klassisk barnestrikk
DESCRIPTION
Klassisk barnestrikk, ny strikkebok av Tove FevangTRANSCRIPT
001_011_Strikk.indd 1 10/10/12 11.59
tove fevang
barnestrikkKlassisk
• norske mønster frå 2 til 8 år •
samlaget • oslo • 2012
001_011_Strikk.indd 3 10/10/12 11.59
001_011_Strikk.indd 4 10/10/12 11.59
Innhald
Forord
Nokre råd og tips før du går i gang!
Oppskrifter
Allianse
Barnehage
Fanagenser
Fanajakke
Guro
Heidi
Holmenkollen
Jan og Janikken
Lille Trix
Lise-Lotte
Lomen
Marius
Nr. 625
Nr. 635
Ornament
Pia
7
10
13
15
19
25
29
33
36
40
45
49
54
59
63
67
71
75
79
Putte
Pål
Setesdalsgenser
Setesdalskufte
Siri
Småfolk
Snøkrystall
Snøplog
Trollstigen
Tussetroll
Strikkebukser
Trinn for trinn
Jakke frå A-Å
Raglanfelling frå A-Å
Rundfelling frå A-Å
Elastisk felling
Maskesting
Garn sidan 1888
83
87
90
95
99
103
106
111
115
119
123
127
128
148
156
159
162
166
001_011_Strikk.indd 5 10/10/12 11.59
001_011_Strikk.indd 6 10/10/12 11.59
Forord
Boka inneheld eit utval av dei klassiske genserane og jakkene frå SandnesGarn for barn i alderen 2–8 år. Mønstera er henta frå tidleg 50-tal og fram til 60–70-talet. Nokre av modellane er berre i dei største storleikane fordi mønsterrapportane vert for store for dei minste. På same måte er nokre av modellane berre i dei minste storleikane, fordi desse passar best for dei minste barna.
Prosjektet starta med at eg gjekk gjennom det rikhaldige arkivet SandnesGarn har frå 50- og 60-talet. For meg vart dette eit gjensyn med og mange minne om strikkeklede frå min eigen barndom. 100 oppskrifter vart plukka ut, og så starta den vanskelege oppgåva med å redusere talet på oppskrifter til 25. Det har vorte eit utval kjen-de og kjære modellar, og nokre ikkje fullt så kjende. Dei er likevel representative for denne tida. I boka finn du genserar, jakker, bukser, sokkar og luer. Modellane har erme som er sette rett i, raglanfelling og rundfelling. Alle desse teknikkane var flittig brukte på den tida.
For å få plagga til å fungere for barn i dag har eg bygd om (redesigna) modellane. Genserar og jakker har vor-
te litt lengre, og ein del erme har fått litt mindre vidd, slik at dei passar betre under dagens ytterplagg. Farga-ne er meir eller mindre dei same som i dei opphavlege modellane. Garnet som er brukt, er Sandnes sitt Smart-garn, som er 100 % ullgarn, og Sandnes Mini Alpakka, som er 100 % alpakka. Begge desse garnkvalitetane har superwash-kvalitet slik at dei kan vaskast i maskin på ullprogram – noko som passar godt for travle og aktive småbarnsfamiliar.
I arbeidet har eg hatt god hjelp frå tilsette hos Sandnes-Garn, spesielt Turid Fossum, Gry Geelmuyden og Gunn Elin Myhre. For å få alle modellane strikka opp har ei stor gruppe strikkedamer, rekruttert frå familie, venner og ikkje minst damer som las etterlysing av strikkarar på Facebook, trødd til og strikka i rekordfart. Utan dykk ville prosjektet aldri vorte ferdig.
Tove Breistein har fotografert alle barna med modellane. Mannen min, Geir Arnesen, har seint og tidleg teke alle trinn-for-trinn-bileta når desse har vore klare til fotografe-ring. De har all ære for at dette prosjektet har kome i hamn.
Tove Fevang
7
asker, august 2012,
001_011_Strikk.indd 7 10/10/12 11.59
001_011_Strikk.indd 8 10/10/12 11.59
001_011_Strikk.indd 9 10/10/12 11.59
strikkefastheit:er nøkkelen til eit godt resultat. Den strikkefastheita som er oppgitt, viser kor mange masker som er i breidda på 10 cm med tilrådd pinnestorleik. Dersom du strikkar lausare enn den strikkefastheita som er oppført, går du ned ein halv pinnestorleik, og strikkar du fastare, går du opp. Sjølv strikkar eg ganske fast og må alltid opp eit halvt pinnenummer for å få rett strikkefastheit. Difor er det svært viktig å strikke ein prøvelapp på ca. 15 x 15 cm. Så måler du opp 10 x 10 cm midt på prøvelappen. No kan du telje kor mange masker du har på 10 cm, og finne di eiga strikkefastheit. Ut frå dette veit du om du må opp eller ned i pinnestorleik. Vrangbordar trekkjer seg saman og har alltid ei anna strikkefastheit enn glattstrikk. Difor er all strikkefastheit i boka gitt for glattstrikk.
strikkefastheita ved mønsterstrikk:endrar seg ofte når ein strikkar glattstrikk med mønster
Nokre råd og tips
før du går i gang!
Les alltid nøye gjennom heile oppskrifta
før du tek til å strikke.
i fleire fargar. Den fargen ein ikkje strikkar med, vert lig-gjande bak arbeidet slik at arbeidet trekkjer seg litt meir saman og strikkefastheita vert strammare. For å unngå dette kan du gå opp eit halvt pinnenummer når du strikkar med fleire fargar, og så gå tilbake til opphavleg pinnenummer når det berre er ein farge i arbeidet.
diagram:les du frå første rute nedst i høgre hjørne og mot venstre, og nedanfrå og oppover. Alle diagram er sett frå retta. Den rapporten som står i klamme, vert repetert på omgangen, men ofte startar omgangen med eit gitt tal masker før rapporten. Så vert rapporten repetert før ein eventuelt avsluttar med dei siste maskene som står et-ter rapporten. Start og slutt alltid ved pila for vald stor-leik dersom diagrammet har slike piler. Nokre gonger vert rapporten repetert i høgda. Då er han merkt med ei klamme på høgre side av diagrammet.
10
001_011_Strikk.indd 10 10/10/12 11.59
vaskeråd:Smart-garnet er 100 % ull, og Mini Alpakka er 100 % al-pakka. Begge desse garnkvalitetane er superwash-garn og er spesielt eigna til maskinvask. Tilrådd vaskemid-del er Milo, men superwash-garn bør ikkje vaskast med mjukingsmiddel. Bruk ullprogram når du vaskar plagget i maskin. Dersom du ikkje har ullprogram, bør du vaske plagget for hand. Bruk lunka vatn (ikkje over 35 grader) og Milo. Kryst og klem plagget mellom hendene både under vasking og skyljing, ikkje gni eller vri. Skyl i flei-re vatn (same temperatur som vaskevatnet) til vatnet er heilt klårt. Klem vatnet ut av plagget, ikkje vri. Rull plag-get inn i frotterhandkle og klem på rullen slik at vatnet går ut av plagget. Rull det ut att.
Tørk alltid strikkeplagg liggjande. Form eller strekk plag-get i fasong til rett storleik. Heng aldri eit strikka plagg til tørk.
forkortingar:
m. = maske(r)r. = rettvr. = vrangomg. = omgang
11
001_011_Strikk.indd 11 10/10/12 11.59
012_125_Strikk.indd 12 10/10/12 12.33
OppskrifterHer er det oppskrifter på genserar, jakker,
bukser, luer, halsar og strømper. I oppskriftene er det
nytta ulikt garn, ulike fargar og ulike teknikkar. Her kan du velje
mellom blant anna raglanfelling, rundfelling og modellar
med erme som er sette rett i.
012_125_Strikk.indd 13 10/10/12 12.33
012_125_Strikk.indd 14 10/10/12 12.33
15
storleik: 4 (6) 8 år
genserovervidd: 65 (73) 80 cmheil lengd: 43 (46) 50 cmermlengd: 30 (34) 38 cm, eller ønskt lengd
lue omkrins: 43 (51) cm materiale: SandnesGarn Smart (100 % ull, superwash)heile settetMarineblå frg. 5575: 250 (300) 350 gNaturkvit frg. 1002: 100 (150) 150 gRaud frg. 4219: 350 (400) 450 g
pinnar: Rundp. og strømpep. nr. 3 og 3 ½ strikkefastheit: 22 m. glattstrikk på p. nr. 3 ½ = 10 cm
Les heile oppskrifta før du tek til å strikke.
Genser
bolen:Legg opp (132) 148 (162) m. med blått på rundp. nr. 3, og strikk rundt 1 r., 1 vr. til vrangbord, (5) 5 (5) cm. Skift til p. nr. 3 ½ og glattstrikk, auk samtidig jamt fordelt til (144) 160 (176) m. Set eit merke i kvar side med (72) 80 (88) m.
Alliansegenser • lue
Allianse er pryda med åttebladsroser
og reinsdyr. Kombinasjonen av dei to mønstera er vanleg
i tradisjonelle strikkeplagg. Allianse har rett isette erme
og båthals. Lua har oppbrett, noko som
gjer henne ekstra varm.
012_125_Strikk.indd 15 10/10/12 12.33
16
til framstykket og det same til bakstykket. Hald fram i glattstrikk og diagram A «lus» til arbeidet måler (27) 30 (34) cm. Auk samtidig 1 m. i kvar side = (73) 81 (89) m. til fram- og bakstykket. Strikk mønster med denne innde-linga. Strikk diagram B. Start i den eine sida og ved pila for vald storleik i diagrammet, strikk til neste sidemerke, start på ny ved pila for vald storleik og strikk på same måte. Strikk vidare med diagram C. Start i den eine sida og ved pila for vald storleik i diagrammet, strikk til neste sidemerke, start på ny ved pila for vald storleik og strikk på same måte. Avslutt med diagram D. Set m. på ein tråd når arbeidet måler (43) 46 (50) cm.
erme: Legg opp (42) 44 (46) m. med blått på strømpep. nr. 3, strikk rundt 1 r., 1 vr. til vrangbord, (5) 5 (5) cm. Skift til p. nr. 3 ½ og glattstrikk. Auk samtidig jamt fordelt til (52) 54 (56) m., og hald fram med glattstrikk av diagram A «lus». Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i dia-grammet du må starte for vald storleik. Strikk dei nye m. med i mønsteret etter kvart. Samtidig: Siste m. på omg. er merkemaske og skal strikkast vr. heile tida. Auk 1 m. på kvar side av merkemaska ca. kvar (2 ½) 2 ½ (2 ½) cm til i alt (68) 74 (80) m. Strikk diagram C når ermet måler ca. 8 cm før heil lengd. Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i diagrammet du må starte for vald storleik. Auk samtidig på undersida til det masketalet som er nemnt. Avslutt med diagram D. Pila viser midt på ermet, tel deg ut til kvar i diagrammet du må starte for vald storleik. Når ermet måler heil eller ønskt lengd: Snu vrangsida ut og strikk 3 cm belegg fram og tilbake i glattstrikk. Fell laust av. Strikk eit erme til på same måte.
montering:Damp arbeidet forsiktig på vrangsida. Merk opp til erme-hol lik ermevidda i kvar side. Sy to maskinsaumar like breitt som ermet til ermeopning, og klipp opp mellom saumane. Sjå trinn-for-trinn-bilete av monteringa på side 132.
Båthals: Mask eller sy saman skuldrene, men set dei (37) 39 (41) midtarste m. på fram- og bakstykket på ein tråd.Belegg: Set m. over på liten rundp. nr. 3, m. i halsopnin-ga + 1 m. på kvar skulder = (76) 80 (84) m. Strikk raudt 1 omg. r., 1 omg. vr. (= brettekant). Hald fram med glatt-strikk. Strikk maskene på kvar skulder vr. heile tida, og auk 1 m. på kvar side av denne kvar omg. til kanten må-ler 2 ½ cm. Fell av elastisk. Brett belegget over til vranga og sy det fast. Sy i erma.
Lue
Legg opp (96) 112 m. med raudt på rundp. nr. 3 ½ og strikk (3) 3 cm glattstrikk.
Strikk 1 omg. holrad: * 2 r. saman, 1 kast *, repeter *–* ut omg. (= «nedbrett» øvst på stjerneborden). Strikk 1 omg. til med raudt og strikk diagram C. Hald fram med 1 omg. raudt, så 1 omg. holrad = oppbrett + 3 cm raud glattstrikk.
Snu lua med vranga ut og hald fram med diagram A «lus» til lua måler 18 (19) cm frå holborden. Neste omg.: Strikk 2 r. saman rundt heile omg. Strikk 1 omg. r. Klipp av trå-den og trekk han gjennom resten av maskene. Trekk sa-man og fest tråden godt. Fest alle lause trådar. Brett inn nedbretten, og sy til på vranga. Brett opp oppbretten.
012_125_Strikk.indd 16 10/10/12 12.33
17
Teiknforklaring:= raud= naturkvit= blå
Diagram C
Diagram B
Diagram A «lus»
midt framme og bak
4 6 8 år Start og avslutt her påfram- og bakstykket
midt framme og bak
4 6 8 år Start her på fram- og bakstykket
midt på ermet
repeter rapport
repetermidt på ermet Start her
alle str.
4 6 8 år Start og avslutt her påfram- og bakstykket
midt framme og bakmidt på ermet
repeter
Diagram D
repe
ter
012_125_Strikk.indd 17 11/10/12 08.17