sirkus spetakkel

35

Upload: det-norske-samlaget

Post on 25-Mar-2016

248 views

Category:

Documents


11 download

DESCRIPTION

Sjarmerande barnebok av Kari Smeland

TRANSCRIPT

Page 1: Sirkus spetakkel
Page 2: Sirkus spetakkel

1

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 1

Page 3: Sirkus spetakkel

Kari Smeland

SirkusSpetakkelIllustrert av Bibbi Omtveit

SamlagetOslo 2014

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 3

Page 4: Sirkus spetakkel

© Det Norske Samlaget 2014www.samlaget.no

Omslag: Bibbi Omtveit/ScangraphicFørtrykk: SamlagetTrykkeri: Scangraphic ASPrinted in Poland

ISBN 978-82-521- 8435-8

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 4

Page 5: Sirkus spetakkel

Kapittel ein – Ein morgon er som deifleste andre morgonar. Ei stundI den tette, grøne skogen står ein solgul campingbilog latar seg. I campingbilen bur dei to klovnaneMikko og Rasmus og den vesle sirkusjenta Ada.Saman er dei tre Sirkus Spektakulær, og som allesirkus er dei ikkje berre eit sirkus, men også einliten familie. Familien er kanskje ikkje heilt som alleandre familiar, men om ein tenker seg om, så er detvel ingen familiar som er akkurat som alle andre.

Sirkus Spektakulær er eit reisande sirkus, og påreisene sine møter dei folk som elskar det vesle sir-kuset, og det er slett ikkje rart, for Sirkus Spekta-kulær både syng og tryllar, balanserer på liner ogsjonglerer med faklar og knivar, økser og egg. Ogslike ting er det ganske få som ikkje elskar.

Små jenter som Ada bur vanlegvis saman med eimamma eller ein pappa, eller til og med begge

5

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 5

Page 6: Sirkus spetakkel

delar, men Ada bur med dei to klovnane, og dethar ho gjort så lenge ho kan hugse. Ada har koke-sjokoladebrune auge og hår bustete som eit fugle-reir. Ho er ni år og lågare enn dei fleste andre påsin alder, men til gjengjeld ler ho lysare enn einoperasongar og lyg lettare enn ein røvar. Likevel erhjartet til Ada varmt og godt som ein rykandekopp med heimelaga kakao.

«Sirkusprinsessa vår!» seier Rasmus og Mikkoofte til Ada, og så klemmer dei ho så hardt at honesten ikkje får puste.

Endeleg er natta i ferd med å forlate den grøneskogen, og morgonstrålane frå sola tittar søvnigfram mellom greinene. Det er snart tid for ein nydag for Sirkus Spektakulær, og i den solgule cam-pingbilen ligg Ada i køya si og kjenner etter kvaslags dag det, er med nasen.

Dei skikkeleg gode dagane luktar ferske brød ellernybaka smultringar. Dei ganske gode dagane luk-tar nykoka kaffi og appelsinjuice, mens dei ordent-leg dårlege dagane luktar ròtne bananar, mugnebrødskalkar og mjølk med klumpar i.

6

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 6

Page 7: Sirkus spetakkel

Ada ligg med heile seg under dyna. Berre nasenstikk fram og sniffar etter ein skikkeleg god, einganske god eller ein ordentleg dårleg dag. Ho sprettopp. Dyna fyk i taket. Puta ramlar i golvet.

«Smultringar!»

Rasmus er sjefkokken i Sirkus Spektakulær. Hårethans er så langt at det når han heilt til rumpa, og påbegge armane har han gigantiske tatoveringar avraude roser, vakre damer og eldsprutande drakar.Munnen hans er stor og raud og nesten alltidforma i eit breitt smil.

Nå har Rasmus tatt på seg sitt spygrøne forkle ogtrillar elegant ut smultringar som han legg til blaut ifeittgryta. Etterpå fiskar han dei opp og henger deitil tørk på ein pinne som stikk ut frå veggen. Pinnener snart full allereie.

«Det stemmer. Dette er ein smultringdag,» seierhan og gliser fornøgd.

«Ein skikkeleg god dag,» smiler Ada. «Pøh!» fnyser det under dyna til Mikko. Mikko er lang som ein stige og har så stort skjegg

at det ser ut som han har rappa all ulla til ein sau oglimt den fast i fjeset. Nå kikkar han forsiktig fram

7

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 7

Page 8: Sirkus spetakkel

frå den prikkete dyna, og han er slett ikkje blidunder alt skjegget. Men då er i grunnen alt som detbrukar, for Mikko er nesten aldri blid.

«Så sur som du er i dag, trur eg aldri eg har sett degfør,» seier Ada.

Ho tar på seg ei olabukse og ei rutete skjortesom heng over stolen. Buksa har eit hòl på det einekneet og grønske på det andre, så då er det ikkje såfarleg om ho blir skitten i dag heller.

«Eg trur jammen du har rett, Ada,» nikkar Ras-mus. «I dag er han surare enn den suraste sokk,surare enn den suraste sitron.»

Rasmus hevar augebryna, og så sprutar han ut iein latter så høg og brølande at han ramlar samanover kjøkkenbenken. Endå så sur Mikko er, måAda også le når Rasmus ler på den måten. Latte-ren boblar opp frå magen hennar som lykkelegebrusbobler, og jo lenger og høgare dei to ler, josurare blir Mikko.

«Denne dagen er like god som menneskeetandeflaggermus,» stønnar Mikko, som framleis liggunder dyna. «Nemleg ikkje god i det heile tatt!»

«Det seier du jo kvar dag,» påpeikar Ada og tar

8

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 8

Page 9: Sirkus spetakkel

eit stort bit av den rykande ferske smultringen. Mikko er nemleg den suraste klovnen som noko

sirkus har sett. Det er lettare å få tak i ein gitarspel -ande elefant enn ein surare klovn enn meg, seierMikko ofte.

«Men i dag, mi gode Ada, meiner eg det verke-leg. Med ein gong eg vakna, kjente eg med kvarvesle krik og krok av kroppen at denne dagen byrpå noko ekstra grufullt!»

«Eg tippar det var morgonanden din,» seierRasmus og henger tre drypande varme smultringartil tørk. «Alle som bur i denne bilen, veit jo at dener grufull nok til å ta livet av ein heil dyrepark.»

Ada fniser så halve smultringen ho har i mun-nen, sprutar utover bordet.

«Ta deg ein smultring,» trøystar Rasmus blidtog set eit fat med rykande ferske smultringar påbordet.

«Smultringar hjelper mot det meste,» nikkar Ada. «Ikkje mot stinkande dagar som denne,» svarar

Mikko. Men han krabbar fram frå dyna, set segtungt på stolen og gomlar i seg tre smultringar påein gong likevel. «Berre slik i tilfelle,» mumlar han.

«Kvar dag som begynner med ein smultring, er

9

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 9

Page 10: Sirkus spetakkel

ein lykkeleg dag,» nikkar Rasmus og tar eit digertjafs. «Og i dag, mi modige Ada, kjem det til å skjestore ting!»

Denne dagen begynner som dei fleste andre dagar.

10

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 10

Page 11: Sirkus spetakkel

Uansett om dagen er skikkeleg god, ganske godeller ordentleg dårleg, er Rasmus like blid og opti-mistisk som Mikko er sur. For sjølv om Mikko ogRasmus er brør, er dei like ulike som salt og pepar,som natt og dag, som krig og kjærleik.

«Kva slags store ting?» lurar Ada.«Det veit eg ikkje heilt ennå, men dei er ikkje

berre store. Dei er enorme!» «Korleis veit du det?»«Åh! Det er då berre slikt eg veit,» svarar Ras-

mus og er like mystisk som ei spåkone.

Etter smultringfrukosten går Ada gjennom dentette, grøne skogen og inn til den vesle byen. Ho gårheilt aleine gjennom dei tomme gatene og sparkar ismåsteinane som ligg og kjedar seg på bakken. Alleandre har visst andre ting å gjere. Alle utanom Ada,som ikkje har noko som helst å gjere og ingen ågjere det med heller.

Dei kom til skogen og den vesle byen i går. SirkusSpektakulær er aldri lenge på same stad. Dei elskarnemleg landevegen. «Det er på landevegen vi høyrerheime,» seier Mikko og Rasmus ofte.

11

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 11

Page 12: Sirkus spetakkel

Ada stoppar opp ved eit gult hus. I hagen veksdet raude rosebuskar, og ein utsparka fotball liggeinsam i eit hjørne. Ein gråhåra mann sit på veran-daen og legg kabal. Han er sikkert nokon sinbestefar, tenker Ada og kikkar nysgjerrig på dengamle mannen gjennom gjerdet. Akkurat då kjemei jente ut døra. «Bestefar!» ropar jenta og kastarseg rundt halsen på den gamle mannen.

«Eg trudde små jenter var på skulen midt pådagen,» kviskrar Ada for seg sjølv.

Jenta er høgare enn Ada, men ho ser omtrentlike gammal ut likevel. Ho har på seg raude buk-ser, og håret er fletta i to lange fletter. Ein gongprøvde Rasmus å flette håret til Ada, men detlugga så fælt at Ada ikkje heldt det ut. «Det erbetre at eg har bustete hår, enn at du riv det av,» saho, og Rasmus måtte til slutt gje opp.

«Er det ei venninne av deg?» spør bestefaren ogpeikar rett på Ada.

Ada hikkar av overrasking. Ho var sikker på atho var usynleg her bak gjerdet, men nå kikkarjenta rett på ho med små, nysgjerrige auge.

«Nei, det er ikkje ei venninne av meg,» svararjenta bestemt.

12

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 12

Page 13: Sirkus spetakkel

«Då kan det jo kanskje bli det,» smiler beste -faren og går inn i huset.

Jenta går ned frå verandaen og gjennom hagenmot Ada. Ho ser jo snill ut, tenker Ada, og i eit litesekund ser ho for seg ho og jenta sparke fotballsaman i hagen og kviskre hemmelegheiter til kvar-andre under rosebusken. For Ada veit at det erslike ting gode venner gjer. Jenta er framme vedgjerdet, og Ada bit seg nervøst i leppa.

«Kvifor er du ikkje på skulen?» spør jenta. «Kvifor er ikkje du på skulen?» spør Ada tilbake. Ho har ikkje lyst til å fortelje jenta at ho ikkje

går på skule, men at Mikko og Rasmus lærte ho ålese for mange år sidan. Og ho har i alle fall ikkjelyst til å fortelje at både Mikko og Rasmus hatartal, og derfor kan Ada berre pluss og ikkje minus,og gongetabellen kjem ho nok aldri til å lære, forden synest Mikko og Rasmus er det verste somfinst.

«Fordi eg har brekt armen og måtte på sjukehusetog få gips,» forklarer jenta. «Sjå!»

Ho viser stolt fram den eine armen, som er surrainn i ein lyseblå gips.

«I morgon skal eg på skulen igjen, og då skal

13

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 13

Page 14: Sirkus spetakkel

alle i klassa mi teikne og skrive på den. Trur duikkje den blir fin då?»

Ada nikkar taust. Ho har aldri sett ein lyseblågips før og synest allereie den er veldig fin.

«Eg trur ikkje eg har sett deg før,» seier jenta ogstuderer Ada grundig. «Er du ny i byen?»

Ada veit ikkje kva ho skal svare. Ho er jo ny i allebyar.

«Kanskje du skal begynne i klassa mi,» seier jentaog smiler. «Då er du heldig, for vi har den kulastelæraren på heile skulen. Ho bakar kaker til oss nårvi er flinke, og ho har reist jorda rundt og tilbakeigjen.»

Det stikk litt i magen til Ada. Ho skulle gjernebegynt i klassa til jenta, særleg dei dagane lærarenhar med kake. Men då ville det nok blitt veldigvanskeleg å reise rundt i den solgule campingbilensaman med Mikko og Rasmus.

Sidan Sirkus Spektakulær reiser så mykje, er ikkjedette første gong Ada snakkar med framande. AlleAda møter, er jo framande, men ofte skjer detnoko rart med Ada når ho skal snakke med folkho aldri har sett før. Ho veit ikkje kva ho skal seietil dei, men så opnar ho munnen likevel, og ut

14

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 14

Page 15: Sirkus spetakkel

kjem ei feit og saftig løgn. Og det er akkurat detsom skjer i dag også.

«Eg har også reist jorda rundt og tilbake igjen,»lyg Ada. «Fem gonger faktisk. Eg segla med båt ogflaug med luftballong.»

Jenta på den andre sida av gjerdet gispar. «Erdet sant?»

«Like sant som at eg ikkje har greidd håret mitti dag,» nikkar Ada.

Jenta gispar og ser på det bustete håret til Ada.Det er altså heilt sant.

«Reiser du saman med mor di?» spør jenta medstore auge.

Ada nikkar fort. Når ho først har kome på eiløgn, er det inga sak å kome på fleire.

«Jepp,» svarar ho. «Eg reiser med mamma og bro-ren min. Eg har ein bror som har like lurvete hår sommeg, og ei mor som er verdsberømt sirkusstjerne.»

Det hadde passa meg bra, tenker Ada og smilerfornøgd. Eit augeblikk gløymer ho at alt saman eroppdikta, og det er akkurat som om mora og denlurvete broren hoppar ut av fantasien hennar ogblir lys levande rett framfor ho. Det er så herleg eintanke at Ada kjenner det prikke i magen.

15

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 15

Page 16: Sirkus spetakkel

«Pøh!» fnyser jenta og kastar Ada rett ut av dag-draumen. «Det finst ikkje mammaer som er verds -berømte sirkusstjerner!»

«Det gjer det vel,» påstår Ada. «Det må jammenvere ein søppelskule du går på, sidan du ikkje harlært såpass!»

«Bestefar!» hyler jenta sint. «Den nye jenta berrelyg!»

Og når små jenter med fletter i håret ropar påbestefaren sin, er det best å springe, og det gjerAda. Ho spring så fort ho berre klarer bort frå detgule huset. Ho spring forbi eit rosa hus, eit storthus, eit tomt hus og eit samanrasa hus. Ada springheilt til ho snublar i ein spiss støvel, og den støve-len sit fast på foten til ein høg mann med rundmage og vest med gullblanke knappar og ein spissrottekjeft midt i fjeset.

Ada snappar etter pusten og tenker at dennetypen ser så skummel ut at ho skulle ønskje hanvar ein ho hadde dikta opp.

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 16

Page 17: Sirkus spetakkel

Kapittel to – Ada møter direktørensom bestemmer altMen det er verken Ada eller nokon annan som hardikta opp rottekjeften. Rottekjeften er like verkelegsom Ada sjølv, og då han vakna denne morgonen,låg han ei lang stund og smilte lurt for seg sjølv. Ifleire månadar har han nemleg pønska på ein heil-ròten plan, og i dag er dagen planen skal gjennom-førast, og slike planar får vondskapsfulle typar somrottekjeften til å smile både lurt og lenge.

Ada stirar med store auge opp på den spisse rotte-kjeften. På hovudet har han ei litt slapp krone, someigentleg liknar mest på ei lue, og munnen er krøllai eit smil som gjev Ada frysningar.

«Dette var då ein usedvanleg lurvete jentunge,»seier den spisse rottekjeften og kikkar på Ada medstikkande auge.

Stemma er raslande og kvesande, omtrent som

17

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 17

Page 18: Sirkus spetakkel

ein slange som buktar seg gjennom sivet, tenkerAda. Bak han står ein liten mann tjukk som ein fer-digheva bolledeig og ei dame som er lang som einlyktestolpe. Dei stirar nysgjerrig på Ada, som fram -leis ligg så lang ho er på grusen.

«Eg er då ikkje usedvanleg,» svarar Ada, sjølv omho slett ikkje veit kva usedvanleg betyr. Ho reiserseg fort. «Dessutan har eg alltid hatt lurvete hår.»

Rottekjeften ler ein høg og ekkel latter så deismå håra på armane til Ada reiser seg.

«Den var god,» seier han og kikkar på bolledei-gen og lyktestolpen.

Dei to nikkar ivrig og ler nervøst.«Ha ha! Kj…kjempegod,» stammar dei i kor. «Du er nå i alle fall den mest lurvete ungen eg har

sett på lenge, og det håret ditt hadde hatt godt avein børste,» snerrar rottekjeften og stirar hardt påAda. «Slik er det berre!»

«Slik er det berre,» gjentar lyktestolpen. «Slik er det berre,» seier bolledeigen også. «Det var jo det eg akkurat sa,» freser lyktestol-

pen og set den lange nasen sin i det mjuke kinnettil bolledeigen.

18

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 18

Page 19: Sirkus spetakkel

Lyktestolpen er frykteleg mager og har den lengstenasen Ada nokon gong har sett.

«Du liknar så veldig på ein unge eg leitar etter,»seier rottekjeften med den raslande stemma menshan stirar på Ada og trommar fingrane mot knap-pane i vesten. «Kor er foreldra dine, vesle jente?Verda er ein skummel stad for små ungar, så deibør passe godt på deg.»

Han bøyer seg så nær Ada at ho kan kjenne luktaav frukosten hans. Egg og sardinar. Han smiler eitsmil så gyseleg at det ville gjeve dei fleste ungarhjartestans på flekken, men Ada blir berre såpassnervøs at ho begynner å fortelje ei historie. Ogsjølv om ho ligg heilt i verdstoppen blant alle suve-rene løgnhalsar, begynner ho av ein eller annanmerkeleg grunn å fortelje sanninga til den ufyselegerottekjeften.

«Eg veit ikkje kor foreldra mine er. Eg kan fak-tisk ikkje hugse nokon av dei, men det er ikkje såfarleg. Eg har jo både Rasmus og Mikko og verdasfinaste solgule campingbil. Dessutan er vi lande -vegens minste, men absolutt mest spektakulæresirkus. Ja, faktisk heiter vi Sirkus Spektakulær.»

19

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 19

Page 20: Sirkus spetakkel

Ada kunne prata i fleire minutt om alt det fan-tastiske Sirkus Spektakulær finn på, hadde detikkje vore for at ein bolledeig, ein lyktestolpe ogein rottekjeft omtrent stirar hòl i ho med måpandemunnar og seks trillrunde auge. Alle tre er så næreat pusten deira blæs ho i fjeset som ein stinkandehauststorm.

«Eg pratar visst litt mykje,» unnskylder ho segtil slutt og tar forsiktig eit lite skritt bakover, mendei tre følgjer like fort etter.

«Kven er eigentleg de, og er det ikkje merkelegstille i denne byen? Er det berre de som bur her,kanskje?»

Ada bablar i veg mens ho nervøst kikkar opp-over og nedover gata, men det er ingen andre å sjå.Ikkje eit menneske, ikkje eit dyr, ikkje ein lyd åhøyre. Det er visst berre ho og desse tre skumletypane med dårleg ande i heile denne byen.

«Eg er Boll… AU!!» Bolledeigen hyler til oghoppar rundt seg sjølv på ein fot. «Kva er det meddeg? Eg skulle jo berre seie at eg heiter Boll…AU!»

Han hyler til igjen og hinkar rundt på den andrefoten.

20

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 20

Page 21: Sirkus spetakkel

«Vi skal ikkje seie namnet vårt, din du… AU!»Nå er det lyktestolpen sin tur til å brøle.

«Du får unnskylde,» snerrar rottekjeften. «Eger dessverre så uheldig at eg må jobbe med dessetåpelege, hylande skapningane.»

Han peikar på bolledeigen og lyktestolpen.«Kanskje dei hyler mindre om du ikkje slår og

trampar på dei,» seier Ada og kjenner hjartetdunke raskare enn vanleg. Alle engstelege hjartedunkar i galopp. Rottekjeften snerrar ein latter utmellom dei spisse tennene.

«Du er jammen morosam. Er ho ikkje moro-sam?»

Bolledeigen og lyktestolpen jamrar noko somliknar på kvart sitt ja.

«Skal eg fortelje deg noko som er endå moro -samare?» spør rottekjeften og ser på Ada.

Ada nikkar nervøst. Ho er liksom ikkje heilt sik-ker på om det typar som rottekjeften synest ermorosamt, eigentleg er så veldig morosamt.

«Eg har leita etter deg, og du har neimen ikkjevore lett å finne, men nå har eg altså funne deg.»

Han peikar på Ada med ein dirrande peikefin -ger.

21

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 21

Page 22: Sirkus spetakkel

«Eg burde jo skjøna det med ein gong eg såg detlurvete reiret du har på hovudet.»

Han ler den ekle latteren igjen så magen dissarog knappane klirrar.

«Men kvifor leitar du etter meg?» lurar Ada ogbit seg nervøst i leppa.

«Har ikkje klovnane dine fortalt deg det?» spørrottekjeften og ser plutseleg veldig forskrekka ut.

«Fortalt meg kva då?» spør Ada forvirra. «Har dei ikkje fortalt deg at eg, den store sir-

kusdirektøren som bestemmer alt, leitar etter deg?Og at det er av den aller viktigaste viktigheit at egfinn deg. Fordi du snart er den einaste som ikkjeveit det.»

Ada ristar sakte på hovudet mens ho tenker segom, men ho er heilt sikker på at Mikko og Rasmusikkje har fortalt at det er nokon som leitar etter ho.Og ho har aldri høyrt om ein sirkusdirektør sombestemmer alt.

«Kva er det eg ikkje veit, då?» spør ho. Sjølv om sardinlukta renn som ein foss ut av den

spisse rottekjeften og auga hans stikk av kulde, krib -lar det i heile Ada etter å høyre kva meir han har åfortelje. Tenk at ho er den einaste som ikkje veit det!

22

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 22

Page 23: Sirkus spetakkel

Rottekjeften sukkar høgt og ristar på hovudet. «Du veit jo ingenting om konkurransen! Og du

veit ikkje at den begynner ganske snart! Og du veitikkje at du må delta!» ropar han så høgt at magendansar.

«Kva slags konkurranse?» «Hundreårets store sirkuskonkurranse! Alle sir-

kus, store og små, fantastiske og elendige, må del -ta. Dei som ikkje deltar, får ikkje lenger lov til åopptre langs landevegen. Dei får ikkje lov til å eigeein apekatt eller ein dansande hest. Dei får ikkjelov til å eige klovnebukser, klovnesko eller klovne-nasar. Og vinnarpremien er ei krukke stappandefull med pengar av gull!»

«Og kva skjer med dei som tapar?» spør Ada. «Det har eg ikkje bestemt meg for ennå,» svarar

rottekjeften og trommar neglene mot knappane ivesten. «Men eg trur nok eg kjem til å bestemmeat taparen må rydde elefantmøkk hos det vinnandesirkuset, eller så må dei vel gjere noko anna ekkeltsom eg ennå ikkje har hatt ufyseleg nok fantasi tilå kome på.»

Han smiler spydig. Korleis får ein som bestem-mer så grufulle ting, lov til å bestemme noko som

23

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 23

Page 24: Sirkus spetakkel

helst, lurar Ada, men ho tør ikkje seie noko. Hosynest ikkje rottekjeften ser ut som ein type somlikar slike spørsmål.

«Det er sjølvsagt av den viktigaste viktigheit atdu deltar,» forklarer rottekjeften. «Mine hårreis -ande uintelligente og klønete assistentar har reistut til det store havet og inn i dei tjukke skogane forå finne deg, vesle Ada.»

Bolledeigen og lyktestolpen nikkar, og det ver-kar slett ikkje som dei høyrde at rottekjeften akku-rat kalla dei både dumme og klønete.

«Dei har vore i dei store byane oppi fjella, deihar vore i dei små fiskarlandsbyane og i dei småelvebyane, men dei kunne ikkje klare å finne deg.Derfor måtte eg, den mektige direktøren for ver-das største og mest fabelaktige sirkus, reise frå allemine ekstremt viktige plikter for å hjelpe dei. Duskjønar det, vesle jente, det var frykteleg viktig formeg å finne deg, og nå når eg har funne deg, mådu bli med meg. Kom nå!»

Han vinkar på Ada, men Ada blir ståande. Hohar ingen planar om å reise nokon stad utan Mikkoog Rasmus. Ho ristar på hovudet så håret står retttil vêrs. Rottekjeften ser overraska ut.

24

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 24

Page 25: Sirkus spetakkel

«Eg skal fortelje klovnane mine at Sirkus Spek-takulær må delta i konkurransen,» seier ho.

Men då ristar rottekjeften bestemt på hovudet. «Nei, nei,» seier han. «Konkurransen er ikkje

for klovnar som Mikko og Rasmus. Du må reiseutan dei. Det forstår du vel?»

«Nei, det forstår eg ikkje,» svarar Ada høgt ogtydeleg, og sjølv om det har dukka opp ei irriter -ande skjelving i stemma, høyrest ho likevel ganskemodig ut. Bolledeigen og lyktestolpen smiler, mensmila deira forsvinn fort når rottekjeften tramparhælen hardt i bakken.

«Nei, nei, då må eg vel forklare det for deg, då,»sukkar han og legg armane i kors over magen. «Duskjønar det, vesle jente, at eg leitar etter mi nestestore stjerne, og eg som jo bestemmer alt, harbestemt at det skal bli deg, og då er det klart dumå delta i den store sirkuskonkurransen.»

«Sirkusstjerne? Meg?» Ada hikstar. Ho er så overraska at ho nesten lettar

frå bakken. «Men eg er inga sirkusstjerne, eg er jo berre ei

lita sirkusjente,» forklarer ho. «Det er nok nokonandre du leitar etter likevel.»

25

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 25

Page 26: Sirkus spetakkel

«Å nei,» freser rottekjeften bestemt. «Eg er heiltsuper, mega, dobbel og trippel sikker på at det erakkurat deg og ingen andre eg leitar etter, og nånår eg har funne deg, må du bli med meg. Duskjønar vel at om du skal bli ei stor sirkusstjerne,må du delta i hundreårets store sirkuskonkur -ranse?»

«Jo,» mumlar Ada. «Men kvifor kan ikkje Mikkoog Rasmus også delta?»

«Fordi,» seier rottekjeften med raslande stemme.«Konkurransen er i byen under dei taggete fjella, ogdit får ikkje Mikko og Rasmus lov til å reise. Detveit du vel?»

Det er som om nokon slår Ada i magen. Ho mis-tar nesten pusten. Så lenge ho kan hugse, har hodrøymt om å reise til byen under dei taggete fjella,men Mikko og Rasmus seier alltid at dei må ventetil ho blir litt større. Det er ein farleg by å vere i forSirkus Spektakulær, seier dei to klovnane. Likeveldrøymer Ada om å reise dit. Og nå har ho endelegsjansen.

«Mikko og Rasmus kjem aldri til å klare å gjeredeg til ei stor sirkusstjerne. Det er det berre eg som

26

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 26

Page 27: Sirkus spetakkel

kan klare. Det er ikkje lenge før konkurransenstartar, heller. Kom nå!»

Rottekjeften tar tak i skjorta til Ada, men ho rivden til seg.

«Nei takk.» Ho ryggar sakte mens hjartet dunkar så hardt at

ho lurar på om det har planar om å hoppe utgjennom huda.

«Eg vil helst tilbake til klovnane mine nå. Mid-dagen er nok klar for lenge sidan, så eg bør skundemeg. Det er jo ikkje noko godt med kald middag.»

Rottekjeften trampar hælen hardt i bakkenigjen, og som om det var ein kommando, fyk bolle -deigen og lyktestolpen mot Ada og tar eit godt taki kvar sin arm.

«Slepp meg!» Ada hyler og veivar med armane, men bolledei-

gen og lyktestolpen klorar seg fast. Dei er så mykjestørre og sterkare, og Ada føler seg mindre og sva-kare enn nokon gong før. Ho ønskjer seg berreheim til den solgule campingbilen og langt bort fråden skumle rottekjeften.

«Hysj,» kveser rottekjeften. Han borar dei lysande auga sine i Ada og legg

27

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 27

Page 28: Sirkus spetakkel

peikefingeren over munnen hennar. Ho blir stivsom ein planke og tør ikkje seie eit pip. Rottekjef-ten set seg på huk framfor ho.

«Det er ingenting å vere redd for,» seier hanmed ei stemme som eit augeblikk nesten er venn-leg. «Eg skal ikkje gjere deg noko vondt. Du skaljo bli mi store stjerne, og store sirkusstjerner pas-sar eg godt på.»

Han smiler, men det er eit ekkelt smil som gjerAda redd og kald i heile kroppen.

«Du vil vel bli med til byen under dei taggetefjella og bli ei stor og berømt sirkusstjerne?»

«Ikkje akkurat nå,» mumlar ho. «Nå vil eg heimog ete middag med Mikko og Rasmus!»

«Då er det best ho blir med oss nå! Ho likar nem-leg ikkje kald middag!» ropar ei stemme som Adahar kjent så lenge ho har levd.

Det er den snille stemma til Rasmus. Ho blirvarm av lette, og for første gong sidan ho møtterottekjeften, tør ho smile, sjølv om det blir eitskjelvande smil. Dei sjanglete klovnane hennar stårmidt i gata, og sjølv om dei er merkeleg bleike iansiktet, har Ada aldri vore gladare for å sjå dei.

28

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 28

Page 29: Sirkus spetakkel

«Og den vesle sirkusjenta vår reiser ingen stad,»seier Mikko bestemt.

«Men har du gløymt det, usle Mikko?» kveserrottekjeften.

Fort pressar han ein krøllete konvolutt i handatil Ada, set hendene bestemt i sida og brøler:

«Det er jo eg som bestemmer alt!»«Ikkje alt,» brummar Mikko. «Ta imot!» ropar Rasmus og kastar tre sjong -

leringsknivar til bolledeigen og lyktestolpen. Dei to blir så forfjamsa at dei slepper Ada for å

ta imot knivane. Plutseleg er det ingen som heldAda fast lenger.

«Spring!» brøler Mikko og Rasmus. Dei små beina til Ada dundrar gjennom den stil-

le gata. Mikko og Rasmus pustar og pesar rett bakho. Bolledeigen trampar etter med tunga på slep,og lyktestolpen er snart i hælane på dei, men bådebolledeigen og lyktestolpen er i elendig form, ogganske snart er rottekjeften, lyktestolpen og bolle-deigen langt borte, og stemma til rottekjeften høy-rest ikkje like farleg ut når den ropar gjennom denfolketomme gata:

«Det er ikkje for seint, vesle sirkusjente!»

29

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 29

Page 30: Sirkus spetakkel

Verken Rasmus, Mikko eller Ada sakkar ned påfarten før dei er eit godt stykke inne i den tette sko-gen. Etter kvart som stien blir smalare og greinenelågare, kjenner dei seg endeleg trygge, og snart serdei den solgule campingbilen som står og ventarpå dei som om ingenting hadde hendt.

Dei to klovnane pustar framleis tungt og leggseg rett ut i graset. Det er ikkje kvar dag dei måspringe så fort og langt som i dag. Ada set seg vedsida av dei. Utan at ho vil det, kikkar ho engstelegrundt seg, men skogen er tett og fredeleg, og hokjenner seg trygg saman med klovnane.

«Eg visste det var noko grufullt som kom til å skjei dag,» sukkar Mikko. «Neimen ikkje rart eg varså sur då eg vakna.»

«Den mannen er den mest grufulle skapningensom har lurt seg til eit liv på denne jorda,» seierRasmus.

«Kva har han gjort?» spør Ada. «Ein gong var han vår aller beste venn, men så

gjorde han noko grufullt som vi aldri kan tilgjehan,» fortel Mikko og ser trist ut. «Sidan har hanbudd i byen under dei taggete fjella, og han har

30

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 30

Page 31: Sirkus spetakkel

lova oss at fæle ting vil skje med oss og sirkusetvårt om vi nærmar oss byen hans.»

Dei to klovnane er grå av uro. Ada har settMikko og Rasmus jublande glade, triste, trøytte ogbrølande sinte, men ho har aldri sett dei så urolegeog redde som dei er nå.

«Er det fordi de er redde for han? Det synest eger pysete,» seier Ada.

Ho legg armane bestemt i kors, men skulle verke -leg ønskje at dei skremte fjesa til klovnane kunneforsvinne.

«Vi er ikkje pyser, Ada,» seier Mikko surt.«Vi vil berre ikkje at det skal skje noko fælt med

nokon av oss i Sirkus Spektakulær,» forklarer Ras-mus. «Og særleg ikkje med deg, Ada.»

Han legg den tunge handa si på det bustetehåret hennar mens han ser veldig tankefull ut.

«Men tenk om det ikkje skjer noko fælt mednokon av oss? Og det er vel ingenting som er verrefor eit sirkus enn at vi ikkje får lov til opptremeir?» spør Ada.

Dei to klovnane sukkar i kor. Mikko drar seg iskjegget, og Rasmus riv seg i håret igjen, slik deialltid gjer når dei ikkje veit kva dei skal gjere.

31

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 31

Page 32: Sirkus spetakkel

«Jo, det er noko som er langt verre,» seier Ras-mus til slutt. «Og det er at den sleipe rottekjeftenfår dei lange fingrane sine i deg igjen, Ada.»

«Då er det ikkje godt å seie kva som kan skje,»nikkar Mikko. «Vi reiser ikkje til byen under deitaggete fjella. Ikkje nå!»

Sjølv om Ada ikkje har lyst til å møte rottekjef-ten igjen, blir ho frykteleg skuffa. Ho lengtar såveldig etter å reise til byen under dei taggete fjella,og ho er redd for at Mikko og Rasmus aldri kjemtil å synast at ho er stor nok til at ho kan reise dit.

«Nå gløymer vi heile rottekjeften,» seier Rasmusog opnar døra til den solgule campingbilen. «Vi gårinn og får oss noko mat.»

Han lausnar strikken i det svarte håret og ristarpå hovudet så håret dansar nedover ryggen. Mikkotømmer tran i tre mjølkeglas, og så løftar dei oppkvar sitt, og utan å rynke på nasen tømmer deiglasa i store slurkar.

«Herleg!» sukkar Rasmus fornøgd.«Snart er du sterkare enn oss begge til saman,»

skryter Mikko og klemmer rundt overarmen tilAda.

32

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 32

Page 33: Sirkus spetakkel

Det kilar, og Ada ler den lette, lyse latteren sinsom alltid får klovnane til å humre. Ho kikkar ut iden grøne skogen, som er i ferd med å bli tung ogmørk av kvelden. Plutseleg hugsar ho på dei stik-kande auga til rottekjeften og får vondt i magen.

«Heldigvis skjedde det ikkje noko grufullt i dagheller, slik som Mikko var så sikker på,» seier Ras-mus.

«Men det var jammen nære på,» gryntar Mikko.Han stenger døra og vrir låsen hardt rundt. «Huff,eg får frysningar når eg tenker på den rottekjeften!»

Dei tre medlemmene i Sirkus Spektakulær krabbaropp i kvar si køye og krøllar seg saman under kvarsi prikkete dyne. Snart blir mørkret i den solgulebilen fylt av snorkinga til Mikko og Rasmus. Deihar kjent kvarandre så lenge at dei har lært seg åsnorke i samstemt duett.

Når Ada er heilt sikker på at dei to klovnane søvtungt, tar ho fram den krøllete konvolutten rotte-kjeften gav ho. Ada har aldri fått brev før og er såspent at ho skjelv på hendene nå når ho endelegkan opne konvolutten. Papiret er tynt og mjukt

33

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 33

Page 34: Sirkus spetakkel

som silke. Bokstavane er tynne, vakre og krøllete.Ada synest det er rart at den stinkande rottekjeftenkan skrive så fint, men kanskje det ikkje er hansom har skrive det heller. Kanskje han har tenarartil slikt. Ho lener seg heilt inntil vindauget, og i detsvake lyset frå månen les ho:

Kjære sirkusjente Ada!Eg, den store direktøren som bestemmer alt, har

den store glede å bestemme at du er invitert til ådelta i hundreårets store sirkuskonkurranse.

Du må derfor møte på torget i morgon den dagfor å kjøpe billett.

Pris: ein sekk med klirrande myntarStad: byen under dei taggete fjellaHugs! Klovnane Mikko og Rasmus har ikkje

lov til å kome til byen under dei taggete fjella, ogom dei likevel prøver å kome seg inn i byen, er detslett ikkje godt å seie kva som kjem til å skje meddei.

Helsing den største sirkusdirektøren verda nokongong har sett.

34

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 34

Page 35: Sirkus spetakkel

For ein uflaks, tenker Ada. Når eg endeleg får eitbrev, så er det eit slikt skrekkeleg brev som dette!Ho får mest lyst til å krype bort til klovnane ogfortelje dei alt saman, men ho blir likevel liggandestille under dyna. Ho er heilt sikker på at Mikkoog Rasmus kjem til å nekte ho å reise aleine tilbyen under dei taggete fjella, og sjølv kan dei joikkje reise. Ho sukkar og gøymer brevet underputa. Snart sovnar ho også, men sjølv i drøyme-land snerrar og kveser ein farleg rottekjeft, og Adaaner at sjølv ikkje for små sirkusjenter er verdaheilt utan farar.

Sirkus Spetakkel ferdig_A 14.02.14 14.53 Side 35