgjet hadde venta på byren nokredagar, men no var nordanvinden komen,og det var tid til å koma seg avstad. Påvoren stod mor og syskjen og teneste-folk (..) og ynskte dei "lukke på reisa".So vart festet løyst og råsegelet vundeupp til mastretoppen med fløyen på ogstolt og vyrdeleg gleid båten frå, men på

voren vart me kan hende til seglet varkome attum neset.

Og reisi kunde vara lenge, 8, 14 dagarog meir etter som veret var - på dei 10gamle grautamilerne til og frå byen. Ogvandskar i vegen var mange. Ikkje vardei no beint [lett] å høyra frå dei heller.Papir og portoen var dyr, og vegen tilposthuset var lang, og so laut ein nospara på "unødige utgifter" ogso. Detkunde då høva so, at ein fekk fretta fråferdafolket sitt med byfolk på heimve-gen, som havde møtt dei. Då kunde detvera dette: dei møtte dei med Dingenslitande på årarne i sunnanvinden, dåheimferdsfolket tok til Sognesjøen, ellerdei låg: i Kjilstraumen og venta på atstraumen skulde snu, eller: dei for forbidei på sjølvaste Byfjorden. Men det tref-te og tidt, at dei heime ingenting fekkvita fyrr byfolket kom heimatt. Og somdet so ofta kunde vera utpå året og isvarte haustnatti, då sudvesten kvein inoverne og skok, og husspreida slo - då- jau då kom ordi som av seg sjølv: "Gughjelpe dei, er dei ute i slikt eit ver!"

Leid det so til heimkomebil og ein sågsegl for neset, so vart det ei undring ogspyrjing. Er det dei? Jamen trur eg det er

Av Hermund Kleppa

David O. Bakke (1857-1935), ordførar og stortings-mann, norskdomsmann og venstremann, bladstyrar ogsogeskrivar frå Holmedal, som i hans tid høyrde tilFjaler kommune. Eigar: Kjell Eikemo/Fylkesarkivet.

DS “Framnæs”, første skipet til Fylkesbaatane. Båten vart levert frå skipsverftet A. Denny i Dumbarton i Skottland.Skipet hadde ein to-sylindra maskin og gjorde ein fart på 10 knop. I 1909 vart båten påbygd ved Akers mekaniskeverksted i Oslo. Fire år seinare grunnstøytte båten og sokk i Nesefjorden i Solund, men vart heva, reparert og sett innatt i rutefart. Den 8. november 1943 vart "Framnæs" bomba av allierte flystyrkar i Frøysjøen. Fem passasjerar og einmatros miste livet. Båten gjekk no i opplag, men vart repararert ei tid seinare og teken i bruk på ny. Men gamle"Framnæs" song likevel på siste verset. I 1951, etter 97 års teneste, gjekk turen til eit skipsopphoggingsfirma iAntwerpen.

Page 11: Kjelda nr. 1 2008

11

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

dei, og folk på garden samlast i tunet forsjølv å sjå og høyra kva hine meinte.Jau, det var dei, og fyrr med endå varkomne i fjøra, so var dreggen kasta ogbåten fortøygd. Frå alle heime kom deteit "velkomne heimatte", og kvar haddegjerne eitkvart i vente. - Kva dei haddemed frå byen? Jau, det kunde vera eitunna korn eller tvo, litt salt, hamp ogstry, nokre merker byled, og i bykista eitpar tolvskillingsbraud og litt kandis-sukkker, som skulde gøymast til jolehel-gi, jamnaste og litt på krukka, sumehadde kirsebærvin, sume og brennevin,og sume hadde ikje noko av forgje.

Ei byferd var då som eit hende i bygdi,og frå byferderne vart det fortalt utyverdei lange vinterkveldarne i koleljoset,medan rokken surra, skoen vart, saumaeller garnet bunde eller bøtt, og oftekunde grannarne samlast for å friskauppatter gamle hendingar og for bornivar dette radt som eit eventyr.

Det var då -. Men so kom "dampen".Fyrst "Framnes", so "Fjalir", so etter-kvart alle dei andre, som me no ser - ogdet skal ikkje stor spådomsgåva til for åsjå at der endå vil koma mange. Deikom fysjande og bråkande med svarterøykvalkarne att yver seg og skar bei-nare veg, og vyrde korkje straum ellervind. "Kva er da for noko"? Det var so atsume kom til å tvila på, um alt dettegjekk rette til. Det var noko inn i ein,som vart skaka. Var det ein heilagdom,eller var det ein Dovregubbe eller ein

nissemann som vart såra? Noko av båeslag tenkjer eg. Men "damparne" sa somHenrik Wergeland i eit anna høve:"Nisser og dverge, bygge i bjergemen vi skal mine dem alle herut"

- og dei mina dei ut. Dei kom med bei-nare linjor i våre dagar, og dei kom medvidare utsyn. Himmelsyni vidka seg ut,so ein såg ikkje berre bygdi, men byg-darne [bygdene], og landet og utlandetmed. For med dampen kom posten, avis-erne og brevi - fyrst då kom dei forålvor. Og der kom ein ting framum alt,som heitte samfunnskjensla. So vart detogso so at det gamle Firda- ogSygnafylket viste fram dette sersyn: eitdampbåtlag, der heile folket var reida-rar. No ærar og takkar me mennerne frå1857 [skipingsarbeidet byrja i 1857],som bar denne stortanken fram og settehan i verk. Dei måtte ha tiltru til folke-tiltaket, og av det me no ser for oss, somå me idetminste segja, at amtet ikkjehev havt skam eller skade av, at folkettok saki i si eigi hand. Difor er denne saki ogso vorte til einheider for folkestyret i amtet. Ho hevbunde folket i hop i tiltru til kva dei småkrefter kan greia når dei dreg ilag og einveg. Og dette er ein lærdom godtfolk,som kan koma vel med i andre høve enddette. Der ligg so mangt og ventar på eikraftig hand. Då duser me gjerne ogsegjer: Nei dette orkar me ikkje. Dettemå kapitalistane eller utlendingen grei-da. Me gjev eit slikt svar: Sjå damp-skipsflåten vår i dag!

Lat då denne femtiårsfesten vera eimaning til oss um å gå i fedrars fotefar!Lat oss ikkje uroast i hovudet for det umme skal vidare og høgare upp, for då berdet lett utfor! Lat det ikkje spyrjast, atfolketiltaket i Nordre Bergenhus amtklikkar, men lat det spyrjast, at me somarvtakarar etter mennerne av 1857 - somdei skyna si tid - ogso me skynar vår!

Ordforklaringar:lyftingsbåt - båt med høgt dekk i akte-renden"som kunne vera å avlatast" - som kunneseljast hansa - byr - bør, lagleg vindvor - bryggjefeste - landtaumed fløyen på - med vimpelen oppegrautarmil - fretta frå - høyra fråhusspreida slo - heimkomebil - tida for heimkomestry - strie, materiale av hampbyled - forgje - eit hende - ei hendingrøykvalkar - røykkvervlarkoleljos - lys frå ei kole, ei tranlampeamt - fylkeNordre Bergenhus Amt - 1919: Sogn ogFjordane fylke

Men so kom "dampen". Fyrst "Framnes", so "Fjalir", so etterkvart alle dei andre, som me no ser - og det skal ikkje stor spådomsgåva til for å sjå at der endå vil koma mange",sa D.O. Bakke i talen sin i 1908. Her er ein av dei "mange" båtane som har kome seinare, gassferja "Mastrafjord" i Boknafjordsambandet, Rogaland. I 2008 kan me seia:

"Sjå ferjene til Fylkesbaatane i dag!"

Page 12: Kjelda nr. 1 2008

12

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Fotetorsdag = skjærtorsdag

Hovudkjelda til denne artikkelen ersvara på ei spørjeliste frå Norsk etnolo-gisk gransking. Norsk etnologisk gran-sking har som hovudmål å ”dokumen-tere norsk kultur i samtid og fortid”.Den arbeidsmåten dei helst brukar erspørjelister. Frå 1947 til d.d. har deisendt ut 212 spørjelister. I 1953 blei detsendt ut ei spørjeliste om mat for års-høgtidene. Dette er liste nummer 37. Eghar nytta ei spørjeliste frå 1982 (nr.138) som spør om forskjellige sider vedpåska, både mat, feriereiser, skigåing,leikar og det religiøse innhaldet i høgti-da. Det meste av stoffet eg har vald ut erom skjærtorsdag, men eg kjem og bortiandre dagar. Det er mat som er hovudfo-kus, men religiøse skikkar, besøk, skitu-rar og leikar kjem og med i artikkelen.

Finst det att tradisjonar formaten skjærtorsdag i vår tid?Når ein les det som blir skrive i svara påNorsk etnologisk gransking frå 1982(spørjeliste 138) om spesielle matskik-kar i påska, er det få av informantanesom svarer at dei har spesielle matskik-kar i dag. Men maten er god. Det er kjøteller fisk til middag. Nokre brukar røm-megraut til kvelds eller rømmekolle.Nokre har spesiell bakst dei brukar,lefse, krumkake og blautkake. Tidlegarevar det stor forskjell på kvardagskostenog kosten i storhelgar. I storhelganehadde ein ofte ferskt kjøt, fordi ein slak-ta til helga.

Fotetorsdag”Her hos oss vart dagen kalla fotetors-dag, fordi ein mange stader åt saueføterog nokre stader og griseføter. Det varvanleg både i Sunnfjord og Nordfjord.Denne skildringa kjem frå Hornindal:”Då kokte mor ei gryte med saueføter,fløytte flotet av i eit fat og sette på bor-det saman med bløytt flatbrød, poteterog kokte saueføter. Ein laga små flat-brødrullar og stakk i feittmølja og åtmed poteter og kjøt av sauebein attåt.”Frå Innvik høyrer vi og om denne skik-ken, der det i eldre tid var vanleg medkompar til lammeføtene. I Breim erdenne skikken levande også i dag.”(Kongsvik, 2002)

”Skirtorsdag”Kan namnet fotetorsdag ha noko medtradisjonen om at Jesus vaska disiplanesine føter denne dagen, og difor skullefolk eta føter av husdyra sine? Ordetskjærtorsdag kjem av norrønt skíra,’reinse’. Dei som hadde vore bannlyste,blei denne dagen tekne inn att i kyrkja.Truleg er dette opphavet til namnet pådagen (Store norske leksikon).Nynorskordboka (2001) har ein annanteori om opphavet til namnet, det erfordi ein ”enda fasta med eit bad”. INynorsk etymologisk ordbok skreiv AlfTorp (1919): ”…Skire, rense, i det manpaa denne dag efter fasten tok et bad ogklædte sig rent, dette bad blev opfattetsymbolsk som en renselse av sjælen.Dagen var i den gamle kirke almindelig

absolusjons-dag …” Skrivemåtar nokreav dei eldre nyttar i svara på spørjelis-tene frå Norsk etnologisk gransking erskirtorsdag, sjeretorsdag eller skjere-torsdag (Fjaler).

SaueføterI boka Alle tiders Fjordamat blir til-laginga av saueføtene beskrive slik:”Saueføtene vart skrapa, svidde, salta ogtørka. Dei vart kløyvde onsdag (førskjærtorsdag) og sette i vatn. Føtene vartkokte i usalta vatn i 2-3 timar.Griseføtene vart skålda saman medresten av grisen, tørrsalta, somme staderrøykte som i Jølster, og hengde til tørk.Så vart dei delte i to, vatna ut og koktesaman med saueføtene. Både i Jølster,Breim og Innvik brukte ein raspekaker(raspeballar) til.”

Ved fløande sjø og veksandemåneI Fylkesarkivet si samling med matopp-skrifter frå 1990-talet, har vi tre opp-skrifter på saueføter. Dei kjem alle fråSogn: frå Vik, Lavik i Høyanger ogBrekke i Gulen. Her er tilstelling ogreingjering av føtene nøyaktig forklart.Denne forklaringa her kjem frå Brekke:

”Føtene vert kappa under kne. Rabbing[skal ein gjera] helst ved fløande sjø ogveksande måne. Vask føtene. Varm vatn.Vatnet skal ikkje koke. Stikk føtenenedi. Ein må passe godt på slik at føteneikkje ligg for lenge i varmt vatn. Skrapføtene fri for hår og ta av klauvene.Rabb nøye også mellom klauvene.Føtene må ofte duppast i det varme vat-net fleire gonger under rabbinga. Harein ferske føter, rett temperatur på vatnetog det er fløande sjø og veksande måne,kan rabbinga gå svært raskt.”

”Fjern klauvmakken, elles fårdu kløde i baken””Saueføtene vert anten turrsalta ellerlagde i lake. Laken skal vera så sterk atei middels stor potet flyt opp. Ofte nyttaein same laken både til flådde saueho-vud, rullepølse og saueføter. Etter omlag ei veke vart føtene tekne ut or laken,skolte og hengde til tørk. Føtene trengikkje så lang tørketid. Saueføtene måvatnast nokre timar før koking.

Av Randi Melvær

Sauer med føter. Det kan ikkje vera mykje kjøt frå kneleddet og ned til klauvene?Februar 2008. Fotograf: RME

Page 13: Kjelda nr. 1 2008

13

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Koketid ca. to timar. Etter at føtene erkokte må klauvmakken (eitelen mellomklauvene) fjernast.” I Vik sa dei at denneeitelen kunne bli årsak til ”kløde”.

I Stardalen i Jølster fortel informanten i1982 at skikken med å ete saue- og gri-seføter gjekk ut for få år sidan. Når bøn-dene sende dyra til slakteriet, var detslutt med dette. Føtene vart tekne vekkpå slaktet som dei tok attende. Dermedblir det heller sjeldan kost. Alternativeter då å finna fram ribba frå fryseboksenskjærtorsdag.

Aukar, klubb, kumler, kompar,potetklubb, raspeballar, raspeka-kerBerre i Sogn og Fjordane har dennepotetretten sju forskjellige namn.(Kumler og kumpar tyder det same pånorrønt, elles tyder det klump. Til saue-føtene brukte ein raspekaker.

”Raspekaker frå Jølster”1 kg poteter300 g kokte poteter100 g fin, sammalt kveite100 g byggmjøl100 g (om lag) fint kveitemjøl(1 ? ts salt)

250 g bacon eller lettsalta flesk

”Mos kokte poteter, riv eller mal råpoteter og bland dei saman. Ha i mjøl ogsalt og rør deigen godt saman. Formkakene med handa og ei fuktig skei. Lagei grop og ha små bitar med flesk (dott)i kakene. Ha dei i kokande kraft og latdei koke i om lag ein time” (Kongsvik2002). Som grønsaker serverer du koktkålrot og gulrot til.

Endeleg kjøtmatMaten i ”langfasta” frå feitetysdag (tys-dagen etter fastelavenssøndag) til ons-dagen før skjærtorsdag var i Viksdalen iGaular rømmask (rømmekolle), flatbrød, turka og røykt sild eller saltafisk. Dette vart det slutt på frå skjærtors-dag av. I Hoddevika i Selje var det all-tid kjøtmat skjærtorsdag. Det var gjernetørka svinerygg, salta svineribbe ellersvinekotelettar. Grønsaker: grøne erterog kokte gulrøter. Om kvelden graut,anten ris- eller semulegraut. Av og tilrømmegraut. Andre stader fortel infor-mantane om kjøt og flesk kokt i erte-suppe.

Hungrige til kyrkjeFør ein gjekk til kyrkje var det mangesom ikkje åt: ”… ein skulle gå hungrigtil kyrkje…” …ete lite og svelte seg varvanleg til altergang. Men etter høgmes-sa åt dei middag med kjøt, flesk ogkraftsuppe… Det var endå dei som letdieborn få suga lite desse dagane. Påskavar ei alvorsam høgtid. I Selje skulle einlesa Guds ord eller ”teksten” kvar helge-dag i påska. Både bestefar og far gjordedette til vi fekk radio, fortel ein infor-mant. Det var gjerne husandakt medtekstlesing frå ein huspostill. Elles gjekkfolk i kyrkja, for å få høyra ”Preik” og fånattverden. Felles for småplassane i fyl-ket vårt, er at presten har fleire kyrkjer åpreike i, så folk kan berre gå til kyrkjenokre av helgedagane. Dei andre helge-dagane høyrer dei preik i radioen.

Informanten frå Stardalen i Jølster kal-lar skjærtorsdag for halv heilagdag. Dåvitjar han gudsteneste i Helgheims-kyrkja eller høyrer guds ord i radioen.

Det var ikkje synd å arbeida litt dennedagen, sidan han ikkje var full heilag-dag. Men på Barmøya i Selje var bådeskjærtorsdag og langfredag fulle helge-dagar. Påskeafta var arbeidsdag. Deihadde ingen slag samkomer eller festar.Elles i fylket har det vore vanleg anten åbe til gjestebod eller gå innom på besøktil kvarandre om kveldane.

Mellom alvor og moro:”Eit hovudtrekk ved påskehelga her ieldre tid var ei stille, streng høgtid.Vilde barn og ungdom samlast til moroog leik denne helga måtte det vera antenSkjirtorsdag eller 2de påskedag”(Fjaler).

Ein av informantane frå Viksdalen iGaular fortel i 1982 at misjonskvinnenehadde basar skjærtorsdag. Då kunne deitreffa både familie og grannar, og deisom var på påskebesøk. Samlinga varbåde sosial og religiøs. I Gaular i gamaltid blei det brukt påskeris både skjær-torsdag og langfredag til minne om Jesuhudfletting. Opprinneleg var det berrelangfredagmorgon riset blei brukt. Detvar husmora eller matmora som piskafamiliemedlemmene på bar rygg.Seinare vart dette ein leik ein eller fleireav dei andre påskedagane. Eit ris bleivist som trussel for å få borna til å ståopp om morgonen.

Ein av informantane til Norsk etnolo-gisk gransking fortel at ho gjerne vilskapa nye tradisjonar for borna og fami-lien. Ho vil vera i naturen, gå på ski ifjellet skjærtorsdag og langfredag, ellergå tur på beina om det ikkje er snø(Fjaler).

Raspeballemiddag er ein populær torsdagsmiddag påmange kafear i fylket i dag. På tallerkenen får du rikelegmed salta kjøt, pølse og flesk til raspeballane, ikkjesaueføter. Potet og kålrotstappe (nepestappe) blir og ser-vert til. Spør du om sirup, får du det og! Desse raspe-ballane her er utan ”dott”, dvs. det er ikkje kokt flesk imidten. Februar 2008. Fotograf: J.M.Njøs

På kyrkjeferd til Husøy kyrkje, Solund, 1923-1924. Vi ser Knut Kalgraff med kone og dei eldste tre ungane: Ivar, Marta og Magdalena. Det er Knut Kalgraff og Ola Korsvoll som ror. I framskuten sit Olav Raa. Småjentene har fått seg hattar frå Amerika. Det var nok gildt. Fotograf: Anna Korsvoll

Page 14: Kjelda nr. 1 2008

14

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Skjærtorsdagsskirenn forborna.Skirenn for born finn ein fleire stader ifylket på skjærtorsdag. I 1980-åra hadde4H skitur i Befringsdalen i Jølster bådefor born og vaksne, med spørsmålspostar. Om kvelden var det fest med pre-mieutdeling. Andre lag hadde og sam-komer. Skjærtorsdag kveld hadde song-og musikklaga stor konsert i Skei samfunnshus.

På denne konserten vart det og religiøseinnslag. Tidlegare var nok ikkje detteaktuelt. Dagane var for alvorsame tilslike festlege samkomer.

I Stardalen i Jølster fortel informantenom ei spesiell barneleike ein lagde ipåska, ”klotrer som surrar” av grisebein.Det er best å bruka ulltråd til desse.Dette må ha vore etter fotetorsdagen dådei åt både saueføter og griseføter?

Ein påskeleik med egg og stolar:Denne leiken har vi frå Hoddevik iSelje. Nokre av gjestane går ut. Dei veitikkje kva som skal skje. Når dei kjeminn igjen er det sett stolar i ein ring, eintil kvar av dei. Ein gjest vert plassert påein stol som er open bak setet. Dennegjesten blir spurt om alt muleg, og tilsist om han eller ho kan kakla som ei”verpehøns”. Når ”offeret” kaklar på detmeste, må han reisa seg. ”I medan harein annan lurt seg til å leggja eit egg nedpå stolsetet. Dei andre tek til å kakla, ogstakkaren må snu seg og sjå egget hanhar lagt.” Ein bør helst bruka hardkokteegg, naturleg nok.

Kjelder:Norsk etnologisk gransking, svar frå Sogn ogFjordane, på spørjelista 138 frå 1982 om påske.Kongsvik, Åse: Fjordamat : kokeboka for Sognog Fjordane. 1999.Kongsvik, Åse: Alle tiders Fjordamat : - til høgti-der og merkedagar. 2002.Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon.Cop. 2007. Matoppskriftsamlinga til Fylkesarkivet: Tørkasaueføter, MAT-920002 1411 BrekkeSaueføter, MAT-920202 1417 Vik, Saueføter ierter og grønsaker, suppe, MAT-930009 1416LavikTorp, Alf: Nynorsk etymologisk ordbok.Kristiania 1919.Norrøn ordbok, 1975.Nynorskordboka. 2001.ABM Sogn og Fjordane sin fotodatabase.

Her er heile påskebodskapen framstilt på altertavla, eller altarskåpet som ein kan kalla det. Dette altarskåpet er laga i1935, av Dagfinn Werenskiold, og er målte trerelieff. Altertavla heng i Årdal kyrkje. Fotograf: Ukjent

Dei fleste av informantane til spørjeliste 138, om påske, fortalde at dei somoftast hadde besøk av slekt og vener i høgtida. Då blir det mange gode og trivelege måltid saman.

Skitur og fjelltur. I våre dagar er det veldig fokus på denne forma for påskeferie, sjølv om sta-tistikken viser at flest nordmenn feirar påska heime. Også frå mellomkrigstida og framover servi av foto at ungdomane gjerne dreg til fjells i påska. Dette fotoet er frå 1941, frå Ytrehus iBremanger. Selet i bakgrunnen blei bygd i 1890. Ungdommane på tur er: Odd Indrehus, SverreSandvik, Yngvar Yttrehus, Brynvald Kvellestad og Jon Indrehus. Fotograf: Rolv Yttrehus

Page 15: Kjelda nr. 1 2008

15

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Nye privatarkivAv Snorre D. Øverbø

Arbeid med vern og formidling av privat-arkiv er spanande og meiningsfylt. Å fåhøve til å gå igjennom, ordne og registrerepapir og protokollar etter privatpersonar,lag/foreiningar og næringsliv, gjev einunderleg nærleik til fortida. Gulna brev,utslitne protokollar er visuelle uttrykk fortida som tærer. Innhaldet kan vere bådemorosamt og alvorsamt, men sjeldant keisamt

Men privatarkiv er og problematisk.Fagfeltet er svært omfattande: det erumogleg å verne alt, nesten dagleg vertarkivmateriale øydelagt, og vi har lite avlover og forskrifter å slå i bordet med and-synes arkiveigar. Berre ein liten del av detsom bør takast vare på, vert verna i regi avfylkesarkivet. Noko vert teke vare pålokalt. Elles må vi berre innrømme atmykje verdefullt arkivmateriale går tapt ifylket. På ein måte må vi leve med at deter slik. Desto viktigare då er å vere bevisstpå kva ein vil prioritere for vern, og plan-legge vernearbeidet i eit større perspektiv.

Det kan og vere ressurskrevjande; eit stør-re privatarkiv kan det ta fleire veker, jamånader å ordne. I slike tilfelle er detnaudsynt med eit samarbeid med arkiv-eigarane om finansiering.

Samla inn 94 hyllemeterI 2007 vart det registrert 56 nye privat-arkiv i arkivdatabasen vår. Dei er fordeltpå 17 forskjellige avleveringar, spreiddgjennom heile året. I sum kom det inn 94hyllemeter med privatarkiv i 2007. Nokre arkiv har og vorten registrert i sam-band med internflytting inn i dei nyearkivmagasina.

Tilvekst av registrerte privatarkiv i 2007Ankerløkken AS, Bedriftsklubb - FørdeJern og Metall, avd 165AUF i Sogn og FjordaneAuto 123 AS, Bedriftsklubb - Førde Jernog Metall, avd 165Balestrand BarneparkBalestrand BondekvinnelagBalestrand BondelagBalestrand HusflidslagBalestrand lokalhistoriske arkivBalestrand VekstBerge nedre, gnr. 63 bnr. 5,HartmannsgardenBluss - partiblad for NKP, NACODen norske Postorganisasjon,Nordvestlandet krets

Fjordane Handel og Kontor, Region VestFlorø Handel og KontorFosnes, IvarFørde avdeling av Den norske Post-organisasjon, Nordvestlandet kretsFørde Handel og KontorFørde Maritime Industri AS,Bedriftsklubben - Førde Jern og Metall, av 165Gloppen SamorgHamrevatnetHK-klubben Førde SamyrkelagIndre Sogn AOFIOGT Barnelosje "Barnevern"John Kvamme AS, Bedriftsklubb - FørdeJern og Metall, avd 165Johnsen, JimJorddal, OlgaKvamsøy SkilagLosje "Skaalefjell"Lærdal Fabrikker L/LLånefjorden JordbrukslagMundal & Vangsnes, landhandelMålsnes, ArneNaturvernforbundet i HøyangerNistad, Astrid

Nordvestlandet krets av Norsk postforbundSjøthun, Hans A.Skagen, Henrik H.Sogn og Fjordane avdeling av NorskPostforbundSogn og Fjordane Handel og KontorSogn og Fjordane IOGTSogn og Fjordane KunstnarsenterSogndal MusikklagSogndal Sosialistisk VenstrepartiSogndal SVSognefjord VikingsenterSværefjorden SkoglagTanner, ShawnThune, MartinTjugum, GyridTjugum, MarthaToten Rundt - SauesankelagVaksenopplæringsforbundet i Sogn ogFjordaneYoung, FredrikYtre Nordfjord Kommunale ForeningØiestad, Anders HansenØvre Årdal ArbeidarkvinnelagØvrebø, Søren Mosesson

Denne konvolutten med påskepynt følgde med arkivet frå Offerdal landhandel i Balestrand. Den er truleg frå1950-talet, og inneheld seks påskekyllingar i papp som ein kan brette og stille ut i heimen.

Page 16: Kjelda nr. 1 2008

16

Førhistorisk gardsbusetnad på Kvåleog Gurvin - førebels resultat fråarkeologiske undersøkingarIntroduksjonI to føregåande nummer av Kjelda harlesarane hatt høve til å følgje dei arkeo-logiske undersøkjingane på Kvåle ogGurvin. Bakgrunnen for undersøkjing-ane er planlagt bustadutbygging i områ-det. Sommaren 2006 gjennomførte Sognog Fjordane fylkeskommune registre-ringar i planområdet, og kunne slå fastat her var omfattande spor etter førhis-torisk aktivitet. Bergen Museumgjennomførte utgravingar frå midten avapril til midten av juli 2007.Funnmengda var svært stor, og arbeidetmed å analysere resultata pågår fram-leis. Denne artikkelen presenterer såleisførebelse resultat.

ArbeidsmåteUt frå registreringsresultata visste ein ataktiviteten på Kvåle og Gurvin femnareit stort tidsspenn, frå yngre steinaldertil mellomalder. Frå skriftlege kjelder erdet og kjent at Kvåle var ein storgard imellomalderen. Føremålet med utgra-vinga er å få meir detaljert kunnskap omkva type aktivitet som har gått føre segtil ulike tider, sjå på endringar i aktivite-ten og, så langt det er råd, setje dei ulikeaktivitetsspora i samanheng med kvar-andre. På denne måten kan vi få vitemykje om korleis gardsbusetjinga iområdet har utvikla seg. Tabellen nedan-for gir eit oversyn over den arkeologiskeperiodeinndelinga (merk at periode-grensene stadig er debattert).

Utgravinga føregjekk ved å fjerne denmoderne dyrkingsjorda med grave-maskin. Dette fekk fram ei stor mengdemed aktivitetsspor i form av stolpehol,kokegroper, ovnsanlegg og anna. Slikeaktivitetsspor kallar vi med ei sam-lenemning strukturar. Desse gir oss oftevel så mykje informasjon som gjen-standsfunn.

Når avdekkinga er overstått skal struktu-rane dokumenterast. Kvar einskildstruktur blir innmålt i horisontalplanet,deretter blir det gravd eit vertikalt snittsom ein fotograferer og teiknar. Fråutvalde strukturar blir det teke ut jord-prøvar. Desse blir brukt til c14-datering

og botanisk analyse. Spesielt forKvålefeltet er at det var omfattande akti-vitetsspor i to overlappande jordlag.Dette innebar at strukturar i øverste fasemåtte dokumenterast først, derettermåtte dette laget fjernast maskinelt for åkunne dokumentere strukturar i nestefase. Dette er ikkje ein ukjend situasjoni terreng utsett for ras eller flaum. PåKvåle var imidlertid det overleirandelaget tynt, noko som gjorde denne delenav arbeidet til ei utfordring. Med eindyktig maskinførar let det seg likevelgjere med godt resultat.

BusetnadTo hustypar er representert i materialetfrå Kvåle og Gurvin, det vi kallar toski-pa og treskipa hus. Begge typar har hattjordgravne stolpar. Dei toskipa husa ereldst, kjent frå yngre steinalder og bron-sealder. Desse er konstruert med ei rek-kje takberande stolpar i huset si lengde-retning. I løpet av eldre bronsealderkjem den treskipa hustypen i bruk. Dettehar to parallelle rekkjer med takberandestolpar i huset si lengderetning. Deigrunnleggjande prinsippa i denne byg-geskikken har vore i bruk heilt fram inyare tid, mellom anna i form av grind-verk. Dei takberande stolpane dannar eitbilete av grunnplanet i huset, og ikkjesjeldan er det kun desse som er bevart.

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Av Heidi Handeland

Dokumentasjon av stolpehol

Page 17: Kjelda nr. 1 2008

17

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

I nokre tilfelle er det spor etter grøfterog veggkonstruksjonar på utsida av deitakberande stolpane. Eldstad(er) inne ihuset kan og vere bevart, likeså sporetter rominndeling eller båsskilje.Gjenstandsfunn og analysar av frø ogplanterestar kan og fortelje mykje omaktiviteten inne i og rundt huset. I jern-alderen var langhuset gjerne eit fleir-funksjonshus, med ein del for busetnadog ein fjøs/stalldel. Døme på dette finstlike i nærleiken av Kvåle, på Rutlin, dereit yngre romertidshus med fjøsdel vartutgravd i 1998. Sjølv om vi ikkje harfunne sikre spor etter båsskilje i Kvåle-husa er det sannsynleg at i alle fall eittav husa har vore eit fleirfunksjonshus.

På Gurvin er det dokumentert eit toski-pa hus med veggstolpar og fleire eldsta-der. Huset er c14-datert til yngre steinal-der. På nord- og vestsida av huset er detrester av grøfter, kanskje forbunde meddrenering.

Kvålefeltet hadde den klart mest omfat-tande funnmengda, på dette feltet åleineer det dokumentert over 1200 strukturar.Overvekta av desse er stolpehol, nokosom tilseier at busetnaden her må havore omfattande i førhistorisk tid. Kormange hus det kan dreie seg om totalt erennå noko tidleg å seie. Mange av stol-pehola har solide dimensjonar og ergravd godt nedi grunnen, nokre over 1 meter.

Fleire var utførleg skodd med store stei-nar. Så langt er eitt hus c14-datert tilromertid.

Funn av ovnsanlegg og slagg tilseier atein har drive med metallbearbeiding iområdet. Ovnsanlegga viser seg i formav groper med spor etter leirfora esser.Smieslagg av jern fortel at ein har smiddjerngjenstandar, kanskje reiskapar ellervåpen.

I tillegg til hus og ovnar er det funnekokegroper både på Kvåle og Gurvin.Desse har vanlegvis vore anlagt utan-dørs, og skil seg slik frå eldstader inne ihus. Kokegropene er, som namnet tilsei-er, forbunde med førebuing av mat. Påei utgraving er dei som oftast lett gjen-kjennelege som trekolhaldige nedgra-vingar i undergrunnen. Av og til er detbeinrestar i gropene, sannsynlegvisrestar frå maten som vart førebudd der.På Kvåle ligg det spor etter hus og koke-groper i to overlappande fasar. Nokre avkokegropene må etter alt å dømme havore samtidige med busetnaden.Korvidt det har vore opphald i busetna-den der området har blitt brukt berre tilkokegroper er for tidleg å avgjere, mentettleiken av stolpehol tyder på kontinu-itet i busetjinga her. På Gurvin er koke-gropene ikkje knytt til eit husområde,noko som tyder på at det skal tolkastsom eit reint kokegropfelt. To av koke-gropene på Gurvin er daterte til førro-mersk jernalder.

DyrkingBåde på Kvåle og Gurvin var det sporetter fleire fasar med førhistorisk dyr-king. Eldste daterte dyrkinga er fråyngre steinalder til eldre bronsealder.Over dei eldste laga er det fleire fasarmed dyrking som sannsynlegvis kanknytast saman med den yngre busetna-den i området. I tillegg til å datere dyr-

Toskipa hus på Gurvin

Stolpehol skodd med steinhelle

Page 18: Kjelda nr. 1 2008

18

kingslaga blir prøvar analysert av bota-nikarar. Bevarte korn, frø og andre plan-terestar kan brukast til å identifiserevegetasjonen i området tilbake i tid.Nokre planteslag fortel om åkerbruk,medan andre er forbunde med beiting.Spor etter tilgroing mellom dyrkingsfa-sane kan avsløre at ein åker har legebrakk ein periode. Naturleg påverknadsom ras og anna overleiring av åkerom-rådet vil og vise seg i form av sand oggrus.

GjenstandsfunnDei fleste gjenstandsfunna vart gjort påKvåle-feltet. Desse stadfestar, til liksmed c14-dateringane, aktivitet frå fleireførhistoriske periodar. Tre økser fråyngre steinalder, dekorert spannformakeramikk frå folkevandringstid, annakeramikk, vevlodd, spinnehjul, jern oganna metall, og bitar av ein kvernstein.Kvernsteinen var gjenbrukt som sko-ningsstein i eit stolpehol. Ein bit av eibakstehelle av kleberstein og nokre fåskår av keramikk kan daterast tilmellomalderen.

Andre funn i nærområdetPå Kvåle er det kjent kulturminne avnoko omfang frå før, mellom anna fleiregraver. I 2003 vart det utført arkeologis-ke undersøkjingar av førhistoriske dyr-kingslag frå yngre steinalder til romer-tid. Også i området rundt er førhistoris-ke lokaliteter. På Kvålslid er det under-søkt dyrkingslag frå yngre steinalder ogbronsealder, og på Rutlin omfattandeaktivitet frå yngre steinalder til mellom-alder. Vidare er det undersøkt kokegrop-felt frå førromersk jernalder/romertid ogdyrkingslag frå yngre steinalder/bronse-alder på Stedje. På same gard er det oggravd ut eit grophus frå vikingtid. Ved åsamanlikne dei nye funna frå Kvåle medfunn i nærområdet og Vestlandet forøvrig kan vi få eit bilete av både lokal ogregional variasjon. Slik kan vi få ei betreforståing av mellom anna likskapar iorganiseringa av busetnad og ervervover eit større område, og av tilpassingtil lokaltopografiske tilhøve.

Vidare arbeidDet synest klart at dei arkeologiskeundersøkjingane på Kvåle og Gurvin vilutfylle den kunnskapen ein har om før-historisk busetnad i Sogndal og regionenforøvrig. Korleis busetjinga og jord-

bruket har utvikla ogendra seg i løpet avdenne perioden er eisentral problemstillingi det vidare arbeidet.Mellom anna er det avinteresse å prøve åfastslå om busetjingahar vore kontinuerleg,eller om det har voreperiodar med lågareaktivitet. Fleire c14-dateringar, nærare stu-dier av funnmaterialeog analysar av bota-niske prøvar vil vente-leg belyse dette.

Kjelder:Diinhoff, S: Kvåle iSogndal – ny metodikk forgravning af fossile marker.I Konstruksjoner og byg-geskikk. Maskinell flateav-dekking – metodikk, tolkingog forvaltning. AmS-Varia43. Arkeologisk museum iStavanger, Stavanger 2005,s.123-125. Høgestøl, M.,Selsing, L., Løken, T.,Nærøy, A.J. & Prøsch-Danielsen, L. (red.)

Diinhoff, S. og Hjelle, K.L.:Udgravningsberetning.Arkæologiske frigivnings-undersøgelser ved Kvålslidvest gnr.23. Sogndal, Sognog Fjordane 1998.

Diinhoff, S og Hjelle, K.L.:Udgravningsrapport, Rutlingbnr. 22/4, Sogndal kom-mune, Sogn og Fjordane.Bergen Museum 2003.

Skrede, M.A.: Rapport fråarkeologisk registrering påKvåle/Gurvin (gbnr.23/14og gbnr.25/2) i Sogndalkommune.

Skrede, M.A.: Spanandearkeologiske funn på Kvålei Sogndal. I Kjelda nr.12007. s.8-10.

Skrede, M.A.: Spanande arkeologisk utgraving iSogndal. I Kjelda nr.2 2007. s.4-5.

Slinning, T. og Hjelle, K.L.: Arkeologiske under-søkelser av bosetnings- og dyrkningsspor frabronsealder og steinalder ved Kvålslid Aust, gnr.23, bnr. 4 og 5, Sogndal kommune 2004.Arkeologisk rapport v/Tore Slinning. Botaniskrapport v/Kari Loe Hjelle.

in prep: Fra åker i steinalderen til rituelt gropfelti jernalderen. Arkeologiske undersøkelser av kulturminnelokalitet på Stedje. Stedje gbnr.64/4,Sogndal kommune, Sogn og Fjordane fylkeskom-mune. Arkeologisk rapport ved Thomas BruenOlsen. Vedlagt paleobotanisk rapport ved KariLoe Hjelle.

Alle foto: Bergen Museu

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Oversiktsbilete av Kvåle-feltet

Uttak av prøvar frå dyrkingslag

Skår av spannforma keramikk

Page 19: Kjelda nr. 1 2008

19

Utmarksaktivitet i Øvstedalen i jarnalderen

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Om lag 600 moh, fremst i Øvstedalen,ligg 13 tufter og to kolgroper på ein omlag 50 m brei rygg innan eit område pårundt 200 m (sjå planskisse over tufte-området). Sør og nord for ryggen er tosmå elvar. Sør for elva ligg nok ei tuft.Elles i området er påvist rundt 30 kol-groper. Både tuftene og kolgropene ersynlege for eit øvd auge. Kva bruk kanme knyta til denne type kulturminne? Erdet restar etter ein støl, eller har detvore ein gard i eit område som seinareer blitt utmark?

Dei automatisk freda kulturminna liggpå garden Øyre, i eit område kallaBjørndalen. Det går ein sti over mangeav tuftene, men kjentfolk i området harlikevel ikkje visst om dei. Dette er einvelkjent situasjon for arkeologar som erute og registrerar, og viser at det finstveldig mange synlege automatisk fredakulturminne i utmark som ikkje erkjende. I utmarka har ikkje maskinerøydelagt kulturminna på same måte sompå innmarka, og me har difor ei særlegplikt til å dokumentera og ta vare pådesse. Tufter og andre kulturminne i fjellog utmark er viktige for å forstå utvik-linga av jordbruket på Vestlandet i jarn-alderen og tidlegare. Ved å bruka kunn-skapen me har om tuftene og kolgro-pene i Bjørndalen spesielt, samt lik-nande område, har me eit grunnlag til ådiskutera kva området har vore brukt til.

Undersøkingane i ØvstedalenDå det kom planar om å utvida kraftlinamellom Fardal og Meel, vart det avKulturavdelinga i Sogn og Fjordane fyl-keskommune sett i gong ei arkeologiskregistrering, leia av Ståle Furnes. Detvart registrert fleire tufter i fjellet både iSogndal og Leikanger kommune. IBjørndalen vart det gjort funn av 14 tuf-ter og fleire kolgroper. Dette er ei av deistørste samlingane med tufter i utmarksom er kjent. Truleg finst fleire tufter iområdet.

Dei registrerte tuftene i Bjørndalen erteikna inn på ei planskisse over området,i tillegg til at fleire av tuftene er teikna iplan. Det er teke prøvestikk i tre av tuf-tene, og trekol frå to av desse er C-14daterte.

Det vart teke prøve-stikk i to kolgroper.Desse er også er dater-te. Sidan det er helleravgrensa undersøking-ar som er gjort av kul-turminna i Bjørndalen,er også kunnskapenom bruken av bygning-ane og områdetavgrensa. Denne typentufter er vanlege i vest-norsk utmark, og mekan eit stykke på vegtenka oss til korleisbygningane har sett utog kva dei har vorebrukt til.

Fjell-tufter i SognI gamal tid har brukenav fjellet og utmarkavore mykje større enn idag. Tidlegare har eintrudd at det er lite åfinna av kulturminne islike område. Dei sistetiåra har det likevel vistseg at det finst sværtmykje kulturminne iutmarka. Før dei storevassdragsutbygginganepå 1970- og 80-taletundersøkte ein områdaarkeologisk, og det vartregistrert tufter, koke-groper/kolgroper, jakt-anlegg, jarnvinnean-legg og steinalderbu-stadar. Sjølv om arkeo-logane vart medvitneom at det i fjell- ogutmarksområde kanfinnast spor etter men-neske, har det vore litearkeologisk aktivitet pådette feltet. Berre påSvolset i Friksdalen(Leikanger) og iGudmedalen i Flåms-dalen er kjende likemange eller fleire tuf-ter samla innan eit såavgrensa område.

Av Marit Anita Skrede

Planskisse over tufteområdet i Bjørndalen. Mellom dei to elvane er ein tørr rygg,medan det er myrlendt på den andre sida av elvane. Her finst både tufter med eittog to rom. Tuftene er for ei stor grad orientert anten nord-sør eller tilnærma aust-vest. Etter Furnes 2001.

Page 20: Kjelda nr. 1 2008

20

Tuftene på Svolset er nøye granska i toom-gangar, og me har ein del kunnskapom dette området. Dette er dermed eitgodt samanlikningsgrunnlag når me vilseia noko om bygningstype og bruk avdenne typen tufter. I tillegg kan ein sjåtil Ytre Moa i Årdal for å diskutera byg-ningskonstruksjon. Sjølv om der harvore heilårsbusetnad, er det langt på vegsame type bygningar. Under-søkinganesom er utført til dømes i samband medplanane for utbygginga av Nyset-Steggjevassdraga er også gode for å for-stå kva konstruksjon som er ofte erbrukt på førhistoriske fjell-tufter.

Store og solide bygningar = omfattande bruk11 av tuftene i Bjørndalen ser ut til å haeitt rom, medan det er to rom i tre av tuf-tene. Det er mest vanleg at fjelltufter hareitt rom, men tufter med to rom er kjentfrå fleire andre stadar. På Svolset er detto rom i heile 10 av 16 tufter. Tuftene eravlange eller hesteskoforma med inn-gang i den eine kortsida. Dette er denmest vanlege forma på fjell-tufter påVestlandet. Forma kan likevel varieramellom avrunda eller meir avretta hjør-ne. I Bjørndalen har me begge desse for-mene.

Det er lite synleg stein i veggane tilBjørndalen-tuftene, sjølv om det ienkelte tufter er noko stein som stikkopp i dagen. I minst ei av tuftene (tuftK) er fire ståande heller på innsida avveggvollen. Dette er eit trekk som erkjent frå tufter fleire andre stadar, bådepå Svolset, Ytre Moa og Nyset Steggje-undersøkingane.

Fjelltufter har ofte hatt vollar av grus,jord og stein på tre sider, medan det harvore innvendige veggar av tre. Det hartruleg variert kor høg den utvendige vol-len har vore.

På Svolset og på YtreMoa har det vore ytresteinveggar som kanha vore rundt 1 mhøge. Desse har fung-ert som leveggar.Sidan det ligg litestein i vollane iBjørndalen-tuftene, erdet ikkje truleg at herhar vore så høg ytrevegg. Tuftene i Bjørn-dalen har for ei storgrad låge vollar somer mellom 1,5 og 3meter breie. Det erikkje truleg at vollaneme kan sjå iBjørndalen har voretakberande. I utgravnefjelltufter ulike stadar,viser det seg at detofte er blitt brukt parmed takberande stol-par. Det er sannsynlegat det har vore tilfelle i Bjørndalen også.

Som me ser av tabell 1, varierar storlei-ken på romma mellom 11 og 34 m2.Dersom me summerar bruksarealet ibegge romma i toromstuftene, er detsamla bruksarealet i ein bygning opp til36 m2. Dei fleste av tuftene som er regis-trert i fjellområda i Sogn, har eit areal påmellom 12 m2 og 30 m2, sjølv om bruks-arealet kan vera ein del større. Den stør-ste tufta i Friksdalen har hatt eit bruks-areal på om lag 47,5 m2. Enkelte av byg-ningane som har vore i Bjørndalen ser uttil å ha vore ganske store.

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Tabell 1. Måla på tuftene i Bjørndalen, samt tufter med påvist eldstad.

Bilete av tuft K. Det er vanskeleg å fotografera denne type tufter, då konturane ikkje blir særleg tydelege på bilete.Denne tufta har heller kraftige vollar. På den eine langveggen står tre bjørker. Til venstre for desse er ei forseinkingsom har vore golv, før den andre langveggen. I kortsida nærast oss har det vore inngang. Foto: Arnulf Østerdal

Planteikning av tuft A. Dette har vore ein bygning med eitt rom med eit bruksarealpå rundt 12 m2. Det er teke eit prøvestikk om lag midt i tufta. Trekol frå ein eldstader datert til rundt 700 e.Kr. Etter Furnes 2001

Page 21: Kjelda nr. 1 2008

21

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Bruk i fleire hundre årTre av tuftene, tuft A, E2 og L er under-søkt ved hjelp av prøvestikk. I alle tuf-tene vart prøvestikket lagt i midtlinaomtrent midt i tufta. Alle prøvestikk vartlagt i område med reint trekol som varmellom 3 og 10 cm tjukt. Dette er trulegrestar etter eldstadar. Det er vanleg ateldstaden ligg i midtlina i jarnalderstuf-ter, gjerne nær den indre kortveggen.Ofte er det ei kokegrop både på framsi-da og baksida av denne. Sidan tuftene iBjørndalen berre er undersøkt med eitprøvestikk, er det vanskeleg å seia korvidt dei same trekka finst her.

C-14 dateringa av tuft A viser at den vari bruk på eitt gjeve tidspunkt som liggmellom år 612 og 883 e.Kr., det vil seiai merovingartid. Tuft E er datert tilmellom 433 og 661 e.Kr., folkevan-dringstida. Ut frå ei enkelt datering ikvar tuft er det ikkje mogleg å seia nårbygningane vart tekne i bruk, eller nårdei gjekk ut av bruk. Sjølv om datering-ane frå dei to tuftene ikkje stemmerovereins, er det likevel stor sjanse for atbygningane har vore i bruk samstundes.Det store talet tufter innan eit så avgren-sa område tyder på at i det minste eindel av bygningane har vore i bruk sam-stundes, kanskje alle. Dette kan likevelberre vidare undersøkingar gje svar på.Undersøkingane av tuftene på Svolset iFriksdalen har vist at minst 10 av 17bygningar har vore i bruk samstundesrundt år 400 e.Kr. Truleg ville næraregranskingar ha vist at enno fleire byg-ningar var i bruk på det tidspunktet.

Dei to daterte kolgropene er daterte tilmellom 416-641 (folkevandringstid) ogmellom 546-860 (merovingartid). Detvil med andre ord seia at desse datering-ane stemmer overeins med dateringaneav tuftene, og det er sannsynleg at gro-pene var brukt av menneska som heldttil i bygningane like ved. Det er usikkertkva bruk me kan knyta til kolgropene.Slike groper vert ofte sett i sambandmed jarnutvinning, men det er ikkjekjende jarnvinneanlegg i dette området.For å kunne fastslå kva bruk kolgropenehar hatt, må ein undersøka områdetnærare.

Kva bruk kan me knytatil tuftene i Bjørndalen?Ut frå dei fire dateringane mehar frå kulturminne iBjørndalen, veit me at områdethar vore brukt frå rundt 500 til700 e.Kr. Sidan det har blittutført svært avgrensa undersø-kingar, er det mykje truleg atme kan trekka denne bruksfa-sen ut i tid. Det tyder ogsåandre tilsvarande tufte-områdepå.

Fjelltufter av denne typen berpå mange måtar preg av å havore solid bygd, noko somtyder på at meininga var at deiskulle stå lenge. Tuftene vardessutan ofte noko større ennstølshus har vore i modernetid. Det kan tyda på at mennes-ka har halde til i husa i lengreperiodar. Enkelte hevdar at detvar heilårsbusetnad i dennetypen bygningar. Eg meiner at det hellerer snakk om sesongmessig busetnad,men kanskje med utvida bruk og i leng-re periodar enn i nyare tid.

I nyare tid har støling dreia seg om å tavare på beitedyr og foredla det ein fekkfrå dei. I jarnalderen var også beite denviktigaste ressursen i fjellet. Det er like-vel truleg at det var fleire ulike aktivite-tar knytt til stølsdrifta i jarnalderen enndet har vore i nyare tid. Kolgropene iBjørndalen kan til dømes kanskje kny-tast til jarnutvinning. I tillegg har trulegjakt og fiske vore viktige aktivitetar formenneska i Bjørndalen. I fjelltufter flei-re stadar er det gjort funn som viser atmenneska dreiv med tekstilhandverksom til dømes spinning og veving. Deter også vanleg å finna ulike typar rei-skap og jamvel pyntegjenstandar somt.d. perler. Det tyder på at kvinner harhalde til der og at dei har pynta seg. PåSvolset er det gjort funn som tyder på atjorda i ei lita grad vart dyrka. Dersomdet stemmer, må menneska ha halde tilder lenger enn det som har vore vanleg inyare tid. Alle dei ulike aktivitetaneviser at det kan ha vore fleire aktivitetarknytt til denne type aktivitetsområde

enn det har vore til støls-drifta i moderne tid.

Det store talet på tufter iBjørndalen tyder på atder har vore stor akti-vitet. Dei fire datering-ane viser at området har

vore i bruk over 200 år. Det er likevelsannsynleg at området har vore i bruklenger. Kan hende vil vidare undersø-kingar ein gong gje fleire svar på kvensom heldt til i bygningane i Bjørndalen ijarnalderen, samt kvifor. Enno er det liteme veit. Det er såleis rom for å brukafantasien og tenka seg korleis livet harvore for menneska i dei 14 bygningane iBjørndalen 600 år etter Kristus.

Litteratur:Bakka, E. 1965. Ytre Moa. Viking. Tidsskrift fornorrøn arkeologi. Bind XXIX.

Bjørgo, T. 1992. Kap. 6. Sammendrag og vurde-ring. I: Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rap-porter 16. Historisk Museum, Universitetet iBergen.

Furnes, S. 2001. Registrering av kulturminne fråeldre og nyare tid. Forsterking av hovudnettet iSogn og Fjordane. Fardal – Meel. Sogndal,Leikanger og Balestrand kommunar. Saknr.99/01789. Registreringsrapport fråKulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommu-ne.

Indrelid, S. 1988.Jernalderfunn i Flåmsfjella.Arkeologiske data og kulturhistorisk tolking.Arkeologiske Skrifter. Historisk Museum.Universitetet i Bergen. No. 4 – 1988.

Larsen, K. 1995. Et gårdsanlegg fra vikingtid iÅrdal, Sogn. En studie av byggeskikk og gårds-struktur. Hovedfagsoppgave i arkeologi med vektpå Norden. Universitetet i Bergen.

Skrede, M.A. 2002. Utmark og gard. Nærstudieav tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn ogFjordane. Hovudoppgåve i arkeologi vedUniversitetet i Bergen.

Planteikning av tuft E. Dette har vore ein bygning med to rom. Dei toromma har til saman hatt eit bruksareal på rundt 32 mÇ. Trekol fråein eldstad i det største rommet er datert til 500-talet e.Kr. EtterFurnes 2001

Page 22: Kjelda nr. 1 2008

22

Songtreff i Oppstryn

I fjor sommar var eg på Glomnes iOppstryn for å få fatt i opplysningar ombedehuset i Hjelledalen. Mannen eg sågetter var ikkje heime. Men heilt tilfeldigmøtte eg Aslaug Glomnes, ei sprekdame på 90 (!) år. Ho kjende bedehusetgodt. Hadde gått der heilt frå ho varjente, og vore med i songkor. Var veldigglad i å syngja. Så fortalde ho meg at honettopp hadde skrive ein barnesong, "noi mai". Ho hadde sendt han til kyrkje-lydsbladet, men ho visste ikkje om deikom til å ta han inn. Eg blei nysgjerrig.Ikkje kvar dag eg treffer på 90 år gamledamer som skriv songar. - Om eg villesjå han? Ja, du kan skjøna eg vil det. Eitpar minutt etter var ho tilbake ved hage-gjerdet med songen sin. Det blei eituventa innslag på turen min, eg songgjennom heile songen med henne. Og egtrur me sette pris på stunda begge.

Barnesong i festleg lagTone: Jeg vil sjunge om en helt

Hei og hopp! Vi stiller opp, å syng om himlen det er toppTakk til Gud, vi har det godt, Vi vil juble stort og smått.

Jesus sa: Vær alltid gladGleda vil vi gjerne haNår vi alle har det godtSmittar gleda vi har fått

Kom og syng med oss i korDet er gledestund på jordMor og far dei vert så gladNår dei høyrer våre kvad

Himmeltone i hjarte gror,Når vi på vår Jesus trorHan har lova vere medPå vår ferd i denne verd

Store ting har Jesus gjortDå han opna himlens portVi vil være mellom deim,Når han byd: Velkomen heim!

Aslaug Glomnes, mai 2007.

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17 BEDEHUSET

Av Hermund Kleppa

Aslaug Glomnes (90) med den nyskrivne barnesongen sin i juni 2007.

Bedehuset Betel i Hjelledalen. Huset stod ferdig i 1921. Eit "nytt" bedehus vart vigsla 10. september 1972. Det nye var eit 6 m langt påbygg (sjå eldre og nyare skifer) med inngangsoverbygg.

Page 23: Kjelda nr. 1 2008

23

Minnestein i Ørsta over bandsmiar frå Loen - kan bli sletta

MINNESMERKET kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Dei kalla han Band-Anders eller berreBanden. Anders Hoffrening frå Loenkom til Ørsta i 1870-åra og vart etterkvart fastbuande der. Han var "ein avdei små i samfunnet", og han haddeikkje nære pårørande i heimbygda si.Då han døydde i 1924, var det ingen tilå syta for stein på grava, men etter kri-gen gjekk folk i nabo-laget der hanbudde saman om å setja opp eit grav-minne. I 2009 er fredningstida for gravaute og steinen kan bli fjerna.

Smed og steinarbeidarKallenamnet Band-Anders eller ogsåberre Banden har å gjera med yrket hans,- bandsmidar står det på gravsteinen, iskjemaet frå folketeljinga 1900 står det”tøndebåndsmider”. Han smidde jernbandtil tretønner. Men han laga og tønnebandav tre, og då helst av hatl (hassel).Dessutan var han ein dugande arbeids-mann med spade og jernstaur, slegge ogminebor. Og i sine yngre dagar dreiv hanlitt med fjellføring. Han var vane med å taseg fram i brattfjell der han voks opp, iLodalen. Det skal stå boltar etter han ennosomme stader i knipa (knipe - trongt skar)mellom Vallahornet og Saudehornet.

Frå Loen til ØrstaAnders Hoffrening, fødd 14. september1836, var son til husmann AndersAndersson og Anne Rasmusdotter, busette

på plassen Hogrennings-san-den under Hogrenning. Viveit lite om livssoga hans førhan kom til Ørsta. I 1865budde mora på plassen somenkje saman med sonenRasmus som hjelpte til medplass-bruket. Anders kom tilØrsta i 1870-åra men varikkje buande fast der før i1880åra. I 1900 budde hanpå garden Vik og vart i folketeljinga førd opp i hus-standen til pensjonert kyr-kjesongar Hans AndersenVelle. Her fekk han seg sieiga stove og ei lita smie att-med. Dei siste åra før handøydde 15. desember 1924budde han på gamleheim.

BygdeoriginalIvar Grøvik fortel om Anders Hoffrening ieit stykke i årsskriftet Jul i Nordfjord1975. Band-Anders kom til Ørsta nærastrekande på ei fjøl. Han var ugift og vartbuande åleine. Han kunne eit handverk ogarbeidde og sleit for levebrødet så lengehan makta, var godtruande og trudde mestpå dei som snakka godt og innbilte hanmest. På folkemunne vart han omtala medkallenamn, og det danna seg med tidamange historier om Banden. AndersHoffrening var på mange måtar bilete påden sorten folk ein i si tid omtala som bygdeoriginalar, fortel Grøvik.

Ei av mange historierEin gong då han budde på gamleheim kom ein mann påbesøk. Han ville snakka medhan om åndelege ting. Mannensa at Band-Anders måtte tenkjapå han som hadde gjeve liv ogblod for oss menneske. Bandenmistydde dette, og trudde atmannen snakka om seg sjølv.Han fauk opp i egse og sa tilmannen: ”Kva he du ofra, dinslåp? Eg he våga både liv ogblod. Eg he hongje etter eit togi fjelle og skote tre ville bukkar.Men kva he du?

Naboar reiste minnesteinpå gravaGrava til Band-Anders vartlenge liggande utan gravstein,men etter krigen tok nokre av

dei som hadde vokse opp i nabolaget derhan budde opp tanken om å få sett opp eingravstein. Folk slutta opp om tanken ogein vakker stein vart reist til minne om”Bandesmidar Anders Hoffrening”. Titlarfinn me mange av på kyrkjegardane, mentittelen bandesmidar på minne-steinen iØrsta kan godt vera den einaste i landet.

Kjeldetilvising:

Uprenta kjelder:Riksarkivaren, digitalarkivet, folketeljing, 1865,1900.Opplysningar frå: Jens Hogrenning, Stryn.Kyrkjeverja i Ørsta.

Prenta kjelder:Grøvik, Ivar: Ein menneskelagnad. I <i>Jul iNordfjord.</i> 1975.

Kulturhistorisk Leksikon:KAL/SFF-187.1400 Minnestein i Ørsta overbandsmiar frå Loen

Av Hermund Kleppa

Anders Hoffrening, Band-Anders eller berre Banden(1836-1924), her avfotografert med jernstaur og slegge.Anders var ein av mange nordfjordingar som kom tilSunnmøre og livnærte seg med ymse slag arbeid. Band-Anders var ”ein av dei små i samfunnet”, skriv IvarGrøvik i eit stykke i Jul i Nordfjord, men like fullt ein avdei som var med og bygde landet i trufast arbeid.Foto: Wenneberg, i Jul i Nordfjord 1975.

Frå det gamle Viketunet i Ørstavik. Stova til Band-Anders, Bande-stova, står til høgre. Anders hadde ei lita smie attmed stova si.

Foto: Nils Angell (teikning), 1925, i Jul i Nordfjord 1975.

Minnesteinen over Band-Anders på kyrkjegarden i Ørsta kring 1975 (tilv.) I 2002 (til h.) stod steinen tett attmed kyrkjegardsmuren og lengernede i grunnen enn i 1975. Steinen kan ha vorte flytta frå den opphavle-ge plassen ved ei kyrkjegards-vøle på 1980-talet. Kyrkjeverja i Ørstaopplyste i 2002 at festetida går ut i 2009 og at grava etter alt å dømadå vil verta sletta og minnesteinen fjerna. Nokon bør snarast senda einsøknad om at grava og steinen vert varig verna. Foto: Kring 1970 (i Juli Nordfjord) og 2002.

Page 24: Kjelda nr. 1 2008

24

Skulen på Mo er 150 år

Det er den nest eldste landbruksskuleni landet som rundar 150 år i haust.Eigentleg kunne skulen blitt rekna somden eldste i landet, ettersom elevane påskulen på Vestreim i Sogndal vart flyttaover til Mo ved oppstarten i oktober1858. Skulen på Vestreim kom i drift i1845 i eit samarbeide mellom LarsWestrem og Nordre Bergenhus amt, deramtet hadde eit leigeforhold med skule-garden på Vestreim. Denne skulen komi den første bølgje av slike skular på1840-talet, etter at Jakob Sverdrupstarta opp den første i Sem i Vestfold i i1825. Men i tradisjonen til skulen påMo representerer oktober 1858 start-punktet for skulens drift. Slik vart detmarkering av 100 århausten 1958, og150 år no til hausten i 2008.

Kontinuiteten på Mo ligg i at skulegar-den der har heile tida vore i Sogn ogFjordane fylke sitt eige. Såleis er skulenden eldste fungerande institusjon elleraktivitet driven av fylkeskommunen,berre eit par månader eldre ennFylkesbaatane. Fylkesreiarlaget kan ivår tid reknast som det eldste funge-rande reiarlag i sitt slag i landet. Ettermitt syn signaliserer alderen på desse toinstitusjonane fylkeskommunen siavgjerande rolle i byggjande samfunns-tiltak her i fjordfylket. Her var ingensterke private krefter som tok initiativ,med påfølgjande organisatoriske skifte,slik vi t.d. kan sjå i Hordaland, dermange små reiarlag etter kvart vartsamla i eitt.

Krise Ein 150 år gammalinstitusjon harikkje berre sigla imedvind og sol-skin. På 1970-taletvar skulen i djupkrise. Det var ei tidder det var om ågjere å spareoffentlege utgifter,og der, paradoksaltnok, det var bon-dedominerte fyl-kesting som gjekki brodden for åavvikle landbruks-skular. Skule-garden på Mo vart

annonsert for sal, og landbruksskulen eikort tid avvikla. Men fylket selde likevelikkje Mo, og i 1873 fekk dei i stand einforpaktingsavtale med Martin LutherStorm (1836-1916). Han dreiv ein slagsprivat skule til han frå 1877 og i tretti årdreiv landbruksskulen. Storm er nokden mest legendariske av skulens sær-merkte rektorar, men så var han og sty-rar i ei tid ein sterk og dyktig person lettvart synleg.

Det var til tider eit spent forhold mellomStorm og fylkeskommunen, som tykteskulen på Mo vart for dyr. Det stormabokstaveleg tala rundt rektoren på Mo,og landbruksskulen var ein gjengangarpå fylkestinga til Storm si tid var ute i1907. Då hadde fylkestinget og endelegblitt samd med seg sjølv om å satsevidare på Mo.

Kurs og elevtalI førstninga varde kursa på Mo i 2,5 år,medan dei frå 1865 hadde ei kurstid påto år. Etter kvart pressa politikarane påom å få kortare kurs, og frå 1908 til1920 vart eittårige kurs regelen. Etter eihandfull år med eitt og eitkvart års kurs,vart halvtanna års kurs vanleg. Frå1970-talet vart undervisningstilbodetmeir differensiert, og endå meir annleisenn på den gamle landbruksskulen.Etter omorganisering vart Mo vidare-gåande skule i 1990.

Det var få elevar og relativt høge kostna-der dei første femti åra etter starten i

1858, med berre kring 6 til 8 uteksami-nerte elevar årleg. I tida etter 1908 steigelevtalet til over 20 og låg på godt over30 fram til slutten på 1940-talet.Ungdomen stansa opp på landsbygda ikrise- og krigsåra på 1930- og 1940-talet, noko som synte seg att i aukandeelevtal på landbruksskulane i denneperioden. Men i jubileumsåret 1958 varskulen attende til utgangspunktet 100 årtidlegare, med berre 8 uteksaminerteelevar. På denne tida var det plent somsøkjartalet på landbruksskulane sokk itakt med utflyttinga frå landsbygda, ogmed stadig færre gardsbruk i drift.

Men nye fag vart introduserte på Mo.Elevtalet steig på nytt særleg frå 1970-talet. Skulen sjølv vart fornya, m.a. medny driftsbygning i 1963. Viktig for fram-tida var det nye internatbygget med 81hyblar, teke i bruk i 1970. Den gamlelandbruksskulen på Mo vart frå 1992omorganisert til Mo og Jølster vidaregå-ande skule, og har det siste tiåret hattgodt over 200 elevar uteksaminert kvartår, inkludert avdelinga på Vassenden.

Kulturinstitusjonen Skulen på Mo har til alle tider fungertsom ein viktig kulturell impuls i distrik-tet. Mo har vore ein stad ikkje berre forundervisning, men og fungert som einkulturell møteplass i mange ulikesamanhangar, og med mange typar kursi tillegg til den ordinære undervisninga.Fram gjennom tidene har unge gardbru-karsøner hausta avgjereande impulsarfor si eiga gardbrukargjerning. Med nygiv, inspirasjon og kunnskap rydda deiplass til kulturbeite i utmarka i grenderdei aldri før hadde høyrt om slikt, veitteog gjødsla gamle og magre åkrar, ogbygde nye og lyse fjøsar til erstatningfor dei gamle, trange og mørke.

Slikt arbeid var til avgjerande nytte forbygdevoksteren i si tid, sjølv om mangtav dette kan synast fåfengt i vår tid, dergardshus forfell og innmark gror att.Men som før driv skulen framtidsrettalandbruksundervisning, og tilbyr ungdo-men nye fag i eit samfunn totalt annleisenn kva skulen på Mo opphaveleg vartbygd for.

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Av Finn B. Førsund

Truleg det eldste bildet ein har av Mo. Det er frå 1890-åra. Gardstunet syner seg slikdet var under Storm si styringstid. I bakgrunnen seg vi Moteigen, som var ein plassunder garden. Dei husa vart rive kort tid etter bilde vart teke.

Page 25: Kjelda nr. 1 2008

25

Mønsterbruket Mo?- Storfehald ved Mo jordbruksskule frå midten ev 1800-talet til byrjinga av 1900-talet

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Storfehald har lange historiske tradisjo-nar i det vestlandske jordbruket, mengamle driftsformer med mangelfullfôring, gav dårleg produksjon etterdagens målestokk. Situasjonen endra segtil det betre når vekselbruket vann framfrå midten av 1800-talet. Som opplæ-ringsinstitusjon for framtidige bønder,var det avgjerande at skulen på Mo fun-gerte som eit mønsterbruk med omsyn tildei nye driftsmåtane dette innebar.

Vekselbruket førte til auke av fôrproduk-sjonen ved å veksle mellom åker og eng.For at innmarka skulle oppnå ein standardsom gjorde vekselbruket mogleg, måtteein grøfte vekk vatn frå vass-sjuk jord. Detsiste var ein stor utfordring ved Mo-gar-den.

I tillegg til at jorda ved Mo var vass-sjuk,mangla den også nødvendige nærings-stoff. Dette gjorde produksjon av gras(engdyrking) vanskeleg. Forholda låg medandre ord ikkje til rette for å drive lønsamtstorfehald, og kritiske røyster meinte atjordbruksskulen ikkje klarte å leve opp tilkrava som burde stillast til ein amtsskule.

Kritiske bondevennerEit skriv frå Aurlands Bondevensforeningtil Nordre Bergenhus amtsformanskap i1869, teikner eit dystert bilde av forholdafor storfehald ved Mo:

”Da nu amtet viler hovedsagelig paaKreaturbedriften, saa at intet Amt i Landet

har saa meget Storfæ (omtrent 100000Stykker), hvorledes kunde da denneSkole experimentere dermed naa denhar saa faa Kreaturer, og vel ikke godHavnegang (beitegang) som staar iForbindelse dermed efter vore Forholdeog at indkjøbe saa meget Foder at mankunde føde en Besætning af 15 til 20Kjør, som vel var det mindste mankunde have, hvis man skulde lære frasig i Kreaturbedriften for at faa denhøieste netto Vinding af Melken, somvel maa ansees for det viktigste mansysler med”.

”Regner man da at Koen mælker 1,200Potter a 2s. pr. Pot pg lægger hertil forBudeien 8 Spd. vil man komme i Tab 10Spd. paa hvær Koe, trække herfra 2 spd.for gjødning bliver et Tab igjen paa 8Kjør 64 spd” (ei potte = 0,96l. Til saman-likning produserar ei gjennomsnittleg kuca. 6000 liter mjølk pr. år i dag)

Skulen førte ”mismod til jordbruket”Garden var langt i frå sjølvforsynt medgjødsel. Jorda fekk tilførsel av innkjøptgjødsel, fiskeavfall, beinmjøl m.m. I skri-vet frå bondevennforeininga vert dethevda at det å kjøpe inn gjødsel kun villevære ei lita "livspirring", og "kan ikkevære at anbefale i saa svag Jord som paaMoe”. Med andre ord medførte den dårle-ge jorda så store utgifter for garden, at denikkje var liv laga.

Når skulen vart drive med underskot åretter år, gav den ikkje bøndene noko godopplæring i korleis dei skulle få bestmuleg utbyte av arbeidet dei la ned.Snarare tvert imot: Dei ville sjå det som”meget beklageligt om skolen længerskulde vedblive at føre Mismod til jord-bruget, ja moskee derved paaskyndeUdvandring”.

Bondevennforeininga i Aurland fekk støt-te frå andre bondevennforeiningar i fylket.Mellom anna den i Vik. Bondevennenehadde brei støtte blant bøndene i Sogn ogFjordane. Foreiningane var talsmenn forbondevennrørsla, leia av Søren Jaabæk.Denne landsomfattande rørsla var eindirekte reaksjon på dei store økonomiskeproblema driftsendringane i jordbruketmedførte for bøndene. Sparetanken gjekksom ein raud tråd gjennom ideologien deisto for. Målsettinga var å betre nærings- oglivsvilkåra til bøndene.

Storm overtekDå M.L. Storm overtok styringa av skuleni 1871, vart det lagt opp til ei langt meirsparsommeleg linje. Det var sjølvsagt eitresultat av at amtet hadde sagt frå segansvaret for drifta, men vi må også taomsyn til at dette var midt i den kritiskeJaabæk-tida. Storm hevda at ein land-bruksskule burde vere eit mønster forandre gardsbruk, og dermed vere lønsam:"men ikke just den, der hovedsagelig tagerhensyn til den øieblikkelige vinding, menderimot den, der fornemmelig har øye foren stigende produksjon i framtiden”.

Av Sturla Binder

Mjølkejournal frå 1869. Frå 1880-åra arbeidaLandbruksselskapet med å få gardane i fylket til å føre mjølkerekneskap til hjelp i avlsarbeidet, men dei fekk ikkjetilslutning før utbygginga av meieridrifta tok seg skikkeleg opp, og avsetnaden vart betre.

Avlsarbeidet tok seg først opp etter skulestyrar Storm si styringstid. Dette bilete er truleg frå 1920-talet og viser ein okse av rasen vestlands-fe, sannsynlegvis i samband med ei utstilling. Legg merkje til fotbanda. Dei vart brukte i staden for nasering for å halde kontroll med oksen.

Page 26: Kjelda nr. 1 2008

26

Garden var i dårlig forfatning. Omfattandegrøfting måtte til for å skaffe meir dyrkbarmark. Storm overtok i alt 8 storfe, for detmeste gamle kyr. Om hausten fekk hankomplettert buskapen slik at den utgjorde11 kyr og 1 okse. Dei nye dyra han kjøptevar ikkje vant til rikeleg fôring om vinte-ren, så dei måtte gradvis venjast til størrefôrmengder. Fleire dyr var det ikkje plasstil i fjøset.

”Hagesyke”Eit problem med å innføre nye dyr vedskulen var at dei var lettare mottakelegefor den såkalla ”hagesyke” eller ”blodpis”.Dette var eit parasittangrep som særlegmjølkekyr kunne få når dei beita i skogen,i surt gras og sump. I 1866 fekk skulen eindyrkjøpt erfaring med denne sjukdom-men. Dei selde nesten heile besetninga avstorfe, 6 kyr og 1 kvige, og kjøpte inn 8kyr og 1 okse frå Nærhimsdalen ogVossestrand. Dei var visstnok gode mjøl-kekyr, men alle fekk "hagesyke". Dettehadde skulestyrar Asbjørn Olsen fryktaallereie ved innkjøpet. Tydelegvis haddesjukdommen samanheng med korleisdyret var tilpasse lokale beitetilhøve. Ei kufrå den gamle besetninga vart ikkje smitta.Påfølgjande vår vart inga dyr smitta.Storm meinte ein unngjekk sjukdommenved at dyra ikkje vart slept fastande ut, førdei hadde vent seg til beitet.

MjølkingaAvkastinga av mjølk var ikkje Storm nøgdmed. Fôret bar sett saman av høy, havre-halm, samt oppkokt sørpefôr (agner, lauv,litt mjøl av lettkorn blanda i oppvarmavatn). Kraftfôr (Oljemjøl, Kli m.m.) varfor dyrt i høve til moglegheit for avsetnadog prisen på mjølk, som visstnok berre varden halve av prisen i byane. Dyra fekk eteså mykje dei ville, men då dei fleste vargamle og dei nyinnkjøpte var for små,mjølka dei beste dyra kun 1100, 1200 og1300 potter etter prøvemjølking i 1874.Produksjonen heldt seg lenge på dette

nivået (1200-1300 liter i 1899). I 1904 varmjølkeutbyte i snitt på 1651 l. pr. ku.Storm hadde visstnok aldri hatt kyr sommjølka så mykje. Årsaka var kortare bei-tingstid på dei magre beita på Mo.

I alle høve låg produksjonen på Mo langthøgare enn elles i fylket, der snittet låg påomkring 1000 liter pr. ku ved hundreårs-skiftet. Det er derfor ikkje tvil om at sku-len kunne tilføre mykje fagkunnskap tiljordbruket, særleg når det gjaldt betrefôring og betre beiteforhold. Skulen vartidleg ute med å dyrke opp beitemark.

Avlsarbeid og meieridriftNoko målretta avlsarbeid var det i følgjeStorm ikkje mogleg å drive ved garden.Det var ikkje lett å få kjøpt gode mjølke-kyr i nærområda, og han hadde ikkje mog-legheit til å reise andre stader for å handledå han nesten alltid var bunden opp medarbeid på garden. Dessutan var det risi-kabelt å kjøpe inn dyr som ikkje var vantmed beitetilhøva. Dei kunne lett få denomtalte "hagesyke". Å sette kalvar på deibeste kyrne på garden var eit anna alterna-tiv, men det var vanskeleg fordi det ikkjevar mjølk å avsjå til kalvane. Alt gjekkmed til den store hushaldninga ved gar-den.

I tillegg var beitegangen dårleg. I følgjeStorm var dei avhengig av husmenn ognaboar, noko som hindra skulen å drive eitstørre storfehald. Med andre ord var mog-legheitane for å drive målretta avl vanske-leg: "For eiendommen som skolegård ogmønsterbrug er dette selvfølgelig enmeget uheldig omstendighed". På grunn av dei vanskelege beitetilhøvavar det altså vanskeleg å drive eit intensivt”kreaturstell” og meieridrift. Mjølke-separatoren som skulen kjøpte inn i 1891var berre tidvis i drift då mjølkeproduksjo-nen var dårleg. Det var jo nettopp beitingai sommerhalvåret som var produksjonspe-rioden for husdyra. Med andre ord: Dårleg

beiting gav dårleg mjølkeproduksjon. Eitalternativ var å fôre ei redusert besetningpå bås heile året, men det var ikkje økono-misk forsvarleg.

Framgang, men dårleg husdyrhaldDet var det skrale jordsmonnet som varhovudproblemet for å drive lønsamt vedjordbruksskulen på Mo. Dette inntrykkethang ved garden under Storm sin tid, ogvart forsterka av han sjølv: ”Gaarden Moer som bekjent slaaet til en skilling og bli-ver vel aldrig nogen daler.”

I eit tilbakeblikk på tida si på Mo i 1898,måtte Storm måtte berre stadfeste at hanikkje hadde lukkast i å auke avlingane inokon vesentleg grad. Men: "bruttoavkas-tingen af et gårdsbrug er jo nemlig ikkeubetinget nogen sikker målestok for frem-skridtene i driften". Talet på husdyr var30-40 prosent meir enn ved oppstarten.Samtidig var kornavlingane innskrenka tilfordel for fôrproduksjon. Med andre ordvar bruksmåten endra. Det vart dyrka nokfôr til at alle dyra kunne fôrast på bås nes-ten heile året. Truleg kunne garden ha liv-næra dobbelt så mange dyr om ein nyttaden eldre bruksmåten med sparsommelegvinterforing.

Trass i framgangen kjem Storm med føl-gjande hjartesukk: "Forøvrigt må jeg des-værre sige, at husdyrbruget og den dermedi forbindelse stående meieridrift er og bli-ver en af Mo landbrugsskoles svageresider, og det - som ofte tidligere fremhæ-vet - vesentlig på grund af de ugunstigehavnegangsforhold, der stænger foradgangen til en sådan udvikling af dennedriftsgren, som jeg under gunstigere vilkårbåde kunde og vilde have iverksat".

Beitetilhøva ved Mo kom seg utover 1900-talet då ny beitemark vart rydda, og Stormsitt bilde av det noko tarvelege gardsbru-ket Mo, endra seg. Eit stort skritt vart tekepå 1920-talet då Storemyra på 90 dekarvart oppdyrka

Litteratur:Gjerdåker, Brynjulv. 2002. Noregs landbrukshis-torie III. Lunde, Jens. 1957. Sogn og FjordaneLandbruksselskap 100 årKjelder:Arkivmateriale etter Mo jordbruksskule

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Dette er eit bilete av kua Graakoll dagen ho skulle slaktast i 1929. Då hadde ho i snitt mjølka 2226 l. pr. år. Dagen hoskulle slaktast vog ho 367 kg. Dagens NRF-fe veg til samanlikning i snitt 550 kg. levande.

Skulehistorie i bokform

I samband med jubileet som er planlagt19. september, kjem det ut ei jubileums-bok som tek for seg historia om Mo jord-bruksskule. Boka blir skriven av Finn B.Førsund, og vert på rundt 130 sider. I til-legg kjem liste over alle elevane som hargått ved skulen.

Page 27: Kjelda nr. 1 2008

27

ABM-Sogn og Fjordane

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Prosjektet ”Nettbasert kultur- ogkunnskapsformidling” vart avslutta31.12.2007. Prosjektrapportane er snartklare og vert om kort tid gjort tilgjen-gelege både på norsk og engelsk. Til nohar ABM-samarbeidet (samarbeidetmellom arkiv, bibliotek og museum).Sidan oppstarten av Kulturnett Sogn ogFjordane i 1998 har oppgåvene og tenes-tene auka i omfang. Sjølv omFylkesarkivet har vore grunnfjellet idenne utviklinga, står vi no framfor eitvegskilje: Kulturnett og Fylkesarkivetskal skilje lag.

Ei ny eining som har fått namnet ABM-Sogn og Fjordane skal ta over ansvaretfor ABM-samarbeidet i fylket. Einingaskal halde til på Fylkeshuset og får sam-tidig ansvar for drift av portalaneKulturnett Sogn og Fjordane ogSkulestova.no.

ABM-Sogn og Fjordane skal arbeide forat arkiv-, bibliotek- og museumsinsti-tusjonane i fylket har gode digitale verktøy, god kompetanse og gode tenes-ter på nettet. I høyringsutkastet til kulturstrategi 2008 - 2011 vært folkemu-sea og Sogn og Fjordane Kunstmuseumnemnde spesielt. Samarbeidet med kom-munar, lag, organisasjonar og næringsli-vet er også vektlagt i planen.

Fylkesarkivet har starta eit gryandeVestlandssamarbeid med våre nabo-fylke. ABM-Sogn og Fjordane tek vedetablering over det formelle ansvaret fordette arbeidet – i nært samarbeid med fyl-kesarkivaren. Målet er å etablere ABM-Sogn og Fjordane som eit kompetanse-senter innan ABM-samarbeid påVestlandet.

For å lukkast med dette må verktøya vileverer være på høgde med utviklinga.Internett-tenester som til dømesKulturhistorisk Leksikon og fotoarkivetvart skapte mot slutten av 1990 talet.Sjølv om mykje har skjedd med desseverktøya undervegs, stiller den tekno-logiske uviklinga stadig nye krav.

ABM-samsøk gav oss for første gong eisamla framstilling av informasjon påtvers av A-, B- og M-sektorane. Det nyeverktyet illustrerer på ein god måte kvaresultat vi kan forvente av ABM-sam-arbeidet i åra som kjem. Samstundes vertutfordringane tydlege for oss: ei samord-ning av tre ulike registreringskulturar.Dette handlar både om metodikk og omteknologi.

Publikum ynskjer ikkje lenger å værepassive mottakar på Internett. Vi forven-tar og få høve til å delta gjennom å delevår kunnskap med andre. Vi vil diskutere,kommentere, utdjupe og gje ris og ros.ABM Sogn og Fjordane skal arbeide forat publikum skal få ta del i denne utvik-linga også i samband med tenester fråarkiv, bibliotek og museum.

Også satsinga på skuleverket kjem tilsyne i utkastet til Strategisk plan for kul-turutvikling i Sogn og Fjordane 2008 –2011. Det vert oppmoda til samarbeid ikultursektoren og vektlegging av for-midling til born og unge. Nettbasert for-midling vert sett som eit satsingsområde.

Gjennom prosjektet Nettbasert kultur- ogkunnskapsformidling har vi fått eit fan-tastisk grunnlag når det gjeld ABM-sam-arbeid her i fylket, men gode ABM-tenes-ter på Internett vert til som resultat aviherdig innsats over lang tid. Overgangenfrå prosjekt til fast ordning skal være medå sikre nettopp dette.

I skrivande stund er ikkje alle detaljar påplass med tanke på organisering ogmynde for den nye eininga. Saka skal opptil politisk handsaming i Hovudutvalet forkultur den 12. mars 2008.

Øystein Åsnes

Solveig Berg Lofnes, fotoregistrator i Jølster, og fotoarkivar Ragnar H. Albertsen med norges første kulturhistoriskefotokatalog på data. Fotovernarbeidet har frå byrjinga vore samarbeid mellom arkivet, biblioteka og musa i fylket.Foto Ragnar H. Albertsen

Page 28: Kjelda nr. 1 2008

28

Gamle teknikkar – Glasplatenegativen

Den første fotografisketeknikken med suksess,Daguerrotypiet, haddeden store ulempa at detberre gjekk an å lage eitteksemplar av bileta.Resultatet vart unika,som eit måleri eller eiteikning. Men det vi opp-fattar som eit av særtrek-ka til fotografiet er nettat det enkelt kan mang-faldiggjerast. Slik var detaltså ikkje i byrjinga.

Det finst imidlertid einteknikk, like gammalsom Daguerre si oppfin-ning. EngelskmannenWilliam Henry FoxTalbot vert sett på somoppfinnaren av negativ/positiv-teknikken. Altsåat ein først lagar eit nega-tiv, som ein så kan bruketil å lage så mange posi-tivar (papirkopiar) somein ønskjer. Problemetmed Talbot sin prosessvar at han nytta papirsom base for negativane.Det gjorde at strukturen i papiret vartsynleg i kopien. Biletet vart uskarpt oglite detaljert. Talbot sin prosess vartdifor ingen stor suksess.

Det er likevel Talbot sin prosess somdanna grunnlaget for den fotografisketeknikken fram til i dag - negativ/positivog fotografiet som massemedium. Detgaldt berre å finne ein betre base fornegativane enn papir. Glas er sjølvsagtdet opplagte valet, sidan det er heilt klårtog plant. Men glas er og glatt, og van-skeleg å få emulsjon (det laget i det foto-grafiske materialet som dannar sjølvebiletet) til å feste seg.

I 1847 vart stoffet kollodium oppdaga –eit stoff som hefta godt til glatte overfla-ter. No hadde fotografane endeleg stof-fet dei trengde for å få emulsjonen til åfeste til glasplater. Glasplatene vart førstpåført eit tynt lag med kollodium, ogderetter sensibilisert (gjort lysføl-somme) i sølvnitratbad. Platene måtteeksponerast og framkallast medan dei

framleis var fuktige, og kollodiumpla-tene har difor fått tilnamnet våtplater.

Våtplatene gjorde at ein kunne framstil-le så mange kopiar som ein ønska.Materialutgiftene vart og mykje lågareenn for daguerrotypiet, og saman gjordedette det mogleg for langt fleire å la segfotografere. Våtplatene gjorde det ogmogeleg å produsere kopiar for sal.Mellom anna var det fleire fotografarsom reiste rundt og fotograferte motivfor sal til turistar – forløparen til post-kortfotografiet.

I 1880-åra vart kollodium erstatta avgelatin som bindemiddel. No var einikkje lenger avhengig av at plateneframleis var fuktige når biletet vart foto-grafert og plata framkalla. Det gjordejobben mykje enklare for fotografen.Landskapsfotografen kunne gjere klarplatene på førehand, og slapp å ha medkjemikaliar og mørkeromstelt. Etterkvart kunne og fotografane kjøpe ferdigfabrikkproduserte plater. Av di platene

ikkje lenger trengde vere fuktige fekkdei tilnamnet tørrplater.

Å identifisere glasplatenegativar ersvært enkelt, det er negativar på glas.Men for å skilje våtplater frå tørrplaterer det særskilde kjenneteikn ein må sjåetter. Våtplatene er handlaga, og hardifor ofte ujamn kantar og coating(emulsjonslaget som er påført plata).Emulsjonen har ei melkekvit overflate,og platene er ofte retusjert med blyant.Tørrplatene er nøytralt gråsvarte, pla-tene er fabrikklagde i standard storleikarog glaset er som regel tynnare enn våt-platene.

Kjelder:- Roger Erlandsen, ”Pas Nu Paa! – Om fotografi-ens første hundre år i Norge”, Forlaget Inter-View 2000, side 82-84- Encyclopedia of Photography- Identification and Care of PhotographicMaterials, Preus museum 2006

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17 FOTOTEKNISK

Av Arild Reppen

Glasplatenegativ på 18x24 cm frå samlinga etter fotograf Isak Hellebust frå Eid. Glasplata syner tydelege teikn på nedbryting. Delar avemulsjonen er heilt borte. Dårleg oppbevaring, høg luftfuktighet, temperatursvingingar, kan føre til denne typen skader på glasplatenegativar.Motivet syner ein uniformert person utanfor eit hus på Eid. Arkivnummer SFFf-1990060.119686

Page 29: Kjelda nr. 1 2008

29

Hytta på toppen av fjellet

GLIMT FRÅ ARKIVET kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Sørvest for Sognefjellshytta ligg fjelletFannaråken og strekk seg 2068 meterover havet. Her oppe satte Værvarslingapå Vestlandet opp eit observatorium i1926. I observatoriet, på det høgastepunktet på toppen, stasjonerte dei toverobservatørar heile året. FråFannaråken kunne dei sjå vidt, og vars-le tidleg om uver som kom inn frå vest.

DNT hadde ytt økonomisk stønad tilbygginga av observatoriet, og fekk dis-ponere eit rom der. I sommarhalvåretvart det eit populært mål å overnatte påNoreg sin høgast beliggande overnat-tingsstad. Overnattingsgjestene vartetter kvart mange, og i 1934 bygde DNTei eiga hytte med tolv senger. I 1978 vartden metereologiske stasjonen lagt ned.

I februar i år vart Fannaråkhytta i Lustervia merksemd i Times Online, nettsta-den til den britiske avisa The Times. Iein artikkel med tittelen ”13 of the world's most remote hotels” – tretten avdei mest fjerntliggande hotella i verda –vart Fannaråkhytta funne verdig omtalefor sin fabelaktige beliggenhet: ”..forlocation alone, Fannarakhytta takessome beating.”

Frå hytta kan du sjå Jotunheimen i 360grader, Hurrungane, Smørstabbreen ogJostedalsbreen.

Bileta er fotografert av Aase Udberg i1955. Udberg testamenterte i 2004 sam-linga si på over 20.000 fotografi tilÅrdal kommune. Årdal sogelag ogÅrdal kommune samlar inn og registre-rer opplysningar til bileta i samarbeidmed Fylkesarkivet. Du finn bileta i foto-basen på www.fylkesarkiv.no .

Kjelder:Per Roger Lauritzen, Hyttene i Jotunheimen,Boksenteret A/S 1997Grønvold, Kaltenborn, Møllebak og Ness,Jotunheimen fra hytte til hytte, Gyldendal 1987www.turistforeningen.noNRK Sogn og Fjordane, nyhende

Av Arild Reppen

” Tur til Fanaråken med Bernt august 55”. Fannaråkhytta (den tidlegare verstasjonen) fotografert av Aase Udberg,SFFf-100247.162103

Morgonstell på veg mot Fannaråken. Fannaråken er toppen til høgre på fjellryggen. SFFf-100247.162110

Page 30: Kjelda nr. 1 2008

30

Avlevering frå Bremanger, Selje ogLeikangerArbeidet med å avlevere eldre arkiv fråkommunane held fram også i 2008. Ettersiste nummer av kjelda gjekk i trykkenhar vi motteke arkiv frå Bremanger ogSelje.

Bremanger11. desember var det Bremanger sin turtil å avlevera eldre kommunalt arkivmate-riale. Arkivleiar Linda Lyngstad iBremanger hadde ansvaret for å pakke oglisteføre gamalt arkivmateriale. 8 pallareller 70-80 hyllemeter med arkivmateria-le frå kommunane Bremanger og Davikvart flytta frå kommunehuset iBremanger til sentraldepotet tilFylkesarkivet. Davik kommune vart opp-retta i 1837, og var eigen kommune til deigjekk inn i Bremanger kommune 1. janu-ar 1965. Bremanger vart eigen kommune1. januar 1866, og vart altså slegen samanmed Davik i 1965. Det er alt kommunaltarkivmateriale fram til denne samanslå-inga som no har fått plass i sentral-depotet.

Noko av materialet etter Davik kommunekom faktisk på plass allereie i August ifjor. Ved dei store kommuneregulering-ane i 1964 vart Davik kommune nedlagt.Områda vart delte mellom Bremanger,Vågsøy og Eid. Arkivmaterialet skullevere Bremanger sitt ansvar, men det harvist seg at noko materiale har vorte opp-

bevart i Vågsøy. Etter avleveringa fråVågsøy vart materialet frå Davik skilt ut,og det er no plassert saman med resten avarkivet etter Davik kommune.

Selje14. februar var det tid for avlevering fråSelje kommune. Arkivleiar Anne KarinHatlelid hadde ansvaret for avleveringa.Dei seier at de tilsette ved servicekontorethar jobba lenge med å få arkivmaterialetsystematisert og klartgjort for avleveringtil Fylkesarkivet. ”Ei travel og hektiskperiode, samtidig som den også har vorespanande med tanke på det historiskemateriale vi no leverer i frå oss.” Det varttotalt 10 pallar med arkivmateriale fråSelje kommune. Då kommunen vart opp-retta i 1837 var han mykje større enn idag. I 1909 vart kommunen litt mindre iutstrekning då Sør- og Nord-Vågsøy vartskilt ut som eigne kommunar.

LeikangerMåndag 25. februar var det Leikanger sintur til å avlevere eldre kommunalt materi-ale. Sidan avleveringsmøtet 8. januar hararkivleiar Anja Hamre saman med einhjelpar nytta rundt to dagar i veka til åpakka ned arkivmaterialet. Det er medandre ord ein tidkrevjande jobb, og Anjaseier at ho er glad for at ho starta arbeidettidleg.

Leikanger kommune vart oppretta i 1837.I 1850 vart Vangsnes, Tjugum ogFjærland skilde ut og Balestrand kommu-ne vart oppretta. Frå då og fram til 1964utgjorde Leikanger kommune eit områdepå nordsida av Sognefjorden, frå Fatla-elva i aust til Kvinna-elva i vest, samt dei

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

Av Karianne Schmidt Vindenes

Pallejekken er viktig når vi skal avlevere arkivmateriale. Arkivet vert pakka på kassar som igjen vert plassert påpallar og kjørt ut i ein lastebil. Fotograf: Marit AnitaSkrede

Her ser vi arkivrommet til Bremanger kommune. Materialet er plassert inn etter ei bestemt rekkje-følgje. Kvar materialet står kan vi lese ut av den kvite plakaten. Papirslippane i alle protokollaneinneheld opplysningar om protokollen, kven som har fylt han ut, kva innhaldet er og kva årstal handekkjer. Fotograf: Marit Anita Skrede

Arkivleiar i Selje Anne Karin Folkestad (til venstre) og kollega UnniEltvik Hovden er godt nøgde med at store deler av kommunen sitt arkivvert avlevert til Fylkesarkivet. Fotograf: Margunn Myklebost

Page 31: Kjelda nr. 1 2008

31

kjelda, nr 1 – 2008, årgang 17

tre bygdene Feios, Fresvik og Frønninganpå sørsida av Sognefjorden. Det er arkiv-materialet som er vorte til i periodenmellom 1837 og 1964 som no er flytta fråLeikanger til Hermansverk.

Bremanger, Selje og Leikanger vart meddette 11., 12. og 13 kommune som avle-verte kommunale arkiv til Fylkesarkivet.Dei som tidlegare har avlevert arkiv erNaustdal, Askvoll, Gulen, Høyanger,Balestrand, Stryn, Fjaler, Vågsøy,Hornindal og Lærdal.

I tida framover vil me på Fylkesarkivetjobba for å få oversikt over arkivmateria-let. Det vil ta ei stund før me får høve tilå finordne materialet, men allereie no erdet tilgjengeleg for dei som ynskjer inn-syn i noko av materialet. Dersom du harspørsmål om arkivmaterialet frå nokon avdei avleverte arkiva, er det berre å ta kon-takt med oss.

Prisregulering under og like etter krigenAv Marit Anita Skrede

4. august 1914 vart prisregulering innførtved provisorisk lovføresegn. I 1918 vart detbestemt at det skulle opprettast ei kontroll-nemnd. Den viktigaste oppgåva til kontroll-nemnda var å passa på at næringslivet ikkjesette for høge prisar.

I arkivet etter Borgund kontrollnemnd fannme dette kortet der det ser ut som kontroll-nemnda har fastsett pris for eit dobbeltrompå hotell, samt kva dei ulike måltida der kankosta. Både oppe og nede på kortet er ei rift,noko som tyder på at kortet har vore opp-hengt ein stad. Sidan det står ”Dobbeltromnr. 4 (?)” kan det kanskje tenkast at dettekortet har hengt på dette rommet.

Kortet er fyrst fylt ut i 1943. På det tidspunk-tet har eit dobbeltrom kosta 6 kroner, medant.d. kaffi eller te (komplet) kosta 1,30 kronerog 3 rettars middag kosta 2,70 kroner. Det erusikkert kva komplett kaffi tyder, men kanhenda var det eit lite måltid. Dersom detberre er snakk om kaffi, var denne svært dyri forhold til dei andre måltida. Det ser ut tilat det kosta 9 kroner for full pensjon å bu idobbeltrom dersom ein budde der minst fireneter. Det har dermed vore ein god del billi-gare per døger med fullpensjon enn dersomein ville kjøpa måltida utanom.

I 1947 har kontrollnemnda sett opp prisane.Prisen for dobbeltrommet er gått opp med1,50 kroner, og kosta då 7,50 kroner. Det ertruleg i 1947 at fylgjande setning også erpåført: ”Brukes rommet berre en natt er detett tillegg på kr. 1,00.” I 1947 har kaffien gåttopp med 0,80 kroner til 2,10 kroner.Frukosten derimot ser ut til å ha blitt 5 ørebilligare enn fire år tidlegare, frå 1,75 til1,70 kroner. Kostnaden for full pensjon harikkje auka i perioden frå 1943 til 1947.

Dette dokumentet gjev eit lite innblikk i kor-leis prisane vart styrt på 1940-talet, samstun-des som me ser at forholdet mellom prisanehar endra seg frå den gong til i dag. Me veitikkje om dette er hotellprisar eller eventueltpensjonatprisar, men uansett var forholdetmellom overnatting og mat mindre då enndet er i dag. Det var med andre ord billeg åovernatta i forhold til å eta i 1943 dersom mesamanliknar med i dag. Prisen på dobbelt-rom har minst auka 100 gonger, dersom dether er snakk om hotell har den auka rundt200 gonger. Dersom til dømes frukostenhadde auka tilsvarande, ville me måtte utmed rundt 350 kroner for frukost i dag. For(komplet) kaffi måtte me ha betalt rundt 260kroner….

Arkiv frå Leikanger kommune vert gjort klart til flytting frå kommunehuset til Fylkesarkivet. Fotograf: Marit Anita Skrede

Page 32: Kjelda nr. 1 2008

Retur:

FYLKESARKIVETAskedalen 2

6863 Leikanger

SSN 0803-9682

Sandane 1900-2008Før og no er vår faste spalte der vi gjenfotograferer motiv frå samlinga. Bileta syner endringar i landskap og busetnad. Nokregongar kan det vere store endringar på kort tid. Denne gongen er biletet frå Sandane, og det er om lag hundre år mellom biletetKnud Knudsen fotograferte kring 1900, og biletet fotoarkivar Arild Reppen har fotografert i 2008. Det har vore veldig storeendringar på Sandane sidan 1900, men det som kom overraskande var kor lite synleg det var frå denne vinkelen. Gloppen hotellmidt i biletet frå 2008 er ein nyare bygning enn frå 1900, men det er bygd på same tomta og i same stil. Dei store utfyllinganelangs fjorden er ikkje synlege på bileta, og nausta er bytt ut med litt nyare naust. Godt og, at ikkje alt endrar seg like fort.

Før og NoAv Arild Reppen

Sandane kring 1900. Foto Knud Knudsen

Sandane 2008. Foto Arild Reppen