naturvurdering se1, bildetangen - fjell kommune · pdf filekriteria i dei nemnte...
TRANSCRIPT
ii
Samandrag:
Planområdet er lokalisert på Nordre Bildøy i Fjell kommune, og omfattar i hovudsak
eigedomane med gnr. 34 bnr. 3 og bnr. 4. Områdeplanen er ein offentleg plan som vert
utarbeida av Fjell kommune med Opus Bergen AS som plankonsulent. På bakgrunn av
§§ 3.4.9 og 3.4.10 i føresegnene til kommunedelplanen for Bildøyna/ Sotra Kystby
(2013-2024) vart det sumaren 2014 utført ytterlegare kartlegging av biologisk mangfald i
regi av Opus Bergen AS. Målet med naturkartleggingane er å fylje opp krava til
kommunedelplanen sine føresegner (§§ 3.4.9 og 3.4.10), samt samanlikne
utstrekninga/storleik til tidlegare registrerte lokalitetar med informasjon innhenta frå eige
feltarbeid. Ei detaljert registrering vil gjere det lettare å tilpasse planen for å ivareta
verdifulle naturtypelokalitetar. Avbøtande tiltak og tilpassingar til verdifulle
naturtypelokalitetar, fugl og pattedyr, samt raudlista artar vert også føreslått.
Det er i kommunedelplanen slått fast ei minimum utnytting av planområdet på 150 %
BRA. Resultata frå naturvurderinga er at tre av dei totalt åtte registerte naturtypane vert
bygd ned medan dei resterande naturtypelokalitetane vert bevarte eller delvis bevarte.
Likevel er det kategorien vilt og raudlisteartar, som totalt sett kjem dårlegast ut av
planforslaget. Dette er blant anna basert på ny informasjon om at hubro nyttar
planområdet som jakt- og leveområde og ein etablering av ny kystby kan potensielt gjera
at hubroen forsvinner frå nærområdet.
Viktige avbøtande tiltak til denne planen vert å halde delar av planområdet utan tekniske
inngrep, samt oppretthalde større samanhengande naturområder som kan fungere som
leve- og jaktområder for ulike artar. Lokalitet 2,3 og 4 ligg innanfor føremål
o_GF1(grønnstruktur-friområde) i reguleringsplan, og skal ikkje byggast ned. Lokalitet
8 ligg delvis innanfor o_GF1 og delvis i LNF-område i Kommundelplan Bildøyna/Sotra
kystby. Vidare er lokalitet 5 innanfor område o_GP1 (grønstruktur-park) og vil difor
verte delvis bevart. Lokalitet 2,3,4,5 og 8 utgjer saman med LNF-områda i KDP til
Nordre Bildøy eit større samanhengande grøntområde. Naturtypelokalitetane må bli tatt
omsyn til under bygge- og anleggsperioden, såleis at naturverdien og funksjonen som
samanhengande grøntområde ikkje vert redusert.
iii
Forord:
Opus Bergen AS har vurdert naturmiljøverdien i planområdet i samband med utarbeiding av
områdeplan for SE1 Bildetangen, Fjell kommune. Planområdet vart synfara 7 juni 2014 og
feltarbeid og artsfastsetjing er utført av biolog Marie Bjelland og naturforvaltar Kristine
Øritsland Våge.
iv
Innhald 1. Innleiing ............................................................................................................................. 1
2. Metode og datagrunnlag ..................................................................................................... 3
2.1. Eksisterande datagrunnlag ........................................................................................... 3
2.2. Feltundersøkingar ........................................................................................................ 3
2.3. Fastsetjing av utstrekning på lokalitetane .................................................................... 3
2.4. Kriterier for verdisetting av naturmiljø .................................................................... 4
2.5. Registrering og vurdering av verdi .......................................................................... 5
3. Naturtypar i planområdet ................................................................................................... 6
3.1. Generelle trekk ved planområdet ................................................................................. 7
3.2. Lokalitet 1: Rik edellauvskog (F01) ............................................................................ 8
3.3. Lokalitet 2: Gamal lauvskog (F01) .............................................................................. 9
3.4. Lokalitet 3: Kystmyr (A08) ....................................................................................... 11
3.5. Lokalitet 4: Evjer, bukter og viker (E12) .................................................................. 12
3.6. Lokalitet 5: Gamal løvskog (F07) ............................................................................. 13
3.7. Lokalitet 6 og 7: Kystmyr (A07) ............................................................................... 15
3.8. Lokalitet 8: Rik edelløvskog (F01) ............................................................................ 17
3.9. Samla verdi for natur- og vegetasjonstypar i planområdet ........................................ 18
4. Verdivurdering av vilt og raudlisteartar som nyttar seg av planområdet ......................... 19
5. Naturverdien av planområdet ........................................................................................... 21
6. Planforslaget ..................................................................................................................... 22
7. Etablering av buffersone, samt andre avbøtande tiltak .................................................... 24
Referansar ................................................................................................................................. 25
1
1. Innleiing
Planområdet er lokalisert på Nordre Bildøy i Fjell kommune, og omfattar i hovudsak
eigedomane gnr. 34 bnr. 2, 3 og 4. Områdeplanen er ein offentleg plan som vert utarbeida av
Fjell kommune med Opus Bergen AS som plankonsulent. Området er i dag eit ubygd
naturområde, som er regulert til sentrumsføremål i overordna plan. Føremålet med ei
områderegulering for Nordre Bildøy er å gje formell heimel til å realisera utbygging.
Områdereguleringa skal fastlegge plassering og utforming av overordna infrastruktur, og kople
denne mot ekstern infrastruktur. Koplinga gjeld særleg veg, gang- og sykkelveg. Ein skal i
områdereguleringa vurdera overordna plangrep for ein bymessig bygningsstruktur og innhald,
og dele planområdet inn i delområde med sentrumsformål.
Det biologiske mangfaldet (terrestrisk og akvatisk) i planområdet er allereie
konsekvensutgreidd på kommunedelplannivå av Rådgivende Biologer AS (Spikkeland mfl.
2010). Fjell kommune har vurdert at områdereguleringa for SE1 Bildetangen ikkje er
konsekvensutgreiingspliktig. Det er likevel behov for noko utgreiing knytt til
områdereguleringa. Dette er heimla i føresegnene til kommunedelplan Bildøyna/ Sotra Kystby
2013-2024, der utredningskrava knyta til biologisk mangfald vert fastsett i §§ 3.4.9 og 3.4.10
at «Ved regulering skal ein for kvar einskild naturtype vurdera om det skal etablerast ei
buffersone med stadbunden vegetasjon mellom tiltak og lokalitet. (Pbl.§ 11-9 nr. 6 og 8).» og
vidare at «Ved regulering skal registrering av biologisk mangfald vere så detaljert at tiltaka
kan tilpassast verdifulle naturtypar. (Pbl.§ 11-9 nr. 6 og 8).»
På bakgrunn av §§ 3.4.9 og 3.4.10 i kommunedelplanen til Bildøyna/ Sotra Kystby 2013-2024
vart det utført ytterligare kartlegging av biologiske mangfald (juni 2014) i regi av Opus Bergen
AS. Vegetasjonen er kartlagt og skildra ved bruk av Direktoratet for naturforvaltnings handbok
nr. 13 (2007),Vegetasjonstypar i Noreg av Fremstad (1997) og Trua vegetasjonstypar i Norge
av Fremstad og Moen (2001). Vidare er verdi vurdert ved hjelp av Statens Vegvesen si handbok
nr. 140 (2006).
Målet med denne rapporten er å fylje opp krava til kommunedelplanen §§ 3.4.9 og 3.4.10, samt
samanlikne utstrekninga/storleik til dei allereie registrerte lokalitetane med informasjon
innhenta frå feltarbeid 2014. Ei detaljert registrering vil gjere det lettare å tilpasse planen for å
ivareta verdifull naturtypelokalitetar. Avbøtande tiltak og tilpassingar til verdifulle
naturtypelokalitetar, fugl og pattedyr, samt raudlista artar skal deretter føreslåast.
2
Figur 1.1: Planområdet (SE1) på Bildøy ved varsel av oppstart (kart er utarbeida av Opus Bergen
AS).
3
2. Metode og datagrunnlag
2.1. Eksisterande datagrunnlag
Vurdering av føreliggande kunnskap i planområdet er gjort på bakgrunn av gjennomgang
av tidlegare rapportar/registreingar i planområdet, samt innhenting av informasjon frå
ulike GIS-databaser. Informasjon om viltområder, naturtypar, sårbare og trua arter i og
rundt planområdet er henta frå nettstadene Naturbase, Artskart og Miljøstatus. Det
terrestrisk og akvatiske biologiske mangfaldet i planområdet har tidlegare blitt registret i
samband med utarbeiding av kommunedelplanen for Bildøya. Dette vart gjennomført i
2010 av Rådgivende Biologer AS. Biologiske mangfald i området S2- Staumsosen (KDP
Bildøyna/ Sotra Kystby 2013-2024 ) har også blitt kartlagt av Miljøfaglig utredning i 2014
(Flynn 2014). Datagrunnlaget vert difor vurdert til å vera svært godt, men utifrå tiltaket
sin karakter var det likevel naudsynt med supplerande feltundersøkingar.
2.2. Feltundersøkingar
Feltundersøkingar vart utført 7 juli 2014. Hovudfokuset var å fastsetje utstrekninga til dei
tidlegare registerte naturtypane i planområdet, samt og vurdere om det var fleire områder
som skilte seg ut som eigne naturtypar. Artsregisteringar i botn-, felt-, busk- og tresjiktet er
basert på visuell artsfastsetting og kategorisert ettersom arten var dominant, vanleg eller
berre eit innslag. Problematiske artar vart samla inn og artsbestemt i etterkant av
feltarbeidet. Kvar lokalitet samt viktige naturelement vart i tillegg registrert med
handhalden GPS (Garmin) og fotografert med Canon EOS 30D.
2.3. Fastsetjing av utstrekning på lokalitetane
Utstrekninga av naturtypelokalitetane vart fastsett utifrå GPS-data frå feltarbeid 2014,
samt ortofoto. Utstrekning av dei tidlegare registrerte naturtypar vart tilsendt som shape-
filer frå Rådgivende Biologer AS og vidare samanlikna med våre GPS-data. Resultata er
framstilt i kap. 3.
4
2.4. Kriterier for verdisetting av naturmiljø Fagtemaet naturmiljø omhandlar i denne rapporten naturtypar, vegetasjonstypar og arts-
førekomstar som har ein verdi for dyr og planter sitt levegrunnlag. Naturtypar er registrert
og verdisett med bruk av Direktoratet for Naturforvaltning si handbok nr. 13, sist
oppdatert 2007 (DN-13). For kartlegging og verdisetting av vegetasjonstypar og
naturtypar vert kriterier frå DN-13 nytta, Vegetasjonstypar i Norge (Fremstad 1997) og
Truete vegetasjonstyper (Fremstad og Moen 2001). Kriteria i dei nemnte handbøkene er
dei mest brukte for kartlegging og forvaltning av områder som er viktige for
biomangfaldet på kommunalt nivå (Fig.2.2). Ei revidert DN-handbok for kartlegging av
naturtypar på land og ferskvatn skal vera klar til feltsesongen 2015, og i samband med
dette er det lagt ut offentlege dokument som synar ei oversikt over nye naturtypar/faktaark
(Revidert DN-handbok 2014). Denne litteraturen har blitt brukt som støttelitteratur i
verdifastsetjinga av naturtypane. Funksjonsområdet for vilt er vurdert med bakgrunn i
metodikken i Direktoratet for naturforvaltnings håndbok nr. 11 (DN-11) frå 2000. DN-11
skildrar korleis viltområder skal vektast med omsyn på artens verdi, funksjonsområdets
verdi for arten og trusselnivå for arten sitt funksjonsområde. Vekttala spenner frå 1 til 5,
der 5 er høg nasjonal/internasjonal verdi (Direktoratet for naturforvaltning 2000).
Områder med førekomst av prioriterte artar jf. forskrifter om prioriterte arter (2011) eller
med førekomst av nasjonalt prioriterte naturtypar jf. Forskrift om utvalgte naturtyper
(2011) vil vektast meir enn dei resterende kriteria i ei verdisamanheng.
Kriterier som vert brukt for kartlegging og verdisetting av naturtypar og vegetasjonstypar i Direktoratet for
naturforvaltning handbok 13 (2007):
Funksjonsområde for raudlisteartar (verdien aukar med antal og trusselgrad)
Område for trua vegetasjonstypar
Kontinuitetsområder (verdien aukar med miljøet sin alder)
Artsrike naturtypar
Sjeldne naturtypar (Nasjonalt og regional)
Viktig biologisk funksjon
Spesialiserte artar og samfunn
Naturtypar med høg produksjon
Sterk tilbakegong
Grad av tekniske inngrep (tekniske inngrep reduserer verdien)
Trua vegetasjonstypar (Fremstad og Moen 2001) er vurdert på grunnlag av:
Vegetasjonstypen sin førekomst og utbreiing.
Representasjon i verneområder.
Kor utsette dei er for prosesser som verkar negativt på dei; kva for nokre faktorar som er virksomme og følgande av
desse.
Naturtypane vert kategorisert etter DN- handbok 13 med tre kategoriar:
A: Svært viktige lokaliteter med raudlisteartar i kategoriane kritisk trua og sterkt trua eller der det er sannsynleg med slike førekomstar.
B: Viktige lokaliteter med raudlisteartar i kategorien sårbar, eller det er sannsynleg med slike førekomstar. Lokaliteter med fleire arter i kategorien nær trua.
C: Lokalt viktige lokalitetar med lokalt sjeldne naturtypar eller artar.
Kategoriar for raudlisteartar (Norsk raudliste for arter, 2010):
EX: Utdødd
EW: Utdødd i vill tilstand
RE: Regionalt utdødd
CR: Kritisk trua
EN: Sterk trua
VU: Sårbar NT: Nær trua
DD: Datamangel
Figur 2.1. Kriterier brukt i skildring og verdisetting av natur- og vegetasjonstyper henta frå DN-13 og
Fremstad 1997, samt oversikt over de ulike kategoriene i Norsk raudliste for arter (2010).
5
2.5. Registrering og vurdering av verdi Vurdering av verdi er basert på metodikk skildra i Statens Vegvesens handbok 140 (2006).
For å kome fram til riktig verdisetting vert kriteria i tabell 2.1 brukt. Vidare vert endeleg verdi
fastsett langs ein kontinuerleg skala frå liten verdi til stor verdi (Fig.2.2).
1 Veier, jernbane, kraftlinjer, vassdragsutbygging etc. regnes som tyngre inngrep. Inkluderer buffersonen mellom
inngrepet og grensen for det inngrepsfrie området (INON).
Stor verdi Middels verdi Liten verdi
Naturtypar
Kjelde: DN- handbok 13
(2007), NVE-rettleiar 3
(2009).
Naturtypar i verdikategori
A (svært viktig) for
biologisk mangfald.
Naturtypar i verdikategori
B (viktig) eller C (lokalt
viktig) for biologisk
mangfald.
Områder med biologisk
mangfald som er
representativt for distriktet.
Vegetasjonstype
Kjelde: Fremstad og Moen
(2001), NVE-rettleiar 3
(2009).
Områder med
vegetasjonstypar i
kategoriane: «akutt truet»
og «sterk truet».
Områder med
vegetasjonstypar i
kategoriene: «noe truet» og
«hensynskrevende».
Andre områder.
Raudlisteartar og vilt
Kjelde Norsk Raudliste 2010,
DN-handbok 11 (2000) og
States vegvesen-handbok 140
(2006).
Områder med stort
artsmangfald i nasjonal
målestokk.
Leveområder for arter i dei
strengaste kategoriane
«kritisk trua» (CR) og
«sterk trua» (EN)
- Områder med førekomstar
av fleire raudlistearter
Viltområder og vilttrekk
med viltvekt 4-5.
Områder med stort
artsmangfald i lokal eller
regional målestokk.
Leveområder for arter i dei
lågaste kategoriane på
nasjonal raudliste: «sårbar»
(VU), «nær trua» (NT) og
«datamangel» (DD).
Viltområder og vilttrekk med
viltvekt 2-3.
Områder med arts- og
individmangfald som er
representativt for distriktet.
Viltområder og vilttrekk med
viltvekt 1.
Inngrepsfrie og
samanhengande
naturområder, samt andre
landskapsøkologiske
samanhengar
Kjelde : States vegvesen-
handbok 140 (2006).
Områder over 3 km frå
nærmaste tyngre inngrep.
Områder med nasjonal,
landskapsøkologiske
betydning.
Områder over 1 km frå
nærmaste tyngre inngrep1.
Samanhengande områder
(over 3 km2) med et urørt
preg.
Områder med lokal eller
regional
landskapsøkologiske
betydning.
Områder av ordinær
landskapsøkologisk
betydning.
Tabell 2.1: Kriterier for verdisetting av biologisk mangfald: natur- og vegetasjonstypar,
raudlisteartar og vilt
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 2.2. Skala for verdisetting av
naturmiljø basert på kriteria i tabell
6
3. Naturtypar i planområdet Planområdet har tidlegare blitt undersøkt i samband med utarbeiding av konsekvensutgreiing
for kommunedelplan for Bildøyna/ Sotra Kystby (Spikkeland mfl. 2010), konsekvensutgreiing
i samband med fastlandssambandet RV555 Sotra-Bergen (Overvoll mfl. 2008) og
områderegulering for Staumsosen (merka som SE2 i KDP) (Flynn 2014). Då vart det registert
6 ulike naturtypar innanfor planområdet. I samband med feltundersøkingane utført sumaren
2014, vart det i tillegg kartlagt to naturtypelokalitetar til. To av desse ligg innanfor
planområdet og ein lokalitet ligg delvis utanfor (sørvest for plangrensa) Alle naturtypane
innanfor planområdet er framstilt i Fig.3.1. Naturtypane som er farga raude er lokalitetane der
utstrekninga er den same som Spikkeland mfl. (2010). Naturtypane som er farga grøne er
lokalitetar der utstrekninga er blitt endra eller nye registrete naturtypelokalitetar. Vidare
informasjon av dei enkelte naturtypane, vert skildra i komande delkapittel.
Figur 3.1. Registerte naturtypar innanfor planområdet. Naturtypane som er farga raude er lokalitetane der
utstrekninga er den same som i rapporten til Spikkeland mfl. (2010). Naturtypane som er farga grøne er
lokalitetar der utstrekninga er blitt endra/ tilført nye naturtypelokalitetar
7
3.1. Generelle trekk ved planområdet
Bildøy har ein relativt beskytta lokalitet i midtre kystsone, mellom øyene Sotra (vest) og
Litlesotra (aust). Bildøy ligg innanfor sterkt oseaniske vegetasjonsseksjonen (O3) og
vintermild underseksjon (O3t) (Fremstad og Moen 2001). Underseksjonen er kjent for eit
planteliv med særleg frostvare artar (Moe 2003). Vidare er heile planområdet prega av eit
skrint jordsmonn, noko som gjer at det vert frigjort lite mineraler til jord. Naturen i
planområdet inneheld mindre skogsområder, samt parti med myr (Fig.3.2). Dei mindre
skogsområda er i hovudsak lokalisert i den sørlege- og nordvestlege delen av planområdet.
Skogsområda er ein blanding av planta skog i form av sitkagran og buskfuru, men også
områder med gamal lauvskog med treartar som hassel, osp, bjørk og rogn. Myrpartia er i
hovudsak lokalisert frå Holmavatnet og lengre nordaust i planområdet.
Figur 3.2. A) Deler av ospeholt helt nord i planområdet B) Oversiktsfoto frå den nordlege delen av
Holmavatnet C) Kystmyr som ligger i samband med Holmavatnet.
A)
B) C)
8
3.2. Lokalitet 1: Rik edellauvskog (F01)
Tidligare skildring samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Undersøkinga utført av Overvoll mfl. (2008) er basert på feltarbeid i samband med
fastlandssambandet RV555 Sotra-Bergen. I tillegg undersøkte Spikkeland mfl. (2010) i
samband med konsekvensutgreiing av kommunedelplan på Nordre Bildøy. Naturtypen er
vurdert til å vera ein rik edellauvskog (F01) med utforminga rikt hasselkratt etter DN-13
(2007) og vegetasjonstypen er vurdert til å vera rikt kyst-hasselkratt (D2c) etter Fremstad
(1997). Vegetasjonstypen er sterkt trua (EN) jf. Fremstad og Moen (2001). I rapporten til
Overvoll mfl. (2008) vert det nemnt at lokaliteten inneheld vestvendt stein og grenser til ein
bratt skråning/bergvegg. Den kan difor vera viktig for den tilknytte kryptogamfloraen.
Lokaliteten har i ettertid blitt lagt inn i naturbase, men skildring av lokaliteten er då blitt noko
endra. I Naturbase vert bergveggen omtalt som nordvendt kystberg og kystkrattareal.
Artsmangfaldet ved lokaliteten har allereie blitt grundig skildra av Overvoll mfl. (2008) og
Spikkeland mfl. (2010) og i samband med supplert feltarbeid av Opus Bergen 2014 vart det
ikkje registert andre artane enn det som tidlegare har blitt registert. Det observert søppel, samt
rester av noko som såg ut som gamle material frå hus ved lokaliteten.
Figur 3.3. A) Lokalitet 1 er vurdert til å vera eit rikt hasselkratt med vegetasjonstypen rikt kyst-
hasselkratt B) Lavobservasjon nær bergveggen, som truleg tilhører ordenen årenever.
Vurdering utstrekning og verdi
I rapporten til Overvoll mfl. (2008) er storleiken på lokaliteten ikkje oppgitt, men arealet er
oppgitt i naturbase er ca. 0,5 daa. Etter samanlikning av tidlegare data med data frå feltarbeid
2014, vert lokaliteten vurdert til å vera noko større enn den som allereie er registert i
naturbase. Den nye utstrekninga er på om lag 800m2 = 0,8 daa.
Tidelegare verdivurderingar har vore basert på at hasselkrattet er ein liten lokalitet, samt at det
heller ikkje gjort nokre spesielle artsfunn. Verdien er difor satt til å vera lokal viktig verdi (C-
verdi) (Overvoll mfl. 2008, Spikkeland mfl. 2010). Etter observasjonar gjort under feltarbeid
2014, vert lokaliteten under tvil vurdert som ein C-lokalitet. Dette er på bakgrunn av at
hasselkratt er generelt avhengig av skjøtsel for at dei ikkje skal bli for tettvokste, noko som
igjen kan føre til eit lågt artsmangfald. Det aktuelle hasselkrattet er nokså gjengrodd med
mellom anna selje og rødhyll, i tillegg veks gran og edelgran i nærleik av lokaliteten. Det vart
heller ikkje observert nokon av signalartane for hasselkratt nemnt i Fremstad og Moen (2001).
Typiske hasselkratt er ofte prega av gras og urter i staden for lyngvekstar. Den aktuelle
lokaliteten inneheld for det meste mosekledde blokkmark og det er det eit lågt innslag av gras
A) B) B)
9
og urter. Oppslag av platanlønn og gran vil på sikt vera ein trussel for hasselkrattet fordi det
kan utkonkurrere hasselen. Truleg har den planta grana (eit mindre felt like vest for
lokaliteten) og opphør av beite innskrenka hasselkrattet si utbreiing. Likevel er utforminga til
lokaliteten rikt kysthasselkratt (EN) ein trua naturtype og denne verdien vidareførast
rapporten.
I naturbase er lokaliteten omtalt som ein nordvendt lokalitet, men den aktuelle bergveggen
nær hasselkrattet er derimot vestvendt. I nytt utkast til fakta-ark for naturtypen er det nye
namnet på naturtypen oseanisk berg (Jordal 2014). Av tekniske definisjonar har mellom anna
storleiken krav om å vere over 0,5 daa. Storleikvert vurdert som ein av dei viktigaste
parameterane for verdisetting av naturtypen oseanisk berg, på grunn av at miljøvariasjonen og
artsmangfaldet aukar vesentleg med arealet. Sjølve bergveggen ved hasselkrattet har eit areal
som er mindre enn 0,5 daa. Under synfaringa i juni 2014 vart det gjort nokre funn av lav nær
bergveggen. Desse funna er kontrollert opp mot raudlista, og tilhøyrer truleg ordenen
årenever (Lecanorales) som vart funnen (sjå bilde i Fig.3.3). Ein kan sjå bort frå huldrenever
og bred grønnever, som er dei to raudlista artane for innan slekta. Desse artane vekst fyrst og
framst i Midt- og Nord-Noreg og ble ikkje observert i lokaliteten.
Verdien vert difor vurdert til å vera lokalt viktig (C-verdi). Dette er den same verdien som
Spikkeland mfl. (2010) kom fram til og tilsvara ein middels verdi jf. kap. Kap 2.5: registrering
og vurdering av verdi (Fig. 3.4).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.4. Verdien til delområdet 1 er satt til middels
3.3. Lokalitet 2: Gamal lauvskog (F01)
Tidligare skildring samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Lokaliteten er tidlegare skildra av Spikkeland mfl. (2010) i samband med
konsekvensutgreiing av kommunedelplan på Nordre Bildøy. Naturtypen vart då vurdert til å
vera ein gamal edelauvskog (F07) med utforminga gamle ospeholt jf. DN-13 (2007). Det vart
også observert ein god del bjørk , hassel, samt noko gadd og læger av osp og bjørk. I felt- og
busksjiktet inngår en del blåbær og einer. Ei utfyllande artsliste med blant anna epifyttfloraen
er inkludert i rapporten til Spikkeland mfl. 2010.
Vegetasjonsutforminga vert ikkje nemnt i rapporten til Spikkeland mfl. (2010), men den vert
vurdert til å vera ein blanding av blåbærskog (A4) og lavurtskog (B1). Dette baserar seg på
tidlegare registerte artar og data frå eige feltarbeid 2014. Ingen av vegetasjonstypane er
vurdert som trua jf. Fremstad og Moen (2001).
10
Figur 3.5. A) Lokalitet 2 er vurdert til å vera eit gamal edellauvskog med utforminga gamle ospeholt
B) Deler av utstrekningen til ospeholtet langs Holmavatnet.
Vurdering utstrekning og verdi
Etter samanlikning av tidlegare data med data frå feltarbeid 2014, vert utstrekninga av
lokaliteten vurdert til å samsvara og den vert difor ikkje endra. Lokaliteten har eit totalareal på
om lag 1900 m2 = 1,9 daa.
Gamle ospeholt kan ofte vera artsrike biotopar. Barken til ospa er næringsrik og heller ikkje
for sur, slik at den kan bli nytta av mange ulike organismegrupper (DN-13 2007). Det er
likevel ikkje tidlegare registert sjeldne artar, epifyttartar eller likande innanfor denne
lokaliteten (Spikkeland mfl. 2010, supplert feltarbeid 2014). Verdikriteria knytt til gamal
lauvskog er blant anna basert på at det skal vera kontinuitet i tresjiktet (både yngre og eldre tre
i lokaliteten) og mengda dødt trevirke jf. DN-13 (2007). Desse kriterane vert delvis fylgt opp i
nytt utkast til naturtypeskildring (Jansson mfl. 2014). Minstearealet for ein lokalitet er sett til
2 daa, samt at ein også må fastsetje kor mange gamalskogelement lokaliteten inneheld.
Lokalitet 2 inneheld for det meste unge tre, men det er noko dødt trevirke i form av både gadd
og læger. Lokalitet 2 er ein liten lokalitet, det er registert få artar og ingen av dei var
raudlisteartar. Verdien vert difor vurdert til å vera lokalt viktig (C-verdi). Dette er den same
verdien som Spikkeland mfl. (2010) kom fram til og tilsvara ein liten-middels verdi jf. kap.
Kap 2.5: registrering og vurdering av verdi (Fig. 3.6).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.6. Verdien til lokalitet 2 er satt til middels
A) B)
11
3.4. Lokalitet 3: Kystmyr (A08)
Tidligare skildring samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Lokaliteten er tidlegare skildra av Spikkeland mfl. (2010) i samband med kommunedelplan på
Nordre Bildøy. Lokalitet 3 er tidlegare blitt vurdert til å vera ei kystmyr (A08) med
utforminga blanding av nedbørs- og jordvassmyr jf. DN-13 (2007). Vegetasjonen er skildra
som ei fattig tuemyr (K2) og fattig fastmattemyr (K3). Vegetasjonstypen er ikkje omtalt som
trua jf. Fremstad og Moen (2001).
I samband med supplert feltarbeid av Opus Bergen 2014 vart det under feltarbeidet observert
at vassføring i bekken ut til Holmavatnet var stilleståande, mens det var noko betre lengst aust
i myra. Kantsona til myrområdet var dominert av ombrogene tuer, og fastmatte der vier var
vanleg i busksjiktet, samt røsslyng og blokkebær dominerte i feltsjiktet. Bjørneskjegg,
skrubbebær, engsoleie, tepperot, rome veks stadvis langs kantsona. Elles veks det fleire ulike
graminider, deriblant flaskestarr. Midtre del av myra er det fleire tuer med innslag av røsslyng
og klokkelyng, mens flaskestarr og flekkmarihand dominerer på fast- og mykmattene.
Flekkmarihånd og rome er mellom anna typiske kystmyrartar (DN-13 2007).
Figur 3.7. A) Lokalitet 3 er vurdert til å vera ei kystmyr med utforminga blanding av nedbørs- og
jordvassmyr B) Det vart observert arten flekkmarihand som er ein typisk kystmyrart.
Vurdering av utstrekning og verdi
Etter samanlikning av tidlegare data med data frå feltarbeid 2014, vert utstrekninga av
lokaliteten vurdert til å vera den same. Utstrekninga vert difor ikkje endra og lokaliteten har
eit totalareal på om lag 4000 m2= 4 daa.
Myrområder langs kysten har vore i sterk tilbakegong og dette gjeld særlig i den boreonemorale
vegetasjonssona. Desse områda har ofte ein viktig landskapsøkologisk funksjon, samt er viktig
for det biologiske mangfaldet (DN-13 2007, Lyngstad mfl. 2014). Teknisk inngrep og storleik
er dei tyngste faktorane når det gjeld kriterier for verdisetting av kystmyrer (DN-13 2007).
Førekomst av terrengdekkande myr og høgmyr i alle storleikar er også rekna som svært viktige
førekomstar av naturtypen jf. DN-13 (2007). Desse kriterane fylgjas opp i nytt utkast til
naturtypeskildring, men faktorane er her skjematisk framstilt for å få ein lettare verdsetting av
naturtypen (Lyngstad mfl. 2014). Lokalitet 3 har ingen eller få tekniske inngrep og vert rekna
som intakt. Det vart heller ikkje observert framande arter, som buskfuru eller sitkagran, ved
lokaliteten. Desse utgjer ofte ein trussel for kystmyrane i Noreg. Myra kan truleg skildrast som
A) B)
12
ein kombinasjon av planmyr (flat eller noko hellande ombrotrof myr) og flatmyr (minerotrof
myr i flatt terreng). Storleiken på myra er like under 5 daa og myra ligg i boreonemoral sone.
Etter ny naturtypeskildring vil ein sette C (lokal viktig) verdi på myra (Lyngstad mfl. 2014).
Dette er den same verdien som Spikkeland mfl. (2010) kom fram til. Verdien tilsvara ein
middels jf. kap. Kap 2.5: registrering og vurdering av verdi (Fig. 3.8).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.8. Verdien til lokalitet 3 er satt til middels
3.5. Lokalitet 4: Evjer, bukter og viker (E12)
Tidligare samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Lokaliteten er tidlegare skildra av Spikkeland mfl. (2010) i samband med kommunedelplan på
Nordre Bildøy. Lokaliteten ligg i nordenden av Holmavatnet og i vestre del renner
utløpsbekken frå Holmavatnet ned mot sjøen. Naturtypen er blitt skildra som evjer, bukter og
viker (E12) og vegetasjonen omfattar blant anna sneller, starrartar, flytebladvegetasjon.
Lokaliteten er dominert av flaskestarr, kvit nøkkerose, kysttjønnaks, elvesnelle og bukkeblad.
Vegetasjonstypen er ikkje oppgitt i rapporten frå 2010. Artsmangfaldet registert i 2010, samt
supplert informasjon frå feltarbeid 2014 tyder det på at lokaliteten har ein vegetasjonstype
som fell under langskots-vegetasjon (P1) jf. Fremstad (1997). Vegetasjonstypen er ikkje rekna
som trua jf. Fremstad og Moen (2001). I bekkeutløpet i vest veks blant anna grøftesolei, og i
tilstøytande myrområde veks pors, bukkeblad, einer, røsslyng, poselyng, rome og torvmyrull
og ulike torvmosar.
Figur 3.9. A) Lokalitet 4 er lokalisert nord i Holmavatnet. B) Lokaliteten er vurdert til å vera evjer, bukter og
viker med vegetasjonstypen langskots-vegetasjon.
A) B)
13
Vurdering utstrekning og verdi
Etter samanlikning av tidlegare data med data frå feltarbeid 2014, vert utstrekningen av
lokaliteten vurdert til å vera den same. Utstrekninga vert difor ikkje endra og lokaliteten har
eit totalareal på om lag 1450 m2 = 1,45 daa.
Verdikriteria for naturtypen evjer, bukter og viker er blant anna basert på at vegetasjonsrike
lokalitetar av ein viss storleik karakterisert vert vurdert som viktige lokalitetar jf. i DN-13
(2007). Miljødirektoratets nye rettleiar i naturtypekartlegging har i tillegg tilført verdikriteria
hyppighet av naturtypen i regionen, samt innslag av framande artar (Olsen mfl. 2014). Lokalitet
4 har ein liten utstrekning. Den inneheld få artar og det vert ikkje registert raudlisteartar under
feltarbeidet utført i 2010 eller under feltabeidet i 2014. Lokaliteten vert på grunnlag av desse
verdikriteria vurdert til å vera lokalt viktig (C-verdi) og denne verdien er den same i rapporten
til Spikkeland mfl. (2010). Den svarar til ein liten-middels jf. kap. Kap 2.5: registrering og
vurdering av verdi (Fig. 3.10).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.10. Verdien til lokalitet 4 er satt til liten-
middels
3.6. Lokalitet 5: Gamal løvskog (F07)
Tidligare skildring samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Lokaliteten er tidelgare skildra av Spikkeland mfl. (2010) i samband med kommunedelplan på
Nordre Bildøy. Området ligg omkring ei lita vik med lausmassestrand, Søre Alpavika,
nordvest på Bildøy. Naturtypen har blitt skildra som ein gamal lauvskog (F07) med
utforminga ospeholt jf. DN-13 (2007). Vegetasjonstypen er i hovudsak blåbærskog (A4) jf.
Fremstad 1997. Denne vegetasjonstypen er ikkje rekna som trua jf. Framstad og Moen
(2001).Tidlegare skildringar av lokaliteten tilseier at ospeholtet inneheld mykje ung lauvskog,
få arter og ingen registret raudlisteartar. Epifyttflora på ospene er vurdert til å vera fattig.
Feltsjiktet er dominert av blåbær, med innslag av røsslyng, marimjellart og vivendel.
Naturtypen er vurdert til å vera intakt, men grenser mot eit buskfurubestand i sør (under
ekspansjon).
Artsmangfaldet ved lokaliteten har allereie blitt grundig skildra av Spikkeland mfl. (2010) og
i samband med supplert feltarbeid av Opus Bergen 2014 vart det ikkje registert andre artane
enn det som tidlegare har blitt registert.
14
Figur 3.11. A) Lokalitet 4 er lokalisert nord i planområdet og vurdert til å vera ein gamal med lauvskog med
utforminga ospeholt. B) Deler av utstrekningen til lokalitet 5 sett frå Søre Alpavika.
Vurdering utstrekning og verdi
Etter samanlikning av tidlegare data med data frå feltarbeid 2014, vert lokaliteten vurdert til å
vera noko større enn den som allereie er registert i naturbase. Tidlegare totalareal er vurdert til
å vera 3,2 daa. Den nye utstrekninga er vist i Fig.3.1 og totalareal er på om lag 4500 m2 = 4,5
daa.
Som tidlegare nemnt er kontinuitet i tresjiktet, samt innslag av død trevirke viktige faktorar
når det gjeld kriterier for verdisetjing av naturtypen gamal lauvskog jf. DN-13. Desse
kriterane vert delvis fylgt i nytt utkast til naturtypeskildring (Jansson mfl. 2014).
Minstearealet for ein lokalitet er sett til 2 daa, samt at ein også må fastsetje kor mange
gamalskogelement lokaliteten inneheld. Lokalitet 5 er relativt liten og det finst generelt lite
dødt trevirke (gadd og læger). Ospeholtet inneheld for det meste unge trær. Det blei registert
få arter under feltundersøkinga i 2014 og verdien vert difor vurdert til å vera lokalt viktig (C-
verdi). Verdien er vurdert til å vera den same i rapporten til Spikkeland mfl. (2010). Denne
verdien svarar til ein liten-middels verdi jf. kap. Kap 2.5: registrering og vurdering av verdi
(Fig. 3.12).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.12. Verdien til lokalitet 5 er satt til liten-
middels
A) B)
15
3.7. Lokalitet 6 og 7: Kystmyr (A07)
Tidligare skildring samt supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Lokalitet 7 er tidlegare skildra av Flynn (2014) på oppdrag frå Asplan Viak i samband med
områdeplan for Staumsosen på Bildøy. Den kartlagde lokaliteten ligg utanfor planområdet,
der Flynn (2014) utførte feltundersøkingane sine, men myra vart likevel med i
utredningsrapporten. Lokalitet er blitt skildra etter NiN-systemet som ei ombrogen myrflate-
tue (V6-1) i kantsonen er det tendensar til ombrogen myrkant (V7-1) med bjørk og furu
(buskfuru) og kalkfattig kystfukthei jf. Halvorsen mfl. (2009). Artsmangfaldet ved myra vert
skildra som fattig. Torvmosar dominerer i botn og elles noko blåtopp. Vidare veks det rome,
røsslyng, myrull og soldogg i feltsjiktet. Det er innslag av kystmyrklegg i kantsona. Deler av
myra er grøfta og planta med gran, men det meste står forholdsvis urørte. Myra gror att med
buskfuru, som er ein høg risiko framandart.
I samband med supplert feltarbeid av Opus Bergen 2014 vart lokaliteten ytterligare avgrensa,
samt utført supplerande artsregistreringar. Det vart også registert ei myr (lokalitet 7) ca. 50
meter (luftlinje) frå lokalitet 6. Sjølv om myrene ligg relativt nære kvarandre, vert dei vurdert
til å vera to ulike lokalitetar. Dette er på grunn av at det veks eit vegetasjonsbelte, med blant
anna buskfuru, mellom myrene. Lokalitet 7 har ikkje tidlegare blitt skildra og den har mange
av dei same kvalitetane og artsmangfaldet som lokalitet 6. Den vert difor inkludert i same
delkapittel og verdivurdert saman med lokalitet 6. Begge myrene inneheld både ombrogene
tuer og fastmatte. I botnsjiktet vart det registert ulike tovmosar blant anna kjøttorvmose. I
feltsjiktet vart flekkmarihand, rome, myrull, tepperot og røsslyng registert. I randsona veks
bjørk, furu og rogn og dei fleste trea er rundt 1-2 meter. Lokalitet 6 og 7 vert vurdert til å vera
to kystmyrer (A07), jf. DN-13 (2007). Kystmyrer omfattar oseaniske nedbørsmyrer og andre
intakte låglandsmyrer i kystområda (Lyngstad mfl. 2014).Vegetasjonstypen er vurdert til å
vera fattig tuemyr (K2) og fattig fastmattemyr (K3). Vegetasjonstypen er ikkje omtalt som
trua jf. Fremstad og Moen (2001).
A) B)
16
Figur 3.13. A) Lokalitet 6 har tidlegare blitt skildra som ei kystmyr B) Vegetasjonstypen er vurdert
til å vera fattig tuemyr og fattig fastmattemyr C) Lokalitet 7 har ikkje tidlegare blitt skildra, også denne
lokaliteten er vurdert til å vera ei kystmyr D) Rotvelt av ei furu like ved lokalitet 7.
Vurdering utstrekning og verdi
Det totale arealet til lokalitet 6 er vurdert til å vera noko mindre enn oppgitt i rapporten Flynn
(2014). Den nye utstrekninga er vist i Fig. 3.1. og totalarealet er på om lag 4300 m2 = 4,3 daa,
samanlikna med tidlegare skildring der totalarealet var om lag 6,9 daa stor. Lokalitet 7 er målt
til å vera ei myr på om lag 1800 m2= 1,8 daa.
Som tidlegare nemnt har myrområda langs kysten vore i sterk tilbakegang og dette gjeld særleg
myr i den boreonemorale vegetasjonssonen. Teknisk inngrep og storleiken til myra er dei
tyngste faktorane når det gjeld verdisetting av kystmyrer jf. DN 13 (2007). Førekomst av
terrengdekkande myr og høgmyr i alle storleikar er også rekna som svært viktige førekomstar
av naturtypen jf. DN-13 (2007). Desse kriterane vert fylgt opp i nytt utkast til
naturtypeskildring, men faktorane er skjematisk framstilt for ein lettare verdvurdering av
naturtypen (Lyngstad mfl. 2014). Deler av lokalitet 7 er grøfta og planta med gran, men
mesteparten er urørt. Det vart også registert meir buskfuru både ved lokalitet 6 og 7, samanlikna
med kystmyra ved Holmavatnet. Buskfuru er ein framandart, som utgjer ein stor trussel for
kystmyrer i Noreg. Lokalitet 6 og 7 kan truleg skildrast som ein kombinasjon av planmyr (flat
eller noko hellande ombrotrofmyr) og flatmyr (minerotrof myr i flatt terreng). Storleiken på
begge myrene er under 5 daa og begge ligg i boreonemoral sone. Etter ny naturtypeskildring
vil ein sette C (lokal viktig) verdi på begge myrene (Lyngstad mfl. 2014). Flynn (2014) vurderte
lokalitet 6 til å vera under tvil, ein C-lokalitet. Denne verdien tilsvara ein liten-middels verdi jf.
kap. Kap 2.5: registrering og vurdering av verdi (Fig. 3.13).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.13. Verdien til lokalitet 6 og 7 er satt til
liten- middels.
D)
C) D)
C)
17
3.8. Lokalitet 8: Rik edelløvskog (F01)
Supplerande informasjon frå feltarbeid 2014
Delvis innanfor den sørvestlege plangrensa, er det enda ein førekomst av rik edellauvskog
(F01) med utforminga rikt hasselkratt jf. DN-13 (2007). Denne lokaliteten har ikkje tidlegare
blitt kartlagt eller skildra. Hasselkrattet utgjer eit smalt belte langs ei allereie registert
naturbeitemark jf. Spikkeland mfl. (2010). Dette hasselkrattet veks i likskap med lokaliteten
lenger aust delvis i blokkmark og det er lite lystilgong på store delar av lokaliteten.
Jordsmonnet ved lokaliteten er skrint og bergtypen er av same harde type som lokaliteten
lenger aust. Det var låg artsdiversitet i feltsjiktet og busksjikt var fråverande. Moseartar som
for eksempel kystkransemose dominera i botnsjiktet. Like ved lokaliteten veks det en stor
gamal rogn, elles er det hassel som dominerer tresjiktet.
Figur 3.14. A) Lokalitet 8 er vurdert til å vera eit rikt hasselkratt og ligge like utanfor planområdet ved ei
tidlegare registert naturbeitemark. B) Det var ein låg artsdiversitet i feltsjiktet og busksjikt var fråverande.
Vurdering utstrekning og verdi
Lokalitet 8 har ikkje tidlegare blitt skildra og avgrensa er som vist i kartutsnittet (Fig.3.1) og
har ein storleik på ca. 380 m2 = 0,3 daa. Rike edelauvskogar førekjem ofte i fragmentert og i
små populasjonar. Typiske hasselkratt er ofte prega av gras og urter i staden for lyngvekstar.
Denne lokalitten, slik som lokalitet 1, inneheld for det meste mosekledde blokkmark og det er
eit lågt innslag av gras og urter. Til skilnad frå lokaliteten lengre aust vert lokalitet 9 heldt i
hevd(beiting frå sau). Ein kan difor seia at lokaliteten i vest er meir intakt enn den førstnemnte
lokaliteten i aust. Til tross for storleiken er mykje mindre samanlikna med lokalteten lenger
aust, vil det kontinuerlege beitetrykket auke verdien til hasselkrattet som ligg lenger vest i
planområdet (Fig.3.14). I tillegg er det ingen framandartar innanfor lokaliteten. Kontinuiteten
i tresjiktet er god, ein blanding av gamal og unge trær. Verdien her er difor også vurdert til å
vere C- lokal viktig. Verdien tilsvara ein middels verdi jf. kap. Kap 2.5: registrering og
vurdering av verdi (Fig. 3.15).
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 3.15. Verdien til lokalitet 8 er satt til middels
A) B)
18
3.9. Samla verdi for natur- og vegetasjonstypar i planområdet
Den samla natur- og vegetasjonsvurderinga av plan og influensområdet er vurdert til å vera
liten-middels. Verdien er basert på dei åtte ulike registerte natur- og vegetasjonstypane.
Lokalitet 1,2,3 og 8 fekk høgast verdi utifrå dei registert naturtypane.
Tabell 3.1. Oversikt over dei åtte ulike lokalitetane og verdien til kvar lokalitet, samt den samla
verdien for plan- og influensområdet.
Lokalitet
Naturtype
Verdigrunnlag
Verdi
Liten--------Middels----------Stor
Lokalitet 1
Rik edellauvskog (F01)
Utforming: rikt hasselkratt
Hasselkrattet er ein liten lokalitet, samt at
det heller ikkje gjort nokre spesielle
artsfunn.
|-------------------|------------------|
Lokalitet 2
Gamal edellauvskog (F07)
Utforming: gamle ospeholt
Lokaliteten inneheld for det meste unge
tre, men det er noko dødt trevirke i form
av både gadd og læger. Lokalitet 2 er ein
liten lokalitet, det er registert få artar og
ingen av dei var raudlisteartar.
|-------------------|------------------|
Lokalitet 3
Kystmyr (A08)
utforming: blanding av
nedbørs- og jordvassmyr
Lokaliteten har ingen eller få tekniske
inngrep og vert rekna som intakt. Det
vart heller ikkje observert framande arter.
Myra kan truleg skildras som ein
kombinasjon av planmyr og flatmyr.
Storleiken på myra er like under 5 daa og
myra ligg i boreonemoral sone.
|-------------------|------------------|
Lokalitet 4
Evjer, bukter og viker (E12) Lokalitet 4 er ein mindre lokalitet av liten
utstrekning. Den inneheld få artar og det
vert ikkje registert raudlisteartar under
feltarbeidet utført i 2010 eller under
feltabeidet i 2014
|-------------------|------------------|
Lokalitet 5
Gamal edellauvskog (F07)
Utforming: gamle ospeholt
Lokalitet 5 ein relativt liten og det finst
generelt lite dødt trevirke. Ospeholtet
inneheld for det meste unge trær. Det ble
registert få arter under feltunderøkinga i
2014.
|-------------------|------------------|
Lokalitet 6 og 7
Kystmyr (A08)
utforming: blanding av
nedbørs- og jordvassmyr
Deler av lokalitet 7 er grøfta og planta
med gran, men mesteparten er urørt. Det
vart også registert meir buskfuru både
ved lokalitet 6 og 7, samanlikna med
kystmyra ved Holmavatnet. Myra kan
truleg skildras som ein kombinasjon av
planmyr og flatmyr . Storleiken på begge
myrene er like under 5 daa og begge ligg
i boreonemoral sone.
|-------------------|------------------|
Lokalitet 8
Rik edellauvskog (F01)
Utforming: rikt hasselkratt
Til tross for storleiken er mykje mindre
samanlikna med lokalteten lenger aust,
vil det kontinuerlege beitetrykket auke
verdien til hasselkrattet som ligg lenger
vest i planområdet. I tillegg er det ingen
framandartar innanfor lokaliteten.
Kontinuiteten i tresjiktet er god, ein
blanding av gamal og unge trær.
|-------------------|------------------|
Samla verdivurdering natur- og vegetasjonstype i planområdet |-------------------|------------------|
19
4. Verdivurdering av vilt og raudlisteartar som nyttar seg av
planområdet I dette delkapittelet vert både plan- og influensområdet vurdert med tanke på vilt og
raudlisteartar, samt korleis området er ein del av ein landskapsøkologisk samanheng. Ein slik
samanheng inneheld ofte kompleks av naturtypelokalitetar, samt grøntstrukturar som bind
desse saman. Då vert mellom anna avstanden mellom lokalitetane viktig. Både enkeltarter og
økosystem er avhengig av at større områder fungerer som leve- og funksjonsområder. Nordre
Bildøy, samt omkring liggande øyer (Råna og Bu-holmen) er relativt urørt. På nordre Bildøy
finst det i dag berre fritidsbustadar på den nordaustlege delen av øya.
Viltregisteringar på Bildøy er mellom anna basert på data frå viltkartlegging utført av
Bjørkvoll mfl. (2005), Overvoll mfl. (2008) og Spikkeland mfl. (2010). Desse rapportane
konkluderer med at det ikkje er store viltverdiar på Bildøy. Ingen sjeldne eller spesielt sårbare
artar er registert på Bildøy (Spikkeland mfl. 2010). På den ubudde øya Råna som er lokalisert
like nord for Bildøy er bilete meir nyansert (Spikkeland mfl. 2010). Råna er registrert som
yngelområde til gråhegre (naturbase). Øya ligg delvis innanfor planområdet, men er ifølgje
Fjell kommune sin kommunedelplan sett av til friområde.
Under feltarbeidet på Bildøy i 2010 vart det registert 40 ulike fugleartar. Spurvefuglar var den
dominerande artsgruppa. Bildøy sin nærleik til sjøen gjer at det er også forholdsvis mange
artar, som er knytt til vatn og sjø. Holmavatnet står fram som ein verdifull fuglelokalitet. Her
er det fleire våtmarkstilknytta fugleartar som for eksempel: stokkand, siland, gråhegre,
fiskemåke, sivspurv og linerle. Elles kan det førekoma rugde, orrfugl, kattugle og flaggspett
på Bildøy (Spikkeland mfl. 2010).
Fylkesmannen i Hordaland si miljøvern- og klimaavdeling opplyser om at hubro nyttar Bildøy
(inkludert planområdet) som jakt- og leveområdet. Hubroen er ein sterkt trua (EN) art i følgje
den norske raudlista og i 2009 fekk arten sin eigen handlingsplan (Kålsås mfl. 2010,
Direktoratet for naturforvaltning 2009). I Noreg finn ein i dag dei største populasjonane langs
kysten av Vest-Agder til Helgeland. Hubroen er trua på grunn av trusselfaktorar som
kraftleidningar, habitatøydeleggingar, næringsmangel og forstyrringar (Direktoratet for
naturforvaltning 2009). Hubroen treng større naturområder og Bildøy nord har fleire opne
områder med god byttedyr tilgang. Opplysningane som her er presentert har ikkje tidlegare
blitt nemnt i nokon rapport og må vidare tas med i verdivurderinga av viltgrunnlaget.
Av pattedyr er det tidlegare omtalt at det opptrer ein middels tett populasjon av hjort på
Bildøy (Spikkeland mfl. 2010). Det er ingen offisielle registreringar eller observasjon av
hjorten sin bruk av Bildøy, i følgje Landbruks- og miljøavdelinga i Fjell kommune. Liatårnet
Storvald opplyser at ettersom Lille Sotra i dei seinare åra har blitt meir utbygd, ser det ut som
om hjorten lager seg nye trekkruter ettersom dei gamle trekkrutene vert færre og ikkje like
lette å bruke. Truleg har hjorten laga seg ei rute som går via Storhilleren og over til nordre
Bildøy og vidare ut mot store Sotra. Dei siste åra har det også blitt registert ein eigen stamme
med nokre hodyr og bukk (visar til observasjonar, og påkøyrslar på nordre Bildøy ved
avkjørsel til skolen). Figur 4.1. visar trulege trekkruter p å Bildøy. Dette samsvarar også med
hjortespor observasjonar gjort under feltarbeidet 2014.
20
Figur 4.1. Truleg hjortetrekk på Bildøy er markert med
svart og ei omtrentleg plassering av planområdet er
markert med raud sirkel (Kart er tilsendt frå Fjell kommune)
Det er tidlegare registerte fleire raudlisteartar innanfor planområdet (Spikkeland mfl. 2010).
Det vart mellom anna elfiska ål i utløpsbekken til Holmavatnet. Ål er en kristisk trua (CR) art
i følgje den norske raudlista (Kålås mfl. 2010). Det er også tidlegare registert makrellterne
(VU), strandsnipe (NT), fiskemåke (NT), hønsehauk (NT) og stær (NT).
Totalt sett vert vilt og raudlistearter innanfor plan- og influensområdet vurdert til å ha ein
middels-stor verdi.
Verdi
Liten Middels Stor
|---------------------|---------------------|
Figur 4.2. Verdien til vilt og raudlisteartar i plan- og
influensområdet
Trulege trekkvegar for
hjort
21
5. Naturverdien av planområdet
Naturtypevurderinga seier også noko om den potensielle sjansen for at raudlisteartar lever i
planområdet. Det er lokalitet 1, 2, 3 og 8 som har størst verdi, og desse områda representerer
eit potensielt habitat for raudlistartar, sjølv om det ikkje vart observert nokon under synfaringa.
Vilt og raudlisteartar er vurdert til å ha ein middels til stor verdi.
Tabell 5.1: Naturverdien av planområdet for naturtypar ,vilt og raudlisteartar.
Tema Verdi
Liten--------Middels----------Stor
Natur og vegetasjonstype i
planområdet
|-------------------|------------------|
Vilt og raudlisteartar som
nyttar planområdet
|-------------------|------------------|
22
6. Planforslaget Planområdet er sett av til sentrumsformål i kommunedelplanen for Nordre Bildøy, med krav
om minimum utnyttingsgrad på 150 %. Sentrumsføremål inneber ei mangfald av funksjonar
som forretning, tenesteyting, bustad, kontor, hotell/overnatting og servering. Føremålet med
områdeplanen er å vidareføre intensjonen med Kommunedelplan for Bildøyna/Sotra kystby: å
skape eit sjøvend byområde med levande bumiljø, arbeidsplassar, kulturtilbod,
sevicefunksjonar og grøne kvalitetar. Områdeplan SE1 er ein del av heilskapen i Sotra kystby
og skal fungere som ein bydel i kystbyen.
Planforslaget regulerer store delar av planområdet til sentrumsføremål, med ei utnytting på
mellom 200 og 400 %BRA. Lokalitet 6 (kystmyr) og lokalitet 7 (kystmyr) ligg i
sentrumsføremål i planforslaget, og denne naturtypen vil det ikkje vere mogleg å ivareta i ein
slik tett bystruktur.
Lokalitet 1 (rik edellauvskog) ligg delvis innanfor sentrumsføremål i områdeplan for SE1,
Bildetangen og delvis innanfor planområdet for Sotrasambandet. Grunna utbyggingsplanane
her vil det heller ikkje vera mogleg å ivareta denne naturtypelokaliteten.
Planforslaget regulerer også store områder til grøntstruktur. Det største området o_GF1 er på
over 67 daa og skal vera eit naturområde utan opparbeiding/endring av terreng eller
vegetasjon. Dette området inkluderer austre del av Holmavatnet og grensar til store LNF-
områder utanfor planområdet i vest. I tillegg vert det regulert grønstruktur i forlenginga av
o_GF1 i nord, o_GP1, og o_GP3 som er omslutta av o_GF1 og som skal opparbeidast til
parkområde. Totalt er desse regulerte grøntområda på nær 91 daa. Innanfor o_GF1 og o_GP1
ligg lokalitet 2 (gamal lauvskog), lokalitet 3 (kystmyr) og lokalitet 4 (evjer, bukter og viker).
Lokalitet 8 (rik edellauvskog) ligg delvis innanfor dette området, og delvis innanfor
tilgrensande LNF-område. Lokalitet 5 (gamal lauvskog) ligg delvis innanfor o_GP1
(grønstruktur park) og delvis inne i sentrumsføremål, og vil slik delvis bli bevart.
Oppsummert vil tre lokalitetar i heilskap bli bygd ned: lokalitet 1, lokalitet 6 og lokalitet 7.
Ein lokalitet vil delvis bli bevart; lokalitet 5, og fire lokalitetar vil bli bevarte i grøntområde
o_GF1; lokalitet 2, lokalitet 3, lokalitet 4 og lokalitet 8.
23
Figur 6.1: Forslag til plankart for områdeplan SE1, Bildetangen. Dei registerte
naturtypelokalitetane er omtrentleg markert med raudt.
Lok 1
Lok 3
Lok41
Lok 6 og 7
24
7. Etablering av buffersone, samt andre avbøtande tiltak Avbøtande tiltak kan vera eit viktig verkemiddel for å redusera moglege negative konsekvensar
på naturen og det biologiske mangfaldet, men tiltak kan også bli iverksatt for å forsterke
moglege positive konsekvensar. Forslag til avbøtande tiltak i anleggsperioden, samt tiltak som
avfallshandsaming og tiltak mot forureining er henta frå rapporten til Spikkeland mfl. (2010).
Etablering av buffersone
I føresegnene til kommunedelplan Bildøyna/ Sotra Kystby 2013-2024 er det heimla i § 3.4.9:
«Ved regulering skal ein for kvar einskild naturtype vurdera om det skal etablerast ei
buffersone med stadbunden vegetasjon mellom tiltak og lokalitet. (Pbl.§ 11-9 nr. 6 og 8).»
Rundt eit grøntområde er det viktig å ha ei grøn sone, som kan gje skydd til levestadane i
kjernen av området (Pedersen mfl. 2003). Ei buffersone har som funksjon å verna planter og
dyr mot øydeleggingar og forstyrringar av levestadane deira (Pedersen mfl. 2003). Kjernen
inneheld meir opphavleg vegetasjon, samanlikna med vegetasjonen i buffersonen som kan for
eksempel vera eit villaområde med mange store eldre tre som grenser mot ein skog (Pedersen
mfl. 2003).
I denne planen må ein særskild ta omsyn til hubroane som nyttar planområdet som jakt- og
leveområde. Det vert difor viktig å halde delar av planområdet utan tekniske inngrep, samt
oppretthalde større samanhengande naturområder som kan fungere som leve- og jaktområder.
Føremål o_GF1 i planforslaget, saman med LNF-områda vest for planområdet,
utgjer eit større samanhengande grøntområde. Naturtypelokalitetane 2,3, 4, 5 og 8 ligg i dette
formålet, og det må takast omsyn til desse under bygge- og anleggsperioden. Slik vil
naturtypane og funksjonen til området som eit samanhengande grøntområde oppretthalde
naturverdien. Ei oppretthalding av naturverdien og grøntområdet vil truleg også vera positivt
for hubroen. Vidare er ein av trusselfaktorane for hubroen mellom anna knytt til
kraftleidningar (DN 2009). Hubroen nyttar seg ofte av eleverte strukturar som jaktpostar, og
kan i denne samanheng bli drepen av strømoverslag (DN 2009). Det er kraftleidningane med
middels sterk spenning (22 kV- 132 kV), som er dei farlegaste. Det er fastsett i planforslaget
at det ikkje skal etablerast nye luftleidningar i planområdet, men for eksisterande
kraftleidningar vil eit avbøtande tiltak vera å setje opp piggar på traversen og sitjepinnar i
kvar ende (Steinsvåg mfl. 2014). Hubroen nyttar planområdet som jakt- og leveområde og det
vert difor viktig å ta mest mogeleg omsyn slik at byttedyrmengda ikkje vert redusert, samt
omsyn til strukturen på habitatet (ikkje er for tett skog).
Generelle tiltak i anleggsperioden, samt avfall handsaming og forureining
Anleggsarbeid i og ved vassdrag krev vanlegvis at ein tar omsyn til økosystema ved å hindre
utslepp av steinstøv eller sprengstoffrestar til vassdrag i periodar når naturen er ekstra sårbar
for slikt. Det bør etablerast fangdammar eller siltgardiner som reduserer utslepp direkte til
Holmavatnet. Vidare bør alle terrenginngrep utførast og avsluttast på ein skånsam måte, slik at
lokalt biologisk mangfald vert godt ivaretatt. Inngrepsområde bør revegeterast med masser og
røter frå staden. Det er viktig å ta vare på store og gamle tre.
Avfallshandsaming og tiltak mot forureining skal vera i samsvar med gjeldande lover og
forskrifter. Alt avfall må fjernast frå området på ein forskriftsmessig måte. Utbygginga kan føre
til ulike typar forureining, i hovudsak er knytt til 1) fjellarbeid, 2) transport, oppbevaring og
bruk av olje, anna drivstoff og kjemikaliar, og 3) sanitæravløp frå bakkeriggar. Søl eller utslepp
av olje og drivstoff kan få negative miljøkonsekvensar. Olje og drivstoff kan lagrast slik at
volumet kan verte samla opp dersom det oppstår lekkasje. Ved eventuelle lekkasjar bør
oljeabsorberande materiale nyttast.
25
Referansar
Baumann, C., Gjerde, I., Blom, H. H., Sætersdal, M., Nilsen, J.-E., Løken, B. & Ekanger, I. (red.)
2002. Håndbok i registrering av livsmiljøer i Noreg. Miljøregistrering i skog – biologisk
mangfold. Bakgrunn og prinsipper (Hefte 1). Livsmiljøer i skog (Hefte 2). Instruks for
registrering 2001 (Hefte 3). Veileder for rangering og utvelgelse 2002 (Hefte 4). Norsk
institutt for skogforskning, Ås. Fire hefter og registreringsskjema og instruksjonshefte.
Bjørkvoll, I., Mjøs, A.T. Overvoll, O.2005. Viltet i Fjell. Kartlegging av viktige viltområde og status
for viltartane. Fjell kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 9/2005: 46s. +
vedlegg.
Direktoratet for naturforvaltning. 2000.Viltkartlegging.DN-håndbok. www.dirnat.no.
Direktoratet for naturforvaltning, 2006. Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk
mangfold. DN-håndbok nr. 13, 2. utg.www.dirnat.no.
Direktoratet for naturforvaltning.2009.Handlingsplan for hubro Bubo bubo. Rapport 2009-1
Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge .NINA temahefte 12: 1 - 279.
Fremstad, E. & Moen, A. (red.) 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. -NTNU Vitenskapsmuseet
Rapp.bot. Ser. 2001-4: 1-231.
Flynn, K.M.2014.Områdeplan for Straumsosen på Bildøy, Fjell kommune. Vurdering av
naturmangfald. Miljøfaglig Utredning, notat 2014-11, 17s.
Halvorsen, R., Andersen, T., Blom, H.H., Elvebakk, A., Elven, R., Erikstad, L., Gaarder, G., Moen,
A., Mortensen, P.B., Norderhaug, A., Nygaard, K., Thorsnes, T. & Ødegaard, F. 2009.
Naturtyper i Norge (NiN) versjon 1.0.0. – www.artsdatabanken.no (2009 09 30).
Janson, U., Hofton, T.H., Reiso, S., Bendiksen, E.2014. 2014 (Nytt faktaark for oseanisk berg, for den
nye DN håndbok 13). [https://www.dropbox.com/sh/gi0u9i9c6s78kqs/AAADEoO9s909M-
NpVYSyu62ba/Skog/Gammel%20boreal%20l_vskog%20140606.docx?dl=0]
Jordal, J.B.2014. Faktaark for oseanisk berg. Notat 2014 (Nytt faktaark for gammel boreal løvskog, for
den nye DN håndbok 13)
[https://www.dropbox.com/sh/gi0u9i9c6s78kqs/AADmkYWD6bWCytD1atdKeOcHa/%C3%
85pen%2C%20naturlig%20fastmark/Oseanisk_berg_020614.doc?dl=0]
Kålås, J.A., Viken, Å., Henriksen, S. og Skjelseth, S. (red.). 2010. Norsk rødliste for arter 2010. The
2010 Norwegian Red List for Species. Artsdatabanken, Norge.
Larsen, B. H. & Fjeldstad, H. 2005. Verdifulle kulturlandskap i Fjell kommune i Hordaland.
Miljøfaglig Utredning, rapport 2005-64: 1-38.
Lid, J. og Lid, D.T., 1994. Norges flora. 7. utgave. Det Norske Samlaget.
Lindgaard, A. Henriksen, S. (red.) 2011. Norsk rødliste for naturtyper 2011. Artsdatabanken.
Lyngstad, A., Moen, A., Øien, D-I. 2014. 2014 (Nytt faktaark for oseanisk berg, for den
nye DN håndbok 13).[ https://www.dropbox.com/sh/gi0u9i9c6s78kqs/AABncmn-
5vK882rdm1jt07y0a/V%C3%A5tmark/Kystmyr%20290514.docx?dl=0]
26
Moe, B.2003. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Fjell.- Fjell kommune og Fylkesmannen i
Hordaland, MVA-rapport 11/2003:69 s.
Mjelde, M. 2012. Faktaark for kalksjø. Notat 2012. (Nytt faktaark for kalksjø, for den nye DN
håndbok 13 [under utarbeidelse], utformet av Marit Mjelde).
Olsen, K.M., Sundgår, B., Gaarder, G., Larsen, B.H., Angell-Petersen, I. 2014. (Nytt faktaark for
vannkantsamfunn for den nye DN håndbok 13).
[https://www.dropbox.com/sh/gi0u9i9c6s78kqs/AABAecAPNKTAUdfa9tWrEuZxa/ferskvan
n/Vannkantsamfunn_ver3.doc?dl=0]
Overvoll, O., Hellen, B.A., Larsen, B.H., Ihlen, P.G.2008.Sotrasambandet, Delprosjekt 1. Fast
landsambandet RV 555 Sotra- Bergen, Kommunedelplan med konsekvensutgreiing.
Delrapport for naturmiljø. Rådgivende Biologer AS, rapport
Reitan, 0. 1996. Etterbruk av Fornebu - konsekvenser i forhold til fugl i to naturreservater. – NINA
Oppdragsmelding 425: 1-31
Revidert DN-handbok 2014.henta frå:
[https://www.dropbox.com/sh/gi0u9i9c6s78kqs/AAA1NJb3Hb19cttugB6vTID6a], 05.12.14
Spikkeland, O.K., Eilertsen, L., Hellen, B.A. og Ihlen, P.G. 2010. Kommunedelplan Nordre Bildøy,
Fjell kommune. Konsekvensvurdering for biologisk mangfold. Rådgivende biologer AS,
rapport 1402:1- 50.
Statens vegvesen, Vegdirektoratet. 2006. Håndbok 140. Konsekvensanalyser. 292 s.
Steinsvåg, M.J., Oddane, B., Husebø, H., Sonerud, G.A., Skoglund, K. og Undheim, O.2014. Hubro
og kraftliner i ytre Hordaland: Prosjekt for betre kunnskap, målretta tiltak og auka overleving
av hubro. Statusrapport 2014 –Fylkesmannen i Hordaland, Mva-rapport 3/2014.
Databaser og nettbaserte karttjenester
Arealis på nett. Geologi, løsmasser og bonitet. [www.ngu.no/kart/arealis/NGU/]
Artsdatabanken. Artskart. Artsdatabanken og GBIF-Norge [www.artsdatabanken.no]
Direktoratet for naturforvaltning.Naturbase.
[http://geocortex.dirnat.no/silverlightviewer/?Viewer=Naturbase]
Lovdata.2015. forskrift om utvalgte naturtyper etter naturmangfolsloven.
[https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2011-05-13-512]
Norge i bilder.2014. [http://www.norgeibilder.no/]