selja katalog 2013rorvik.info/selja/kat-selja13.pdfsist på 1800-talet. boka er rikt illustrert med...

36
2013 KATALOG selja forlag

Upload: others

Post on 18-Feb-2021

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • 2013KATALOGselja forlagselja forlag

    Selja Forlag as, Postboks 151, 6801 Førde – Besøksadresse: Fjellvegen 18, 6800 FørdeTelefon 57 83 22 20 – Telefaks 57 83 22 21

    Heimeside: www.selja.no – E-post: [email protected]

  • Kjære lesarSelja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut 180 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorsk- og sakprosaprofil. Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst, og vi legg stor vekt på at bøkene skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming.Selja Forlag har tre tilsette på heiltid og kontor i Førde med eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 12-15 nye bøker kvart år. Vi håpar du finn bøker av interesse i katalogen vår, som inneheld både nye bøker frå 2013 og andre titlar som framleis er i sal. God lesnad!

    Beste helsing

    Torkjell DjupedalFORLEGGJAR

    OPPSLAG

    Ottar Starheim:

    Fylkesleksikon Sogn og FjordaneBind 1–4

    Eineståande bokverk i fire bind med 3200 boksider, og inneheld mellom anna 3120 biografiar, 12 000 foto og eit register med 12 291 oppslagsord. Verket er ordna kommunevis. På mange måtar er dette ei «minibygdebok» for kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane. Alt du nokon gong kunne tenkje deg å vite om Sogn og Fjordane, og meir til.

    ISBN: 9788281783300 3200 s utgitt 2009kr 990,-

    selja forlag

  • 1

    Om forfattarane:Jens Brekke (f. 1951) frå Vik i Sogn er kulturarbeidar, og har skrive eller medverka til mange bøker, mellom anna «Dei seie so… om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen».

    Ola Bremnes (f. 1955), frå Kvæfjord i Troms er musikar og har gitt ut ei rekkje plater, mellom anna «I det blå» som kom ut i 2013. Bremnes er også forfattar og illustratør, mellom anna til dei fleste bøkene i bokserien «Illustrert tyleskap».

    NY BOK 2013

    Jens Brekke og Ola Bremnes:

    Destillert tyleskap… til å le av

    Er du på leit etter ei vitsebok har du feil bok i neven. Dette er ei samling rotekte folkelivsskildringar med humoren som drivkraft. Her er meir enn 100 destillerte vestlandsstubbar. Dei er skapte, utvikla og foredla på villaste Vestlandet, bratt, spinnande vilt og hakkande gale. Syn varsemd!

    ISBN: 9788282400718 – 128 s – utgitt 2013 – kr 268,-

    TIDLEGARE BOK I SAME SERIE:Jens Brekke:

    Dei seie so...om sogningen, sunnfjordingen og nordfjordingen

    Er sogningane hakkande galne, sunnfjordingane tilsvarande trege og nordfjordingane midt i mellom?

    ISBN: 9788282400268 – 112 s – utgitt 2010 – kr 268,-

  • 2

    Christer Lundberg Nes:

    SkikompisSnøskred og trygg ferdsel

    SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar. Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute.Boka fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel. SKIKOMPIS handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd, køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag. Boka er svært praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.SKIKOMPIS er boka for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste. Boka er nominert av DNT til «Årets fjellbok 2013».Kunsten er å finne den tryggaste linja – med den beste snøen!

    ISBN: 9788282400633 - 192 s – utgitt 2013kr 378,-

    NY BOK 2013

    Om forfattaren:

    Christer Lundberg Nes (f.1970) frå Volda er tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Han er mellom anna godkjend tindevegleder, UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide, og fekk Røde Kors sin fjellskikkpris 2013.

  • 3

    NY BOK 2013

    Knut Langeland og Helge Sunde:

    Sjelebot33 tur- og naturperler i Hordaland og Sogn og Fjordane

    SJELEBOT er ei turbok som kan fortelja deg kvar du bør dra. Men aller mest er det ei turbok som ønskjer å formidla at du må dra. At du ikkje må sitja stille i livet og la høvet gå frå deg. Det er ei turbok som spreier kunnskapen om det nære, som løfter fram Vestlandet og dei vestlandske kvalitetane, og som hjelper deg å finna fram til naturperlene i nabolaget. Dei som vi så lett gløymer og overser når verda blir lita og turmåla helst skal vera fjerne.SJELEBOT viser veg til desse plassane, til desse turane. Somme kjende, somme ukjende og bortgøymde. Med sin særeigne forteljarstil maler Knut Langeland bilete og formidlar stemningar. Saman med naturfotografen Helge Sunde viser han kor snublande nær oss det eksotiske kan liggja.Boka inneheld 33 turar, fordelt året rundt, til fots, på ski eller med kajakk. Dei fleste turane er frå fjellheimen bergensarane likar: Stølsheimen, Vossefjella, Kvamfjella, Bergsdalsfjella og Byfjellene, men vi blir også med til Skåla i Nordfjord i nord og til Folgefonna i Hardanger i sør.

    ISBN: 9788282400725 – 192 s – utgitt 2013 – kr 398,-

    Om forfattarane:

    Knut Langeland (f. 1958) har vore journalist sidan 1985, sidan 1987 i Bergens Tidende, med sport og friluftsliv som spesialfelt. Han har skrive fleire bøker om fjell og friluftsliv, seinast OPPTUR Bergen (Selja Forlag 2012).

    Helge Sunde (f. 1951) har vore fotograf i Dagbladet og Bergens Tidende. Han har teke bilete til ei lang rekke bøker særleg om natur, samferdsle og lokalhistorie.

  • 4

    NY BOK 2013

    Thor Warberg:

    Anders AskevoldVestlandsmålaren

    Anders Askevold (1834–1900) er eit velkjent namn i norsk kunsthistorie. Han voks opp i Askvoll i Sunnfjord, kom til Bergen som 13-åring og til Düsseldorf som 21-åring, der han var elev av H.F. Gude. Seinare budde han i Paris, Bergen og Düsseldorf. Han var den fyrste store kunstnar frå Sogn og Fjordane, og den fyrste som reiste ut.Askevold henta alle motiva sine frå Vestlandet og tok med seg gjetarane, husdyra, naturen og det vestlandske kulturlandskapet inn i kunsten som ingen annan har gjort. Fjordlandskap og kyr var Askevolds spesialitetar. Denne boka inneheld ei verkliste på over 950 måleri, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og over 70 foto og andre illustrasjonar. Boka er den første samla framstillinga av Anders Askevold og livsverket hans.Bilettekstar og samandrag også på engelsk.

    ISBN: 9788282400688 – 168 s – utgitt 2013kr 348,-

    Om forfattaren:Thor Warberg (f. 1952) er forfattar og bonde frå Ål. Han har skrive gards- og slektssoge for heimbygda, og «Bergslien-målarane», 2008.

  • 5

    KUNST

    Reidar Storaas:

    Vestlandskunstnaren Mons BreidvikDen første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881–1950), ein markant vestlandskunstnar som held på å verta gløymd.

    ISBN: 9788282400404 – 144 s – utgitt 2011 – kr 298,-

    Kåre Ragnar Lien:

    SabbenKunstbok av Kåre Ragnar Lien

    ISBN: 9788291722986 – 96 s utgitt 2008kr 100,-

    Thor Warberg:

    Bergslien-målaraneFolkeliv i fargar

    Knud Bergslien (1827-1908) og nevøen Nils Bergslien (1853-1928) var to av dei mest fargerike vestlandsmålarane sist på 1800-talet. Boka er rikt illustrert med over 110 kunstverk og vel 20 foto. Norsk og engelsk tekst

    ISBN: 9788291722894 – 144 s utgitt 2008 – kr 298,-

    Oddmund Hus:

    Hardanger i kunsten66 kunstnarar gjennom to hundre år

    Om alle dei store kunstnarane som har vore i Hardanger, både J.C. Dahl, Adolph Tiedmand, Hans Gude, Eilif Peterssen, Amaldus Nielsen, Frits Thaulow, Gerhard Munthe, Anders Askevold, ja, Henrik Ibsen er også med, han var på målarferder i Hardanger kring 1860.

    ISBN: 9788282400121 – 208 s utgitt 2009 – kr 348,-

  • 6

    OPPTUR-serien består av 6 bøker som har fyldige turomtalar og alle ruter teikna inn på flyfoto av til saman 1000 turar i det flottaste landskapet Noreg har å by på.

    Anne Rudsengen og Finn Loftesnes:

    OPPTUR Sogn og Fjordane267 fotturar

    OPPTUR Sogn og Fjordane viser deg det makelause turfylket Sogn og Fjordane på ein ny måte, har turar frå alle 26 kommunane.

    ISBN: 9788291722474 – 648 s – utgitt 2005 (6. opplag 2013) kr 448,-

    Finn Loftesnes og Tom Dybwad:

    OPPTUR Nærøyfjorden88 turar kring verdsarvfjordane

    OPPTUR Nærøyfjorden tek deg med på 88 turar i verdsarvområdet i indre Sogn, frå Vik i vest til Lærdal i aust, frå Sognefjorden i nord til Voss i sør, og er delt inn i 4 kapittel: 1. Undredalshalvøya, 2. Nærøydalen – Fresvikbreen, 3. Aust for Aurlandsfjorden, 4. Flåmsdalen – Aurlandsdalen

    ISBN: 9788282400411 – 272 s – utgitt 2011 kr 398,-

    Merete L. Rønneberg og Finn Loftesnes:

    OPPTUR Geirangerfjorden 93 fotturar kring verdsarvfjordar

    OPPTUR Geirangerfjorden tek deg med på 93 fotturar kring dei tre verdsarvfjordane Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden, og dekker såleis store delar av dei makelause turområda på indre Sunnmøre. Boka er delt inn i fem kapittel: 1. Stranda – Sunnylven, 2. Geiranger, 3. Eidsdal – Norddal, 4. Tafjord – Fjørå – Valldal, 5. Liabygda – Stordal.

    ISBN: 9788282400039 (no/eng) – 360 s – utgitt 2009 kr 398,-

    OPPTUR

  • 7

    Knut Langeland og Finn Loftesnes:

    OPPTUR Bergen151 fotturar i 10 kommunar

    OPPTUR Bergen viser deg alt det beste av turopplevingar du kan få i og rundt hovudstaden på Vestlandet, og er delt inn i 10 kapittel: 1. Bergen, 2. Bergen Vest, 3. Sotra og Øygarden, 4. Askøy, 5. Åsane, 6. Nordhordland, 7. Osterøy, 8. Arna, 9. Fana, 10. Os

    ISBN: 9788282400565 – 368 s – utgitt 2012 kr 398,-

    Anne Rudsengen og Finn Loftesnes:

    OPPTUR Hordaland276 fotturar

    OPPTUR Hordaland tek deg med på 276 fotturar frå Hardangervidda i søraust til Fedje i nordvest, og har turar frå alle dei 33 kommunane.

    ISBN: 9788291722757 – 672 s – utgitt 2007 (4. opplag 2011) kr 448,-

    Finn Loftesnes:

    OPPTUR Jotunheimen125 fotturar

    OPPTUR Jotunheimen tek deg med på ei unik reise gjennom 125 turar kring om i heile Jotunheimen. Dei dekkjer område frå Vangsmjøse i sør, Sognefjellet i vest, Vågåvatnet i nord til Valdresflya i aust, og er delt inn i 7 kapittel: 1. Hurrungane, 2. Sognefjellet, 3. Leirvassbu – Galdhøpiggen, 4. Lom – Sjodalen, 5. Gjende, 6. Bygdin – Vangsmjøse, 7. Tyin – Utladalen

    ISBN: 9788282400060 (no) – 304 s - utgitt 2009 (2. opplag 2011) ISBN: 9788282400091 (eng) – 304 s – utgitt 2009 kr 398,-

    OPPTUR

  • 8

    Kjell Askeland:

    Folk før IITjuefem historier frå Nordfjord

    «Hadde eg berre snakka meir med han far, han besten, spurt han meir. No er det for seint!» Slike hjartesukk har Kjell Askeland prøvd å kome i forkjøpet. Gjennom mange år har han sete seg ned og prata med eldre folk i Nordfjord, teke seg tid, lytta, kome tilbake fleire gonger. Tekstane her er ikkje kryssjekka historie. Det er augnevitne som fortel om det opplevde livet. Subjektivt, fylt med kjensler, fantasi, og draumar, og for den del, sløkte draumar. Fylt med deira tankar og vurderingar. I 2008 kom Folk før – femti historier frå Nordfjord. I Folk før II møter vi tjuefem personar til, frå heile Nordfjord: Bremanger, Gloppen, Stryn, Hornindal, Eid, Vågsøy og Selje. Menneska vi møter er fødde i åra 1886-1933. Dei fleste lever, og tre av dei er over 100 år gamle. Ingeborg Holm på 108 år er når boka kjem ut mellom dei eldste menneska i landet.Folket mellom fjella i Nordfjord er fasinerande å lytte til. Når dei berre vert gamle nok.

    ISBN: 9788282400732 – 248 s – utgitt 2013 kr 448,-

    TIdlegAre boK I sAme serIe:Kjell Askeland:

    Folk førFemti historier frå Nordfjord

    Sterke og nære møte med slitarane som bygde landet. Her møter vi personar fødde i tidsrommet 1887-1937.ISBN: 9788291722948 – 192 s – utgitt 2008 kr 368, 

    NY BOK 2013

    Om forfattaren:Kjell Askeland (f. 1943) frå Askeland i Bremanger, pensjonert lærar og frilansjournalist.

  • 9

    Paul O. Tomasgard:

    Draumen om framtidslandetUtvandringa frå Hornindal til Amerika

    I løpet av 60 år forlet om lag 760 honndøler heimbygda for å søkje lykka i Amerika. Dei slo seg ned i Midtvesten som farmarar eller innbyggarar i småbyane. Dei drog vestover til Stillehavskysten, oppover til gullgravarbyane i Alaska og til prærieområda i Canada. Etter kvart enda mange i store byar som Minneapolis, New York, Seattle og San Francisco. Boka fortel om tilhøva i Hornindal kring midten av 1800-talet, om oppbrotet frå heimegrendene, reisa over havet og om det nye livet i Amerika. Boka inneheld korte biografiske opplysningar om storparten av dei utvandra, samt oversikt over alle dei som kom tilbake og overtok gardsbruk. Illustrert med om lag 300 bilete, kart og teikningar. ISBN: 9788282400664 – 208 s – utgitt 2013 – kr 378,-

    NYE BØKER 2013

    Sverre Stokke:

    Å kome til, og fare frå- kulturhistoriske glimt frå Hennøystranda

    Stilla rår grunnen. Alle husa står her mest som før, men ingen menneske viser seg. Ingen tek i døra og vil ut. Berre éin lever att her, sommar som vinter, haust og vår…«Å kome til, og fare frå» er ei reise i tid gjennom tekst og bilete. Det er eit møte med dei nære, personlege historiene frå den vesle bygda Hennøystranda i Ytre Nordfjord. Men mange av forteljingane er allmenne, og kan stå som representant for dei mange kystbygdene som ein gong var. Forteljingane byrjar på 1800-talet, då jord og hav var gull, og fram til notid. ISBN: 9788282400671 – 176 s – utgitt 2013 – kr 348,-

    Om forfattaren: Sverre Stokke (f.1949) er høgskulelektor i kunst og handverk ved NLA-Høgskolen i Bergen. Han hadde separatutstillingar av kunstfoto, «Spor i metall» i 2011 og «Spor» i 2013.

    Om forfattaren:Paul O. Tomasgard (f. 1941) Hornindal, er utdanna lærar med norsk og historie som tilleggsfag ved NLHT og HiSF. Han er redaktør av Hornindal historielag sitt lokalhistoriske årsskrift frå 1985, har skrive ny utgåve av Ættebok for Hornindal (1989), jubileumsbøkene til L/L Hornindal Kraftlag (1999) og Hornindal idrettslag (2010).

  • 10

    NY BOK 2013

    Therese Alvik:

    Familien SteinfeldDa byen gråt

    Denne boka handler om den lille jødiske familien Steinfeld fra Ålesund: Mor Lea, far Israel og barna Reidun og Morten. Israel var en dyktig forretningsmann som drev flere forretninger i Ålesund. Boka forteller om hverdagsgleder og livet før krigen, om angsten og uroen som fulgte med den tyske okkupasjonen, arrestasjonene, og til slutt døden i tysk fangenskap i Auschwitz i 1943.  Therese Alvik har gjennom samtaler og søk i utallige arkiv og bøker funnet mye nytt stoff om hva som skjedde med familien Steinfeld og andre jøder som hadde tilknyting til Sunnmøre både før og under krigen. Bestemor til forfatteren var i tjeneste hos familien Steinfeld. «Min bestemors opplevelser som ung, resulterer nå i en bok med svar på mange av hennes spørsmål. Jeg skulle ønske at hun kunne tatt del i denne «reisen», skriver Therese Alvik.

    Boka er rikt illustrert. Mange av fotografiene har ikke blitt publisert tidligere.

    ISBN: 9788282400749 – 192 s – utgitt 2013kr 348,-

    Om forfattarenTherese Alvik (f. 1969) fra Ålesund er utdannet lektor og underviser i norsk som andrespråk. Dette er den første boka hennes.

  • 11

    NYE BØKER 2013

    Audun Systad (red):

    Tjugum kyrkje i Balestrand 150 år Lys over fjord

    Tjugum kyrkje ligg vakkert til ved Sognefjorden, med utsyn over Esefjorden til Holmen, kommunesenteret i Balestrand. Det særmerkte, åttekanta kyrkjebygget ligg lunt til mellom høge, vakre tre. Biletkunstnarar og fotografar har blitt fascinerte av lyset over fjorden. Lyset er også eit bilete på gudstru og folkeopplysning i Balestrand.Denne jubileumsboka har eit svært variert innhald, både når det gjeld historia til kyrkjene på Tjugum og det pulserande kyrkjelydsarbeidet i Balestrand heilt fram til vår tid. Boka er rikt utstyrt med over 300 gamle og nye foto og andre illustrasjonar.

    ISBN: 9788282400701 – 272 s – utgitt 2013 – kr 398,-

    Terje Skaug (red.)

    Lesja prestegardPrestegarden gjennom 200 år

    Denne boka forteller både historien om Lesja prestegard og om prestegarden i dag. Boka inngår i en serie på fem bøker om historisk viktige prestegarder som Opplysningsvesenets fond har ansvar for.ISBN: 9788282400657 – 56 s – utgitt 2013 – kr 200,-

    Terje Skaug (red.)

    Nesset prestegard Prestegarden gjennom 200 år

    ISBN: 9788282400756 – 56 s – utgitt 2013 – kr 200,-

    Andre bøker i serien i 2014: Meldal prestegard, Verdal prestegard, Selje prestegard.

  • 12

    ÅRBOKA

    Torbjørn Rørvik (red):

    Årboka for Sogn og Fjordane 2012Årboka for Sogn og Fjordane 2012 er ei jubileumsutgåve. Dette er den 20. utgåva i serien som presenterer stort og smått, som har gått føre seg i Sogn og Fjordane. Utgangspunktet for boka er ein stad oppunder 50 000 avissider, som vi har saumfare på jakt etter dei store nyhenda, varme småsaker og det gode fotografiet. Vansken er ikkje i å finne, men å avgrense. Årboka 2012 tek mellom anna pulsen på næringsliv, samferdsle, kultur, sport, vêr og uvêr. Boka går også inn i dramatiske hendingar som fekk store konsekvensar for einskildmenneske. Men vi er også med der hendingar skapar positivitet og glede med tanke på åra som kjem.Boka har også ein omfattande statistikkdel: folketal, politikk, drikkevanar, tippevanar, reisevanar og kva bilar vi kjøper. Og ikkje minst vêret. Alle snakkar om det, men her kan du få kunnskap om korleis vêret verkeleg var i fylket i 2012. Også i år inneheld boka eit register over namna på nærare 1 000 personar som er omtalte i denne utgåva.

    ISBN: 9788282400640 – 270 s – utgitt 2013 – kr 468,-

    Om forfattaren:Torbjørn Rørvik (f. 1959) bur på Kaupanger og har tidlegare vore journalist og redaktør.

    TIDLEGARE ÅRBøKER: Årboka for Sogn og Fjordane har komme ut kvart år sidan 1993. Alle årgangar t.o.m. 2010 (minus 2006) kan kjøpast enkeltvis til kr 98,- pr stk eller samla for kr 990,-. Årboka for 2011 kostar kr 458,-. Dersom du ønskjer å abonnere på Årboka, så betaler du for 2012, og får 2011 med på kjøpet.

  • 13

    SOGN OG FJORDANE

    Ove Eide og Finn Egil Eide:

    Kjerringa, Askeladden og kongen sjølvEventyr frå Sogn og Fjordane

    30 eventyr frå Sogn og Fjordane, nokre publisert for første gong. Vi møter Askeladden og prinsessa, reven og bjørnen, kjerringar og troll – og sjølvsagt også sunnfjordingen og kongen. Alle rikt illustrert.

    ISBN: 9788282400572 – 128 s – utgitt 2012 – kr 198,-

    Magne V. Kristiansen:

    Den gong ei reise var ei reiseEin hesteskyss over Strynefjellet i 1900

    Om reisa den nyvalde stortingsrepresentanten Rasmus P. Sindre og kona Gyda hadde frå Stryn til Kristiania og Stortinget. Illustrert med teikningar.

    ISBN: 9788282400282 – 64 s – utgitt 2010kr 248,-

    Ove Eide og Finn Egil Eide:

    Huldra, draugen og fanden sjølvSegner frå Sogn og Fjordane

    Dette er første gongen det blir gjeve ut ei samling segner der alle kommunane i fylket er representerte. Til saman 77 segner i alle sjangrar, frå ytst i Fjordane til inst i Sogn. Alle rikt illustrert.

    ISBN: 9788282400459 – 128 s – utgitt 2011 – kr 198,-

  • 14

    SOGN OG FJORDANE

    Jorunn Liv Kleiven:

    Gå sjølFamilieturar i Sunnfjord

    Omtale av 94 familieturar i heile Sunnfjord, både til fots, på sykkel, med ski og akebrett. Kommunar som er med:

    Jølster, Førde, Naustdal, Flora, Askvoll, Fjaler og Gaular.ISBN: 9788282400114 216 s – utgitt 2009kr 98,-

    Stig Roger Eide og Inge Fænn:

    Skåla- fjellet og folket

    I 120 år har Skåla og Skålatårnet i Stryn vore eit eineståande turmål, og alle som har streva seg opp Nord-Europas lengste motbakke, 1848 moh, får med seg minne for livet. Praktbok.ISBN: 9788282400381 – 208 s – utgitt 2011 – kr 398,-

    Thomas Bickhardt og øystein Rakkenes

    Panorama NordfjordEi reise i praktfulle bilete og underfundige tekstar gjennom heile Nordfjord. Praktbok om sju kommunar: Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal, Stryn, Gloppen og Bremanger.ISBN: 9788282400138 – 216 s – utgitt 2009 – kr 398,-

    Gry Hammer og Thomas Bickhardt:

    Storm ved StadPraktbok om stormen ved Stad. Om natur og folk, om livet ved kanten av storhavet.ISBN: 9788291722832 192 s – utgitt 2007kr 398,-

  • 15

    SOGN OG FJORDANE

    Gaute Losnegård:

    Historia om FloraFør byen kom. Bind 1 – Tida fram til 1860

    Bysamfunnet Florø i Flora kommune er den eldste byen i Sogn og Fjordane, grunnlagd 1860. Bind 1 i dette historieverket tek lesaren på ei reise frå dei eldste tider og fram til byen kom. Historia om Flora er rikt illustrert og gjev eit vidt innblikk i korleis forfedrane våre levde, både om levekår og næringsvegar. Livet på kysten av Sunnfjord har vore prega av både stagnasjon og framsteg, uår og velstandsår, krig og fred. Utgitt i samarbeid med Flora kommune. Bind 2 kjem i 2016.ISBN: 9788282400589 – 496 s – utgitt 2012 – kr 498,-

    Katrine Sele og Oddleiv Apneseth:

    HerifråEi alternativ reise i det moderne Sogn og Fjordane.

    ISBN: 9788291722696 – 175 s utgitt 2006 – kr 198,-

    Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Finn Borgen Førsund og Sigurd Vengen:

    På kyrkjeferd i Sogn og FjordaneBind 2: Sogn

    Omtale av alle dei 54 kyrkjene i Sogn, frå Solund til Årdal. Om arkitektur, kunst og inventar.

    ISBN: 9788291722146 – 304 s – utgitt 2000 – kr 248,-

    Kristin Ese:

    På god vegVeghistorie i Sogn og Fjordane

    Historia om alle vegane i fylket, frå dei eldste til dei nyaste, frå grendevegar til stamvegar. Om Dalsfjordbrua, Fatlaberget, Lærdalstunnelen, Rallarvegen, Naustdaltunnelen og Nordsjøportvegen. Veghistorie for kvar av dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane.

    ISBN: 9788291722702359 s – utgitt 2007 – kr 398,-

  • 16

    MAT

    Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal:

    FjordamatVil du gjerne lage tradisjonsrike matrettar og bruke gode, lokale råvarer? Vil du helst lage maten frå grunnen av, og vite kva han er laga av? Og vil du at matarven skal gå vidare til nye generasjonar? Fjordamat er standardboka for alle med interesse for mat og matskikkar på Vestlandet, og bestseljar heilt frå første utgåva i 1999. Over 340 oppskrifter krydra med over 270 appetittvekkande bilete.

    ISBN: 9788291722917 – 264 s – utgitt 2008 (2. opplag 2012)kr 398,-

    Åse Kongsvik, Kari Støfringsdal og Heidi Brunstad-øyehaug:

    Ta kakaFrå hellebakst til kunstferdige konditorkaker. Frå julekaker til lekre dessertar. Rikhaldige kakebord er tradisjon når noko skal feirast på Vestlandet. Ta kaka er ei norsk kakebok der kakene vert sette inn i ein større kulturhistorisk og geografisk samanheng. Boka inneheld 200 oppskrifter frå heile Vestlandet, frå Egersund til Kristiansund. Rikt illustrert.

    ISBN: 9788291722566 – 223 s – utgitt 2005 (4. opplag 2013)kr 368,-

  • 17

    MAT

    Per Momrak og øystein Vegge:

    Mat i det friBoka for deg som er glad i naturen og alt den har å by på. Den viser hvordan du kan lage de beste middagsretter, herlige konfekter og godluktende bakevarer uten gass eller elektrisk grill. Inneholder 80 oppskrifter på enkle og lekre matretter, alle med lett tilgjengelige råvarer.

    ISBN: 9788282400206 – 143 s – utgitt 2010 (2. opplag 2011)kr 248,-

    Reidunn Otterdal, Anne Britt Sårheim, Ann-Iren Ulvedal:

    Klare sjølKokkar små med kopp og skei. Includes english glossary

    Barnekokeboka som er like populær no som då ho kom ut første gongen i 2002. Passar for barn i alderen 3-12 år. Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter, der måla er oppgitt i kopp og skei.

    ISBN: 9788282400176 – 122 s – utgitt 2002 (6. opplag 2012)kr 248,-

  • 18

    BARN

    Per Sivle:

    Berre ein hund«Berre ein hund» er ein av Per Sivle sine beste og mest kjende tekstar. Historia vart først trykt i «Sogor», 1887, og er ei gripande forteljing om venskapen mellom guten Per og hunden Hall. Forteljinga kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskriven av Jens Brekke. Brekke har også skrive barneforteljinga «Han Per», som følgjer Sivle frå barndommen i Aurland og på Vossestrand og fram til vaksen alder.Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lengre inn i den norske folkesjela enn Sivle har gjort med «Den fyrste song». Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo.

    ISBN: 9788291722412 – 56 s – utgitt 2004 (2. opplag 2013) kr 198,-

    Kurt Rutledal:

    Alfred Bamse på sjukehusDet starta med ei flis i poten og enda med eit langt og lærerikt sjukehusopphald. Bli med når bamsen Alfred forskar på korleis eit sjukehus fungerer.ISBN: 9788282400435 – 144 s – utgitt 2011 – kr 198,-

    Kurt Rutledal:

    Alfred offshoreKva vil det eigentleg seie å jobbe offshore? Kva gjer dei på der ute? Korleis kjem dei seg dit? Og korleis er arbeidsdagen? Bli med Alfred Bamse og oppdag den spennande verda der ute.

    ISBN: 9788282400251 – 120 s - utgitt 2010 (2. opplag 2012) – kr 248,-

  • 19

    SKJØNNLITTERATUR

    Ottar Løvoll:

    StikkvegarInneheld 67 dikt. Dei fleste av dei med mennesket i sentrum, men det er mange stikkvegar ut til handlingsrommet der dikt blir til i «samspelet» mellom menneske, natur og religion.

    ISBN: 9788282400695 – 78 s – utgitt 2013 – kr 200,-

    Henrik Skorven:

    Nynorsk lyrikk25 diktarar - 220 dikt

    Boka inneheld høgdepunkt frå den nynorske diktinga gjennom over hundre år. Dikt og korte biografiar om dei største nynorske diktarane frå Ivar Aasen til Olav H. Hauge.ISBN: 9788282400107 344 s – utgitt 2009kr 298,-

    Hans Sande:

    I dag såg eg to spadarSkjønnlitterær kunstbok. Dikt og fotografi av skulpturar i tre og jarn. Hans Sande har lagt alle talenta sine saman og skapt ei kunstbok utanom det vanlege. Inspirert av Olav H. Hauge sine tingdikt om ljåen og saga, har Sande gitt nytt liv til gamle og rustne slitarar av alle slag.

    ISBN: 9788282400534 112 s – utgitt 2012 kr 198,-

    Om forfattaren:Ottar Løvoll (f. 1941) er fødd og oppvaksen på garden Løvoll i Eidsdal på Sunnmøre. I sitt vaksne liv har han budd i Ørsta, der han har vore lærar ved den vidaregåande skulen. Dette er den andre diktsamlinga hans.

  • 20

    SKJØNNLITTERATUR

    Bjarte Sindre:

    Odins smykke 1–4 kr 98,- pr stkSpennande romanserie frå vikingtida om Asgeir Åsason som er utan slekt og freistar finne ut kven faren er.

    Asgeir ÅsasonAsgeir Åsason er fødd i år 907 og veks opp på øya Bru i Sunnfjord. Ingen veit kven far hans er. Dette er ei stor skam, så medan jamaldringane får reise i viking, lyt Asgeir vere heime og gjere «kvinnfolkarbeid». Vismannen Tormod Frode tek seg av han i løynd, fortel at han er etterkommar av guden Odin, og lærer han både språk og idrettar. Men dette må han halde for seg for seg sjølv til tida er inne.

    ISBN: 9788282400305 – 223 s – utgitt 2010

    BerserkenÅret er 923. Skosveinen Asgeir Åsason får vere med kong Eirik Blodøks på ferda til Bjarmeland for å utvide kongemakta si nordover.Lite veit dei om at kong Halvdan Svarte i Nidaros hyrer berserken og kvinnerøvaren Steinar Grimsson til å ta livet av halvbroren Eirik Blodøks, som skal bli overkonge i landet.

    ISBN: 9788282400329 – 223 s – utgitt 2011

    TrollbønSkosveinen Asgeir Åsason er blitt ein viktig mann for kong Eirik Blodøks etter slaget mot berserken Steinar Grimsson på Eidet på Senja. Men seidmannen Sote Ramn kom seg unna slaget, og har stygge planar for kongen og mennene hans. Både handelsferda til Bjarmeland og heimferda sørover til Hålogaland byr på fare, svik og ære for Asgeir.

    ISBN: 9788282400343 – 223 s – utgitt 2011

    MøyfridDet er mange som ønskjer livet av Asgeir Åsason, ein av kong Eirik Blodøks sine viktigaste menn.Spesielt etter drapet på den fremste seidmannen i Norveg, Sote Ramn, ønskjer seidfolket hemn. Og det er gamlekjærasten til Sote, Bergljot, som får i oppdrag å drepe Asgeir og dei han held av.

    ISBN: 9788282400367 – 223 s – utgitt 2011

  • 21

    SKJØNNLITTERATUR

    Johan Fjellby:

    På blå reseptOrd til ettertanke av Johan Fjellby

    På blå resept er ei samling sorgmuntre visdomsord. Korte og presise sitat som gjer at du stoppar opp og ser på livet og kvardagen med nye auge og med nytt mot. Han Johan får deg også til å sjå det komiske i mykje av det som skjer rundt oss.

    ISBN: 9788291722573 – 64 s – utgitt 2005 (3. opplag 2013) – kr 79,-

    Rune Timberlid:

    PriseldFleire av Nikolai Astrups mest kjende måleri blir rana under dramatiske omstende under transport til Astruptunet i Jølster. Politimannen Rolf Randen leiar jakta på dei verdfulle kunstverka, og det fører han inn i ei komplisert sak der drap, lyssky barnepornografi og illegal handel med kunst blir ein del av kvardagen...

    ISBN: 9788291722375 – 253 s – utgitt 2004 – kr 98,-

    Jon Tolaas:

    DønningarDiktsamlinga var Jon Tolaas (1939-2012) si tolvte og siste skjønnlitterære bok sidan debuten i 1967.

    ISBN: 9788282400022 71 s – utgitt 2009 kr 98,-

    Johan Fjellby:

    Han JohanBåde djupsindige og lettsindige ord til ettertanke.

    ISBN: 9788291722740 63 s – utgitt 2007kr 79,-

  • 22

    SUNNMØRE

    Jon Tvinnereim og Jørgen Amdam:

    EiksundsambandetVisjonen som vart verkeleg

    Eiksundsambandet er det ferjefrie sambandet mellom øyane på ytre Søre Sunnmøre og fastlandet i Ørsta/Volda. Boka fortel om den seige kampen for å få gjennomført prosjektet og om den suksessen det har blitt.

    ISBN: 9788282400602 – 272 s – utgitt 2012 – kr 398,-

    Einar Landmark:

    VendepunktetHenrik Ibsen på Sunnmøre 1962

    Sommaren 1862 reiste Henrik Ibsen på samlarferd til Sunnmøre, for å samle segner og lokalhistorisk stoff. Her fann han også tema og rollemodellar som han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare. Sjølv ivrige lesarar av Ibsenbiografiar vil finne nye opplysningar om Ibsen i denne boka.

    ISBN: 9788282400541 – 256 s – utgitt 2012 – kr 348,-

    Turid Karlsbakk:

    Gripen av GrønlandI spora til far 63 år etter

    Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten ”Hird” frå land i Ålesund med seks fangstmenn om bord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland og få oppfylt draumane sine om rikdom. Ein av desse var Jonas Karlsbakk, far til Turid, som 63 år seinare er med eventyraren Ragnar Thorseth til Grønland i spora etter dei gamle fangstmennene.

    ISBN: 9788282400558 – 104 s – utgitt 2012 – kr 298,-

  • 23

    BIOGRAFI

    Egil Russøy:

    Møtet med Hans Nielsen HaugeHistoria om Anna frå Voss og Bertel frå Naustdal

    Anna og Bertel fekk liva sine endra i møtet med lekpredikanten Hans Nielsen Hauge, og historia deira viser også korleis haugianarane utvikla seg frå å vere ei forfølgd gruppe til å bli viktige aktørar i samfunnsutviklinga i Noreg på 1800-talet.ISBN: 9788282400619 – 160 s – utgitt 2012 – kr 328,-

    Bjarte Sindre:

    Flypioneren Thor SolbergThor Solberg (1893-1967) frå Florø er ein av dei store i norsk luftfartshistorie, og var den første flygaren som klarte å fly frå USA til Noreg. Solberg sitt livsverk var knytt til luftfarten, og han innførte mellom anna Cessna til Skandinavia. Dette er første biografien om han.ISBN: 9788282400596 – 160 s – utgitt 2012 – kr 328,-

    Greta Hekneby:

    Nikka VonenFolkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne

    Biografi om Nikka Vonen (1836–1933), den vidgjetne og viktige kulturpersonen frå Fjaler, som dreiv ein av dei fremste privatskulane i landet.

    ISBN: 9788282400237 – 288 s utgitt 2010 – kr 98,-

  • 24

    HISTORIE

    Terje Eggum:

    På trykkAvisene i Sogn og Fjordane 1874–2009

    Om avisfylket Sogn og Fjordane gjennom 135 år. Det er ei spennande soge som famnar 16 utgjevarstader, meir enn 50 aviser, innpå 200 redaktørar og dei fleste sidene ved partipolitikken.

    ISBN: 9788282400046 – 265 sutgitt 2009 – kr 98,-

    Yngve Nedrebø (red):

    Fattigfolki Bergens stift 1755-2005

    Dette er ei bok om utgrupper i bygd og by på Vestlandet gjennom 250 år, om dei som ikkje kunne eller ikkje ville syte for seg sjølve.

    ISBN: 9788291722542 160 s – utgitt 2005 kr 98,-

    Lorentz M. Irgens, Yngve Nedrebø, Sigurd Sandmo og Arne Skivenes:

    LepraI 1873 fann bergensaren Gerhard Henrik Armauer Hansen leprabasillen og kunne ved hjelp av denne oppdaginga forklare

    spreiinga av sjukdomen. Tallet på nye tilfelle vart fort redusert, og sjukdomen var under kontroll! Det er dette denne boka handlar om.

    ISBN: 9788291722610 (norsk) – 96 s – utgitt 2006ISBN: 9788291722627 (engelsk) – 96 s – utgitt 2006 kr 98,

    Draum og tullskapFestskrift til Rasmus Løland 150 år

    Rasmus Løland (1861-1907) var den første nynorske barnebokforfattaren. Denne boka handlar om å bli lesen for, ho handlar om kvifor Løland var ein pioner og ho handlar om arven etter han i den nynorske barnelitteraturen.

    ISBN: 9788282400350 – 115 s – utgitt 2011 – kr 248,-

  • 25

    HISTORIE

    Reidar Djupedal:

    Gamle SeljeKulturhistoriske tekstar i utval ved Ove Eide

    Eit utval tekstar med lokalhistorisk stoff frå Selje. Her er kloster og kyrkje, song og dans, rim og reglar, segner og eventyr, stadnamn og mykje meir.

    ISBN: 9788282400299 – 272s – utgitt 2010 – kr 348,-

    Finn B. Førsund:

    Skulen på Mo 1858–2008Historia til ein av landets eldste jordbruksskular, på Mo i Førde. Register med namn på alle lærarar og elevar fram til 2008.

    ISBN: 9788291722924 – 167 s utgitt 2008 – Kr 98,-

    Jón Viðar Sigurðsson, Berit Gjerland og Gaute Losnegård:

    IngólfrNorsk-islandsk hopehav 870-1536

    Praktbok om Ingólfr Arnarson, som er rekna som den første landsnåmsmannen på Island. Boka fortel om den felles historia Noreg og Island har frå landnåmstida til nyare tid.ISBN:9788291722504 – 256 s – utgitt 2005kr 198,-

    Berit Gjerland, Frode Hervik og Yngve Nedrebø:

    Dronning Ingerid og bisp NikolasPraktbok om Ingerid Ragnvaldsdotter, som var svensk prinsesse og gift fire gonger med danske og norske stormenn. Ho spelte ei viktig rolle i den kaotiske borgarkrigstida i Noreg på 1100-talet. ISBN: 9788291722689 – 176 s – utgitt 2006 kr 198,-

  • 26

    KRIGEN

    Egil Ulateig:

    To levende og to dødeHva skjedde med Brenning?

    Noen drama fra krigen gjør sterkere inntrykk enn andre. Denne boka handler om et slikt menneskelig drama. Her er både kjærlighet og svik, løgn og bedrag, liv og død og en gåte som ennå ikke er løst.

    ISBN: 9788282400398 – 144 s – utgitt 2011kr 239,-

    Gerd de Mautort:

    Fransk flyktningKrigsår i Eksingedalen, – de beste år av mitt liv

    Gerd de Mautorts personlige fortelling fra krigen, da hun og to små barn måtte rømme fra Bergen og havnet i Eksingedalen.

    ISBN: 9788291722054 128 s – utgitt 1998kr 98,-

    Leif Koehler:

    Fanget av krigenNorsk ungdom, tysk soldat og russisk krigsfange

    Den utrolige historien om hvordan en uheldig ungdom fra Bergen ble kasteball i storkrigens Europa, men mot alle odds overlevde.

    ISBN: 9788282400077 240 s – utgitt 2009kr 98,-

  • 27

    KRIGEN

    Grethe Eithun, Kjell Ragnar Berge og Hermund Kleppa:

    KrigsårLiv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940–1945

    «Krigsår» inneheld krigshistorie frå alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane, fordelt i 125 artiklar. Boka inneheld komplett oversyn over alle dei 296 falne frå fylket (omtale og bilete), alle dei 540 som sat i fangenskap (omtale), og alle krigsminnesmerke og krigsgraver (omtale og bilete).

    ISBN: 9788291722467 – 479 s – utgitt 2005 – kr 448,-

    Malvin Toft m. fl:

    Krigsseglarar38 sterke historier om krigsseglarar. Dei fleste var om bord i den norske handelsflåten, men fleire var også marinesoldatar.

    ISBN: 9788291722955 – 120 s utgitt 2008 – kr 149,-

  • 28

    KYST

    Magnus Helge Torvanger m.fl:

    M/S AtløyHistoria om ein fjordabåt

    Boka om «M/S Atløy», ein av dei flottaste veteranbåtane i landet. «Atløy» er bygd i Bergen i 1931 og gjorde i over 40 år teneste i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

    ISBN: 9788291722238 – 104 s – utgitt 2001kr 198,-

    Hans H. Steinsund, Malvin Toft, Johan Ottesen, Magnus H. Torvanger, øystein

    Sandøy, Per Kåre Nybakk, Harald Leite og Kjell Askeland:

    Båtar med sjel III71 fiske- og fraktebåtar frå Vestlandet

    ISBN:9788282400152 – 215 s – utgitt 2009 kr 348,-

    I serien ”Båtar med sjel” får vi eit kjekt gjensyn med trauste slitarar frå Stavanger i sør til Kristiansund i nord. Omtale og faktaopplysningar om kvar enkelt båt, skildringar om livet om bord og dei som arbeidde om der. Mange unike foto.

    Malvin Toft og Hans H. Steinsund:

    Båtar med sjel II67 fiske- og fraktebåtar frå Sogn og Fjordane

    ISBN: 9788291722818 – 184 s – utgitt 2007 kr 348,-

  • 29

    KYST

    Magnus Helge Torvanger:

    Frå dampskip til gassferjerFjord1 Fylkesbaatane 150 år 1858-2008

    Historia om ferjefarten og båtrutene i eit fylke med lange fjordar og mange øyar, der sjøen har vore den viktigaste ferdsleåra. Og om reiarlaget som først vart kalla «Amtsbaatene», så «Fylkesbaatane» og no Fjord1.

    ISBN: 9788291722931 – 184 s – utgitt 2008kr 398,-

    Heidi Eikremsvik og Thomas Bickhardt:

    FyrfolkEi reise i tekst og bilete til 14 fyr på Vestlandet, frå Grip i nord til Obrestad i sør. Boka inneheld også fakta om alle dei 83 fyra som er eller har vore på Vestlandet.

    ISBN: 9788291722672 – 144 s – utgitt 2006kr 198,-

    Harald Elling Ulvestad:

    FyrbyggerenFyrformann Elling Ulvestads fortelling 1909-1954

    På grunnlag av dagbøker, rapporter, håndskrivne manuskript og bilder presenterer Harald Elling Ulvestad i denne boka det omfattende arbeidet til faren Elling Ulvestad, som var fyrarbeider, fyrformann og oppsynsmann i Fyrvesenet gjennom 45 år.

    ISBN: 9788291722962 – 142 s utgitt 2008kr 368,-

  • 30

    KULTURGAIDAR

    Siri Ingvaldsen:

    GulatingetKulturhistorisk vegvisar for Gulatinget i Gulen, tusenårsstad i Sogn og Fjordane. Gulatingslova er det eldste norske lovverket og forløparen til den moderne norske rettsstaten.

    ISBN: 9788282400466 (no) 104 s – Utgitt 2011ISBN: 9788282400510 (eng) 104 s – utgitt 2012 kr 268,-

    Harald J. Stavang:

    FloraKulturhistorisk vegvisar

    Vandring i Florø sentrum og bydelane på Florelandet, og til dei kulturhistoriske perlene Kinn og Svanøy. I tillegg finn du omtale av ei rad andre kulturminne i Flora kommune.

    ISBN: 9788291722078 288 s – utgitt 1999kr 248,-

    Torkjell Djupedal:

    FørdeKulturhistorisk vegvisar

    Vandring i Førde med grundig kulturhistorisk omtale. Ingen by i landet har vokse raskare enn Førde etter 1960.

    ISBN: 9788291722023 210 s – utgitt 1998kr 248,-

    Torkjell Djupedal:

    SeljaOm den heilage øya, som var det første pilegrimsmålet i landet, og hadde det første bispesetet og det første klosteret. Og i dag har landets største ruinanlegg frå mellomalderen.

    ISBN: 9788291722603 (no)32 s – Utgitt 2006 (2. opplag 2011)ISBN: 9788282400527 (eng) 32 s – utgitt 2012kr 98,-

  • 31

    KULTURGAIDAR

    Hilde Mauritzen:

    FjærlandVandring i Fjærland, frå fjord til bre, frå bokby til bremuseum.

    ISBN: 9788291722788 40 s – utgitt 2007kr 98,-

    Hans Jakob Reite:

    FørdeVandring i Førde. Om historia og byen i dag.

    ISBN: 9788291722764 32 s – utgitt 2007kr 98,-

    Erik Solheim:

    Jostedals-breenKulturhistoria kring Nord-Europas største fastlandsbre.

    ISBN: 9788291722795 40 s – utgitt 2007kr 98,-

    Solveig Berg Lofnes:

    AstrupNikolai Astrup og Jølster

    Nikolai Astrup (1880-1925) er rekna som ein av dei største og mest folkekjære norske kunstnarane.

    ISBN: 9788291722771 40 s – utgitt 2007kr 98,-

  • 32

    VESTLANDET

    Audhild Rude:

    RetroHugsar du tilbake til 1950- og 60-talet? Då mange enno ikkje hadde innlagt vatn eller straum, men boka «Vi som koker elektrisk» var ein salsvinnar? Retro er ei minnebok om dagleglivets kulturminne før og no med bilete av ting som var i dei fleste heimar: Vakkert handarbeid, koppar og kar, møblar og interiør. Høgtid og kvardag.

    ISBN: 9788282400275 – 168 s – utgitt 2010kr 98,-

    Atle Skjelde:

    Jakt og fiske på VestlandetVestlandet byr på fantastisk natur og rikt dyreliv. I denne boka tek vi deg med på ei reise gjennom dette landskapet med fokus på jakt og fiske i dei fire årstidene. Hjortejakt i Måren, harejakt i Gloppen, revejakt på Voss, gåsejakt på Karmøy, laksefiske i Lærdal og seljakt i Sognefjorden er nokre av opplevingane

    vi får vere med på. Rikt illustrerte reportasjar, fyldige faktaboksar, nyttige tips, statistikkar og rekordar.

    ISBN: 9788282400244 – 208 s – utgitt 2010kr 98,-

    JuleglimtGod nynorsk julestemning mellom to permar: Her finn du 20 juleforteljingar og surrealistiske juleeventyr av 20 kjende vestlandsforfatttarar: May Grethe Lerum, Berge Furre, Vidar Nupen, Finn Tokvam, Ingvild Bryn, Arild Hoksnes, Fridtjov Urdal, Einar Økland, Astrid Overaa, Trude Teige, Sylfest Lomheim, Selma Lønning Aarø, Thore Helland, Erna Osland, Halvor Folgerø, Jens Brekke, Geir Kvam, Bjørn M. Toft, Valgerd Svarstad Haugland, Ragnar Hovland.

    ISBN: 9788291722979 – 160 s – utgitt 2008 – kr 98,-

  • Kjære lesarSelja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut 180 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorsk- og sakprosaprofil. Vi er opptekne av å fortelje gode og viktige historier, særleg frå det verkelege liv. Viktige stikkord for oss er historie, kultur, natur, folk, reise, mat og kyst, og vi legg stor vekt på at bøkene skal ha høg kvalitet, både på tekst, foto og utforming.Selja Forlag har tre tilsette på heiltid og kontor i Førde med eige lager, sal og distribusjon. Dei siste åra har vi gjeve ut 12-15 nye bøker kvart år. Vi håpar du finn bøker av interesse i katalogen vår, som inneheld både nye bøker frå 2013 og andre titlar som framleis er i sal. God lesnad!

    Beste helsing

    Torkjell DjupedalFORLEGGJAR

    OPPSLAG

    Ottar Starheim:

    Fylkesleksikon Sogn og FjordaneBind 1–4

    Eineståande bokverk i fire bind med 3200 boksider, og inneheld mellom anna 3120 biografiar, 12 000 foto og eit register med 12 291 oppslagsord. Verket er ordna kommunevis. På mange måtar er dette ei «minibygdebok» for kvar einaste kommune i Sogn og Fjordane. Alt du nokon gong kunne tenkje deg å vite om Sogn og Fjordane, og meir til.

    ISBN: 9788281783300 3200 s utgitt 2009kr 990,-

    selja forlag

  • 2013KATALOGselja forlagselja forlag

    Selja Forlag as, Postboks 151, 6801 Førde – Besøksadresse: Fjellvegen 18, 6800 FørdeTelefon 57 83 22 20 – Telefaks 57 83 22 21

    Heimeside: www.selja.no – E-post: [email protected]