kringkastingsprisen til ingunn solheim 200-årsjubileum for ny … · 2014-04-22 · dumskallar...

12
MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, 2013 Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim Intervju side 6-7 200-årsjubileum for Ivar Aasen Stemningsrapport side 3-5 Ny kringkastingssjef Intervju side 8-9

Upload: others

Post on 16-Feb-2020

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGENNR. 2, 2013

Kringkastingsprisen til Ingunn SolheimIntervju side 6-7

200-årsjubileum forIvar AasenStemningsrapport side 3-5

Ny kringkastingssjefIntervju side 8-9

Page 2: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

2 KRINGOM 2–2013

LEIAR

Journalistutdanningane sitt ansvar

For at nynorsk og dialektane skal få den plassen dei har krav på i media, trengst det nynorsk-skrivande journalistar.

Ikkje berre må det finnast ny-norskjournalistar som kan fylle stillingane – dei må òg ha den tryggleiken som trengst for å halde på språket sitt i ei ofte bokmålsdo-minert medieverd. Her har journa-listutdanningane ei viktig rolle.

Me veit at mange går over til å skrive bokmål i overgangen

mellom ung-

domsskule og vidaregåande, og mellom vidaregåande og høgare utdanning. Denne tendensen kan journalistutdanningane vere med på å motverke, gjennom å gje studentar den fordelen det er å ha gode kunnskapar i nynorsk.

Nynorsk mediesenter, som er ei ordning NRK oppretta for å gje søkjarar praktisk utdanning innan radio-, tv- og nettjournalistikk, sendte i vår ut sitt 18. kull med nynorskpraktikantar. I haust starta òg dei fire første prakti-kantane i Nynorsk avissenter, som er oppretta i samarbeid med lokalavisa Firda for å rekruttere skrivande nynorskjournalistar. Slike ordningar vert oppretta for å sikre tilgangen på journalistar som bruker nynorsk, noko både Firda og NRK er avhengige av. Ein kan sjå desse ordningane som eit teikn på at dei ordinære journalist-utdanningane ikkje fungerer godt nok når det kjem til å utdanne nynorskbrukande journalistar. Når dei nyutdanna studentane skal søke jobb, er det ein fordel å kunne bruke nynorsk. NRK har krav om 25 prosent nynorsk, og dei kommersielle radio- og tv-kanalane har òg krav til innhald på nynorsk. I NRK har prosentde-len nynorsk auka dei siste åra, og

me har tru på at kanalen vil halde fram med å satse på nynorsk og dialektar.

I tida framover vil Kringkastings-ringen rette fokus mot kva jour-nalistutdanningane gjer for å gje studentane fordelen det er å skrive nynorsk. Vert studentane opp-moda til å halde ved like nynor-sken dei har lært i grunnskulen? Vert dei som allereie skriv godt nynorsk, oppmoda til å halde på språket sitt? Får studentane vite at dei har ein fordel i konkurransen med andre om dei skriv nynorsk, dersom dei til dømes vil jobbe i NRK? Slike spørsmål håper me å få svar på i løpet av hausten. Kringkastingsringen har dei seinare åra følgt NRK tett, mellom anna med faste møte med leiinga. No gler me oss til å innleie eit liknande samarbeid med journa-listutdanningane. I år deler me ut Kringkastingsprisen til NRK-jour-nalist Ingunn Solheim. Me treng gode språklege førebilete i media, og journalistutdanningane har sin del av ansvaret for å utdanne dei gode førebileta.

Kringom nr. 2, 2013oktober 2013KringkastingsringenPostboks 9161 Grønland0134 OsloTelefon: 23 00 29 50

[email protected]

Redaktør:Marianne Granheim Trøyflat

Formgjeving:Bror-Magnus Sviland StrandMarianne Granheim Trøyflat

Trykkeri: Grøset Trykk AS

Takk til alle bidragsytarar.

Inger Størseth Haarrstyreleiar i Kringkastingsringen

Page 3: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

KRINGOM 2–2013 3

Bergens tidende hadde ei komplett utgåve på nynorsk 5.august. Kringom tok ein liten prat med ansvarleg redaktør, Gard Steiro, for å høyre kor nøgd han var.

–Korleis kom de på ideen?–Vi skulle lage ei større reportasje om Ivar Aasen. Så kom nokon opp med denne ideen og eg tente på han.

–Korleis tok journalistane det?–Fleire av våre tilsette er opptekne av å verne om nynorsken, så dei vart glad. Dei som elles brukar bokmål, tok det sporty. Dei tok fram ordlistene og satte igang.

–Kva var største problemet?–Vi hadde nokre tekniske utfor-dringar, og det var vanskeleg med

annonsane. Elles var vi opptekne av at det ikkje skulle vera skrive-feil. Så vi hyra inn ekstra korrek-turhjelp kvelden før.

–Kva var reaksjonen frå lesarane?–Eg har klart fått fleire positive enn negative reaksjonar. Det har vore mykje skryt, og eg har knapt fått så mange reaksjonar på noko Bt har gjort nokon gong. Men vi veit at ein del ville reagert om dei hadde fått avisa på nynorsk kvar dag.

–Har du tankar om kvifor det ik-kje er meir nynorsk i Bt til vanleg?–Føremålsparagrafen vår seier at språka skal leva side om side. Journalistane vel sjølve kva dei skriv. Vi prøvar å sørgje for at dersom det er personlege intervju, skal det vera på eit naturleg språk for den som blir intervjua. Tidvis er kvar fjerde eller femte artikkel på nynorsk, og det synest eg er bra.

Men det kjem til å synke over tid. Færre og færre av dei unge journa-listane skriv på nynorsk, vi ser at dei føretrekkjer bokmål.

–Kva er det viktigaste Kringkas-tingsringen kan gjera for å få meir nynorsk i media?–Setja meir fokus på dei digitale media. Om det ikkje blir trykt ny-norsk i VG og Dagbladet , er ikkje det så farleg. Det viktigaste er den digitale medieframtida. –Kvar trur du nynorsken står om to hundre år?–Vaskeleg å seia. Eg er uroa. Nynorsken går tøffare tider i møte. Når vi også blir såpass påverka av engelsk, trur eg det blir tøft å bevara nynorsken.

–Men dei som jobbar i Bergens tidende får altså skrive så mykje nynorsk dei vil?–Ja.

Ein dag med nynorsk

IvAR AASEN 200

Marianne Granheim Trøyflatdagleg leiar i Kringkastingsringen

kultur & folk 5. august 2013BERGENS TIDENDE

mÅndag

16byen- Terapi å vere på sjøen

19KronikkSpania fram-om stupet 24Siste

Serverar dumskallar nynorsk

Gratulerer, Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg veg gjennom Noreg for å finne nynorsken. Han var arbeidsnarkoman og nerd, og berre 162 centimeter høg. Ivar Aasen var den vesle mannen med den store oppgåva. I dag er det 200 år sidan han vart fødd. »»»

I perioden 22. juni - 11. august betaler du kun 20 % av fullpris voksenbillett for barnet når en voksen og ett barnmellom 4 og 15 år reiser sammen. Husk å bestille mer enn 6 timer før avreise.

Noen priseksempler (voksen + ett barn som reiser sammen):En vei: Haugesund–Stavanger kr 252 / Haugesund–Bergen kr 324 / Stavanger – Bergen kr. 504Tur-/retur: Haugesund–Stavanger kr 456 / Haugesund–Bergen kr 600 / Stavanger – Bergen kr. 936

Reis enkelt og trygt med oss - nyt friheten og la tankene fly.

Avgangstider og informasjon finner du på kystbussen.no!

Oppretter du profil på kystbussen.no er det også svært enkelt å kjøpe billett med mobilen. Kystbussen

Det lønner seg å bestille på nett eller mobil:

SPAR PENGER - REIS SAMMEN I SOMMER!

Foto: Line Møllerhaug

3 Bergens Tidende mandag 5. augusT 2013 |  leder og kommentar

bt.no/meninger: Her finn du leiarartiklar,kronikkar, kommentarar og leserdebatt.

Lenge leve spynorsken

– Ja Ja, då er det berre å sette av heile føremiddagen til å svare på sinte telefonar!

Nyhenderedaktøren  var  entu-siastisk, men også noko uroleg. Klart Bergens Tidende skal mar-kere jubileet. Men heile avisa på nynorsk? Eit slikt stunt blir det mest  bråk  av.  Bokmålselskarar frå  Fana  til  Flaktveit  vil  setje morgonkaffien  i  vrangstrupen. Så  snart dei  får  rista av  seg det første  sjokket,  vil  dei  kaste  seg på tråden til redaksjonen. Har de mista siste rest av forstanden der inne i Krinkelkroken no? 

Og  nyhenderedaktøren  har sjølvsagt  rett.  Særleg  tre  emne kan skape såkalla lesarstorm her i avisa. Det fyrste er bompengar. Det  andre  er  innvandring.  Og det  tredje er nynorsk. Skriv ein journalist Nygårdshøgda på bysi-dene, kan ho vere sikker på å få ein harmdirrande e-post eller to. A-endingar skapar sterke kjensler i Bergen. 

I dag feIrer  heile  Noreg  (i  alle fall  nokre  av  oss)  at  det  er  200 år  sidan  Ivar  Aasen  blei  fødd. Vi  skuldar  han  stor  takk.  Utan Aasen ville vi ha skrive halvdansk heile gjengen. Vi ville ikkje fått gleda av litterære godsaker som Frode  Gryttens  «Bikubesong» eller  «Sveve over vatna» av Rag-nar Hovland. Sjå for deg Jon Fosse på sobert riksmål. Det går ikkje.

Og viktigare, Aasen gjorde det mogleg for mange å uttrykkje seg skriftleg på sitt eige mål. Nynor-sken  har  gitt  folk  ein  språkleg fridom dei ikkje ville hatt berre med bokmål. «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for  Ivar  Aasens  skuld»,  skreiv  Tarjei Vesaas.

Det  er  først  og  fremst  vi  på Vestlandet  som  skal  vere  takk-same.  Aasen  samla  inn  døme frå heile landet, men det var her han  verkeleg  tok  for  seg.  Her fann han dei beste dialektane. I Hardanger, Sogn og på Voss var språket minst påverka av dansk.

Ivar  Aasen  jakta  på  det  ekte og ubesudla. Riksmålet var etter hans  meining  ikkje  vårt  eige, men  importvare,  berre  fjernt  i slekt med det norske. I «Om vårt Skriftsprog» skreiv Aasen:

«Skal  vi  da,  tænkte  jeg,  give Slip  paa  denne  kostelige  Skat 

frå Fortiden, som vore Forfædre gjennem alle sine Trængsler have troligen  bevaret  og  overladt  til oss om en hellig Arv?»

Om den gOdaste Aasen hadde stått opp frå grava i dag, ville han nep-pe vore særleg nøgd. Nynorsken har,  som  Ivar  Aasen,  sett  betre dagar. 

Ei  undersøking  frå  fjoråret tyder på at målforma er på full fart  ut  av  skulen.  Berre  13  pro-sent  av  elevane  i  grunnskulen har nynorsk som hovudmål. Om ein ser bort frå dei fire vestlands-fylka, er talet skremmande nær null. Og, berre for å gni det inn for målfolket, når nynorskeleva-ne går ut av grunnskulen, vender dei prompte  Ivar Aasen ryggen. Heile 94 prosent av elevane i den vidaregåande skulen vel bokmål. Her i Hordaland byter halvparten av nynorskelevane hovudmål når dei går vidare i utdanningsløpet.

Lite tyder på at nynorsken vil styrkje  seg  dei  neste  åra.  Han kan i alle fall ikkje vente seg ei handsrekking  frå  politikarane. Her i byen har vi ein skulebyråd som brende ordboka i eit forsøk på  å  kapre  unge  veljarar.  «Spy-norsk ordliste», kalla han ordlista og tende fyr. Nynorsken var iføl-gje  politikaren  eit  problem  for mange  som  ville  lære  seg  godt norsk. Ja ja.

Høgre  vil  no  fjerne  både karakter  og  eksamen  i  sidemål på ungdomsskulen og vidaregå-ande. Og dei moglege regjerings-partnarane i Framstegspartiet vil ikkje løfte ein finger for språkleg mangfald her  i  landet. Då det  i vår blei snakk om å døype Fles-land  om  til  Bergen  lufthamn, kalla  stortingsrepresentant Gjermund  Hagesæter  –  sjølv nynorskbrukar – planane for tos-keskap. Om nynorsken ikkje kan overleve på eiga hand, vil Frp la han døy i fred.

er det så nøye, då? Klarar vi oss ikkje godt utan nynorsken? Blir ikkje  skulegongen  enklare  om borna slepp å pugge kløyvd infi-nitiv i tillegg til fysiske formlar?

Ja, det er nøye. Nei, vi greier oss ikkje med eitt skriftspråk. Styres-maktene har eit klart ansvar for å ta vare på nynorsken og språkar-ven. Det gjer dei best ved å sørgje for at han blir brukt i kvardagen, til  dømes  i  skulen,  på  luftham-ner, sjukehus og i kringkastinga.

Vi  bør  ikkje  sjå  på  ei  ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret  i  norsk  språk.  Vi  bør vere stolte og takksame for den uvanleg  store,  språklege  rikdo-men som er samla her til lands, klar til bruk for alle som ønskjer å  bruke  han.  Nynorsk  kan  sik-

kert vere eit slit for skuletrøytte sekstenåringar,  men  vi  veit  at bokmålsbrukarar  som  meistrar nynorsk  får  eit  betre  bokmål. Nynorsken  er  vårt  bolverk  mot engelsk invasjon, mot einsretting av tanken og tunga.  

Bergens tIdende  er  sjølve  vest-landsavisa. Ein kvart million ber-gensarar,  strilar,  hardingar  og sogningar  les  oss  kvar  einaste dag. Til  skilnad  frå osloavisene, som språkleg sett er like gørrkje-delege  som  ein  Ikea-katalog,  er BT open for nynorskbrukarar. Vi er språkliberale. Journalistane vel sjølv målform. I BT finn du både referat frå bystyret på klingande nynorsk og bygdereportasjar på bokmål. Slik har det vore, og slik blir det også i framtida.

Dei  siste  åra  har  det  også  i BT blitt mindre nynorsk. Det er ikkje ei planlagt utvikling, men eit resultat av at journalistar som alle andre er i ferd med å konver-tere til bokmål.

Dagens utgåve er ikkje eit sig-nal om at lesarane vil finne meir nynorsk  i  spaltene  framover, men ei påminning om at Bergens Tidende  og  andre  institusjonar har eit ansvar for å ta vare på det språklege mangfaldet  i åra som kjem. 

Slikt  kjem  ikkje  gratis.  Berre spør Ivar Aasen.

Gratulerer med dagen, Ivar Aasen. Her får du heile avisa vår i gåve.

AASEN LEVER: – Vi bør ikkje sjå på ei ekstra målform som ei bør, men glede oss over å kunne bruke det store registeret i norsk språk, skriv sjefredaktør Gard Steiro i BT. På dagen 200 år etter at Ivar Aasen, nynorskens far, vart fødd, kjem BT ut som nynorskavis. FOTO: marie Havnen

zfaktaspråket i Bt

n Bokmål er hovudmålet i BT. det står i føremålsparagrafen, som også slår fast at nynorsk skal leve i avisa.

n det skal vere stor språkleg libe-ralitet i spaltene. målformene skal leve side om side.

n Journalistane skal styre unna situasjonar der den valde mål-forma kolliderer med innhaldet i teksten.

n Hovudregelen er at artiklar om byens tradisjonar og historie står på bokmål, medan saker frå distriktet blir skrivne på nynorsk.

n Personar som blir portretterte i Bergens Tidende, skal ikkje få ei anna språkdrakt enn den intervjuobjektet brukar.

KJeLde: BT sine inTerne sPråKregLar

fOr meg verkar det meiningslaust, slik en-kelte driv på når dei fiskar. Når dei først har fått fisken på kroken, og kava med å få han i båten, slepp dei han ut igjen i sjøen. Kva er vitsen med det? Vel, no har forskarar funne opp ein ny fiskekrok som gjer det lettare å halde på på denne måten. Les meir på side 11 i del 1.

åsmUnd egeLand, UtgåvesJef

dagens avis

Han er ingen Knausgård, som

diktar om det sørgjelege livet sitt

Som dei fleste sunnmø-ringar var han gründer, og bestemte seg i man-

gel av noko betre for å grunnleggje eit språk

Ivar Aasen var ein av våre nasjonale

strategar

JOUrnaLIst JOn Inge sØrBØ, dag Og tId

kOmIkar are kaLvØ, På eIgen BLOgg

OLJe- Og energImInIster OLa BOrten mOe, nrk

[email protected]

Gard Steiro er sjefredaktør i BT

5. august 2013 - 146. ÅRg.NR. 209 uKE 32

måndag nynorskens far: Det er 200 år siden Ivar Aasen vart fødd. Det kjem du til å merke. heile avisa!

Bergens TIdende, KRINKELKROKEN 1, BERGEN.SENTRAL/IKKJE FÅTT AVISA: 05500 før kl. 10.00

deL 1: LEIAR 2-3 | NYHENDE 4-13 | UTLAND 14-15 SPORT 16-23 | VÊRET 24deL 2: KULTUR 1-4 | MØTE/UNDERHALD 6 | RUBRIKKMARKNADEN 6-12 | DØDSFALL 13 | FOLK 14-15 | BYEN 16-17 | DEBATT 18 | RADIO/TV 22-24

DUMsNill: – Eg lét meg overtale. Det handla om lojalitet til kompisane, seier ein av dei tiltalte i Permanenten-tjuveriet. Ei lang rekke tabbar tyder på at det ikkje var ein organisert, kriminell bande som står bak, meiner 30-åringens forsvarar, Bjarte Aarlie. siDe 4–5, Del 1

fleire slit med å betale billånetaLdrI før har inkasso­selskapet Lindorff opplevd så mykje misleghald av billån som no. siDe 10–11, Del 1

røff tur mot new york marathon– for meg er det naturstridig å springa, seier Christian Lawley. No ventar New York Marathon på den lungesjuke bergensaren. siDe 16–17, Del 1

Tøffe tak i lita jollekuLIng I kasTa på Hjelte­fjorden skremmer ikkje dei over 80 unge som seglar for VM­tittel. I ei åtte fot stor jolle. siDe 7, Del 1

www.bt.no

224.000dagLege Lesarar

laUssal kr 25

- dinMeny ferskvarespesialist! 20butikkermed gode

tilbud iHordaland!

La deg friste avvåre supermarkedmed stort utvalg

og betjenteferskvaredisker!

Vi tar forbehold om eventuelle trykkfeil og prisjusteringer. Tilbudene gjelder mandag 5.8 tom. onsdag 10.8.

Tilbud

72% rabatt

Hansa brus1,5 l, lysekloster, sitron ogchampion (4,60/l)

690ord.pris24,90-25,90/fl+pant

Tilbud

50% rabatt

Fiskesuppe500 g, Madam Bergen(49,80/kg)

2490ord.pris49,90/pk

Tilbud

50% rabatt

Hjerte-fiskekakerløsvekt

250ord.pris5,00/stk

Om Ivar Aasen hadde stått opp frå grava i dag, ville han neppe

vore særleg nøgdsiDe 3, Del 1

kommentar

gard steiro

foto

: hÅv

aRd

bjE

llaN

d

Politiet trur at kunsttjuveriet var planlagd av proffar. ein av dei tiltalte seier han fekk sjokk då han høyrde om tjuveriet på radio.

Page 4: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

4 KRINGOM 2–2013

KRINGKASTINGSpRISEN 2012

Jens Kihl @jenskihlIvar Aasen - 200 år. Til lukke. For ein mann! For ein helt! For ein nerd! #takkIvarAasen

Svein Olav Langåker @sveioI nynorskmetropolen Stord er alle dei nynor-ske eksemplara av @btno rivne vekk frå Narvesen #ivaraasen

Frå Twitter 5. august 2013

Norsk Målungdom @Malungdommensame kva klubb du held med: takk til @LFCSCSB som har markert dagen med å bruka #nynorsk på ein arena han er lite brukt frå før! #ivaraasen

Odin Omdal Hørthe @Velmont@JohnOEgeland Men framleis redaksjonelt nynorskforbod i Dagbladet... Upassande for ei riksavis. Litt utdatert, men: http://nynorskdb.no/

John Olav Egeland @JohnOEgelandJeg skriver om jubileet: Ivar Aasen sett fra Bærum http://www.dagbladet.no/2013/08/05/kultur/meninger/kommentar/nynorsk/ivar_aasen/28539231/ …

Ingunn Solheim @ingunnsolheim- Eg kjem nærare puppane til mor mi, seier Jon Eikemo om kva nynorsken har hatt å seie for han. #takkIvarAasen #dax18

NRKYtring @NRKYtring«Så lenge nynorsken fyrer opp kvilepulsen vår, er den sterk», skriv @Astgrd frå @Samlaget. Han vil takke #IvarAasen: http://bit.ly/13zH8Ln

Runar B. Mæland @runarbmNett i dag var det ekstra kult å oppdaga at dei bruker #nynorsk inne på garasjen til Bislet bilutleie. #takkivaraasen

Page 5: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

KRINGOM 2–2013 5

IvAR AASEN 200

Foto: Olga Hario

Klipp frå blogg-verda 5. august 2013

Ivar Aasen er ein av landets mest kjende menn. Ei undersøking frå januar syner at 98 % av alle nord-menn veit kven Ivar Aasen er – det er langt fleire enn talet på kven som veit namnet på statsministeren i Noreg. Det er ikkje utan grunn. Aasen skapte ein språkleg heim der hundretusenvis av nordmenn flytta inn. I dag kan vi seie: Takk, Ivar Aasen!

I kamptalen «Om Vort Skriftsprog» skreiv 23 år gamle Ivar Aasen at Noreg trengte eit norsk språk til erstatning for dansken unionstida hadde ført med seg. At eit fritt folk

skulle kunne uttrykkje seg på eit fritt språk, var ein rådande idé for både Aasen og andre ideologar på 1800-talet. Då ingen andre tok på seg oppgåva, gjorde Aasen som mange andre sunnmøringar: Han blei gründer og gjorde jobben sjølv. Resultatet – landsmålet og seinare nynorsken – har forandra landet vårt for alltid. Elska og hata har den språklege arven etter Ivar Aasen gjeve nordmenn eit heilt nytt register å uttrykkje seg på

SV-leiar, Audun Lysbakken www.audunlysbakken.no

Ikkje minst må me hugsa på at utan nynorsk, hadde det mest tru-leg ikkje vore noko bokmål. I så fall hadde dansk vore det einaste skrift-språket vårt. Ikkje berre er bokmål ein motreaksjon mot nynorsk, men bokmålet har også teke opp i seg mange nynorskord, som søknad, løyve, kostnad, trygd og dugnad.Det er berre ein ting å seia på dagen i dag: Takk, Ivar Aasen!

Assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Gunnar O. Hæreid

blogg.fylkesmannen.no/fmsf/

Heim frå Sicilia hadde vi direktefly med Norwegian. Vel om bord i flyet sette sonen min på 11 seg ned og byrja å bla i ombord-blekka til Norwegian. Mot slutten av magasinet har dei eit oversyn over «haleheltane» sine, og etter ein liten augneblink bryt poden ut på tromsødialekt: «Hæ?! Kor e Ivar Aasen?!»[...]Smått ironisk i situasjonen ombord i flyet hadde Det norske oljesel-skap ein annonse på baksida av Norwegian-blekka. Der stod det: «The nation builder Ivar Aasen crisscrossed Norway in his search for words and phrases, developing a language based on rural Norwegian native speech, nynorsk.» Nasjons-byggjar. Høyrer de, Norwegian? Det står i dykkar eigen publikasjon!

Øystein VangsnesForskar ved Universitetet i Tromsøwww.forskning.no/blog/vangsnes

Page 6: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

6 KRINGOM 2–2013

KRINGKASTINGSpRISEN

- Det er stor stas å bli satt pris på for språket sitt, seier ei aud-mjuk Ingunn Solheim, vinnaren av Kringkastingsprisen 2013.

Sjølv om ho vedgår at det eigentleg aldri har vore noko alternativ.- Det er det språket eg kan, som eg er trygg på, og som ligg meg nærast. Det er gjennom nynor-sken eg får sagt det eg vil seia, slår Solheim fast.

Heilt naturlegNynorsk var opplæringsmålet i heimkommunen Førde, og etter fullført vidaregåande fekk Ingunn Solheim jobb som nynorskprak-tikant i NRK Sogn og Fjordane. Etter dette har ho vore trufast både mot journalistyrket og språket sitt. Men nokon målaktivist har ho aldri vore.–Mange gjer nynorsken til noko dei tenkjer så mykje på at dei blir forvirra, i staden for å berre bruke det som eit naturleg språk. Nynorsk er ei sann glede, ingen må tru at dette språket døyr. Om ein gjer det til ein hard kamp om over-leving, er det ein sjølvoppfyllande profeti, åtvarar vestlendingen.

Klarspråk i virvelvindSolheim har dei siste vekene vore svært profilert i samband med valsendingane til NRK. Ho har utelukkande fått positive tilbake-meldingar på språket sitt. –Folk meiner språket er klart,

Ei sann gledeMarianne Granheim Trøyflatdagleg leiar i Kringkastingsringen

Fakta om Ingunn SolheimFødd: 1980Kjem frå: Førde i Sogn og FjordaneStilling: Politisk journalist i NRK Anna arbeidserfaring: Nynorskpraktikant /journalist i NRK Sogn og Fjordane, journalist i Tv2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv (sommarvikar)Utdanning: Bachelor i statsvitskap, NTNU i Trondheim. Master i rettsvitskap, Universitetet i Oslo.

Nøgd prisvinnar. Prisen vart delt ut på Det norske teatret 24. september.

Page 7: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

KRINGOM 2–2013 7

KRINGKASTINGSpRISEN

tydeleg og poengtert. Og det er viktigare for meg enn at det er hundre prosent konsekvent, rett nynorsk, vedgår den allereie garva journalisten. –Har du kjent på nokon ulemper med å vera nynorsk-brukar?–Nei. Av og til må eg bruke krefter på å omsetja ord frå bokmål, men det er jo berre gøy.Solheim understrekar at ho trivst svært godt i NRK. Ho skildrar valkampen som «ei fire veker lang sentrifuge av ein virvelvind.» Og kvalitetane ved journalistyrket er openberre.–Eg synes det er utruleg kjekt å få formidle, spørja ut, vera med å få bestemme kva folk skal bry seg om, konstaterer ho.

–Bidra til utvikling!Solheim meiner det er mange tiltak som kan gjerast for å auke rekrutteringa av nynorsk-journa-listar. Ho peikar på suksessen til Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter, og understrekar at språket ikkje må marknadsførast i den vidaregåande skulen som noko vrient og vanskeleg. I tillegg trur ho røynde medarbeidarar i redaksjonane kan spela ei rolle.–Det er viktig at eldre kollegaer er medvitne om å motivere og ikkje arrestere, når yngre kjem inn. Mange språkmedvitne menneske har ein tendens til å snakke om kva som var feil, i staden for å bidra til vidareutvikling av ei ung journalistspire sitt gryande språk, meiner Solheim.

Dei rette ordaHo set også stor pris på at det er tilsett ny språksjef i NRK, og trur det kan bli ei god hjelp i mange samanhengar.- Språket blir påverka av støykjel-der. Berre det å bu i Oslo kan vera ei ulempe. I Dagsrevyen jobbar vi med få ord, og da må dei orda vera gode. I ein slik situasjon er det absolutt ei føremon med ekstra

kompetanse på språk, understre-kar nyhendejournalisten. –Trur du at du hadde du vore der du er i dag utan nynorsken?–Nei. Vi nynorskjournalistar skal vera glad for at kvotane eksisterer. Men først og fremst trur eg at eg er der eg er i dag fordi eg er ein samfunnsengasjert person, og så er språket ein ekstra bonus.

Fakta om KringkastingsprisenFøremål: Prisen skal gå til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidetJury: Styret i Kringkastingsringenpris: Grafisk blad av kunstnaren Per KleivaPrisen har blitt delt ut kvart år sidan 1978.

Utdrag frå juryen si grunngjeving:«Ingunn Solheim er ein god representant for nynorsk i fjernsynet. Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerka seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK.»

Leiar i Kringkastingsringen, Inger Haarr, les opp grunngjevinga frå juryen.

Page 8: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

8 KRINGOM 2–2013

INTERvJU

Takkar Framstegspartiet for å skapa lisensdebatt

–Nesten 70 prosent av lisensbeta-larane synest dei får svært mykje igjen for pengane. Eg tvilar på at dei som betalar vegavgift, er like nøgde, humrar kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen (47) i NRK.

På mahognybordet på det staselege kontoret til kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen ligg den siste omdømeundersøkinga frå analy-seselskapet Ipsos MMI. Den syner at NRK for aller første gong er det best likte selskapet i landet.–Eg har berre vore kringkastings-sjef sidan april så denne undersø-kinga kan eg skryta uhemma av. Det er likevel ikkje eg som har æra for det, men min forgjengar og alle dei flotte og dyktige menneska som arbeider her, seier han og slår ut med hendene. – Og dette skjer trass i at NRK har vore ille ute å kjøra i romkvinne-saka og i ein del andre saker. Me skal gjera det me kan for å hindra at slike saker skal skje igjen, samti-dig som me skal forsvara første-plassen på omdømestatistikken, lovar Eriksen.

Grorud-dialekt blei AKp-dialektSom ektefødd barn av Grorudda-len vaks han opp med å høyra ein annan dialekt enn klassisk riksmål med Oslo-tone. – Det som irriterte meg grense-laust var at dei som var aktive i AKP M/L adopterte Grorud-målet og gjorde det til ein proletar- eller

arbeidardialekt. Det verste var at dei ikkje ein gong klarte å snakka det korrekt, seier den tidlegare SV-politikaren som melde seg ut av Arbeidarpartiet då han slutta som direktør i Amedia for å bli kringkastingssjef. Eriksen er ein ivrig forsvarar av dialektbruk i NRK sine sendingar. – For meg er det aller viktigaste at det som blir sagt er klart og for-ståeleg, uavhengig av om det er på dialekt eller på standard nynorsk eller bokmål. Eg vil difor ikkje stramma inn reglane for bruk av dialekt verken i nyhendesendingar eller i andre programpostar i NRK. Noreg har ein finansminister som les opp finanstalen på sin eigen hedmarksdialekt i Stortinget. Det er ingen grunn til at ikkje toleran-sen for dialektbruk skal vera like romsleg i NRK som i Stortinget. – God og klar språkbruk er ei opp-gåve som den nytilsette språksjefen Ragnhild Bjørge skal jobba med og eg kjem til til å støttameg på faglege råd fra henne og andre, fortel han.

–viktig å gjera NRK 1 til hovud-kanalThor Gjermund Eriksen har tidle-gare både vore ansvarleg redaktør for Dagbladet og administrerande direktør i Amedia, den tidlegare A-pressa. – Eg har aldri opplevd maken til interesse for min person og det eg gjer til ei kvar tid som etter at eg blei kringkastingssjef. Alle har ei meining om NRK og kringkas-tingssjefen. Eg ser det som eit stor privilegium å ha fått denne stil-

linga, seier han. NRK står for han som ein bauta mellom dei stats-drivne allmennkringkastarane i Europa. Det gir han gjerne sine forgjengarar ein stor del av æra for. – Då Einar Førde som kringkas-tingssjef tidleg bestemte at NRK 1 skulle bli den største og viktigaste kanalen, medan NRK 2 og seinare NRK3 skulle vera nisjekanalar, tok han ei rett avgjerd, som et-terfylgjarane hans har fylgd opp. I NRK 1 kan du som sjåar no få både nyhende, sport, underhaldning og store norske og utanlandske dra-maseriar. Det vil seia at den kana-len alltid har noko for nokon. Det var også heilt rett å ta ut Barne-TV og starta NRK-Super på NRK 3. På den måten kunne Barne-TV bruka ei nesten like lang sendeflate som konkurrentane Disney Channel og Cartoon Network. I dag ser norske barn i langt større grad på NRK Super sine sendingar enn på sendingane til dei kommersielle barnekanalane. Det var svært få som hadde trudd at me ville klara å demma opp for den konkurran-sen, men også det har NRK klart, seier han svært stolt.

– Imponerande– NRK Super har også klart å gå frå å vera versting til å bli den beste i NRK-klassen når det gjeld bruk av nynorsk og dialektar i sendingane sine. Kan det vera eit døme på at det er mogleg for andre avdelingar i NRK? –Ja, absolutt. Er ikkje NRK Super oppe i om lag 25 prosent nynorsk? Javisst, og det er eit resultat av ein medviten strategi for å nå dette

Martin [email protected]

Page 9: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

KRINGOM 2–2013 9

INTERvJU

målet. Redaksjonen bestemte seg også tidleg for å spela inn serien ”Vaffelhjarte” på Sunnmøre på ein dialektnær nynorsk. Det var både viktig og rett, tykkjer han. – Og tenk på at barneprogrammet ”Julekongen” hadde 700 000 sjåa-rar kvar av dei 24 dagane det gjekk i adventstida i fjor. Det er ikkje noko anna enn imponerande.For kringkastingssjefen er NRKs framtid avhengig av dei aller yngste. – Å klara å halda på barna som brukarar av NRK, er eit av dei

viktigaste måla me har. Difor har me også barneprogram tilgjen-gelege på nett, slik at dei kan sjå dei når dei vil med det dei vil. Dei barna som veks opp i dag er heilt saumlause, dei ser barneprogram-ma både på Ipad, mobiltelefon, PC eller på fjernsyn, heilt uavhengig av klokkeslettet. Me laga i vår eit nettbasert spel, og etter eit par veker hadde over 180 000 barn vore innom. Det er me svært krye av, forsikrar han.

88 prosent ser på NRK dagleg

Etter hans meining er NRK den største og viktigaste av dei statlege allmennkringkastingane i Europa. – NRK 1 er ein av dei mest sette kanalane i Europa sett i saman-heng med folketalet i Noreg. Over 88 prosent av innbyggjarane i Noreg er innom kanalen i løpet av ein dag. Ikkje mange andre statlege allmennkringkastarar kan presentera liknande tal. Eg trur at ein av grunnane til at NRK har ein slik posisjon, er at me er opne for idear frå andre fjernsynspro-dusentar utanfor våre fire veggar. Likevel skal me halda fram meg å laga eigne seriar som Halvbroren som var oppe i sjåartal på over 1 million på deimest sette episodane. Det er nok eit prov på at NRK er Noregsviktigaste kultur- og medieinstitu-sjon.

–Lisens er vanleg i Europa– Korleis ser du på framtida til NRK-lisensen? – Eg takkar Framstegspartiet for at det heile tida kjem med forslag om å fjerna NRK-lisensen. Det får alle dei andre partia frå Høgre til SV til heile tida å presentera nye, gode argument for kvifor det er viktig å halda fast på lisensen. Det er faktisk ein heilt vanleg måte å finansiera statleg allmennkring-kasting på. Dei gjer det både i Sveits, Tyskland, Sverige, Danmark og i Storbritannia. Ja, til og med i det Berlusconiprega Italia blir den statlege fjernsynskanalen RAI finansiert av ein eigen TV-lisens. I Noreg er det også undersøkingar som viser at 69 prosent av lisens-betalarane er svært godt nøgde

Foto: Ole K

aland/NRK

Page 10: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

10 KRINGOM 2–2013

MEDLEMSSIDER

Enorme syntetiske mengder munnleg språk - teknisk formidla til oss frå fjerne avsendarar og lo-kalitetar vi ikkje har gjesta - kjem året rundt inn i våre personlege

nærmiljø, anten vi er åleine der el-ler saman med andre. Røystene er målretta, pågåande, innsmigrande, lokkande, lovande, snurrige, fortrulege. Alle er eitt med sin

sjølvreklame: Legg merke til dette! Høyr! Høyr! Og vi høyrer, frå vi er småbarn som ennå ikkje kan lese, til vi er utlevde vaksne som ikkje lenger maktar strekke ut handa og slå snakkelyden av.

I motsetnad til nært, munnleg språk som kjem til oss frå familie, venner, naboar, medelevar, lærarar, folk på arbeidsplassen - personar vi er fysisk saman med - kjem fjernsnakket frå nokon langt unna, ofte usynlege, stundom synlege berre som bilde på ein skjerm. Kven det er som snakkar kan vi gjere oss våre meiningar om, men vi kan ikkje prøve dei ut. Vi kan ikkje snakke personleg med desse som snakkar til oss på skjermen. Dei fjerne snakkarane høyrer ikkje på oss. Jamført med snakket og samtalane mellom personar som er fysisk til stades i same rom, er det ein mangel på symmetri eller jamvekt mellom den som snakkar munnleg fjernspråk og den som høyrer etter ein stad langt unna.

Det var rart om alt dette tilsnakket

Medlemmen: Einar A. Økland (forfattar)

vi som er krulla i ulla

med det får igjen av programtilbod i NRK. I Sverige er det rundt 55 prosent som seier det same. Eg tvilar på at Statens vegvesen får den same tilbakemeldinga frå dei som betalar vegavgifta, som er den einaste andre statlege avgifta som folk må betala fordi dei har kjøpt noko som automatisk fører til ei eiga avgift. Så langt er eg takksam for at det politiske fleirtalet alltid har gitt NRK gode rammevilkår.

Også for Noregs største nasjonale minoritetsspråk har NRK spelt ei viktig rolle. – For samisk språk har NRK Sapmi vore redninga. Det har eg samepolitikar Steinar Pedersens ord på, seier Eriksen.– Kva blir den største utfordringa i åra framover? – Digitaliseringa av radiokanalane. For kort tid sidan var eg i Møre og Romsdal og opna den siste senda-

ren der. Det gjer fylket til det første digitaliserte fylket i Noreg utanom Oslo. I andre land ville dei truleg ha vore tilfredse om 80 prosent av landet hadde blitt digitialisert. I Noreg skal det vera 100 prosent. Det vil seia at Noreg må ha 750 sendarar medan Danmark berre treng mellom 40 og 50. Dette er ein jobb som me skal klara, lovar kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

Foto: Tove K. Breistein

Page 11: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

KRINGOM 2–2013 11

Frå bokhyllaOlaf Almenningen og Oddrun Grønvik (red.) Ord og Mål.Festskrift til Magne Rommetveit

kr. 80

Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.) Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 årkr. 45

Send e-post med tinging [email protected] dekker porto. Me er opne for å forhandla om kvantumsrabattar.

til alle og ein kvar, som vi mottar frå fjerne snakkarar i høgtalarar eller headset, ikkje rett ofte skulle bli lagra av den einskilde lyttaren som døme eller føredøme på kor-leis ein ordlegg seg: Slik snakkar ein! Slik snakkar ein om dette emnet! Slik bør eg snakke når eg vil seie seie noko og få nokon til å høyre på meg!

Kringkastingsringen er eit verne-verdig språkvaktar frå ei tid då ein trudde at snakk var noko individa lærte tidleg av si eiga lokale mor, på sin eigen lokale heimstad og i sitt eige sosiale miljø. Ringen blei til i ei tid då ein også trudde at per-sonar som snakka frå ein opphøgd eller fjern offentleg posisjon innan utdanningsinstitusjonar, kyrkje og kringkasting hadde eit offentleg klima-ansvar ikkje berre for inn-haldet i snakket sitt, men også for den munnlege presentasjonsforma. Snakket skulle difor vere klart og ordlisterett. Dei som snakka munnleg slik som ein skreiv - altså

normalisert (dialektfritt og utan innslag frå andre målformer)- var gode føredøme for lyttarane og gode representantar for institusjo-nane. At desse normberarane sam-stundes snakka ein eigen sosiolekt var tydeleg nok, men det var det ingen som lasta dei for.

Denne klimaepoken er slutt. I dei livsområda der munnleg norsk held til, har det skjedd ei drastisk klimaendring. I dag er alle dei mange og nye typane fjernsnakk like offentlege, medan strev et-ter normalisering av munnleg språk er nesten borte. Ei liberal, individuell blanding av dialekt, bokmål, riksmål, nynorsk, engelsk og flyktig slang er blitt langt meir vanleg i lydberande media som formidlar munnleg språk. Slik er også tilstanden i heimar, barne-hagar, skular, fritids- og jobbsa-manhengar - på tvers av klasse- og dialektgrenser.

Kan Kringkastingsringen som språkpolitisk gjætar overvake og påverke alt dette? Neppe meir enn dei kan stoppe gjengroinga. Opp-havleg ønskte Kringkastingsringen å føre tilsyn med at nynorsken var representert på ein stor nok og god nok måte i det offenlege radios-nakket frå NRK. Dansk-norsken var ulven. I dag er NRK-radioen ein antikvitet som veteranbåten. Der kan ein nok framleis høyre nokon snakke «Oxford-nynorsk», men der, tilliks med dei fleste andre offentlege snakkestader, er målblanding det mest vanlege. Når det gjeld språkføring, uttale, bøy-ingsformer og ordval, er bokmål og nynorsk blitt like ureine. Den gamle riksmålsulven er nærast ei lausbikkje. Likevel beitar vi nynor-ske spelsauer like krulla i ulla som før i våre idylliske reservat, og sjølv om det hender vi spring for livet - som om vi såg ulv - når vi møter ei lausbikkje, fryktar vi ikkje slakteriet.

MEDLEMSSIDER

Page 12: Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim 200-årsjubileum for Ny … · 2014-04-22 · dumskallar nynorsk Gratulerer, gleda Ivar Aasen! Han ofra kjærleiken for språket og kava seg

Sendar/retur:KRINGKASTINGSRINGENPostboks 9161 Grønland0134 OSLO