kjelda nr. 1 2001

24
Kjelda Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fattigvesenet i Sogn og Fjordane, s. 4 - 6. Nr. 1 Mars 2001 Årgang 10 10 ÅR MED KJELDA! 11 000 bilete frå Sogn Dagblad Fylkesarkivet har motteke over 11 000 bilete frå den nedlagde avisa Sogn Dagblad. Bileta blir no sikra av fotoavdelinga. Biletarkivet etter Sogn Dagblad er det fyrste samla biletmaterialet frå ei avis som Fylkesarkivet tek vare på. Her eit bilete frå samlinga. Me ser Bitten Hattevik, poststyrar på Buskøy i Solund. Meir side 14 - 15. Tiande årgangen Me har no starta med tiande årgangen av Kjelda. Fyrste nummeret kom i august 1992, det andre i november same året. Det vart med to nummer denne fyrste årgangen. Kvart år seinare har det kome 4 nummer i året. Dette nummeret av Kjelda blir såleis nr 35 i rekka. I alt har Kjelda gjeve nær 1000 sider med historisk stoff frå Sogn og Fjordane. Tingartalet ligg no kring 850.

Upload: fylkesarkivet-i-sogn-og-fjordane

Post on 01-Apr-2016

253 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: Kjelda nr. 1 2001

KjeldaFylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fattigvesenet i Sogn og Fjordane, s. 4 - 6.

Nr. 1 Mars 2001 Årgang 10

10 ÅR MED KJELDA!

11 000 bilete frå Sogn Dagblad

Fylkesarkivet har motteke over 11 000 bilete frå den nedlagde avisa Sogn Dagblad. Bileta blir no sikra av fotoavdelinga. Biletarkivet etter Sogn Dagblad er det fyrste samla biletmaterialet frå ei avis som Fylkesarkivet tek vare på. Her eit bilete frå samlinga. Me ser Bitten Hattevik, poststyrar på Buskøy i Solund. Meir side 14 - 15.

Tiande årgangenMe har no starta med tiande årgangen av Kjelda. Fyrste nummeret kom i august 1992, det andre i november same året. Det vart med to nummer denne fyrste årgangen. Kvart år seinare har det kome 4 nummer i året. Dette nummeret av Kjelda blir såleis nr 35 i rekka. I alt har Kjelda gjeve nær 1000 sider med historisk stoff frå Sogn og Fjordane. Tingartalet ligg no kring 850.

Page 2: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 20012 Kjelda

InnhaldetFrå innhaldet i dette nummeret:- misjonær Marianna Bøe, 3 - fattigvesenet.., 4- fattige i Sogn og Fjordane, 5- ‘noget skal der nu alltid glemmes’, 7- to stadnamn og heimlengt, 7- mellom muselort og eseløyrer, 8 - Arne Garborg og fylket, 10- englandsfarten, 12- glimt frå fotoarkivet, 14- bilete frå Sogn Dagblad, 14- fotogåve frå Håkon Sagen, 16- kven skreiv visa?, 17- døypte i Kinn frå 1814, 17- stor trafikk på Internett!, 17- arbeid med privatarkiv, 18- minnesmerket, 20- minnesmerke-arkiv, 21- motteken litteratur, 22- motteken musikk, 23- krav om skjema på nynorsk, 23- oppvekst ved havet, 24

RedaksjonGunnar Urtegaard (ansvarleg), Snorre D. Øverbø, Gunnar Yttri, Oddvar Natvik

Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Fylkeshuset, 6861 Leikanger Tlf. 57 65 61 00. Fax: 57 65 61 01.

Kjelda kjem med 3 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 85,-.Bankgiro: 3781 14 02894, merk Kjelda. ISSN 0803-9682.

Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt. men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven.Utforming: Oddvar Natvik.

Fylkesarkivet i Sogn og FjordaneFylkeshuset, Postboks 27, 6861 Leikanger. Tlf. 57 65 61 00. Fax. 57 65 61 01

Fylkesarkivar: Gunnar Urtegaard, tlf. 57 65 64 01, epost: [email protected]

Arkivarar:Arild Reppen (foto), Fototeknisk avdeling , 6823 Sandane.

Tlf. 57 86 51 24, epost: [email protected] Fridtun (musikk), Leikanger,

Tlf. 57 65 64 04, epost: [email protected] Øverbø (privatarkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 03, epost: [email protected]

Ole Stian Hovland (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 09, epost: [email protected]

Gunnar Yttri (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 08, epost: [email protected] Berit Selseng (kommunearkiv), Leikanger, tlf. 57 65 64 07, epost: [email protected]

Randi Melvær (sekretær/stadnamn), Leikanger, tlf. 57 65 64 00, epost: [email protected]

Prosjekt:Hermund Kleppa (Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 02, epost: [email protected] Oddvar Natvik (foto/Atlas-Leksikon), tlf. 57 65 64 05, epost: [email protected]

PersonalnyttRandi Melvær tek 1 års per-misjon frå stillinga som sekretær ved Fylkesarkivet. Ho skal i løpet av april gå inn i stillinga som medarbeidar i prosjektet “Lokalhistorisk spørjevev”.

Det er eit samarbeidprosjekt mellom Sogndal folkebibliotek, Sogn folkemuseum og Fylkesarkivet. Arbeidet går mellom anna ut på å kartlegge og registrere lokallitteratur i desse tre institusjonane. Opplys-ningane vert lagde inn i ein søkbar database på Internett. Sjå http://www.sogndal.folkebibl.no/abmprosj.html for meir informasjon.

KjeldaKjelda er no inne i den tiande årgangen, og me har funne tida inne til å gjera ei mindre omlegging. I staden for 4 nummer i året vil me koma med 3. Nummer 3, som vil koma i november, blir eit utvida nummer, på 60 - 64 sider, slik at sidetalet totalt for årgangen blir som før. Me gjer denne endringa for å få med 2-3 lengre og meir gjennomar-beidde artiklar, i tillegg til det van-lege Kjelda-stoffet. Me vonar lesarne vil bli nøgde med omlegginga.

Då Kulturnett Sogn og Fjordane vart opna i desember 1998, sette me oss som mål å ha like mange besøk på tenesta kvart år som det er innbyggjarar i fylket, dvs. 107.000.

1999 var første heile driftsåret og me fekk over 140.000 besøk. Etter det har det auka vidare. I januar 2001 hadde tenesta 28.000 besøk eller påloggingar og desse utførte nær 800.000 søk i basar eller oppslag på nettsider. Held dette fram, vil tenesta få over 300.000 besøk i 2001. Trafikken på bibliotekbasane, som og er ein del av kulturnetttilbodet, er ikkje rekna inn i desse tala. Kulturnett Sogn og Fjordane er ein av dei mest besøkte nettstadene i fylket.

Kulturnett Sogn og Fjordane inneheld etter kvart mykje variert kulturstoff. Ein viktig del av tilbodet er samansmeltinga av informasjon frå arkiv, bibliotek og museum. For det breie publikum er informasjonen og tenestene viktig, ikkje kvar det kjem frå. Mi erfaring så langt er at det er mykje spanande å vinna dersom ein kan venda seg til publikum ut i frå ein samordna strategi og utnytta dei muligheitene som ligg i å formidla på tvers av faggrensene. Ulike miljø har ulike tradisjonar. Dette må ein sjå på som ein ressurs til inspirasjon, ikkje som eit problem og eit trugsmål. Det er likevel sjølvsagt at ein må ha grunnleggjande respekt for kvarandre sine faglege tradisjonar og faglege krav.

Det er på tide at det no kjem klåre signal frå nasjonalt hald kva som skjer vidare når det gjeld oppfølging av ABM-meldinga. Erfaringane så langt med satsinga på Kulturnett Norge skal og evaluerast. Desse områda må henga tett saman på alle forvaltningsnivå. Det er lokalt og regionalt at publikum truleg kan sjå den største nytten av samordninga. Men denne utviklinga må stimulerast politisk, økonomisk og fagleg frå nasjonalt hald. Det er viktig at ein no etablerer ABM-utvikling som eit nytt organ med brei og balansert fagkompetanse på alle tre områda: arkiv, museum og bibliotek. Organet må og få økonomiske ressursar til å setja i gang eit målretta utviklingsarbeid. Det ligg ei stor utfordring i å justera både tankegang, haldningar og teknologisk tenking slik at det tener denne saka betre enn dei gjer i dag.

Gunnar Urtegaard

Kva skjer med ABM-meldinga?

Page 3: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 3Kjelda

Frå Irene Bøe Pisani i Kjøs i Hornindal, har me fått eit lesar-brev til Kjelda. Ho har bladd i tidlegare nummer av Kjelda og har funne bilete og tekst frå Kjøs. Dette har inspirert ho til sjølv å skriva. Stykket gjev lesarane ny kunnskap om folk og hendingar i Hornindal. Kjelda-redaksjonen tek gjerne mot stoff frå lesarane.

Når ein les gjennom tidlegare utgåver av Kjelda, kan ein kome over ting ein før har blada forbi. Så også denne gongen. På side 17 i Kjelda nr. 4-98, står det eit bilde frå Kjøs i Hornindal. Av tek-sten går det fram at mottakaren av kortet var Anna Navelsaker (I Ættebok for Hornindal står det at namnet er Anne Ragnhild).

Avsendar var Marianna Bøe (sjå bilete), ho var syster til min farfar Lars og vart fødd 22. april 1880 på Pålbruket i Ytre-Bø i Stryn. Ho var misjonær for Frimisjonen i Cavendish, Nathal i Sør-Afrika i 33 år og kom heimatt til Norge i 1947. Ei tid budde ho her hos oss i Kjøs, men flytte så til Stryn og fekk seg husvære i bedehuset Fredheim. Der døydde ho 28. desember 1952 og ligg gravlagd ved Nedstryn kyrkje. At ho sende kort frå Kjøs, heng nok saman med at systera hennar, Kristianna, var gift med Rasmus på hovedbruket.

Mannen på bildet er Mattis, sonen deira. Han omkom 37 år gamal i 1924, då han datt ut av kjerra og for ut for Kjøshammaren. Til slutt i denne julehelsinga på kortet står det at ho blir helsa kjært frå Thora. Dette er Thora Aamot, mor

til skodespelaren Elsa Lystad som hadde nokre av oppvekståra sine hos Marianna sin nære familie. Denne tida i Stryn kan ein lese om i boka som Elsa Lystad har skrive. Elsa gjekk og nokre år på skule i Stryn.Eg har elles mange bilde frå Marianna si misjonærtid i Afrika, og ho var ein flittig brevskrivar heim til sine her i distriktet. Dette bildet frå Kjøs er nok mangfaldiggjort for vi har fleire eksemplar av dette kortet.

Eg vonar lesarane har hatt interesse av å dele desse minna med meg, minne som dukka “frem fra glemselen” etter å ha sett eit gamalt bilde i Kjelda.

Irene Bøe Pisani

Lesarbrev frå Hornindal

Marianna Bøe (1880-1952) frå Stryn var misjonær i Sør-Afrika i mange år og var ein flittig brevskrivar heim.

(Foto: Tonning, Stryn, 1950. Utlånt av Irene Bøe Pisani).

Misjonær Marianna Bøe

Dette biletet og styk-ket frå Kjelda nr. 4 i 1998 dannar bak-grunn for Irene Bøe Pisani sitt lesarbrev.

Page 4: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 20014 Kjelda

Som det vert peika på i førre nummer av Kjelda finst det eit rikhaldig kjeldemateriale til soga om fattigvesenet kring i kom-munearkiva. Dette materialet vert ordna og registrert ved Fylkes-arkivet. Dei ymse protokollane kan fortelja mykje om livet på “den mørke sida”, men det som verkeleg kan syna detaljane er dei enkelte dokumenta.

Fattigkassen var lenge ein eigen del av kommunekassen, og rekneskaps-vedlegga til denne inneheld mykje informasjon om fattigsoga vår. Me kjen-ner til at det var ei ordning med ytingar i reide pengar, fattigskatt, og i natural-ytingar, legdsordninga o.a. Det mange ikkje veit er at også ymse bøter gjekk til fattigkassen, både gjennom fogderiet og forliksrådet. Me har sett på ein 20-årsperiode, 1880-1900, i dåverande Ytre Holmedal herad. Såkalla uvisse innkomer kom inn som bøter, men også som offer frå kyrkja og andre hald.

FogderietMykje av inntekta frå bøter kjem frå folk som braut den sokalla “Tyende-lova” av 17. mai 1848. Dei som hadde festa seg til teneste og ikkje møtte, eller forlet tenesta utan lovleg grunn før tida, fekk bøter frå 8 - 10 kr. Dette hende nesten årleg, men årsaka er sjeldan nemnd. Ein gong ser me at jenta det gjeld er utvan-dra til Amerika.Ulovleg øl- eller brennevinsal gjev og inntekt til fattigkas-sen, halvparten av bota og dei konfiskerte varene. Også restauratøren på “Framnæs” må tola ei bot for ulovleg ølsal i 1891. Annan ulovleg handel ser me og. Open butikk og brødutsal under preika i 1880 kosta enkjefru Smith 6 kr.I 1873 kom den sokalla “Hanndyrlova”, forbod mot å sleppa “Hingste, Tyre og Springvædre” som ikkje var godkjende for avl på sams beite. Eit tillegg kom i 1891 som også inkluderte geitebukkar.

Denne lova ser me nytta mange gonger, mest i 1880-åra, og desse bøtene gav god inntekt til fattigkassen.Å møta rusa i fattig- kommisjonsmøte og hindra forhandlingane gav 4 kr. til dei fattige i 1886, og ymse bråk og “rolighedsforstyrrelse” skaffa innkomer fleire år, m.a. nyårsafta 1894, då sju menn kvar får 8 kr. i bot for bråk. Av dette gjekk kr. 18,67 til dei fattige.I 1896 skaffa ulovleg hjortejakt 450 kr. til kassen, jegrane ser ut til å vera utanbygds frå. Han som var på ulovleg harejakt sommaren 1895 måtte ut med 8 kr., halvparten av det til fattigkassen. Det vart ei dyr haresteik!

ForliksrådetHer finn me idømde bøter og elles det som vert kalla “betingelsesvise mulkter”. I 1884 forplikta oppsitjarane på Myklebust seg til å ikkje bufora

til sams seterbeite før

dagen etter jonsok, og å dra heim på ein fastsett dag. Bota var 2 kr. for kvar dag dyr var i beitet utanom denne perioden. Året før gjekk ein geitehaldar inn på liknande forlik, han skulle halda dyra

sine borte frå grannane sine eigedomar, mot mulkt på 1 kr. dagen for kvar geit som kom der i eit fastsett tidsrom.

Det var 24 kr. i bot for å sleppa skabbete sauer og geiter i fellesbeite, og brot på eit forlik om laksefiske mellom oppsitjarane på Berge, Vosseteig, Håland og Haugsbakke skaffa 30 kr. til fattigkassen i januar 1882.“Betingelsesvis” var også bota på 25 kr. som ein mann lova å betala i 1895, “... saafremt han ikke holder det i nævnte Forlig indtagne Løfte om at indmelde sig som Totalist, eller første Gang han - trods han blir nominel Totalist - igjen maatte

Fattigvesenet og dei uvisse innkomene

Av Berit Selseng

Fattigblokk frå Hjelmeland kyrkje, Rogaland. Ei fattig-blokk skulle ha to låsar. (Frå Hjelmeland kyrkje

1858 - 1983, Hjelmeland 1983).

Faksimile av Tyendelova av 17.mai 1848.

4

Page 5: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 5Kjelda

beruse sig”. Skal tru om det vart nokre pengar til fattigkassen frå han?

KyrkjaI 1897 vart det innbetalt såkalla fat-tigblokkpengar til fattigkassen frå Dale sokn kr. 37,59 og frå Guddal sokn kr. 12,18. Dette syner seg å vera pengar som kommunikantane (altargjes-tene) har betalt, 3 øre kvar, unnateke fat-tiglemene. Fattigblokk var eigentleg ei fastståande innsamlingsbøsse i kyrkja. Eit skriv frå Kyrkjedepartementet 9.april 1890 stadfestar at pengane inns-amla i desse bøssene berre skulle nyttast

til beste for dei fattige i vedkommande prestegjeld eller sokn, og disponerast av fattigvesenet der.Eit vedlegg, også frå 1897, syner kr. 23,31 i inntekt til fattigkassen. Det er tavlepengar, samla inn over 13 gud-stenester. Ei kyrkjetavle er eit brett eller ein pose festa til ei stong, som vart bore rundt i kyrkja under preika, for innsam-ling av almisser til dei fattige.

Ymse anna“Gjennem Hr. Kontorchef Paulsen er til-stillet Fattigcommissionen ..... 5 kr. som indbetalt af “en fremmed Veiarbeider”

I 1875 fekk 4 688 personar i Nordre Bergenhus Amt (tilsvarar Sogn og Fjordane fylke i dag) stønad frå fattigkassa. Dette tils-vara over 5 prosent av inn-byggjarane.

I førre nummer av Kjelda (Kjelda nr. 4, 2000, s. 21) gjekk det fram at fattige, sjuke og eigedomslause langt på veg er oversedde i den lokale sogeskrivinga i Sogn og Fjordane. Men statistisk mate-riale frå 1875 viser at dei “historielause” var heller talrike i Nordre Bergenhus Amt. I Sogn var det etter statistikken 1 742 “understøttede”, i Sunnfjord og Nordfjord 2 921 til saman. Med tillegg av 25 “understøttede personer” frå Florø by (475 innbyggjarar i 1875) vert dette i alt 4 688 personar. Med eit folketal på i alt 86 547 innebar dette at omlag 5,4 prosent av dei som budde i fylket var såkalla “understøttede”.

“Hovedpersoner” og “bipersoner”Desse tala kan ein rekna ut med utgangspunkt i Norges Officielle Statistik sin Fattigstatistik for 1875. Utgjevar var Departementet for Kirke- og Undervisningsvæsenet. Ved første augekast opererer 1875-statistikken med eit langt lågare tal fattige i fjord-fylket. Det går fram at “Understøttede Hovedpersoner” i bygdene i Nordre Bergenhus Amt ikkje utgjorde meir

for Forsøg paa at besvige Dampskip-skassen”. Dette kom frå “Amtsbaatene” i desember 1882.Og til slutt ei hyggeleg helsing frå ein bøtelagd syndar: “Hr. Sognepræst E. Mikkelsen (fattigstyreformannen). Med fornøielse erlægger Jeg kr.5,00 fem Kroner, som Jeg paalægger Dem at benytte i et godt Øiemæd. Med venlig Hilsen NN. “

Kjelder:- K-14290.340 Fjaler kommune, Kommunekassen- Norsk Historisk Leksikon

enn 2,5 prosent av folketalet i tidsrommet 1871-1875. Snitt-talet i dette tidsrommet for bygdene i Noreg var 3,2 prosent, for byane 4,9 prosent (Sjå A. No. 2, neste side). Men bak nemninga “Hovedpersoner” løyner det seg også andre og større tal, noko som kjem klarare fram om ein ser på tal-materialet for dei einskilde bygdene. (Sjå A. No. 2, Tabel No. 1, neste side). Det går her fram at ein “hovedperson” i fattigstatistikken kunne vera ein einsleg person, men det kunne også vera ein person som hadde ansvar for å forsørgja fleire andre menneske. Reknar ein med desse personane som skulle forsørgjast, i statistikken omtala som “bipersoner”, vert talet på understøtta meir enn dobla i høvet til tala på “hovedpersoner”.

Talande tal - tyngjande utgifterTalet på fattige i kvar einaste by og bygd i Noreg vert gjort kjent i statistik-ken av 1875, og det vert også greidd ut korleis fattigstellet vart finansiert gjennom fattigskatt eller på anna vis. Grunnlaget for statistikken er innsende meldingar frå alle fattigstyra i Noreg.I vår samanheng er det ikkje rom for å gå statistikken nærare etter i saumane vedrørande korvidt dei framkomne tala er korrekte og nøyaktige. Det skulle likevel vera heva over tvil at dei fattige i Nordre Bergenhus var langt meir syn-lege i siste halvdel av 1800-talet, enn

det ein får inntrykk av om ein går til den lokalhistoriske litteraturen som dekkjer denne tida. Høvesvis måtte 336 understøtta personar i Eivindvig, 204 i Naustdal og 198 i Selje vera godt mer-kande i lokalsamfunnet. Ikkje minst måtte utgiftene til fattigstel-let vera godt merkande i lokalsamfun-net. Frå gamalt var det eit lokalt ansvar å kosta dette, til dømes gjennom legds-ordninga der dei trengande blei flytta frå gard til gard. Prestar, bispar og amt-menn hadde tilsyn med fattigpleia.Fattiglova av 1845 var ei stor, første modernisering av fattigstellet. Det gamle almisse-systemet vart avløyst av fattigskatten og kontrollen med fattig-stellet vart flytta frå embetsmennene og

Fattige i Sogn og Fjordane i 1875

Av Gunnar Yttri

Fattiglova av 1863 sette strengare krav til kven som hadde rett til fattighjelp enn

fattiglova av 1845.

(framhald neste side)

Page 6: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 20016 Kjelda

over til dei folkevalde i kommunane. Alt i 1863 kom ei ny fattiglov. Bak-grunnen var framfor alt at utgiftene til fattigstellet etter 1845-lova vart rekna som altfor store for kommunane, og 1863-lova skjerpa krava til kven som kunne få stønad frå fattigkassa. Arkivet kan fortelja meirTrass dei skjerpa krava i 1863-lova ber statistikken frå 1875 bod om at fattigdo-men var godt merkande i Nordre Ber-genhus Amt både sosialt og økonomisk. Kva slags menneskeliv som skjuler seg bakom tala og korleis dei ulike fat-tigstyra arbeidde, fortel likevel statistik-ken lite om. For sogegranskarar som vil inkludera dei fattige i historia vil arkiv-materialet etter dei kommunale fattig-styra her vera ei god kjelde. Slike arkiv finst i kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Kjelder: - Fattigstatistik for 1875. Norges Offici-elle Statistik, utgjeven av Departementet for Kirke- og Undervisningsvæsenet i 1878. - Anne Lise Seip: Sosialhjelpstaten blir til. Norsk sosialpolitikk 1740 - 1920 (Gyldendal Norsk Forlag 1984).

A. No. 2 frå Fattig-statistikken av 1875. Tabellen viser prosent-delen understøtta “Hovedpersoner” i distrikta i tidsromma 1866-1870 og 1871-1875.

A. No. 2, Tabell No. 1 frå Fattigstatistikken av 1875.Tabellen viser talet på fat-tige, “Hovedper-soner” og “Bipersoner”, og “Sygehuspatien-ter” som fekk hjelp av fattigkassa i året 1875.

Fattige...(frå side 5)

4

4

Page 7: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 7Kjelda

For kort tid sidan kom eg over ei gløymesak frå 1920. Bankfullmektig O. J. Larsen frå Bergen var på veg heim etter eit besøk i Fjærland. Han stogga i Balestrand og overnatta. Om morgonen var det plent uråd for han å finna ein viktig bruksgjenstand, og i si naud sette han seg til å skriva eit postkort til Mundals Hotel:

p.t Balholmen, fredag Morgen. very early. Kjære Fru Dahle! Noget skal der nu altid glemmes, naar man er ute og reiser. Og gik det saaledes til i Fjærland at jeg glemte Kammen på Vaskeservanten. Og nu gaar jeg her med et alvorligt - stramt Ansigt og med ukjæmmet Haar.

I ettertid kan me gjera oss lystige på bekostning av ein fortvilt bankfullmektig med håret i alle retningar, og undra oss over kvifor han ikkje let det vera med å gå til næraste landhandlar og skaffa seg ny kam, i staden for for å eviggjera episoden med eit postkort, som mottakaren tok vare på og etterkomarane seinare leverte til oppbevaring i Fylkesarkivet.

For min del var det midt i blinken det han og hotell-folka i Fjærland gjorde. Eg fekk i hende ein god illus-trasjon til eit stykke eg har skrive for Kulturhistorisk Atlas-Leksikon for Sogn og Fjordane om minnesteinen over forfattarinna Bolette Christine Pavels Larsen. (http://www.sffarkiv.no/atlasleksikon).

Postkort stempla Balestrand 5.VII 20. Forfattarinna Bolette Pavels Larsen var fødd i Sogndal 1847, gift med O. J. Larsen og busett i

Bergen. Ekteparet var ein lang periode på årvisse besøk i Fjærland. I 1907, to år etter at Bolette Larsen døydde, blei det reist ein minnebauta over henne i Fjærland. No står bautasteinen på

leikeplassen ved skulen.

“Noget skal der nu altid glemmes ...”

Av Hermund Kleppa

I Eid kommune finn ein to særmerkte stadnamn som begge byrjar på “Sefru-”. Det eine er Sefrutufta på Haugland, gard nummer 38/4, og det andre er Sefrus-teinen på Løken, gard nummer 19/5.

Det vert fortalt i Eid, at ei jente på Skri-vargarden (Løken 19/1) blei med barn utan å vere gift. På den tida dette skal ha skjedd, var det truleg stor skam for fami-lien. Difor blei ho jaga heimanfrå og slo seg ned på Haugland, nede ved fjorden. Staden vert i dag kalla Sefrutufta.

To stadnamn og ei soge om ei ugift mor og om sår heimlengt

Det er ikkje langt mellom Haugland og Løken, men jenta fekk truleg ikkje kome heim på vitjing. Det blir fortalt at ho, når heimlengten blei for stor, gjekk ut langsetter sjøen til Løkastranda. Der fann ho ein stein, som ho kunne sitje på og sjå heim att. Steinen vert den dag i dag kalla Sefrusteinen. Er det nokon som har bilete av denne steinen?

Av Randi Melvær

Kjelder:Informant Olav HaugenStadnamninnsamlinga i Eid

Page 8: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 20018 Kjelda

Muselort, rust, skit, rusk og støv saman med store mengder samanstifta og meir eller mindre ihopknurva papir har vore kvar-dagen for kommunearkivord-ninga ved Fylkesarkivet i den siste tida.

I byrjinga av desember i fjor var kom-munearkivordninga ved Fylkesarkivet i Flora og henta inn 96 store øskjer eldre arkivmateriale etter kommunekassane i Florø og Kinn kommune. Dette materi-alet vart rydda inn i Flora kommune sitt arkivdepot i 1996 etter at der var samla inn frå tidlegare administrasjonsbygg og andre lokale i Flora. Arkivmaterialet har sidan vore oppbevart i arkivdepotet i påvente av at Fylkesarkivet har funne høve til å ordne og registrere materialet. No er ordningsarbeidet i gang.

Eit slikt arkivmateriale etter kommune- kassen inneheld naturleg nok mykje rekneskapsmateriale, tusenvis av bilag gjennomhola og ihopdregne med hyss-ing eller samanstifta og pakka i buntar, oftast stabla i haug eller vekksett meter på meter i hyller i boksar og permar. Men i tillegg til vedleggs-materialet er det og saksdokument og annan korrespondanse. Det materialet som kommunearkivordninga hentar inn til ordning og registrering er det me kategoriserer som historisk eller eldre arkivmateriale. Til dette reknar ein i hovudsak materiale frå perioden før den omfattande kommunereguleringa fyrst på 1960-talet.

Sjølv om kommunekassen sitt arkiv inneheld mykje einsarta dokument som kvitteringar, kontoutskrifter, lister over utbetalingar og liknande finn ein ofte her detaljert og konkret dokumentasjon på ein kommune sine handlingar og dis-posisjonar. Dette gjer at arkivmaterialet er verdifullt som historisk kjeldetilfang. Samstundes er det nettopp gjennom arkivmaterialet at ein finn dokumenta-sjon om korleis kommunekassen har vore organisert og kva funksjon som til ein kvart tid har lege til etaten.

Når me ordnar eit slikt materiale går me gjennom dei einskilde

arkivseriane som t.d. rekneskaps-vedlegg og korrespondanse, og sikrar dokumenta eller protokollane ved å reinse ut ting som kan øydeleggje papiret som til dømes stiftar, bindersar, nåler og anna rusk. Me skil ut det som ikkje vert rekna som arkivverdig eller som kan kasserast, og ordnar arkivet etter dei prinsippa som gjeld. Arkivet vert så registrert i eit fag-system der ein kan søkje fram att materiale ved ein eventuell førespurnad etter bestemte saker eller periodar.

Det er sjølvsagt i kommunen si eigen-interesse å ha orden på arkivet. Det lettar framfinning og gjev tryggleik i høve til eventuell dokumentasjon av til dømes avtalar og sakshandsaming. Dette gjeld og for det eldre arkivmaterialet. Er det til dømes gjort ein avtale om at staten har teke på seg kostnadene ved eit vedlikehald eller liknande kan avtalen vere like bindande om den er gjort i 1939 eller i 1999. I tillegg er det tale om offentleg dokumentasjon, og det kan såleis vere andre enn kommunen sjølv som har interesse av materialet. I følgje Arkivlova heiter det til dømes at Arkivdepotet (her kommunen) skal leggje tilhøva til rette slik at publikum kan gjere bruk av arkivmaterialet innanfor dei rammene som følgjer av gjeldande føresegner om innsynsrett, teieplikt og gradering. Ordningsarbeidet er såleis og ei tilrettelegging for eventuelle forskingsarbeid og kan til dømes vere til nytte i samband med skriving av ei bygdehistorie eller anna sogearbeid.

KuriosaNår ein sit med slikt ordningsarbeid

får ein ikkje sjølv høve til å drive nærstudier av materialet, men uansett legg ein merkje til ein del saker og då kanskje helst meir spesielle eller kuriøse ting, og det er gjerne saker av både humoristisk og tragisk karakter i materi-alet. Det er døme på kor vanskeleg det kan vere å få inn skattar og avgifter og det er stundom ikkje måte på kva krum-spring kommunekasseraren kan finne på for å få inn uteståande. Samstundes kjem ein nær innpå kvardagen til enkeltmenneske til dømes kring førre århundreskiftet i materialet som ved-kjem fattigkassa og utbetalingane over denne.

Frå kommunekassane i Flora og gamle Kinn kommune:

Mellom muselort og eseløyrer

Av Ole Stian Hovland

Muselort eller kommunerekneskap?Kommunearkivordninga har hatt stor nytte av innleigde krefter i samband

med ordningsarbeidet av arkivmaterialet frå Flora. Her er det Olav Johannes

Aaberge som studerer innhaldet i ein gamal arkivkasse. Tidlegare i vinter

hadde me og god hjelp av Marit Anita Skrede. (Foto: Fylkesarkivet)

(framhald neste side)

Page 9: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 9Kjelda

Mykje byråkrati og lite gullDet er lett å verte gripen av detaljnivået og byråkratiet i denne delen av det offentlege sitt arbeid. I rekneskaps-vedlegga frå Kinn kommune kring 1940 låg det til dømes eit krav om skatter-eduksjon frå eit rederi. Saka går att og fram mellom rederiet og det offentlege, byråkratiet arbeider og det vert vist til rundskriv og lovheimlar. Etter mykje om og men endar saka i rederiet sin favør, men sjølv om dette skjedde kring 1940, vil eg meine at det var mykje styr for dei 60 ørene som rederiet fekk attende.

Ei anna sak i Kinn kommune frå same periode handlar om ei låvebru på klokkargarden. Klokkaren skriv til kommunen og krev at dei tek kost-nadene med ein nødvendig reparasjon av låvebrua. Kommunen meiner at dei ikkje pliktar å ta desse kostnadene og gjev såleis avslag. Etter ein ny runddans med brevskriving der klokkaren syter over pengemangelen og at dei no treng pengane slik at dei får erstatte kyr dei har mista slik at ungane får mjølk, går saka til Opplysningsvesenets fond. Dei meiner heller ikkje at dei har noko med den omtala låvebrua å gjere og saka går derifrå til departementet. Etter halvtanna år med sakshandsaming endar til slutt saka hjå Kinn kommune att, og avgjerda er klar, kommunen må betale for reparasjonen av låvebrua. Me får tru at klokkaren fekk seg ei god mjølkekyr for pengane og at ungane ikkje van-smekta medan papirveldet styra på.

Varsko herDet hende og at kommunen gjekk på ein smell og skaffa seg sjølv utgifter dei ikkje hadde planlagt. Under eit gat-earbeid i Florø sentrum i 1903 gjekk det hardt føre seg. Utanfor butikken til Andrea Berg skulle det sprengjast vekk ein bergknaus og det ser ut til at skyte-basen har lagt godt i. Her har det nok singla i glasruter og hagla med stein, trefliser, glasruter og porselen. Andrea Berg dreiv i nipsbransjen, og ut frå ein Fortegnelse over de med Mine-skuddet ødelagte Varer i min Butik får vi eit godt oversyn over kva som gjekk tapt. Det har gått hardt ut over både blomstervasar, drammeglas,

Rett tal i rett kolonne: Kasserar i djup konsentrasjon over bokholderiet.

(Foto: “Herredskassereren” 1954)

måneskinslamper, kristusfigurar, englar, fløytemuggar og nipsfigurar. Bortimot 200 gjenstandar gjekk med i sprenginga. Med varer og reparasjonar ser det ut til at Florø bykasse fekk eit utlegg på over 300 kroner med denne velplasserte ladninga. Det går ikkje fram at det var personskader i samband med uhellet.

Attende til FloraNår me etterkvart får orden på arkiva etter kommunekassane og Flora bykasse vert materialet frakta attende til Flora og

plassert inn i arkivdepotet der.

Det står enno att ein del arbeid før me kjem så langt, men me reknar med å vere i hamn med det ut på vinteren. Då skulle i alle høve denne delen av kommuneadministrasjonen vere godt dokumentert, og kommunearkivordninga vil og sikkert vere vel forsynt med både støv og gamle stiftar og bindersar for lange tider frametter.

Brev frå Den norske Stats Småbruk- og Boligbanks

Kontor i Bergen til ‘Herredskassereren i Kinn’.

Datering: 29.09.1931.

Page 10: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200110 Kjelda

I eit Arne Garborg-år passar det å ta opp eit par-tre småtreff eg har hatt med diktaren i skriftstykke eg har hatt i hende her på Fylke-sarkivet. Dei har alle tilknyting til Sogn og Fjordane, og for ein del kjem dei som “klypp” frå der eg fann dei. Det eine treffet knyter seg til ei forfattarinne i Bergen med røter i Sogn. Det andre har å gjera med ein målgranskar frå Stryn, det tredje gjeld ein systrending på Karl Johan i 1880-åra, det fjerde treffet “inneheld” eit originalt Garborg-brev, det femte fører til Gloppen.

Bolette Pavels Larsen i BergenI målreisingssoga i Sogn og Fjordane

av Anders Lothe, som kom ut i 1955, er ein bolk om “rudningsmenn”. Over-skrifta passar bra på den måten at ingen kvinner har fått plass dette galleriet over målreisingsmenn i fylket. Men ber-gensforfattarinna Bolette Pavels Larsen, fødd i Sogndal, kunne godt vore med. Ho arbeidde ihuga for landsmålet, og ho skreiv bøker på ekte sognamål før fleire av rudningsmennene i målreisingssoga var ferdige i folkeskulen.

Bolette Pavels Larsen hadde brevbyte med fleire nynorskforfattar, også Arne Garborg. Då enkjemannen P.O. Larsen laga pro-gram til avdukinga av minnestøtta over kona si i Fjærland i 1907, skreiv han til Arne Garborg i håp om å få han med på ein eller annan måte saman med Elias Blix og Jens Tvedt som begge laga

songar for høvet. Diverre ser det ut til at Larsen mislukkast. I eit brev datert 30.6.1907, skriv han: Fra Arne Garborg har jeg intet hørt ... Jeg får nu vente endnu nogle Dage ...

Note:Universitetsbiblioteket i Bergen har ei samling med 37 kort og brev frå Arne Garborg til Bolette Pavels Larsen.

Rasmus Flo i hovudstadenMålgranskaren Rasmus Flo frå Stryn, 1851-1905, var god busse med Arne Garborg. Halvdan Koht fortel noko om dette i minneorda sine om Rasmus Flo i desemberheftet av Syn og Segn 1905.

Eg hugsar godt fyrste gongen eg saag Flo. Det var um sumaren 1894; eg hadde teke paa meg aa styra “Den 17de Mai” nokre vikor medan Steinsvik fòr ute og sanka tingarar. Ein dag eg kom upp i den tronge myrke bladstova som “Den 17de Mai” den gongen heldt til i, sat det ein liten skjeggut kar burtmed glaset og greidde med noko prenteret-ting paa eit stykke eg hadde skrive. Eg var ikkje so røynd i landsmaalsskriving endaa, og denne karen han retta djervet baade mangt og mykje i maale mitt. Eg sa imot sumt; men han berre smaalog, og let det vera soleis som han hadde stelt det til. Og eg laut nok bøygja meg: for ein annan kar der i bladstova tok fram-i: “Dette er den einaste mannen som fær lov aa retta i maalet hans Gar-borg”. Det var Rasmus Flo.

Olaf Huseby i hovudstadenSystrendingen Olaf Huseby, fødd 1856 i Leikanger, død 1942 i Michigan, USA, er ikkje den lettaste mannen å fàrgå, særleg ikkje i Amerika. Frå heimbygda gjekk vegen til Sogndals folkehøgskule og vidare til lærarskulen på Stord. Etter to år som lærar på Brevik Borgerskole fòr han til Kristiania og fekk seg arbeid hjå ein bokhandlar.

Saman med trønderen Olaf Norli starta han i 1883 Norges første “Ven-strebokhandel” midt på Karl Johan. Seinare kom han i kompaniskap med trelastgrosserar Johan Sørensen. Huseby fortel om det fyrste møtet i festskriftet

Sogn og Fjordane-småtreff med

Arne Garborg

Av Hermund Kleppa

Til 100-året for Arne Garborgs fødsel ga Postverket ut 3 minnefrimerke.

I Garborg-året 2001 kjem det ikkje minnefrimerke.

Page 11: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 11Kjelda

til Olaf Norli 1933. Noko av det fyrste dei snakka om var Arne Garborg og “Bondestudentar”.

So hende noko reint uventa. Ein dag i 1884, då Hans Ross og eg åt middag i Hotel Royal, vart me sitjande attmed trelastgrosseraren Johan Sørensen. Me kom i prat og tala um “Bondestudentar” av Arne Garborg. Me fortalde kva Garborg vilde med den boki, um bondeguten Daniel Braut og so burt-etter, men at boki var utseld, og at bokhandlar Nygaard i Bergen ikkje vilde våga eit ny upplag. Sørensen, som var ein eldbrand, slo i bordet og sa, at eg skulde på flygande flekken ganga til Garborg og kjøpa retten til trykkjing. Han låna meg pengane. Eg greidde dette med Garborg same dagen.

Ungdomslag i LærdalUngdomslaget på Lærdalsøyri, skipa 1884, er eit av dei eldste i fylket. I 1945 skreiv stortingsmann Per Hjermann eit lite stykke om laget i eit hefte Sogn Ungdomslag gav ut i høve 50-årsjubileet sitt. Han fortel m.a. om lagsmøtet i 1899 og møte med sjølvaste Bjørnstjerne Bjørnson på talarstolen. I lags-arkivet er det teke vare på nokre brev dei fekk etterpå, m.a. eit frå Arne Garborg.

Lærar Olaus Dahle, hotelleigar på Øyri, seinare i Fjærland, var formann i mange år. I hans tid gjorde ungdomslaget opptaket til å få landsmålet innført i skulane i bygdi. I 1899 kom Bjørnstjerne Bjørnson til Lærdal på si vidspurde talarferd mot landsmålet. Ungdomslaget møtte opp i samla fylking, og Dahle takka Bjørnson for alt det gode han hadde vunne for land og folk.

Men no, når han for landet rundt for å rakka ned på vårt norske mål, - no måtte ungdomen venda han ryggen. Dahle oppmoda om å syngja “Gud signe Noregs land” og til slutt “Målet hennar mor”. Og ungdomen stenmde i so taket vilde letta seg. Då tok stor-sinnet vår kjære diktarhovding. Han kasta frakken på ny, og vilde gå til åtak; men alting drukna i eit lenge leve for det norske målet! Og kyrkjesongar Olaus Dahle fekk biletet sitt på fyrste sida i “Den 17.

Mai”. Det var mykje vellæte over den trauste og uredde ungdomsføraren og laget hans.

P.S. Hjermann, (Sogn Ungdomslag 50 år. 1946.)

Garborg sitt brev er datert Hvalstad St. 24.12.99:

Til Ungdomslage paa Lærdalsøyri. Takk for venleg helsing. Eg har altid visst, at naar Sogningarne kom, so kom dei godt; og De hev

alt vist oss, at dei kann

staa for ein Støyt, Gutarne der burte. Mange vil læra av det aa staa rolegt og stødt. Og so med jamt Arbeid og godt Taalmod kjem nok vaar Dag!

Med vyrdsam Helsing Arne Garborg

Garborg i Gloppen“Ja, kjem Søndag. Garborg” var orda på telegram, datert 27.6.1910, til Ola Sande, leiar i Firda ungdomslag. “Ei storhending for ungdommen i Nord-fjord”, skreiv dei i 25-årskriftet til laget i 1921:

“Stemna i 1910 på Vereide vart ei stor-hending for ungdomen i Nordfjord. Dei hadde det året fått Arne Garborg som talar. “Han tala sundag ettermiddag um “Vår nasjonale strid”. Då han synte seg på talarstolen, vart han motteken av den store stemnelyden med sterk fagning. Foredraget var godt og framifrå

velforma.

Då han var ferdig, var det ei fagning som få av stemnelyden hadde høyrt maken til. Formannen bar fram ei takk frå Firda ungdomslag og frå stemnelyden, fordi Garborg gjorde Nordfjord den æra å koma til Firdastemna, og for alt hans rike arbeid for land og folk. Til slutt helsa stemnelyden honom som norskdomshøvdingen vår med dundrande hurrarop.”

Note: “Den 17de Mai” var venstreblad og hovudorgan for norsk målreising og nasjonal sjølvhevding. Det kom ut i Oslo i perioden 1894-1935. Bladet var grunnlagt av den radikale idealisten Rasmus Steinsvik. Dei fyrste åra styrde han bladet i lag med Arne Garborg.

Brevet Arne Garborg skreiv til Lærdals Ungdomslag i 1899.

Arkivreferanse: SFF-87001, omslag 114, legg 3.

Page 12: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200112 Kjelda

Denne gangen har eg lånt boka Englandsfarten av Ragnar Ulstein. Han har skreve mange bøker om Englands-farten under krigen. Ragnar Ulstein var heimefront-mann, opplert i England, og dei siste åra av krigen 1944-45 låg han i Sogndalsdalen med ein tropp på 200-300 mann. Bøkene han har skreve om ungdom til England er fantastiske å lese. Får håpe dei aldri går ut av minne.

I forordet skriv dr. philos Magne Skod-vin m.a. dette:

“Englandsfarten syner oss kor mange dei kunne vere, og kor sterk ein solidaritet dei representerte. På Vigra, ein liten vestlands-kommune med noe slikt som eitt tusen menneske i 1940, er storparten av dei unge menn farne

til England eller på annan måte innblanda i englands-farten. Og det var ikkje berre frå Vigra mange ungdommar rømde. Frå heile Vestlands-kysten frå Nordland til Stavanger reiste folk med småbåtar, ja til og med var det folk som “rodde” over til Shetland.”

Det byrja for fullt i 1942. Frå 1941 har eg funne om folk som ville reise til Shetland for å sloss mot tyskarane. Den første båten og folka eg vil skrive om, gjekk det bra med på overfarten, men dei to andre gjekk det verre med ..

Dramatisk tur for “Arnafjord” Ein av passasjerane ombord på “Arnaf-jord” var Einar Mundal frå Fjærland. Han og broren Johannes kom heim hausten 1945. På ein juletrefest fortalde Einar om den dramatiske turen. Her er utdrag frå eit stykke i avisa “Sogn og Fjordane” 11.1.1946.

“Førre laurdag kveld hadde Fjærland idrottslag jolefest i ungdomshuset. Etter at Odd Mundal hadde ynskt lyden vel møtt, bar Sigmund Våtevik fram ei vakker helsing til sjømennene Einar og Johannes Mundal som kom heim til jol. Festlyden slutta seg til talen med 3 ganger 3 hurra til karane. Ordet vart so gjeve til Einar L. Mundal som fortalde om den spanande og farefulle reisa over til England.

Me gjev her att noko av det Einar fortalde. Me var tre stykke saman, dei to andre var Håkon Straume og Oscar Dale frå Framfjord. Oscar fall i Finnmark i vinter (1945). Då rutebåten vi var på kom til Bergen, var det rassia etter svartebørsvarer. Men me kom vel frå det. Ein av karane letta nett på kofferten min, men han var så lett at

Englandsfarten:

Om m/b “Arnafjord” og to andre båtarEin av lesarane våre i Bergen, Brynjulv Østerbø, har sendt oss eit stykke om tre båtar som frakta folk til England under krigen. Den eine båten var m/b “Arnafjord”, dei to andre m/b “Knut” og m/b “Valborg”. Den fyrste kom fram og gjorde seinare fleire turar, dei to andre vart aldri meir spurde. Østerbø har lese i boka om Englandsfarten av Ragnar Ulstein og funne stoff i avisene “Sogn og Fjordane” og “Bergens Tidende.”

Dette er eit utsnitt av eit bilete Brynjulv Østerbø tok på hamna

i Bergen under Torgdagen 1996. Båten heiter “Arnafjord” men han

kan ikkje står inne for at det er den same “Arnafjord” som han har skrive om. Det kan kanskje einkvan annan hjelpa til med å

oppklara.

Av Brynjulv Østerbø

Page 13: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 13Kjelda

mannen ikkje fann bryet verdt å åpne den. Og vel var det, for det var ikkje stort anna enn eit Nordsjøkart i den! (Ein gang til: Det var ikkje stort anna enn eit Nordsjøkart i den! (anm. B.Ø.)Det var Dale som visste adressa til “Fly-ktningekontoret” i Bergen. Der fekk me ymse rettleiingar, m.a. fekk me kvar våre stikkord. Så ein dag var me ombord på rutebåten ut frå Bergen. Det var stap-pfullt både av tyskarar og norske feri-eturistar som skulle utover Øygarden. Me skjøna snart at det var fleire på båten som var Englandsfarar, men kor mange eller kven, visste me ikkje.

Båten hadde 18 stoppestader før me kom til staden ute på Fedje. Og der låg m/b “Arnafjord”. Der var fleire tyskarar på kaien, der me gjekk i land. Me hadde noko av kvart til å hjelpe oss med då, så dei ville vore ille ute om det hadde vorte noko møde med dei. Då alle Eng-landsfararane var samla, var det ialt 20 stykke, fem var kvinner. Det leid utpå ettersumaren 1941, været var det beste ein kunne ynskja seg, og alle vona på ei fin reise over havet. Klokka var vel halv elleve om kvelden då “Arnafjord” drog ut. Det var ein fiskar som låg utpå og gav signal, når leia var fri for tyske vaktbåtar. Ein halv time etter signalet stakk me.

Det var ikkje lenge vi fekk nyta godv-eret. 60 mil frå land tok det til med ruskever. I 3-4 tida om natta var det auka til storm, og den vart verre og verre. Me hadde møtt første hauststormen. Og båten me hadde var mykje for liten til å tåla ei slik påkjenning. Ut på morgonen vart det halde rådleggingsmøte om me skulle snu. Semja vart at me skulle halda fram, for det ville i alle måtar vera like farleg å snu heimatt til Norge då. Været held fram like gale og det vart heller verre og verre. Det var berre nokre få menn som ikkje vart sjøsjuke, så det var ikkje nett noko hyggeleg stode ombord. Den verste brotsjøen reiv styrehuset laust, så det hekk att berre etter eksos-røyra. Då vart alle karta me hadde øydelagde. Hadde det kome ein slik sjø til, ville det vore ute med oss. Kompassen vi hadde, var

heller ikkje heilt å lita på. Me hadde ikkje anna å gjera enn å halda unna været, å trassa var ikkje å tenka på. Spaninga var stor, ville me koma for langt sør, eller kanskje fòr me framom Shetland, og ut på Atlanterhavet.

Ut på morgonsida andre dagen såg det ut til at verste faren var over, me merka at sjøane og straumen hadde skift. Me nærma oss land, men kvar det var, det var me i stor spaning om. Klokka var fram mot åtte då me såg land rett fram-for oss. Då kan ein tru det var glede ombord. Me ville ikkje tru det me såg med det same. Det synte seg seinare, at me var komne i le av Shetland. (...) Det var godt å sjå brot og skjer, så me kom velberga inn mellom to øyar, der me fann ei logn vik, og der la me oss til. Så var det å koka kaffi, og den hjelpte til at dei sjøsjuke kom seg snart. Nede i salongen måtte det pyntas og vaskast, og det var ikkje nokon fin jobb.

Folk var der ikkje på øya, men på andre sida av sundet, der såg me folk. Lettbåten vår var merkeleg nok uskadd. Han vart no sett på sjøen, og tre mann rodde mot andre sida av sundet. Det var uråd å komme på land for straumsjø, og me vart stogga av vakter. Med flagg og andre signal fekk me gjera vaktene kjend med kven me var. Så rodde vi tilbake til “Arnafjord”. I tre-tida om dagen kom ein losbåt og henta oss. Me fekk då vete at me var komne inn nær ved Lerwick. Me vart førde inn til byen, og derfrå med annan båt til England. (...)

Seinare fekk me vite at det var fire båtar som hadde reist frå Norge same natta.”

To båtar kom ikkje fram - alle omkom“Arnafjord” var heldig! Båten drog frå Hernar i Øygarden 27. september 1941 med 20 personar ombord. Alle kom vel-berga til Lerwick 2 døgn seinare. To av dei tre andre båtane som drog ut frå Hordalandskysten natta kom ikkje fram. Det var m/s “Valborg” frå Glæsvær med 7 personar ombord, og m/b “Knut” frå Glesnes med 11 personar ombord. Gavlbåten “Knut” var ein trebåt, bygd 1930, med ei 16 HK Eogar-motor.I “Bergens Tidende”, 23.10.1945, står det eit stykke, underskrive “En bror”, om desse to båtane. Her er eit utdrag av stykket:

“Den 28 september 1941 dro 11 mann ut frå Sund, ombord i gavlbåten “Knut” med kurs for Shetland. (....) Gavlbåten “Knut” var et godt og velutrustet fartøy, ført av en kyndig navigatør, været var også bra, så betin-gelsene for å komme vel fram skulle vere de beste. De pårørende hadde da også det beste håp om at de skulle få møte sine kjære igjen etter krigens slutt. Etter anstilte undersøkelser må det imidlertid dessverre ansees som sik-kert at disse elleve møtte sin skjebne i Nordsjøen. Den tidligere omskrevne motorskøyte “Valborg” som også forsvant i Nordsjøen, reiste ut fra samme sted natt til 28. september 1941. Dette fartøy ble anmeldt samme dag som det forlot nor-skekysten. Vi må nok dessverre gå ut fra at også “Knut” er blitt innhentet av fly eller av en ubåt og skånselløst senket. Disse prektige menn fikk ikke anledning til å tre aktivt inn i de norske styrker i England, som deres mål var. Men deres

død har nok ikke vært forgjeves, for de viste viljen til å kjempe for en stor og felles sak: å se sitt land fritt igjen.Vil vil minnes dem med et vers av Nordahl Grieg:

De sterke, de rene av hjertetsom ville og våget mest;rolige tok de avskjed,en etter en gikk de vest.Fred over deres minne.

Åtvaring som skulle hengja i alle styrehus.

Page 14: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200114 Kjelda Arild Reppen

Glimt frå fotoarkivetI denne spalta vil me visa fram bilete frå den rikhaldige fotosamlinga til Fylkesarkivet

Det ser svært så triveleg ut, på biletet, der dei har samla seg rundt bordet på stølen for å nyte rømmekollen. I teksten som høyrer til biletet står det: “Alle som vitja ein støl i gamle dagar, hugsar med glede smaken av den herlege rømmekollen som vart servert frå ein rømmask. Den vart sett på bordet og ein delte den mellom seg.”

I boka Vestlandsmat av Solfrid Rørlien Saue (Det Norske Samlaget, 1987) står følgjande å lese om “Rømmask”:“Dei sette opp nysila mjølk i treaskar, og mjølka vart stiv etter nokre dagar. Så strødde dei sukker på og åt med flatbrød til. Asken vart sett midt på bordet, og så åt dei rundt frå kanten, alle med kvar si skei. Når det minka i asken og skei-

Over 11.000 bilete frå den ned-lagde avisa Sogn Dagblad er sikra gode oppbevaringstilhøve ved Fylkesarkivet si fototekniske avdeling på Sandane. Det var etter samtalar i romjula 2000 det vart klart at eigar av arkivet etter avisa, A-pressa i Sogn og Fjordane, ynskte at Fylkesarkivet skulle ta vare på bileta.

Sogn Dagblad hadde hovudkontor i Høyanger, og dekka heile Sogn. Fram til litt utpå 80-talet dekka avisa i tillegg dalsfjordområdet. Avisa vart skipa i 1938 og var, med unntak av krigsåra 40-45, i kontinuerleg drift fram til den

Stølsliv i Askvoll

ene møttest, vart det sagt at dei “åt seg i likt”. Rømmask var fyrst og fremst stølskost.Treaskane skulle gjerast reine med ein-erlog. Dei kokte opp einer og bruka vatnet til å vaska kjørela i.

Treaskane kunne også gjerast reine med litt tjukt kalkvatn som vart kneka på dei. Dei fekk stå ei stund med dette kalkvat-

Dei som nyt stølslivet på biletet er, frå venstre: Aslaug Sande, Inga Barsnes,

ukjend, Olina Kittang og Johan Barsnes. Biletet er frå Dalsstøylen i Askvoll i 1931.

SFFf-94223.0005 Fylkesarkivet. Eigar: Jakob Sande Selskapet. Ukjend fotograf.

net. Etterpå skylde dei treaskane reine med vatn, sand og “halmviske” (halm som er vitta saman som ei tvoge).”

gjekk inn i 1997. Frå 1938 til 1968 gjekk avisa under namnet Sogn Folke-blad. I 1968 vart avisa endra til dag-savis, og den fekk i det høve sitt nye namn, Sogn Dagblad. I same prosessen gjekk avisa til innkjøp av offset-presse, som den første avisa i Sogn og Fjor-dane. I 1991 hadde avisa eit opplag på 5445 (Presse Permen 1991).

25. januar kom Olav Øygard, fotograf i Firda, til Sandane med 6 arkivskåp (14 skuffer) med bilete. I skuffene er konvoluttar med bilete i, og ein del av konvoluttane inneheld fleire bilete. Konvoluttane er nummererte, og høgste nummeret er 11.515. Det totale num-meret me bilete er såleis usikkert, men i alle høve meir enn 11.515. Den delen

av arkivet som er komen inn til Fylke-sarkivet omfattar dei om lag 15 siste åra av avisa si verksemd.

Biletarkivet etter Sogn Dagblad er det første samla biletmaterialet frå ei avis som Fylkesarkivet tek vare på. Det rep-resenterer og noko av det nyaste materi-alet ved arkivet. Frå før er det lite bilete nyare enn 1970 hjå Fylkesarkivet.

Biletarkivet etter Sogn Dagblad repre-senterer såleis eit område av fylket si nyare samfunnshistorie, som ikkje er dekka i det materialet vi har frå før.

Sjå glimt frå dette fotoarkivet på neste side.

Bilete frå Sogn Dagblad er sikra

Av Arild Reppen

Page 15: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 15Kjelda

Nokre tilfeldig utplukka bilete frå dei 11 000 i

Sogn Dagblad samlinga.Øvst eit bilete av spyd-

kastaren Trine Hattestad (Solberg) i svært ung utgåve. I mditen Anne Britt Nygård, AP-leiar

1995, og Reidar Sandal. Nedst ser me Anders

Øvrebø framføre ekpedis-jonsbygget i Ortnevik, 19.

juli 1988. (Alle foto: Sogn Dagblad).

Page 16: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200116 Kjelda

Håkon Sagen i Åsane ringde oss nyleg og fortalde om eit gamalt bryllaupsbilete han har. Det har tittelen Brendehaugsbiletet 1905. Brendehaug er ein gard i Fjaler.

- Dei næraste i familien har ikkje til-knyting til staden eller folka på biletet, så dersom Fylkesarkivet er interessert i biletet, kan de få det.

Me takka sjølvsagt ja til tilbodet, og biletet kom i posten akkurat tidsnok til årets fyrste Kjelda. Håkon Sagen la og ved ein papirkopi av biletet der han har notert namn på personar han veit kven er. Dei har etternamna Brendehaug, Vindheim, Kjøsnes, Stråken, Rutle og Sagen.

Biletet er av svært god kvalitet, og sjølv om dei kring 100 personane er små, let det seg gjera å henta kvar av dei fram i større format, som t.d. far til brura, Trude Vindheim, f. Kjøsnes,

Fotogåve frå Håkon Sagen i Hordaland

Brendehaugsbryllaupet 19051848-1925, eller kvinna med blomane i hendene som me ikkje veit namnet på.

Me har tidlegare fått skriftleg kjeldemateriale frå Håkon Sagen etter far hans Martin Sagen, f. 1893. Han var fyrst lærar i krinsane Olset-Fure nokre år før han flytte til Fusa i Hordaland. Martin Sagen var interessert i lokalhistorie og skreiv m.a. stykke i Jul i Sunnfjord.

Nedanfor: Brendehaugbryllaupet jonsok 1905. Brureparet Edvard Brendehaug og Olga Vindheim med gjester. I følgje Martin Sagen var dette det siste storbryllaupet på 4-5 dagar som han kjende til. (SFFf-00001.001)

Til høgre: Trude Vindheim (1848-1925), far til brura.

Page 17: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 17Kjelda

1.Her i dalen til “Rypa” vi levde i fred i frå omverdas jammer og sut, men så kom der ein plan der stod N, V og E, og då vart det på freden vår slutt.

2.Ja vår velstand må sikrast med mengder av straum, industrien får stetta sin trang. Og i dalen vår finst både vatn og flaum, som kan sikra turbinanes gang.

3.No skal Breheimen takast og leggjast i røyr, og gå ut i det nordfjordske hav, medan graset i dalen det visnar og døyr, - Fåbergstølen ligg våt i si grav.

4. Vi på planane ser med eit mistenksamt blikk, og vi vil ikkje svelgja det rått, medan andre er stikk imot all slags kritikk, og dei synest det går reint for smått.

5.Og for Leirdøla vart vi då lova så raust både arbeid og framtid så god, men den lovnaden han var nok forma for laust, og dei styrande tek det med ro.

6. Vi for stølen til Fåberg må vera på vakt, den må bergast så sant det går an. Eller skal dei få snorkel og froskemannsdrakt for å reisa til støls under vann?

MUSIKK

Her ein dag dukka det opp ei vise som var ukjend for arkivet frå før. Den handlar om Breheimen-utbygginga i Jostedalen. Visa var prenta på eit gult, lite avisutklipp og har truleg vore på prent i ei av lokalavisene i Sogn på den tid då dette var ei aktuell sak. Det er sikkert mange lesarar som hugsar att debatten som visa tek opp. Vi etterlyser namn på forfattaren, og håper lesarane kan hjelpe oss. Vi er også interesserte i anna kjeldemateriale som fortel meir om denne tida i Jostedalen, anten de har bilete, skriftleg materiale eller fleire viser.Har de kjeldemateriale, så ta kontakt med Fylkesarkivet.

7. Og vårt grunnvatn får ein bedrøveleg slutt når det holet er ferdig til Stryn. Vi får dyrke vårt finnskjegg så turt og så stutt medan krafta går beinvegs til by’n.

8. Industrihuset skulle på Gjerde få plass, generalplanen hadde det med. Men no synest det som det var “kuler av glass”, og vi kan ikkje finn’ oss i det.

9. Og dei glitrande trådar med spenning så sterk, kan de sei’ kvar dei kjem til å gå? Skal dei gå gjennom dalen som “vandalens verk”, vi for alltid i framtid må sjå?

10.Og vår framtid i dalen, kva vert med den, etter åra med anlegg og strev?Vi må vita det sikkert kvar dette ber hen før vi endeleg svaret vårt gjev.

11. Vi for komande slekter lyt svara for oss korleis bygda for desse skal bli. Om vi steller oss dårleg og ødslar det bort, er det dei som i framtid får svi.

Kven skreiv denne visa?

Mel.: Kvar er hammaren, Edvart …

Fylkesarkivet har i januar og februar 2001 registrert døypte i Kinn pre-stegjeld frå og med året 1814 og frametter. Per 1. mars er åra fram til og med året 1836 registrert, men også åra fram til kring 1850 vil bli registrert med det fyrste.På denne tida var Kinn prestegjeld delt i tre sokn; Kinds Hovedsogn, Svanøe eller Broe Annex-Sogn og Bremanger Annex-Sogn. For det eine soknet varierte namnet. Nokre gonger finn ein bruk av namnet Svanøe Sogn og andre gonger Broe

Sogn. Eikefjord var på denne tida ein del av dette soknet.I 1814 var Claus Finde framleis sokneprest i Kinn, men dette året byrja kapellanen Jens Renord å overta føringa av kyrkjebøkene. Rennord overtok i 1816 som sokneprest. Julius C. Hammer følgde etter Rennord i embetet. 29. novem-ber 1830 overtok Michael Sars som sokneprest i Kinn. Han vart sidan professor i zoologi i Kristiania, og er far til dei to kjende vitskapsmennene Johan Ernst og Georg Ossian Sars.

Døypte i Kinn Prestegjeld Stor trafikk!

Talet på brukar-sejsonar av Fylkesarkivet sine sider og databasar auka sterkt i 2000. Legg vi til bruken av Kultur-Nett, kom vi i 2000 opp i 226 997 brukar-sesjonar, eller i snitt ca. 620 pr døgn! Dette er mest ei dobling av snittet frå 1999. Talet på treff/sider som vart lasta ned i 2000 var over 5.8 millionar, eller i snitt ca. 25 sider pr sesjon.

Page 18: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200118 Kjelda

Arbeid med vern og formidling av privatarkiv er spanande og meiningsfylt. Å få høve til å gå igjennom, ordne og regis-trere papir og protokollar etter privatpersonar, lag/foreningar og næringsliv, gjev ein underleg nærleik til fortida. Gulna brev og utslitte protokollar er visuelle uttrykk for tida som tærer.

Innhaldet kan vere både morosamt, alvorsamt og keisamt. Ofte kan ein arkivar ein noko melankolsk til sinns, ved å tenkje på korleis alle våre idear, tiltak og prosjekt før eller seinare vert gløymde og gøymde, kor glitrande dei enn kan ha vore.

Umoglege å verne alt som vernast skal?Men privatarkiv er og problematiske. Fagfeltet er svært omfattande: det er umogleg å verne alt, nesten dagleg vert arkivmateriale øydelagt, og vi har lite av lover og forskrifter å slå i bordet med andsynes arkiveigar. Berre ein liten del av det som bør takast vare på, vert verna i regi av Fylkesarkivet. Noko vert teke vare på lokalt. Elles må vi berre innrømme at mykje verdfullt arkiv-materiale går tapt i fylket. På ein måte må vi leve med at det er slik. Desto viktigare då er å vere bevisst på kva ein vil prioritere for vern, og planlegge vernearbeidet i eit større perspektiv.

Verna men ikkje tilrettelagt for brukNesten like viktig som å verne arkiva, er det å tilretteleggje for bruk. På Fylke-sarkivet har vi i 2000 hatt ein gjennom-gang av ymse “skjelett” på magasinet. Vi har teke føre oss avleveringar som til no ikkje har vore gjennomgått. Her ligg det mykje interessant kjeldestoff som til no har vore lite tilgjengeleg. Resultatet kan vi sjå nedanfor: nesten 250 “nye” registreringar av privatarkiv. -Ta kontakt viss du ønskjer utfyllande informasjon om arkiva på lista.

Tilvekst av registrerte priva-tarkiv i Fylkesarkivet i 2000:

17. mai-komitee, LeikangerAgronomlaget ved Langvin Jord-bruksskuleAskvoll HermetikkarbeiderforeningAustreim UngdomsgruppeBalestrand KinamisjonslagBalestrand SkyttarlagBarnelosje “Balders Gleda”Berg, OlavBerge UngdomslagBerge, SverreBolstad, SigneBrattli, gnr. 23, bnr. 3Bremanger AOFBull, RagnarBull-Hansen, Fredrik VilhelmBusch, (?)Bygdefolkets Opplysningsnemnd i Sogn og FjordaneBygdefolkets Studieforbund i Sogn og FjordaneBygstad Industrihus ASBøthun, Jakob B.Dahl, Nils Griis AlstrupDale GutelagDalsøren, TomasDalsøyra RevegardDet nye Folkepartien, GulenDet Nye Folkepartiet, NaustdalDybevik, Jens B.Edvin HjelmesetEid AOFEid Faglege SamorganisasjonEid Jern og MetallEL-bil prosjektetElektricitetskomiteen i HornindalEngesæter, LudvigEse, LarsFeios og Fresvik Kraftlag, L/LFidjestøl, AlfredFirda MållagFirdakraft A/SFjordane SparebanklagFlesche, Anders HanssonForeningen Vindhellas VennerForthun HandelsforeningFossevik, gnr. 69Fottland, KlausFramfylkingen i Sogn og FjordaneFramtak, IOGT-losje nr. 671Førde AOF-foreningFørde Bekledningsarbeiderforening, Avd. 195Førde Fagforening Avd. 165 i Fellesfor-bundet

Førde Jern og Metall. Avd. 165Førde kommunale ForeningFørde og Omegn Bygningsarbeider-foreningFørsund, Finn BorgenGaular ILGaular KraftlagGaupne IdrottslagGjerde, (familien)Gloppen HelselagGrepstad, ArneGrinde DampskipsekspedisjonGrønlandsnemndi i BjørgvinGurvind, OleGåta, KarlHafslo AvhaldslagHafslo UngdomslagHagen, JohanHaslund, Frederik TheodorHaslund, JannaHaslund, Johanne HeleneHaugen LandboforeningHaugen og Hjelmelandsdalen BondelagHaugen, Aud KjærstiHaugen, Johanna M.Heiberg, Hans K.Hella FerjeekspedisjonHelse- og Arbeidsmiljøsenteret BAHeltne, JohannesHestebeit, RognaldHole, gnr. 77Holsen HesteassuranceforeningHolsen KraftlagHope, Ola S.Hornindal ElektrisitetsverkHornindal HestealslagHornindal IdrettslagHornindal SanitetsforeningHornindal Song- og MusikkrådHorstad, SteffenHusabø, EinarHusebo, Joel R.Husflidslaget for Sogndal kommuneHusstellutvalet i Sogn og FjordaneHøyanger AOFIdrettsarkiv i Sogn og Fjordane, prosjektIndre Hafslo SkyttarlagIndre Hafslo SpelemannslagIndre Hafslo Vassverk L/LIndre Hornindal FealslagIndre OppedalIndre Sunnfjord Takstdistrikt, HusbankenInnsamlingsaksjon Kvardagsliv i S. og Fj. under okkupasjonenIOGT-losje “Balders Hage”IOGT-losje nr. 168 “Florø Værn”Ivar Aasen-samlingJohannes Nilsens KrambuJohs. Husabø Kolonialforretning

Fylkesarkivet sitt arbeid med privatarkiv i året som gjekk

PRIVATARKIV

248 “nye” privatarkiv

i 2000!

Av Snorre D. Øverbø

Page 19: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 19Kjelda

Jostedal MållagKaptein MeidellKellmer, IngerKirkhorn, Magnus R.Kløve-Graue, EirikKvammen, O. H.Kvikne, PerLandbruksdagane i Sogn og FjordaneLars Grinde SlakterforretningLavik HusmorskuleLeikanger BarnehageLeikanger Kristelege UngdomslagLeikanger SjømannsmisjonsforeningLekanger Prestegjelds BibelforeningLekanger Sogns FolkeforeningLekanger TotalafholdsforeningLien, KristianLosje SogndølenLothe, AndersLund, GunnvorLunde, Ragnvald M.Luster AOFLuster BekledningsarbeiderforeningLuster Kommunale ForeningLuster SanatoriumLuster SogelagLustrafjorden BlandakorLødøen, O. I. K.Mindresunde-diplometMoberg, JohnMoldvær, EdvardMoldøens Turn- og UngdomslokaleMoldøens TurnforeningMolland, AndreasMøre og Romsdal/Sogn og Fjordane Distriktslag av NGFNasjonal Samlings Storgruppe for BreimNasjonalforeningen for Folkehelsen, Avdeling Sogn og FjordaneNaustdal HusmorlagNaustdal PensjonistlagNEKF Avdeling 53, NordfjordNjøsens MargarinfabrikkNordre Bergenhus Kreds av Det norske TotalavholdsselskabNorges Automobilforbund - Avdeling Sogn og FjordaneOfferdal LandhandelPrivatskule i LusterRyssdal, JørgenRyssdal, MatiasRøisum, AndrewRøisum, Nils R.Sagen, MartinSamarbeidsrådet for Sogn og FjordaneSamtrygdSandane VassverkSande Kristelege UngdomslagSande Vassverk L/LSande, KnutSelskabet for Folkeoplysningens fremme, Avdeling KopangerSenterpartikvinnene i Sogn og Fjordane

Senterungdommen i Sogn og FjordaneSiemsen, JohannSkeide, Amund AmundssonSkeide, Arne OddmundsonSkeide, LivSkjerven, IvarSkorpen, RagnarSkrikiSogn Fellesforening av Den Norske SantalmisjonenSogn IndremisjonSogn KjøpmannslagSogn Kommunale TenestemannslagSogn Krets av Norges LotteforbundSogn krins av N.K.U.F.Sogn MållagSogn NNNSogn og Fjordane BygdeungdomslagSogn og Fjordane FramstegspartiSogn og Fjordane IdrettskrinsSogn og Fjordane Krets av Norsk NaturforvalterforbundSogn og Fjordane LandbruksselskapSogn og Fjordane MusikkrinsSogn og Fjordane Nei til EUSogn og Fjordane SenterpartiSogn og Fjordane StudiesamnemndSogn og Fjordane TannlegeforeningSogn og Fjordane VernelagSogn SparebankringSogn UngdomsskulelagSognalaget i Bergen

Sogndal CementsteinfabrikSogndal FramstegspartiSogndal LottelagSogndal Nei til AtomvåpenSogndal PelsdyrlagSogns MisjonsbladSogns Uldspinderi & FabrikSolbakken , Anna og OlaSolund Kommunale ForeningSolvorn Arbeidar- og småbrukarlagSolvorn VasslagSparebanklaget i Sogn og FjordaneStarheim, OttarStedje, gnr. 64Steen, AlbertStongfjorden A.U.L.Straumsnes SlaktelagStrudsholm, SSStryn AOFStryn BlårevgardSunnfjord Skog- og landarbeiderfore-bundSvalheim, JørgineSygna Akvakultur A/SSæther, Aase RyssdalSør-Vågsøy FråhaldslagTang, Peder C.Teningaasen, Ole LarsenTveit, OlavUllaland Kristelege UngdomslagUlltang, KristianUlvesund Fiskarkvinnelag

Utviklingsselskapet for næringslivet på VestlandetValsvik, BernhardVern om FeigumfossenVestmannaheimenVestreim, gnr. 42, SogndalVik AOF-foreningViksdalen FråhaldslagViksdalen SkyttarlagVaagsø gjensidige Hesteassuranceforening for RaudebergVågsøy Kommunale ForeningYlvisaker, PederYtre Sogn FolkehøgskuleYtre Sogn Kommunale ForeningØen, Anfin AnfinsenØvrebotten FealslagØvrebø, Kristen JenssonØygarden, GunnarÅrdal AOFÅrdal ArbeidarpartiÅrdal Prosjektutvikling ASÅrdal SjåførforeningÅrdal, Jakob J.

Rekneskapsvedlegg frå arkivet til Moldøens Turn-

og Ungdomslokale. (Sff-2000050).

Page 20: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200120 Kjelda

MinnesmerketAv Hermund Kleppa

Minnesmerket denne gongen står ved Ålfoten kyrkje i Nordfjord. Det er ei minnestøtte med fylgjande innskrift:TIL MINNE UM DEI FRAA AALFOT SOM VAR MED I KRIGEN 1807-14.

Me veit lite om minnesmerket. - Utanom det me kan “lesa” oss til av biletet her om stad, storleik, form og innskrift, og at ålfotingane kvar 17. mai legg ned krans ved støtta, er me blanke. Difor etterlyser me også denne gongen opplysningar om dagens minnesmerke.

Me ynskjer presise opplysningar om storleik, bergart og kvar dei fann emnet. Står det noko på baksida? Kven reiste minnesteinen? Me er interessert i opplysningar om avdukingshøgtida. Veit nokon om det står skrive noko om minnesteinen nokon stad, - i bøker, hefte, aviser, i gamle brev, dagbøker, møtebøker? Og elles ynskjer me oss fleire historiske foto.

Dette nummeret av Kjelda går til alle husstandane i Ålfoten i von om at det er einkvan på staden som veit noko. Ta kontakt med oss. I 1914 vart det reist mange steinar til minne om soldatar frå fylket som var austover ved svenskegrensa i ufredsåra 1807-1814. I heile Nordfjord kjenner eg til tre stykke. Den eine står på Plassen på Nordfjordeid. Den vart sett til minne om alle frå Nordfjord som miste livet. Den andre står i Randabygda, og den tredje i Ålfoten. Kan henda det er fleire?

Sogn og Fjordane-soldatar Mange soldatar frå Indre Sogn var aus-tover med Det lærdalske lette infan-terikompagni. Elles var det mannskap frå heile fylket i ein bergenhusisk gre-naderbataljon som blei gjort stridsklar i Bergen og overført til Østfold som-maren 1808. Fjerdekompaniet var sen-tralt plassert i slaget ved Berby som blei utkjempa 12. september 1808.

Ved heimkomsten til Bergen tidleg på året i 1911 hadde bataljonen i alt 154 døde. Fleire hadde mista livet av sjuk-dom enn krigshandlingar. Eg kjenner ikkje til det nøyaktige talet på kor

Syttande mai-støtte i Ålfoten

Bautastein til minne om ålfotingar som var med i krigen 1807-1814. Biletet er

teke 1946-1947. Dei som sit framfor støtte er frå venstre: Jorunn Myklebust Hunvik, Olina Myklebust Nyvoll, Margit

Eggen og Kari Myklebust Vik. (Foto: Fylkesarkivet/Jorunn Hunvik

SFFf-94055.0015).

mange frå Sogn og Fjordane som sette livet til i ufredsåra 1807-1814, men Edvard Os nemner ca 100 frå Nordfjord i eit avisinnlegg i Fjordenes Tidende 24.2.1914.

Jo-Lothe-visaEin av grenaderane var John Jakobsen Lothe, fødd ca 1782 i Eid. Han var med i slaget ved Berby og opplevde at sidekameraten Anders Frøyset frå Utvik vart skoten og mista livet. På heimvegen forfatta Jon Lothe ei vise på 47 vers

om grenaderbataljonen si hærferd til Østfold. Visa står prenta i Årbok for Nordfjord 1951.

Me ønskjer fleire opplysningar om denne minnesteinen! Kontakt Hermund Kleppa, tlf. 5756402. Epost: [email protected]

Page 21: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 21Kjelda

Fylkesarkivet samlar inn tilfang (opplysningar, informasjon, fotografi, dokumentasjon) til kunnskap om minnesmerke (steinar, støtter, monument m.m.) kringom i fylket. Det er slett ikkje det enklaste me har gitt oss i kast med. Det er som å stella med eit hundretals puslespel på same tida, eit møysommeleg arbeid for å finna småbitar her og der - hjå folk som veit noko/har noko, i aviser, bøker og hefte, i offentlege og private arkiv, i fotosamlingar - og ofte med magert resultat.

Som regel er det “tynnast” på dei eldste minnesmerka, dei frå århundreskiftet 1800/1900, men også til nyss oppsette sminnesmerke, kan det vera vanskeleg å få rikhaldige “mapper”.

Kor mykje enklare ville det ikkje vore om minnestein-reisarane i arbeidet sitt også hadde teke med som ei oppgåve å syta for at dei etterpå sat att med eit minnestein-arkiv: - noteringar om “arbeidets gang”, ei eventuell nemnd si møtebok, korrespondanse, manus til avdukingstale, rekneskap, avisutklypp, fotografi, o.l. - og at dei så sytte for å få det heile innlevert til oppbevaring og bruk på eit offentleg arkiv! Tid og krefter til eit slikt gjeremål skulle såvisst ikkje vera bortkasta. Eit rikhaldig minnesmerke-arkiv, er i høg grad eit bidrag til auka medvit og kunnskap om det minnesmerke-reisaren ynskjer minnesmerket deira skal stå til minne om.

NytteverdiEi samling av kjeldemateriale i form av skrift, foto, gjerne lyd og, til kvart minnesmerke, vil ha stor nytteverdi, nå og i fram-tida. Det kan t.d. nemnast to høve: a) som lokalhistorisk kjelde-materiale for skule/lærarar som måtte ynskja å gjera seg nytte av minnesmerket i skulearbeidet (kjennskap til minnesmerka står nemnt i gjeldande læreplanverk), og b) når det eventuelt oppstår spørsmål om flytting av eit minnesmerke frå sin opphavlege stad (t.d. opplysningar om kvifor minnesmerket står der det står, eigartilhøve, vedlikehaldsplikter, o.a.).

Minnesmerka - er dei så mykje å bry seg om?Då misjonsfolket i 1992 reiste ein minnestein over misjonæren Hans Paludan Smith Schreuder i Sogndal, sa ordførar Bjørk i sin helsingstale at han var viss om at minnesteinen kom til å bli ein kulturskatt for Sogndal. Ja, eg er samd med Bjørk,

Schreuder-steinen og det den er sett til minne om, er ein kulturverdi. Minnesmerka er viktige kulturminne tilliks med byg-ningar, fotografi, møtebøker, stadnamn, folketonar, m.m.

Dersom eg skulle bli pressa på spørsmålet om kvifor dei er viktige, kvifor t.d. Schreuder-steinen i Sogndal eller minne-steinen om ålfotingane som var med i krigen 1807-1814, er så mykje å bry seg om og med, kan eg svara med historikaren Edv Bull d.e. Når han vart spurd om kva han meinte er viktig i historia, svara han at “det er viktig i historia som var viktig for mange”.

Kvart einaste minnes-merke har vorte reist fordi fleire, nokre gonger mange, meinte det var viktig å gjera det. Dei meinte at den personen/ane dei ville minnast, hadde gjort seg

fortent til eit minnesmerke, eller at ei hending var så bra for ei bygd, eller så katastrofalt øydeleggjande at det måtte setjast opp ein stein eller ei støtte til minne. Dessutan kan det nemnast at minnesmerka er viktige - sett i høve til at heile prosessen med å reisa dei er ei “storhending” som oftast kjem godt tilsyne, gjerne over lang tid, med ein topp ved avdukinga, - gjennom skriving i avisene, snakk og diskusjon om utsjånad, opprop, innsamlingslister, stort frammøte på avdukinga. Og endeleg bør det og koma med at minnesmerka for mange kan ha større eller mindre kunstnarleg verdi, alt etter kva auge som ser.

Fylkesarkivet ynskjer seg:

Minnesmerke-arkiv

Av Hermund Kleppa

I arkivet etter Bykasseraren (kemnaren) i Florø er det teke vare på eit dokumentomslag med rekneskapsvedlegg og

nokre få andre papir knytta til minnestøtta ved Florø kyrkje over falne i krigen 1940-1945 frå dåverande kommunar Florø, Kinn, Bru og Eikefjord. Sidan desse papira er dei einaste me

har om Florø-monumentet, blir dei ekstra verdifulle, og då særleg oppropet til alle om å vera med.

Page 22: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200122 Kjelda

Litteratur motteken av Fylkesarkivetfrå 21. november 2000 til 15. februar 2001

Novemberu Bjelland, Otto. Hafslo Sparebank 1848 - 1948. 1948. Husabø Prenteverk.u Smestad, J. Kommunebokholderi (Praktisk veiledning i åpning, føring og avslutning av landkommunenes regnskaper). u 1937. Gundersens boktrykkeriu Rundskriv frå Justisdepartementet: budgett- og rekneskapsordninga i landkommunane i riket. 1936? Grøndahl & Søns u Boktrykkeri. u Høydal, Reinhard. Tilbake til barndomsdalen. u.å. Særtrykk for Sogeskriftet: Hyllestad.u Ringve Museum. Ringve Museum 25 år. Festskrift til jubileet. 1977. Ringve museums skrifter III.u Taube, Evert. 75 viser/ dikt. 1977. Den norske Bokklubben.u Aasen, Ivar. Dansk-norsk Ordbog: Red. av Bondevik, Nes og Aarset. 2000. Norsk Bokreidingslag L/L.u Aasen, Ivar. Målsamlingar 1851-1854: Red. av Bondevik, Nes og Aarset. 1999. Norsk Bokreidingslag L/L.u Skoug, Stein Erik. Kongeveien over Fillefjell: Vindhella og Galdane. 1975. Grøndahl & Søn.u Kvitrud, Arne. Luster fram til år 600: Hvem er vi og hvor kommer vi fra? 2000. Kvitrud.u Møller, Arvid. Gjendine. 1976. Cappelen.u Red.: Jordan, Borge, Kjerland og Hus. Hardanger Spelemannslag 50 år 1948-1998. 1998. Hardanger Spelemannslag.u Bremnes, Ola. Jubel og sang: Petter Dass visebok. 1997. Cappelen.u Koralboken for den norske kirke . 1936. Aschehoug.u Hodne, Ørnulf. Norsk folketro. 1999. Cappelen.u Matrikkel for Sogndal kommune (ført fram til 1. mars 1980). 1980? Sogndal Sparebank.u Iversen, Frode. Var middelalderens lendmannsgårder kjerner i eldre godssamlinger?: En analyse av romlig organisering u av graver og eiendomsstruktur i Hordaland og Sogn og Fjordane. (Arkeologiske avhandlinger og rapporter). 1999. u Universitetet i Bergenu Red.: Harm, Henry. 50 års edruskapsarbeid: Jubileumsbok om Arbeidernes Avholdslandslag Arbeidernes Edruskapsforu bund. u.å. (1982?). Arbeidernes Edruskapsforbund.u Sæbø, Hornnes og Fimreite. Den nye dagen lyser…: Vik Arbeidarparti 1919-2000. 2000. Vik Lokalhistoriske Arkiv.u Budsjett 2001: Økonomiplan 2001-2004: første framlegg. 2000. Sogn og Fjordane fylkeskommune .u Melding om elevinntaket 2000-2001. 2000. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Opplæringsavdelinga.

Desemberu Arild, Heidi, Espeland, Velle m.fl. Strengen var af røde guld. Folkeviser samlet av L.M.Lindeman i Solør 1864 (bok + CD). u 1996. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 142/ Aschehougu Halbakken, Sverre. Så surr nå, kjæring! Musikk- og dansetradisjoner i Sør-Østerdal og Våler. 1997. Blåmann Musikkforlag.u Seim, M.N. Korleis formannskapslovene vart til i 1837. 1957. Øens Prenteverk.u Red.: Magnus Thingnæs. Florø i tekst og bilder 1860-1950 (Kjenn ditt land). (1950?). Kjenn ditt land.u Myrold, Lars. I manns minne: Lokalhistorie frå Stårheim 1915-1995: Ei bygd i utvikling. u.å. Lars Myrold.u Danielsen, Hilde. Dei moderne kvinnene i Odda: Ein studie av mødrehygiene og barneavgrensing i mellomkrigstida. 2000. u Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.u Dei har prega hundreåret: 100 år 100 navn: Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. 2000. Sunnmørsposten u Forlag.u Striftstyrar: Nesheim, Helge. Bilæti: Breidvik, Mons. Jolehøgtid anno 1919. 1919. Umbodsmannalaget Trygd.u Utdrag av soga v. Lars Myrold. Stårheimsdronninga: Dronning Ingrid av Noreg: Utdrag av soga v. Lars Myrold. 1998. u Eige forlag.

Januar 2001u Garborg, Arne. Vaar nasjonale strid: Fyredrag aat ungdomslag nr. 10. 1911. Norigs Ungdomslag.u Katalog over jubileumsutstillinga i Førde 1964. 12., 13. og 14. juni. Storfe, geit, svin og fjørfe. u.å. (1964?). Bø Papir og Trykk.u Katalog for Statens og amtets kvæudstilling i Osen (Søndfjord) onsdag den 11te mai 1904. u.å. , 1904? u Plan for Eids komm. gymnas - 2-årig - Nordfjordeid. u.å. ( e. 1932/33). Fjordabladets Prenteverk, Nordfjord.u Norges Jubilæumsutstilling 1914. Kristiania 1914. Utstillings Forlaget.u Tolaas, Gyri. Lokalhistorisk bibliografi over Nordfjord 1978-1999: Utarbeidd av.. 2000. Høgskolen i Oslo.u Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 6a: Gardar og folk Bygstad sokn. 2000. Gaular Sogenemnd.u Timberlid, Jan Anders. Bygdebok for Gaular, band 6b: Gardar og folk Bygstad sokn. 2000. Gaular Sogenemnd.u Nygjerd, Gunnar, Red. Stryn energi as 1920-2000 - med kraftverk og selskap frå1893. 2000. Stryn Energi as.u Nielsen, Marianne L, Red. Eikaas i 80… festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag. 2000. Eikaasgalleriet/ SKALD.u Henden, M. Historie for arbeiderklassen: Håndbok for studiecirkler,skole og hjem. 1926. Det Norske Arbeiderpartis Forlag.u Orheim, Rolf, Red. Solbakken arbeids- og sjukeheim Florø. Opna 3. september 1961. 1961-1971. 1972. Solglimt Trykkeri, u Sandane.u Sogenemnd. N.K.S. Sogn og Fjordane Krins 50 år (1949-1999). u.å. (1999?). u Hopland, Sølvi Helén. Flyg lavt over livet: Notehefte. 1996. Balsnes & Lindanger.

Oversikt over litteratur og musikk som kjem inn til Fylkesarkivet. Send oss publikasjonar som blir utgjevne i Sogn og Fjordane, eller som omhandlar fylket. Kontakt for denne spalta er

Gunnar Yttri, tlf. 57 65 64 08. E-post: [email protected]

Page 23: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 2001 23Kjelda

Desemberu CD. Distriktsmusikarane i Gloppen. Op sødeste sang. Salmetonar frå Gloppen. 2000. Gloppen kommune. Gloppen.u CD x 2. Div. artistar frå Gloppen Gloppen. 2000 …ei musikalsk oppkome. 2000. Gloppen kommune. Gloppen.u CD. Div. artistar frå Jølster. Tonevev. Ein vev av ord og tonar frå Jølster. 2000. Jølster kommune. Jølster.

Januaru LP. Jens Frydenlund. 1963. Ewes, Sverige. Lærdal.u CD. Div. amatørband. unsigned. 1994. MP Records. Leikanger.u CD. Duo. Duo. 1997. Talle/ Tjugum. Leikanger.u CD. Tor Talle. Songs from the heart. 1999. Tor Talle. Leikanger.u CD. Sølvi Helen Hopland. Flyg lavt over livet. 1996. Gilead. Vågsøy.u CD/ MC/notehefte. Sølvi Helen Hopland. Den er min ven. 1998. Tylden & co. Vågsøy.u CD. Fabel. jordbær og grasbrann. 1996. MajorStudio A/S. Sogndal.u CD. Fabel. Flørt. 1997. MajorStudio A/S. Sogndal.u CD single. Fabel. For halv maskin. 1998. MajorStudio A/S. Sogndal.u CD. Fabel. Det e musikk. 1999. MajorStudio A/S. Sogndal.

Februaru CD. Hot little mama. Let’s have a natural ball. 2000. Vågsøy.u CD. Fridtjov-teateret. Fridtjofsoga. 2000. Fridtjov-teateret. Vik.u CD/ bok/ notehefte. Vik Barnehage. Songar frå Vetlaboki. 1999. Vik Barnehage. Vik.u CD. Marit Eikenes. Gjennfødt. 2001. Eirik Molnes Husabø/ Kanalen Lydstudio. Gloppen.u CD. Naustedalen spelemannslag. Dans i Fosshalla. 2000. Naustdal Musikk-produksjon. Naustdal.u CD. Åsmund Røysum. Åsmund Røysum: jazz, swing, samba, gammeldans. 2000. Åsmund Røysum. Leikangeru CD. Div. artistar frå Høyanger. Som ringar i Vatn. 2000. Ringar i Vatn Prosjektgruppe. Høyanger.

Musikkinnspelingar mottekne av Fylkesarkivetfrå 21. november 2000 til 15. februar 2001

Krav om skjema på nynorsk

I 1952 var det møte i forstandarskapet i Jølster Sparebank. I sak 8 oppmoda det styret om å krevja skjema frå Statistisk Sentyralbyrå på nynorsk.I 2001 finn eg det naudsynt å krevja at arbeidsgjevaren min, Sogn og Fjordane fylkeskommune, syter for at alle skjema eg er pålagd å bruka i arbeidet mitt, er på nynorsk. Som vedlegg til kravet fylgjer Fylkestingsvedtak nr 1/1981 om at nynorsk er Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt styrings- og administrasjonsmål.

I 1946 handsama forstandarskapet i Jølster Sparebank søknader om tilskot frå Rednings-selskapet og to andre organisasjonar. Kvar av søkjarene fekk ein pengesum, men samstundes også ei påminning om at seinare søknader måtte vera på

nynorsk. Fylgjande tillegg står i møteboka: Forstandarskapet ventar at (og så søkjarane nemnde med namn) nyttar nynorsk mål når dei i framtida vender seg til banken. Samhugen med samskipnadane vert større når ein ser at dei har vilje til å jamstelle båe måli.I 2001 vil eg seia med Jølsterbanken - “samhugen” med Sogn og Fjordane fylkeskommune kjem til å verta større så snart fylkeskommunen viser vilje og evne til å fylgja opp fylkesting-vedtaket om at nynorsk er

administrasjonsmålet, i dette høvet ved å innføra skjema på nynorsk.Av Hermund Kleppa

Dette er det elektroniske skjemaet fyl-keskommunalt tilsette må/skal fylla ut for

særlege gjeremål. “Ikke allment tilgjen-gelig” står det ved eit av felta. Med

dette viser eg - for heile verda - eit av nynorsk-fylkeskommunen Sogn og Fjor-

dane sine bokmålskjema. Og så legg eg til at me har hatt dette skjemaet, og

mange andre, i over 3 år!

Page 24: Kjelda nr. 1 2001

Årgang 10, nr 1 - 200124 Kjelda

CFYLKESARKIVETFylkeshusetPostboks 276861 Leikanger

Retur:

ISSN 0803-9682

Hausten 2000 kom det ut ei lita bok på knappe 130 sider som har gitt meg gode lesestunder i vinter. Forfattaren Solveig Nes, fødd Håøy, fyllte 80 år sams-tundes med at boka kom ut. I føreordet skriv ho mellom anna: “Når eg ser attende på livet mitt, er det som om eg har levd i fleire generasjonar. Det er eit langt sprang frå 1920 til år 2000. Eg må vere ska gammale! Omvelt-ingane i samfunnet har vore gjennomgripande.” Det er dotter hennar, Solrunn Nes som har hjelpt til med redigering, biletst-off og anna.

Forfattaren blei fødd på Håøy vest for Frøy-øya i Bremanger, seinare flytte familien til Steinset på vestsida av Frøy-øya. Ho var nummer to i ein sysken-flokk på ni som voks opp på eit småbruk ved havet, i samspel med ein barsk natur. I boka gjev ho eit levande bilete av kvardagen, arbeidet og familielivet i ein barnerik familie på kysten av Sun-nfjord frå 1920 til 1938. Ho skildrar og besteforeldra sitt liv, og kjenslene og samhaldet mellom familiemedlemene og generasjonane. Boka startar med at ho blir fødd på Håøya og sluttar med at ho reiser heimanfrå for å ta seg arbeid i Oslo knapt 18 år gammal.

Kvardag og tuberkuloseI boka kan vi følgje med på dei første minna til ei lita jente, om leik med sys-kena og dyra på garden. Vi får høyre om sterke og gode kjensle-band syskena imellom. Fem av syskena blir smitta av tuberkulose. Den eine døyr, men fire blir sende til Hagevik Kysthospital og blir

friske. Saknet av familien er stort, men dei to eldste systrene har kvarandre, og det hjelper. Opplevinga er nok verre for den broren som er så liten at han ikkje kan snakke, og ikkje kjenner att sine. Borna kjem heim att friske og sunne til stor glede. Eit halvår etter døyr beste-mor av tuberkulosen.

Skulegang og arbeidI ein stor syskenflokk var det mykje som skulle gjerast i tillegg til skulearbeidet. Dei eldste borna hjelpte til. Solveig avs-lutta skulen før siste året var slutt. Ho hadde då lært det ho skulle, meinte læraren hennar. Vidare skule-gang var det ikkje råd med, og i det daglege arbeidet heime var ho til stor hjelp. Solveig Nes skriv om sjølvbergingsarbeidet inne og ute, på land og på sjøen. Ho fortel og om beste-faren sitt arbeid med å passe “Minnet Fyrlykt” som vart sett opp i 1904. For-teljinga om arbeidet blir følgt opp av illustrasjonar av personane i teksten, av arbeidssituasjonar og av reiskapar. Dette gjer skildringa ekstra verdfull og levande.

“Liseteprestane og Steinsete-hestane, Frøyens fortærelse og Kalvågs oppætelse”Vi møter og bygda med embetsmenn og meir spesielle samfunnsmedlemer som han Olai, fødd i 1842, som kunne stogge blod. “Juditta i Træa” metta fam-ilien sin mellom anna med veving då mannen (som så mange andre) kom bort på sjøen. Det munnlege språket får per-sonane til å stige fram frå boksidene og bli levande for lesaren!

Difor vil eg rå Kjelda-lesarane til å skaffe seg boka frå bokhandel eller bib-liotek, setje seg i godstolen med brillene på nasen og lese. Boka kan og nyttast i skulen. Er det forresten nokon som kjenner resten av regla “Liseteprestane …” så er Fylkesarkivet svært interessert i denne! e”. Kjelder:Nes, Solveig:Oppvekst ved havet: Levekår i eit øysamfunn i Sunnfjord. Bergen 2000. 128s. ISBN:82-995633-0-3. Spørsmål om boka kan rettast til Solrunn Nes,tlf. 55 31 79 58. Epost: [email protected]

Informantar:Solrunn Nes

BOKMELDING

Oppvekst ved havet

Av Randi Melvær

Sverre Samsons. Håøy og Aletta Hansd. Steinset i 1926 med dei seks eldste borna. Frå venstre Steinar, Solveig, tvil-lingane Arne og Asbjørg på fanget, Lisje-Hermund, og eldste jenta Bergljot heilt til høgre.