oppsummering andre halvÅr 2018 - fjell.kommune.no · nalokson. denne nasesprayen kan nyttast ved...

5
OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 Juli og august Opna utbetra veg på Litlesotra Den 5. juli vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru er klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for klar til bruk. - Denne vegstrekninga var eit viktig rekkjefølgjekrav knytt til etableringa av Straume sjøfront. No vert det lettare for mjuke trafikantar å bevega seg trygt langs vegen, sa ordføraren før ho klipte snora. Spente elevar og lærarar på den første skuledagen Klokka ni den 16. august kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kom frå Misje etter at Misje skule vart lagt ned etter skuleslutt våren 2018. Elevar og tilsette har fått eit flott skuleanlegg ramma inn med flott uteområde og smakfulle fargar. Felles idrettsråd vil stå sterkt Den 21. august var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena i Øygarden på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd. - Det er svært viktig å samarbeida i idretten. Erfaringa viser at godt samarbeid med politikarane og administrasjonen i kommunane fører til at ting skjer, sa leiar i Øygarden idrettsråd, Kenneth Oen, etter møtet. Opna storstova i Øygarden Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden den 22. august. Ordførar Børge Haugetun var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen. Biletet viser frå venstre Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Ottar Vik (politikar i Øygarden). Markerte verdas overdosedag Den 31. august vart Verdas overdosedag markert på MO- senteret på Straume. Fjell kommune er med i eit prosjekt som gjev senteret høve til å dela ut og gje opplæring i bruk av nasal Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen

Upload: builien

Post on 08-May-2019

218 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 - fjell.kommune.no · Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen . September 11,6 millionar

OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 Juli og august

Opna utbetra veg på Litlesotra

Den 5. juli vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru er klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for klar til bruk. - Denne vegstrekninga var eit viktig rekkjefølgjekrav knytt til etableringa av Straume sjøfront. No vert det lettare for mjuke trafikantar å bevega seg trygt langs vegen, sa ordføraren før ho klipte snora.

Spente elevar og lærarar på den første skuledagen Klokka ni den 16. august kunne rektor på Landro skule, Anita Vabø, ønskja 28 førsteklassingar velkomen til første skuledag. Fire av desse kom frå Misje etter at Misje skule vart lagt ned etter skuleslutt våren 2018. Elevar og tilsette har fått eit flott skuleanlegg ramma inn med flott uteområde og smakfulle fargar.

• Felles idrettsråd vil stå sterkt Den 21. august var 40 engasjerte idrettsfolk på plass i Hjeltefjorden Arena i Øygarden på felles idrettsforum for å snakka om framtida for idretten lokalt. Våren 2019 ligg det i korta at dei tre idrettsråda i Sund, Fjell og Øygarden vert slått saman til eit nytt felles idrettsråd. - Det er svært viktig å samarbeida i idretten. Erfaringa viser at godt samarbeid med politikarane og administrasjonen i kommunane fører til at ting skjer, sa leiar i Øygarden idrettsråd, Kenneth Oen, etter møtet.

Opna storstova i Øygarden Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden den 22. august. Ordførar Børge Haugetun var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen. Biletet viser frå venstre Kari-Anne Landro (Sund), Børge Haugetun (Øygarden), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell) og Ottar Vik (politikar i Øygarden). Markerte verdas overdosedag

Den 31. august vart Verdas overdosedag markert på MO-senteret på Straume. Fjell kommune er med i eit prosjekt som gjev senteret høve til å dela ut og gje opplæring i bruk av nasal Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen

Page 2: OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 - fjell.kommune.no · Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen . September 11,6 millionar

September 11,6 millionar frå Havbruksfondet

Fjell kommune får denne hausten utbetalt 11,6 millionar kroner frå Havbruksfondet. Også nabokommunane får utbetalt store summar frå fondet. Totalt betalar fondet ut vel 2,7 milliardar kroner til om lag 160 oppdrettskommunar.

- Det er svært gledeleg at desse pengane kjem. Vi har ikkje budsjettert med desse midlane. 11,6 millionar kroner kjem godt med i ein krevjande økonomisk situasjon, sa rådmann Steinar Nesse så tildelinga vart kjend.

Undersøking: Innbyggjarane er opptekne av lokal tilhøyrsle Ei undersøking gjennomført i Sund, Fjell og Øygarden like før ferien viste at fleirtalet av innbyggjarane identifiserer seg med kyst- og strilekulturen. Eit klart fleirtal er også stolte av si lokale tilhøyrsle. Innbyggjarane er også opptekne av at den lokale bygdeidentiteten ikkje må verta svekka ved bygging av ein ny kommune. Biletet er frå møtet i fellesnemnda den10. september der leiar av arbeids- gruppa for lokaldemokrati og identitet, Tom Georg Indrevik presenterte undersøkinga. Markerte Sartor Storsenter som demensvennleg kjøpesenter

Den 19. september overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy diplom til direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, som eit synleg bevis for at senteret er eit demensvennleg kjøpesenter. Ordføraren understreka kor viktig det er at det vert gjeve opplæring i å møta menneske med demens. Ho viste til at om lag 78 tusen menneske i Noreg lever med demenssjukdom. Nokre av desse bur på institusjon, andre bur heime. Senteret ønskjer å leggja til rette for at menneske med demens kjenner seg velkomen.

Gav klarsignal for utviding av Landro gravplass Den 27. september godkjente kommunestyret kostnadsramma på 24 millionar kroner for å utvida gravplassen ved Landro kyrkje. Det er få gravplassar igjen på Landro gravplass, og det er difor utarbeidd ein reguleringsplan som legg til rette for 540 kistegraver og om lag 300 urnegraver.

Aktivitetsdag på Ågotnes I slutten av september var 35 elevar, inklusive seks elevar frå Sotra vidaregåande skule, på plass på aktivitetsdagen på Ågotnes. Aktivitetsdagen er eit populært tilbod til elevar med nedsett funksjonsevne. Elevane får prøva seg med aktivitetar i gymnastikksalen og sykling ute rundt idrettsbana. Assistentane hjelper til slik at aktivitetane vert tilpassa alle deltakarane. Aktivitetsdagen vert gjennomført i samarbeid med ergo- og fysioterapitenesta i Fjell, tre hjelpemiddelfirma og Sotra Turn.

Page 3: OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 - fjell.kommune.no · Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen . September 11,6 millionar

Oktober

Ny vidaregåande skule vert plassert ved Stovevatnet Fylkestinget vedtok tidleg i oktober at den nye Sotra vidaregåande skule skal byggjast på tomta ved Stovevatnet i området mellom Fjell rådhus og Sartor Storsenter. Den nye skulen skal erstatta dei noverande skulebygningane på Bildøyna og i Sund. Den nye skulen skal planleggjast med eit samla areal på 16 000 kvadratmeter og med plass til 1 100 elevar. Ifølgje gjeldande investeringsplan skal nybygget stå ferdig i 2025.

Opna ny gang- og sykkeltunnel - Dette er eit viktig steg mot å verta ein sykkelby, og eg håpar at denne tunnelen vert til glede for mange. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho den 5. oktober klipte snora for å markera at den nye tunnelen mellom Sartor Storsenter og Straume Sjøfront var offisielt opna. Tunnelen mellom Straume Sjøfront og Kystbygarasjen er om lag 300 meter lang.

62 søkte på fire kommunalsjefstillingar Dei endelege søkjarlistene til dei fire kommunalsjefstillingane i Nye Øygarden vart presenterte i midten av oktober. 62 søkte på kommunalsjefstillingane for Helse og velferd, Oppvekst, Kultur og samfunn og Organisasjon og digitalisering. 23 av søkjarane er kvinner.

Arbeidsverkstad for den nye kommunen: – Vi er privilegerte! Prosjektrådmann Rune Lid peika på at medarbeidarane får vera med på noko stort då han ønskte dei 45 deltakarane på arbeidsverkstaden på Panorama Hotell & Resort i Sund velkomen til arbeidsverkstad den 22. oktober. På samlinga var leiarar, hovudtillitsvalde, hovudverneombod og andre administrativt tilsette samla. - Dette har vore ein interessant dag med diskusjonar og mykje informasjon om spennande tema. Det er viktig å

koma i gang, sa Anne Grethe Andersen representer Delta (arbeidstakarorganisasjon i YS) i overordna styringsgruppe. Rune Lid vert rådmann i Nye Øygarden kommune I slutten av oktober vedtok fellesnemnda å tilsetja Rune Lid (51) som rådmann i Nye Øygarden kommune. Vedtaket vart gjort samrøystes. Rune Lid er i dag prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune og rådmann i Sund. Fellesnemnda følgde ei samrøystes innstilling frå tilsetjingsnemnda. Fram til januar 2020 vert han prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune. Gledde seg over utvida og rehabilitert skule på Landro

Saman med 250 andre elevar og 45 tilsette kunne dei tre elevane Nathalie, Susanne og Tonje i haust hoppa av glede over ein rehabilitert og utvida Landro skule. Den 29. oktober klipte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy over snora for å markera offisiell opning på Landro. Resultatet av å bruka 75 millionar kroner inklusive meirverdiavgift på Landro er rehabilitert administrasjonsfløy, 14 nye klasserom og SFO-base.

Page 4: OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 - fjell.kommune.no · Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen . September 11,6 millionar

November Ågotnesveka

Den andre veka i november handla det om Ågotnes. Den 8. november var det høgtidleg opning av den fullførde turvegen ved Kvednavatnet ved ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Då var det også vidareføring av Plansmia på Ågotnes. Dagen før gjekk formannskapet inn for å bruka 37 millionar kroner på

opprusting av idrettsanlegget på Ågotnes. Laurdag var det opning av det rehabiliterte symjebassenget. Med siger over Åsane på sundagen var Nest-Sotra sikra kvalifisering om opprykk til Eliteserien. Tett tak på Lyngheia bufellesskap

Den 16. november var det kranselag for Lyngheia bufellesskap. Bufellesskapet ligg solrikt til mellom Blombakkane bustader og Røde kors-huset på Straume. Etter planen er arbeidet sluttført i april. - No får vi realisert sårt tiltrengte bustader. No gler eg meg til å møta alle saman til opninga til våren, sa ordførar Marianne Sandahl då ho talte til dei som deltok på kranselaget.

Dette er Øygardsgenseren Spenninga var stor då Øygardsgenseren skulle kårast på julemessa til Sotra Husflidslag den 17. november. Det stod mellom seks alternativ. Det var utkastet til Mary-Ann Foldnes Fiske som no få tittelen Øygardsgenseren.

Overleverte helse- og omsorgsbygg Den 30. november overleverte Brødrene Ulveseth lokalmedisinsk senter på Straume til Fjell kommune. Lokalmedisinsk senter (LMS) er på om lag 9 300 kvadratmeter over fire etasjar. Brødrene Ulveseth har hatt totalentreprise på prosjektet. Totalramme for prosjektet er 320 millionar kroner. Senteret vert offisielt opna i mars neste år.

Tre kommunalsjefar er tilsette i Nye Øygarden kommune I slutten av november takka tre av søkjarane ja til å verta kommunalsjef i Nye Øygarden kommune. Line Barmen vert kommunalsjef for Helse og velferd, Anne-Merete Vabø Haugane vert kommunalsjef for Oppvekst, medan Råmund Skjold får stillinga som kommunalsjef for Kultur og samfunn. Kommunalsjef for Organisasjon og digitalisering vert Sissel Iren Nesse.

Page 5: OPPSUMMERING ANDRE HALVÅR 2018 - fjell.kommune.no · Nalokson. Denne nasesprayen kan nyttast ved opiodoverdosar og er ei motgift som kan reversera overdosen . September 11,6 millionar

Desember

Hamnerådet vil ha godshamna på Ågotnes Hamnerådet slo den 7. desember fast at Ågotnes skal vera den framtidige godshamna for bergensregionen. - Dette er ein svært god dag for Coast Center Base og ikkje minst Fjell kommune og Nye Øygarden kommune, sa ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy. Det som no står for døra er å gjennomføra nødvendig prosjektering og kostnadsberekning og at dette vert lagt til grunn for ei finansieringsløysing som gjer det mogleg å realisera godshamna på Ågotnes.

Generalprøve kvelden før dagen Det var nesten fullt hus då Fjell kulturskulekor inviterte til open generalprøve i Foldnes kyrkje kvelden den 12. desember før Ottesong på Luciadagen tidleg torsdag morgon. Med dirigent Åshild Eriksen i spissen fekk kulturskulekoret oss i førjulsstemning. - Lucia ville ikkje gifta seg med denne mannen, men brukte tida på dei som trong hjelp. Ho vart klaga til den romerske statthaldaren. Det enda med at Lucia leid martyrdøden den 13. desember, sa liturg Nese på generalprøven onsdag kveld.

Statens vegvesen og fylkeskommunen fekk Tilgjengeprisen 2018 I forkant av behandlinga av 2019-budsjettet i kommunestyret den 13. desember fekk Statens vegvesen, Region vest og Hordaland fylkeskommune overrekt Tilgjengeprisen 2018 frå Fjell kommune. Dei offentlege aktørane får prisen for utforminga av det nye veganlegget, fylkesveg 209, parsellen mellom Storskaret og Arefjordpollen på Litlesotra.

Fjernar eigedomsskatt på næringseigedom Kommunestyret vedtok den 13. desemberbudsjettet for 2019. Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy minna forsamlinga om at dette var siste gong Fjell kommunestyre gjorde budsjettvedtak. Driftsbudsjettet for neste år har ei ramme på 1,9 milliardar kroner. Det vart mellom anna vedteke å setja av 13 millionar kroner ekstra til drift av lokalmedisinsk senter. Total investerings-ramme er 229 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter. Ap og Høgre hadde kvart sitt framlegg til budsjett. Biletet viser gruppeleiar for Ap., Egil Haaland (til venstre), og gruppeleiar for Høgre, Ernst Einarsen.

Fellesnemnda vedtok pensjonsløysing med forsikra løysing i KLP Den 17. desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden kommune skal ha forsikra løysing i KLP. Det vart lagt til i vedtaket at det skal undersøkast om det er lovleg å gjennomføra forsikra løysing med KLP (Kommunal Landspensjonskasse) utan anbod. Prosjektrådmannen skal koma tilbake med konkrete framlegg til vedtak i dei respektive kommunestyra og orientering om vidare prosessar.