vikahammaren hyttefelt, boggestranda

10

Upload: others

Post on 17-Oct-2021

2 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda
Page 2: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 2 av 10

For enklare oversikt er skjeringane nummerert frå 1 til 4, sjølv om det i utgangspunktet er ei kontinuerlegbergblotting. Overflata til bergskjering 1 og 3 går omtrent vinkelrett ut mot hamna og for 2 og 4 er denomtrent parallell med hamna. Bilete 1 og Bilete 2 viser oversikt over planområdet med dei ulikedelområda innteikna. I område 1 er det sprengt nokre meter inn på naboeigendomen. Det vart målt strøkog fall på overflater, foliasjon og sprekkemønster. Målingane er vist i grader på Figur 1.

2. Stabilitet

Bergarten er ein kvartsdiorittisk gneis, som er ein omdanna djupbergart, og den har vertikal foliasjon.(Bilete 3). Overflata til skjering 2 føl denne vertikale foliasjonsflata, og begge desse plana har strøk ogfall på 240/90. Fleire stadar på overflate 2 er det flak av berg som har losna langs foliasjonsplanet (Bilete4). Det er eit hovudsprekkesystem som står vinkelrett på foliasjonsplanet og fell mot nordaust (330/60,Bilete 5). Dette sprekkesystemet kan følgjast gjennom alle dei 4 delområda av bergblottinga. I område 1er det hovudsakleg dette sprekkeplanet som definerer overflatene til berget. I tillegg er det fleire stadareit tilnærma horisontalt sprekkemønster (060/10) som kuttar foliasjonsplanet og det andresprekkemønsteret.

Overflatene til skjering 2 og 4 føl foliasjonsplanet og har difor dei glattaste overflatene. Forutan deiområda der det er parti som er nesten, eller heilt lause og berre kviler på friksjonskreftene, er resten avberget intakt og massivt. Sidan hovudssprekkemønsteret står vinkelrett på overflata, vil det ikkje kunneskje utgliding fordi retninga på ei eventuell utgliding òg vil vera vinkelrett på overflata (Figur 1). Det andresprekkesystemet har eit fall som er mindre enn friksjonsvinkelen til fjellet. Eventuelle blokker som vertavskore av dette sprekkemønsteret og hovudsprekkemønsteret vil ikkje gli ut på grunn av friksjon.

Blokker som losnar frå skjering 2 vil falle rett ned utan å treffa på anna fjell og vil difor ikkje få horisontalfartsvektor. Blokkene landar difor like ved foten av fjellskjeringa. For skjering 4 vil steinspranga kunna nåtaket av naustet (eksisterande) eller forbi sidan dei kan spretta på fjell under. Her vil det derimot vera liteeller ikkje noko fritt fall og steinspranga får difor mindre energi. På torvtaket til naustet vart det funne tosteinar (lengste akse ca 20 cm) som låg tett inntil skjeringa.

Skjering 1 har mykje meir ujamn overflata i forhold til 2 og 4 (Bilete 6). Her er dethovudsprekkemønsteret som definerer overflata. Fleire blokker vert avskore av dei to sprekkemønstraog dei vil kunne gli ut ned mot det planlagde naustet. Sidan overflata skrår innover mot det planlagdeområdet vil steinsprang herfrå kunna treffa fjell under, og spretta vidare innover. Dei fleste steinsprangaer antatt å landa innanfor 5 meter frå botnen av fjellskjeringa. I denne skjeringa er det eit svært ustabiltparti som stikk ut og eit parti som ikkje har støtte under (Bilete 7).

Skjering 3 har forholdsvis intakte overflater og lite sprekker (Bilete 8). Nedste del av skjering 3 stikk meirut enn dei øvre delane. Steinsprang frå øvste del vil potensielt kunna spretta på berget under og nå eitgodt stykke ut i området det naustet skal byggjast.

Over og i øvste del av alle skjeringane ligg det lause blokker som er potensielle steinsprang. Særlegover skjering 3 er det mykje laust materiale. Det skal lite til før desse steinane/blokkene rasar ut og deivil då kunne gjera skade på naust og menneske som oppheld seg under.

Utan nokre tiltak og slik situasjonen er no er skredfaren tolka til å vera høgare enn 1/100 i heile områdetog steinsprang/utglidingar vil kunna nå området der naustet skal setjast opp.

Page 3: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 3 av 10

3. Tiltak

Fjellet i seg sjølv i det undersøkte området er ganske stabilt, men det er mykje ustabile massar på grunnav tidlegare sprengingsarbeid. Dei to sprekkemønstra som er observert vil i store delar av planområdetikkje føre til utgliding fordi mesteparten av overflatene til skjeringane har ei gunstig orientering.

Skjering 1 har den klart mest ustabile overflata og her trengs det mest tiltak. Sidan overflata følhovudsprekkemønsteret, må det reinskast slik at det vert ei mest mogleg jamn overflate. Alle dei ustabilepartia må fjernast. Det er særleg eit parti som stikk ut i overgangen mellom skjering 1 og 2 som erustabilt, og vil kunna gjera stor skade når den rasar ut (sjå Bilete 6 og Bilete 7). Dette partiet må fjernastog beste metoden vil vera med meisel. Partiet utan understøtte bør fjernast slik at overflata går i eitt medoverflata som er bakanfor (sjå Bilete 7). Her bør det og meislast ut då sprenging kan føre til at det kanskli ut lenger bakover. Dersom nedrensk ikkje lar seg gjera, må partiet sikrast med boltar etter at«knaggen» er fjerna. Avhengig av kor godt det lar seg reinska, må det vurderast om det skal setjast oppeit fangnett over dette området.

For skjering 2 må alle dei ustabile partia fjernast, då dei lett kan skli ut eller tippa framover ved kraftigregnvêr og/eller frostsprenging. Her må det reinskast slik at det vert ei jamn overflate. Det vil sei at partisom vist i Bilete 4 må fjernast. I tillegg ligg det nokre lause blokker heilt ned mot toppkanten. Desseblokkene må fjernast på ein kontrollert måte.

Skjering 3 har lite ustabile parti. Det er likevel ein del lause blokker øvst i dette området som må fjernastkontrollert (Bilete 9).

Skjering 4 må reinskast slik at det vert mest mogleg jamne overflater. Også her er det ein del laustmateriale som må fjernast kontrollert.

Det eksisterande gjerdet over skjeringane bør forlengast i sørvestlege ende for å hindre fallulykker heròg.

4. Oppsummering

Det er ein del ustabile parti i det studerte området. Mesteparten er restar etter sprengingsarbeidet, ogdet lar seg lett fjerna med reinsking. Utan tiltak er skredfaren vurdert til å vera høgare enn 1/100, og vildermed vere til hinder for naustbygging. Fjellet er likevel så stabilt og sprekkeretningane så gunstige atdet med enkel reinsking av overflatene, og fjerning av lause steinar/blokker over skjeringane vil la seggjere å redusere skredfaren til ein verdi mindre enn 1/100, som er kravet for naust. For skjering 1 må detfjernast mest masse. Dersom det ikkje lar seg fjerna bakover slik at det vert ei jamn overflate, må partietsom ikkje har støtte under, sikrast med boltar og eventuelt fangnett.

Føresetnad for at området skal vurderast som sikkert til bygging av naust, er at det vert gjort ei nysynfaring og godkjenning av sikringsarbeidet etter at tiltaka er gjennomførte.

Page 4: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 4 av 10

5. Figurar

Figur 1: Stereoplott over dei ulike plana til bergblottinga . Raud pil viser retning på potensielleplanbrot ved skjering 2 og 4

Page 5: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 5 av 10

6. Bilete

Bilete 1: Oversikt sørvestlege del av planområdet med inndeling av skjeringar

Bilete 2: Oversikt nordaustlege del av planområdet med inndeling av skjeringar

1 2 3

3

4

Page 6: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 6 av 10

Bilete 3: Det vertikale foliasjonsplanet og overflata til skjering 2. Laust flak av berg.

Bilete 4: Flak av berg som er omtrent heilt losna frå berget ved skjering 2

Page 7: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 7 av 10

Bilete 5: Hovudsprekkesystemet som opptrer i heile berg blottinga

Bilete 6: Skjering 1. Pil viser ustabil «knagg»

Page 8: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 8 av 10

Bilete 7: Skjering 1. Ustabil «knagg» (raud ring) og parti utan unders tøtt ing (pil)

Bilete 8: Skjering 3. Ein del laust materiale over

Ny overflate

Page 9: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 9 av 10

Bilete 9: Lause blokker over skjering 3

Page 10: Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda

Vikahammaren hyttefelt, BoggestrandaNessetSkredfarevurdering

Filnamn: o:\2011\106 bugge nesset rf\04 rapporter\notat 2011106-1.docxDato 21.09.2011 Side 10 av 10

7. Referansar

Byggteknisk forskrift, 2010. Forskrift om krav til byggverk og produkter til byggverk. Fastsatt ved kgl.Res. 26. mars 2010 nr 489 med hjemmel i lov 27. juni 2008 nr 71. Tilgjengeleg frå:http://www.lovdata.no/ltavd1/filer/sf-20100326-0489.html#7-3 Lest: 19.09.2011

Statens byggtekniske etat, 2010. Veiledning om tekniske krav til byggverk. Tilgjengeleg frå:http://byggeregler.be.no/dxp/content/tekniskekrav/kap-07/3/ Lest 19.09.2011