nyhende pÅ nynorsk. berre 14 folk er redda, og 18 er stadfesta døde. håpet om å finne fleire i...
TRANSCRIPT
Foto
: Tro
nd T
andb
erg
/ N
TB
sca
npix
FARLEG: Fleire turistar forstår ikkje kor farleg ein isbre kan vere. Bildet er frå Nigardsbreen i Sogn og Fjordane.
● Noreg sin natur er vakker og vill. Men den drep også.
To barn såg foreldra sine døy. Det tyske ekteparet gjekk på Nigardsbreen i Sogn og Fjordane. Først var dei med på tur med breførar. Etterpå ville dei utforske aleine. Då blei dei trefte av isblokker frå breen. Det skjedde i fjor sommar.
Minst 100 turistar frå utlandet døydde mens dei var på ferie i Noreg frå 2003 til 2013. Det viser ei oversikt frå kanalen TV 2. Dei har ikkje teke med trafikkulykker. Med ulykkene frå i fjor og i år, blir talla enda høgare.
– Det er forferdeleg at turistar døyr i Noreg, seier Audun Pettersen til Klar Tale. Han jobbar med reiseliv i selskapet Innovasjon Noreg. Pettersen seier dei er opptekne av å gi informasjon. Likevel døyr nokon.– Turistane må bruke sunn fornuft, seier han.
Mange turistar vil sjå Vøringsfossen i Hordaland. Tre turistar har mista livet her dei siste seks åra. Områda rundt fossen er ikkje godt nok sikra i dag. I sommar startar dei jobben med å sikre.
Karin Flø[email protected]
Døyr på ferie i NoregLes meir på side 3
Noreg satsar på å gjere få feil i fotball-VM for kvinner.
» Flyselskapet Malaysia Airlines er konkurs. Men det vil begynne på nytt igjen som eit anna selskap. 6.000 tilsette må slutte i jobben, og får ikkje begynne i det nye selskapet, skriv nyhendebyrået NTB. I fjor var det to alvorlege flyulykker med selskapet sine fly.
» Terrorgruppa al-Qaida i Islamsk Maghreb (AQIM) har teke på seg ansvaret for to angrep i Mali. Dei sameinte nasjonane (FN) sine styrkar for fred blei angripne to gonger i førre veke. Nesten 60.000 menneske har flykta frå heimane sine i Mali den siste månaden, ifølge FN. Det er på grunn av kampar mellom grupper med våpen.
6.000 må slutte
Terrorgruppe angreip
MALAYSIA
MALI
kortklart& TORSDAG
04.06.2015
NYHENDE PÅ NYNORSK
Nº
11
TORSDAG04.06.2015 2NOREG
VERDA
SNØ: No er det sommar, men det er mykje snø. Sånn såg det ut på Sognefjellet 30. mai.
SKULE: Fire år gamle Dipesh Shah var redd for å gå på skulen igjen.
VELTA: Folk vart fanga inni båten som velta i Kina. Håpet svinn om å finne fleire i live.
● Yousef Bartho Assidiq, 26 år gammal, har starta organisasjonen JustUnity. JustUnity skal jobbe for å hindre unge i å bli radikale. Assidiq var tidlegare ekstremist, og var aktiv i den islamistiske gruppa Profetens Ummah.
NAMN I NYHENDAYOUSEF BARTHO ASSIDIQ
» Liket av ei eldre kvinne blei funne på ein togstasjon i Tokyo i Japan. Liket var stappa i ein koffert som var lagt i ein oppbevaringsboks. Der låg det i ein månad før det blei funne.
Fann lik i koffert JAPAN
» Over 5.000 båtflyktningar blei redda på Middelhavet i helga. Flyktningane blei frakta til Italia. Det er den største straumen av flyktningar til Europa hittil i 2015, seier grensekontroll-byrået Frontex. 17 personar blei funne døde av redningsfolka.
Over 5.000 reddaITALIA
» Nepalske skulebarn gjekk tilbake på skulen søndag. Det er første gong etter jordskjelva som drap over 8.600 menneske. Ved mange skular føregjekk undervisinga i mellombelse klasserom i telt eller bambushytter. Mange skulebygg ligg framleis i ruinar.
Tilbake på skulen NEPAL
» Mellom fem og ti personar som skulle til Noreg, kan vere terroristar. Det fant Politiet tryggings-teneste ut då dei sjekka flyktningar frå Midtausten.
Mistenkte for terrorKRIMINALITET
» I fleire europeiske byar demonstrerte folk mot norsk barnevern. Dei meiner at barnevernet tek altfor mange barn frå utanlandske familiar. Demonstrasjonane var blant anna i London i Storbritannia, i Praha i Tsjekkia og i Oslo.
Demonstrerte mot barnevernetSAMFUNN
» Sommaren starta med vinter for fleire bilistar. Dei blei sittande fast på Sognefjellet i Sogn og Fjordane i snø og vind. 39 personar måtte reddast ut av bilane måndag. Også i Telemark og i Aust-Agder var det uvêr og snø 1. juni.
Her ser du eit sommarbildeVÊR
Foto: NT
B scanpix
Foto: Terje Pedersen / NT
B scanpix
Foto: NT
B scanpix
Foto: NT
B scanpix
» Kina har truleg opplevd ei av dei verste katastrofane på fleire tiår. Måndag velta ein turbåt på Yangtze-elva i Kina. Over 450 mennesker var om bord. Berre 14 folk er redda, og 18 er stadfesta døde. Håpet om å finne fleire i live blir stadig mindre.
Fanga i velta båtKINA
TORSDAG04.06.2015 3SPORT
Jobbar med dei små feila før VM
– Eg er veldig klar, og eg gleder meg skikkeleg! Fotball-VM er heilt klart det aller største du kan vere med på, seier Lene Mykjåland til nettstaden fotball.no.
Ho er ein av spelarane på det norske landslaget i fotball for kvinner. Mykjåland er også ein av tre spelarar som har spelt over 100 landskampar. Det kjem godt med når verdsmeisterskapet (VM) i fotball for kvinner startar i Canada laurdag.
Men skal Mykjåland og dei andre lykkast, er det viktig å vere nøye. – Vi meiner at summen av små detaljar gir suksess i VM.
Vi jobbar med å fikse småfeil, og at vi har spelarane der dei skal vere, seier Even Pellerud til Klar Tale. Han er trenar for landslaget.
Og landslaget har litt å fikse på. Dei har sloppe inn 16 mål på dei ni kampane dei har spelt så langt i år.
No har Pellerud testa ut ein ny formasjon, 4-3-3. Då er det fire spelarar i forsvar, tre på midten av bana og ein spiss og to kantspelarar som kan angripe i front. Slik får han kortare avstand mellom spelarane.
– Eg meiner vi har utruleg bra trøkk i laget og bra tempo. Og så har vi kanskje blitt litt
flinkare på variasjon i spelet. Så eg har veldig stor tru på at vi kan gjere eit godt VM, seier Mykjåland til fotball.no.
Ho trur at det blir veldig ope kven som kjem vidare. Pellerud er einig i at det er bra trøkk, og at det kan vere mogeleg å komme til semifinale. Samtidig meiner han at det er mykje som må klaffe.
Det første laget Noreg møter i VM, er Thailand. Kampen er 7. juni. Pellerud seier at det er ein OK start. Så ventar Tyskland 11. juni og Elfenbeinskysten 15. juni.
Cecilie Bakken Hø[email protected]
KLAR: Lene Mykjåland er klar for VM. Her kjempar ho
mot ein spelar frå Nederland i kvalifiseringa til VM i fjor.
Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
● Noreg sine fotballkvinner slepp ikkje unna med småfeil og slurv før VM.
SPORT
OPPGÅVA
4KULTUR Ansvarleg redaktør: Kristin S. BratlieKontakt oss: [email protected]
Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.
– Kva er ditt favorittord?– «Strålande».
– Kvifor liker du dette ordet så godt?– Det får meg til å tenke på gode ting.
– Kva ord liker du ikkje? – Det varierer alt etter korleis dei blir sagde. Det er ikkje eitt spesielt ord eg misliker.
– Kva er eit typisk mellomalder-ord?– «Laug». Vi snakkar om at folk samla seg rundt yrka sine og laga eigne grupper.
– Kva ord bruker du ofte?– Eg må vel seie at «strålande», som eg nemnde tidlegare, er eit av dei orda eg bruker mykje.
– Kva ord bruker du for å skildre deg sjølv?– Eg liker å sjå på meg sjølv som «løysingsorientert». Det er eit velbrukt ord. Men eg liker kva det faktisk tyder.
Terje Lyngås Floberg, 39 år gammal. Han arrangerer mellomalder- festival i Tønsberg til helga.
Foto: privat
Heilt strålande
MITT ORD
Krigen om nøttene » Dyra i parken samarbeider om å samle mat før vinteren. Ein
dag oppdagar ekornet Egon ein heil butikk full av herlege nøtter. No må han overtyde dei andre om å bli med og rane butikken. Men ein gjeng bankranarar bruker allereie butikken for å skjule det dei driv med. Filmen «Det elleville nøttekuppet» har premiere fredag. Han passar for dei over sju år.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
‘‘
STØTTE: Filmen «Ex Machina» er spelt inn i Noreg. No skal penge-støtte lokke fleire til å lage film her.
Foto: United International Pictures
FILM
» Fredag kom kulturminister Thorhild Widvey med ein ny plan for film i Noreg. Produsentar skal kunne få igjen pengar dersom dei speler inn film i Noreg. Regjeringa vil opne eit kontor for Norsk filminstitutt i Bergen. Dei skal styre ordninga.
Vil ha filmskaparar til NoregFILM » Varslaren Edward Snowden
får Bjørnstjerne Bjørnson-prisen. Han får prisen for avsløringane om USA si store overvaking av telefon og datatrafikk. Juryen ber regjeringa om å verne han, slik at han kan motta prisen i Molde 5. september. Snowden bur no i Russland.
Snowden får prisMEDIA
» Nobelkonserten slit med økonomien, skriv avisa Dagbladet. Det Norske Nobelinstitutt har sagt opp kontrakten med IMG. Det er eit selskap som har hatt ansvar for å sikre avtalar med sponsorar.
Konsert i kriseKONSERT