ungdommens målform 2013-01

4
MÅLFOLKETS EIGA BLAD 01/13

Upload: ungdommens-malform

Post on 30-Mar-2016

216 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Skjemteblad for skrivarstova og tilhøyrande herlegdomar. Aller fyrste utgåva!

TRANSCRIPT

MÅLFOLKETS EIGA BLAD 01/13

Landsmøte-spesialUngdommens Målform – organisasjonen som denne gilde blekka har namnet

etter – hadde landsmøte sist helg. Me gjev deg alt om storhendinga! s. 2,3,4

Lovbrigde trugar lokallagshelsa

Landsmøtet i Ungdommens Målform gjekk nyleg inn for å fjerna den såkalla

«lokalsatsen» . No fryktar leiaren for Slaraffenmållaget i Tigerstaden (SliT)

for helsetilstanden lokalt.

–  Denne endringa innskrenkar lokallaga

sin rett til å SATSa slik dei vil, når dei vil,

seier SliT-leiar Svanil Borgsund

Marstrand.

–  Lokal-SATS er utdatert, seier

Vemund– nei: Veborg– nei: Vegard Stuve,

leiar for Ungdommens Målform.

– Denne trimforma stammar frå ei tid

då tredemøller på SATS var nytt og

moderne. No er det kardiovaskulære

apparat på Elixia som er tingen, påpeiker

Stuve, utan å møta nemneverdig

gjenklang frå lokalsatstilhengjarane.

– Det er lett å trena i dag, men me

veit ikkje kva som skjer ved eit eventuelt

regjeringsskifte. Tenk om Elixia vert

nedlagt grunna manglande statlege

subsidiar, repliserte Borgsund Marstrand.

– Prinsippet i saka er ganske enkelt.

Me er éin organisasjon, og då bør det

kosta det same å trena uansett kva

lokallag ein er med i. Og som alle veit, er

Elixia billegare enn SATS, og i tillegg har

dei a-ending i namnet sitt. Eg seier ikkje

meir, avrunda økonomiansvarleg Karl

Pedar Morken.

SIDE 2 UNGDOMMENS MÅLFORM UNGDOMMENS MÅLFORM SIDE 3

SIDE 2 UNGDOMMENS MÅLFORM UNGDOMMENS MÅLFORM SIDE 3

Opnar for medlemskap i Noreg

Etter mange tiårs motstand mot nynorsk medlemskap i Noreg, har

Ungdommens Målform gjort eit historisk vedtak om å oppheva nei-

standpunktet. Seniorgenerasjonen fryktar for konsekvensane.

– Målsaka er ein del av noko større. Det er

ein del av kampen for å kunna rå seg

sjølv, utan overstyring utanfrå, sa

Ungdom mot Noreg-leiar Midas Hompe i

helsingstalen sin til UMF-landsmøtet i

mars. Og noregsmotstandarane i salen

stemte i: Nynorskkommunane sin

medlemskap i Noreg fjernar makta frå

vanlege folk, svekkjer demokratiet, og

trugar nynorskens posisjon.

Fleirtalet i salen, som røysta for å

oppheva nei-standpunktet, var av ei anna

oppfatning. Det same var helsingstalaren

frå Ja til Noreg, Erna Bergenspels.

– Dersom nynorskkommunane er

med i Noreg, kan nynorsk verta likestilt

med bokmål, hevda Bergenspels, og fekk

støtte frå sentrale figurar i UMF.

– Me er ein språkorganisasjon, og det

er dumt at folk ikkje skal kjenna seg

velkomne som medlemer berre fordi dei

vil pulverisera rammevilkåra for alt me

driv med, argumenterte hovdingskrivar

Anne Svanhaug.

Som venta var ikkje avgjerda vidare

populær hjå dei litt eldre generasjonane

UMF-arar.

– Målrørsla lever ikkje i eit vakuum.

Alle har eit ansvar for å fremja dei

verdiane som mitt personlege

nynorskengasjement har bygt på i alle år,

sukkar UMF-pensjonist Jert Melnes

Thorkilsen.

Kan ikkjestola pånokon

Ikkje alle var nøgde

med den nye talar-

stolen på UMF-

landsmøtet i helga.

Neihanne Turvond

(1,45) kjende seg

oversett.

– Talarstolen var så høg

at eg kort sagt ikkje

klarte å strekkja til,

forklarer Turvond.

– Det er så typisk

storsamfunnet. Sjølv det

å få på plass ein liten

krakk, vert visst rekna

som eit småleg omsyn i

dag, held ho fram. Men

Turvond har eit

langsiktig mål om at

protesten skal lyfta fram

behova for dei ikkje-så-

lange til neste år.

–  Om ikkje det kjem

ein bruskasse å stå på til

neste år, så er det nokon

som bør krympa seg av

skam, avsluttar

Turvond.

SIDE 4 UNGDOMMENS MÅLFORM

Bur seg på gravferdstale

Noregs Gnållag, moderorganisasjonen til UMF,

har lenge vore kjende for å ha ekstremt seigliva

medlemer. Mange spør seg no om det er i ferd

med å snu.

Tvilen vart sådd på UMF-landsmøtet då påtroppande

nestleiar Kristofar Ola'la Stagsvarven nytta

leiartaleordskiftet til ein real gravferdstale. Moglegvis

inspirert av vitjinga hjå MDGjr tidlegare i månaden –

der lettrørde hippiar spontantwitra at «den mannen skal

få tala i mi gravferd!» etter at Stagsvarven tala

–  gjennomførte han ein sentimental nekrolog, om enn

noko prehumt, over den attvalde leiaren, Vegard– nei:

Veborg– nei: Vemund Stuve.

Det uventa innslaget fekk rykta til å gå om Stuve er

alvorleg sjuk, om det berre er alderdommen som er i ferd

med å innhenta han (det er det for så vidt ingen som

lurer på, i grunnen), eller om Stagsvarven har lumske

planar for ei eventuell maktovertaking i UMF.

– Slike rykte har eg ingenting til overs for. Dei har

inga rot i røynda. Eg prøver berre å seia at eg kjem til å

sakna den gamle skurken, seier Stagsvarven.

– Sakna?Han er då her enno?

– Ja. Enno.

Leiaren avviser sjølv at han ligg på sotteseng:

– De vert ikkje kvitte meg fullt så lett, seier Stuve i

ein kort kommentar.