sluttrapport - custompublish...2014 gav norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane....

23
SLUTTRAPPORT Prosjekt: Tettstadforming Hardbakke (forprosjekt) Dato: 16. april 2014 Bakgrunn I 2006 vart det laga ei stadanalyse for Hardbakke, Solund sitt kommunesenter. Analysen låg blant anna til grunn for arbeidet med kommuneplanen i åra 2006-2010. Hausten 2012 fekk Solund kommune mogelegheit gjennom sitt bulystprosjekt til å ta tak i nokre av tiltaka som vart trekt fram i stadanalysen. Ein søknad om eit forprosjekt for å konkretisere og detaljplanleggje tiltak vart sendt inn til Sogn og Fjordane fylkeskommune 6. februar 2013. Fylkeskommunen gav tilsegn på 120.000 kroner. Arbeidsgruppa Det vart sett ned ei arbeidsgruppe i Solund for å jobbe med forprosjektet. Dei som har delteke i arbeidsgruppa er: Mark Elvevåg, prosjektleiar for Solund kommune sitt bulystprosjekt Tor Arne Hauge, nærings- og naturforvaltar på Plan og Utvikling Kari Einen, folkehelsekoordinator I tillegg tok Harald Skildheim, plankonsulent på Plan og Utvikling, del i arbeidsgruppa fram til han slutta i Solund kommune i juni 2013. Tilbodsprosess Solund kommune sendte 11. juni 2013 ut eit konkurransegrunnlag til tre bedrifter (Ard arealplan, Asplan Viak og Norconsult) for hjelp med prosessleiing og detaljplanlegging. Alle tre bedriftene har tidlegare jobba med ulike typar utviklingsprosjekt i Solund. Ard arealplan og Norconsult kom med tilbod og arbeidsgruppa vurderte dei to tilboda etter kriteriene i konkurransegrunnlaget. Det vart inngått avtale med Norconsult. Cultural Planning I oktober 2012 deltok tre personar frå Solund kommune på eit seminar om utviklingsmetoden Cultural Planning. Seminaret vart arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturforum, og blei starten på eit forprosjekt i Sogn og Fjordane for å lære meir om metoden. I løpet av 2013 deltok Solund sin prosjektleiar også på samlingar i London og Nordfjordeid. I tillegg hadde prosjektleiaren telefonmøte med Tinna Harling frå Tjörn kommune i Sverige. Tjörn brukar Cultural Planning i alt kommunalt utviklingsarbeid og har såleis mykje erfaring frå metoden. Solund kommune sin tanke var å prøve ut Cultural Planning i forprosjektet Tettstadforming Hardbakke. Det var i byrjinga vanskeleg å skjøne korleis ein skulle bruke metoden ettersom der ikkje var ein tydeleg definisjon av terminologien «cultural». Dessutan hadde ulike personar ulike synspunkt på kva som var viktig i prosessen. På siste samlinga i oktober

Upload: others

Post on 22-Jan-2021

3 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

SLUTTRAPPORT

Prosjekt: Tettstadforming Hardbakke (forprosjekt) Dato: 16. april 2014 Bakgrunn I 2006 vart det laga ei stadanalyse for Hardbakke, Solund sitt kommunesenter. Analysen låg blant anna til grunn for arbeidet med kommuneplanen i åra 2006-2010. Hausten 2012 fekk Solund kommune mogelegheit gjennom sitt bulystprosjekt til å ta tak i nokre av tiltaka som vart trekt fram i stadanalysen. Ein søknad om eit forprosjekt for å konkretisere og detaljplanleggje tiltak vart sendt inn til Sogn og Fjordane fylkeskommune 6. februar 2013. Fylkeskommunen gav tilsegn på 120.000 kroner. Arbeidsgruppa Det vart sett ned ei arbeidsgruppe i Solund for å jobbe med forprosjektet. Dei som har delteke i arbeidsgruppa er:

Mark Elvevåg, prosjektleiar for Solund kommune sitt bulystprosjekt

Tor Arne Hauge, nærings- og naturforvaltar på Plan og Utvikling

Kari Einen, folkehelsekoordinator I tillegg tok Harald Skildheim, plankonsulent på Plan og Utvikling, del i arbeidsgruppa fram til han slutta i Solund kommune i juni 2013. Tilbodsprosess Solund kommune sendte 11. juni 2013 ut eit konkurransegrunnlag til tre bedrifter (Ard arealplan, Asplan Viak og Norconsult) for hjelp med prosessleiing og detaljplanlegging. Alle tre bedriftene har tidlegare jobba med ulike typar utviklingsprosjekt i Solund. Ard arealplan og Norconsult kom med tilbod og arbeidsgruppa vurderte dei to tilboda etter kriteriene i konkurransegrunnlaget. Det vart inngått avtale med Norconsult. Cultural Planning I oktober 2012 deltok tre personar frå Solund kommune på eit seminar om utviklingsmetoden Cultural Planning. Seminaret vart arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norsk kulturforum, og blei starten på eit forprosjekt i Sogn og Fjordane for å lære meir om metoden. I løpet av 2013 deltok Solund sin prosjektleiar også på samlingar i London og Nordfjordeid. I tillegg hadde prosjektleiaren telefonmøte med Tinna Harling frå Tjörn kommune i Sverige. Tjörn brukar Cultural Planning i alt kommunalt utviklingsarbeid og har såleis mykje erfaring frå metoden. Solund kommune sin tanke var å prøve ut Cultural Planning i forprosjektet Tettstadforming Hardbakke. Det var i byrjinga vanskeleg å skjøne korleis ein skulle bruke metoden ettersom der ikkje var ein tydeleg definisjon av terminologien «cultural». Dessutan hadde ulike personar ulike synspunkt på kva som var viktig i prosessen. På siste samlinga i oktober

Page 2: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

(Nordfjordeid) blei metoden meir definert og konkret. Solund kommune har likevel brukt Cultural Planning i den forstanden at forprosjektet involverte innbyggjarane i prosessen og har hatt deira innspel som base for avgjerd i forhold til kva tiltak som ein skal jobba vidare med. Tiltak Konkrete tiltak i forprosjektet har vore synfaring med ein landskapsarkitekt frå Norconsult, barnetrakk, «eldretrakk», møte med lag og organisasjonar, samt eit ope møte for ålmenta. I tillegg har forprosjektet – gjennom bulystprosjektet – delteke i eit anna forprosjekt der fylkeskommunen og Asplan Viak har sett på mogelege sentrumsnære turvegar i fylket. Prosjektleiaren og folkehelsekoordinatoren var på synfaring med ein konsulent frå Asplan Viak, og ein rapport viser no at det er mogeleg å laga ein turveg langs kanten av Ramnenipa, frå idrettsbana til leilegheitshotellet. Det skal noterast at alle gruppene på det opne møtet hadde teikna denne turvegen, og at interessa såleis er stort interesse for å realisere den. Sjå rapport frå Norconsult for meir informasjon om dei ulike tiltaka. Mål og resultat Målet med forprosjektet var å konkretisere og detaljplanlegge tiltak som 1) skapar betre samanheng i gangvegar/stiar i Hardbakke, 2) betrar sambandet mellom det gamle og det nye sentrum i Hardbakke, og 3) gjer grønstrukturar og strandområda i sentrum meir tilgjengelege og attraktive. Gjennom tiltaka har forprosjektet fått naudsynte innspel som har resultert i ei overordna planskisse for utviklinga av Hardbakke, tett kopla til dei tre delmåla. I tillegg vart to teikningar laga av hamna og hovudvegen, som er dei områda som det vart lagt mest fokus på. Teikningane har vore mykje brukt i diskusjonar og arbeidet med å forankra dei ulike tiltaka. Forprosjektet brukte meir tid og resursar på konkretiseringa enn tenkt, og difor er detaljplan for hamna med kostnadsoverslag utarbeidd av Solund kommune i etterkant av forprosjektet (og vedlagt søknad om hovudprosjekt). Ein har også jobba vidare med gangsambandet ved næringsbygget. Forankring Forprosjektet har i løpet av prosjektperioden hatt fleire møte med blant andre sjefen på den kommunale avdelinga for Plan og Utvikling for å sikre at prosjektet blir forankra i det overordna planarbeidet. Gjennom denne kommunikasjonen har vi kopla andre kommunale søknader og tiltak langs hovudvegen til arbeidet med forprosjektet. I tillegg har Solund kommune si leiargruppa, Idrettslaget og Ungdomslaget også kome med innspel til forprosjektet. Formannskapet har fått løpande informasjon om Tettstadforming Hardbakke og 6. mars 2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med fokus på hamna ettersom det er eit viktig område for Hardbakke si sjel. Området har dessutan vore lite utvikla dei siste åra. Dei var også einige om at det er ein god idé å bruke Solund sitt konglomerat for å byggje identitet.

Page 3: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Forprosjektet sin prosjektleiar gav kommunestyret ein presentasjon av Tettstadforming Hardbakke 20. mars 2014. Innspela der var også positive, men med spørsmål om økonomiske mogelegheiter for å realisere tiltak. Solund kommune har, som mange andre kommunar i Noreg, lite økonomi til denne type arbeid. Vidare For å komme vidare med tettstadformingsarbeidet sendte Solund kommune inn ein søknad om tettstadformingsmidlar for eit hovudprosjekt til Sogn og Fjordane fylkeskommune 21. mars 2014. I denne søknaden har Solund kommune trekt ut seks viktige tiltak. Dette inkluderer å prøve ut sulestriper i asfalten for finne ut om dette kan gjerast rundt dei sentralen delane av Hardbakke, lage eit torgområde i hamna, lage ein lysplan, trekkje fram konglomeratet gjennom å skjere ein flat vegg i berget langs hovudvegen, fjerne uynskt vegetasjon, og dessutan jobba vidare med planlegging gjennom å analysere behov til gåande, syklistar og trong for parkeringsplassar. I hovudprosjektet vil Solund kommune samarbeide med Geologiprosjektet i HAFS og lysprosjektet Alt lys på Solund for å sikre naudsynt kunnskap og skape positive effektar både lokalt og regionalt. Rekneskap

Budsjett/Rekneskap

Kostnader: Budsjett Rekneskap Differens

Planlegging og oppfølging 60 000 40 625 19 375

Forankring og medverknad 60 000 102 982 -42 982

Kjøp av tenester 150 000 180 000 -30 000

Sluttrapport 30 000 1 000 29 000

Sum 300 000 324 607 -24 607

Finansiering

Kommunale midlar (investeringsbudsjett) 50 000 48 824 1 176

Eigeninnsats Solund kommune (driftsbudsjett, 500 kr/tim) 65 000 120 875 -55 875

Internkjøp av teneste frå bulyst 20 000 20 000 0

Dugnadsinnsats - arbeidsgrupper (200 kr/tim) 45 000 14 400 30 600

Sogn og Fjordane fylkeskommune – tettstadsmidlar* 120 000 120 000 0

Sum 300 000 324 099 -24 099

Sum finansiering-kostnader -508

* Fylkeskommunen ubetalte 30.000 kroner 18. november 2013. Resterande beløp (90.000 kroner) utbetalast etter sluttrapporten er sendt inn og godkjent.

Vedlegg Rapport Norconsult Planskisse Hardbakke Bilete frå ope møte og barnetrakk (2 st.) Revisjonsuttale

Page 4: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Tettstadforming Hardbakke Forprosjekt

Page 5: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Skisse: Ole Magne Nøttveit. Barneteikningar: Born v/ Solund barne- og ungdomsskule.

Page 6: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Oppdrag: Tettstadsforming Hardbakke

Oppdragsnr: 5134251

Oppdragsgivar: Solund kommune/ Mark Elvevåg

Oppdragsleiar: Lina M Ørnehaug/ Norconsult AS

Landskapsarkitekt: Anne K. Irgens

Dato levert: 2014-03

Page 7: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

INNHALD

1 INNLEIING ................................................................................................................................................ 5

1.1 Framgangsmåte/metode .................................................................................................................................... 6

1.2 Resultat av barnetrakkregistreringsarbeidet ............................................................................................ 6

2 STADEN HARDBAKKE ....................................................................................................................... 10

2.1 Shared space på Hardbakke ........................................................................................................................... 11

3 TETTSTADFORMING AV HARDBAKKE ........................................................................................ 12

4 TILTAKSPLAN MED PRIORITERINGAR ....................................................................................... 17

Page 8: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

1 INNLEIING «Tettstadforming Hardbakke» er eit delprosjekt under Bulystprosjektet i Solund, og er ei direkte vidareføring av Stadanalysen for Hardbakke (2006). Dette prosjektet har som føremål å få fram følgjande:

• Skape betre samanheng mellom gangvegar/stiar i Hardbakke

• Betre sambandet mellom det gamle og det nye sentrum i Hardbakke

• Gjere grønstrukturar og strandområda i sentrum meir tilgjengelege og attraktive

Oppdraget går ut på å samle inn informasjon for å konkretisere gode utviklingstiltak. Involvering av innbyggjarane i Solund har difor vore ein viktig del av arbeidet. Gjennom tettstadformingsprosjektet har ein fått kunnskap om både eldre og unge sine behov for eit meir velfungerande sentrum. I tillegg har ein heldt ope folkemøte med arbeidsverkstad, der ein har invitert til open dialog og forslag til løysingar.

Det har vore fleire arbeidsgruppemøter, der ein har drøfta innspel og utforming for å kome fram til eit best mogeleg forankra og løysningsorientert resultat. Lokal kunnskap er avgjerande for løysing av oppgåva, og difor har Norconsult arbeidd tett saman med ei lokal arbeidsgruppe i Solund;

• Tor Arne Hauge, planleggjar og naturforvaltar • Kari Einen, folkehelsekoordinator • Mark Elvevåg, bulystkoordinator

Denne rapporten er basert på innspela i prosessen, synfaring og faglege vurderingar. Rapporten inneheld forslag til løysningar for ei god tettstadutforming på Hardbakke.

Page 9: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

1.1 Framgangsmåte/metode

Barnetrakk

Ungdomstrinnet 8. – 10. klasse og 3.+ 4. klasse har vore med på registreringarbeidet over kvar dei ferdast på fritida si, når dei er på Hardbakke. Arbeidet med barnetrakk tek utgangspunkt i den nasjonale rettleiaren utarbeidd av NORSK FORM. Denne rettleiaren har vore grunnlagsmaterialet for gjennomføringa, men vi har og brukt andre kreative teknikkar med borna for å få fram mest mogeleg informasjon. Norconsult har digitalisert områda barn/ungdom teikna inn på papirkart. Oppgåva deira var å teikne inn område dei brukte sommar og vinter, og turstiar dei nytta. I tillegg merka dei med raudt på kartet dei vegane dei opplever som farlege. Private område som hagar, private kaier etc. er i hovudsak tatt ut av presentasjonsmaterialet.

1.2 Resultat av barnetrakkregistreringsarbeidet

Barnetrakkarbeidet syner stader barn ferdast på skule og på fritid. Dei tradisjonelle badeplassane på Hardbakke er merka, det er og dei typiske områda for vinteraktivitet som skeiser og aking. Område som er merka med raudt, farleg trase, bør i tillegg til dette prosjektet, takast med vidare i kommunen si sakshandsaming for vurdering og eventuelle tiltak om farleg skuleveg. Tursti, både rundt og opp Ramnenipa er tatt med. I tillegg viser ein på kartet kvar ungdommane syklar på fritida.

Bilete 1: Naturleikeplass i Sildevika:

Bilete 2: Barnetrakkregistrering på Solund barneskule

Page 10: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Bilete 3: Oversikt over barnetrakkarbeidet

Page 11: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

F igur 4: Oversikt over barnetrakk - sentrum

Page 12: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Ope møte med ålmenta

Undervegs i prosessen hadde vi eit ope møte med ålmenta. Møtet hadde som føremål å fremje nye idear, kartlegge behov og forankre eigarskap til prosjektet for innbyggjarane. Møtet var ein arbeidsverkstad, der deltakarane arbeidde med kva som fungerer bra/ ikkje bra på Hardbakke og teikna inn idear og tiltak på kart som vart tatt med vidare i prosessen. Engasjementet viste at dette er eit tema som rører mange. Fleire gode idear såg dagens lys, spesielt var innbyggjarane interessert i å få til eit godt og attraktivt hamneområde, møteplassar fleire stader på Hardbakke og betre lyssetting. Ein fekk inn mange gode innspel, som vart tekne vidare med i arbeidsprosessen.

Synfaring

Det har og vore gjennomført ein dags synfaring med landskapsarkitekt på heile Hardbakke. På denne synfaringa var fokus på kva løysingar/tiltak som kunne gjerast for å utvikle eit meir attraktivt og funksjonelt sentrum for alle. Ein har sett spesielt på korleis hamneområdet/gamle sentrum på Hardbakke skal fungere i heilskap saman med funksjonsbygga; barnehage, skule, aldersheim, grendahus, butikk etc.

Bilete 5: Ope møte med ålmenta på Hardbakke

Page 13: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

2 STADEN HARDBAKKE

Staden Hardbakke har frå gamalt av vore knytt til sjøen og den gode hamna som ligg naturleg skjerma mot storhavet og vinden. Dei eldste bygningane som eksisterer i dag omfattar kyrkja frå 1860, tre gardstun og delar av naust- og sjøhusmiljøet i hamna, i tillegg til den gamle piren til kyrkjegarden. I dag er Hardbakke frå sjøvegen eit viktig innfartsområde for båtturisme. Tettstaden er lokalisert midt i kommunen, med servicefunksjonar og tenester for innbyggjarar og tilreisande.

Området rundt hamna treng opprusting for å kunne vere ei attraktiv gjestehamn. Uferdig, og lite vedlikehald av strandområdet gjev eit mindre bra fyrsteinntrykk, men kan lett rustast opp. Parkeringsarealet er ikkje oppmerka, som gjer at bilane til dels står tilfeldig og rotete oppstilt. Benkane som står ved hamna, har ingen bord, og er i tillegg ikkje skjerma frå parkerings- og vegarealet, slik at det ikkje er spesielt naturleg å ta matpausen ved havna.

Bilete 6: Sommardag på hamna ved Hardbakke

Page 14: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

2.1 Shared space på Hardbakke Shared space er her trekt fram som eit tettstadsformingsgrep for Hardbakke. Shared space, eller på norsk sambruksområde/gatetun, er eit verkemiddel ein brukar i sentrumsplanlegging for å skape eit meir attraktivt byrom for fleire. Målet med Shared space handlar om at dei som nyttar gateområdet har eit samspel, og er i kontakt og tar omsyn til kvarandre. Det er og eit mål å gjere staden meir estetisk, som oppmodar til sosial møteplass for fleire brukargrupper. Tiltaket vil bidra til fartsreduksjon.

I gater planlagt for Shared Space, vil den arkitektoniske utforminga vere avgjerande for korleis trafikantane forstår området, og reglane for den. Ved hjelp av enkel fargebruk, soneinndeling, lyssetting etc. vil både dei mjuke og harde trafikantane forstå korleis dei skal bevege seg i trafikkbiletet. Autovern, gjerder og andre stengsel høyrer ikkje til i gater med Shared space.

Å utvikle Shared space på ein ny stad krev at ein utarbeidar ein heilheitleg plan over området, der ein forankrar denne forma for sambruk.

Bilete 7: Skateboard og sykling som ettermiddagsaktivitet på Hardbakke

Page 15: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

3 TETTSTADFORMING AV HARDBAKKE

Kjem du med båt til Hardbakke møter du ein vakker, liten kyrkjestad med god hamn og koselege trehus, omkransa av mjuke fjellformasjoner. Kjem du derimot med bil til Hardbakke er det ikkje sikkert du oppdagar staden før du er forbi. Vegen gjennom Hardbakke fylgjer fylkesvegstandard og er utforma på bilen sine premissar. Her er autovern på begge sider av vegen slik at bilane skal kunne køyre så raskt som mogleg gjennom sentrum. Mjuke trafikantar må halde seg unna. Dette verkar spesielt når ein tenker på kor lite trafikk det er gjennom staden og kor viktig denne vegen er for innbyggjarane på Hardbakke og heile Solund. Her ligg skulane på rad og rekkje, idrettsbygg, næringsbygg og butikksenter med busstasjon. I tillegg er det bustadfelt på båe sider av vegen, samt eit lite hotell og eit grendahus. Det er på Hardbakke den største aktiviteten i kommunen skjer.

Samanhengen til hamna er vanskeleg å få auge på når du kjem med bil. For tilreisande er det lett å køyre gjennom staden, utan å oppdage dei fine kvalitetane som finst på den gamle handelsstaden.

På hamna er ein del av dei fine kvalitetane øydelagt med utflytande parkeringsareal på bryggekanten, ustelte blomebed, vegbelysning og rufsete strandområde. Området treng ein opprusting.

Nye grep for ein meir heilskapleg tettstad

For å gjere Hardbakke til ein meir attraktiv stad å bu og vitje, må ein først og fremst gjere noko med trafikkløysingane. Planskissa viser ei løysing med konseptet Shared space. Dette er mykje likt slik gatene i småbyane var i gamle dagar før bilane tok overhand. Prinsippet går ut på at all aktivitet langs vegen skal vere ein samhandling mellom dei ulike trafikantane.

Først må farten på bilane ned. Dette er tenkt løyst ved eit velkomstområde i kvar ende av Hardbakke, kalla ‘Hallo Hardbakke’. Området er utforma med ein trerekkje på kvar side av vegen og eit gatedekkje av naturstein med ei ruglete overflate. Spesiell ljossetting kan brukast for å ytterligare markere innkøyringa til staden. Fartsgrensa bør setjast til 30 km/t, dette gjer bilturen eitt minutt lengre enn om fartsgrensa var 60 km/t.

Bilete 9: Hovudvegen gjennom Hardbakke

Bilete 8: Hovudveg frå Hardbakke, ned til hamna

Page 16: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Sjølve vegen gjennom Hardbakke er teikna utan autovern og utan eigne gang- og sykkelbanar. Vegen er smalna inn slik at to bilar berre kan passere kvarandre ved låg fart. Dei tidligare gangvegane er oppretthaldt, men no berre markert med ei rekkje tre og lysmaster. For kvar 15. meter, der lysmastene står, går eit bredt band av ruglete naturstein på tvers av vegen. Dette vil virke bremsande på farten og lyden av bilane som køyrer over desse stripane vil gjere fotgjengarar merksam på at det kjem bilar.

Bilete 10: Hovudvegen på Hardbakke ved senteret

Bilete 11: Skisse som syner hovudvegen utan autovern, og eigen g/s-veg, av: Anne K. Irgens

Page 17: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Figur 13: Konlomerat – og kalla Sulestein

Rognetre er plassert mellom lyktestolpane for å markere gangsona ytterlegare. Rogn høver godt til gatetre i Solund. Det veks naturleg på plassen, og vert ikkje så stort. I tillegg har rogna eit vakkert bladverk med fine haustfargar, kvite blomar om våren og raude bær om hausten. Der den sosiale aktivtiten langs vegen er størst, ved idrettsbygg / barnehage og ved butikken, går vegen over eit torg. Her er det plass til korttidsparkering, leik og møteplassar.

Sulesteinen som identitetsskapande faktor

Solundfjellet består av ein særegen bergart kalla konglomerat. Solundkonglomeratet er raudleg på farge og samansett av store og små steinar. All naturstein føreslege brukt i det nye anlegget er i saga Solundstein, kalla Sulestein og Sulestriper i planen. I kvar ende av vegen gjennom Hardbakke er det ein fjellskjering. Desse bør sagast og slipast slik at ein får fram den særmerkte Sulesteinen i sjølve fjellet. Lyssetting bør brukast for å forsterka dette utrykkjet.

Det er viktig å skape ein betre samanheng mellom det nye Hardbakke med skular og næringsbygg langs FV 606 og den gamle handelstaden ved bryggja. Dette er tenkt løyst ved å etablere eit spor i midten av køyrebana på vegen som leiar ned mot hamna både frå nord og sør. Dette markerer, saman med lysmaster av same type som i FV606, at denne vegen fører til noko spesielt. Sporet er tenkt frest ut i asfalten på same vis som Statens vegvesen brukar i midtdelerane på dei store trafikkårane.

Bilete 12: Rognebærtre

Bilete 14: Frest spor i asfalt

Page 18: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

Bilete 16: Skisse som syner hamna som shared space, av: Anne K. Irgens

I tillegg vil «Sulestripene», som omtala over som breie band med ruglete naturstein tvers over vegen, ver ein identitetsskapande faktor for tettstaden. Sulesteinen vil brukast på ulik måte, men vere eit gjennomgåande visuelt bindeledd.

Shared space på hamna

Nede på hamna er prinsippet Shared space også tenkt brukt. Dette er ikkje så ulikt dagens situasjon. Den nye løysinga viser eit torg og her blir berre korttidsparkering for tilsette og besøkjande til kommunehus og bibliotek, samt båteigarar. Ein ny parkeringsplass for langtidsparkering for feriegjestar er etablert vis a vis skulane. Her vil det også vere parkering for skulen sine tilsette.

Torget er asfaltert med oppdeling av Sulestripar og ei bryggje i tre ytst mot sjøen. På trebryggja er det plassert benkar og pullertbelysning. Ein stor Sulestein delar Kommunehustorget i to, i den nordlege delen er parkering tillate, mot sør er plassen eit ope torg. Sulesteinen kan delvis ha saga overflate for å få fram den fine strukturen i steinen, men kan og med fordel nyttast som ‘buldrestein’ med påmontert klatretak. Busskur og pumpehus vert bygd om slik at dei får ein heilskapleg utsjånad i grindverksstil. Det vert bygd eit nytt grindverksbygg syd for Sulesteinen med plass for tørre sitjeplassar og kanskje ein grill. I nordenden av bryggja, i overgangen mot stranda, kan ein føre opp eit amfi i naturstein. Dette vil gjere stranda meir tilgjengeleg og løyse høgdeforskjellen mellom veg

Figur 15: Hamna på Hardbakke

Page 19: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

og strand. Ei slik løysing vil og vere meir eigna for ver og vind.

Mellom Rådhuset og torget er høgdeforskjellen tenkt løyst med eit amfi av naturstein. Dette vil skape ein betre kontakt mellom Rådhuset og hamna og gje moglegheiter for uformelle, solrike sitjeplassar med utsyn over hamna. Eit slikt amfi kan og nyttast til framsyningar av skodespel og konsertar der publikum sit i trappane og torget er scene.

Planskissa viser ei ny løysing for området utanfor samfunnshuset. Her er det tenkt ein bubilcamping med lommer for kvar enkelt bil. Når området ikkje er i bruk til camping kan det etablerast ein skatepark med lause element lagra i tilknyting til samfunnshuset. Eit amfi i gras og sulestein er vist i bakken mot sjøen. Dette kan brukast til utandørs framsyningar eller som rekreasjonsareal. Ein sti går gjennom området og ned til stranda. Strandarealet her bør rydjast og tilførast ny sand. I området ovanfor stranda må busk og kratt fjernast slik at ein får ei stor, opa mark for solbading, uformell camping og leik. Ein sti går gjennom området og fører vidare mot Håneset.

Page 20: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med

4 TILTAKSPLAN MED PRIORITERINGAR

TILTAKSPLAN FOR TETTSTADSFORMINGSPROSJEKTET - HARDBAKKE NR TILTAK INNHALD PERIODE ANSVAR

Page 21: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med
Page 22: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med
Page 23: SLUTTRAPPORT - CustomPublish...2014 gav Norconsult dei ein presentasjon av rapporten og teikningane. Formannskapet var einig om at utvikling av Hardbakke er viktig, framfor alt med