lindås kommune

4
Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no Ledige stillingar For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindås kommune: Barnevernkonsulent – vikariat Miljøterapeut Saksbehandlar NAV Spesialpedagog – vikariat Ferievikarar Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimeside www.lindas.kommune.no. Undervisningstillingar Lindås kommune har 14 skular, av desse er 3 ungdomsskular. Skulane er spreidd over heile kommunen og har ulik storleik. Alversund skule er størst med 392 elevar og Festo skule er minst med 32 elevar. Frå 01.08.12 er det ledig eit tal lærarstillingar, heile stillingar og timelærarstillingar. Det vil bli til- setjing i både faste stillingar og i vikariat. Dersom du har undervisningskompetanse i grunnskulen og vil jobbe i eit engasjert og kvali- tetsbevisst fagmiljø ved ein av våre skular ønskjer vi å høyre frå deg. Gå i så fall inn på heimesida vår www.lindas.kommune.no. Her vil du finna full- stendig utlysing, detaljerte opplysningar om sku- lane, organisasjonen og kommunen vår. Du vil vidare kunna fylle ut og levere søknad på stil- lingar. Søknadsfrist: 01.03.12 Kontaktperson: personalrådgjevar Hilde B. Kleivdal, tlf 56 37 51 85 Norskundervisning - kveld Vi har nokre ledige plassar på norskkurs for be- gynnarar. Undervisninga føregår frå kl 17.15 - kl 20.00 måndag og onsdag. Er du interessert, ta kontakt med Sally Solberg, epost: [email protected] mune.no, tlf 56375413/47461141 Grunnskuleundervisning – vaksne Frå august 2012 startar vi med ny gruppe for elevar som treng grunnskule-eksamen for å koma vidare i utdanningsløpet sitt. Er du interessert, ta kontakt med Sally Solberg, epost: [email protected], tlf 56375413/47461141 PERSONLEG ASSISTENT Lindås kommune søkjer etter vikar for personleg assistent for kvinne i 50-årsalderen. Grunna redu- sert funksjonsevne er det behov for ein del per- sonleg og praktisk hjelp i heimen. Stillinga utgjer 7 timar pr. veke, og er ledig for til- treding snarast. Arbeidstid tysdag og fredag på dagtid. Lønnsvilkår som assisent/heimehjelp. Den som søkjer bør disponere bil. Kontaktperson: Rådgjevar Vidar Rydland – tlf. 56 37 51 53. Søknadsfrist: 20.02.2012. Barn og unge treng hjelp – du kan gjere ein forskjell. Informasjonsmøte om fosterheimsarbeid og andre oppdrag i barnevernet 16. februar kl. 1800 – 20.30 på Knarvik Sjuke- heim, hovudinngang seniorsenter. Fosterheim Behovet er stort for fosterheimar til barn i alle aldre. I dag bur det ca 600 barn og unge i fosterheim i Bergens området. I 2012 er det ei målsetting å rekruttere 150 nye heimar. Det fins ulike fosterheims oppdrag. Fosterheim Familieheim (forsterka fosterheim) Beredskapsheim (kortvarige kriseplasseringar) Andre oppdrag i barnevernet: Det lokale barnevernet treng å rekruttere hjelparar for meir avgrensa oppdrag. Besøksheim (helgeavlastning ) Tilsynsførar Støttekontakt Anna Barne- familie og ungdomsetaten (Bufetat) og barneverntenesta i Lindås kommune vil infor- mere om alle desse ulike oppgåvene. Vi har f.t. eit særskilt behov for ulike typar fosterheimar til ung- dom- og vil difor fokusere ekstra på det. Kven er de/du? Vi vender oss til deg som er vaksen og som har lyst, tid og anledning til gjere ein innsats for bar- nevernet. Kan hende er du ekstra godt eigna til å hjelpe ein ungdom eller eit barn på rett kjøl? Kan hende kan du tenkje deg å ha arbeidsplassen i din eigen heim? Kan hende vil du starte opp med litt meir avgrensa oppdrag? Vi kan tilby opplæring på førehand og rett- leiing undervegs. Arbeidsgodtgjering og utgiftsdekning etter gjel- dande satsar. Dette varierer i høve til omfang av oppgåva. Er du ordinær fosterheim, besøksheim, støtte- kontakt eller tilsynsførar kan du ha jobben din utanom. Er du familieheim eller beredskapsheim må opp- dragstakar (den eine vaksne i familien) ha dette som sitt arbeid. Kven er borna som treng hjelp? Borna er ulike både når det gjeld personlegdom, alder og behov. Dette vil vi bruke tid på å presentere. I tillegg har vi med erfarne fosterforeldre og ungdommar som vil utfylle biletet. Informasjonsmøtet er uforpliktande for deg som møter opp. Bruk sjansen til å få grundig informa- sjon og svar på dine spørsmål - om dei mange spa- nande oppgåver der DU kan gjere ein forskjell. På grunn av serveringa ville det vore fint å få ei påmelding til møtet. Kontakt Ingvild eller Helge på tlf. 56 37 50 82 eller e-mail: [email protected] mune.no For meir info om fosterheimsarbeid: www.fosterhjem.no/bergen BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiar som kan tenkje seg å vere besøksheim for barn/ungdom. Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpe andre er de kanskje den rette familien for barn som treng ein familie å reise til ein eller to helger i månaden. Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnet har behov for. Vi søkjer spesielt etter familiar til: Gutt på seks år. Han liker seg ute, glad i å spille fotball og trives med dyr. Er en aktiv og sjar- merende gutt. To brør på 6 og 7 år. Dei er aktive og robuste ”utegutar”, likar å hjelpa til og er veldig glade i dyr. Ta også kontakt sjolv om disse konkrete barna ikkje synast å passa inn hjå dykk. Vi får ofte kon- takt med barn som har behov for besøksheim. Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontakt med barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveit på e-post [email protected] mune.no eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdek- ning etter kommunen sine satsar. Informasjon om bustøtte Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning for dei som har høge buutgifter og låg inntekt. Kven kan søkje om bustøtte? Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unn- tak av studentar utan barn og personar i første- gongsteneste. Desse har eigne ordningar. Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera god- kjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for bu- ugifter enten leiger eller eig bustaden. Ver merksam på at du må vere registrert som busett i folkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til. Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifter og inntekta til husstanden. Søknad og fristar. Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbe- taling er ca. 10. i månaden etter. Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune si heimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedi- sjonen på rådhuset. Du når oss på telefon: 56375000. Søknaden med dokumentasjon kan sendast til: Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret. Merk konvolutten ”Bustøtte”. Du finn meir informasjon om bustøtte på Hus- banken sine nettsider, husbanken.no. Der kan du også laste ned søknadsskjema. Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig

Upload: firda-media-as

Post on 27-Mar-2016

248 views

Category:

Documents


6 download

DESCRIPTION

Lindås kommune

TRANSCRIPT

Page 1: Lindås kommune

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no

Ledige stillingar

For tida har vi følgjande ledige stillingar i Lindåskommune:

Barnevernkonsulent – vikariatMiljøterapeut Saksbehandlar NAVSpesialpedagog – vikariatFerievikarar

Vil du vita meir? -Gå inn på vår heimesidewww.lindas.kommune.no.

Undervisningstillingar

Lindås kommune har 14 skular, av desse er 3ungdomsskular. Skulane er spreidd over heilekommunen og har ulik storleik. Alversund skuleer størst med 392 elevar og Festo skule er minstmed 32 elevar.

Frå 01.08.12 er det ledig eit tal lærarstillingar,heile stillingar og timelærarstillingar. Det vil bli til-setjing i både faste stillingar og i vikariat.

Dersom du har undervisningskompetanse igrunnskulen og vil jobbe i eit engasjert og kvali-tetsbevisst fagmiljø ved ein av våre skular ønskjervi å høyre frå deg. Gå i så fall inn på heimesidavår www.lindas.kommune.no. Her vil du finna full-stendig utlysing, detaljerte opplysningar om sku-lane, organisasjonen og kommunen vår. Du vilvidare kunna fylle ut og levere søknad på stil-lingar.

Søknadsfrist: 01.03.12

Kontaktperson: personalrådgjevar Hilde B. Kleivdal, tlf 56 37 51 85

Norskundervisning - kveld

Vi har nokre ledige plassar på norskkurs for be-gynnarar. Undervisninga føregår frå kl 17.15 -kl 20.00 måndag og onsdag. Er du interessert, takontakt medSally Solberg, epost: [email protected], tlf 56375413/47461141

Grunnskuleundervisning – vaksne

Frå august 2012 startar vi med ny gruppe forelevar som treng grunnskule-eksamen for åkoma vidare i utdanningsløpet sitt. Er du interessert, ta kontakt med Sally Solberg, epost: [email protected], tlf 56375413/47461141

PERSONLEG ASSISTENT

Lindås kommune søkjer etter vikar for personlegassistent for kvinne i 50-årsalderen. Grunna redu-sert funksjonsevne er det behov for ein del per-sonleg og praktisk hjelp i heimen.

Stillinga utgjer 7 timar pr. veke, og er ledig for til-treding snarast. Arbeidstid tysdag og fredag pådagtid. Lønnsvilkår som assisent/heimehjelp. Den somsøkjer bør disponere bil.

Kontaktperson: Rådgjevar Vidar Rydland – tlf. 56 37 51 53.

Søknadsfrist: 20.02.2012.

Barn og unge treng hjelp – du kan gjere ein forskjell.

Informasjonsmøte om fosterheimsarbeid ogandre oppdrag i barnevernet

16. februar kl. 1800 – 20.30 på Knarvik Sjuke-heim, hovudinngang seniorsenter.

FosterheimBehovet er stort for fosterheimar til barn i allealdre.I dag bur det ca 600 barn og unge i fosterheim iBergens området.I 2012 er det ei målsetting å rekruttere 150 nyeheimar.

Det fins ulike fosterheims oppdrag. • Fosterheim• Familieheim (forsterka fosterheim)• Beredskapsheim (kortvarige kriseplasseringar)

Andre oppdrag i barnevernet:Det lokale barnevernet treng å rekruttere hjelparar for meir avgrensa oppdrag. • Besøksheim (helgeavlastning )• Tilsynsførar• Støttekontakt• Anna

Barne- familie og ungdomsetaten (Bufetat) ogbarneverntenesta i Lindås kommune vil infor-mere om alle desse ulike oppgåvene. Vi har f.t. eitsærskilt behov for ulike typar fosterheimar til ung-dom- og vil difor fokusere ekstra på det.

Kven er de/du?Vi vender oss til deg som er vaksen og som harlyst, tid og anledning til gjere ein innsats for bar-nevernet.Kan hende er du ekstra godt eigna til å hjelpe einungdom eller eit barn på rett kjøl? Kan hende kandu tenkje deg å ha arbeidsplassen i din eigenheim? Kan hende vil du starte opp med litt meiravgrensa oppdrag?

Vi kan tilby opplæring på førehand og rett-leiing undervegs.

Arbeidsgodtgjering og utgiftsdekning etter gjel-dande satsar. Dette varierer i høve til omfang avoppgåva.Er du ordinær fosterheim, besøksheim, støtte-kontakt eller tilsynsførar kan du ha jobben dinutanom.Er du familieheim eller beredskapsheim må opp-dragstakar (den eine vaksne i familien) ha dettesom sitt arbeid.

Kven er borna som treng hjelp?Borna er ulike både når det gjeld personlegdom,alder og behov. Dette vil vi bruke tid på å presentere. I tillegg harvi med erfarne fosterforeldre og ungdommar somvil utfylle biletet.

Informasjonsmøtet er uforpliktande for deg sommøter opp. Bruk sjansen til å få grundig informa-sjonog svar på dine spørsmål - om dei mange spa-nande oppgåver der DU kan gjere ein forskjell.

På grunn av serveringa ville det vore fint å få eipåmelding til møtet.Kontakt Ingvild eller Helge på tlf. 56 37 50 82eller e-mail: [email protected]

For meir info om fosterheimsarbeid: www.fosterhjem.no/bergen

BESØKSHEIM BARNEVERNTENESTA

Barneverntenesta i Lindås søkjer etter familiarsom kan tenkje seg å vere besøksheim forbarn/ungdom.Dersom de har tid, overskot og lyst til å hjelpeandre er de kanskje den rette familien for barnsom treng ein familie å reise til ein eller to helger imånaden.

Vi treng ulike typar familiar – alt etter kva barnethar behov for.

Vi søkjer spesielt etter familiar til:

• Gutt på seks år. Han liker seg ute, glad i åspille fotball og trives med dyr. Er en aktiv og sjar-merende gutt.

• To brør på 6 og 7 år. Dei er aktive og robuste”utegutar”, likar å hjelpa til og er veldig glade idyr.

Ta også kontakt sjolv om disse konkrete barnaikkje synast å passa inn hjå dykk. Vi får ofte kon-takt med barn som har behov for besøksheim.

Dersom dette høyrest interessant ut, ta kontaktmed barneverntenesta v/ Ingvill Skage Nøttveitpå e-post [email protected] eller tlf: 56 37 50 82. Løn og utgiftsdek-ning etter kommunen sine satsar.

Informasjon om bustøtte

Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning fordei som har høge buutgifter og låg inntekt.

Kven kan søkje om bustøtte?Alle over 18 år kan søkje om bustøtte, med unn-tak av studentar utan barn og personar i første-gongsteneste. Desse har eigne ordningar.

Bustaden du søkjer bustøtte for, må vera god-kjent heilårsbustad. Du kan søkje bustøtte for bu-ugifter enten leiger eller eig bustaden. Vermerksam på at du må vere registrert som busett ifolkeregisteret i den bustaden du søkjer støtte til.Størrelsen på bustøtta er avhengig av buugifterog inntekta til husstanden.

Søknad og fristar.Søknadsfristen er den 14. i kvar månad, og utbe-taling er ca. 10. i månaden etter.

Bustøtteskjema finn du på Lindås kommune siheimeside, lindas.kommune.no, eller i ekspedi-sjonen på rådhuset. Du når oss på telefon:56375000.

Søknaden med dokumentasjon kan sendast til:Lindås kommune, v/ Bestillarkontoret.Merk konvolutten ”Bustøtte”.

Du finn meir informasjon om bustøtte på Hus-banken sine nettsider, husbanken.no. Der kan duogså laste ned søknadsskjema.

Framtidsretta - Inkluderande - Kvalitetsbevisst - Tenestevillig

Page 2: Lindås kommune

1. gangs offentleg ettersyn - ReguleringsplanStoremyra næringsområde, gbnr 127/111,125, 126 m.fl.

Plan- og miljøutvalet gjorde i møte 25.01.2012,sak 12/12, vedtak om å leggje reguleringsplanfor Storemyra næringsområde, gbnr 127/111,125,126 m.fl., ut til offentleg ettersyn i medhaldav plan- og bygningslova § 12-10. Planframleg-get gjeld eit område på om lag 500 dekar påMongstad, og området er i kommunedelplan forLindåsneset med Mongstad sett av til nærings-verksemd og grøntområde.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggje tilrette for næringsverksemd og samla infrastruk-turløysingar for Mongstadområdet. Næringsare-alet vil supplere baseområdet der det i dag eravgrensa plass til nyetableringar, og det er ogsåopna for moglegheit til å etablere midlertidig bo-ligrigg innanfor næringsområdet. Planen leggogså opp til oppgradering av eksisterande sam-bindingsveg på Mongstadområdet, i tillegg til til-knyting til eventuell ny tilkomstveg frå Hope.

Reguleringsplanen ligg til offentleg ettersyn frå8. februar 2012 til 21. mars 2012 på Lindås råd-hus. Planen vil også verte å finne på Lindåskommune sine heimesider, www.lindas.kom-mune.no, med lenke til braPLAN. Søk på plan-id 1263-201110, dokumenter.

Merknader til planframlegget skal sendast innan21. mars 2012 til:Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvern-husmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til [email protected]. Elektroniskmerknadsskjema er å finna på Lindås kommunesine heimesider, og kommunen oppfordrar til åbruke dette ved innsending av merknader til re-guleringsplanen.

Kunngjering om mindre endring av regule-ringsplan for Vabø bustadfelt gnr. 102 bnr. 8,50 og 66

Plan- og miljøutvalet vedtok i møte den 25.ja-nuar 2012, sak 14/12 mindre endring av regule-ringsplanen for Vabø bustadfelt gnr. 102 bnr. 8,50, 66 m.fl. i medhald av §12-14 i plan- og byg-ningslova

Det vart gjort endringar ved at maksimum mø-nehøgde på einebustadane i feltet vart endrapå 12 tomter vist på endra plankart. I tillegg vertdet foreslått følgjande mindre endringar i regule-ringsføresegnene revidert 01.02.2012.

Plandokumenta ligg til gjennomsyn i ekspedi-sjonen på rådhuset i Knarvik frå 8. februar til1.mars 2012. Desse kan og lastast ned frå kom-munen si heimeside:WWW.lindas.kommune.no, alternativt på BRA-plan: http://www.geoweb.no/braplan/.

Om klage og verknad av planVedtaket om mindre endring av plan kan påkla-gast av den som er part eller har rettsleg kla-geinteresse, jf. plan- og bygningslova §12-12,3.ledd. Klagefristen er etter forvaltningslova §29, 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuellklage bør grunngjevast og skal stilast til Fylkes-mannen i Hordaland og sendast til:

Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvern-husmyrane 20, 5914 ISDALSTØ innan 01. mars 2012, eller til [email protected]

Når det gjeld verknad av planendring vert detvist til § 12-4 i plan- og bygningslova. Planen er

bindande for alle arbeid som vert sett i verk inn-afor planområdet. Det vert elles vist til § 15-2 og§15-3 i plan- og bygningslova. Krav om erstat-ning for tap ved reguleringsplanen må vera settfram seinast 3 år etter denne kunngjeringa.

Utbyggingsavtale i Lindås kommune – offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune har imøte den 25.01.12, sak 10/12 vedteke å leggjeut til offentleg ettersyn framlegg til utbyggings-avtale for Mangerbua II.

Det er framforhandla framlegg til utbyggings-avtale mellom Lindås kommune ogMajo eigedom AS/ Seim Bygg AS, i sambandmed planlagt utbygging for Mangerbua II, bu-stadområde, del av gnr. 137 Alver.

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhaldav plan- og bygningslova sin § 17-4,og skal vera styrande for feltutbygginga innan-for reguleringsplanen.Offentlege instansar, samt grunneigarar/ naboarsom vert råka av tiltaka vil få særskilt varsel.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i periodenfrå 08.02.12 – 09.03.12 på rådhuset i Knarvik.

Merknader til avtalen må sendast Lindås kom-mune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, [email protected], innan09.03.12

Utbyggingsavtale i Lindås kommune – offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune har imøte den 25.01.12, sak 7/12 vedteke å leggje uttil offentleg ettersyn framlegg til utbyggingsav-tale for Sjøkanten Eiendomsutvikling AS, Skars-vågen.

Det er framforhandla framlegg til utbyggings-avtale mellom Lindås kommune ogSjøkanten Eiendomsutvikling AS, i sambandmed planlagt utbygging for Sjøkanten Eien-domsutvikling AS, Skarsvågen gnr.: 147 bnr.:264 mfl.

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhaldav plan- og bygningslova sin § 17-4,og skal vera styrande for feltutbygginga innan-for reguleringsplanen.Offentlege instansar, samt grunneigarar/ naboarsom vert råka av tiltaka vil få særskilt varsel.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i periodenfrå 08.02.12 – 09.03.12 på rådhuset i Knarvik.

Merknader til avtalen må sendast Lindås kom-mune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, [email protected], innan09.03.12

Utbyggingsavtale i Lindås kommune – offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet i Lindås kommune har imøte den 25.01.12, sak 8/12 vedteke å leggje uttil offentleg ettersyn framlegg til utbyggingsav-tale for Tveiten - garveritomta.

Det vert lagt ut til offentleg ettersyn framlegg tilutbyggingsavtale mellomLindås kommune og FG Eigedom AS,i samband med planlagt utbygging for Tveiten -garveritomta, gnr. 138, bnr 21 mfl.

Framlegg til utbyggingsavtale er gjort i medhaldav plan- og bygningslova sin § 17-4,og skal vera styrande for feltutbygginga innan-for reguleringsplanen.Offentlege instansar, samt grunneigarar/ naboarsom vert råka av tiltaka vil få særskilt varsel.

Dokumenta ligg til offentleg ettersyn i periodenfrå 08.02.12 – 09.03.12 på rådhuset i Knarvik.

Merknader til avtalen må sendast Lindås kom-mune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, [email protected], innan09.03.12

Områdeplan for Knarvik sentrum, del av gnr188, til første gongs offentleg ettersyn

Plan- og miljøutvalet vedtok i møte 25.01.2012,sak 13/12, og i samsvar med plan- og byg-ningslova §12-10, å leggje reguleringsplan forKnarvik sentrum til offentleg ettersyn.Planområdet er på om lag 390 dekar og omfat-tar i hovudsak handels- og næringsområda iKnarvik sentrum. Planforslaget legg til rette for at Knarvik skal ut-viklast til ein småby. Knarvik vil gjennom planenfå ei kvartalsvis utvikling. Mot sentrale gater ogtorg vil bygga ha aktive fasadar med inngangar,opne glasfasadar og publikumsretta funksjonar.Det vert opna opp for at fleire skal bu i Knarviksentrum. Område for handel og andre sen-trumsfunksjonar ligg innanfor ein gangavstandpå 400 meter. Ein betre samanheng mellom sørog nordsida av E39 har vore svært sentralt iplanarbeidet. Lokalisering og utforming avskyss stasjon har og vore ein viktig del av arbei-det. Eit torg får ein sentral funksjon i den framti-dige gang- og grønstrukturen. Framlegg tilreguleringsplan viser og fleire framtidige områdefor offentleg eller privat tenesteyting. Parkeringer i hovudsak lagt i anlegg under bakken. Iframlegget til reguleringsplan er E39 utvida tilfire felts veg med separate gang- og sykkelfelt.Ny rundkøyring skal etablerast på E39. Det erlagt inn rekkefølgjekrav for den vidare utviklingaav Knarvik sentrum i føresegna.Plandokumenta består av plankart, føresegnerog planomtale (med konsekvensvurdering og ri-siko og sårbarheitsvurdering). Dokumenta er til-gjengeleg på rådhuset og biblioteket i Knarvik.Plandokumenta ligg og på nettstaden til Lindåskommune, www.lindas.kommune.no, og påbraplan (http://www.geoweb.no/braplan/ velgLindås kommune og plan-id 1263-201002).Merknader til planframlegget må sendast innan11.april 2012 til:Lindås kommune, plan- og miljøutvalet, Kvern-husmyrane 20, 5914 Isdalstø eller til [email protected]. Elektroniskmerknadsskjema er å finna på nettstaden til Lin-dås kommune. Lindås kommune vil arrangere folkemøte i høy-ringsperioden. Informasjon om dette vil komepå eit seinare tidspunkt, både på nettstaden tilkommunen og i lokalavisa

>>

Page 3: Lindås kommune

SENIOR- OG AKTIVITETSSENTRA I LINDÅS KOMMUNE INFORMERAR:

Senior –og aktivitetssenteret KnarvikKafeen og Seniorsenteret med lokalar på Knar-vik sjukeheim er ope måndag, onsdag og fre-dag frå 10.00-15.00.Ein kan kjøpe middagm/dessert desse dagane. Til tysdag og torsdagmå ein bestille dagen før til kjøkenet på tlf.56375710 eller Knarvik seniorsenter 56375718og 56375730Her kan du kome innom til ein prat, ein koppkaffi og møte andre pensjonistar.. Middagsser-vering måndag., onsdag og fredag mellomkl.12. 00-14.00.Vi ynskjer å skape ein god mø-teplass, der ein kan finne glede og utfor-dringar.Vi har variert aktivitetstilbod som byrjarkl.12.00.Senteret har også med frivillige somgjør ein stor innsats. Vi har bruk for fleire, så tagjerne kontakt. I Galleri Utsyn er det ny utstilling kvar månad ogopningstida er alle kvardagar frå 08.00-15.30. Denne månaden er det fotoutstil-ling ved Erik Young.

Frå programmet i Knarvik informerer vi fyljande:FEBRUAR:Onsdag 01.02. Strikkekafe og kortklubb

kl.12.00Fredag 03.02. Seniordans med Audhild

Sagosen kl.12.00Måndag 06.02. Helsetrim ved Reidun

Sæbdal kl.12.00Onsdag 08.02. Filmen FOLK VED FJORDEN

blir vist av Øyvind Sandberg kl.11.30

Fredag 10.02. Syng med oss! ved Else Iren Westervik kl.12.00

Måndag 13.02. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00

Onsdag 15.02. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00

Torsdag 16.02. Konsert ved LOAS kl.11.00- 12.00Dataklubb kl.12.00-14.00

Fredag 17.02. Seniordans ved Audhild Sagosen kl.12.00

Måndag 20.02. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00

Onsdag 22.02. PRESENTASJON av senior-tur til Kypros ved VITAL ogdaglig leiar Inger Berit Bøyum saman medMay Eva Sandvik kl.12.00

Fredag 24.02. Syng med oss! ved Else Iren Westervik kl.12.00

Måndag 27.02. Helsetrim ved Reidun Sæbdal kl.12.00

Onsdag 29.02. Strikkekafe og kortklubb kl.12.00

Senior- og aktivitetssenteret LindåsMed lokalar i Lindås bu - og servicesenter har ope hus tysdagar frå kl.10.00.Kontaktperson er Eli Støldal tlf. 56375607FEBRUAR:Torsdag 02.02. Sangstund med Wilhaven

barnehage kl.11.00Fredag 03.02. Andakt v/prest Harald

Sundsbø. Piano Gunnar Hageberg kl.11.00.

Tysdag 14.02. BINGO med mat og kaffi kl.10.30

Onsdag 15.02. ”TASTEN” dataklubb kl.11.00-13.00

Torsdag 16.02. Andakt v/ prest Harald Sundsbø. Piano ved Gunnar Hageberg kl.11.00

Fredag 17.02. ”Syng med oss”kl.11.00Tysdag 21.02. BINGO med mat og kaffi

kl.10.30.Torsdag 23.02. LINDÅS TREKKSPILLKLUBB

kl.10.30Fredag 24.02. Helsetrim kl.11.30 Tysdag 28.02. BINGO med mat og kaffi

kl.11.30

Senior- og aktivitetssenteret OstereidetMed lokalar i Ostereidet senter har nye opningstider frå januar 2011, tysdag og torsdagfrå kl.10.00-14.00.Her er kafe` tilbod med middagsservering. Mid-dag må bestillast på førehand hos Aud Furdaltlf. 56375718 og 56375730 eller kjøkkenet på Knarvik sjukeheim tlf. 56375710.Torsdagane er det 3 aktivitørar/miljøarbeidarar;Bjørg Irene Kleiven, Inger Fosse Dalland ogChristel Bratshaug.Kom innom for ein kopp kaffi, ein prat og akti-vitet. Frå programmet informerar vi fyljande:

FEBRUAR: Torsdag 02.02. Helsetrim og song ved

Gunnar Hosøy kl.10.50 Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30

Tysdag 07.02. Opplesing, quiz og tur kl.10.30

Onsdag 08.02. Filmen FOLK VED FJORDEN blir vist av Øyvind Sandberg i Knarvik seniorsenter kl.11.30

Torsdag 09.02. Helsetrim og song ved Gunnar Hosøy kl.10.50Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.30

Tysdag 14.02. Quiz (hjernetrim) og tur kl. 10.30

Torsdag 16.02. Syng med oss! med Inger F. Dalland og Ostereidet barnehage på besøk kl.10.30

Tysdag 21.02. Opplesing, tur og quiz kl.10.30

Onsdag 22.02. PRESENTASJON av senior-tur til Kypros ved Vital og daglig leiar Inger Berit Bøyum

på Knarvik Seniorsenter kl.12.00

Torsdag 23.02. Sittedans ved Christel Bratshaug kl.10.50Bingo ved Inger Marie Fyllingsnes kl.11.00

Tysdag 28.02. Quiz (hjernetrim) og tur kl.10.30

Ps. Det blir kr. 20.- for kvart bingobrett frå februar 2012.

Velkommen

Med helsing frå oss i seniorsentra Aud Furdal ,Astrid Paulsen , Christel Bratshaug, Randi Eike-rol, Eli Støldal ,Bjørg Irene Kleiven og IngerFosse Dalland.

Pårørandeskule i Lindås

Lindås kommune, i samarbeid med Ytre Nord-hordland Demensforening, vil i løpet av vårenarrangere kurs for pårørande og nære venner tilpersonar med demenssjukdom. Erfaring har vistat noko av det som vert mest etterspurt i ein sliksituasjon, er kunnskap om sjukdomen og kor-leis takle kvardagen.

Statistisk forventar ein at det er ca. 200 perso-nar med demens i ein kommune på Lindås sinstorleik. Gjennom forelesningar, plenums- oggruppesamtalar vil ein få kunnskap om demensog innsikt i kva følgjer sjukdomen kan ha forpersonar med demens og dei pårørande.

Pårørandeskulen er tenkt gjennomført over femkveldar fordelt på ein kveld annankvar veke. Påsamlingane vil det vere ein time med forelesningog ein time oppfølgingssamtale i gruppe i etter-kant. Planlagt oppstart er i slutten av mars.

For påmelding/ informasjon kan ein ta kontaktmed kommunepsykolog for vaksne i Lindås: John Petter Wadseth på tlf. 94511854 eller e-post: [email protected]

Tasten dataklubb – for seniorar

Nysgjerrig på data? Klubben på Lindås har oppstart ons 15 feb kl 11på Lindås Bu- og servicesenterKlubben i Knarvik (Seniorsenteret) har oppstarttors 16 feb kl 12. MERK TIDA !Ta kontakt med:Per Ole Ekker Tlf 56375146 / 99554540 / [email protected] Sundal Tlf 56375146 / 94531750 / [email protected]

NYTT FRÅ LINDÅS KULTURSKULE:

Elektronisk påmelding

Frå 1. januar 2012 skal alle påmeldingar gjerastpå det elektroniske påmeldingsskjemaet somdu finn på kommunen si heimeside. Gjer slik:A) Du går inn på internett - finn heimesida tilLindås Kommune B) Trykk på knappen ”Kultur og Fritid” C) Trykk så på ” Lindås Kulturskule” nede påhøgre side.D) Finn skjema, fyll ut og send inn

No kan du søkje heile året, når det måtte passedeg !!!Lukke til !!

Ny dato for utmelding:Utmeldingsfrist for Haustsemesteret 1. aprilUtmeldingsfrist for Vårsemesteret1. novemberUtmelding etter frist må betalast med full semesteravgift.Alle utmeldingar SKAL vere skriftleg på e-posteller brev til Kulturskulen.

[email protected]

Bassenget på Ostereidet

Lindås kommune har i samarbeid med EikangerIL tilbod om symjing i bassenget på Ostereidet.

Åpningstider:Herre/damesymjing tysdagar frå 19.00 – 21.00Familiebading kvar laurdag frå 13.00 til 15.00Pris: 50 kr for vaksne, 25 kr for barn under 15 år.Barn under 5 år, gratis Om tysdagane er detgratis å bade for medlemmar av EIL.Vel møtt i bassenget!"

Velkommen til arrangement på biblioteket i Knarvik

Musikkleik for barn frå 3 år og oppover. Med Tanja Walker og Marko Nouwens.Torsdag 16.2 (Fullt)Torsdag 1.3Torsdag 15.3Alle dagar kl 10.00-10.40. Gratisbillettar kanhentast på biblioteket eller reserverast inntil 3dagar i forkant.

”Etter skuletid” for dei mellom 9 -11 år. Samtale, bokprat og spel Torsdag 16.2Torsdag 23.2Torsdag 1.3Torsdag 8.3Torsdag 15.3Alle dagar kl 14.15-15.30

Forfattartreff for vaksne med Marit Eikemo. Torsdag 23. februar Kl 19

Lindås Rådhus, Knarvik, 5914 Isdalstø. Tlf: 56 37 50 00 Faks: 56 37 50 01 Epost: postmottak@lindås.kommune.no www.lindås.kommune.no

Page 4: Lindås kommune

SØKNAD OM BARNEHAGEPLASS I LINDÅSSAMORDNA OPPTAK 2012 / 2013

Søknadsfrist 01.03.12. NB: Dei som står påventeliste må sende ny søknad!

Barnehageopptaket våren 2012 skal gjennom-førast som samordna opptak i samsvar medbarnehagelova. Dette inneber at søknader tilalle barnehagar i Lindås blir vurderte av ei sen-tral opptaksnemnd som føretek prioriterte opp-tak ( jfr. fortrinn etter lov og forskrifter), ogsamordnar opptaket til ledige plassar i kommu-nale og private barnehagar. Frå 01.01.09 er detlovfesta rett til barnehageplass jfr. Lov om bar-nehage. ”Barn som fyller eitt år sinast innan utgangenav august det året det vert søkt om barnehage-plass, har etter søknad rett til å få plass i barne-hage frå august i samsvar med denne lovamed forskrifter. Barnet har rett til plass i barne-hage i den kommunen der det er busett.”

Det er utarbeidd to elektroniske søknads-skjema til barnehageopptak, eit for 2011/2012og eit for 2012/2013. I samband med søknad tilhovudopptaket, søknadsfrist 01.03.2012, skalein bruke skjemaet for 2012/2013. Søknads-skjema finn ein på Lindås kommune si heime-side, adresse: www.lindas.kommune.no

Dokumentasjon til søknad skal sendast til : Lin-dås kommune, Dokumentsenteret, Kvernhus-myrane 20, 5914 Isdalstø.

Dersom nokon ikkje har tilgang til internett kandei ta kontakt med ekspedisjonen på rådhusetog få hjelp.

Frist for å søkje barnehageplass i hovudoppta-ket er 1.mars 2012. Opptaket vil verte gjort imars, og skriftleg melding vil verte sendt denenkelte etter at vedtak er fatta.

Rådmannen

KULTURMIDLAR 2012

Endringar i 2012Frå 01. februar er det innført elektroniske søk-nadsskjema for å søkje kulturmidlar. Link tilskjema finn du på Lindås kommune sine hei-meside www.lindas.kommune.no

Med kulturmidlar meiner vi 1. Driftstilskott2. Tilskott til drift/mindre investeringar i

bygg/anlegg og til utstyr3. Aktivitets- og prosjekttilskott4. Ungdomsmidlar. NB! Dette er midlar

som kun ungdom 13-25 år som kan søkje.

Med elektroniske søknadsskjema, håpar viå oppnå følgjande• Korrekte opplysningar frå søkjar• Betre service og tidssparande for

publikum

Har du ikkje tilgang til internett, tek kontaktmed kulturkontoret, så får du hjelp! Tlf 56 37 50 00

Følgjande fristar gjeld;1. Driftstilskott 01. mars2. Tilskott til drift/mindre investeringar i

bygg/anlegg og til utstyr01. mars

3. Aktivitets- og prosjekttilskottfortløpande og seinast 01. oktober

4. Ungdomsmidlar. NB! Dette er midlar som kun ungdom 13-25 år kan søkje! Fortløpande og innan 01. oktober

Frivilligprisen 2011

Styret for Frivilligsentralen i Lindås lyser meddette ut Frivilligprisen for 2011. Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik personsom har betra trivselen og livskvaliteten forandre. Med sine idear og sitt pågangsmot harhan/ho medverka til eit meir ope og aktivt sam-funn. Føremålet med prisen er å styrke samspelet mellom kultur, helse og frivillig sek-tor. Prisen skal:

• Stimulere til innsats• Påskjøna godt frivillig arbeid • Peike på gode føredøme når det gjeld

aktiv innsats innan frivillig arbeide i Lindås.

Alle privatpersonar, styret for Frivilligsentralen,lag og organisasjonar som er heimehøyrande iLindås kan koma med framlegg. Med kvartframlegg må det leggjast ved ei grunngjevingsom kan stø opp under kandidaturet.

Framlegg sendast til: Lindås kommune - dokumentsenteret Kvernhusmyrane 20 5914 Isdalstø

innan 20.april 2012Konvolutten merkast ”Frivilligpris 2011”

Høyring av søknad om anleggsendring foroppdrettsanlegg for matfisk av regnboge-aure på lokalitet 13874 Fyllingsnes S

Anleggsendringa er grunna i at Eide FjordbrukAS og Fyllingsnes Fisk AS ynskjer å skifte ut lo-kaliteten med eit nyare stålanlegg for oppdrettav matfisk av regnbogeaure. Utskiftinga ergrunna i behov for eit meir moderne og robustanlegg som vil betre driftsforhold og minske ri-sikoen for rømming av fisk. Det nye anlegget vilbestå av 6 bur på 25x25 meter med tilhøyrandefortøyingar, og vil i liten grad avvike frå dagensplassering av anlegget. Det totale arealbehovetfor anlegget vil bli noko redusert i høve dagenssituasjon. Det vert ikkje søkt om endring i pro-duksjonskapasiteten.

Lindås kommune skal handsame søknadenetter plan- og bygningslova og gje uttale til Hor-daland Fylkeskommune som gjer endeleg ved-tak i saka. Den omsøkte endringa vil liggjeinnanfor område sett av til akvakultur i gjel-dande kommuneplan for Lindås kommune.

Søknaden med tilhøyrande dokument er til-gjengeleg på Lindås kommune sine heimesider,www.lindas.kommune.no og vert lagt ut i kom-muneekspedisjonen på Rådhuset i Knarvik ihøyringsperioden.

Merknader til saka må framsetjast skriftleg oginnan 07.03.2012 til Lindås kommune, Areal-plan, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elek-tronisk via heimesida eller [email protected].

Høyring av søknad om dispensasjon for utviding av akvakulturområde ved Ramsvik i Lindås kommune

Lerøy Vest AS har levert inn søknad om dis-pensasjon for utviding av akvakulturområdeved Ramsvik i Lindås kommune. Grunnlaget fordispensasjonssøknaden er at Lerøy Vest ASynskjer å utvide akvakulturanlegget med ytter-legare to bur mot sør, for mellom anna å betreforholda for fisken i anlegget. Det vert søkt omdispensasjon frå kommuneplanen for å få plasstil anlegget, og Lerøy Vest AS ynskjer samstun-des at akvakulturområdet vert korta noko inn

mot sørvest og utvida mot sør, for å tilpasseseg den faktiske lokaliseringa av anlegget.

Kommunen vil i utgangspunktet stille seg posi-tiv til ei utviding av anlegget utover det avsetteområdet for akvakultur i kommuneplanen. Søknad med tilhøyrande dokument er tilgjeng-eleg på www.lindas.kommune.no og vert lagtut i kommuneekspedisjonen på Rådhuset iKnarvik i høyringsperioden.

Merknader til saka må framsetjast skriftleg oginnan 07.01.2012 til Lindås kommune, Areal-plan, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø, elek-tronisk via heimesida eller [email protected].

LEIF ØKSNES MINNEFOND

Stiftinga er oppretta av foreldre og søster til LeifØksnes, Nordhordland ballklubb (NBK) ogLindås kommune for å medverka til å heidraminnet etter Leif Øksnes. Stiftinga samlar innog forvaltar midlar som skal nyttast slik:Av fondet si avkastning skal styret kvart år delaut stipend til ei eller fleire eldsjeler somjobbar gratis for å ta vare på barn og ungdom ideira fritid for å førebyggje samfunnsproblem- mellom anna førebyggje bruk av narkotika.Med eldsjeler meiner ein personar innan alletypar barne- og ungdomsarbeid som er posi-tivefor barn og ungdom sine oppvekstvilkår i Lin-dås kommune.Pengegåver kan setjast inn på konto nr.3632.71.57161 Sparebanken Vest.Styret i fondet ber om å få framlegg til kandida-tar til eit stipend som fondet skal dela ut iforbindelse med eit arrangement i Nordhord-landshallen.Søknadane vert handsama konfidensielt ogvert ikkje offentlege.Søknad kan sendast til:Styret for Leif Øksnes Minnefond v/ ordføraren iLindås, rådhuset, 5914 Isdalstøinnan 15.02.2012.

OPNE MØTE08.02.2012 – 15.03.2012Valnemnda09.02.2012 10:30 Knarvik sjukeheimKommunestyret09.02.2012 12:00 Knarvik sjukeheimRåd for menneske med nedsett funksjonsevne20.02.2012 13:00 RådhusetEldrerådet21.02.2012 10:00 RådhusetLevekårsutvalet21.02.2012 12:30 RådhusetPlan- og miljøutvalet22.02.2012 12:30 RådhusetFormannskapet23.02.2012 12:30 RådhusetKommunestyret15.03.2012 12:00 Knarvik sjukeheim

Møta i dei kommunale organa er med få unnatak of-fentlege, d.v.s. at publikum og presse kan vera tilstades. Sakspapira vert sendt ut elektronisk og pu-blikum kan få tilgang til pc og lesa sakene i ekspedi-sjonen på rådhuset og folkebok-samlingane i Knarvik og Lindås minst 7 dagar før møtet. Saks-papira ligg og på heimesida til Lindås kommune.