stif gjennom 75 år:

31
STIF gjennom 75 år: Bli med på ei lita reise i bilete gjennom dei første 75 åra til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Del 1 omhandlar stiftinga, særskilde ”hendingar”, æresmedlemar og leiarar Oktober 2005 Utarbeid av: Frank Ryland Konsulent: Stine Senneset

Upload: mareo

Post on 17-Jan-2016

56 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

STIF gjennom 75 år:. Bli med på ei lita reise i bilete gjennom dei første 75 åra til Svelgen Turn- og Idrettsforening. Del 1 omhandlar stiftinga, særskilde ”hendingar”, æresmedlemar og leiarar. Oktober 2005 Utarbeid av: Frank Ryland Konsulent: Stine Senneset. - PowerPoint PPT Presentation

TRANSCRIPT

Page 1: STIF gjennom 75 år:

STIF gjennom 75 år: Bli med på ei lita reise i bilete

gjennom dei første 75 åra til Svelgen Turn- og Idrettsforening.

Del 1 omhandlar stiftinga, særskilde ”hendingar”,

æresmedlemar og leiarar

Oktober 2005Utarbeid av: Frank RylandKonsulent: Stine Senneset

Page 2: STIF gjennom 75 år:

I samband med at ein i 1927 byrja å bygge den første rujernsomnen, og at omnen kom i drift i 1928, flytta det mange tilflyttarar til Svelgen.

Page 3: STIF gjennom 75 år:

Blant desse tilflyttarane var Alf Zachariassen, som hadde representert Brann i Bergen. Han var den første som dreiv med idrettstrening i Svelgen. Damene i bygda kvapp ofte når han sprang langs vegane, dei trudde det var ”fant” som var på ferde.

I 1929 vart Zachariassen den første aktive idrettsmannen i bygda, då han deltok på friidrettsstemner for Florø TIF.

Page 4: STIF gjennom 75 år:

Ut på hausten 1930 tok fire karar initiativ til å kalle inn til stiftingsmøte for eit idrettslag i Svelgen. Dei fire var f.v. Lauritz Midtbø, Kaare Kjølberg, Alf Zachariassen og Alf Midtbø.

Page 5: STIF gjennom 75 år:

STIF vart stifta 8/9 - 1930 i Folkets Hus (t.h.).T.v. ser ein logoen som STIF nytta frå 1930 til 1962.

I 1930 var folketalet i Svelgen 328.

Page 6: STIF gjennom 75 år:

Turn kom i gong i stiftingsåret 1930, …..

Page 7: STIF gjennom 75 år:

…og friidretten kom i gang i 1931.

Page 8: STIF gjennom 75 år:

STIF og Svelgen var lenge utan idrettsplass.

Page 9: STIF gjennom 75 år:

Krigen øydela mykje også for STIF. I 1947 reise STIF minnestein etter Erling Julin Olsen (bileta), ei eldsjel og den mest lovande idrettsmannen STIF hadde før krigen.

Page 10: STIF gjennom 75 år:

I 1962 fekk STIF ny logo, og i 1964 fekk lagetny fane. Biletet syner turndamene i 1965.

Page 11: STIF gjennom 75 år:

I 1965 kom friidretts-eliten i Norge tilSvelgen og stemnet”Vestkystleikane”.

Dette var eitinternasjonalt stemne,men det var berre einsvenske som komav utlendingane.

På biletet går Stein Sletten over 2,04 m i høgde.

Page 12: STIF gjennom 75 år:

I mange år var sjøvegen einaste måten å kome utabygds på. I 1965 fekk ein veg mot Sunnfjord, og i 1972 mot Nordfjord.

Her er symjaranepå veg til Måløy i 1967.

Page 13: STIF gjennom 75 år:

”STIF-dagane” vart arrangert f.o.m. 1978 t.o.m. 1995, og var laget si viktigaste inntektskjelde i mange år.

Page 14: STIF gjennom 75 år:

Under ein fotballkamp i 1984 fall eldsjela RagnfredOmmedal om, og døydde nokre timar seinare.

Page 15: STIF gjennom 75 år:

Rosenborg besøkte Svelgen i 1990. Vitjinga gav STIF gode inntekter, og 1800 tilskodarar mot Sogndal gav ny publikumsrekord for Svelgen stadion.

Page 16: STIF gjennom 75 år:

I 1995 arrangerte Volleyballgruppa og STIF NM for 17-åringar. Dette er det einaste NM som har vore arrangert iBremanger kommune. Biletet syner arrangementkomitèen.

Page 17: STIF gjennom 75 år:

Ingvald Ytrehus fekk i 1984 Bremanger kommune sin kulturpris (t.v.), og i 2003 fekk han Norges Vel si utmerking ”Ildsjelen”.

Page 18: STIF gjennom 75 år:

I november 2003 kom historieboka ”Heia STIF!” ut. Biletet syner boknemnda og forfattaren.

Page 19: STIF gjennom 75 år:

Åtte av eldsjelene rundt Svelgen Idrettshus, før og etter opninga, samla til 10-årsmarkeringa til idrettshuset i 2003.

Page 20: STIF gjennom 75 år:

Svein Frøyen (t.h. på begge bileta frå NM 1951) utførte STIF sin fremste sportslege prestasjon ved å ta sølvmedalje i 10 kamp under senior NM i friidrett i 1951.

I 1950 tok han bronse i same øving.

Page 21: STIF gjennom 75 år:

Fire særgrupper i STIF har teke medalje i NM.Her ser du ein medaljevinnarar frå kvar gruppe:

T.v. vektløftaren Per Alv Eikeset.Nede t.v. symjaren Arne Helle.I midten friidrettsutøvaren Svein Frøyen.T.h. 16-årsgutelaget i volleyball 1978/1979

Page 22: STIF gjennom 75 år:

I alt fire utøvarar har representert Norge som STIF-medlemar.Desse er f.v. Idar Eikeland, Thor Åge Midttun, Marit RenateMidthjell og Arne Helle. Midthjell i fotball, dei øvrige i symjing.

Page 23: STIF gjennom 75 år:

Gjennom breiddeidretten, her representert ved to 11`ar- lag i jentefotball i 1985, har STIF også fått fram …..

Page 24: STIF gjennom 75 år:

…. utøvarar på elitenivå for seniorar etter tida i STIF. Bl.a. ein landslagsutøvar i friidrett med NM-gull (t.h.), og tre eliteserieutøvarar både i fotball (øvste rekke) og volleyball (nederst).

Page 25: STIF gjennom 75 år:

Æresmedlemar:

STIF har i alt utnemnd 14 æresmedlemar i åra mellom 1935-2002. Med heidersmedaljen følgjer æresmedlemskap i STIF. Her følgjer grunngjevinga for tildeling av utmerkinga:

”§1: Heidersmedaljen er STIF si høgste utmerking. Medaljen kan tildelast einskildpersonar for særlege utmerkingar i aktiv eller administrativ innsats innan idretten.”

Page 26: STIF gjennom 75 år:

Æresmedlemar i STIF utnemnde 1935-1980:

Page 27: STIF gjennom 75 år:

Æresmedlemar i STIF utnemnde 1982-2002:

Page 28: STIF gjennom 75 år:

8 av æresmedlemane til STIF samla i 2002, i samband med fotografering til historieboka.

Page 29: STIF gjennom 75 år:

Formenn/leiarar i Hovudstyret i STIF:

I alt 29 menn og ei kvinne har vore øvste leiar i STIF.

Kaare Kjølberg (øvst t.h.) var den første, og denyngste, formannen STIF har hatt.

Reidun Holm (t.v.) er STIF sin einaste kvinnelege formann/leiar.

Arne Loftheim (neste øvst t.h.) har voreleiar lengst, då han leia idrettslaget i 7 år.

Svein Arne Sandvik (nede t.h.) vart vald til leiar i desember 2003, og er framleis leiar i jubilèumsåret 2005.

Page 30: STIF gjennom 75 år:

Formenn i STIF 1930-1968:

Page 31: STIF gjennom 75 år:

Formenn/leiarar i STIF 1968-2003: